__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 4

Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Smelvær-ulykka

Av: Annette Langedal Holme

Bilete av familien. Frå venstre: Matilde, Alf, Gudrun, Konrad og Bertel. Fremst sit mor til Bertel, Gurine.

I møteboka til Askvoll formannskap kan vi lese at det var møte den 8. juni 1939. Dei skulle gjennom ei rekkje saker den dagen, blant anna framlegg til budsjett for heradet og lønn til presten. Men den fyrste saka i møteboka den dagen skil seg frå dei andre. Saka fortel om ei dramatisk hending som skjedde i Askvoll dagen før. Vi kan lese: Ordføraren minte um den store ulukka som hende i heradet i går, med at Bertel Smelvær og dei to sønene hans, Konrad og Alf, drukna under arbeidet med hummarfiske. Det er lenge sidan ei so stor ulukke hev hendt her hjå oss, endå so farefull ein leveveg mykje av folket her hev. Ordføraren lyste fred og signing over minnet til dei som er burte,, og ynskte at dei som sit att må få trøyst og styrke til å bera det tunge tapet dei hev lide – Heradstyret høyrde minneorda ståande. 4

Staden der ulykka skjedde. Pila er teikna inn av Gudrun Smelvær

Her får vi innsyn i ei stor tragedie som råka ein familie i Askvoll og det er ikkje fritt for at desse linjene i møteboka til formannskapet opnar for spørsmål. Kven var Bertel og sønene? Kven var dei pårørande? Og ikkje minst, korleis vil det gå med dei?

Familien på Smelvær I Askvoll kommune finn vi øygruppa Smelvær. Den består av Storøyna omkransa av mange mindre øyer i ei lunefull paddemark. Øygruppa har utsikt mot Alden i sør og Kinnaklova

i nord. Alle undervannsskjæra gjorde at mange skydde dette området. Her hadde fleire familiar funne det for godt å busetje seg. Små gardar der hovudinntekta var frå fisket. Blant folket som budde ute på Smelvær finn vi det eldre ekteparet Bertel og Mathilde Smelvær. Saman med dei budde tre vaksne barn og eit barnebarn. Dei tre barna var Konrad, Alf og yngstejenta Gudrun, 23 år gamal. Barnebarnet var vesle Solfrid på to år, ho var dottera til Konrad. Sommaren 1939 hadde dei begynt å kome seg på føtene etter eit

Profile for Fylkesarkivet i Vestland

Kjelda nr. 3 2015  

Kjelda nr. 3 2015  

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded