Page 1

Ein guide for folk som drøymer om å gå eit år på Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord.


Plass til deg erfare og prøve, bli flinkare, sterkare og kanskje modigare. Andre tider opp­ lever du å ikkje få alt til, men då er det dei som er rundt deg som hjelper deg vidare, og du får erfare kor viktig det er å høyre til ei gruppe. Du blir invitert inn i eit fellesskap der kristen tru er med på å prege oss. I løpet av året kjem du til å verte kjent med folk som er veldig annleis enn deg sjølv. Mange kjem du til å berre klikke med, andre kjem du til å klikke på. Men alt dette til ­saman gjer at du kjem til å bli kjent med deg sjølv på nye måtar. Visjonen vår er å sette spor under ein open himmel. Der har vi bruk for deg og plass til akkurat deg som vil vere med og bli sett spor i, og som kan sette spor hos andre. Velkomen til oss!

Har du nokon gong sete i eit klasse­ rom, sett ut av vindauget, og tenkt: «Tenk om eg kunne vore ute i staden for å sitte her!»? Det er eit veldig godt utgangspunkt for å søke hos oss. Her har vi nemleg klasserommet vårt ute. Heile året. Du får sjå årstidene ­skifte medan du er midt i dei. Nyte fargane, lyset og bålet. Du skal få ­kjenne adrenalinet pumpe i kroppen etter ei bratt nedkøyring på ski eller sykkel, og nyte kor godt det er å slenge av seg den tunge sekken etter ein lang dag ute. Det blir mange steg opp bratte lier, og mange timar i teltet. Hovudlykt, vottar, stegjern, surfebrett eller klatre­sele. Stor utsikt og den beste stemninga i lag med nye vener. Hos oss er det 9 månader utan daudpunkt! På Nordfjord folkehøgskule kjem du til ein skule der vi tek deg på alvor. Vi har flinke folk i personalet, bygningar og rom held god standard, det er god mat og mange sosiale hendingar. Vi har bevisst undervisning, og plass for tankane, draumane og planane dine. Du blir utfordra på kven du er, kva du likar å gjere, kva du tenkjer om ting, kva du trur på, korleis du vil bruke tida di og livet ditt. Undervisninga vår legg nemleg ikkje opp til at du skal sitte og ta i mot informasjon. I staden får du

Hildegunn Gjesdal Tennebø rektor

2


INNHALD - Nordfjordguiden 2017/2018

Å gå på tur er svaret! Er ikke så ufattelig nøye hva spørsmålet er.

4 KLASSEROMMET

Nordfjord er den perfekte læringsarena.

6 OPE KONTORLANDSKAP Lærarar fortel om sine favorittar.

#nordfjordfhs #friluftslivskulen #dinaelisabet

10 HEIM Denne skulen er ein heim, denne heimen er ein skule.

17/18

12 KART Bygg og fasilitetar på friluftslivskulen. 14 GROVSYKLING Fulldempa ned frå Haugsvarden.

32 MEIR ENN FRILUFTSLIV Valfag og prosjektveker.

35 VASKEMASKINBISTAND Innsamlingsaksjon til sjukehuset i Okhaldhunga.

21 LINJENE

Ti friluftslivlinjer. Finn di.

34 GULE SIDER Bygda, pengar, søknad og anna nyttig info. 18 FELLESTUR Med

Statsraaden til Shetland.

3


NORDFJORD - Den perfekte læringsarena

Klasserommet

Turistnæringa marknadsfører den geografiske destinasjonen Nordfjord med slagordet ”alt i ein fjord”. Det er ganske bra sagt. Du kan sjå på Nordfjord som eit stort og innhaldsrikt klasserom.

YTTERST

Stad ligg så langt mot vest som det er mogleg å kome i Norge. Her slår havet inn over sandstranda, og lagar surfebølger du kan bryne deg på.

4


NABOEN

Side om side med Nordfjord ligg Sunnmørsalpane. Bilde av Bladet har du sikkert sett før. Neste gong er det du som står på toppen.

INNERST

Inst i Nordfjord ligg breane og dei høgaste fjelltoppane. Du lærer å ferdast i blåisen, og korleis du kjem deg til topps her i livet.

MIDT I SMØRAUGET

Rett utanfor døra ligg Gloppefjorden, skogen, ­gapahukane, sykkelstiane, og fjelltoppane. Ein treng ikkje å reise langt når ein bur midt i smørauget.

5


TOMMEL OPP - Ord frå lærarane

Ope kontor­landskap Jon Kjetil Fossli

Det er fasinerande å sjå når ­rolege dønningar som rullar inn mot land endrar seg til energifulle bølger i det dei treff sandbankane. Kjensla av å ”temme” desse kreftene på surfe­brettet er enorm. Det er kult å sjå eit konsentrert an­ sikt som mot slutten av bølga endrar seg til eit breitt smil og finn andre surfarar å juble ­saman med.

Likeverdig turkamerat, inspirerande forbilde og ansvarleg vaksen. Å vere lærar på Nordfjord er ikkje for kven som helst.

