Page 1

tema

Bygg og bu

Gav uthuset nytt liv

2018

TORSDAG 1. MARS

11

Side 11 - 26


12

tema

2018

TORSDAG 1. MARS

Nytt og gammalt går hand i hand i eit uthus Eivind og Signe-Brit Vik har stelt i stand til eit innhaldsrik hus med moderne komfort. Her ved eit gammalt kjøkkenbord saman med barnebarnet Ida.  Foto: Jon Edvardsen

Huset som vart forvandla På Ryo i Ølen er eit gammalt uthus forvandla til eit koseleg småhus som mange får del i. Jon Edvardsen

I dag er det ei raudmalt stove som rommar langt meir enn førsteinntrykket kan tyde på. For sju-åtte år sidan stod Signe-Brit og Eivind Vik framfor valet om kva dei skulle gjere med den gamle bygningen i tunet kloss ved det gamle hovudhuset på garden. Uthuset var på veg til å bli eit rivingsobjekt. — Vi er glade for at vi valde å ta vare på huset. Det er fint med fleire hus i eit gardstun, og ein vegg ville blitt vekke om vi fjerna huset. Huset har gitt mykje både for gjester og vår eigen bruk av det. To av barna våre bur vekke og har ein fin plass her når dei er heime. Vi har også brukt det til to barnedåpar i familien, fortel Signe-Brit Vik.

Flytta frå Myrabø Bygningen var lager og verkstad for Anders Vik i si tid, bestefaren til Eivind som fekk huset til gards for snart hundre år sidan. Han kjøpte det på Myrabø, ikkje så langt frå grensa til Sandeid, og tok det heim til Ryo på 1920-talet. Tidlegare var det vanleg å flytte hus mellom bygdene, dei var ofte ikkje så store og enkelt bygde samanlikna med eit moderne hus. Eivind Vik meiner det er sannsynleg at det budde folk i huset på eitt eller anna tidspunkt då det stod på Myrabø, sidan det er gjort mykje ut av det med tjukke tømmervegger. — Vi leigde inn ein arkitekt til å føreslå romløysingar,

og eg kontakta Berge Sag med teikningane. Dei sa det kom til å bli dyrare enn å byggje nytt, og det fekk dei rett i. Det kostar å byggje om på gammalt, seier Eivind Vik.

Osp frå eigen skog Det tok to-tre år å bli ferdige, og dei leigde inn snikkar i tillegg til at dei gjorde mykje sjølv. Huset har fått mange avdelingar med fem soverom med til saman åtte sengeplassar, bad i to etasjar, ei gammal stove der kvart møbel har ei historie, og ei open løysing med bruksstove og kjøkken. — All materialen har vi henta frå eigen skog og fått skore på saga til naboen. Vi har fått mange positive reaksjonar på at nytt og gammalt går hand i hand, seier Eivind Vik. Han stryk over breie bord av osp i forlenginga av gammalt tømmer. Også i andre etasje med soverom er det grovskorne, ujamne bord, men av gran frå eigen skog. Store heller frå taket er blitt til golv i det første partiet innandørs. På taket er det lagt nyare skifer. Det vart løysinga sidan det berre var halve huset med dei gamle steinhellene på taket.

Turisme og utleige Med forvandlinga av huset er ekteparet også blitt turistvertar. Det er blant anna ute på Holliday Lettings under Tripadvisor, og nyleg også gjennom Airbnb.


BYGG OG BU

Tømmerveggen går over i ny, grov panel av osp på soverommet.

Uthuset vart flytta frå Myrabø til andre enden av Ølen til Ryo på 1920-talet. Huset var i ferd med å bli eit rivingsobjekt før eigarane tok fatt.

Huset har to bad. Her i første etasje der spegelen er ramma inne av ein tømmervegg.

Den eine stova er frå ei anna tid.

— Det fungerer fint å leige ut til turistar, samstundes som vi kan bruke huset sjølv etter behov. Ølen er ein god lokalitet rimeleg nær både Bergen, Trolltunga og Hardanger. Vi har nok av fjord og fjell også. Det er mest familiefolk som kjem. Det hender også at vi tar dei med på ein tur, fortel Signe-Brit Vik. Dei har hatt utanlandske turistar som feirar jul og nyttår, også den siste. Det er flest engelske og tyske gjester som har funne vegen til huset på Ryo. I lokalmarknaden er dei opne for arrangement som dåp og konfirmasjon, eller om nokon treng ekstra sengeplass når det er denne typen familiesamkome.

Ei lita verd Eivind Vik tar eit bilde med tre personar på ned frå veggen. For ei tid tilbake kom ein amerikanar til gards med eit tilsvarande bilde; han var sendt av Unni Marie Lien etter at han fortalde at han var på leiting etter garden familien stamma frå. Som på mange andre gardar, var det fleire som reiste over til Amerika av Ryen-slekta, familienamnet dei brukar i dag. Den amerikanske varianten er blitt til Ryan etter den første som vandra ut, Erik Ryo. Amerikanaren vart godt mottatt hos Vik, avbestilte hotell i Haugesund og fekk plass i Ryohus. Ei tid etterpå kom søstera hans til Ølen og forlova seg ved ein steingard

Døra er frå 1840, og bak den skjuler det seg eit moderne bad.

mellom Ryo og nabogarden Haugen. Paret stamma frå kvar sin gard, og markerte pakta på grensa mellom dei. — Du veit, amerikanarane er veldig opptatte av kvar dei kjem frå. Dei er firmenningane mine, seier Eivind om søskena frå over dammen.

Hand i hand Huset stod nesten direkte på jord, og ein del av jobben var å heve det 30 centimeter og få på plass ein grunnmur. Det er neppe mange moderne bad der døra inn er ei dekorert og frå 1840. Bak døra er det fliser, elegant badekar og den gamle tømmerveggen rammar inn i spegelen over vasken. I den gamle stova er det ein gammal benk, dekorert og med utskjeringar. Benken er laga av bestefaren Anders Vik då han tok snikkarskule på Voss i si tid. Kjøkkenet er vanleg moderne i kvitt, men den nedre ramma på kjøkkenvifta er ei taksperre frå det gamle fjøset, og med naglar som heldt fast hellene på taket. Det er flust av spor etter ei gammal tid i heile huset. — Gamle ting fortel ei historie om kven som har laga dei og kva dei er brukte til. Det er kjekt å samle gamle ting på éin plass. Dei passar ikkje nødvendigvis i andre samanhengar, seier Signe-Brit Vik. Men dei har funne plassen sin i Ryohus som har reist på tvers i Ølen, og blitt forvandla etter snart hundre år.

2018

TORSDAG 1. MARS

13


14

tema

2018

TORSDAG 1. MARS

Rekkverk i sveitserstil er siste tilskot til produktutvalet frå Dirk Tegge sin snikkarverkstad.

Nydeleg dreide dråpar til mønepynt.

Mønepynt signert Dirk Tegge prydar trekunstnaren sitt eige hus.

Handlagar husdekor på bestilling

Er du på jakt etter knektar til vindauget, litt pynt til mønet eller eit gjerde ingen andre har, er snekkerverkstaden til Dirk Tegge (42) verdt eit besøk. Her kan du få husdekor etter eige ynskje. Irene Mæland Haraldsen

Det manglar ikkje på ferdigheit når snekker og trekunstnar Dirk Tegge set seg ned ved bandsaga inne på verkstaden sin i Sandeid. Med stødig hand sagar han seg gjennom mønsteret som er teikna inn på treplanken og snart er nok eit hjørnekonsoll signert treskjeraren på Helgeland ferdig. På veggen inne i verkstaden heng ei rekkje med knektar i ulike storleikar og fasongar saman med halvferdige hjørnekonsoll og mønepynt, og på golvet står nydesigna rekkverksspiler inspirert av sørtysk tradisjon. — Eg likar å arbeida med tre, seier Tegge og viser det siste produktet han har utforma. For den tyske handverkaren var det naturleg å la seg inspirera av heimlandet då han skulle prøva seg på ein ny type rekkverk til hagen, og nå håpar han at dei nye rekkverkspilene i sveitserstil også vil falla i smak blant norske huseigarar. — Eg skal leggja dei ut på heimesida mi så får eg sjå om nokon vil bestilla, seier han.

Skreddarsydd Dei ulike treprodukta sandeidsbuen tryllar fram i snekkarverkstaden sin har mange bruksområde og på oppdrag skreddarsyr han pynt både til hus og hytter. — Eg lagar ting etter ynskje frå kunden, men eg kan også koma med tips om kva som vil passa til huset. Mønepynten teiknar eg for hand og alt blir tilpassa huset der dei skal monterast. Det blir unikt, seier han. Sjølv om det er husdekor som utgjer det meste av produksjonen, tek han

«

Eg lagar ting etter ynskje frå kunden, men eg kan også koma med tips kva som vil passa til huset

«

Dirk Tegge, trekunstnar

Snikker og trekunstnar Dirk Tegge i Sandeid må vera stø på handa når han skal skjera ut husdekor i tre.

gjerne på seg rehabilitering av gamal huspynt eller andre treprodukt som treng ei kyndig hand. — Eg fiksar litt småting som øydelagde kjøkkendører og liknande, seier han den fingerferdige snekkeren.

Hobby Etter mange år som snekker i

Tyskland bestemte Tegge seg for å prøva lykka i Noreg. I 2008 kom han og familien til Åmsosen der dei budde i tre år før det nye heimesnekra huset i Helgelandsvegen i Sandeid stod klar. — I Tyskland jobba eg som tømrar inntil eg blei sagt opp. Det var nedgang i byggebransjen og eg fekk jobb på ein

bildelefabrikk. Men eg trivst ikkje med arbeidet og bestemte meg for å prøva å få jobb i Noreg. Me hadde vore på ferie her i landet og likte oss godt, fortel 42-åringen som dermed enda opp med jobb i Nordbohus og hus i Sandeid. Snekkerverkstaden såg dagens lys i 2014 då han starta firmaet som tilbyr det meste i husdekor.

— Treskjeringa starta med pynt til huset mitt. Ingen kunne laga pynten eg ville ha, så då måtte eg gjera det sjølv, seier han og smiler. I dag har Tegge kundar over heile landet og sel mønepynt, hjørnekonsollar og anna pynt både til Trondheim, Alta og Finsnes. Ordreboka er stort sett full, og med full jobb som


2018

BYGG OG BU

Eit rikt dekorert trestativ beskyttar postkassane mot vêr og vind.

TORSDAG 1. MARS

15

Knektar med ulik fasong og storleik.

Foto: Irene Mæland Haraldsen

snekker i tillegg til eiga verksemd, kan det til tider bli travelt for smannen som har gjort treskjerarhobbyen til inntektsgjevande arbeid. — Eg jobbar i verkstaden helst på kveldstid og i helger. Det er mykje arbeid med kvart enkelt produkt. Eg blir ikkje rik av dette arbeidet, men det er veldig kjekt,

seier han.

Utstyr Verkstaden, som eigentleg var bygd som ein dobbel garasje, er etterkvart blitt fylt med verktøy som trengst for å jobba med tre. Dreiebenk, bandsag, boremaskin og ei universalsag som kuttar i alle slags vinklar, høyrer med til

utstyret i den vesle verkstaden heime på tunet. — Utstyret har eg kjøpt her i landet. Noko er nytt og noko kjøpte eg brukt, forklarar han. Gran er favorittmaterialet hans og blir brukt til alle typar dekor. For å auka styrken og unngå at treverket vrir seg, nyttar han laminert tre som han limer saman

sjølv. 42-åringen likar best å bruka trevirke som ikkje er impregnert og rår kunden til å behandla treet med eit par strøk oljebeis før det blir malt. — Trykkimpregnert materiale sprekk lettare, så eg nyttar ubehandla, seier han. Til jul utvida han varesortimentet med julepynt i tre som ein

enten kan hengja i vindauget eller ha ståande på bordet, og på oppdrag frå ein ven snekra han solide utemøbler til hagen. — Det er berre å ta kontakt, seier han og ynskjer velkomen til alle om ynskjer seg ekte handlaga trearbeid.


tema

Einsfarga

2018

TORSDAG 1. MARS Einsfarga

16

Etne Betong kan tilby:

Piper og ovner monteres og repareres Kontakt Knut Sigve Lillemo tlf. 406 25 350 knutsigve@lillemo-fyringsmeister.no www.lillemo-fyringsmeister.no

NYBYGG REPARASJONER RESTAURERING TILBYGG

BO YG GB GU

•) Struktur blokker for støttemur •) Ferdige blokker for muring i sjø •) Tilbehør til all forskaling/støping •) Ferdig betong med renne-/pumpebil Kontakt oss for pristilbod! Me leverer også flytebrygger i mange varianter www.etnebetong.no

Tongane 71, 5590 Etne. Tlf. 53 75 67 12 post@etnebetong.no

Kjøp Nordens mest solgte varmepumpe nå!

N Y BYG G T I L BYG G R E PA R A S J O N E R R E S TA U R E R I N G NYBYGG TILBYGG REPARASJONER RESTAURERING

6 kW: 18 900,7,2kW: 20 900,-

VI BYGGER FOR ALLE VI VIBYGGER BYGGERFOR FOR ALLE ALLE Vi bygger ikke bare store bygg for det

Vi bygger ikke bare store bygg for det offentlige men også bygg til Vi bygger marked, ikke bare store bygg for det offentlige marked, men også bygg detoffentlige privatemarked, marked. skilter med menVi også byggtiltil det bred det private skilter med private marked. Vi Vi skilter med bred for hele erfaring ogmarked. tar totalentrepriser bred erfaring og totalentrepriser tar totalentrepriser erfaring og tar for hele prosjekter. for hele prosjekter. N Y BYG G T I L BYG G R E PA R A S J O N E R R E S TA U R E R I N G NYBYGG TILBYGG REPARASJONER RESTAURERING

prosjekter. VI VIBYGGER BYGGERFOR FOR ALLE ALLE Vi bygger ikke bare store bygg for det Vi bygger ikke bare store bygg for det offentlige marked, offentlige marked,men menogså ogsåbygg byggtiltil det det private marked. skilter med private marked. Vi Vi skilter med bred bred erfaring og totalentrepriser tar totalentrepriser erfaring og tar for hele forprosjekter. hele prosjekter.

ViLeter søker etter erfarne og tømrere du også etter en spennende god Leter du etter en spennende og godlæreplass? læreplass? med fagbrev, send oss gjerne en søknad! Da er Byggfirma Dommersnes & Larsen A/S - et naturlig valg!

Da erLeter Byggfirma Dommersnes & Larsen A/S - et naturlig valg! du du etter en en spennende ogog god Leter etter spennende godlæreplass? læreplass? DaDa er er Byggfirma Dommersnes & Larsen A/S - et naturlig valg! Byggfirma Dommersnes & Larsen A/S - et naturlig valg!

Vi har mange spennende oppdrag i Tysvær, Haugesund, Karmøy, Vi har mange spennende oppdrag i Tysvær, Haugesund, Karmøy, Vindafjord og distriktene rundt oss. Vi har mange spennende oppdrag Vindafjord og distriktene rundt oss. i Tysvær, Haugesund, Vindafjord og Vi har mange spennende oppdrag i Tysvær, Haugesund, Vindafjord og distriktene rundt oss.

distriktene rundt oss. 53 76 91 55

post@bdl.no

bdl.no

53 76 91 55 post@bdl.no bdl.no

Kom frem til en

VARM HYTTE

Energikomfort tlf: 53 77 00 00 post@energikomfort.no

Det koster så lite å forlenge hyttekosen.

Snakk med oss om SMARTE LØSNINGER

Er du lei av å komme frem til en kald hytte? Styr varmen rett fra telefonen, så slipper du den kalde starten på en ellers varm og avslappende hyttetur.

52 76 60 00

www.helgevold.com

ARBEID UTFØRES

Rehabilitering Maling Snekker Sparkling Flislegging Takarbeid

BO YG GB GU

Tlf. 998 84 794 BYGGMEISTER OG TAKSTINGENIØR

Som Byggmeister og takstingeniør med over 40 års erfaring er eg godt rusta til å hjelpa deg med det meste når det gjeld bustaden din. TEKNISKE TENESTAR • Byggjesøknader • Teikningar • Berekningar ol. • Energirådgjeving • Energimerking • Uavhengig kontroll • Termografering

TAKST • Verdivurdering • Verdi og lånetakst • Tilstandsrapport • Overtakting TA KONTAKT FOR EIN HYGGELIG PRAT! BYGGMEISTER

Lars Olav Bergsvåg 5590 Etne, tlf. 53 75 65 27 mob. 415 66 055 www.bergsvag.com


tema

Norges mest fornøyde tv- og bredbåndskunder. 7 år på rad.

LEVERES AV

føler seg takknemlig. KILDE: EPSI 2016

2018

TORSDAG 1. MARS

17


18

tema

2018

TORSDAG 1. MARS

Mange slit med skjult fuk Kvar tredje heim slit med helseskadeleg fukt, ifylgje Norges Folkehelseinstitutt. Det overraskar ikkje byggmeister Kjetil Nedreskår. Han trur mange slit med fuktige hus utan at dei veit det. Grethe Hopland Ravn

I desse dagar er kuldegradene knallblå, og det er eit ideelt tidspunkt til å sjekka bustaden. — Det er i dei kaldaste vintermånadane det er best å sjekka bustaden sin for muggsopp, fukt eller radongass, og ein må hugsa på å lufta godt og halda ein rett innetemperatur på rundt 22 grader, seier fagdirektør i Norges takseringsforbund, Espen Fuglesang. Ifølgje Folkehelseinstituttet blir fukt- og muggskadar sett på som den viktigaste negative helsefaktoren i norsk innemiljø. Dei fleste av desse skadane er å finna i krypkjellarar og uinnreidde loft, men også i opphaldsrom, der fuktskadane kan føra til luftvegsplager som astma, pustevanskar, hoste, luftvegsinfeksjonar, bronkitt og eksem. At Norges Folkehelseinstitutt kan slå fast at så mange som éin av tre norske heimar slit med helseskadeleg fukt, kjem ikkje som ei overrasking på Kjetil Nedreskår i Vigor bygg i Etne og Skånevik. — Eg er sikker på at mange har skjult fukt i husa sine, seier Nedreskår.

Membran er viktig Kjetil Nedreskår har vore byggmeister i tømmrarfaget sidan 1994 og har drive sitt eige byggefirma sidan 2001. I 2016 slo han seg saman med Tungesvik bygg, på byggebiten, og saman blei dei byggefirmaet Vigor der Tungesvik bygg er totalleverandør av trelast. Det er fleire grunnar til at han trur mange slit med fukt i heimane sine. Ein av desse er den manglande bruken av membran i våtrom på 80- og 90-talet då fliser kom for fullt på marknaden igjen. — Folk dusjar gjerne rett på flisene, og trudde at fliser var vasstette. Det er dei definitivt ikkje. Eit anna stort problem er kjellarar som gjerne blir innreidde som opphaldsrom eller soverom. Ein platar igjen rommet, og så trur ein alt er greitt til ein kjenner lukta av råte og mugg. Dette kan ta fleire år og vera svært helseskadeleg, seier byggmeisteren. Då er det viktig å drenera skikkeleg frå utsida, slik at fukta tørkar opp. Nedreskår opplyser at ein gjerne kan kle inn gamal fukt dersom ein har drenert skikkeleg. For fukta spreier seg ikkje når den ikkje får fuktig næring.

Dette fungerer godt som isolasjon, og god drenering med singelstein rundt grunnmuren er avgjerande.

Mur er ikkje vasstett

Kondens

Ein grunnmur er heller ikkje vasstett, den er derimot som ein svamp, så skikkeleg drenering rundt grunnmuren er svært viktig. — Tidlegare brukte me isopor-isolasjon på innsida av grunnmuren og knotteplast på utsida. No brukar me begge delar på utsida, med isopor inntil muren og knotteplasten utanpå der igjen, seier Nedreskår, som gjerne isolerer med isopor på innsida av grunnmuren i tillegg.

I nybygg er første prioritet å få tett hus før ein kan starte tørkeprosessen. Med avfuktarar på plass tar byggmeistrane fuktmålingar i veggene, slik at dei er sikre på at treverket er tørt før dei plastrar igjen og isolerer. Plastrar dei igjen veggene før treverket er tørt, får ein fort kondens og fuktskadar som utviklar seg. Tørkeprosessen med avfuktarar på plass, tar normalt to til tre veker.

Byggmeister Kjetil Nedreskår (t.v.) og tømrar Jonny Funderud ved eit hus som skal hevast 90 centimeter for å sikra det mot framtidige flaumar. Huset ska

Kondens kan vera utfordrande å få bukt med, for der varm luft møter kald luft oppstår dette fenomenet. Eit eksempel er tak på funkis-hus eller innebygde terrassar som ligg rett over

«

Eit anna stort problem er kjellarar som gjerne blir innreidde som opphaldsrom eller soverom

Kjetil Nedreskår, byggmeister

«

bustadrom. Om ein til dømes isolerer heilt opp til golvet på terrassen som ligg over bustadrommet, som ofte held mellom 22 og 25 grader, skjer det noko i platene som ligg mellom. I kalde årstider kan golvet på terrassen halda minusgradar, og dermed slår det seg på undersida. — Her er det viktig å laga luftepunkt på minimum 50 millimeter mellom opphaldsrommet og terrassen. Gjer ein det, kjem det aldri til å bli kondens, seier han. Nedreskår legg til at det ofte er dette som kan vera utfordringa på flate funkis-tak. Mangel på luftespalter gjer at det blir kondens på innsida.


BYGG OG BU

2018

TORSDAG 1. MARS

19

kt i huset I alle nybygg er det strenge reglar frå Sintef som skal følgjast under reising av huset. opplyser Kjetil Nedreskår.

Plast mellom isolasjonane blir lagt på når treverket er tørt. Treramma langs golvet er det siste som tørkar i eit hus, og med måleinstrument blir det avgjort når huset er klart for å plastrast. Plastrar ein for tidleg blir det kondens og mugg.

Dette skal ein gong bli eit lekkert baderom, med fliser på golvet. Skikkeleg membran er derfor avgjerande for å hindra vasslekkasje under flisene. Fliser er ikkje vasstette.

al dermed løftast éin meter, før ein skøytar på grunnmuren med 90 centimeter. 

I bustadhus finst det mange kritiske punkt, og skyvedører som ikkje har overbygg kan vera ei ekstrem påkjenning for veggen. Her må det vera tetta rett elles får ein fukt inn i veggene, og slike fuktskadar tar det langt tid før ein legg merke til.

Ikkje dekka av forsikringa Ein skal også vera litt merksam på at standard husforsikring sjeldan dekkar utette bygg, slitasje eller eldre skadar som skuldast at vatn har trengt inn i bustaden frå tak eller utvendige nedløp. Det betyr at det er huseigarane som må betale heile skaden sjølv, noko som kan bli svært kostbart.

Foto: Grethe Hopland Ravn

— Vasskadar er så vanlege at dei fleste av oss får minst éin slik skade i løpet av livet. Det som er dekka av standard husforsikring er plutselege og uforutsette skadar, som til dømes vatn frå røyrleidning etter røyrbrot, lekkasje eller oversvøming. Forsikringa kan også dekka vassinntrenging frå terrenget eller grunnen etter nedbør eller snøsmelting. Skal forsikringsselskapet dekka sopp- eller råteskadar, er dette noko som må vera avtalt på førehand med forsikringssekslapet i form av utvida husforsikring, seier kommunikasjonssjef i Frende forsikring, Heidi Slettemoen.

Rett helling på badegolv og sluk er viktig for å leia vatnet ned i sluken.


20

TORSDAG 1. MARS

tema

Rask veg til personleg stove

Ikkje noko slår tapet som materiale når du skal gi stova eit unik personleg preg. Det meiner tapetentusiast Lene Høiseth. Bjørg Owre/ ifi.no

Rommet får med ein gong ein heilt annan karakter når du set opp tapet, seier Lene Høiseth, og trur at mange som vel å mala gjer det fordi det er enkelt. — Tapet gir eit heilt anna liv til veggane, seier ho. Høiseth, som jobbar i fargehandelskjeden Happy Homes, synest tapet gjer interiøret spennande, kontrastfylt og lunt. — Tapet finst i så mange stilar og variantar. Har du eit utgangspunkt som du likar; klassisk, blomstrete eller geometrisk, gjer det prosessen lettare og kjappare, seier ho.

En jungel av muligheiter Kvar sesong kjem det tusenvis av nye tapetdesign, og muligheitene er mange til å finna akkurat «ditt tapet». — Mange synest det kan vera vanskeleg å ha så mykje å velja blant, seier kollega Eva Marie Hassel Iversen. Ho anbefaler å gjera eit sorteringsarbeid før me begynnar å leita i jungelen av tapetkolleksjonar, og har følgjande råd: — Start med å finna bilde på nettet, kjenn på magefølelsen og oppsøk ein butikk etter at du har begynt tankeprosessen. I starten er det god hjelp i å velja bort, og bli sikker på kva du ikkje vil ha. Når utvalet blir redusert, er det enklare å finna det du leitar etter, seier Hassel Iversen.

