Page 1

VANDRING 5.–10. JUNI 2019


PROGRAMOVERSIKT ONSDAG 5. JUNI

15:00 VANDRING PÅ BRÅVOLLTUNET | Kinsarvik | 22 18:00 BENEDICTE MAURSETH - HÁRR | Eidfjord gamle kyrkje | 24

TORSDAG 6. JUNI

09:00 MORGONTONAR PÅ GLØYP | Kinsarvik | 30 11:00 VANDRINGSTONAR PÅ VIKEVOLLEN | Jondal | 32 13:25 VANDRING PÅ ODDA VGS | Odda | 34 13:30 VANDRINGSTONAR PÅ UTNEHEIMEN | Utne | 32 16:00 VANDRINGSTONAR PÅ BYGDAHEIMEN | Eidfjord | 36 16:00 VERNISSAGE – SIDERSOGER | Alvavoll Gard, Lofthus | 38 18:00 SS MENDI – DANCING THE DEATH DRILL | Fjordahallen, Kinsarvik | 40 21:00 BENEDICTE MAURSETH - HÁRR | Odda kyrkje | 42 22:00 VANDRINGSTIMEN I ULLENSVANG KYRKJE | Lofthus | 44

FREDAG 7. JUNI

12:00 FJORDSPEL I GRAATEN | Graaten, Lutro | 46 14:00 HAUGTUSSA MED EIR INDERHAUG | Krossvoll, Lofthus | 50 16:00 BENEDICTE MAURSETH - HÁRR | Kinsarvik kyrkje | 52 18:00 OVERRASKINGSKONSERT | Fjordahallen, Kinsarvik | 54 22:00 NILS ØKLAND & KRISTIN SKAARE MED VENER | Krossvoll, Lofthus | 60

Forsidebilete: Hvalsøy kyrkje, Grønland, frå filmen Kvardagsstein av Leander Djønne

2


LAURDAG 8. JUNI

10:00 MORGONVANDRING TIL LILLETOPP | Tyssedal | 62 12:00 & 14:00 MARIA TRYTI VENNERØD PORTRETT | Krossvoll, Lofthus | 64 13:00 SPELEMENN PÅ DIKTARDAGEN | Utne | 66 13:00 VIRTUOS – STALHEIM OG CARR I SKRIVARGARDEN | Lofthus | 68 13:00 EDVARD MUNCH ENSEMBLE I BLEIETUNET | Bleie | 74 16:00 SIDERVANDRING | Lofthus | 76 16:00 VIRTUOS | Galleri NB, Eidfjord | 68 17:00 SPELEMENN I SKRIVARGARDEN | Lofthus | 66 19:00 HARDANGERKORET OG YTRE SULØEN | Fjordahallen, Kinsarvik | 78 22:00 BYGDEFEST MED YTRE SULØEN | Krossvoll, Lofthus | 80

SUNDAG 9. JUNI

11:00 SANS FOR SIDER | Lofthus | 82 12:00 BORNEDAG I FJORDAHALLEN | Kinsarvik | 84 13:00 KAMMERTIMEN I JONDAL KYRKJE | Jondal | 88 14:00 GRIEGVITJING I ULLENSVANG KYRKJE | Lofthus | 90 15:30 NOTELANGS MED KAKER & KAFFI | Ullensvang Gjesteheim, Lofthus | 92 17:00 NILS ØKLAND BAND I KRAFTKATEDRALEN | Tyssedal | 94 19:00 TETT PÅ KUNSTEN: LEANDER DJØNNE | Krossvoll, Lofthus | 96 21:00 OPPSKÅKA! | Krossvoll, Lofthus | 100

MÅNDAG 10. JUNI

11:00 OVERTONAR I ULLENSVANG KYRKJE | Lofthus | 102 Med atterhald om endringar

3


KONSERTSTADER 2019

KONSERTSTADER 2019

Galleri Bergslien Fjord og Fjell Bygdaheimen

Utneheimen Folkemuseet Gløyp spiseri

Kinsarvik kyrkje

Bråvolltunet Fjordahallen Siderpresseriet i Graaten

< < Jondal kyrkje << Vikevollen, Jondal

LOFTHUS

Bleietunet, Aga

Ekspedisjonen Lofthus radlestove

Skrivargarden Krossvoll Alvavoll

Ullensvang Gjesteheim Lilletopp Kraftkatedralen, NVIM Ullensvang kyrkje Odda kyrkje Odda vidaregåande skule

4


VANDRING


Vel møtt til Hardanger Musikkfest 2019! Hardanger Musikkfest 2019 har Vandring som tema.

VELKOMEN TIL FESTIVAL

Kvifor vandrar me? Kva går me frå? Og kor går me til? Å setja det eine beinet framfor det andre, er kanskje noko av det viktigaste me gjer. Når me vandrar opplever me sakte; i ein fart som kroppen og tankane kan forstå. Me tek også inn nye perspektiv og opnar opp for ny forståing. Heilt sidan forfedrane våre vandra ut frå Afrika for 70 000 år sidan, har historia vår handla om å vandra. Frivillig, og ufrivillig. Forflytting og utforsking. Først gjekk me, så lærte me oss å gjera opp eld og laga mat. Til slutt kom språket. Det speler inga rolle om me vandrar i byen eller på vidda. Det handlar om å ha eit ope blikk og reflektera over kor ein er. Kanskje ikkje ein alltid må reisa så langt for å finna akkurat det som kan endra ein? Vandring er også eit filosofisk tema: Kvifor har nokre menneske ei trang til å reisa, medan andre aldri forlèt plassen dei har vakse opp? Kvifor søkjer dei fleste, også dei reisande, likevel alltid tilbake? Heim til røtene? Kunstnarar har ofte søkt ut for å få inspirasjon og oppsøkt andre perspektiv.

6


Kunstforståinga vår vert heile tida prega av impulsane rundt oss. Det er alltid samspel mellom røtene og påverknaden utanfrå. Nordmenn har alltid vore eit vandrande folk. Me ynskjer å sjå på dette omgrepet historisk og drøfta utvandring og innvandring fram til i dag. Henrik Ibsen vandra ut; han skreiv dei beste stykka sine i utlandet, med eit kritisk blikk på det norske borgarskapet. Ibsen oppheldt seg 27 år i sjølvvald eksil, hovudsakleg i Tyskland og Italia. Wolfgang Amadeus Mozart var på tre lengre reiser i Italia i sitt liv. Faren hans, Leopold, meinte at sonen måtte få fyrstehands kjennskap til opera som sjanger for å kunna vidareutvikla seg som operakomponist. William Shakespeare hadde Italia som eit slags draumeland som prega diktinga og stykka hans i svært stor grad. For Edvard Grieg var Tyskland viktig for reisa hans som komponist, men det var også reisene hans til Hardanger og tida her. Å presentera heilt nye verk, er viktig for oss i Hardanger Musikkfest. I år har me tre premierar med verk av Maia Urstad, Craig Farr og Benedicte Maurseth. Årets festivalkunstnar er Leander Djønne. Han bur og arbeider på Grimo i Hardanger og beveger seg mellom film, tekst, foto og installasjon. Årets festivalforfattar er Maria Tryti Vennerød som er ein av våre fremste og mest anerkjente dramatikarar. Kammermusikk har alltid vore og vil alltid vera kjernen i Hardanger Musikkfest. I år har med invitert fantastiske klassiske stjerner som fyllar kyrkjer, stover, gardstun og private

7


heimar med velklingande kammermusikk. Den klassiske musikken vert spela i heile Sørfjorden.

VELKOMEN TIL FESTIVAL

Det vert naturvandringar i fjellet og langs fjorden â&#x20AC;&#x201C; med musikk, historieforteljing og installasjonar. Me vil ta heile den vakre naturen i Hardanger i bruk. Me held fram med eit sterkt folkemusikkprogram med store namn som utvider og utfordrar.

8

Kom til Hardanger Musikkfesten i pinsen, til ein festival som tek deg nĂŚrare musikken.

Therese Birkelund Ulvo & Tora Augestad Kunstnarisk leiing


DETTE ER DIN VEG. BERRE DU SKAL GÅ HAN. OG DET ER URÅD Å SNU. Olav H. Hauge

9


Velkomen til musikkfest!

VELKOMEN

Hardanger Musikkfest byr på spanande musikalske vandringar og på vandringar i storfelt hardangernatur. VANDRING er fellesnemnaren for programmet vårt i 2019, og med dette namnevalet ynskjer me å stimulera til dei vidfemnande assosiasjonane, refleksjonane og gode opplevingane som vandringar i lyd, rom og tid kan kalla fram. Musikkfesten byr i år på konsertar mange stader – frå Eidfjord gamle kyrkje inst i fjorden til Jondal lengre ute i fjorden. På vegen tilbyr me opplevingar i Kinsarvik, Lofthus, Odda og Utne. Dei kunstnarleg ansvarlege, Tora Augestad og Therese Ulvo, har sett saman eit program som har mykje å by på for nokon og ein kvar. I kvalitet byggjer musikkfesten vidare på gode tradisjonar når det gjeld musikalsk og geografisk breidde; frå den intime kammermusikken for dei få i Graaten til det eksotiske gjestespelet frå Sør-Afrika i Fjordahallen. Her kan me i år by på heilt spesielle opplevingar i samarbeid med Festspela i Bergen. Hardanger Musikkfest har utvikla seg mykje sidan oppstart med Oslofilharmonien og konsertmester Stig Nilsson i Hotell Ullensvang i 1996. Etter mange års godt samarbeid med hotellet flytta musikkfesten i fjor dei største arrangementa til Fjordahallen i Kinsarvik. Dette gav meirsmak, og

10


i år byr me på heile fire ulike arrangement i Ullensvang sin nye storsal. Her har me ein arena som gjer det mogleg å nå fram til eit stort publikum med eit breitt tilbod av høg kvalitet. Velkommen til vandring i Hardanger i pinsen – og til musikkfest!

Kåre Rommetveit Styreleiar i Hardanger Musikkfest

11


VELKOMEN

Velkomen til «Vandring» gjennom Hardanger Musikkfest 2019! Med «Vandring» som tema for årets festival, vil publikum verkeleg kunna utfolda seg. Du kan ta deg ein tur på fjellet, Folgefonna eller rett og slett berre vandra gjennom blømande frukthagar. Hovudarenaen for Hardanger Musikkfest er som i fjor, Fjordahallen i Kinsarvik. Opningskonserten med sørafrikanske rytmar – eit unikt gjestespel, overrasking med Sjøforsvarets Musikkorps, Hardangerkoret og Ytre Suløen, og til slutt «Nøringen» sin barnesundag. Alt dette skjer i Fjordahallen – me gler oss! Vår eigen Benedicte Maurseth har «Årets tingingsverk», «godbitane» står i kø! «Der aander en tindrende sommerluft, varmt over Hardangerfjords vande, hvor høit op mod himlen i blaalig duft,de mægtige fjelde stande. Det skinner fra bræ, det grønnes fra li, sit helligdagsskrud staar egnen klædt i, thi se, over grønklare bølge, hjem glider et brudefølge.» Brudefærden av Andreas Munch

12


Nok ein gong - stor takk til Tora og Therese for eit imponerande program til årets festival! Klar for «Vandring» i pinsehelga? Ta deg gjerne ein tur på Dronningstien, opp munketreppene eller heilt til Trolltunga om formen tillet det! Avslutt med musikalsk, kulturelt og sosialt påfyll i blømande frukthagar med historiske omgivnader. Nærare det «beste» kjem du ikkje! Ikkje alle festivalar kan skilta med eigen festivalkunstnar og festivalforfattar – spesielt velkomen til Leander Djønne og Maria Tryti Vennerød! Så ynskjer me dei flotte utøvarane, arrangørar, gjester og heile Hardanger, velkomen til Hardanger musikkfest 2019! Nyt musikk, natur og opplevingar frå Fjordahallen, stovetun, kraftkatedralen i Tyssedal til våre eminente kyrkjebygg! God pinse!

Utsikt frå Dronningstien. Foto: Hans Edmund Harris Utne

Solfrid Borge Ordførar

13


VANDRING I HARDANGER

VANDRING Å vandra ein sommardag i Hardanger er ei stor oppleving. Når du vandrar har du tid til å sjå deg om, sjå fjorden, tredna, fjellet og husa. Når du vandrar på til dømes Lofthus, då slepp du inn i hagane til folk. Det er ikkje hindringar som ein vakthund slik det er i Piemonte, eller eit høgt gjerde som i Alsace. I Hardanger slepp du inn i og bak kulissene. Dei høge fjella rundt Sørfjorden gjev oss ly for vinden, varme til frukttredna og mange flotte vandringsstiar. Stiar som før var riksvegar og ferdslevegar som gjorde handel mellom aust og vest mogleg. Nokre er forfalne medan andre er rusta opp. Nokre er bratte, andre er veldig bratte – då treng me trepper. Det er ikkje berre Munketrepper rundt i liane i Sørfjorden, det er trepper overalt. Medan du les denne teksten og kosar deg med musikkfest jobbar fira Sherpaer med å utbetre «Kråkestien» i Frøyneslia. Der er det masse gamle trepper som treng oppattretting og pleie, slik at du kan vandra trygt. God vandring! Harald Alvavoll, Alvavoll Frukt- & Sidergard Munketreppenens Vener

14


Munketreppene

15


FESTIVALFORFATTAR

ÅRETS FESTIVALFORFATTAR:

DRAMATIKAR MARIA TRYTI VENNERØD Maria Tryti Vennerød (f. 1978) er ein av dei leiande dramatikarane i Skandinavia. Ho debuterte i 2002 og braut gjennom for fullt i 2003, då ho vann ein stor svensk-norsk dramatikarkonkurranse med stykket Frank. Sidan har ho motteke Ibsenprisen i 2005, to prisar i 100 og NÅ i 2006, og den tyske prisen Eurodram i 2014. Scenebloggprosjektet Ikkje direkte råka vart nominert til Heddaprisen i 2012. Stykka hennar er både poetiske, energiske og med engasjement for menneske og samfunn. Dei har blitt spelte på mange scener i inn- og utland, men særleg har Maria samarbeidd med Det Norske Teatret, sist med publikumssuksessen Snøkvit på hovudscenen i 2017–18.

16


For tida er Vennerød tilknytt Dramaten i Stockholm. Det siste stykket hennar Goliat er innkjøpt for oppføring der. Me gler oss til å presentera diktarskapet hennar under Hardanger Musikkfest.

Om eg så skal reisa over land og sjø, om eg skal gå gjennom eld og vatn, om eg skal flyga gjennom skog og svarte vulkanar, eg skal gå heile vegen, eg skal ikkje la nokon stoppa meg, ingen gamle kjerringar med auge som gulleple, ingen gamle hekser med rokkar av gull, ingen mødrer som insisterer på at skatten er voven i gullvev. Eg gøymer skattane deira, viss dei er skattar, viss dei er verkelege, eg gøymer dei inst i hjartet men så drar eg lenger, lenger enn sønnavinden, lenger enn vestavinden, lenger enn austavinden, nordavinden heilt heilt til det ytste, til det goldaste, til det kaldaste mest livlause deprimerande ytterpunktet av ei ynkeleg sjel. Alt for å finna, for å vinna deg.

Men kven er du? (Utdrag frå scenediktet Kvitebjørn 2016)

17


FESTIVALKUNSTNAR

ÅRETS FESTIVALKUNSTNAR:

LEANDER DJØNNE Leander Djønne (f. 1981), bur og arbeider på Grimo, Hardanger. Han har utdanninga frå Rouge filmskole/ Werner Herzog, Kunstakademiet Malmø (MA), Kunstakademia i Oslo/Bergen og Staatliche Hochschule für Bildende Künste – Frankfurt am Main. Djønne sin praksis beveger seg mellom film, tekst, foto og installasjon. Filmen Kvardagsstein er ei vandring gjennom langstrakt tid. Frå steinen vert til, til dei norrøne busetnadane på Grønland og mysteriet rundt kvifor desse forsvann. Forsidebilete: Hvalsøy Kyrkje er den best bevarte ruinen frå dei norrøne koloniane på Grønland, og murane står framleis seks meter høge. Kyrkja vart truleg bygd på 1300-talet. I 1408 vart det halde bryllaup i Hvalsøy Kyrkje. Skildringa av dette bryllaupet er det siste Europa fekk høyre frå det norrøne samfunnet på Grønland.

18


Sjølv hadde han vore fjell og stødig. Alltid roleg betraktande. Alltid dempa og stabil. Alltid ein del av noko større og tyngre, noko meir massivt og tydeleg enn alt anna i denne verda. Han hadde vore fjell. Frå filmen Kvardagsstein, tekst: Leander Djønne

19


VANDRING I MUSIKKEN

VANDRING I MUSIKKEN

«Og jeg har ingen bondegård med hest og hund og dreng. Nei, jorden er min eiendom og skogen er min seng Og våren er min fiolin med dans på hver en streng». Slik innleia Einar Skjæraasen si Vandringsvise, ein song som vart udødeleggjort av Erik Bye, og i ein periode på 1960-talet vart spelt nesten vekentleg i Ønskekonserten, det mest populære musikkprogrammet i NRK den gong, før den internasjonale populærkulturen for alvor trengte gjennom i den norske identiteten. Teksten i Vandringsvise fortel om ein songar – ein vandringsmann – som vender ryggen til det moderne samfunnet, og som spelar på lag med naturen, der musikken blir metaforen for livsopplevinga. Som han seier det: «Våren er min fiolin med dans på hver en streng» og «Jeg har høysang i hver li og kirke på hver mo» Vandringsvisa vart spelt og sunge i dei tusen heimar, i ein tid då Noreg – og den vestlege verda for øvrig, gjennomgjekk ei rask modernisering og industrialisering Dette er kanskje ikkje så originalt, men i norsk samanheng vart den eit uttrykk for 1960-talets draum om «tilbake til naturen» – der mennesket tenkte at det kunne velje sin eigen veg, og vende ryggen til sivilisasjonen. Songen til Skjæraasen vart på mange måtar ei verdsleg salme, som sette ord på kjensla store deler av folket hadde, av at noko var forbi for alltid – det gamle bondesamfunnet var i ferd med å forsvinne. Metaforen med musikaren som ein einsam vandrar er kjent frå langt tilbake i musikkhistoria. Omreisande spelemenn fantes i middelalderen, og musikaren kunne oppfattas som den uansvarlege gjøglar som utfordra eller underheldt, og som deretter drog vidare. Det finnes mange skildringar av omstreifande kunstnarar. Frå byen Strasbourgs musikkhistorie vert det 20


mellom anna fortalt om tilreisende musikarar – «Minnesänger» og trubadurar, som vart forakta og frykta av kyrkjas menn, fordi de sto utenfor loven og song verdslege songar. Dei fekk etter kvart forbod mot å opptre i byen av håndverkerlaugane, men danna etter kvart sjølv laug og vart slik godkjent på eit vis. I middelalderen var den vandrande musikaren ein utfordrande skikkelse, kanskje til og med ein som kunne vere på kant med lova. I norske folkeeventyr kjenner me godt historia om «Veslefrikk med fela» som kunne spela seg til halve kongeriket og prinsessa gjennom sitt fortrollande spel. Vandringen vart også tett kopla med utviklinga av Noreg som nasjonalt prosjekt. Fridtjof Nansen, Roald Amundsen, Helge Ingstad og Thor Heyerdahl, alle flytta dei grensene for vår erkjennelse av kva menneska kunne oppsøke og oppdage, og dei vart viktige symbol for utviklinga av vår nasjonale identitet, då ein forsøkte å skapa denne på ny etter lausrivinga frå Danmark og Sverige. I vår tid har den romantiske vandringa fått ulike uttrykk. Mange menneske i vår del av verda nyttar vandringa som ein måte å finne tilbake til seg sjølv på, til dømes gjennom pilgrimsvandringar og gjennom å reise åleine til eksotiske stader – ein kan seie at for dei siste par generasjonar vestlege borgarar har ein slik reise blitt naudsynt for å sjå sitt eige liv i perspektiv. Det som likevel er den overveldande forma for vandring i vår tid, er dei enorme mengdene av folkemassar som forlet sine heimland, på jakt etter eit betre liv i andre deler av verda. Desse formene for «vandring» utgjer noko nytt og meir fundamentalt – dei utgjer ei av dei største endringane, sosialt, geopolitisk og kulturelt sett, som verda har opplevd. Men dei er ikkje uttrykk for eit romantisk syn på menneskets behov for å finne sin identitet, snarere er dei eit forsøk på å overleva under brutalt endra levevillkår i heimlandet, forårsaka av krig, svelt og katastrofar av mange slag. De levandegjer på eit vis det evige i den udødelege opningen av Schuberts Winterreise: «Fremd’ bin Ich eingezogen – fremd’ zieh’ Ich wieder aus» – «som ein framand kom eg hit – som ein framand dreg eg att». Geir Johnson

21


ONSDAG 5. JUNI

BRÅVOLLTUNET, KINSARVIK ONSDAG 5. JUNI | KL. 15:00 GRATIS

VANDRING PÅ BRÅVOLLTUNET Medverkande Nils Økland feler, Tora Augestad, song og Kristin Skaare, tangentar Om konserten Bråvolltunet inviterer til sommarfest og grilling med utsikt over Kinsarvik. Økland, Augestad og Skaare spelar konsert ilag for fyrste gong!

