a product message image
{' '} {' '}
Limited time offer
SAVE % on your upgrade

Page 1

SVEVN

27. MAI–1. JUNI 2020


Velkomen til festival med stor kammermusikk, eit sterkt vokalt fokus, to orkester og toppsolistar inspirert av svevn. Årets festivalkunstnar er Inger Johanne Rasmussen og årets festivalforfattar er Erlend Nødtvedt.

ONSDAG 27. MAI 18:00 TIMEGLAS Fjordahallen, Kinsarvik

Ullensvang kulturskule blir musikkfesten sin vesle aperitif, feirar våren og markerer seg som samanslått kulturskule med ei stor forestilling i Fjordahallen.

TORSDAG 28. MAI 16:00 DEN MUSIKALSKE HJERNEN Skrivargarden, Lofthus

Geir Olve Skeie snakkar om kva påverknad musikk har på hjernen. Annabel Guaita er musikalsk makker.

17:00 VERNISSAGE PÅ ALVAVOLL: 340 METER I SEKUNDET Lydinstallasjon av Gyrid Nordal Kaldestad & Are Lothe Kolbeinsen.

18:00 FJORDVAKE

Ullensvang kyrkje, Lofthus

Velkomen til stor opningkonsert i kammermusikkens teikn med Sveinung Bjelland, Elin Rombo, Magnus Staveland, Anders Kjellberg Nilsson og Ernst Simon Glaser.

20:00 HARDINGSPEL

Krossvoll, Lofthus

Bli kjent med festivalforfattar Erlend Nødtvedt i samspel med Helge Lien «100 hardingar»: AK Glück-Teigland tek oss med på ei tidsreise med musikalsk fylgje av Kviven Duo, Ruth Wilhemine Meyer og Nils-Henrik Asheim.

FREDAG 29. MAI 09:00 MORGONTONAR MED KVIVEN DUO Gløyp, Kinsarvik

Britt Pernille Frøholm og Jorun Marie Kvernberg med morgonkonsert i folkemusikkens teikn.

12:00 BLÅS Graaten, Lutro

Blåsarar frå Sjøforsvarets Musikkorps fyller fjorden med musikk.

13:25 SVEVN Odda VGS

Tradisjonen tru held musikkfesten konsert for elevane.


14:00 DIKTARKJÆRLEIK Krossvoll, Lofthus

Magnus Staveland og Sveinung Bjelland gjev oss ein time omkring Schumann sin «Dichterliebe».

16:00 TRØYST Kinsarvik kyrkje

Ruth Wilhemine Meyer, Nils Henrik Asheim og Ernst Simon Glaser inviterer til ein vakker time med salmar og suitar.

18:00 OVERRASKINGSKONSERT Fjordahallen, Kinsarvik

Alle artistane på festivalen samla på scena saman med Sjøforsvarets Musikkorps!

22:00 BAROKKSOLISTENE Krossvoll, Den engelske ølstova Opplev popmusikk frå barokken i ei forrykande konsertoppleving.

LAURDAG 30. MAI 09:00 MUSIKALSK MORGONGYOGA Formannskapssalen Kinsarvik Yoga med Kristin Glück-Teigland og Annabel Guaita, klaver

12:00 LJOS Skrivargarden, Lofthus

Stjerneparet Elin Rombo og Anders Kjellberg Nilsson i samspel.

13:00 KVIVEN DUO Bleietunet, Bleie Folkemusikk hjå siderkongen på Bleie.

14:00 KLANGBIOTOPAR Krossvoll, Lofthus

Ruth Wilhemine Meyer, Helge Lien og Erlend Nødtvedt. Røyst, klaver og tekst i eit klangfelleskap. 

16:00 DET NORSKE JENTEKOR Kinsarvik kyrkje Fantastiske jenterøyster syng norsk korlyrikk.

16:00 SIDERVANDRING Lofthus Smaken av Hardanger.

16:00 DRAUM Galleri Nils Bergslien, Eidfjord

Sveinung Bjelland & Ernst Simon Glaser med store musikalske meistrar.

19:00 BAROKKGALLA Fjordhallen, Kinsarvik

Ein festaftan av dei sjeldne. Bjarte Eike & Barokksolistene saman med Bergen Domkor, Nordic Voices og lokale kor lovar ein fargesprakande kveld. Stjernesolistar: Magnus Staveland, Elin Rombo, Tora Augestad og Tone Braaten.

22:00 GJERTRUDS SIGØYNERORKESTER MED VENER Krossvoll, Lofthus «Låter som en sigøynersk storm når de trår til».


SUNDAG 31. MAI 12.00 PÅ GEITEVIS Alvavoll

Jazz og folketonar leikar med Aasmund O. Vinje sine gamle ord. For barnefamiliar.

14:00 GRIEGVITJING Ullensvang kyrkje, Lofthus

Bergen Domkor & Kviven Duo med eit heilnorsk program.

15.15 KLASSISK KVEIK MED KAKER & KAFFI Gjesteheimen 17:00 VOKALKRAFT I KRAFTKATEDRALEN Tyssedal 19:30 ALBERT & LEONIE Smelteverket, Odda Stor musikalsatsing i Odda.

21.00 OPPSKÅKA Krossvoll, Lofthus

Festivalen sitt eige musikalske prateprogram.

MÅNDAG 1. JUNI 11:00 NORDISKE RØYSTER Ullensvang kyrkje, Lofthus

Ruth Wilhelmine Meyer, Nils Henrik Asheim og Nordic Voices byd på avslutningstonar med etterklang.

hardangermusikkfest.no

Det Norske Jentekor, Elin Rombo & Ernst Simon Glaser i eit spanande møte.

Profile for Frö design

Hardanger Musikkfest 2020 programfolder  

Hardanger Musikkfest 2020 programfolder  

Advertisement