Page 1

Ein guide for folk som drøymer om å gå eit år på Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord.


No er det din tur! som kjem hit skal få lære med heile deg, og få nye erfaringar av kva du kan og kva du har lyst til å lære meir av. Samstundes vil vi at du skal få kjenne at prestasjonar og stress kan sleppe å stå i sentrum. Hos oss er det garantert at du blir utfordra til prøve nye ting og gje av deg sjølv. Og du kjem til å få masse tilbake.

Det er din tur til å bytte ut klasserom med teltduk, til å glede seg over utetimar, stjernehimmel og kaffi på bålet. Til å kjenne på vinden i håret, rushet i kroppen og til å vere godsliten når du legg deg i soveposen. Her er det full rulle eit heilt år til ende og ingen daudpunkt. Vår visjon er å sette spor under ein open himmel. Vi håpar difor at alle som kjem hit vil sette spor etter seg, og sjølve vil bli sett spor i. Friluftslivet i mange ulike former er vår viktigaste læringsarena, saman med livet på internatet. Du kjem tett på andre menneske som er ulike deg sjølv, og desse bidreg kanskje til å gje deg det aller mest verdifulle med dette året, nemleg venskap og følelse av å høyre til – saman. Den kristne trua og fellesskapet er ein viktig del av vår identitet, samstundes ønskjer vi naturlegvis velkomen til alle uansett livssyn. Her er det bruk for og plass til akkurat deg!

Velkomen til Nordfjord folkehøgskule!

Vi trur ikkje at all læring kan målast og puttast inn i skjema. Difor brukar vi ikkje karakterar eller testar for å måle året ditt. Det viktigaste for oss er at du

Hildegunn Gjesdal Tennebø rektor

2


INNHALD - Nordfjordguiden 2018/2019

4 KLASSEROMMET Nordfjord er den perfekte læringsarena. 6 OPE KONTORLANDSKAP

Lærarar fortel om sine favorittar.

10 HEIM Denne skulen er ein heim, denne heimen er ein skule. 12 KART Bygg og fasilitetar på friluftslivskulen. 32 MEIR ENN FRILUFTSLIV Valfag og prosjektveker.

34 MEIR ENN NORDFJORD

Bli engasjert for Okhaldhunga.

34 GULE SIDER Bygda, pengar, søknad og anna nyttig info.

18/19 14 NÆRT OG KJÆRT

I Nordfjord er det kort veg til alt

21 LINJENE

Ti friluftslivlinjer. Finn di!

3


NORDFJORD - Den perfekte læringsarena

Klasserommet

Turistnæringa marknadsfører den geografiske destinasjonen Nordfjord med slagordet ”alt i ein fjord”. Det er ganske bra sagt. Du kan sjå på Nordfjord som eit stort og innhaldsrikt klasserom.

YTTERST

Stad ligg så langt mot vest som det er mogleg å kome i Fastlands-Norge. Her slår havet inn over sandstranda, og lagar surfebølger du kan bryne deg på.

4


NABOEN

Side om side med Nordfjord ligg Sunnmørsalpane. Bilde av Bladet har du sikkert sett før. Neste gong er det du som står på toppen.

MIDT I SMØRAUGET

Rett utanfor døra ligg Gloppefjorden, skogen, ­gapahukane, sykkelstiane, og fjelltoppane. Ein treng ikkje å reise langt når ein bur midt i smørauget.

5

INNERST

Inst i Nordfjord ligg breane og dei høgaste fjelltoppane. Du lærer å ferdast i blåisen, og korleis du kjem deg til topps her i livet.


TOMMEL OPP - Ord frå lærarane

Ope kontor­landskap Jon Kjetil Fossli

Det er fasinerande å sjå når ­rolege dønningar som rullar inn mot land endrar seg til energifulle bølger i det dei treff sandbankane. Kjensla av å ”temme” desse kreftene på surfe­brettet er enorm. Det er kult å sjå eit konsentrert ansikt som mot slutten av bølga endrar seg til eit breitt smil og finn andre surfarar å juble ­saman med.

Likeverdig turkamerat, inspirerande forbilde og ansvarleg vaksen. Å vere lærar på Nordfjord er ikkje for kven som helst.

Magny Barmen

Noko av det eg likar best med jobben min er å få vere med å legge til rette for at ungdom, med ulike utgangspunkt, opplever glede og mestring i møte med friluftsliv, internatliv og andre ungdommar. Eg blir stadig imponert over elevar som sprenger grenser, knyter nye vennskap og løyser gamle band! Folkehøgskule er ein fantastisk arena for å skape mestringsopplevingar!

6

Annichen Iwarsson

Breen ligger blå, dalen er fylt av høstens fargedrakt og over is og snø venter toppen på oss. Ismasser som har vært med på å forme Norge, som vi nå får være på. Isen og snøen som fortsatt med enorme krefter beveger seg gjennom fjell for å komme ned til fjorden. Det kan være alt fra flate vidder, høye istårn, små og store sprekker, et evig fargespill og snø vi møter på. Gjennom labyrinten tar vi oss frem og veien den finner vi sammen.


Per Momrak, Avdelingsleiar friluftsliv

Alt vi gjer skal vere trygt! Det ­handlar både om våpenhandtering på jakt, og elles i alt vi gjer. Når vi driv friluftsliv skal det vere utfordrande, spennande og vilt – men uansett skal det vere sikkert. Vi som jobbar på skulen kan faget vårt, og vi skal lære det vekk på ein god måte. Vi skal vere trygge og gjere elevane våre trygge.

Erlend Aunevik

Det er utruleg digg å kunne tilby elevane så gode klatreforhold - både inne og ute! På skulen er det buldrerom, og på Sandane er det ein flott innandørs klatrevegg. Ei mil unna, på Sageflåten, er Norges kanskje flottaste klatrefelt for nybegynnarar, og ein liten sykkeltur frå skulen ligg klatrefeltet på Varbufjellet. Og så er det berre ein time i bil til eit av dei mest kjende klatrefelta i Norge; ­Beachen i Stryn. Glimrande for elevane – og glimrande for meg!

Eivind Nilsen

Alt er mykt og dypt. Skia flyter og jeg fryser i kinna av snøen etter forrige fall. Ingen fare for å slå seg i dag. Vi kikker over kanten, tør jeg dette? De andre heier, og jeg prøver. Det kiler i magen og med et dump mykt fall så er jeg midt i det hvite. Jeg har ikke sjans til å stå, men de andre jubler likevel. Jeg jubler med!

Lars-Ove Eikje

Den roen man får på langtur er det beste. Mobilen er for lengst slått av, klokka ligger nederst i pulken og døgnrytmen lever sitt eget liv. Kun den lave midnattssola inn teltdøra hinter om hvilket klokkeslett verden rundt oss lever etter. Heldigvis trenger vi ikke ta hensyn til verden rundt oss. Det er bare naturen og oss, i 10 dager til. Herlig! 7


8


VÅR OG DÅRLEG IS

Perfekte forhold for å teste korleis kroppen reagerer på eit vått og kaldt sjokk. Adrenalin, sa du? Ja.

9


HEIM/SKULE

Velkomen heim Dei sa det allereie tidleg på 1900-talet, då Nordfjord folkehøgskule starta. ”Skulen er ein heim”, sa dei. ”Og denne heimen er ein skule”. Slik er det, også i 2018.

Heime får du vere den du er. ­Heime har ikkje alle like meiningar, men alle blir respekterte for dei meiningane dei har. Heime bidreg alle for at det skal vere ein god plass å vere. På Nordfjord folkehøgskule bur dei aller fleste elevane på dobbelt­ rom. Og på tur er det tre eller fire i teltet. Du lærer å leve tett på. Vi håpar du vil merke at den ­kristne trua pregar kvardagen på skulen, men du treng ikkje vere kristen for å vere elev her! Vi ynskjer å vise kva vi står for, men

samtidig ha stor respekt for tankane dine. Året ved friluftslivskulen er ­starten på noko nytt. Starten på ditt eige sjølvstendige liv, der du vel kva som er viktig. Starten på nye venskap, venskap som varer. Du møter folk som deler friluftsinteressene dine. Du møter lærarar og medelevar med ulik bakgrunn, meiningar og livssyn. Du møter deg sjølv. Det du lærer aller mest på friluftsliv­ skulen, er å vere menneske.

10

1 Her ligg Nordfjord folkehøg­ skule. Bokstaveleg talt mellom bre, fjell og fjord. 2 Hos oss er trua ein naturleg del av turlivet og heile livet. Normisjon Sogn og Fjordane eig skulen. 3 Å henge saman med nye vener, le litt, strikke litt, planlegge filmkveld eller fotballturnering. Også på ein folkehøgskule er det fritid, og det er opp til deg sjølv kva denne tida skal innehalde. Eit tips: Ta deg tid til å nyte livet.


1

2

3 11


SLIK SER DET UT - Bygg og fasilitetar

Sjøen

kyrkja

Rom for alle

Nordtun

Sandvolley-bane

Mot E39

På Nordfjord folkehøgskule er det mange rom – både inne og ute.

Sørtun

Ekstremt bratt bakke/ veg. Fører til sjøen.

Grasbane

Badstu

Midttun

Sykkelskur

Søppelstasjon

Matsal

Smia

Nytun Gymsal Hovudinngang

Bålhus

Kontor

Vesttun Kapell

Buldrebu

BuMidtvest ldrebu: turkjøBibliotek kken, kajakklager

bibliotek

Vesttun og Søppelstasjon Midtvest Kap ell Kontor

Bålhus

Badestamp

Hoved- Midttun inngang

Smie og sløyd

Nytun

Kjøkken og matsal

SøSykkelskur ppelstasjon

Gymsal

Sørtun

Grasbane Bratt gangveg til kyrkja og sjøen

Her går vegen opp til E39.

Badestamp

Nordtun, stippehus 12

Sandvolleyballbane

Lag


På sandvolleyballbana er det alltid sol og sommar.

Sørtun Internat, 20 rom Den store grasbana utanfor Sørtun kan brukast til mange aktivitetar. Som for eksempel å slappe av.

