Page 1

2017 Torsdag 16. mars

11

Bygg og bu

Side 11-29

Tok vare pĂĽ tradisjonen side 12-14

Foto: Jon Edvardsen


12

2017 TORSDAG 16. MARS

Alle tre er godt nøgde med at det gamle gardshuset på Birkeland i Ølmedal som har historie tilbake til 1700-talet. Til høgre Hanne Gro Marvik som bur i huset saman med familien, og foreldra Ingrid og Lars Marvik som starta prosjektet og bur i nabohuset.

I gangen er gammal tømmer og teglstein synleg i ei krå for å vise korleis det var.

Skap og rokk i hjørnet. Målet var å ta vare på mest mogleg av det som var, og samstundes ha ein

Hus med sjel og historie Benk ved vedomnen på kjøkkenet.

Huset har ei historie eit par hundre år tilbake i tid, og er i restaurert stand likevel ein moderne heim etter dagens krav og ønske. JON EDVARDSEN

Det kvitmåla huset med ny kledning og nye vindauge ser ganske så nytt ut, men den gamle grunnmuren i fronten avslører at huset er restaurert. Den inste stova i huset er frå 1700-talet, og tømmerveggene er bevart slik dei var i heile huset.


2017 TORSDAG 16. MARS

moderne og praktisk heim. Her i mellomstova med mykje lys og kvitmala vegger.

FOTO: JON EDVARDSEN

Det har sin sjarm å ta vare på det gamle samstundes som det er eit praktisk hus. HANNE GRO MARVIK

Lyst og fint i salen på loftet. Der er det også tv-krok.

Litt tapet, men mest kvitmåla vegger og tak. Hanne Gro Marvik flytta inn i huset for to år sidan saman med familien. Ho er vaksen opp i nabohuset der foreldra budde,

medan bestemora budde i det gamle.

Sin eigen sjarm — Det har sin sjarm å ta vare på det gamle

13

samstundes som det er eit praktisk hus. Kjøkkenet er stort og godt, og det er god plass i huset. Med fem soverom kan ungane ha kvart sitt. Eg har alltid hatt lyst til å pusse opp huset, seier firebarnsmora. Og for første gong har huset fått bad, og det er to, slik dei fleste vil ha i dag. Ho har alltid sagt at det er eit hus ho ønskte å ha. Foreldra Ingrid og Lars Marvik sette i gang med restaureringa for snart fem år sidan, og det tok to og eit halvt år å bli ferdig. Deretter flytta dottera Hanne Gro frå Elverum tilbake til Imsland og inn i det fiks ferdige huset. Og ho ville ha inn

igjen mangt av det gamle interiøret som ser 50- og 60-tals ut. — Denne lampa har sikkert vore her sidan straumen kom, fortel Lars Marvik. Lampa heng over ei solid bordplate på kjøkkenet, med eit gammalt kråskap som nærmaste nabo.

Glad for restaureringa Alle tre er glade for at dei tok tak med huset og bevarte mest mogleg, alternativet var å rive og byggje heilt nytt. Ingrid Marvik kan ikkje få rost snikkarane Sigbjørn Hundseid og Svein Cato Birkeland nok for jobben dei har gjort. — Dei var flinke til å finne løysingar på det meste. Det var ikkje mykje som var beint og alt måtte bli tilpassa, seier Ingrid Marvik. Og mangt måtte bli verande skeivt for å kunne ta vare på sjarmen og det som er. — Huset vart sist ordna i 1947, og då vart det sett inn store glas slik ein ville ha

Neste side


14

2017 TORSDAG 16. MARS

Huset i Ølmedal er isolert utvendig på tømmervegger, og har fått ny panel og nye vindauge i tråd med den gamle stilen. Til høgre nabohuset nesten vegg i vegg. 

I den eldste stova har Oliver det romsleg framfor tv-en.

FOTO: JON EDVARDSEN

Romslege soverom under skråtak er vanleg i denne typen eldre hus.

Meininga er å ta det gamle med seg og vise litt av korleis det var tidlegare. LARS MARVIK

det på den tida. Dei nye passa fint inn i tømra, forklarer Lars Marvik. Huset har med andre ord fått tilbake sin tidlegare stil med småruta vindauge. Gamle bilde viser at huset hadde slike vindauge tidlegare, slik det var vanleg i eldre gardshus. — Vi var i grunn i tvil om kva vi skulle gjere med det gamle huset. Snikkarane var også det. Men no er vi glade for at vi gjorde dette. Målet var å ta vare på det som var brukande, seier Lars Marvik.

Namnet på salen Han seier det ville blitt langt billigare å byggje nytt. Huset er på hovudbruket på Birkeland i Ølmedal med utsikt over Børkjelandsvatnet. Det er eit spesielt tun sidan våningshuset på nabobruket berre er eit par armlengder unna. Nærmast som restane av eit klyngetun der utskiftinga ikkje vart heilt fullført. Eldstemann Marvik er den som kan mest om historia til huset, tilbake til oldefaren hans si tid. Det er tippoldefaren til dagens bebuar i huset. — Han skar namnet sitt inn oppe på salen i 1842. Han var med og bygde båtar i Imslandsjøen og dreiv med snikkararbeid, og eg trur han laga kråskapet på kjøkkenet. Huset er eldre, men det er i alle fall ei tidfesting. Eg fann aviser med gotisk skrift inne i ein vegg,

Liten stol og stor sko.

Hanne Gro Marvik i den delen av kjøkkenet der alt er nytt.

fortel han. Salen er det opne, luftige rommet i andre etasje som går heilt opp til mønet. Eit lyst rom der dei har lagt inn eit takvindauge.

denne typen hus. Det er også skiferen som kanskje er over hundre år gammal, og med litt supplering fekk dei taket opp igjen etter at reparasjon og isolering var ferdig. Heile huset er isolert på utsida av tømmerveggene og kledd med panel mot vêr og vind. Dermed er det også plass til breie vindaugskarmar som ikkje stikk lenger ut enn veggen. Det romslege kjøkkenet går i ein vinkel, deretter ei mellomstove med dører ut mot hagen, og inn forbi den daglege bruksstova med tv og romsleg sofa. Det som var bestestova før.

