Page 1

2018

Yrke & utdanning

Side 9-24

tema

9


10

tema

2018

TORSDAG 18. JANUAR

Med snute for rettferd Allereie som 13-åring var ho oppteken av «plettfri vandel». No er Ragnhild Grønstad 28 år og snart politibetjent. Og ho ynskjer seg firbeinte kollegaar. INGERID JORDAL

klarar å halda hovudet kaldt. Det er òg viktig å kunna snakka med folk.

opplevd i praksis dette året. Det har hjelpt meg enormt. Eg er ikkje spesielt tøff, men eg har lært meg å handtera det.

Ser mykje forskjellig

Firbeint kollega

På lensmannskontoret har Ragnhild ein rettleiar som ho fylgjer på oppdrag: Ransaking, trafikkulukker, etterforsking, avhøyr, rykkja ut på dødsfall, vald i heimen, leiteaksjonar eller ordna opp i bråk i helgene. Som student tek ho ikkje del i væpna oppdrag. — Eg ser mykje forskjellig i dette yrket. Me jobbar med å handtera inntrykka. Eg snakkar med rettleiaren min, og andre som er praksisstudentar her. Er me ute på ei hending som er krevjande, kan me spørja kvarandre: Går det greitt? Er det ekkelt? Og ta omsyn til kvarandre dersom nokon av oss ynskjer å halda litt avstand.

Under pulten ligg golden retrieveren Maja, som får vera med matmor Ragnhild på jobb. Men berre på kontoret. Maja er ikkje politihund, men godkjent redningshund. Som frivillig i Norske redningshunder har Ragnhild og Maja vore på fleire søk. Å jobba med hund og hundetrening er noko som har fylgt Ragnhild like lenge som politidraumen. — Det er ingen løyndom at eg har lyst å jobba i politiet si hundeteneste etter kvart. Først ser ho for seg nokre år med ålment politiarbeid. Så vil ho spesialisera seg. Innan politiet finst ei rekkje etterutdanningar innan til dømes datakriminalitet, beredskap eller hund.

Må tola dritslenging — Politi har vore draumen min så lenge eg kan hugsa. Mange sa jo det som born, men hos meg ville ikkje tanken sleppa. Ragnhild vaks opp på Grønstad utanfor Etne. Ho hugsar ikkje akkurat kva det var som gjorde henne interessert i politiet, men det har «alltid» vore målet. Politihøgskulen hadde før aldersgrense på 20, så då Ragnhild var ferdig med vidaregåande bestemte ho seg for å verta dyrepleiar medan ho venta på å verta gamal nok. Ho trefte ein kjærast, fekk ein jobb i Bergen og plutselig var åra gått. — Eg vaknar ein morgon og tenker: «Shit! Eg er 26 år!» Ho har vore dyrepleiar i fleire år, men det var jo politi ho eigentleg skulle bli. Der og då bestemte ho seg, og byrja å trena.

— Har du kjent deg utrygg på jobb? — Nei. Me tek forhandsreglar og me er alltid fleire som reiser ut saman. Ikkje utrygg, men ukomfortabel. Aller fyrste gongen eg skulle stoppa ein bil på ein laserkontroll, til dømes. Eller når eg skal snakka med folk som absolutt ikkje vil samarbeida med politiet. For litt hardhuda må du vera. Eller du vert det, gjennom utdanninga og praksisen. — Du må tola litt dritslenging. Ikkje alle er begeistra for politiet, og eg har vorte skjelt ut fleire gonger. Då må du berre stå i situasjonen og la det prella av. — Korleis klarar du å ikkje verta provosert? — Me lærer mykje på skulen om å takla slike situasjonar. Til dømes rollespel som har vore svært likt det eg har

Vil hjelpa folk Politi har vorte eit svært populært yrke. — I nokre år har det vore utfordrande å få jobb, spesielt i store byar. No har det betra seg litt. Eg kan uansett tenkja meg å jobba på eit mindre kontor. Om det vert Voss, Finnmark eller Etne er ikkje så viktig. — Eg dreg dit dei har jobb til meg! — Kva ynskjer du å få til som politi? — Eg vil hjelpa folk som har det kjipt. Folk som lir på grunn av at andre gjer noko gale. Om det er at nokon har stole noko frå dei, at dei er utsette for vald eller om ei lever i eit valdeleg forhold. Eg vil bidra til at alle skal kjenna seg trygge og at me skal ha eit rettvist samfunn.

KORLEIS BLI POLITI

Mange krav Over 5.000 søkte Politihøgskulen i 2016, men berre drygt 700 kom inn. Ein av dei var Ragnhild Grønstad. For å koma inn på skulen må du vera både fysisk og mentalt sterk. Dessutan bør du ha gode karakterar. Og sjølvsagt plettfri vandel - altså ikkje vore teken for noko ulovleg. — Du kan koma inn med ei mindre fartsbot, men er det noko alvorleg, vert du blankt avvist. — Har du nokon gong gjort noko ulovleg? — Eg har køyrd litt for fort. Og sleppt hunden, sjølv om det er bandtvang. — Og no, gir du folk bot for å bryta bandtvangen? — Hehe. Me har heldigvis lov å bruka skjønn. Bachelorprogrammet er treårig, sett opp med eit års teori, eit års praksis og så teori att. 28-åringen er halvvegs i året som praksisstudent på Voss lensmannskontor. — Praksis er klart kjekkast. Her får eg brukt det eg har lært i teorien, og eg får nye erfaringar som eg kan ta med vidare til tredje året. — Kva eigenskapar gjer at du er eigna som politi? — Eg har beina godt planta på jorda, er tålmodig og HJELPARANE: Med redningshunden Maja har Ragnhild vore med som frivillig på fleire leiteaksjonar. Her er tospannet på ei øving for nokre år sidan. 

n 3-årig bachelorutdan-

ning på Politihøgskolen, som finst i Oslo, Bodø, Kongsvinger og Stavern. n Søkjarane må ha ålmenn studiekompetanse og reint rulleblad n Søkarane vert stilt fysiske krav, som benkpress og undervannsymjing. n Personlegdomstest, gruppeøving og individuelt intervju skal avgjera om ein er mentalt egna for yrket. n I 2017 var det 4873 søkjarar. 720 kom inn. 337 av dei var kvinner. Kjelde: www.phs.no

FOTO: PRIVAT

« Det er ingen løyndom

at eg har lyst å jobba i politiet si hundeteneste etter kvart RAGNHILD GRØNSTAD, POLITISTUDENT

