Page 1

INFORMASJON

GLOPPEN FRIIDRETTSLAG - GLOPPEN KOMMUNE - DESEMBER 2017

Tildelt «Friidrettens Parapris»

Vi varmar opp til nytt NM

Dag runda 90, og heldt fest

Dugnadsfolket vårt stiller gladeleg opp

Hovudsponsorar er:

. . . er generalsponsorar for Gloppen Friidrettslag


2

Gloptimisten • DESEMBER

­

Å VERE IDRETTSLEIAR For ein leiar i eit lag som GFIL betyr det å ha utøvarane i fokus. Klubben sitt oppdrag i 1990 var å gjere det beste som var mogeleg for å gje utøvarar ein sjanse til å satse på idretten sin. Vår forgjengar BBFIL hadde same formålsparagraf. Gjennom snart 28 år har vi kontinuerleg jobba med dette som hovudmål.

Gloppen-kalenderen – ein pryd på veggen!

Det har vore mange sportslege oppturar opp gjennom åra. Det ville vere feil å dra fram nokon spesielle . Eg vil heller dra fram samhaldet og lojaliteten i klubben som heilt fantastisk. Det faktum at vi har greidd å halde på utøvarane i klubben sjølv om dei har flytta vekk på skule/jobb/studiar, har medverka til at Gloppen har hatt topputøvarar å profilere inn mot samtlege meisterskap. Vi har sett Gloppen på kartet og Gloppen Fil blir lagt merke til. Vi ligg ikkje bak toppklubbane i byane i kontraktane vi har med topputøvarane. Turane til meisterskapa og treningsamlingane er høgdepunkta i året. Då treffest alle som «Gloptimistar» med det mål å vere «Gloppen er Toppen»

TRENINGSTIDER

2017/2018 – FRAM TIL 23 MARS 2018 Mandag:

Kl. 1830-20 Bukta - intervall - oppmøte ved Firdahallen 1815 eller direkte i Bukta hjå Nils Ove.

Tysdag:

Kl. 1800-2000 løpstrening - oppmøte i Firdahallen.

Kl. 17-19 Loggane/Rygg skule. Kast og styrke. • Presis oppmøte! • Godt kledde - er eit krav i dårleg veir.

Onsdag:

Kl. 0700-0800 Spenst Sandane langtur/naturleg intervall. Krevjande økt. Kl. 17-19 Loggane/Rygg Skule. Kast og styrke

Vi ynskjer kvarandre godt nytt år. Eit år med NM på heimebane som vi håpar gjev gode og store opplevingar for både aktive og arrangør. Med på kjøpet blir det nok gode pengar til å drifte friidretten i Gloppen mot nye mål i framtida. Nils Ove Roset / Leiar GFIL

3

2017

30 år med NM i friidrett

Slik såg det ut under NM-innmarsjen i 1988. Til sommaren skal stadion stå klart til nok eit NM-arrangement på Byrkjelo.

Torsdag:

Fredag:

1730-1900 Kl. 07-08 Firdahallen løp /hopp - basistrening, og kast. oppmøte Firdahallen. Oppstart 19. oktober Kl. 17-19 - Loggane / Rygg skule. Kast og styrke.

• Husk tørt under etter trening. • Ha ete godt i god tid så ein ikkje stiller svoltne på trening.

• Ha med litt matpåfyll i bagen til like etter treninga. Drikke er også viktig.

Spørsmål om treningane kan rettast til niovero@online.no eller 41415380

er lagsblad for Gloppen Fri­ idrettslag (GFIL) skipa i 1990 av moder­ laga STIL, Brodd, Fjellhug/ Vereide, Hyen og BBIL.

Men som i alle rekneskap så er der ein balanse. Der har også vore nedturar. Dei kjem oftast når det er snakk om utvikling og tilrettelegging. Det å skjønne at det er utøvarane vi set fremst når vi snakkar om utstyr i vektrom, tilløp i høgde innandørs og underlag på løpebane syner seg å vere vanskeleg. Det å høyre på friidretten sine fagfolk blir ofte sett heilt vekk frå. Haldningane vi har møtt kan føre til at entusiasmen for friidrett vert mindre. Vi har likevel alltid håp om at alt blir betre med tida. Då er det særdeles kjekt at vi har JA menneske i friidretten, som i Brodd med Jon og Magne i spissen. I BBIL med Ola, Gunnar og Reidar på plass. I Fjellhug Vereide har vi Dagfinn som er overalt heile året. Alltid JA menneske, alle som ein. Desse, i tillegg til trenarane og leiarane i GFIL, har vi ei gruppe personar som er genuint interesserte i friidrett. Alltid med tanke om best mogeleg tilrettelegging for dei aktive enten på anleggsida, arrangement eller aktiv trening. Og endå er hjula smurt og går rundt.

Gloptimisten • DESEMBER

Å gå ein runde mellom husa i Åsen med Gloppen-kalenderen i sekken, er ein fornøyelse! Blide kundar som år etter år kjøper dette klenodiumet for å ha på kjøkkenveggen. Slik føler eg det, og slik trur eg dei andre kalenderseljarane rundt i kommunen kjenner det. Når ein blir møtt med – Å, vi har venta på deg!, då kjenner ein at dette ikkje er noko stress eller plage korkje for kunde eller seljar. Og når ein ser dei to blide seljarane Håkon og Robert Andre konverserer lett og elegant med potensielle kalenderkjøparar på Coop Extra ein laurdag føremiddag, ja då kjenner ein at klubben har rett «produkt» til rett tid og pris! Til dei som enno ikkje har sikra seg kalenderen: Den vil vere å finne på Intersport så lenge lageret rekk. Som ansvarleg for innsamling av bilete vil eg minne alle om at vi gjerne vil ha inn bilete til framtidige kalenderar. Det finst mange gode motiv og bilete mellom lesarane, og det er kjekt å ha eit godt utval av motiv når Gloppenkalenderen 2018 skal setjast saman. Tenk litt på kalenderen når de knipsar vinterbilete! - Dagfinn Nyhammer -

Underteikna har vore i styret sidan 1993 og har såleis vore med på utviklinga av klubben. Frå at første leiaren i laget, Ragnar Eimhjellen omlag måtte gå på tiggarferd for at vi skulle komme oss på det første NM i 1990 i Moss (for ikkje Leiaren har ordet å gløyme Mosjøen i 1992) Til at vi i dag har god økonomi med høve til å satse på toppidrett på ein heilt annan måte enn den gongen. Utøvaren i fokus betyr at dei mest sentrale i klubben faktisk legg ned nesten eit årsverk kvar for å halde hjula i gang. Skal alle treningane fungere og at alle kjem seg hit og dit i det daglege, så er det ein god del logistikk/filming/rettleiing og støtte som må til. Utøvarane blir på ingen måte sydd puter under ermane. Det må ytast på alle plan. Kvar og ein utøvar er sin eigen trenar så langt det er muleg. Klubben har ingen sjanse til å ha personleg oppfølging av samtlege utøvarar. Det er heller ikkje meininga. Utøvarar har alle muligheiter til å delta på fellesøkter og der er alltid mykje grunntreningsarbeid å gjere før det er aktuelt med særskilt oppfølging. Og ikkje minst må kvar og ein utøvar bidra inn i fellesskapet på dugnadsarbeid. Ingen i styret eller blant trenarane har godtgjersle for arbeidet, ingen tar frå fellesskapet si kasse til eiga vinning. Skal ein frivillig organisasjon fungere optimalt må dette ligge i botnen, elles blir det berre ugreie. I alle år har vi hatt ein fantastisk god kommunikasjon med sponsorane. Det er eit nært og godt samarbeid med alle og ein. Sponsortreffet og dei aktive/trenarar sin disiplin er grunnpilaren for å få midtar til drifta. Så alle som har drakter, bruk draktene på trening og elles der det passer. De syner igjen og er gode representanter for ei flott idrettsrørsle i kommunen vår.

2017

GFIL driv junior-, ­senior- og veteranfri­idrett i Gloppen.

Når NM i friidrett kjem til Byrkjelo og Gloppen i 2018, er det tredve år sidan første hovud-NM vart arrangert på Byrkjelo stadion i 1988. Tilbake i 1988 var det nybrotsarbeid, rett nok var det bygd opp noko erfaring gjennom mindre NM og ikkje minst gjennom Byrkjelo Games, det å få tildelt og arrangere hovudmeisterskapen var noko heilt anna, og ei fjør i hatten! Deretter var NM i friidrett tilbake på Byrkjelo både i 1999, i 2011 og no altså for fjerde gong i 2018. Med Breimsbygda i spissen, er friidrettsmiljøet i Gloppen blitt eit av landets aller mest erfarne og prof-

fesjonelle arrangørar av friidrettsstemner. Sidan første B-NM i 1982 og Jr. NM i 1983, er meir enn 10 norske meisterskap blitt arrangert!

Sterkt friidrettsmiljø Like viktig som det å arrangere er og det faktum at Gloppen gjennom mange år har bygd seg opp til å bli eit av dei sterkaste friidrettsmiljøa i landet. Som arrangørar – og det er også ei drivkraft for å få slike arrangement til kommunen, er nettopp dette med gode lokale utøvarar som stiller på startstreken på heimebane viktig. Vi håpar det blir ei stor og god tropp frå Gloppen under NM i 2018 også, lykke til med førebuingane!

Investering i anlegg Til NM i 2011 gjorde Gloppen kommune saman med ein stor lokal dugnadsgjeng, ei stor investering i fornying av toppdekke på Byrkjelo stadion. I tillegg vart det utvida til 8 løpebaner på 200 meter, laga spydtilløp frå nord og forsterka underlag for høgdematte, stavmatte og kring slegge/diskosringen. Ei utfordring på Byrkjelo har gjennom mange år vore for mangelfulle oppvarmingsområde for utøvarane, etter kvart som det har kome til nye aktivitetar ved stadion (Sandvolleyballbane og klatrepark) er dette området blitt mindre. I haust er det laga grunnlag for ei lang jogge-/oppvarmingsløype

ADVOKATANE LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL Grandavegen 26, 6823 SANDANE Telefon: 57 88 44 00 - Telefax: 57 88 44 01 www.gloppenadvokat.no STØTTAR GFIL

Bladet kjem ut til alle husstandar i ko­ mmunen tre gonger i året. Redaktør: Nils Ove Roset

Sandane

Telefon 57 88 46 00

Lagskontor i Øvrevegen 10 Tlf. 970 34 389 e-post : gloppen.friidrettslag@ enivest.net Nettredaktør heimeside Nils Ove Roset www.gloppenfil.no Bankkonto: 3710.07.06130

Konfirmasjon, dåp,  bryllaup  eller  50-­‐årslag?   Konfirmasjon, dåp, bryllaup eller 50-årslag? Koldtbord,   sosakjøt,   suppe   eller   Koldtbord, sosakjøt, suppe ellersteik?   steik? Du bestemmer   og bestiller, folkehøgskulekokkane steiker og kokar!

Du bestemmer  og  bestiller,   Vi leverer heim til deg, eller du kan leigeofestlokale folkehøgskulekokkane   steiker   g  kokar!   på skulen.   Ta kontakt for informasjon og bestilling. Vi  leverer  heim  til  deg,  eller  du  kan  leige  festlokale  på  skulen.  

som startar ved stadionbygget, går sør om stadion og inn til elva mot campingplassen, og deretter opp langs elva og tilbake på nordenden av stadion. Til våren blir det grusa på toppdekke på denne løypa. Det blir i starten av joggeløypa etablert eit oppvarmingsfelt med 4 løpebaner på 80 meter. Desse løpebanene har kunststoffdekke og oppmerking som gjer at det kan brukast til oppvarming for sprint og hekk. Takka vere stor dugnadsinnsats (fleire tusen timar) med Knut Lunde i spissen, får vi dette klart til neste års NM. Eit stort løft som heilt sikkert vil bli godt motteke av dei aktive, men som også vil ha stor glede og bruk i både skule, trening og fritid. I tillegg til skikkeleg oppvarming vil Breimsbygda med støtte frå mellom anna Sparebankstiftinga investere i ny stavmatte på Byrkjelo stadion, dagens matte er gått ut på dato for mange år sidan. I 2015 leigde vi stavmatte frå Dimna, i 2011 frå Svelgen. Dette er

dårlege løysingar. Ved å få på plass ei stor matte som er IAAF godkjent og har sikring kring stativ, blir det ei god oppleving for dei som skal konkurrere under NM, men det blir også eit pluss for trening/ rekruttering for friidretten i heile fylket framover, og for større og mindre arrangement på Byrkjelo stadion i mange år.

Godt samarbeid I Breimsbygda er vi i gang med planlegging av neste års arrangement, det er mykje arbeid som skal utførast før vi kan invitere til NM 17.- 19. august 2018. Som ved tidlegare arrangement håpar vi på godt samarbeid mellom friidrettsgruppene i Gloppen og Jølster, for nok ein gong å få ei god teknisk gjennomføring av arrangementet. Velkomen til nye flotte friidrettsdagar på Byrkjelo! Beste helsing for NM i friidrett 2018 Rolf Kjetil Egge


4

Gloptimisten • DESEMBER

2017

Gloptimisten • DESEMBER

5

2017

Sirkeltrening i Breim Sirkeltreningane går som dei har gjordt i maaaaaange år, onsdagane kl 19.00. Etter ein liten «downperiode» for nokre år sidan, tok frammøte seg kraftig opp forrige sesong. Trenden held fram også denne hausten. Rundt 20 stk pesar seg gjennom dei ulike øvingane, som er like gode og aktuelle som dei var då Magnus laga dei for eit utal av år sidan. Nokre er ute og køyrer intervalltrening før sirkelen. Dei fleste spelar ein form for basketball, (liknar til tider meir på rugby) til oppvarming. Aldersspennet er frå 16-59 år, og deltakarane er frå aktive utøvarar til spreke (snart) pensjonistar. Vi vågar påstand om at alle får like

mykje utbytte av treninga, uansett alder og nivå. Ein annan ting, som er slik det alltid har vore, er den kameratslege omgangstonen og dei gode komentarane. Særleg når ein utforskar mobiliteten og ein oppdagar at både armar og bein er for kort eller lange, alt etter kva øving ein har forvilla seg inn i. Ja, vi har til tider gjordt slike halsbrekkande utøyingsøvingar at vi alltid må ein som ikkje gjer øvinga. Dette slik at vi har nokon som kan løyse opp dei andre, når dei er komne i ein uoppløyseleg posisjon. Sjølv om det er bra frammøte, så er det alltid plass til fleire, så hiv deg ut av godstolen onsdagskveldane og bli med . Du vil garantert ikkje angre. Reidar

Veteranrestultat 2017 Løp 1 60m Else Lundestad Bakkelid 1976 9,7 (-0,2) 456 Byrkjelo 29/10 100m Else Lundestad Bakkelid 1976 15,7 (+1,7) 427 Byrkjelo 29/10 60m Merete Helgheim 1980 9,9 (-0,2) 338 Byrkjelo 29/10 Sum 1221 Løp 2 3000m kappg Merete Helgheim 1980 13.42,62 841 Ulsteinvik 4/2 3000m kappg Merete Helgheim 1980 23.48,6 840 Os 25/3 3000m Merete Helgheim 1980 11.07,05 576 Hvam 5/3 Sum 2257 Kast Slegge (4 kg) Else Lundestad Bakkelid 1976 39,99 867 Rygg 15/10 Diskos (1 kg) Else Lundestad Bakkelid 1976 45,03 855 Hyen 19/7 Kule (4 kg) Else Lundestad Bakkelid 1976 10,34 626 Greveskogen 4/7 Sum 2348 Valfrie øvingar 1500m Merete Helgheim 1980 5.32,7 447 Byrkjelo 29/10 Kule (4 kg) Merete Helgheim 1980 6,97 349 Byrkjelo 29/10 100m Merete Helgheim 1980 16,0 (+1,7) 319 Byrkjelo 29/10 Sum 1115 Totalsum: 6 941 Førstelag menn, 1.divisjon Løp 1 400m Jon R. Hauge 1974 56,36 694 Byrkjelo 13/7 200m Jon R. Hauge 1974 25,20 (+0,8) 689 Knarvik 24/6 100m Per Kristian Lundby 1948 14,78 (+0,7) 653 Loughb., GBR 14/6 60m Per Kristian Lundby 1948 9,52 643 Hvam 5/3 Sum 2679 Løp 2 800m Jon R. Hauge 1974 2.12,01 698 Byrkjelo 8/6 1500m Magne Tystad 1945 6.26,78 593 Knarvik 25/6 3000m Magne Tystad 1945 13.21,13 569 Knarvik 23/6 1500m Leif Reknes 1952 6.11,4 550 Byrkjelo 29/10 Sum 2410 Hopp Høgde u.t. Per Andenæs 1950 1,30 885 Sandane 14/3 Lengde u.t. Per Andenæs 1950 2,55 849 Sandane 26/10 Lengde u.t. Per Kristian Lundby 1948 2,42 746 Hvam 4/3 Lengde Per Kristian Lundby 1948 4,39 (ok) 734 Loughb., GBR 12/7 Sum 3214 Kast Slegge (3 kg) Jørgen M. Holme 1931 25,73 795 Rygg 21/5 Spyd (600 g) Per Kristian Lundby 1948 33,05 613 Loughb., GBR 1/4 Vektkast (5,45 kg) Jørgen M. Holme 1931 8,82 606 Hyen 19/7 Diskos (1 kg) Per Kristian Lundby 1948 30,86 582 Loughb., GBR 1/4 Sum 2596 Valfrie øvingar Tresteg Per Kristian Lundby 1948 9,21 (ok) 725 Loughb., GBR 9/8 Lengde u.t. Bjarne Hauge 1954 2,43 676 Sandane 26/10 60m Jon R. Hauge 1974 7,9 (-0,8) 631 Byrkjelo 29/10 Høgde Per Kristian Lundby 1948 1,29 610 Hvam 5/3 Sum 2642 Totalsum: 13 541 Andrelag menn, 3.divisjon Løp 1 200m Magnar Holvik 1952 35,13 (+0,1) 368 Byrkjelo 20/8 60m Jakob Eirik Lothe 1953 10,5 (-0,8) 304 Byrkjelo 29/10 100m Jakob Eirik Lothe 1953 17,76 (0,0) 191 Arna 18/9 Sum 863 Hopp Høgde u.t. Jakob Eirik Lothe 1953 1,05 453 Sandane 26/10 Lengde u.t. Jakob Eirik Lothe 1953 2,10 448 Sandane 26/10 Høgde Jakob Eirik Lothe 1953 1,20 434 Knarvik 24/6 Sum 1335 Kast Kule (5 kg) Jakob Eirik Lothe 1953 8,22 501 Arna 18/9 Diskos (1 kg) Jakob Eirik Lothe 1953 28,48 470 Skansemyren 21/10 Spyd (600 g) Jakob Eirik Lothe 1953 20,73 290 Skansemyren 21/10 Sum 1261 Valfrie øvingar Lengde u.t. Bård Kjetil Aske 1963 2,24 428 Sandane 26/10 Sum 428 Totalsum: 3 887

Det var dekka til 170 gjestar i gymsalen på Nordfjord Folkehøgskule.

Austrheim mannskor, dirigert av Trygve Apalset; med Geir Søreide på gitar og Eivind Kjørvik på kontrabass. .

Dag Fosstvedt, ein sprek 90 åring Eit aktiv år for veteranane 4. og 5. mars arrangerte Ullensaker/Kisa IL for andre året på rad veteran-NM innandørs i Nes Arena ved Jessheim. GFIL stilte med éin utøvar av begge kjønn. I yngste kvinneklasse tok Merete Helgheim gull på 3000-meter med tida 11.07,05. Allsidige Per Kristian Lundby deltok i fem øvingar i klasse 65-69 år. Han gjekk til topps på 60m (9,52), i lengde (4,18) og i tresteg (9,11). Sølvmedaljar blei det i lengde utan tilløp (2,42) og i høgde (1,29).

Terrengstafettane Som i 2016 kom herrelaget til GFIL i klasse +55 på andreplass bak Strindheim IL i Holmenkollstafetten. Laget vårt sprang nesten eitt minutt raskare enn året før, men det var likevel lite å gjere med trønderane. Vi lukkast heller ikkje i år å få lag til Oldestafetten. Etter triumfen i 2015 har den tradisjonsrike stafetten gått utan veteranlag frå GFIL. Med alle spreke veteranane vi har i kommunen, burde det vere råd å få fem mann til å melde seg til teneste på eit lag i Olden til våren. På Breimstafetten hadde vi med eitt herrelag i yngste veteranklasse. I konkurranse med Førde Friidrett og Sandane Sykkelklubb måtte vi ta til takke med bronseplassen. På laget sprang Jan Erik Roset, Eivind Rauset, Egil Holvik, Sindre Humberset, Jon R. Hauge og Odd Bjarne Tveit. I veteranklassa for kvinner var Breimsbygda på ny utan konkurrentar, men vi kan gratulere dei med gull på ei fin tid.

Banestemne Veteran-NM blei i år arrangert av AKS-77 på Knarvik stadion 23.25. juni. Denne arenaen har verkeleg skrive seg inn i friidrettshistoria. Med 9.000 menneske på tribunane sette kenyanaren Henry Rono verdsrekord i Knarvik med 13.06 på 5000-meter i 1981. Det næraste ein kom namngjetne personar under årets meisterskap, var TV2s

Kjetil Iden, som med myndig røyst hadde full kontroll som speaker. Arrangøren kom i det heile godt frå arrangementet, sjølv om store nedbørsmengder la ein viss dempar på idrettsgleda. GFIL hadde med fire deltakarar. I klasse 85-89 år tok Jørgen M. Holme sølv både i slegge (23,12) og i vektkast (8,51), og han kom på tredjeplass i kule med 6,53 meter. Magne Tystad i klasse 70-74 sprang 800m (3.04,41), 1500m (6.26,78) og 3000m (13.21,13), med tre bronsemedaljar som utteljing. Jakob Eirik Lothe (60-64) kom på andreplass i høgde (1,20). I klasse 40-44 år vann Jon R. Hauge 400m (56,67) og 400m hekk (1.04,21), og han kom på andreplass på den halve distansen med tida 25,20. Ingen grunn til å klage på medaljefangsten, altså, men samanlikna med fjoråret var fleire av resultata litt under pari. 19. og 20. august var Byrkjelo stadion arena for KM. Skadeproblem sette ein stoppar for fleire av utøvarane våre, så vi måtte nøye oss med tre representantar i aksjon. Else Lundestad Bakkelid (40-44) kasta diskos, Magnar Holvik (6569) sprang 200-meter og Magne Tystad (70-74) deltok på 5000-meter.

Veteranserien Damelaget vårt har gjort lynkarriere i veteranserien etter oppstarten i 4.divisjon i 2013. Etter at vi gjekk til topps i det gjævaste selskapet i fjor, var statistikknestor Stein Fossen raus med superlativa i si oppsummering. Også denne sesongen har Merete Helgheim og Else Lundestad Bakkelid skaffa oss høge poengsummar i kappgang og i kast, men utan resultat av Elin Isane var det ikkje realistisk å tru på ein reprise av fjorårsbragda. Lenge var det grunn til å frykte for eksistensen i toppdivisjonen, men som i fjor fekk vi til ein solid seriedugnad på Byrkjelo siste søndagen i oktober. Merete imponerte med å gjennomføre 60m, 100m, 400m og 1500m

på ein liten time. Som rein bonus avslutta ho med å støyte seniorkula 6,97 meter, eit resultat som ligg an til å telje som valfri øving. Else har ein allsidig friidrettsbakgrunn, og denne søndagen bidrog ho med fine resultat på 60- og 100-meter. Framleis står vi utan hoppresultat, men det er håp om å få nokre noteringar i hopp utan tilløp før vi set sluttstrek for veteransesongen. Førstelaget til herrane har i ei årrekkje hatt gode plasseringar i 1.divisjon. I år er poengsummen vesentleg lågare enn vanleg. Dagfinn Nyhammer bruker å levere sterke resultat kvart år, men denne sesongen blei dessverre spolert av skadar. I tillegg er fleire resultat av dei andre utøvarane litt under normal standard. Likevel må vi gi honnør til Per Kristian Lundby for gode resultat i fleire kategoriar. Han skårar over 600 poeng i sju øvingar: 60m, 100m, lengde, lengde u.t., høgde, tresteg og spyd. Også i år er det Per Andenæs sine suverene resultat i hopp utan tilløp som gir flest poeng på veterantabellen. Vi ser altså at vi er sårbare dersom ein nøkkelutøvar blir sett ut av spel. Skal vi greie å kjempe i toppen i framtida, er det avgjerande å rekruttere unge veteranar både på dame- og herresida. Komande sesong går Eigil Instebø over i veterananes rekkjer. Det ville gledd oppmannen stort om den kondisjonssterke førdianaren tok opp att baneløpinga! Jakob Eirik Lothe har også denne sesongen gjort ein stor innsats på andrelaget, men med få noteringar av andre utøvarar blir sluttresultatet ein del svakare enn i fjor. Totalsummen bør likevel halde til å fornye kontrakten på tredje nivå. På plussida noterer vi at Bård Kjetil Aske som sisteårsutøvar i klasse 50-54 år debuterer i veteranserien med det gode resultatet 2,24 i lengde utan tilløp. Jon R. Hauge

Laurdag kveld 2. desember var det dekka til 170 stk. i gymsalen på Nordfjord Folkehøgskule. Dag Fosstvedt hadde invitert familie, tidlegare kollegaer, vener og kjende til feiring av sin eigen 90 års dag. Han sto sjølv som konferansier under festen. Den vart innleia med song frå Austrheim mannskor, dirigert av Trygve Apalset; med Geir Søreide på gitar og Eivind Kjørvik på kontrabass. Desse opptredde i to akter der fleire av tekstane var skrive av Ragnar Sande. Diverre kunne ikkje Ragnar sjølv kome i denne 90 års festen. Austrheim mannskor har ein lang tradisjon heilt tilbake til 1927. Koret vart med andre ord skipa same året som dagens jubilant Dag Fosstvedt vart født. Deira bidrag var musikkoppleving av høg kvalitet og ei flott oppleving for oss alle! Dag Fosstvedt kom første gang til Gloppen i 1941. Familien var på veg frå Troms med kurs for Sørlandet. På Otta stasjon skilde dei lag og Dag reiste til Sandane for å begynne på realskulen. Han kom litt seint til skulestart denne hausten. Ute på skulegarden sto han aleine då det ringte i bjølla og dei andre elevane kom ut frå time. Dei flokka seg rundt han. Så ropte dei «hent Loyden»! Loyden kom ut og vart stilt opp nakke mot nakke med Dag. «Loyden er ikke minst lenger» var konklusjonen frå Petter Flølo og Erling Ødven... Trass i velkomsten fann Dag seg til rette på Sandane. Han naut fridomen og skulle seinare slå seg ned her for godt. Dag likte seg godt på skulen, og der skulle han også bli i yrkeslivet. Mangeårig rektor på Sandane skule Sverre Folkestad minnast Dag som tydeleg, detaljorientert og kreativ innan faste rammer. Han såg fysisk aktivitet som viktig for læring, og fann sjølv på konkurransar med elevane. Det kunne vere at elevane hadde konkurranse om å treffe kuppelen på flaggstanga med snøballar. Eller det kunne vere snøballkast på blink, og springe strafferundar dersom dei bomma. Elevane likte Dag godt. Dag var også aktiv i diskusjonane med kollegaer, men samtidig lojal til vedtak. Han snakka aldri negativt om andre sjølv om han

kanskje var usamd i deira syn. Dag sine interesser har også engasjert kollegaer. Sverre Folkestad minnast at dei hadde tippelag på skulen og leverte inn tippekupong kvar veke. Ein gang vann dei tolv rette og utbetalt ein gevinst på kring 80.000 kroner! Dag stilte så opp på skulen og arrangerte rebus for kollegaer med kupongane. Det med rebusar står sterkt den dag i dag. Til dømes har Dag ein fast rubrikk med kryssord og rebus i denne avisa Gloptimisten. Der får folk i kommunen bryne dei små grå for å finne ut kva Fosstveden tenkte på. I fine selskap er det ikkje berre talar og fine ord. Til middag vart det servert sosekjøt med poteter og grønsaker. Dag har alltid vore omtenksam og strukturert. Ingen skulle gå svoltne frå bordet så han hadde ordna med to serveringar. Som han sjølv uttalte med si eiga humoristiske formidlingsevne; «… andre servering kommer snart. Dere må forsyne dere godt for det blir ingen kaker i dag. Jeg har styrt med hard hånd. Dette er ingen ete gilde. Men det blir karamellpudding til dessert, og den kan jeg forsikre dere om er god». Og det stemte, både middagen og desserten fall godt i smak. Dag har alltid hatt nestekjærleik for andre. Han er tolmodig og ser potensial i alle. Fortsatt er han aktiv med frivillig arbeid. Han starta opp sjokoladeklubben, ein klubb der han kvar søndag føremiddag samlar bebuarar på Gloppen omsorgssenter til høgtlesing, spel, kaffi og eting av sjokolade. Dette er blitt eit populært og sosialt tiltak. Dag har alltid vore eit organisatorisk talent. Sjølv godt ut i pensjonsalderen har han hatt sekretærjobb i Gloppen friidrettslag. Der har han styrt det administrative og overhalde fristar på bl.a. brev- og post- korrespondanse med lag og forbundet. Seinare kom internett, og Dag måtte henge med i utviklinga. Han lærte seg å motta og vidaresende e-postar. I tillegg har han inntil i haust vore redaktør for denne lagsavisa til Gloppen friidrettslag, Gloptimisten. Han har over mange år organisert alt fagstoffet i avisa, og purra på oss når fristen for innsending nærmar seg og han enno ikkje hadde mottatt noko stoff. Eg minnast sjølv at han skreiv ut alt stoffet på papirark, klipte og limte, og plasserte det ut over stovegolvet for å sjå korleis han skulle sette det saman i avisa. Deretter var det av stad til

Dag Fosstvedt hadde invitert familie, tidlegare kollegaer, vener og kjende til feiring av sin eigen 90 års dag. Solglimt for trykking. Ingen andre friidrettsklubbar i landet har si eiga lagsavis som kjem ut med no tre nummer i året. Gloptimisten er viktig for Gloppen friidrettslag. Som Jørund Årdal uttalte; «utan Dag, ingen Gloptimist». Din innsats har ført til at trenarane i klubben kunne fokusere meir på det sportslege og mindre på den administrative jobben. Gloppen friidrettslag takkar deg Dag for din fantastiske jobb for oss over mange år! Så håpar vi å finne ein god arvtakar til redaktørjobben av Gloptimisten framover. Ta gjerne

kontakt om nokon føler dette kan passe dei! Talane frå gjestane nærma seg slutten, og Dag gav seg sjølv utvida taletid for å takke mannskoret og gjestane for oppmøte, og Nordfjord folkehøgskule for god oppvarting og mat. Så vart det allsong og nokre fine velvalde ord til oss alle. I talane denne kvelden gjekk det igjen at Dag kan å organisere, er strukturert og omtenksam. Dette gav seg uttrykk i avslutninga hans på festen. Han hadde lært av mangeårig sokneprest Gundersen

å stille seg ved utgangen og takke kvar og ein for oppmøte. Og han poengterte at dei som hadde lengst køyreveg heim måtte komme først… Vi er alle imponert at du sjølv organiserte, leia og gjennomførte denne store festen Dag. Du er ein sprek jubilant som spreiar mykje glede til dei rundt deg. Tusen takk for ein flott kveld! For Gloptimisten Eigil Instebø


6

Gloptimisten • DESEMBER

2017

Gloptimisten • DESEMBER

7

2017

Landets fremste sleggeklubb Norsk «Adelskalendar» slegge menn 75.57 Eivind Henriksen IK Tjalve 14.9.90 Florø 2.6.12 74.46 Richard Olsen IF Kamp-Vestheim 19.4.58 Walnut, USA 14.6.80 73.86 Tore Johnsen IF Minerva 5.5.61 Lillestrøm 14.7.84 72.96 Steffen Nerdal IL Norna-Salhus 22.2.85 Nadderud 17.6.12 70.66 Kåre Sagedal Sørild FIK 19.6.60 Froland 4.8.86 68.34 Thomas Mardal Gloppen FIL 16.4.97 Bydgoszcz/POL 13.07.17 68.24 Anders,Halvorsen SK Vidar 1.3.69 Tønsberg 30.8.94 68.22 Anders Hoff IF Minerva 18.1.56 Dallas, USA 18.4.81 67.84 Arild Busterud Løten IL 26.1.48 Moelv 27.7.75 67.48 Bjørnar Halvorsen SK Vidar 12.11.73 Fredrikstad/Li 11.7.97 67.00 Bjørn Erik Pettersen IK Tjalve 21.9.76 Sandefjord 12.6.02 65.80 Oddvar Krogh Sarpsborg IL 6.4.37 Roma, ITA 20.9.64 65.22 Arne Lothe IL Gular 22.5.38 Byrkjelo 18.7.76 65.01 Knut Vikne Tønsberg FIK 29.1.76 Tønsberg 2.8.00 64.92 Evald Osnes Devik Gloppen FIL 19.4.95 Halle, GER 21.5.17 64.58 Kjetil Røste Ringen Brandbu IF 20.6.93 Løten 25.5.15 64.20 Ove Farsund Førde IL 6.4.52 Brekstad 22.6.80 64.04 Otto Rui Strømmen IF 1.12.62 Strømmen 10.8.87 63.88 Sverre Strandli Sarpsborg IL 30.9.25 Trondheim/St 8.10.62 63.81 Steinar Kleppe Gloppen FIL 6.3.88 Bergen/Fa 24.7.16 63.63 Jon Nerdal IL Norna-Salhus 17.2.96 Bergen/Fa 30.5.16 63.58 Magne Føleide Florø TIF 30.6.37 Tresfjord 4.7.70 63.58 Jostein Aukland Florø TIF 2.8.56 Steinkjer 12.8.78 63.40 Bjørn Henning Bøe Vestre Slidre IL 17.3.73 Bagsværd, DEN 8.7.02 63.17 Jørgen O. Austnes IL Fri 23.4.94 Bergen/Fa 29.8.14 62.80 Stig Lien IL Trond 30.4.53 Trondheim/St 1.5.80 62.58 Richard Villanger Ask IL 9.5.91 Oslo/So 2.5.14 62.00 Trond Ulleberg IK Tjalve 14.1.62 Arendal 1.10.89 61.80 Ronald Berberg Kongsberg IF 10.4.44 Kristiansand 21.9.74 61.64 Karl Marthinussen SK Vidar 1.8.60 Göteborg, SWE 20.8.92

Evald Osnes Devik og Thomas Mardal i Halle, Tyskland. Våre tre fremste sleggekastarar i herreklassa har klatra høgt opp på norsk adelskalendar! Etter denne sesongen er alle tre mellom dei 20 beste i landet gjennom alle tider.

– stolt sponsor!

Thomas med sin nye krinsrekord er heilt oppe på 6. plass! Evald og Steinar følgjer godt opp med 15. og 20. plass. Tek vi med at Trude er nr. 3

Herrelaget er tilbake i 1. divisjon etter nedrykket i fjor. Damelaget har for første gong rykka ned i 3. divisjon.

11 resultat rakk til å komme med på denne lista, 3 mindre enn rekorden frå 2015. Fire pallplassar med Merete på topp. Personlege rekordar på Trude, Thomas(slegge), Evald og Hans. Resultat 14.00,75 66,35 68,34 64,92 62,69 14,83 49,25 55,64 45,03 56,97 9.29,47

Namn Stad Dato Merete Helgheim Sandnes 21.08 Trude Raad Samsun/TUR 23.07 Thomas Mardal Bydgoszcz/POL 13.07 Evald Osnes Devik Halle/GER 21.05 Steinar Kleppe Sandnes 22.08 Thomas Mardal Loggane 30.07 Thomas Mardal Loggane 30.07 Marte Rygg Årdal Loggane 30.07 Else Lundestad Bakkelid Hyen 19.07 Hans Sande Loggane 11.06 Vincent Sondre Førde Harstad 11.08

Ti på topp Noreg 13-19 år 2017 Berre 21 resultat blant dei 10 beste i landet i klassane 13-19 år! Dette er det færraste vi har registrert nokon gong. Medan landet elles har aukande rekruttering til friidrett er vi i tilbakegong her i kommunen. I kast heng vi godt med, men berre 4 resultat i løp og hopp til saman er urovekkande. I 2018 må denne trenden snuast!

– stolt sponsor!

Plass Namn, lag Øving Resultat Stad 2 Anne Lovise Indrebø, BBIL Kule(2) 12,18 Osterøy 2 Arne Osnes Devik, Brodd Slegge(5) 54,39 Byrkjelo 2 Håkon Hjelle Roset, STIL Slegge(5) 60,48 Loggane 3 Leiv Arne Sårheim, BBIL Kule(5) 13,15 Fana 3 Magnus Storsletten, Hyen Slegge(5) 57,60 Fana 3 Steffen Fjellestad, Fj/Ver Slegge(6) 46,01 Byrkjelo 4 Håvard Hetle, BBIL Kule(4) 12,38 Osterøy 4 Håkon Fjellestad, Fj/Vereide Diskos(1,5) 39,83 Byrkjelo 5 Ellisiv Hetle, BBIL Kappg. 1000m 5.51,91 Osterøy 5 Robert Andrè Moldestad, BBIL 60 m 7,55(-0,7) Fana 5 Håkon Fjellestad, Fj/Vereide Slegge(5) 51,42 Loggane 5 Simon Lidal, GFIL Spyd(800g) 56,98 Harstad 5 Kaya van Hulst Sahin, BBIL 1500 m H 4.52,30 Fana 6 Elin Mardal, STIL Diskos(0,75) 28,51 Byrkjelo 6 Leiv Arne Sårheim, BBIL Diskos(1,5) 37,15 Byrkjelo 6 Håvard Hetle, BBIL Spyd(600g) 39,64 Osterøy 7 Mathias Reksten Dale, BBIL Diskos(1) 34,05 Osterøy 7 Håkon Hjelle Roset, STIL Diskos(1,5) 35,42 Byrkjelo 8 Thomas Sæten, Hyen 400 m 59,76 Hyen 9 Simon Lidal, GFIL Diskos(1,75) 37,78 Byrkjelo 10 Håvard Hetle, BBIL Slegge(4) 27,40 Osterøy

13.8.11 10.7.16 23.7.17 25.5.17 27.7.14 13.5.16 6.4.02 14.7.99 17.8.05 29.7.00

NFFIF sine lagseriar 2017

10 på topp Noreg senior 2017 Plass Øving 1 3000 m kappg. 2 Slegge 2 Slegge 3 Slegge 5 Slegge 5 Kule 5 Diskos 6 Slegge 6 Diskos 9 Slegge 10 3000 m hinder

og Marte nr. 5 på den kvinnelege adelskalendaren kan vi trygt fastslå at Gloppen FIL er landets fremste sleggeklubb!

Norsk «Adelskalendar» slegge kvinner 70.43 Mona Holm Solberg IK Tjalve 5.8.83 Byrkjelo 67.86 Beatrice N. Llano Laksevåg TIL 14.12.97 Bergen/Fa 66,35 Trude Raad Gloppen FIL 27.4.90 Samsun/TUR 64,14 Helene S. Ingvaldsen IL Norna-Salhus 22.6.96 Austin, USA 63.05 Marte Rygg Årdal Gloppen FIL 5.7.92 København, DEN 62.51 Katja Vangsnes SK Vidar 16.11.91 Tallahassee, USA 60.56 Eva Danielsen IK Tjalve 16.7.81 Alicante, ESP 59.39 Unn Merete Lie SK Vidar 18.1.71 Tammerfors, FIN 58.26 Ingelin Bareksten IL Norna-Salhus 9.2.79 Aremark 57.42 Mette Bergmann SK Vidar 9.11.62 Aremark

Dato 09.09. 19.08 23.04. 01.09. 01.09. 05.05. 09.09. 08.06. 09.09. 03.06. 07.05. 13.08. 01.09. 27.05. 05.05. 10.10 09.09. 08.06. 19.07. 28.05. 10.10.

2. DIVISJON MENN 2017 TOTALT

2. DIVISJON KVINNER 2017 TOTALT

1 IL Skjalg (25/13) 18 095 (12/1d) Rogaland 2 Ullensaker/Kisa IL (25/13) 17 814 (6) Akershus 3 Fana IL (25/15) 17 653 (2/3d) Hordaland 4 Gloppen FIL (25/15) 17 294 (11/1d) Sogn og Fjordane 5 Stord IL (25/11) 17 065 (7) Hordaland 6 SK Vidar (24/13) 16 831 (13/1d) Oslo 7 IL Fri (25/11) 16 825 (5) Hordaland 8 Moss IL (25/9) 6 693 (3/3d) Østfold 9 Steinkjer FIK (25/12) 15 771 (8) Nord Trøndelag 10 Osterøy IL (25/12) 15 601 (1/3d) Hordaland 11 Fredrikstad IF (25/12) 15 577 (9) Østfold 12 Ask Friidrett (25/10) 15 547 (10) Hordaland 13 IL Tyrving 2. lag (25/14) 14 945 (4/3d) Akershus 14 IF Herkules (21/13) 14 591 (14/1d) Telemark

1 Bækkelagets SK (25/14) 16 988 (2/3d) Oslo 2 IL Tyrving 2. lag (25/12) 16 807 (11/1d) Akershus 3 Haugesund IL (25/13) 16 355 (8) Rogaland 4 Steinkjer FIK (25/9) 16 255 (12/1d) Nord Trøndelag 5 IK Tjalve 2. lag (25/13) 16 073 (1/3d) Oslo 6 Fredrikstad IF (25/15) 15 957 (13/1d) Østfold 7 IL Fri (25/10) 15 381 (7) Hordaland 8 Lillehammer IF (25/12) 15 264 (6) Oppland 9 Nittedal IL (25/15) 15 050 (14/1d) Akershus 10 Ski IL (25/11) 14 545 (3/3d) Akershus 11 Ålesund FIK (25/8) 14 541 (9) Møre og Romsdal 12 Laksevåg T&IL (25/10) 14 531 (4/3d) Hordaland 13 Kristiansand IF (24/12) 13 986 (5) Vest Agder 14 Gloppen FIL (17/7) 9 986 (10) Sogn og Fjordane

OBLIGATORISKE ØVINGAR KVINNER 100m Julia Jordanger Loen 2002 200m Julia Jordanger Loen 2002 400m Julia Jordanger Loen 2002 1500m Merete Helgheim 1980 3000m kappgang Merete Helgheim 1980 5000m kappgang Merete Helgheim 1980 Kule Else Lundestad Bakkelid 1976 Diskos Else Lundestad Bakkelid 1976 Slegge Trude Raad 1990 VALFRIE ØVINGAR KVINNER Slegge Marte Rygg Årdal 1992 Slegge Else Lundestad Bakkelid 1976 Kule Marte Rygg Årdal 1992 Diskos Vilde Sårheim 2000 400m Merete Helgheim 1980 Kule Merete Helgheim 1980 Lengde u.t. Gry Therese Nesse 1978 100m Else Lundestad Bakkelid 1976 OBLIGATORISKE ØVINGAR MENN 100m Robert Moldestad 2000 200m Robert Moldestad 2000 400m Jon R. Hauge 1974 800m Vincent Sondre Førde 1997 1500m Vincent Sondre Førde 1997 400m hekk Jon R. Hauge 1974 3000m hinder Vincent Sondre Førde 1997 Lengde Robert Moldestad 2000 Tresteg Robert Moldestad 2000 Kule Thomas Mardal 1997 Diskos Thomas Mardal 1997 Slegge Thomas Mardal 1997 Spyd Simon Lidal 1998 VALFRIE ØVINGAR MENN Slegge Evald Osnes Devik 1995 Slegge Steinar Kleppe 1988 Slegge Hans Sande 1996 3000m Vincent Sondre Førde 1997 Slegge Magnus Rygg Storsletten 2000 3000m Jon Rolf Skamo Hope 1998 Slegge Håkon Hjelle Roset 2000 Diskos Hans Sande 1996 Slegge Steffen Fjellestad 1999 Slegge Arne Osnes Devik 2001 Lengde u.t. Marius Rygg 1996 Lengde u.t. Even Rønnekleiv 1982

13.47 27.97 67.40 5.32.7 14.00.75 23.48.6 10.34 45.03 66.35

593 591 481 457 744 778 616 794 996

Lillehammer Lillehammer Byrkjelo Byrkjelo Sandnes Os Tønsberg Hyen Samsun/TUR

25.06 23.06 20.08 29.10 25.08 25.03 04.07 19.07 23.07

55.64 39.99 10.34 23.65 72.8 6.97 2.09 15.7

875 683 616 468 370 339 328 257

Rygg Rygg Rygg Byrkjelo Byrkjelo Byrkjelo Hyen Byrkjelo

30.07 15.10 30.07 27.09 29.10 29.10 15.03 29.10

11.55 23.91 56.36 2.04.89 4.02.38 64.21 9.29.47 5.63 10.74 14.83 49.25 68.34 56.98

709 656 520 584 738 526 757 521 417 786 845 980 719

Fana Lillehammer Byrkjelo Harstad Fana Knarvik Harstad Byrkjelo Byrkjelo Rygg Rygg Bydgoszcz/POL Harstad

01.09 23.06 13.07 13.08 03.06 24.06 11.08 20.09 26.05 30.07 30.07 13.07 13.08

64.92 62.69 56.97 8.44.20 45.28 9.00.48 44.04 37.71 40.37 39.35 2.89 2.81

939 912 842 751 689 687 672 642 620 605 611 566

Halle/GER Sandnes Rygg Nadderud Rygg Hyen Rygg Harstad Rygg Rygg Hyen Hyen

21.05 26.08 11.06 16.06 24.09 19.07 10.09 11.08 20.08 20.08 15.03 15.02


8

Gloptimisten • DESEMBER

2017

Vi hjelper deg også med:

Ditt byrå i bygda

9

2017

Friidrettsstemne i Trivselshallen

Christina og Arne Jostein Gimmestad Telefon 57 86 78 73

VI STØTTAR IDRETTEN I GLOPPEN

Gloptimisten • DESEMBER

- Gravstein - Oppussing og tilføying av namn

RISTORANTE

Firda Elektro AS Nordstrandsvegen 17. 6823 Sandane

Aut. Elektro og Teleinstallatør Butikk, Elektro - Tele - Kvitevarer - Lamper Eigen Kvitevareverkstad

MONA LISA pizzeria

Alle rettigheter Alle rettigheter. God og billig mat. God og billig mat Tar imot selskap selskap. Tar imot Ope til 23 kvar dag Fleirefrå nye,12 velsmakande rettar Velkomen vår restaurant. Ope frå til 12 til 23 kvar dag Velkomen til vår restaurant Sandane tlf. 57 86 66 23 Grandavegen 1, 6823 Sandane, tlf. 57 86 66 23

Støtt sponsorane våre! Dei støttar oss!

Søndag 14. januar arrangerer Fjellhug/Vereide og STIL eit nytt innandørsstemne i Trivselshallen. Øvingsutval vert som dei to føregåande åra: 60 m, lengde, høgde og kule. Stemnet er for alle klassar. I fjor var nærare 80 deltakarar med frå heile fylket. Det er eit kjempetilbod for våre lokale deltakarar å få konkurrere på heimebane, og notere seg for resultat. Det er også eit fint avbrot i treningskvardagen.

Vi har deltakarmedalje til alle deltakarane, og vi vil også prøve å finne litt premiering trekt ut på startnummer. STIL og Fjellhug/ Vereide Il utfordrar også foreldra litt på å få sine håpefulle til å vere med på stemnet – friidretten i Gloppen har gode tradisjonar som vi ønskjer skal leve vidare! Vi har bruk for ein del funksjonærar, og vi oppfordrar foreldra til å stille opp, i tillegg til dei ordinære dommarane vi har i klubbane.

INNBYDING:

INNANDØRSSTEMNE I TRIVSELSHALLEN PÅ SANDANE

Trude er tildelt «Friidrettens Parapris» Under Trenerseminaret i Bergen 4. november vart Trude tildelt «Friidrettens Parapris» for 2017. Det er «Friidrettens venner» som deler ut prisar for framifrå prestasjonar kvar sesong.

Fjellhug/Vereide IL og Sandane T&IL har gleda av å innby dykk til innandørs friidrettsstemne i Trivselshallen på Sandane.

Søndag 14. januar kl 13.00 Klassar: Gutar, jenter, menn og kvinner, 8 år (f. 2010) og eldre Øvingar: 60 m m/ elektronisk tidtaking. Lengde, høgde og kule. Startpengar pr. øving: kr 60,- til og med 12 år (2006), og kr. 90,- for dei som er eldre. Kontonummer startpengar (skal betalast samstundes med påmelding): 3705.33.01917 Premiering: Deltakarmedalje til alle. Kiosk i foajeen i hallen.

Idrett gjev glede og overskot i kvardagen

Ser du godt nok?

Påmelding til Dagfinn Nyhammer på epost: dagfinn.nyhammer@enivest.net innan torsdag 13. januar kl 20.00.

Bestill time no! 57 86 52 66

Sandane Senter - 6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 66

Kontaktpersonar: Dagfinn Nyhammer, mobil 412 27 968,   epost: dagfinn.nyhammer@enivest.net Stig Svalheim, mobil 404 37 494,   epost: stig.svalheim@vestavindkraft.no

Grunngjevinga frå juryen: Det er første gang denne prisen utdeles, og den går til Trude Raad for hennes flotte 66,35 m i slegge under Deaflympics i Samsun, Tyrkia. Dette gav gullmedalje, og er også ny verdensrekord for døve. Dette var de 23. sommerlekene for døve, med over 3.000 utøvere

fra 97 nasjoner som konkurrerte i 21 idretter. Trude hevder seg også godt i konkurranse med funksjonsfriske, og har vært i norgestoppen i slegge i mange år. Under årets NM i Sandnes tok hun sølvmedalje. Prisen består av et diplom og et treningsstipend på NOK 10.000.

Juletrening i Firdahallen 5 juledag , fredag 29 desember klokka 15-17 Oppmøte i gamlehallen. 13 år og oppover

Velkomne

Antidopingseminar i Gloppen laurdag 28. april 2018 – set av datoen


10

Gloptimisten • DESEMBER

2017

Gloptimisten • DESEMBER

11

2017

Friidrett «før i verda» - NM 1988

Eit tilbakeblikk i bilete, tekst og intervju med Gunnar Hole

I 2018 år er det 30 år sidan første HovedNM vart arrangert på Byrkjelo. Byrkjelo stadion, storstemner og NM har sidan den gongen vore musikk i norske friidrettsøyrer. Vi snakkar og idrettshistorie og kulturhistorie i Gloppen. På arrangørsida var IBIL og Byrkjelo allereie erfarne arrangørar med mange store stemner på samvitet frå tidleg på 80 talet. I fylket var det berre Førde (JrNM ) og Jotun IL (hovedNM 1984) som hadde NM på CV en.

FRIIDRETTEN I GLOPPEN var på slutten av 80 talet i ei brytningstid. Breimsbygda Friidrettslag(BBFIL) var skipa og mange aktive frå andre lag i kommunen meldte overgang til denne klubben. Nettopp for å stå samla og vere ilag frå kommunen under dette NM og framtidige NM. Der var mange glopparar som deltok den gongen som no på NM, men det vart dessverre ingen medaljar på glopparane det året. Fylkets einaste medalje vart sølvet til Merete Kvist, Sogn FIK, på 800m. Sogn Friidrettsklubb var også heilt fersk og med same

formålet som BBFIL. Nemleg å femne om dei som ville satse meir i sogneregionen. Sogn Friidrettsklubb fekk dessverre kort levetid, medan BBFIL etter få år gjekk over til å bli Gloppen Fil. Næraste vi kom etter sølvmedaljen til Merete var ein utflytta florøværing ved namn Ole Aukland (IL FRI-Bergen) som tok sølv i slegge. Som vi ser av det gamle avisstoffet vi har leita fram frå Firda Tidend, var NM på Byrkjelo via stor spalteplass både i utgåver før stemnet, under og sjølvsagt etter stemnet.

Alt frå barneplassering, rutinar for innmarsj, startarteam og antal meter med film i tidtakarbua. Til helsingar og gratulasjonar frå mange, og gode NM tilbod i butikkane. Stemneavisene som kom ut laurdag og søndag tok føre seg aktuelle, og ikkje minst lokale resultat frå Gloppen og fylket elles. Og dette store arrangementet stod Indre Breim Idrettslag (IBIL) ansvarleg for åleine med god hjelp frå BIL (Breim IL). Eit kjempeløft for ei bygd i Gloppen Kommune. Det var ein lang og omstendeleg veg å gå for å få tildelt eit slikt meisterskap i dei dagar. Tøff konkurranse mellom fleire arrangørar og avstemming til slutt under tinget, to år før arrangementet skulle gå av stabelen. I åra før 1988 arrangerte IBIL og BIL mange år med Byrkjelo Games, JrNM, B.NM . (til opplysning låg arenaen ferdig i 1980) Vi har tatt ein prat med Gunnar Hole som var stemnegeneral for NM-88. Han var også mannen bak Byrkjelo Games og har fortsatt ei hand med friidretten i kommunen.

Byrkjelo stadion Vi som var interesserte i friidrett (Gunnar m/fleire) hadde vore på Bislett på stemner. Der fekk vi både sjå og kjenne på det nye toppdekket som heitte tartan. Det som vi først tenkte på var «jammen ikkje rart dei springe fort». Tankane om nytt toppdekke og anlegg på Byrkjelo tok etter kvart form, og i 1980 var anlegget klart. IBIL valde i 1980 Spurtan som var eit drenerande toppdekke. Friidretten i Gloppen var på mange måtar kommunen sin «nasjonalidrett». I Breim, og i andre lag i kommunen, hadde vi mange som hevda seg i

nasjonal samanheng. Her er det nok å nemne Svein Førde, Harald Gjengedal og Greta Sårheim. Nytt anlegg gav ide om store stemner og tankar om å sette Byrkjelo på kartet for både nasjonal og internasjonal friidrett. No i åra som har gått har anlegget vore rehabilitert to gonger med nytt toppdekke. Siste gong føre NM i 2011. Den aktive friidretten hadde ikkje stått så sterkt som den gjere i dag utan dette anlegget. Dette er trenings og konkurransearena med alt utstyr tilgjengeleg til ein kvar tid. Det er også einaste anlegget i fylket der friidretten kan trene på alle kastøvingane, og eitt av dei få anlegga der vi kan tappe i vanngrava når ein ynskjer.

Etter mange store stemner på 80 talet stod Hovud-NM for tur i 1988.

Hausten 1980 var bana klar til bruk. Der var opningsstemne den hausten. Allereie i 1981 kom Byrkjelo Games på terminlista. Det var første sesongen anlegget på Byrkjelo var i full drift. Gunnar reiste

til Bislett games i 1981 og fekk der kontakt med Arne Haukvik som var stemnegeneral. Haukvik sende Gunnar bort til dei kjende verdstjernene John Walker frå New Sealand og Steve Scott frå USA. Dei var då på topp i mellomdistansane. Jau då, dei hadde anledning til å delta på Byrkjelo. I tillegg til desse to vart der med 4-5 andre topputøvarar, og eit flott 800 felt var på plass på Byrkjelo Games i 1981. Til opplysning var Magnus Willumsen hare under dette løpet. Det var første gongen Gunnar var ute på marknaden og skaffa utøvarar til storstemne på Byrkjelo. Det skulle ikkje bli siste gongen. Allereie tida like etter Byrkjelo Games i 1981, var Gunnar i arbeid for å få internasjonale utøvarar til Byrkjelo i 1982. Han reiste av eige initiativ og på eiga rekning til Athen og landskampen mellom Hellas, Tsjekkoslovakia og Norge i 1981. Det norske landslager hadde eit charterfly og Gunnar fekk plass saman med dei. Han blei kjend med mange leiarar og utøvarar, og fekk knytt mange gode kontaktar for seinare arrangement. På flyet

Deltakarar frå lag i Gloppen under NM 1988 Byrkjelo Kjell Ove Hauge, 19 år, BBFIL, diskos. Ingvill Nedreberg, 24 år, BBFIL, diskos Nils Ove Roset, 22 år, BBFIL, 400m og stafett Magnus Kleppe, 23 år, BBFIL, 200m og stafett Ingunn Elvebakk, 16 år, BBFIL, høgde Arne Indrebø, 19 år, BBFIL, Spyd Bård Sandal, 21 år, BBFIL, 400mh og stafett Ole Morten Mardal, 19 år, BBFIL, 200m og stafett Heidi Svarstad, 17 år, STIL, diskos Kristin Svarstad, 17 år, STIL, høgde 1000m stafett herrar, BBFIL.

heimover frå landskampen delte han ut brosjyrar om Byrkjelo og Byrkjelo Games 1982. Det var eit banebrytande arbeid Gunnar gjorde den gongen.

TV omformar på Bøafjellet Det var vanskeleg å arrangere desse internasjonale stevna. Mykje fordi dei var heilt avhengige av gode TV-avtaler. Desse avtalene fekk dei ikkje i hamn før dei kunne vise til ei god foreløpig deltakarliste i øvingane. Dette måtte altså vere på plass før TV-avtale kunne signerast. Det seie seg sjølv at då vart alt veldig komplisert. Ein starta på ein måte i feil ende. Men når først alt var i boks så var det eit voldsomt oppbod av NRK folk, som kunne telje bortimot 20-30 stykk med bussar og utstyr i massevis. Ikkje nok med det, på den tida på starten av 80 talet var det nødvendig med ekstra tv omformar for å få sendt tv signala til Oslo frå Byrkjelo. Ein slik vart flydd opp på Bøafjellet. At Byrkjelo starta med desse internasjonale stemna på 80 talet var med ein hovudtanke at vi skulle få hovudmeisterskapet ein gong. Det var nemleg klart krav at ein arrangør hadde erfaring og ein god stevne CV å vise til før NM vart tildelt. På den tid var det også litt slik at utøvarar frå vår del av landet faktisk måtte overkvalifisere seg for å få delta på landsampar etc. Det var litt slik med å få tildelt meisterskap også.

Mange år med to store stemner kvar sesong I 1982 arrangerte vi både Byrkjelo Games og NM B. Det siste var eit meisterskap for dei nest beste i lan-

det. Eigne krav for utøvarane og eige meisterskap. Dei som hadde hovud NM- og Jr NM kravet kunne ikkje delta her. Nokre år etterpå vert det slutt på dette meisterskapet. I 1982 var det eit stort stemne og ei flott gjennomkøyring før JrNM som IBIL arrangerte i 1983. Allereie i 1982 leverte laget inn søknad om Hovud NM i 1984, då konkurrerte vi mot blant anna Jotun i Øvre Årdal. Som kjent så vart meisterskapen tildelt Jotun IL som første klubb i fylket som vart tildelt eit seniormeisterskap i friidrett på bane. I 1983 og 1984 var det ikkje sendt inn søknad. Men i 1985 vart det søkt for meisterskapen i 1987. Så vart det på nytt søkt i 1986 som førte til at meisterskapen i 1988 vart tildelt Byrkjelo. Tre søknader måtte til før NM kom til Byrkjelo. Gunnar meiner det var tre søkjarar det stod om i 1988. NM vart den gongen tildelt under tingsete som var i Stavanger. I 1983 vart det også BG og i tillegg første JrNM på Byrkjelo. Både

i 1984, 1985 og 1986 var det Byrkjelo Games kvart år. Arrangørklubben tok to gull med Benedikte Indrebø på 100 og 200m under JrNM i 1983. Desse åra med Byrkjelo Games, NM B og JrNM gav laget og bygda ein enorm kunnskap om friidrett, arrangement, organisering og ikkje minst det å sette utøvarane i fremste rekkje. Venlegheit, gode arrangement, flott natur, rolege omgjevnader var og er eit varemerke for stemne på Byrkjelo. Grunnlaget for alt vart lagt på 1980-talet. Det gode ryktet har blitt helde i hevd og blitt ytterlegare forsterka.

Trelandskamp I 1987 var det ikkje Byrkjelo Games men NM i mangekamp og Landskamp mellom Norge – Belgia og England. To store stemner. England var også den gongen ein stor friidrettsnasjon og sende over sitt U23 lag som skulle konkurrere mot Norge og Belgia sine seni-

orutøvarar. U23 laget frå England vann like godt. Det spesielle med denne landskampen var at det kom ei busslass med «ubedne» gjester frå Tsjekkoslovakia. Gunnar hadde som nemnt tidlegare gode kontakter ute i Europa med forskjellige nasjonar, blant anna Tsjekkoslovakia. Av ein eller annan grunn hadde det blitt ein misforståing om sesongen 1987 og Byrkjelo Games. Dei hadde i alle fall ikkje fått med seg at BG ikkje skulle arrangerast dette året då det skulle vere Landskamp i staden. Busslasta var godt på veg til Byrkjelo og då var det berre ein ting å gjere. Det var å finne gode løysingar. Først var det å finne overnatting til alle 30 (ca). Då vart det Målfrid og Olav S. Egge som opna heimen sin på gamle Egge Hotell. Der fekk alle kost og losji, dernest måtte det opnast for ekstrautøvarar i øvingane på landskampen. Dei fleste fekk plass i øvingane, nokre få måtte konkurrere i anna øving enn favo-

rittøvinga men slt gjekk bra til slutt. Dette var før muren var falt så arrangøren fekk stadige oppringingar frå Tsjekkiske myndigheiter, om alt muleg omkring at alle var framkomne og når dei skulle reise tilbake etc. Denne kontakten som Gunnar oppretta med Tsjekkoslovakia førte til at BBFIL fekk høve til å besøke landet like etterpå i 1989, kun få månader før muren fall. Vi fekk delta på Golden Spike of Europa. Eit storstevne i Ostrava som mange av oss utøvarane frå klubben, kommunen og fylket fekk vere med på som ei utveksling. Ein utruleg spennande og sosial tur der vi køyrde buss vi også. Det skal ikkje stikkast under ein stol at det var krevjande med så mange store stemner. Ein kan berre tenke seg dei åra det var både JrNM og Byrkjelo Games, B-NM og Byrkjelo Games. Landskamp og NM mangekamp (1987). Vi snakkar om svært mange funksjonærar i sving for å få dette i hamn. Året før NM 1988 var der altså både


12

Gloptimisten • DESEMBER

2017

Gloptimisten • DESEMBER

13

2017

Biletglimt frå året som har gått

landskamp og mangekamp NM. Det betydde at NM-88 allereie var heilt innkøyrt på funksjonærsida. Alle hadde sin plass. Knut Lunde var allereie godt innkøyrt som stemneleiar. Kommentarar frå besøkande friidrettsleiarar under NM 88 var at det var ein ro over arrangementet, det verka for at det var full kontroll. Og det var heilt rett observert.

Hovud-NM – eit mål nådd Gloppen kommune var den gongen som no ein viktig samarbeidspartner. Den gongen som no var stavmatte eit vitig tema for anlegget. Til NM-88 vart det kjøpt inn ny stavmatte og det vart også sett opp tribuner i svingen. Då vart det nytta materiale etter riving av meieriet på Byrkjelo. Men NM var eit svært stort arrangement på den tida, kanskje endå større enn det er i dag. Gunnar meiner å huske at det var innom mellom 10 -12 000 besøkande publikum over dei tre meisterskapsdagane. Det skulle organiserast matservering, parkering, billettering, garderobar og overnatting. Arrangøren tok seg den gongen av all overnatting. Det var sirka 1000 senger med frukost som skulle på plass i god tid før NM starta. Dette var det Anni Felde som stod føre. Då vart det senger i alle grender, både i Gloppen, Jølster og Olden. Til og med brakkene til Vegvesenet på Skei vart nytta til NM besøkande. Eit pressekorps på sirka 50 journalister og 30 frå NRK skulle ha mat og overnatting. Det er atskilleg færre pressefolk på NM i våre dagar. Gunnar hugsa alle leidningane og styret bak stadionbygget, det var alle telefonlinjene som skulle inn i bygget. Byrkjelo Games var alltid ei utfordring økonomisk. Som invitasjonsstemne var det arrangøren som var ansvarleg for å fylle opp øvingane og få økonomisk balanse i form av sponsorar og avtaler. TV-avtalene var avgjerande for om sponsorane kunne gå inn med midlar. Utgiftspostane var store på BG, transport/reise/overnatting og startpengar. NM hadde eit anna utgangspunkt. Her var utøvarane på plass gjennom påmelding og påmeldingsavgifter, og TV var

allereie på plass. Mykje publikum kom uansett då der var mange pårørande, trenarar, leiarar og NM hadde status som det store stemnet i landet som samla alle dei beste norske. NM88 vart ein kjempesuksess for IBIL. Frå årsmeldinga til IBIL 1988 står det skreve: Knut Bjørnsen var TV-kommentator for NRK og sa fylgjande «dei tre NM-dagane har vist sportsleg framgang for Norsk friidrett, men det tek enno ei tid før dei aktive når arrangøren på Byrkjelo sitt nivå». Ein glimrande attest å ta med seg vidare. Til slutt i årsmeldinga frå 1988 står det også «nesten så at ein saknar NM arbeidet også. Kanskje kan det bli fleire høve» Det er då vi snakkar om kultur og idrettshistorie i Gloppen.

Sportslege opplevingar, gode minner og gode historier

Når Gunnar kjem innpå dei store sportslege opplevingane på stadion er dei mange. Han vil spesielt trekke fram BG i 1996 og 800m til Rodal i konkurranse med Kipketer. Der Kipketer slo til med 1.43.13 min. Rodal like bak. 1997 der Hanne Haugland hoppa 2 m i høgde. Samstundes som Marlene Ottey løp 11.16sek på 100m. Faktisk eitt hundredel raskare i 1997 enn i 1982 !! Willie Banks var med i lengde og Lindford Christie var på plass på 100m. Gunnar fortel at Marlene Ottey var på Byrkjelo tre gonger 1982, 1997 og 1998. Når Gunnar likevel er inne på Lindford Christie må han fortelje om Christie sin helikopter entre til Byrkjelo i 1997. Dette året hadde arrangøren ei sponsoravtale med Airlift. Den gjekk ut på at dei hadde helikopter på plass ved stadion og kunne drive turistflygning for dei som ville kjøpe det. Som del av avtala kunne Airlift vere behjelpeleg med transportoppdrag for arrangøren eit visst antal flytimar. Lindford Christie ville til Byrkjelo. Han ville delta der Marlene Ottey hadde vore og var så begeistra for. Ho var på Byrkjelo første gang i 1982( då hadde ho 11.17 sek på 100m). Det var berre eit lite problem, Christie var i Oslo og kom seg ikkje til Byrkjelo tidsnok til å delta. Han kom ikkje

med rette flyet frå England då der var «gå-sakte-aksjon» på flyplassen. Då gjorde Gunnar ein god vurdering. Han tilbaud eit medie ei eksklusiv avtale. Dei skulle få eineretten på intervju og bilde med Christie for ein viss sum men då måtte dei bli med på opplegget. Gunnar sjekka med Airlift om dei kunne ta turen til Oslo og hente Christie ved å bruke flytimane som låg i avtala. Det var heilt i orden. Då enda det med at eit medie betalte arrangøren for eineretten til intervju ombord i helikopteret. Airlift henta verdstjerna til Byrkjelo og han deltok på 100m., netto for både arrangør og publikum. Mange uvitande såg nok på dette som stormannsgalskap men det var faktisk butikk. Gunnar går gjennom deltakarlista gjennom 1980 og -90 talet på Byrkjelo Games og finn mellom 80 og 90 utøvarar som har internasjonale medaljar. Det er litt av eit beite med topputøvarar som har delteke på Byrkjelo stadion. Der blir alltid gode historier. Ei av dei er frå eitt Byrkjelo Games då der var diskos på programmet. Ein utøvar frå Bahamas og ein frå USA pluss to sterke norske kastarar (Valvik og Hjeltnes) var i kost og losji med ein stor grisebonde på Breim. Dei var ikkje lette å ha i kosten så dei åt husverten ut av huset. Då dei skulle av garde så var det tinga sjøfly til dei som skulla ta av frå Breimsvatnet. Utover bar det men det var ikkje råd å lette. Karane vog for mykje så Cessnaen måtte taxe tilbake til kaia og sette av ein av passasjerane. Den israelske høgdehopparen Konstantin Mutasevich (235 og banerekord) var komen til Gardermoen og venta der ein velkomst komité frå arrangøren (BG 1997). Gunnar fekk telefon og skjønte fort at her var det mistyding og nye utfordringar med å få utøvaren til Byrkjelo. Utøvaren fekk under samtala auge på Marlene Ottey på Gardermoen og hekta seg på hennar reisefølge, og enda som ho opp i Ålesund. Der stod bil klar, men med ein plass for lite måtte israeleren losjerast inn på hotell i Ålesund og vart henta dagen etter av arrangøren. Fortsatt var der bra tid til konkurransen som gjekk søndagen. Etter litt mat og godprating var han klar for konkurransen og

det enda opp med kjemperesultat 2.35m og ny pers. Vi takkar for praten og ser at vi kunne helde på lenge med mykje friidrettsprat om stevna på Byrkjelo. No går BBIL inn i eit nytt NM-år i Breim. Det fjerde Hovud-NM på 30 år. Starten på alt var Byrkjelo Games. Det har vore utruleg kjekt å vekse opp med Byrkjelo som friidrettsarena. Redaktøren har vore så heldig å fått vere med på heile reisa. Faktisk som deltakar under opningsstemnet hausten 1980. Som deltakar på B-NM i 1982, Jr.NM 1983 og Hovud-NM 1988. Som trenar på Jr.NM 1997, Hovud-NM 1999, og som arrangør under UM2006. Trenar under NM2011, Jr.NM 2015 - og no Hovud-NM 2018. Byrkjelo stadion har betydd nesten alt for utviklinga

av friidretten i kommunen. No ser vi at anlegg rundt i landet veks opp som friidrettshallar og sterke treningsmiljø vert etablerte i miljø rundt desse anlegga. I konkurranse med andre idrettar i dag er dette naudsynt. Dessverre er ikkje Gloppen der i dag. Det vi no håpar er at i alle fall utandørs anlegget i sentrum kan bli gjort brukande slik at ungdom rundt kommunesenteret og skulane kan vite kva friidrett går ut på. GFIL ynskjer lukke til med NM og arbeidet med førebuingane til meisterskapen i august. Om inspirasjonen er like god i januar/februar vil redaksjonen sette blikket på NM1999 og dei store førebuingane den gongen med nytt stadionbygg. N.O.R

Hoved-NM i Sandnes siste helga i august.

Junio-NM i Harstad 11.-13. august.

Rekruttlandslaget. Lagbilete frå samlinga i Portugal.

Juniorlandslaget i slegge 2017-2018

Sponsortreff 2017.


14

Gloptimisten • DESEMBER

2017

SANDANE Telefon 57 86 70 10

6829 HYEN

Besøk oss på Coop-varehuset på Sandane

ELKJØP FJORDANE as, avd. SANDANE Grandavegen 3, 6823 SANDANE telefon: 57 86 59 87 epost: gloppen@elkjop.no

OPNINGSTIDER:

Jon Slagstad støttar GFIL

GLASSMESTERFORRETNING

Måndag-fredag

7.00-23.00

GLASS - VINDUER - DØRER - FASADER

Telefon 57 86 54 22 Mobil 970 34 390

Postboks 103 - 6821 Sandane Tlf. 57 88 43 50 - Fax. 57 88 43 51

Laurdag

8.00-21.00

Arild Sæthre 97 71 69 00

Jon Arne Myklebust 90 06 56 50

Alt i elektriske installasjonar og varmepumper

Velkomen til ein hyggeleg handel!

Vaskemaskin!

6823 Sandane

med poleringsprogram

Hyen Automatstasjon Fyll tanken lokalt!

Tlf. Sandane 57 86 55 39 - beststasjon.no

BILUTLEIGE TLF: 57 72 50 80

15

2017

Å møte ein verdensmeister – og bli motivert!!

E. E. RØNNEKLEIV Gloppen kommune legg forholda til rette for idretten

Gloptimisten • DESEMBER

6823 SANDANE - Tlf. 57 86 61 35 Fax 57 86 62 33 - Mob. 909 82 646 - 957 64 170 post@eveboblikk.no - www.eveboblikk.no Sunnere inneklima, ventilasjon, sentralstøvsuger, rensing ­ av ventilasjon Beslag/takrenner Tak og fasadekledning,

Norsk friidrett er på full fart fram, og ikkje minst fekk norske friidrettsutøvarar markert seg under VM i London i sommar! Og etter VM så dukka jo den største stjerna, Karsten Warholm, opp på Byrkjelo stadion mange gongar – for han syns det er så flott å trene der (+ at det er ganske nær hytta til nesten-bestemora og då...)!! Og ryktet gjekk i bygda; no er Karsten på stadion! Og friidrettsmiljøet på Breim har vel aldri vore større – eller vore meir ivrig på å trene enn i den perioden. Mange fekk både møte han, snakke med han, trene med han og ikkje minst ta bilde saman med han! Og, Karsten var like hyggeleg og positiv mot alle! Han er faktisk like positiv og flott som han framstår som på TV. Og - våre unge, lovande friidrettsutøvarar vart svært så inspirerte! Vi har nesten aldri hatt hekk på friidrettstreningane i BBIL før, men etter VM og Karsten sine treningsøkter på Byrkjelo hadde vi hekk på kvar trening fram til sesongslutt (utan at trenarane hadde fått spesielt mykje meir greie på det). Linnea Egge Søvde og Kristina Hjelle seier dette om møtet sitt med Karsten på Byrkjelo stadion:

Søskena Malene og Vincent Clausøn Kleppenes var nokre som fekk selfie med Karsten Warholm på Byrkjelo stadion. «Vi var på bana og spelte fotball, og han jogga. Han kom bort og prata litt med oss og sa det var kjekt å sjå at vi var i aktivitet i ferien». «Vi prøvde oss på litt hekkeløp og når vi var ferdige, spurte han om han

kunne låne hekkane». «Så spurte vi om å få ta selfie». Og det fekk dei! Milla Hole syns det var litt flaut å møte Karsten, men mest av alt var det kjempekjekt å møte ein verdensmeister! Milla var og veldig

ivrig på hekkeløp etter dette. Vincent Claussøn Kleppenes lånte faktisk vekk den fjernstyrte bilen sin til Karsten, det var jo litt kult, og storesøstra Malene vart kjempeinspirert av å møte Karsten, og tok

turen til Byrkjelo mange gangar i etterkant for å trene hekk. Vi håpar at Karsten tar turen til Byrkjelo mange gongar framover og, og det blir veldig kjekt når han kjem hit på NM.

Treningar for dei yngste i BBIL

reingjering Liftutleige, betongsaging/kjerneboring, branntetning

FRYDENBØ BILSENTER STØTTER GLOPPEN FRIIDRETTSLAG Vi har fantastisk støtte i Frydenbø Bilsenter på Sandane. Dei stiller velvilleg opp med køyretøy slik at vi kan kome oss på stemne rundt om i landet. Sist var vi på NM i terreng­løp i Stav­anger, då fekk vi bruke ein flott V60 H ­ ybrid. Trygg og god transport med Volvo. Takk!

VEREIDE BLOMSTER AS

Sandane Blomster - Binderi og Hagesenter

KATTAHAMRANE, SANDANE Telefon 934 12 239 / 414 12 512 www.hageland.no

Veidekke Entreprenør AS Distrikt Sogn og Fjordane Postboks 185 - 6821 Sandane Telefon 57 86 62 55 - Telefax 57 86 59 80

Entreprenørforretning - Ferdigbetong

Ola Hjelmeset Tlf.: 578 69364

STØTT ANNONSØRANE VÅRE! DEI STØTTAR OSS!

Stort utval av garn og knappar! Gåver til små og store. Tankeringen til Eidehøvdingen. – og etter handelen kan vi by på is og nydeleg kaffi...

sin butikk

Sandane - Tlf. 57 86 93 20 - Mobil 920 82 529 www.daiva.no

Vi støttar Friidretten i Gloppen

Breimsbygda IL har i fleire år diskutert og planlagt korleis ein skal organisere treningar og aktivitet for dei yngste i laget, opp til 10 år. Dette arbeidet har ført til at vi har laga ein modell for vår eigen «idrettsskule». Vi er no inne i det andre året med denne modellen, som etter 16/17 sesongen har vorte justert og tilpassa gruppa betre.

For dei opptil 6 år har vi nøstetrim. Naturleg nok er denne gruppa i stor grad foreldrestyrt. For 6-8 år og 8-10 år har vi ein trening ein gong for veka i regi av idrettsskulen. Dei har ein fast trenar, som føl gruppa heile tida. Så kjem dei ulike gruppene inn med sine idrettar etter eit oppsett skjema. Dette fører til at alle får prøvd alle idrettane vi har i BBIL, og det er mange. (friidrett, volleyball, fotball, ski både alpint og langrenn, vektløfting, handball, sykkel)

Vi sørgjer også for at det er ei basisøkt på alle treningane. Dei ulike gruppene kan så ha sine spesifikke treningar i tillegg til denne, alt etter kva sesong ein er inne i. Etter frammøte og tilbakemeldingar meiner vi at vi har funne ei god oppskrift på barnetreningane, og ein god modell å jobbe vidare med. For gruppa frå 10-13 år har det vore meir diskusjon om korleis ein skal organisere treningane. Dei ulike idrettane har sine spesielle behov for trening. Vi har likevel

klart å få til 2 stk felles basistreningar for veka, no i vinterhalvåret. Måndag samlast gruppa på Reed for ute/innetrening, (denne blir på Utvikfjellet når det er snøforhold) og torsdagar i gymsalen på Breim Skule. Dette har alt vorte ein suksess, vi har no opp i mot 30 stk som møter på desse treningane. Ungane deltar med liv og lyst, både dei som er med i organiserte idrettar, og dei som berre er med fordi det er moro. Eller fordi vennar eller klassekameratar er med.

Fokuset her er sjølvsagt basisferdigheiter, der alle skal oppleve meistring og framgang. Men like viktig er at alle har det moro i lag med jamaldringane i eit treningsmiljø. Vi meiner at vi her er i ferd med å skape fleire gode treningsmiljø i laget. At vi får dette til, på tvers av alle grupper, gledar eit gamalt trenarhjarte stort.


16

Gloptimisten • DESEMBER

SANDANE

– stolt sponsor!

2017

Gloptimisten • DESEMBER

Idrettsskulen hausten 2017.

Betre for barnefriidretten i Hyen Etter fleire år med svak deltaking på friidrettsstemner var det noko betre deltaking sesongen 2017.

Billån på timen! Kjøpe bil, ny eller brukt? • Lån inntil 100 % av kjøpesummen* • Du kan få inntil 10 års nedbetalingstid Søk på nett eller ta kontakt med oss. Tlf. 57 82 97 00

ssf.no/billan

*Vi tilbyr billån gjennom Sparebank1 Finans

17

2017

Spesielt på Sparebankleikane mønstra Hyen ein god tropp, men også på Gloppemeistersskapet var det god deltaking i dei yngste klassane. Høgdepunktet for mange var nok sigeren til gutelaget på Breimstafetten. Dette fyrste gang sidan 1993 at Hyen vinn denne klassa, og vi håpar dette starten på ein periode med gode resultat for Hyen i terrengstafettane. Det var godt oppmøte og god aktivitet på idrettsskulen for 4.-7. klasse våren 2017. Fokuset var på basisferdigheiter – spenst, balanse,

hurtigheit, styrke og koordinasjon. Mykje av dette har vore gjennomført i form av leik og spel, men borna har også blitt introdusert for øvingar og aktivitetar der formålet, meir direkte, er å forbetre ein ferdigheit. Dette setter også konsentrasjonen på prøve, og gjev god trening i evna til forbetre gjennomføring av ei øving, basert på konkrete tilbakemeldingar til den enkelte. Modellen med idrettsskulen er vidareført hausten 2017, og det er veldig godt oppmøte på treningane. Denne hausten har dei som er 11 år og eldre også fått høve å delta på ei basisøkt saman med vaksne. Dette har dei hatt godt utbytte av. Friidrettsgruppa i Hyen ser fram til ein ny sesong med stor aktivitet og gode resultat.

Smånytt UM I OVERHALLA er klare med sine nettsider tidleg i haust. Kjekt å følgje med kva dei styra med i Nord Trøndelag. Sjå: https://www.um2018.no/ JØRUND ER UTNEVNT som sleggeansvarleg på Juniorlandslaget. Dvs at han har hand om alle sleggeutøvarane på rekruttlaget. Som kjent er Thomas Mardal (20) ein del av dette laget både i 2018 og 2019. Ny på laget i år vart Håkon Hjelle Roset (17). Jørund og Gfil greier å fylle på jevnt og trutt.

vinterstid fortsatt er begredelige i Gloppen. Då snakkar vi om løp og hopp. Kast har alt på plass! I forhold til andre fylker er vi det einaste utan ein hall der friidrett har anlegg for løp / hopp og kast. Men vi tar bilane fatt og køyrer til Ulsteinvik. TUREN TIL PORTUGAL er planlagt og klar. Vi reiser palmelaurdag og kjem att helga etter påske. Eit par debutanter er også i troppen. Det er gledeleg. Vi ser altid fram til denne turen. Kjekt felleskap og mykje god trening.

VI MÅ VERE ærlege og innsjå at treningsforholda for friidrett Sparebankleikane 2017.


Masse NYTT til til oppussing 18 Kulørkupp vårpussen! Tidligere butikknavn har nå blitt Kulør Butikknavn

Gloptimisten • DESEMBER

Smånytt

- Kulør er Norges nye farge - og interiørkjede med over 80 butikker og 200 male- og håndverksbedrifter.

Vår lidenskap for tall vil gi deg bedre resultater. Vis oss din lidenskap - få endre bedre resultater! PRODUKTNAVN Laoreet duis feugiat eum sit facilisis tincidunt diam ex ullamcorper nulla in veniam sed sciurus, vel in eum qui odio duis tation euismod et. Exerci nulla in iriure. 3 LITER SPANN

Blankett v/15

Nordsjø maling - Tarkett golvbelegg Borge tapet

348,-Royal Bindoplast 7 solskjerming 198,2,5 LITERSPANN ALLE FARGAR

PRIS

Sørstrandsvegen 6 6823 Sandane Tlf: 57 86 86 00 Accountor.no

000,-

2,5 LITERSPANN ALLE FARGAR

3 LITER SPANN ALLE FARGER

Trebo-Hus a.s

Sandane Eidsgata 36, Nordfjordeid | Sted | Tlf: XX XX XX XX | Fax: XX 86 XX XX tlf. 57 80 XX 60 tlf.Gateadresse 57 86 05 68 www.kulør.no fax57 57 86 86 80 80 61, 61 www.trebohus.no fax 57 86 136823 11 Sandane - tlf. 57 86 80 60,fax

• Entreprenør • Fargehandel • Ovnar • Byggevarer • Kjøkken, bad og garderobe • Lampar og gardiner

GFIL HAR GJORT avtale med Spenst Sandane om halvårskort for 5 utøvarar. Kontakt leiar i laget for info om dette. Her er glimrande tredemøller til dei som løpe langt. Onsdagsmorgoner kl 0700 er det felles langtur for 4 utøvarar. Kjekt i mørketida. NFIF OFFENTLEGGJORDE krava til Senior EM i Berlin komande sesong. Kan vi ha håp om å få med nokon av våre ?!. Til opplysning er krava i slegge 69 og 74m.

Nye. flotte flisar

Eid Fargehandel Kulør Butikknavn

2017

Løysing idrettsnøtter – friidrett i haustutgåva

Vi har det du treng til fornying av huset inne og ute! Velkomen innom butikken vår i Jarbrugda!

Vi

1. EM-gull i tikamp 1946? Svar: Godtfred Holmvang 2. Jente frå Gloppen. I KM på Sandane 1948 tok ho fire gull? Svar: Maria Solheim 3. Fj/V-jente (Tanta til Odd-Bjørn), støttar lag som glimtar av gull! krinsmeister i lengde-høgde-femkamp, starta delvis for Firda Gymnas? Svar: Inger Hjelmeset 4. EM-gull i slegge 1952. Hadde verdsrekord! Svar: Sverre Strandli 5. OL-bronse hinderløp Mel6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 55 bourne 1956. Satte 15 norske rekordar. Svar: Ernst Larsen 6. Nordisk meister sprint 1961 og 1963. Hadde norsk rekord på 200m og 400m? Svar: Carl Fredrik Bunæs 7. NM-gull i slegge 1969 og 1970. Opprinneleg gloppar, bur no i Florø? Svar: Magne Føleide Tlf.: 979 97 024 8. Sognejente som dominerte 400/800 i 1980-åra? Svar: Merete Kvist 9. Haugesundjente med NM-rekord lengde/høgde. Deltok fleire gongar i Byrkjelo Games. Svar: Hanne Haugland 10. Fj/V-jente som vaks opp på Krinsmeister BDO Tel: +47 57 86 85 92 BDO kule/disTel: +47 57 86 85 92Føleide. Nordstrandvegen 13 Fax: +47 57 86 52 72 Også handballjente? Nordstrandvegen 13 Fax: +47 57 86 52 72kos. P.O. Box 53 Føleide www.bdo.no P.O.Lundestad Box 53 www.bdo.no Svar: Maria 6821 Sandane 6821 Sandane eller Randi NO-989 127 Henden 098 MVA NO-989 127 098 MVA

Sandane Gullsmedforretning

Breim bensin & service AS

Breim

®

19

2017

Sporty politikarar Tidlegare i haust vart det arrangert Gloppen halvmaraton for fjerde gong. Ein av deltakarane denne gongen var ordførar i Eid, Alfred Bjørlo. Denne deltakinga gjev minner tilbake til ei hending frå mi eiga løpskarriere. Tidlegare var det nemleg eit landevegsløp her på Sandane med namnet Ryssdalen Rundt, med start i Åsen og mål på idrettsplassen. Tredje gongen løpet var arrangert, i 1986, var det med 2 stafettlag der kvar deltakar sprang 1 km; 1 lag frå Gloppen Kommunestyre og 1 lag frå 9 A (som tilsvar 10. klasse i dag) frå Gloppen Ungdomsskule. Dette etter invitasjon frå arrangørane med Svein Hjelmeset i spissen. Ettersom løypa var 13 km var det såleis 13 deltakarar på kvart lag. Med fellesstart vart desse stafettlaga ei ekstra utfordring for oss individuelle løparane. Korleis konkurransen enda skal ein ikkje ta for seg her. Men frå stafetthald var det etter løpet tale om revansje året etter med visse om ein sikker siger. Dette vart det ikkje noko av og det vart såleis berre denne eine gongen med stafettlag i dette løpet. Det er vidare å nemne at mange av dei som var i kommunestyret den gongen hadde vore aktive Idrettsutøvarar og ein del av desse var og i trening. Så det var såleis eit godt nivå på dei som var med Det same er å seie om avgangsklassa frå ungdomsskulen. Det noverande kommunestyre er vel ikkje av same idrettskaliber som det var den gongen. Men kanskje kunne det vere ein ide at det også i vår tid kan vere litt idrettsaktivitet i det politiske miljøet i Gloppen. Elles er det opplyse om at det under Ryssdalen Rundt i 1986 vart teke opp ein video frå løpet. Denne videoen kan ikkje arrangørane finne. Er det nokon av lesarane som har kjennskap til kvar videoen kan vere, ver venleg å ta kontakt med Svein Hjelmeset. Dette fordi denne videoen har historisk verdi både for arrangør og deltakarar. Olav Holvik

Prøv å bli verdsmeister, men vær så snill og ikkje strekk strikken for langt Nils Ove Roset gav meg nokså frie tøylar då han utfordra meg til å løyse verdsproblem i «Steinars Hjørne». Verdsproblemet eg skal drøfte er ein lidelse mange har. Den kan grense til ei psykose og eg syns like synd på alle som lider av dette. Lidelsen går ut på at enkelte trur og oppførar seg som om at dei skal bli noko stort innan idretten lenge etter at genetikk og progresjon har slått bein under alle realistiske moglegheitar. Missforstå meg ikkje - eg støttar for all del at dei unge prøver seg, og gir idretten eit reelt forsøk, og skal heller ikkje sei at eg ikkje støttar dei som satsar all-in på idretten lenge etter passert take off point. Den siste kategorien syns eg mest av alt synd på. I tillegg lurar eg litt på kvifor ikkje apparatet rundt (trenarar, foreldre og vener) prøvar å diskutere dette med dei aktuelle utøvarane. Eg trur dette er eit sårt og vanskeleg tema for mange å ta opp, og også for den aktuelle utøvaren å ta inn over seg, så eg skal gjere eit forsøk her i «Steinar Hjørne»: Mange vil hevde at det er synd å ikkje fortsette når ein frå før har lagt ned så mange treningstimar. Vel og bra! Men då må ein ta eit steg tilbake og tenke på kva ein faktisk har fått igjen for dei timane ein la ned i treninga til tross for at ein ikkje vart verdsmeister eller fekk tatovere OL-ringane over venstre bryst: 1) Ein har garantert fått seg mange gode vener. 2) Ein har garantert fått mange gode opplevingar. 3) Ein har garantert fått stor kunnskap om og innsikt i eigen kropp og kor fysiske og mentale grenser går. 4) Ein har garantert blitt ein meir strukturert og organisert person med ein langt høgare kapasitet enn mange andre. Alle punkta over og enda fleire til vil ein ha med seg lenge etter at ein har innsett at ein

ikkje skal bli ein stor idrettsperson. Mange som er råka av lidelsen argumenterar også sterkt om å ta seg eit friår for å trene, eller å fokusere minimalt på skule for å satse på idretten. For nokon er dette riktig, men for andre –og eg har møtt veeeldig mange tilfeller– er dette heilt på trynet. Dei fleste studier lar seg utmerket godt kombinere med 20 timar trening i veka. Om ein søv 8 timar i døgnet, jobbar/ studerar 8 timar i døgnet og trenar 3 timar i døgnet har ein faktisk 5 timar igjen i døgnet til å slappe av og være sosial. Og kva for student jobbar eigentleg 8 timar i døgnet med studiene? Ikkje mange… I tillegg er det å ha andre ting å gjere på ved sidan av idretten viktig for utviklinga då du får nullstilt før neste økt. Og når vi er inne på studier: Ta deg ein fest og gi litt blanke av og til. Dette skader ingen så lenge ein gjer det med måte. Studietida er ei viktig tid for utviklinga, og ikkje la den sosiale biten bli øydelagd av ei middelmådig idrettskarriere. Om du ikkje likar å være sosial i den typen setting – fair enough, det respekterar eg fullt og heilt, men skuld ikkje på idretten! Eg skal være den første til å innrømme at eg har vore der sjølv. Eg har satt idretten framfor skule og utdanning til tross for stagnasjon over fleire år. Heldigvis gjorde eg ein såpass solid innsats at eg ikkje måtte starte frå botnen av den dagen eg innsåg at eg måtte finne levebrødet mitt andre stader enn i sleggeringen. Det var ganske vanskeleg, men ein utruleg befriande følelse å stadfeste dette for meg sjølv og spesielt for andre – «Eg blir aldri ein stor sleggekastar». Kvar dag som går der ein gir blaffen i skule, studier og arbeid gjer fallet høgare den dagen idrettsbobla sprekker. Her må ein også vurdere den totale kostnaden forsinka

Steinars hjørne

entré til arbeidslivet og auka studielån har. Mange vil nok få sjokk når dei ser tala. Eg er utruleg glad for at eg innsåg dette tidleg nok til å kunne starte på resten av livet mitt utan å måtte ta igjen for mykje. Idretten har gitt meg ekstremt mykje, og eg håpar den vil gjere det i framtida enten som aktiv eller som trenar. Eg forpliktar meg i liten grad til idretten og eg open på at familie og arbeid stiller langt framfor i køa. Likevel kosar eg meg mykje meir med idretten no enn då eg håpte eg skulle bli skikkeleg god utan å sjå framgang. No er alt bonus, og bonusar har det blitt mange av etter at eg bestemte meg for å gi meir blaffen. I dag kan eg droppe ei økt, ei veke eller ein månad utan at eg bryr meg særleg om det anna enn for eigen kropp og helse. Før hadde eg søvnlause netter der eg låg og var deprimert over at eg ikkje utvikla meg, og eg tenkte på kva det skulle bli til av meg og kva alle dei andre måtte tenke. Det var trist det, i alle fall når eg var 22 år og kasta 58 meter i slegge… Til slutt vil eg sei: Prøv å bli så god du kan og kanskje enda litt til og ha det utruleg kjekt på vegen, men ta ei pustepause inn i mellom og vurder situasjonen din og kvar du eigentleg ser deg sjølv om 5-10 år. God Jul!

Påfyll for bil og folk!

Tel: +47 57 86 85 92 Fax: +47 57 86 52 72 www.bdo.no

BDO Nordstrandvegen 13 P.O. Box 53 6821 Sandane NO-989 127 098 MVA

Vinnarar: Anders Ola Austrheim, Sandane og Ola Nyhagen, Sandane.

P

Byg

deservic

eA

S

AB

by Strukturplast

Gloptimisten • DESEMBER

FIRDA VIDAREGÅANDE – MEIR ENN EIN SKULE • Studiespesialiserande • Musikk, dans, drama • Idrettsfag

driv framleis butikken sin i Gotavegen. Velkomen til oss!

n til butikk ane!

Nordstrandsvegen 10, 6823 Sandane Tlf. 57 88 44 10  eikenes@libris.no www.libris.no/eikenes

Tlf. 96 22 33 66

Mardal Rør A/S 6823 Sandane tlf. 57 86 57 91 - Fax. 57 86 54 20

STØTT ANNONSØRANE VÅRE! DEI STØTTAR OSS!

Firda vidaregåande skule Firdavegen 21, 6823 Sandane

Telefon: 57 82 53 20 - Telefax: 57 82 53 21 E-post: postmottak.firdavgs@sfj.no www.firda.vgs.no

– stolt sponsor! –

Steinar Kleppe


KRYSSORDET VASSRETT 1 Svensk by og elv 5 Enkel, lågtståande 11 Delstat i USA 14 Særs godt (omv.) 15 Fires 18 Eige 20 Adverb 22 Nr. 20-14-20-5-20 i alfabetet 23 Uttrykk for avsky (omv.) 25 Mein 27 Utvide seg 29 Erklærte 31 Jentenamn 33 Ikkje den beste lukt 34 Litt finare ord for FAEN 35 Frå sauen 36 Bindeord 37 28 og 21 i alfabetet 38 Månefase 39 Personleg pronomen (bokmål) 41 Høgvatn 44 Bindeord 45 Adverb 47 Like vokalar 48 Gutenamn 50 Fuglemat 52 Himmelretning 53 Løfte 55 Væpna følgje 56 Lever 57 Like konsonantar

LODDRETT 2 Med vidare (fork.) 3 Styremedlem i GFIL (etternamn) 4 12 månader 5 By i Italia 6 Rolf Ness 7 Like vokalar 8 Øy i Middelhavet 9 Fuglekjærast 10 Bur vi på i vest 12 Dobbel nr. 7 13 K- (Krotet) 16 Skort på luft (bokmål) 17 Dobbel nr. 5 19 Aksjeseselskap 21 Tidlegare politisk parti 24 Kald kaffe 26 Drikk 28 Varmekjelde 30 Igjen 32 Vern i vinden 38 Nå 40 Ei av konene til Jakob 42 Ille 43 Irriterande for huda 46 Odde 48 United States 49 Like konsonantar 51 Dobbel nr. 11 54 Tidels liter

Løysing til GFIL, Boks 120, 6821 Sandane.

Det var diverre fleire feil i kryssordet sist. Det kom av at eg ikkje hatt fått lese korrektur. Likevel var det fleire som kom fram til rett løysing. Kryssordvinnarar vart då: Alf Aaland, Byrkjelo og Else Tystad, Sandane.

FRIST: 1. februar 2018

G

O

D

T

U

T

S

T

Y

R

T

I

L

V I N T E RT R E N I N GA !

TA MED ANNONSA I BUTIKKEN, OG FÅ KR 100,- I RABATT PÅ KJØP OVER KR 500,-!

CRAFT

VINTERTIGHTS

899,-

Craft vintertights til dame/herre. Varm og vindtett framme. Vnr 256528/276635

CASALL

799,-

MATTER TIL TRENINGSBRUK

Vnr 189807/193028

NIKE

349,-

NIKE HERRE T-SKJORTE

Lett og god til trening. Vnr 216188

ÅPENT 09-18 (10-15) WWW.INTERSPORT.NO

SØRSTRANDVEGEN 6 6823 SANDANE TLF: 57 88 46 00

KETTLEBELLS

KETTLEBELLS

Vnr 204990

799,-

ASICS

1699,-

ASICS JOGGESKO MED PIGG

Gel-Fujitsu 2gtx.God vinterjoggesko med demping. Vnr 170549/170552

S A N DA N E

Gloptimisten desember 2017  
Gloptimisten desember 2017  
Advertisement