Page 1

INFORMASJON

GLOPPEN FRIIDRETTSLAG - GLOPPEN KOMMUNE - DESEMBER 2016 FURORESTIPENDET FOR 2016

Thomas Mardal Les meir inne i avisa

Tidlegare vinnarar frå idretten i Gloppen: 2015: Jon Rolf Skamo Hope, Langrenn 2014: Sigrid Heien Hansen, Fotball 2009: Trude Raad, Friidrett

God Jul!

Hovudsponsorar er:

. . . er generalsponsorar for Gloppen Friidrettslag


2

Gloptimisten • DESEMBER 2016

­

Leiaren har ordet

Inspirerande å vere friidrettsleiar 2016 går over i historia som eitt av klubben sine aller kjekkaste år! Som leiar i GFIL er eg så heldig at eg berre har positive, framoverlente, ekte idrettsinteresserte og folk som berre vil det beste om kvarandre rundt meg blant trenarane og i styret. Slik har det vore i årevis og det er vel den viktigaste grunnen til at vi helde fram år etter år. Misnøye og ugreie er framandord. Heilt supert klima for å yte meir både innan administrasjon og på trening. Eit utruleg viktig moment er at ingen tar av kaka som elles skulle gått til felleskapet. Vi driv alle frivilleg arbeid. Ikkje ei krone i løn eller godtgjersle til nokon. Betalinga er eit godt miljø der alle er velkomne, flotte fellesturar, gode resultat og mange gode kontakter rundt i det ganske land. Kort sagt – kjempeinspirerande! Året 2016 kan oppsummerast ved å kike litt på årshjulet. I januar og februar hadde kastarane si første landslagsamling og løparane reiste ein del turar til Ulsteinhallen for å få skikke­ lge treningsforhold innandørs. GFIL signerte historisk kontrakt med Coop extra. Våren kom fort og Portugalturen markerte sesongstart utandørs. Super tur for både aktive og støtteapparat. Sponsortreffet i slutten av april var ein innertiar. Her møtte sponsorane dei aktive, foreldre, trenarar og andre i støtteapparatet. Viktig for alle å bli betre kjende ! Hotellet diska opp med sportsmat og vi hadde foredrag av Kristin og Knut Stian. Så gjekk det slag i slag med NM terreng, dei 5 store stevna, Framo, Tyrving, Veidekke, Byrkjelo og Vu. Døve VM ein kjempesuksess for Trude og VM Jr for Thomas. JrNm, Hoved NM, Nordisk og UM . Det har vore ei einaste stor glede å vere friidrettsleiar. Underteikna vil spesielt trekke fram JrNm på Brandbu som ein av dei aller kjekkaste turane. For oss som er mykje med på tur har det blitt mange mil i bil frå Frydenbø! Tusen takk for fantastisk støtte.

LOGGANE

Blir omarbeidd med skifte av kastretning, nye ringar og bur i løpet av næraste tida. IL Brodd har planane klare. Spesielt viktig er det med ein kastarena som alltid er tilgjengeleg og ufarleg i høve annan aktivitet. Vi gledar oss. Godt med desse solide fleiridrettslaga som tenkjer framover og lager planer for neste generasjon. Idrettsanlegg forfell fort og tidene forandrar seg. På Sjedu har det vore berre glede og vilje til å legge til rette for friidretten. Kom gjerne på besøk i Rygg Skule eller på Loggane måndag , onsdag og fredagar.

Jon Rolf inne i tredje året på NTG – Geilo

«Kort rapport frå den sterke hyenløparen» «Sesongoppkjøringa til 16/17 sesongen har gått etter planen. Eg har fått trent godt, og tatt steg spesielt teknisk. Eg har i år også vore med på nokre friidrettsstemner, grunnen til det er at friidrett er vanvittig god trening og noko eg vil forsette med i mange år. No byrjar langrennssesongen for alvor og komme i gang, og målet mitt for sesong er å bli tatt ut til Jr.VM som går av stabelen i Park City i USA. Der går eg for gull!» Friidretten føle med på resultatlistene. Det blir spennande!

Vi er allereie godt gang med planlegginga av neste sesong og vi kan love dokke alle at vi skal vere minst like offensive som tidlegare. Det kallast ekte idrettsglede! God jul og godt nyttår!

«Eg har flytta til Naustdal der eg jobbar som geolog i Nordic Rutile. Kvardagen min består for augonblinken av å administrere prøver og prøveresultat i forbindelse utviklinga av prosjektet. I tillegg blir det litt ymse arbeid. Prosjektet er inne i ei viktig fase no, så det er uhyre spanande. Måla for neste år er å bli så god eg kan. Det er klart at det er krevjande med fulltidsjobb til fire, familiefar til åtte-ni for så å skulle slite seg ut på trening. Det blir uten tvil fokus på effektivitet og ’enkle’ meter. Hadde vore kjekt å få ut potensialet mitt fra i år som eg bestemt meiner var 65-67 meter. Skal også forsøke å framleis være beste sleggekastar i GFIL, men fryktar at konkurransen blir knallhard! Uansett stor stas å være del av ein så sterk kastklubb og vi skal ha to mann på pallen i NM i 2017!»

Treningstider haust/vinter 2016-2017 Mandag: Kl. 15-17 - Bukta - intervall - oppmøte hjå Nils Ove

Godt kledde - er eit krav i dårleg veir. Husk tørt under etter trening.

Kl. 17-19 - Loggane / Rygg skule. Kast og styrke.

Ha ete godt i god tid så ein ikkje stiller svoltne på trening. Ha med litt matpåfyll i bagen til like etter treninga. Drikke er også viktig.

Tysdag: Kl. 18-19.30 - løpstrening - oppmøte ved Firdahallen kl 1800 - frå 18. oktober Onsdag: Kl. 1430 - 1600 - Firdahallen - langtur/naturleg intervall. Krevjande økt. Kl. 17-19 Loggane / Rygg Skule . Kast og styrke Torsdag : 17.30 Gamle Firdahallen fellesøkt. Flytter ned i storhallen frå 1800-1930. Oppstart 20 oktober. Fredag: Kl. 07-08 - basistrening, oppmøte Firdahallen. Kl. 17-19 - Loggane/Rygg skule. Kast og styrke. Presis oppmøte!

er lagsblad for Gloppen Fri­ idrettslag (GFIL) skipa i 1990 av moder­ laga STIL, Brodd, Fjellhug/ Vereide, Hyen og BBIL. GFIL driv junior, ­senior og veteran fri­idrett i Gloppen.

Vi kjem ikkje utanom å nemne den enorme velviljen næringslivet viser oss. No har vi forhandla nye avtaler med alle våre sponsorar for nye 3 år fram til over 2019. Midt i denne perioden er der Hoved Nm på Byrkjelo i 2018 . Økonomigruppa med Gunnar i spiss har gjort ein avgjerande jobb for den aktive friidretten i Gloppen. Gode resultat, god marknadsføring av sponsorane samt nært og godt samarbeid er nøkkelen til suksess. Og oppi alt dette greier vi også å lage/selge Gloppenkalenderen, arrangere Gloppetrim 13 onsdager i løpet av sommaren. Vi har også ei stødig hand om Sparebankleikane og friidrettskule/ Benditsamling. Det var svært kjekt å utføre stor dugnad for bedrift på Sandane i september og ikkje minst gje ut Gloptimisten 3 gonger i året. Dag Fosstvedt har ein enorm kapasitet trass sin høge alder. Fantastisk !I slutten av Oktober hadde vi samling på Sandane. Der fekk vi besøk av 10 utøvarar frå Laksevåg og AKS i Bergen. Dei var vel nøgde og vi hadde 40 til middag i Stilstova laurdag kveld. Der vart det stor Furore med stipend til Thomas. Trening og toppinnsats over år gjev muligheter for den karen!

Steinar Kleppe frå Ågotnes til Naustdal

Bladet kjem ut til alle husstandar i ko­ mmunen tre gonger i året. Redaktør: Dag Fosstvedt

Sandane

Telefon 57 88 46 00

Lagskontor i Øvrevegen 10 Tlf. 970 34 389 e-post : gloppen.friidrettslag@ enivest.net Nettredaktør heimeside Nils Ove Roset www.gloppenfil.no Bankkonto: 3710.07.06130


3

Gloptimisten • DESEMBER 2016

NFIF sine lagseriar 2016

10 på topp Noreg 13-19 år 2016 Plass Namn, lag                          Øving                 Resultat                 Stad Dato 1 Leiv Arne Sårheim, BBIL Kule(4) 14,17 Sandnes 03.09. 1 Magnus Storsletten, Hyen Slegge(5) 59,03 Loggane 29.05 1 Thomas Mardal, STIL Diskos(1,75) 58,68 Hafnafjordur 14.08. 1 Thomas Mardal, STIL Slegge(6) 70,83 Loggane 28.08. 2 Mia Fjellestad, STIL Diskos(0,6) 30,16 Byrkjelo 21.08. 2 Maja Selsvik, STIL Slegge(2) 41,76 Loggane 25.09. 2 Elin Mardal, STIL Liten b(150g) 45,13 Byrkjelo 26.05. 2 Lisa Selsvik, Fj/Ver Slegge(3) 48,97 Loggane 01.05. 2 Steffen Fjellestad, Fj/Ver Slegge(5) 46,49 Loggane 25.09. 2 Vincent Sondsre Førde, GFIL 3000 m H 9.20,31 Brandbu 05.08. 2 Thomas Mardal, STIL Kule(6) 18,37 Sandnes 03.09. 3 Elin Mardal, STIL Diskos(0,6) 28,51 Loggane 25.09. 3 Kjersti Hjelle Eide, BBIL Høgde 1,66 Fana 04.06. 3 Håvard Hetle, BBIL Kappg. 1000m 5.54,75 Byrkjelo 25.06 3 Arne Osnes Devik, Brodd Slegge(4) 52,19 Loggane 17.07 3 Håkon Hjelle Roset, STIL Slegge(5) 55,30 Loggane 23.10. 3 Thomas Mardal, STIL Spyd(800g) 53,38 Byrkjelo 22.09. 4 Elin Mardal, STIL Slegge(2) 37,23 Loggane 23.10. 4 Håvard Hetle, BBIL Kule(3) 11,96 Byrkjelo 21.08. 4 Ørjan Rygg, Hyen Slegge(4) 51,69 Hyen 27.07. 4 Håkon Fjellestad, Fj/Ver Diskos(1,5) 37,10 Nadderud 10.06. 5 Lisa Selsvik, Fj/Ver Diskos(1) 30,76 Loggane 28.08. 5 Arne Osnes Devik, Brodd Diskos(1) 38,25 Sandnes 02.09. 5 Magnus Storsletten, Hyen Kule(4) 12,75 Fana 04.06. 5 Håkon Fjellestad, Fj/Vereide Slegge(5) 45,60 Sandnes 03.09. 6 Elin Mardal, STIL Kule(2) 10,60 Byrkjelo 21,08. 6 Ida Mardal, STIL Diskos(0,75) 27,30 Byrkjelo 25.06. 6 Simon Lidal, GFIL Spyd(800g) 52,13 Brandbu 07.08. 7 Julia Jordanger Loen, BBIL Slegge(3) 27,73 Ostrerøy 28.08. 7 Mathias Dale, BBIL Diskos(0,75) 30,06 Osterøy 28.08. 7 Håvard Hetle, BBIL Spyd(400) 37,15 Byrkjelo 26.06. 7 Ørjan Rygg, Hyen Kule(4) 12,74 Hyen 27.07. 7 Robert Andrè Moldestad, BBIL 60 m 7,63(-1,8) Fana 04.06. 7 Vincent Sondsre Førde, GFIL 5000 m 15.29,99 Byrkjelo 22.09. 7 Thomas Mardal, STIL 100 m 11,11(+1,5) Byrkjelo 22.09. 8 Maja Selsvik, STIL Diskos(0,6) 25,73 Byrkjelo 25.06 8 Lisa Selsvik, Fj/Ver Kule(3) 7,50 Loggane 17.04. 8 Leiv Arne Sårheim, BBIL Diskos(1,5) 35,04 Sandnes 02.09. 8 Steffen Fjellestad, Fj/Vereide Diskos(1,5) 29,82 Loggane 03.07. 9 Markus Fjellestad, Fj/V Slegge(3) 28,04 Osterøy 28.08. 9 Marcus Røed Frøyset, STIL 60m 7,70(-1,8) Fana 04.06. 9 Leiv Arne Sårheim, BBIL Slegge(5) 33,18 Byrkjelo 24.06. 9 Simon Lidal, GFIL Diskos(1,75) 34,14 Byrkjelo 21.08. 10 Håvard Hetle, BBIL Slegge(3) 26,77 Byrkjelo 24.06. 10 Håkon Hjelle Roset, STIL Diskos(1,5) 33,02 Loggane 29.05.

10 på topp Noreg senior 2016 13 resultat rakk til å komme med på denne lista, eitt færre enn rekorden frå i fjor. Fem pallplassar med Merete på topp. Thomas Mardal har klatra opp på pallplass i slegge, Vincent Sondre Førde og Evald Osnes Devik har også gjort fin resultatmessig framgang. Pl.   Øving               Resultat             Namn                      Stad                   Dato 1 3000 m kappg. 13.39,80 Merete Helgheim Askøy 29.07 2 Slegge 64,64 Trude Raad Fana 05.06 2 Slegge 63,81 Steinar Kleppe Fana 24.07 3 Diskos 49,43 Elin Isane Spikkestad 17.07 3 Slegge 63,72 Thomas Mardal Rygg 23.10 6 Kule 15,30 Thomas Mardal Askøy 31.07 6 Diskos 52,97 Thomas Mardal Byrkjelo 26.05 6 Slegge 61,63 Evald Osnes Devik Espoo(FIN) 20.08 6 3000 m hinder 9.20,31 Vincent Sondre Førde Byrkjelo 05.08 7 Slegge 53,04 Marte Rygg Årdal Oslo 12.08 7 Diskos 46,92 Else Lundestad Bakkelid Fana 03.06 9 Diskos 43,08 Trude Raad Byrkjelo 21.08 10 Slegge 54,56 Hans Sande Brandbu 06.08

Konfirmasjon, dåp,  bryllaup  eller  50-­‐årslag?  

Konfirmasjon, dåp, bryllaup eller 50-årslag? Koldtbord, sosakjøt,  suppe  eller  steik?   Koldtbord, sosakjøt, suppe eller steik?

bestiller, Du bestemmer og folkehøgskulekokkane steiker og kokar! Du  bestemmer   og  bestiller,   folkehøgskulekokkane   steiker   og  kokar!   Vi leverer heim til deg, eller du kan leige festlokale på skulen.  

Ta kontakt for informasjon og bestilling.

Vi leverer  heim  til  deg,   ller   Tlfe57 86du   80kan   40 leige  festlokale  på  skulen.    

Det unge herrelaget vårt klarte nesten å halde plassen i 1. divisjon, men vi er dessverre for svake i hoppøvingane. Damelaget slit også med manglande breidde og er på kanten til å rykke ned i 3. divisjon. 1. DIVISJON MENN 2016 TOTALT 1 IK Tjalve (30/19) 27 383 (1) 2 IL Norna-Salhus (30/19) 25 766 (2) 3 Sandnes IL (30/13) 25 350 (3) 4 IL Tyrving (30/17) 23 652 (5) 5 IL Gneist (30/16) 22 981 (9) 6 IK Tjalve 2. lag (30/19) 22 284 (7) 7 IL Gular (30/16) 22 148 (2/2d) 8 FIK Orion (29/15) 21 469 (8) 9 Haugesund IL (30/15) 20 772 (3/2d) 10 IL i BUL (25/18) 19 848 (6) 11 Gloppen FIL (29/11) 19 689 (4/2d) 12 IL Skjalg (28/13) 19 201 (1/2d) 13 SK Vidar (22/10) 18 673 (10) 14 IF Herkules (25/15) 16 766 (4) 2. DIVISJON KVINNER 2016 TOTALT 1 Larvik T&IF (25/11) 17 456 (2/3d) 2 IL Gneist (25/11) 17 048 (11/1d) 3 IF Sturla (24/11) 16 663 (5) 4 Strindheim IL (23/11) 16 653 (1/3d) 5 Kristiansand IF (24/10) 16 502 (12/1d) 6 Lillehammer IF (25/11) 16 349 (3/3d) 7 Haugesund IL (24/13) 15 861 (10) 8 IL Fri (25/11) 15 716 (13/1d) 9 Ålesund FIK (25/12) 15 395 (9) 10 Gloppen FIL (22/9) 15 237 (14/1d) 11 IL Skjalg (25/15) 14 405 (6) 12 Stjørdal FIK (22/11) 13 928 (7) 13 IL Sandvin (22/8) 13 719 (4/3d) 14 Moelven IL (18/8) 10 905 (8)

Oslo Hordaland Rogaland Akershus Hordaland Oslo Hordaland Hedmark Rogaland Oslo Sogn og Fjordane Rogaland Oslo Telemark

Vestfold Hordaland Buskerud Sør Trøndelag Vest Agder Oppland Rogaland Hordaland Møre og Romsdal Sogn og Fjordane Rogaland Nord Trøndelag Vestfold Hedmark

OBLIGATORISKE ØVINGAR ØVING     NAMN         FØDD ÅR RESULTAT  POENG    STAD     DATO 100m Thomas Mardal 1997 11.11 814 Byrkjelo 22.09 200m Robert André Moldestad 2000 24.35 614 Sandnes 03.09 400m Jon R. Hauge 1974 54.44 587 Geithus 14.08 800m Jon Rolf Skamo Hope 1998 1.59.95 688 Byrkjelo 26.06 1500m Jon Rolf Skamo Hope 1998 4.18.4 606 Indre Arna 06.07 5000m Vincent Sondre Førde 1997 15.29.99 707 Byrkjelo 22.09 400m hekk Jon R. Hauge 1974 62.82 555 Byrkjelo 22.09 3000m hinder Vincent Sondre Førde 1997 9.20.31 789 Brandbu 05.08 Lengde Robert André Moldestad 2000 5.43 474 Byrkjelo 26.06 Tresteg Robert André Moldestad 2000 11.55 509 Byrkjelo 24.06 Kule Thomas Mardal 1997 15.30 815 Ravnanger 31.07 Diskos Thomas Mardal 1997 52.97 905 Byrkjelo 26.05 Slegge Steinar Kleppe 1988 63.81 926 Fana 24.07 Spyd Thomas Mardal 1997 53.38 672 Byrkjelo 22.09 Tal noteringar: 14 Sum: 9 661 VALFRIE ØVINGAR Slegge Thomas Mardal 1997 63.72 925 Rygg 23.10 Slegge Evald Osnes Devik 1995 61.63 899 Leppävaara/FIN 20.08 Slegge Hans Sande 1996 54.56 811 Brandbu 06.08 3000m Vincent Sondre Førde 1997 8.42.67 758 Nadderud 10.06 800m Vincent Sondre Førde 1997 2.00.82 671 Sandnes 04.09 Diskos Steinar Kleppe 1988 38.56 658 Hyen 29.06 Spyd Simon Lidal 1998 52.13 655 Brandbu 07.08 100m Robert André Moldestad 2000 12.01 608 Brandbu 05.08 Slegge Håkon Hjelle Roset 2000 38.87 598 Rygg 25.09 1500m Vincent Sondre Førde 1997 4.19.52 597 Byrkjelo 26.05 200m Marcus Røed Frøyset 2000 24.67 585 Lillehammer 17.06 100m Marcus Røed Frøyset 2000 12.13 584 Byrkjelo 26.05 200m Jon R. Hauge 1974 24.88 566 Geithus 13.08 800m Jon R. Hauge 1974 2.07.28 563 Geithus 13.08 100m Jon R. Hauge 1974 12.30 550 Hyen 27.07 Tal noterinar: 15 Sum: 10 028 Not. totalt: 29 Total sum: 19 689 Deltakarar: 11 OBLIGATORISKE ØVELSER 100m Ingrid Hjelle Roset 1997 13.48 591 Byrkjelo 26.05 200m Ingrid Hjelle Roset 1997 27.12 641 Byrkjelo 26.06 400m Ingrid Hjelle Roset 1997 60.42 666 Lillehammer 18.06 5000m Merete Helgheim 1980 18.50.50 620 Byrkjelo 22.09 3000m kappg Merete Helgheim 1980 13.39.80 785 Ravnanger 29.07 Høgde Kjersti Hjelle Eide 1997 1.66 740 Fana 04.06 Kule Trude Raad 1990 11.80 703 Rygg 11.09 Diskos Elin Isane 1975 49.43 854 Spikkestad 17.07 Slegge Trude Raad 1990 64.64 977 Fana 05.06 Spyd Else Lundestad Bakkelid 1976 27.56 508 Byrkjelo 22.09 Tal noteringar: 10 Sum: 7 085 VALFRIE ØVINGAR ØVING NAMN FØDD ÅR RESULTAT POENG STAD DATO Slegge Marte Rygg Årdal 1992 53.04 845 Oslo/Bi 12.08 Diskos Else Lundestad Bakkelid 1976 46.92 820 Fana 03.06 Diskos Trude Raad 1990 43.08 767 Byrkjelo 21.08 Slegge Lisa Selsvik 1999 42.88 721 Rygg 12.06 Slegge Else Lundestad Bakkelid 1976 42.64 718 Byrkjelo 24.06 Kule Elin Isane 1975 11.50 686 Ravnanger 29.07 Kule Else Lundestad Bakkelid 1976 11.10 664 Rygg 29.05 Høgde Ingeborg Raftevold 1998 1.55 651 Byrkjelo 11.07 Lengde u.t. Kjersti Hjelle Eide 1997 2.45 600 Sandane 17.12 Diskos Lisa Selsvik 1999 30.76 593 Rygg 28.08 3000m Merete Helgheim 1980 11.09.49 569 Byrkjelo 21.08 Lengde u.t. Else Lundestad Bakkelid 1976 2.33 518 Sandane 17.12 Tal noteringar: 12 Sum: 8 152 Noteringar totalt: 22 Total sum: 15 237 Deltakarar: 9