Typisk med skifer Det tradisjonelle vestlandshuset var enkelt, utan takutstikk, med liggande panel og skifer på taket. Forløparen var treromsstova som går langt tilbake i tid; med kove, altså eit soverom, gang og stove. Huset i Imsland har mange rom innanfor ein grunnmur på hundre kvadratmeter, og er ein variant av vestlandhuset. Typisk er den store salen oppe, med to større soverom, med tre mindre langs skråtaket som alle har sitt vesle vindauge i brystet. Det er ein signatur på

Nytt og retro — Nei, det er ikkje eg som har laga den. Det var hans idé, forklarer Hanne Gro Marvik om eit langt, småruta vindauge som heng

på veggen i gangen. Dei ulike typane tapet som var på veggene har fått kvar sin plass i glas og ramme i vindauga. I gangen er det også ei del av den brune tømra som står igjen umåla for å vise det opphavlege, pluss ein brannmur i teglstein. Skeiv og ujamn og neppe laga etter dagens krav til nøyaktig industriproduksjon. — Meininga er å ta det gamle med seg og vise litt av korleis det var tidlegare, seier Lars Marvik. Men maling skjuler heller ikkje spor av oppgangssaga på grove plankar eller at øks har gjort jobben på dørkarmen. Det gir liv til det lyse huset. Kjøkkenet er eit stort og moderne bruksrom med sprakande ved i omnen. Der er det mest nytt, men også litt gammalt. I stovene er inntrykket meir retro med møbler og lamper.


2017 TORSDAG 16. MARS

• Graving • Graving• Mobilt knuseverk 1965-201 • Doser arbeid 5 • Mobilt knuseverk • Terrengdumpere • Doser-arbeid år • Salg av knuste massar • Terrengdumpere påmassar Kanpphus • Sal av knuste på Knapphus

KULESTEIN

Ta kontakt på tlf. 53 75 62 51

laila@brodrene-flatebo.no • Tlf. 416 50 350 www.brodrene-flatebo.no permagne@brodrene-flatebo.no • Tlf. 901 11 967 www.brodrene-flatebo.no

TILBUDENE GJELDER I PERIODEN 2. MARS - 4. MARS

TILBUDENE GJELDER I PERIODEN 2. MARS - 4. MARS

5590 Etne

ALLEREIE SELD!

Tlf./ 52 7947 54018 05 / 959 47 018 Tlf. 52 79 54 05 959

BRØDR. FLATEBØ 5590 Etne - Telefon 53 75 46 89 - Mobil 913 01 991

9

Bygg og Bu

50

i forskjellege størrelsar til • Pynting av skråningar og blomsterbed • Grus og hagesingel

15

Roa Tomteselskap AS

E-post: sidsel@sidsels.no - www.sidsels.no E-post: sidsel@sidsels.no - www.sidsels.no

• Omtrekking møbler • Salg av møbelstoff • Omtrekking møbler • Salg av møbelstoff • Søm av båtputer • Søm av kalesjer • Søm av båtputer • Søm av kalesjer

20 leiligheiter

13 einebustader

Fetveit Brønnboring 975 12 676 • Vannboring • Energiboring • Horsontalboring • Fundamentering

Din bit av Roastrand Sikre deg din plass på Roastrand med kort veg til det meste. Kun tre ledige bustader i byggetrinn 1. Fire bustader er reservert i byggetrinn 2.

Konkurransedyktige prisar

- STERK - 18- 18 V V Vanngaranti - STERK 941 62 869 Din lokale faghandel Din lokale faghandel - 2 -BATTERIER post@fetveit.no 2 BATTERIERwww.fetveit-bronnboring.no

2.

799 799

BYGGETRINN UNDER OPPSTART

For meir informasjon ring Morten Helland 458 65 508

morten@minbit.no minbit.no

For gode finansordningar ring oss 03240 / 52705000

BOSCH OPPLADBAR DRILL BOSCH OPPLADBAR DRILL

PSR 1800 HELGEKAMPANJE

PSR 1800

Sterk 18Sterk V drill18som er lett jobbe 2 Lithium batterier – 1,5 Ah, V drill somåer lett med. å jobbe med. 2 Lithium batterier – 1,5 Ah, lades opp på 1opp time. for2optimal kraft. Turtall: lades på 2 1 gir time. gir for optimal kraft. 0-1350/min. Turtall: 0-1350/min. Leveres Leveres i koffert imed lader oglader 2 batterier koffert med og 2 batterier

249 N TITLI L N E E M M M O M EN! ! JOTUN LADY PURE COLOR

3 LITERS SPANN En helmatt kvalitetsmaling med null gjenskinn. Meget god dekkevne.

N L 3490VV O E K L Ø L K I Ø L EN I T E S 0 T 0 E S 0 . F 0 E 8 . F S 0 8 . S 0 G L . G N K L ÅPÅPININ MARASRS K SPAR 2500,-

. M 2 . 2 G A G D A TOTROSR S D

FØRPRIS 5990,-

SUPERMATT SUPERMATT

HØYTRYKKVASKER

249 249 5900 SKAGEN SPISEGRUPPE

JOTUN LADY JOTUN LADY PURE COLOR PURE COLOR

En romslig gruppe i kunstroting med 3-seter sofa, 2 stoler og spisebord med glassplate. Vaskbart putetrekk i polyester.

3 LITERS SPANN 3 LITERS SPANN

En helmatt kvalitetsmaling med nullmed gjenskinn. En helmatt kvalitetsmaling null gjenskinn. Meget god dekkevne. Brukes Brukes på bygningsplater, Meget god dekkevne. på bygningsplater, mur og mur vegger strie, og (f.eks. veggerspon, (f.eks.gips, spon, gips,tapet, strie, tapet, betong og pusset vaskbarhet, betong og mur). pussetSuveren mur). Suveren vaskbarhet, flekkavvisende og slitesterk flekkavvisende og slitesterk

Coop Byggmix Ølen mandag-fredag 8-20 lørdag 9-16 Det er ikke bare tilbudene du kan du spare på! Det er ikke bare tilbudene kan penger spare penger på! NÅR DU ERNÅR MEDLEM, DUSPARER PENGER PÅPENGER ALT DUPÅ HANDLER HOS OSS –HOS FORDI DU FÅR KJØPEUTBYTTE DU ER SPARER MEDLEM, DU ALT DU HANDLER OSS – FORDI DU FÅR KJØPEUTBYTTE

177110 byggmix olen u9.indd 1

01.02.2017 1


16

2017 TORSDAG 16. MARS

Meir enn «berre eit d

Grøne vekstar som har overlevd vinteren inne i drivhuset til Elen Merethe.

