Issuu on Google+

Lillemors lekreste Ja, dette må vere lillemors lekraste kjole! Oppskrifta stod på trykk i strikkeheftet Alle Kvinner Strikker, publisert av damebladet Alle Kvinners Blad i 1953. Snittet er typisk for 1950-åra med vidt sirkelskjørt og markert liv. Me har valt det luksuriøse og glansfulle garnet Fin frå Du Store Alpakka av 50 prosent silke og 50 prosent babyalpakka-ull til kjolen for å gjere den ekstra festfin. Kjolen kjem i tre størrelsar, og den einaste endringa me har gjort i oppskrifta, er å sette skjørtet og bolen på rundpinne.

STØRRELSE: 3/4/(5) år MÅL • OVERVIDD: 60/64/(68) cm • HEIL LENGD: 49/53/(57) cm • ERMLENGD: 12/13/(15) cm GARN: Ca. 350/350/(400) g Fin frå Du Store Alpakka i sand, fargenr. 211 PINNAR: Rundp. nr. 2 (40 cm) og 2 ½ (80 + 60 cm) STRIKKEFASTHEIT: 32 m. x 42 p. med glattstrikk på p. nr. 2 ½ = 10 x 10 cm MERKNAD: Mønsteret kan delast på 6 TILBEHØYR: Glidelås

174

Mønsteret 1. omg.: *1 r., 2 r. saman, 1 k., 1 r., 1 k., 2 vridd r. saman, gjenta frå * ut omg. 2. omg.: r. 3. omg.: som 1. omg. 4. omg.: r. 5. omg.: r. 6. omg.: r. 7. omg.: *1 r., 1 k., 2 vridd r. saman, 1 r., 2 r. saman, 1 k., gjenta frå * ut omg. 8. omg.: r. 9. omg.: som 7. omg. 10. omg.: r. 11. omg.: r. 12. omg.: r.

175


Bolen Start nedst på skjørtet. Legg opp 444/468/(492) m. på rundp. nr. 2 ½, strikk 5 omg. glattstrikk, så ein omg. vr. til å brette falden i. Strikk vidare i glattstrikk til 4 cm frå falden (alle mål vidare takast frå falden). Strikk så mønsteret 24 p. Strikk glattstrikk vidare, medan det fellast kvar 6. omg.: *2 r. saman, 30 r., 2 r. saman, 40/44/(48) r. gjenta frå * omg. ut. Det blir 2 m. mindre mellom fellingane for kvar gong ein feller. Andre gongen ein feller blir det slik: *2 r. saman, 28 r., 2 r. saman, 40/44/(48) r. gjenta frå * omg. ut. Tredje gongen: *2 r. saman, 26 r., 2 r. saman, 40/44/ (48) r. gjenta frå * omg. ut. Osb. Strikk til skjørtet måler 26/28/(30) cm, skift så til p. nr. 2 og strikk vr. Fell i løpet av 1. omg. inn til 160/172/(184) m. jamt over. Strikk 10 p. rillestrikk (avvekslande 1 r. omg., 1 vr. omg.). Gå så tilbake til p. nr. 2 ½, auk i løpet av første omg. 20 m. jamt fordelt på omg. og strikk mønster vidare. Når arbeidet måler 37/40/(43) cm, del arbeidet i to = 90/96/(102) m. på kvar side. Fell til ermehol først 7/9/

(11) m., deretter 1 m. i alt 4 gonger på annankvar p. Strikk framstykket og bakstykket ferdig kvar for seg. Etter ermeholsfellinga er det 68/70/(72) m. igjen på kvar side.

Bakstykket Når fellinga til ermehol er ferdig, skal ein dele arbeidet midt på p. Strikk kvar del vidare for seg til det nedanfrå er 48/52/(56) cm. Fell til skulder annankvar p., først 8/10/ (11) m., så 9 m. 2 gonger (det vil sei 26/28/(29) m.). Fell dei resterande m. rett av. Strikk den andre sida av splitten likt.

Framstykket Strikk som ryggen til arbeidet måler 45/49/(53) cm, men utan deling. Fell av dei 16 midtre m. til halsopning, og strikk kvar del vidare for seg. Fell 1 m. ved halsen på kvar p. til det er igjen 26/28/(29) m. Når arbeidet måler 48/52/ (56) cm, fell til skulder som på bakstykket.

Ermer Legg opp 58/62/(66) m. på p. nr. 2 og strikk rillestrikk 8 p. Gå over til p. nr. 2 ½ og glattstrikk. Auk 10 m. jamt fordelt over den første p., auk vidare 1 m. i kvar side av kvar 4. p. 2 gonger. Når ermet måler 4/4/(5) cm, fellast 1 m. i kvar side av kvar 3. p. 4 gonger, fell på annankvar p. til ermet er 10/11/(13) cm, og på kvar p. til 12/13/(15) cm. Fell resten av m. rett av. Strikk det andre erme likt.

Kragen Legg opp 20/22/(24) m. på p. nr. 2 ½, strikk rillestrikk 4 p., deretter glattstrikk med 4 m. i rillestrikk på den eine sida av p. Fell 1 m. innanfor denne kanten på annankvar p. til det er 12/14/(14) m. igjen. Strikk utan felling til kragen er 11/11 ½/(12) cm. Strikk 5 p. rillestrikk over alle m. og fell av. Strikk eit tilsvarande stykke, men med dei 4 m. i rillestrikk på andre sida av p.

Montering Press dei ulike delane forsiktig på vranga med strykejern og fuktig klut, og sy dei saman. Sy kragen på og sett ein glidelås i ryggen. Brett fald i vrangstripa nedst på skjørtet.

176

177


177


Lillemors lekreste fra boka vintagestrikk