Tapet på fire veggar Mange har brukt tapet på éin vegg for å bryta opp og få ein kontrast i stova, men tendensen går nå mot å bruka tapet på alle fire veggane. — Det er så mange fine tapet med struktur og spennande overflater, som er fine å bruka i eit heilt rom, seier Tale Olivia Henningsen i Fargerike. Ho merkar at me er meir opne for det lune i interiøra våre. — Me vil ha det mjukare, og me vil ha veggar som omsluttar oss. Tapet med tekstilt uttrykk skaper ein roleg og harmonisk atmosfære, seier ho.

Tekstil fondvegg

Overflate: Tapet med overflate som liknar tekstil gir ein lun og harmonisk atmosfære.

Foto: Borge, Fantasi Interiør og Storeys

Men fondveggen er på ingen måte borte. Ifølge Henningsen har den berre skifta karakter. — Før var det som regel veggen bak sofaen som fekk tapet eller ein kontrastfarge, nå er det vindaugsveggen som er fondvegg, med gardiner frå golv til tak, som dekker heile veggen. Vel einsfarga eller mønstrete gardiner som tar opp farger frå tapetet, er hennar tips.


tema

2018

TORSDAG 1. MARS

VI SATSER VI SATSER VI SATSER ROBOT!

ROBOT! ROBOT!

21

- In - Hela nov u ativ toma tisk ko ple - R Enkel, mfort nk ask in tuit som s lippin , g iv ette - In -inHtela llig pro nov uteon g ram r stan to ativ m a d g me t is kom ekffe - En ring ard p k f le -R ort t kel, ask som nivklipplepn int , in inpgle set tell uitiv p ie te ige nt o rogram r stan dar ge d ffek merin - In - Hela g tiv nov uto p ativ ma len tisk ple ko ie ple - R Enkel, mfort ask som nklipp int , in ing set tell uitiv p te ige nt o rogram r stan dar ge d ffek merin g tiv ple nple ie

Pris fra 9990,-

Pris frabefaring 9990,- etter avtale Gratis Gratis befaring Kjøpfra robot i år etter og få avtale ett år Pris 9990,robothotell! Verdi 1990,Kjøp i år og få avtale ett år Gratisrobot befaring etter robothotell! Verdi 1990,Fast pris på montering med Kjøp robot i årtime og få ett år oppfølgings Fast pris på Verdi montering robothotell! 1990,-med oppfølgings time Egen iMow servicebil Fast pris på montering med Egen iMow servicebil oppfølgings time

Ferdigbetong

Transport og pumping 24 30 mobile og stasjonære betonganlegg i Norge

Betongvarer

ig-rør og kummer, kabelkanaler og trekkekummer Murblokker, kantstein og belegg

- et produkt fra - et produkt fra - et produkt fra

gruppen.

Egen iMow servicebil

gruppen. gruppen.

Elementer

For alle typer bygg, samt sikkerhet i tunneler

Tlf. 53 77 52 00 mail@olenbetong.no www.olenbetong.no

For bedriFTer bedriFTer og og folk folk flest! flest! For Varme & Bad består av 200 rørleggerbedrifter og mer enn 1500 fagfolk. Gjennom vår kjedemodell er vi tilgjengelige for detav meste av Norges befolkning. Styrken liggerfagfolk. i samholdet. Denvår samlede kompetansen Varme & Bad består 200 rørleggerbedrifter og mer enn 1500 Gjennom kjedemodell er vi er bred og mangfoldig. Ogav vi Norges er fleksible. Det betyr at duligger kan bruke oss til hva detsamlede måtte være, enten du tilgjengelige for det meste befolkning. Styrken i samholdet. Den kompetansen bare skal renovere badet eller skal i gang med et større byggeprosjekt der alt inngår. er bred og mangfoldig. Og vi er fleksible. Det betyr at du kan bruke oss til hva det måtte være, enten du bare skal renovere badet eller skal i gang med et større byggeprosjekt der alt inngår. Og bare så det er sagt; vi er også toneangivende innen alternative oppvarmingsløsninger. For deg handler det omertrygghet ogogså tillit.toneangivende For oss handlerinnen det om fagstolthet. Og bare så det sagt; vi er alternative oppvarmingsløsninger. For deg handler det om trygghet og tillit. For oss handler det om fagstolthet.

Rørleggeren Navn Navnesen AS Rørleggeren Navn Navnesen AS Gateveien 1 • 0000 Poststed • 00 00 00 00 • nettadresse.no • man-fre 10-17 lør 10-14 Gateveien 1 • 0000 Poststed •RØRLEGGERKJEDE 00 00 00 00 • nettadresse.no man-fre 10-17 lør 10-14 VARME & BAD - NORGES ENESTE LANDSDEKKENDE FOR PRIVAT-• OG BEDRIFTSMARKEDET

5574 Skjold • Tlf. 52 76 22 18 • post@rorharaldseid.no Tilbudene varer fra xx.xx - xx.xx. Vi tar forbehold mot trykkfeil og endringer. Noen varer er bestillingsvarer, frakt kan komme i tillegg.

VARME & BAD - NORGES ENESTE LANDSDEKKENDE RØRLEGGERKJEDE FOR PRIVAT- OG BEDRIFTSMARKEDET Tilbudene varer fra xx.xx - xx.xx. Vi tar forbehold mot trykkfeil og endringer. Noen varer er bestillingsvarer, frakt kan komme i tillegg.

VARME & BAD - NORGES ENESTE LANDSDEKKENDE RØRLEGGERKJEDE FOR PRIVAT- OG BEDRIFTSMARKEDET

Telefon: 52 76 58 61

traktor-maskin.no

Telefon: 52 76 58 61

traktor-maskin.no

Telefon: 52 76 58 61

traktor-maskin.no


22

tema

2018

TORSDAG 1. MARS

No er det bygging i Prest Maren Tungesvik Tveiten og Ørjan Mortveit Tveiten levde det urbane livet i Stavanger då dei fekk nyss om at Prestegarden i heimbygda Skånevik ville kome for sal. Då flytta dei heim og saman med lokalt næringsliv utvikla dei bygda sitt nyaste bustadfelt. TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Dei første husa er i ferd med å reise seg i Prestalio i Skånevik. Øvst i feltet er bustaden til paret som tok initiativ til å utvikle feltet, Maren Tungesvik Tveiten (35) og Ørjan Mortveit Tveiten (40), snart ferdigstilt. Det er i tett samarbeid med Etne tomteselskap AS og lokalt næringsliv dei har klart å reise det vestvendte bustadfelt-prosjektet som tel om lag 30 sentrale tomter, med panoramautsikt over Skånevik og kort avstand til skule og handelssenteret.