Magny Barmen

Noko av det eg likar best med jobben min er å få vere med å legge til rette for at ungdom, med ulike ut­ gangspunkt, opplever glede og mestring i møte med friluftsliv, internatliv og andre ungdommar. Eg blir stadig imponert over elevar som sprenger grenser, knyter nye vennskap og løyser gamle band! Folkehøgskule er ein fantastisk arena for å skape mestringsopplevingar!

6

Annichen Iwarsson

Breen ligger blå, dalen er fylt av ­høstens fargedrakt og over is og snø­ en venter toppen på deg. Ismasser som har vært med på å forme Norge, som du nå får være på. Enorme kref­ ter som fortsatt beveger seg gjennom fjell for å komme seg ned til fjorden. Veien må du finne selv, og det kan være alt fra flat vidde, høye istårn og snø til dype sprekker, et evig farge­ spill og det er din oppgave å komme deg trygt gjennom labyrinten.


Per Momrak, Avdelingsleiar friluftsliv

Alt vi gjer skal vere trygt! Det ­handlar både om våpenhandtering på jakt, og elles i alt vi gjer. Når vi driv friluftsliv skal det vere utfordrande, spennande og vilt – men uansett skal det vere sikkert. Vi som jobbar på skulen kan faget vårt, og vi skal lære det vekk på ein god måte. Vi skal vere trygge og gjere elevane våre trygge.

Erlend Aunevik

Det er utruleg digg å kunne tilby elevane så gode klatreforhold - både inne og ute! På skulen er det buldre­ rom, og på Sandane er det ein flott innandørs klatrevegg. Ei mil unna, på Sageflåten, er Norges kanskje flottaste klatrefelt for nybegynnarar, og ein liten sykkeltur frå skulen ligg klatrefeltet på Varbufjellet. Og så er det berre ein time i bil til eit av dei mest kjende klatrefelta i Norge; ­Beachen i Stryn. Glimrande for elev­ ane – og glimrande for meg!

Eivind Nilsen

Alt er mykt og dypt. Skia flyter og jeg fryser i kinna av snøen etter forrige fall. Ingen fare for å slå seg i dag. Vi kikker over kanten, tør jeg dette? De andre heier, og jeg prøver. Det kiler i magen og med et dump mykt fall så er jeg midt i det hvite. Jeg har ikke sjans til å stå, men de andre jubler likevel. Jeg jubler med! Lars-Ove Eikje

Den roen man får på langtur er det beste. Mobilen er for lengst slått av, klokka ligger nederst i pulken og døgnrytmen lever sitt eget liv. Kun den lave midnattssola inn teltdøra hinter om hvilket klokkeslett verden rundt oss lever etter. Heldigvis tren­ ger vi ikke ta hensyn til verden rundt oss. Det er bare naturen og oss, i 10 dager til. Herlig! 7


8


SOVE UTE

På rommet ditt står ei god seng, men ingenting slår ei natt i teltet eller under open himmel.

9


HEIM/SKULE

Velkomen heim Dei sa det allereie tidleg på 1900-talet, då Nordfjord folkehøgskule starta. ”Skulen er ein heim”, sa dei. ”Og denne heimen er ein skule”. Slik er det, også i 2017.

Heime får du vere den du er. ­Heime har ikkje alle like meiningar, men alle blir respekterte for dei meiningane dei har. Heime bidreg alle for at det skal vere ein god plass å vere. På Nordfjord folkehøgskule bur dei aller fleste elevane på dobbelt­ rom. Og på tur er det tre eller fire i teltet. Du lærer å leve tett på. Vi håpar du vil merke at den ­kristne trua pregar kvardagen på skulen, men du treng ikkje vere kris­ ten for å vere elev her! Vi ynskjer å

vise kva vi står for, men samtidig ha stor respekt for tankane dine. Året ved friluftslivskulen er ­starten på noko nytt. Starten på ditt eige sjølvstendige liv, der du vel kva som er viktig. Starten på nye ven­ skap, venskap som varer. Du møter folk som deler friluftsinteressene dine. Du møter lærarar og medelevar med ulik bakgrunn, meiningar og livssyn. Du møter deg sjølv. Det du lærer aller mest på friluftsliv­skulen, er å vere menneske.

10

1 Her ligg Nordfjord folkehøgskule. Bokstaveleg talt mellom bre, fjell og fjord. 2 Bollebakst på internatet er ein sikker suksess. 3 I felleskapet rundt bålet møter du folk med ulik bakgrunn, meiningar og livssyn. Her oppstår venskap som varer.


1

2

3 11


SLIK SER DET UT - Bygg og fasilitetar

Sjøen

kyrkja

Rom for alle

Nordtun

Sandvolley-bane

Mot E39

På Nordfjord folkehøgskule er det mange rom – både inne og ute.

Sørtun

Ekstremt bratt bakke/ veg. Fører til sjøen.

Grasbane

Badstu

Midttun

Sykkelskur

Søppelstasjon

Matsal

Smia

Nytun Gymsal Hovudinngang

Bålhus

Kontor

Vesttun Kapell

Buldrebu

BuMidtvest ldrebu: turkjøBibliotek kken, kajakklager

bibliotek

Vesttun og Søppelstasjon Midtvest Kap ell Kontor

Bålhus

Badestamp

Hoved- Midttun inngang

Smie og sløyd

Nytun

Kjøkken og matsal

SøSykkelskur ppelstasjon

Gymsal

Sørtun

Grasbane Bratt gangveg til kyrkja og sjøen

Her går vegen opp til E39.

Badestamp

Nordtun, stippehus 12

Sandvolleyballbane

Lag


På sandvolleyballbana er det alltid sol og sommar.

Sørtun Internat, 20 rom Den store grasbana utanfor Sørtun kan brukast til mange aktivitetar. Som for eksempel å slappe av.

Midttun Internat, 22 rom

Buldrebu Her finn du turkjøken, lager for telt, lavvo, kajakkar, breutstyr, skistall og terrengsyklar, og nokre fine buldreveggar.

Nytun Internat, 10 rom

Når skyene flokkar seg og kvelden blir mørkare og bålet lyser i bålhuset – då er det godt å vere menneske.

Midtvest Internat, 5 rom

Bade­stampen Når ein varm dusj ikkje er nok - nokre elevar må vi sette på kokevask.

Nordtun I det gamle rektorhuset regjerer no stipendiatane. 13

Vesttun Internat, 15 rom

Smia Smiing, kniv­ making, karve­skurd og kajakkbygging for dei som vil oppdage hand­verkaren i seg.


STISYKLING

Grovsykling

14


Det er eksotisk å sykle opp på eit fjell. Og minst like eksotisk å sykle ned att. Grovsykling, kallar vi det her i Nordfjord.

15


STISYKLING

Nokre elevar har prøvd stisykling før, men veldig mange har ikkje tenkt ­tanken. For grovsykling er ikkje nødvendigvis slikt ein går å tenkjer på m ­ ellom skule, ettermiddagsjobb og fotball­trening. Men så kjem du til Nordfjord. Du lånar sykkel og sikkerhets­utstyr, lærer teknikkar og balanse, får innføring i reglar for ­ferdsel i utmark, og deretter hand­ lar det om utsikt, fart, breie smil og ­adrenalin i store dosar. Haugsvarden ligg rett bak skulen. Lokale sykkelentusiastar har bygd stiar på dugnad, og stiane svingar seg elegant oppover, nedover og bortover. Når du kjem på toppen har du utsikt. Skikkeleg utsikt. Litt av ei belønning. Og sykkelturen nedatt er belønning opphøgd i andre.

Sjitt banditt, terreng­ sykling e kult! En syrefæst uten like, der låran brenn og kolsen meld sin ankomst, men lika væll så sjukt arti! Våkna tell skoidda og regn og va lite gerra på sykkel, men FY så deilig, artig og freskt!!!

Frå 2016 har vi 15 fulldempa terreng­ syklar som står klare i sykkelstallen på skulen. Det betyr at ei heil klasse kan ha terrengsykling som fag – med topp utstyr.

#nordfjordfhs #fhsliv #ragnhildbhjelle 16


17


FELLESTUR - til Shetland

Statsraad Lehmkuhl Heilt i starten av skuleåret seglar vi frå Nordfjord til Shetland. Alle elevane er med, og det er ein knallstart på året der du lærer namn og blir kjent med dei andre. 2

1

Det er noko eige å ta på seg den tjuk­ kaste tjukkegensaren, den gulaste regnjakka og den varmaste hua, og der­ etter mønstre på seglskipet Statsraad Lehmkuhl. Det er noko eige å sove i hengekøye midt på dagen, stå rorvakt midt på natta, sjå hav på alle kantar, og høyre kapteinen synge shanty. Det er noko eige å dra i eit tau sa­ man med 15 andre, å sjå at segla går til topps, og kjenne at båten krengar og farten aukar. Det er noko eige å vite at det er bå­ ten, seglet, vinden, mannskapet og medseglarane som i fellesskap gjer at båten går framover. Det er noko eige å reise miljøvenleg og ha det så fint på same tid. 18

3 1 Himmel og hav. Og ferske sjøulkar. 2 Høge høgder og breie smil i riggen. 3 Frivakt. Med innlagt tenkepause. 4 Slik smiler du når du får stå til rors på Statsraad Lehmkuhl.


4

19


UTSTYR - Ingen grunn til å blakke seg

Ha litt sjølv, lån resten Det finst ingen fasit når det gjeld utstyr, men vi syns du skal tenke på tre ting: Behov. Miljø. Pengar. Telt, lavvo, kajakk, kano, kokeutstyr, øks, kite, surfebrett, klatretau, klatresele, stegjarn og isøks har skulen. Pluss mykje meir. Det treng ikkje du ta med. Det du treng, er kle og sko, sovepose, liggeunder­ lag, ski, sykkel og anna personleg utstyr. Vi er ikkje så opptekne av type og merke, det viktigaste er at det passar behova di­ ne.Ta med det du har frå før, kjøp gjerne brukt, eller lån utstyr frå familie og vener. Det er ikkje slik at du treng nytt utstyr for å drive med friluftsliv! Læraren din gjev konkrete tips om kva utstyr du treng, og er klar for spørsmål gjennom heile året. Om du har ein sovepose som er passeleg vår og haust, men ikkje når det er kaldt og snø, så kan du kjøpe ein lett og liten i tillegg, så brukar du begge når det er kaldt. Eller du kan låne onkel sin tjukke sovepose som han likevel aldri brukar. Du treng sykkel til å frakte deg sjølv til klatrefeltet, til naustet og til smågodt­ hylla på butikken. Du treng altså ingen spesiell type – den må berre ha to hjul og ramme, og så er du klar. Når du og linja skal drive med stisykling, brukar de sku­ len sine fulldempa terrengsyklar. Ski er så mangt. Det er ulikt frå linje til linje og person til person kva ski du treng. Kontakt gjerne linjelæraren. Om våren er det ofte gode tilbod på ski viss du treng nye – og forøvrig er finn.no ein glimrande skibutikk.

20


Linjefag

TI FRILUFTSLIVLINJER Å VELGE MELLOM

22 AKTIVITET Toppturar, kajakk, klatring, surfing, kiting, Jostedalsbreen på langs.

27 NORSKE EVENTYR Høgt og lavt

23 EKSPEDISJON Skitur på

28 SKI OG SURF Surfing på Stad,

­ valbard, hausteventyr, brekurs, S tinderangling.

elvepadling, pudderjakt i Norge, tinderangling.

24 FJELLSPORT Skiveke/Høgruta i Jotunheimen, naturleg klatring, brekurs, kiting.

29 VIND OG VATN Surfetur til Indonesia/Bali, elvepadling, klatring, toppturar.

25 JAKT OG FISKE Hjortejakt, villsvin-, sel- og gåsejakt, klatring, toppturar.

30 BU OG FRITID Mat på bål, fjellturar, kystfriluftsliv, bu- og arbeidstrening.

26 KRIK Studietur til Indonesia/Bali, elvepadling, terrengsykling, toppturar.

31 VEGLEIING Friluftslivlære, miljø­

i Lofoten, vintertur i Jotunheimen, surfing, brekurs.

arbeid, leiartrening, spesialpedagogikk.

På alle linjene får du Segltur med Statsraaad ­Lehmkuhl, førstehjelpskurs, vandretur om hausten, havkajakk, skredkurs, skiveke i Hemsedal, toppturar haust og vinter, snøholetur, klatring, pilegrimsvandring + mange valfag og prosjektveker.

21


LINJEFAG

AKTIVITET

Mykje vil ha meir

Nokre gongar treng du ­ikkje velje.

Dette får du på Aktivitet

Her er turmiksen for deg som vil høgt og lågt. Som vil ha det meste av det beste innan friluftslivet. Gutar og jen­ ter: Vi har gleda av å presentere ei linje med mykje innhald, mange turar, tett program. Som klatring i fjell, vandring på bre, padling i elv, surfing på Stad, skiturar i vinterfjellet, kryssing av ­Josten og offpistekøyring på Sunnmøre. Denne linja reindyrkar variasjonen. Du får skredkurs den eine dagen, isklatring den andre og kiting den tredje. Her treng du ikkje velje bort noko. Her vel du alt på ein gong.

Toppturar haust og vinter. Klatring. Havkajakk. Tinderangling. Surfing på Stad. Bretur. Segling/kystveke. Elvepadling. Kiting. Isklatring. Jostedalsbreen på langs. Padling i Nærøyfjorden. Vandretur om hausten. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skileik. Skredkurs. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Vintertur. Åleinenatt. Pilegrimsvandring.

22


LINJEFAG

EKSPEDISJON

Dei lengste turane

Ekspedisjon! Eit ord lada med for­ ventningar, med spenning, med Roald Amundsen, med Cecilie Skog, med Mount Everest og Sibir. Eit forlokkande ord, ikkje sant? Ekspedisjonar handlar om å reise frå det kjende og inn i det ukjende saman med folk du stolar på. Saman med folk du vil dele opplevin­ gar med. Saman med gode vener. Hos oss skal du på lengre ekspedisjonar til tre av dei mest alpine fjellområda i lan­ det vårt: Svalbard, Sunnmørsalpane og Jotunheimen. Du kan sjå fram til bre, skredkurs og klatrekurs, padling og­ ­ikkje minst; ei lang rekkje overnattin­ gar i telt og under open himmel. Dette året vil krevje mykje av deg. Er du klar? 23

Dette får du på Ekspedisjon Skitur på Svalbard (10-12 dagar). Hausteventyr (8-10 dagar). Langtur i vinterfjellet (6-8 dagar). Brekurs. Klatring. Havkajakk. Tinderangling. Kite/surfing. Toppturar haust og vinter. Vandretur om hausten. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skileik. Skredkurs. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Vintertur. Åleinenatt. Pilegrimsvandring.


LINJEFAG

FJ E L L S P O R T

Eit år med utsikt

Dei likar å bli brukt. Og dei bryr seg

Dette får du på Fjellsport

slett ikkje om du er fersk eller erfaren. Fjell treng folk - og folk treng fjell. Difor skal vi vere på fjella og rundt fjella. Kly­ ve og klatre. Sykle stiane og padle elva­ ne. Teste grenser og likevel vere trygge. Smile breitt frå toppen av klatreruta. Nyte vinterdagane med ski på beina. Sette svingar i urørt snø. Tenne bål og oppleve stilla ved foten av fjellet.

Skiveke/Høgruta iJotunheimen. Klatretur til Fontainebleau i Frankrike. Sportsklatring. Brekurs. Toppturar haust og vinter. Tinderangling. Buldring. Isklatring. Surfing. Kiting. Innføringskurs naturleg klatring. Terrengsykling. Elvepadling. Vandretur på hausten. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skileik. Skredkurs. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Vintertur. Førstehjelpskurs. Åleinenatt. Pilegrimsvandring.

Vi skal gløyme tida. Vi skal ut.

24


LINJEFAG

JAKT OG FISKE

Fulltreffar

Det er vilt i vest. Difor kan vi ønskje deg velkomen til eit år med jakt. Du skal jakte på rype, hare, rev, villsvin og hjort. Du skal jakte på den gode kjensla. Du skal leve med teltet og rifla og heile villmarka som din nye heim. Du skal sette ut feller, fiske med fluge og garn, slakte og tilberede. Men ikkje berre det. Du skal få prøve deg på anna friluftsliv: spennande skiturar, vakre fjelltoppar og bratt klatring. Kort sagt: velkomen til eit vilt år.

25

Dette får du på Jakt og fiske Rype-, hare- og skogsfugljakt 8-10 dagar. Hjortejakt. Revejakt. Gåsejakt. Seljakt. Villsvin- og beverjakt i Sverige. Innlandsfiske. Havfiske/segling. Kano/ kajakk. Klatring. Toppturar. Skredkurs. Basistur haust. Førstehjelpskur. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Segltur med Statsraaden. Kokelagstur. Vintertur. Åleinenatt. Skileik. Pilegrimsvandring.


LINJEFAG

KRIK

Eit fartsfylt år

Det er plass til mykje ­mellom ­h­immel og jord! Eit heilt folkehøg­ skuleår, for eksempel. Fylt av akro­ batikk, beachvolley, terrengsykling, surfing, kiting, elvekajakk, klatring, fjellturar, skikøyring, teltliv, sprakande bål og stille morgonar. Det er idretts­ hall og klatrevegg, fjord og fjell. Og ikkje minst gode vener. KRIK står for Kristen Idretts­kontakt, ein kristen organisasjon som har ­fokus på idrett, friluftsliv, ungdom og tru. På KRIK-linja vår her på skulen ­konsentrerer vi oss nettopp om dette. Som KRIK-elev får du eit år der du vil vekse på mange måtar, og du får leiar­ trening og undervisning om kristen tru. Dette er året for friluftsliv, idrett, Gud og menneske.

26

Dette får du på KRIKlinja Studietur til Indonesia/Bali. Klatring. Elvepadling. Vandretur om hausten. Bretur. Surfing på Stad. Terrengsykling. Beachvolley. Fotball. Akrobatikk. Leiartrening. Toppturar haust og vinter. Kiting. KRIKlinjesamling. Skredkurs. Skikøyring i Sunnmørsalpane. Åleinenatt. Skiveke i Hemsedal. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Snøholetur. Pilegrimsvandring.


LINJEFAG

NORSKE EVENTYR

Det beste

Etter dette året kjenner du Norge.

Dette er Norske eventyr

Du har opplevd fjella. Du har padla mellom øyane. Du har gått på breane og segla på fjordane. Det er ein unik sjanse til å bli kjend i eige land. Til å oppleve natur og vêr, landskap og kon­ trastar, kjende attraksjonar og skjulte perler, turvener og fellesskap. Det er det beste av Norge og det beste av fri­ luftsliv.

Kystfriluftsliv og havkajakktur. Høgt og lavt i Lofoten (surfing, toppturar og lofotfiske). Toppturar på ski. Surfing på Stad. Skitur gjennom Breheimen og Jotunheimen. Jostedalsbreen på langs. Segling i Nordfjorden. Via ferrata Loen. Vandretur om hausten. Hundekøyring i løpet av vinteren. Toppturar haust og vinter. Klatring. Brekurs. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skileik. Skredkurs. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Vintertur. Åleinenatt. Pilegrimsvandring.

Eit år på oppdagingsreise i eige land.

27


LINJEFAG

SKI OG SURF

Eit år med fri flyt

Det handlar om å flyte. Om å vere på toppen av elementa. Om å finne den rette kjensla i laussnøen ned frå kvasse vestlandsfjell. Eller blant bølgjene ute i Hoddevika ved Stad. Du skal ut og leite etter den rette balansen. Ut og leite et­ ter dei største opplevingane. Du skal på roadtrip, på leit etter pudderparadis i heile Norge. Du kan ikkje surfe gjennom heile li­ vet. Men du kan surfe gjennom eit heilt skuleår i Nordfjord.

28

Dette får du på Ski og surf Surfing på Stad. Pudderjakt. Toppturar haust og vinter. Bretur. Tinderangling. Havkajakk. Elvepadling. Klatring. Segling. Skikøyring i anlegg. Toppturveke i Romsdalen. Vandretur om hausten. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skileik. Skredkurs. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Vintertur. Åleinenatt. Pilegrimsvandring.


LINJEFAG

V I N D O G V AT N

Ein heilt annan fartskontroll

Vind og vatn er dei mest farts­ fylte elementa. Dei gir dei sterkaste opplevingane. Fordi naturen er på sitt aller sterkaste. Vindfulle dagar heng du i riggen om bord i ein seglbåt. Eller etter ein kite på Stryne­fjellet. Regnvérs­dagane fyller opp padleelvane på Voss. Varme solskinsdagar lokkar med bølgje­surfing. Og under vassflata ­ventar ei annleis verd. Tenk deg ein kvardag med ferskvatn, saltvatn og ­tørre snøkrystallar. Eit år med rein ­natur og rein moro. Eit år med wetlook og bakoversveis.

29

Dette får du på Vind og vatn Surfetur til Indonesia/Bali. Snorkling. Klatring. Segling/ kystveke. Hav­kajakk. Toppturar haust og vinter. Elvepadling på Voss. Surfing på Stad. Tinderangling på Sunnmøre. Kano. Kiting på snø. Vandretur om hausten. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skileik. Skredkurs. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Vintertur. Åleinenatt. Pilegrimsvandring.


LINJEFAG

BU OG FRITID

På eigne bein

Nye vener. Nye aktivitetar. Nye ­erfaringar. Som elev på Friluftsliv/Bu og fritid er du ein del av eit inkluderande fellesskap. Når du er på skulen og når du er på tur, har du mange ungdomar å dele opplevingane med. Du får lære å kle deg til tur og vere mykje ute. I tillegg til friluftsliv, vil du lære at her som andre stadar, er det lurt å vere på rett plass til rett tid. Du får ansvar for å halde rommet ditt reint, ryddig og koseleg. Du vil fort erfare at skitne klede ikkje blir reine av seg sjølv. Du har fri kvar ettermiddag, men får tilbod om aktivitetar som riding, klatring, basseng og bibliotek. Dei tilsette ved folkehøgskulen vil passe på at du får den hjelpa du treng. Dette året vil bety mykje for deg, og for alle oss andre som blir kjende med deg.

30

Dette får du på Bu og fritid Turdagar med mat på bål. Fjelltur. Skitur. Overnattingsturar. Kystveke med krabbefiske. Fisking i sjø og ferskvatn. Klatring. Idrettsaktivitetar ute. Aktivitetar i gymsal. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Arbeidstrening. Enkel matlaging. Romvask. Personleg hygiene. Sosial trening. Skiveke i H ­ emsedal. Norsk/data. Pilegrimsvandring. Snøhole. Rotur med gamle bruksbåtar. Elevkveld som vi arrangerer for resten av skulen.


LINJEFAG

VEGLEIING

Når eitt år ikkje er nok

For nokre blir ni månader i Nordfjord for lite. Dei vil ha meir f­ riluftsliv, og fleire utfordringar. Går du på Friluftsliv/Vegleiing er du stipendiat på skulen. For å få plass på denne linja må du ha eit år med friluftslivutdan­ ning frå folkehøgskule eller tilsvarande bakgrunn. Som stipendiat får du praksis som vegleiar for andre elevar på tur, du er med i det sosiale miljøet på skulen på ettermiddags- og kveldstid, og du er assistent og støttekontakt for elevane på Bu og fritid. Du får undervisning og rettleiing, og personalet gir deg tett oppfølging. Før skulestart får du bre­ kurs, og i løpet av året får du eigne kurs i bre/klatring, skred og skiinstruksjon. Eit år der du gir mykje av deg sjølv. Og får uendeleg mykje tilbake. 31

Dette får du på Vegleiing Friluftslivlære. Miljøarbeid. Assistent/støttekontakt. Pedagogikk. Spesialpedagogikk. Leiarutvikling. Personleg utvikling. Gruppeprosessar. Leiingsteori. Skredkurs. Brekurs. Klatrekurs.


VALFAG

Meir å velge Det er du som vel kva linje du vil gå. Og ­ikkje nok med det, i løpet av året får du velje ­mellom 50 valfag du vil fordjupe deg i. Og så kjem ­prosjektvekene på toppen: Fire veker med ­eksklusive opplevingar i løpet av året.

Valfag Tenk deg for ein unik sjanse du har til å komponere akkurat det året du vil ha. Bunken med valfag på Nordfjord folke­ høgskule er stor og tjukk, vi nemner:

Vi sto opp 0530, spiste høydemeter til frokost og kunne nyte soloppgangen på 1400 moh.

Allidrett. Ballspel. Barmarkstrening. Buldring. Båtførarkurs.Ekspedisjons­ trening. Fotball. Foto. Gitar. Havkajakk. Hybelkokk. Idrett. Jesus-dojo. Jegerprøve. Kajakkbygging. Keramikk. Klatring. Knivmaking. Kor. Kristen tru og liv. Kristendom. Langrenn. Longboard. Mat i det fri. Musikk. Praktisk filmproduksjon. Segling. Skred fordjuping. Slakk line. Smiing. Terrengsykkel. Topptur. Trearbeid. Utstyrslaging. Volleyball. Yoga.

#nordfjordfhs #topptur #fjelltroll #fhsliv #utno #dinaelisabet

32


PROSJEKTVEKER

Når det uler og regner ute, tøyet er vått og kroppen kald og hjortene fortsatt lever like godt, er det fantastisk å kunne varme seg rundt bålet #nordfjordfhs #fhs #hjortejakt #jaktogfiske #themomraks #kvidberg

Prosjekt­veker I prosjektvekene er timeplan eit framand­ord. Då er det store enkelt­ prosjekt i ei heil veke, og du kan for ­eksempel delta i revy, dykking, tradisjonsmatlaging, toppturar, jakt, ­praktiske byggeprosjekt, bibelskule, treningsleir, ­kystveke, vinter-telttur eller klatring i Frankrike.

Prosjektveke i desember, velg mellom: Trearbeid/longboard. Treningsleir. Kystveke. Dykkarkurs. Jaktveke. Julebakst/juleverkstad. Utstyrslaging. Bibelskule. Kajakk. Prosjektveke i november, velg mellom: Revy. Praktisk uteprosjekt. Din tur. Kajakkbygging. Kurs i teikning og måling. Klatring i Frankrike. 33

Prosjektveke i mars, velg mellom: Toppturar. Vintertur med telt. Kiting. Kystveke. Skianlegg i Norge.


Meir å vite Vaskemaskinbistand

På eit sjukehus i Nepal har dei nettopp fått ny vaskemaskin. Faktisk den første vaske­maskina dei nokon gong har hatt. Ein aldri så liten ­revolusjon, altså. Kvart år samlar elevane på Nord­ fjord folkehøgskule inn fleire hund­ re tusen kroner til vedlikehald og utstyr på nettopp dette sjukehuset i landsbyen Okhaldhunga. Sjuke­ huset får stadig fleire pasientar, dei byggjer nye rom og operasjons­ stover, og pengebehovet er nærast ubegrensa. Når elevane her på Nordfjord arrangerer bistandscasino, bis­ tandskafé, bistandsløp og bistands­ bilvask, er det eigentleg mest moro. Men for sjukehuset i Okhaldhunga er det så mykje meir. Pengane er livsviktige. For bistandspengane kan dei for eksempel kjøpe noko så enkelt, og så viktig, som ei vaske­ maskin.

Du treng ikkje ha mykje friluftsliver­ faring for å søkje på Nordfjord folke­ høgskule, men du må like å vere ute, like å vere på tur, og ikkje minst like nye utfordringar. På skulen er det plass til 135 elevar, fordelt på 10 linjer. Gjennomsnitts­ alderen er ca 20 år, og dei siste åra har det vore like mange gutar og jenter. I løpet av året blir det minst 40 over­ nattingar i telt, hengekøye, båt, lavvo, hytte eller under open himmel. Skulen er stor og har mange rom, vi nemner smie, tresløyd, vektrom, gym­ sal, badstove, syrom, og ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg. Vi har òg vedfyrt badestamp, sandvolleyballbane, bålhus og gapahukar i skogen og ved fjorden. Rett nedanfor skulen har vi naust med eigne båtar.

Pengar. Eit år på Nordfjord folke­ høgskule kostar ca 112.500 kroner. Dette varierer litt frå linje til linje og kva valfag og prosjektveker du vel. På friluftsliv­skulen.no/okonomi kan du finne ut meir nøyaktig kva året ditt vil koste. Alle norske elevar kan søkje lån gjennom Statens lånekasse via nettsi­ dene deira www.­lanekassen.no. Når du har fullført skuleåret med minst 90 % frammøte, blir ca. ein tredjedel av lånet gjort om til stipend.

Bygda. Også bygda har mykje å by på. I tillegg til rein natur er det preparerte skiløyper og skitrekk. På Sandane, 6 km frå skulen, er det kunstgrasbane, og ikkje minst ein stor idrettshall som du og dei andre elevane får stor glede av. Mellom anna er det eit flott svømme­ anlegg og ein stor klatrevegg. I tillegg er der vektrom, løpebane, tre handball­ baner og eigen turnhall. Vi nyttar oss av dette anlegget både i undervisninga og på fritida. Alle elevane får årskort til idrettshallen, det betyr at de kan klatre og bade så mykje de vil gjennom året. 34

Fellesturen med Statsraad Lemkuhl er inkludert i skulekostnadane.


Annonseguide for Nordfjord folkehøgskule friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

Skulen har ei eiga Colin Archer-skøytesom vi har døypt Medvind.

Søknad. På nettsidene våre, friluftsliv­skulen.no, finn du søknadsskjema. Vi har ingen ­søknadsfrist, men startar opp­ taket 1. februar. Dei siste åra har skulen vore heilt full, og ­enkelte linjer er ekstra populære. Det er med andre ord lurt å søke tidleg.

