Page 1

Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.07 Side 1

INFORMASJON

GLOPPEN FRIIDRETTSLAG - GLOPPEN KOMMUNE - APRIL 2016

Treningsleir i Alfamar,Portugal

Tekst/bilete side 8–9

Hovudsponsorar er:

... er generalsponsorar for Gloppen Friidrettslag


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.07 Side 2

Gloptimisten - APRIL 2016

2

Leiaren har ordet GFIL har «forelska» seg i Algarvekysten i Portugal! Etter eit par år på Gran Canaria har vi funne den perfekte staden for treningsleir i påska: Alfamar hotell og sportssenter i Albufeira, ca. 40 min. frå flyplassen i Faro. Dette året reiste 18 aktive og eit «støtteapparat» på 13(trenarar, fysio, foreldre) på eit 13-dagars strålande opphald til sol, varme og topp treningsfasilitetar. Under opphaldet i år fekk vi fleire påminningar om friidretten si mørke bakside: Doping! Vi fekk nytte eit møterom til å samlast etter middag om kveldane, men ein dag fekk vi melding om at WADA, det internasjonale antidopingbyrået, måtte ha rommet. Den kvelden såg vi at rommet var fullt med russiske utøvarar, som for tida er utestengt frå friidretten pga. mange dopingsaker. Neste dag vakna vi opp til toppsaka i NRK Sogn og Fjordane der Kjell Ove Hauge si dopingsak frå 1998 vart lagt ut i full breidde. To dagar seinare dukka det opp ein kviterussisk sleggekastar som lett kasta seniorslegga over 75 meter! Vi spora fort opp identiteten, han hadde pers på 77 m frå april i fjor, var med i VM i august, det vart det «berre» 71 m. Kviterussland er kanskje den nasjonen som har hatt flest dopingtekne kastarar dei siste 10-15 åra, så vi tenkte vårt når vi såg på den enorme kraftutviklinga i kasta til denne utøvaren. Det kinesiske diskoslandslaget for kvinner også var til stades på Alfamar, dei har hyra inn ein pensjonert østtyskar som trenar, han har tidlegare vore trenar for DDR, vi veit alle kva dei dreiv på med på 80-talet! For å gjere biletet komplett: tre dagar etter heimkomst kunne vi i norske media lese at Tatjana Lysenko, russisk sleggekastar med OL- og to VM-gull, hadde blitt teken i doping etter at ein gjenopna prøve frå 2005 hadde felt henne! Ho har trena samtidig med oss i Portugal fleire gonger. Når vi ser på desse utanlandske profesjonelle heiltidsutøvarane med sine personlege trenarar og der det vert nytta ulovlege medikament, forstår vi at det å nå opp på internasjonalt seniornivå er ei nesten umogeleg oppgåve for våre ungdomar. Difor er det viktig for oss i GFIL at vi set oss realistiske mål: å hevde oss nasjonalt, og når det rette typane dukkar opp, hjelpe dei fram til internasjonale juniormeisterskap. Det har vi igjen klart i år! Vi ser fram mot ein spennande friidrettsesong der høgdepunktet vert junior-VM i Polen med Thomas Mardal i aksjon! Jørund Årdal

BILETTEKST INN HER

GFIL-årsmøte 9. mars både for utøvarar og trenarar. Det er kjekt å drifte aktiv friidrett i Gloppen. Narve Heggheim frå Friidrettskrinsen delte ut prisar frå Friidrettens Venner til utøvarar og trenar. Heidersprisen i Gfil vart utdelt

GFIL avvikla onsdag årsmøte med rekordframmøte. Heile styret tok attval. Det vart levert rekneskap i pluss og økonomien er sikra med gode sponsorar til over 2018. Gode sportslege resultat og mange kjekke treffpunkt året gjennom

til ein fantastisk kar Jørund Årdal. Les grunngjevinga på www.gloppenfil.no. Her finn de også komplett årsmelding. Ein flott kveld, og vi ser fram til sesongen 2016.

Gloppenmeisterskap torsdag 26. mai ØVINGAR 12–14 år: 60 m - 600 m – lengde – liten ball – kule 15 år og eldre: 100 m – 400 m – 1500 m – lengde -høgde - kule – diskos – slegge – spyd NYTT TIDSSKJEMA Kl

G 10-12

J 10-12

1800 1820 1830 1850 1910 1930 1950 2000

HØGDE

HØGDE

60 m KULE BALL LENGDE 600 m

BALL 60 m LENGDE KULE 600 m

GJ 13-14 HØGDE KULE LENGDE 60 m BALL

15 år og eldre SPYD HØGDE SLEGGE DISKOS KULE 100 m 600 m 400 m – 1500 m

LENGDE

KUN 3 FORSØK I HOPP/KAST FOR GJ 13-14 ÅR PÅMELDING FORTSATT SEINAST 1750 Dei første løpslistene må dragast inn kl. 1800 for kopiering. Det er viktig å ha ein person som kan ta seg av kopieringa.

ORDONNANS Leiar for løp må syte for å disponere ein ordonnans som skal løpe med kopier til STARTORDNAR.

Treningstider vår og sommar 2016

Sandane Telefon 57 88 46 00

Loggane: Måndag-onsdag og fredag kl 17.00 - kast Rygg skule: Måndag – onsdag – fredag kl 18.00 styrke Bukta ved krysset til Fitje: Måndager ferdig oppvarma klokka 20.00 Mardal skule: Onsdager klokka 18.30 – Gloppetrim – 4km løype

Byrkjelo stadion: Tysdag og torsdag, begge dager start klokka 1800 på bana. Avreise frå Stilstova klokka 1740. Firdahallen: Fredager klokka 07.00 som vanleg fram til starten av juni.

er lagsblad for Gloppen Friidrettslag (GFIL) skipa i 1990 av moderlaga STIL, Brodd, Fjellhug/ Vereide, Hyen og BBIL. GFIL driv junior, senior og veteran friidrett i Gloppen. Bladet kjem ut til alle husstandar i kommunen tre gonger i året. Redaktør: Dag Fosstvedt Lagskontor i Øvrevegen 10 Tlf. 970 34 389 e-post : gloppen.friidrettslag@ enivest.net Nettredaktør heimeside Nils Ove Roset www.gloppenfil.no Bankkonto: 3710.07.06130


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.07 Side 3

Gloptimisten - APRIL 2016

3

Ivrige stafettjenter i Kongleløypa.

Forflytting ve dhjelp av treklossar – ikkje lov å vere ned i bakken!

Friidrettssesongen i Breimsbygda IL er i gong Det er endeleg vår igjen! Lette sko og lyse kveldar gjer noko med oss! I Breimsbygda IL er vi i gong med stafett-treningar; tysdagar på Reed stadion og torsdagar på Byrkjelo. Det er fint å springe i Breimsstafett-terrenget, og tartandekket på Byrkjelo er og snøfritt etter å ha vore dekka av snø i fleire månader. Vi har invitert både barn og vaksne på treninga, og håpar at vi skal kunne stille mange lag på vår eigen stafett! Planane for resten av sesongen er ikkje heilt spikra, men vi har hatt som tradisjon gjennom fleire år å ha Kick-start av friidrettssesongen dagen før Breimsstafetten. I år blir dette gjennomført 30.3, og det blir aktivitet inspirert av «Mesterenes mester». Same dag vert også Breims-mila arrangert, og vi håpar mange nyttar anledninga til å gå, springe eller sykle seg frå barnehagen og til Fjordhestgarden og tilbake igjen. Treningane etter 1.mai blir hovudsakleg på Byrkjelo, tysdagar og torsdagar. Ein gong i månaden kjem vi til å arrangere trenings-

Sindre F. Johnsen i godt driv.

stemner. Følg med på Facebook og www.breimsbygda.no for å få informasjon om kva øvingar vi arrangerer. Vi håpar at dei unge utøvarane på denne måten skal få prøve seg på nye øvingar. Motbakkeløp er i vinden som aldri før, og vi vil påstå at vi no gjennom fleire år har arrangert eit av dei mest sjarmerande av den

sorten: Helkjastøylen opp! Vi har to ulike startområder, og alle går i mål på toppen av ein litt seig siste motbakke på Helkjastøylen. Den korte løypa er for dei som er i 4. klasse og yngre, og den er på 1 km. Den lange løypa er frå byggefeltet i Hovden, og er på 3 km. Løyperekorden tilhøyrer Andreas Hetle, og er på litt under 20 minutt. Det er knallfort! Vi arrangerer dette saman med O-gruppa i Breimsbygda, og det er sosialt og veldig kjekt! Vi har etter kvart ei god gruppe unge utøvarar, og vi håpar å kunne stille på ein del lokale stemner i løpet av sesongen. På Sparebankleikane har vi planar om å få til noko sosial aktivitet – kanskje saman med fleire av dei andre laga i kommunen? Vi har også planar om å ha ein fellestur i løpet av sesongen. Det er kjekt å vere i gong igjen, og vi gledar oss til å møtest på friidrettsarragement gjennom sommaren! Lykke til med sesongen, alle saman!

Melding til lesarar utanfor Gloppen Dette er siste nummer du får gratis. Om du fortsatt vil ha bladet tilsendt, må du sende inn 50 kr til konto 3710.07.06130 og svare JA på slippen nedanfor som sendast til Dag Fosstvedt, Boks 120, 6821 SANDANE. JA, eg vil fortsatt ha bladet! NAMN .......................................................................................................................................................... ADRESSE

...............................................................................................................................................

Ingenting å seie på balansen til Endre Fugle Kvile!

Det står svært dårlig til med kassen. Innbetaling av kontingent gaar meget tregt ...


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.07 Side 4

Gloptimisten - APRIL 2016

4

Bli med på Benditsamling på Byrkjelo før Sparebankleikane! Sogn og Fjordane Friidrettskrins arrangerer i samarbeid med GFIL og laga i Gloppen Benditsamling på Byrkjelo Stadion tysdag 21. juni på dagtid. Samlinga er for gutar og jenter i 13 og 14 årsklassane. Den er open for alle som vil trene friidrett heilt uavhengig av oppnådde resultat. Samlinga vert avslutta med pizza og prat der ein blir betre kjent på tvers av klubbgrensene. På denne samlinga tek ein sikte på å tilby instruksjon i dei fleste øvingane innan løp, hopp og kast utifrå dei aktive sine ynskje. Benditkonseptet er eit tiltak i regi av Norges Friidrettsforbund og blir gjennomført i alle landets kretsar med samlingar og munnar ut med Bendit-leikane på hausten. Der er det kretskonkurranse, og for Sogn og Fjordane sin del går turen til Osterøy 26-28. august der ein skal ha lagkonkurranse mot Hordaland, Rogaland og Agder. Dette er ei flott helg både sportsleg og sosialt med fellesbuss nedover og overnatting på skule ved stadion. Krinsen har kvote på 40 utøvarar, og ein håpar å fylle denne kvoten med idrettsglade 13 og 14 åringar frå heile fylket. Benditsamlinga på Byrkjelo blir første trinn i å byggje eit lag frå fylket, og der har ein bruk for alle som likar og kan tenkje seg å trene friidrett og ha Benditleikane som mål i august. -Benditkonseptet er viktig for aldersgruppa 13-14 år, og vi ynskjer at flest muleg set av datoen og blir med på samlinga på Byrkjelo. Dette er ei kjekk og inspirerande samling saman med jamal-

Felles oppvarming på Benditsamlinga.

dringar frå heile fylket. Tidlegare år har vi hatt mellom 30 og 40 aktive på denne samlinga, og den har vore ein god inspirasjon på trening men også viktig for å styrke både lag og fylkeskjensla hos dei unge fram mot Benditleikane. Denne gongen kjem første samlinga nokre dagar før Sparebankleikane, og vi oppmodar alle i denne aldersgruppa som likar friidrett om å bli med på begge deler, seier

FIRDA VIDAREGÅANDE – MEIR ENN EIN SKULE  

 





dagleg leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins Narve Heggheim. Påmelding til samlinga vert sendt klubbane og lagt ut på

www.sffik.no ca tre veker før den vert arrangert. Sparebankleikane 2016 startar på Byrkjelo fredag 24.6. Innby-

dinga er ikkje klar enno. I forkant av leikane vil Gloppen Idrettsfestival ha eige arrangement.

Ulsteinhallen treningsarena for GFIL-løparar Våre beste sprintarar og distanseløparar har i vinter vore fire økter til Ulsteinhallen og trent på friidrettsdekke med rundbane. Det har etter kvart vorte mange slike hallar rundt om i landet, men dessverre ingen i vårt fylke endå. Spesielt viktig er det for mellom og langdistanseløparane å få meter med piggsko og fartstrening til liks med konkurrentane rundt om i landet. No blir det trent og konkurrert hei-

le vinteren i slike hallar, og våre beste ynskjer å halde tritt. Helst bli beire. Sprintarane må også springe fort med piggsko lenger enn 60 meter, så dei har også stor nytte av å trene på innandørs friidrettsbane. All mengdetrening for mellom og distanseløparane foregår på grusvegane i Bukta eller i Eidsmona vinterstid. Sprintarane trenar noko mengde på løpebana i Trivselshallen, men det begrensar seg

då underlaget lett medfører belastningsskader. Det seier seg sjølv at det då er inspirerande å få trent på topp friidrettsdekke i ny og ne. Det har vore fredagsturar til Dimna. Gjennom Kviven med god veg er det kun 1,5 t til Ulsteinvik, så det er overkomeleg.


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.07 Side 5

Gloptimisten - APRIL 2016

5

Gloppen Friidrettslag «Team Extra» GFIL-aktive som vert Jr.NM- og Hoved-NM-kvalifiserte vert oppkledde med «Team Extra» bekledning. Gloppen skal syne igjen under meisterskap. Framme har vi klubblogo, generalsposorane og hovedsponsorane på plass. Bak har vi «Team Extra»-logo samt nettadresse og Gloppen Friidrett. Team Extra er for å gje dei med kvalik-krava til meisterskap ein ekstra motivasjon ved å framtre som eit team i klubben. Motivasjonen kan kanskje bli lit for ekstra stor for dei som kjempar for å greie eit NM-krav. Som eit ekstra pluss så er både Coop og Sparebanken inne med bonus for gode

prestasjonar i 2016. Skjortene er komne og vil bli lanserte den 23. april på sponsortreffet for Gloppen Hotell.

GFIL-aktive som er kvalifiserte til Jr.- eller hoved-NM vert oppkledde med «Team Extra»-bekledning.

Coop Extra på lag med Gloppen Friidrettslag Det er med stor glede vi kan presentere ny Generalsponsor til Gloppen Friidrettslag. Coop Extra går inn som ein av to generalsponsorar dei komane tre åra. Det nye samarbeidet med Coop Extra er svært viktig for klubben. Stabil og god økonomi bidrar til at eldsjeler kan fortsette det gode arbeidet med ungdomen som ynskjer framgang på idrettsbana. 2015 har vore eit svært godt år for GFIL både sportsleg og administtrativt. Vi håpar mange kjem på årsmøtet vårt 9. mars og høyrer om deltaljane frå statistikken, økonomien og alle dei aktivitetane vi elles styra med gjennom eit år.

Copp har ny, stor Extra daglegvarebutikk på Sandane og tre Coop avdelingar i Breim. Det er den største daglegvareaktøren i Gloppen. Då har vi to generalsponsorar, Sparebanken Sogn og Fjordane og Coop Extra. Saman med hovudsponsorane SFE, Retura NOMIL, Nordfjord Skifer og Gloppen Hotell har vi no eit godt økonomisk fundament til å utvikle friidretten vidare. Alle desse samarbeidspartnarane har kontrakter med langsiktig perspektiv. Når vi i tillegg har G-sport og Ronny Solheim (fotograf) med oss som delsponsorar er vi godt skodde på mange frontar. Det betyr at satsinga fram mot NM 2018 på heimebane er i ferd med å blir sikra. På veien til dette målet er der mange kjekke delmål, komande sesong ser vi

fram til JrNM i Brandbu, NM på Askøy, UM i Sandnes og kanskjeogså ein JrVM-deltakar. Vi håpar å gje alle ein god opplevelse av fri-

idrett i åra som kjem med Gloppetrim, friidrettskule, Sparebankleiar og gode sportslege resultat. Stor takktil Geir Espe, Øyvind

Inviterer til

Indrebø og Martin Hamre som har gjort Coop Extra-avtalen muleg! Vi skal gjere vårt ytterste til at dette blir eit fruktbart samarbeid.

^WKE^KZdZ&&ͬ</<K&&

20 2 1 16

laurdag laurdag 23. april kl. 16:00 på Gloppen Hotell Hotell sŝƆŶƐŬũĞƌĊŐũĞƟůďĂŬĞƟůŐŽĚĞƐĂŵĂƌďĞŝĚƐƉĂƌƚŶĂƌĂƌ͘ŝĨŽƌǀŝůƌĞƉƌĞƐĞŶƚĂŶƚĂƌĨƌĊĚĞƐƐĞ ĨŽƌƚĞůũĞŽŵǀĞƌĚŝĞŶĂǀĊƐƚƆƩĞůŽŬĂůŝĚƌĞƩŽŐŐũĞŽƐƐĞŝƚŝŶŶďůŝŬŬŝŬǀĂĚĞŝƐƚĊƌĨŽƌ͘ĞƩĞ ƐŬĂůŽŐƐĊǀĞƌĞĞŝŶĂƌĞŶĂĚĞƌƐĂŵĂƌďĞŝĚƐƉĂƌƚŶĂƌĂƌŽŐƵƚƆǀĂƌĂƌŬĂŶďůŝďĞƚƌĞŬũĞŶĚĞ͘ sĞůŬŽŵĞŶ Ɵů ĂůůĞ ĂŬƟǀĞ͕ ĨŽƌĞůĚƌĞ͕ ƚƌĞŶĂƌĂƌ ŽŐ ůĞŝĂƌĂƌ ŝ ĨƌŝŝĚƌĞƩĞŶ ŝ 'ůŽƉƉĞŶ͘ <ƌŝƐƟŶ ZŽƐĞƚ͕ƟĚůĞŐĂƌĞƚŽƉƉƵƚƆǀĂƌŵĞĚϯEDͲŐƵůůƉĊϴϬϬŽŐĚĞůƚĂŐĞůƐĞŝDƐĞŶŝŽƌƉĊϭϱϬϬŵ͕ ǀŝůǀĞƌĞƟůƐƚĂĚĞƐŽŐƉƌĞƐĞŶƚĞƌĞďŽŬĂƐŝΗ>ƆƉĨŽƌůŝǀĞƚΗ͘

Gloppen er toppen!

'K^DZ/^WZdEZZ/ϮϬϭϲ͗


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.07 Side 6

Gloptimisten - APRIL 2016

6

VI STØTTAR IDRETTEN I GLOPPEN

Christina og Arne Jostein Gimmestad Telefon 57 86 78 73 Vi hjelper deg også med:

Ditt byrå i bygda

- Gravstein - Oppussing og tilføying av namn

RØRLEGGER, SNEKKER OG FLIS KOMPLETT BAD

RISTORANTE

Telefon 57 86 53 80 Mobil 905 65 802 E-mail: bademiljø.no

Firda Elektro AS Nordstrandsvegen 17. 6823 Sandane

Aut. Elektro og Teleinstallatør Butikk, Elektro - Tele - Kvitevarer - Lamper Eigen Kvitevareverkstad

MONA LISA pizzeria

Alle rettigheter Alle rettigheter. God og billig mat. God og billig mat Tar imot imot selskap. Tar selskap Ope frå 12 til 23 kvar dag Fleire nye, velsmakande rettar Velkomen tiltilvår restaurant. Ope frå 12 23 kvar dag Velkomen til vår restaurant Sandane tlf. 57 86 66 23 Grandavegen 1, 6823 Sandane, tlf. 57 86 66 23

S. J. Vereide Bakeri Tlf. 57 86 67 10

Idrett gjev glede og overskot i kvardagen

Ser du godt nok? TELEFON 57 86 58 60

Bestill time no! 57 86 52 66

Sandane Senter - 6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 66


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.07 Side 7

Gloptimisten - APRIL 2016

7

Vi gratulerer! Gudmund Skrivervik – 95 år!

Nils Ove – 50 år! Nils Ove Roset (1966) GFIL-leiar, men også BBIL medlem

Vi gratulerer vår superveteran med dagen – 18. mai.

Frå han var 16 år var han blant dei beste i fylket på 400 m og 800 m, og har ei lang rekke krinsmeisterskap i desse øvingane. Han hevda seg også sterkt i nasjonal samanheng. Soleis tok han bronse i NM Junior i 1984 (49.67), og same året tok han bronse i Ungdoms-NM med tida 49,14 som framleis står som krinsrekord for Junior 19 år. I 1988 vart han nr. 6 på 400 m under hovud-NM på Byrkjelo. Han har delteke i 1 seniorlandskamp (800 m) og 3 juniorlandskampar (400 m og 4 x 400

Gudmund er i lag med Astri Førde vår største internasjonale stjerne på veteransida. Han har sett verdsrekord i femkamp og tikamp. Under OL i Sacramento 2011 starta han i fem øvingar og vann gull i alle. Gudmund har nok nå avslutta karrieren, men han har alltid ytt sitt beste, og vi takkar og hyllar Gudmund for det!

Gudmund på ein tidlegare treningstur ute i terrenget.

Vi gratulerer også! Vincent Sondre Førde med flott plassering i NM terrengløp - berre få sekund etter vinnaren ! • Ingrid Hjelle Roset og Mari Sollid Eide med dobbeltsiger i K jun. • Andreas Rauset med siger i M jun.

• Sverre Nesdal Aske og Jon R. Hauge med dobbeltsiger MV 4044. • Dagfinn Nyhammer (MV65-69) og Magne Tystad (MV 70-74) med klassesiger!

m) og var også god nok til å delta i Bislett Games. Han har 12 løp under 49.4 på 400 m og 8 under 1.54 på 800 m. På 800 er han plassert som nr 2 på adelskalendaren og 400 m plasserer han på 3.-plass på adelskalendaren i Sogn og Fjordane. Personlege rekordar: 100 m 11.2 (11.54) 200 m 22.73

400 m 800 m

48.88 1.51.45

Som stafettløpar har han vore med på å sette 3 krinsrekordar som står den dag i dag: 1988 Seniorrekord for Breimsbygda FIL: 1.57.02 på 1000 m stafett (NM Byrkjelo) 1988 Seniorrekord for Breimsbygda FIL : 1.30.7 på 4 x 200 m 1990 Seniorrekord for Gloppen FIL: 3.21.50 på 4 x 400 m Breimstafetten: Som den sterke og innsatsviljuge løparen han var hadde han i mange år klippekort på første etappen i seniorstafetten. Han leverte som nr. 1!

Knut Lunde – årets dommar Under kompetansehelga i Stavanger denne helga vart framifrå stemneleiar på Byrkjelo, Knut Lunde tildelt pris som årets dommar ! Tildelinga skjedde på festmiddagen no i kveld. Han er fast inventar på Byrkje-

lo når større stevner skal arrangerast. Svært få, om ingen i det heile, har så lang fartstid som stemneleiar og dommar som Knut. Vi er heldige i Gloppen som har ein slik kapasitet tilgjengeleg.

Han er grunnleggande glad i friidretten og har den gode evnen til å sjå dei større linjene. Takk så langt, og stå på vidare Knut !

Gloppen FIL – satsingsklubb 2016

Fotball, svømming og friidrett trenar kondisjon ilag. Eldstemann på bildet er Jan Otto Aae, mangårig trenar i idretten i Gloppen. Bildet er tatt 2. mars på våt, men snø- og isfrie grusveier. Det er en glede å meddele at Gloppen FIL saman med 9 andre er valgt ut til Norges Friidrettsforbunds Satsingsklubb 2016.

Høybråten og Stovner IL Ullensaker/Kisa IL friidrett Løten Friidrett Gloppen Friidrettslag

Årets satsingsklubber er: Sørild FIK Hvam IL friidrett Os Turnforening friidrett IL Skjalg IL Gneist Steinkjer Friidrett

Hovudvinklinga for GFIL sin søknad var deltaking i Idrettskrinsen sitt prosjekt Framtidas Idrett spesielt retta mot aldersgruppa 16-19 år Dei overordna måla i ein 3-årig prosjektperiode er:

Lage strukturar som sikrar kontinuitet og eit varig kompetanse- og utviklingsfokus i idretten i Sogn og Fjordane. Gjennomføre eit kompetanseløft for idretten i S/Fj. ved tverridrettsleg, tverrfagleg og tverrsektorielt samspel overfor målgruppa trenarar og leiarar for unge utøvarar Etablere og prøve ut ein modell for fellesidrettsleg kraftsenter, i de-

finert lokalmiljø med vgs. m/idrettsfag, som sikrar gode utviklingsvilkår for unge utøvarar. Gode i hop er slagordet i satsingsprosjektet til SFIK. Struktur: oppbygging; samanhengar, organisering, faste samarbeidslinjer .Idretten i samspel med m.a. Olympiatoppen – OLT Vest, Høgskulen i Sogn og Fjordane og fylkeskommunen. Modellen for fellesidrettsleg

kraftsenter skal (siste punkt ovanfor) vere i Gloppen, m.a.basert på det arbeidet GFIL har drive og driv på dette området i fleire år. Vi har konkrete planer for felles samlingar og fellestreningar på tvers av idrettane i Gloppen. Vidare skal dette nyttast til å ha det same på fylkesplan etter mal frå OLT. Ein aldeles super søknad ført i pennen av Ola Bergheim !


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.07 Side 8

Gloptimisten - APRIL 2016

8

Kasttrening.

Kastanlegget.

Sprint på bana.

Basistrening.

Asle Førde i arbeid med Hans.

Knut Stian i arbeid.

Treningsleir, Alfamar i Portug Også i år har GFIL hatt treningssleir for sine mange lovande utøvarar i Portugal i ei «noko utvida påske». Vi var 18 aktive utøvarar og 13 lagleiarar/trenarar/støtteapparat/pårørande. Som «førstereisgut» vil eg gjerne takke GFIL for eit fantastisk fint opplegg. Turen starta på Sandane laurdag morgon og vi køyrde «meir eller mindre samla» til Gardermoen, der vi tok fly til Lisboa og derfra nytt fly til Faro. Ein god halvtime med buss og vi kunne ta inn på hotell/bungalover og få ein velfortjent kvil. Eg har nok høyrt at der skulle vere gode treningsforhold for utøvarane og «fin natur» for dei som ikkje bruker opp all energien på treningsfeltet. Og det

Oppgåveløysing.

må seiast at dette ikkje var overdreve. Sjølve idrettsanlegget, bygd av austtyskarar tidleg på 80 talet besto av eit stort hotell og mange bungalover/leiligheiter. Treningsfelta besto av baner og anlegg for omlag all friidrett og tennis. I tillegg var der store hallar for «vekttrening» Utanom sjølve idrettsanlegget hadde vi tilgang til «halve Atlanterhavet». Reine, fine strender på fleire kilometer der dovne dønningar vaska om fotane til dei mange som hadde sin daglege spasertur på stranda. Litt for kalt i havet for dei fleste, men «fyrstereisguten» måtte sjølvsagt ut i havet på ein liten symjetur. Og kva er vel meir naturleg for ein sørstrending enn å prøve fiske-

Quiz.


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.07 Side 9

Gloptimisten - APRIL 2016

9

Utan mat og drikke . . .

Terrengløypa 10 km test.

rtugal 19. mars til 1. april lukka i same slengen. På ein av symjeturane vasa eg meg inn i nokre garn som hadde dreve av ute frå havet og no nærma seg land. Eg «hjelpte garnet» den siste biten gjennom brenningane og opp på stranda. Med hjelp frå forbipasserande fekk vi drege heile lenkja opp på stranda. Garnet var fullt av fisk som eg aldri hadde sett før (men som eg sikkert fekk servert på hotellet). Oppe på klippene vart det uendeleg med stiar for sykling og turar. Maten på hotellet ja, den var det rikeleg av og vi tok føre oss ... Det var og kjekt å sjå at alt furgerte. Dei unge og litt eldre utøvarne hadde det

fint saman og det var aldri noko problem. Vi voksne hadde eit alle tiders opphold. Nils Ove og Jørund hadde full kontorll på turen, opphaldet og gjennomføringa av treninga. Turen og opphandet var ein opplevelse som vi gjerne gjentek. Takk til GFIL, frå ein pårørande, for at vi fekk vere med.

Gutta klare for Quiz.

Fellesmiddag.

Soling


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.07 Side 10

Gloptimisten - APRIL 2016

10

Velg FRITT blant pølser, burgere, pølse- og burgerbrød merket med dette symbolet. Vi spanderer den billigste!

EXTRA STORT UTVALG TIL EXTRA LAVE PRISER


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.08 Side 11

Gloptimisten - APRIL 2016

11

Resultat frå Sørstranda Rundt 2016 3,3 KM JENTER 11-16 ÅR J 14 år: 1 Malin Nesdal Aske (Fj/v), 15,22

K 40-44 år: 1 Trude Eimhjellen (STIL), 34.40. 2 Anita Sørheim (Brodd IL), 37.27. 3 Charlotte Sjølberg (?), 45.00

M 21-34 år: 1 Eivind Øygard (Jølster IL), 23.34. 2 Vegard Wergland Hansen (NHH), 26.52. 3 Eirik Hellerud (Brodd IL), 29.01

GUTAR 11-16 ÅR G 11 år: 1 Mathias Rauset (STIL), 13,31

K 45-49 år: 1 Judith B .N. Ekerhovd (Zumba Bremanger), 45.00

M 35-39 år: 1 Hilmar Kråkenes (Almenning IL), 28.03. 2 Øystein Rinde ( Fj/v), 47.50

G 13 år: 1 Tobias Fuglestrand (STIL?), 13,05. 2 Jon Kristoffer Perstad Navelsaker (Jølster IL, 13,44 G 14 år: 1 Håvard Klakegg (Jølster IL), 11,40. 2 Kaya Van Hulst (BBIL), 13,46. 3 Øyvind Fure (BBIL), 13,50 G 16 år: 1 Even Nesgård (Fj/v), 11,33 7,5 KM KVINNER K 35-39 år: 1 Ragnhild Gunderse (STIL), 37.54. 2 Kristine Gustavsen (STIL), 40.31

K 50-54 år: 1 Åse Britt Øygard (Jølster IL), 38.22 K 55-59 år: 1 Torhild Ulvesæter, 42.56 K 60-64 år: 1 Bjørg Reknes (Florø IL) , 43.04 K 65-69 år: 1 Liv Berge (Åheim IL), 42.30. Løyperekord. MENN M 17-18 år: 1 Hans Kristian Arnestad (Brodd IL), 29.54

M 45-49 år: 1.pl. Jørn Lothe (GFIL), 30.23. 2 Asbjørn Ekerhovd (Bremanger motbakkelag), 32.11. 3 Ulf Magne Eikås (Stryn IL), 39.13

M 19-20 år: 1 Andreas Rauset (GFIL) , 28.01

M 50-54 år: 1 Odd Arne Kolseth (GFIL), 30.32

Nytt styre i friidrettsgruppa i IL Brodd Det gamle styret: Leiar: Daniel Arnestad Dyrnes Styremedlemmar: Nina Engelbrektson Ann Kristin Bjørnereim Runar Drage Jørund Årdal Det nye styret:

M 40-44 år: 1 Sverre Nesdal (Fj/v), 27.53. 2 Gisle Skjølberg (Bremanger IL), 29.10. 3 Benny Hansen (Fj/v), 29.22. 4 Inge Visnes (Almenning IL), 33.56. 5 Marcus Vedeler (Eid IL), 34.03. 6 Sindre Humberseth (GFIL), 34.45. 7 Vidar Rygg (Brodd IL), 35.25 min

Leiar: Liv Randi Teige Styremedlemmar: Nina Engelbrektson Jon Ravnestad Runar Drage Jørund Årdal

Gratulerer med ny bok, Kristin Roset!

M 60-64 år: 1 Leif Martin Reknes (FlorøIL), 37.01. 2 Inge Asbjørn Haugen (Hornindal IL), 38.54 M 65-69 år: 1 Dagfinn Nyhammer (GFIL), 33.19. 2 Rolf Tennebø (SFE/BBIL), 39.37. 3 Lars Ulvestad (GFIL), 40.49. 4 Olav Lyslo (GFIL), 42.56 M 70-74 år: 1 Magne Tystad (GFIL), 37.16. 2 Jostein Visnes (Almenning IL), 44.33

DESSE STILTE I MOSJONSKLASSA Ester Helene R. Skogli Siv Egge Selma Rygg Amund Gimmestad Tove Rygg Jorunn Gimmestad Bjarne Rygg Christian Eimhjellen Fjeldtvedt Emilie Engelbrektson

Randi Arnestad Mathea Gimmestad Monica Rygg Sandal Sunniva Gimmestad Hege Aagård Lars Endre Gimmestad Ragnhild Rygg Arne Nesgård Lena Eide Margot Nesgård Nora Eide Mathias Nesgård Kristina Eide Vergard Engeset Astrid Gåsemyr May Britt Kvellestad Randi Rygg Reidun Solberg Seim Tordis Sande

Gloppe-Trimmen 2016 - Dagfinn Nyhammer No kriblar det nok litt i beina etter å kome i gang med på GloppeTrimmen! Onsdag 20. april er første trimkveld, då er det berre å møte fram ved Mardal Skule i Bukta! Opplegget vert etter same mønster som dei 7 åra vi har halde på. Det vert kveldspremiering, det vert ein skikkeleg premie til nokon som har vore uthaldande og delteke på mange trimkveldar, og ikkje minst vankar det premiering i form av ein liten pokal til alle som har eit visst tal på oppmøte. Etter oppstartskvelden den 20. held vi på onsdagskveldar utover til slutten av juni. Etter halvannan månads pause midt på sommaren, startar vi opp att 10. august, med siste trimkveld 21. september. Då har vi gjort unna 16 trimkveldar.

‡ ‡ ‡ ‡ ‡ ‡ ‡ ‡

Registreringa startar kl 18.30 ved Mardal Skule, og startpengane er som før; kr. 20 for alle over ti år, og kr. 10 til og med 10 år. Løypa går på grusvegane i Bukta, i alt 4 km, noko som skulle vere ein fin kveldstur for alle. Alternativet er ei løype på to kilometer for dei minste, som også andre sjølvsagt kan bruke. Saft eller vatn når du kjem i mål! Mange likar å ha nokre nappetak med treningskameratar og kjenningar, og for desse har vi lagt inn tidtaking. Ikkje minst er dette ein fin måte å også måle seg mot seg sjølv gjennom mange løp. Vi håpar at mange stiller opp for å ta ein test på eiga form. Det må vere motiverande å måle framgang frå gong til gong! Bukta er fantastisk i vår- og

sommarkveldane! Opplev den ved å gå trimturen, enten i lag med andre, eller som ein kveldstur for deg sjølv og eige velvære! Og den sosiale stunda mens ein ventar på kven som blir kveldens vinnar av gåvekortet er også verd å ta med seg. Trimdatoar: 20. april – 27. april 4. mai – 11. mai – 18. mai – 25. mai 1. juni – 8. juni – 15. juni 10. august – 17. august – 24. august – 31. august 7. sept. – 14. sept. – 21. sept.

Nordstrandsvegen 13, Sandane Tunavegen 12, Naustdal

Behandling av muskel- skjelettproblem. Treng ingen tilvising for å gå til kiropraktor. Eige rehabiliterings- og treningsrom. Tilvisingsrett til røntgen, MR, CT og ultralyd. Tilvisingsrett til spesialist - privat og offentleg. Kan sjukmelde for muskel- skjelettproblem. Kort ventetid. Opent Sandane måndag og torsdag Naustdal tysdag og fredag


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.08 Side 12

12

Gloppen kommune legg forholda til rette for idretten

Gloptimisten - APRIL 2016

E. E. RØNNEKLEIV 6829 HYEN

Besøk oss på Coop-varehuset på Sandane GLOPPEN AS COOP-VAREHUSET - TLF. 57 86 59 87

SANDANE Telefon 57 86 70 10

Anne Neteland Andenæs Sandane Telefon 57 86 57 97

GLASSMESTERFORRETNING

OPNINGSTIDER: Måndag-fredag

7.00-23.00

GLASS - VINDUER - DØRER - FASADER Postboks 103 - 6821 Sandane Tlf. 57 88 43 50 - Fax. 57 88 43 51

Laurdag

Arild Sæthre 97 71 69 00

8.00-21.00

Jon Arne Myklebust 90 06 56 50

Velkomen til ein hyggeleg handel!

Vaskemaskin!

med poleringsprogram

6823 Sandane

Hyen Automatstasjon Fyll tanken lokalt!

BILUTLEIGE

Alt i elektriske installasjonar og varmepumper

6823 SANDANE - Tlf. 57 86 61 35 Fax 57 86 62 33 - Mob. 909 82 646 - 957 64 170 post@eveboblikk.no - www.eveboblikk.no

Sunnere inneklima, ventilasjon, sentralstøvsuger, rensing av ventilasjon Beslag/takrenner Tak og fasadekledning,

Tlf. Sandane 57 86 55 39 - beststasjon.no

TLF: 57 72 50 80

Telefon 57 86 54 22 Mobil 970 34 390

reingjering Liftutleige, betongsaging/kjerneboring, branntetning

FRYDENBØ BILSENTER STØTTER GLOPPEN FRIIDRETTSLAG Vi har fantastisk støtte i Frydenbø Bilsenter på Sandane. Dei stiller velvilleg opp med køyretøy slik at vi kan kome oss på stemne rundt om i landet. Sist var vi på NM i terrengløp i Stavanger, då fekk vi bruke ein flott V60 Hybrid. Trygg og god transport med Volvo. Takk!

VEREIDE BLOMSTER AS

Sandane Blomster - Binderi og Hagesenter

KATTAHAMRANE, SANDANE Telefon 934 12 239 / 414 12 512 www.hageland.no

Veidekke Entreprenør AS Distrikt Sogn og Fjordane

Postboks 185 - 6821 Sandane Telefon 57 86 62 55 - Telefax 57 86 59 80

Entreprenørforretning - Ferdigbetong

ADVOKATANE

LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL

Telefon 57 88 46 60

Postboks 138, 6821 SANDANE Telefon: 57 88 44 00 - Telefax: 57 88 44 01 www.gloppenadvokat.no STØTTAR GFIL


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.08 Side 13

Gloptimisten - APRIL 2016

Gloptimisten - NOVEMBER 2015

Terminliste 2016, pr. 23. februar

Terminliste kortversjon Dato Arrangement 2-4- Søstranda Rundt 6-4- Friidrettens dag 10-4- NM trerrengløp kort løype 10-4- KM terrengløp 16-4- Florø Maraton Rett Vest 17-4- Loggane Open 20-4- Terrengløp Klenkarberget 20-4- Gloppe-Trimmen 22-4- Terrengløp Hornindal 24-4- Oldestafetten 27-4- Gloppe-Trimmen 28-4- Senterløpet 29-4- Nasjonalt kaststemne 30-4- Breimsmila 1-5- Breimsstafetten 1-5- Loggane Open 1-5- Esefjorden Rundt 4-5- Gloppe-Trimmen 6-5- Suten Opp 7-5- Holmenkollstafetten 10-5- Treningsstemne 11-5- Seriestevne 11-5- Gloppe-Trimmen 12-5- Seriestevne kast 14-5- Storehaugen Opp 15-5- Loggane Open 18-5- Elitestevne 1 18-5- Gloppe-Trimmen 20-22.5 EM veteran 21-5- Vikjastemne og Vikjastafett 21-22.5 NM stafettar 25-5- Seriestevne 25-5- Gloppe-Trimmen 26-5- Gloppemeisterskap 26-5- Seriestevne kast 28-5- Høgdegalla på Vikøyri 28-5- Honndalsleikane 28-5- Måløyløpet 28-5- Åsen Opp 1-6- Postvegløpet 1-6- Gloppe-Trimmen 2-5.6 Framo-lekene 4-6- Florø Friidrettsfestival 5-6- Hovlandsstølen Opp 5-6- Lustraløpet 8-6- Seriestevne 8-6- Gloppe-Trimmen 9-6- Seriestevne kast

13

TERMINLISTE 2016 Pr. 23.februar.

VETERANAR

Arrangør IL Brodd Vik IL Stavanger Fjellhug/Vereide IL Florø Tog IF IL Brodd Haugen IL Gloppen Friidrettslag Hornindal IL Olden IL Gloppen Friidrettslag Fjellhug/Vereide IL Gloppen Friidrettslag Breimsbygda IL Breimsbygda IL IL Brodd Balestrand IL Gloppen Friidrettslag Vik IL Oslo Breimsbygda IL Hyen IL Gloppen Friidrettslag Hyen IL Lærdal IL Brodd Hamar Gloppen Friidrettslag Portugal Vik IL Trondheim Hyen IL Gloppen Friidrettslag Gloppen Friidrettslag Hyen IL Vik IL Hornindal IL Almenning IL Florø Tog IF Markane IL Gloppen Friidrettslag Bergen Florø Tog IF Eikefjord IL Luster IL Hyen IL Gloppen Friidrettslag Hyen IL

Dato

Stemne

Stad

Arrangør

20.-21.febr.

NM Mangekamp innendørs jun/sen/vet

Sandnes

Sandnes IL

12.-13. mars 29.mars - 3.april

Veteranmesterskapet Innendørs EM Innendørs

Nes Arèna Ancona(ITA)

Ull/Kisa Friidrett

9.-10. april

NM Terrengløp korte jun/sen/vet

Stavanger

IL Skjalg

07.mai 07.mai 20-22.mai 21.-22.mai 28.-29.mai

Holmenkollstafetten NM Ultraløp 100km EM Terrengløp Veteraner. NM Stafetter ung/jun/sen/vet NM Mangekamp 7/10kamp

Oslo Bergen Algarve (POR) Trondheim

11.jun 11.jun 18.jun

NM Kappgang langdistanse landevei NM 4/5 kamp NM Motbakke Jun/Sen/Vet

Bergen Ålgård Luster

1.-3.juli

Nordisk Mesterskap Veteraner

Odense (DEN)

12-14.august

Veteranmesterskapet utendørs

Modum

3.sept. 17.sept. 09.okt 15.okt

NM kast-femkamp NM Halvmaraton NM Maraton NM Terrengløp - lange distanser NM Kappgang - langdistanse

Lenangen Trondheim Oslo Rindal Søfteland

26.okt - 9.nov.

VM Veteran

Perth (AUS)

T&IF Viking Gjesdal IL

Jægervatnet IL

Kjøpeløyve for piggsko og treningsdrakter Det kan vere artig å ta eit tilbakeblikk på kvardagsproblem i etterkrigstida, nærare bestemt til mars 1946. Sverre Skrivervik var då gym-

nastikklærar ved Firda Gymnas, han måtte søke om å få kjøpe priggsko, treningsdrakter, fotball og handball til skulen. Enkelt var det ikkje, når vi ser på det i dag.

!

"#$%&'()*+#$,!-./,!0'122)3/!4224'!567.'*2)89! "#2-:0#'-,!*#*);+<:,!*3//4!4224'!*:4&;9! Konfirmasjon, dåp, bryllaup eller 50-årslag? Koldtbord, sosakjøt, suppe eller steik?

!

Du bestemmer og bestiller, =3!04*:4((4'!#8!04*:&224',! folkehøgskulekokkane steiker og kokar!

%#2;4><8*;324;#;;)$4!*:4&;4'!#8!;#;)'?! Vi leverer heim til deg, eller du kan leige festlokale på skulen. ! Ta kontakt for informasjon og bestilling. Tlf 57 86 80 40 @&!24A4'4'!>4&(!:&2!-48,!4224'!-3!;)$!24&84!%4*:2#;)24!/.!*;324$B! !

® by SStrukturplast trukturplast


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.08 Side 14 Som du vil ha det

Masse NYTT til til oppussing 2015 14 Gloptimisten - NOVEMBER Kulørkupp vårpussen!

Gloptimisten - APRIL 2016

Tidligere butikknavn har nå blitt Kulør Butikknavn - Kulør er Norges nye farge - og interiørkjede med over 80 butikker og 200 male- og håndverksbedrifter.

Vår lidenskap for tall vil gi deg bedre resultater. Vis oss din lidenskap - få endre bedre resultater! PRODUKTNAVN

348,-Royal Bindoplast 7 solskjerming 198,2,5 LITERSPANN ALLE FARGAR

Sørstrandsvegen 6 6823 Sandane Tlf: 57 86 86 00 Accountor.no

PRIS

000,-

2,5 LITERSPANN ALLE FARGAR

Nye. flotte flisar

Eid Fargehandel Kulør Butikknavn

3 LITER SPANN ALLE FARGER

Trebo-Hus a.s

Sandane Eidsgata 36, Nordfjordeid | Sted | Tlf: XX XX XX XX | Fax: XX 86 XX XX tlf. 57 80 XX 60 tlf.Gateadresse 57 86 05 68 www.kulør.no fax57 57 86 86 80 80 61, 61 www.trebohus.no fax 57 86 136823 11 Sandane - tlf. 57 86 80 60,fax

• Entreprenør • Fargehandel • Ovnar • Byggevarer • Kjøkken, bad og garderobe • Lampar og gardiner

Vi har det du treng til fornying av huset inne og ute! Velkomen innom butikken vår i Jarbrugda!

Vi støttar lag som glimtar av gull!

Sandane Gullsmedforretning 6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 55

SOGN OG FJORDANE

Breim Servicesenter REED - BYRKJELO

Byrkjelo

Vi støttar Friidretten i Gloppen Tel: +47 57 86 85 92 Fax: +47 57 86 52 72 www.bdo.no

VELKOMEN TIL GOD HANDEL

Etter årsmøtet ser gruppa slik ut: Dagfinn Nyhammer (mosegrodd leiar), Birger Berge, Else Lundestad, Ingunn Elvebakk, Inger Liser Vereide og Kirsti Bjotveit (vara). Visjonen og slagordet for norsk friidrett er: Friidrett for alle – heile livet! Dette prøver vi å praktisere ved at vi i Fjellhug/Vereide engasjerer oss i aktiviseringa av dei yngste, før vi slepper dei vidare i verdikjeden til Gloppen Friidrettslag. Der kan dei då vere så lenge dei vil sjølve – heile livet! Vi startar snart opp med sesongen. Og då vil det på aktivitetssida først og fremst vere treningssamarbeidet med STIL som står på dagsordenen for oss. Det vil bli treningar i friidrett på Idrettsplassen tirsdagar kl. 18.00 for 8–12 år. Dei som er eldre trenar med GFIL frå kl. 19 og utover. Treningane vil innehalde sprint og andre løp, hopp og kast. Vi vil la borna lære seg dei mest elementære tinga i dei ulike øvingane, slik at dei finn gleda i friidretten. Som vi har sagt før; du har bruk for det du lærer i friidrett inn i alle andre idrettar, som jo nettopp består av hopp, løp og kast! Målet med treningane våre er både å ha det artig. men også å lære noko. Difor håpar vi at foreldra gjerne formidlar dette til juniorane i heimen. Skal vi lære noko, må det vi held på med vere innafor ei ramme der vi som er med, opplever at det er kjekt og vi har det bra. Tulle og tøyse skal vi finne tid til, men ikkje heile tida ... Velkomne til nytt friidrettsår!

Tel: +47 57 86 85 92 BDO Tel: +47 57 86 85 92BDO Fax: +47 57 86 52 72 Nordstrandvegen 13 Fax: +47 57 86 52 72Nordstrandvegen 13 P.O. Box 53 www.bdo.no P.O. Box 53 www.bdo.no 6821 Sandane 6821 Sandane NO-989 127 098 MVA NO-989 127 098 MVA BDO Nordstrandvegen 13 P.O. Box 53 6821 Sandane NO-989 127 098 MVA

driv framleis butikken sin i Gotavegen. Velkomen til oss!

Mardal Rør A/S 6823 Sandane tlf. 57 86 57 91 - Fax. 57 86 54 20

P

Byg

deservic

eA

Tlf. 96 22 33 66

S

Nordstrandsvegen 10, 6823 Sandane Tlf. 57 88 44 10 eikenes@libris.no www.libris.no/eikenes

AB

Blankett v/15

Laoreet duis feugiat eum sit facilisis tincidunt diam ex ullamcorper nulla in veniam Nordsjø maling - Tarkett sed sciurus, vel in eum qui odio duis tation euismod et. Exercigolvbelegg nulla in iriure. 3 LITER SPANN Borge tapet

Friidrettsgruppa i Fjellhug / Vereide IL stiller på startstreken også i 2016!


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.08 Side 15

Gloptimisten - APRIL 2016

15

1948: Gamalt stoff

Nye nøtter A Forsinka påskenøtter

Sitat

Kven sa det?

1 Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi let meg stelle åleine?

...........................................................................

2 Den som eg kyssar, han skal de taka.

...........................................................................

3 Svik du Menneskesonen med ein kyss?

...........................................................................

4 Eg kjenner ikkje den mannen de talar om.

...........................................................................

5 Eg finn inga skuld hjå han.

...........................................................................

6 Gjev oss Barabbas fri!

...........................................................................

7 Vi lid det vi har fortent, men han har ikkje gjort noko vondt.

...........................................................................

8 De leitar etter Jesus frå Nasaret, han er ikkje her, han har stått opp att.

...........................................................................

9 Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket - ...........................................................................

Løysing geografiske julenøtter 2015

10 De menn frå Galilea, kvi står de her og ser opp mot himmelen?

...........................................................................

LØYSING TIL GFIL, BOKS 120, 6821 SANDANE FRIST: 1. juni 2016

B

Hovudstader i Europa

Krinsrekordar Menn Senior Øving

Namn

Tiggar + tøystoff

BERLIN

Tresteg

....................................................................................................

Kurèr + farsott

BUDAPEST

Kule

....................................................................................................

Mage nr. 1 + det som er att

BUKAREST

Diskos

....................................................................................................

Bilrekke + undersåtter + red

KØBENHAVN

Slegge

....................................................................................................

Dalside nr. 19 + kvelerslange

LISBOA

Spyd

....................................................................................................

Skratta + nr. 14 + russisk elv

LONDON

Omvendt spel + sit på hesten

MADRID

Stappe + spørjeord

MOSKVA

Nr. 15 hamra

C

Kvinner Junior 19 Tresteg

....................................................................................................

OSLO

Kule

....................................................................................................

Duo + terrorgruppe

PARIS

Diskos

....................................................................................................

Omtale + popgruppe

PRAHA

Slegge

....................................................................................................

Halvt snes + flåte + natrium

TIRANA

Spyd

....................................................................................................

VINNAR: Grete Saur, 6827 Breim

LØYSING TIL GFIL BOKS 120 6821 SANDANE FRIST: 1. JUNI 2016


Gloptimisten april 2016_SIDEMAL ODD 15.04.16 11.08 Side 16

Gloptimisten - APRIL 2016

16

Kryssord VASSRETT 1 I havet 5 Tohjulingen 11 -plast Annonsør i dette nr. 14 Stele 15 God lukt 18 Kjent sivbåt 20 Omvendt flatemål 22 Klok 23 Over veggane 25 Nr 1-12-1-20-15 i alfabetet 27 Flokk 29 Bindeord 31 Hylar 33 R- Faktura (bokmål) 34 -d By i Troms 35 Framkomstmedel 36 Like konsonantar 37 Bindeord 38 100 kvadratmeter 39 Melding i kort = eg vil ikkje 41 Avslag 44 Forfriskning i varmen 45 Tidlegare norsk parti 47 Ikkje her 48 Bibelsk profet og og herførar 50 Ikkje dårleg 52 Norsk øy 53 Avdød norsk forfattar 55 Verdsdel 56 Byge 57 Bindeord

LODDRETT 2 Skorpe på vatn 3 Der blir lovane vedtekne 4 Mynteining (fork.) 5 Kløft 6 Gje din innsats! 7 Husdyr 8 Fordringane 9 -y Han skreiv «Krig og fred» (Fornamn og etternamn) 10 -sen Stor amerikansk foss 12 Stadadverb 13 Butikken 16 Turen tilbake 17 Martin Ulvang 19 Dobbel nr. 1 21 Like vokalar 24 Monarkane 26 Han tonesette «Den glade enke» 28 Jeg på latin 30 Like konsonantar 32 Bindeord 38 Utropsord 40 Mellom stativa i høgde 42 Gutenamn 43 Hustru 46 Relativt pronomen 48 Slette 49 Stort rom 51 Personleg pronomen 54 Motsett av inn

Løysing til GFIL, Boks 120, 6821 Sandane. FRIST: 1. juni 2016 Siste kryssordvinnarar: Marius Eimhjellen, 6829 Hyen – Margit Mardal, 6823 Sandane

299,-

9999,-

6999,549,-

7999,-

16999,-

Handlar du sykkel hos oss er du sikra god oppfølging og service av din sykkel. Alle syklar er nøye justert og kontrollert før sal. Vår verkstad handsamar alle typar service og reparasjonar på syklar som er kjøpt hos oss. Gjer eit trygt kjøp hos G-Sport Sandane.

SANDANE

Tlf. 57 88 46 00 Opningstider: man- fre 9-18 laur 9-15

449,Solglimt Trykkeri AS - 57 86 87 80

, 9 9 9 2

Gloptimisten april 2016  
Gloptimisten april 2016  
Advertisement