«

Frå mjuk start til sjølvstendig betjent Jostein Birkeland er rettleiar for Ragnhild året ho har praksis på Voss lensmannskontor. Han har vore betjent i ni år, og mellom anna jobba i Etne. — Ho og dei andre studentane får ein mjuk start, men etter kvart blir det fleire oppgåver der ho må jobba sjølvstendig. Ragnhild har no etter jul til dømes byrja å ta avhøyr åleine. Jostein fortel at hans oppgåve er å la studentane utvikle seg til sjølvstendige betjentar. — Kort sagt så stiller eg meir spørsmål enn eg gir svar. La oss seie at eg set handjern på ein person. Ragnhild spør kvifor eg gjorde det. Då kan eg svara, kvifor trur du eg gjorde det? Alt me gjer må me ha heimel for i lover og forskrifter. Dersom ho sjølv undersøker kva heimel som gjeld for å setja folk i handjern, kan ho sjølv resonnera seg fram til svaret. Det gjer ho mykje meir

medviten enn om eg berre fortel henne det. Sjølvsagt er det slitsamt for studenten. Men det er slik ein lærar. — Korleis er Ragnhild som student? — Ein mønsterelev, eigentleg! Flink, påliteleg, dyktig og nøye. Ho er dessutan ærekjær, det ho leverer frå seg av rapportar held høg kvalitet. Å skriva godt er ein viktig eigenskap å ha. Rapporten skal kanskje brukast i ein rettssak fleire år seinare. — Kva andre eigenskapar treng ein som politi? — Dagen din er styrt av hendingar, så du må ha evne til å hiva deg rundt og lika å ikkje vita kva som skal skje. Me er med på ting som dei fleste vanlege folk slepp å oppleva. Eit væpna oppdrag, der du skal handtera folk som kanskje ikkje vil deg vel, er ikkje trivelig. Men me er trena på å handtera slikt. Du må rett og slett vera klar for alt! Og så må du ha lyst til å hjelpa folk. Sjølv var eg òg ein som drøymde om å verta politi som gutunge. Eg har aldri angra på valet, fortel Jostein Birkeland.

KLARE FOR ALT: Jostein Birkeland er rettleiar for Ragnhild året ho har praksis på Voss, og ho fylgjer han på alle oppdrag, utanom dei væpna. — Me må vera klare for å rykkja ut på det aller meste. Eg trivst med det, og har aldri angra på yrkesvalet, seier han.


YRKE OG UTDANNING

2018

TORSDAG 18. JANUAR

11

PÅ VAKT: Komande politibetjent Ragnhild Grønstad i uniform, og redningshunden Maja i sivil. I framtida ynskjer Ragnhild å kombinera yrket og hundeinteressa, i politiet si hundeteneste.  FOTO: INGERID JORDAL


12

tema

2017

TORSDAG 18. JANUAR

NYTT, OD UNIKT TILB VGS! ved SAUDA

lyst å bli politi? ?

lisering diespesia

ller stu e v e r b g a F

JA TAKK,

politihøgskolen søknadsfrist Søknadsfrist 1. 1. mars mars 2016 2018

Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt

begge fordeler!

VURDERER DU Å BLI

RØYRLEGGJAR? Invester eitt ekstra år ved Sauda VGS – og slå to fluer i ein smekk!

Me har 30-års-erfaring som lærlingbedrift. Arbeidsområde i Etne, Vindafjord, Kvinnherad, Bømlo og Stord.

Etter fire år hos oss, kan du gå ut med både fagbrev og dei faga du treng for å kome inn på ingeniør­ studiet. Med Yrkes­ og studiespesialisering (YSK) kjem du altså ut med dobbel kompetanse. Og ikkje nok med det: løn under opplæringa.

ME HAR FAGKOMPETANSE INNAN: • Sanitær • Sveising av plastrøyr i alle dimensjonar • Industri

Johansen Rør AS 5593 Skånevik Tlf. 53 77 12 50 post@johansen-ror.no

- ei bedrift med framtidsretta blikk

tema

YRKE &

UTDANNING

For å gjere det enkelt tilbyr me elevbustad i Sauda, i tretti hyblar, kor seks av dei er universelt utforma.

Møt oss på Yrkesmessa!

Andre studietilbod: Studiespesialisering, Idrettsfag med Villmarksliv, Idrettsfag med park og frikjøring, Bygg­ og anleggsteknikk, Byggteknikk, Teknikk og industriell produksjon, Industri­ teknologi, Kjemiprosess, Elektrofag, Elenergi, Helse­ og oppvekstfag, Helsearbeidarfag, Barne­ og ungdomsarbeidarfag, Ambulansefag, Transport og logistikk, Yrkessjåfør, ToppVolley Norge, Påbygg – nettfag, Tilrettelagt opplæring

Haugesund Toppidrettsgymnas - Spesialtrenere i alle våre idretter - Dyktige faglærere - Tilbud om alle realfag - Treningsleirer til Spania på alle trinn - Gode eksamensresultater

Med utøveren og eleven i fokus.

H A U G E S U N D -T O P P I D R E T T S GY M N A S . N O

sauda.vgs.no facebook.com/Sauda.vgs 51 92 28 00 • sauda-vgs@skole.rogfk.no


tema

2018

TORSDAG 18. JANUAR

Satsar på medieproduksjon og påbygg. F.v.: Cathrine Korneliussen, Johannes Havn, Ingrid Eskedal, Hannah Berge, Daniel Tonheim og Daniel Voster. 

13

FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN

Eit springbrett vidare Den yrkesretta utdanningslinja medieproduksjon er fellesnemnaren for ungdomsgjengen ved Lundeneset vidaregåande skule. Likevel er det ingen av dei som har planar om læretid og fagbrev. GRETHE HOPLAND RAVN

I sofaen på biblioteket ved Lundeneset vidaregåande skule (LVS) i Ølensvåg, møter Grannar tre førsteklassingar (alle 16) og tre andreklassingar (alle 17) i den yrkesretta utdanningslinja medieproduksjon. Dei er einige om fleire ting, mellom anna at valet av linje i det store og heile handlar om ein litt lettare veg til allmenn studiekompetanse enn det linja for studiespesialiserande er. — Eg valte denne linja for eg var ganske skulelei då eg kom rett frå 10. klasse. Dei to første åra på medieproduksjon er mykje rolegare enn på studielinja, men så får me det igjen tredjeåret når me skal inn på påbyggslinja, der me får fem ganske tunge teorifag, seier Johannes Havn frå Tysvær. Saman med Ingrid Eskedal frå Sola og Daniel Tonheim frå Nærbø går ho første året på utdanningslinja medieproduksjon. Med seg i sofaen har dei Daniel Voster frå Stavanger, Hannah Berge frå Tau og Cathrine Korneliussen frå Ølensvåg som går andre året.

Få læreplassar innan media Dei seks ungdommane ser føre seg tre år i strekk på LVS,

og har ikkje vurdert læretid i den yrkesretta utdanninga si. — Eg trur det heng saman med at det er svært få læreplassar å vera lærling ved i denne bransjen. Derfor går alle direkte til påbygglinja når dei er ferdige med to år her, seier Daniel Tonheim. Likevel er han ein av to i gruppa som har tenkt å skaffa seg eit yrke som har relasjonar til utdanningsvalet han no tar. — Eg ønskjer ei medieretta utdanning, og har lyst til å ta høgare utdanning innan fotografi. Draumejobben er å jobba som fotograf, og sjølv om eg veit at behovet for fotografar er mykje mindre no enn det var før, håpar eg på å kunne jobba med foto likevel. Eg jobbar gjerne innan produktfotografering og reklame, og trur at det skal vera liv laga for det, seier Tonheim. Ingrid Eskedal har også lyst til å utdanna seg til noko innan media, og trur ho kjem til å ha nytte for nettopp media innan mange forskjellige yrke. Men kva ho skal bli, har ho ikkje landa på enno.

andre fire, brukar begge jentene medieproduksjonslinja som eit springbrett til allmenn studiekompetanse. Og det har dei også høve til, for om ein ikkje har tenkt å peila seg inn på yrke som krev spesiell studiekompetanse innan matematikk, kjemi, fysikk eller biologi, har dei det som trengst når dei forlét LVS etter tre år, og med generell studiekompetanse i ryggsekken.

Trygg jobb Krav til utdanning er i dag høgare enn før, og mange ungdommar kjenner prestasjonspresset tyngja. Enten ein skal inn på lærarutdanning, sjukepleiarutdanning eller ingeniørutdanning er snittkrava til å koma inn historisk høgt. Litt av grunnen til dette kan vera den dårlege jobbsituasjonen innan oljebransjen, men også behovet for å ha ei utdanning der ein er sikra jobb i framtida spelar ei stor rolle for ungdommane.

Kan koma til nytte Daniel Voster og Johannes Havn har også planane klare, og meiner dei kan dra god nytte av medieproduksjonsfaga dersom draumen om politihøgskulen blir ein realitet. — Det er alltid greitt med medieutdanning dersom ein skal inn i politiet, og eg gler meg til å arbeida med menneske. Dette yrket er det stor spenning i, og eg håpar eg ein dag får meg jobb i utrykkingstenesten, seier Voster. — Eg tar med meg kunnskapen eg får på denne utdanningslinja vidare, og eg trur eg får god nytte av den både i jobben som framtidig politi og som hobbyfotograf. Eg har lært mykje når det gjeld fotografi, seier Johannes Havn.

Mange moglegheiter Cathrine Korneliussen har eit ønskje om å jobba som psykolog i fengsel, og Hannah Berge vil gjerne utdanna seg til sjukepleiar eller fysioterapeut, og på lik linje med dei

Eg trur det heng saman « med at det er svært få læreplassar « DANIEL TONHEIM, ELEV


14

tema

2017

TORSDAG 18. JANUAR

Vi søker ivrige og lærevillige

Lærlinger

Elektriker • Automatiker Telekommunikasjonsmontør Kontor- og administrasjonsfag

DRØMMEJOBBEN Uansett om du drømmer om å jobbe med kultur, helse, næringsliv eller landbruk – så kommer du ikke utenom regnskap eller rådgivning. Hos oss kan du jobbe med alt dette. Les mer om regionens største fagmiljø innen regnskap og rådgivning på tveit.no eller på facebook.com/tveitregnskap

Søknadsfrist: Snarest rekruttering@helgevold.com www.helgevold.com

www.tveit.no

Marine Harvest er en av Norges største matprodusenter og verdens største produsent av oppdrettslaks. Selskapet er representert i 24 land og har 12 700 ansatte. I 2016 omsatte selskapet for 3 510 MEUR. Selskapets virksomhet dekker hele verdikjeden fra fôr til tallerken. Hovedkontoret ligger i Bergen, og selskapet er notert på Oslo børs. Gjennom selskapets visjon «Leading the blue revolution», har Marine Harvest ambisjon om å være den ledende tilbyderen av sunn, bærekraftig mat fra havet.

Join the blue revolution Fremtiden ligger i havet - rett under overflaten

VI TRENGER DEG SOM ER FAGUTDANNET INNEN Akvakultur Industri- og næringsmiddelfag Elektro Automasjon

Tysvær • Vindafjord • Suldal

Mekaniske fag Teknisk utdanning Biologiske fag Prosessfag

Treng du skuleplass?

KVV tilbyr mange ulike utdanningsprogram innan yrkesfag og studiespesialiserande! Skulen har i tillegg tilbod innan idrett. Vaksne får tilbod om utdanning gjennom Vaksenopplæringssenteret ved skulen. Vi har nye fine lokale, eit godt miljø og eit eineståande uteområde!

Velkomen til KVV! Studiespesialisering

Helse- og oppvekstfag

Vg1 Studiespesialisering Vg2 og Vg3 Realfag, Vg2 og Vg3 Språk samfunnsfag og økonomi Vg1 Helse- og oppvekstfag Vg2 Barne- og ungd.arbeidarfag Vg2 Helsearbeidarfag

Elektrofag

Vg1 Elektrofag Vg2 Elenergi

Bygg- og anleggsteknikk

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk Vg2 Byggteknikk

Teknikk og ind. produksjon

Vg1 Teknikk og ind. produksjon Vg2 Industriteknologi

Service og samferdsel

Vg1 Service og samferdsel Vg2 Sal, service og tryggleik

Påbygg

Vg3 Påbyggingsår, yrkesfaga

Innføringsklassen

Innføringsklasse, framandspråklege elevar

Kvardagsliv/arbeidstrening

Tilbod til elevar med særskilte behov

Adr: Opsangersvg.160, 5460 Husnes, tlf: 53 47 57 00. E-post: post.kvv@hfk.no

www.marineharvest.com

Les meir om oss på heimesida vår: kvv.hfk.no www.kvv.hfk.no.


2017

YRKE OG UTDANNING

ARBEID I ETNE KOMMUNE? Etne kommune er den største arbeidsplassen i Etne og sysselset ca. 350 personar fordelt mellom anna på desse fagområda: • Barne- og ungdomsarbeidar • Ergoterapeut • Fysioterapeut • Helsefagarbeidar • Ingeniør og teknikar

15

MANGFALD AV SPANANDE OG UTFORDRANDE STILLINGAR

Vindafjord kommune har eit stort mangfald av stillingar som vi treng rekruttering til dei næraste åra. Behovet spenner frå universitetsutdanna personar, via høgskule-/ fagutdanna personar til faglærte. Hos oss kan du arbeide m.a. som ingeniør, sjukepleiar, vernepleiar, lærar og fagarbeidar innanfor ulike felt. Ta gjerne kontakt med personalkontoret vårt for meir informasjon.

LÆRLINGAR

• Lærar og førskulelærar

Vindafjord kommune vil ta inn lærlingar neste skuleår. Det vil kome annonse i pressa seinare med nærare opplysningar om fagområde og for å søkja om plass.

• Merkantilt personale og sakshandsamar • Miljøarbeidarar • Reinhald, drift og vedlikehald

Kommunen er tilknytta Haugaland Opplæringskontor, kontaktperson: Bjørn Johannesen tlf. 53 76 69 63

• Sjukepleiar og helsesyster • Sosionom • Sosialarbeidar

Kontaktperson i kommunen sitt personalkontor: Marit Særsten tlf. 53 65 65 65

• Spesialsjukepleiar Velkommen til å søkja på ledige stillingar hjå oss! ETNE KOMMUNE Sjoarvegen 2, 5590 Etne Tlf: 53 75 80 00 Faks: 53 75 80 01

TORSDAG 18. JANUAR

Rådhusplassen 1 5580 Ølen - Tlf. 53 65 65 65

vindafjord.kommune.no trygg • raus • engasjert

post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no

E K R Y &

N A D UT NING

Bli ein del av Westcon si spennande framtid!

