Kjelda nr. 1 2013

Page 14

kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

ikkje kom frå kvinner frå det ganske land, men hovudsakleg frå kvinner i byane. Denne påstanden baserte seg nok i stor grad på synsing, men at kravet var lettare å synleggjere og hadde større gjennomslagskraft i urbane enn i rurale strok, var det neppe tvil om. Det viste også dei mange tusen støtteunderskriftene som Stortinget jamleg fekk frå kvinner landet over, hovudsakleg frå byane. Nordre Bergenhus Amt og valet i 1901 Nordre Bergenhus Amt var i 1901 eit bondesamfunn med tradisjonelt kjønnsrollemønster. Folk budde spreidd, her var ein liten tettstad med bystatus, Florø, industrialiseringa hadde ikkje nådd fylket og tradisjonane stod sterkt. Stemmetalet viser at berre 489 kvinner stemde ved dette valet, 5,3 % av dei som hadde fått sin stemmerett. Dei nye tonane om jamstelling og krav om stemmerett kom tradisjonelt frå kvinner frå borgarklassen og den veksande arbeidarrørsla. Hos oss var det mest bønder og småkårsfolk. Samfunnet var tradisjonelt og kjønnsrollemønsteret like så, men heilt utan grobotn for dei nye tankane var samfunnet ikkje. Kor mange kvinner frå fylket vårt som tok utfordringa og stilte til val, veit vi ikkje før kjeldene er nærmare granska. Det vi veit, er at ei tok ”hansken”, stilte til val, kom inn og braut den fyrste barrieren i demokratiseringsprosessen. Den fyrste kvinnelege politikaren i fylket Då Luster kommunestyre konstituerte seg 28.desember 1901, finn vi ei einsleg kvinneunderskrift blant dei 32 representantane, Dina Paasche. Geraldine Helene Fredrikke Krog Paasche, 1851 1922, vart ikkje berre den einaste kvinna i Luster kommunestyre, men også den einaste i heile amtet. Frå Nordre Bergenhus Amt vart det valt inn 775 menn og ei kvinne dette året. 14

Når vi finn berre ei kvinne her i fylket, så er det symptomatisk for kva samfunn vi hadde ved starten på det nye hundreåret. Viss vi hadde fått ei rekkje kvinnelege kommunestyremedlemmer her i fylket, ville det ha vore meir forunderleg. Trass alt, i hovudstaden kom det inn ”berre” fire og i Søndre Bergenhus Amt fekk seks kvinner plass. Likevel, det må vel kunne kallast ei bragd av Dina Krog Paasche å bli folkevalt dette fyrste året kvinner hadde stemmerett. Dina Krog Paasche Kven var så denne einslege svala i Luster kommunestyre? Kva bakgrunn hadde ho som kunne motivere henne til å stille til val hausten 1901? Det var nok ikkje kven som helst som hadde mot og mannskap til det. Det er også grunn for å fundere på korleis ho sanka seg nok stemmer til å kome inn. Kva posisjon hadde denne dama, korleis var ho? Geraldine Paasche, eller Dina, som ho stort sett skreiv seg, var prestedotter frå Fana. Ho kom frå solid presteslekt og det kondisjonerte sjiktet. Ho var dotter til stortingsrepresentant og sokneprest Hans Jensen Krog,1808 - 1897, og Ingeborg Kristine Endresen, 1813-1853. Heimen hennar var prestegarden i Fana der ho vaks opp saman med seks eldre sysken. Faren var stortingsrepresentant i frå 1862 -1864 og hadde avslutta stortingskarrieren då stemmerettsspørsmålet kom på den politiske dagsordenen i 1885. Det er all grunn for å tru at Dina voks opp i ein heim der nye radikale tankar fekk feste og samfunnsdebatten var ein del av kvardagen. I den nærmaste Krogfamilien finn vi også kvinnesakspionerane Gina Krog og Ida Cecilie Thoresen Krog, som var gift med bror til Gina, Fredrik Arentz Krog. Ida Cecilie Krog var Noregs fyrste kvinnelege student, og ei av dei som saman med Gina Krog stifta den fyrste kvinnesaksforeininga i landet, Norsk Kvindesagsforening i 1884. Dette var banebrytande damer

som skapte debatt og blest, og det er naturleg å tru at når Dina Krog stilte til val på upolitisk liste i Luster hausten 1901, ja så kom dei radikale ideane og inspirasjonen i stor grad frå slekta og miljøet. I 1887, 36 år gamal, gifta ho seg med enkemannen og legen Einar Paasche, 1849-1931. Kva Dina Krog gjorde på og kvar ho budde fram til ho i godt vaksen alder gifta seg med Einar Paasche er ikkje kjent. I folketeljinga av 1875 går det fram at ho og ei eldre syster då budde saman med faren i Fana. Han var prest og enkemann så det kan hende at Dina og systera tok seg av hus og heim på prestegarden i Fana fram til ho gifta seg. Det var ikkje uvanleg at dåtidas ugifte døtrer budde heime og gjekk inn i hushaldet. Distriktslege Paasche hadde året før busett seg i Dale sokn i Luster, der han budde på garden Nygård og dit flytta Dina inn. Ektemannen hadde to barn på 7 og 9 år då Dina gifta seg med han, og saman fekk dei to barn. I følgje folketeljinga av 1900 budde enkjefrua på garden, og hennar pleiedotter, samt fire tenarar og ein guvernante der. I 1906 vart Einar Paasche utnemnd til distriktslege i Sarpsborg og her budde dei så lenge dei levde. Det er ikkje så mykje vi veit om livet til Dina Krog Paasche då ho budde på Dale. Korkje i bygdeboka for Luster eller i den lokalhistoriske litteraturen vi har granska, er det særlege mange spor etter henne. Ho var gift med distriktslegen, og det gav sjølvsagt ein solid sosial posisjon. Garden Nygård låg like ved handelsstaden Døsen, ikkje så langt frå kyrkja og prestegarden, og distriktslegen og frua pleia omgang med folk frå bygdas høgare sosiale lag. Det høgare sosiale sjiktet i nærmiljøet ser ut til å bestå av lensmannsfamilien, prestefamilien, handelsfamilien Døsen og kanskje nokre få andre. I kva grad desse støtta Dina sitt kandidatur har vi ikkje funne haldepunkt for, men kanskje? I fall kunne det


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.