NOKRE SPOR VARER EVIG
1
På ekte Snart står du på streken og skal velge kva ditt neste skuleår skal innehalde. Det er uendeleg med val og det kan oppleves som eit vanskeleg val. Kva er fornuftig? Kva er lønnsomt? Kva er akseptert? Vi har lyst til å presentere det vi trur er det beste alternativet: eit år utan press, karakterer og ei pustepause der naturen ei hovudrolle. Eit år der du erfarer utruleg mykje nytt og spennande på tur, og samtidig får bli kjent med deg sjølv på nye måtar. Vår visjon er: å sette spor under ein open himmel. Du kjem til å sette spor i andre, og du vert sjølv sett spor i. Det er ikkje berre lettvint og elegant, for du kjem til å bli utfordra, oppleve å vere den som somme tider treng hjelp, men også den som andre dagar kan gje hjelp. Det er ikkje berre behageleg å vere prisgitt kvarandre- men vi trur du skal få erfare korleis naturen, folka og felleskapet styrker deg og bygger deg innanfrå og ut.
Og du kjem til å erfare ein ting: her backar folk deg. På ekte. Og nettopp det ekte er det mange som leitar etter. Ein er trøtt av doomscrolling, av den endelause straumen av uekte og ekte ting om kvarandre, leie av å alltid vere påskrudd og pålogga. Vi ber ingen om å kaste telefonen. Men i løpet av ei veke hos oss kjem du til å få ei mengd med erfaringar som er verkeleg og ekte! Du vil kjenne vinden i ansiktet når du står og ser på utsikta, og kjenne korleis hjertet hamrar når hjorten dukkar opp på posten din. Det er kaldt når du er våt etter ein lang tur i regnet, men desto betre når du får varmen igjen i soveposen. Maten smakar ekstra godt etter at du har vore skikkeleg svolten. Den gode samtalen eller den usannsynlege latterkrampen er annleis live enn digitalt. Kort sagt- du har framfor deg eit år der det ekte livet står i sentrum. Vi ønskjer også å vere ein stad der dei store spørsmåla i livet får ein natuleg og ekte plass. At vi er ein kristen skule ønskjer vi skal prege oss på ein slik måte at det er gjenkjenneleg og tydeleg, samtidig som det skal vere plass til spørsmål og innvendingar. Eit år på Nordfjord er noko vi skapar saman, og der kan akkurat du vere med å spele ei viktig rolle med deg og ditt. Varmt velkomen til oss! Venleg helsing Hildegunn Gjesdal Tennebø rektor
2
Denne gjengen gjer alt dei kan for at du skal ha det så godt som mogleg på Nordfjord folkehøgskule, kvar dag, gjennom heile skuleåret. Du kan glede deg til å møte folk med brei kompetanse, mykje erfaring og eit stort hjerte.
Friluftsliv over heile linja 18 Friluftsliv/Allsidig 19 Friluftsliv/KRIK 20 Friluftsliv/Ski og Fjellsport 21 Friluftsliv/Vind og vatn 22 Friluftsliv/Ski og surf 23 Friluftsliv/Bu og fritid 24 Friluftsliv/Utforsk Norge 25 Friluftsliv/Ekspedisjon 26 Friluftsliv/Jakt og fiske 27 Friluftsliv/Bibel 28 Friluftsliv/Sport 29 Friluftsliv/Vegleiing
3
Bildene i brosjyra er tatt av elevar og personalet på Nordfjord folkehøgskule. Anna Feed: side 27. Edvin Hugvik: side 4 (skulen). Eirin Myklebust Tveit: side 15 (Kristina), 16 (Håkon), 23. Elias Jordal: side 15 (Per), 26. Emma Sofie Steinsland: side 12, 33, 35 (sykling). Endre Kinn Hartvigsen: side 1 (surf), 15 (Lars Anders), 17 (Steinar), 19, 31 (ski). Heidi Oskam: side 4 (pilegrimstur). Isak Mathias Rokseth: side 3 (telt), 8 (Sofie), 9, 11 (båt). Jan Hedges: side 13, 14, 15 (Jan), 24. Johannes Sløgedal: side 31 (jakt). Jonas Løvland: side 16 (Maria). Leander Vada: side 34 (klatring), 34 (smil). Ludvik Ilebekk: side 1 (jente smiler), 8 (Sverre), 11 (bre), 29. Ole Nygaard: side 2 (Hildegunn). Orvar Veen: side 1 (surfar), 3 (personalet), 6-7, 10, 11 (Skålatårnet), 20, 22, 32, 36. Peder Undheim: side 21. Per Momrak: side 17 (Lisbeth). Rebecca Boyesen: side 17 (Erlend), 25, 30 (trening). Sigrid Eek: side 30 (keramikk). Veslemøy Stokke: side 18. Nordfjord folkehøgskule Tlf 57 86 80 40 kontor@friluftslivskulen.no facebook.com/friluftslivskulen youtube.com/friluftslivskulen instagram.com/nordfjordfhs #nordfjordfhs friluftslivskulen.no Skulen vart etablert i 1923 Friluftslivskule sidan 2000 Eigd av Normisjon, region Sogn og Fjordane Elevplassar: 140 Gjennomsnittsalder: 20 år Kontonummer for gåver og betaling: - Skulen: 3000.15.28560 - Kompetansefond: 3000.32.54107 - Bistand: 3705.13.05842
4
Velkomen heim
Vi håpar du vil merke at den kristne trua pregar kvardagen på skulen, men du treng ikkje vere kristen for å vere elev her. Vi ynskjer å vise kva vi står for, men samtidig ha stor respekt for tankane dine.
Heime får du vere den du er. Heime har ikkje alle like meiningar, men alle blir respekterte for dei meiningane dei har. Heime bidreg alle for at det skal vere ein god plass å vere.
Året ved friluftslivskulen er starten på noko nytt. Starten på ditt eige sjølvstendige liv, der du vel kva som er viktig. Starten på nye venskap, venskap som varer. Du møter folk som deler friluftsinteressene dine. Du møter lærarar og medelevar med ulik bakgrunn og ulike meiningar og livssyn.
På Nordfjord folkehøgskule bur dei aller fleste elevane på dobbeltrom. Og på tur er det tre eller fire i teltet. Du lærer å leve tett på.
Du møter deg sjølv.
5
Kva kan Nordfjord folkehøgskule tilby? Vel, ein fjord å segle på. Ei fjellside å klatre opp. Eit brefall å boltre seg i. Venner å bli kloke på. Og ein himmel å sette spor under.
6
7
Fine folk På Nordfjord blir du ein viktig del av eit større ”vi”. – Nordfjord er ein arena til å finne gleda i friluftsliv, og ein mulighet til å vere ein del av eit fantastisk fellesskap med plass for alle, seier Sofie Toft. Sofie Toft
– Nordfjord gir venner og fellesskap for resten av livet, og eit fantastisk møte med noko av den beste naturen du finn i landet. Sverre Stautland
8
– Året på Nordfjord folkehøyskole har gitt rom for refleksjon, gode samtaler, personlig vekst, ny kunnskap, og et helt unikt felleskap. Victoria Strand
– Folk er flinke til å inkludere, heie på kvarandre og å spre god energi. Mats Ros
9
Lokal læringsarena Lengst vest ligg havet og sandstrendene, i nord dei alpine tindane og i aust dei største breane. I Nordfjord finn ein lune fjordarmar, frodige støylar, heftige stryk og innbydande skibakkar.
Skulen har eit heilt klassesett med kajakkar, og dei blir flittig brukte. Elevane tek våttkort, padlar i fjæra rett nedanfor skulen, eller reiser på overnattingsturar i dei flotte fjordane som omkransar skulen.
10
Skal ein opp og fram her i livet, må ein øve seg på å trivast med motbakkane. Skåla (1848 moh) er eit av dei høgaste fjella i Nord fjord, og Norges lengste motbakke.
I gangavstand ligg naust, båtar og badeplass i Gloppefjorden.
Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet. Har vi ikkje tid til å legge heile breen bak oss, tar vi oss meir enn gjerne ein skitur på Lodalskåpa (2083 moh) eller bind oss saman i taulag for ein tur på brearmane Flatbreen og Bødalsbreen.
11
Rigga for fellesskap
12
Eit stort høgdepunkt i skuleåret er når heile skulen legg ut på tokt med Statsraad Lehmkuhl og seglar vestover til Shetland. Statsraaden er Noregs største og eldste seglskip. Gled deg til flotte døgn som mannskap ombord på verdas største tremasta bark. Undervegs er vi mannskap om bord og lærer mykje om segling, tauverk, navigasjon og livet på sjøen. Og så blir vi betre kjende med kvarandre.
13
Ope kontorlandskap På Nordfjord møter du ansvarlege vaksne som også er likeverdige turkameratar og inspirerande forbilder.
Det beste med jobben min er å være sammen med elevene og dele mestring, turer, liv og tro, glede og fellesskap. Synne Anmarkrud Vigane
14
Langt inn i naturen , utan dekning, finn du stemninga og roen. Jan Hedges
Gledeshyl, fellesskap, meistring og flyt. Det er den perfekte dagen, det. På Nordfjord får du mange slike. Lars Anders Hoel
I alle augeblikka du kjenner at du høyrer til, viskar barrierene mellom oss seg ut. Slik veks felleskapet. Kristina Tveitdal Tomasgard
Skogane i Nordfjord er fulle av vilt. Bli med på jakt! Per Momrak
15
Å jobbe med tre, keramikk, ull og tekstil, eller lage naturlege såper og salver, er nyttig og bra for deg og miljøet. Maria Roset Sølvberg
Det beste at vi er så masse ute uansett årstid og følge endring i veiret så tett. Med å la veir og sesong legge føringar for ka aktivitet som er aktuell, får vi eit sterkt og lærerikt samarbeid med naturen. Håkon Schjølberg
16
Friluftsliv kan vere utfordrande, spennande og vilt – men uansett er vår jobb at du som er elev skal vere trygg. Lisbeth Momrak
Å kunne legge tilrette for eit kristent felleskap på skulen, gir meg både stor glede og dyp meining. Steinar Saltbones
Det er utruleg digg å kunne tilby deg så gode klatreforhold - både inne og ute! Erlend Aunevik 17
LINJE –
Friluftsliv / Allsidig
SKITUR TIL ALPANE
Her får du prøve det meste! Vi har sett
Dette får du på Allsidig Skitur til Alpane, terrengsykling, hav kajakk i Nærøyfjorden, rafting, juving, elvekajakk, isklatring, topptur, vintertur i Jotunheimen, segling med tradisjons båtar, surfing, kokelagstur, fellestur Flåm, Finse og Aurlandsdalen, førstehjelspkurs, felles vintertur, åleinenatt, skiveke i Myrk dalen, segltur til Shetland med Statsraad Lehmkuhl, pilegrimsvandring. Tokt med Statsraad Lehmkuhl til Shetland.
For deg som ikkje klarer å velje, men vil alt!
saman ein heil haug med aktivitetar både på land og vatn. Det er turar som kan ta pusten ifrå deg, og dagar der du nyt solnedgongen og finn roa. Du kjem til å teste ut ting du ikkje visste du drøymde om. Minner for livet. Alt i eit varmt felleskap med trygge rammer og dei beste på laget.
18
LINJE –
Friluftsliv / KRIK
SURFETUR TIL FRANKRIKE
Eit år med open himmel
Det blir sprakande bål og stille mor-
gonar. Teltliv og topptur. Idrett, friluftsliv, ungdom og tru. Rom for å undre seg, stille spørsmål og lære. Om Gud og medmenneske. Om deg sjølv. Om terrengsykling, surfing, kiting. Elvekajakk, klatring og ski. Det finst så mykje under ein open himmel.