Me søkjer lærlingar Westcon ønskjer å sikre arbeidskraft med god kompetanse i framtida. Ein læreplass hos oss gir stor variasjon i arbeidsoppgåver; det meste innan skips- og riggreparasjonar. Dette gir ei allsidig opplæring og godt grunnlag for vidare skule eller karriere. Westcon Yards treng lærlingar innan faga: • Industrirøyrleggar • Industrimekanikar • Platearbeidar • Sveisar • IKT Servicefag • Kokk storhusholdning

Westcon Power & Automation treng lærlingar innan faga: • Elektromontør gr L (Ølen / Karmøy) • Automatikar (Karmøy) • Tavlemontør (Karmøy)

Du må ha gjennomført teorietisk opplæring i den vidaregåande skulen (VG1 + VG2) for relevant fagområde, vera motivert og pliktoppfyllande. For oss tel motivasjon og arbeidsinnsats like mykje som gode karakterar. Fleire opplysningar og registrering av søknad om læreplass finn du på karriereportalen vår på westcon.no/karriere

Søknadsfrist: Søknadsfrist: 1. 1. mars mars 2017 2018 Westcon Group består av ei rekke selskap og er ein totalleverandør av dei beste og mest innovative løysingar, tenester og produkt innan riggmodifikasjonar, skipsbygging, skipsreparasjonar, design,offshore, løfteteknikk og elektroautomasjon. Westcon blei etablert i 1981 og er no over 800 tilsette.

www.westcon.no

— Foto: Øyvind Sætre

tema


16

2018

TORSDAG 18. JANUAR

Som 18-åring valte Alexander Helland (28) å studera eit femårig geomatikkstudie ved NMBU i Ås, noko som har ført sivilingeniøren frå Ølen på uante og spennande vegar i ettertid. I dag arbeider han som landmålar i Nuuk. SIRIANNE VIKESTAD

tema

HJELPER OSS PÅ RETT VEG

Kor mange gonger har du gått deg bort i fjellheimen, eller vore på leit etter ei spesifikk adresse i ein ny by? Om du fylgjer fjellvettreglane, har du med deg eit kart og kan ved hjelp av eit kompass klara å finna vegen heim att. I ein ny by tar du heilt sikkert fram mobiltelefonen og nyttar ein interaktiv kartapplikasjon som kan losa deg dit du skal. Men kven er det som står bak all den informasjonen du treng for å vita kvar du er og kvar du skal med slike hjelpemiddel? Her får du nokre av svara.

Satsa på realfag Då Alexander Helland skulle velja vegen vidare etter å ha fullført studiespesialiserande på Ølen vgs, var han, slik mange tredjeklassingar på vidaregåande ofte er, litt i villreie på kva han skulle gjera dei neste åra. For kva var interessene hans, og ville studiet han valte gi jobb i etterkant? — Etter vidaregåande fann eg ut at eg ville gå vidare med realfag, og vurderte blant anna å studera til å bli byggingeniør. Men så kom eg over Norges Miljø- og biovitskaplege universitet sitt geomatikkstudie på Ås, og det virka interessant, fortel Helland. Det er akkurat ti år sidan han sjølv søkte opp nettsida samordna opptak og skrolla gjennom dei mange studievegmoglegheitene som finst. I 2017 fanst det 1.303 ulike studieprogram å velja mellom, omtrent det same som i 2008.

Ein bransje i utvikling Han forklarar nærmare at geomatikk går ut på å samla inn, bearbeida, tolka og presentera geografiske data. — Geomatikk er eit fagområde som dekker kart, landmåling, fjernmåling, GIS og geodesi. GIS stå r for Geografiske Informasjonssystem, som til eksempel GPS-posisjonering. Dette er enkle verktøy som er blitt gjort tilgjengelege for folk f lest, og som stadig er under utvikling. Då danskane Jens Alexander Helland (28) valEilstrup Rasmussen te for ti år sidan eit studie og Lars Rasmussen og ein yrkesveg som han verkeleg trivest med i dag. presenterte ideen om  FOTO: PRIVAT web-basert kartteknologi til selskapet Geodata på slutten av 90-talet, var ikkje interessa for teknologien så stor. Nokre år seinare presenterte dei ideen igjen, noko som resulterte i det me i dag kjenner som Google Maps. Det same året som det web-baserte kartsystemet vart lansert, byrja Alexander på den vidaregåande skulen i Ølen. Etter den tid har teknologien følgd den digitale straumen og blitt enda meir interaktiv og mobil, noko som kjem til nytte både for flytrafikk, militærpersonell, hjelpemannskap og ikkje minst bygg- og anleggsbransjen — Dette er naturlegvis veldig spennande. Den teknologiske- og programvarebaserte utviklinga fører til at me i mange tilfelle kan føreta ei meir effektiv oppgåveløysing, samt utføra oppgåver som kanskje ikkje var mogleg å gjera tidlegare. I tillegg til effektivisering, mogleggjer utvikling av nye instrument og sensorar at me kan levera betre og meir presise data, noko som er

Alexander Helland deltar også i forskingsprosjekt. Her er han i feltarbeid, ved Qassinnguit, der dei overvaker årlege snøvariasjonar og

uvurderleg i bransjen, forklarer Helland.

Internasjonale moglegheiter I dag arbeider han som landmålar i Nuuk, på Grønland. Korleis han kom på å søkja seg dit, er eit spørsmål med eit interessant svar. At geomatikkbransjen er ein veldig internasjonal bransje i den samanhengen, ser han på som eit pluss. For i tillegg til å vera særs reiseglad, såg sivilingeniøren på stillinga som ein moglegheit der han verkeleg fekk nytta og utfordra kunnskapen sin innanfor faget sitt. — Den største forskjellen, i mitt tilfelle, er at det ikkje finst mange med min kompetanse på Grønland. Dette medfører at eg får ta del i veldig varierte oppgåver, og får verkeleg brukt alt eg har lært på geomatikkstudie, samt litt til. I Noreg blir ein ofte spesialistar innanfor eit mindre område, mens eg blir det ein kan kalla ein «generalist» - på godt og vondt. Så vil det jo visa seg kor attraktivt det er når eg skal kjempa om jobbar i den norske arbeidsmarknaden igjen, ein gong i framtida, seier Alexander. Ein annan ting som skil seg frå Noreg er arbeidsspråket, som i hovudsak er dansk. Klima er også særs annleis enn

heime i Ølen. — Heldigvis er eg glad i vinter og snø, smiler Helland. Og godt er nok det, då kring 81 prosent av landskapet på Grønland er dekka av is. Noko som isbjørnen også er glad i. Det betyr at Helland er nøydd til å ha med seg gevær når han er ute i felten. — Korleis ser arbeidskvardagen din i Nuuk ut? — Ein stor del av mitt daglege virke består av å samla inn data for å beskriva eksisterande terrengforhold og teknisk infrastruktur. Dataa kan eksempelvis bli brukte som prosjekteringsgrunnlag i samband med bygge- og anleggsprosjekt, seier Helland, og viser til at dataa hovudsakleg blir samla inn ved å bruk av GNSS (satelittposisjoneringssystem) eller ved å plassera ulike sensorar i droner, fly eller satellittar. Dette medfører til dømes at entreprenørane blir i stand til å grava nøyaktig på centimeteren, og kan derav spara både tid, pengar og miljøet under utbyggingar.

Tenk framtid, men også trivsel Informasjonen som landmålarane samlar inn er også gull


2018

YRKE OG UTDANNING

TORSDAG 18. JANUAR

17

« Forhåpentlegvis er ein yrkes-

aktiv i mange år, så å ha ein jobb som ein trivest i er viktig ALEXANDER HELLAND, LANDMÅLAR, ASIAQ GREENLAND SURVEY

isavsmelting på isbre frå drone. 

verdt for utvikling av framtidig teknologi, som til eksempel førarlause køyretøy. — Eg meiner framtida ser lys ut for geomatikkbransjen. Ein ser eksempelvis i byggje- og anleggsbransjen at det er eit stadig aukande krav om kvalitet og dokumentasjon. Ei viktig brikke i dette arbeidet er landmåling, særskilt ved store og kompliserte prosjekt. I tillegg er kart og geodata noko samfunnet alltid kjem til å ha behov for, seier 28-åringen og fortel at det også er eit underskot på personar med geomatikkompetanse på arbeidsmarknaden i Noreg i dag, om nokon kunne tenkje seg ein karriere innanfor bransjen. Men han peikar på at trivsel bør vera førsteprioritet i val av studier og yrke. — Forhåpentlegvis er ein yrkesaktiv i mange år, så å ha ein jobb som ein trivest i, er viktig. Ellers kan det også vera fint å ha i bakhovudet at det er heilt akseptabelt å finna ut at ein har valt feil studie, for så å prøva noko anna. Eg var heldig og valte noko eg trivdest med på første forsøk, men eg veit om veldig mange som har forsøkt forskjellige studiar før dei fann ut kva dei ville bli.

«

FOTO: PRIVAT

Dette området, i Sør-Grønland, blir vurdert som ein passande stad for ein flyplass. Men først trengst det informasjon om terrenget. Ein del av jobben til Helland er å danna eit prosjekteringsgrunnlag for flyplassplanane. På Grønland er det eit unikt og vakkert landskap, og isfjell er ikkje eit uvanleg syn. Her er Alexander på ferie i Oqaatsut i Diskobugten, saman med kona Åsa Klungland Helland. Ho arbeider som lærar i Nuuk.


18

tema

2018

TORSDAG 18. JANUAR

Jobben som ikkje blir borte Kanskje kvar tredje jobb i Noreg er i yrke med stor risk for automatisering. — Vår jobb kan i alle fall ikkje bli erstatta av ein robot, og barn vil det alltid vere, seier Brita Sandven og Mona Eikeland. JON EDVARDSEN

Dei to barne- og ungdomsarbeidarane har arbeidsplassen sin hos Ølensjøen FUS barnehage, og begge trivst svært godt. Skular og barnehagar har behov for f leire assistentar og pedagogar i åra framover, og er det enkeltområdet det er venta f lest nye stillingar over ein periode på tjue år, viser ein rapport som er laga på oppdrag frå Næringslivets Hovedorganisasjon. Oversikten er ein prognose, og ingen fasit.

Yrke med barn og unge Brita Sandven har eit vikariat i barnehagen, medan Mona Eikeland har fast stilling. Sandven var først tenkt å bli frisør, og skifta seinare løp til barne- og ungdomsarbeidar. Fagutdanninga er to år på vidaregåande skule, og deretter to år som lærling. Utdanning gir grunnlag for å arbeide med barn og unge i fleire samanhengar, ikkje berre som assistentar i barnehage. — Eg likar godt å arbeide med barn, men eg er open for andre jobbar også. Eg har arbeidd med psykisk utviklingshemma i skulen, og det var også kjekt og interessant. Det er kanskje lettare å få jobb i barnehage. Sjølv om eg er open for fleire alternativ, så trivst eg veldig godt i barnehage, seier Sandven. Mona Eikeland har alltid hatt ein draum om å arbeide med barn, og i barnehage. — Eg starta med eit vikariat, og fekk fast jobb her etter eitt år. Eg var heldig og har fått akkurat den jobben er ville ha, seier Eikeland.

Stort ansvar Det er langt frå berre leik og moro, men også krevjande med stort ansvar å arbeide med barn, meiner dei to 24-åringane. — Det er ein ansvarsfull jobb å ta vare på det mest verdfulle folk har, nemleg barna deira. Jobben gir mykje også. Når vi kjem inn døra om morgonen, kjem dei mot

Butikksjef Kjetil Lillegraven i Extra i Etne ser ingen teikn til at jobbane skal forsvinne i daglegvarebransjen. Butikk er spådd størst nedgang av automatisering.

deg og ropar namnet ditt og vil kanskje gi deg ein klem, fortel Eikeland. Kollegaen som enno ikkje har fast jobb, ser optimistisk på å få det. — Eg er ikkje redd for å bli utan jobb. Eg trur ikkje det går an å automatisere oss vekk i alle fall. Ungar blir det også i framtida og dei treng vaksne. Heller ikkje i helse og omsorg trur eg det er så lett å erstatte menneske. Eg er i grunn mot automatisering, og vil gjerne møte folk i butikken også, seier ho. Få dagar er like i barnehagen, noko av arbeidet er rutine, men det er også variert og dei kan finne på ting. Det ser dei på som eit pluss ved jobben.

handfull varer gå gjennom ei sjølvbetjent kasse på Extra i Etne. Der kan handlande skanne varene sine sjølve, utan hjelp av butikkmedarbeidarar. Vilkåret er sjølvsagt å betale med kort. — Eg brukar dette alternativet av og til når eg har få varer og når eg har lita tid og det er kø i den vanlege kassa. Men eg likar best å bruke vanleg kasse der du også kan snakke med dei som sit der, seier Hardeland. Coop i Etne er den einaste daglegvarebutikken i distriktet som har sjølvbetjening der kundane registrerer og betaler for varene utan mellomledd av ein tilsett i ordinær kasse. Butikken har tre vanlege kassar og to stasjonar der kundane skannar sjølv. Automatisering og sjølvbetjening er éi av forklaringane på at butikkseljarar kan bli den yrkesgruppa der det bli kutta flest jobbar i framtida. Det er ingen robot, men kjent og ordinær datateknologi som blir brukt ved hjelp av kunden som gjer butikkmedarbeidaren sin jobb. Det andre momentet er netthandel som tar omsetning frå butikkane.

