Page 1

INFORMASJON

GLOPPEN FRIIDRETTSLAG - GLOPPEN KOMMUNE - AUGUST 2016 Thomas under Jr.VM

Steinar med NM-sølv

Jr.-landslagsgutane

Merete med NM-gull

Trude med gull i Døve-VM

Aktive, trenarar og leiarar under Jr.-NM på Brandbu

Hovudsponsorar er:

. . . er generalsponsorar for Gloppen Friidrettslag


2

Gloptimisten • AUGUST 2016

­

Leiaren har ordet

Vi er midt i OL når dette skrives. Fokus er rettet mot idrett og friidrett. Store mesterskap gir gjerne et oppsving i intersse som følge av den økte medieomtalen. I Gloppen friidrettslag kan vi glede oss over god oppslutning. Vi tar imot nye utøvere/medlemmer med åpne armer, arrangerer treninger, samlinger, stevner, reiser og opphold, kurs og aktiviteter. Hvem er vi ? Trenere, tillitsvalgte, foreldre, frivillige. Motivert av ønske om å skape gode miljøer for friidrettsinteresserte mennesker. Særlig flott er det når de unge ser verdien og gleden ved å trene og ta vare på kropp og helse.

Dei tre beste i dame og herreklassen under Svinestranda Opp: f.v. Tina Løkke Vie, Eli Anne Dvergsdal, Merete Helgheim , Espen Roll Karlsen, Sindre Hoff og Sverre Nesdal Aske. Starten for Svinestranda Opp har gått

Økende aktivitet gir også utfordringer. Denne sesongen har våre utøvere deltatt på stevner både i innog utland. Det sier seg selv at dette er en økonomisk utfordring som vi må løse så godt vi kan. Inntekter får vi gjennom medlemspenger, dugnad, kalendersalg, men mest får vi fra svært gode sponsorer som støtter oss og gjør det mulig å delta der vi ønsker. Vi ser at vi er et lite lag, men har likevel imponerende resultater å vise til. Disse kommer ikke av seg selv, målrettet arbeid gjennom mange år har lagt grunnlaget. Jeg vil gjerne oppfordre dere som bor i Gloppen og har mulighet og ønske om å være en del av vårt miljø til å melde dere inn. Støttemedlemskap koster bare 150 kr. De frivillige organisasjonene i Norge har en svært viktig oppgave i landet vårt. Å bruke tid til å være tilstede, spesiellt for de unge , er en god investering i fremtiden ! Else Løkke

Vi treng fotos til den nye kalenderen og oppmodar både proffe og amatørar om å sende inn slike til Dagfinn Nyhammer i Sparebanken.

Treningstider haust -fram til haustferien Loggane: Måndag-onsdag og fredag kl 1700 - kast Rygg skule: Måndag – onsdag – fredag kl 1800 styrke

Byrkjelo stadion: tysdag og torsdag, begge dager start kl 1800 på bana. Avreise frå Stilstova kl1740. Firdahallen: fredager klokka 0700 – basis.

Bukta ved krysset til Fitje: mandager kl 1930 frå Nils Ove.

Bladet kjem ut til alle husstandar i ko­ mmunen tre gonger i året.

Mardal Skule: Onsdager kl 1830 – Gloppetrim – 4km løype

Sandane

Telefon 57 88 46 00

er lagsblad for Gloppen Fri­ idrettslag (GFIL) skipa i 1990 av moder­ laga STIL, Brodd, Fjellhug/ Vereide, Hyen og BBIL. GFIL driv junior, ­senior og veteran fri­idrett i Gloppen.

Treningstider haust/vinter - etter haustferien Loggane: Måndag-onsdag og fredag kl 1700 - kast

Firdahallen: Tysdagar kl1800 – løpsøkt –hurtighet ute.

Rygg skule: Måndag – onsdag – fredag kl 1800 styrke

Firdahallen: Torsdager klokka 1730 – 1930 Teknisk trening inne.

Bukta ved krysset til Fitje: Mandager kl 1530 avreise frå Firdahallen -Intervall

Firdahallen: fredager klokka 0700 – basis.

Redaktør: Dag Fosstvedt Lagskontor i Øvrevegen 10 Tlf. 970 34 389 e-post : gloppen.friidrettslag@ enivest.net Nettredaktør heimeside Nils Ove Roset www.gloppenfil.no Bankkonto: 3710.07.06130


3

Gloptimisten • AUGUST 2016

Smånytt Vår storkastar Steinar Kleppe pendler mellom Hjortefaret i Flora, Ågotnes og Engebøfjellet i Naustdal. Han er likevel faretruande nær krinsrekorden til Ove Farsund. Før Nm var han på Loggane og finpussa form. Kjekt når Steinar kjem ! Alltid litt ekstra trøkk då ! Elin og Merete har det med å undervurdere litt treningsmengdene før Nm. Ut frå resultata er det lite som tyder på mindre treningsmengde i år heller ! Else Lundestad Bakkelid, 6 barns mor, barnehageeigar og student har no tenkt å bruke meir tid på friidretten. Det varmer våre hjerter. Trivselsbadet er fortsatt uten vatn i bassenget. Vi las i avisa at no skulle det ordne seg. Det er lenge sidan. Lite framdrift vil vi påstå. Kanskje det er lite flislim på markedet.

Håkon Fimland i frisk fight med Kjellfred Weum på Krohnsminde (Foto: BA)

Hans Sande har brukt deler av sommaren til å vere i landslagsmiljøet i vektløfting. Det er fantastisk at ein utøvar kan vere så på topp i to idrettar. Hans har uttalt at ein er ikkje skikkeleg sleggekastar før 60 meteren er passert. Og opp der vil Hans. ! Jørund har denne sesongen, som mange andre sesonger vore reisande på stevner i utlandet. Døve Vm i Bulgaria, Nordisk på Island og Baltisk i Finland. Dette i tilleg til at han er i Oslo på jobb to dagar kvar veke heile året så vert det ein del reisedagar på Jørund. Denne våren har det vore ein samanhengande opptur å jobbe opp mot sponsorane. Alle er positive til jobben utøvarane og styret gjere for å synleggjere aktivitet. Sponsortreffet på Gloppen Hotell var ein innertiar. For sponsorar er det viktig å treffe dei aktive, trenarar og støtteapparat. Spesiell takk til Økonomigruppa i klubben som jobbar utruleg godt.

Terminliste 20-8- 24-8- 27-28.8 27-8- 28-8- 28-8- 31-8- 31-8- 31-8- 1-9- 2-4.9 3-9- 3-9- 4-9- 6-9- 7-9- 10-9- 11-9- 10-11.9

Kletten Opp Gloppe-Trimmen BENDIT-lekene FørdeOpp 2016 Eggenipa opp Over Brekka Seriestevne Elitestevne 3 Gloppe-Trimmen Seriestevne kast Ungdomsmesterskapet Knarvikmila NM Halvmaraton Kleiva Opp Lagsmeisterskap BBIL Gloppe-Trimmen Skarsteinsetra opp Regionsleikane Bergenslekene

Tambarskjelvar IL Gloppen Friidrettslag Osterøy Førde IL Breimsbygda IL Haugen IL Hyen IL Kristiansand Gloppen Friidrettslag Hyen IL Sandnes Bergen Trondheim Hardbagg IL Breimsbygda IL Gloppen Friidrettslag Olden IL Byrkjelo Bergen

14-9- Seriestevne 14-9- Gloppe-Trimmen 15-9- Seriestevne kast 17-9- Balestrand Opp 17-9- NM maraton 21-9- Gloppe-Trimmen 23-24.9 Stolzekleiven Opp 1-10- Floramila 1-10- Norstrandløpet 8-10- Gloppen Halvmaraton 9-10- NM terrengløp lang løype 12-10- Seriestevne lange løp 15-10- Galdane Rundt 26.10.-6.10 VM veteran 26-12- Nissemarsj Regionsleikane

Hyen IL Gloppen Friidrettslag Hyen IL Balestrand IL Oslo Gloppen Friidrettslag Bergen Florø T og IF Fjellhug/Vereide IL Fjellhug/Vereide IL Rindal Hyen IL Lærdal Australia Hornindal IL Byrkjelo

NB! Eventuelle endringar vil kun bli gjort på nettbasert terminliste


4

Gloptimisten • AUGUST 2016

Jr.VM Bydgoszcz/Polen 19.–24.juli

Kristi og Thomas klar for VM!

Thomas prøvekastarringen

Thomas Mardal klarte kravet til Jr.VM alt på det fyrste stevnet i vår, og kunne demed bruke tida fram til VM til å toppe formen. Etter at uttaket var klart, kunne Thomas pakke baggen til felles avreise frå Gardermoen søndag 17.juli, i saman med 14 andre norske juniorar og støtteapparatet (inkl Ole Morten). Fly til Warshava og deretter

tre timar buss til Bydgoszcz, og so kunne troppa ta inn på Best In Hotell, i utkanten av byen som er på storleik med Oslo i folketal. Her budde ein saman med utøvarar frå Sverige, India, Slovakia og Nigeria. Hotellet låg ca halvtimen frå stadion, og all transport vart gjort med shuttelbussar som gjekk ca kvar time. Måndag var Thomas ein tur på

stadion, for å ta bane og kastring i augesyn og prøvekaste den. Det var ein imponerande flott stadion, med kapasitet på ca 25.000, og eit anlegg perfekt tilpassa friidrett. Her har det tidlegare vore arrangert store mesterskap, bl.a Jr.VM. Sidan Thomas fyrst skulle kaste laurdag 23., vart det nokre dagar å vente. Det var gode treningsmoglegheitar i tilknyting til stadion, både eiga kastbane, fullt utstyrt oppvarmingsbane og innandørs treningshall m/styrkerom. Her hadde og alle nasjonane eigne fysi-

orom, slik at alle utøvarar fekk den naudsynte behandlinga ein trong. I tillegg til trening og kvile, vart det sjølvsagt turar på stadion for å heie på dei andre norske utøvarane, og sjå friidrett på topp verdensnivå. Og flotte prestasjonar kunne ein bivåne kvar dag; jr.verdsrekokord i spyd menn på 86.5m (ein «spinkel Indiar vi budde saman med), det same i kule for menn. 400m forsøk på 44-talet, og vanvittig fart på 10.000m. I heile tatt topp prestasjonar i dei fleste øvingane, og mange av dei vil vere

Thomas under innmarsj, klar for VM!

Intim og flott stadion!

FIRDA VIDAREGÅANDE – MEIR ENN EIN SKULE • Studiespesialiserande • Musikk, dans, drama

Stadion Zawisza, Bydgoszcz/Polen, arena for Jr.VM 2016

• Idrettsfag

stjerner i friidretten i framtida. Alt i desse dagar er fleire i aksjon i OL i Rio. Fredag var trekking av kastgruppene klar, og Thomas skulle kaste i pulje A, med start 09.40 om morgonen. Thomas var i kjempeform denne dagen, og kunne med eit godt kast klare finaleplass (dvs blant dei 12 beste). Totalt 45 kastarar skulle i løpet av dagen kaste, 22 av desse i pulje A. Store meisterskap betyr også at ein må følgje strenge reglar for opprop/callroom, men her var det lagt svært godt til rette for at dette skulle gå greitt for seg. Etter ei kort oppvarming, var det berre å spasere frå oppvarmingsbana rett inn i callroom. Der må alle sitte og vente til innmarsj. Dei hadde ca halvtimen på seg etter å ha kome inn på stadion, til prøvekast og anna. Thomas hadde svært gode prøvekast, men bomma litt på det 1.kastet når konkurransen starta. Litt for høgt, og ein diskos som steila for mykje. Allikevel 55.82m. 2.forsøket var halvmeteren kortare, eit dårlegare teknisk kast som gjekk for lavt. I siste forsøket vart det dessverre dødt, og Thomas innsåg fort at det neppe vart finaleplass (nr.11 i si gruppe). Når gruppe 2 var ferdige, synte det seg at Thomas vart nr.22 av 45 deltakarar i øvinga. Ein måtte kaste 57.62m for å nå finalen, altså kortare enn persen til Thomas. Men han var allikevel passe nøgd, og slo fleire av dei som har betre pers enn han. Det er sjølvsagt mykje press og stress i ein slik situasjon, men dette er også god erfaring å ta med seg vidare. Natt til måndag var det retur frå Bydgoszcz, same reisa som sist. Mange erfaringar og opplevingar rikare, og alt neste år er det mogleg at Thomas kan vere tilbake på den same arenaen (U23 EM).

Firda vidaregåande skule Firdavegen 21, 6823 Sandane

Telefon: 57 82 53 20 - Telefax: 57 82 53 21 E-post: postmottak.firdavgs@sfj.no www.firda.vgs.no

Thomas i aksjon i diskos

Stilige res.tavler 


5

Gloptimisten • AUGUST 2016

Hovud NM 2016

Askøy, Ravnanger stadion 29.–31.juli Årets hovud NM i friidrett var dette året lagt til regnfulle Vestlandet med Askøyalliansen som arrangør. Gfil stilte også dette året med ei fyldig tropp.10 utøvarar,der 11 var kvalifisert. Kjersti Hjelle Eide måtte prioritere militæret og kunne ikkje delta. Troppa bestod elles av fysioterapeut, kiropraktor,trenarar og ein utruleg bra heiagjeng – som alltid har det «løje» i lag. Nm hotellet var lagt til Scandic Bergen City, der utøvarane og støtteapparat budde,bortsett ifrå dei som har fast arbeid i Bergen. Eit glimrande hotell som kan anbefalast. Prognosane til Jørund tilsa 4 – 6 medaljar. Han brukar sjeldan å ta feil når det gjeld statistikk og personlege rekordar. Likevel veit ein aldri. Det er tross alt noregs beste utøvarar som møtest og ein medaje i NM heng høgt. Berre det å kvalifisere seg seg til meisterskapen er ein stor prestasjon og det ligg mange arbeidstimar bak resultata til utøvarane våre.Fleire av dei trenar både ei og to økter for dag. Kongepokalane dette året gjekk til Karsten Warholm og Line Kloster. Karsten for prestasjonen på 400 m hekk med tida 50.72 og Line for 400m tida 53.02. Utruleg sterkt av begge. Karsten sprang også under den norske rekorden på 400 m , men ein arrangørtabbe gjorde til at den ikkje kunne godkjennast. Det elektroniske systemet svikta og det same med back – up systemet. Tida vart manuell 45.8 og manuelle tider kan ikkje godkjennast som norsk rekord. Ein gedigen arrangørtabbe, men Karsten takla det heilt suverent og fortente til fulle blomster ifrå arrangøren. Men kva presterte så utøvarane våre. Damene først:

3000 m kappgang Gull til Merete Helgheim. Eit suverent løp, der ho sette personleg rekord og kretsrekord med tida 13.39.80.Imponerande Merete. Dette var 5.året ho tok gull i NM. Dei fleste er kjend med løping og kilometertid. Dette gir ei kilometertid på ca. 4.33 – for å sette det litt i perspektiv.Dei færraste hadde greidd å» halde følgje» med denne spreke dama ved å jogge. Utallege timar i fjellheimen har danna grunnlag for ein utruleg kapasitet. Du grov djupt på dei siste rundene, men utruleg imponerande. Gratulerer så mykje, Merete!

Diskos

3 av 8 damer frå Gfil i finalen. Elin Isane imponerte atter ein gong med ein sterk bronsemedaje. 47.99 m vart resultatet.Else Lundestad Bakkelid fekk ein flott 5. plass på 43.29m og Trude Raad ein 7.plass med 42.14m. Glimrande av alle tre. Konkurransen vart vunne av Grete Etholm med 50.69m, med Mathilde Roe på 2.plass.49.57m.