22


23


ONSDAG 5. JUNI / BENEDICTE MAURSETH

EIDFJORD GAMLE KYRKJE, EIDFJORD ONSDAG 5. JUNI | KL. 18:00 KR 250,–

Årets tingingsverk

HÁRR AV BENEDICTE MAURSETH Velkomen til verdspremiere i Gamle Eidfjord Kyrkje! Benedicte Maurseth har komponert tingingsverket til Hardanger Musikkfest 2019. Verket har tittelen Hárr, som er det gamle norrøne namnet på fjellet Hårteigen, det høgaste fjellet på Hardangervidda. Ein kan sjå store delar av vidda derfrå, og hárr tyder også «den grå vegvisaren». Medverkande Benedicte Maurseth, hardingfelar, Jasser Haj Youssef, viola d’amore, Mats Eilertsen, kontrabass og Håkon Stene, perkusjon. Hárr blir framført 3 gongar, i 3 ulike kyrkjer. Til Gamle Eidfjord kyrkje: ta gjerne med ei pute til å sitje på!

24


BENEDICTE MAURSETH - ÅRETS TINGINGSVERK Berlin, februar 2019: Benedicte Maurseth er i den tyske hovudstaden Berlin for å skriva musikk. Ho bur i Hardanger sin kunstnarleilegheit i Schöneberg; eit vedunderleg område i gamle Vest-Berlin, ikkje langt frå der David Bowie oppheldt seg i sine Berlinår. Eg møter henne heime hjå meg på den andre sida av byen, i Wedding, i slutten av februar. Benedicte Maurseth skal skriva årets store tingingsverk til Hardanger Musikkfest. Benedicte Maurseth sitt førre verk, Tidekverv, vart komponert saman med Berit Opheim, og arrangert i samarbeid med Rolf Lislevand og Håkon Stene. Verket vart uroppført under Oslo Kirkemusikkfestival i 2017. Tidekverv fekk strålende kritikkar og Maurseth vart tildelt NOPA sin musikkpris 2017 for verket. Benedicte, i år skriv du Hardanger Musikkfest sitt største tingingsverk og dette har allereie fått eit namn; Hárr. Kan du fortelja kvifor du har valt denne tittelen? – Du kjenner det sikkert, Hårteigen, det øvste fjellet på Hardangervidda som ser ut som ein hatt. Ja, ein kan sjå det store delar av vidda, og hárr er det norrøne namnet for Hårteigen og skal visst tyde noko liknande som «den grå vegvisar», som gjev meining når ein ser fjellet. Det vert i hovudsak akustisk framført musikk, men verket inneheld også elektronikk og samples med opptak av ulike fjellfolk frå Eidfjord, i tillegg til lydar fuglar og andre dyr knytt til Hardangervidda.

25


BENEDICTE MAURSETH

Benedicte, du har sett saman eit nytt ensemble for dette høvet med slagverkaren Håkon Mørch Stene, kontrabassisten Mats Eilertsen og viola d’ amore og fiolinist Jasser Haj Youssef. Håkon Stene var også med på ditt førre store verk, Tidekverv. Mats Eilertsen er ein av våre store norske improvisatørar og jazzmusikarar. Den tunisiske Paris-baserte jazzmusikaren Jasser Haj Youssef er eit ukjend namn for oss. Kan du seia litt om samarbeidet med Jasser? – Det byrja tilfeldig på jazzfestivalen Isole Che Parlano på Sardina, Italia for nokre år sidan. Me gjorde kvar våre solokonsertar, og vart i tillegg bedne om å gjera ein rein improvisert konsert saman. Det var ei spesiell oppleving! Så inviterte eg han med til Vossa Jazz for to år sidan, og vi har hatt fleire duokonsertar saman sidan den tid. Jasser har eit heilt eige musikalsk nærvær som er sjeldan å oppleva. Han er ein jazzmusikar som også kjenner den klassisk arabiske musikken ut og inn, og blandar dette tonespråket inn i alt han gjer musikalsk. Eg opplever at me har ein heilt spesiell musikalsk kjemi, fortel Maurseth. På denne konserten skal du spela hardingfele, og Jasser skal spela viola d’amore. Kan du seia litt meir om dette instrumentet? – Viola d’amore kan minna om ein slags mini-gambe eller stor bratsj, som til liks med hardingfela også har understrengjer. Viola d´amore var eit særs populært instrument særleg i barokken, same tid som då hardingfela vart bygd og spreidd i stor grad i Noreg. Likevel er hardingfela eit

26


Kinsarvik kyrkje

27


BENEDICTE MAURSETH

eldre instrument enn viola d´amore. Men båe instrument har ein rik og vakker klang felles. Hardanger Musikkfest har i år temaet «Vandring». Korleis har du latt deg inspirera av dette? – ­Bygda eg kjem frå, Eidfjord, er sterkt knytt til fjellet. Der har det alltid vore mykje fangstfolk, buskaping, tamreinsgjetarar, turistførarar, handelsfolk og andre som har «vandra». I tillegg kjem alt av dyr som lever og vandrar der oppe. Det var ikkje uvanleg å få spørsmålet: «Har du sett noko dyr?», då eg vaks opp, for eg kjem frå Maurset, øvste garden før Hardangervidda. Då var det berre eitt dyr dei sikta til, og det var reinsdyr. Difor har eg med opptak i det nye verket der ein kan høyra røystene til fjellfolk frå Eidfjord, mellom anna eit NRK-opptak frå 1960-talet med min tippoldefar, Franz Anderson Sæbø, som var veidemann og tamreinsgjetar på Hardangervidda. I tillegg er det i nokre parti i verket med rauting og grynt frå reinsdyr, storlom, traner, i tillegg til kjenningsmelodien for alle som har gått på Hardangervidda – Heiloa. «Eg vil lenger opp. For meg er Hardanger fjellet.» Tittelen på verket ditt er namnet på eit fjell. Kor viktig er fjellet for deg? – Når eg tenkjer på Hardanger, tenkjer eg ikkje nødvendigvis på fjorden, eplesider og bløming. Eg vil helst lenger opp. Det har nok med kvar eg vaks opp å gjera. For meg er Hardanger fjellet. Eg opplever eit heilt anna nærvær, og som igjen gjev eit anna tempo. Både i kropp og sinn. Eg merkar det særleg etter dag tre, om eg går samanhengande over fleire dagar i fjellet. Då skjer det eit eller anna, ein annan rytme, ei anna stille – og ikkje minst – ein er til

28


stades. Eg hugsar alle detaljar på eit anna vis då. Eg søv betre, tenkjer betre, pustar betre. Eg elskar det. Men det er fyrst då eg skjønar kor lite til stades eg er elles i livet, som kan gjera ein noko vemodig. Men om eg då får møta musikarar som hjelper meg attende der, til det same nærværet, kjenner eg at eg vil berre vera der saman med dei. Trur du at du nokon gong kjem til å forlata tradisjonsmusikken? – Folkemusikken er språket mitt. Det er det språket eg kan. Det ligg i botnen av alt eg diktar av nye tema, klangar og slåttar også. Det nye verket er sjølvsagt også i stor grad spegla av medspelarane mine, som også er med og arrangerer ut musikken. Dei har ein heilt annan musikalsk bakgrunn, og det vil ein høyra, fortel Maurseth. Årets tingingsverk, Hárr, kan høyrast her: Onsdag 5. juni kl 18:00 i Eidfjord Gamle kyrkje Torsdag 6. juni kl 21:00 i Odda kyrkje Fredag 7. Juni kl 16:00 i Kinsarvik kyrkje

Franz Anderson Sæbø, veidmann og tarmreinsgjetar på Hardangervidda, tippoldefar til Benedicte Maurseth

29


TORSDAG 6. JUNI

GLØYP, KINSARVIK TORSDAG 6. JUNI | KL. 09:00 KR 250,– INKL. FRUKOST

MORGONTONAR Medverkande Benedicte Maurseth, hardingefele & Jasser Haj Youssef, viola d’amore Om konserten Start dagen med den anerkjende tunisiske fiolinisten Jasser Haj Youssef i samspel med Hardanger si eiga Benedicte Maurseth! Jasser har med seg si viola d’amore – ein sju-strengs bratsj som liknar hardingfela med resonansstrenger som kling med. Benedicte Maurseth frå Eidfjord er ein etablert og anerkjend utøvar innan norsk folkemusikk, og har Hardanger sin tradisjonsmusikk som spesialfelt. Frukost inkludert i billetten!

30


Benedicte Maurseth, ei tradisjonsberar og fornyar, traff Jasser Haj Youssef på ein musikkfestival på Sardinia i 2014. Dei improviserte i lag og Maurseth vart gripen av Youssef sin musikk. Måten han spelar viola d’amore på kombinerer moderne musikk med orientalske og afrikanske impulsar og har ein ærleg og meditativ kvalitet. I lag med Maurseth si åpne haldning til norsk folkemusikk vert dette eit møte som overskrider geografi, sjanger og tradisjon.

31


TORSDAG 6. JUNI

VIKEVOLLEN, JONDAL KL. 11:00 | UTNEHEIMEN, UTNE KL. 13:30 TORSDAG 6. JUNI GRATIS

VANDRINGSTONAR Medverkande Kristin Skaare, piano og trekkspel og Maria Tryti Vennerød, tekstar og opplesing. Om konserten Årets festivalforfattar Maria Tryti Vennerød og multiintrumentalist og komponist Kristin Skaare i eit nært og personleg møte. Improvisasjonar og rykande ferske tekstar i samspel med tradisjonsmusikk og eldre tekstar frå Tryti Vennerød sin diktarskap.

32


I KVELD KAN EG SOVA Frå musikalen Jostedalsrypa

I kveld kan eg sova gjennom draum og nattebrøl redsla ropar på seg sjølv skremmer ikkje meg I kveld kan ingen skremma meg for alt er godt i kveld I natt kan eg sova trass i kulde trass i gru spøkelse og overtru Sanninga er at i natt skal ingen vekka meg for alt er trygt i natt

33


TORSDAG 6. JUNI

ODDA VGS TORSDAG 6. JUNI | KL. 13:25 GRATIS

VANDRING PÅ ODDA VGS Medverkande Eir Inderhaug, sopran Edvard Munch Ensemble: Guro Kleven Hagen, fiolin, Victoria Puttermann, fiolin, Arvid Resare, bratsj, Sverre Barratt-Due, cello og Thormod Rønning Kvam, klaver Therese Ulvo, konferansier Om konserten Musikkfesten held fram med det flotte samarbeidet med Odda vidaregåande skule. På konserten vert det smakebitar frå festivalprogrammet.

34


35


TORSDAG 6. JUNI

BYGDAHEIMEN, EIDFJORD TORSDAG 6. JUNI | KL. 16:00 GRATIS

VANDRINGSTONAR Medverkande Amalie Stalheim, cello & Joachim Carr, klaver Om konserten To av dei verkeleg store namna innan sin generasjon av klassiske stjerner – for første gong i samspel. Ei storhending i Hardanger! Stalheim er kjend for slåande teknisk brillians, samtidig som ho har eit personleg musikalsk uttrykk. Carr har ein djupsindig og delikat musikalitet i spelet sitt, som få unge musikarar kan visa til. Les meir på side 70–73

36


KIRSEBÆRTREET Det stend eit tre i hagen og sprikjer i vårkalde dagen med skinande nysnjo-grein. Det duskar mot stoveglaset og drys yver fjorgamle graset blomane ein for ein. Og det er kirsebærtreet innanfor hageleet som blømer i tidleg vår. Mot gråe skytjeveggen luter det krokne leggen og signar oss atter eit år. Tusund angande blomar brusar mot tak og plomar, heilagt og kvitt og stilt skin det i døkke næter og freden i tunet gjæter - ei jartegn på vår og mildt. Det speglar seg bljugt i strondi og minner um austerlondi, um japanske hagar og dikt. Det tøygjer toppen i tråe mot alle snjofjell blåe, til vår i kulden vigt. Olav H Hauge

37


TORSDAG 6. JUNI

ALVAVOLL GARD, LOFTHUS TORSDAG 6. JUNI | KL. 16:00 GRATIS

VERNISSAGE - SIDERSOGER Medverkande Maia Urstad Om konserten Lydkunstnar Maia Urstad har laga ein spennande lydkunstinstallasjon på Alvavoll gard. I verket Sidersoger er det tankane som vert brukte til siderproduksjon som er sjølve instrumentet. Verket tematiserer Hardanger og hardangerepla si reise ut i verda. Inspirasjonen kjem frå lokale historier om utveksling med omverda gjennom alle tider; munkar som kom med epler, sherpaer som byggjer trapp i fjellet, honning, sider og andre produkt som ein har odla og foredla lokalt, og som sidan drar ut i verda igjen.

38


Me inviterer publikum til ein pust i bakken i eit av produksjonslokala på Alvavoll Gard: Sit ned, ta inn utsikta, legg øyret inntil ein tank og lytt til «Sidersoger». Materiale/teknikk: 7 ståltankar i varierande storleikar, resonnerande overflatehøgttalarar, fleirkanals avspelingsteknologi. Kan opplevast Torsdag 6. juni: kl. 16:00 (til ca. kl. 17:30) Vernissage! Fredag 7. juni: kl. 12:00–14:00 Laurdag 8. juni: kl. 10:00–18:00 Sundag 9. juni: kl. 10:00–14:00

39


TORSDAG 6. JUNI

FJORDAHALLEN, KINSARVIK TORSDAG 6. JUNI | KL. 18:00 KR 400,–

SS MENDI – DANCING THE DEATH DRILL Medverkande Ensemblet Isango frå Sør-Afrika Om konserten Opningsførestillinga er eit gjestespel frå Sør-Afrika: ensemblet Isango, med førestillinga SS Mendi, Dancing the Deathdrill. I januar 1917 gjekk 823 sørafrikanarar frå ei rekkje folkegrupper om bord i båten SS Mendi i Cape Town. Dei hadde meldt seg som frivillige troppar i den britiske hæren, og var på veg til Vestfronten for å grava grøfter og fella tre. Tjukk morgonskodde i Den engelske kanal skjuler den nært føreståande katastrofen. Kollisjonen skjer med ei slik kraft at SS Mendi synk på nokre minutt. Fartøyet som køyrer på skipet frå Sør-Afrika, får berre mindre skadar. Kapteinen gjer ingenting

40


for mennene i vatnet. Då redninga endeleg kom, var det seint for dei fleste. 646 omkom i det som var ein av dei verste maritime katastrofane i det 20. århundre, og er sidan då vorte kalla «Den svarte Titanic». Dei fleste hadde aldri sett havet før. Mange av dei kunne ikkje symja. Få returnerte frå forliset. Musikkførestillinga er ei sterk og gripande feiring av livet i døden sin augneblink. Basert på Fred Khumalos si bok om dei som opplevde ulykka. Førestillinga er eit samarbeid med Festspillene i Bergen. Årets opningstaler er Hadia Tajik.

EG SYNG IKKJE POLITIKK. EG SYNG BERRE SANNINGA. Miriam Makeba

41


TORSDAG 6. JUNI

ODDA KYRKJE, ODDA TORSDAG 6. JUNI | KL. 21:00 KR 250,–

Årets tingingsverk

HÁRR AV BENEDICTE MAURSETH Medverkande Benedicte Maurseth, feler, Jasser Haj Youssef, viola d’amore, Mats Eilertsen, kontrabass og Håkon Mørch Stene, perkusjon Om konserten Benedicte Maurseth har komponert tingingsverket til Hardanger Musikkfest 2019. Verket har tittelen Hárr, som er det gamle norrøne namnet på fjellet Hårteigen, det høgaste fjellet på Hardangervidda. Les meir om konserten på side 25–29

42


43


TORSDAG 6. JUNI

ULLENSVANG KYRKJE, LOFTHUS TORSDAG 6. JUNI | KL. 22:00 KR 250,–

VANDRINGSTIMEN I ULLENSVANG KYRKJE Medverkande: Edvard Munch Ensemble Guro Kleven Hagen, fiolin, Victoria Putterman, fiolin, Arvid Resare, bratsj, Sverre Barratt-Due, cello og Thormod Rønning Kvam, klaver Få ting ikring oss er like myteomspunne som månen. Den påverkar dagane, nettene, fuglane, havet og våre kjensleliv. Edvard Munch Ensemble tar oss med på ei musikalsk reise til månen sitt spanande og ukjende landskap. Frå Debussy si djupaste smerte gjennom Mozart si dansande glede, Prokofiev si stille leiting i det mystiske og til Brahms sine søvndyssande voggeviser. Gjennom alt frå soloverk til klaverkvintett skapar ensemblet ei musikalsk reise som saman med kjende kunstverk og tankevekkjande poesi tek oss gjennom månen sitt lunefulle landskap.

44


Program Konsertforestillingen «Lunar Landscapes» Ernő Dohnányi (1877-1960) Klaverkvintett nr. 2, 1. sats Claude Debussy (1862-1918) Strykekvartett, 3. sats George Crumb (1929-) Nocturnes for fiolin og klaver, to satser Francis Poulenc (1899-1963) Fiolinsonate, 3. sats Johannes Brahms (1833-97) Klaverkvartett nr 2, 2. sats Sergej Prokofiev (1891-1953) Sonate for to fioliner, 1. sats Wolfgang Amadeus Mozart (1756–91) Frå strykekvartett nr. 17 «The Hunt», K. 458, 1. Allegro vivace assai Johannes Brahms Intermezzo i ess-dur op. 117/1

45


FREDAG 7. JUNI

SAFTPRESSERIET I GRAATEN, LUTRO FREDAG 7. JUNI | KL. 12:00 KR 250,–

FJORDSPEL I GRAATEN Medverkande Guro Kleven Hagen, fiolin, Victoria Putterman, fiolin, Arvid Resare, bratsj & Sverre Barratt-Due, cello I fjor var det fyrste gong musikkfesten haldt konsert i Graaten då Engegårdkvartetten var på Hardanger Musikkfest for fyrste gong! Det vart ei oppleving me aldri kjem til å gløyma, og i år gler med oss til fantastisk musikk i unike omgjevnader. Det vart opna landhandel i Graaten 1894 og dampskipstoppestad i 1899. I kjellaren er det eit gammalt saftpresseri kor dei den eine hausten pressa 19 000 liter for hand. Det renn ein bekk gjennom huset som vart nytta til å driva turbinanlegget. I dag er det både overnatting og eit unikt konsertlokale. Nærare fjorden kjem ein ikkje!

46


Program Sergei Prokofiev (1891–1953): Sonate for to fiolinar i C-dur, op 56 (1932) Sofia Gubaidulina (1931): Stryketrio (1989) Claude Debussy (1862–1918): Strykekvartett i G-moll op. 10 I. II. III. IV.

Animé et très décidé Assez vif et bien rythmé Andantino, doucement expressif Très modéré – En animant peu à peu – Très mouvementé et avec passion

47


FRIGJORD KAMMERMUSIKK

FRIGJORD KAMMERMUSIKK

SERGEI PROKOFIEV

Sonate for to fiolinar i C-dur op. 56 Sergei Prokofiev skreiv sonaten for to fiolinar i 1932 på ferie utenfor St Tropez. Det var eit tingingsverk for innviinga av Triton, ein foreining for ny kammermusikk i Paris, og verket vart urframført der i desember same år. I sjølvbiografien skreiv Prokofiev om verket: «Det å lytta til dårleg musikk inspirerer ein stundom til gode idear ... Etter at eg ein gong hadde høyrt eit lite vellukka verk for to fiolinar, slo det meg at det - til tross for det ufullkomne – burde vera mogleg å gjera det interessant nok til å lytta til i ti eller femten minutter.» Sonaten er strukturert etter mønster av dei barokke kyrkjesonatane, med rekkjefølgjen sein-rask-sein-rask. • Andante cantabile • Allegro • Commodo (quasi allegretto) • Allegro con brio

SOFIA GUBAIDULINA

Sofia Gubaidulina vert rekna for ein av verdas sentrale komponister gjennom dei siste 30 åra. Ho er fødd og oppvaksen i sovjetrepublikken Tatarstan. Alt frå tidleg alder av studerte

48


ho musikk og arbeidde med eit folkemusikkensemble. I Vesten vart ho først kjent gjennom verket Offertorium, skreve for fiolinisten Gidon Kremer. Sidan den gongen har verka hennar vorte spelte over hele verda. Ho har ein stor produksjon av musikk i alle genre, men ein brukar gjerne å seia at musikken hennar er tett knytt til ein åndeleg kristen tradisjon. Gubaidulina bur i dag i Tyskland. Gubaidulinas stryketrio frå 1988 er i tre satsar utan namn. I II III

CLAUDE DEBUSSY

Strykekvartett i G-moll op. 10 Claude Debussy skreiv strykekvartetten i 1893 då han var 31 år gammal, for øvrig hans einaste verk i denne genren. Debussy meinte sjølv at ein kunne bruka alle klangar i kva for ein kombinasjon og rekkjefølgje det skulle vera. Kvartetten har ein sensualitet og eit impresjonistisk forløp som synest tidstypisk for oss i ettertid, medan den med sin sykliske struktur utgjer ei endeleg skilsmisse frå den klassiske tradisjonen, og peikar framover. Komponisten Pierre Boulez sa at Debussy med dette frigjorde kammermusikken frå stiv struktur, frosen retorikk og reglar. Kvartetten er i fire satsar: • Animé et très décidé • Assez vif et bien rythmé • Andantino, doucement expressif • Très modéré – En animant peu à peu – Très mouve menté et avec passion

49


FREDAG 7. JUNI

KROSSVOLL, LOFTHUS FREDAG 7. JUNI | KL. 14:00 KR 250,–

HAUGTUSSA MED EIR INDERHAUG Medverkande Eir Inderhaug, sopran og Thormod Rønning Kvam, klaver. Om konserten Eir Inderhaug, ein av dei beste sopranane i Noreg, har laga ei spanande førestilling bygd på Arne Garborg sin nydelege tekst om Haugtussa. Denne framfører Inderhaug saman med Thormod Rønning Kvam på klaver. PROGRAM Arne Garborg (1851–1924) / Edvard Grieg (1843–1907): Haugtussa op. 67 Inderhaug og Rønning Kvam framfører Grieg sine skisser som ikkje vart givne ut, og songar som ikkje vart med i det offisielle opuset.

50


Då Garborg sin diktsyklus om den synske jenta Veslemøy kom ut i 1895, sa ein oppglødd Edvard Grieg: «Selve Sproget er jo Musik!» Dei vakre songane er ei forteljing om Veslemøy og hennar møte med naturen, kjærleiken og dei underjordiske. Dette er musikk og poesi som vender seg direkte til hjartet. Haugtussa av Garborg forløyste ei stor kreativ kraft hjå Grieg. I 1898, tre år etter utgivnaden, kom Grieg sin sangsyklus ut, full av mørk og vakker naturmystikk, bygd på det norske språket og forteljinga til Garborg, men med musikalske røter i ein større, europeisk sangtradisjon. «De beste Sanger jeg har skrevet», slo Grieg fast.

51


FREDAG 7. JUNI

KINSARVIK KYRKJE, KINSARVIK FREDAG 7. JUNI | KL. 16:00 KR 250,–

Årets tingingsverk

HÁRR AV BENEDICTE MAURSETH Medverkande Benedicte Maurseth, feler, Jasser Haj Youssef, viola d’amore, Mats Eilertsen, kontrabass og Håkon Mørch Stene, perkusjon Om konserten Benedicte Maurseth har komponert tingingsverket til Hardanger Musikkfest 2019. Verket har tittelen Hárr, som er det gamle norrøne namnet på fjellet Hårteigen, det høgaste fjellet på Hardangervidda. Les meir om konserten på side 25–29

52


«DET NÆRVÆRET OG DET TEMPOET DU FÅR AV Å GÅ I FJELLET, GJER AT DU GÅR INN I EIN ANNAN RYTME, EI ANNA STILLE; EG ELSKAR DET.» Benedicte Maurseth

Hårteigen

53


FREDAG 7. JUNI

FJORDAHALLEN, KINSARVIK FREDAG 7. JUNI | KL. 18:00 KR 400,–

OVERRASKINGSKONSERT Medverkande Sjøforsvarets Musikkorps, dirigent: Ingar Bergby, konferansier: Alf Magnus Reistad. Solistar: Joachim Carr, Eir Inderhaug, Guro Kleven Hagen, Amalie Stalheim og Tora Augestad m.fl. Om konserten Sjøforsvarets Musikkorps Vestlandet er husorkesteret på Overraskingskonserten i år. Sjefsdirigent Ingar Bergby leiar det heile og solistane på scena er årets festivalartistar. Det blir ein storslått Overraskingskonsert leia av tidlegare dagleg leiar for Musikkfesten; Alf Magnus Reistad. I årets festivaltema «Vandring» er Sjøforsvarets Musikkorps det naturlege førstevalet som husorkester på Overraskingskonserten. Det er vel knapt nokon andre orkestre som vandrar meir enn våre militærorkester! Men om

54


musikken opphavleg var nytta til paradar og andre festlege føremål, så har orkesterets kunstnariske utvikling gjennom mange år vist at det ikkje er eit ensemble som sit stille. Gjennom eit stort tal bestillingsverk og originale oppdrag har orkesteret markert seg som ein livskraftig institusjon i regionalt og nasjonalt musikkliv – og for den innsatsen mottok dei også prisen som Årets Utøvar frå Norsk Komponistforening i 2008. I kveld kan me difor lova publikum at éi overrasking sjeldan kjem åleine…

55


VED RONDANE ALLSANG / STJERNESKOT

Aasmund Olavsson Vinje

No ser eg atter slike fjell og dalar,

som deim eg i min fyrste ungdom såg, og sama vinden heite panna svalar,

og gullet ligg på snjo som før det låg. Det er eit barnemål som til meg talar

og gjer meg tankefull men endå fjåg.

Med ungdomsminne er den tala blandad:

Det strøymer på meg så eg knapt kan anda. Ja, livet strøymer på meg som det strøymde, når under snjo eg såg det grøne strå.

Eg drøymer no, som før eg alltid drøymde, når slike fjell eg såg i lufti blå.

Eg gløymer dagsens strid, som før eg gløymde, når eg mot kveld av sol eit glimt fekk sjå. Eg finner vel eit hus som vil meg hysa, når soli heim til notti vil meg lysa.

56


STJERNESKOT – HISTORIKK

STJERNESKOT

Stjerneskot er Hardanger Musikkfest og Kavlifondet sin talentpris. Den skal gje motivasjon og inspirasjon til eit musikalsk talent under 30 år. Hardanger Musikkfest ynskjer å vera med å utvikla framtida. Prisen, som er på 20 000 kr, er meint å vera eit lyft til inspirasjon og oppmoding. Kanskje opnar den moglegheiter og kan oppfylla nokon draumar. Difor kallar me prisen Stjerneskot. I 2019 vert prisen delt ut i samarbeid med Sparebanken Vest.

AMALIE KINSARVIK TVILDE

I 2015 vart prisen delt ut for fyrste gong, og den gjekk til Amalie Kinsarvik Tvilde. Prisen vart delt ut av Stian Carstensen. Frå jurygrunngjevinga: «Prisvinnaren har ein særeigen musikalitet og er som folkemusikar ein viktig tradisjonsberar. Prisvinnaren viser ein seriøsitet og eit musikalsk alvor tross sin unge alder. Musikkfesten ynskjer å gje årets prisvinnar motivasjon til å halda fram sin allereie flotte musikalske ferd. Med sitt instrument torader er ho virtuos og en viktig formidlar av ein rik musikktradisjon.»

57


MARI HOLVEN

STJERNESKOT

I 2016 vart Mari Holven årets stjerneskot. Frida Fredrikke Waaler Wærvågen stod frå overrekkinga.

Frå jurygrunngjevinga: «Årets stjerneskot er aktiv, og har under årets festival hatt store solistoppdrag. Ho har ein naturleg og eigeneigd musikalitet, og eit særpreg som kjem innanfrå. Ho forstår stil og innhald med ein gong. Holven har ei stemme som alle høyrer på, og ho har eit stort og heilt spesielt nærvær. Ho er utan tvil eit spesielt talent, og har brukt mykje tid på å utvikla repertoar og forbetra songteknikk».

ARNFINN GURSLI LANGESÆTER

I 2017 gjekk prisen til saksofonist Arnfinn Gursli Langesæter. Prisen vart delt ut av Håvard Lund.

Frå jurygrunngjevinga: «Årets prisvinnar kjem frå ein musikalsk familie og har musisert sidan han var ein neve stor. Kanskje nettopp på grunn av dette viser han stor breidd og fleksibilitet, og er den type musikar som kan plukka opp dei fleste instrument og koma unna med det. Sin dedikasjon til musikken viste han tidleg, blant anna då han 15 år gamal flytta til Bergen for å gå på musikklinja på vidaregåande. Han er utan tvil eit stort talent, og har gjennom utdanninga si ved Griegakademiet, landa trygt i jazzen. Han har ein naturleg musikalitet og ein vakker, varm tone i instrumentet.»

58


ALEXANDER AGA RØYNSTRAND

I 2018 gjekk prisen til Alexander Aga Røynstrand. Prisen vart delt ut av Tuva Syversten.

STJERNESKOT

Frå jurygrunngjevinga: «Årets prisvinnar viste tidleg lidenskap for instrumentet og musikken. Prisvinnaren starta å spela allereie som 7-åring. Kameratar i barnebursdag måtte fint finna seg i solokonsert av og med bursdagsbarnet. Gjennom den kommunale musikkskulen fekk han opplæring hjå ein av landets beste spelemenn. Prisvinnaren har studert folkemusikk ved Høgskulen i Telemark og ved Ole Bull Akademiet på Voss. Han har delteke på ei rekkje kappleikar, konsertar og arrangement og har spelt i klasse A sidan 2012. I 2014 fekk han Folkelarmprisen saman med Åse Teigland og Knut Hamre for plata «Spelarhola». Årets stjerneskot er ein spelemann med lidenskap til den tradisjonelle musikken på hardingfele. Eit kraftig men varmt bogestrøk gjev ein god og lyrisk lyd frå fela. Trass sin unge alder har han komponert fleire gode slåttar for hardingfele. Alexander Aga Røynstrand er humørspreiar i miljøet, og ein akta kurshaldar for yngre felespelarar. Eit førebilete!»

KVEN VERT ÅRETS STJERNESKOT I 2019?

59


FREDAG 7. JUNI

KROSSVOLL, LOFTHUS FREDAG 7. JUNI | KL. 22:00 KR 200,–

NILS ØKLAND & KRISTIN SKAARE MED VENER Medverkande Nils Økland & Kristin Skaare med vener Om konserten Meistermøte på Krossvoll! Med garanti om god stemning. Kristin Skaare og Nils Økland får fritt spelerom. Begge har ein hang mot vare stemningar og sarte utrykk, men råskap og speleglede er også ein sjølvsagt del av paletten. Kristin Skaare vert rekna som ein av våre mest inderlege og allsidige pianistar og Nils Økland er kjend som ein viktig fornyar av folkemusikktradisjonen i tillegg til å vere ein meisterspellemann.

60


«HELT SÆREGEN MUSIKK..DET ER IKKE SÅ LETT Å PLASSERE MUSIKKEN TIL NILS ØKLAND, MEN DET ER HELLER IKKE SÅ VIKTIG. 6/6» Petter Larsen, Bergens Tidende

«SKAARE GIR MUSIKKEN OG SEG SJØL MASSE LUFT OG ROM OG DETTE ER MUSIKK SOM VOKSER OG VOKSER . . . HUN TAR OSS MED INN I EN FANTASTISK FLOTT OG MELODISK KLANGVERDEN.» Tor Hammerø, Nettavisen.

61


LAURDAG 8. JUNI

OPPMØTE (OG PARKERING) VED TYSSOHALLEN LAURDAG 8. JUNI | KL. 10:00 KR 200,–

MORGONVANDRING TIL LILLETOPP Medverkande Leander Djønne & Arnfinn Gursli Langesæter Lilletopp Ta turen til Lilletopp i Tyssedal! Turen opp tek ca 60 minuttar i roleg tempo og vert leia av guide frå Kraftmuseet som har mange gode historier å fortelja på vegen. Lilletopp er toppen av røyrgata i Tyssedal. Det var her dei gamle vasstunnelane enda, før 50.000 liter vatn i sekundet fossa gjennom røyra til den gamle kraftstasjonen. Vel oppe vert det både kunstoppleving og eit mektig utsyn over Sørfjorden og Folgefonna for spreke turgåarar! Publikum får ein guida tur inn i

62


tverrslaget og vasstunnellar før me kjem inn i fordelingsbassenget kor det blir musikk med Arnfinn Gursli Langesæter og framsyning av filmen «Kvardagsstein» som festivalkunstnar Leander Djønne står bak (20 min). · Oppmøte (parkering) ved Tyssohallen (idrettsplassen) · Vandring til toppelvsvingen (10 min) · Rallarstien, med pausar og historier. (50–60 min i roleg tempo) · Guida tur inn tverrslaget og vasstunellar før me kjem inn i fordelingsbassenget (20 min) · Konsert & filmframsyning (45 min) · Når ein fyrst er på Lilletopp, anbefaler me og å gå opp til Oksla, utsiktspunktet der ein ser heile fjorden. Det tar berre 5 min, men det er litt bratt.

Frå filmen «Kvardagsstein»

63


LAURDAG 8. JUNI

KROSSVOLL, LOFTHUS LAURDAG 8. JUNI | KL. 12:00 & 14:00 KR 250,–

Årets festivalforfattar

MARIA TRYTI VENNERØD PORTRETT PÅ KROSSVOLL Medverkande Årets festivalforfattar er Maria Tryti Vennerød. I dette portrettet møter me ho i tekst og tonar saman med Eir Inderhaug, Kristin Skaare, Mats Eilertsen og Tora Augestad. Musikk av Kristin Skaare, Julian Skar og Mats Eilertsen. Om arrangementet Bli kjend med diktarskapet til Maria Tryti Vennerød som her vert presentert i ord og tonar! Maria Tryti Vennerød skriv naturleg musikalsk og med rytmisk driv, og er ein ettertrakta ordkunstnar for mange komponistar. Tekstane hennar har høg språkleg energi, er både humoristiske og poetiske, og samstundes ofte kompromisslause.

64


Ja inni oss, i kvar og ein der ligg eit monster og kviler det søv så søtt, som var det dødt mens munnen ligg mest og smiler Det ligg så fint som ingenting og ventar heilt til den dagen at løgnarane står i ring og redsla skyt deg i magen Da vaknar monstret med eit brøl da klatrar det opp frå djupet og slåst med eld og nebb og klør til alle løgner må stupe Frå sluttsongen i musikalen Snøkvit (2019)

65


LAURDAG 8. JUNI

UTNE KL. 13.00 | SKRIVARGARDEN, LOFTHUS KL. 17:00 LAURDAG 8. JUNI KR 250,–

SPELEMENN Medverkande Nils Økland, Benedicte Maurseth og Håkon Mørch Stene Dei forvaltar og fornyar ein stor kulturarv og ber med seg historiene til alle dei som har vore med i lenka av munnleg overføringstradisjon. Slåttar lært på kjøkenet hjå ein meisterspelemann, som igjen har lært dei av sin bestefar, og slik går det bakover og framover, men alltid i utvikling og endring. Nye slåttar kjem til og nye variantar av dei gamle oppstår. Historiene vandrar med oss. Billetten gjeld for heile programmet under Diktardagen. Arrangert i samarbeid med Hardanger folkemuseum og Olav H. Hauge-Senteret.

66


Hånden skriver men jeg slipper ikke unna tankene som kjeder meg de totalt ubetydelige tankene Jeg skriver for å forbinde diktets og leserens øyeblikk; det som ikke er og det som allerede finnes Jeg skriver for å motsi meg selv oppsøker stillhet, men finner bråk og forsømmer tiden jeg lever i Jeg skriver for å finne det punktet som skal romme alle punkter løgn, min fortvilelse i et lykkelig øyeblikk. Tone Hødnebø i Nedtegnelser, 2008


TEKST xxx

LAURDAG 8. JUNI

SKRIVARGARDEN, LOFTHUS KL. 13:00 GALLERI NB, EIDFJORD KL. 16:00 | LAURDAG 8. JUNI KR 250,–

VIRTUOS STALHEIM OG CARR Medverkande Amalie Stalheim, cello og Joachim Carr, klaver Om konserten To av dei verkeleg store namna innan sin generasjon av klassiske stjerner – for første gong i samspel. Ei storhending i Hardanger! Stalheim er kjend for slåande teknisk brillians, samtidig som ho har eit personleg musikalsk uttrykk. Carr har ein djupsindig og delikat musikalitet i spelet sitt, som få unge musikarar kan visa til. Begge vinn stadig prisar i inn- og utland, og er på god veg til å etablera

68


seg heilt i verdstoppen. Med seg i kofferten har dei Brahms, Debussy og Prokofiev. Program Johannes Brahms (1833–1897): Sonate, op. 38 Claude Debussy (1862–1918): Sonate, op. 135 Sergei Prokofiev (1891–1953): Sonate, op. 119

Skrivarstova ligg i den gamle Skrivargarden som var bygdas maktsentrum i tidlegare tider. Sorenskrivaren var ein av fire embetsmenn som på statens vegne stod for det meste av det lokale styre og stell i Noreg. I tillegg kom futen, kapteinen og presten. Dette var ein elitekultur, med sterke band til Europa, og det viser att på stilen på bygningen som vart reist på slutten av 1700-talet. Dette huset, som stod nokre hundre meter lenger nord, vart rive, men teke vare på og seinare reist her det no står. Det er gjort eit omfattande restaureringsarbeid for å føra det tilbake til slik det eingong var. Vertskapet er Hans og Wenche Hag.

69


EUROPEISKE FORTELJINGAR SERGEI PROKOFIEV (1891–1953)

EUROPEISKE FORTELJINGAR

Sonate i C-dur for cello og piano, op. 119

70

Sett i frå vårt perspektiv i byrjinga av det 21. århundre er det vanskeleg å førestille seg at Prokofievs arbeid med cellosonaten i C-dur skjedde under hans mørkaste time. Men utgangspunktet for bekymringane hans var den politiske situasjonen ved byrjinga av den kalde krigen. På slutten av 1940-talet befalte Josef Stalin at all sovjetisk kunst skulle vera oppbyggeleg – og reflektera den sovjetiske nasjonens og folkets storleik. Andrei Zhdanov, eit nytt medlem av politbyrået, fekk i oppgåve å formulera og handheve ein ny form for sovjetisk kulturortodoksi. I ein tale til det kommunistiske partiet fordømte Zhdanov både Prokofiev, Sjostakovitsj, Khatsjaturian og Miaskovsky (ein av Prokofievs næraste venner) for å skriva musikk som var «for kosmopolitisk og formalistisk». Dette synspunktet førte snart til eit uoffisielt forbod mot desse komponistane sin musikk. Prokofiev heldt fram med å komponere, med like stor kreativitet, men han kunne ikkje vera sikker på om dei nye verka hans ville bli framført offentleg. Den russiske cellisten Mistislav Rostropovitsj var lojal mot sine kreative allierte. Prokofiev var til stades på ein konsert i 1949 der Rostropovitsj framførte Nikolai Miaskovskys andre


cellosonate. Prokofiev vart så overvelda over cellistens spel at han bestemte seg for sjølv å skriva ein sonate for Rostropovitsj. Rostropovitsj rekrutterte den talentfulle unge pianisten Sviatoslav Richter som sin akkompagnatør til premieren. I sine memoarer noterer Richter: «Me urfremførte Prokofievs cellosonate. Før me spelte den på konsert, måtte me spele verket for leiinga av Komponistforeninga, der dei fine herrar skulle falle ein dom over alle nye verk. I denne perioden mer enn noko anna, hadde dei behov for å finne ut om Prokofiev hadde produsert eit nytt meisterverk eller - omvendt - eit stykke som var «fiendtleg mot anden til folket». Tre månadar seinare måtte me spela det igjen for alle komponistane som sat i radiokomiteen, og det var ikkje før det påfølgjende året at me kunne spela verket offentleg, i den vesle salen i Moskvas konservatorium 1. mars 1950.» I si dagbok noterte Miaskovsky: «I går spelte Rostropovitsj og Richter Prokofievs cellosonate på konsert - eit mirakuløst stykke musikk! Det var ein vellukka premiere og ein liten siger over det sovjetiske musikkbyråkratiet!» Sonatens første rørsle Andante grave opnar med ein dyster koral. Som i Johannes Brahms første cellosonate, er den skriven for celloens mørke nedre register. Moderato (rondo) har form av ein scherzo. Den sentrale episoden Andante Dolce – har ein kontrasterande lyrisk karakter. Det er ein skarp understrøm til denne tematiske cella - noko som tyder på ein mørkere undertekst. Allegro ma non troppo forvandlar det tematiske materialet frå førstesats til ein glimrande virtuos, spanande finale. Utover den uhorvelig vanskelege finalen blir Prokofievs inspirerte melo-

71


diske skriving ei feiring av den mennesklege andes triumf!

EUROPEISKE FORTELJINGAR

Sviatoslav Richter skreiv seinare: «Etter femte symfoni byrjar det siste stadiet i Prokofievs liv. Det var merkbart i hans musikk. Han reiste seg til nye høgder, kanskje dei største høgdene av alle. Men det var det siste stadiet...» Cellosonaten er ein fantastisk oppfinnsam skildring av skumringa.

72

JOHANNES BRAHMS (1833–1897) Sonate nr. 1 i E-moll for cello og piano, op. 38

Brahms skreiv over 100 kammermusikkverk, men berre rundt to dusin overlevde hans intense sjølvkritikk, mykje grunna hans eigen bekymring for å komponera i skuggen av Beethoven. Den første cellosonaten var den første duosonaten som Brahms lot bli publisert. Verket foregrip hans monumentale første symfoni. Tre satsar vart skrivne under ein konsertturné i 1862. Då partituret omsider vart ferdig i 1865, hadde Brahms forkasta ein adagio og lagt til ein ny finale som ein hyllest til Johann Sebastian Bach (1685 -1750) gjennom å komponera ein fuge. Brahms komponerte denne nye satsen samstundes som han skreiv «Ein Deutsches Requiem» - eit annet verk som skulder mykje av sin inspirasjon til den barokke prakt ein finn i Bach sine liturgiske verker.


CLAUDE DEBUSSY (1862–1918)

Sonate for cello og piano i D-moll

Claude Debussy (1862-1918) skreiv sin cellosonate rundt 1915, på eit tidspunkt då han vart demoralisert av nyhende om dei blodige slaga i første verdenskrig, samstundes som han kjempa sin eigen kamp mot ein kreftsjukdom som hadde rammet ham. I nesten eitt år var han ute av stand til å skriva musikk, og følte det som om han måtte læra alt på ny etter sjukdommen. Debussy hadde tenkt å komponera totalt seks sonater for ulike instrument, men då han døydde var berre tre ferdige - ein for fløyte, bratsj og harpe, ein for fiolin og piano, og ein for cello og piano. I desse verka søkte Debussy etter ein måte å fornya den franske musikken på.

73


LAURDAG 8. JUNI

BLEIETUNET, AGA LAURDAG 8. JUNI | KL. 13:00 KR 200,–

EDVARD MUNCH ENSEMBLE PÅ BLEIETUNET Medverkande Kvartett frå Edvard Munch Ensemble: Guro Kleven Hagen, fiolin, Victoria Putterman, fiolin, Arvid Resare, bratsj og Sverre Barratt-Due, cello Om konserten Kammermusikk i det fri! Når dagane vert korte og gulskjæret kjem i lia, er epla klare til hausting. Olav Bleie plukkar dei varleg ned når dei er søte nok og pressar dei til eplemost. Mosten fyller han i store ståltankar i lag med ein tanke sukker og gjær. Når gjæringa har kome godt i gang set han temperaturen ned og ventar

74


spent i nokre månader. Slik får sideren utvikla seg sakte men sikkert, medan han held på den friske eplearomaen. Til våren når alle sidertankane er utgjæra kallar han saman gode vener med gode ganar, og dei smakar seg fram til ei blanding som er balansert mellom det søte og sure, det fruktige og den friske angen. I år inviterer me dei same venene, og endå fleire, til å dela ein musikalsk meny kor samansetnaden mellom det søte og det friske, mellom norsk og østerriksk musikk er godt balansert! Program Sergei Prokofjev (1891–1953) Sonate for 2 fioliner, op. 56 Andante cantabile Allegro Commodo (quasi allegretto) Allegro con brio Alban Berg (1885–1935) 2 satser frå «Lyrisk suite», op. 3 Allegretto gioviale Largo desolato Wolfgang A. Mozart (1753–1791) Strykekvartett nr 17: «The Hunt», K. 458 Allegro vivace assai Menuetto and Trio. Moderato Adagio Allegro assai

75


LAURDAG 8. JUNI

MØTEPLASS: EKSPEDISJONEN SKJENKESTOVE, LOFTHUS LAURDAG 8. JUNI | KL. 16:00 KR 300,–

SMAKEN AV LOFTHUS – SIDERVANDRING Bli med på sidervandring i fruktbygda Lofthus! Me går frå gard til gard og møter lokale siderprodusentar, historie, skrøner og ikkje minst sider! Litt smått å ete skal det og bli undervegs. Fruktdyrkinga i Ullensvang har lange tradisjonar som strekkjer seg attende til mellomalderen då cisterciensarmunkane kom frå Lyse kloster og etablerte seg på Lofthus. Dette var starten på fruktdyrkinga her, og gjennom tidene har Hardanger utvikla seg til å verte eit merkenamn som får folk til å tenkje på blømande frukttre og kvalitet. Munkane lærte bøndene både å dyrke frukt, brygge øl og å lage sider. Me møtes på Ekspedisjonen Skjenkestove som ligg i fjordkanten. Turen går

76


vidare gjennom gardstun og stier. Det vert smaking og me får høyre meir om sider frå dei tre produsentane på Lofthus: Alvavoll, Heldre og Ekspedisjonen. Me skal også innom forskningsstasjonen NIBIO. På vegen vil ein få innsyn i både lokalhistorie og siderhistorie, samt oppleve musikkinnslag av beste kvalitet undervegs. Turen passar for alle og tek omlag to timar. Vel møtt!

77


LAURDAG 8. JUNI

FJORDAHALLEN, KINSARVIK LAURDAG 8. JUNI | KL. 19:00 KR 350,–

HARDANGERKORET OG YTRE SULØEN Medverkande Hardangerkoret og Ytre Suløens Jass-ensemble Om konserten Det store Hardangerkoret leia av Per Oddvar Hildre inviterer til storslått korkonsert med Tricia Bouté, Tora Augestad og Ytre Suløens Jass-ensemble. Det blir gospel og rytmisk driv, medrivande song og speleglede! Både Hardangerkoret og Ytre Suløen hadde jubileum i 2018, høvesvis 10 år og 45 år! Korleis kan eit band bestå i 45 år? Ved konstant å fornya seg sjølv, noko Ytre Suløens Jass-ensemble gjer, både med tanke på det musikalske repertoaret og samansetnad. Bandet har medlemar frå tre generasjonar, og

78


reiser rundt med fleire spennande konsept. Dirigent Per Oddvar Hildre fekk i 2017 St.Olavs Orden for «sin fremragende innsats for kor og kultur.» Hildre blei med dette «Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden», ei stor heidring frå Kongehuset som «belønning for utmerkede fortjenester for Norge og menneskeheten».

LAURDAG 8. JUNI

Tricia Boutté er fødd i New Orleans, men er no busett i Langevåg. Ho starta i gospelkor som ung jente og framstår som eit levande fyrverkeri på scena. Ho dansar, pratar, ler og flørtar med publikum og musikarar, og humøret hennar er svært smittande. Samspelet mellom Hardangerkoret, Ytre Suløen Jazzensemble, Per Oddvar Hildre, Trica Boutté og vår eigen Tora Augestad blir ein festkveld av dei sjeldne! Tricia Boutté – vokal, Lars Frank – klarinett, Sturla Hauge Nilsen – trompet, Andreas Rotevatn – trombone, Morten Gunnar Larsen – piano, Einar Aarø – banjo, David Gald – tuba og Kristoffer Tokle – trommer

79


LAURDAG 8. JUNI

KROSSVOLL, LOFTHUS LAURDAG 8. JUNI | KL. 22:00 KR 200,–

BYGDEFEST MED YTRE SULØEN Medverkande Ytre Suløen Jass-ensemble Om konserten Ytre Suløen serverer New Orleans-jazz på Suløensk vis på Krossvoll. I 1973 oppstod Ytre Suløens Jass-ensemble i den vesle bygda Langevåg ved Ålesund. Det som i utgangspunktet skulle vera eit hyggeorkester for fleire generasjonar sulamitter – dei kallas det dei som kjem frå øya Sula som Langevåg ligg på – har blitt inkje mindre enn ein institusjon i norsk musikkliv. YSJE skulle drive med musikk som hadde sitt utgangspunkt i New Orleans. Det har dei for så vidt gjort heile tida, men dei har aldri lagt band på seg sjølv. På Krossvoll blir det høgdepunkt frå tradjazzens tidlege år av musikarar

80


og komponistar som King Oliver og Bessie Smith, og det blir musikk som er nyskrive til bandet frå visitten til New Orleans i april i år. Bandets vokalist, Tricia Bouttè, er oppvaksen i jazzbyen, så her blir det swingande jazz og god stemning.

SUNDAG 9. JUNI

Ytre Suløens Jass-ensemble Tricia Boutté – vokal, Lars Frank – klarinett, Sturla Hauge Nilsen – trompet, Andreas Rotevatn – trombone, Morten Gunnar Larsen – piano, Einar Aarø – banjo, David Gald – tuba og Kristoffer Tokle – trommer

81


SUNDAG 9. JUNI

MUNKEKJELLAREN PÅ ALVAVOLL, LOFTHUS SUNDAG 9. JUNI | KL. 11:00 KR 250,–

SANS FOR SIDER Medverkande Janice Wang & Annabel Guaita Om arrangementet Bli med når Janice og Annabel tar musikkoppleving og cidersmaking til eit heilt nytt nivå! Smaken av cider og klangen av musikk kan ha mange fellestrekk når me tar oss tid til å smake og lytte samstundes. Balansen mellom desse ulike sanseinntrykka påverker også heilskapen av opplevinga. Me tar glasa, lyttar til pianomusikken, snusar, smakar og lyttar oss fram til eit heilt nytt sanseunivers! Det vert ikkje krevja nokre forkunnskapar. Uformelt og lærerikt. Program Musikk av Edvard Grieg, Maurice Ravel og Geirr Tveitt.

82


Janice Wang er professor ved Universitetet i Aarhus der ho arbeider med multisensorisk forsking. Dette arbeidet tek for seg korleis våre sansar påverker kvarandre og korleis elementer i omgivnadane som duft, lys og lyd påverker vår smaksoppleving. Ho har bakgrunn fra eksperimentell psykologi og datavitenskap, men er også vinsommelier og konditor. Ho var medarrangør av ei rekkje sidearrangementer i forbindelse med stjerneutdelingen i Michelin Guide Nordic Awards i Århus i februar i år og ho har mellom anna stått bak parfymekonsertar og musikalske matmalerier. Annabel Guaita er pianist og musikkformidlar. Under konseptnavnet Lyttelos held ho konsertforedrag der ho formidlar klassisk musikk på heilt nye måtar slik at publikum får meir ut av lytteopplevinga. Ho er klassisk utdanna pianist med mastergrad i klaverspel og doktorgrad på den norske komponisten Fartein Valen. I 2011 vart hennar første solo-cd L’ Altra Beltá gitt ut på selskapet Lawo Classics med musikk av Valen. Samstundes har ho vore svært aktiv som utøvar på ulike konsertseriar og festivalar i Norge i tillegg til å turnere i USA, Sør-Amerika og Finland. Siden 2012 har Annabel stått for ei rekkje konsertintroduksjonar og ho har hatt samtaler med utøvere og komponister under Festspillene i Bergen. Ho har også vore føredragshaldar for Bergen Filharmoniske Orkester og turnert for Fylkeskonsertane Hordaland med formidling av klassisk musikk til barn og unge. Ho har også vore formidlingsleiar på komponistheimane i KODE.

83


SUNDAG 9. JUNI

FJORDAHALLEN, KINSARVIK SUNDAG 9. JUNI | KL. 12:00 KR 200,–

BORNEDAG I FJORDAHALLEN Medverkande Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde, trommer og perkusjon og Fredrik Rysjedal, illustratør. Nøringen: lokale born og instruktørar. Om arrangementet Familiedag i Fjordahallen med lokale born frå Nøringen og den fengande og morosame musikkforestillinga Psst! Nøringen er ei kulturarvsatsing for 4–6 åringar i Hardanger og Voss, med folkemusikk og folkedans som den raude tråden. På bornesundag skal vi ha ein felles avslutningskonsert for Nøringenborna i Fjordahallen. Satsinga er i alle Hardangerkommunane og på Voss. Tema for Nøringen er kulturarv med tradisjonsmusikk og tradisjonsdans som den raude tråden. Borna får læra

84


nokre lokale songar, læra å dansa litt, møta ulike spanande folkemusikkinstrument og oppleva kulturarven i si kommune. Psst! (tidl. HYSJ) følger dei to trommeslagarane Øyvind-lys og Øyvind-mørk gjennom eit døgn. Det startar som ein heilt vanleg dag. Etter kvart som timane går, vert skillet mellom verkelegheit og fantasi utydeleg. Vi blir dratt inn i ein transgalaktisk stjernekrig, møter ein kval som har forvilla seg inn på eit oversvømt bad, og får bli med på togtur gjennom det ville vesten. Kvardagslege ting som å ete frokost og å sjå barne-TV, vert gjort om til musikalske hendingar. Musikken, i samspel med de levende illustrasjonene vist på lerret bak på scena, hjelper oss med å sjå alt det spennande og fantastisk rare som skjuler seg bak ein tilsynelatande grå kvardag. Sagt om Psst! i pressa: «Estetisk musikkfest for alle barn (og en hel del voksne). (..) Det ser rett og slett kjempebra ut og det er deilig å se hvordan film blir en så inkludert del.» Charlotte Myrbråten, Bergens Tidende, frå DNS 2019 Psst! er komponert og regissert av to blad Øyvind, i samarbeid med illustratør Fredrik Rysjedal. Stykket var opprinneleg eit bestillingsverk til Bajazz-festivalen i Bergen i 2017. Sidan då har Psst! blitt spelt på Ultimafestivalen i Oslo 2018, og tre veker ved Den Nationale Scene i Bergen, februar 2019, til overveldande god respons frå presse og publikum.

85


NATUREN ER EIT DIKT SOM ER OMGITT AV

86


EI HEMMELEG, VIDUNDERLEG SKRIFT. Friedrich Wilhelm Joseph Schelling

87


SUNDAG 9. JUNI

JONDAL KYRKJE, JONDAL SUNDAG 9. JUNI | KL. 13:00 KR 250,–

KAMMERTIMEN I JONDAL KYRKJE Medverkande Amalie Stalheim, cello, Benedicte Maurseth, hardingfele, Joachim Carr, klaver og Maria Tryti Vennerød, opplesing. Om konserten Eit lite tversnitt av heile festivalen. Virtoust kammerspel med Amalie Stalheim og Joachim Carr. Ord og tonar i samspel, med festivalforfattar Maria Tryti Vennerød og Kristin Skaare. Nytt og gammalt frå folkemusikken, med Benedicte Maurseth.

88


I Jondal blei ei middelaldersk stavkyrke i 1725 riven og erstatta med ei tømmerkyrkje, reist i 1727. Noverande kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1888. Tømmerkyrkja ser ut til å ha blitt reist på den same grunnmuren som stavkyrkja, men då nykyrkja blei bygd, måtte ein flytta 30 gravar for at ho skulle få plass. Noverande kyrkje i Jondal er ei stor og flott trekyrkje med god akustikk.

Jondal kyrkje

89


SUNDAG 9. JUNI

ULLENSVANG KYRKJE, LOFTHUS SUNDAG 9. JUNI | KL. 14:00 KR 300,–

GRIEGVITJING I ULLENSVANG KYRKJE Medverkande Edvard Munch Ensemble: Guro Kleven Hagen, fiolin, Victoria Putterman, fiolin, Arvid Resare, bratsj, Sverre Barratt-Due, cello og Thormod Rønning Kvam, klaver Program Edvard Grieg (1843–1907): Holbergsuiten, «Fra Holbergs Tid», op. 40 for solo klaver Preludium (Allegro vivace) – Sarabande (Andante) – Gavotte (Allegretto) Air (Andante religioso) – Rigaudon (Allegro con brio)

90


Edvard Grieg (1843–1907): Cellosonate op. 36, 2. sats Craig Farr (1975–): Paper Cage (at the centre of it all) Urframføring Edvard Grieg (1843–1907): Andante con moto, EG 116 Edvard Grieg (1843–1907): Cellosonate op. 36, 1. sats Om konserten Ein konsert med berre norsk musikk. Av Grieg får me orginalversjonen av Holbergsuiten for klaver, og cellosonaten. Vakre melodiar og lidenskapelege kjensler pregar begge verk. Det vert ei forrykande reise gjennom vill og vakker norsk natur. Praktfull musikk og trolsk stemning. Me skal også få ein rykande fersk uframføring; «Paper Cage (at the centre of it all)», av Craig Farr. I dette verket tar komponisten for seg sine assosiasjoner til hardingfela. Det foregår ei vandring der både musikalske motiv og energi forflyttar seg rundt i ensemblet. Farr ønskte å utfordre dei klassiske musikarane i ensemblet på energiske rytmer, friksjon og råskap, som ein finn i folkemusikken; samstundes skal verket fungere i deira eige repertoar og kammermusikalske profil. Sidan oppstarten i 2015 har Edvard Munch Ensemble klart å etablere seg blant dei mest spennande kammermusikkensembla i landet. Ensemblet består av nokre av dei råaste unge klassiske utøvarane i Noreg.

91


SUNDAG 9. JUNI

ULLENSVANG GJESTEHEIM SUNDAG 9. JUNI | KL. 15:30 GRATIS

NOTELANGS MED KAKER & KAFFI Hardanger Musikkfest vart etablert av Stig Nilsson i 1996. Tora Augestad og Therese Birkelund Ulvo overtok som kunstneriske leiarar i 2014. Dei endra profilen ganske radikalt med lokal forankring gjennom cidersmaking og hardangerkultur, nye typar lokaler og ikkje minst gjennom musikalsk sjangerbrytning. Har dette opna opp festivalsjangeren for nye publikum? Me spør: Kva tykkjer lokalbefolkninga på Lofthus eigentleg om festivalen? Kva tykkjer musikarane? Kva er tanken bak desse endringane? Me lar Maria, som er elev ved ungdomsskulen i Kinsarvik, gå på konsertane og vere kritikar og med-debattant.

92


I panelet Maria Kinsarvik Steinsland, ungdomsskuleelev Therese Ulvo, festivalarrangør Maia Urstad, festivalkomponist Craig Farr, festivalkomponist Ordstyrer og innleiar, Annabel Guaita Kaker og kaffi!

93


SUNDAG 9. JUNI

KRAFTKATEDRALEN, TYSSEDAL SUNDAG 9. JUNI | KL. 17:00 KR 300,–

NILS ØKLAND BAND I KRAFTKATEDRALEN Medverkande Nils Økland band Nils Økland, Torbjørn Økland, Sigbjørn Apeland, Mats Eilertsen og Håkon Mørch Stene Om konserten Vellyd i Tyssedal! Felespelar Nils Økland har eit særskild talent; Han får folk til å lytte. Når han spelar er det som om han vender seg direkte til kvar og ein i rommet. Han kan halde medmusikarar og lyttarar på tå hev, sjølv om musikken kan vere aldri så lavmælt. Bandet har spelt saman i mange år og har utvikla ein særprega nærleik og varsemd. Dei ulike musikalske stemmene er balanserte og varierte, og resultatet er instrumentalmusikk

94


med spenst, stor djupne og brei appell. På konserten får vi hovudsakleg høyre repertoar frå dei to albuma «Kjølvatn» og «Lysning» men vi får òg høyre musikk fra platene «Blå harding» (Morild 1996) og «Straum» (Rune Grammofon 2000). Med i bandet er Sigbjørn Apeland (trøorgel), Torbjørn Økland (trompet og gitar) Håkon Mørch Stene (slagverk), Mats Eilertsen (kontrabass), Nils Økland (hardingfele, fiolin og viola d’amore). Musikken er laga av Nils Økland og utvikla i tett samarbeid med musikarane i bandet. Både som utøvar og komponist har Økland bygd bruer mellom folkemusikk, kunstmusikk og improvisasjonsmusikk. Støtta av Norsk Kulturråd.

95


SUNDAG 9. JUNI

KROSSVOLL, LOFTHUS SUNDAG 9. JUNI | KL. 19:00 KR 100,–

Årets festivalkunstnar

TETT PÅ KUNSTEN: LEANDER DJØNNE Medverkande Leander Djønne & Lars Korff Lofthus Om arrangementet Årets festivalkunstnar Leander Djønne i samtale med Lars Korff Lofthus. Hans praksis beveger seg mellom film, tekst, foto og installasjon. Me vert betre kjend med kunsten hans og ser filmen Kvardagsstein som er ei vandring gjennom langstrakt tid. Frå steinen vert til, til dei norrøne busetnadane på Grønland og mysteriet rundt kvifor desse forsvann. Filmen Kvardagsstein er filma i Osafjorden i Hardanger der me besøker den såkalla Sygnestveitkyrkja. Vidare får me sjå spor frå dei norrøne busetjin-

96


gane på Grønland, mellom anna Hvalsøy kyrkje og Eirik Raudes gard Brattali. Musikken til filmen er komponert og framført av Grjótgarð Hálfdanarson som spelar tagelharpe og lyre. Filmen er ein studie av landskapet i Indre Hardanger og korleis landskapet påverkar dei som bur der, samstundes handlar det om vandring og reise, det å slå røter eller miste tilhøyrsle, fråflytting og utvandring. Det handlar om menneska sitt ynskje om å vera ein del av noko større enn seg sjølv og samstundes oppleve einsemd. Sjølvsagt var den siste tida ikkje ei vanleg tid, men Steinen si tid. Slik tid er for steinar. Det er ei langsam tid som ikkje har ei begynning eller avslutning. Det er ei tid som strekk seg i alle retningar, ei tid som bevegar seg både framover og bakover. Ei stille tid. Det er fjellet si tid, ei tid menneskjene ikkje fattar der dei klamrar seg til hastige forbigåande lagnadar og går attende til jord omtrent same stund dei kjem inn i verda. Leander Djønne, frå filmen Kvardagsstein

97


MERE FJELL AV ROLF JACOBSEN Av og til må noe vare lenge, ellers mister vi vel vettet snart, så fort som allting snurrer rundt med oss. Store trær er fint og riktig gamle hus er fint, men enda bedre fjell. Som ikke flytter seg en tomme om hele verden enn forandres (og det må den snart), så står de der og står og står så du har noe å legge pannen inntil, og kjøle deg og holde i noe fast.

98


Jeg trivs med fjell. De lager horisonter med store hugg i, som de var smidd av smeder. Tenk på: - Den gamle nupen her har stått som nå helt siden Haralds-tiden. Den sto her da de spikret en arming fast til korset. Som nå. Som nå. Med sildrebekker på og lyngkjerr og den store bratte pannen uten tanker i. Den sto her under Belsen og Hiroshima. Den står her nå som landemerke for din død, din uro, kanskje dine håp. Så du kan gå derbort og holde i noe hardt. Noe gammelt noe. Som stjernene. Og kjøle pannen din på den, og tenke tanken ut. Og tenke selv. Kjelde: Samlede dikt, Gyldendal, 1999, s. 323

99


SUNDAG 9. JUNI

KROSSVOLL, LOFTHUS SUNDAG 9. JUNI | KL. 21:00 KR 300,– INKL. KVELDSBUFFET

OPPSKÅKA PÅ KROSSVOLL OPPSKÅKA! (Oppskåk: smakstest, prøvesmaking av øl) Om arrangementet Vårt musikalske preikeprogram – for 5. gong! Festivalleiinga inviterer artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken og kjærleiken til det heile! Nyt den siste festivalkvelden med mat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Lett servering inkludert i billetten! Vertskap Therese Birkelund Ulvo & Tora Augestad

100


VANDRINGSVISE Einar Skjæraasen

Og jeg har ingen bondegård med hest og hus og dreng, nei - jorden er min eiendom og skogen er min seng. Og våren er min fiolin med dans på hver en streng.

Og jeg har ingen almanakk og ingen klokke - nei, jeg finner og fatter tegn som viser tid og vei. Og dag og natt og vår og høst er vandringsmenn som jeg.

Og jeg har ingen penger, men min fattigdom er god. Den rike har sitt levebrød, den fromme har sin tro, men jeg har høysang i hver li og kirke på hver mo.

Når kvelden stenger for min fot da tar jeg hatten av, og mørket faller i mitt fang og skjuler sti og stav. Og sol går opp og sol går ned ved vogge og ved grav.

Og jeg vil ikke gifte meg, men jeg er ikke kald, for møter jeg en pikelill går livet som det skal. Da rødmer hun og rekker mig en krans av øm konvall.

Men før jeg nynner visa ut vil jeg - en jordens sønn få takke for de åpne smil, for marken som var grønn, for kildene som sprang og alt som virket uten lønn.

101


MÅNDAG 10. JUNI / VEGVISARAR

ULLENSVANG KYRKJE, LOFTHUS MÅNDAG 10. JUNI | KL. 11:00 KR 300,–

OVERTONAR I ULLENSVANG KYRKJE Medverkande Eir Inderhaug, Joachim Carr, Victoria Putterman, Arvid Resare, Sverre Barratt-Due og Thormod Rønning Kvam Program Clara Schumann (1819–1896): Klaviertrio G-moll, op.17, 1. Allegro Moderato Kaija Saariaho (1952–): Sept Papillons Maria Schneider (1960–): Frå Winter Morning Walks: All Night, in Gusty Wind Frå: Carlos Drummond de Andrade Stories: Quadrille Fanny Mendelssohn-Hensel (1805–47): Drei Stücke zur vier Hände Lili Boulanger (1893–1913): Trois morceaux, satser: D'un Vieux Jardin, D'un Jardin Clair, Cortège Lili Boulanger: Preludium i Dess-dur

102


VEGVISARAR Dei fem kvinnene representert på dette programmet utgjer ein umake skare, med musikk frå tre århundrer og tre kulturar: Den sentraleuropeiske romantikken, den nordiske avantgarden frå slutten av 1900-tallet og framover, og den amerikanske jazzfusion-musikken frå same periode. Komponistane har det til felles at dei alle har vore skapande kunstnarar som har påvirka si samtid, og – sett i ettertid – har Clara Schumann og Fanny Hensel utan tvil vore sentrale inspirasjonskjelder for kvinnelege komponistar heilt opp til vår tid. «Kvinnelege komponistar» – i mange år var det eit ståande uttrykk for noko som var relativt uvanleg. Men, som historia etter kvart avslører når den blir omskriven og fortolka på ny – så er det mest på grunn av at dei har vært oversett, at det har blitt rekna som uvanleg å vera «kvinneleg komponist». Akkurat i våre dagar er heldigvis dette omgrepet i ferd med å bli forslitt. Om nokre år vil det å bli kalt «kvinneleg komponist» kanskje vera like passé som å vera «kvinneleg prest» eller «kvinneleg lege». I denne konserten dukkar me difor inn i eit spanande kapittel av musikkhistoria; me forsøker å formulera den på ny, og høyra på den med opne øyro.

FANNY MENDELSSOHN

Fanny Hensel (fødd Mendelssohn) var ei av dei mest produktive kvinnlege komponistane frå 1800-talet. Ho var blant dei første kvinnene som skreiv ein strykekvartett, og er kjent som ein livslang formidlar av musikken til Johann Sebastian Bach, Ludwig van Beethoven, og bror hennar, Felix Mendelssohn Bartholdy. Hensel var ein pianist med eit sjeldan talent, som trollbandt publikum gjennom konsertserien i heimen hennar i Berlin. Ho kjempa heile livet med ambisjonen om ein kunstnarisk karriere i forhold til dei sosiale forventnin-

103


VEGVISARAR

gane som overklassestatusen hennar innebar, og musikken hennar vart først offentleggjort berre eitt år før hennar tidlege død i ein alder av 41 år. Ein antek at tilbakeholdenheita hennar var eit resultat av pliktkjensla hennar overfor far sin, men at den også var prega av hennar intense forhold til broren, og truskapet hennar mot dei sosiale forventningane til kvinner i den offentlege sfære. Hensel sin musikk reflekterer hennar djupe ærbødigheit for både Bach og Beethoven, men viser også det fine handverket og det lyriske tonespråket som er typisk for den postklassiske Mendelssohnske stilen, og hennar eigen eksperimentelle og oppfinnsame tilnærming til form og innhald.

104

Den kunstnariske karriera hennar føregjekk hovudsakleg i private salongar, og vart overskugga av broren sin offentlege anerkjenning og karriere. Den sanne tydinga av likvsverka hennar, som omfattar meir enn 450 komposisjonar, og bidraget hennar til den tidlege romantiske tradisjonen har vorte gjenoppdaga og verdsett først mot slutten av det 20. århundre.

CLARA SCHUMANN

Clara Schaumann vart sett som ein av dei fremre pianistane på 1800-talet av musikarar som Franz Liszt og Anton Rubenstein. Ho gjekk under namnet «Europas klaverdronning». Utøvarkarriera hennar varte i over 60 år, og det er sagt at spelet hennar var prega av ein meisterleg teknikk, ein vakker klangbehandling og poetisk ånd. På grunn av den lange scenekarriera, hadde ho stor påverknad på konsertlivet i det 19. århundre. Som ung kvinne var ho ei av dei få pianistane som spelte verka frå det ho kom i hug, og saman med Liszt, var ho ein av dei første pianistane til å gje reine solokonsertar. Ho valde også å gjera konsertane kortare, slik at ho som utøvar kunne via større merksemd til det einskilde verk. På denne tida var det framleis vanleg å la utøvaren utsmykka og improvisera over stykkene, men Clara Schumann viste større merksemd til partituret, og bidro dermed til å endra publikum


si merksemd vekk frå den virtuose solisten i retning av den skapande kunstnaren. Det finst ei samling av ikkje mindre enn 1299 konsertprogram som ho presenterte mellom 1828 og 1891 i arkivet i Robert-Schumann-Haus i Zwickau. Allereie som 11-åring spelte ho sin eigen komposisjon ved ein konsert, og ho komponerte musikk i heile ungdomstida, faktisk inntil ho gifta seg med Robert Schumann. På det tidspunktet var ho sjølv ein høgt akta pianist, medan han var mest kjend som rabuilstisk tidsskriftredaktør. Sidan vart ho ei av hans framste fortolkarar, og etter han døde i 1856 haldt ho fram med å spela verka hans så lenge ho levde. Sjølv om Robert Schumann oppmuntra ho til å halda fram som komponist, og også kontakta utgivarar for ho, tok hans skapende arbeid prioritet over hennar, og i mange år var hennar komponering og praktisering henvist til timar på døgnet då mannen hennar ikkje ville verta forstyrra. Til tross for hennar openbare naturtalent, slutta ho å komponera etter Robert sin død.

KAIJA SAARIAHO

Kaija Saariaho er eit sentralt medlem av ei gruppe finske komponistar og utøvarar som no, midt i karrieren, har ein global påverknad. Ho vart fødd i Helsingfors i 1952, der ho studerte ved Sibelius-akademiet med den banebrytande modernisten Paavo Heininen, og saman med Magnus Lindberg og andre grunnla ho den progressive gruppa «Korvat Auki» – «Opne øyro». Hun heldt fram med sine studier i Freiburg med dei fremste lærarane i Europa på 1970-talet, Brian Ferneyhough og Klaus Huber, ved dei berømte sommarkursa i Darmstadt, og frå 1982 ved forskningsinstituttet IRCAM i Paris - byen som har vore heimen hennar sidan. Ved IRCAM utviklet Saariaho teknikkar for datastøtta komposisjon og med

105


VEGVISARAR

bruk av «levande» elektronikk. Denne erfaringa påverkar hennar tilnærming til å skriva for orkester, med vekt på å danna tette massar av lyd i sakte transformasjonar. Hennar første vesentlege orkesterstykke Verblendungen (1984) inneber ein gradvis utveksling av roller mellom orkester og band. Også titlane på hennar neste orkesterverk, Du Cristal (1989) og ... à la Fumée (1990) - sistnevnte med solo alto-fløyte og cello, og begge med «levande» elektronikk – fortel om at ho her var oppteken av farge og tekstur. Før ho kom til arbeid ved IRCAM, lærte Saariaho å kjenne dei franske spektralkomponistane, som nytta seg av teknikkar basert på dataanalyse av lydspekter. Denne analytiske tilnærminga inspirerte henne til å utvikla sin eigen metode for å skapa harmoniske strukturar, så vel som den detaljerte notasjonen ved bruk av harmoniske, mikrotonale og detaljerte lydsekvensar, som strekkjer seg frå rein tone til usynleg støy. Seinare har Saariaho vendt seg til opera, med stor suksess. L’Amour de loin, med ein libretto av Amin Maalouf basert på ein tidleg biografi av det tolvte århundres trubadur Jaufré Rudel, fekk stor anerkjenning då den vart framført under Salzburg Festival, og noko som seinare skaffa komponisten den prestisjetunge Grawemeyer-prisen.