Dette får du på KRIK Surfetur til Europa. Skikøyring i Sunnmørs alpane. Terrengsykling. Kiting. Isklatring. Surfing på Stad. Klatring. Elvekajakk. Breoppleving. Akrobatikk. Beachvolleyball. Fotball. Leiartrening. Toppturar haust og vinter. KRIK-linjesamling. Via ferrata Loen. Vandretur om hausten. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Felles snø holetur. Åleinenatt. Skiveke i Myrkdalen. Pilegrimsvandring. Fellestur Flåm, F inse, Aurlandsdalen. Tokt med Statsraad Lehmkuhl til Shetland. 19
LINJE –
Friluftsliv / Ski og fjellsport
SKITUR TIL ALPANE
Utsikt og det kvite gull
Fjell treng folk og folk treng fjell.
Vi skal klyve og klatre. Teste grenser, men vere trygge. Smile breitt frå toppen av klatreruta. Nyte vinterdagane med ski på beina og sette svingar i urørt snø. Tenne bål og oppleve stilla ved foten av fjellet. Vere der når det skjer. Når snøen dalar lett og årets første spor blir lagt. Når det lavar ned og snøen legg seg som ei dyne i trekket. Eller når den blir til slush i Jotunheimen utpå våren. Vi skal gløyme tida. Vi skal opp. 20
Dette får du på Ski og fjellsport Skitur til Alpane (Austerrike). Innføring i klatring på eigne sikringar i Bohuslän (Sverige). Toppturveke på ski i Jotun heimen. Tindrangling i Molladalen. Skikøyring på Galdhøpiggen skisenter. Skikøyring i anlegg. Topptur på ski i nær området. Brekurs. Brattkort (klatring). Sportsklatring. Surfing. Kiting. Elvepadling. Buldring. Kameratredning ved klatring. Isklatring. Terrengsykling. Pilegrimsvand ring. Fellestur Flåm, Finse, Aurlandsdalen. Tokt med Statsraad Lehmkuhl til Shetland.
LINJE –
Friluftsliv / Vind og vatn
SURFETUR TIL FRANKRIKE
Ein heilt annan fartskontroll
Vind og vatn, ein uslåeleg kombinasjon.
Kiten som dreg deg bortover vidda og dei store fjella som inviterer til leiken skikøyring i luftig pudder. Bølgjene, deg sjølv og surfebrettet. Elvekajakken i ville stryk. Smilet som breier seg og adrenalinet som brusar. Roa som senkar seg rundt bålet og kjensla av meistring i ein natur som kan ta pusten frå deg. Alt dette i eit trygt og godt felleskap.
Dette får du på Vind og vatn Surfetur til Europa. Elvepadling på Voss. Kiting på snø. Surfing på Stad. Skiveke i Myrkdalen. Kystveke. Tindetur på Sunnmøre. Terrengsykling. Havkajakk. Klatring. Toppturar på ski. Via ferrata Loen. Vandretur om hausten. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Felles snø holetur. Åleinenatt. Skiveke i Myrkdalen. Pilegrimsvandring. Fellestur Flåm, Finse, Aurlandsdalen. Tokt med Statsraad Lehmkuhl til Shetland.
21
LINJE –
Friluftsliv / Ski og surf
SURFETUR TIL FRANKRIKE
Fri flyt
Det handlar om å flyte. På toppen av elementa. Snøen og bølgjene. Finne balansen og den rette kjensla i kvasse vestlandsfjell, eller i bølgjene i Frankrike og Stad. Bli med i jakta på urørt glitrande pudder ein stad i Norge. For vi er på pudderjakt og der den beste snøen er, finn du oss. Du kan ikkje surfe gjennom heile livet, men du kan surfe gjennom eit skuleår i Nordfjord.