Kule NM Bronse - Trude Raad

Elin har fått mindre tid til perfeksjonering i kuleringen dette året.

Ein 10.plass i ein glatt ring var godkjent. Øvinga vart vunnen av Kristin Sundsteigen frå arrangørklubben Ask med resultatet 13.63m. Meiner å hugse at Elin tok bronse med om lag same resultatet i Sandnes 2002. Tida går fort,sedu!

Slegge

Her hadde Gfil med Marte og Trude. Konkurransen blant medaljekandidatane var jamn og heldt eit høgt nivå. Verdsmeister U-20, Beatrice N. Llano vann konkurransen med eit lengste kast på 65.48 m. Veteranen Mona Holm Solberg slo til med 64.28m,medan Trude fekk bronse på 63.28m. Eit bra resultat Trude. Med små justeringar på teknikken, så går det fort over 65 meter. Marte har prioritert tannlegestudiet dei siste åra, så det er bra å få ein 6.plass i NM. Resultatet vart 52.93m.

Menn: 3000 m hinder. Vincent Sondre Førde kjem ifrå Svelgen. Kom til Firda for 2 år sidan, der han går på Idrettslinja. I løpet av desse åra har han blitt ein habil langdistanseløpar og debuterte med ein flott 4.plass på 3000m

Sleggedominans også i U23 jr.NM

hinder. Tida vart 9.36.30min. Ei uhyre sterk plassering av ein debutant. Gratulerer så mykje, Vincent!

Diskos

Thomas Mardal deltok i U-20 VM , der vekta på diskosen var 1.75 kg. No var det 2 kg og seniordiskos. 6.plass i eit seniormeisterskap er absolutt bra Thomas. Resultat 50.56 m. Sven Martin Skagestad, som var OL deltakar, vann konkurransen med 61.58 m.

Slegge

Gfil hadde med 4 utøvarar; Thomas, Hans, Evald og Steinar. I NM samanheng kan eg aldri hugse vi har hatt med 4 utøvarar på herresida i ei og samme øving. Sterkt! Steinar» slo til» med sølv. Resultat 62.72m. Glimrande Steinar! Evald fekk»den sure 4.plassen»,men med det gode resultatet 60.11m. Dette var sterkt Evald. Thomas persa seg med om lag 6m og fekk 59.07m og 6.plass. Supert Thomas! Hans fekk 52.35m og 10. plass. Pila peikar oppover Hans! Desse fire dannar ei sterk prestasjonsgruppe i øvinga. Steinar har innsikt,rutine og «snakkar same

språk» som desse ungdomane. Du er eit føredøme for unge utøvarar. Gratulerer så mykje med sølvet og ved neste «korsvei» grusar du kretsrekorden.

Kule Thomas er eit unikum, som beherskar alle kastøvingane pluss,pluss … Denne gongen var det kule. 4.plass og 15.30m.Glimrande Thomas! Gull; 1. Sølv; 1, Bronse; 2 , 4.plass 3, 5.plass 1, 6.plass 3, 7.plass 1, 10 plass 2. Utruleg bra blant noregs beste utøvarar. Mange fortener ei stor rose for resultata vi oppnår år etter år. Utøvarane gjer jobben og først og fremst må vi takke og gratulere dei. Trenarane veit kva som krevst for å hevde seg i noregstoppen, så Jørund,Ole Morten,Nils Ove,Reidar og Else.Godt jobba! De gjer ein kjempejobb! Kontinuitet på den administrative sida er også ein viktig faktor, saman med gode og stabile sponsorar. Utan støtte frå dykk ville vi ikkje greidd dette år etter år ,så tusen takk! Jan Otto Aae

Gullet, NM Senior, Merete Helgheim 3000 m kappang


6

Gloptimisten • AUGUST 2016

Christina og Arne Jostein Gimmestad Telefon 57 86 78 73

VI STØTTAR IDRETTEN I GLOPPEN

Vi hjelper deg også med:

Ditt byrå i bygda

- Gravstein - Oppussing og tilføying av namn

RISTORANTE

Firda Elektro AS Nordstrandsvegen 17. 6823 Sandane

Aut. Elektro og Teleinstallatør Butikk, Elektro - Tele - Kvitevarer - Lamper Eigen Kvitevareverkstad

MONA LISA pizzeria

Alle rettigheter Alle rettigheter. God og billig mat. God og billig mat Tar imot selskap selskap. Tar imot Ope til 23 kvar dag Fleirefrå nye,12 velsmakande rettar Velkomen vår restaurant. Ope frå til 12 til 23 kvar dag Velkomen til vår restaurant Sandane tlf. 57 86 66 23 Grandavegen 1, 6823 Sandane, tlf. 57 86 66 23

S. J. Vereide Bakeri Tlf. 57 86 67 10

Idrett gjev glede og overskot i kvardagen

Ser du godt nok? Bestill time no! 57 86 52 66

TELEFON 57 86 58 60 Sandane Senter - 6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 66


7

Gloptimisten • AUGUST 2016

Nm-jr. Gull til Vincent Sondre Førde, 3000 m hinder. Ny jr. rekord U20.

Lisa klar for diskos under årets jr.NM

GFIL-aktive, trenarar og støtteapparat jr.NM 2016 Brandbu Diskosgullet er sikra i U20. Thomas Mardal suveren seier.

Jr.NM Brandbu 5.-7.august

GFIL hadde 11 deltakarar på start i ulike øvingar denne helgja, og både Thomas Mardal og Vincent Sondre Førde kunne titulere seg som norske meistrar etterpå! 3 gull og 2 sølv i tillegg til ein haug med persar og årsbeste viser at dei presterte når dei skulle. Troppa reiste sydover torsdagen, og innlosjerte seg på Hotell Hadeland, ca 15 min køyring frå stadion i Brandbu. Det vart ein kort inspeksjon av anlegget og montering av lagstelt før ein kunne slappe av og gjere seg klar til konkurranse dagen etter. Fredag 5.august small dei fyrste startskota, og Robert Andre Moldestad (16) var på jakt etter avansement frå forsøket på 100m U20. Det var ikkje avansement, men tida 12.01 var årsbeste, og det i motvind (-1.6)! Klar framgang, og det blir spanande å sjå kva han kan klare på UM! Her var han trass alt ein av dei yngste og debutant i Jr.NM, dei eldste i klassa er 19! I diskos U20 hadde Thomas Mardal (19) full kontroll, og sjølv eit ausande regnveir undervegs i konkurransen kunne ikkje fråta han gull nr.2 i denne øvinga (også vinnar i fjor). Tre kast over 55m, der lengstekastet vart målt til 55.85m, var heile åtte meter før nestemann. På 3000m hinder var det knytta spenning til om Vincent Sondre Førde (19) kunne kopiere fjorårets resultat med bronse på heimebane. Då favoritten ikkje stilte til start, tok Vincent ansvar og regelrett knuste resten av feltet på siste rundene. I mål til ny pers med tida 9.20,31 min, og gull nr to til klubben på berre nokre timar. Og endeleg ein løpar på toppen av pallen! I slegge U20 hadde vi med Lisa Selsvik (17), og ho gjorde ein fin konkurranse med ein flott 6.plass