— Må møte kundane Butikksjef Kjetil Lillegraven

Barne- og ungdomsarbeidarane Mona Eikeland (t.v.) og Brita Sandven trivst godt i jobb

opplever på ingen måte at daglegvarebransjen er inne i solnedgangen der tilsette skal forsvinne i hopetal, heller tvert imot sett frå butikken i Etne. — Vi har dobla talet på tilsette

sidan butikken f lytta og vart Extra. Vi har tilsett nye heile vegen og treng f leire nye dersom vi får dei rette folka, seier Lillegraven. Han trur det framleis vil vere

I motsett ende I den andre av skalaen for framtidas nye jobbar, er butikknæringa som er spådd å miste flest jobbar i tiåra framover. Wenche Hardeland lar ei

er ein ansvarsfull jobb å ta vare « « Det på det mest verdfulle folk har MONA EIKELAND

Wenche Hardeland brukar sjølvbetjent stasjon når ho har lite varer og når ho har det travelt. Elles likar ho best å bruke vanleg kasse.


2018

YRKE OG UTDANNING

TORSDAG 18. JANUAR

19

Nye jobbar sett 20 år framover i tid (berekna) Barnehage og skuleassistentar 28.794 Grunnskule- og førskulelærarar  27.901 Programvare- og applikasjonsutviklarar  24.192 Leiarar av utdanning, helse og sosialtenester  18.597 Pleiemedarbeidarar 

18.213

Sivilingeniørar (unntatt elektroteknologi)

 17.664

Leiarar av produksjon, utvinning, bygg/anlegg  14.740 Administrerande direktørar Varehandelssjefar

 13.648



12.793

Administrasjonsrådgivarar  Ingeniørar

10.739



Andre medisinske yrke

9.911 

8.962

Leiarar av administrative einingar 8178 Leiarar av sals-, PR- og forskingseiningar 

7.657

Lektorar m.v (vidaregåande skule)

7.363

Færre jobbar sett 20 år fram i tid Butikkseljarar

-24.927

Kontormedarbeidarar

-19.498

Lastebil-, buss- og trikkeførarar -7.052 Operatørar av mobile maskiner -5.730 Andre salsyrke

-5.680

Lager- og transportmedarbeidarar

-5.549

Rekneskaps- og lønsmedarbeidarar

-5.414

Kokkar

-5.198

Bygningsarbeidarar

-4.753

Servitørar og bartenderar

-4.600

Operatørar innan næringsmiddelprod.  -4.300 Sekretærar og arbeidsleiarar for kontorpersonell hos Ølensjøen FUS barnehage. — Vår jobb kan i alle fall ikkje bli erstatta av ein robot, og barn vil det alltid vere, meiner dei. 

bruk for folk i daglegvarehandelen, og ser ikkje netthandel som den store faren. — Kundane har behov for å møte tilsette. Dei som har god kundebehandling vil også gjere

det best, seier han. Butikksjefen meiner dei ikkje har spart arbeidstimar på at sjølvbetjeninga kom på plass. — Det er helst dei med små hand lekorger som

bruker dette alternativet, eller når dei er to og ein kan skanne og den andre pakke etter kvart. Tilbakemeldingar frå kundar i undersøkingar er at dei set pris på å kunne gjere det på denne

FOTO: JON EDVARDSEN

måten, seier han. Han peikar på at det for butikken også er snakk om å spare plass, og då er dei små og enkle stasjonane geniale, meiner han.

-3.703

Reinhaldsleiarar og vaktmeistrar -3.677 Støyparar, sveisarar, platearbeidarar m.v -3.625 Forretningstenesteyrke

-3.571

KJELDE: STEFAN FÖLSTER: NORWAY’S NEW JOBS IN THE WAKE OG THE DIGITAL REVOLUTION. REFORMINSTITUTTET SVERIGE

Robotane tar oss Automatisering, robotar og digitalisering vil fjerne jobbar i framtida, men også skape nye. Barnehage, skule og omsorg blir vinnarane.

kvar robotar og automatisering kan sluke jobbar, eller skape nye. Tala er difor meir moglege trendar, enn eksakt kunnskap om korleis utviklinga vil bli.

Det er framtidscenarioet i ein ny rapport om dei nye jobbane i Noreg i lys av digitaliseringa, og kva jobbar det vil forsvinne f lest av. Rapporten er laga for Næringslivets Hovedorganisasjon. «Norway’s new jobs in the wake of the digital revolutionen», er eit forsøk på å sjå inn i glaskula basert på utviklinga frå 2009 til 2014, kombinert med kunnskap om

Mjuke yrke i det offentlege får flest nye stillingar i åra framover, og det har lite med robotar og digitalisering å gjere. Derimot er tre på topp av yrke som vil tape arbeidsplassar, klart knytt til informasjonsteknologi og robotar som kan erstatte menneske. Det gjeld både butikk, kontor og dei som sit bak rattet i lastebilar, bussar og trikkar. At mange sjåførar skal forsvinne, er basert

Mjuke yrke

på ein teknologioptimisme som kanskje blir modifisert gjennom møte med praktiske hinder. Når det skal bli fleire tusen færre kokkar her i landet, blir det forklart med automatisering i enklare restaurantar, lunsjrestaurantar og sjukehuskjøkken. Derimot blir det fleire spesial- og bykokkar.

Handel har mange Butikk er altså den bransjen som skal tape f lest jobbar i Noreg i åra framover, men samstundes er handelsnæringa den med flest i jobb. Nedgangen på nesten 25.000 er 15 prosent samanlikna med kor mange jobbar det var i 2014. Det vil difor framleis

bli mange jobbar igjen, trass i nedgang. Rapporten skisserer at nærmare 200.000 jobbar er automatiserte i perioden 2009-2014. Det betyr at digitaliseringa tar 35 prosent av jobbane i løpet av ein periode på 20 år. Det gir eit høgt tal, men Noreg ligg likevel betre an enn mange andre land. Jordbruket er eit eksempel på at store endringar ikkje er noko nytt. I 1959 var det 198.300 jordbruksbedrifter, og tilsvarande 41.800 i 2015 (SSB).

Løn skapar jobbar Det store spørsmålet er kvar dei nye jobbane blir skapt, men svaret

i dag er heller kor det er bruk for arbeidskraft. Teknologi er ikkje det einaste utgangspunktet for å skape jobbar. Ein vesentleg drivar for nye jobbar er auka lønsinntekter som kan gi etterspurnad i arbeidsintensive næringar. I rapporten er det eksemplifisert ved at i ein femårsperiode (2009-2014) vart 32 prosent fleire bygningsarbeidarar, 26 prosent f leire som arbeidde med sport og trening og 49 prosent fleire dyrepleiarar. Rapporten anslår at det i løpet av ein femårsperiode blir skapt 46.000 jobbar, eller 2 prosent fleire, på grunn av at folk får meir pengar i løningsposen.


20

tema

2017

TORSDAG 18. JANUAR

Hjemmefra, men ikke alene!

Lundeneset VGS er en kristen internatskole i Ølensvåg. Vi tilbyr Medieproduksjon, service og samferdsel, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg til en god skolegang gir vi deg et trygt miljø, varierte fritidstilbud og venner for livet! Les mer om oss på www.lvs.no

Skuleåret 2018/2019 Ved Ølen vgs har du dessa vala: - Studiespesialisering - Idrettsfag - Påbygg til generell studiekompetanse -

(23 / 30 timar)

Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Teknikk og industriell produksjon Helse- og oppvekstfag Spesialundervisning i lita gruppe Innføringsklasse norsk

Tel: 53766400

WWW.OLEN.VGS.NO

ALLE

KAN NÅ LENGER

SØKNADSFRIST

1. mars

For å søkje Ølen vgs: Gå inn på vigo.n o Velg Rogaland VIGO opnar 8. ja nuar 2018

ØLEN VIDAREGÅANDE SKULE Veksthus for vett og vennskap


2017

YRKE OG UTDANNING

Ledige læreplasser 2018 Finn ledige læreplasser på:

www.finnfag.no Følg oss på: Haugaland Opplæringskontor www.iho.no post@iho.no / 913 59 266 Haugaland Opplæringskontor

tema

YRKE &

UTDANNING

TORSDAG 18. JANUAR

Ta vidaregåande utdanning på Stord!

Vårt tilbod for skuleåret 2018–2019:

Yrkesførebuande utdanningsprogram Teknikk og industriell produksjon • Teknikk og industriell produksjon – Vg1 • Industriteknologi – Vg2 • Kjøretøy – Vg2 Bygg og anleggsteknikk • Bygg- og anleggsteknikk – Vg1 • Byggteknikk – Vg2

Elektro • Elektro – Vg1 • Elektro med spesiell studiekompetanse – Vg1 • Elenergi – Vg2 • Automatisering – Vg2 • Automatiseringsfaget – Vg3 Service og samferdsel • IKT-servicefag – Vg2

Studieførebuande utdanningsprogram Studiespesialisering • Studiespesialisering – Vg1 • Studiespesialisering, realfag og språk, samfunnsfag og økonomi – Vg2 og Vg3 Idrettsfag • Idrett – Vg1, Vg2 og Vg3 Musikkfag • Musikk, dans og drama – Vg1 • Musikk, dans og drama med vekt på musikk – Vg2 og Vg3 Medium og kommunikasjon • Vg1, Vg2 og Vg3 Allmennfagleg påbygging

Andre tilbod

Felles vekst og utvikling for alle

Innføringskurs for minoritetsspråklege

Kontakt oss for mer informasjon ● ● ● ●

Landbruk Anlegggartner Heste- og hovslagerfaget Generell studiekompetanse

kontor@tveit.vgs.no Tlf. 52 77 48 50 www.tveit.vgs.no

Spesialundervisning • Arbeidstrening • Kvardagslivstrening • Grunnkompetanse i eiga gruppe

www.hordaland.no/stordvgs - Tlf. 57 30 79 00 - post.stv@hfk.no

Lærling på

Skulen på Facebook: fb.me/stordvgs

Norsk Stein AS avd. Jelsa har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, vegbygging og offshorekonstruksjonar. Me er lokalisert i Suldal kommune, er 183 tilsette og 12 lærlingar og har ein årsproduksjon på over 11 mill. tonn. Sjå: http://www.mibau-stema.com

Norsk Stein? For å bli fagarbeider må du har fagbrev. Norsk Stein kan sikre deg ein solid yrkesopplæring som fører til fagbrev. Som lærling får du lønn under utdanning. I år tenkjer me å ta inn nye lærlingar i desse faga: • Industrimekanikarfaget • Anleggsmaskinmekanikarfaget • Kjemiprosessfaget • Fjell og bergverksfaget Norsk Stein vil også ta inn YSK– elevar i desse faga.

Er du interessert i sommarjobb? Ein sommarjobb gir verdifull erfaring og for å leve godt som student må pengar tenast. Då er det fint å søkja jobb på Norsk Stein. Me har ledig sommarjobb som: • Laboratoriemedarbeidar – prøvetaking ute i ferdigvare og prosessanlega, og analyseav desse materialprøvane. • Mekanikar/reparatør i vedlikehaldsavdelinga – førebyggande vedlikehald på faste installasjonar og rullande maskiner • Operatør i driftsavdelinga – reinsk, reinhald og førebyggande vedlikehald. • Bruddmedarbeidar – delta i arbeidet i forbindelse med sprengingsarbeid. For å søkja stilling som sommarvikar må du vera minst 18 år. Bilsertifikat er ønskjeleg.

21

Me søkjer også etter sommarvikarar i Logistikk ferdigvare og Logistikk brudd som • Maskinførar Arbeidstida er skift. Me treng sommarvikarar i perioden juni, juli, august og september.

Felles søknadsfrist er 28.02.18. Send søknad med CV, kompetansebevis og attestar til:

• Relevant førarkort (helst med kl. C) • Kompetansebevis på masseforflyttingsmaskiner

Norsk Stein AS Personalavdelinga Jelsavegen 512 4234 Jelsa

Ver vennleg å skriv i søknaden kva avdeling du ønskjer å jobbe som sommarvikar i og kva periode du kan arbeida.

Eller på e-post: post@norsk-stein.no Kontaktperson: Anne Straabø Tjordal, tlf: 52 79 29 00

Du må ha:


22

tema

2018

TORSDAG 18. JANUAR

Framtidige frisørar? Elina Sørbø Stamnes (18) frå Haugesund steller håret til medelev Emilie Bolstad (17) frå Sauda. I bakgrunnen Anne Kringlebotten (17) frå Etne.

Trivst med praktisk og kre Ved design-og handverkslinja på Ølen vgs. er trivselsfaktoren høg og skulekvardagen variert. 17 år gamle Emilie Bolstad frå Sauda vil bli frisør og har valt linja i Ølen som sin favoritt. Det håpar ho fleire vil gjere.

i fjor, men eg slutta der. Eg likte meg ikkje. Eigentleg kjem eg frå Hokksund og har budd i Sauda i 6 år, men nå bur eg hos onkel min på Åkra der eg har mange vener. Det går greitt å pendla til Ølen. Det er ein grei skule og eg trivst her, seier den 17 år gamle jenta og smiler nøgd.

IRENE MÆLAND HARALDSEN

Interiør og utstillingsdesign

Inne i eitt av klasseromma på den vidaregåande skulen i Ølen sit ein gjeng ungdommar og jobbar ivrig med kvart sitt prosjekt. Den vesle klassen på til saman åtte personar består av elevar frå både vg1 og vg2 innan studieretninga design og handverk, og i dag står mellom anna interiørdesign,

teikneteknikkar og hårstyling på timeplanen. Dei to klassevenninne Emilie Bolstad og Elina Sørbø Stamnes byter på å stella håret til kvarandre og trenar seg på ulike frisyrar. — Me skal bli frisørar, seier jentene som reiser frå Karmøy og Haugesund kvar einaste dag for å

ta grunnutdanninga i Ølen. — Eg har valt rett linje. Dette er veldig gøy og eg har lært masse, seier Emilie Bolstad som dagpendlar heilt frå Åkra på Karmøy. Den lange vegen er ikkje noko hinder sjølv om ho må stå opp i fem tida kvar morgon. — Eg gjekk på Haugaland vgs

Design og handverk er ei ny linje ved Ølen vgs. Etter at den vidaregåande skulen i Etne vart lagt ned i fjor har elevane valet mellom Ølen eller å reisa lenger vekk. For andreårs studentane som gjekk vg1 i Etne blei Ølen eit godt alternativ. — Eg valde studieretning ut frå interesse og gjekk første året i Etne. Det var ein stor overgang å koma til ein større skule, og

sjølv om klasseromma var betre tilpassa i Etne har dei ordna det bra her i Ølen også. Eg lengtar tilbake til Etne, men eg synest dette er det beste alternativet. Det er veldig bra å ha eit slikt tilbod så nærme, seier 17 år gamle Anne Kringlebotten frå Etne og rår fleire til å velja design og handverk i Ølen når dei skal søkja seg inn på vidaregåande utdanning. — Design og handverk er kjempeviktig uansett kva ein vil bli. Ein får uttrykt seg sjølv gjennom ulike prosjekt og det er veldig bra med praktisk arbeid i skulekvardagen, seier ho.