Midttun Internat, 22 rom

Når skyene flokkar seg og kvelden blir mørkare og bålet lyser i bålhuset – då er det godt å vere menneske.

Midtvest Internat, 5 rom

Buldrebu Her finn du turkjøken, lager for telt, lavvo, kajakkar, breutstyr, ski og terrengsyklar, og nokre fine buldreveggar.

Bade­stampen Når ein varm dusj ikkje er nok - nokre elevar må vi sette på kokevask.

Nytun Internat, 10 rom

Nordtun I det gamle rektorhuset regjerer stipendiatane.

Smia Smiing, kniv­ making, karve­skurd og tresløyd - for dei som vil oppdage hand­verkaren i seg.

13

Vesttun Internat, 15 rom


KORT OG GODT

Nært og kjært Noko av det vi syns er best med Nordfjord er at det er kort veg til alt. I alle fall det aller meste vi syns er viktig å bruke tida på.

14


1

Utsikt til gode opplevingar Eigentleg syns vi at utsikta frå skulen er ei av dei finaste som fins. Då kikkar vi ut på Gloppefjorden og over til Sørstrandsfjella. Dei høgste toppane på opp mot 1300 moh ligg roleg der borte og gler seg til vinteren heile året. Då ventar lange nedkøyringar i mjukt pudder. Mellom fjella ligg trange dalar, der sola treff dei blanke vatna. Nokre stader må ein klyve for å kome fram, andre stader kan ein rusle. Det er rypeskratt og hjortebrøl. Motbakkar som gir deg utsyn tilbake til skulen. Eit kvarters tid over fjorden, så er turen i gong! Nabofjella våre brukar vi heile året. Og vi er veldig glade i dei.

15


KORT og godt

Ta vare på det gode

@solveigtjess

Naturen er både klasserom og leikeplass. Det er difor viktig for oss å inspirere deg til ein gjennomtenkt livsstil slik at vi bedreg til å ta vare på den. Veldig ofte handlar det om å ta små, men bevisste val. Det nære og det enkle heng godt saman. Vi sorterer søppel. Brukar matboks i staden for plast eller papir. Skrur av lyset. Dusjar passe lenge. Brukar vårt eige nærområde når vi kan. Kuttar i flytransporten. Og opplever at det å ta vare på naturen er med på å gje endå større glede over å kunne bruke den!

Tenk at dette er min skolehverdag dette året! #nordfjordfhs #fhsliv #friluftslivskulen #nokresporvarerevig

16


@ragnhildbhjelle

Sjitt banditt, terrengsykling e kult! En ­syrefæst uten like, der låran brenn og kolsen meld sin ankomst, men lika væll så sjukt arti! Våkna tell skoidda og regn og va lite gerra på sykkel, men FY så deilig, artig og freskt!!!

17

Sykle til topps Å sykle nedover er veldig vanedannande. Om du ikkje har prøvd det før kan du glede deg til å teste ut fulldempa syklar på humpete stiar. Du treng ikkje reise langt for å oppleve det heller. Faktisk tek du berre på deg hjelmen, set deg på sykkelen på skuleplassen og trakkar i veg til topps. Og så susar du nedatt. Full av adrenalin og med sølesprut i fjeset. Sweet, som dei seier det andre stader.


KORT og godt

1

Eplekokk Mat er viktig! Skulen ligg midt i det norske matfatet, og på hausten dukkar det alltid opp frukt frå nabogarden i matsalen. Eller hjortekjøt som elevane sjølve har jakta på. Når linjene er på kysttur vert det som er i teina eller garnet middagen, og utpå ettermiddagen kan det hende du vert invitert på plommeslang hos læraren din. Sjølvsagt handlar vi mest på butikken, men innimellom kjem det beste frå rett over gjerdet.

2

1 Vidar kokk blir ekstra glad når han får servere deg god, heimelaga mat av lokale råvarer. 2 Storproduksjon av turgodt – tørka eple er stas. 3 I fruktbygda kan bøndene finne på å invitere oss til epleslang. Vi kjem!

18

3


Naturleg framdrift Det at vinden kan drive framover eit skip med 150 menneske om bord er ganske stilig. Å styre ei diger treskute under stjernehimmelen er ikkje så verst det heller. Men kva om det er nettopp du som får gjere det? Eller henge i riggen medan dønningane får det til å kile godt i magen? Å reise med Statsraad Lehmkuhl er ikkje ein skuletur der målet er det viktigaste. Det er å reise på ein måte som speler på lag med naturen. Og der opplevingane og felleskapet undervegs vil gjere dette til ein tur du aldri gløymer. @ingvilddalane

Denne uka har vært innholdsrik ass. Fem dager på seilbåt, en dag på Shetland og en kveldstur på slang hos lærer'n. Folkehøyskolelivet. Jeg liker det. #fhsliv #nordfjordfhs #nokresporvarerevig 19


UTSTYR - Ingen grunn til å blakke seg

Ha litt sjølv, lån resten Det finst ingen fasit når det gjeld utstyr, men vi syns du skal tenke på tre ting: Behov. Miljø. Pengar.

Telt, lavvo, kajakk, kano, kokeutstyr, øks, kite, surfebrett, klatretau, klatresele, stegjarn og isøks har skulen. Pluss mykje meir. Det treng ikkje du ta med. Det du treng, er kle og sko, sovepose, liggeunderlag, ski, sykkel og anna personleg utstyr. Vi er ikkje så opptekne av type og merke, det viktigaste er at det passar behova dine.Ta med det du har frå før, kjøp gjerne brukt, eller lån utstyr frå familie og vener. Det er ikkje slik at du treng nytt utstyr for å drive med friluftsliv! Læraren din gjev konkrete tips om kva utstyr du treng, og er klar for spørsmål gjennom heile året. Om du har ein sovepose som er passeleg vår og haust, men ikkje når det er kaldt og snø, så kan du kjøpe ein lett og liten i tillegg, så brukar du begge når 20

det er kaldt. Eller du kan låne onkel sin tjukke sovepose som han likevel aldri brukar. Du treng sykkel til å frakte deg sjølv til klatrefeltet, til naustet og til smågodthylla på butikken. Du treng altså ingen spesiell type – den må berre ha to hjul og ramme, og så er du klar. Når du og linja skal drive med stisykling, brukar de skulen sine fulldempa terrengsyklar. Ski er så mangt. Det er ulikt frå linje til linje og person til person kva ski du treng. Kontakt gjerne linjelæraren. Om våren er det ofte gode tilbod på ski viss du treng nye – og forøvrig er ­ finn.no ein glimrande skibutikk.


Linjefag

TI FRILUFTSLIVLINJER Å VELGE MELLOM

22 AKTIVITET Toppturar, kajakk, klatring, surfing, kiting, Jostedalsbreen på langs.

27 NORSKE EVENTYR Høgt og lavt

23 EKSPEDISJON Skitur på

28 SKI OG SURF Surfing på Stad,

­ valbard, hausteventyr, brekurs, S tinderangling.

elvepadling, pudderjakt i Norge, tinderangling.

24 FJELLSPORT Skiveke/Høgruta

29 VIND OG VATN Surfing, elvepadling, klatring, toppturar.

i Lofoten, vintertur i Jotunheimen, surfing, brekurs.

i Jotunheimen, naturleg klatring, brekurs, kiting.

30 BU OG FRITID Mat på bål, fjellturar, kystfriluftsliv, bu- og arbeidstrening.

25 JAKT OG FISKE Hjortejakt,

villsvin-, sel- og gåsejakt, klatring, toppturar.

31 VEGLEIING Friluftslivlære, miljø­

26 KRIK Studietur til Indonesia/Bali,

arbeid, leiartrening, spesialpedagogikk.

elvepadling, terrengsykling, toppturar.

På alle linjene får du Segltur med Statsraaad ­Lehmkuhl, førstehjelpskurs, vandretur om hausten, havkajakk, skredkurs, skiveke i Hemsedal, toppturar haust og vinter, snøholetur, klatring, pilegrimsvandring + mange valfag og prosjektveker.

21


LINJEFAG

AKTIVITET

Mykje vil ha meir

Nokre gongar treng du ­ikkje velje.

Dette får du på Aktivitet

Her er turmiksen for deg som vil høgt og lågt. Som vil ha det meste av det beste innan friluftslivet. Gutar og jenter: Vi har gleda av å presentere ei linje med mykje innhald, mange turar, tett program. Som klatring i fjell, vandring på bre, padling i elv, surfing på Stad, skiturar i vinterfjellet, kryssing av ­Josten og offpistekøyring på Sunnmøre. Denne linja reindyrkar variasjonen. Du får skredkurs den eine dagen, isklatring den andre og kiting den tredje. Her treng du ikkje velje bort noko. Her vel du alt på ein gong.

Toppturar haust og vinter. Klatring. Tinderangling. Surfing på Stad. Bretur. Segling/kystveke. Elvepadling. Kiting. Isklatring. Terrengsykling. Jostedalsbreen på langs. Fjordpadling i havkajakk. Vandretur om hausten. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Vintertur. Åleinenatt. Pilegrimsvandring.

22


LINJEFAG

EKSPEDISJON

Dei lengste turane

Ekspedisjon! Eit ord lada med forventningar, med spenning, med Roald Amundsen, med Cecilie Skog, med Mount Everest og Sibir. Eit forlokkande ord, ikkje sant? Ekspedisjonar handlar om å reise frå det kjende og inn i det ukjende saman med folk du stolar på. Saman med folk du vil dele opplevingar med. Saman med gode vener. Hos oss skal du på lengre ekspedisjonar til tre av dei mest alpine fjellområda i landet vårt: Svalbard, Sunnmørsalpane og Jotunheimen. Du kan sjå fram til bre, skredkurs og klatrekurs, padling og­ ­ikkje minst; ei lang rekkje overnattingar i telt og under open himmel. Dette året vil krevje mykje av deg. Er du klar? 23

Dette får du på Ekspedisjon Skitur på Svalbard (10-12 dagar). Hausteventyr (8-10 dagar). Langtur i vinterfjellet (6-8 dagar). Brekurs. Klatring. Havkajakk. Tinderangling. Kite/surfing. Toppturar haust og vinter. Vandretur om hausten. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Vintertur. Åleinenatt. Pilegrimsvandring.