Vinden snudde Det var ikkje gitt på førehand at det var eit bustadfelt i heimbygda som skulle bli Ørjan og Maren sitt livsprosjekt. Dei budde sentralt i Stavanger, hadde gode jobbar, søsken og vener rundt seg, og trivst med det urbane livet. Men så, i 2008, fekk dei høyre at Opplysningsvesenets fond (Ovf), som forvaltar kyrkjeleg grunn i heile Noreg, hadde planar om å selje ut ein god del av eigedomane. Mellom desse var Prestegarden i Skånevik. Ein eigedom som omfatta store delar av åssida ovafor omsorgssenteret, og som hadde potensial til å kunne utviklast som eit attraktivt bustadfelt, panoramautsikt over Skånevik-bygda og fjorden, og nærleik til skule, barnehage, naturområde og sentrum av Skånevik. — Den finaste plassen i Skånevik, synest vi. Både med tanke utsikt og solforhold, smiler Maren. I same periode var den negative stemninga som hadde prega heimbygda etter at sardinfabrikken var lagt ned i 2001, i ferd med å snu. Bluesbygd-prosjektet som skulle få til vekst i bygda, var godt i gang og det blåste no ein positiv vind over Skånevik. Unge flytta heim att og etablerte seg. Sjølv hadde Maren og Ørjan fått barn nummer to, og byrja å kjenne på at det hadde vore fint å bu nærmare resten av familien.

Folkemøte Då det vart kjend at Ovf skulle selje Prestegarden var mange i bygda positive, mens andre var skeptiske. Nokre frykta mellom anna at det populære turmålet Opheim skulle gå tapt. Det vart til og med arrangert folkemøte i bygda om saka. Men etter å ha jobba aktivt med planane i nokre år, gav kommunen i 2010 sin tilslutnad til at paret kunne kjøpe eigedommen. Då starta arbeidet med å laga ein eigen reguleringsplan for bustadfeltet, og skilje dette frå resten av eigedomen. I 2015 rykte anleggsmaskinane til Johannes Røgelstad maskin AS inn og starta arbeidet med å etablere infrastrukturen i bustadfeltet. Gjennom tett samarbeid med lokalt næringsliv og Tomteselskapet Etne AS, byrja eit av dei største tomteprosjekta i Skånevik å sjå dagens lys. Og, om nokon skulle lure, turområdet Opheim er tatt vare på og skal utviklast vidare. Det er også hogd ein del skog i åssida, og «skauen» vil etter planen bli halde nede av husdyr på garden. Dei har merka at interessa for feltet har teke seg opp etter at dei første tomtene vart selde, og bygginga byrja. I dag er om lag ein tredel av tomtene selde. I løpet av våren vil det bli etablert leikeplass og ball-løkke. Akebakken har allereie vore mykje brukt i vinter til stor glede for ungane i nærleiken. Alle vegar skal asfalterast, autovern skal opp og dei siste gatelysa vil vere på plass før kommunen i løpet av våren overtar ansvaret for infrastrukturen i feltet. — At det vil ta litt tid å selje alle tomtene er noko alle som er involvert i prosjektet har forventa, men me er glade for alle som vil busetje seg på denne flotte plassen, seier Tungesvik Tveiten.

Det er god plass i Prestalio enno, men interessa er aukande og ein tredjedel av tomtene er selde.

Mamma Maren (35) og sønene Vemund (9) og Gaute (4) trur dei kjem til å trivast på toppen av Prestalio i Skånevik. Famil 


2018

BYGG OG BU

talio

TORSDAG 1. MARS

23

Herskapeleg hus og utsikt

Flott utsikt over Skånevik og resten av Sunnhordland frå huset til Ørjan Morveit Tveiten og Maren Tungesvik Tveiten på toppen av Prestalio.

Det første huset som står ferdig i Prestalio vert Maren Tungesvik Teviten og Ørjan Mortveit Tveiten sitt eige. Øvst i feltet har den f lotte bustaden tatt form i løpet av det siste året. Der har dei panoramautsikt over store delar av Sunnhordland. Leknesnepo, Fjellberg, Stovegolvet på Stord, Halsnøy, Utåker og Folgefonna er nokre av plassane dei ser til om ikkje regnskyene ligg for låge. Også heile Skånevik, så klart. —  Dette skulle bli «gardshuset» i Prestalio. Sidan eigedomen vår er landbrukseigedomen som er att av den gamle prestegarden då tomtefeltet blei skilt i frå

resten, landa me på at me ville gå for ein herskapeleg stil, seier ho. Med to etasjar med ei grunnflata på 180 kvadrat, røyst panel og med sprosser i alle vindauge, har dei fått eit moderne hus, men som også tek med seg mange delar ein gamal norsk byggjetradisjon frå store og flotte gamle «gardshus.» Og paret har planlagd bustaden for framtida, og har hatt fokus på at den dagen borna flyttar ut, så skal dei kunne bu i huset ved å berre bruke første etasje. — Me er så glade i Skånevik og denne plassen at me vil ha muligheten for å bu her heile livet, seier Maren.

Bygger hus med apell til unge På kort tid har Vigor Bygg fått tre kjøparar på fem bustadar i Prestalio.

lien tel fem, men pappa Ørjan (40) og storesøster Kamilla (9) var ikkje til stades då bildet vart tatt. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Vigor Bygg har kjøpt fem av tomtene i Prestalio frå Mortveit eiendom AS. Der skal dei bygge fem bustadar som har slått spesielt godt an blant unge så langt. — Dei skal setjast opp på skrå tomter og over to plan. Husa inneheld carport, soverom, kjøkken, stove og soverom. Buarealet blir på 115 kvadrat. — I utgangspunktet har me ikkje tenkt ungdomsbustadar, men så langt har det blitt ein slags ungdomsprofil på prosjektet, stadfestar Kjetil Nedreskår, dagleg leiar i Vigor Bygg. Ifølge Nedreskår er målet å setje spaden i jorda for husa før sommaren. — Etter ein litt stille periode ser det ut til at bildet har snudd seg veldig i Prestalio. Det er ein optimisme rundt feltet me ikkje har sett før, og det verkar som mange er interessert. Spesielt positivt er det at mange som allereie er fastbuande viser interesse for feltet, slik at ein ikkje får eit «hyttefelt» med hus det nesten aldri er lys i, seier han.


24

2018

TORSDAG 1. MARS

Betre liv med mikrohus

I 2014 tok Sonja Sveum Toen og har, desto meir er vi ute, seier Toen. Dag Robert Gjelsvik eit oppgjer Veggplatene innvendig er malte med liva dei levde. OSB-plater, golvet er laminat for å — Vi levde relativt vanlege, stres- tole mykje slitasje. Etter kvart skal sa liv, med fulle jobbar, hus, bilar dei også få eit takvindauge som og lån. Vi ville ha det litt rolegare, vil sleppe meir lys inn. Planane fortel Gjelsvik. vidare er mange: Solcelleanlegg og Dei var sugne på å sjå verda og solfangarar på taket skal gi enerkorleis folk levde andre stadar. gien dei trenger til varmekablar i Med kvar sin 20 kilos sekk drog golvet, varmtvatn og straum, i tildei ut med ein fleksibel flybillett legg til overskotsenergi som dei kan som varte i eitt år. På ei øy utanfor selje til Hurum Energi. På veggen Vietnam, der det knapt fanst ein planlegg dei ein vertikal urtehage, einaste butikk, slo det dei: med eit eige vatningssystem, og dei — Folk var så smilande og blide. vil samle vatn på utsida av bustaden Dei var saman. Og sjølv sakna vi til vatningssystemet. familie, ikkje ting. Kollegaer, ikkje jobb. Med ein liten vasskokar og Under 500.000 ein smoothie-lagar i sekken greid- Totalkostnadene for huset (utan de vi oss utmerkt. Vi klarte ikkje tomt) ligg på cirka 400.000 kroner. å ramse opp tinga vi hadde heime, — Ein bakgrunn for å gjere dette så kanskje vi hadde for mange ting, er at vi reagerte på at det er så dyrt fortel Toen. å få ein stad å bu, og at ein blir sitDei begynte å tenkje: Om dei jande med veldig stor gjeld. Du kan skulle bygget eit faktisk  byggje eige hus, korleis hus i Noreg til Vi fann ut at jo mindre ville dei gjort det? under 500.000 Dei kom tilbake kroner, seier hus vi har, desto meir til Noreg. Kjøpte Toen. er vi ute ein bybubil og Så har dei i SONJA SVEUM TOEN brukte tre månafellesskap også der på å køyre gjort det meste landet på langs – og på kryss og sjølv, forutan graving og støyping tvers. av grunnmur og røyrleggararbeidet. – Reisene har gitt stor læring i — Det er noko med å vere sjølvdet å bu lite. Vi bestemte oss for at: hjelpen. Det gir ein viss tilfredsstilDette gjer vi, fortel Toen. ling å ha bygd det sjølv, konstaterer Så dei teikna opp ein sirkel, med Gjelsvik. ein times reiseavstand til Oslo. I Paret er klare på at det er nok plass Holmsbu i Hurum kommune fann i mikrohuset for dei. Besøkjande dei tomt. familiar på fire eller seks kan det derimot bli litt vanskeleg å Tre meter breitt innlosjere. No har det vesle huset stått på tom— Løysingar er eit mikrohus til ta i eit års tid. Inne måler buarealet ved sida av, til jobb, besøk og kurtre meter i breidda og 11,70 centi- sing, fortel dei. meter i lengda. Huset har fått pultDei har sagt opp jobbane dei tak, altså ein takflate som fell til hadde; ho som kontorleiar for HAV den eine sida. På det høgste er det Eiendom, han som lærar (og med to fire meter oppunder taket. Så har små firma ved sida av). Av Nav har dei i tillegg ein lita bod og to hem- dei fått etableringsstøtte til å starte sar. Den 140 centimeter breie senga firma, og no jobbar dei for fullt med får plass i eit skap. Vaskemaskina er utvikling av mikrohus-prosjektet. mindre enn vanleg, 45 centimeter. – Vi ønsker å vise at det er kvalitet Kokeplata og vaskekummen er også i å bu lite, seier Toen. i ministorleik. Dei var ikkje sikre HELE HUSET: De har bare ett oppholdsrom, med stue, kjøkken og soverom.  på om dei skulle ha komfyr, men installerte det for eventuelle gjester. — Vi lager ikkje så mykje mat, mest salatar, forklarer dei. Det er heller ikkje mange ting å sjå, bortsett frå nokre notatbøker. For at eitt klesskap skal vere nok, har dei laget nokre regler for kor mange klede kvar av dei kan ha: Fem bukser, seks genserar, sju T-skjorter og fire par sko. Bordet kan ein slå ned, og dei satsar på mykje grilling utandørs, og aktiv bruk av etemuligheiter ute i nærmiljøet om dei skal ha ÅPENT: Det fire meter lange middagsgjester. Ei fire meter lang vinduet kan åpnes helt. trekkspeldør i glas kan opnast melInngangsdøren blir som en del lom stova og hagen, og er både innav vinduet. FOTO: JON OLAV NESVOLD/ gangsdør og vindauge. NTB SCANPIX — Vi fann ut at jo mindre hus vi

13 METER: Dei utvendige måla breidde. 30 cm isolasjon i minimalt med oppvarming.

BAD: Paret ønskte å


2018

TORSDAG 1. MARS

Paret ville ha rolegare liv. Ved å teikne smått og byggje sjølv, har dei fått eit nytt hus for 400.000 kroner. KJERSTI BLEHR LÅNKAN, NPK/NTB er 12,80 meter lengde og 3,60 meter vegg og 40 cm i tak gjer at huset treng

FAKTA: n Råd frå Toen og Gjelsvik til andre som vurderer mikrohus

n Stopp opp og vurder om dette er noko

du verkeleg har lyst til å gjere. Sjå kva du kan klare deg utan, det vil innebere å gå ned i konsum.

n Undersøk og få inspirasjon. For eksempel via Tiny House movement og sosiale medium, som Facebook-gruppa Minihus i Norge.

n Snakk med kommunen din. Kommunar må gjerast merksame på at dette også er ein buform, og du kan få informasjon om planar og liknande ting som skjer i kommunen. n Ver oppmerksam på at det tar tid om

du skal gjere alt sjølv. Sett deg godt inn i den tekniske standarden, reglar og lover.

n For meir informasjon, sjå nettsida deira www.modern-living.org

Same reglar Om du vil byggje eit lite eller stort hus, er det dei same byggjereglane som gjeld, understrekar Johan Gåsbakk, seniorrådgivar i Sintef Byggforsk.