Mange yrkesval Med design og handverk i bagasjen er vala mange når elevane skal velja yrke. Studieretninga banar veg for over 50 ulike


2018

YRKE OG UTDANNING

TORSDAG 18. JANUAR

23

Anne Kringlebotten går på vg2 interiør og utstillingsdesign og likar seg godt ved Ølen vgs.

Kreativ utfordring. Jonathan Ljung (18) frå Sauda får læra seg å jobba med keramikk.

FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN

Kreasjonar på utstilling. Prosjektarbeida til elevane ved design og handverk har fått plass i fellesarealet ved skulen i Ølen.

eativt arbeid handverksretta yrke, og ein kan velja å ta fagbrev innan eit felt eller gå ta studiekompetanse for å studera ved universitet og høgskular. — Med vg1 grunnkurs har elevane mange ulike vegar å gå. Me har rundt 23 timar med praktisk arbeid i tillegg til teori og elevane får læra seg å tenkja kreativt. På grunnkurset får dei prøva ut ulike teknikkar og dei får vera med å bestemma oppgåvene sjølv, fortel lærar Sigrun Marie Torvestad.

Torvestad at fleire elevar vil få auga opp for skulen i Ølen og ynskjer særs vindafjordingane velkomne. — Me saknar elevar frå Vindafjord og håpar på mange søkjarar til neste skuleår. Søknadsfristen er 1. mars og nå reiser me rundt på utdanningsmesser for å fortelja om skulen vår. Me har vore to dagar på messa i Tysvær og skal til Sauda

på utdanningsmesse. Me er to lærarar som underviser i faget og me fordeler oss rundt på messene. I tillegg er skulen og linja på Facebook. Me er nystarta i Ølen og jobbar for å få tilbodet kjent, seier ho. I dag er det 355 elevar som tek si vidaregåande utdanning ved Ølen vgs. Der er ein auke på rundt 100 elevar etter at skulen i Etne vart lagt ned.

Ynskjer fleire elevar

Jobbar med å få fleire elevar. Silje Johansen (16) frå Etne (t.v.), lærar Sigrun M. Torvestad og Julie Langholm (16) frå Sauda brettar informasjonsmateriell som skal brukast på utstillingsmesser.

Utanom skulen i Ølen er det Haugesund i distriktet som har liknande tilbod innan studieretninga. I dagens vg1 klasse kjem elevane frå Sauda, Haugesund, Karmøy og Etne, og dei tre elevane på vg2 interiør- og utstilling kjem alle frå Etne. Nå håpar

og handverk er kjempe- « « Design viktig uansett kva ein vil bli ANNE KRINGLEBOTTEN, ELEV


24

tema

2018

TORSDAG 18. JANUAR

Styreleiar Anette Lauareid Hovda i Haugaland opplæringskontor og Asbjørn Moe i Fikse næringsutvikling håper den nye nettsida finnfag.no skal gjere det enklere for yrkesfagelevar å finne lærlingeplass. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Dating for lærlingar No er det blitt enklare for lærlingar og lærebedrifter å finne kvarandre. TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Å finne seg læreplass, noko som ein treng for å få praksis og deretter kunne gå opp til fagprøve, kan vere krevjande for yrkesfagelevane. Berre det å finne fram til dei som har ledig lærlingplass, kan vere litt av ein jobb. Ikkje minst fordi nesten kvart fagområde har sine eigne opplæringskontor som formidlar kontakt mellom lærebedrifter og kandidatar. Men no blir det enklare både får opplæringskontora, verksemdene og ikkje minst skuleelevane. Gjennom «datingsida» finnfag.no på internett. På finnfag.no kan lærebedriftene presentere seg sjølv, og dei kan legge inn opplysningar kor mange ledige læreplassar dei har til ei kvar tid. Dermed får yrkesfagelevane enkelt ein god oversikt over lokale verksemder, og om det finst ledige plassar dei kan søkje på. Konseptet er basert på at verksemdene leiger ein plass på sida, og oppdaterer relevant informasjon sjølv.

God respons Sjølve ideen til nettsida vart fødd gjennom prosjektet «Frå elev til arbeidstakar», eit samarbeid mellom Nav, opplæringskontora, grunnskulene, dei vidaregåande skulene og Fikse næringsforening. No har Haugaland Opplæringskontor og Fikse Næringsutvikling tatt ideen vidare og står bak nettsida som nyleg blei lansert. Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling og styreleiar Anette Lauareid Hovda i Haugaland opplæringskontor fortel om særs god respons. Etter ei vekes drift hadde 19 verksemder teikna seg. Ei veke seinare, sist torsdag

var 47 verksemder allereie blitt medlem. Og medan ein i første omgang ville rekruttere verksemder i Etne og Vindafjord, så ser han allereie at interesse frå lærebedrifter i andre kommunar på Haugalandet melder seg. — Det er vanskeleg å spå kor stort dette kan spreie seg geografisk. Uansett er dette eit verktøy kor ein kan filtrere inn eller ut forskjellige kommunar, slik at det uansett er oversiktleg for brukarane, seier han.

Utvikla lokalt Då Grannar testa sida sist torsdag kunne ein til dømes finne 72 ledige plassar på Haugalandet innan helse- og omsorgsfaga og 14 ledige plassar innan dei forskjellige faga som inngår i teknikk og industriell produksjon (TIP) og ni i tømrerfaget. Mange av desse i Etne og Vindafjord, men også i Tysvær, Karmøy og Haugesund. — Det handlar ikkje berre om å vere ein stad kor ein kan rekruttere elevar som straks skal ut i lære. For verksemdene som kanskje ikkje har ledige læreplass der og då, er det også ein plass å fortelje om seg sjølve slik at skuleelevane blir kjende med kva jobbar som finst i regionen. Slik kan dei orientere seg før dei vel kva yrkesfag dei ønskjer å satse på. På den måten blir dette også eit nytt verktøy for til dømes rådgjevarar og studierettleiarar i grunnskule og vidaregåande skule, seier Moe. Det er Vindafjord-verksemdene Omega og Filter design og kommunikasjon som har utvikla høvesvis programvaren og det visuelle uttrykket på finnfag.no

Yrke og Utdanning Januar 2018  

Temanummer i Grannar 18. januar 2018

Yrke og Utdanning Januar 2018  

Temanummer i Grannar 18. januar 2018