LINJEFAG

FJ E L L S P O R T

Eit år med utsikt

Dei likar å bli brukt. Og dei bryr seg

Dette får du på Fjellsport

slett ikkje om du er fersk eller erfaren. Fjell treng folk - og folk treng fjell. Difor skal vi vere på fjella og rundt fjella. Klyve og klatre. Sykle stiane og padle elvane. Teste grenser og likevel vere trygge. Smile breitt frå toppen av klatreruta. Nyte vinterdagane med ski på beina. Sette svingar i urørt snø. Tenne bål og oppleve stilla ved foten av fjellet.

Skiveke/Høgruta iJotunheimen. Klatretur til Fontainebleau i Frankrike. Sportsklatring. Brekurs. Toppturar haust og vinter. Tinderangling. Buldring. Isklatring. Surfing. Kiting. Innføringskurs naturleg klatring. Terrengsykling. Elvepadling. Vandretur på hausten. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Vintertur. Førstehjelpskurs. Åleinenatt. Pilegrimsvandring.

Vi skal gløyme tida. Vi skal ut.

24


LINJEFAG

JAKT OG FISKE

Fulltreffar

Det er vilt i vest. Difor kan vi ønskje deg velkomen til eit år med jakt. Du skal jakte på rype, hare, rev, villsvin og hjort. Du skal jakte på den gode kjensla. Du skal leve med teltet og rifla og heile villmarka som din nye heim. Du skal sette ut feller, fiske med fluge og garn, slakte og tilberede. Men ikkje berre det. Du skal få prøve deg på anna friluftsliv: spennande skiturar, vakre fjelltoppar og bratt klatring. Kort sagt: velkomen til eit vilt år.

25

Dette får du på Jakt og fiske Rype-, hare- og skogsfugljakt 8-10 dagar. Hjortejakt. Revejakt. Gåsejakt. Seljakt. Villsvin- og beverjakt i Sverige. Innlandsfiske. Havfiske/ segling. Kano/kajakk. Klatring. Toppturar. Skredkurs. Basistur haust. Førstehjelpskur. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Segltur med Statsraaden. Kokelagstur. Vintertur. Åleinenatt. Pilegrimsvandring.


LINJEFAG

KRIK

Eit fartsfylt år

Det er plass til mykje ­mellom ­h­immel og jord! Eit heilt folkehøgskuleår, for eksempel. Fylt av akrobatikk, beachvolley, terrengsykling, surfing, kiting, elvekajakk, klatring, fjellturar, skikøyring, teltliv, sprakande bål og stille morgonar. Det er idrettshall og klatrevegg, fjord og fjell. Og ikkje minst gode vener. KRIK står for Kristen Idretts­kontakt, ein kristen organisasjon som har ­fokus på idrett, friluftsliv, ungdom og tru. På KRIK-linja vår her på skulen ­konsentrerer vi oss nettopp om dette. Som KRIK-elev får du eit år der du vil vekse på mange måtar, og du får leiar­ trening og undervisning om kristen tru. Dette er året for friluftsliv, idrett, Gud og menneske.

26

Dette får du på KRIK-linja Studietur til Indonesia/Bali. Klatring. Elvepadling. Vandretur om hausten. Bretur. Surfing på Stad. Terrengsykling. Beachvolley. Fotball. Akrobatikk. Leiartrening. Toppturar haust og vinter. Kiting. KRIKlinjesamling. Skredkurs. Skikøyring i Sunnmørsalpane. Åleinenatt. Skiveke i Hemsedal. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Snøholetur. Pilegrimsvandring.


LINJEFAG

NORSKE EVENTYR

Det beste

Etter dette året kjenner du Norge.

Dette får du på Norske eventyr

Du har opplevd fjella. Du har padla mellom øyane. Du har gått på breane og segla på fjordane. Det er ein unik sjanse til å bli kjend i eige land. Til å oppleve natur og vêr, landskap og kontrastar, kjende attraksjonar og skjulte perler, turvener og fellesskap. Det er det beste av Norge og det beste av friluftsliv.

Kystfriluftsliv og havkajakktur. Høgt og lavt i Lofoten (surfing, toppturar og lofotfiske). Toppturar på ski. Skitur gjennom Breheimen og Jotunheimen. Jostedalsbreen på langs. Segling på Nordfjorden. Via ferrata Loen. Vandretur om hausten. Hundekøyring i løpet av vinteren. Toppturar haust og vinter. Klatring. Brekurs. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Vintertur. Åleinenatt. Pilegrimsvandring.

Eit år på oppdagingsreise i eige land.

27


LINJEFAG

SKI OG SURF

Eit år med fri flyt

Det handlar om å flyte. Om å vere på toppen av elementa. Om å finne den rette kjensla i laussnøen ned frå kvasse vestlandsfjell. Eller blant bølgjene ute i Hoddevika ved Stad. Du skal ut og leite etter den rette balansen. Ut og leite etter dei største opplevingane. Du skal på roadtrip, på leit etter pudderparadis i heile Norge. Du kan ikkje surfe gjennom heile livet. Men du kan surfe gjennom eit heilt skuleår i Nordfjord.

28

Dette får du på Ski og surf Surfing på Stad. Pudderjakt. Toppturar haust og vinter. Bretur. Tinderangling. Havkajakk. Elvepadling. Klatring. Segling. Skikøyring i anlegg. Toppturveke i Romsdalen. Vandretur om hausten. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Snøholetur. Skiveke i Hemsedal. Vintertur. Åleinenatt. Pilegrimsvandring.


LINJEFAG

V I N D O G V AT N

Ein heilt annan fartskontroll

Vind og vatn er dei mest farts­fylte elementa. Dei gir dei sterkaste opplevingane. Fordi naturen er på sitt aller sterkaste. Vindfulle dagar heng du i riggen om bord i ein seglbåt. Eller etter ein kite på ­fjellet. Regnvérs­dagane fyller opp padleelvane på Voss. Varme solskinsdagar lokkar med bølgje­surfing. Tenk deg ein kvardag med ferskvatn, saltvatn og t­ ørre snøkrystallar. Eit år med rein ­natur og rein moro. Eit år med wetlook og bakoversveis.

29

Dette får du på Vind og vatn Surfing på Stadt. Elvepadling på Voss. Kiting. Tinderangling. Skiveke i Hemsedal. Klatring. Terrengsykling. Segling/kyst-veke. Havkajakk. Toppturar haust og vinter. Kano. Vandreturar på hausten. Segletur med Statsraad Lehmkuhl. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Snøholetur. Vintertur. Åleinenatt. Pilgrimsvandring.


LINJEFAG

BU OG FRITID

På eigne bein

Nye vener. Nye aktivitetar. Nye ­erfaringar. Som elev på Friluftsliv/Bu og fritid er du ein del av eit inkluderande fellesskap. Når du er på skulen og når du er på tur, har du mange ungdomar å dele opplevingane med. Du får lære å kle deg til tur og vere mykje ute. I tillegg til friluftsliv, vil du lære at her som andre stadar, er det lurt å vere på rett plass til rett tid. Du får ansvar for å halde rommet ditt reint, ryddig og koseleg. Du vil fort erfare at skitne klede ikkje blir reine av seg sjølv. Du har fri kvar ettermiddag, men får tilbod om aktivitetar som riding, klatring, basseng og bibliotek. Dei tilsette ved folkehøgskulen vil passe på at du får den hjelpa du treng. Dette året vil bety mykje for deg, og for alle oss andre som blir kjende med deg.

30

Dette får du på Bu og fritid Turdagar med mat på bål. Fjelltur. Skitur. Overnattingsturar. Kystveke med krabbefiske. Fisking i sjø og ferskvatn. Klatring. Idrettsaktivitetar ute. Aktivitetar i gymsal. Segltur med Statsraad Lehmkuhl. Arbeidstrening. Enkel matlaging. Romvask. Personleg hygiene. Sosial trening. Skiveke i H ­ emsedal. Norsk/data. Pilegrimsvandring. Snøhole. Rotur med gamle bruksbåtar. Elevkveld som vi arrangerer for resten av skulen.


LINJEFAG

VEGLEIING

Når eitt år ikkje er nok

For nokre blir ni månader i Nordfjord for lite. Dei vil ha meir f­ riluftsliv, og fleire utfordringar. Går du på Friluftsliv/Vegleiing er du stipendiat på skulen. For å få plass på denne linja må du ha eit år med friluftslivutdanning frå folkehøgskule eller tilsvarande bakgrunn. Som stipendiat får du praksis som vegleiar for andre elevar på tur, du er med i det sosiale miljøet på skulen på ettermiddags- og kveldstid, og du er assistent og støttekontakt for elevane på Bu og fritid. Du får undervisning og rettleiing, og personalet gir deg tett oppfølging. Før skulestart får du brekurs, og i løpet av året får du eigne kurs i bre/klatring, skred og skiinstruksjon. Eit år der du gir mykje av deg sjølv. Og får uendeleg mykje tilbake. 31

Dette får du på Vegleiing Friluftslivlære. Miljøarbeid. Assistent/støttekontakt. Pedagogikk. Spesialpedagogikk. Leiarutvikling. Personleg utvikling. Gruppeprosessar. Leiingsteori. Skredkurs. Brekurs. Klatrekurs.


VALFAG

Meir å velje Det er du som vel kva linje du vil gå. Og ­ikkje nok med det, i løpet av året får du velje ­mellom 35 valfag du vil fordjupe deg i. Og så kjem ­prosjektvekene på toppen: Fire veker med ­eksklusive opplevingar i løpet av året.

Valfag Tenk deg for ein unik sjanse du har til å komponere akkurat det året du vil ha. Bunken med valfag på Nordfjord folkehøgskule er stor og tjukk, vi nemner: Allidrett. Ballspel. Barmarkstrening. Buldring. Båtførarkurs. Ekspedisjons­ trening. Fotball. Foto. Fjelljibbing. Gitar. Havkajakk. Hybelkokk. Innebandy. Jesusdojo. Jegerprøve. Klatring. Knivmaking. Kor. Kristen tru. Kristendom. Langrenn. Longboard. Mat i det fri. Rørsle og tøying. Segling. Skred fordjuping. Smiing. Terrengsykkel. Topptur. Trearbeid. Utstyrslaging. Volleyball.

32


PROSJEKTVEKER

Prosjektveke i november, vel mellom: Revy. Motorsagkurs og skogrydding. Din tur. Handverksdagar. Kurs i teikning og måling. Klatring i Frankrike.

Prosjektveke i mars, vel mellom: Langrenn, topptur og skianlegg. Handverksdagar. Kiting. Vintertur med telt.

Prosjekt­veker I prosjektvekene er timeplan eit framandord. Du får fordjupe deg i eit tema, ein aktivitet eller eit prosjekt, du kan kalle det ei valfag­ veke. Det vanskelege er sjølvsagt å velje, men vi lovar deg gode og spennande dagar uansett om du vel tøffe turar på fjellet, artige sketsjar på revy­scena, luftige dagar på kysten eller kjekke ­prosjekt på sløyden. 33

Prosjektveke i desember, vel mellom: Trearbeid/longboard. Fyrvandring/kyst og kultur. Treningsleir/topptur. Skibygging. Bibelskule. Kystveke. Utstyrslaging. Julebakst og tradisjonsmat. Jaktveke.


Meir å vite Meir enn Nordfjord

Heilt oppunder kanten av Mount Everest ligg det eit sjukehus der mange kreative og flinke medarbeidarar kvar dag gir nødvendig helsehjelp og reddar liv. Okhaldhunga er ikkje ein stad du har høyrt om eller tilfeldigvis reiser til, men gjennom året på Nordfjord folkehøgskule kjem du til å bli godt kjent med både folka og staden. Vi håpar det kjem til å gje deg ny innsikt og kunnskap. For eksempel slikt som at veldig mange av pasientane må gå i fleire dagar for å kome fram til sjukehuset. Eller at dei prøver å bli eit miljøvenleg sjukehus i eit land der søppelet stort sett vert kasta på gata og kloakken renn fritt. Vi trur på verdien av å dele vidare det gode. Difor vil vi vere med og bidra til at desse viktige menneska i Nepal skal få eit betre liv.

Du treng ikkje ha mykje friluftsliv­ erfaring for å søkje på Nordfjord folkehøgskule, men du må like å vere ute, like å vere på tur, og ikkje minst like nye utfordringar. På skulen er det plass til 135 elevar, fordelt på 10 linjer. Gjennomsnitts­ alderen er ca 20 år, og dei siste åra har det vore like mange gutar og jenter. I løpet av året blir det minst 40 overnattingar i telt, hengekøye, båt, lavvo, hytte eller under open himmel. Skulen er stor og har mange rom, vi nemner smie, tresløyd, vektrom, gymsal, badstove, syrom, og ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg. Vi har òg vedfyrt badestamp, sandvolleyballbane, bålhus og gapahukar i skogen og ved fjorden. Rett nedanfor skulen har vi naust med eigne båtar.

Bygda. Også bygda har mykje å by på. I tillegg til rein natur er det preparerte skiløyper og skitrekk. På Sandane, 6 km frå skulen, er det kunstgrasbane, og ikkje minst Trivselshagen, ein stor idrettshall som du og dei andre elevane får mykje glede av. Mellom anna er det eit flott svømmeanlegg og ein stor klatrevegg som er 15 meter høg, har overheng, og mange ruter med ulik vanskegrad til topps. I tillegg er der vektrom, løpebane, tre handballbaner og eigen turnhall. Vi nyttar oss av dette anlegget både i undervisninga og på fritida. Alle elevane får årskort til idrettshallen, det betyr at du kan klatre og bade så mykje du vil gjennom året.

34


Skulen har ei eiga Colin Archer-skøyte som vi har døypt Medvind. Annonseguide for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord Ansvarleg redaktør: Hildegunn Gjesdal Tennebø Prosjektleiar: Odd Harald Halse Design: Innoventi Opplag: 8000

Sentralt. Det er kanskje å ta litt hardt i å seie at Nordfjord folkehøgskule ligg sentralt. Men: Det er berre 4 kilometer til Sandane lufthamn Anda. Og frå flyplassen kan du fly direkte til Oslo og Bergen. 300 meter frå skulen ligg E39, og der kan du gå på ekspressbussar til Oslo, Trondheim, Ålesund og Bergen. Skulen ligg 6 km frå Sandane sentrum.

@annalieen

"Sallan", for en uke(og noen jenter)! Blåis, buldris, og glopppens høyeste topp #nordfjordfhs #fjellsport #nukjörvi #gudd Pengar. Alle norske elevar kan søkje lån gjennom Statens lånekasse via nettsida www.lanekassen.no. Når du har fullført skuleåret med minst 90% frammøte, vert om lag ein tredel av lånet gjort om til stipend. Vi er opptekne av å legge inn så mange ting som mogleg i total­ kostnaden på skuleåret, slik at du ikkje skal verte overraska av prisen. ­Mellom anna legg vi inn alt av linjeturar og fellesreiser, også skuleturen med Statsraad Lehmkuhl. Alt etter kva linje, valfag og prosjektveker du vel, vil din årspris variere noko. Totalprisen for inneverande år er mellom 110 000,- og 119 000,-, dersom du vel standardrom og rimelegaste valfag. Sjå meir info på friluftslivskulen.no/okonomi.

NB! Det kan bli enkelte endringar i fag og fagtilbod.

Søknad. På nettsidene våre, friluftsliv­skulen.no, finn du søknadsskjema. Vi har ingen ­søknadsfrist, men startar opptaket 1. februar. Dei siste åra har skulen vore heilt full, og ­enkelte linjer er ekstra populære. Det er med andre ord lurt å søke tidleg. 35

Alle foto er tatt av elevar og personale på Nordfjord folkehøgskule: Johannes Kristianslund: Side 1. Stian Gustafsson: Side 2 (rektor), 5 (klatring, sykkel og bre), 6 (Magny), 14, 17 (solnedgang), 21, 22 (sykkel), 26 (ski), 29 (ski). August Gautun: Side 2 (vinternatt), 7 (Lars-Ove), 8, 25 (hjort). Jan Hedges: Side 3 (fjell), 7 (Erlend), 24 (buldring). Frida Bekkestad: Side 3 (bål), 19 (frå baugspyd på SL), 32 (mat på bål). Frida Slettan: Side 3 (kajakk). Heidi Oskam: Side 4 (surf), 11 (Olavskrossen), 36. Hans Græsli: Side 4 (på Haugsvarden). Ingrid Wiik: Side 5 (telt). Christoffer Engström: Side 6 (Jon Kjetil). Charlotte Sandmo: Side 6 (Annichen). Lars Kristian Skagestad: Side 7 (Per). Monica Kjerstad Nilsen: Side 7 (Eivind). Jon Kjetil Fossli: Side 11 (skulen), 29 (surf). Anine Hallén: Side 11 (hengekøye). Endre Selvik: Side 13 (volleyball). Sigurd Gautun: Side 13 (bålhuset), 23 (bål). Ruth Sofie Hillesund: Side 13 (Sørtun). Odd Harald Halse: Side 13 (Midttun, Nytun, Midtvest, Vesttun), 18 (eplekokk). Lars Rugtvedt: Side 13 (badestamp). Vegard Haugland: Side 13 (longboard), 33 (revy og tresløyd). Trine Lia: Side 16 (i sovepose). Susanne Storaker: Side 16 (krysse elv). Ruben Antonsen: Side 16 (i skogen), 34 (klatrevegg). Edvin Lindgård: Side 17 (sykkel - nederst), 20 (isøks på sekk). Åshild Lundh: Side 18 (tørke eple). Anna Torgund: Side 18 (to på epleslang), 31. Martine Petterson: Side 19 (fire i riggen). Rolf Sletten: Side 20 (ski). Lena Marie Mauritzen: Side 20 (kajakkar). Øyvind Lindgård: Side 22 (ski). Kjetil Nilsen: Side 22 (kajakk). Oddvin Østmo: Side 23 (telt). Martine Hansen: Side 24 (fjell). Per Momrak: Side 25 (rype). Øyvind Kvidbergskår: Side 25 (bål). Hanna Skeidsvoll: Side 26 (fjell). Grete-Johanne Knudsen: Side 27 (fjellvandring). Hanne Markegård: Side 27 (to jenter i Lofoten). Geir Godtland: Side 27 (Skålatårnet). Ingrid Skeidsvoll: Side 28 (ski). Tommy Eikelia: Side 28 (surf). Isak Planke: Side 29 (elvekajakk). Lisbeth Momrak: Side 30 (på støylen og i kano). Kjell André Norbø: Side 30 (armbak). Sigurd Haugse: Side 33 (hjortejakt). Bendik Grøthe: Side 34 (familie frå Nepal). Marita Førde: Side 34 (båt). Odd-Olav Aga: Side 35 (tre jenter). Nordfjord folkehøgskule Øvre Nordstranda 380, 6823 Sandane Tlf 58 86 80 40 kontor@friluftslivskulen.no facebook.com/friluftslivskulen youtube.com/friluftslivskulen vimeo.com/friluftslivskulen instagram.com/nordfjordfhs #nordfjordfhs Skulen vart etablert i 1923 Friluftslivskule sidan 2000 Eigd av Normisjon, region Sogn og Fjordane Elevplassar: 135 Gjennomsnittsalder: 20 år Kontonummer for gåver og betaling: - Skulen: 3000.15.28560 - Kompetansefond: 3000.32.54107 - Bistand: 3705.13.05842 Sjekk friluftslivskulen.no for søknadsskjema, oppdatert informasjon, foto, film, turrapportar og meir.


Nokre spor varer evig

Visjonen vĂĽr er ĂĽ sette spor under ein open himmel. Her har vi bruk for, og plass til akkurat deg. Velkomen til Nordfjord!

friluftslivskulen.no #nordfjordfhs #friluftslivskulen #nokresporvarerevig

Nordfjordguide 2018/2019  
Nordfjordguide 2018/2019  

Ein guide for folk som drøymer om å gå eit år på Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord. #nordfjordfhs #fril...

Advertisement