MARIA SCHNEIDER

Schneider er ein leiande amerikansk komponist, arrangør og ensembleleiar. Ho spelte piano, klarinett og fiolin før ho studerte teori og orkestrering ved Universitetet i Minnesota. I løpet av studieåret 1983-4 var ho ved Universitetet i Miami, men søkte seg over til Eastman School of Music for å fullføre hovedarbeidet sitt i jazz og moderne arrangering. Sumaren 1985 flytta ho til New York, kor ho byrjar å jobba som assistent til Gil Evans (1985-8). Fra 1986 til 1991 studerte ho med Bob Brookmeyer. Ho kom inn i New Yorks jazzmiljø, og fekk Gil Evans Fellowship Award i 1991, og året etter danna ho sitt eige storband, som debuterte på Visiones i New York (1993-8) og spelte

106


inn albuma Evanescence (1992) og Coming About (1995). I 1995 mottok ho ei tinging frå Monterey Jazz Festival, og Schneider og bandet hennar byrja å turnere i Europa og den fjerne Austen. Schneider er i dag engasjert som komponist i ei lang rekkje samanhengar. Hennar songsyklus Winter Morning Walks vart skriven for sopranen Dawn Upshaw og vant ikkje mindre enn tre Grammy-utmerkingar i 2014. Ho har hatt komposisjonsoppdrag fra bl.a. Carnegie Hall Jazz Orchestra, Orchester National de Jazz (Paris), Radioens Big Band (Danmark), og Stockholm Jazzorkester, og i Noreg har ho samarbeidd regelmessig med Ensemble Denada og deira kunstneriske leiar, komponisten Helge Sunde. .

LILI BOULANGER

Om omgrepet «dei unge døde» skulle passa på ein komponist på 1900-tallet, så er Lili Boulanger utan tvil å rekne i den kategorien. Gjennom hennar korte liv var det berre det å skape musikk som betydde noko – hennar talent vart oppdaga allereie i 2-årsalderen, og ho fekk tidleg privat musikkundervisning. Dessverre fekk ho også tidleg lungebetennelse, og sleit heile livet med svakt immunforsvar og stadige infeksjonar, fram til ho døydde av tuberkulose 24 år gammel. Difor fekk ho aldri noko formell utdannelse som komponist, men fulgte i fotspora til si eldre og tidleg berømte syster Nadia, som seinare i livet vart lærar og inspirator for så forskjellige (mannlege) elevar som Leonard Bernstein, Aaron Copland, Quincy Jones, Astor Piazzolla, Philip Glass, John Eliot Gardiner, Daniel Barenboim og Elliott Carter. Nadia må uten tvil reknas for ein av dei mest sentrale komposisjonslærarane i det 20.århundre. Veslesyster Lili fekk, sitt korte liv til tross, skapt ei lang rekkje verk, og mottok allereie som 18-åring komposisjonsprisen Prix de Rome som første kvinne

107


– for øvrig ein pris som storesyster hadde gitt opp å vinne nokre år tidlegare. Denne utmerkinga gjorde Lili berømt, og det store italienske forlaget Ricordi bestemte allereie då å utgi alle hennar verk.

VEGVISARAR / MEDVERKANDE

Dessverre vart dei påfølgjane åra prega av sjukdom, og Lili brukte dei siste åra av sitt korte liv til å forsøke å fullføre dei ideane ho hadde hatt til verk allereie fra tidleg alder.

108

Ved denne konserten presentere me to verk: Trois Morceaux og Preludium i Dess-dur, begge for soloklaver.


MEDVERKANDE ISANGO ENSEMBLE

SS Mendi Dancing the Death Drill

Dei fleste hadde aldri sett havet tidlegare. Mange kunne ikkje symje. Det var få som overlevde forliset som er blitt kalla «Den svarte Titanic». «The final death drill — a stamping, ferocious dance, the performers armed with spades and pickaxes, eyes blazing — has a potency that knocks the breath from your body.» – The Times I januar 1917 gjekk 823 sør-afrikanarar frå ei rekke ulike folkegrupper om bord i båten SS Mendi i Cape Town. Dei hadde meldt seg som frivillige troppar i Den britiske hæren, og var på veg til vestfronten for å grave grøfter og felle trær. Tjukk morgontåke i den engelske kanalen skjuler den nært føreståande katastrofen då ein annan båt er på kollisjonskurs med båten frå Sør-Afrika. Kollisjonen skjer med ei slik kraft at SS Mendi går ned på minuttar, medan det andre fartøyet berre får mindre skader. Kapteinen der gjer ingenting for mennene i vatnet. Når redninga endeleg kjem, er det for seint for dei fleste. 646 omkom i det som var ein av dei verste maritime katastrofane i det 20. århundre, og er sidan blitt kalla «Den svarte Titanic».

109


MEDVERKANDE

SS Mendi – Dancing the Death Drill er ei sterk og gripande feiring av livet. Forestillinga er basert på Fred Khumalos bok om dei som opplevde ulykka, og iscenesatt og framført av det prisvinnande Isango Ensemble frå Cape Town. Isango Ensemble gjorde stor suksess under festspela i Bergen i fjor, og i år kjem dei tilbake dit. I samarbeid med Festspilla i Bergen har Hardanger Musikkfest vore så heldige å få ensemblet inn til Kinsarvik for å stå for opningskonserten. SS Mendi hadde urpremiere i Southampton sommaren 2018, og fekk då strålende tilbakemeldingar frå britisk presse. I pinsen opnar SS Mendi Hardanger Musikkfest!

EDVARD MUNCH ENSEMBLE

Inspirert av dei kulturelle strømmingane frå tidlegare tider og sin eigen generasjon sitt pulserande kulturliv, drar Edvard Munch Ensemble publikum inn i ei ny og annleis konsertoppleving. Edvard Munch Ensemble opptrer med eit stort repertoar for ulike kombinasjonar av dei fem medlemmene, og skapar med dette sitt eige musikalske univers. I kvar konsertførestilling vil eit mangfald av kunstarter som litteratur, visuell kunst og design, i kombinasjon med utøvarane sitt fulle nærvær på scenen, skape ei ny verd der berre fantasien setter grenser. Edvard Munch Ensemble er: Guro Kleven Hagen, fiolin, Victoria Putterman, fiolin, Arvid Resare, bratsj, Sverre Barratt-Due, cello og Thormod Rønning Kvam, klaver

110


GURO KLEVEN HAGEN

(Edvard Munch Ensemble) Guro Kleven Hagen, oppvaksen i vakre, fredfulle Valdres, har vorte ein av Noregs mest beundra solistar. Kleven Hagen markerte seg tidleg, mellom anna som solist med Carl Nielsen sin fiolinkonsert. Ho debuterte som 17-åring med Oslo Philharmonien. Ho vart 1. konsertmester i Den Norske Opera og Ballett sitt orkester som 23-åring. Kleven Hagen er ein ettertrakta solist, og kunstnarleg leiar for Valdres Sommersymfoni.

THORMOD RØNNING KVAM

(Edvard Munch Ensemble) Thormod Rønning Kvam har spilt piano sidan han var fire år, og har studert hos den kjende professoren Jiří Hlinka. Kvam er dagleg leiar for Edvard Munch Ensemble ved sida av eminent musisering på klaveret. Han har eit stort driv etter å kommunisere ein indre musikalitet og perfeksjon i klang, og dette bringer han til stadig fleire konsertoppdrag over heile Europa.

VICTORIA PUTTERMAN

(Edvard Munch Ensemble) Med både norsk og amerikansk pass i lomma har New York-fiolinisten Victoria Putterman spelt over store deler av verda, og er heldigvis på plass som kunstnerisk leiar og fiolinist i Edvard Munch Ensemble. Ho har eit stort spekter av kjensler og eit vesen som er draumande og dramatisk på

111


same tid - både som person og som musikar. Ho har ei særegen evne til å observere verda og formidle inntrykk gjennom musikken som tar pusten frå publikum og medkunstnarar. Ho er nyleg vorte fast ansatt i Operaorkesteret.

MEDVERKANDE

SVERRE BARRATT-DUE

112

(Edvard Munch Ensemble) Den svært ettertrakta kammermusikaren Sverre Barratt-Due er cellist i Edvard Munch Ensemble. Han har ein varm, glødande klang i instrumentet som utgjer grunnmuren alle ensembler trenger. Under rettleiing av Truls Mørk er han no ein av de mest spannande cellistene vi har her i nord. Til dagleg er han nestgruppeleiar i «hele landets orkester», KORK.

ARVID RESARE

Arvid Resare er født og oppvaksen i Karlstad, Sverige der han begynte sine bratsjstudier med Karin Danielsson. Han har seinare studert med Lars Anders Tomter på Norges Musikkhøgskole og med Jensen Horn-Sin Lam på musikkonservatoriet i Shanghai. Under masterstudiene på NMH var Arvid stipendiat i Oslo Filharmoniske Orkester. Arvid har også vore ein aktiv del av Shanghais kammermusikkliv. Resare speler i Den Norske Opera og Ballett sitt orkester.


EIR INDERHAUG

Eir Inderhaug er ein av dei store norske operasongarane. Ho har gjort suksess over store deler av Europa, og har meir eller mindre pendla mellom operahus og orkestrer i Skandinavia og Tyskland dei siste 20 åra. Inderhaug er kjent for å verkeleg «ta» scenen ho står på og formidlar musikk med eit nærvær og briljans ein er nøydt til å la seg gripe av. Ho er ikkje redd for å gå eigne vegar og utfordrar gjerne etablerte format og normer når ho sjølv har styringa, slik ho gjorde med «Jeg ER Lucia» på Kilden i Kristiansand. Under Hardanger Musikkfest får vi Inderhaug i fleire format frå Haugtussa på Krossvoll via to ulike konsertar med Edvard Munch Ensemble til overaskingskonserten med sjølvaste Sjøforsvarets Musikkorps i ryggen.

BENEDICTE MAURSETH

Benedicte Maurseth vitjer Hardanger Musikkfest med eit heilt nytt tingingsverk – «Hárr». Benedicte Maurseth frå Eidfjord er ein etablert og anerkjend utøver innan norsk folkemusikk. Ho har gått i lære hjå Knut Hamre i nærare tretti år, og har Hardanger sin tradisjonsmusikk som spesialfelt. Maurseth har turnert heile verda både som solist og i samarbeid med andre, og har arbeidd tett med mange kjente kunstnarar på tvers av sjangrar, mellom anna Nils Økland, Merilyn Crispell, Rolf Lislevand og Åsne Valland Nordli. Ho har også komponert

113


ny folkemusikk for Hardingfele, både for solo-konsertar, innspelingar, teater og ensemble. Maurseth har også spelt inn fleire album for Grappa og ECM, og har gjeve ut bøker, artiklar og essay.

JASSER HAJ YOUSSEF

MEDVERKANDE

Den anerkjende tunisiske fiolinisten Jasser Haj Youssef kjem til Hardanger for å vere med på Benedicte Maurseth sitt tingingsverk. Med seg har han viola d’amore – ein sju-strengs bratsj som liknar hardingfela med resonansstrenger som kling med – eit instrument Nils Økland og er kjent for å bruke. Youssef er ein framifrå musikar det er umogleg å ikkje verte råka av, og han omtalast som ein musikar ein «må høyre». Youssef meistrer mange ulike sjangrar – frå jazz via klassisk til orientalsk musikk, og har samarbeidd med mellom anna Barbara Hendricks, Youssou N’Dour, Sister Marie Keyrouz og Simone Kermes.

HÅKON MØRCH STENE

Håkon Mørch Stene er ein norsk prisvinnande musikar, og har i meir enn 15 år vore ein av Noregs leiande perkusjonistar, med ei betydeleg internasjonal karriere. Han er ein virtuos, men og lyrisk slagverkar og har sitt spesialfelt innan samtidsmusikk. Stene er og favoritten til to av solistane under Hardanger Musikkfest i 2019 - Nils Økland

114


og Benedicte Maurseth, og vert å sjå på scena med begge. Ved sida av har han samarbeidd med ensemble som asamisimasa, Pantha du Prince, Rolf Lislevand ensemble, Klangforum Wien og Barokksolistene, og har vore solist med Ensemble Modern, London Sinfonietta, Oslo Sinfonietta og Oslo filharmoniske orkester.

MATS EILERTSEN

Mats Eilertsen er ein av dei mest etterspurde og mest distinkte norske jazzmusikarane og spelar i mange kjente band og ensemble i både inn- og utland. Han er kjent for ein spesiell varm og lyrisk spelemåte der han vekslar mellom det stødige og eksperimentelle, alltid open og villig på leit etter nytt sound. Eilertsen er også komponist og har til no gitt ut elleve album i eige namn, no sist «And Then Comes the Night» med Mats Eilertsen Trio som kom ut på ECM tidlegare i år.

NILS ØKLAND

Nils Økland frå Haugesund er ein av dei framste felespillarane i Noreg, og ein fornyar av tradisjonell folkemusikk. Både som utøver og som komponist har han bygd bruer mellom folkemusikk, kunstmusikk og improvisasjonsmusikk, og den vidåpne haldninga til musikk har gjort han til ein ettertrakta medmusikar. Økland speler med ein nær og skjør tone, og nærast

115


kviskrer melodiane til lyttaren, samstundes som han har kraft og driv når det trengst. Han er uredd i møte med ny musikk og speler mellom anna saman med frirockbandet Lumen Drones og impro-bandet 1982 ved sida sitt eige ensemble. Nils Økland komponerer det meiste av musikken sjølv, frå vakre melodiske balladar og atmosfæriske eksperimenter vidare til mørkare lydbilder.

MEDVERKANDE

KRISTIN SKAARE

«Når det gjeld kunsten å skape sterke og vakre musikkopplevingar er Kristin Skaare i ein klasse for seg i norsk musikkliv.» Roald Helgheim, Dagsavisen Ho har arbeidd som musikar og komponist sidan 1987, og er med på nærare 100 utgjevingar, noko som har gjeve henne 4 Spellemannprisar. Skaare behersker fleire ulike musikalske sjangrar og har vore aktiv innan såvel jazz, rock og folkemusikk, og arbeider no med samtidsmusikk for iransk-norske Javid Afsari Rad og enseblet hans. Dei siste åra har Skaare konsentrert seg om kontemplativ musikk med dei to soloalbuma VAR og ER. I musikken hennar inviterast lyttaren inn i eit stille, melodisk og ambient rom, der det er godt å væra.

JOACHIM CARR

«Through the light touch of fingers, clear as spring water, and the feeling of core in the notes, Joachim Carr is a born storyteller.» Sylvie Bonier, LeTemps om

116


Carr sitt debutalbum. Joachim Carr er ein av dei ledande norske pianistane og er på god veg til å etablera seg heilt i verdstoppen. Han har motteke ei rekke prisar for spelet sitt og har oppdrag over heile verda. I ein slik bransje krev det teknisk briljans, og som ein av få unge musikarar har Carr ein djupsindig og delikat musikalitet i spelet sitt. Sidan han starta med piano som 8-åring har mange av dei framste norske pianistane vore lærarar og veiledarar for Carr, og ein ting er sikkert – dette er ein musikar verda kjem til å høyre mykje til.

AMALIE STALHEIM

Cellisten Amalie Stalheim er ein av dei verkeleg store unge norske musikartalentene. Ho spiller med ei slåande teknisk brillianse samtidig som ho har eit personleg musikalsk uttrykk. Dette har det vorte fleire prisar av. Ho er vinnaren av Kungliga Musikaliska akademins store musikkonkurranse, Solistpriset 2018 og har og tidlegare vunne Ljunggrenska Konkurransen, YAMAHA Music Foundation Europe Competition og vart tildelt den prestisjetunge «Firmenich Prize» under Verbier Festival. Sjølv om ho er ung er ho allereie ein svært ettertrakta solist med oppdrag for mange av dei fremste svenske og norske orkestra dei kommande sesongene. Amalie spiller på ein cello som er bygd av F. Ruggieri i 1687, sjenerøst utlånt av Anders Sveaas Allmennyttige Fond.

117


SJØFORSVARETS MUSIKKORPS

Sjøforsvarets musikkorps har aner tilbake til 1500-talet og er flaggskipet for den store korpsrørsla på Vestlandet. Korpset har 27 profesjonelle musikarar, og har ei stor musikalsk bredde – frå rock til samtidsmusikk.

MEDVERKANDE

Kunstnarisk har Sjøforsvarets musikkorps vore gjennom ei rivande utvikling dei siste åra og korpset er no fast på programmet i Borealis og BrassWind i Bergen. Dei står stadig for nye urframføringar og er eit av ensembla i Noreg som verkeleg løftar fram ny norsk musikk. På Hardanger Musikkfest er Sjøforsvarets musikkorps husband for den tradisjonsrike overraskingskonserten i Fjordahallen der dei opptrer saman med utøvarar som Eir Inderhaug, Benedicte Maurseth, Thormod Rønning, Amalie Stalheim, Nils Økland, Guro Kleve Hagen, Tora Augestad, Håkon Stene, Mads Eilertsen med fleire. Det er berre å gleda seg.

INGAR BERGBY Dirigent

MUSIKARAR

Fløytist: Eivind Sandgrind Oboist: Bente Hage

118


Klarinettister: Ragnhild Villand, Bengt Florvåg, Gerd Meland, Per-Harald Molvig, Marita Elise Holme og Line Joa Tvedt Saksofonister: René Wiik, Lene Myhre Strand og Bjørn Ragnvald Strand Hornister: Stine Nermo, Brit Johnsrud og Astrid Marie Eek Fagottist: Frode Anthony Ringdal Trompetister: Hans Øyvind Lunde, Svein Henrik Giske og William Grøv Skramsett Trombonister: Sindre Dalhaug, Håvard Sannes og Tore Bryne Berg Tuba: Eirik Gjerdevik og Gunleik Gisletveit Euphonist: Tormod Flaten Slagverkere: Hogne Olai Holmås, Craig Farr og Øyvind Johansen Administrasjon: Bjarte Riseng, korpssjef René Lie, daglig leder Kate Augestad, produsent Milde Sand, teknisk produsent

119


MEDVERKANDE

YTRE SULØEN JASS-ENSEMBLE OG TRICIA BOUTTÈ

Eit av dei mest lengst-levande banda i norsk musikkliv kjem til Hardanger! I over 40 år har YSJE satt sitt preg på den norske tradjazz-scena. Dei har turnert mestaparten av verda og gitt ut heile 25 album. Gjennom åra har dei samarbeid med eit breitt spekter artistar og det lengste samarbeidet er sjølvsagt med songaren Tricia Boutté, som har vart sidan 2002. YSJE er eit band som er påvirka av, men ikkje låst til, tradisjonell amerikansk jazz. Dei lar der vere rom for personlege tolkningar og stilar, og er meir opptatt av New Orleans-musikken si ande - å underhalde, glede og ha det gøy, enn det å spele heilt stilriktig. Tricia Bouttè frå New Orleans har fått songen inn frå fødselen av. Ho har ei rik og variert karriere i amerikansk musikkliv og har vore med på innspillinger med mellom anna Allen Toussaint, Nine Inch Nails (!), D’Angelo, Aretha Franklin, Fats Domino og Public Enemy for å nemne nokon. Heldigvis har ho og fått augene opp for YSJE og er nærmast eit fast medlem der. YSJE og Tricia Bouttè, gjer to konsertar under Hardanger Musikkfest, ein med Hardangerkoret og ein på Krossvoll der dei inviterer til fest i New Oreleansk stil! Bandet består av: Sturla Hauge Nilsen – trompet Lars Frank – klarinett og saxofoner Andreas Rotevatn – trombone Einar Aarø – banjo

120


Morten Gunnar Larsen – piano David Gald – tuba Kristoffer Tokle – trommer Tricia Bouttè – vokal

MEDVERKANDE

ANNABEL GUAITA

Annabel Guaita er klassisk pianist med ei kunstnarisk doktorgrad på Fartein Valen sin musikk. Under konseptnavnet Lyttelos held ho konsertforedrag der ho formidler klassisk musikk på heilt nye måtar – så publikum får meir ut av lytteopplevinga. På Alvavoll held ho foredrag om musikk og sider i samarbeid med sommelier Janice Wang.