FOTO: JON OLAV NESVOLD / NTB SCANPIX

prioritere det å ha eit ordentlig bad.

— Det er dei same basiskrava med omsyn til konstruksjon, isolasjon og miljø, seier han, og framhevar samtidig viktigheita av særleg god planløysing for små hus. I dag ser han mikrohus som eit fenomen for spesielt interesserte. — Ein ordinær småbarnsfamilie vil kollidere med veggane ganske fort, seier han. Bustadene har dei siste tiåra fått stadig strengare krav til varmeisolering. — Per kvadratmeter brukar vi mindre energi i dag enn nokon gong før, men samtidig har bustadene generelt auka kraftig i storleik. I tillegg har mange ei hytte eller to som også står varme året rundt, seier han. I det perspektivet synest han mikrohusinitiativet er interessant. Ein vil spare både byggjematerialar, isolasjon, leidningsnett, energi til oppvarming og talet på møbel ein får plass til. Det er jo heilt vanvitig kva ein har samla av ting dei siste par generasjonane, seier han.

BOD: Sjølv små hus må ha ei bod, ifølgje bygningsreglane. Boda er også rømmingsveg frå den eine hemsen.

25


26

tema

2018

TORSDAG 1. MARS

Rotter og mus gjer skade for mange millionar årleg På eitt år står smågnagarane for kring 30 prosent av alle skadedyrangrep. Prislappen passerer svimlande 50 millionar kroner.

— Ein skulle mest ikkje tru at det er sant, men når du ser bilete av kor mykje skadar ei rotte kan gjere, så må ein berre tru på det, seier informasjonsdirektør i If Jon Berge til NRK, om dei store skadane som smågnagarar påfører norske bygg gjennom året. Visstnok har uvanleg mykje smågnagarar trekt innomhus i vinter. Ein mild og våt haust har gjort at musene har levd godt ute. No når kulda har kome trekker dei inn. Då kjem problema for huseigarane. Ei mus treng berre seks millimeter opning for å komme seg inn. Då kan ho også formeire seg raskt

om ho får leve i skjul. Ei mus kan få opp til ti kull i året og ho er ikkje kresen i matfatet. — Dei kan ete på klede og tøy, treverk, isolasjon og leidningar. Dei klarar seg nesten utan drikke. I ein kjellar kan dei klare seg med det som finst av kondens på røyr, eller den fukta som er i treverket, seier skadedyrkontrollør Per Olav Erikstad til NRK. Skadane blir kostbare og komplekse å rydde opp etter. Informasjonsdirektør Berge i If seier han har sett mange skader på over fleire hundre tusen kroner, og han oppfordrar folk til å sjå godt etter i hus og hytter. Dersom ein først har fått eit museproblem, bør ein ta kontakt med fagfolk eller få tips på internett. I ekstremår, som i år, kan muse- og rottefeller ikkje få bukt med problemet aleine. (NPK)

I år med mykje rotter og mus er det ikkje alltid nok med feller.   Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / NTB scanpix / NPK

Rubrikkannonser Lys og fin LeiLighet i Ølensvåg til leige. Delvis møblert, 2 soverom, 6000,pr. mnd, ikke røyk, ikke dyr. ring 415 63 956 for info.

Smarte el-løsninger for privat- og bedriftskunde Autorisert elektroinstallatør.

LITE HUS I SKÅNEVIK Sentrum til leige frå 1.2.2018. Intresserte kan ta kontakt med Hildegunn på tlf. 957 74 131

Brannalarm, alarmer, kamerasystem m.m. Brannforebyggende elkontroll - bolig Elkontroll - landbruk og næringsbygg Elektrotermografi Norelco

Ølensvåg tlf 983 56 222

Ledig stilling

norelcoas.no

Når du trenger Alle typer elektrisk installasjonsarbeid utføres

BO YG GB GU

Søker etter:

Din lokale PC-Doktor! Einar Fjeldheim - Ølen www.fjeldheim-data.no Tlf. 406 37 919

Sjåfør/ringevikar med klasse C/CE

Grasballar til salGs Forhåndsalg førsteslått 2018. Hentepris kr. 750,- pr stk. Tlf. 994 37 189

Har du lyst å kjøra betongbil/lastebil? Ta kontakt med Erik tlf. 992 76 188 dersom du har spørsmål.

Tørr blandingsved 600 kr. pr kubikk, ikkje pakka, må hentast. Tlf. 994 37 189

Send søknad til: erik@etnebetong.no

TRENG DU HJELP til snømåking, trefelling, opprydding? Muring, pussing, graving, vekkjøring, forskaling, støyping, flising, riving, oppussing, rehabilitering, transportkjøring mm. Utleige av små maskiner og conteiner. Kontakt Sandvik Gard. Tlf. 916 71 790

Lager i Vikedal Tor O. Solheim Tlf. 982 66 924 Skjoldastraumen Tlf. 52 77 92 39 - Mob. 982 66 930

5590 ETNE Telefon 454 51 637

Skånevik Tannlegen (Husnes Tannlegesenter) har no opna kontor på Helsesenteret i Skånevik Tlf. 53 75 51 90

Fetveit Brønnboring 975 12 676

Tid for kalking

• Vannboring • Energiboring • Horsontalboring • Fundamentering

Skjellsand på lager Leveres ferdig spreidd

Konkurransedyktige prisar

ALT INNEN STØYPING KAI & BRYGGER, LANDBRUKSBYGG GRUNNMUR OG GOLVSTØYP,

Vanngaranti 941 62 869 post@fetveit.no www.fetveit-bronnboring.no

Jarle Håkull Maskin Tlf. 970 23 518 • 5574 Skjold

På Diabeteslinjen får du svar på spørsmål av erfarne veiledere. I tillegg til norsk svarer vi også på flere andre språk.

Spør ekspertene om diabetes chat

di

81

a b ete s. n o

Kontakt Diabeteslinjen hverdager fra 9.00–15.00

5 21 948

diabetes.no/linjen

Bygg og Bu Grannar 1. mars 2018  

Temaavis for Grannar Bygg og Bu

Bygg og Bu Grannar 1. mars 2018  

Temaavis for Grannar Bygg og Bu