Litt nips må til for å gjera det koseleg.

På kvelden lyser led-lys opp og skapar ei fin stemning innomhus.

Huset i glas blir godt oppvarma om dagen, og er like mykje ei utestove som eit drivhus.

Drivhus er ikkje lenger berre for dyrking av agurkar og basillikum. No er glashuset i hagen for mange blitt ei trendy utestove. Grethe Hopland Ravn

Sola skin frå ein nesten skyfri himmel, men mange trekkjer framleis opp kragen på jakka når ein går utomhus. Nordavinden er nemleg bitande kald denne formiddagen i mars. Inne i drivhuset til Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik i Etne er det derimot god varme, for her er det berre solstrålane som slepp inn. Og når både tak og vegger er av glas, skal det ikkje lange stunda til før det blir ein svært behageleg temperatur innomhus. Inne i drivhuset er det ein hyggeleg atmosfære. Det er nips og gjenstandar som skal pynta opp, led-lys i tak og ved nokre av veggene, og det er sett inn både bord og stolar,

Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik trivst godt i drivhuset sitt. Ein pla

inkludert ein praktisk liten biobrenselpeis som er plassert på bordet. — Her brukar eg mykje tid, nesten heile året gjennom. Det blir som eit hobbyrom. Her byter eg jord på potteplantane mine, her lagar eg julekransar og oppsatsar og her har eg depotet til fuglematen. I tillegg så prøver eg å dyrka fram litt forskjellige ting, seier Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik.

Fleirbrukshus Ho har prøvd seg på både mais, vassmelon, blomar, urter, avokado, fersken og sitronar. På utsida av drivhuset har ho

planta russiske druer, som veks oppetter veggen og taket. Men for henne, som for svært mange andre drivhuseigarar, er dette til mykje meir enn berre planting og dyrking. Drivhus er blitt svært populært med tida, og mange nyttar også dette glashuset til ein sosial samlingsplass rundt kaffikoppen eller ei stille stund for seg sjølv. Det er truleg ikkje få verdsproblem som har blitt løyste over ein kaffikopp i eit drivhus, enten det er vinter eller sommar. — Etter at me fekk dette drivhuset har eg faktisk også blitt ein ivrig fuglekikkar. Her kan du sitja og berre nyta utsikta oppover, og det er mykje fuglar å sjå. Eg har til og med sett ørn, seier Ramsvik og legg til at for henne er


2017 TORSDAG 16. MARS

17

drivhus»

ass for sosiale kveldar med venninner, ein plass for seg sjølv, ein plass for å prøva ut nye ting som planting av frukt og grønt. 

drivhuset ein god stad å bruka tida på, både for seg sjølv eller saman med venninner som kjem innom på besøk. Tidlegare då barna var yngre, var dette også ein ynda plass for spelekveldar eller andre aktivitetar som familien gjorde saman.

Mykje arbeid Skal ein dyrka plantar eller andre vekstar i drivhus, krev det mykje arbeid. Mellom anna vatning må ein vera nøye med, elles tørkar alt ut på rekordtid. Likevel er spenninga ved å sjå nye ting spire, alltid ein stor motivasjonsfaktor. Drivhuset til familien Ramsvik fekk dei kjøpt for ein

billig penge, hos Elen Merethe sin svigerfar for mange år sidan. Og drivhus kan ein få i alle storleikar og variantar. Nokre vel å byggja dei sjølv, av til dømes gamle vindauge. Andre vel å investera i billige, dyre, store og små variantar av det populære glashuset. Prisklassane ein

Det blir som eit hobbyrom som eg brukar nesten heile året Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik

Foto: Grethe Hopland Ravn

snakkar om er alt frå rundt 5.000 kroner for dei aller billigaste drivhusa i kjedevarehusa, til dyre og store drivhus på mange hundre tusen kroner. — Det kan vera mange grunnar til at folk har drivhus. For nokre handlar det om å dyrka økologisk til eige bruk, for andre kan det utelukkande vera den sosiale biten eller den etterlengta utestova, som er heile poenget med å skaffa seg drivhus. For min del er det ei fin blanding. Eg likar å planta og prøva ut nye ting, men for meg handlar drivhuset også om hyggelege sosiale stunder med andre, eller åleinetid berre for meg sjølv. Drivhuset er også «mors friplass», seier Ramsvik.


18

2017 TORSDAG 16. MARS

2010

2012 2011

2014 2013

2016 2015

Norges mest fornøyde tv- og bredbåndskunder. 7 år på rad.

LEVERES AV

føler seg takknemlig.

KILDE: EPSI 2016 EMOJI ART SUPPLIED BY EMOJIONE


2017 TORSDAG 16. MARS

MØBELERINGSKONSEPT - for deg som vil kosa deg på hytta.

Me møblerer heile eller deler av hytta. • Montering • Faste kjøreruter. Princess Etne tilbyr måltaking, søm, levering og montering av gardiner, solskerming m.m.

Opningstider: mandag - torsdag 10.00 - 18.00 fredag 10.00 - 19.00 lørdag 10.00 - 15.00 Etne senter • Telefon 53 77 09 99

19


20

2017 Torsdag 16. mars

Hyttemarknad: Det blei tinglyst kjøp av totalt 11.553 fritidseigedomar i Noreg i fjor. I dag kan vi presentere ei oversikt over denne marknaden i alle kommunane i fylket.Illustrasjonsfoto

Hyttesal for 58 millionar I løpet av fjoråret blei det tinglyst kjøp av femti fritidseigedomar i Vindafjord og Etne til den nette sum av 58 millionar kroner. Snittsummen på desse er ein del lågare enn «normalt». Yngve Johnsen, En-to-tekst

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det blei tinglyst 25 fritidseigedomar til ein samla verdi av 36.785.000 kroner i Vindafjord i fjor. I Etne kommune blei det òg omsett 25 fritidseigedomar, men her for ein samla kjøpesum på 21,7 millionar kroner. I dag kan me presentere ei oversikt for hyttemarknaden i både Rogaland og Hordaland i 2016.