ARNFINN GURSLI LANGESÆTER

Arnfinn Gursli Langesæter, saxofonist frå Lofthus med mange prosjekt. Han vann «Stjerneskot-prisen» i 2017 og kjem attende til Musikkfesten for å spele for friske morgonvandrarar på Lilletopp.

PSST!

Knasande gulerøtter, tørketrommelen i kjelleren og digre anleggsmaskiner – kvardagslydar skapast om til ei heilt spesiell musikkforestilling som fengslar heile familien. Psst! (tidl. HYSJ) følger dei to trommeslagarane Øyvind-lys og Øyvind-mørk gjennom eit døgn. Det startar som ein heilt vanleg dag. Etter kvart

121


som timane går, vert skillet mellom verkelegheit og fantasi utydeleg. Vi blir dratt inn i ein transgalaktisk stjernekrig, møter ein kval som har forvilla seg inn på eit oversvømt bad, og får bli med på togtur gjennom det ville vesten. Kvardagslege ting som å ete frokost og å sjå barne-TV, vert gjort om til musikalske begivenheiter. Musikken, i samspel med de levende illustrasjonene vist på lerret bak på scena, hjelper oss med å sjå alt det spennande og fantastisk rare som skjuler seg bak ein tilsynelatande grå kvardag.

MEDVERKANDE

Sagt om Psst! i pressa: «Estetisk musikkfest for alle barn (og en hel del voksne). (..) Det ser rett og slett kjempebra ut og det er deilig å se hvordan film blir en så inkludert del.» Charlotte Myrbråten, Bergens Tidende, frå DNS 2019. «Barna jeg ser rundt meg sitter fjetret (...) og jeg er ganske fjetret selv også. Det er en fin idé utført med så god timing og så mye musikalitet at det rett og slett er veldig fengslende.» Mari Paus, ballade.no, frå Ultimafestivalen 2018. «(De) lykkes ikke bare i å skrive og fremføre et verk som engasjerer barna, de skaper førtifem magiske minutter som hele familien kan samles om og vende tilbake til.» Maja Skanding, ballade.no, frå Bajazz-festivalen 2017. Psst! er komponert og regissert av to blad Øyvind, i samarbeid med illustratør Fredrik Rysjedal. Stykket var opprinneleg eit bestillingsverk til Bajazz-festivalen i Bergen i 2017. Sidan då har Psst! blitt spelt på Ultimafestivalen i Oslo 2018, og tre veker ved Den Nationale Scene i Bergen

122


februar 2019, til overveldande god respons frå presse og publikum. Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde er to av dei mest aktive trommeslagarane i Noreg, med bakgrunn i band som Building Instrument, Erlend Apneseth Trio, Electric Eye og JUNIP (Hegg-Lunde), og Skarbø Skulekorps, 1982, Håkon Kornstad Tenor Battle og Bly de Blyant (Skarbø). Begge har motteke ei rekke prisar for arbeidet sitt. Som duo har dei jobba saman sidan 2001, og blant mykje anna gjort ei trioplate med Ståle Storløkken, samt ei rekke prosjekt for barn. Fredrik Rysjedal ein av dei mest spennande kunstnarane i Noreg om dagen. Han har nettopp fullført eit stipendiat ved Kunsthøgskolen i Bergen, der han gjer nybrottsarbeid om teikneseriar tilpassa skjerm.

CRAIG FARR

Craig Farr kjem frå Hertfordshire, i England men bur no i Bergen. Han har bachelor i både slagverk og komposisjon og høyrer til den såkalla Morten Eide Pedersen-skulen ved Griegakademiet. Den rytmiske legninga hans pregar store delar av musikken hans. Ein annan påverknad er at han like gjerne spelar med popband som Kings of Convenience som med Bergen Filharmoniske Orkester, og han bevegar seg sømlaust mellom sjangrane. Til dagleg spelar han i Sjøforsvarets Musikkorps Vestlandet (SFMK).

123


FRENDANE FRENDANE

(frende, norr. frændi, eigenleg presens partisipp av frjá ‘elske’) Substantiv frende m (Bokmål/Nynorsk), c (Riksmål) Gammalt ord for slektning, vert gjerne først og fremst brukt historisk. I samansetninger: Nokon me har noko felles med. Frendane er dei lokale heltane våre! Me er heilt avhengige av frendane for å få gjennomført festivalen på ein god måte. Me har Konsertfrendar, Billettfrendar, Artistfrendar, Transportfrendar og Riggefrendar. Alle som ein er viktige bidragsytarar for å få det heile til. Vil du verta ein av våre FRENDAR? Eller kjenner du nokon andre potensielle FRENDAR? Ta kontakt! Våre FRENDAR kjem nært innpå musikken, får eigne eksklusive tilbod om felleskap og artistmøte. Kontakt frendesjef Gisle Hamstad Haukelidsæter: mechagisle@gmail.com

124


FRENDETUR TIL BERLIN 14.–17. FEBRUAR Me treftes i Berlin torsdag ettermiddag. Dei fleste kom frå Bergen, Margit frå Madrid. Etter innlosjering i leilegheitar tilpassa dei enkelte sitt behov, var det ut på middag på Pascarella, på Titanic Hotell. Tunfisken her kan anbefalast på det varmaste. Tora, Therese og Jon Olav var allereie på plass i Berlin og tok i mot oss med begeistring. Etter middagen var det avgårde til flott konsert med Berliner Philharmoniker. Vakna til strålande solskinn og reine vårstemninga dagen etter. Nokre hadde valt å ikkje sova vekk vårnatta, medan andre var tidleg oppe for å spankulere i Berlins gater. Andre igjen ønska å få mest mogleg ut av livet, med både seine netter og innhaldsrike dagar. Lokalkjente Tora hadde sendt ut gode anbefalningar for dagaktivitetar på førehand. Marita og Kjetil tok ein båttur på kanalen, ein super måte å bli introdusert for byen på i det flotte været. Nokon hadde med ein baby som la føringar for det meste av dagen. Det var opp til kvar og ein kva dei ville gjera på dagtid og så treftes ein litt her og der for ein matbit, kaffi eller is i lag. Om ein ville det.

125


Fredag kveld var det middag og show på Bar Jeder Vernunft. Muttis Kinder var eit show der spesielt flinke utøvarar framførte slagerar på løpande bånd utan anna musikk til. Ein innertiar. Siste kvelden laga Tora og Therese til ein formidabel buffet av både varme og kalde rettar, heime hjå Tora. Her var det fri alkohol, pianospel og allsong til tidleg morgon. Nokre tok av ulike årsaker litt tidlegare kveld enn andre. Dei fleste fekk verkeleg nyte den siste vårnatta.

FRENDANE

Ein tur med noko for ein kvar smak. Ein super gjeng å reisa med. Ei unik organisering og gjestfridom av Tora. Ein tur i minneboka. Og kven veit; kanskje var dette den fyrste av fleire frendeturar?

126

Ingunn Ekkje Jåstad, Frende


«Berlin gav meg påfyll i hverdagen! Fantastiske kulturopplevelser, spennende mennesker og befriende feststemning.» Siv Hamstad Haukelidsæter «Berlin – den moderne byen med prangande arkitektur, men med dramatisk historie i kulissene. Sterk oppleving for frendane. Frendegruppe på tur gav meirsmak – og god plass til fleire i reiselaget. Willy Brandt var på Lofthus – me trur at han hadde vorte ein god Frende om han hadde vore her i dag. BERLIN IST BESSER!» Marita Aarhus & Kjetil Kvalvik «Me kom til Berlin med høge forventingar, som vart infridde! Store kulturelle og sosiale opplevingar knytte frendegruppa tettare saman.» Gisle Hamstad Haukelidsæter

127


128

FYLGJET


FYLGJET Fylgjet er Hardanger Musikkfest si veneforeining. Det fylgjet som er lovprisa mest i dikt med referanse til Hardanger, er vel dette frå «Brudeferden i Hardanger»: «thi over den grønnklare bølge, frem stiger et brudefølge» (Andreas Munch/Halfdan Kjerulf) Sidan Hardanger Musikkfest alltid arbeider med å finna gode, norske namn; tenk berre på ”Oppskåka” og Frendane, kan ikkje veneforeininga stå noko tilbake! Me lanserte difor «Fylgjet» som starta opp under festivalen 2018. Fylgjet ynskjer å samla entusiastiske og musikkelskande publikummarar som ynskjer ei tettare tilknyting til festivalen. Medlemmane i Fylgjet vil få førstehandsinformasjon om festivalprogrammet og me kjem etterkvart til å laga treff berre for deltakarane i Fylgjet. Me kan også tenkja oss nokre hyggelege og uformelle møte med nokon av artistane. Det er gratis å teikna seg i Fylgjet. Det den einskilde kan bidra med er å spreia godord og entusiasme om musikkfesten. Framsnakking i venekretsar og kontaktnett er varmt velkome! Velkomne i Fylgjet! Siri Torjesen & Marit Ystanes Vil du bli med i Fylgjet? Ta kontakt med fylgjesjef Siri Torjesen: siri.torjesen@gmail.com eller marit@ystanes.com

129


SVEVN I 2020 feirar Hardanger Musikkfest sin 25. festival. Musikkfesten vart starta opp i 1996, då konsertmeister Stig Nilsson tok med seg sine musikarvener frå Oslo Filharmoniske Orkester og hadde konsertar på Hotel Ullensvang på Lofthus. Konsertane vart ein suksess, og musikkfesten har vorte gjenteken kvar pinse etter dette.

FREISTINGAR 2020

I 2021 vert det 25-års jubileum, men før det vert det ein festival med temaet: SVEVN Svevn kan tyde søvn eller det å sove; ein medvitslaus kviletilstand når ein søv. Det kan og tyde slummer, det ein gjer rett før ein somnar. På grensa mellom dag og natt, idet alt faller til ro. Det seies at om du blir 75 år vil du bruka ein tredjedel av livet ditt på å sova. Kva skjer når me søv? Kven er me når me ikkje er vakne, når me søv, draumer, kviler og slumrar? I svevn? Ein skulle tru at forskarane visste alt om dette. Men nei, svevnen er og blir eit gåtefullt tema. Me vil sjå på Svevn som myte og korleis det har inspirert komponistar og kunstnarar til alle tider. I Stormen av William Shakespeare seier Prospero: We are such stuff As dreams are made on; and our little life Is rounded with a sleep. Vi er av samme stoff som drømmer veves av; og vårt lille liv er omringet av søvn.

130


Det er framleis usikkert kva som skjer under svevnen som gjer den til ein livsnødvendigheit, men alle dyr som er blitt forska på, døyr når dei ikkje får sove. Rotter kan ikkje gå lenger enn ca. 14 dagar utan svevn. Det er blitt antatt at hjernen under svevn kvittar seg med skadelege restar av stoffskiftet og at skadde/svekka hjerneceller blir reparert og at dagens minner blir bearbeidd og anten lagra i hukommelsen eller «forkasta». Men dette er kun ideer og det blir forska videre på temaet. Han kunne ikkje hugse han nokon gong hadde vore noko anna. Kriblinga hadde byrja nærmast ein stad inni han, som om han vart vekt frå langvarig svevn og vart gjord medviten sitt eige tilvære. Kriblinga bevega seg vidare utover og i kring han. Det skar seg ut konturar og djupe riss som til slut braut han laus. Leander Djønne I dag har me ein idé om at 7–8 timers svevn om natta er normalt. Forskarfunn tyder på at at dette er eit mønster av relativt ny dato. I mellomalderen hadde dei andre svevnmønster. Den første svevnperioden byrja eit par timar etter skumring og varte i fire timar. Så var de vakne i eit par timar, før dei sov fire timar til. Vakenperioden vart brukt til toalettbesøk, lesing, skriving, bønn, sex eller til og med nabobesøk. Kanskje blir det nattkonsertar på Musikkfesten neste år? Soloppgangskonsert? Mozart ved Morgongry? Voggeviser og stev ved solnedgang?

131


SVEVN Svevn, du hev ei himels vogge, kann du vokeverken stogge? Dagen hev til mergen hogge sine tenner i min barm. Ber meg inn i soldraumsblĂĽne austan sol og vestan mĂĽne, lat meg draumevengjer lĂĽne so eg vaknar heil og varm. Olav Nygard, 1913

132


133


FREISTINGAR 2020

Me veit alle korleis me får det etter ei natt eller fleire utan god nok svevn. Sentralt i kunstnarmyta er den kreative sjela som skaper best og mest i ein tilstand av mangel på svevn, insomnia. Men er mangel på svevn bra for kreativiteten? Marcel Proust (1871–1922) skal ha skreve mesteparten av sitt meisterverk À la recherche du temps perdu (På sporet av den tapte tid) frå sjukesenga. Boken blir rekna som hans hovudverk og vart skrive for meir enn hundre år sidan. Med På sporet av den tapte tid ville Proust formidla opplevinga av tida som flyt avgarde, opplevd innanifrå eit menneske si psyke. Han ville skildre eit menneske sitt liv gjennom forvandlingar, eg-et som stadig endrar form etter som åra går. Han var også oppteken av privilegerte augneblink som tunnelar til innsikt: «Da livet er som en eneste stor krise, kommer øyeblikk som gjør at du føler at alt er verdt det, at livet er godt å leve». Som dei gode minna me tek med oss frå livet. Dei står fram som store skattar som er verdt å kjempa seg igjennom kvardagen for. Festivalen neste år vil ha eit sterkt vokalfokus med nokre av skandinavias flottaste stemmer. Det blir mange konsertar i det intime formatet og me vil halde fram med å utforske nye konsertarenaer i Hardanger. Ingen Hardanger Musikkfest utan sterke klassiske navn og eit sterkt folkemusikkfokus. Det blir festivalpoet eller -forfattar og festivalkunstar. Konsertar som berører og tek sikte på å halda deg vaken eller vekka deg om du har somna. Velkomen til festival i 2020 og! Tora Augestad & Therese Ulvo 134


LAT OSS GLIDA INN I SVEVNEN, I DEN LOGNE DRAUMEN, GLIDA INN - TVO DEIGEMNE I DEN GODE BAKAROMNEN SOM HEITER NATT. OG SO VAKNA UM MORGONEN TVO GYLNE KVEITEKAKOR! Olav H. Hauge

135


KUNSTNARISK LEIING

TORA AUGESTAD

136

Mezzosopran Tora Augestad si allsidigheit inspirerer komponistar, regissørar, dirigentar og andre musikarar. Vokalt let ho seg vanskeleg setja i bås – som utøvar er ho fleksibel, uttrykksfull, presis, scenisk overbevisande, og med ein uvanleg personlegdom. Augestad vier seg til repertoar frå det 20. og 21. århundre og meistrar eit stort spenn av uttrykk. Sidan 2010 har Augestad samarbeida med den sveitsiske regissøren Christoph Marthaler. Augestad har sunge med ensemble som Bergen og OsloFilharmonien, Ensemble Modern og Klangforum Wien, Bamberg Symfoniker, Wdr Symfoniorchester og har våren 2019 si debut i Paris Philharmonie, Kölner Philharmonie og Elbphilharmonie med Gürzenich Orchester i ein stor uroppføring av Philippe Manoury. Augestad er fødd i Bergen i 1979 og studerte klassisk musikk og jazz i Oslo og Stockholm før ho avla eksamen i kabaret-song ved Norges Musikkhøgskole. I 2004 etablerte ho ensemblet Music for a while med eit stjernelag av norske jazzmusikarar. Dei har gjett ut 3 kritikerroste plater. Ho arbeider tett med Trygve Seim; hans Rumi Songs er skrivne for henne. Tora Augestad er ein av to kunstnariske leiarar for Hardanger Musikkfest sidan 2015. Augestad vart nominert til Nordisk Råds Musikkpris i 2015. Ho tingar jamleg nye verk og vart tildelt Norsk Komponistforenings sin pris «Årets utøvar» i 2018. Portrettplata «Portraying Passion» med Oslo Filharmoniske Orkester kom ut hausten 2018 og fekk fantastisk mottaking. Men denne plata vann ho Spellemanprisen i kategori klassisk våren 2019.


THERESE BIRKELUND ULVO

Therese Ulvo har studert komposisjon ved Norges Musikkhøgskole og Guildhall School of Music and Drama i London. Ho vert beskrive som ein utøvarkomponist: Ho skriv ikkje eit stykke for sopran, men for ein heilt bestemt sopran med eit bestemt uttrykk. Ho arbeider med mennesket, istaden for eit instrument, i tett prosess med utøvarane ho skriv for. Musikken er inspirert av andre kunstfelt, som film, tekst og lydkunst. Ho har eit nært forhold til norsk tradisjonsmusikk, der man kan finne både det mikrotonale, det rapsodiske og opne former. Musikken hennar vert mykje framført, i inn- og utland. Ulvo har vore involvert i Hardanger Musikkfest i ulike roller sidan 1999, og overtok i 2014 den kunstnariske leiinga saman med Tora Augestad. I 2019 er ho også festivalsjef for Norsic Music Days i Bodø. I tillegg til sitt virke som komponist har ho mange verv og roller i kulturlivet, mellom anna som plateprodusent. Ulvo var Rikskonsertenes intro-komponist 2011–2013. I 2015 mottok Ulvo De Unges Lindemanpris, utvald av komponist Cecilie Ore. I internasjonale Rostrum for komponistar i Wrocław, Polen, i 2016, vart verket hennar Shadows and Shields tildelt utmerkinga Recommended Works i den generelle kategorien der elleve verk frå heile Europa vart anbefalt for radiospeling i mønstringas 30 deltakarland. I 2017 vart Ulvo den fyrste av i alt seks komponistar som vart utvald til å vera del av KUPP, eit utviklings- og nettverksprogram for unge, lovande komponistar. Programmet tek sikte på at verka skal nå eit større publikum, og bringe nye norske komponisttalent ut til ein internasjonalt marknad.

137


PARTNARAR Hardanger Musikkfest takkar desse sponsorane:

PARTNARAR / ORGANISASJON

Offentlege sponsorar:

First Hotel Kinsarvik

Spar Kinsarvik


ORGANISASJON Kunstnarisk leiing: Therese Birkelund Ulvo og Tora Augestad Økonomi og administrasjon: Jon Olav Kringeland, dagleg leiar Billetsal og rekneskap: Kari Lutro Styret: Kåre Rommetveit (leiar), Bergen Solfrid Borge, Ullensvang Toralv Mikkelsen, Odda Audun Hasti, Bergen Karianne Westfal-Larsen, Bergen Fredrik Opedal, Ullensvang Ragna Sofie Grung Moe, Bergen Programbok redaksjon: Redaktør: Tora Augestad Tekstar: Geir Johnson, Tora Augestad og Therese B. Ulvo Omsetjing: Eirin Tjoflot & Guro Kvalnes Frendesjef: Gisle Hamstad Haukelisæter Festivalfotograf: Knut Utler Festivalfilmskapar: Odd Geir Sæther Grafisk design: Frö, Agnethe Fagerli

139


BILLETTKONTOR

BILLETTKONTOR

LOFTHUS RADLESTOVE radla, radle radle v1 (truleg av II ralle) prate om laust og fast, røde, svalle I fjor flytta billetkontoret til det gamle pensjonatet på Lofthus som no heiter Lofthus Radlestove. Eigedomen heiter opphaveleg Tingvoll og vart utskild frå hovedbruket i 1890. Johannes Olson bygde hus og dreiv bakeri der fram til 1914. Sonen Olav bygde om huset og opna Oppedal Pensjonat i 1935. Han var møbelsnikkar og det kan sjåast

140


på dei mange fine detaljane innomhus. Det var spisesal for gjestene i 1. etg og etterkvart kafè for bygdefolket. Einar Kristensen kjøpte huset i 1961 og dreiv pensjonatet og kafèen fram til 1984. Sidan den gong har her vore ulike aktivitetar. Mange fortel at det var her dei fekk sin fyrste softis. På pensjonatet hadde dei skjenkeløyve, men skjenkeløyve fekk ein ikkje utan tilhøyrande spiseplikt. Opedølane var nok meir tørste enn svoltne for det same rundstykket gjekk ofte ut og inn av kjøkkenet fleire gonger. Pensjonatet var ein stad bygdefolket kunne koma saman og radla. I 2019 er det musikk det skal tingast og radlast om i stovene på Pensjonatet. Velkomne til Lofthus Radlestove!

141


BILLETTINFO FORSALG

hardangermusikkfest.ticketco.events Billettar kan kjøpas direkte på Ullensvang heradshus og på tenestetorget på Odda bibliotek.

BILLETTINFO

HARDANGERPASS

Hardangerpass er eit tilbod til publikum som har bustadadresse i Ullensvang, Eidfjord, Odda og Jondal. Studentar kr 850,– Vaksen kr 1600,– Festivalpass for ikkje-hardingar: kr 2100,Enkeltbillettar frå kr 100,– til kr 400,– Epost: billett@hardangermusikkfest.no Billettkontor i festivalveka: Lofthus Radlestove (mellom Bunnpris og Krossvoll) post@hardangermusikkfest.no facebook.com/HardangerMusikk

hardangermusikkfest.no

142


143


1


2


FESTIVALKUNSTNAR & FESTIVALFORFATTAR

3


4

FESTIVALKUNSTNAR LEANDER DJÃ&#x2DC;NNE


LEANDER DJØNNE Leander Djønne (f. 1981), bur og arbeider på Grimo, Hardanger. Han har utdanninga frå Rouge filmskole/ Werner Herzog, Kunstakademiet Malmø (MA), Kunstakademia i Oslo/Bergen og Staatliche Hochschule für Bildende Künste – Frankfurt am Main. Djønne sin praksis beveger seg mellom film, tekst, foto og installasjon. Filmen Kvardagsstein er ei vandring gjennom langstrakt tid. Frå steinen vert til, til dei norrøne busetnadane på Grønland, og mysteriet rundt kvifor desse forsvann. Hvalsøy Kyrkje er den best bevarte ruinen frå dei norrøne koloniane på Grønland, og murane står framlei seks meter høge. Kyrkja vart truleg bygd på 1300-talet. I 1408 vart det halde bryllaup i Hvalsøy Kyrkje. Skildringa av dette bryllaupet er det siste Europa fekk høyre frå det norrøne samfunnet på Grønland.

5


6


KANSKJE LIGG DU GØYMD INST I GAMLE KOLDEHÒLER. KAN HENDE DU HAR FORSVUNNE HEILT FRÅ VERDA OG LIGG KJØLIG BLANT RØTER OG JORD. KAN HENDE DU ER KVITE KNOKLAR SOM VENTAR EINSAMT I TUNDRA. MOGELEG ER DU SPREIDD SOM OSKE UT OVER VIDOPNE SLETTER. KAN HENDE DU ER VEDVARANDE KALD VIND ELLER HARDPAKKA IS SOM SMELTAR LANGSAMT UT I DET ARKTISKE HAV.

7


8


9


12


Steinen kjende at det sokk litt under han i bakken. Det var som det losna litt under han. Jorda var vassdrukken og klarte ikkje ta til seg meir regn. Den siste tida var det nærmast som om jorda hadde byrja skli litt under han. Det var ei vag kjensle av friksjon mellom han, jorda og bergflata han låg pressa ned mot. Ei fornemming av rørsler mellom han sjølv og bakken han låg så djupt festa ned i. Det var ikkje mykje men nok til å pirka og kribla Steinen ørlite under den voldsame tyngda han pressa ned bakken. Steinen var grov og så svær at han heile tida låg og pressa tyngda si ned mot sjølve berget. Men den siste tida var det på eit vis byrja å losne litt rundt han. Steinen hadde kjend ei underleg kribling. Noko var i endring. Sjølvsagt var den siste tida ikkje ei vanleg tid, men Steinen si tid. Slik tid er for steinar. Det er ei langsam tid som ikkje har ei begynning eller avslutning. Det er ei tid som strekk seg i alle retningar, ei tid som bevegar seg både framover og bakover. Ei stille tid. Det er fjellet si tid, ei tid menneskjene ikkje fattar der dei klamrar seg til hastige forbigåande lagnadar og går attende til jord omtrent same stund dei kjem inn i verda. Steinen hadde sjølv vore ein del av fjellet ein gong, heilt oppe ved nuten. Han hadde vore ein fastlåst del av dei blankskurte toppane med grove skår og fjellkammar som velta seg utfor og skar seg vertikalt mot fjorden. Han hadde vore ein del av massive steinveggar som med ukueleg vilje trossa dei trugande og bitande kalde vinterstormane. Dei kvasse vindkasta som flenga omkring nuten og piska med isskarpe snøkorn var utan betyding for det veldige fjellet han ein gong hang fast i. Han hadde vore ein trygg berar av skinande kvite og vindpolerte snøskavlar som bretta seg utover langs egga hans. I vårløysinga knakk snøskavlane av mot eggane og raste ned langs fjellsida, reiv med seg snø, jord og stein vidare ned mot fjorden. Snøskavlane blei til store jord og snøskreder som øydela og braut ned skogen og

18


somme gonger knuste husa. Sjølv hadde han vore fjell og stødig. Alltid roleg betraktande. Alltid dempa og stabil. Alltid ein del av noko større og tyngre, noko meir massivt og tydeleg enn alt anna i denne verda. Han hadde vore fjell. Ein gong, det var langstrakte tider etter at fjellet steig fram frå iskappa som så lenge hadde pressa det ned, mange tider etter dette, hadde Steinen kjend den same fornemminga som greip han no der han låg tungt nedfelt i ura. Den gongen, Steinen hugsa det inderleg vel, korleis det langsamt tok til å kribla i kring han, pirra han og for fyrste gong gjere han medviten om at han hang fast i sjølve fjellet. Gjorde han medviten om at han var berar av sin eigen masse, at han var fråskilt fjellet, at han var på veg til å bli Steinen. Det var i vårløysinga at det tok til. Tidligare hadde han aldri tenkt på seg sjølv som noko anna enn det store massive fjellpartiet. Aldri kjend seg annleis eller framandgjord frå den mektige fjellveggen som ruva over fjorden. Han kunne ikkje hugse han nokon gong hadde vore noko anna. Kriblinga hadde byrja nærmast ein stad inni han, som om han vart vekt frå langvarig svevn og vart gjord medviten sitt eige tilvære. Kriblinga bevega seg vidare utover og i kring han. Det skar seg ut konturar og djupe riss som til slut braut han laus. Steinen si lausriving nytta fjellet si langstrakte tid på å verkeleggjere seg. Men då den endelege fråskiljinga inntrefte og Steinen vart frigjort frå det massive fjellpartiet og kasta vilt ned mot fjorden, oppsto ei kjensle av tidlause som kan samanliknast med korleis stjernene på nattehimmelen verker ubevegelege mens dei i verkelegheita rasar gjennom det vidopne rom med stor hastighet, at det er nettopp denne enorme avstanden til lyset frå ei utbrent stjerne som gjer kjensle av å vere her og no, at dette skjer akkurat no, sjølv om det ein ser, eigentleg eksisterte for hundretusen av år sida.

19


20

FESTIVALFORFATTAR MARIA TRYTI VENNERÃ&#x2DC;D


MARIA TRYTI VENNERØD Maria Tryti Vennerød (f. 1978) er ein av dei leiande dramatikarane i Skandinavia. Ho debuterte i 2002 og braut gjennom for fullt i 2003, då ho vann ein stor svensk-norsk dramatikarkonkurranse med stykket Frank. Sidan har ho motteke Ibsenprisen i 2005, to prisar i 100 og NÅ i 2006, og den tyske prisen Eurodram i 2014. Scenebloggprosjektet Ikkje direkte råka vart nominert til Heddaprisen i 2012. Stykka hennar er både poetiske, energiske og med engasjement for menneske og samfunn. Dei har blitt spelte på mange scener i inn- og utland, men særleg har samarbeidd med Det Norske Teatret, sist med publikumssuksessen Snøkvit på hovudscenen i 2017–18. For tida er Vennerød tilknytt Dramaten i Stockholm. Det siste stykket hennar Goliat er innkjøpt for oppføring der. Me gler oss til å presentera diktarskapet hennar under Hardanger Musikkfest.

21


TÅRNSONGEN Frå musikalen Snøkvit

Knivsegg skarp glasskår kvasst livet mitt sløvt og blasst vondt betre enn tomt Natteluft sig stille inn blafrar så stilt i ei gardin kviskrar til meg Sei meg det! Kva finst bak skogens mørke tre? Sei meg kva Kva finst bak treas mørke blad Vind, ta meg avgarde Vind, ta meg av stad!

22


EPLETRYLL Frå musikalen Snøkvit Epletryll og tryllekraft trylletull og eplesaft blåe eplet kviskrar at – Hysj hysj hysj hysj Vil du høyra det? Hysj hysj hysj hysj Skal eg seia det?

23


KVISKRA

KVISKRA GJENNOM VEGGEN GJENNOM VEGGEN Frå musikalen Jostedalsrypa Frå musikalen Jostedalsrypa Kviskra gjennom veggen Kviskra gjennom veggen Synga gjennom veggen Synga gjennom veggen Gjennom tid og rom Gjennom tid og rom Håpa gjennom tidatida Håpa gjennom Kjenna gjennom Kjenna gjennom tidatida Finst bakom Finst du du derder bakom? Vi møtest att møtest att bakVitid bak tid og rom og rom


25


VINTER Frå Skredfare (2014) Fugl sit på rim Fjør kjem ut av jakka Dunjakka lettar, før ho landar På grein

26


27


EIN SISTE HEILAGDOM Overskriving av opninga til Hamsuns Markens grøde, i samband med Hamsunjubileet i 2009 Den lange stien over myrene og inn i skogen – kven har trakka opp den? Mannen, mennesket; dei første som var her. I byrjinga var dyra. Eitt og anna dyr følgde i spora til eit anna og gjorde spora tydlegare. Sidan kom menneska. Menneska snusa opp stien, trakka i spora og stiane flaut overalt. Slik vart stiane til. Slik vart vegane og plassane til; slik vart byane til i utmarka. Overalt i allmenningen vart det trakka, overalt i allmenningen som låg der og som ingen eigde; eit herrelaust land. Kvinna kjem gåande mot nord. Ho ber på ein sekk, lik den første sekken, sekken er alt ho har att. Kvinna er grov, har nesten skjegg og små arr i ansiktet – tomter av sår, kjem dei frå arbeid eller strid? Kanskje kjem ho frå straff og vil gøyma seg, kanskje er ho fritenkjar og søkjer fred; iallfall så kjem her framleis eit menneske midt i enorme einsemda. Her er einsamt no. Her har vore trakka overalt – men no er her tomt. Ho går og går, som er ho det siste mennesket, her er stilt for fuglar og dyr. Stundom seier ho: Å nei herregud! seier ho til seg sjølv. Ho kjem over myrene og mellom dyner av støv. Ho speidar ikring. Ho vandrar ikring og leitar, ho leitar etter kva? – ingen hugsar, ho undersøkjer men veit ikkje kva, ho går i sirkel, kjem attende til eigne spor – spora er overalt. Her har vore trakka overalt. Ho tek sekken og går igjen. Det varar heile dagen, ho ser sola gå ned og det blir natt og ho kastar seg på arm i lyngen. Lyngen er svart.

28


Om nokre timar går ho igjen, å ja Herregud! ho går igjen, rett mot nord, ser sola svart i det fjerne, ho held eit måltid av sukkervatn eller kva det er. Også i dag går ho vidare, er det sjølvopphaldingsdrift eller motsett? Er det dragning mot dommedag eller frelse? Å herregud! Ho går igjen, ho kjenner noko, ein vilje, ho hugsar ikkje etter kva men noko i ho jagar. Ho basar gjennom oska, snublar men kjem seg på føtene att. Ingen ser ho der ho tørkar skiten frå auga, ingen ser at det er fånyttes fordi hendene er dekte av sot. Det sildrar i glinsande bekken. Irrgrøne sola stig opp og går ned. Svarte skyer mot gule himmelen og fargane gjer kvinna kvalm. Kva leitar ho etter, og hugsar ho at ho leitar? Ho kunne legga seg ned, kvifor gjer ho det ikkje. Kvifor gjev ho seg ikkje til giftige sumpen? Kvifor hjelper ho ikkje naturen og stikk hovudet i svovelpølen – det ville vore lett! Denne standhaftige viljen til ikkje å slutta å pusta. Denne underlege trongen til vidare! vidare! vidare. Ho vassar i gjørme. Myra slurpar etter føtene hennar, brune sola er låg og ho kastar seg på arm i stankhola – men så står ho opp att. Ho står opp. Er det slik det er? Er det slik at ho kjenner seg heime i dette framande? Ja visst har her vore pløgd, plyndra og pult. Menneska har dyrka jordlappane sine, elska jordlappane sine og drepe for jordlappane sine. Fødsel – krig – fødsel – krig – slik har menneska halde på! – men no er her herrelaust og dødt. Er det slik det er, at ho endeleg kjenner sanning? At ho har kome til ein ørken av sanning, kanskje har ho ei kjensle av at Her! Her kan eg vera. Dette kan eg forstå. Alt er som det skal vera; her er dødt! Er det dødt her? eller er her berre fråver av liv, kanskje var her aldri liv; berre ørken! eller er det faktisk gift, er det gift som er her, gift som evnar å drepa? Ho traskar gjennom støvet, om det er atomstøv eller meiningsløyse. Ho er åleine, denne kvinna, denne sterke senete kvinna, ingen ser senene lenger for ho er velfødd, feit; men ho er sterk! Ho toler einsemda godt. Ho heiter Maria. Ho er ikkje pen men ho heiter Maria, og ho har enno ikkje lagt seg til å døy.

29


BLOD PÅ HENDENE Utdrag frå manus under arbeid

Vi møttest på ein konsert. Eller rett etterpå. Vi hadde nokre felles kjende som blei ståande og prata, og Eva og eg stod berre og gløtta på kvarandre. Det eine tok det andre. Det sa pang. Det var som at det var rett, som at eg hadde rett, som i lov. Eg fekk lov. Eg kjøpte drinkar og passa på henne som ein heilt naturleg ting. Eg skal ikkje nekta for at eg begjærte henne – men eg tok det roleg. Det spesielle var at ho kjende det heilt likt. Det har ho innrømt, fleire år seinare. Frå første sekund var det noko mellom oss, noko som ikkje måtte knusa. Eg heldt ansiktet hennar i hendene mine og saug til meg av det såre blikket og berre visste. Denne kvinna vil eg bera, vil eg redda, denne kvinna vil eg eiga.

31


Å IKKJE HØYRA Scenedikt frå Scenebloggprosjektet Ikkje direkte råka. Skrive i løpet av terrorrettsaka våren 2012. Å ligga i ein sjø og ønska seg: Ein himmel full av helikopter Blått i båtar så langt du ser Å ønska seg: ikkje ro Å ønska seg: bråk Og sirener Folk som ropar namnet Mitt Sitt Å ligga på ei øy, og ikkje kunna røra seg, eg kjenner ikkje beina mine lenger Dei har blitt del av fjellet Å ikkje kjenna overgangen lenger, frå fot til fjell, eller til bekk men det sildrar Det er kaldt der nede, ved foten og fjellet; det må vera ein bekk Men eg høyrer ikkje noko På ei slette, det er stille Heilt stille, no Å ikkje høyra nokon ting; kjenna ingenting Ingen støy lenger Og månen Månen nesten heil

32


Det blir kveld, og det regnar, det regnar så tett at månen blir utydeleg Usynleg regn og regn og regn Å høyra ingenting Mobiltelefonar Høyrer eg ikkje Stemmer Høyrer eg ikkje Skrik Ulvar Høyrer eg ikkje (for eg var der ikkje) Mine eigne hjarteslag Øyresus Høyrer eg ikkje Skvulp frå båten som gnir mot brygga Skvulp frå bølgene som slår mot båten Brygga som knirkar Når båten er der Eller ikkje er der Å ikkje høyra

33


LYS (2009)

1 Det er så tomt her Eg ropar ut og det er tomt Stemma mi, mi eiga stemme Alle ord Slår tilbake Er det no, Gud, du svarar? I eit einsamt ekko? 2 Er dette din kjærleik Denne kjensla i meg Ekko av eksistens 3 Livet er ein metafor Døden er ein metafor Alt er kun bilete Alt eg ser og høyrer Lik ein straum Og du: Lik ei tolking ingen torer Tru på 4 Lik ei tolking ingen trur på, lik ei tolking ingen trur, ingen torer, inga tolking, lik ei tru som ingen tolkar. Lik ei tolking ingen trur på, lik ei tru, ingen trur, ingen tolkar ingen trur ingen torer 5 Dei seier at eg berre treng trøyst At det berre At eg berre Det er sant

34


At det berre er difor, at du ikkje kan finnast, at all trøysta eg finn i deg er:

Berre trøyst Fordi eg treng trøyst Og fordi At du trøystar meg, Gud

Dei seier at eg berre treng håp At det berre er difor, at du ikkje kan finnast, at alt håpet eg finn i deg er:

Berre håp For håpet finst

Dei seier at eg berre treng lys

At det berre er difor, at du ikkje kan finnast, at alt lyset eg finn i deg er:

Lys Trøyst Håp

35


36


37

Profile for Frö design

Hardanger Musikkfest 2019  

Hardanger Musikkfest 2019 har Vandring som tema. Kvifor vandrar me? Kva går me frå? Og kor går me til? Det vert naturvandringar i fjellet og...

Hardanger Musikkfest 2019  

Hardanger Musikkfest 2019 har Vandring som tema. Kvifor vandrar me? Kva går me frå? Og kor går me til? Det vert naturvandringar i fjellet og...