Page 1

INFORMASJON

GLOPPEN FRIIDRETTSLAG - GLOPPEN KOMMUNE - SEPTEMBER 2017

Evald i U23EM Side 11

Thomas i U23EM Side 11

Deaflympic:

Trude tok gull

Stor tropp til junior-NM i Harstad

Side 4

Side 11

Hovudsponsorar er:

. . . er generalsponsorar for Gloppen Friidrettslag


2

Gloptimisten • SEPTEMBER

­

Leiaren har ordet

Ein ny friidrettsesong nærmar seg no slutten, berre eit par seriestemne står igjen. Naturleg nok er det sleggekastarane som har fått dei største overskriftene med krinsrekordar både i herre-og dameklassen. Internasjonal deltaking med både gull i døve-OL og EM-finale viser at vi framleis har utøvarar på høgt nivå. Tre medaljer i NM senior og i tillegg tre 4. plassar og ein 5. plass er vi også godt nøgde med. I NM junior vart det 4 medaljar, om lag det same som vi har fått dei siste åra. Parallelt med det sportslege må vi i GFIL også ha fokus på friidrettsanlegga i kommunen, på Byrkjelo og i Hyen er det faste banedekke og fine tilhøve for friidrett. På Loggane har det skjedd ei stor opprusting, nye og sikrare bur, nytt og «telesikkert» banedekke og i tillegg rehabilitert lysanlegg, gjer at Gloppen no får kanskje landets flottaste kastanlegg. Stor takk til IL Brodd og spesielt til Jon Ravnestad for den enorme arbeidsinnsatsen som er gjort denne sommaren. Utan Jon hadde vi ikkje hatt dette på plass så fort! No kan kastarane sjå fram til eit heilårsanlegg som er tilgjengeleg til ei kvar tid! Det er slike anlegg friidretten vil ha!

2017

Treningstider haust vinter 2017-2018 vert kunngjort på nettsider og facebooksider når alt er klart.

Gloppe-Trimmen – eit viktig tilbod frå GFIL Vi er snart ferdige med 9. sesong av Gloppe-Trimmen. Dette er vorte eit fast innslag i aktivitetar i regi av GFIL, og eit godt tilbod for folkehelse og trim i Gloppen. Vi har hatt ca 70-80 frammøtte på kvar onsdagskveld, der dei som har møtt opp har vore frå bygdene rundt Gloppefjorden, ja endå til frå Breim! Alderen er også spreidd; frå 1-åringar i barnevogn, til godt

vaksne som snart skal feire 90-årsdag. I haust har vi fått fleire av dei nyankomne landsmennene våre med på trimmen. Med eit opplegg der vi hentar dei i sentrum, og køyrer dei tilbake etter trimmen, har vi aktivisert 8-10 personar som kanskje elles ikkje ville funne fram til dette tilbodet. Dei likar å vere med! Det sosiale er viktig, og kvar veke vert det trekt ut eit gåvekort som butikkane på Sandane sponsar oss med.

Siste trimkvelden, som er nr. 16 i rekkja, vert det premiering. Alle som har vore med minst 8 gonger får ein plakett å ha på peishylla. Dei som har vore med minst 10 gonger, er med i trekninga om eit gåvekort på kr. 2.000,-, gjeve oss av G-Sport Sandane. Ein flott premie! Så får vi sjå om det vert 10-årsjubileum for Gloppe-Trimmen i 2018; ein skal ikkje sjå vekk frå at gjengen bak arrangementet også tek eit år til!

Frydenbø Bilsenter – solid støttespelar til stevner og samlingar i 2017.

Derimot er anleggsituasjonen på Sandane slett ikkje tilfredsstillande: Idrettsplassen er i «fritt forfall», slik den ligg no er dette synleg på lang avstand. I Trivselshallen er heller ikkje tilhøva optimale: belegget på sprintbana er altfor hardt, lengdegropa er i praksis ikkje tilgjengeleg utan omfattande jobb med å løfte vekk tunge flakar. Også her er det kastfasilitetane som er best. Med auka elevtal på idrettslinja på Firda får vi også mange elevar frå andre stader i fylket, fleire av desse er friidrettsinteresserte, gjerne i løp. Vi treng difor ein skikkeleg Idrettsplass der dei kan trene både i og etter skuletid. Vi har Trivselshall og Trivselsskog, men slett ingen «Trivsels-Idrettsplass». Frå leiarplass vil eg nytte høve til å takke sponsorane våre for den hjelpa dei yter. Dei siste 15 åra har ikkje ein einaste av våre beste utøvarar «flagga ut» dvs meldt overgang til lag i Oslo/Bergen når dei har reist frå kommunen på studiar/arbeid. Vi har heile tida kunne gjeve dei om lag like økonomiske vilkår som utøvarar på same nivå i storbyane får. For oss som er trenarar og leiarar gjev det sjølvsagt større motivasjon til å halde fram med så lojale utøvarar.

er lagsblad for Gloppen Fri­ idrettslag (GFIL) skipa i 1990 av moder­ laga STIL, Brodd, Fjellhug/ Vereide, Hyen og BBIL. GFIL driv junior, ­senior og veteran fri­idrett i Gloppen.

Jørund Årdal sportsleg leiar

Bladet kjem ut til alle husstandar i ko­ mmunen tre gonger i året.

Styret i GFIL 2017:

Redaktør: Nils Ove Roset

Leiar:

Lagskontor i Øvrevegen 10 Tlf. 970 34 389 e-post : gloppen.friidrettslag@ enivest.net

Nils Ove Roset

Nestleiar: Jørund Årdal Økonomiansvarleg: Else Løkke Styremedlem: Styremedlem: Styremedlem: Styremedlem:

Ragnar Eimhjellen Else Lundestad Bakkelid Ole Bent Søreide Ole Morten Mardal

Varamedlem: Varamedlem:

Even Rønnekleiv Jan Otto Aae

Sandane

Telefon 57 88 46 00

Nettredaktør heimeside Nils Ove Roset www.gloppenfil.no Bankkonto: 3710.07.06130


Gloptimisten • SEPTEMBER

3

2017

Ein ekte «Gloptimist» Om du skulle «forville» deg inn i friidrettsmiljøet så er Reidar den sikraste å treffe på. Siste to åra har han vore tilstades på nær sagt alt som er av treningar og stevner. Om nokon skulle nevne reisedøgn så vil Reidar figurere svært høgt på den resultatlista. Med både friidrett og vektløfting som alternative arenaer har Reidar eit enormt utvalg å ta av. Og kanskje viktigast av alt, han har miljø, felleskap og forståing for kva det betyr å dra lasset ilag som dei viktigaste faktorane for å lukkast. Det er det daglege engasjementet som gjev resultat i det lange løp. Det er noko vi alle har erfart. Då er det kjekt å kome til Byrkjelo å møte Reidar, Gunnar og Ola som alltid er tilgjengelege og interesserte.

Redaksjonen har tatt ein prat med Reidar: Kva er motivasjonen for å bruke så mykje tid på idretten? Det var eit ganske vanskeleg spørsmål…………. – For det første så har eg ein son som held på med idrett, og det synest eg sjølvsagt er kjekt. Men elles det fleire faktorar som bør nemnast; Har alltid syns at det er kjekt å jobbe med barn og unge. Her får ein ærlege og klare tilbakemeldingar på jobben ein gjer. Ein får følgje utviklinga til utøvarane, sjå og vere med på deira framgang og meistring. Å sjå eit barn eller ungdom som «knekkjer koden» i ei øving er berre utruleg gjevande. – På konkurransar og stemner er eg kanskje meir nervøs enn utøvarane, nettopp fordi eg ønskjer at dei skal lukkast. – Har og alltid vore samfunnsengasjert, og idretten gjer eit god førebyggande arbeid for barn og ungdom. Men då er det viktig at vi ivaretek ambisjonsnivået til den enkelte. Ikkje alle ønskjer å trene like mykje, og ikkje alle kan bli vinnarar. Men alle kan oppleve utvikling og meistring på sitt nivå. – Eg tykkjer og at det er med på å halde ei ung (i alle fall i sinnet). I tillegg so må ein vel vere litt galen. Dette må no vere noke du har vakse opp med. I «yngre» år var du

Friidrettsentusiast og -eldsjel Reidar Moldestad på Byrkjelo stadion. aktiv utøvar på sprint. Tider? Miljø? Turar? Litt og det som skjedde i friidretten i Breim då du var «ung». – Ja, eg har vore med i idretten sidan eg var 14-15 år. Friidretten sto sterkt i Breim då eg vaks opp. Vi hadde både Indre Breim IL og Breim IL, som hadde mange gode utøvarar. Kan nemne Rasmus Stokke, Ola Bergheim i friidrett, Even Hole alpint, frå IBIL. Vi hadde og eit topp damehandballag, som spelte i 2.div. Då var det liv på heimekampane i Firdahallen. I Breim IL var mellom anna Svein Førde, Benedikte Indrebø, Aage Indrebø og Greta Sårheim Veien, alle topputøvarar i friidrett. – Hugsar og godt når vi fekk bli med dei vaksne på fellestreningar, det var stor stas. Nokre av dei eg hugsar best er Gunnar Hole, Svein Kleppe, Magne Sætre, Atle Støyva og Tor Inge Torsen. – Sjølv heldt eg på med sprint, på krinsnivå. Hadde 11.72 elektronisk tid og 11.4 manuell tid, på 100m. – Hadde mange gode duellar med Jan Otto Aa og Arnfinn Grønneng.

– Eg kom inn i styret i IBIL som 17 åring, og fann etter kvart ut at det meg leiing og organisering, var interresant å holde på med. – Det førte til at eg var med på å skipe Breimsbygda Friidrettslag tidleg på 80-talet. Det var ein paraplyklubb for friidretten i Breim, som vart forløparen til GFIL. Å kome inn på alt vi held på med i BBFIL, får vi kome tilbake til ved eit seinare høve. Men vi hadde eit motto: IDRETT MED SMIL I BREIMSBYGDA FIL, det bør vere like aktuellt i dag. Kva ser du som forskjelleg evt som fellesnemnar på gjennomføring av treningane i dag i forhold til den gongen du var aktiv? – Vi hadde ikkje så mange skulerte trenarar som no. Magnus (Willumsen) og eg fann på mange rare treningsøvingar, som seinare har vorte «god latin». Men vi var mange på trening, som gjorde at vi «pusha» kvarandre. Særleg i mellom-/langgruppa var det mange gode utøvarar, som sprang godt under 2-blank. I dag har vi meir kunnskap om trening, og kva som skal til for å bli betre.

Konfirmasjon, dåp,   bryllaup   0-­‐årslag?   Konfirmasjon, dåp, bryllaupeller   eller550-årslag? Koldtbord, sosakjøt, suppe ellersteik?   steik? Koldtbord,   sosakjøt,   suppe   eller   Du bestemmer og bestiller,   folkehøgskulekokkane steiker og kokar!

Du bestemmer  og  bestiller,   folkehøgskulekokkane  steiker  og  kokar!   Ta kontakt for informasjon og bestilling.  

Vi leverer heim til deg, eller du kan leige festlokale på skulen.

Tlfd57 40 festlokale på  skulen.   Vi  leverer  heim  til  deg,  eller   u  k86 an  80 leige  

– Men då som no, er det viktig å ha det moro på trening. Det sosiale fellesskapet må jobbast med heile tida. Friidretten har ein sterk posisjon i Breim og i Gloppen. Kva trur du må til for at vi skal halde på denne posisjonen i åra som kjem? – Vi må holde kontinuitet på trenar/leiarsida i moderklubbane. Dersom vi legg godt til rette for det, er her mange ungar/ungdomar som ønskjer å halde på med friidrett. Men vi har ei stor oppgåve med å få fleire engasjert til å ta kurs i barneidrett for å starte på ei trenarutdanning osv. – Skal vi rekruttere trenarar, leiarar, dommarar for framtida, må den aktive idretten styrkast i alle moderklubbane, det er i det aktive miljøet ein rekrutterer framtidige resurspersonar. Kvar har friidretten forbetringspotensiale – kvar er vi svake i forhold til andre idrettar? – Sikkert mange områder vi kan bli betre på, men trenar/leiar utdanning, meiner eg er viktig. – Vi må også heile tida jobbe med miljøskaping i trening og konkurranse og på tvers av klubbar, for å kunne «konkurere» med lagidrettane. Kva gjere du på elles når du ikkje er på idrettsbana ? yrke, andre sysler, eigentrening/aktivitet. – Til dagleg jobbar eg som huskonsulent hos Bygger’n Sandane. Ein triveleg arbeidsplass, der

idrettsdiskusjonane ofte går høgt. Om eg har fritid, så syng eg bass i Breim sitt beste (og einaste) kor; Breimskoret. Her får eg utfalde meg nærast fritt på scena, kjempemoro. Det er for øvrig dokumentert at korsong er helsefremjande aktivitet. – Det har vort litt lite med eigentrening i det siste, men ein fjelltur eller ein sykkeltur prøver eg å putte inn i timeplanen. I vinterhalvåret blir det litt spinning og ikkje minst sirkeltrening, etter godt gammalt merke. – Må no prøve å holde tritt med ungdommen, sjølv om det blir vanskelegare for kvar år. Favorittmåltidet og favorittferiemålet (dette er typisk sommarpraten i FT, spørsmål, men la gå): – Hjortesteik, med bakt potet, frisk grønnsaksalat med sopp, og kvitløksbrød. Treng eigentleg ikkje dessert, men om det må vere med så tek eg gjerne ein Creme Brulet. Alt med høveleg drikke til. – Har ikkje noko favorittferiemål, men treningsleir på Algarvekysten i mars/april er aldri feil. – Vi har feriert mykje på kysten frå Tønsberg til Kragerø. Mange fine plassar der, og fint terreng å sykle i. Det viktigaste med ferie, er at ein slepp å ligge i ro eller gå i butikkar. Vi takkar for praten!!!

Vi støttar Friidretten i Gloppen


4

Gloptimisten • SEPTEMBER

2017

Med Trude til Deaflympics 2017 – Samsun, Tyrkia

Så glad blir ein etter å ha vunne gull i tre døve-OL på rad!

På pallen saman med dei ukrainske konkurrentane.

Retura Nomil AS Retura Nomil AS held til i Eidsmona på Sandane. Vi har 10 engasjerte medarbeidarer med ulike oppgåver som administrasjon, sal, rådgjeving, transport og avfallsmottak. Retura Nomil AS tek mot både ordinært avfall og farleg avfall frå næringskundar i Sogn og Fjordane, i tillegg til containerutleige både til næring og private.

Etter hendingane i Tyrkia dei par siste åra var det med ein viss skepsis at vi sette oss på Turkish Airlines-flyet på Gardermoen om kvelden 18. juli. Med visum og pass i lomma mellomlanda vi på Ataturk-flyplassen der vi vart møtt med eit vakthald vi ikkje er vande med på våre kantar. Etter ein time i pass/visumkø kom vi oss vidare til innanlandsterminalen og til nattflyging, 1,5 t rett austover til Svartehavskysten og Samsun. Klokka 5 om morgonen den 19. var vi framme på Hotel Serra, nytt og fint hotell berre eit par steinkast frå friidrettsanlegget. Trude hadde 4 dagar til sleggefinalen, vi fekk organisert to kastøkter og ei styrkeøkt desse dagane, i tillegg var vi saman med dei andre norske på bowling og golf der vi hadde med deltakarar. Naturleg nok møter vi igjen tidlegare konkurrentar og trenarar, mange vil helse på Trude, ho har naturleg nok eit stort namn i døveidretten etter dei mange gullmedaljene frå

tidlegare meisterskap. Denne gongen visste vi at dei to ukrainske konkurrentane ville vere med å kjempe om gullet, den eine av dei visste vi hadde kasta 64,90 denne sesongen. Søndag 23 juli var det direkte finale, heile den norske troppen var på plass på tribuna. 28 varmegrader og lett medvind gjorde at tilhøva var nær perfekte. Det var 9 deltakarar med så eg gav Trude beskjed om eit sikringskast i 1 omg. Slegga landa på nesten 62 m, dermed var 6 kast sikra. Full gass i 2. omgang: 66,35: ny pers, ny verdsrekord for døve! Dei ukrainske konrurrentane var heilt utpsyka, dei stoppa på 61m. Trude hadde nok også brukt opp mesteparten av energien, sjølv om ho hadde eit kast til over 65. Resten av ettermiddagen/kvelden gjekk med til medaljeseremoni, gratulasjonar og feiring, eg nytta høvet til å takke nestoren i norsk døveidrett, Bjørn Røine, for alt han har gjort for Trude dei siste 10 åra. For han var det perfekt å få oppleve verdsrekord i finalen. Jørund

Retura Nomil AS er medlem i Retura Norge AS som er landsdekkande, så logoen til

kan du sjå over heile landet frå Kristiansand i sør til Kirkenes i nord. Vi disponerar fleire comprimatorbilar, liftbilar, krokbilar og kranbilar for innhenting av avfall. Dersom du treng å kvitte seg med større eller mindre mengder avfall, så kontakt oss. Vi har alt frå 1500 l avfallssekk / bigbags til containerar frå 8 m3 til 41 m3, både lukka og opne. Vi har og avfallspresser til comprimering av avfall. Vil du vite meir om oss, så kontakt oss på telefon 940 35 702 eller på e-post postreturanomil@ retura.no

Trude forklarar på teiknspråk til døve Bjørn Røine om konkurransen.

Du kan og følge oss på facebook Retura Nomil AS Retura Nomil AS er sertifisert etter internasjonal standard for kvalitet og miljø ISO 9001 og 14001. Vi har og Sentral godkjenning av foretak for ansvarsrett etter plan- og bygningsloven i tillegg til registrert leverandør i StartBANK

Stort utval av garn og knappar! Gåver til små og store. Tankeringen til Eidehøvdingen. – og etter handelen kan vi by på is og nydeleg kaffi...

sin butikk

Sandane - Tlf. 57 86 93 20 - Mobil 920 82 529 www.daiva.no


Gloptimisten • SEPTEMBER

5

2017

Nye Loggane tek form I sommar har det vore stor aktivitet på Idrettsplassen på Loggane. Arbeidet med å etablere tre nye kastringar er kome langt og dei fyrste sleggene har allereie funne sin luftige veg ut av sikringsburet. Loggane er i dagleg bruk til kasttreningar både for IL Brodd, Gloppen Friidrettslag og andre idrettslag i Gloppen kommune. Loggane vert også brukt som treningsarena for samlingar i krins, region og for landslag. Kastlandslaget har lagt si samling på vårparten til Gloppen kvart år frå 2015-2017. Årsakene til dette er godt miljø, fredeleg og uforstyrra omgjevnader, nærleik til kompetanse og andre gode fasilitetar i vårt område. Eit godt utgangspunkt for å utøve god idrett på Loggane. Brodd har lenge hatt eit ynskje om å gjere desse fasilitetane endå betre. Oppgraderingsarbeidet som pågår på Loggane er omfattande. I fyrste omgang blei heile lysanlegget skifta der gamle og lite miljøvenlege armaturar blei skifta ut til betre og moderne LED-armaturar. Lystilhøva vert no optimale også for mørke kveldar i vinterhalvåret.

Arbeidet med nye loggane er i full gang.

Prosjektet legg opp til å utvide anlegget med ein ekstra kastring med bur, noko som vil auke kapasiteten i anlegget. Utøvarane kan trene fleire samstundes, ventetida for utøvarane vert redusert og det lettar instruksjonen for trenarane. I prosjektet har ein også valgt å flytte kast-ringane, samt å snu om på anlegget for på den måten å forlenge kastsektorane og unngå konflikt/ fare ved bruk. Kastringane vil få varmekablar og landingssektorane får nytt dekke. Saman med det nye lysanlegget vert anlegget tilpassa heilårs kast-aktivitet.

også arrangert 2 gongar i løpet av sesongen. Og om snøtilhøva er der så vert Loggane også brukt som skiarena med oppkøyrte løyper med lys når forholda ligg til rette for det. Med andre ord er Loggane ein viktig møteplass for barn og unge i lokalsamfunnet! Ved å flytte/snu om på anlegget slik at kasting kan foregå i motsatt retning av annan bruk legg vi betre til rette for sambruk av Loggane. På sikt er det også planer om å etablere ei kunstgrasbane for 7-ar fotball. Løpebane 60 m sprint vil det framleis vere, samt lengdegrop og ei smal løpe-bane rundt plassen blir bevart.

Tilrettelegging for sambruk

Arbeidet er kome langt

Kastøvingar som slegge og diskos set sitt preg på ei bane. Tunge kastobjekt i stor fart landar med voldsom kraft og lagar djupe hol i bakken. Samlokalisering med til dømes ei fotballbane er difor utfordrande, då ein får eit ueigna dekke å springe på etter ei kasttrening. Andre treningsaktivitetar er av tryggleiksomsyn heller kkje aktuelt når kastaktivitetar foregår. Av desse grunnane er det få arenaer tilgjengelege for kastmiljøet, også om ein ser det i ein nasjonal samanheng. Barneidretten har også sin plass og tid til disposisjon på Loggane. Det vert drive organisert fotballtrening for dei aller yngste frå april til september/oktober. Brodd stiller lag i «Knøttefotball-turneringane» og i seriespel i Nordfjord fram til 10/11 års-alderen. Vi har friidrettstilbod i alle aldrar og arrangerer t.d. lagsmeisterskap kvart år på Loggane. Våre unge utøvarar vert også følgde fram til meisterskap lokalt, i krinsen og til UM/NM, o.l. Øvingar for Idrettsmerkeprøva vert

Ein dugnadsgjeng med Jon Ravnestad og Magne Devik i spissen har i heile sommar arbeidd med å etablere dei nye kastringane. Grunnarbeid med grøfting og fundamentering er unnagjort, og ferdigstøypte ringar er kome i jorda. Stengene til sikringsnetta er også oppe og den fyrste kastringen er såpass ferdigstilt at vi har kunne prøvd den ut.

Utvida kapasitet

Slik er det tenkt verte når arbeidet er ferdig. (Teikningar: Ahda Design)

Samstundes er prosjektet heilt nødvendig for å løfte Loggane opp på vår tids krav til standard. Loggane vert eit anlegg for framtida for kastarar både lokalt og nasjonalt. Samstundes som det vil ivareta behovet knytt til andre idrettar sin bruk. Loggane vil halde fram som ein viktig møteplass til glede for mange! Lars Endre Gimmestad.

God samarbeid med kommunen Å skulle realisere eit slikt prosjekt krev sjølvsagt finansielle midlar utover dugnadsinnsatsen. Takka vere eit godt samarbeid med Gloppen kommune og fylkeskommunen som begge har sett potensialet i prosjektet så er anlegget i posisjon for spelemidlar i åra som kjem. Men arbeidet med å sikre solid nok finansiering held likevel fram. Det tærer på oppsparte midlar for eit lite idrettslag som Brodd å realisere eit slikt prosjekt.

Fundament til kastsirklar er på plass.


6

Gloptimisten • SEPTEMBER

2017

Christina og Arne Jostein Gimmestad Telefon 57 86 78 73

VI STØTTAR IDRETTEN I GLOPPEN

Vi hjelper deg også med:

Ditt byrå i bygda

- Gravstein - Oppussing og tilføying av namn

RISTORANTE

Firda Elektro AS Nordstrandsvegen 17. 6823 Sandane

Aut. Elektro og Teleinstallatør Butikk, Elektro - Tele - Kvitevarer - Lamper Eigen Kvitevareverkstad

MONA LISA pizzeria

Alle rettigheter Alle rettigheter. God og billig mat. God og billig mat Tar imot selskap selskap. Tar imot Ope til 23 kvar dag Fleirefrå nye,12 velsmakande rettar Velkomen vår restaurant. Ope frå til 12 til 23 kvar dag Velkomen til vår restaurant Sandane tlf. 57 86 66 23 Grandavegen 1, 6823 Sandane, tlf. 57 86 66 23

Støtt sponsorane våre! Dei støttar oss!

S. J. Vereide Bakeri Tlf. 57 86 67 10

Idrett gjev glede og overskot i kvardagen

Ser du godt nok? Bestill time no! 57 86 52 66

Sandane Senter - 6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 66


Gloptimisten • SEPTEMBER

7

2017

Hei Folkens!

Eg, Steinar Kleppe, har no bikka 29 år og står framleis på sånn noke lunde i sleggeringen. Saman med familien har eg flytta til Naustdal der eg jobbar som geolog i Nordic Mining. Om du ikkje veit kva dette er, så er det vi som skal utvinne rutil og granat i Engebøfjellet

i Naustdal, og det er enkelte som sår dommedagsprofetiar rundt det vi skal gjere – dette kjem til å gå verkeleg bra. Med to barn og fulltidsjobb er det naturlegvis ikkje beint fram å satse så hardt på sleggekast. Likevel får eg til nokre økter i veka og meir skal ikkje til for å holde gamle kunstar ved like og hive eit par-ogseksti meter. Målet for sesongen var sølv i NM, og dette greidde eg med et resultat på 62.69 som var eit par meter kortare enn eg hadde håpt på. Likevel er eg veldig stolt og fornøgd med å ta min tredje sølvmedalje for GFIL. Framover kjem eg til å trene det som er forsvarleg i min situasjon, for NM på heimebane i 2018 skal bli ei maktframsyning i sleggekast frå GFIL!!!

Stadion i Bydgoszcz har topp standard.

EM U23 – Bydgoszcz, Polen

Thomas, Trude, og Evald

Ein godt nøgt Thomas Mardal rett etter at finaleplassen var sikra.

For første gong hadde GFIL to utøvarar kvalifisert i same øving/ klasse i eit internasjonalt meisterskap: Evald Osnes Devik og Thomas Mardal i slegge.

Våre tre internasjonale utøvarar denne sesongen, fotografert på Bislett i samband med Elitestemnet

Kvalifiseringskravet på 63,50 hadde dei klart med glans, Evald hadde tre konkurransar over kravet med 64,92 som lengst og Thomas åtte gonger med 68,15 som lengst. Med desse resultata hadde begge passert den gamle krinsrekorden til Ove Farsund på 64,20 frå 1980. Etter ei treningshelg i Oslo sette vi oss på flyet til Warszawa tysdag 11. juli saman med ein stor norsk tropp på i alt 43 personar(inklusive støtteapparat). Ein 3,5 timars busstur avslutta framreisa til hotellet som heldigvis låg berre ein 5 minutts trikketur frå stadion. For Evald var det første gong i eit EM eller VM, Thomas har delteke på to U20-meisterskap tidlegare. Stadion i Bydgoszcz er av topp standard, der har vore avvikla fleire internasjonale juniormeisterskap tidlegare, men manglande flyplass og hotellkapasitet gjer at seniormeisterskap(EM/VM) nok ikkje kan leggast dit.

Allereie første konkurransedag om føremiddagen skulle våre to i elden, Evald i 1. pulje og Thomas i 2. Underteikna har vore med på ein del meisterskap, men det som skjedde denne føremiddagen har eg ikkje opplevd før: Rett etter første kvalifiseringsomgang var ferdig, der Evald hadde eit ugyldig kast, kom det ei kraftig vindråse som la halve buret i bakken! Sjeldan har eg sett så mange hjelpelause funksjonærar, dei virra rundt på bana utan at noko skjedde. Etter ei tid vart Evald & co sende tilbake til call room, og etter kvart vart buret reist opp igjen. Denne seansen to ca. 1,5 t så kastarane måtte få nye oppvarmingskast før konkurransen kunne ta til igjen. Evald takla dette veldig bra, han fekk to ok prøvekast og det siste kvalifiseringskastet landa på 59,97. Det var litt under det han hadde håpa på, og som han sa sjølv: Dette var 3 ergelege centimeter! Det automatiske kravet for å finale var 67,50, men i dei siste meisterskapa har ca. 66,50 vore nok til å nå finalen. Vi hadde sjølvsagt håp om at Thomas kunne klare det, men med berre 3 kast tåler ein ikkje så mange miss. Prøvekasta var kontrollerte på kring 65 m, så alt såg bra ut. Han verka

veldig konsentrert idet han skulle i ringen i 1 omgang, no var det «eksamen» etter ca. 1000 kast på Loggane det siste året. Eit flott og sikkert kast, eg så med ein gong at dette kom til å gå langt! 68,34 kom opp på tavla og stor jubel i den norske kolonien. Ny pers og krinsrekord! Kvalifiseringskonkurransen var over og finalen var eitt døger unna. Målet for sesongen(og litt til) var nådd! Finale etter ei slik kvalifisering kan fort bli et antiklimaks, Thomas fekk no også øve seg på ein ny situasjon som det skulle vise seg at han også meistra. Fredagskvelden var det mykje folk på tribuna, han skulle no kaste mot 11 andre, dei fleste hadde godt over 70 m som pers. På ny solide oppvarmingskast og supert førstekast: 68,28, fattige 6 cm frå persen. Det to neste kasta var over 66,50, Thomas enda på ein flott 10. plass berre vel 2 m frå medalje. Om to år kan han igjen vere med i U23-EM, då er dei fleste av dei andre finalistane for gamle… Eit flott meisterskap både for oss frå GFIL og heile den norske troppen: 2 gull, ei sølv og ei bronse med Karsten Warholm i spissen! Jørund Årdal


8

Gloptimisten • SEPTEMBER

2017

Eitt gull og sterke prestasjon Senior-NM i friidrett vart i år arrangert på Sandnes stadion. Gloppen stilte med sju utøvarar og like mange leiarar/føresette. På første konkurransedag var Merete Helgheim i aksjon først. Ho er etter kvart blitt ein driven kappgjengar og har sanka medaljar kvart år sidan debuten under kappgang-NM på Sandane i 2010. Gull vart det også i år, og ho kan no vise til heile 15 kappganggull frå NM samanheng! Samtidig som kappgjengarane gjekk sine løp, så var Trude Raad og Marte Rygg Årdal i aksjon i sleggeringen. Det var venta stor spenning til kvar gullet skulle hamne, men diverre (for oss) fekk Beatrice Nedberge Llano opp eit kast på drygt meteren lenger enn Trude. Marte vart nr. fire med fleire kast på knapt 55 meter.

Andreplass Under andre dag av NM hadde vi også tre utøvarar i aksjon. På 3000 meter hinder stilte Vincent Sondre Førde på sin siste konkurranse som friidrettsutøvar. Han gjorde sine saker godt og vart nr. 4. No vil studiar ta over for harde treningsøkter. Men tusen takk Vincent for jobben du har lagt ned! Du har gjeve oss mykje glede desse tre åra du har vore på Sandane. No må du ha lykke til med kiropraktorstudiane. NB; skulle lysta til å konkurrere kome tilbake, er du hjarteleg velkomen attende på friidrettsbana! I sleggeringen var det gutta sin tur. Eivind Henriksen var det ikkje noko å gjere med i år heller, han vann med eit kast på heile 74,27 meter. Steinar Kleppe kom på andreplass, medan Evald Osnes Devik enda på den litt sure fjerdeplassen. Steinar har etter kvart blitt ein veteran å rekne i sleggemiljøet. Han uttalte til Firda at han ser på seg sjølv som den gamle mannen som smågutane må slå. Når dei ikkje gjer det, kan han slenge litt med leppa og be dei trene meir… Steinar, du er ein gledesspredar i miljøet!

Ser framover

Under siste dag av NM var det Else Lundestad sin tur i diskosringen. Ho vart nr. 5, og er topp motivert til å gjere jobben som må til for å kjempe om medaljane i neste års NM på Byrkjelo. Personleg hadde eg to hovudoppgåver denne helga. På kveldstid var det litt behandling av dei lokale utøvarane som trengte ein service før konkurransen. Det er gjevande å jobbe med idrettsutøvarar som skal få ut sitt potensiale i ein av sesongen sine viktigaste konkurransar.

Ei anna konkurranse

På dagtid fekk eg gleda av å gå rundt på indre bane med gul vest og akkrediteringskort for presse og foto. Eg har ei personleg interesse for foto, så dette vart ei god moglegheit til å praktisere ein veksande hobby. Tenk, å kunne gå rundt og ta profesjonelle bilete av landet sine beste friidrettsutøvarar

Merete Helgheim gjekk inn til gull upå 3000m kappgang under senior-NM i Sandnes 25.-27. august. Ho fekk tida 14:00.75, og var heilt suveren på distansen, nær halvanna minutt føre ummer to.

i aksjon. På eit friidretts-NM føregår fleire konkurransar samtidig, eg ville ha med meg alt, og jakta blinkskot frå fleire stadar på stadion samtidig. Så var det å få sendt bileta til media før andre fotografar på stadion fekk sendt sine. Skal seie konkurranseinstinktet mitt vart aktivert! Resultatet vart bra, og fleire av bileta vart nytta av både avisa Firda, Firda Tidend, Firdaposten og NRK Sogn og Fjordane under og etter meisterskapen. Norsk friidrett har fleire unge lovande utøvarar som kan gje oss mykje glede i framtida. Av dei sterkaste prestasjonane vil eg nemne Karoline Bjerkeli Grøvdal sitt sololøp på 3000 meter hinder. Tida vart 9.13,35 min, noko som er norsk rekord med nesten 20sek! Denne tida ville halde til femte plass i årets VM i London, og er den andre beste tida i Europa i år! Ein annan utøvar som presterte på topp internasjonalt nivå er årets verdsmeister på 400 meter hekk, Karsten Warholm. Han sprang distansen på 48,73 sek og distanserte ikkje overraskande dei andre utøvarane. Desse to utøvarane fekk også kongepokalen for sine løp.

Ingebrigtsen Den siste nasjonale utøvaren eg vil trekke fram er ungguten Jakob Ingebrigtsen. Han har endå ikkje fylt 17 år, men spring på tider få andre i landet klare å meistre uansett alder. Kvelden før NM sprang han 800 meter i Zürich og sette norsk juniorrekord med 1.49,40 min. Så var det rett til Sandnes for å vinne 5000 meteren på tida 13.35,84

Evald Osnes Devik, Vincent Sondre Førde og Steinar Kleppe. Steinar kasta til sølv i slegge, to plasseringar bak kom Evald. Vincent tok fjerdeplassen på 3000 meter hinder. min. Ein dryg time seinare sprang han seg til finalen på 800 meter. Neste dag kom han til finalen på 1500 meter. To timar etter det tok han bronse på 800 meter finalen, og halvannan time etter det igjen vart det gull på 3000 meter hinder. Siste dag av NM vart det «kun» eitt finaleløp på 1500 meter; og resultatet vart nok ei gullmedalje. Totalt 7 høg intensive konkurransar i løpet av to og eit halvt døgn, resulterte i ein norsk juniorrekord,

to nasjonale gull- og ei bronsemedalje. Denne løpsmaskina gledar vi oss til å følgje framover!

Lagserien I friidretten er der ein eigen lagsserie der klubbane får poeng ut frå resultata som er prestert i løpet av året. På lenger løp i GFIL er det for tida litt tynt i rekkene bak Vincent Førde. Klubben manglar poeng på fleire distansar. Jan Otto er ein

gamal ringrev i gamet og veit råd. Nils Ove er observert å vere i bra fysisk form og spring jamt og trutt sine turar. Men å sende han gjennom ein 5000 meter for å skaffe poeng til lagsserien er nok ikkje tilrådeleg. Det var då Aaen kom på at Nilsen har ei fortid som 400 meter løpar, og det burde han klare å springe enda. Så brukar vi den tida og gangar opp med rundane som trengst på dei distansane klubben manglar resultat på. Aaen tilbydde


Gloptimisten • SEPTEMBER

9

2017

nar i NM

Anne Lovise Krogh Indrebø, kule.

Krinsleikar og KM på Byrkjelo stadion, 19. og 20.august

«Pers’ar» og rekordar Trude Raad tok sølv i slegge med eit bestekast på 63,56 ein god meter bak gullet.

Borgny Kristin Hetle, Regine Aa Sandal, Kristina Hjelle og Malene Clausdatter Kleppenes.

Marte Rygg Årdal kasta seg inn til ein fjerdeplass i slegge, med ei bestenotering på 54,93m.

Premieutdeling, 600m g-14 år, Håvard Hetle og Mathias Dale (lurer på om vinneren er ein frå Hyen).

Utøvarar og støtteapparat til avsluttande middag etter meisterskapen. seg sjølv til å ta tida og stå for utrekning av sluttider. Så då er nok lagsserien i boks Jørund, dei kjem nok snart med nokre resultat til deg… Dette er noko av det som har gjort GFIL til ein friidrettsklubb med nasjonale utøvarar over fleire tiår. Vi kosar oss saman både på og utanfor bana, latteren set laust, og stemninga er god. GFIL er kjent

for å ha eit godt miljø for ung og gamald takka vere godt og målretta leiarskap og eit inkluderande samhald. Tusen takk for ei flott NM-helg i Sandnes. Eigil Instebø

Ellisiv Hetle, 1000 m kappgang.

I år, som veldig mange av dei siste åra, vart KM arrangert på Byrkjelo stadion. Arrangørstaben denne gongen bestod ikkje berre av lokale lag. Den bestod av funksjonærar frå STIL, Breimsbygda IL, Jølster IL, Førde IL, Florø IL, Almenning og Brodd IL. Alle øvingar innan løp, kast og hopp stod på plakaten på dette store fellesprosjektet, som vart stødig leia av Narve Heggheim og Knut Lunde. KM vart arrangert for aldersbestemte klassar frå 13 år og oppover, og krinsleikane for gutar og jenter i alderen 10 – 12 år. Deltakinga var ikkje all verdens stor. Alle Gloppe-laga hadde med deltakarar. Som vanleg var det flest deltakarar i dei yngste klassane. Meir gledeleg var det at det var mange personlege rekordar og gode resultat! Været var også ganske bra, spesielt på laurdagen! Det bør spekulerast i kvifor det er så få som deltek på KM/krinsleikar! Dette stemnet er jo eit av dei stemna som bør vere noko av det mest attraktive å delta på for kretsen sine friidrettsutøvarar. Det kan sjølvsagt vere at det vart arrangert på ei helg der det var mange andre konkurrerande tilbod, men lav deltaking har vore ein tendens i mange år, og kanskje er heller ikkje det totale deltakarantalet lavare i år enn det har vore tidlegare. Er arrangementet på feil helg? Bør ein satse på å arrangere det tidlegare i sesongen? Er friidrett ein for alvorleg og målbar idrett? I så fall er jo heller ikkje det noko nytt, 400 m. har alltid vore 400 m.! Er Byrkjelo stadion feil arrangementstad? Er det for langt å reise? Eller hadde det vore moro for glopparar å fått konkurrert på ein annan stadion i fylket, slik at det faktisk er for kort å reise? Eg trur at det kan vere mange grunnar til at vi hadde lave deltakartal på KM/krinsleikane, men vi er nok einige om at det hadde vore veldig kjekt om løftet i norsk friidrett også kunne løfte fylket vårt! Det er i alle fall viktig at vi får med mange utøvarar, og at dei har det kjekt på både trening og konkurranse. Kanskje vi må arrangere lokale treningssamlingar med fokus på hekk no i dragsuget av Karsten Warholm sin prestasjon i VM, eller langløpshelg der Ingebrigtsen-familien er inspirasjonskjeldene? Anne-Merete Kleppenes


10

Gloptimisten • SEPTEMBER

2017

E. E. RØNNEKLEIV 6829 HYEN

Gloppen kommune legg forholda til rette for idretten

Besøk oss på Coop-varehuset på Sandane GLOPPEN AS SANDANE Telefon 57 86 70 10

COOP-VAREHUSET - TLF. 57 86 59 87

OPNINGSTIDER:

Jon Slagstad støttar GFIL

GLASSMESTERFORRETNING

Måndag-fredag

7.00-23.00

GLASS - VINDUER - DØRER - FASADER

Telefon 57 86 54 22 Mobil 970 34 390

Postboks 103 - 6821 Sandane Tlf. 57 88 43 50 - Fax. 57 88 43 51

Laurdag

8.00-21.00

Arild Sæthre 97 71 69 00

Jon Arne Myklebust 90 06 56 50

Alt i elektriske installasjonar og varmepumper

Velkomen til ein hyggeleg handel!

Vaskemaskin!

6823 Sandane

med poleringsprogram

Hyen Automatstasjon

Sunnere inneklima, ventilasjon, sentralstøvsuger, rensing ­ av ventilasjon Beslag/takrenner Tak og fasadekledning,

Fyll tanken lokalt!

Tlf. Sandane 57 86 55 39 - beststasjon.no

BILUTLEIGE TLF: 57 72 50 80

6823 SANDANE - Tlf. 57 86 61 35 Fax 57 86 62 33 - Mob. 909 82 646 - 957 64 170 post@eveboblikk.no - www.eveboblikk.no reingjering Liftutleige, betongsaging/kjerneboring, branntetning

FRYDENBØ BILSENTER STØTTER GLOPPEN FRIIDRETTSLAG Vi har fantastisk støtte i Frydenbø Bilsenter på Sandane. Dei stiller velvilleg opp med køyretøy slik at vi kan kome oss på stemne rundt om i landet. Sist var vi på NM i terreng­løp i Stav­anger, då fekk vi bruke ein flott V60 H ­ ybrid. Trygg og god transport med Volvo. Takk!

VEREIDE BLOMSTER AS

Sandane Blomster - Binderi og Hagesenter

KATTAHAMRANE, SANDANE Telefon 934 12 239 / 414 12 512 www.hageland.no

Veidekke Entreprenør AS Distrikt Sogn og Fjordane Postboks 185 - 6821 Sandane Telefon 57 86 62 55 - Telefax 57 86 59 80

Entreprenørforretning - Ferdigbetong

Ola Hjelmeset Tlf.: 578 69364

ADVOKATANE LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL Grandavegen 26, 6823 SANDANE Telefon: 57 88 44 00 - Telefax: 57 88 44 01 www.gloppenadvokat.no STØTTAR GFIL


Gloptimisten • SEPTEMBER

11

2017

Junior NM Harstad 11. – 13. august

Eitt gull, fem bronse, mange gode resultat Årets Junior Nm 2017 vart arrangert av IK Hind og gjekk av stabelen i Harstad. Gloppen Friidrettslag reiste av garde med 10 aktive og 4 reiseleiarar og trenarar. Fyrste etappe var med bil frå Sandane til Gardemoen torsdag 10. august, og vidare frå Gardemoen til Evenes med fly. Deretter bar det av stad med buss til Harstad. Der fekk vi innlosjere oss på hotell midt i Harstad by. Utøvarane frå Gloppen friidrettslag var i sving både fredag, laurdag og søndag. Det var mykje fin aktivitet, gode prestasjonar og plasseringar: I alt greidde vi seks medaljer. Evald fekk programmessig sitt gull i slegge. Både Simon og Magnus overraska med sine medaljer. Kjempeflott! Utanom aktivitet på bana nytta vi kveldane til å samlast til mat og hygge. Det var elles naturfine omgjevnadar i Harstad og det vart såleis ein fin tur både sportsleg og elles. Reidar Moldestad, Jørund Årdal, Nils Ove Roset og Else Lundestad Bakkelid hadde ein flott tur saman med dei aktive. Ein utruleg kjekk og motivert gjeng å reise med. Else Lundestad Bakkelid

Resultat frå junior-NM Evald Osnes Devik Hans Sande Steffen Fjellestad Simon Hjelle Lidal Magnus Rygg Storsletten Håkon Fjellestad Mathias Førde Vincent Sondre Førde Robert Andre Moldestad Håkon Hjelle Roset

slegge 59,07 slegge 52,96 diskos 37.71 slegge 39,79 spyd 56,98 slegge 55,15 slegge 40,57 800m 2,04,28 1500m 4.23,41 800m 2.05,89 3000m hinder 9.29,47 200 m 24,31 100 m 11.69 slegge 50,61

1. plass 3. plass 3. plass 8. plass 3. plass 3. plass 7. plass 7. plass i sitt heat 8. plass i sitt heat 10. plass 3. plass 5. plass i sitt heat 6. plass i sitt heat 5. plass


12

Gloptimisten • SEPTEMBER

SANDANE

Billån på timen! Kjøpe bil, ny eller brukt? • Lån inntil 100 % av kjøpesummen* • Du kan få inntil 10 års nedbetalingstid Søk på nett eller ta kontakt med oss. Tlf. 57 82 97 00

ssf.no/billan

*Vi tilbyr billån gjennom Sparebank1 Finans

– stolt sponsor!

2017


Gloptimisten • SEPTEMBER

13

2017

Ungdoms-NM på Fana stadion 1.-3. september

Mange flotte prestasjoner av framtidas topputøvarar

Alle utøvarar frå Gloppen sama nmed Malin Gran frå Stryn

Fin blanding av utøvarar frå heile kommunen til årets UM i Bergen. Fana stadion er ein fryd å besøke. Anlegget er innbydande og arrangørane flinke. Vi budde alle samla på Edvard Grieg hotell like utafor stadion. Der var nesten alle på UM samla. Kjekt å møte andre utøvarar og leiarar. Veiret var flott og alle hadde ei kjekke helg sosialt. Kaya Van Hulst, BBIL var debutant under årets UM. Han kvitterte med å perse i

begge øvingane. Simon Hjelle Lidahl måtte dessverre melde avbud grunna ei kneskade. Vi håpar han kjem seg føre igjen snart. Neste UM går i Overhalla i Nord-Trøndelag. Der var vi på Junior-NM i 2013. Det var eit flott meisterskap. Vi håpar å ha med mange fleire neste UM. Reidar, Else, Linda og Nils Ove var leiarar i Bergen.

Deltakarane frå Breimsbygda– flest frå BBIL på dette UM.

Resultat frå ungdoms-NM G17 sølv G17 bronse G17 bronse G18/19 Bronse G17 4. plass G15 4. plass G17 8 plass G16 G17 G17 G17 G17 G15

Håkon Hjelle Roset, Stil Slegge 5kg Leif Arne Sårheim, BBIL Kule 5kg Magnus Rygg Storsletten, Hyen IL Slegge 5kg Steffen Fjellestad, FJ/V Slegge 6kg Håkon Fjellestad, FjV Slegge 5kg Kaya Van Hulst, BBIL 1500m hekk Robert Andre Moldestad, BBIL 100m i finalen 11.55 sek +0,2 Flott pers i forsøket.

Sølv Arne Osnes Devik IL Brodd 4. plass Håkon Fjellestad, Fj.V 5. plass Leif Arne Sårheim, BBIL 6. plass Håkon Hjelle Roset, STIL utslått i forsøk Robert Andre Moldestad 14. plass Kaya Van Hulst

Slegge 5kg Diskos 1,5kg Diskos 1.5kg Diskos 1.5kg 200m 2000m

59.42m 13.15m 57.60m 39.59m 47.64m 4.52.31min 11.68 +0.9 50.32m. 37,56m 36.79m 35.18m 24.41 +0,4 – 6.14.29 min (pers)

Kjempegreier å skrive autografer. Det var Robert Andre som fekk gjennomgå (kanskje pannebandet var medverkande).


Masse NYTT til til oppussing 14 Kulørkupp vårpussen! Tidligere butikknavn har nå blitt Kulør Butikknavn

Gloptimisten • SEPTEMBER

- Kulør er Norges nye farge - og interiørkjede med over 80 butikker og 200 male- og håndverksbedrifter.

Vår lidenskap for tall vil gi deg bedre resultater. Vis oss din lidenskap - få endre bedre resultater! PRODUKTNAVN

Blankett v/15

Laoreet duis feugiat eum sit facilisis tincidunt diam ex ullamcorper nulla in veniam Nordsjø maling - Tarkett sed sciurus, vel in eum qui odio duis tation euismod et. Exercigolvbelegg nulla in iriure. 3 LITER SPANN Borge tapet

348,-Royal Bindoplast 7 solskjerming 198,2,5 LITERSPANN ALLE FARGAR

PRIS

Sørstrandsvegen 6 6823 Sandane Tlf: 57 86 86 00 Accountor.no

000,-

Nye. flotte flisar

Eid Fargehandel Kulør Butikknavn

3 LITER SPANN ALLE FARGER

Trebo-Hus a.s

Vi har det du treng til fornying av huset inne og ute!

Det er eit sakn at Byrkjelo Stadion ikkje har skikkeleg stavmatte. Siste to åra har vi ikkje hatt øvinga på programmet til Sparebankleikane. Så lenge der ikkje er matte vert det heller ikkje trent stav. Men no kjem NM neste sommar. Då har vi håp om oppgradering i stav.

Våre aktive har delteke på mange stevner denne sesongen. Gfil har alltid hatt trenar/leiar med på stevna. Med unntak av Halle i Tyskland og Elitestevne i Kristiansand.

Velkomen innom butikken vår i Jarbrugda!

Vi støttar lag som glimtar av gull!

Sandane Gullsmedforretning 6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 55

Breim bensin & service AS Tlf.: 979 97 024

Breim

Påfyll for bil og folk!

® by Strukturplast

Smånytt

Sesongen 2017 er over. Litt vemodig er det alltid. Vi har hatt ein fantastisk sesong med EM /Døve OL suksess.Det har vore ei glede å reise på tur med dei aktive. Spesielt vil vi trekke fram JrNM i Harstad som eit høgdepunkt her heime.

2,5 LITERSPANN ALLE FARGAR

Sandane Eidsgata 36, Nordfjordeid | Sted | Tlf: XX XX XX XX | Fax: XX 86 XX XX tlf. 57 80 XX 60 tlf.Gateadresse 57 86 05 68 www.kulør.no fax57 57 86 86 80 80 61, 61 www.trebohus.no fax 57 86 136823 11 Sandane - tlf. 57 86 80 60,fax

• Entreprenør • Fargehandel • Ovnar • Byggevarer • Kjøkken, bad og garderobe • Lampar og gardiner

2017

Tel: +47 57 86 85 92 Fax: +47 57 86 52 72 www.bdo.no

Jon Ravnestad har vore ein fantastisk prosjektleiar på Nye Loggane Stadion. Full kontroll på framdrift og kvalitet. Dugnadsånda lever i beste velgåande i Gloppen. Seks aktive / leiarar var på dugnadsarbeid for Gloppen Hotell under årets store hagekonsert i hotellhagen. Det var Else som organiserte og ho let vel over både jobben og arrangementet. Det har teke seg litt opp på kjærleiksfronten. Vi har no fleire på gang som har funne kvarandre. Mange år sidan det har blomstra slik. Spenst har etablert seg på Sandane. Det er heilt supert. No har vi endeleg tilgang til kvalitetsmøller for våre langløparar. Det blir GFIL avtale for dei som treng det. MEN det er eit tankekors at slikt ikkje er på plass i storstova for idrett.

Tel: +47 57 86 85 92 BDO Tel: +47 57 86 85 92BDO Fax: +47 57 86 52 72 Nordstrandvegen 13 Fax: +47 57 86 52 72Nordstrandvegen 13 P.O. Box 53 www.bdo.no P.O. Box 53 www.bdo.no 6821 Sandane 6821 Sandane NO-989 127 098 MVA NO-989 127 098 MVA BDO Nordstrandvegen 13 P.O. Box 53 6821 Sandane NO-989 127 098 MVA

Støtt annonsørane våre! Dei støttar oss!

Nordstrandsvegen 10, 6823 Sandane Tlf. 57 88 44 10  eikenes@libris.no www.libris.no/eikenes

Mardal Rør A/S 6823 Sandane tlf. 57 86 57 91 - Fax. 57 86 54 20

P

deservic eA Byg

Tlf. 96 22 33 66

S

n til butikk ane!

AB

driv framleis butikken sin i Gotavegen. Velkomen til oss!


Gloptimisten • SEPTEMBER

15

2017

Robert Andre Moldestad på treningsleir i Latvia

IDRETTSNØTTER – FRIIDRETT OPPLYSNING NAMN 1

EM-gull i tikamp 1946

2

Jente frå Gloppen. I KM på Sandane 1948 tok ho 4 GULL

3

Fj/V-jente (Tanta til Odd-Bjørn) Krinsmeister i lengde-høgde-femkamp Starta delvis for Firda Gymnas

4

EM-gull i slegge 1952. Hadde verdsrekord !

5

OL-bronse hinderløp Melbourne 1956. Satte 15 norske rekordar.

Frå 14. til 19. august vart det arrangert ei vektløftersamling i Latvia, i byen Ventspils , i regi av det europeiske vektløftarforbundet. Dei to beste ungdomsløftarane på jente- og gutesida blei tekne ut til å representere Noreg på denne samlinga, og eg var så heldig at eg var ein av dei to gutane som skulle løfte saman med vektløftarar frå heile Nord-Europa. Ein av dei beste vektløftartrenarane i verda, Eduards Andruskevics som sjølv er frå Latvia, hadde ansvar for treningane og fekk fram det gode i kvar løftar med både positive tilbakemeldingar og konstruktiv kritikk. Vi trena to intensive løfteøkter kvar dag, i tillegg til ei roleg basis/tøye-økt før frukost. Det var veldig inspirerande og lærerikt å vere saman med nokon av verdas beste juniorløftarar og sjå korleis dei trena. Eg satsar mest på friidrett, men med tanke på at

6

Nordisk meister sprint 1961 og 1963. Hadde norsk rekord på 200m og 400m

7

NM-gull i slegge 1969 og 1970. Opprinneleg gloppar, bur no i Florø

8

Sognejente som dominerte 400/800 i 1980-åra

9

Haugesundjente med NM-rekord lengde/høgde. Deltok fleire gongar i Byrkjelo Games.

10

Fj/V-jente som vaks opp på Føleide. Krinsmeister i kule/diskos. Også handballjente.

turen blei dekka av NVF og det europeiske vektløftarforbundet, kunne eg ikkje takke nei. Den eine av dagane skulle vi ha ei valfri økt, og sia eg har eit tett samarbeid med NVF og dei er informert om at eg satsar på to idrettar, fekk eg bruke den-

ne til ei god sprintøkt på friidrettsstadionet i Ventspils. Sjølv om det gikk mykje i trening, soving og eting, fekk vi lurt inn noko av det vår eminente lagleiar Lars Espedal meiner er viktigast: å bli kjent med dei andre og gjere mykje anna løje ilag.

FIRDA VIDAREGÅANDE – MEIR ENN EIN SKULE • Studiespesialiserande • Musikk, dans, drama • Idrettsfag

Firda vidaregåande skule Firdavegen 21, 6823 Sandane

Telefon: 57 82 53 20 - Telefax: 57 82 53 21 E-post: postmottak.firdavgs@sfj.no www.firda.vgs.no

Løysing til GFIL, Boks 120, 6821 Sandane FRIST: 1. november 2017


KRYSSORDET VASSRETT 1 Feriemånad 5 Kald bading 11 Tru 14 Tidsadverb 15 Kvinneplagg 18 Personleg pronomen 20 Fred 22 Stille 23 Kornslag 25 Bører, skattar (latin) 27 Skade 29 Halvt snes 31 Nr. 4-19-1-18 i alfabetet 33 Erobra 34 Hoftegikt (omv.) 35 Sjuk (omvendt bokmål) 36 Kva (dialekt) 37 –l (Himmellekam) 38 –e Lita forhøyning) 39 Nr. 11-14-19-14 i alfabetet 41 Å 44 Aksjeselskap 45 Utvid ! 47 J--- (Olsokmånad) 48 Ferdig, klar 50 Kaos 52 Kjent spelemann 53 Ubrukt 55 Svært dårleg 56 Personleg pronomen 57 Fersk, ubrukt

LODDRETT 2 Klokke 3 Vareleveringa 4 Hast 5 Gårdsdagen (Skal eigentleg skrivast i to ord) 6 Seie (bokmål) 7 Leve 8 La ankeret falle 9 Avsperring 10 -k (Kirkesang og kalender) 12 Nymotens 13 Folk frå Meksiko 16 Som høyrer til på jorda 17 Flire 19 Gje 21 Dobbel nr. 15 24 Staven 26 Mann frå Nes 28 Mukke, protestere 30 – ia (Øy i Egeerhavet) 32 Aksjeselskap 38 Fjernsyn 40 Djevel 42 Lita 43 Storme 46 Himmellekam 48 Elv i Italia 49 Rut Anne Gustavsen 51 Drikk 54 Utsikt

Løysing til GFIL, Boks 120, 6821 Sandane FRIST: 1. november 2017

HAUSTNYTT! Kom innom og sjå vårt store utval i treningskle! Vi har kle frå Nike, Adidas, Kari Traa, Frank Shorter og sko frå Asics, Nike og Adidas.

Vi har avtale med Gloppen Friidrettslag, Breimsbygda Idrettslag, Gloppen Handballklubb, Spenst Gloppen, Fjellhug Vereide, STIL fotball, Sandane Sykkelklubb. Velkomen innom!

Tlf. 57 88 46 00 Opningstider: man-fre 9-18 laur 9-15

Siste kryssordvinnarar: Maria Sælen, Sandane og Johanne Holme, Hyen

Gloptimisten oktober 2017  
Gloptimisten oktober 2017  
Advertisement