Snittsum Vindafjord Gjennomsnittleg kjøpesum per hytte i Vindafjord blei dermed 1,47 millionar kroner, medan Etne fekk eit snitt på 867.000 kroner. Den norske hytta kosta i snitt 1,66 millionar kroner i fjor, noko som er ein relativ svak auke på 9.000 kroner. Men utviklinga har vore svært ulik i dei ulike fylka. Dei klart største aukane fann stad i Akershus og Østfold,

med godt over ein halv million kroner i vekst på gjennomsnittet. Så mange som ti fylke melder om nedgang i snittsummen. SSB reknar sjølv ut gjennomsnittlege prisar per fylke, og for Hordaland er det snakk om ein snittpris på 1,66 millionar kroner per fritidseigedom. Det er ned 49.000 siste året. I Rogaland var snittprisen på 1,62 millionar kroner, ned 251.000 kroner. Dei høgaste prisane har Vestfold, med eit snitt på 2,57 millionar kroner.

Fleire sal = betre bilde Statistikken tek utgangspunkt i mengda tinglyste eigedomsomsetnader med tilhøyrande omsetnadsverdi. Også kjøp av tomt vil vere med i statistikken her. SSB understrekar at tabellane ikkje kan sjåast på som ein faktisk prisstatistikk. — Både storleik, standard og lokalisering varierer over tid. Endringar i gjennomsnittleg kjøpesum frå eitt år til det neste gir derfor ikkje eit rett bilde av prisutviklinga, poengterer SSB. — Dei siste åra har det blitt bygt ei rekkje nye fritidseigedomar med høg standard. Derfor har auken i gjennomsnittleg kjøpesum for fritidseigedomar vore større enn prisauken for éin enkelt fritidseigedom i same periode, minner byrået om. Dess fleire omsetningar det er

snakk om, dess betre blir bildet av prisutviklinga og gjennomsnittleg kjøpesum. I statistikken blir både gamle og nye fritidseigedomar ført - så sant dei blir tinglyste. SSB minner og om at det kan ta ein del tid frå ein eigedom blir kjøpt, til den blir tinglyst. Samanlikna med året i førevegen, så har snittprisen i Vindafjord gått ned heile 678.000 kroner - utan at det fortel så mykje om den konkrete prisutviklinga her lokalt. I Etne kommune har det vore ein nedgang på 351.000 kroner.

Mest og minst Formaningane om varsemd tek vi med oss, men viser likevel til dei publiserte tala som viser at Sola kommune har høgaste gjennomsnittspris i Rogaland i fjor, rettnok berre med tre omsetningar og ein snittpris på 3,53 millionar kroner. I Hordaland toppar Os kommune med 2,59 millionar kroner i snitt. Så nemner vi, nærmast som ein kuriositet, at det blei selt 13 fritidseigedomar i Bærum kommune med eit gjennomsnitt på voluminøse 7,4 millionar kroner. Fredrikstad følgjer med eit snitt på 4,9 millionar kroner, mens Lillesand kaprar tredjeplassen med 4,7 millionar kroner.

Hyttemarknad 2016 Mengda omsetningar og gjennomsnittleg kjøpesum. 2016. Kjelde: SSB Mengd

Rogaland

Sola Klepp Hå Rennesøy Randaberg Strand Sandnes Hjelmeland Kvitsøy Finnøy Karmøy Bokn Vindafjord Tysvær Eigersund Lund Suldal Haugesund Forsand Gjesdal Sauda Sokndal Bjerkreim Stavanger

Snitt (tusen kr) 3 3.525 5 3.480 16 2.653 7 2.367 3 2.275 19 2.179 53 1.984 27 1.964 3 1.825 14 1.645 26 1.581 10 1.527 25 1.471 30 1.344 37 1.324 7 1.246 39 1.239 8 1.166 12 1.159 3 938 23 917 5 730 9 546 2 Ikkje oppgitt

NB! SSB publiserer ikkje gjennomsnittleg kjøpesum per kommune. Sidan byrået likevel har total kjøpesum og mengda omsetningar per kommune, så har vi rekna ut snittsummen sjølv frå desse tala.

Hordaland

Os 34 2.593 Voss 139 2.396 Austevoll 38 2.159 Eidfjord 37 1.909 Odda 86 1.901 Øygarden 34 1.824 Jondal 9 1.810 Fedje 3 1.796 Bergen 57 1.770 Austrheim 13 1.754 Fusa 16 1.715 Sveio 47 1.690 Bømlo 60 1.645 Fjell 53 1.613 Kvam 78 1.528 Ulvik 8 1.481 Sund 34 1.457 Radøy 30 1.424 Ullensvang 4 1.395 Tysnes 21 1.355 Kvinnherad 42     1.299 Meland 19 1.264 Askøy 29 1.264 Lindås 55 1.247 Samnanger 18 1.209 Fitjar 22 1.118 Stord 14 904 Etne 25 867 Vaksdal 15 765 Granvin 14 548 Osterøy 11 508 Masfjorden 9 499 Modalen 3 453 Noreg 11.553 1.660


2017 TORSDAG 16. MARS

21

Frå klassisk til moderne Kjøkkenet med fontar av glas er kjøpt som utstillingsmodell til halve prisen av nytt.

Frå stova er det ei fantastisk utsikt over fjord og fjell.

Eit moderne hus godt fundamentert på solid fjellgrunn.

Eigentleg hadde sambuarparet Maren Johnsen og Mats Ånestad Johannessen planar om eit klassisk hus, men tomta gjorde at dei gjekk for det moderne. Det har dei ikkje trega på. Irene Mæland Haraldsen

Godt forankra i solid granitt og med ei fantastisk utsikt over fjorden har sambuarparet frå Skjold bygd eit hus dei kan leva med heilt til alderdomen bankar på døra. Huset er bygd i to høgder, men i hovudetasjen har dei fått plass til alt som trengst for å leva eit heilt liv utan trapper. Ei stove med panoramautsikt, stort kjøkken, romsleg bad, vaskerom og soverom i tillegg til eit gjestetoalett er fordelt på dei 150 kvadratmetrane som utgjer halvparten av huset. I kjellaretasjen har dei to barna kvart sitt soverom, leikerom og bad. I resten av underetasjen har dei innreia ei leilegheit som dei leiger ut. Designet er moderne, med rette linjer og fokus på kvalitet. Betong, Royal impregnert kledning, fliser, vassboren varme og kjøkken med frontar i glas gjer vedlikehaldet lett både ute og inne. — Me ynskte oss eit klassisk hus, men tomta var litt vrien så det blei eit firkanta hus. Det er me glade for nå. Me har brukt materiale som er nesten vedlikehaldsfrie, og eit firkanta moderne hus er lettare å byggja enn eit klassisk, seier dei to ferske huseigarane Maren Johnsen (26) og Mats Ånestad Johannessen (29) som har funne seg godt til rette i det nye byggefeltet.

Klare krav Det nye huset på Vikaneset er ikkje det første huset det unge paret har bygd. For sju år sidan sette dei opp ein tomannsbustad

me fekk mykje for pengane ved å kjøpa ein utstillingsmodell Maren Johnsen

Mats Ånestad Johannessen og Maren Johnsen frå Skjold trivst godt i sitt nye moderne hus.

som dei selde for å bidra med finansieringa til den nye bustaden. Etter å ha budd fleire år i eit klassisk hus med tre etasjar var dei klar på kva dei ville ha og kva dei ikkje ville ha denne gongen. — For oss var det viktig å få alt på eitt plan. Me var leie av å gå i trapper. Og så ville me ha eit stort kjøkken og vaskerom med eigen inngang, fortel Maren Johnsen som har brukt mykje tid på å innreia huset. Ho er glad i interiør og likar å bruka bilde og planter som dekorative innslag. Ho har eit ekstra godt blikk for smarte innkjøp og har innreia nesten heile huset med møblar og inventar frå butikkutstillingar. Men av og til kan det by på problem når eksempelvis eit nyinnkjøpt kjøkken ikkje heilt passar inn til rominndelinga. Då kan det vera godt å han ein mann som er utdanna snekker og som kan gjera visse justeringar undervegs.

Foto: Irene Mæland Haraldsen

butikkane nå, og me har hatt lagerplass alle stader, seier snekker Mats som fekk i oppgåve å plukka ned og setja opp både skap og møblar i tillegg til å stå for tømrararbeidet på huset.

Sentralt

Sans for detaljar. To nisjar i stova gjev plass til dekorativ innslag.

Hovudbadet er stort og romsleg med moderne interiør.

— Kjøkkenet passa ikkje heilt inn så då måtte Mats flytta litt på veggene. Men me fekk mykje for pengane ved å kjøpa ein utstillingsmodell og eg brukte permisjonstida etter at yngstemann var fødd til å leita etter gode kjøp, seier 26-åringen og smiler.

Både kjøkken, bad, peis og stovemøblar er kjøpt frå utstillingar som butikkane ynskjer å byta ut. Ofte går slike modellar til halvparten av vanleg utsalspris, men kjøpar må sjølv demontera og henta varene. — Eg har vel vore i dei fleste

Sambuarparet har to born, Markus (2) og Mathias (5). Med både skule og barnehage i nærleiken er vegen kort når borna skal bringast og hentast kvar dag. Det gjer kvardagen lettare for apotekteknikaren og prosjektleiaren som begge er i jobb. — Me har alt me treng i nærleiken. Like utanfor huset har me også to leikeplassar og ei turløype. Nede ved sjøen ligg Likvik der det både står gapahuk og toalett, seier stavangerjenta Johnsen som kan takka kjærleiken for at ho slo seg ned på bygda. — Mats er frå Skjold og me ynskte å busetja oss her. Her trivst me svært godt begge to, seier ho.


22

2017 Torsdag 16. mars

Tilbygget til Vindafjordtunet i Vats.

Funkisvillaen i Sandeid som nyleg blei kjøpt av Thorhild Widvey og Osvald Bjelland.

Set mange spor etter seg

Arne Tveit på arkitektkontoret i Haugesund.

FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Arne Tveit har gjeve form til bygga som vil prege Grannardistriktet i mange tiår framover. Torstein Nymoen

Etne kyrkje. Vindafjordtunet. Enge skule. Ølen skule. Familiens Hus i Vindafjord, idrettshallar i Skjold og i Vikedal. Og ei lang rekke andre prosjektet, både offentlige og private i Grannar-distriktet. Alle bygningar som er konstruerte for å stå i mange tiår framover, og som har ein ting til felles. Det er Arne Tveit sitt hovud og strekar som har gjeve dei form.

Skulle bli lærar På 1980-talet hadde den unge etnebuen Arne Tveit ein plan om å bli lærar, akkurat som sin far. Han hadde studieplassen i handa, men då han kom heim frå militæret såg han ein annonse for opptaksprøve for arkitektstudiet ved dåverande Noregs Tekniske Høgskole (NTH) i Trondheim. Den gongen fekk to tredelar studieplass basert på karaktersnitt frå vidaregåande, mens ein tredel vart tatt opp gjennom praktiske oppgåver. Det var i den sistnemnde kategorien han såg sin moglegheit.

— Eg har heilt frå eg var liten vore glad i å teikne, så eg tenkte at det var eit spennande yrkje. Eg sende inn ein søknad, vart kalla inn på ein praktisk prøve i Bergen og fekk skuleplass. Eg hadde ikkje spesielt dårlege karakterar i skulen, men ville nok ikkje hatt moglegheit til å kome inn på arkitektstudiet med dei eg hadde, fortel han. Arne Tveit studerte i Trondheim i fem år, frå 1983 til 1988. Sin første faste jobb fekk han hos arkitektfirmaet Hellesen Wåge Hallgren i Stavanger omtrent samstundes som den norske jappetida trefte veggen med eit brak. Berre månader etter at han begynte i fast jobb vart han delvis permittert og deretter sagt opp grunna svikt i marknaden. — Eg livnærte meg delvis som organist ei stund då, og hadde ein periode halv stilling som organist ved Bekkefaret kyrkje. Men etter kvart som 90-talet kom seg på beina betra tidene seg att, og eg kom inn att i firmaet som arkitekt, fortel han.

Han budde i Stavanger i sju år før han fekk tilbod om stilling hos arkitektkontoret til Nils Vikane, Vikanes AS, i Haugesund i 1994. To år seinare fekk han så jobb hos Brekke Helgeland Brekke AS, også det i Haugesund. Tveit har vore inne på eigarsida sidan 2001. Men arkitekten, som no er busett i Vikebygd, strevar ikkje med å få sitt eige etternamn inn i selskapslogoen, slik dei som eig like mange aksjar i verksemda har. — Nei, me har eit namn som er så godt innarbeidd i regionen, at me ikkje vil leike med det, seier han. Forutan Arne Tveit er det Aksel M. Brekke, Stein Jarle Helgeland, Thomas Brekke og Jan Ove Bjørheim som eig verksemda om sysselset til saman 10 personar.

Tøff konkurranse Verksemda teiknar alt frå bustadar til sjukeheim og næringsbygg, og utformar også

reguleringsplanar. Dei hentar om lag halvparten av oppdraga sine hos private, den andre halvparten frå offentlege anbodskonkurransar. Konkurransen er tøff, med tre arkitektkontor i Haugesund på same storleik, i tillegg til fleire mindre kontor. — Innanfor det private er det gjerne mange faste oppdragsgjevarar. Er ein nøgd med ein ting dei har fått levert, kjem dei gjerne tilbake. Men prisfokuset og konkurransen er stor likevel, seier han. I ei tid kor det er hard kamp om å vinne offentlege anbodskonkurransar, så ser ikkje Tveit negativt på at prisfokuset hos offentlege byggherrar er høgt. — Å kunne skape gode rom innafor tronge rammer er ei solid faglig utfordring og noko eg likar å jobbe med, fortel han. Og verksemda er ikkje redd for å gå inn i konkurransar kor dei kanskje får 100.000 kroner for å delta, men legg inn mellom 400.000 og 600.000 kroner i eit bidrag kor risikoen for å tape pengane


2017 Torsdag 16. mars

Arne Tveit er opphavleg frå Etne, og har fått sett spor etter seg i heimbygda ved å teikne Etne kyrkje.

Vindafjord rådhus.

alltid er til stades. — Slik er det. Ein vinn noko og tapar noko, og så må ein passe på at ein hentar inn mange nok timar i andre frå private prosjekt, slik at verksemda får ein sunn økonomi, seier han. Nyleg vann Brekke Helgeland Brekke ein nasjonal arkitektkonkurranse for ein sjukeheim på Stord. — Det er definitivt eit av høgdepunkta

23

FOTO: DAG SMEMO

Hytter i Vikebygd.

for vår verksemd, og noko me er stolte av, seier han.

Gjævt oppdrag Tveit har teikna alt frå avanserte næringsbygg til den moderne funkisvillaen som tidlegare kulturminister Thorhild Widvey og forretningsmannen Osvald Bjelland nyleg kjøpte av dei opphavlege eigarane i Sandeid. Men å få høve til å teikne nye

Eg har heilt frå eg var liten vore glad i å teikne.

Arne Tveit

Etne kyrkje, som vart tatt i bruk for tre år sidan, er mellom oppdraga han held aller

høgast. Han kunne jo kyrkjeromma i kommunen godt frå før, ettersom han har har vore organisert i gudstenester i alle, første gongen i Gjerde kyrkje som 16-åring. — Det var spennande å få høve til å teikne eit så viktig bygg i heimbygda. Eg er nøgd med måten me har fått til kyrkjerommet og arkitekturen, i eit likevel nøkternt bygg. Tilbakemeldingane eg har fått har vore positive, det er hyggeleg, seier Arne Tveit.


24

2017 TORSDAG 16. MARS

helgevold.com

52 76 60 00 / kontakt@helgevold.com

Skal du bygge

NY BOLIG?

Etne Betong kan tilby: •) Struktur blokker for støttemur •) Ferdige blokker for muring i sjø •) Tilbehør til all forskaling/støping •) Ferdig betong med renne-/pumpebil Kontakt oss for pristilbod! Me leverer også flytebrygger i mange varianter www.etnebetong.no

Tongane 71, 5590 Etne. Tlf. 53 75 67 12 post@etnebetong.no

filterdk.no

Skal du bygge ny bolig? Helgevold Gruppen leverer alt innen elektriske løsninger og tar gjerne jobben med nettopp din bolig.

Kontakt oss for en uforpliktende samtale eller tilbud.

elektro - telecom - automasjon

Ferdigbetong

Transport og pumping 24 30 mobile og stasjonære betonganlegg i Norge

For bedriFTer og folk flest! For bedriFTer og folk flest! Varme & Bad består av 200 rørleggerbedrifter og mer enn 1500 fagfolk. Gjennom vår kjedemodell er vi tilgjengelige for det meste av Norges befolkning. Styrken ligger i samholdet. Den samlede kompetansen Varme & Bad består av 200 rørleggerbedrifter og mer enn 1500 fagfolk. Gjennom vår kjedemodell er vi er bred og mangfoldig. Og vi er fleksible. Det betyr at du kan bruke oss til hva det måtte være, enten du tilgjengelige for det meste av Norges befolkning. Styrken ligger i samholdet. Den samlede kompetansen bare skal renovere badet eller skal i gang med et større byggeprosjekt der alt inngår. er bred og mangfoldig. Og vi er fleksible. Det betyr at du kan bruke oss til hva det måtte være, enten du bare skal renovere badet eller skal i gang med et større byggeprosjekt der alt inngår. Og bare så det er sagt; vi er også toneangivende innen alternative oppvarmingsløsninger. For deg handler det om trygghet og tillit. For oss handler det om fagstolthet. Og bare så det er sagt; vi er også toneangivende innen alternative oppvarmingsløsninger. For deg handler det om trygghet og tillit. For oss handler det om fagstolthet.

Betongvarer

ig-rør og kummer, kabelkanaler og trekkekummer Murblokker, kantstein og belegg

Elementer

For alle typer bygg, samt sikkerhet i tunneler

Rørleggeren Navn Navnesen AS Rørleggeren Navn Navnesen AS

Gateveien 1 • 0000 Poststed • 00 00 00 00 • nettadresse.no • man-fre 10-17 lør 10-14 VARME & BAD - NORGES ENESTE LANDSDEKKENDE FOR PRIVAT-• OG BEDRIFTSMARKEDET Gateveien 1 • 0000 Poststed •RØRLEGGERKJEDE 00 00 00 00 • nettadresse.no man-fre 10-17 lør 10-14 Tilbudene varer fra xx.xx - xx.xx. Vi tar forbehold mot trykkfeil og endringer. Noen varer er bestillingsvarer, frakt kan komme i tillegg.

5574 Skjold • Tlf. 52 76 22 18 • post@rorharaldseid.no

VARME & BAD - NORGES ENESTE LANDSDEKKENDE RØRLEGGERKJEDE FOR PRIVAT- OG BEDRIFTSMARKEDET Tilbudene varer fra xx.xx - xx.xx. Vi tar forbehold mot trykkfeil og endringer. Noen varer er bestillingsvarer, frakt kan komme i tillegg.

VARME & BAD - NORGES ENESTE LANDSDEKKENDE RØRLEGGERKJEDE FOR PRIVAT- OG BEDRIFTSMARKEDET

Tlf. 53 77 52 00 mail@olenbetong.no www.olenbetong.no


2017 TORSDAG 16. MARS

Flotte 2-mannsboliger med solrik beliggenhet

! 1 solgt lar! gsk n i n t y fl 1 inn

n til

e Velkomm

Lundmark, Skånevik

Pris 1 plan: 2 100 000,Pris 2 plan: 2 200 000,-

• 2-mannsboliger over ett eller to plan • Fine terrasser rett ut fra stua • Solrike tomter • 2 biloppstillingsplasser • Nært idrettshall, skatepark, fotball- og sandvollyballbane • Gåavstand til sentrum og skole • Mulighet for husbankfinansiering

For mer informasjon, ta kontakt med Trond Rune Tungesvik på tlf. 975 20 815 eller Torgeir Tungesvik på tlf. 917 08 474

Vi har erfaring med prosjektering, produksjon og oppsetting av hus og hytter siden 1974. Dette gjør oss til det naturlige valget for deg som vil realisere drømmen - enten det er på fjellet eller ved sjøen. 2 innflyttningsklare hytter tter

klare hy Vi bygger blant annet: gsSkånevikstrand! in n tt y fl n på Sandvik/ in 2 ikstrand! v e n å • i Langedalen/Solfonn, Odda kommune k /S ik på Sandv • i Hordadalen/Røldal, Odda kommune • på Vågslid, Vinje kommune • på Molnes, Etne kommune • på Espenes, Sveio kommune • på Ænes og Kaldestad (boligtomter), Kvinnherad kommune • på Lundmark, Toflabrekko og Prestalio, i Skånevik, Etne kommune (bolig/boligtomter)

25


26

2017 Torsdag 16. mars

Nyt livet i «Bestemors hus»

Mange av husa i Sjoargata i Ølen er over 150 år gamle. Det minste huset i gata er vart truleg bygd på midten av 1800-talet.

Foto: Irene Mæland Haraldsen

Bak eit kvitmåla stakittgjerde ligg eitt av dei eldste husa midt i Sjoargata i Ølen sentrum. Her har Vigdis Viland (73) skapt sitt eige vesle paradis. Irene Mæland Haraldsen

Dei eldste bygingane langs Sjoargata i Ølen har husa både talrike familiar og leigebuarar sidan midten av 1800-talet. I dag vert ein del av husa brukte som feriebustad, men fortsatt finn ein fastbuande som nyt livet i dei små kvitmåla trehusa. I det aller minste huset langs gata har Vigdis Viland slått seg ned. Her har ho budd i over eitt år og her trivst ho som plomma i egget i sitt «Bestemors hus» som ho likar å kalla den nye heimen. — Her i dette vesle dokkehuset trivst eg svært godt. Det er lite, men her har eg alt eg treng, seier ho og opnar døra inn til den vesle gangen i huset . Med ei grunnflate i underkant av 50 kvadrat er det ikkje plass til store opne salar, men med god planløysing og

Det er fantastisk å bu i sentrum nå når eg blir eldre. Vigdis Viland

evne til å utnytte det arealet som er manglar det ikkje på komfort i det over 150 år gamle huset. I første etasje har ho kombinert stove og kjøkken, eit lite soverom, bad og bod. Ei stupbratt trapp fører opp til andre etasje der arbeidsrom og gjesterom har fått plass. Skråvegger og ekstra låg takhøgd i andre høgda krev fantasifulle løysingar for å få plass til nødvendige møblar. Sengegavlen på den eine senga måtte skråskjerast for å få plass under skråtaket. Takhøgda elles snik seg så vidt over 2 meter og verken golvet i første og andre etasje ligg i vater. Men det tek ikkje den nye leigebuaren så tungt. — Dette er nesten som å vera på ei hytte. Det er vedunderleg. Alt er skeivt og det er lågt under taket. Men eg trivst. Det er eit eventyr å bu her, alt er så fint restaurert. Før budde eg på Nerheim, men nå når eg blir eldre er det fantastisk å bu i sentrum. Eg leiger her og trur eg vil bli buande.

Sjølvlaga kunst fyller det vesle huset.

Plass til kunsten Vigdis Viland har drive aktivt med handarbeid av ulikt slag heile livet. Som ivrig husflidsdame manglar det ikkje

på sjølvlaga kunst og både vegger, hyller, skap og vinduskarmar er fylt med alt frå maleri og teikningar til vakre


2017 Torsdag 16. mars

27

Ottar Skjold Maskin as

Knapphus • 5576 Øvre Vats • Tlf. 908 46 284

Graving

Transport

Sprengning Natursteinsmuring

Grus • Pukk • Sand

Arbeid i høyden? www.leiestillas.no

Kjøkkenet er så lite at det ikkje er plass til ein stor komfyr. Ein liten hybelkomfyr gjer same nytte.

Vigdis Viland ynskjer velkomen til «Bestemors hus».

Skal du male, skifte kledning, bytte ut tak eller annet? Vi har stillaset som gjør arbeidet trygt, enkelt og billig.

post@leiestillas.no - www.leiestillas.no - 48 101 565

BYGGMEISTER OG TAKSTINGENIØR

Som Byggmeister og takstingeniør med over 40 års erfaring er eg godt rusta til å hjelpa deg med det meste når det gjeld bustaden din. TEKNISKE TENESTAR • Byggjesøknader • Teikningar • Berekningar ol. • Energirådgjeving • Energimerking • Uavhengig kontroll • Termografering

TAKST • Verdivurdering • Verdi og lånetakst • Tilstandsrapport • Overtakting

I andre etasje er takhøgda så låg at den gamle senga måtte spesialtilpassast.

Trappa er så bratt av Vigdis Viland synest det er tryggast å gå baklengs ned.

TA KONTAKT FOR EIN HYGGELIG PRAT! BYGGMEISTER

Lars Olav Bergsvåg 5590 Etne, tlf. 53 75 65 27 mob. 415 66 055 www.bergsvag.com

gjenstandar som ho har dekorert med porselensmaling. Ølensbuen set pris på å nytta det andre ikkje lenger har bruk for og mykje av møblane er kjøpt på brukthandelen litt lenger nede i gata. — Eg likar å handla på bruktbutikken. Her kan eg finna mykje fint og billig. Ein gong fann eg til og med ei krukke eg sjølv hadde måla. Den måtte eg ha, seier ho og smiler.

Sentralt Med hus midt i sentrum er det kort veg til det meste. Det er ein fordel når ein byrjar å dra på åra. Huset ligg kloss i gata og forbipasserande bankar på døra rett som det er og tek turen innom for å slå av ein prat. Det set ho pris på. —Her er det lettvint å bu. Det er kort veg til butikk, lege og slikt. Og så får eg ofte besøk. Folk stikk innom og det er koseleg, seier 73-åringen og meiner Sjoargata eignar seg godt for eldre. — Det er ideelt for eldre å bu slik. Her kan eg sitja ute og snakka med naboen og folk som går forbi. Om

kvardagen ser eg på ungdommane som går forbi på veg til skulen og seinare på dagen passerer folk som er ute på tur, seier ho og gleder seg ekstra til våren og sommaren då ho kan kosa seg i den vesle hagen utanfor huset.

Gatefest For når vinteren slepp taket vaknar det til liv i gata med dei gamle husa. Folk byrjar å stella i hagen og når sola kikkar fram flyttar mange ut på tunet for å nyta sommarvarmen. Og i hagen til Viland står grinda alltid på gløtt. — Særleg om sommaren stikk folk innom for å få seg ein kopp kaffi og ein prat. Og for at me skal bli ekstra godt kjente med folk i gata har me snakka om å laga til ein gatefest for bebuarane. Før kjende alle kvarandre, men i dag er det kome nye folk til. Me har fått flyktningar som naboar og dei er det også kjekt å bli kjende med, seier den gjestfrie vertinna og håpar på stor gatefest ein gong i sommar. — Det skal bli ein ekte Sjoargate fest.

Bygg og Bu


28

2017 TORSDAG 16. MARS

4

SOLGT

NORGES LEIANDE HUSBYGGJAR OPPFYLLER DRAUMAR I DITT NÆRMILJØ

Mesterhus sine arkitektteikna hus blir bygde av lokale handverkarar med Mesterbrev. Husa er baserte på skreddarsaum som vi enkelt kan tilpasse dine behov. Nybygg, ombygg, påbygg eller rehabilitering. Vi kombinerer dine ønsker med fagkunnskap og solid handverk. Vi oppfyller husdraumen, og vi gjer det med tryggleik og faste rammer. Vi tilbyr mange hus, men berre eit løfte. Det blir som avtalt.

17 BOLIGTOMTER MED BÅTPLASS, SJØBOD OG BADEPLASS Me har starta salget av tomter på Trovågfeltet, sørvest-vendte tomter med utstikt til Haraldseidvågen og Ålfjorden. Finnkode 61138776 eller kontakt oss for informasjon.

Haukeliveien 353, 5574 Skjold • tlf. 52 76 72 00 Mobil 982 35 802 / 982 35 809 • kv@kalsvteit-vik.no www.kalstveit-vik.no

WWW.MESTERHUS.NO

Kort vei til husdrømmen Kort vei til husdrømmen til husdrømmen

Ginungagap Ginungagap

Huset Skien fra Blink Hus-katalogen

Ginungagap

Huset Skien fra Blink Hus-katalogen

Berge Sag har egen arkitekt som kan tegne akkurat det huset du deg. Vi eregen ogsåarkitekt medlemsom av Blink Hus-kjeden, egen Berge Sag du har kan tegne akkuratsom det har huset du kan tegne akkuratønsker det huset For inspirasjon og utvalg, se bergesag.no ønsker deg. Vi er også medlem av Blink Hus-kjeden, som har egen Blink Hus-kjeden,huskatalog. som har egen

huskatalog. For inspirasjon og utvalg, se bergesag.no alg, se bergesag.no Haugesund: Magne Jensen 98 22 93 14 magnej@bergesag.no Ølensvåg: Nils Skålnes

agnej@bergesag.no

Haugesund: Magne Jensen 9893 2209 93nilss@bergesag.no 14 magnej@bergesag.no Ølensvåg: Nils Skålnes 98 22

98 22 93 09 nilss@bergesag.no

Ølensvåg: Nils Skålnes 98 22 93 09 nilss@bergesag.no


2017 TORSDAG 16. MARS

Bygg og Bu

Når du trenger

Alle typer elektrisk installasjonsarbeid utføres

29

NYBYGG • TILBYGG REPARASJON Geir Harald Skeie Tel: 900 26 145 • gehara-s@online.no

Lager i Vikedal Tor O. Solheim Tlf. 982 66 924 Skjoldastraumen Tlf. 52 77 92 39 - Mob. 982 66 930

Vanngaranti gratis befaring

Ny hage i vår?

Værås Brønnboring AS

F o r n ø yde ku n de r e r v år best e referanse 5 5 7 4 S k jo l d • T L F 97 5 5 1 770 • W W W.HAAK UL L -E RSL AND .NO

Vi leverer NATURSTEIN til alle typer murearbeid!

• Drikkevannsbrønn Energibrønn • Rensing Kapasitetsøkning • Pumpeservice Reparasjon

www.værås.no 913 96 667

Neste Bygg og Bu torsdag 7. september

Ta kontakt for eit godt tilbod! Vi utfører også murearbeid.

Tlf. 53 75 41 00 • Mob. 975 97 555 www.skaanevikstrand-maskinstasjon.no

Moderne bolig med nydelig utsikt! KUN 2 IGJEN Klar til innflytting

Enebolig i Sandeid Ca. 137 m2 BRA

3/4 soverom

FRA 3 390 000,- + OMK.

Balahaugen VISNING ETTER AVTALE NILS TERJE SOLBERG 982 29 321

Besøk oss i Haugesund: Berg Senteret, Longhammarvegen 36, 5536 Haugesund Besøk oss i Ølensvåg: Haukelivegen 676, 5582 Ølensvåg Telefon: 53 77 54 00 bergesag@bergesag.no

bergesag

Ginungagap

BALAHAUGEN / SANDEID

Bygg og Bu temasider i Grannar  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you