Ansvarleg redaktør: Hildegunn Gjesdal Tennebø Prosjektleiar: Odd Harald Halse Design: Innoventi Opplag: 8000

Sentralt. Det er kanskje å ta litt hardt i å seie at Nordfjord folkehøgskule ligg sentralt. Men: Det er berre 4 kilometer til Sandane luft­ hamn Anda. Og frå flyplassen kan du fly direkte til Oslo og Bergen. 300 meter frå skulen ligg E39, og der kan du gå på ekspressbussar til Oslo, Trond­ heim, Ålesund og Bergen. Skulen ligg 6 km frå Sandane sentrum.

Foto: Stian Gustafsson: Side 1, 2 (rektor), 4 (surf), 5, 6 (Magny og Jon Kjetil), 7 (Eivind), 14, 17 (solnedgang), 20 (ski), 21, 26, 28 (ski), 29 (ski og kajakk), 32 (Jan i motlys og mat), 34 (Statsraad Lehmkuhl), 36. Heidi Medgard Oskam: Side 2 (landskap), 22 (kano). Vegard Haugland: Side 3 (i naustet), 18 (bilde nr 1 og 3), 32 (volleyball). Henning Skjelbreid: Side 3 (to i motlys), 19. Hans Græsli: Side 4 (på Haugsvarden), 16 , 17 (Bendik). Cecilie Andvig: Side 6 (Annichen). Matias Myklebust: Side 7 (Erlend), 31, 34 (Colin Archer). Oddvin Agnalt Østmo: Side 7 (Lars-Ove), 13 (i smia), 23 (telt). August Toven Gautun: Side 8, 20 (hausttur), 27 (stor sekk). Sigurd Toven Gautun: Side 11 (bål), side 13 (bålhuset), 23 (bål). Jon Kjetil Fossli: Side 11 (skulen), 29 (surf). Maria Sirevåg Wilhelmsen: Side 11 (bollar). Ruth Sofie Hillesund: Side 13 (grasbana). Odd Harald Halse: Side 13 (skulebygningar), 33 (kajakkbygging og malekurs). Harald Undheim: Side 13 (volleyball), 35 (fem elevar). Lars Rugtvedt: side 13 (badestamp). Jørgen Usterud Myrvold: Side 18 (bilde nr 2). Lena Marie Mauritzen: Side 20 (kajakkar). Håkon Mørkeseth: Side 22 (bre). Øyvind Lindgård: side 22 (ski). Jan Hedges: Side 24 (bre). Hanna Juven Gjærde: Side 24 (klatring). Per Momrak: Side 25 (hjortejakt), 34 (klatring). Øyvind Kvidbergskår: Side 25 (bål). Sigurd Haugse: side 25 (rypejakt), 33 (hjortejakt). Geir Kristoffer Godtland: Side 27 (Skålatårnet). Åshild Eikemo Lundh: Side 27 (Lofoten). David Kvamme Høvik: Side 28 (surf). Lisbeth Momrak: Side 30. Øystein Venås Sørensen: Side 33 (jenter revy). Eivind Nilsen: Side 34 (vaskemaskin).

Nordfjord folkehøgskule Vereide, 6823 Sandane Tlf 58 86 80 40 kontor@friluftslivskulen.no facebook.com/friluftslivskulen youtube.com/friluftslivskulen vimeo.com/friluftslivskulen instagram.com/nordfjordfhs #nordfjordfhs

NB! Det kan bli enkelte endringar i fag og fagtilbod.

Miljø. Vi er ein friluftsliv­ skule, og nyt naturen i fulle drag. Og vi vil at generasjo­ nane etter oss kan gjere det same. Difor vil vi inspirere deg til ein gjennomtenkt livs­ stil. Ein gjennomtenkt livsstil handlar om små ting. Bruk matboks, ikkje plast og papir. Skru av lyset. Ikkje kast mat. Dusj passeleg lenge. Sorter søppelet. Enkelt men viktig! 35

Om skulen: Etablert i 1923 Friluftslivskule sidan 2000 Eigd av Normisjon, region Sogn og Fjordane Elevplassar: 135 Gjennomsnittsalder: 20 år Kontonummer for gåver og betaling: - Skulen: 3000.15.28560 - Kompetansefond: 3000.32.54107 - Bistand: 3705.13.05842 Søknad og søknadsfrist: Vi har ingen søknadsfrist men startar opptaket 1. februar. Dei siste åra har vi hatt stor pågang, og enkelte linjer blir raskt fullteikna. Det er lurt å søke i god tid før opptaket. Sjekk friluftslivskulen.no for søknadsskjema, oppdatert informasjon, foto, film, turrapportar og meir.


Nokre spor varer evig Visjonen vĂĽr er ĂĽ sette spor under ein open himmel. Der har vi bruk for og plass til akkurat deg som vil vere med og bli sett spor i, og som kan sette spor hos andre. Velkomen til oss!

friluftslivskulen.no #nordfjordfhs #friluftslivskulen #nokresporvarerevig

Nordfjordguide 1718  

Nordfjord folkehøgskule, skuleåret 2017/18

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you