22
Dette får du på Ski og surf Skitur til Alpane. Surfetur til Jæren. Pudderjakt i Noreg. Surfetur til Europa. Ski og segl på Sunnmøre. Skikøyring i anlegg. Tinderangling. Kystveke. Terrengsykling. Elvepadling. Surfing på Stad. Havkajakk. Klatring. Toppturar. Vandretur om hausten. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Felles snøholetur. Åleinenatt. Skiveke i Myrkdalen. Pilegrimsvandring. Fellestur Flåm, Finse og Aurlandsdalen. Tokt med Statsraad Lehmkuhl til Shetland.
LINJE –
Friluftsliv / Bu og fritid På eigne bein
No har du sjansen. I trygge rammer med gode folk rundt deg. Første året heimanfrå. Det blir eit godt år, med mange nye vennskap. Du får lage turutstyr og mat, både på kjøkenet og over eit sprakande bål. Du vil kjenne meistring og lære mykje i møte med natur, aktivitetar og nye vener. Du får overnatte i lavvo, padle kano og dra krabbeteiner. Du skal få løyse band og knyte band. 23
LINJE –
Friluftsliv / Utforsk Norge
LOFOTEN OG JOTUNHEIMEN
Natur og ver, landskap og kontrastar
Etter dette året kjenner du Norge. Du har opplevd fjella. Du har padla mellom øyane. Du har surfa på bølgene og segla på fjordane. Ein unik sjanse til å bli kjend i eige land. Du får oppleve natur og ver, landskap og kontrastar. Kjende attraksjonar og skjulte perler. Turvener og fellesskap. Det beste av Norge og det beste av friluftsliv. Eit år på oppdagingsreise i eige land.
24
Dette får du på Utforsk Norge Hausteventyr i Lofoten/Helgelandskysten. Hundekøyring på Hardangervidda. Vintertur i Jotunheimen. Surfing i Hoddevik. Kystveke. Klatring. Terreng sykling. Breoppleving. Åleinenatt. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Felles snøholetur. Åleinenatt. Skiveke i Myrkdalen. Pilegrimsvandring. Fellestur Flåm, Finse og Aurlandsdalen. Tokt med Statsraad Lehmkuhl til Shetland
LINJE –
Friluftsliv / Ekspedisjon
SKI -OG PULKTUR PÅ SVALBARD
Dei lengste turane
Eit ord lada med forventningar og spenning. Eit forlokkande ord. Om å reise frå det kjende og inn i det ukjende med folk du stoler på. Til Lofoten, Jotunheimen og Svalbard. Stor sekk, pulk og ski. Netter i telt og mat på primus. Godt førebudd. Vind og ver. Overnatting under stjerneklar himmel i majestetisk natur. Og du veit at du kan. Og tenk om du møter ein isbjørn?
Dette får du på Ekspedisjon Vinterekspedisjon på Svalbard. Haust ekspedisjon på Filefjell. Jotunheimen frå nord til sør. Tinderangling. Surfing i Hodde vik, Kystveke. Klatring. Terrengsykling. Breoppleving. Åleinenatt. Kokelagstur. NF brekurs. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Felles snøholetur. Skiveke i Myrkdalen. Pilegrimsvandring. Fellestur Flåm, Finse og Aurlandsdalen. Tokt med Statsraad Lehmkuhl til Shetland. 25
LINJE –
Friluftsliv / Jakt og fiske
JAKTTUR TIL SVERIGE
Fulltreffar
Hjartet dunkar. Adrenalinet brusar. Du sit på post og høyrer hjorten nærme seg. No skjer det. Du får leve ut jegeren i deg. Skogane i Nordfjord er eit eldorado for erfarne jegerar og dei som har lyst til å bli det. Rype, hare, rev og hjort. Fellefangst. Gås og sel. Villsvin. Garn og line. Når jakta er over, lærer du å bruke ressursane du har hausta. Rein luksus. Gode middagar, for å seie det sånn! Sjølvhjort er velgjort. Året byr og på skiturar, sykling, klatring og vakre fjell toppar når jegeren i deg må ta ein pause.