etter eit kast på 41.46m, litt bak årsbeste. Det skal ikkje så mykje til før Lisa vil kunne klatre opp på listene! På 400m U20 sprang Ingrid Hjelle Roset (19) i 1.heat, og fekk 4.plass med tida 61.48 sek. Dette var 13.beste tida totalt, og dermed ingen finaleplass. Men eit fint løp av Ingrid, ho måtte ha persa for å ta seg vidare. Laurdag 6.august, og dette er dagen då mange av våre skulle i aksjon. På 800m U20 skulle Vincent jakte både pers og avansement til finale. Det var dessverre ingen av delene, men han var nær! Med tida 2.01,31 var han ikkje langt bak finaleplassen, men det vart med 5.plassen i heatet. Han kjente nok til løpet frå dagen før, så med optimal oppladning ryk det under 2 minutt! Så kom endeleg slegge-konkurransen for menn U20, og her hadde klubben heile fem deltakarar! Thomas hadde ein misslukka sleggekonkurranse i fjor, men var denne gongen utilnærmeleg. 64.86m vart vinnarkastet målt til, og dermed var Thomas dobbelt norges-mester. Magnus Rygg Storletten (16) var debutant, og har tidlegare i år sett krinsalderrekord med 5kg-slegga. Med jr.slegga på 6kg vart det solid ny pers med 53.37m, og det var lenge godt nok til bronse. Dessverre vart han forbigått i siste omgang av Herman Aurdal frå Sykkylven (som er godt kjent i tr.miljøet då han er med på tr.leir og deltek på Loggane Open). Ein flott 4.plass på Magnus er strålande for ein 16-årig debutant! Og vi hadde fleire unge debutantar; Håkon Hjelle Roset (16) hadde etter to omgangar berre døde kast, men sette ein flott pers i den 3., med 47.32m. Dette gav ein sterk 6.plass. Håkon Fjellestad (16) sette

også pers med 42.54m, og det gav 7.plass. Steffen Fjellestad (17) fekk det ikkje til å klaffe heilt denne gongen, og vart nr.9. Utruleg kjekt å sjå så mange Gloppen-drakter i same konkurransen, og her har vi mange som vil kjempe om medaljar dei neste åra! I slegge menn U23 vart Evald Osnes Devik (21) nr.2 med eit kast på 60.08, berre halvmeteren bak årsbeste, og den andre konkurransen over den magiske grensa! Ein sterk konkurranse som også gav plass til nordisk/baltisk meisterskap to veker seinare! Sølv var eit steg opp på pallen i forhold til i fjor! Hans Sande (20) vart nr.4 med sterk ny pers på 54.56m, eit gledeleg resultat etter litt labre resultat tidlegare på sesongen. Søndag 7.august var Lisa på plass igjen i ringen, denne gongen diskos kvinner U20. 29.14m gav ein 8.plass, men stigninga frå omgang til omgang viser at ho har meir inne. Simon Lidal (18) kasta spyd i menn U20, og hadde ein meget god konkurranse, men fleire kast

Simon med solid pers i spyd.

U23-gutta jr.NM

Thomas i utkastet

Vencent på vei mot gullet under årets jr.NM

Medaljevinnarane under jr.NM over den gamle persen. 52.13m vart lengstekastet målt til, dette gav 5.plass i øvinga. Han har hatt ei flott utvikling denne sesongen, og vi håpar på endå lengre kast under UM! Thomas Mardal (19) avslutta ei fantastisk helg for seg sjølv og klubben, med sølvmedalje i kule menn U20, med ny årsbeste på 16.34m. To gull og ei sølv på tre startar er vel historisk for GFIL?

Arrangøren hadde visse problem undervegs i mesterskapet, med tidsskjema og resultat-service. Veiret var ustabilt, med veksling mellom sol og regn. Dette kan sjølvsagt ikkje arrangør lastast for, men dei har nok elles ein del å lære av staben på Byrkjelo! Neste år er det Jr.NM i Harstad, då blir det flyreise!

Debutanten Rovert Andre Moldestad i utgangen på 100 m. Kraft og styrke.

Ingrid ut av blokkene på 400m U20

Sleggedominans i U20 jr.NM


8

Gloptimisten • AUGUST 2016

Hekkestjerne fyller 60 år

I siste halvdel av 1970-talet hadde Gloppen den beste friidrettsutøvaren i Noreg på langhekken. I samband med at denne personen no fyller 60 år har Gloptimisten fått «audiens» for å få nærare kjennskap både til den aktive idrettskarriera og til livet elles. Harald Gjengedal, som er namnet på denne personen, vaks opp på Øyrane på Sandane som nr. 2 i ein syskenflokk på 5, alle gutar. Han gjekk barneskulen på Austrheim Skule og var ein aktiv gut. Det vart teke skimerke ved å gå rundt skuleplassen, og lengda som vart gått vart notert ned og sendt inn. Elles spelte vi fotball i friminutta, fortel Harald. Men det vart og drive med andre ting, m.a. har Harald diplom som deltakar i Norsk Ungdomsmeisterskap i symjing. Det var langrenn det gjekk på i den tida, og det vart mykje skirenn i Stryn, på Nordfjordeid og i Sunnfjord. Det var Rune Hauge, Per Solheim og Jonfinn Aske som var trenarar og leiarar. I den samanheng var det treningssamling på Karistova på Utvikfjellet med Jonfinn Aske som trenar. Etter kvart kom friidretten i fokus, men det var fyrst då Håkon Lundestad kom attende til Gloppen at dette tok seg opp. I den samanheng reiste vi rundt på stemne som DM og KM og på stafettar som Oldenstafet-

ten, Firdastafetten og Jølsterstafetten. Etter barneskulen gjekk Harald på ungdomsskule på Sandane i 3 år. Dette var fyrste kullet i den nyleg oppstarta ungdomsskulen. Tidlegare var det framhaldskule og realskule som var vanleg etter barne-skulen. Harald tok så til på Firda Gymnas, som var namnet på skulen i den tida, på reallinja. Han fekk Ragnar Eimhjellen som hovudlærar i norsk og historie, medan Ragnar Sande var klasseforstandar. Harald gjekk ut derifrå i 1975. Etter gymnaset byrja Harald på tannlækjarutdanning i Bergen som varte i 5 år i åra 1975-80. Dagsprogrammet var arbeid kl. 8-16, studie 17-19, trening 19-21 og studie frå kl. 21 fram til leggetid kl. 23. Harald var ferdig utdanna i 1980 og tok deretter militærtenesta på Håkonsvern i Bergen som tannlækjar. Då Harald var 16 år, byrja han å satse systematisk på idretten. Fram til då hadde det vore mest sporadisk, men då han fekk Håkon Lundestad som trenar byrja resultata å kome. Overraskande vart han krinsmeister i langrenn, og han gjorde det og skarpt i terrengløp. Dette førte til at han vart utteken på krinslaget i friidrett på 600 m, men ettersom han ikkje hadde resultat å vise til, førte det til at han måtte springe ein 600 m åleine for å forsvare plassen sin. Bestetida frå før

var 1.40, men i dette løpet kom han ned på 1.28.5. Det var likevel som junior i 1975 at Harald byrja å markere som friidrettsutøvar. Han vart då Noregsmeister som junior på 400m hekk. To veker før dette sette han seg ned saman med trenar Håkon Lundestad for å sjå på kva øving han skulle delta i. Vi fann då ut at konkurransen var minst på 400 m hekk, og eg byrja å trene på denne øvinga, fortel Harald. Det er og i den samanheng å nemne at Harald same året fekk pokalen som Kjartan Lauvsnes, Florø, hadde sett opp til fyrste junior som sette krinsrekord på 110 m – eller 400 m hekk. Tida Harald oppnådde dette året, 53.1, var ikkje berre junior-rekord men og rekord for senior. I året etterpå, i 1976, vart Harald i tillegg til Norsk juniormeister og meister i seniorklassa. Dei neste 3 åra, 1977, 1978 og 1979 forsvarte han NM-tittelen, slik Harald har i alt 6 norske meisterskap på 400 m hekk; 2 gongar som junior og 4 gongar som senior. I studietida i Bergen var har med i Gular og var med både på bane og i stafettar. Han var ein viktig mann i Holmenkollstafetten for laget, som var i eliteklassen, på den 650 m lange etappen, som var etappen før lengste etappe og laget hausta fleire sigrar. I sommarferien representerte

han moderlaget Fjellhug/Vereide. I stafettsamanheng er det og å nemne at han som junior sprang den harde fyrste etappen på 1600 m på Breimstafetten for Fjellhug/Vereide i konkurranse med sterke løparar som Anfinn Seim, Vik, Jarle Nyttingnes, Florø og Kjell Arne Lien, Askvoll. Seinare var det for Gular på andre etappar. Harald var ikkje berre ein god hekkeløpar, men og god på flatløp. Under opningsstemne på Åsane Stadion i 1978 vann han 800 m og slo alle av Hordalandseliten, som hadde mange gode løparar den tida, på tida 1.54.2 som og er personleg rekord. 400 m var og ein god distanse der bestetida er 48.6. Når det gjeld 400 m hekk er bestetida 51.95, som tilsvarar 51.8 manuelt og som var berre 3/10 frå Noregsrekorden i den tid som var på 51.5. Tidene på 400 m og 400 m hekk er betre enn lagsrekordane til GFIL. Med dei gode resultata han oppnådde hamna han på landslaget i friidrett. Der var han fram til og med 1979, men etter den tida var det slutt. Eg hadde i Bergen trena saman med tre andre 400 m løparar, men brått var det berre meg tilbake. Dei andre var ferdige med studiane og hadde reist. Eg tok ein telefon til forbundet for å fortelje at eg arbeidde tungt, og to og ein halv månad etter kom

eit treningsprogram i posten. Dette tykte eg var litt for drygt, så treningsopplegget til forbundet hamna i bosskorga, fortel Harald. Dermed var idrettskarrieren over, då han var berre 23 år gamal og enno ein lovande løpar. Åra på landslaget førte med seg ein del landskampar i friidrett. Desse er fylgjande: 1975: junior Sverige-Finland-Noreg. Senior: 1976: Noreg-Finland, Noreg-Ungarn, Noreg-Sverige. 1977: DDR-Sverige-Bulgaria-Noreg, Europa-cupsemifinale i Polen, Noreg-Be-Ne-Lux, Noreg-Hellas, 1978: Noreg-Nederland, Noreg-Tsjekkoslovakia, Noreg-Bulgaria, 1979: Noreg-Nederland, Noreg-Spania-Sverige. I tillegg til 400 m hekk var han i ein del av desse kampane med på 400m flat og 4x400 m stafett. Etter at Harald var ferdig med militærtenesta fekk han arbeid som tannlækjar i Hasvik på Sørøya langt nord i Finnmark. Eit opphald på nesten 4 ½ år, frå 1. februar 1982 til 30. mai 1986. Friidrett hadde dei aldri drive med der oppe; dei hadde gått i ski og fotball. Så når eg la ut på joggeturane mine stod folk i vindauget og såg undrande på meg, fortel Harald. Han vart leiar i idrettslaget og starta opp med treningsgruppe. Fiskarane vart med på treningane og sa etterpå at dei kjende seg mykje friskare.


9

Gloptimisten • AUGUST 2016

Noregsrekord i Hyen

Harald på sykkel etter sykkeltur frå Bergen til Sandane i juli 2016. Biletet er teke på Sandane.

Hekkepassering i eit av mange løp på 400 m hekk. Harald er her i landslagsdrakt. Bilete i Bergens Tidende.

Harald og trenar Lundestad på idrettsplassen på Sandane. Bilete i Firdaposten. Etter opphaldet i Finnmark gjekk turen sørover att til Førde. Her fekk han arbeid hos tannlækjar Huus Harald vart leiar i Førde IL. Han var aktiv utøvar både i hekk, flatløp og stafettar. På den tida i 1987 fekk han eit prestasjonsstipend frå Sogn og Fjordane Fri-idrettskrins på 90 kroner etter å ha vorte krinsmeister på 400 m hekk. Sjekken på dette er enno ikkje innløyst, så denne har han som eit minne. I 1988 vart det eit nytt oppbrot då han flytta til Bergen og etablerte eigen tannlækjarpraksis i Indre Arna. Han byrja då å trene att med Gular. Harald hadde då stifta familie med kone og 4 små born. Han trente då med Gular i 2 år og konkurrerte, m.a. då han i 1989 sprang siste etappen for Gular i Festspillstafetten i Bergen. Tidleg på 1990-talet gjekk han over i administrasjonen og vart leiar i friidrettsgruppa i Gular. I den samanheng er det å nemne at han tok med alle 4 borna på årsmøte. Han vart seinare nestleiar i fri-idrettskrinsen i Hordaland og var i den samanheng utsending frå Hordaland til krinstinget i Sogn og Fjordane i samband med 75 års-jubileet i 1997 der han heldt tale. Han har og vore leiar i valko-

miteen I Norges Fri-idrettsforbund. I veteransamanheng har det ikkje vorte noko individuell deltaking på Harald. Men under NM veteran. I Steinkjer 1999 greidde han saman med 3 av brørne å ta medalje i 1000 m stafett. Dette etter strekk på 2 av løparane i tillegg til misting av stafettpinne. Historisk er det likevel; korkje før eller sidan har det i eit NM vore at eit stafettlag er samansett av berre brødre. Etter kvart tok arbeidet med eige praksis over. Han kjøpte gamal praksis som inneheldt 4 tannlækjarar og 7 tannlækjarsekretærar. Han byrja så i 1997 på Universitet i Bergen på deltid og tok deretter spesialutdanning og vart spesialist i 2003 i protetikk: kroner, bruer og gebiss. Han tok doktorgraden på dette i 2012. Harald arbeider no 50 % på Universitet som fyrsteamanuensis og 50 % i privat praksis på tilviste pasientar. Harald driv enno med fysisk aktivitet, og det er i den samanheng å nemne at han nyleg sykla som ferie frå Bergen til Sandane. Gloptimisten vil gratulere Harald Gjengedal med 60 årsdagen 3. september og takke for å få lov til å dele av idrettskarriera og frå livet elles. Olav Holvik

Harald vinn 800 m på Åsane stadion i 1978. Tida 1.54.2 er sterk på slike baner. Harald leia frå start til mål. Bilete i Bergens Tidende. Gullguten frå Øyrane. Bilete i Firda Tidend i samband med intervju etter å ha vorte Noregsmeister for senior for fyrste gong i 1976. Harald var då knapt 20 år.

Sjekk på prestasjonsstipend frå Sogn og Fjordane Friidrettskrins på 90 kroner

Det tradisjonelle nasjonale stemnet i friidrett i Hyen vart arrangert 27. juli. Tidlegare var dette på ein søndag, men i dei seinare åra har det vore innlagt i friluftshelga og då på onsdagskvelden i den veka. Deltakinga i år var heller tynn. Noko av det kjem nok av at stemnet kom berre nokre dagar før hovud NM i friidrett. NM er i år er tidlegare enn vanleg, då det er sommar-OL i Rio i Brasil og friidretten der går på same tid som NM brukar å vere. Elles kan flytting av tidspunkt frå tidlegare år vere ei anna årsak. Når det gjeld resultat er det å nemne at det vart sett norsk veteranrekord på 400 m i klasse 80-84 år av jølstringen Kjell Steinset. Tida vart 1.18.69 og er over 4 sekund betre enn den førre rekorden. Kjell vart elles nordisk meister i si årsklasse tidlegare i år på 400 m, 800 m, 1500 m og 5000 m og sette i den samanheng norsk rekord på desse distansane. Han manglar no rekorden berre på 3000 m og dette vonar han å greie under veteran-NM i midten av august. Andre veteranresultat elles er å nemne Jon R. Hauge sin 100 m på 12.30 i klasse 40-44 år. Han haddeog 55.61 på 400 m. Av resultat elles i andre øvingar er å nemne sleggekonkurransen der Thomas Mardal kasta 61.00 m med 6 kg slegge og Evald Osnes Devik 55,99 med 7,26 kg slegge. 17 åringen Steffen Fjellestad kasta 41,02 m med 6 kg slegge og kasta dermed over kvalifiseringsgrensa for junior 19 NM. Broren, Håkon Fjellestad, som er 16 år var ikkje langt unna med 37,80 m. Elles kasta 16 åringane Håkon Hjelle Roset 53,83 m og Magnus Rygg Storsletten 53,40 m med 5 kg slegge. Nemnast må og dei godt vaksne Gunnar Bolset i klasse 75-79 år og brørne Audun Holme i klasse 80-84 år og Jørgen Holme i klasse 85-89 år som og oppnådde resultat i slegge. Berre det å halde balansen i kastringen i ein slik alder er ein god prestasjon. I kast er det elles å nemne Else Lundestad Bakkelid sitt diskosresultat på 43,52 m i klasse 40-44 år. Når det gjeld løp har 3000 m tidlegare vore ein distanse der det tidlegare år har vore ein del med og med gode resultat. I år var det berre ein deltakar, 17 åringen Inga Kårstad Skaar, Førde som stilte i klasse kvinner junior. Ho vart noregsmeister på distansen junior K 19 under junior NM på Byrkjelo i fjor og såleis ein god løpar. Men det er plass for deltaking av fleire på distansen. Elles sette regnveret ein dempar på arrangementet både for deltakarar, funksjonærar og publikum. Litt bittert for arrangørane må det vere at hadde stemnet vore på same tidpunkt som tidlegare år hadde det vore fint ver. Med ein så tynn deltaking som det var i år må det til ei evaluering over kva som kan gjerast for framtida med stemnet. Å få ut meir informasjon om stemnet og få til eit fast tidspunkt som ein held seg til kvart år er ein veg å gå. Det er i alle fall god bruk for dette stemnet, ikkje minst med tanke på det fine anlegget som er kome i Hyen både når det gjeld sjølve bana og øvingane der og kastanlegget.

Olav Holvik


10

Gloptimisten • AUGUST 2016

Idrettsdag for Nordstranda Skule - Dans er stas, og ein god aktivitet!

Fjellhug/Vereide-nytt Etter at vi avslutta vår- og sommarsesongen ved skuleslutt, har det vore liten aktivitet i friidretten vår. Sjølv om sommaren skulle vere ei

god tid for friidrettstrening, har diverre aldri skuleferien vore nokon stor aktivitetsperiode. På Sparebankleikane hadde

Sparebankleikane - Ingunn hoppar lengde.

vi med om lag 10 deltakarar, og mange gjorde det godt. M.a. tok Håkon Fjellestad ein fin førsteplass i diskos, medan bror Steffen fekk 2. plass i slegge. Malin Hauge Ravnestad vann 60 m HK. Friidrettsdagen for Nordstranda Skule vart også i år ein suksess. Heile skulen møtte opp på Idrettsplassen første tirsdagen i juni. Massevis av idrettsglede, der 1. idrett på Firda vgs var instruktørar, tidtakarar, lengdemålarar og mykje meir. Flott samarbeid mellom Fjellhug/Vereide, Nordstranda Skule og Firda vgs! Største arrangementet vårt i sommar var Svinestranda Opp. Om lag same deltaking som i fjor, med Norgestoppane Eli Anne Dvergsdal og Sindre Hoff på startstreken. Begge sette løyperekordar, og tusenlappane fekk bein å gå på under premieutdelinga på Austrheimsstøylen! God stemning, bra deltaking, og som vanleg mykje skryt over løypa frå deltakarane. Neste sommar håpar vi å kunne søkje, og få tildelt, Norgescupstatus for motbakkeløpet vårt. Når dette vert lese, har det vore UM for gutar og jenter i Sandnes.

Lisa Selsvik

Lisa Selsvik

Idrettsdag for Nordstranda Skule - Konsentrasjon på 60 m. Fjellhug/Vereide har tre deltakarar som er kvalifiserte; Lisa Selsvik, Steffen og Håkon Fjellestad. Dei skal vere med i kastøvingar, og kan gjere ein fin-fin innsats i UM. Gloppen stiller med 12 utøvarar, og saman med ein del lagleiarar, trenarar og foreldre kjem dei til å vise igjen i rogalandsbyen. Fjellhug/Vereide har som vane å ha mange arrangement. Vi meiner det er viktig at her er eit tilbod til dei som er aktive, og difor må også nokon trø til og arrangere. Heldigvis har vi foreldre og andre i laget som trår til, og vi er også medarrangør i lag med andre klubbar. No har vi tre arrangement

igjen i haust: Regionsleikane for 8-12 år på Byrkjelo, Nordstranda-løpet saman med Folkehøgskulen, og Gloppen Halvmaraton laurdag 8. oktober. Vi håpar på god velvilje når vi også til desse stemna spør dykk om hjelp! Til slutt nemner vi at vi held fram med det gode samarbeidet med STIL på innandørstreninga, som vert starta opp att i oktober. Kan vi få anbefale foreldre å sende sine unge til fin og allsidig trening i Trivselshallen, og der vi håpar at vi kan unngå treningskollisjon slik vi opplevde i fjor? Det ville vore knallbra!

Gloppe-Trimmen tek innspurten! No er det berre nokre få trimkveldar att i Gloppe-Trimmen. Det har vore god deltaking også i år, og når siste trimkveld går onsdag 21. september har vi nok notert om lag like mange som i 2015. Gloppe-Trimmen har følgt fast mønster i alle dei 7 åra vi har hatt tilbodet, med 2 og 4 km-løyper på grusvegane i Bukta. Registreringa startar kl 18.30 ved Mardal Skule, og då er dei ivrigaste ofte komne i mål etter ein runde på Bukta-vegane. Å springe på tid er ofte fengande, men det har vorte litt mindre med deltakarar her i år. Vi håpar likevel på at det vil ta seg opp igjen, for det skjerpar formen å ha slike uhøgtidelege onsdagskonkurransar. Kvar veke har vi premieutdeling, der ein butikk i Gloppen har vore sponsor for eit gåvekort på kr. 250,- som vert uttrekt mellom dei frammøtte. Siste løpskvelden er det duka for premieutdeling. Olin Henden i

G-sport Sandane stiller også i år på med gåvekort på kr. 2.000,- som vert trekt ut mellom dei som har vore med minst 10 gonger. Etter 11 rundar er det om lag 90 som har 5 løp eller meir, og som dermed kan vere med i trekkinga om gåvekortet. Alle som har vore med åtte gonger, får ein minnemedalje/-premie som bevis på at dei har vore mellom dei flittigaste trimmarane. Bli med i innspurten på Gloppe-Trimmen!

Premien dersom du har vore med minst 8 gonger.

Lise Elvebakk var den heldige vinnar av gåvekortet frå G-sport i 2015.


11

Gloptimisten • AUGUST 2016

Flott gjeng på plass på Værdsungdomsspelen Nya Ullevi første helga i juli.

Med Thomas og Vincent på Islandstokt GFIL har vore representert på juniorlandslaget til Nordisk meisterskap kvart år sidan 2005, då Trude Raad kom med som 15-åring. I år var vi representert med Thomas og Vincent, begge tok gull på NM-junior helga før. Reisa gjekk med fly få Gardermoen til Keflavik og buss til Hafnarfjordur, rett utanfor Reykjavik. Vi fekk diverre ikkje dei beste tilhøva for utandørs friidrett: regn, vind og 10-12 grader. Det einaste positive med veret at Thomas endeleg fekk ein konkurranse med skikkeleg diskosvind, noko han nytta på beste måte og sette pers. Både Thomas og Vincent gjorde sine saker svært bra, tilliks med dei andre på det norske laget. «Papirlandskampen» på førehand, utrekna etter personlege rekordar, gav Norge 3.plass, men kanskje var det veret som hjelpte oss til å slå svenskane og bli nr. 2 bak Finland. Thomas var i aksjon i kule på laurdagen, han starta forsiktig med ca. 15,50 i dei første kasta, men i siste omgang slo han til med 16,99 og ny pers. Søndag var det først

slegge og rett etterpå diskos. Thomas hadde full kontroll i begge desse øvingane, trass våt og glatt ring leverte han solide kastseriar av høg kvalitet. Det vart pers i slegge med 67,74 og pers i diskos med 58,68. Spesielt imponerande var sleggeserien med to kast på 67-talet og eitt endå lenger rett utanfor sektor. Vincent gjorde eit sterkt hinderløp trass kraftig vind og regn. Han gjorde kanskje en taktisk feil ved å sleppe dei to favorittane allereie etter ei halv runde og vart liggande ca. 30 m bak resten av løpet. Ein svenske la seg i rygg i over 6 runder, på oppløpet smatt han forbi etter at Vincent hadde gjort drajobben i den sterke vinden. Likevel var Vincent berre 11 sek. frå persen det vart ein fin 4. plass, mindre enn 2 sekund frå sølv! Ei nyttig erfaring til seinare løp. Litt uvanleg med nattfly tilbake til Gardermoen og morgonfly til Sandane, Vincent nådde akkurat fram til 1. skuledag i 3. klasse på Firda!

Merete Helgheim (KV 35-39) Gull, 3000m: 11.09,49 Else Lundestad Bakkelid (KV 40-44) Gull, diskos: 45,61 Jon R. Hauge (MV 40-44) Gull, 100m: 12,41 (-0,2)

Avspark 2016 - sponsortreff på Gloppen Hotell april 2016.

Jørund Årdal

GFIL-resultat, KM på Byrkjelo 20.-21. august 2016 Trude Raad (KS) Gull, 100m: 14,01 (-1,9) Gull, diskos: 43,08 Gull, kule: 11,56 Gull, slegge: 64,06

Stortrening på Byrkjelo før NM 2016

Gull, 200m: 25,06 (+0,4) Jakob Eirik Lothe (MV 60-64) Gull, høgde: 1,20 Dagfinn Nyhammer (MV 65-69) Gull, 200m: 30,18 (+0,4) Gull, 5000m: 20.39,06 Jørgen M. Holme (MV 85-89) Gull, slegge: 26,61

• • • • • • • •

Nordstrandsvegen 13, Sandane Tunavegen 12, Naustdal

Behandling av muskel- skjelettproblem. Treng ingen tilvising for å gå til kiropraktor. Eige rehabiliterings- og treningsrom. Tilvisingsrett til røntgen, MR, CT og ultralyd. Tilvisingsrett til spesialist - privat og offentleg. Kan sjukmelde for muskel- skjelettproblem. Kort ventetid. Opent Sandane måndag og torsdag Naustdal tysdag og fredag


12

Gloptimisten • AUGUST 2016

E. E. RØNNEKLEIV 6829 HYEN

Gloppen kommune legg forholda til rette for idretten

Besøk oss på Coop-varehuset på Sandane GLOPPEN AS SANDANE Telefon 57 86 70 10

COOP-VAREHUSET - TLF. 57 86 59 87

OPNINGSTIDER:

Anne Neteland Andenæs Sandane Telefon 57 86 57 97

GLASSMESTERFORRETNING

Måndag-fredag

7.00-23.00

GLASS - VINDUER - DØRER - FASADER

Telefon 57 86 54 22 Mobil 970 34 390

Postboks 103 - 6821 Sandane Tlf. 57 88 43 50 - Fax. 57 88 43 51

Laurdag

8.00-21.00

Arild Sæthre 97 71 69 00

Jon Arne Myklebust 90 06 56 50

Alt i elektriske installasjonar og varmepumper

Velkomen til ein hyggeleg handel!

6823 SANDANE - Tlf. 57 86 61 35 Fax 57 86 62 33 - Mob. 909 82 646 - 957 64 170 post@eveboblikk.no - www.eveboblikk.no

Vaskemaskin!

med poleringsprogram

Hyen Automatstasjon

Sunnere inneklima, ventilasjon, sentralstøvsuger, rensing ­ av ventilasjon Beslag/takrenner Tak og fasadekledning,

Fyll tanken lokalt!

Tlf. Sandane 57 86 55 39 - beststasjon.no

BILUTLEIGE TLF: 57 72 50 80

reingjering Liftutleige, betongsaging/kjerneboring, branntetning

FRYDENBØ BILSENTER STØTTER GLOPPEN FRIIDRETTSLAG Vi har fantastisk støtte i Frydenbø Bilsenter på Sandane. Dei stiller velvilleg opp med køyretøy slik at vi kan kome oss på stemne rundt om i landet. Sist var vi på NM i terreng­løp i Stav­anger, då fekk vi bruke ein flott V60 H ­ ybrid. Trygg og god transport med Volvo. Takk!

VEREIDE BLOMSTER AS

Sandane Blomster - Binderi og Hagesenter

KATTAHAMRANE, SANDANE Telefon 934 12 239 / 414 12 512 www.hageland.no

Veidekke Entreprenør AS Distrikt Sogn og Fjordane Postboks 185 - 6821 Sandane Telefon 57 86 62 55 - Telefax 57 86 59 80

Entreprenørforretning - Ferdigbetong

ADVOKATANE LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL Postboks 138, 6821 SANDANE Telefon: 57 88 44 00 - Telefax: 57 88 44 01 www.gloppenadvokat.no Telefon 57 88 46 60

STØTTAR GFIL


13

Gloptimisten • AUGUST 2016

NM Veteran

Her er resultata til utøvarane våre frå konkurransane på Furumo Idrettspark på Geithus i helga. Elin Isane (KV 40-44) Gull, diskos: 47,39 (ny meisterskapsrekord) I denne klassa blei Borghild Hjelmeset (Sigdal Friidrettsklubb) nr. 2 med 29,33. Jon R. Hauge (MV 40-44) Gull, 200m: 24,88 Gull, 400m: 54,44 Gull, 800m: 2.07,28 Per Kristian Lundby (MV 65-69) Gull, tresteg: 9,43 Sølv, diskos: 32,26 Femteplass, spyd: 33,70 Dagfinn Nyhammer (MV 65-69) Gull, 400m: 68,59 Gull, 800m: 2.39,90 Sølv, 100m: 14,92 Sølv, 200m: 30,55 Fjerdeplass, 3000m: 11.48,07

IMG_4733 Jon R Hauge, Elin Isane, Jørgen Holme, Per KR. Lundby og Dagfinn Nyhammer Dei same som over, men med glopparen Borghild Hjelmeset, som representerer Sigdal.

Jørgen M. Holme (MV 85-89) Sølv, slegge: 25,09 Sølv, vektkast: 9,62

Diskos: Elin nr. 1, Borghild nr. 2

800 m Arvid Syrstad, Dagfinn Nyhammer, Einar Behrns

Elin Isane

Jon R vann 3 distansar, m.a. 200 m

Dagfinn Nyhammer vart nr. 2 på 200 m. Vinnar Stein Ohr, Norodd, nr. 3 vart Ola M Hilstad, Norodd

Jon R på 100 m

Konfirmasjon, dåp,   bryllaup   0-­‐årslag?   Konfirmasjon, dåp, bryllaupeller   eller550-årslag? Koldtbord, sosakjøt, suppe ellersteik?   steik? Koldtbord,   sosakjøt,   suppe   eller  

3 glopparar med røter i Fj/Vereide

100 m; Dagfinn Nyhammer nr. 2 bak Stein Ohr. Nr. 3: Johnny Isaksen, Ask

Du bestemmer og bestiller, folkehøgskulekokkane steiker og kokar!

Du bestemmer  og  bestiller,  

Vi leverer heim til deg, eller du kan leigeofestlokale folkehøgskulekokkane steiker   g  kokar!   på skulen.

Ta kontakt for informasjon og bestilling. Tlfd57 40 festlokale  på  skulen.   Vi  leverer  heim  til  deg,  eller   u  k86 an  80 leige    

® by Strukturplast


Masse NYTT til til oppussing 14 Kulørkupp vårpussen! Tidligere butikknavn har nå blitt Kulør Butikknavn

Gloptimisten • AUGUST 2016

- Kulør er Norges nye farge - og interiørkjede med over 80 butikker og 200 male- og håndverksbedrifter.

Vår lidenskap for tall vil gi deg bedre resultater. Vis oss din lidenskap - få endre bedre resultater!

Dag Fosstvedt er ein fantastisk person som ordnar Gloptimisten. Uten hans hjelp hadde det vore hardt å greie lagsavisa i tilegg til alt anna. Tusen takk.

PRODUKTNAVN

Blankett v/15

Laoreet duis feugiat eum sit facilisis tincidunt diam ex ullamcorper nulla in veniam Nordsjø maling - Tarkett sed sciurus, vel in eum qui odio duis tation euismod et. Exercigolvbelegg nulla in iriure. 3 LITER SPANN Borge tapet

348,-Royal Bindoplast 7 solskjerming 198,2,5 LITERSPANN ALLE FARGAR

PRIS

Arbeidsgruppa for rehabilitering av Idrettsplassen er i arbeid og ser fram til ytterlegare framdrift utover hausten.

Sørstrandsvegen 6 6823 Sandane Tlf: 57 86 86 00 Accountor.no

000,-

Nye. flotte flisar

Eid Fargehandel Kulør Butikknavn

2,5 LITERSPANN ALLE FARGAR

3 LITER SPANN ALLE FARGER

Trebo-Hus a.s

Sandane Eidsgata 36, Nordfjordeid | Sted | Tlf: XX XX XX XX | Fax: XX 86 XX XX tlf. 57 80 XX 60 tlf.Gateadresse 57 86 05 68 www.kulør.no fax57 57 86 86 80 80 61, 61 www.trebohus.no fax 57 86 136823 11 Sandane - tlf. 57 86 80 60,fax

• Entreprenør • Fargehandel • Ovnar • Byggevarer • Kjøkken, bad og garderobe • Lampar og gardiner

Velkomen innom butikken vår i Jarbrugda!

Vi støttar lag som glimtar av gull!

Sandane Gullsmedforretning

Støtt annonsørane våre

6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 55

SOGN OG FJORDANE REED - BYRKJELO

- dei støttar oss

Breim Servicesenter Byrkjelo

Tel: +47 57 86 85 92 Fax: +47 57 86 52 72 www.bdo.no

VELKOMEN TIL GOD HANDEL

Tel: +47 57 86 85 92 BDO Tel: +47 57 86 85 92BDO Fax: +47 57 86 52 72 Nordstrandvegen 13 Fax: +47 57 86 52 72Nordstrandvegen 13 P.O. Box 53 www.bdo.no P.O. Box 53 www.bdo.no 6821 Sandane 6821 Sandane NO-989 127 098 MVA NO-989 127 098 MVA BDO Nordstrandvegen 13 P.O. Box 53 6821 Sandane NO-989 127 098 MVA

driv framleis butikken sin i Gotavegen.

AB

Velkomen til oss!

Nordstrandsvegen 10, 6823 Sandane Tlf. 57 88 44 10  eikenes@libris.no www.libris.no/eikenes

Mardal Rør A/S 6823 Sandane tlf. 57 86 57 91 - Fax. 57 86 54 20

P

deservic eA Byg

Tlf. 96 22 33 66

S

n til butikk ane!

Vi har det du treng til fornying av huset inne og ute!


15

Gloptimisten • AUGUST 2016

Nye nøtter august 2016

Beste notering LØP veteran

LØP TID NAMN 100 m 200 m 400 m 800 m 1500 m 3000 m 5000 m 10000 m 100 Hekk 110 Hekk 300 Hekk 400 Hekk

Trude Raad tok gull i Døve-VM

LØYSING

Trude tok eit nytt VM-GULL for døve i Bulgaria i dag med eit kast på 62,62. Det var hard kamp om gullet, ukrainske Rymma Filimoshkina kasta 61.63 på sølvplass. Russarane var ikkje utestengt frå denne meisterskapen, dei tok bronsemedalje. Gloppen Fil gratulerer. Det er veldig kjekt at Trude no er stabil på gode lengder.

A Forsinka påskenøtter

Sitat Kven sa det? 1 Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi let meg stelle åleine ? MARTA 2 Den som eg kyssar, han skal de taka. JUDAS 3 Svik du Menneskesonen med ein kyss ? JESUS 4 Eg kjenner ikkje den mannen de talar om. PETER 5 Eg finn inga skuld hjå han. PILATUS 6 Gjev oss Barabbas fri! FOLKET 7 Vi lid det vi har fortent, men han har ikkje gjort noko vondt. DEN ANDRE RØVAREN 8 De leitar etter Jesus frå Nasaret, han er ikkje her, han har stått opp att. ENGELEN 9 Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket TOMAS 10 De menn frå Galilea, kvi står de her og ser opp mot himmelen? TO KVITKLEDDE MENN Vinnar: Anne Randi Roset, Sandane B Krinsrekordar pr. 1.5 2016 Menn Senior Øving Namn Tresteg 16.11 Sigurd Langeland Kule 20.39 Kjell Ove Hauge Diskos 63.10 Kjell Ove Hauge Slegge 64.20 Ove Farsund Spyd 76.20 (Ny type) Arne Indrebø C Kvinner Junior 19 Tresteg 12.39 Cecilie Rise Kule 13.29 Trude Raad Diskos 49.34 Trude Raad Slegge 62.73 Marit Rygg Årdal Spyd 48 .04 (Ny type) Bodil Hjelmeset (INGEN HADDE RETT SVAR PÅ DETTE)

Flott trenings­skjorte for sal! Du får kjøpt den på

Løp og kjøp


KRYSSORDET VASSRETT 1 Drikk 5 Japansk sjølvmord 11 Kristen seremoni. 14 Høgdedrag 15 Stivbeint 18 Lekamsdel 20 Eit halvt snes 22 Jentenamn 23 Forhenverande 25 Svensk skiby 27 Omvendt nedbør (dansk) 29 Sambandsstatane (fork.) 31 Hardt mineral 33 Drikkekar 34 Stae 35 Helsing 36 Preposisjon 37 Anonym 38 Skingrande låt 39 L---- Testamentarisk gåve) 41 Kornband 44 Nummer (Fork.) 45 Kjernevedi 47 Som 41 vassrett 48 Prov for sikkerheit mot anklage 50 Himmelretning 52 Gutenamn 53 Gripe 55 Idretten 56 Like konsonantar 57 Preposisjon

9 Null og niks 10 F-O Annonsør i dette nr. 12 Rekke 13 B- Annonsør i dette nr. 16 V- Smittestoffa (Bokm.) 17 I vinden 19 Tung bør 21 Kjent dikt av Kipling 24 Matrettane 26 Gutenamn og skulder 28 Minke 30 Varsle om framtida 32 Fisk 38 Uttakingskomitè 40 Jentenamn 42 Vemmelege 43 Grunnstoff 46 Grein i friidrett 48 Bindeord 49 Belegg på kopar 51 Fred 54 Preposisjon Løysing til GFIL, Boks 120, 6821 Sandane . FRIST: 1.oktober 2016

LODDRETT 2 Elv i Sibir 3 Dei fraktar gods til sjøs 4 Treslag 5 Husdyr 6 Preposisjon (til,angåande) 7 Brutal 8 Månad

Siste kryssordvinnarar: Audhild Kvandal, Sandane - Dagny Myklebust. Byrkjelo

! N E T S I M GLOPTI 249,-

NIKE PRO COOL T-SKJORTE TIL JR. Elastisk og tett passform.

749,PR.

DEL

FRA

399,-

NIKE DRI-FIT CONTOUR T-SKJORTE TIL DAME T-skjorte med god passform.

CASALL FOAM ROLL

299,-

249,- 1149,-

NIKE DF COOL/TRAINING T-SKJORTE TIL JUNIOR

NIKE AIR ZOOM PEGASUS 33 LØPESKO TIL DAME OG HERRE

, 9 9 3 1 , 449 FRA

NIKE NK DRY CONTR TOP T-SKJORTE TIL HERRE

NIKE AIR ZOOM VOMERO 11 LØPESKO TIL DAME OG HERRE

KARI TRAA ROSE ULLUNDERTØY

Den føles myk mot huden, puster godt og er naturlig lukthemmende.

SANDANE

Tlf. 57 88 46 00 Opningstider: man- fre 9-18 laur 9-15

Gloptimisten august 2016  
Gloptimisten august 2016  
Advertisement