4

Gloptimisten • DESEMBER 2016

Furorestipendet til Thomas Mardal

FIRDA VIDAREGÅANDE – MEIR ENN EIN SKULE • Studiespesialiserande • Musikk, dans, drama • Idrettsfag

Firda vidaregåande skule Firdavegen 21, 6823 Sandane

Telefon: 57 82 53 20 - Telefax: 57 82 53 21 E-post: postmottak.firdavgs@sfj.no www.firda.vgs.no

STIPEND: Thomas Mardal (19) frå Gloppen fekk 50.000 kroner i stipend frå Furorestipendet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Nils Ove Roset, leiar i Gloppen friidrettslag, delte ut prisen laurdag under middagen på treningssamlinga i Gloppen. Foto: Ole-Morten Mardal Thomas Mardal frå Gloppen er kort og greitt ein av landets mest spanande kastarar. Sandane: Laurdag fekk friidrettsutøvaren frå Gloppen Thomas Mardal utdelt 50.000 kroner i stipend frå Furorestipendet som Sparebanken Sogn og Fjordane har. - Det er rett og slett fordi han har etablert seg i toppsjiktet i både norske og nordiske meisterskap som junior, og har sanka medaljar i alle sine øvelsar diskos, slegge og kule, heiter det i grunngjevinga frå juryen. I Jr. NM i sommar tok han jamvel gull i både diskos og slegge – og sølv i kule. At han i tillegg tok U20 krinsrekorden på 100m. vitnar om ein seriøs og hardtarbeidande idrettsutøvar som det

blir svært spanande å følgje i åra framover. Furorestipendet blir delt ut til talent i eller frå Sogn og Fjordane i alderen 15-30 år innanfor tre kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Storleiken på stipenda vil variere frå 25 000,- til 100 000,-. Fagjuryen er samansatt av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket. Gloppen Fil har hatt ein prat med Thomas etter utdelinga i går kveld, han er sjølvsagt utruleg glad for tildelinga og har reflektert litt over framtida. Mine mål på friidrettsbana framover er først å kvalifisere meg til u23 EM i Polen neste år. Deretter siktar eg fram mot u23 EM i 2019 der eg har en drøm om å kvalifisere meg i både slegge, diskos og kule. Nasjonalt har eg eit mål om å kunne ta min første senior-nm medalje i løpet av dei komande åra, kanskje aller helst på Byrkjelo i 2018! Den store draumen må være å kvalifisere seg til eit senior EM eller VM i framtida. I dei komande åra skal eg satse meir på slegge enn eg har gjort fram til no. Sjølv om eg ikkje har valgt ein spesifikk øvelse å satse 100% på, har eg ein tanke om hvilken øvelse eg kan nå lengst i.

Eg planlegger å starte vidare studier neste år, og slik som det ser ut no er sannsynligheten stor for at eg havner i Florida for å studere. Eg har ikkje per dags dato valgt kva eg vil studere, men det å kunne kombinere idrettssatsing og studier slik dei gjer i USA verkar veldig spennande! Men det blir rart å reise vekk frå det treningsmiljøet eg har vokst opp i her i Gloppen. Eg har fått enormt god oppfølging her heime i alle åra eg har holdt på med idrett. Etter mine 3 år på firda VGS på idrettslinja valde eg å ta eit friår med fokus på jobb og trening. Men framtida ser lys ut, og det blir spennande å sjå kor langt det er mogleg å nå! Vi er alle veldig glade for tildelinga. Det gjev nye muligheter og gjere det enklare å bruke tid på idretten framover. Heile idrettsmiljøet ynskjer lukke til vidare med treningsarbeidet!


Gloptimisten • DESEMBER 2016

STIL i godt driv – og store sko å fylle STIL har hatt ein innhaldsrik sesong, med sterke enkeltresultat og fin breidde. Terrengløpa for dei yngste er veldig populære, noko som lovar godt for rekrutteringa framover. På første løpet i vår var det heile 95 born med. Det vart arrangert tre terrengløp på Myra og motbakkeløpet Holvikja Opp. Breimstafetten vart eit høgdepunkt i sesongen, der både jenteog gutelaga vann den prestisjetunge stafetten. Ei flott anledning å samle unge frå ulike deler av STIL til felles innsats for laget. Fleire på stafettlaget hadde også seinare på sesongen fine resultat, både innan løp, kast og hopp. Spesielt må vi trekke fram multi-talentet Christopher Solheim (11), som hoppa heile 1,40m i høgde, noko som gjev 1014 poeng på Tyrvingtabellen ! Både Christopher og fleire andre av desse unge er aktive på tvers av idrettane i STIL, og bygger ei solid fysisk plattform ved å vere allsidige. Det spirer også godt innan kast i STIL, noko vi nok må gje GFIL sitt miljø og gode trenarar ein del av æra for. Av vår unge kastarar vil vi spesielt nemne Elin Mardal, Maja Selsvik og Håkon Hjelle Roset, som jobbar målbevisst og tålmodig og fekk opp gode resultat gjennom sesongen. Vi reknar med at også dei har lete seg inspirere av STIL sin store profil, Thomas Mardal. Vi er stolte og glade for at Thomas har fortsett framgangen også denne sesongen; med nye persar, krinsrekordar og topp nasjonale resultat. Med sine 19 år har no Thomas vakse ut av STIL-trøya, og vi ønskjer han masse lukke til i vidare satsing mot verdstoppen ! Så får vi stå på og legge til rette for at STIL kan få fram nye profilar framover, sjølv om det skal mykje trening og talent til for å ‘fylle skoa’ til Thomas.

Men vi er godt i gang med innetreningane i Trivselshallen, for å legge grunnlag for ein framgongsrik 2017-sesong. Treningane for 8-12 år er eit samarbeid mellom FjV og STIL. Her er vi takksame for at avgangselevar ved Firda vgs opparbeider seg praksis ved å vere trenarar. Denne vinteren er det dei tre aktive utøvarane i GFIL, Vincent Førde, Simon Lidal og Mathias Førde, som er dei flinke trenarane våre. Eit flott samspel som vil gje utvikling på fleire områder.

5


6

Gloptimisten • DESEMBER 2016

Besøk på friidrottsgymnasiet i Uppsala Gfil leiaren brukte 3 dagar av haustferien til å besøke eitt av sveriges største friidrettsgymnas som ligg i Uppsala nær Stocholm. Vi har kontakter i Uppsala IF som også arbeider på gymnaset der borte. Uppsala IF er også ein av dei største klubbane i Sverige. Friidrettsgymnaset er ein såkalla Celsiusskole, kommunal gymnasskule. Spesial­tilpassa slik at elevane kan kombinere idrett med studier. Slik sett er der ein viss likskap med toppidrettsgymnasa i Norge. Forventningane er klare til elevane både sportsleg og akademisk. Der går 11 elevar i 1 klasse friidrett, 11 elevar i 2 klasse friidrett og 16 elevar i 3 klasse friidrett. 2/3 av elevane er frå Uppsala IF. Celciusskulen i Uppsala har totalt 900 elevar, 90% av desse drive idrett fordelt på 30 ulike idrettar. Det betyr at det er uråd å unngå idrett på denne skulen. Trenarar, elevar, rektor, lærarar er alle «galna i idrott» som det vart sagt. I Sverige er der 20 sertifiserte friidrettsgymnas. Dette er eit av dei. Det betyr at friidrettsforbundet står som garantist for det idrettslege kvaliteten. Forbundet følge opp både skulen og idrettslaget som går inn som trenarar i tillegg

til dei som er heiltidsansatte. Forbundet ser til at det blir så gode muligheter som muleg for sportsleg satsing. Søknad skjer gjennom forbundet og ein søker alle slike friidrettsgymnas gjennom forbundet. I Uppsala kan ein friidrettsutøvar trene 8 økter i veka i skuletida mellom 08 og 17. Skulen reklamerer med at dei har den beste timeplanen for ein topputøvar som vil satse på både friidrett og studier. Det blir jobba målbevisst med at kvart individ skal få utvikle seg i sitt eige tempo. Det vert laga treningsprogram for kvar utøvar etter behov. I dei fleste tilfelle har skulen og trenaren hovudansvar for eleven/utøvaren 365 dagar i året. I andre tilfelle kan det gjerast avtale med heimeklubben om ansvarsfordeling. I støtteapparatet til skulen er det kvar veke avsett timar med idrettslege og idrettsfysioterapeut heilt gratis. Om legen finn det nødvendig så er der rask tilgang til MR., også det blir dekka av forbundet. Ved inntak av elevar i første klasse får alle EKG/ hjertescreening, samt blodtrykk og vanleg helsekontroll. Også det gratis. Dette skulle vi ha fått til her også.

Hjå oss er vi heilt avhengige av å kjenne ein lege eller at vi er prisgitt ein sportsfantast av ein lege på det kommunale legekontoret. Den frivillege idretten/klubbane må ordne dette. Dette var noko som vi hadde som headline under fjorårets møte mellom Idrettskrinsen og gloppe­ idretten. Finne kontaktpunkt for helse så utøvarar slapp å gå i uvissa omkring skadesituasjon. Sommaren 2016 fekk skulen i Uppsala og kommunen nytt anlegg. Tre hallar med innebandy, ein hall for handball, ny stor friidrettshall og styrkeavdeling. Ute var nytt utandørs reindyrka friidrettsarena under oppføring. No er Uppsala Sveriges 4 største by med 140 000 innbyggarar så det er ikkje mogeleg å samanlikne med Gloppen på nokon måte. Men likevel ,det er alltid inspirerande å sjå korleis andre løyse utfordringar. Og vi har eit potensiale i å endre tankegang som igjen kan føre til utvikling. Til orientering, dei var ikkje fleire på løp og kasttrening der enn hos oss her i Gloppen.

Jr.-landslaget kast blir supplert pluss og minus i januar 2017

N.O.Roset

Kule Marcus Thomsen (1998), IK Tjalve (prioritert) Elise Gravningen (1998), Sandvin Mathias Melheim (1999), Olden Diskos Sven Martin Skagestad (1995), Norna-Salhus (prioritert) Ola Stunes Isene (1995), Sturla (prioritert) Thor Olav Rosvold (1996), IK Tjalve Thomas Mardal (1997), Gloppen FIL Mikael Andelic (1998), Sarpsborg IL Erik Johannes Rosvold (1998), Asker Skiklubb Torkil Bjørbæk (1999), Bodø Fabian Weinberg (2001), Kristiansand IF Mona Ekroll Jaidi (1995), Norna-Salhus (i USA) Mathilde Roe (1996), Fri (i USA) Berit Stunes Isene (1998), Sturla Hedda Hauge Aasgård (2001), FIL AKS 77 Slegge Beatrice Nedberge Llano 1997), Laksevåg (i USA)(prioritert) Helene Ingvaldsen (1996), Norna-Salhus (i USA) Jon Nerdal (1996), Norna-Salhus (i USA) Evald Osnes Devik (1995), Gloppen Fil Martin Kornerud (1998), Sturla Vilde Ingvaldsen (1999), Norna-Salhus Herman Aurdal, (1999) Sykkylven IL Helle Henriksen Hvidsten (2001) Modum FIK Oda Marie Myklebust (2001) Bergens Turnforening Spyd Sigrid Borge (1995), Osterøy (prioritert)

Marie-Therese Obst (1996), IK Tjalve (prioritert) Arianne Duarte Morais (1999), IL i BUL (prioritert) Stella Weinberg (1998), Kristiansand IF Alexander Skorpen (1998), Halden IL Sondre Høyland (1998), Tyrving Jarl Bjørklund (1997), Halden IL Emilie Ingerø (1995), Halden IL Kaja Mørch Pettersen (2001), Larvik Dessverre er ikkje Hans Sande med lenger grunna manglande resultatutvikling i 2016. Han har prioritert meir i retning Vektøfting. Men hans har sagt at ein ikkje er skikkeleg slegekastar før 60 meteren er passert. Og dit vil han! Vincent med sin gode utvikling i 2016 med Jr Nm gull og Nordisk deltaking kunne kanskje resultert i deltaking i Jr.prosjekt, men konkurransen var steinhard og han kom ikkje opp i det sjiktet. Det må springast fortare ! Han måtte nok under 9.15 på hinder (U20-Em krav) skulle han kjeme med i prosjektgruppe. Thomas og Evald er naturlegvis med vidare. Svært god utvikling gjennom sesongen Elles legge vi merke til Mathias Melheim frå Olden. Ein spennande utøvar som får prøve seg med dei beste. Veldig flott. Gruppene vert endeleg tatt ut i starten av 2017.

Resultat UM 2016

13 medaljar til utøvarar frå Gloppen Friidretten hadde ei flott helg i Sandnes. Aldersbestemt Nm er årets høgdepunkt for våre unge fremadstormande utøvarar. Dette meisterskapet tar pulsen på friidretten både lokalt og nasjonalt. Um er moderlaga sitt meisterskap. Vi skulle så absolutt hatt eit UM på heimebane næraste tida. Utan tvil det viktigaste stevnet for å sikre god rekruttering. Utan unge til å ta tradisjonane vidare blir det tynt. I Gloppen har vi lange tradisjonar for god friidrett og våre unge aktive var heilt på topp i helga. Mange flotte persar og topp stemning alle dagane. Vi ankom Sandnes torsdag ettermiddag og fekk sett opp lagstelt på dertil svært eigna stad like ved bana. Alle budde på Hotell Sverre midt i Sandnes sentrum og 8 minutt gange frå bana. Gode sosiale stunder både ved bana og under fellesmåltida på kvelden. Det er også flott å sjå mangfaldet i lagsdrakter frå Gloppen. Alle klubbane var representerte. Flott. Den av våre utøvarar som imponerte mest var Thomas Mardal i sine tre kastdisiplinar, slegge, kule og diskos. Vi tar av oss hatten for prestasjonane. No står den internasjonale arena og ventar. Det blir spennande år framover. For hans del er Um karrieren over, men mange står i kø for å vere med etter han. Det er vi glade for. Vi gledar oss allereie til Bergen og Fana stadion første helga i september 2017. Umfriidrett2017 1-3 september 2017 er det UM på Fana Stadion.

Arne nr 2 i slegge G16

Ein flott gjeng på UM 2016 Utøvar Klasse Thomas Mardal G18 Thomas Mardal G18 Thomas Mardal G18 Vincent Førde G18 Vincent Førde G18 Steffen Fjellestad G17 Leiv Arne Støyva G16 Leiv Arne Støyva G16 Magnus Storsletten G16 Magnus Storsletten G16 Robert Andre Moldestad G16 Robert Andre Moldestad G16 Håkon Fjellestad G16 Håkon Fjellestad G16 Håkon Roset G16 Simon Lidal G18 Arne Devik G15 Arne Devik G15 Lisa Selsvik Haugen J17 Lisa Selsvik Haugen J17 Ingeborg Raftevoll J18

Øving Diskos 1,75 Kule Slegge 2000 mH 800 m Slegge Kule 5 kg Diskos 1,5 Slegge 5 kg Kule 5 kg 100 m 200 m Slegge 5 kg Diskos 1,5 Slegge 5 kg Spyd Diskos Slegge 5kg Slegge Diskos Høgde

Resultat 56,17 18,37 67,94 6,06,98 2,00,82 38,36 14,17 35,04 57,04 11,99 11,74 (+2,4) 24,35 (-1,1) 46,5 34,93 54,36 51,46 38,25 51,25 43,93 29,07 1,51

Plassering 1 2 1 3 11 2 1 3 1 5 11 11 4 5 2 5 3 3 3 3 9

Tyrvingpoeng 1077 1095 1059 1012 892 410 974 727 1050 843 993 927 890 586 1023 849 617 1012 998 584 872

Delt. 6 7 3 6 20 2 9 8 6 9 18 15 6 8 6 7 13 5 3 3 10


7

Gloptimisten • DESEMBER 2016

Breimsbygda friidrett Det er mørkt og kaldt ute i skrivande stund, og det kan vere kjekt å sjå litt attende til då det var sommar og sol , i alle fall nokre stader, og friidretts sesongen 2016. FRIIDRETTS SKULEN for dei aller yngste, gjekk med liv og lyst frå tidleg i mai og fram til sommarferien og frå skulestart til slutten av september. Godt frammøte med opptil 35 viltre ungar sette trenarane på prøve, men dei meistra det godt. Og etter tilbakemeldingane frå både store og små var dette kjekke treningar. Treningane for denne aldersgruppa, blir no ein del av nysatsinga «idrettsskulen». Den går torsdagar frå kl 18-20, delt i to grupper. Det blir ein basisdel, som skal vere gjennomgåande for alle treningane. Gruppene kjem så inn med litt meir spesifikk treningar, kvar sin gong. Dette opplegget er ein del av den nyleg vedtekne SPORTSPLANEN FOR BBIL, som har vor jobba godt med i omlag 2 år. Den byggjer på prinsippet om trening på tvers av idrettar, nok vi har stor tru på. Hovud treningane for dei frå 10-13 år var på tirsdagar og torsdagar, på same tid som GFIL treningane. Tanken bak dette var at dei yngste skulle få vere ein del av eit større treningsmiljø, og at vi kunne dra vekslar på fleire trenarar. Dette høvde bra for nokre, men på langt nær alle. Vi innser at vi må ha eigne treningsdagar/tidspunkt for denne aldersgruppa.

Anne Lovise Krog Indrebø er ei allsidig jente, med mange gode resultat. Det har og vore gjennomført treningar andre dagar, for dei som ønskjer det. For alle frå 13 år og oppover er GFIL treningane heilt topp. Her er vi samla utøvarar frå dei andre laga i kommunen, samt utøvarar frå mange andre lag som; Stryn, Jølster, Olden, Svelgen, for å nemne nokre. Alle desse er med å bidreg til eit fantastisk flott treningsmiljø, der ein kan pushe kvarandre framover. Det må likevel seiast, at ein ikkje treng vere toppidrettsutøvar for å kunne vere med på desse treningane. Her er plass til alle som vil trene. SPAREBANKLEIKANE er det største lokale friidrettsstemne for dei fleste av våre utøvarar. I år var det lagt ein konkurranse om kven som stilte med flest deltakarar. Etter hard konkurranse med STIL, vann BBIL denne, med nærarae

Leiv Arne og Robert Andre på UM i Sandnes.

30 deltakarar. Premien var gåvekort på kr 1000,- på COOP EKSTRA. Mange gode resultat av våre utøvarar denne helga, som syner at vi har mykje å bygge vidare på. Det er berre å trene, så kjem resultat eter kvart. KM vart også i år arrangert på Byrkjelo i lag med dei andre laga i Gloppen og Jølster. Ei flott arr, med flotte resultat av våre , sjølv om deltakinga ikkje var så stor som vi hadde håpa på. Robert Andre var den einaste deltakaren frå BBIL , som var var kvalifisert til jrNM, som gjekk på Brandbu. Han kom ikkje vidare til semifinalen på 100m med 12.01 i motvind -1,6, men har 3 år igjen i U19, så det byr seg fleire mulegheiter. UM i Sandnes var ei flott oppleving for våre to utøvarar Robert Andre

….og etterpå var det premiering til alle.

og Leif Arne. Robert Andre fekk 11 pl i både 100m, med 11.74 i medvind +2,4 og 200m Nivået i sprint i G16 klassa er utruleg bra, så prestasjonane er gode om det ikkje heldt til finaleplass. Leiv Arne tok ein overraskande bronsemedalje i diskos med 35.04. Mange vart nok og overaska då bamsen gjekk hen og vann kulekonkurransen med 14.17 m, som og er norsk årsbestenotering i G16. Vi som veit litt om kva som bur i karen var ikkje så overraska, men likevel kjempeglade på hans vegne. LAGSMEISTERSKAPET vart som venta eit arr for dei yngste, då ein del av den eldre garde var på lag NM i 5-kamp i Larvik. Innsatsen var heil på topp denne laurdagsettermiddagen, blant dei ca 35stk som deltok. Utøvarar frå BBIL som har markert seg sterkt på friidettsbana

Julia Jordanger Loen har hatt ein flott sesong i år i år er mellom anna , Anne Lovise Krog Indrebø. Ho har delteke på mange stemner både i Hordaland og på Møre. Ho har vore innom nesten alle øvingar i friidrett, og levert mange gode resultat. Eit døme på at det er viktig å vere allsidig i ung alder, til ein finn ut kva øvingar ein likar best. Julia Jordanger Loen, Matias Dale, Håvard Hetle, Malene Clausdatter Guttesen, er blant dei yngre utøvarane som har hevda seg godt i år. Til slutt vil vi takke alle utøvarar, trenarar og alle andre som har vore med å bidra til at friidretten er i utvikling og framgang i bygda og kommunen. Vi ønskjer alle ei god jul, med mykje god mat og harde treningsøkter. BBIL friidrett Reidar Moldestad

Håvar og Matias på pallen under KM.

Sirkeltrening mot gamle høgder

Byrkjelo-leikane 2016 Byrkjelo-leikane er ein aktivitetsdag for deltakarar med utviklingshemming i alle aldersgrupper, og blir arrangert av Sogn og Fjordane Friidrettskrins, Sogn og Fjordane Fotballkrins, Sogndal United og Breimsbygda IL. Laurdag 3.september vart Byrkjelo-leikane arrangert for 5.gang., og både arrangørar og deltakarar rapporterer om ein fantastisk dag. Leikane vart som seg hør og

bør opna med defilering inn på stadion. Breim skulekorps leia troppen inn. Deretter hadde ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, ein flott appell. Øvingane som det var konkurrert i var 60meter, 200meter, kast, lengde, orientering og fotball. Arrangementet er prega av god stemning, mykje glede og jubel. Gleda over å vere saman, og i aktivitet er fantastisk å observere! Her har vi alle mykje å lære.

Sirkeltreninga mog «gamle» høgder BBIL har helde på med sirkeltrening frå tidleg på 80-talet, under kyndig leiing av Magnus Willumsen,m.fl. Det var ofte stort frammøte, ja enkelte gongar opp i 40-50 stk, som gjorde at gymsalen på Byrkjelo blei for liten, og ein mått ta gangane i bruk. Då treningsstudioet på 123, åpna vart det ein vesentleg nedgang i frammøte. Faktisk så lite at

vi eit halvår la ned tilbodet. Vi meiner at denne treningsforma eignar seg like godt i dag som for 35 år sidan. Dei siste åra har derfor Ole Tom Flølo og underteikna helde på med sirkel/ basistrening på Breim Skule, med varierande frammøte frå 8-15 stk. Heilt greit frammøte, om ikkje som «i gamle dagar». I haust har det derimot teke

seg kraftig opp. Etter nokre treningar er vi no oppe i 27 stk frammøtte på same trening, og 33 stk registrerte deltakarar. Dette tykkjer vi sjølvsagt er stor stas. Vi køyrer sjølvsagt JULESIRKEL, ein dag i romjula. Føl med på breimsbygda .no for tidspunkt.


8

Gloptimisten • DESEMBER 2016

Fjellhug/Vereide il med Gloppen Halvmaraton 8. oktober arrangerte Fjellhug/ Vereide il Gloppen Halvmaraton. Starten var ved STIL-stova, der deltakarane også gjekk i mål. Heile 35 stilte på startstreken, noko vi var svært nøgde med. Skal vi tru på dei positive tilbakemeldingane kjem alle trettifem tilbake neste år! For dette vart ein løpsfest for dei som var med. I ei kontrollmålt løype, som gjekk langs FV615 forbi Rygg og tilbake, var det fleire som sette personlege rekordar, og enno fleire årsbeste. Heile 20 årsbestenoteringar vart det på løparar frå Sogn og Fjordane. Å arrangere eit løp over så pass lang distanse, på trafikkert veg, krev litt ekstra merksemd. Særleg er Hansensvingen på Elvaneset utfordrande, sidan løparane naturleg nok vel innersving der. Men med følgjebil, tre vakter, varselskilt, og litt plastkjegler gjekk alt utan uhell. Når løparane skal legge bak seg godt 21 km, må ein også plassere ut drikkestasjonar. På fem plassar var det mogeleg å få saft eller vatn. Nokon nytta alle stasjonane, andre hadde det for travelt til å kaste

bort tida med slikt! I mål fekk alle løparane gullmedalje, og dei fekk smake spekepølse frå Kandalen, og eplemost frå Hauge, noko som vart sett stor pris på. Dei var også storfornøgde med premieringa, som var sosial, med uttrekking på startnummer. Bedrifter i Gloppen hadde sponsa mange flotte premiar, der det meste var produkt produsert i Gloppen. Tusen takk til Gloppen Hotel, Påldtun, Kandal Kjøtt, Nordfjord Gardsmat, Daniel Dyrnes, Børre Tystad, Glassmagasinet, Byggevaren Byrkjelo, Ronny Husevåg Rør, og Europris for flotte premiar! Coop Extra sponsa med det som vart servert i målområdet. Beste tid i herreklassen hadde Sverre Nesdal Aske frå arrangørklubben. Han kom i mål på 1.18,45 og slo andremann, maraton-spesialisten Helge Hafsås frå Olden, med godt eit minutt. Hafsås fekk tida 1.19,59. Raskaste dame vart Linda Hovde frå Ålesund, med sluttida 1.34,57. Ho, saman med ein fin gjeng damer frå Bergen, utgjorde

løparar som kom frå nabofylka, og som sette ein ekstra spiss på arrangementet. Linda syntest halvmara-

Byfolk på tur I gamle dager reiste byfolket til landet I båter. Fjordabåtene gikk lørdag ettermiddag fra byen fullastet med ivrige byfolk. I dag er det moderne tider og nå er det bilene som blir stappet fulle av unger og bagasje. Det å komme seg ut av byen en fredag ettermiddag er ikke lett. Nå er det sjåførene som kappkjører på motorveien for å komme først inn i tunnelene. Her spares det ikke på hverken bilgummi eller bensin. Klarer man å knipe inn en bil eller to er lykken gjort ! Når fergekaien skimtes går adrenalinnivået merkbart ned. Vi rakk det ! Men FSF logoen er vekke, det samme med de trauste matrosene som hadde krysset fjorden utallige ganger i all slags vær. Nå var det en merkelig elektrisk plattform som hilste de besøkende velkommen og instruerte om nødrutiner. Ikke betryggende ! Hva hvis dette gikk tomt for strøm ? og andre unevnelige spørsmål ! Vel over på landsiden i fjordfylket, var det klart for å teste gasspedalen igjen, trodde vi. Motorveien lå rett og fin og bare innbød til å prøve kapasiteten. Nei, nå var det midt i kveldsstellet og bøndene hadde okkupert landeveien og lå i både 10 og 20km under fartsgrensen. Energien ble brukt på å forbanne bønder, Opseth’en, Senterpartiet, EU og alle andre vi kunne komme på. Frustrasjonen fikk utløp hver gang en av de lokale svingte av veien og vi kunne hytte med neven mot de og slippe gasspedalene løs igjen. Denne gangen hadde vi leid et hus rett ved siden av Loggane. Vel fremme var det bare å komme i treningstøyet, for nå skulle svetten frem. Fra oss stilte noen kastere og flest løpere. Kasterne hadde kort vei til banen og var først klare. Nå skulle fremgangen testes og nye oppgaver fordeles. Treneren fulgte

storøyd med mens Jørund instruerte og kommenterte «haldning» og «sterk posisjon» og andre fremmedord. Her var det nye ord og utrykk å lære ! Ble teorien for sterk, gikk ikke Jørund av veien selv for å dra en rotasjon eller to ! Løperne fikk en tøff økt med Lensmannen som kommanderte og utøverne løp runde etter runde med innlagte styrkeøvelser. Her hadde Lensmannen endelig noen som hørte på han og oppmuntringene og forbannelsene runget mellom trærne. Vel tilbake i huset var det tid for dusjing og kveldstell. Håret skulle pyntes og kremene påføres ansikt og hår. Og ryktene gikk allerede fredagskvelden om byjentene som hadde invadert bygden. Det gikk ikke lang tid før de lokale odelsguttene inntok tunet med traktorene og ruste motorene så naboene ble forstyrret under «Detektimen»... eller hva det nå heter ! Men guttene tok ansvar og viste frem «biceps’ene» slik at natteroen kunne senke seg over nabolaget. Det ble noen timers søvn før frokost lørdag morgen. Timeplanen var stram og før solen var kommet opp, var løperne klare til bakkeløp. De samlet seg ved løen, før alle la i vei med oppvarming og uttøying deretter. Bakkene ble forsert i et imponerende tempo og en etter en av løperne måtte gi opp. Kun

de færreste klarte alle 15 løpene. Lensmannen og Reidar styrte troppene med myndige kommandoer. Lunchbordet på Gloppen hotell var innbydende og kroppene ble fylt opp igjen med mye god mat. En liten hvilepause i huset gjorde godt før neste økt skulle begynne. Fedrene syntes det ble for lite trening og tjuvstartet med en 3 timers tur til Ryssdalshornet før ettermiddagsøkten. Kasterne innfant seg i klasserommet på gamleskolen hvor Jørund underviste i elementære løft og ga seg ikke før alle vektskivene lå trygt plassert på nakken ! Ryggen måtte brukes og når Jørund spurte om han presset de for hardt, svarte han selv med en gang at dette måtte de tåle. Den flotte innendørshallen ble benyttet til resten av siste økt på Lørdag. Sprintløp først, så en hard basisøkt med Nils Ove. Noen hadde vært med på dette tidligere, de andre hadde kun hørt rykter. Ryktene stemte, etter en halvtimes runddans på mattene, skvulpet melkesyren fritt rundt i rommet og mattene måtte vris godt før de kunne legges på plass. Jentene var, ikke uventet, sist ut av dusjen. Kroppen skulle stelles, for nå skulle man ta seg fin ut. Middag i finstova i klubbhuset, er uvant kost for byfolket. Men jammen smakte bondekosten særdeles

ton er altfor kort, og bad om å få springe den doble distansen neste år! godt. Kjempehyggelig å bli servert god mat i trivelige omgivelser. Gratulasjoner til Thomas Mardal med en svært velfortjent utmerkelse ! Festen fortsatte i huset, byjentene / guttene la ikke noe imellom ! Naboklagene strømmet inn og de voksne måtte rømme huset for å få fred. Kvelden ble tilbrakt gatelangs. Lensmannen tok seg av naboklagene ! Søndag morgen tok jentene ansvar og serverte pannekaker til frokost. Musklene måtte fylles opp en siste gang før Lensmannen sendte de ut på en siste økt. Her skulle det ikke være overskudd igjen, bakkene måtte forseres i stort tempo. Håkon skulle delta på «Loggane Open» og fikk sine instrukser fra de andre om hvordan han skulle lade opp. Kravet til Junior-NM måtte overskrides og gode råd ble benyttet. En liter ublandet solbærsaft fra lokalfylket på styrten, ville sette fart i kroppen. Etter en stund ble urinen testet og da den tjukk og rød svidde hull i begeret, fikk han klar beskjed. Knip igjen og la kruttet være vått ! Det bar rett på banen og oppvarmingen ble droppet. Ikke noen unødig sløsing med overflødige kast. Oppskriften var vellykket, Håkon klarte kravet og perset med 3 meter ! Byfolket lengtet hjem og bilene ble nok en gang fylt opp. Landlivet fristet ikke lenger, nå måtte vi kjenne lukten av eksos. Jørund og Lensmannen fikk jobben med å rydde i huset og brukte både kvelden og neste dag på å ordne opp. Nok en helg i Sandane var tilbakelagt. For oss er det hyggelig å komme til Gloppen og oppleve et ekte idrettsmiljø. Vi setter stor pris på samarbeidet og håper vi kan komme på besøk flere ganger. Lykke til med treningen til neste sesong !

Dette var eit kjekt arrangement, som vi reknar med å gjenta første laurdagen i oktober 2017.

Gloppe-Trimmen 2017 Det er kanskje i tidlegaste laget å nemne den enno, men når vi boblar litt over om Gloppe-Trimmen, er det fordi vi synest oppmøtet er så overveldande bra, og tilbakemeldingane til oss så positive! Det er rett og slett triveleg å vere Gloppe-Trim-arrangør! Neste års trim er den 9. i rekka, og opplegget vert nok ikkje ulikt det vi har hatt. Gåvekort kvar veke til ein tilfeldig heldig vinnar gjev kanskje nokon motivasjon til å vere med, og kanskje dei små, fine premiane som vert utdelt siste trimkveld i september også har litt å seie for motivasjonen hos nokre. Men mest av alt er Gloppe-Trimmen fordi du skal kome deg ut i frisk luft, i lag med andre, på eit glimrande underlag (grusveg), etter ein fast timeplan. Tirsdagskveldane frå april til september (minus midt på sommaren) er trimtid i Bukta. Vi har lyst å gje ein applaus for dei butikkane som syter for at vi har premiar å dele ut kvar veke. Først og fremst G-Sport, som kvart år har stilt med eit gåvekort på kr. 2.000,-! Imponerande! Vi hadde i 2016 også med oss desse hyggelege butikkane/ bedriftene med vekepremiar: Bakaren, Sandane Glassmagasin, Ågaard Sko, Ronny Husevåg Rørleggarforretning, Firda Elektro, Sandane Tekstil og Interiør, Chatlet, Yrkes- og Fritidsklær, Lauget, Tystad Blomster, Carla, Mona Lisa, Høyt og Lavt Aktivitetspark, Sparebanken Sogn og Fjordane, Gloppen Kommune (kino). Tusen takk til alle saman! Vel møtt ved Mardal Skule i slutten av april!


9

Gloptimisten • DESEMBER 2016

Brodd-Nytt jul 2016 Oldenstafetten: Brodd stilte med gutelag: Hjelle Koopman-Jonas Arnestad-Mathias Lote-Erik Koopman-Julie Kristin Skjerdal. Alle gjorde sitt beste, og vi vart nr. 7 av i alt 9 lag. Framolekene: Arne Osnes. Devik tok sølv i slegge og diskos. Sparebankleikane: Brodd hadde med seks deltakarar. Susanne Skjerdal deltok i lengde-kule-60m60m hekk-600m. Beste plassering på hekk der ho vart nr. 2. David Skjerdal deltok som rekrutt i lengde og 60m. Emilie Engelbrektson deltok i 60m, kule og lengde med ein sterk femteplass på 60m som beste plassering. Julie Skjerdal deltok i 60m hekk, 60m, kule og tresteg med 2.plass og sølv i tresteg som beste plassering. Mathias Lote deltok i lengde,spyd,60m,høgde og kule, med 3.plass og bronse i høgde som beste plassering. Arne Osnes Devik tok gull både i slegge og diskos! Ungdomsleikane: Mathias Lote og Julie Kristin Skjerdal deltok for Brodd. Mathias vart nr.8 i spyd,nr.6 i stav,nr.12 på 60m, nr.6 i høgde og tok ein sterk 4.plass i lengde- 1

cm frå pallen! Julie vart nr. 8 på 200m, nr. 5 i tresteg og nr. 11 i lengde. I tillegg

var ho med på Tinestafetten der laget frå Sogn og Fjordane tok ein bronsemedalje. Trekamp Byrkjelo: (60m,lengde,kule) Julie og Susanne Skjerdal tok kvar sin sølvmedalje! UM Sandnes: Arne Osnes Devik tok bronse i slegge og diskos! Landslagssamling Oslo: Hans Sande var i midten av august 4

dagar på landslagssamling saman med dei beste ungdomane og juniorane. Han var einaste frå Sogn og Fjordane som var utteken. NM Junior Brandbu: Evald Osnes Devik greidde sølv i slegge! Sjølv om han stilte for GFIL er han like fullt ein ekte Broddar! Nordisk-Baltisk meisterskap i Finland: Evald Osnes Devik tok

ein flott 4.plass på ny pers : 61,66 meter med seniorslegga! Vektløfting 5-kamp Larvik: Bronsemedalje til Marcus Røed Frøyset ! Vektløfting: Marcus får bronsemedaljen av NVL-president Per Mattingsdalen !


10

Gloptimisten • DESEMBER 2016

Extra er billigst igjen! 015 PÅSKEN 2

16 0 2 R E B PTEM

SE

2015 R E B M E NOV

Nok en gang har VGs matbørs * kåret EXTRA til Norges billigste dagligvarekjede. Vi jobber alltid for å være landets billigste, og nå har vi lykkes igjen. Med minst 1% kjøpeutbytte blir det enda billigere dersom du er medlem. * VG 30.9.16 Coop – litt ditt I Coop får du kjøpeutbytte på alt du handler. Mer informasjon om de ulike fordelene finner du på: Coop.no


11

Gloptimisten • DESEMBER 2016

Ei lita julehelsing

God jul kjære Glopparar! Gloppen er ein fantastisk kommune med sterke idretts- og kulturmiljø. Naturen er eineståande med fjordar, fjell, næringsrike gardar og skogar, og elvar rike på både fisk og energi. Dugnadsengasjementet står også sterkt i kommunen. Folk stiller opp på idretts- og kulturarrangement; næringslivet og privatpersonar er raske til å ta i eit tak for å nyskape og utvikle lokalsamfunnet. Gloppen har eit aktivt næringsliv som er konkurransedyktige både i regional-, nasjonal- og internasjonal samanheng. Skulen er robust, og elevane skårar høgt på nasjonale målingar. Dette saman med ei god helse og omsorgsteneste, lågt sjukefråvær og god kommunal styring, gjer at Gloppen ligg i landstoppen på kommunebarometeret år etter år. Dette skal innbyggarane i Gloppen vere stolt over! Til tross for gode føresetnadar, så har ikkje Glopparane til no slept unna muskel- og skjelettproblem. Gjennom desse tre åra mine med praksis på Sandane har eg kome i kontakt med mange fantastiske folk! Mange har fått hjelp for sine plager, og fått ein betre kvardag. Sjølv likar eg meg godt i Gloppen, og hadde ikkje hatt noko imot å etablere meg i kommunen både med bustad og bygge opp ein større helse- og behandlingsklinikk. Men med familie har det vore ein kabal for å få dagane til å gå opp. Med bustad i Naustdal har det blitt mykje reising og lite sømn dei siste

åra. Det har gått for ein periode, men skal ein bli gamald i dette livet måtte tiltak gjerast. Eg har no avvikla klinikkdrifta både på Sandane og i Naustdal, og starta opp ny klinikk i Førde. Klinikken er å finne i Hafstadvegen 36, 3.etg i Helsehuset ved Spenst Førde. Her er det bygd opp eit Helsehus der ulike helsepersonell er samla under same tak. Her jobbar kiropraktor, fysioterapeutar, radiolog og jordmor (som utfører ultralydsundersøkingar), ernæringsfysiolog, personlege trenarar og massørar. I tillegg er det eit stort treningssenter i same bygget. Huset har også ei avdeling knytt opp til barnevernet, og bedriftshelsetenesta Stamina med sine legar, sjukepleiarar, fysio- og ergoterapeutar. Eg vil bli jobbande mykje på same måten som tidlegare, samt nytte fasilitetane på og utanfor huset der det trengst. Inntil vidare vil eg også bli å finne på det same telefonnummeret som før; 994 88 373. Med berre ein klinikk å forhalde seg til vert eg å treffe der dagleg utanom onsdagar. Avslutningsvis må alle Glopparane eg har kome i kontakt med takkast for ei fin og erfaringsrik tid på Sandane. Skulle de fortsatt trenge hjelp eller råd, er det berre å ta kontakt. Ha ein fortsatt fin og aktiv haust og vinter! Eigil Instebø

Ei lita helsing frå den avdanka løparen som har dei største kriblingane i beina. Kriblingar som må handterast endå litt til. Ikkje det lettaste for ei som fortsatt elskar å springe, men når resultatet snart kjem ( om det ikkje allereie er kome) veit eg at det er vel verd det. Ja, eg er sprekkeferdig til tusan med mitt andre barn. Det er ei stund sidan sist eg skreiv i Gloptimisten, og mykje har skjedd sidan den gong. Min nye heimstad er Lillehammer på andre året og eg kan ikkje sei anna enn at eg stortrivast. Ein akkurat passe stor by, vakker natur som byr på gode trenings og turmoglegheiter og ein trygg plass for barna å vekse opp. I tillegg er det ikkje så langt vekke frå Sandane. Og det har blitt nokre turar dit den siste tida, spesielt etter at eg lanserte boka Spring for livet, om kroppspress i Norsk Idrett ( julegåvetips forresten). Den har gjeve meg fleire foredragsoppdrag hos blant andre Sogn og Fjordane Skikrets, Gloppen Friidrettslag, Bokbad i Førde og foredrag for Senterkvinnene i fylket. Oppdrag eg set enormt pris på, då eg veit kor nødvendig denne jobben er. Samfunnet i dag byr på eit enormt press frå alle kantar. Eg kan ikkje hugse at det var slik då eg vaks opp. Joda, eg ville sjå bra ut på vidaregåande skule med Levis 501 kjøpt på Skinlo, og platåsko, men det var sjeldan snakk om kva mat ein skulle ete, kor mykje

ein hadde trena, kva feittprosenten låg på og kva vekta sa. Vi følgde ikkje bloggarar, sosiale media og faste nettsider. Vi brydde oss heller ikkje om magasina sine framsider om å gå ned så og så mykje etter nyttår. Det ytre presset var rett og slett på eit heilt anna nivå enn det er blitt i dag. Denne auken av ytre press har gjort ungdomen usikre på seg sjølv, og mange utviklar dessverre dårlege sjølvbilete. Derifrå kan vegen være kort til ein alvorleg spiseforstyrrelse. Ein tilstand eg ikkje unner nokon. Juletida for min del har endra seg drastisk etter at eg blei frisk,

og ikkje minst etter at eg har fått min eigen familie. Det å sjå kor ivrige barna er smittar over på oss vaksne. Iallfall kjenner eg den smitteeffekten temmeleg godt, og gler meg nettopp som ein unge, til å la julestemninga fylle huset. Eg håpar alle der heime klarar å senke skuldrane og nyte jula. Det er berre ein gong i året vi får feira denne koselege tida. Det er difor all grunn til å nyte. God jul frå ei som kanskje ligg på fødeavdelinga når dokke gapar over pinnekjøtet. Helsing Kristin Roset

Nordstrandsløpet – jubileum Det etter kvart tradisjonelle Norstrandsløpet med start og mål på Nordfjord Folkehøgskule på Vereide har i 2016 dobbelt jubileum. Løpet vart arrangert fyrste gong i 1986 under namnet Vereide Rundt og dette er såleis 30 år sidan. Løypa gjekk langs bygdevegen i retning Sandane, tok av forbi grendahuset Haugtun ned til riksvegen nede ved fjorden, som den gong var hovudveg, ut til Andenes, svinga innover mot Apalset og vidare bygdevegen innover att

til Folkehøgskulen. Detter var ei løype med ein del harde motbakkar, og då det etter kvart vart klage på dette vart det kome til å legge løpet i ein lettare trase. Valet fall då på å ta bydevegen innover til Hauge, ei lita rundløype der, for så å ta vegen ut att til starten. Dette vart ei ganske flat og lett løype og dermed ei fartsløype. Det fyrste løpet i denne løypa var i 1991 og er såleis 25 år sidan. Med ny trase kom det og opp spørsmål om namneendring på

løpet då løypa ikkje lenger gjekk rundt Vereide. Løpet vart dermed endra til å heite Nordstrandsløpet. Dei fyrste åra var det stort sett lokale løparar som var med. Men etter at løpet kom inn i Nordfjordkarusellen kom og løparar utanfrå med. Denne karusellen har sju løp rundt om i Nordfjord kvart år, med premiering til dei som gjennomfører minst 4 av desse løpa. Nordstrandsløpet har heile tida vore det siste løpet i karusellen og premiering samanlagt vert såleis dermed etter at løpet er fullført.

Når det gjeld deltaking dei seinare år har om lag halvdelen vore elevar frå Folkehøgskulen. Dette kjem i hovudsak av det på skulen no er berre friluftslinjer, og såleis ein godt trena elevflokk. Elevaneset elles sitt preg på løpet med heiarop, vaffelsal m.m. noko som i høgste grad er med på å skape god stemning for løpet. Gjennom desse åra har det vore mange vinnarar når det gjeld bestetid. Det er i den samanheng å nemne at i år var bestemann for fyrste gong frå eit lag frå Ytre

Nordfjord, nemleg frå Almenning IL. Ein kuriositet er at fyrste vinnar i kvar av dei to løypene var same person. Gloptimisten vil med dette gratulere Vereide Rundt og Nordstrandsløpet med 30- og 25 års-jubileum, med ynskje om at løpet framleis vert arrangert med god stemning på Nordfjord Folkehøgskule. Olav Holvik


12

Gloptimisten • DESEMBER 2016

E. E. RØNNEKLEIV 6829 HYEN

Gloppen kommune legg forholda til rette for idretten

Besøk oss på Coop-varehuset på Sandane GLOPPEN AS SANDANE Telefon 57 86 70 10

COOP-VAREHUSET - TLF. 57 86 59 87

OPNINGSTIDER:

Anne Neteland Andenæs Sandane Telefon 57 86 57 97

GLASSMESTERFORRETNING

Måndag-fredag

7.00-23.00

GLASS - VINDUER - DØRER - FASADER

Telefon 57 86 54 22 Mobil 970 34 390

Postboks 103 - 6821 Sandane Tlf. 57 88 43 50 - Fax. 57 88 43 51

Laurdag

8.00-21.00

Arild Sæthre 97 71 69 00

Jon Arne Myklebust 90 06 56 50

Alt i elektriske installasjonar og varmepumper

Velkomen til ein hyggeleg handel!

6823 SANDANE - Tlf. 57 86 61 35 Fax 57 86 62 33 - Mob. 909 82 646 - 957 64 170 post@eveboblikk.no - www.eveboblikk.no

Vaskemaskin!

med poleringsprogram

Hyen Automatstasjon

Sunnere inneklima, ventilasjon, sentralstøvsuger, rensing ­ av ventilasjon Beslag/takrenner Tak og fasadekledning,

Fyll tanken lokalt!

Tlf. Sandane 57 86 55 39 - beststasjon.no

BILUTLEIGE TLF: 57 72 50 80

reingjering Liftutleige, betongsaging/kjerneboring, branntetning

FRYDENBØ BILSENTER STØTTER GLOPPEN FRIIDRETTSLAG Vi har fantastisk støtte i Frydenbø Bilsenter på Sandane. Dei stiller velvilleg opp med køyretøy slik at vi kan kome oss på stemne rundt om i landet. Sist var vi på NM i terreng­løp i Stav­anger, då fekk vi bruke ein flott V60 H ­ ybrid. Trygg og god transport med Volvo. Takk!

VEREIDE BLOMSTER AS

Sandane Blomster - Binderi og Hagesenter

KATTAHAMRANE, SANDANE Telefon 934 12 239 / 414 12 512 www.hageland.no

Veidekke Entreprenør AS Distrikt Sogn og Fjordane Postboks 185 - 6821 Sandane Telefon 57 86 62 55 - Telefax 57 86 59 80

Entreprenørforretning - Ferdigbetong

ADVOKATANE LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL Postboks 138, 6821 SANDANE Telefon: 57 88 44 00 - Telefax: 57 88 44 01 www.gloppenadvokat.no Telefon 57 88 46 60

STØTTAR GFIL


13

Gloptimisten • DESEMBER 2016

Veteransesongen 2016 Innandørs 12.-13. mars arrangerte Ullensaker/Kisa IL veteran-NM innandørs i Nes Arena ved Jessheim. I hallen som blei teken i bruk våren 2015, hadde vi med Dagfinn Nyhammer i kl. 65-69. Han gjekk til topps på 800m med tida 2.37,63. Resultatet 30,74 heldt til sølvmedalje på 200m, medan han med 5.31,47 på 1500m kom på tredjeplass. Terrengstafettane I Holmenkollstafetten stilte vi med eit godt herrelag i klasse +55, og avanserte frå fjerdeplassen i 2015 til andreplass bak Strindheim IL. Vi var påmelde med eit herrelag til Oldestafetten, men skadeproblem gjorde at vi ikkje fekk sjansen til å forsvare gullet. Gullmedaljen kom helga etter for herrelaget til Fjellhug/Vereide i yngste veteranklasse på Breimstafetten. På vinnarlaget sprang Jan Erik Roset, Benny Østerbye Hansen, Lars Otto Alme, Sindre Humberset, Sverre Nesdal Aske og Kenneth Fure. Her er det heilt klart løparar som kunne bidrege med kjærkomne poeng i veteranserien.

Banestemne Med Vikersundbakken i nabolaget blei veteran-NM arrangert på Geithus i Modum kommune 12.-14. august. GFIL stilte med fem utøvarar på Furumo Idrettspark. For første gong deltok Elin Isane (4044) i ein veteranmeisterskap. Det resulterte i gull og ny meisterskapsrekord i diskos med 47,39 meter. Den gamle rekorden på 44,11 tilhøyrde den tidlegare toppkastaren Jorunn Tangen Hole. Nemnast bør også at Borghild Hjelmeset, som no representerer Sigdal Friidrettsklubb, tok andreplassen i klassa med resultatet 29,33. Borghild var ein særs habil diskoskastar i sin ungdom, og har ein pers på nøyaktig 40 meter frå 1994. Vi gleder oss over at Per Kristian Lundby (65-69) tok turen frå England for å konkurrere mot friidrettsveteranane i gamlelandet. Høgdepunktet for han var NM-tittelen i tresteg på det gode resultatet 9,43. Han tok elles sølv i diskos med 32,26, og han kom på femteplass i spyd med 33,70. I same klasse sprang Dagfinn Ny-

hammer både kort og langt, med to gull (400m og 800m), to sølv (100m og 200m) og fjerdeplass på 3000m som fasit. Jørgen M. Holme hadde i år sin første sesong i klasse 85-89 år, og på Geithus tok han sølv både i slegge og i vektkast. Jon R. Hauge (40-44) fekk tre gull (200m, 400m og 800m). Etter fjorårets meisterskap i Hornindal var KM i år tilbake på Byrkjelo 20. og 21. august. Som vanleg var det ikkje den store deltakinga blant seniorane og veteranane, men GFIL var trass alt relativt godt representert i veteranklassene. Merete Helgheim (35-39) sprang 3000m, Else Lundestad Bakkelid (40-44) deltok i diskos, Jon R. Hauge (40-44) sprang 100m og 200m, Jakob Eirik Lothe (60-64) tok turen frå Bergen for å hoppe høgde, Dagfinn Nyhammer (65-69) sprang 200m og 5000m og Jørgen M. Holme (85-89) deltok i slegge. Veteranserien Etter tre strake opprykk er damelaget vårt denne sesongen i toppdivisjonen i veteranserien. Som alltid

GFIL-resultat, veteranserien pr. 12.11.2016

Kvinner, 1.divisjon Løp 1 400m Merete Helgheim 1980 1.09,5 405 Byrkjelo 60m Merete Helgheim 1980 9,6 (0,0) 400 Byrkjelo 100m Merete Helgheim 1980 16,1 (0,0) 307 Byrkjelo Sum 1112 Løp 2 3000m kappg Merete Helgheim 1980 13.39,80 848 Ravnanger 5000m Merete Helgheim 1980 18.50,50 610 Byrkjelo 3000m Merete Helgheim 1980 11.09,49 568 Byrkjelo Sum 2026 Hopp Lengde u.t. Ingunn Elvebakk 1972 2,21 591 Sandane Høgde u.t. Ingunn Elvebakk 1972 1,11 578 Sandane Lengde u.t. Else Lundestad Bakkelid 1976 2,11 504 Sandane Sum 1673 Kast Diskos Elin Isane 1975 49,43 954 Røyken Slegge Else Lundestad Bakkelid 1976 42,64 936 Byrkjelo Diskos Else Lundestad Bakkelid 1976 46,92 897 Fana 3/6 Sum 2787 Valfrie øvingar Vektkast Else Lundestad Bakkelid 1976 13,18 840 Rygg 11/9 Kule Elin Isane 1975 11,50 711 Ravnanger Kule Else Lundestad Bakkelid 1976 11,10 682 Rygg 29/5 Sum 2233 Totalsum: 9 831

30/10 30/10 30/10 29/7 22/9 21/8 27/10 27/10 27/10 17/7 24/6

29/7

Førstelag menn, 1.divisjon Løp 1 400m Jon R. Hauge 1974 54,44 772 Geithus 14/8 200m Jon R. Hauge 1974 24,88 (+0,3) 717 Geithus 13/8 60m Jon R. Hauge 1974 7,7 (0,0) 694 Hyen 14/9 100m Jon R. Hauge 1974 12,30 (+0,9) 693 Hyen 27/7 Sum 2876 Løp 2 1500m Dagfinn Nyhammer 1950 5.31,47 788 Hvam 12/3 800m Jon R. Hauge 1974 2.07,28 779 Geithus 13/8 800m Dagfinn Nyhammer 1950 2.37,63 763 Hvam 13/3 3000m Dagfinn Nyhammer 1950 11.48,07 709 Geithus 12/8 Sum 3039 Hopp Høgde u.t. Per Andenæs 1950 1,35 974 Sandane 27/10 Lengde u.t. Per Andenæs 1950 2,53 830 Sandane 27/10 Tresteg Per Kristian Lundby 1948 9,43 (-0,6) 763 Geithus 14/8 Lengde Per Kristian Lundby 1948 4,15 652 Loughborough, GBR 20/7 Sum 3219 Kast Slegge Jørgen M. Holme 1931 26,61 828 Byrkjelo 20/8 Slegge Jørund Årdal 1953 41,80 754 Byrkjelo 30/10 Vektkast Jørgen M. Holme 1931 9,62 672 Geithus 14/8 Spyd Per Kristian Lundby 1948 33,70 628 Geithus 14/8 Sum 2882 Valfrie øvingar 5000m Dagfinn Nyhammer 1950 20.39,06 682 Byrkjelo 21/8 200m Dagfinn Nyhammer 1950 30,18 (+0,4) 678 Byrkjelo 21/8 1500m Magne Tystad 1945 6.11,4 676 Byrkjelo 30/10 400m Dagfinn Nyhammer 1950 1.08,45 655 Hyen 27/7 Sum 2691 Totalsum: 14 707

har vi mange sterke kastresultat, og i løp 2 leverte Merete Helgheim eit toppresultat på 3000m kappgang. Vi stod lenge utan resultat i løp 1 og i hopp. Derfor er vi takknemlege for at Merete tok utfordringa på strak arm og sprang tre sprintløp på Byrkjelo siste søndagen i oktober. Det ordna seg til slutt også i hopp med tre fine resultat i hopp utan tilløp. Sjølv om det er ein del år sidan Ingunn Elvebakk var aktiv høgdehoppar med 1,71 som bestenotering, er spensten framleis god. 2,21 i lengde u.t. og 1,11 i høgde u.t. lèt seg absolutt høyre. Kanskje kan dette inspirere til å prøve seg også i hopp utandørs neste år? I tillegg hoppa Else Lundestad Bakkelid 2,11 i lengde u.t., og dermed hadde vi fått dei 15 resultata ein skal ha i 1.divisjon. Totalsummen er 9.831 poeng, eit resultat som hadde halde til bronseplass i 2015. Som før nemnt varer veteranserien no ut året, så vi veit ikkje sluttstillinga for årets serie på ei god stund enno. Uansett kan vi gratulere damene våre med ein sterk debut på øvste nivå!

I år som i fjor har Per Andenæs det suverent sterkaste enkeltresultatet på førstelaget til herrane. 1,35 i høgde u.t. for andre året på rad er det nest beste resultatet i kl. 65-69 i landet gjennom tidene. Dersom han legg inn litt spesialtrening på øvinga, er klasserekorden på 1,41 innan rekkevidde. Det førebelse resultatet for førstelaget er rundt 500 poeng lågare enn i fjor. Kanskje får vi nokre kastresultat til før vi set sluttstrek for årets veteransesong. I så fall kan vi sannsynlegvis plusse nokre hundre poeng på totalsummen. På herrane sitt andrelag hadde vi lenge så få resultat at det såg dårleg ut med tanke på å halde plassen i tredjedivisjon. Då tok Jakob Eirik Lothe ansvar og stilte opp i fire sprint- og hoppøvingar han vanlegvis ikkje konkurrerer i. Dermed har vi ein totalsum som bør vere god nok til at vi bergar plassen i divisjonen med god margin. Jon R. Hauge

Andrelag menn, 3.divisjon Løp 1 100m Magnar Holvik 1952 16,11 (+0,9) 377 Hyen 27/7 60m Jakob Eirik Lothe 1953 10,4 (0,0) 324 Byrkjelo 100m Jakob Eirik Lothe 1953 17,6 (0,0) 183 Arna 19/10 Sum 884 Løp 2 Sum 0 Hopp Lengde u.t. Jakob Eirik Lothe 1953 2,15 484 Sandane Høgde Jakob Eirik Lothe 1953 1,20 434 Byrkjelo Høgde u.t. Jakob Eirik Lothe 1953 1,00 384 Sandane Sum 1302 Kast Kule Olav Marius Aa 1976 10,09 560 Hyen 27/7 Diskos Jakob Eirik Lothe 1953 31,98 543 Skansemyren Kule Øyvind Heimset Larsen 1974 9,65 530 Hyen 27/7 Sum 1633 Valfrie øvingar Kule Jakob Eirik Lothe 1953 8,37 512 Skansemyren Diskos Øyvind Heimset Larsen 1974 29,00 503 Hyen 27/7 Sum 1015 Totalsum: 4 834

30/10

27/10 21/8 27/10

13/9

21/6


Masse NYTT til til oppussing 14 Kulørkupp vårpussen! Tidligere butikknavn har nå blitt Kulør Butikknavn

Gloptimisten • DESEMBER 2016

- Kulør er Norges nye farge - og interiørkjede med over 80 butikker og 200 male- og håndverksbedrifter.

Vår lidenskap for tall vil gi deg bedre resultater. Vis oss din lidenskap - få endre bedre resultater! PRODUKTNAVN

Blankett v/15

Laoreet duis feugiat eum sit facilisis tincidunt diam ex ullamcorper nulla in veniam Nordsjø maling - Tarkett sed sciurus, vel in eum qui odio duis tation euismod et. Exercigolvbelegg nulla in iriure. 3 LITER SPANN Borge tapet

348,-Royal Bindoplast 7 solskjerming 198,2,5 LITERSPANN ALLE FARGAR

PRIS

Sørstrandsvegen 6 6823 Sandane Tlf: 57 86 86 00 Accountor.no

000,-

Nye. flotte flisar

Eid Fargehandel Kulør Butikknavn

2,5 LITERSPANN ALLE FARGAR

3 LITER SPANN ALLE FARGER

Trebo-Hus a.s

Sandane Eidsgata 36, Nordfjordeid | Sted | Tlf: XX XX XX XX | Fax: XX 86 XX XX tlf. 57 80 XX 60 tlf.Gateadresse 57 86 05 68 www.kulør.no fax57 57 86 86 80 80 61, 61 www.trebohus.no fax 57 86 136823 11 Sandane - tlf. 57 86 80 60,fax

• Entreprenør • Fargehandel • Ovnar • Byggevarer • Kjøkken, bad og garderobe • Lampar og gardiner

Vi har det du treng til fornying av huset inne og ute! Velkomen innom butikken vår i Jarbrugda!

Vi støttar lag som glimtar av gull!

Sandane Gullsmedforretning 6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 55

SOGN OG FJORDANE REED - BYRKJELO

Breim Servicesenter Byrkjelo

® by Strukturplast

Tel: +47 57 86 85 92 Fax: +47 57 86 52 72 www.bdo.no

VELKOMEN TIL GOD HANDEL

LØPSTRENING PÅ HANDBALLDEKKET I TRIVSELSHALLEN Enkelte har kanskje lurt på kvifor vaksenfriidretten har løpstrening på handballdekket torsdagane. Då er hallen delt på langs i 30 min. Vi skulle gjerne hatt meir halltid på handballdekket, noko vi vil arbeide for neste sesong. Dette er slik fordi at løpebana på friidrettsdelen er av ein slik kvalitet at vi frårår utøvarar å trene mengde på dette underlaget. Vi såg ganske fort vinteren 2012 at bana var så hard at løparane pådrog seg belastningsskader. Dette har vore påpeika i lang tid og vi har håp om at det vert gjort tiltak som vil løyse problemet. I mellomtida trenar vi hurtighetstrening på handballdekket. Dette er eit topp konkurransedekke til handball og andre ballspel som stettar alle krav. Verre med løpebana. GFIL har som midlertidig løysing lagt fram forslag om å legge ei bane på 60m med nålefilt slik at ein får nytta løpebana. Der var ikkje pengar til dette.

Ny meisterskapsrekord

Vincent sette ny mesterskapsrekord under årets JrNM. Det gjekk alle hus forbi, også arrangøren, at Vincent Sondre Førde(U20) sette ny mesterskapsrekord på 3000m hinder under årets JrNM på Brandbu. Med tida 9,20,31 min sletta han Thomas Jefferson Byrkjeland sin rekord frå Byrkjelo i 2015 pålydande 9.20.70 min. GFIL gratulerer med mesterskapsrekord og ynskjer lukke til vidare i treningsarbeidet.

Tel: +47 57 86 85 92 BDO Tel: +47 57 86 85 92BDO Fax: +47 57 86 52 72 Nordstrandvegen 13 Fax: +47 57 86 52 72Nordstrandvegen 13 P.O. Box 53 www.bdo.no P.O. Box 53 www.bdo.no 6821 Sandane 6821 Sandane NO-989 127 098 MVA NO-989 127 098 MVA BDO Nordstrandvegen 13 P.O. Box 53 6821 Sandane NO-989 127 098 MVA

driv framleis butikken sin i Gotavegen.

Vi støttar Friidretten i Gloppen

AB Nordstrandsvegen 10, 6823 Sandane Tlf. 57 88 44 10  eikenes@libris.no www.libris.no/eikenes

Mardal Rør A/S 6823 Sandane tlf. 57 86 57 91 - Fax. 57 86 54 20

P

deservic eA Byg

Tlf. 96 22 33 66

S

n til butikk ane!

Velkomen til oss!


15

Gloptimisten • DESEMBER 2016

Christina og Arne Jostein Gimmestad Telefon 57 86 78 73

VI STØTTAR IDRETTEN I GLOPPEN

Vi hjelper deg også med:

Ditt byrå i bygda

- Gravstein - Oppussing og tilføying av namn

RISTORANTE

Firda Elektro AS Nordstrandsvegen 17. 6823 Sandane

Aut. Elektro og Teleinstallatør Butikk, Elektro - Tele - Kvitevarer - Lamper Eigen Kvitevareverkstad

MONA LISA pizzeria

Alle rettigheter Alle rettigheter. God og billig mat. God og billig mat Tar imot selskap selskap. Tar imot Ope til 23 kvar dag Fleirefrå nye,12 velsmakande rettar Velkomen vår restaurant. Ope frå til 12 til 23 kvar dag Velkomen til vår restaurant Sandane tlf. 57 86 66 23 Grandavegen 1, 6823 Sandane, tlf. 57 86 66 23

S. J. Vereide Bakeri Tlf. 57 86 67 10

Idrett gjev glede og overskot i kvardagen

Ser du godt nok? Bestill time no! 57 86 52 66

TELEFON 57 86 58 60 Sandane Senter - 6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 66


KRYSSORDET VASSRETT 1 Europeisk hovudstad 5 -t Dyktigheit, kompetanse (omv.) 11 Annonsør i dette nr. 14 Månefase 15 Skipslast (omv.) 18 Dessert 20 Rolf Sand 22 Nr 12-5-5-22-11 i alfabetet 23 Omvendt ende 25 Finsk øygruppe 27 Norsk gutenamn 29 Norsk slagstad 31 J- Hovudpersonen i evangelia 33 E-k Full av innsats 34 Bøling 35 Lang periode 36 Drikk 37 Omvendt utropsord 38 Anonym 39 Strikketøy 41 3 like konsonantar 44 Gi din innsats ! 45 Gripe 47 Trist utropsord 48 Annonsør i dette nummer 50 Papir 52 Øybuar 53 Like vokalar 55 Annonsør i dette nummer 56 For eksempel på nynorsk (fork.) 57 Me

LODDRETT 2 Elv i Sibir 3 Dei spelar opp til dans 4 Går det -- ? 5 N- Roer 6 Tor Rud 7 Dobbel 9 i alfabetet 8 Apri- Sola mellom mars og mai 9 Førebudd på forsvar (bokmål) 10 Fugl som lagar lyd 12 Ukjent 13 Fun- Arrangørflokk. 16 1. Mosebok (Skapinga) 17 Preposisjon 19 Uttalte 21 Plante 24 Tilhøyrer Storbritannia 26 Far til Rakel og Lea 28 Skrattar 30 Tidlegare storskyttar frå Balestrand 32 Omvendt smerterop 38 Tidlegare parti 40 Liv på ei øy 42 Utsyn 43 Art, slag 46 Papegøye 48 Høgste siffer 49 Preposisjon 51 Dobbel nr. 11 54 Fordobla preposisjon

Løysing til GFIL, Boks 120, 6821 Sandane .

Siste kryssordvinnarar: Johanna Holme, Hyen – Oddrun Instefjord, Sandane

FRIST: 1.februar 2017

! N E T S I M GLOPTI 249,-

NIKE PRO COOL T-SKJORTE TIL JR. Elastisk og tett passform.

749,PR.

DEL

FRA

399,-

NIKE DRI-FIT CONTOUR T-SKJORTE TIL DAME T-skjorte med god passform.

CASALL FOAM ROLL

299,-

249,- 1149,-

NIKE DF COOL/TRAINING T-SKJORTE TIL JUNIOR

NIKE AIR ZOOM PEGASUS 33 LØPESKO TIL DAME OG HERRE

, 9 9 3 1 , 449 FRA

NIKE NK DRY CONTR TOP T-SKJORTE TIL HERRE

NIKE AIR ZOOM VOMERO 11 LØPESKO TIL DAME OG HERRE

KARI TRAA ROSE ULLUNDERTØY

Den føles myk mot huden, puster godt og er naturlig lukthemmende.

SANDANE

Tlf. 57 88 46 00 Opningstider: man- fre 9-18 laur 9-15

Gloptimist desember 2016  
Gloptimist desember 2016  
Advertisement