26
Dette får du på Jakt og fiske Hjortejakt. Rype, hare- og skogsfugljakt. Villsvin- og beverjakt i Sverige. Havfiske/ segling. Innlandsfiske. Seljakt. Gåsejakt. Klatring. Revejakt. Toppturar. Fjelltur med fiskestang. Terrengsykling. Via ferrata Loen. Vandretur om hausten. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Felles snøholetur. Åleinenatt. Skiveke i Myrkdalen. Pilegrimsvandring. Fellestur Flåm, Finse, Aurlandsdalen. Tokt med Statsraad Lehmkuhl til Shetland.
LINJE –
Friluftsliv / Bibel
SKITUR TIL ALPANE
Meininga med livet
Du treng ein pust i bakken. Eit år med fokus. Kven er du eigentleg og kva er meininga med livet? Du vil bli betre kjend med Bibelen, Gud og Jesus. Du kjenner ei dragning til naturen. Til det som er større enn deg sjølv. Til stjernehimmelen. Til freden i barskogen og stilla i fjellheimen. Til adrenalinet som brusar i årane på veg ned heftige stryk eller lukkekjensla når du endeleg kaprar den rette bølga. Eit år med bibelskule og friluftsliv i eitt. Eit år med tru, vekst og vennskap. Frisk luft, telt og våte sokkar.
Dette får du på Friluftsliv & Bibel Skiveke i Alpane. Terrengsykling. Havka jakk. Isklatring. Kiting. Toppturer haust og vinter. Segling med tradisjonsbåtar. Surfing. Kokelagstur. Fellestur til Flåm, Finse og Aurlandsdalen. Felles vintertur. Åleinenatt. Ski-veke i Myrkdalen. Segltur med Statsraad Lehmkuhl til Shetland. Skredkurs. Førstehjelpskurs. Pilegrims vandring. Ved sidan av friluftslivet legg vi stor vekt på bibelkunnskap og vekst i trua. Du får delta på Bibelfordjuping, retreat, Get Focused og Impuls.
27
LINJE –
Friluftsliv / Sport
SURFETUR TIL FRANKRIKE
Meir av det beste
Meir av det beste. Friluftsliv/Sport er for deg som vil ha fart, utfordringar og eit år fullt av aktivitetar. Med Vestlandet som arena får du utfordre deg med elvekajakk i brusande elvar i Nordfjord, surfing i Hoddevik, skiturar i Sunnmørsalpane og sykkel på flytstiar i Nesbyen. Samtidig vil du få opp pulsen i Crossbu, testa konkurranseinstinktet i ulike nettidrettar som volleyball og padel, og utforska nye aktivitetar som klatring, golf, rafting, vassport og mykje meir. Rett og slett eit år med det beste.
28
Dette får du på Friluftsliv/ Sport Surf- og idrettstur til Frankrike. Vegen til golf (kurs). Ballsport. Vannsport. Nettsport. Crossfit. Sport du ikkje har prøvd før, f.eks. leirdueskyting, ishockey, go-kart, paintball. Surfing i Hoddevik. Elvepadling. Rafting. Terrengsykling. Tinderangling. Klatring. Skianlegg og topptur. Via ferrata Loen. Vandretur om hausten. Kokelagstur. Førstehjelpskurs. Skredkurs. Felles snøholetur. Åleinenatt. Skiveke i Myrkdalen. Pilegrimsvandring. Fellestur Flåm, Finse, Aurlandsdalen. Statsraad Lehmkuhl til Shetland.
LINJE –
Friluftsliv / Vegleiing Når eitt år ikkje er nok
Meir f riluftsliv, fleire utfordringar. På denne linja er du stipendiat på skulen. Du må ha eit år med friluftslivutdanning frå folkehøgskule eller tilsvarande. Du blir vegleiar for andre elevar på tur, og får praksis med elevane på Bu og fritid. På ettermiddag og kveld er du a ktiv i det sosiale miljøet på skulen. Før skulestart får du brekurs, og i løpet av året får du eigne kurs i bre/klatring, skred og skiinstruksjon. Eit år der du gir mykje av deg sjølv. Og får uendeleg mykje tilbake.
Dette får du som stipp Friluftslivlære. Miljøarbeid. Pedagogikk. Spesialpedagogikk. Leiarutvikling. Personleg utvikling. Gruppeprosessar. Leiingsteori. Skredkurs. Brekurs. Klatre kurs. Gjennom heile skuleåret har du praksis på ei av dei andre friluftslivlin jene.
29
MEIR Å LÆRE –
Valfag I løpet av året får du velje mellom 35 valfag du kan fordjupe deg i. Tenk deg for ein unik sjanse du har til å komponere akkurat det året du vil ha. Bunken med valfag er stor. For eksempel: Buldring. Båtførerprøve. Crossfit. Fotball. Foto. Havkajakk. Heilt grøn. Hybelkokken. Jegeprøve. Keramikk. Klatring. Kondis. Langrenn. Mat i det fri. Ordets skule. Redesign. Skred fordjuping. Styrketrening. Surfing. Terrengsykkel. Teikning/ maling. Topptur. Trearbeid. Utstyrslaging. Volleyball. Valfaga veljer du etter at du har starta på skulen.
30
Prosjektveker I prosjektvekene er timeplan eit framandord. Du får fordjupe deg i eit tema, ein aktivitet eller eit prosjekt, du kan kalle det ei valfagveke. Det vanskelege er sjølvsagt å velje, men vi lovar deg gode og spennande dagar uansett om du vel tøffe turar på fjellet, luftige dagar på kysten eller kjekke prosjekt på sløyden. Prosjektvekene veljer du etter at du har starta på skulen. Det kan bli enkelte endringar i fag og fagtilbod.
31
KLIMA OG MILJØ –
Kortreist held lenge Vi treng ikkje å fly verda rundt når dei sterkaste naturopplevingane er å finne i Norge.
Du treng ikkje å fly ein einaste gong i løpet av året. Nesten alt av reiser i skulen sin regi går med på bil, buss eller tog. Vi har ingen internasjonale flyreiser. Svært mykje av reisene er i eige land, til og med i eigen kommune og region. Fellesturen til utanlandet går for fulle segl til Shetland med Statsraad Lehmkuhl. Rett skal vere rett. Nokre linjer reiser til Europa for å klatre, og til Alpane for å stå på ski. Då tar vi buss og tog som ein del av reiseopplevinga.
32
Mat er viktig. Skulen ligg midt i det norske matfatet, og vi brukar lokale råvarer når vi kan. Sjølvsagt handlar vi mest på butikken, men innimellom kjem det beste frå rett over gjerdet. Vi prøvar i felleskap å hindre matsvinn i kvardagen. Du lærer også mykje om å pakke mat smart på tur. Gjennomtenkt. Vi sparar straum, brukar lite kjemikaliar og elevane har eige Klimaråd som set i gang miljø prosjekt, byttedagar og aksjonar gjennom året. Klima og miljø er også tema på laurdagsseminar.
UTSTYR –
Ha litt sjølv, lån resten Det finst ingen fasit når det gjeld utstyr, men tenk på tre ting: Behov. Miljø. Pengar.
Godt utstyr og gode kle gjev betre og sikrare naturopplevingar, men både utstyr og kle kjem med ein kostnad for klima og miljø. Eit lågare forbruk er eit av dei viktigaste tiltaka kvar enkelt av oss kan gjere. Du treng ikkje nytt utstyr for å drive med friluftsliv! Vi har eit stort utstyrslager du kan låne frå, utsal av brukt utstyr og eigne valfag innan reperasjon og utstyrslaging. Om du har ein sovepose som er passeleg vår og haust, men ikkje når det er kaldt og snø, så kan du kjøpe ein lett og liten i tillegg, så brukar du begge når det er kaldt. Eller du kan låne
onkel sin tjukke sovepose som han aldri brukar. Ski er så mangt. Det er ulikt frå linje til linje og person til person kva ski du treng. Kontakt gjerne linjelæraren. Om våren er det ofte gode tilbod på ski viss du treng nye – og forøvrig er Finn ein glimrande skibutikk. Du treng sykkel til å frakte deg sjølv til klatrefeltet, til naustet og til smågodthylla på butikken. Du treng altså ingen spesiell type – den må berre ha to hjul og ramme, og så er du klar. Når du og linja skal drive med stisykling, brukar de skulen sine fulldempa terrengsyklar. 33
NYTTIG INFO –
Du treng ikkje ha mykje friluftsliv erfaring for å søkje på Nordfjord folkehøgskule, men du må like å vere ute, like å vere på tur, og ikkje minst like nye utfordringar. På skulen er det plass til 135 elevar. Gjennomsnitts alderen er ca 20 år. I løpet av året blir det minst 40 overnattingar i telt, hengekøye, båt, lavvo, hytte eller under open himmel. Skulen er stor og har mange rom, vi nemner smie, tresløyd, vektrom, gymsal, badstove, syrom, og ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg. Vi har òg vedfyrt badestamp, sandvolleyball bane, bålhus og gapahukar i skogen og ved fjorden. Rett nedanfor skulen har vi naust med eigne båtar. Pris. Alle norske elevar kan søkje lån gjennom Statens lånekasse via nettsida www.lanekassen.no. Når du har fullført skuleåret med minst 90% frammøte, vert om lag ein tredel av lånet gjort om til stipend. Vi er opptekne av å legge inn så mange ting som mogleg i totalkostnaden på skuleåret, slik at du ikkje skal verte overraska av prisen. Mellom anna legg vi inn alt av linjeturar og fellesreiser. Alt etter kva linje, valfag og prosjekt veker du vel, vil din årspris variere. Sjå friluftslivskulen.no/pris. 34
Søknad. Via nettsidene våre finn du søknadsskjema. Vi har ingen søknadsfrist, men startar opptaket 15 november. Dei siste åra har skulen hatt mange elevar, og enkelte linjer er ekstra populære. Det er med andre ord lurt å søke tidleg.
Sentralt. Det er kanskje å ta litt hardt i å seie at Nordfjord folkehøgskule ligg sentralt. Men: 300 meter frå skulen ligg E39, og der kan du gå på ekspressbussar til Oslo, Trondheim, Ålesund og Bergen. Det er berre 4 kilometer til Sandane lufthamn Anda. Skulen ligg 6 km frå Sandane sentrum.
Nordfjordstipendet. Vi vil at så mange som mogleg skal kunne gå eit år på folkehøgskule. Difor lyser vi ut inntil tre Nordfjordstipend for elevar som treng ekstra økonomisk støtte. Meir informasjon om ordninga finn du på heimesida vår.
Bygda. Også bygda har mykje å by på. I tillegg til rein natur er det preparerte skiløyper og skitrekk. På Sandane, 6 km frå skulen, er det kunstgrasbane, og ikkje minst Trivselshagen, ein stor idrettshall som du og dei andre elevane får mykje glede av. Mellom anna er det eit flott badeanlegg og ein stor klatrevegg som er 15 meter høg, har overheng, og mange ruter med ulik vanskegrad til topps. I tillegg er der vektrom, løpebane, tre handballbaner og eigen turnhall. Vi nyttar oss av dette anlegget både i undervisninga og på fritida. Alle elevane får årskort til idrettshallen, det betyr at du kan klatre og bade så mykje du vil gjennom året. 35
Visjonen vår er å sette spor under ein open himmel. Her har vi plass til akkurat deg.
friluftslivskulen.no instagram.com/nordfjordfhs #nordfjordfhs 36
Søk her: