__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

Ã…RSMELDING 2016

1


ÅRSMØTE GLOPPEN FRIIDRETTSLAG I SFE-KANTINA MANDAG 13 MARS 2017 kl. 1930

SAKLISTE 1

OPNING v/Nils Ove Roset

2

KONSTITUERING - Val av møteleiar, referent og to til å signere møteboka

3

ÅRSMELDING 2016

4

MEDLEMSPENGAR 2017 – 500-250 aktiv /150 støttemedlem

5

REKNESKAP 2016 v/Else Løkke

6

BUDSJETT 2017 v/Else Løkke

7

VAL

8.

AVSLUTNING

Trude med Gull i Døve-VM og Bronse i Hovud-NM

2


Treningsleir i Portugal våren 2016 I. Styre / administrasjon / organisasjon Leiar Økonomi-leiar Sportsleg leiar Styremedlem Styremedlem Styremedlem Styremedlem 1. varamedlem 2. varamedlem Økonomigruppe:

Nils-Ove Roset Else Løkke Jørund Årdal Ole Bent Søreide Ragnar Eimhjellen Jon R. Hauge Else Lundestad Ole Morten Mardal Jan Otto Aae Gunnar Hole og Ole Bent Søreide (frå okt. 2013)

Rekneskapstenester har vore kjøpt gjennom Lillian Støyva, Byrkjelo Valnemnd 2016; Leiar Bjørn Petter Rygg, Reidar Moldestad, Jon Ravnestad Revisorar Ragnhild Helgheim og Sissel Eide Reed Representasjon / verv Merete Helgheim, styremedlem i SFFIK Trenarforeininga sitt seminar på NIH : Jørund Årdal Jørund Årdal , medlem i statistikk og rekordutvalet i SFFIK Dagfinn Nyhammer leiar i dommarutvalet i SSFIK Birger Berge, medlem i dommarutvalet i SFFIK Birgith Hjelle Roset, medlem i dommarutvalet i SSFIK Ragnar Eimhjellen, fungerande leiar i Gloppen Idrettsråd fram til hausten 2016. Kompetansehelg i Stavanger – Dagfinn Nyhammer. Friidrettens trenerforeining – Jørund Årdal, styremedlem 3


Her flaug 6 kg slegga heile 70,83m og Ny U20 krinsrekord for Jr. i Sogn og Fjordane.

Olden og Breim-stafetten – viktig massemønstring! 4


Kontaktpersonar i friidrettsgruppene i moderlaga IL Brodd Liv Randi Teige STIL Olav Fuglestrand og Cathrine Evensen Mardal Fj.V Dagfinn Nyhammer Hyen IL Ola Henning Ommedal og Torbjørn Holme BBIL Reidar Moldestad

MØTEVERKSEMD ARBEID I STYRET Arbeidsfordelinga har helde fram som førre år. Jørund den sportslege delen, Else økonomi og Nils Ove administrativt. Vi har hatt 4 styremøter og 1 moderlagsmøte og handsama 48 protokollførte saker. I tillegg er mange saker løyste over telefon. Vi har også hatt viktige møter med STIL og Firda vg. skule om idrettsplassen på Sandane. Økonomigruppa har hatt fleire møter i høve arbeidet med fornying av avtaler og nye avtaler. GFIL har møtt i Idrettskrinsen sitt fora «Gode i hop». Prosjektet har stranda grunna mangel på finansiering. Firda Vgs og Gfil har også hatt eitt møte som resulterte i ein felles uttale omkring tilhøva i Trivselshallen. Brevet er vedlagt lenger ute i årsmeldinga. Birgith Hjelle Roset har hatt ansvar for drifta av den nye nettsida og alt samarbeidet med Idrettenonline. Ei teknisk løysing vi er nøgde med. Dag Fosstvedt har også dette året redaktør i Gloptimisten . Jon R Hauge og Dagfinn Nyhammer har vore lagets stafettoppmenn. Jon R Hauge har også fungert som veteranansvarleg. GFIL styret vil framheve Dagfinn Nyhammer, Jon Ravnestad, Magne Devik, Torbjørn Holme Gunnar Hole, Ola Bergheim, Reidar Moldestad og Knut Lunde som svært viktige personar utanfor styret.

5


Bildet er frå sponsortreffet på Gloppen Hotell siste helga i april 2016

Våre fremste juniorar med Norge på brystet på Island og i Finland

6


SAMORDNING AV TRENING / TRENING /ANLEGG Rygg skule er treningsarena for våre beste kastarar og løparar på det meste som gjeld styrke. Loggane kastarena er flittig brukt heile sesongen. Sandane stadion/Idrettsplassen er ikkje opp gradert til bruk for vaksne utøvarar. I denne samanheng har GFIL/STIL/Firda vgs laga ein presentasjon som er lagt fram for dei som skal utvikle sentrum i kommunen. Alle GFIL treningar har vore på Byrkjelo og Loggane. Langdistanseløparane brukar Bukta, Veslevatnet og Eidsmona mest til sine lange økter. Vi har og nytta Arnestadnakken og Svinestranda til enkelte lengre turar. Gloppetrimløypa er etter kvart blitt ei viktig testløype for våre beste som springe lengre . Viktig å nytte dei fine løypene vi har. Rygg skule er svært viktig for oss. Vi trenar styrke når vi vil og så lenge vi vil. No har vi permanent lokale og har innreidd oss godt. Vi overtok eit litt større rom i gamleskulen som er innreidd på ein super måte. Tre plattingar er på plass og ryggapparat er innkjøpt. Takk til Brodd v/Jon og Magne som har lagt ned stor innsats for at utøvarane skal ha gode vilkår. No er også Loggane som kastarena i ferd med å få ei fornying. Det blir eit topp anlegg med to bur og endra kastretning. Vi gleda oss til dette. Alt blir både betre og tryggare.

Prosjekt – opprusting av Idrettsplassen

7


Prosjektskisse utarbeidd av initiativtakarane: Gloppen Friidrettslag, Stil friidrett, Stil fotball, Firda vidaregåande skule. Ført i pennen av Magne Larsen, STIL/Firda vgs Bakgrunn for initiativet: Ei opprusting av Idrettsplassen er nødvendig på bakgrunn av: - Friidretten har eit stort behov for ein betre treningsarena. Løpebana er berre muleg å bruke eit par tørre veker på sommartid. Grunnforholda gjer bana så sleip og glatt at det ikkje er forsvarleg å nytte bana til løpstrening i store delar av året. Dette blir bekrefta frå teknisk konsulent frå Norges Friidrettsforbund. - Stil fotball har ei stor auke i aktivitetsnivå og har behov for større banekapasitet, både til trening og kampar. Dagens grasbane tåler lite regn, og bana er ikkje tilgjengeleg for bruk i tilstrekkeleg grad, spesielt ikkje i skuldersesongane. Utan flaumlys kan ein heller ikkje nytte anlegget til å gjennomføre terminfesta kampar seint på hausten. - Banekapasiteten er allereie i ferd med å sprengast allereie, og det er gjort vedtak om bygging på treningsfeltet Faleideflata. Dette fører til eit stort behov for auka banekapasitet. - Grasbana, slik han ligg nå, dekker ikkje skulane sitt behov for aktivitetsområde utandørs. I tillegg ser ein at bana ikkje toler belastninga med bruk i skuletida og på kveldstid. Brukargruppene bak dette initiativet meiner det er behov for opp gradering av Idrettsplassen med kunstdekke og kunstgras med undervarme for å støtte brukaranes behov framover. Friidretten har opparbeida eit godt treningssenter for kastøvingar på Loggane. Dette opnar for ei heilårsløysing med kunstgras på Idrettsplassen som vil gje eit fullgodt treningsanlegg for friidretten, og ein optimal kamp- og treningsarena for fotballen, samt eit godt alternativ som utearena for dei tre skulane som ligg nær stadion. Prosjektbeskriving: Initiativtakarane har oppretta ei prosjektgruppe som har sett på dei ulike brukargruppene sine behov, og ut i frå dette utarbeida ei skisse for opprusting av Idrettsplassen. I korte trekk kan vi oppsummere dette slik: - Heving av anlegget. Ut i frå grunnforholda rundt anlegget ser ein at det vil vere behov for å heve heile anlegget. - Sikring av elveløpet. Det vil vere naturleg å sjå oppgraderinga av stadion i samband med sikring av elveleiet som går langs stadion. Her er eit arbeid starta frå museet og ned til brua rett over stadion. - Gangveg frå sentrum langs elveleiet og stadion opp til Trivselshagen og museumsområdet bør ein sjå på i samband med sikringsarbeidet. - Kunstdekke på løpebane og halvmåne. 3 løpebanar i sving og langside langs elva, 5 banar på langsida mot vegen. 8


-

Kunstgras på «fotballflata» Undervarme på heile anlegget som vil sikre heilårsbruk. Her må ein greie ut aktuelle alternativ. Lyssetting av anlegget for heilårsbruk Naturleg grunnlag for tribuneløysing

Ut ifrå dette vert friidrettsdelen definert som eit treningsanlegg, med konkurranseanlegg på Byrkjelo. Det er starta eit utgreiingsarbeid med tanke på budsjettering i samband med dei ulike delane av anlegget. Det må og gjerast eit grundig utgreiingsarbeid med tanke på anleggstekniske utfordringar der fagfolk på området må inkluderast.

Notat vedrørande idrettsplassen på Sandane: «Kommuneanlegg. Grusbane for friidrett. 400m rundbane, 6 løpebaner. Byggeår: 1958. Undertegnede har blitt anmodet om å skrive et notat ut fra et lokalt ønske om å utvikle dette idrettsanlegget. Behovet kommer ut fra at videregående skole har idrettsfag og bruk for lokal friidrett. Undertegnede har ikke vært på anlegget og jeg uttaler meg ut fra tilsendte bilder og skriftlige karakteriseringer. Jeg har forstått det slik at banen er belagt med rødstubb. Bildene underbygger at dette er rødstubb og ikke rød grus. Rødstubb er opprinnelig laget av gruveslagg fra gruvene i Bergslagen i Sverige. Det kan muligens også være andre kilder. Rødstubb har mange av de samme karakteristika som alunskifer, og blir over tid ved belastning knust til en fin masse, hvilket stemmer godt med de regnværsbildene som her vist. Dreneringen vil over tid bli tettet i overflaten og skaper overvann ved regn og dekket vil bli glatt. Når dette tørker vil banedekket bli meget hardt. Dette passer godt sammen med beskrivelsene som blir gitt av banedekket på Sandane. Det er mye som tyder på at dette dekket nå bør skiftes ut, f.eks med et kunststoffdekke for friidrett av samme type som det som ligger på Byrkjelo. Dette dekket egner seg godt også på mindre flater enn på Byrkjelo. Det må til en masseutskiftning – rødstubben må bort – og det må gjøres tiltak for å få grunnen frostfri før et friidrettsdekke legges. Dreneringen bør vurderes 9


grundig og hvordan man skal få vannet bort. Friidrettsdekket er selvdrenerende og krever ikke vannrenner, men dreneringen under må ta seg av å føre vannet bort. Jeg har fått informasjon om at det er mye trær og vekster rundt banen. Her bør man rydde ganske grundig og i alle fall slik at det blir minimalt løvnedfall eller annet nedfall fra vegetasjonen rundt ned på banedekket. Slikt nedfall vil øke behov for vedlikehold og bidra til å tette dekket på sikt. Videre får vi vite at tilløpene i lengde og tresteg er dårlige med en ujevn matte liggende i tilløpet og at nordre sektor er uegnet til høyde grunnet underlag bl.a i asfalt. Disse områdene bør inngå i en oppgradering og få samme banedekke som løpebanen. Så vidt skjønner så er også mye av utstyret, f.eks hekker, også utdatert og lite brukelig. Vi vil anbefale at man anvender det standard konkurransegrunnlag for friidrettsdekker som kan lastes ned fra nettsidene til Kulturdepartementets nettsider. Vi står gjerne til rådighet med råd og tips til den som vil stå for utbyggingen. Med vennlig hilsen Norges Friidrettsforbund

Ole Petter Sandvig Teknisk konsulent»

STATISTIKKFØRING Jørund Årdal har ført statistikk for Gfil. INFORMASJONSABEID / PR Jørund Årdal har vore i hovedsak laget sin PR mann på det sportslege. FOREDRAG UTANFOR GLOPPEN Sogn og Fjordane sitt fagseminar 8 april i Florø. Ole Morten og Jørund held foredrag om Gfil sine suksessfaktorar. Jørund har også helde foredrag på Trenarseminaret hausten 2016 om emnet styrketrening.

10


www.gloppenfil.no er laget si webadresse. På Facebook finn du mykje godt nytt under Gloppen Friidrett.

Nya Ullevi 2016 -Vincent på veg mot ny U20 krinsrekord på 3000mh

GLOPTIMISTEN Gloptimisten har vi greidd å utgje tre gonger som planlagt i 2016. Dag Fosstvedt har vore redaktør med god hjelp av moderlaga sine skribentar. De finn også avisa på nettsida. No veit vi at der er muligheiter for å auke annonseprisane, men vi har valt å halde prisane på same nivå. Dag har sagt frå seg redaktøransvaret. Han har ansvar for komande nr som kjem ut like før påske 2017. Det har vore så flott å ha Dag i denne jobben. Han har gjort det med entusiasme og glede.

MEDLEMER Aktive : Støttemedlemer:

100(2016) 144(2016)

11


Jr.-NM på Brandbu- Robert(debutant) og Ingrid stod for gode prestasjonar på hhv kort og langsprinten

Jr.- Nm troppa – samla gjeng leiarar/aktive/ støtteapparat.

MIDDAGS SERVERING TIL TOPPIDRETTELEVANE-FRIIDRETT PÅ GLOPPEN HOTELL Hausten 2013 starta Gfil med middagsservering torsdagane til våre friidrettsutøvarar på Firda med Toppidrett. Dette var så godt motteke at vi har helde fram i 2015 og 5 gonger i desember 2016. Gfil spanderer middag frå Gloppen Hotell (kraftig sponsa frå hotellet) fire torsdagar før jul 2016. Trivsel og helse i fokus. Dessverre har vi ikkje hatt økonomi til å fortsette ordninga utover vinteren 2017, men vi ynskjer kanskje å gje eit tilbod siste månaden før avreise til Portugal .

12


God stemning under middag pü hotellet før jul 2016

Jr.-Nm Brandbu- Diskosgull og Hindergull !!!

Lisa klar for sitt andre Jr.-NM

13


Det er ei glede å fortelle at Gloppen FIL, saman med 9 andre er valgt ut til Norges Friidrettsforbunds Satsingsklubb 2016 Årets satsingsklubber er: Sørild FIK Hvam IL friidrett Os Turnforening friidrett IL Skjalg IL Gneist Steinkjer Friidrett Høybråten og Stovner IL Ullensaker/Kisa IL friidrett Løten Friidrett Gloppen Friidrettslag Hovudvinklinga for GFIL sin søknad var deltaking i Idrettskrinsen sitt prosjekt Framtidas Idrett spesielt retta mot aldersgruppa 16-19 år Dei overordna måla i ein 3-årig prosjektperiode er: Lage strukturar som sikrar kontinuitet og eit varig kompetanse- og utviklingsfokus i idretten i S/Fj. Gjennomføre eit kompetanseløft for idretten i S/Fj. ved tverridrettsleg, tverrfagleg og tverrsektorielt samspel overfor målgruppa trenarar og leiarar for unge utøvarar Etablere og prøve ut ein modell for fellesidrettsleg kraftsenter, i definert lokalmiljø med vgs. m/idrettsfag, som sikrar gode utviklingsvilkår for unge utøvarar. Gode i hop er slagordet i satsingsprosjektet til SFIK. Struktur: oppbygging; samanhengar, organisering, faste samarbeidslinjer .Idretten i samspel med m.a. Olympia-toppen – OLT Vest, Høgskulen i Sogn og Fjordane og fylkeskommunen. " 14


Modellen for fellesidrettsleg kraftsenter skal (siste punkt ovanfor) vere i Gloppen, mellom anna basert på det arbeidet GFIL har drive og driv på dette området i fleire år. Vi har konkrete planer for felles samlingar og fellestreningar på tvers av idrettane i Gloppen. Vidare skal dette nyttast til å ha det same på fylkesplan etter mal frå OLT. Ein aldeles super søknad ført i pennen av Ola Bergheim !

Desse løparane var klare for Jr.-Nm 2016. Dessverre vart Jon Rolf og Matias (Jølster) sjuke og kunne ikkje stille.

Jr.-NM Brandbu – Sleggegull og sleggesølv, under er våre U20 sleggegutar samla.

15


JR LANDSLAGET I SLEGGE PÅ PLASS I GLOPPEN 29 APRIL TIL 1 MAI 2016

Ei flott helg i mai der landets beste juniorar i slegge og diskos møttest i Gloppen til samling. Gledeleg at NFIF finn vegen til Vestlandet, og det er varsla at det blir ny samling i mai 2017. Vi håpar at IL Brodd får lagt på topplaget på stadion slik at sektor er klar til lange kast første helga i mai. Det var god bevertning som vanleg på Gloppen Hotell, flott og viktig med gode samarbeidspartnarar. Våre unge kastarar fekk også nokre økter innimellom – kjekt å sjå på dei beste og lære. God vidareføring av erfaring og kunnskap.

16


Elitestevne på Bislett – flott bukett med gode glopparar – ekte «Gloptimistar»

SAMLING I GLOPPEN LAURDAG DEN 22 OKTOBER 2016 Ein flott dag med to økter, lunsj på Gloppen hotell og middag i stilstova om kvelden. Oksegryte med tilbehør levert av Gloppen hotell, kaker til dessert frå våre flinke foreldre! Viktig med det sosiale som gjer friidretten meir attraktiv.

17


SAMLING I GLOPPEN SKILDRA AV EIN TRENAR FRÅ LAKSEVÅG BYFOLK PÅ TUR ! Skrevet av Harald Heier. I gamle dager reiste byfolket til landet I båter. Fjordabåtene gikk lørdag ettermiddag fra byen fullastet med ivrige byfolk. I dag er det moderne tider og nå er det bilene som blir stappet fulle av unger og bagasje. Det å komme seg ut av byen en fredag ettermiddag er ikke lett. Nå er det sjåførene som kappkjører på motorveien for å komme først inn i tunnelene. Her spares det ikke på hverken bilgummi eller bensin. Klarer man å knipe inn en bil eller to er lykken gjort ! Når fergekaien skimtes går adrenalinnivået merkbart ned. Vi rakk det ! Men FSF logoen er vekke, det samme med de trauste matrosene som hadde krysset fjorden utallige ganger i all slags vær. Nå var det en merkelig elektrisk plattform som hilste de besøkende velkommen og instruerte om nødrutiner. Ikke betryggende ! Hva hvis dette gikk tomt for strøm ? og andre unevnelige spørsmål ! Vel over på landsiden i fjordfylket, var det klart for å teste gasspedalen igjen, trodde vi. Motorveien lå rett og fin og bare innbød til å prøve kapasiteten. Nei, nå var det midt i kveldsstellet og bøndene hadde okkupert landeveien og lå i både 10 og 20km under fartsgrensen. Energien ble brukt på å forbanne bønder, Opseth’en, Senterpartiet, EU og alle andre vi kunne komme på. Frustrasjonen fikk utløp hver gang en av de lokale svingte av veien og vi kunne hytte med neven mot de og slippe gasspedalene løs igjen. Denne gangen hadde vi leid et hus rett ved siden av Loggane. Vel fremme var det bare å komme i treningstøyet, for nå skulle svetten frem. Fra oss stilte noen kastere og flest løpere. Kasterne hadde kort vei til banen og var først klare. Nå skulle fremgangen testes og nye oppgaver fordeles. Treneren fulgte storøyd med mens Jørund instruerte og kommenterte «haldning» og «sterk posisjon» og andre fremmedord. Her var det nye ord og utrykk å lære ! Ble teorien for sterk, gikk ikke Jørund av veien selv for å dra en rotasjon eller to ! Løperne fikk en tøff økt med Lensmannen som kommanderte og utøverne løp runde etter runde med innlagte styrkeøvelser. Her hadde Lensmannen endelig noen som hørte på han og oppmuntringene og forbannelsene runget mellom trærne. Vel tilbake i huset var det tid for dusjing og kveldstell. Håret skulle pyntes og kremene påføres ansikt og hår. Og ryktene gikk allerede fredagskvelden om byjentene som hadde invadert bygden. Det gikk ikke lang tid før de lokale odelsguttene inntok tunet med traktorene og ruste motorene så naboene ble forstyrret under "Detektimen"...eller hva det nå heter ! Men guttene tok ansvar og viste frem «biceps’ene» slik at natteroen kunne senke seg over nabolaget. Det ble noen timers søvn før frokost lørdag morgen. Timeplanen var stram og før solen var kommet opp, var løperne klare til bakkeløp. De samlet seg ved løen, før alle la i vei med oppvarming og uttøying deretter. Bakkene ble forsert i et imponerende tempo og en etter en av løperne måtte gi opp. Kun de færreste klarte alle 15 løpene. Lensmannen og Reidar styrte troppene med myndige kommandoer. 18


Lunchbordet på Gloppen hotell var innbydende og kroppene ble fylt opp igjen med mye god mat. En liten hvilepause i huset gjorde godt før neste økt skulle begynne. Fedrene syntes det ble for lite trening og tjuvstartet med en 3 timers tur til Ryssdalshornet før ettermiddagsøkten. Kasterne innfant seg i klasserommet på gamleskolen hvor Jørund underviste i elementære løft og ga seg ikke før alle vektskivene lå trygt plassert på nakken ! Ryggen måtte brukes og når Jørund spurte om han presset de for hardt, svarte han selv med en gang at dette måtte de tåle. Den flotte innendørshallen ble benyttet til resten av siste økt på Lørdag. Sprintløp først, så en hard basisøkt med Nils Ove. Noen hadde vært med på dette tidligere, de andre hadde kun hørt rykter. Ryktene stemte, etter en halvtimes runddans på mattene, skvulpet melkesyren fritt rundt i rommet og mattene måtte vris godt før de kunne legges på plass. Jentene var, ikke uventet, sist ut av dusjen. Kroppen skulle stelles, for nå skulle man ta seg fin ut. Middag i finstova i klubbhuset, er uvant kost for byfolket. Men jammen smakte bondekosten særdeles godt. Kjempehyggelig å bli servert god mat i trivelige omgivelser. Gratulasjoner til Thomas Mardal med en svært velfortjent utmerkelse ! Festen fortsatte i huset, byjentene / guttene la ikke noe imellom ! Naboklagene strømmet inn og de voksne måtte rømme huset for å få fred. Kvelden ble tilbrakt gatelangs. Lensmannen tok seg av naboklagene ! Søndag morgen tok jentene ansvar og serverte pannekaker til frokost. Musklene måtte fylles opp en siste gang før Lensmannen sendte de ut på en siste økt. Her skulle det ikke være overskudd igjen, bakkene måtte forseres i stort tempo. Håkon skulle delta på «Loggane Open» og fikk sine instrukser fra de andre om hvordan han skulle lade opp. Kravet til Junior-NM måtte overskrides og gode råd ble benyttet. En liter ublandet solbærsaft fra lokalfylket på styrten, ville sette fart i kroppen. Etter en stund ble urinen testet og da den tjukk og rød svidde hull i begeret, fikk han klar beskjed. Knip igjen og la kruttet være vått ! Det bar rett på banen og oppvarmingen ble droppet. Ikke noen unødig sløsing med overflødige kast. Oppskriften var vellykket, Håkon klarte kravet og perset med 3 meter ! Byfolket lengtet hjem og bilene ble nok en gang fylt opp. Landlivet fristet ikke lenger, nå måtte vi kjenne lukten av eksos. Jørund og Lensmannen fikk jobben med å rydde i huset og brukte både kvelden og neste dag på å ordne opp. Nok en helg i Sandane var tilbakelagt. For oss er det hyggelig å komme til Gloppen og oppleve et ekte idrettsmiljø. Vi setter stor pris på samarbeidet og håper vi kan komme på besøk flere ganger. Lykke til med treningen til neste sesong !

19


Bakkespenst under leiing av Harald Heier

FURORESTIPENT TIL THOMAS MARDAL – UTDELT UNDER MILJØSAMLINGA STIPEND: Thomas Mardal (19) frå Gloppen fekk 50.000 kroner i stipend frå Furorestipendet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Nils Ove Roset, leiar i Gloppen friidrettslag, delte ut prisen laurdag under middagen på treningssamlinga i Gloppen. Thomas Mardal frå Gloppen er kort og greitt ein av landets mest spanande kastarar.

Foto:O.M.Mardal

20


Sandane: Laurdag fekk friidrettsutøvaren frå Gloppen Thomas Mardal utdelt 50.000 kroner i stipend frå Furorestipendet som Sparebanken Sogn og Fjordane har. - Det er rett og slett fordi han har etablert seg i toppsjiktet i både norske og nordiske meisterskap som junior, og har sanka medaljar i alle sine øvelsar diskos, slegge og kule, heiter det i grunngjevinga frå juryen. I Jr. NM i sommar tok han jamvel gull i både diskos og slegge – og sølv i kule. At han i tillegg tok U20 krinsrekorden på 100m. vitnar om ein seriøs og hardtarbeidande idrettsutøvar som det blir svært spanande å følgje i åra framover. Furorestipendet blir delt ut til talent i eller frå Sogn og Fjordane i alderen 15-30 år innanfor tre kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Storleiken på stipenda vil variere frå 25 000,- til 100 000,-. Fagjuryen er samansatt av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket. Gloppen Fil har hatt ein prat med Thomas etter utdelinga i går kveld, han er sjølvsagt utruleg glad for tildelinga og har reflektert litt over framtida. Mine mål på friidrettsbana framover er først å kvalifisere meg til u23 EM i Polen neste år. Deretter siktar eg fram mot u23 EM i 2019 der eg har en drøm om å kvalifisere meg i både slegge, diskos og kule. Nasjonalt har eg eit mål om å kunne ta min første senior-nm medalje i løpet av dei komande åra, kanskje aller helst på Byrkjelo i 2018! Den store draumen må være å kvalifisere seg til eit senior EM eller VM i framtida. I dei komande åra skal eg satse meir på slegge enn eg har gjort fram til no. Sjølv om eg ikkje har valgt ein spesifikk øvelse å satse 100% på, har eg ein tanke om hvilken øvelse eg kan nå lengst i. Eg planlegger å starte vidare studier neste år, og slik som det ser ut no er sannsynligheten stor for at eg havner i Florida for å studere. Eg har ikkje per dags dato valgt kva eg vil studere, men det å kunne kombinere idrettssatsing og studier slik dei gjer i USA verkar veldig spennande! Men det blir rart å reise vekk frå det treningsmiljøet eg har vokst opp i her i Gloppen. Eg har fått enormt god oppfølging her heime i alle åra eg har holdt på med idrett. Etter mine 3 år på firda VGS på idrettslinja valde eg å ta eit friår med fokus på jobb og trening. Men framtida ser lys ut, og det blir spennande å sjå kor langt det er mogleg å nå! Vi er alle veldig glade for tildelinga. Det gjev nye muligheter og gjere det enklare å bruke tid på idretten framover. Heile idrettsmiljøet ynskjer lukke til vidare med treningsarbeidet !

21


Friidrettens Dag i Gloppen Ansvarleg for opplegget: Ingrid Hjelle Roset ONSDAG 22 juni 2016 på Byrkjelo-var det klart for den årlege friidrettskulen i regi av GFIL. I år valde vi å kalle det «Friidrettens dag». Ein veldig fin gjeng frå GFIL gjorde at dagen blei enkel å gjennomføre som leiar. Her var det positive og rutinerte Gfil-utøvarar som instruerte i alle øvingane og gjorde ein solid jobb for laget. Vi starta dagen med strålande sol klokka 1000. Alle barna hadde fått info i god tid, så alt av utstyr og drikkeflaske var på plass. Vi varma opp med leik. Alle vart fordelte på postar. Her fekk dei lære seg hekk, høgde, kule, spyd, sprint og lange løp. Dette blei gjennomført på nivå der barna fekk lære grunnteknikkane, og dei meistra det kjempebra. God lunsjpause midt på dagen og her blei dei servert gode bollar frå Coop Ekstra. Vi fekk også foreldre til å stille opp i god tid i kiosken der det vart delt ut rundstykke og drikke. Ingen svoltne og slitne barn. Etter lunsj blei det ny oppvarming , før vi fortsette med postane dei ikkje fekk være med på før lunsjen. Kvar post var på 30 min, noko som resulterte i at barna ikkje gjekk lei. Vi avslutta dagen med stafett. Som alltid er ein slager. Alle blei henta klokka 1500. Vi fekk positive tilbakemeldingar av borna og foreldrene om at dette måtte gjentakast til neste år også. Takk for ein fin dag og takk for flinke instruktørar og foreldre. 22


God stemning pĂĽ Friidrettens dag !

23


Flott gjeng pü Nya Ullevi første helga i Juli 2016

24


Ungdomssamling på Byrkjelo Gloppen Friidrettslag· 21. juni 2016 Flott kveld på Byrkjelo med 13 og 14 åringar frå heile Sogn og Fjordane. Arrangør: SFFIK og GFIL

Det ser ut til at dei har det kjekt ilag.Dette er kanskje den viktigaste aldersgruppa å ta tak i.

25


II

Økonomi

SAMARBEIDSAVTALER MED BEDRIFTER Vi har faste og solide støttespelarar i lokalmiljøet som ser at det er mogeleg å profilere seg gjennom friidretten. Eit av måla våre er å ha tett oppfølging av sponsorane. Dette er arbeid som hovudsakeleg Gunnar Hole, Ole Bent Søreide, Nils Ove Roset og Jan Otto Aae har utført gjennom bedriftsbesøk, profileringsmøter, etc. Ole Bent Søreide har forberedt sponsormøta med godt gjennomarbeidde presentasjonar. Vi får gode tilbakemeldingar frå alle og vi veit etterkvart av erfaring kva som må til for å ha langvarige og gode samarbeidsavtaler.

Sparebanken Sogn og Fjordane , Generalsponsor ( fornya til 2019) Coop Extra , NY Generalsponsor 2016-2018 Sogn og Fjordane Energi, hovedsponsor. (fornya og utvida til 2020) NORDFJORD SKIFER , hovedsponsor ny i 2014- 2019 (ny treårsavtale) RETURA NOMIL A/S , hovedsponsor ny i 2014 - 2019 (ny 3 års avtale) Gloppen Hotell, sponsor ( fornya og utvida til 2019) Best stasjonane i Gloppen (prosjekt 2017) Gloppen aktiv (prosjekt 2017) Olav K.Henden Sport A/S (fornya 2017) Evebø Blikkeslagerverkstad (fornya 2017) Frydenbø Bilsenter (fornya til 2017) Naturfotograf Ronny Solheim

26


Simon og Else i god framgang !

«Det lille ekstra» med Gfil kjem utover sommaren no med eit prosjekt saman med Gloppen Aktiv og Gloppen Hotell. Guida tura til turmål i nærleiken av Sandane. Det blir spennande ! 27


SPONSORTREFF 23 APRIL 2016

60 personar på plass i konferansesalen. Innertiar med foredrag av Knut Stian Fjellestad, Kristin Roset og alle sponsorane. Ordføraren kom innom og helsa, det var utruleg kjekt. Hotellet spanderte heile middagen . Kjempemat og kjempestemning, takk til alle som bidrog.

Nytt treff 29 april 2017 – Velkomne !

28


Glade Jr.-Nm medaljevinnarar OG klare for Nordisk 2016 ØKONOMIGRUPPE – SKIPA HAUSTEN 2013 – dette har sikra det økonomiske fundamentet. Takka vere økonomigruppa sitt arbeid har lager sikra økonomien i åra som kjem. Heilt avgjerande arbeid er lagt ned for drifta av laget. Vi er takknemlege for arbeidet som vert gjort for toppidretten i kommunen. Den økonomiske plattforma må vere på plass skal ein kunne tilby ein sportsleg utviklingsstige. Særdeles viktig å ha god oversikt på økonomi. Ein må ha litt økonomisk fridom til å gje hardtsatsande utøvarar sjansen til å satse. Takk for supert arbeid så langt.

GLOPPENKALENDAREN 2017 Gloppen-kalenderen. I år har vi nytta fylgjande fotografer; Benny Aasen, Randi Ryssdal, Liv Synnøve Kleppenes, Kari Jordanger, Reinhardt Sørgård, Jørn Lothe, Tina Løkke Wie, Bernt Hauge, Reidun Ask Flølo, Jon Arne Pedersen, Oddvar Almenning, Merete Helgheim. Takk for flotte bidrag både frå fotografer og annonsørar De er med på å gje eigarskap til produktet. Veidekke A/S, Coop Vest, Evebø Blikkenslagerverkstad A/S, Bakaren A/S, Sandane Gravferdsbyrå, Adv Lothe, Mardal & Gjengedal, Vereide Blomster A/S, Mardal Rør A/S, Brødrene Aa, Årdalsbakke Elektro A/S, Tannlege Øyvind Seim, Kiropraktor Eigil Instebø , Eilenæs libris, Huseiernes Landsforbund, Byggevaren Byrkjelo A/S, Sandane Gullsmedforretning, Rema 1000, Frydenbø Bilsenter, Bakklelidgrenda Barnehage, Bygdeservice A/S Takk til alle annonsørane ! 29


Kalenderen for 2017 vart ein stor suksess. Utselt før midten av desember 2016. Dagfinn Nyhammer overtok bildeansvaret frå og med hausten 2015, Nils Ove fortsatt har hatt annonseansvaret.

Lisbeth Stensaker på Sporten står som representant for den største seljaren av kalenderar 115 stykk. Fantastisk hjelp for friidretten!

Her har vi plassert oss strategisk på Extra Sandane ein laurdag før jul 2016.

30


ØKONOMISK AVTALE MELLOM MODERLAGA OG GFIL Den økonomiske avtala som er inngått starta å gjelde frå sesongen 2001. Denne avtala har vore gjeldande sesongen 2016. Gfil har i fleire år meint at denne avtala burde vore forhandla på nytt med laga. Vi har hatt same lags kontingenten 15 år. GFIL er heilt avhengig av at eigarane støttar med denne bidraget. GFIL har i 2016 kjøpt inn ein del utstyr, som blant anna eit ryggapparat til styrkerommet på Rygg skule. Mykje er kastreiskap og trengst i den daglege drifta av trening og konkurransar, både på aldersfastlagt, junior og senior. Sparebankleikane og stemner i regi av alle laga i kommunen har vore ei fin inntektskjelde og ein god konto å ta av når forskjellege investeringar skal gjerast. Vi håpar at fellesarrangement og fellesinnsats frå alle moderlaga fortsatt vil bidra til at denne kontoen er opp å går.

Flott oppmøte på Byrkjelotreningane sommaren 2016. Her frå ei trening like innunder NM Nytt profileringstøy våren 2016

Øvst: Gloppen Team Extra- jrNm og Hoved Nm kvalifiserte Nedst: Utan Team logo og anna farge – tilgjengeleg for alle. 31


Sparebankleikane 2016 – eit viktig fellesarrangement. GFIL vil at ein i framtida skal arrangere i fellesskap, og Sparebankleikane er ei viktig inntektskjelde til fellesskapet i friidretten. Sparebankkontoen har finansiert mykje opp gjennom åra. I Gfil si tid kan nemnast, store deler av tidtakersystemet på Byrkjelo, vektutstyr i Firdahallen, matter til Trivselshagen, kastreiskap, etc. Ein viktig konto å ha når fellesskapet treng utstyr. Det beste med alt er at det er kort veg til dei som bestemmer, ein slepp å gå gjennom verken AU i klubbar eller styre i grupper etc.

32


UTØVARKONTRAKTER F.O.M 2014 Vi har også i 2016 hatt kontrakt til alle på landslag og alle med medalje i NM.

DUGNADSARBEID MELIN MEDICAL – PERSONALSAMLING I GLOPPEN 2-4 SEPTEMBER 2016. Dette vart ein stor dugnad for klubben. Sjølvsagt same helga som Um. Det skapte utfordringar mht personell, men Gunnar & co løyste dette på ein ypperlig måte. Takk til alle som deltok på dette prosjektet. Vi arrangerte «Mesternes Mester» for dei tilsette i konsernet og vi deltok i servering/rydding/rigging etc. Heilt topp jobb for våre medlemer. Det vart ein god slump med penger og alle var svært nøgde. Vi er tildelt jobb i 2017 og vi sete stor pris på tilliten. Takk til alle ! Under ser de litt av arbeidsplanen i prosjektet. Det kreve ein del planlegging. FREDAG 2. SEPTEMBER: På Gloppen Hotell frå kl. 12.00 – 14.00: Evald og Jon R. Hauge

LAURDAG 3. SEPTEMBER: JØLET/FRISLIDLADA KL. 11.30 – 16.30:  Birgith – koordinerer servering i Jølet.  Sandra, Olina og Ingrid. JØLET AKTIVITETAR KL. 09.00 – 15.00:  Gunnar Hole – koordinerer og har overblikk på stasjonane. Spør her om de treng hjelp.  Jan Otto  Atle Søreide  Odd Raad  Ragnar Eimhjellen  Merete Helgheim

33


FLORØ – TRANSPORT T/R:  Bandet skal hentast i Florø laurdag 3. sept, bussen har avreise Firda Billag Sandane kl. 15.30. Lesse av buss og inn på hotellet når de kjem tilbake til Sandane.  Bandet skal tilbake til Florø på søndag 4. sept, oppmøte Gloppen Hotell kl 08.30. Laste inn utstyret og bussen skal til Florø, stimert tid ca 1 time. De skal vere med til Florø for å lesse utstyret inn på flyplassen.  Hans Sande – ansvarleg til å hente baguettar og drikke på Gloppen Hotell kl. 15.20, dette skal vere til bandet når de kjem til Florø. Du treng bil for å få dette med deg ned til bussen på Firda Billag Sandane.  Evald Osnes Devik – kontaktperson for transport.  Marcus Røed Frøyset  Ole Kristoffer Sørland Startnummer er under produksjon og vert levert alfabetisk og inkl. sikkkerheitsnåler. Vert henta av Gunnar Hole og levert til Gloppen Hotell før kl. 09.00 laurdag morgon. Det er forespegla lunsj laurdag men vi venter til gjestene er ferdige. Hans, Evald, Marcus og Ole Kristian kan ete lunsj i Jølet før de skal reise til Florø. Avklar med Ingvild Aske Granheim om dette er riktig. DETTE VAR LITT INFORMASJON OMKRING KVA VI GJORDE DENNE HELGA SAMAN MED MELIN MEDICAL OG GLOPPEN HOTELL.

I ROMJULA VAR DENNE GJENGEN SAMLA PÅ EXTRA SANDANE TIL VARETELJING

34


I APRIL 2016 VAR DENNE GJENGEN SAMLA TIL DUGNAD PÅ RETURA-BOSSPLUKKING

MEIR DUGNADSARBEID Torsdag 4 og fredag 5 august 2016 var 5 veteraner på Gloppen hotell og bar kofferter opp i etasjane til romma – og ned att neste morgon. Ei busslast med turistar måtte ha hjelp til all bagasjen. Det var tidleg avreise så det vart ein tidleg start for våre medlemer. Godt jobba. Jon R Hauge var ansvarleg for gjennomføringa.

God stemning i vektrommet på Rygg 35


Frå NM terreng kort løype i Stavanger – Gfil på plass med Vincent Sondre Førde (nr7) Vi ser ein gulkledd kar frå Jølster i feltet. Matias Førde (nr 11). Desse to karane har mange km i lag gjennom tre år på Firda Vgs.

Frydenbø Bilsenter har vore ein fantastisk bidragsyter til friidretten. Her er tre glade kara på veg til NM Terreng i Stavanger i ein Volvo V60 hybrid. Heile sommaren hadde Frydenbø ein Volvo V40 til fri bruk for GFIL til og frå stevner/trening etc. Heilt utruleg flott service.

36


Skal vi ha sjans å holde på bidragsytarane må også vi yte maks !

HEIDERSPRISEN TIL JØRUND ÅRDAL Under årsmøtet 2016 vart Jørund Årdal tildelt Gfil sin heiderspris. I juryen sat Else Løkke, Ole Bent Søreide og Nils Ove Roset.

37


Gfil gratulerer med utmerkinga og håpar på mange fleire år i friidretten si teneste.

Narve Heggheim, SFFIK var på årsmøte 2016 og delte ut prisar frå Friidrettens Venner til Ingrid, Thomas og Ole Morten. Sistnevnte fekk pris for lang og tru teneste som trenar i STIL og GFIL.

38


TRIVSELSHAGEN- IDRETT- GJENNOMGANG 16 desember 2016 vart det halde møte/gjennomgang av idrettsdelen i Trivselshagen etter initiativ frå Gloppen Friidrettslag. Desse møtte; Dagleg leiar Øystein Sundal, Sportsleg leiar GFIL Jørund Årdal, Leiar i GFIL Nils Ove Roset og Leiar Idrettsseksjon Firda Vgs Magne Larsen. Vi gjekk gjennom desse anlegga i hallen. Vektrom, kastareal, løpebane, høgde, lengde/tresteg, utstyr til trening i hallen, kastvegg. Møtet bestemte at der skulle lagast ei felles uttale om utfordringane i desse anlegga. Uttalen vart ført i pennen av Nils Ove Roset og Magne Larsen. Brevet vart stila til Styreleiar i IKS med kopi til Idrettsrådet og postlagt 27 januar 2017. I samråd med rektor på Firda og GFIL vert brevet vedlagt i GFIL årsmelding 2017.

Trivselshagen IKS v/Styreleiar Jan Kjetil Øygard Kopi: Idrettsrådet i Gloppen Behov for utbetringar ved idrettsdelen av Trivselshagen Idrettsdelen av Trivselshagen vart teken i bruk hausten 2012. Vi er såleis inne i femte sesongen. Den aktive idretten og idrettslinja ved Firda vgs er på mange måtar ei og same sak. Elevar som nytta idrettsdelen på dagtid er dei same som nyttar den på ettermiddag og kveldstid om ein ser vekk frå trimmarar og den leikprega idretten for barn. Difor er dette brevet ei felles uttale som tek for seg behov vi som brukarar og leigetakarar har i samband med bruk av idrettsdelen. Det er på fleire område stor avstand mellom det ein vart førespegla/dei forventningane ein har hatt og det som ligg som tilbod i dag. På enkelte felt gjer dette at ein ikkje kan nytte anlegget slik det er tenkt. Uttalen tek også føre seg muligheiter som er i anlegget om ein ynskjer utvikling og tilfredse brukarar. Vi har i dag grunnlaget for eit toppanlegg for turn, svømming, handball, volleyball, klatring og Friidrettkastøvingane. Løpebana Friidretten ville ha Polytan til toppdekke. Det er eit dekke som vert lagt på dei fleste innandørs friidrettsanlegg i dag. Lav skadefrekvens og godt utprøvd både ute og inne. Regupol var det som Trivselshagen ville legge. Friidretten opplevde at dei ikkje hadde anna val enn å godta Regupol som dekke på løpebana. Dette er eit greitt dekke i utgangspunktet, men når vi i ettertid ser at det er lagt eit lag Regupol rett på betongen kan vi ikkje vere fornøgd med løysinga. Dekket er altfor hardt. Resultatet for våre utøvarar er høg skadefrekvens og no blir ikkje anlegget brukt av ungdom og vaksne utøvarar. Dette gjeld også tilløp i lengde og tresteg. Vi er verken byggherrar eller entreprenørar. Fagfolk må vite kva underlag som skal leggast for best mogeleg unngå høg skadefrekvens. Per i dag har vi verken lengde eller tresteghopparar. Skal det stimulerast til desse øvingane må ein ha 39


innandørsanlegg. Dekket og løpebana slik det ligg nå kan ikkje nyttast i den daglege treninga til våre friidrettsutøvarar anna enn unntaksvis. Friidrett er ein av hovudidrettane på Firda vgs og i Gloppen. Firda Vgs og Gloppen Fil sine synspunkt er samanfallande; Skal anlegget bli nytta etter intensjonane tilrår vi at det så snart råd er vert lagt nytt toppdekke på løpebane. Høgdehopp Eit innandørs friidrettsanlegg inneheld høgdehopp. Gloppen har lange tradisjonar innan høgdehopp med 2 meters hopparar på herresida og ei mengd med damer over 165 samt krinsrekorden for kvinner på 176cm. Vi treng høgdetilløp i hallen der ein kan nytte piggsko. Vi må komme fram til ei løysing som gjer det muleg å enkelt legge til rette for trening på høgdehopp, også med piggsko, i treningskvardagen. Lengde/tresteg Lengdegropa er plassert i 60 meter-anlegget og har same toppdekket som løpebana elles. Dagens løysing har eit lok/deksel på heile gropa som er av ein slik konstruksjon at det trengst både kraftinnsats og god helse om dette loket skal av og på når der skal trenast. Vi hadde naturleg nok eit ynskje om ei motorisert anordning/deksel slik at HMS-aspektet for både trenarar og leiarar vart tilstrekkeleg ivaretatt. Barn og unge greier ikkje på nokon måte å handtere dekselet. Alternativet er at dekselet vert fjerna heilt. Då vil nok sand i hallen bli eit stort problem. Gropa blir ikkje brukt i treningskvardagen av di ein verken har tid eller overskot til å ta av og på dette loket. Vi ber om at ein ser på alternative løysingar for lengdegropa og loket/dekselet over denne. Vektrom Firdahallen/Trivselshagen har ikkje hatt vektrom sidan gamle Firdahallen si tid. Eit vektrom i eit anlegg av ein slik størrelse og aktivitetsgrunnlag burde hatt to løfteplattinger/to knebøystativ, to benkpressbenker, kroppsheving, skråbenk etc. Vektrom er for styrketrening med frivekter. Dette er ein stor mangel i anlegget. Rommet som i dag er innreia med apparater er for trimmarar og folk som rehabliterer. GFIL/GHK kjøpte inn ein løfteplatting i 2012 for over 20 000,- for å dekke sine akutte behov, slik at våre utøvarar som gjekk på Idrettslinja skulle sleppe å køyre til Rygg skule eller Byrkjelo i skuletida for å få trent. GHK utøvarane hadde på den tida frivektsløfting som ein del av treningsopplegget. Skulen trengte også ein stad å undervise i Olympisk løfting. Eitt år etter, i 2013 kjøpte friidretten og vektløftarmiljøet inn for mellom 60 og 80 000,- i vekter og stenger, samt golv i kastanlegget slik at dei aktive utøvarane kunne trene utan å forstyrre trimmarane i helsestudioet oppe. Det vart også montert opp magebenk til 15 000,- . Vi tilrår at rommet ved løpebana vert ombygd til vektrom. Utstyret som er innkjøpt og som vert nytta i kastanlegget i dag vert sjølvsagt flytta over til eit dertil meir eigna rom. Eit skikkeleg vektrom er hjertet i eit idrettsanlegg. Alle aktive idrettsutøvarar som ynskjer framgang må jamnleg trene frie vekter. Ei Idrettslinje utan skikkeleg vektrom blir særdeles mangelfullt. 40


Tredemøller Ein hall skal appellere til bruk i den mørke årstida med lite dagslys og isete vegar. Aktive idrettsutøvarar skal bli hjelpte under dei periodane med dårleg føre ute. For løparar/fotballspelarar/handballspelarar, alle idrettar er det å springe ein grunnlaggande aktivitet for å forbetre kondisjonen. Løping vert også brukt som rehabilitering frå idrettskade så godt som meir alvorlege sjukdomar innan hjarte/kar. Hallen har ikkje møller tilgjengeleg til dette formål. Friidretten har aktive utøvarar som treng mølle, dei som skal bli gode ballspelarar treng møller til dagleg trening før styrke etc. Om nokon besøker eit idrettsanlegg av ein slik størrelse som Trivselshagen vil møller vere eit naturleg inventar. Der er to møller i helsestudioet i dag, men dei er i særdeles dårleg forfatning. Vi tilrår at det vert investert i fleire møller, og meiner og dei bør stå ein anna stad enn i helsestudioet. Tilgjengeleg basisutstyr I dag er nyeanlegget ei flott ballflate. For å trene variert og hensiktsmessig treng ein utstyr. Benkar, matter, kasser, hekkar, medisinballar mm. Kort sagt utstyr til ein gymsal. I «Veileder for Flerbrukshaller» frå Kultur og Kirkedepartementet vises det til at denne type «standardutstyr» bør være tilgjengeleg i ein fleirbrukshall. GFIL har kjøpt inn matter men det er altfor lite. Pr i dag er det ikkje muleg å ha td. sirkeltrening i nyeanlegget. Vi vil anbefale at Trivselshagen IKS kjøper inn ein del standardutstyr i samråd med brukarane. Her er det viktig at alle brukarane av hallen gjennom samarbeid blir einige om kva utstyr det er behov for. Her må ein og sjå på behov i både gamlehallen og nyhallen. Kastvegg Friidretten ønskjer at det vert bygd ein vegg ved start på løpebana som er eigna til medisinballtrening. Dette er ei enkel innretning, og kan nyttast av fleire enn friidrettsutøvarane. Kastringen I Gloppen har vi eit av landets beste utviklingsmiljø innanfor kastøvingane, og kastringen er eit viktig treningsverktøy. Vi har problem med at den er for glatt. Denne er truleg støypt saman med resten av golvet i heile hallen, og problemet kan ligge i bruk av avrettingsmasse. Den har ei overflate som minner om plastikk og ikkje c35 betong slik det skal vere. Ringen er svært glatt og heilt ulik alle andre anlegg vi har vore både ute og inne. Vi har forsøkt mange gonger å pusse den ruare på eigen hand men har ikkje lukkast. Vi ønskjer at Trivselshagen IKS hentar inn fagfolk som kan slipe ringen optimalt. Med disse innspela til utbetring i høve våre behov meiner vi at Trivselshagen Bad og Idrett vil bli eit særs godt treningsanlegg for våre utøvarar og elevar. Enkelte ting vi har peikt på er enkelt å gjere noko med, andre ting vil krevje investeringar. Totalt sett meiner vi dette vil heve anlegget opp til det nivået vi ønskjer det skal vere på. Som nevnt tidlegare har Gfil og 41


Firda vgs samanfallande behov som er skissert i dette skrivet, som følgje av at vi arbeider med mykje av dei same utøvarane. Gfil og Idrettsseksjonen ved Firda vgs står saman bak disse ønskja om forbetring av tilbodet. Sandane 27 / 01. 2017 Nils Ove Roset Leiar Gloppen Friidrettslag Jørund Årdal Sportsleg leiar Gloppen Friidrettslag Magne Larsen Avdelingsleiar Idrettsfag Firda vidaregåande skule No håpar GFIL og idrettslinja Firda Vgs at desse punkta i brevet vert tekne på alvor og at idrettsfunksjonaliteten vert ivareteken. Det er svært krevjande å drive ein individuell idrett som friidrett. Vi gleda oss i sin tid voldsomt til å komme oss ut av Sundekjellaren med piggskoløpinga og flyhangaren med høgdehoppinga og ikkje minst få oss eit skikkeleg vektrom.

III IDRETT.

Gull i Døve VM og kvalik til U20VM – Trude og Thomas, Gloppen FIL. 42


Hoved NM Askøy

Sportsleg leiar / oppmannsfunksjonen Jørund Årdal har vore sportsleg leiar og oppmann. Alle påmeldingar har han organisert. I tillegg har han vore medieansvarleg på den sportslege delen. Jørund gjere ein kjempejobb for laget. Han har også vore jamnleg på landslagsamlingane som trenar samt at han var organisator og primus motor under samlinga NFIF hadde i Gloppen i mai. Sesongen 2016 har fylgjande hatt trenaroppgåver i laget; Else Lundestad Jan Otto Aae, Ole Morten Mardal, Nils Ove Roset, Jørund Årdal, Dagfinn Nyhammer, Ola Bergheim, Reidar Moldestad, Gunnar Hole. Hoved-NM og Jr.-NM utøvarar 2016:Trude Raad, Marte Rygg Årdal, Marit Årdalsbakke, Elin Isane, Else Lundestad, Merete Helgheim, Steinar Kleppe, Lisa Selsvik, Vincent Sondre Førde, Ingrid Hjelle Roset, Håkon Hjelle Roset, Robert Andre Moldestad, Thomas Mardal, Hans Sande, Evald Devik og Magnus Rygg Storsletten. Laget vil spesielt på trenarsida trekke fram Ola, Else, Jan Otto, Jørund, Reidar og Ole Morten som avgjerande for at vi greier å halde det sportslege nivået slik vi gjere. Dei har uvurderleg kunnskap og stå på vilje.

NFIF – TRENINGSGRUPPER / SAMLINGAR / TRENINGAR. Thomas Mardal, Evald Osnes Devik og Hans Sande var i 2016 med i NFIF sine utøvargrupper på Jr.landslaget . Jørund Årdal fast trenar på Jr laget.

43


ALFAMAR – PORTUGAL TRENINGSLEIR 19 mars til 1 april 2016 Vi hadde eit flott 12-dagers opphald i Portugal Påska 2016. Kjempeflott plass å vere og ny tur er tinga denne sesongen. På Alfamar er der alle treningsfasilitetar for alle øvingar. Mange nasjonalitetar og kjekt å sjå på alle friidrettstoppane frå den store verda. Topp motiverande. Under kjem ein bildeserie som beskrive eit kjempegodt samhald og eit flott miljø både for unge og eldre. Det er veldig inspirerande å vere leiar på desse turane. Alle har sine oppgåver og vi deler på trenaransvar og organisering. Vi gjennomfører fellesmøter annakvar kveld der vi går gjennom dagane og økter samt praktiske utfordringar som måtte dukke opp. Dette er turar som i første rekke er for dei som trenar mykje og har friidrett som hovudidrett.

Middag

Quiz

44


Quiz

Quiz

Quiz 45


Blir tatt godt vare pĂĽ I

Blir tatt godt vare pĂĽ II

46


47


Her er det viktig å ikkje overstige laktatverdiane.

Ein god prat når løparane varmar opp.

Glimt frå kastbana. 48


TRENINGAR I VINTERHALVÅRET Gfil er fast arrangør av treningar i ei aldersgruppe (13-19) Gfil har her tatt seg av ”mellomgruppa”. Fj.V/Stil har tatt seg av dei yngste. Utøvarar frå andre kommunar har vore på trening i Firdahallen på torsdagane. Oppmøte har vorte svært bra. Torsdagstreningane har vi fått flytta til 1730 – 1900, godt å vere ferdig så tidleg på kvelden. I alle fall for dei som skal starte 0700 neste dag. Hausten 2016 fekk vi ein halvtime på handballdekket slik at vi berga beina litt frå beinhinnebetennelse. Tysdagar har vi vore ute med sprint-løpstrening på Søreide og Eidsmona og gangvegen til Kleivedammen. Same på mandager på intervall med løping i Bukta med kort langtur i starten. Gode økter med stor innsats og her er det opplæring av utøvarane der det ikkje finst dårleg veir! Styrketrening har vore fast tre dagar i veka på Rygg, kast likeså. Ei kastøkt har vore gjennomført på onsdagar i kastburet. Torsdagar har det også vore inneøkt i kastburet. Dette er det beste rommet i hallen for friidrettsutøvarane med både styrke og kastfasilitetar.

For å gje eit godt tilbud til løparar har vi sett oss nøydde til å reise til Ulsteinhallen å trene. Dette er den harde kjerne som i løpet av den kalde årstida har vore opp 7 turar i løpet av 2016. Vi har køyrt avgarde fredagane klokka 1500 og heime att rundt 2100. Vi ser at spesielt mellom og langdistanseutøvarane rundt i Norge ofte trenar på innandørsbaner. Det sjølvsagt også ein stor fordel for oss at sprintarane får skikkeleg underlag på vinterstid då golvet i Trivselshagen er altfor hardt å trene på.

49


Her er vi samla før ei hard intervalløkt i Bukta – mars 2016. Godt oppmøte. Denne økta er fast kvar måndag klokka 1500 – 1700. Etter Påske har vi trena samstundes med veteranane kl 2000.

FELLES BASISTRENING Morgontreningane er fortsatt ein suksess mellom 15 og 30 utøvarar frå friidrett og handball kvar fredag klokka 0700 til 0810. Fyrst og fremst ser vi at dette har blitt eit tilbod til idrettselevar på Firda Vgs. Det er topp integrering i lokalmiljøet at slike treningar blir populære blant elevane. Vi startar ute med eitt kvarter oppvarming og fortset inne med 45 min hard basistrening. Mange får her sitt første møte med generell styrke etter stasjonstreningsprinsippet.

Godt oppmøte på morgonøktene. Her frå ei økt i januar 2017.

50


FELLESTRENINGAR SOMMARHALVÅRET Mandager:

Løpsøkt Bukta – veteranar og juniorar, Nils Ove – Jan Otto Kast og styrke – Loggane , Else , Jon , Jørund, Ole M og Magne.

Tysdagar Onsdagar

Byrkjelo stadion, Ole Morten – Nils Ove – Jan Otto – Else , Reidar, Ola . Loggane, Jørund , Else, Ole Morten, Jon og Magne. Intervalløkt i Bukta / Gloppetrim. Byrkjelo Stadion. Jan Otto , Jørund , Gunnar, Ola B, Else. Reidar og Nils Ove Kast og styrke – Loggane.

Torsdagar Fredagar:

Sommaren 2016 var bana på Sandane så dårleg at vi ikkje kunne nytte den til vaksen friidrettstrening. Dette vil nok ikkje betre seg i 2017. Bana er ubrukeleg til løp og hopp. Det er synd at anlegget forfell slik. No er det håp for framtida, men vi må nok belage oss på mange år endå før der ligg nytt anlegg på Idrettsplassen.

GLOPPETRIMMEN 2016 Tekst:Dagfinn Nyhammer STOR TAKK TIL DAGFINN NYHAMMER OG ATLE SØREIDE FOR STÅ PÅ VILJE OG UVANLEG STABILITET I INNSATS. Gloppe-Trimmen 2016. Gloppe-Trimmen har følgt fast mønster i alle dei 7 åra vi har hatt tilbodet, med 2 og 4 kmløyper på grusvegane i Bukta. Registreringa startar kl 18.30 ved Mardal Skule, og då er dei ivrigaste ofte komne i mål etter ein runde på Bukta-vegane. I 2017 vert det nok å følgje tradisjonelt opplegg, med kveldspremiering, premiering til dei som er med på minst halvparten av trimkveldane, og i tillegg ein større hovudpremie som vert trekt mellom alle som har vore med minst 10 trimkveldar. Litt fakta frå 2016-sesongen: I alt deltok 222 ulike personar på fjorårets Gloppe-Trim, det er om lag same talet som året før. 10 av desse var med kvar einaste kveld, og av desse ti deltok 12 år gamle Cecilie Tveit på alle i konkurranseløypa, med tidtaking. Løypa på nøyaktig 2 km gjorde ho unna med bestetid 7,42 minutt! Gå ut og ta testen kven som vil – resultatet er rimeleg raskt av jenta frå Vereide. 53 av dei som deltok, sprang på tid, og raskast i 4 km løypa var Vincent Førde. Han sette ny løyperekord på 12.30, noko som gjev han ei km-tid i underkant av 3,10.

51


Har vi sprunge/jogga/spasert mange kilometer i Bukta sist sommar? Det har vi; fantastiske 4612 km er tilbakelagt. Det kan samanliknast med om lag 5 turar Sandane-Oslo-Sandane. Ikkje rart at vegane av og til må grusast opp att! Kvinnene/jentene er i fleirtal. 141 kvinner møtte opp, medan mannfolka/gutane var 80. Likestilling? Her ser det ut til at jentene tenkjer mest på sunn trim! Aldersfordeling: 43 er mellom 0 og 12 år. 24 er i gruppa 13-20 år. 36 er mellom 21 og 40 år. 57 er i aldersgruppa 41-60 år, og 50 er mellom 61 og 89 år. Til slutt planen for dette året Trimdatoar 2017: 19. april 26. april 3. mai 10. mai 24. mai 31. mai 7. juni 14. juni 21. juni 16. august 23. august 30. august 6. sept. 13. sept. 20. sept.

Komande sommar har klubben fått 20 000 frå Gjensidigestiftinga for å starte med integrering av flyktningar gjennom Gloppetrimmen. Det blir kjekt !

52


Jr.VM Bydgoszcz/Polen 19.24.juli Tekst og bilder: Ole Morten Mardal Thomas Mardal klarte kravet til Jr.VM alt på det fyrste stevnet i vår, og kunne demed bruke tida fram til VM til å toppe formen. Etter at uttaket var klart, kunne Thomas pakke baggen til felles avreise frå Gardermoen søndag 17.juli, i saman med 14 andre norske juniorar og støtteapparatet (inkl Ole Morten). Fly til Warshava og deretter tre timar buss til Bydgoszcz, og so kunne troppa ta inn på Best In Hotell, i utkanten av byen som er på storleik med Oslo i folketal. Her budde ein saman med utøvarar frå Sverige, India, Slovakia og Nigeria. Hotellet låg ca halvtimen frå stadion, og all transport vart gjort med shuttelbussar som gjekk ca kvar time. Måndag var Thomas ein tur på stadion, for å ta bane og kastring i augesyn og prøvekaste den. Det var ein imponerande flott stadion, med kapasitet på ca 25.000, og eit anlegg perfekt tilpassa friidrett. Her har det tidlegare vore arrangert store mesterskap, bl.a Jr.VM.

Thomas prøvekastarringen

Kristi og Thomas klar for VM!

Sidan Thomas fyrst skulle kaste laurdag 23., vart det nokre dagar å vente. Det var gode treningsmoglegheitar i tilknyting til stadion, både eiga kastbane, fullt utstyrt oppvarmingsbane og innandørs treningshall m/styrkerom. Her hadde og alle nasjonane eigne fysiorom, slik at alle utøvarar fekk den naudsynte behandlinga ein trong. I tillegg til trening og kvile, vart det sjølvsagt turar på stadion for å heie på dei andre norske utøvarane, og sjå friidrett på topp verdensnivå. Og flotte prestasjonar kunne ein bivåne kvar dag; jr.verdsrekokord i spyd menn på 86.5m (ein «spinkel Indiar vi budde saman med), det same i kule for menn. 400m forsøk på 44-talet, og vanvittig fart på 10.000m. I heile tatt topp prestasjonar i dei fleste øvingane, og mange av dei vil vere stjerner i friidretten i framtida. Alt i desse dagar er fleire i aksjon i OL i Rio. Fredag var trekking av kastgruppene klar, og Thomas skulle kaste i pulje A, med start 09.40 om morgonen. Thomas var i kjempeform denne dagen, og kunne med eit godt kast klare finaleplass (dvs blant dei 12 beste). Totalt 45 kastarar skulle i løpet av dagen kaste, 22 av desse i pulje A. Store meisterskap betyr også at ein må følgje strenge reglar for opprop/callroom, men her var det lagt svært godt til rette for at dette skulle gå greitt for seg. Etter ei kort oppvarming, var det berre å spasere frå oppvarmingsbana rett inn i callroom. Der må alle sitte og vente til innmarsj. Dei hadde ca halvtimen på seg etter å ha kome inn på stadion, til prøvekast og anna.


Thomas under innmarsj, klar for VM! Intim og flott stadion! Thomas hadde svært gode prøvekast, men bomma litt på det 1.kastet når konkurransen starta. Litt for høgt, og ein diskos som steila for mykje. Allikevel 55.82m. 2.forsøket var halvmeteren kortare, eit dårlegare teknisk kast som gjekk for lavt. I siste forsøket vart det dessverre dødt, og Thomas innsåg fort at det neppe vart finaleplass (nr.11 i si gruppe).

Thomas i aksjon i diskos Stilige res.tavler  Når gruppe 2 var ferdige, synte det seg at Thomas vart nr.22 av 45 deltakarar i øvinga. Ein måtte kaste 57.62m for å nå finalen, altså kortare enn persen til Thomas. Men han var allikevel passe nøgd, og slo fleire av dei som har betre pers enn han. Det er sjølvsagt mykje press og stress i ein slik situasjon, men dette er også god erfaring å ta med seg vidare. Natt til måndag var det retur frå Bydgoszcz, same reisa som sist. Mange erfaringar og opplevingar rikare, og alt neste år er det mogleg at Thomas kan vere tilbake på den same arenaen (U23 EM).

Stadion Zawisza, Bydgoszcz/Polen arena for Jr.VM 2016

54


GFIL GRATULERER MED INNSATSEN UNDER ÅRETS JR VM U20 Jr.NM Brandbu 5.-7.august Tekst: Hovedleiar Ole Morten Mardal GFIL hadde 11 deltakarar på start i ulike øvingar denne helgja, og både Thomas Mardal og Vincent Sondre Førde kunne titulere seg som norske meistrar etterpå! 3 gull og 2 sølv i tillegg til ein haug med persar og årsbeste viser at dei presterte når dei skulle. Troppa reiste sydover torsdagen, og innlosjerte seg på Hotell Hadeland, ca 15 min køyring frå stadion i Brandbu. Det vart ein kort inspeksjon av anlegget og montering av lagstelt før ein kunne slappe av og gjere seg klar til konkurranse dagen etter. Fredag 5.august small dei fyrste startskota, og Robert Andre Moldestad (16) var på jakt etter avansement frå forsøket på 100m U20. Det var ikkje avansement, men tida 12.01 var årsbeste, og det i motvind (-1.6)! Klar framgang, og det blir spanande å sjå kva han kan klare på UM! Her var han trass alt ein av dei yngste og debutant i Jr.NM, dei eldste i klassa er 19! I diskos U20 hadde Thomas Mardal (19) full kontroll, og sjølv eit ausande regnveir undervegs i konkurransen kunne ikkje fråta han gull nr.2 i denne øvinga (også vinnar i fjor). Tre kast over 55m, der lengstekastet vart målt til 55.85m, var heile åtte meter før nestemann. På 3000m hinder var det knytta spenning til om Vincent Sondre Førde (19) kunne kopiere fjorårets resultat med bronse på heimebane. Då favoritten ikkje stilte til start, tok Vincent ansvar og regelrett knuste resten av feltet på siste rundene. I mål til ny pers med tida 9.20,31 min, og gull nr to til klubben på berre nokre timar. Og endeleg ein løpar på toppen av pallen! I slegge U20 hadde vi med Lisa Selsvik (17), og ho gjorde ein fin konkurranse med ein flott 6.plass etter eit kast på 41.46m, litt bak årsbeste. Det skal ikkje så mykje til før Lisa vil kunne klatre opp på listene! På 400m U20 sprang Ingrid Hjelle Roset (19) i 1.heat, og fekk 4.plass med tida 61.48 sek. Dette var 13.beste tida totalt, og dermed ingen finaleplass. Men eit fint løp av Ingrid, ho måtte ha persa for å ta seg vidare. Laurdag 6.august, og dette er dagen då mange av våre skulle i aksjon. På 800m U20 skulle Vincent jakte både pers og avansement til finale. Det var dessverre ingen av delene, men han var nær! Med tida 2.01,31 var han ikkje langt bak finaleplassen, men det vart med 5.plassen i heatet. Han kjente nok til løpet frå dagen før, så med optimal oppladning ryk det under 2 minutt! Så kom endeleg slegge-konkurransen for menn U20, og her hadde klubben heile fem deltakarar! Thomas hadde ein misslukka sleggekonkurranse i fjor, men var denne gongen utilnærmeleg. 64.86m vart vinnarkastet målt til, og dermed var Thomas dobbelt norgesmester. Magnus Rygg Storletten (16) var debutant, og har tidlegare i år sett krinsalderrekord med 5kg-slegga. Med jr.slegga på 6kg vart det solid ny pers med 53.37m, og det var lenge godt nok til bronse. Dessverre vart han forbigått i siste omgang av Herman Aurdal frå Sykkylven (som er godt kjent i tr.miljøet då han er med på tr.leir og deltek på Loggane Open). 55


Ein flott 4.plass på Magnus er strålande for ein 16-årig debutant! Og vi hadde fleire unge debutantar; Håkon Hjelle Roset (16) hadde etter to omgangar berre døde kast, men sette ein flott pers i den 3., med 47.32m. Dette gav ein sterk 6.plass. Håkon Fjellestad (16) sette også pers med 42.54m, og det gav 7.plass. Steffen Fjellestad (17) fekk det ikkje til å klaffe heilt denne gongen, og vart nr.9. Utruleg kjekt å sjå så mange Gloppen-drakter i same konkurransen, og her har vi mange som vil kjempe om medaljar dei neste åra! I slegge menn U23 vart Evald Osnes Devik (21) nr.2 med eit kast på 60.08, berre halvmeteren bak årsbeste, og den andre konkurransen over den magiske grensa! Ein sterk konkurranse som også gav plass til nordisk/baltisk meisterskap to veker seinare! Sølv var eit steg opp på pallen i forhold til i fjor! Hans Sande (20) vart nr.4 med sterk ny pers på 54.56m, eit gledeleg resultat etter litt labre resultat tidlegare på sesongen. Søndag 7.august var Lisa på plass igjen i ringen, denne gongen diskos kvinner U20. 29.14m gav ein 8.plass, men stigninga frå omgang til omgang viser at ho har meir inne. Simon Lidal (18) kasta spyd i menn U20, og hadde ein meget god konkurranse, men fleire kast over den gamle persen. 52.13m vart lengstekastet målt til, dette gav 5.plass i øvinga. Han har hatt ei flott utvikling denne sesongen, og vi håpar på endå lengre kast under UM! Thomas Mardal (19) avslutta ei fantastisk helg for seg sjølv og klubben, med sølvmedalje i kule menn U20, med ny årsbeste på 16.34m. To gull og ei sølv på tre startar er vel historisk for GFIL? Arrangøren hadde visse problem undervegs i mesterskapet, med tidsskjema og resultatservice. Veiret var ustabilt, med veksling mellom sol og regn. Dette kan sjølvsagt ikkje arrangør lastast for, men dei har nok elles ein del å lære av staben på Byrkjelo! Neste år er det Jr.NM i Harstad, då blir det flyreise!

Kjersti Hjelle Eide greidde Nm kravet i høgde under Framoleikane men skada fot gjorde det umogeleg å fortsette å konkurrere.

56


Hovud NM 2016 Askøy, Ravnanger stadion. 29. – 31.juli Tekst: Hovudleiar Jan Otto Aae Årets hovud NM i friidrett var dette året lagt til regnfulle Vestlandet med Askøy-alliansen som arrangør. Gfil stilte også dette året med ei fyldig tropp.10 utøvarar, der 11 var kvalifisert. Kjersti Hjelle Eide måtte prioritere militæret og kunne ikkje delta. Troppa bestod elles av fysioterapeut, kiropraktor, trenarar og ein utruleg bra heiagjeng – som alltid har det «løje» i lag. Nm hotellet var lagt til Scandic Bergen City, der utøvarane og støtteapparat budde, bortsett ifrå dei som har fast arbeid i Bergen. Eit glimrande hotell som kan anbefalast. Prognosane til Jørund tilsa 4 – 6 medaljar. Han brukar sjeldan å ta feil når det gjeld statistikk og personlege rekordar. Likevel veit ein aldri. Det er tross alt Noregs beste utøvarar som møtest og ein medalje i NM heng høgt. Berre det å kvalifisere seg til meisterskapen er ein stor prestasjon og det ligg mange arbeidstimar bak resultata til utøvarane våre. Fleire av dei trenar både ei og to økter for dag. Kongepokalane dette året gjekk til Karsten Warholm og Line Kloster. Karsten for prestasjonen på 400 m hekk med tida 50.72 og Line for 400m tida 53.02. Utruleg sterkt av begge. Karsten sprang også under den norske rekorden på 400 m , men ein arrangørtabbe gjorde til at den ikkje kunne godkjennast. Det elektroniske systemet svikta og det same med back – up systemet. Tida vart manuell 45.8 og manuelle tider kan ikkje godkjennast som norsk rekord. Ein gedigen arrangørtabbe, men Karsten takla det heilt suverent og fortente til fulle blomster ifrå arrangøren. Men kva presterte så utøvarane våre. Damene først: 3000m kappgang. Gull til Merete Helgheim. Eit suverent løp, der ho sette personleg rekord og kretsrekord med tida 13.39.80.Imponerande Merete. Dette var 5.året ho tok gull i NM. Dei fleste er kjend med løping og kilometertid. Dette gir ei kilometertid på ca. 4.33 – for å sette det litt i perspektiv. Dei færraste hadde greidd å» halde følgje» med denne spreke dama ved å jogge. Utallege timar i fjellheimen har danna grunnlag for ein utruleg kapasitet. Du grov djupt på dei siste rundene, men utruleg imponerande. Gratulerer så mykje, Merete! Diskos. 3 av 8 damer frå Gfil i finalen. Elin Isane imponerte atter ein gong med ein sterk bronsemedalje. 47.99 m vart resultatet .Else Lundestad Bakkelid fekk ein flott 5. plass på 43.29m og Trude Raad ein 7.plass med 42.14m. Glimrande av alle tre. Konkurransen vart vunne av Grete Etholm med 50.69m, med Mathilde Roe på 2.plass.49.57m. 57


Kule Elin har fått mindre tid til perfeksjonering i kuleringen dette året. Ein 10.plass i ein glatt ring var godkjent. Øvinga vart vunnen av Kristin Sundsteigen frå arrangørklubben Ask med resultatet 13.63m. Meiner å hugse at Elin tok bronse med om lag same resultatet i Sandnes 2002. Tida går fort, sedu! Slegge Her hadde Gfil med Marte og Trude. Konkurransen blant medaljekandidatane var jamn og heldt eit høgt nivå. Verdsmeister U-20, Beatrice N. Llano vann konkurransen med eit lengste kast på 65.48 m. Veteranen Mona Holm Solberg slo til med 64.28m,medan Trude fekk bronse på 63.28m. Eit bra resultat Trude. Med små justeringar på teknikken, så går det fort over 65 meter. Marte har prioritert tannlegestudiet dei siste åra, så det er bra å få ein 6.plass i NM. Resultatet vart 52.93m. Menn: 3000 m hinder. Vincent Sondre Førde kjem ifrå Svelgen. Kom til Firda for 2 år sidan, der han går på Idrettslinja. I løpet av desse åra har han blitt ein habil langdistanseløpar og debuterte med ein flott 4.plass på 3000m hinder. Tida vart 9.36.30min. Ei uhyre sterk plassering av ein debutant. Gratulerer så mykje, Vincent! Diskos. Thomas Mardal deltok i U-20 VM , der vekta på diskosen var 1.75 kg. No var det 2 kg og seniordiskos. 6.plass i eit seniormeisterskap er absolutt bra Thomas. Resultat 50.56 m. Sven Martin Skagestad, som var OL deltakar, vann konkurransen med 61.58 m. Slegge. Gfil hadde med 4 utøvarar; Thomas, Hans, Evald og Steinar. I NM samanheng kan eg aldri hugse vi har hatt med 4 utøvarar på herresida i ei og same øving. Sterkt! Steinar» slo til» med sølv. Resultat 62.72m. Glimrande Steinar! Evald dekk «den sure 4.plassen», men med det gode resultatet 60.11m. Dette var sterkt Evald. Thomas persa seg med om lag 6m og fekk 59.07m og 6.plass. Supert Thomas! Hans fekk 52.35m og 10. plass. Pila peikar oppover Hans! Desse fire dannar ei sterk prestasjonsgruppe i øvinga. Steinar har innsikt, rutine og «snakkar same språk» som desse ungdomane. Du er eit føredøme for unge utøvarar. Gratulerer så mykje med sølvet, ved neste «korsvei» grusar du kretsrekorden. Kule Thomas er eit unikum, som beherskar alle kastøvingane pluss, pluss … Denne gongen var det kule. 4.plass og 15.30m.Glimrande Thomas! Gull; 1. Sølv; 1, Bronse; 2 , 4.plass 3, 5.plass 1, 6.plass 3, 7.plass 1, 10 plass 2. Utruleg bra blant noregs beste utøvarar. Mange fortener ei stor rose for resultata vi oppnår år etter år. Utøvarane gjer jobben og først og fremst må vi takke og gratulere dei. 58


Trenarane veit kva som krevst for å hevde seg i noregstoppen, så Jørund, Ole Morten, Nils Ove, Reidar og Else. Godt jobba! De gjer ein kjempejobb! Kontinuitet på den administrative sida er også ein viktig faktor, saman med gode og stabile sponsorar. Utan støtte frå dykk ville vi ikkje greidd dette år etter år ,så tusen takk!

Merete på veg mot NM gull 2016

Nm sølv Steinar Kleppe

LAGLEIING NORSKE MEISTERKAP 2016 NM senior Askøy: Hovudleiar Jan Otto Aae, Odd Raad, Ole Morten Mardal, Nils Ove Roset, Jon Ravnestad, Jørund Årdal, Knut Stian Fjellestad, Asle og Ute Førde, Magne Devik NM junior, Brandbu: Hovudleiar Ole Morten Mardal, Reidar Moldestad, Jan Otto Aae, Nils Ove Roset, Asle og Ute Førde, Magne Devik, Else Lundestad Bakkelid, Jon Ravnestad. UM Sandnes, Reidar Moldestad, Jørund Årdal, Ole Morten Mardal, Else Lundestad Bakkelid, Asle og Ute Førde, Nils Ove Roset. Asle og Ute Førde, Magne og Janne Osnes Devik. 59


Ungdomsmesterskapet er oppdelt i aldersklassane G/J 15-16-17 og 18/19 år. SANDNES IL 2-4 SEPTEMBER 2016 RESULTAT UM 2016 - 13 MEDALJER TIL UTØVARAR FRÅ GLOPPEN

Utøvar

Klasse Øving Resultat Diskos Thomas Mardal G18 1,75 56,17 Thomas Mardal G18 Kule 18,37 Thomas Mardal G18 Slegge 67,94 Vincent Førde G18 2000 mH 6,06,98 Vincent Førde G18 800 m 2,00,82 Steffen Fjellestad G17 Slegge 38,36 Leiv Arne Støyva G16 Kule 5 kg 14,17 Leiv Arne Støyva G16 Diskos 1,5 35,04 Slegge 5 Magnus Storsletten G16 kg 57,04 Magnus Storsletten G16 Kule 5 kg 11,99 11,74 Robert Andre Moldestad G16 100 m (+2,4) 24,35 (Robert Andre Moldestad G16 200 m 1,1) Slegge 5 Håkon Fjellestad G16 kg 46,5 Håkon Fjellestad G16 Diskos 1,5 34,93 Slegge 5 Håkon Roset G16 kg 54,36 Simon Lidal G18 Spyd 51,46 Arne Devik G15 Diskos 38,25 Arne Devik G15 Slegge 5kg 51,25 Lisa Selsvik Haugen J17 Slegge 43,93 Lisa Selsvik Haugen J17 Diskos 29,07 Ingeborg Raftevoll J18 Høgde 1,51

Plassering Tyrvingpoeng Deltakarar 1 2 1 3 11 2 1 3

1077 1095 1059 1012 892 410 974 727

6 7 3 6 20 2 9 8

1 5

1050 843

6 9

11

993

18

11

927

15

4 5

890 586

6 8

2 5 3 3 3 3 9

1023 849 617 1012 998 584 872

6 7 13 5 3 3 10

Friidretten hadde ei flott helg i Sandnes. Aldersbestemt Nm er årets høgdepunkt for våre unge fremmadstormande utøvarar. Dette meisterskapet tar pulsen på friidretten både lokalt og nasjonalt. UM er moderlaga sitt meisterskap og vi skulle så absolutt hatt eit UM på heimebane næraste tida. Utan tvil det viktigaste stemnet for å sikre god rekruttering. Utan 60


unge til å ta tradisjonane vidare blir det tynt. I Gloppen har vi lange tradisjonar for god friidrett og våre unge aktive var heilt på topp i helga. Mange flotte persar og topp stemning alle dagane. Vi kom til Sandnes torsdag ettermiddag og fekk sett opp lagsteltet på dertil svært eigna stad like ved bana. Alle budde på Hotell Sverre midt i Sandnes sentrum og 8 minutt gange frå bana. Gode sosiale stunder både ved bana og under fellesmåltida på kvelden. Det er også flott å sjå mangfaldet i lagsdraktene frå Gloppen. Alle klubbane var representerte. Flott! Den av våre utøvarar som imponerte mest var Thomas Mardal i sine tre kastdisiplinar - slegge, kule og diskos. Vi tar av oss hatten for prestasjonane. No står den internasjonale arena og ventar. Det blir spennande år framover. For hans del er UM-karrieren over, men mange står i kø for å vere med etter han. Det er vi glade for. Vi gleder oss allereie til Bergen og Fana stadion første helga i september 2017. N.O.R

INTERNASJONAL REPRESENTASJON /LAGLEIING Thomas Mardal , U20VM diskos Bydgoszcz - Polen, Ole Morten Mardal trenar Trude Raad, Døve VM Bulgaria, Jørund Årdal, trenar. Thomas Mardal og Vincent Sondre Førde, Nordisk landskamp, Hafnarfjordur Island. Jørund Årdal, trenar Evald Osnes Devik, U23 Nordisk Baltisk i Espoo, Finland. Jørund Årdal, trenar Thomas Mardal, kastklassikeren, Hallesche Werfertage, Halle i Tyskland.

61


FRAMFOR SESONGEN 2017 Første halvdel:     

1 april- 18 april - Alfamar – treningsleir 29 april - sponsortreff/Kickoff på Gloppen Hotell. 30 april – Oldenstafett 5-7 mai – Landslagsamling i Slegge/diskos/kule. 7 mai Breimstafett 26-28 mai Sparebankleikar

 

8 juni Gloppen-meisterskap 20 juni Bendit-samling 13-14 år på Byrkjelo.

  

5 juli - seriestevne Byrkjelo 30 juni – 2 juli VU spel i Gøteborg. Midten/slutten av juli - Nasjonalt stevne i Hyen

Andre halvdel:  11-13 august – JR.- NM Harstad  19-20 august– Nordisk i Sverige  25.-27. august - Hovud-NMi Sandnes  1-3 september - UM Fana

GFIL – Vestlandets kastklubb nr 1. Juletrening 2016. 62


FELLESTURAR OG MILJØ Vi har i 2016 hatt mange turar ilag der dei unge i kommunen deltek på aldersfastlagde stevner. Det er miljøskapande å reise og bu ilag. Framoleikane, Tyrvingleikane, Veidekkeleikane er stevner der friidretten er samla. Det er veldig kjekke turar der alle klubbane bidrar inn i felleskapet. UM i Sandnes vart eit kjempeflott stevne og svært viktig for miljøet. God overnatting på hotell Sverre i Sandnes sentrum, kort vei til bana og eit kjempeflott samlingspunkt på bana med eit stort telt. SFE lånte oss eit skikkeleg telt der vi kunne samlast. Dette bidrog til at det vart ein flott møteplass både for foreldre og utøvarar. Vi har fått løyve til å ha med dette teltet på dei store stevna utover i 2017. At alle drar lasset i lag på desse ungdomstevna er svært viktig. Det skapar samhald at friidretten er ilag også på desse stevna der utøvarane representerer moderlaga. I år skal vi til Fana og GFIL har tinga hotell ut mot Flesland. Vi gledar oss !

Her er gjengen samla under årets Framoleikar.

63


Dagfinn – ein aktiv veteran

Gloppen halvmaraton i oktober 2016 Sverre Nesdal Aske i hælane på Helge Hafsås – Aske trakk det lengste strået. Veteransesongen 2016 Innandørs 12.-13. mars arrangerte Ullensaker/Kisa IL veteran-NM innandørs i Nes Arena ved Jessheim. I hallen som blei teken i bruk våren 2015, var GFIL representert ved Dagfinn Nyhammer i kl. 65-69. Han gjekk til topps på 800-meter med tida 2.37,63. Resultatet 30,74 gav sølv på 200meter, medan han fekk bronsemedalje på 1500-meter med tida 5.31,47.

64


Terrengstafettane I Holmenkollstafetten stilte vi med eit solid herrelag i klasse +55, og avanserte frå fjerdeplassen i 2015 til andreplass bak Strindheim IL. Som regjerande meistrar såg vi fram til å skulle forsvare gullet på Oldenstafetten, men skadeproblem gjorde at vi måtte trekkje laget. Dermed fekk Jølster ei enkel oppgåve med å ta tilbake trona. Helga etter kunne vi glede oss over at herrelaget til Fjellhug/Vereide tok gull i yngste veteranklasse på Breimstafetten. På vinnarlaget sprang Jan Erik Roset, Benny Østerbye Hansen, Lars Otto Alme, Sindre Humberset, Sverre Nesdal Aske og Kenneth Fure. Her er det heilt klart løparar som kunne skaffa GFIL kjærkomne poeng i veteranserien. Banestemne Med Vikersundbakken i nabolaget blei veteran-NM arrangert på Geithus i Modum kommune 12.-14. august. Fem utøvarar frå laget vårt var i aksjon på Furumo Idrettspark desse dagane. To veker etter at Elin Isane (40-44) tok bronse i diskos under hovudmeisterskapen for seniorar på Askøy, deltok ho for første gong i ein veteranmeisterskap. Det resulterte i gull og ny meisterskapsrekord i diskos med 47,39 meter. Ho sletta dermed rekorden på 44,11 som tilhøyrde den tidlegare toppkastaren Jorunn Tangen Hole. Nemnast bør også at Borghild Hjelmeset, som no representerer Sigdal Friidrettsklubb, tok andreplassen i klassa med resultatet 29,33. Vi gleder oss over at Per Kristian Lundby (65-69) tok turen frå England for å konkurrere mot friidrettsveteranane i gamlelandet. Høgdepunktet for han var NM-tittelen i tresteg på det gode resultatet 9,43. Han tok elles sølv i diskos med 32,26, og han kom på femteplass i spyd med 33,70 meter. Klassekollega Dagfinn Nyhammer deltok både på korte og lengre løp. Fasiten blei to gull (400m og 800m), to sølv (100m og 200m) og fjerdeplass på 3000m. Jørgen M. Holme hadde sin første sesong i klasse 85-89 år, og på Furumo Idrettspark tok han sølv både i slegge og i vektkast. Jon R. Hauge (40-44) fekk tre gull (200m, 400m og 800m). Etter eit vellukka mellomspel i Hornindal var KM tilbake på Byrkjelo 20.-21. august. Som vanleg var det ikkje den store deltakinga blant seniorane og veteranane, men GFIL var trass alt relativt godt representert i veteranklassene. Merete Helgheim (35-39) sprang 3000m, Else Lundestad Bakkelid (40-44) deltok i diskos, Jon R. Hauge (40-44) sprang 100m og 200m, Jakob Eirik Lothe (60-64) tok turen frå Bergen for å hoppe høgde, Dagfinn Nyhammer (65-69) sprang 200m og 5000m og Jørgen M. Holme (85-89) deltok i slegge. Veteranserien Damelaget vårt krona det tredje strake opprykket med å vinne veteranserien 2016! Eg vil rette ei særleg takk til Merete Helgheim som tok utfordringa på strak arm og sprang tre sprintløp på Byrkjelo siste søndagen i oktober. Sjølv om Merete skårar høgare poengsummar i kappgang og på lengre løp, skaffa ho oss ikkje mindre enn 1.112 poeng denne ettermiddagen. Utan desse poenga hadde damelaget falle ned på fjerdeplass. Som alltid sytte Elin Isane og Else Lundestad Bakkelid for strålande kastlengder. Med resultatet 46,92 i diskos er Else berre 94 cm bak persen frå 1996. På tampen av sesongen ordna det seg også i hopp med tre fine resultat i hopp utan tilløp. Det er ein del år sidan 65


Ingunn Elvebakk (40-44) var aktiv høgdehoppar med 1,71 som bestenotering, men spensten er framleis god. 2,21 i lengde u.t. og 1,11 i høgde u.t. er meir enn godkjent. Kanskje kan dette inspirere til å prøve seg også i hopp utandørs den komande sesongen? Førstelaget til herrane går tilbake 530 poeng frå 2015, men blir verande på fjerdeplass i 1.divisjon. På ny har Per Andenæs det suverent sterkaste enkeltresultatet. 1,35 i høgde u.t. for andre året på rad er det nest beste resultatet i kl. 65-69 i landet gjennom tidene. Med litt spesialtrening på øvinga er klasserekorden på 1,41 innan rekkevidde. På herrane sitt andrelag hadde vi lenge så få resultat at det var grunn til å frykte for plassen i 3.divisjon. Då tok Jakob Eirik Lothe ansvar og stilte opp i fire sprint- og hoppøvingar han vanlegvis ikkje konkurrerer i. Dermed hadde vi god avstand til nedrykk og enda på tolvteplass. Det er likevel ein tankevekkar at vi står utan resultat på lengre løp. Her er mange veteranar i kommunen som er i god løpstrening, men å rekruttere fleire til baneløp er ei tung oppgåve.

F.v Jon R. Hauge, Elin Isane, Jørgen Holme, Per Kristian Lundby og Dagfinn Nyhammer.

66


GFIL-resultat i veteranserien 2016 Kvinner, 1.divisjon Løp 1 400m Merete Helgheim 60m Merete Helgheim 100m Merete Helgheim Løp 2 3000m kappg 5000m 3000m Hopp Lengde u.t. Høgde u.t. Lengde u.t. Kast Diskos Slegge Diskos

Merete Helgheim Merete Helgheim Merete Helgheim

1980 1.09,5 1980 9,6 (0,0) 1980 16,1 (0,0) Sum

405 Byrkjelo 400 Byrkjelo 307 Byrkjelo 1112

30/10 30/10 30/10

1980 13.39,80 1980 18.50,50 1980 11.09,49 Sum

848 Ravnanger 29/7 610 Byrkjelo 22/9 568 Byrkjelo 21/8 2026

Ingunn Elvebakk 1972 2,21 Ingunn Elvebakk 1972 1,11 Else Lundestad Bakkelid 1976 2,11 Sum

591 Sandane 578 Sandane 504 Sandane 1673

27/10 27/10 27/10

Elin Isane 1975 49,43 Else Lundestad Bakkelid 1976 42,64 Else Lundestad Bakkelid 1976 46,92 Sum

954 Røyken 936 Byrkjelo 897 Fana 2787

17/7 24/6 3/6

Valfrie øvingar Vektkast Else Lundestad Bakkelid 1976 13,18 Kule Elin Isane 1975 11,50 Kule Else Lundestad Bakkelid 1976 11,10 Sum

840 Rygg 11/9 711 Ravnanger 29/7 682 Rygg 29/5 2233

Totalsum: 9 831

Førstelag menn, 1.divisjon Løp 1 400m Jon R. Hauge 200m Jon R. Hauge 60m 100m

Jon R. Hauge Jon R. Hauge

1974 54,44 1974 24,88 (+0,3) 1974 7,7 (+0,1) 1974 12,30 (+0,9) Sum

772 717

Geithus Geithus

14/8 13/8

694 693

Hyen Hyen

14/9 27/7

2876 67


Løp 2 1500m 800m 800m 3000m

Hopp Høgde u.t. Lengde u.t. Tresteg Lengde

Kast Slegge Slegge Vektkast Spyd

Valfrie øvingar 5000m 200m 1500m 400m

Dagfinn Nyhammer Jon R. Hauge Dagfinn Nyhammer Dagfinn Nyhammer

Per Andenæs Per Andenæs Per Kristian Lundby Per Kristian Lundby

Jørgen M. Holme Jørund Årdal Jørgen M. Holme Per Kristian Lundby

Dagfinn Nyhammer Dagfinn Nyhammer Magne Tystad Dagfinn Nyhammer

1950 5.31,47

788

Hvam

12/3

1974 2.07,28 1950 2.37,63

779 763

Geithus Hvam

13/8 13/3

1950 11.48,07

709

Geithus

12/8

Sum

3039

1950 1,35 1950 2,53 1948 9,43 (-0,6)

974 830 763

Sandane Sandane Geithus

27/10 27/10 14/8

1948 4,15 (ok)

652

Loughborough, GBR

20/7

Byrkjelo Byrkjelo Geithus Geithus

20/8 30/10 14/8 14/8

1931 1953 1931 1948

Sum

3219

26,61 41,80 9,62 33,70

828 754 672 628

Sum

2882

1950 20.39,06

682

Byrkjelo

21/8

1950 30,18 (+0,4) 1945 6.11,4 1950 1.08,45

678

Byrkjelo

21/8

677 655

Byrkjelo Hyen

30/10 27/7

Sum Totalsum: 14 708 Andrelag menn, 3.divisjon Løp 1 100m Magnar Holvik 60m Jakob Eirik Lothe 100m Jakob Eirik Lothe

2692

1952 16,11 (+0,9) 377 1953 10,4 (0,0) 324 1953 17,6 (0,0) 183

Hyen Byrkjelo Arna

27/7 30/10 19/10 68


Sum

884

Sum

0

Løp 2

Hopp Lengde u.t. Høgde Høgde u.t. Kast Kule Diskos Kule

Jakob Eirik Lothe Jakob Eirik Lothe Jakob Eirik Lothe

1953 2,15 1953 1,20 1953 1,00 Sum

Olav Marius Aa 1976 10,09 Jakob Eirik Lothe 1953 31,98 Øyvind Heimset Larsen 1974 9,65 Sum

Valfrie øvingar Kule Jakob Eirik Lothe 1953 8,37 Diskos Øyvind Heimset Larsen 1974 29,00 Sum

484 Sandane 434 Byrkjelo 384 Sandane 1302

27/10 21/8 27/10

560 Hyen 27/7 543 Skansemyren 13/9 530 Hyen 27/7 1633 512 503

Skansemyren 21/6 Hyen 27/7

1015

Totalsum: 4 834

Konkurransesesongen Senior 2016 oppsummering. Stafettsesongen: I Breimstafetten, 1. mai 2016 herreklassa enda det slik: Herrar: 1 Jølster IL 10.47,50 2. Gloppen FIL 11,06,76 3. «Koz og klemz» 11.43,01 4. «Jakt, fiske og spenst» 12.43.26 Damer: 1. Gloppen FIL 6.58.89 2. Florø T&IF 7.05.61 3. Hornindal IL 7.22.65 4. «Skumma kultur» – NFHS 7.28.47 5. Førde IL 7.36.85 6. «Fart og sjølvtilit» – NFHS 9.03.30 Kraftprøva: Menn: Jostein Joshua Fossøy, Florø T&IF Kvinner: Kristi Strømmen Kjerpeset, Florø T&IF 69


Resultat frå dei norske meisterskapa: I Hovud-NM på Askøy 4 medaljer, ei mindre enn i åra 2015, 2014, 2013 og 2012 Under Junior-NM i Brandbu fekk vi 5 medaljer, det same som i 2015, ei meir enn i 2014 Under Terreng Nm Kort løype Menn U20 2km, fekk Vincent Sondre Førde ein plass. NM senior, Askøy 29.-31.7. 2016: Namn Plass Merete Helgheim Gull Steinar Kleppe Trude Raad Elin Isane Thomas Mardal Vincent Sondre Førde Evald Osnes Devik Else Lundestad Bakkelid Marte Rygg Årdal Thomas Mardal Thomas Mardal Trude Raad Elin Isane Hans Sande

Klasse Resultat KS 13.39,80

Sølv Bronse Bronse 4. plass 4. plass 4. plass 5. plass

Øving 3000m kappgang Slegge Slegge Diskos Kule 3000 m hinder Slegge Diskos

MS KS KS MS MS MS KS

62,72 63,28 47,99 15,30 9.36,30 60,11 43,29

6 plass 6. plass 6. plass 7. plass 10. plass 10. plass

Slegge Diskos Slegge Diskos Kule Slegge

KS MS MS KS KS MS

52,93 40,56 59,07 42,14 11,50 52,35

NM junior, Brandbu, 5.-7.8. 2016 Namn Plass

Øving

Thomas Mardal Thomas Mardal Vincent Sondre Førde Thomas Mardal Evald Osnes Devik Hans Sande Magnus Rygg Storsletten Thomas Mardal Simon Lidal Håkon Hjelle Roset Lisa Selsvik Håkon Fjellestad Lisa Selsvik

Slegge Diskos 3000 m H Kule Slegge Slegge Slegge Slegge Spyd Slegge Slegge Slegge Diskos

Gull Gull Gull Sølv Sølv 4. plass 4. plass 5. plass 5. plass 6. plass 6. plass 7. plass 8. plass

Klass e M19 M19 M19 M19 M22 M22 M19 M19 M19 M19 K19 M19 K19

Resultat 64,86 55,85 9.20,31 16,34 60,08 54,56 53,37 52,86 52,13 47,32 41,46 42,54 29,14 70


Steffen Fjellestad Ingrid Hjelle Roset Robert André Moldestad

9. plass Slegge Forsøk 400 m Forsøk 100 m

M19 K19 M19

36,33 61,48 12,01

71


Internasjonal representasjon: VM Døve Stara Zagora/BUL 28.06. Namn Plass Øving Klasse Trude Raad Gull Slegge KS

Resultat 62,62

VM U20 Bydgoszcz/POL16.-20.7. Namn Plass Øving Klasse Thomas Mardal Fors. Diskos MU20

Resultat 55,82

Nordisk meisterskap U20, Hafnarfjordur/ISL 13.-14.8. Namn Plass Øving Klasse Resultat Thomas Mardal Sølv Diskos MU20 58,68 Thomas Mardal Bronse Slegge MU20 67,94 Vincent Sondre 4. pl 3000H MU20 9.31,64 Førde Thomas Mardal 5. pl Kule MU20 16,99

Nye lagsrekordar: Namn Øving Steinar Kleppe Slegge Merete 3000 m Helgheim kappg

Resultat 63,81 13.39,80

Stad Fana 24.07. Askøy 29.7.

10 på topp Noreg senior 2016. 13 resultat rakk til å komme med på denne lista, eitt færre enn rekorden frå i fjor. Fem pallplassar med Merete på topp. Thomas Mardal har klatra opp på pallplass i slegge, Vincent Sondre Førde og Evald Osnes Devik har også gjort fin resultatmessig framgang.

72


Plassering Øving 1 3000 m kappg. 2 Slegge 2 Slegge 3 Diskos 3 Slegge 6 Kule 6 Diskos 6 Slegge 6 3000 m hinder 7 Slegge 7 Diskos

Resultat Namn Stad 13.39,80 Merete Helgheim Askøy

Dato 29.07

64,64 63,81 49,43 63,72 15,30 52,97 61,63 9.20,31

Fana Fana Spikkestad Rygg Askøy Byrkjelo Espoo(FIN) Byrkjelo

05.06 24.07 17.07 23.10 31.07 26.05 20.08 05.08

Oslo Fana

12.08 03.06

9 10

43,08 54,56

Byrkjelo Brandbu

21.08 06.08

Diskos Slegge

53,04 46,92

Trude Raad Steinar Kleppe Elin Isane Thomas Mardal Thomas Mardal Thomas Mardal Evald Osnes Devik Vincent Sondre Førde Marte Rygg Årdal Else Lundestad Bakkelid Trude Raad Hans Sande

73


NFIF sine lagseriar 2016 Det unge herrelaget vårt klarte nesten å halde plassen i 1. divisjon, men vi er dessverre for svake i hoppøvingane. Damelaget slit også med manglande breidde og er på kanten til å rykke ned i 3. divisjon. 1. DIVISJON MENN 2016 TOTALT 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

IK Tjalve IL Norna-Salhus Sandnes IL IL Tyrving IL Gneist IK Tjalve 2. lag IL Gular FIK Orion Haugesund IL IL i BUL

(30/19) (30/19) (30/13) (30/17) (30/16) (30/19) (30/16) (29/15) (30/15) (25/18)

27 383 25 766 25 350 23 652 22 981 22 284 22 148 21 469 20 772 19 848

(1) (2) (3) (5) (9) (7) (2/2d) (8) (3/2d) (6)

Oslo Hordaland Rogaland Akershus Hordaland Oslo Hordaland Hedmark Rogaland Oslo

11 12 13 14

Gloppen FIL IL Skjalg SK Vidar IF Herkules

(29/11) (28/13) (22/10) (25/15)

19 689 19 201 18 673 16 766

(4/2d) (1/2d) (10) (4)

Sogn og Fjordane Rogaland Oslo Telemark

2. DIVISJON KVINNER 2016 TOTALT 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Larvik T&IF IL Gneist IF Sturla Strindheim IL Kristiansand IF Lillehammer IF Haugesund IL IL Fri Ålesund FIK Gloppen FIL

(25/11) (25/11) (24/11) (23/11) (24/10) (25/11) (24/13) (25/11) (25/12) (22/9)

17 456 17 048 16 663 16 653 16 502 16 349 15 861 15 716 15 395 15 237

(2/3d) (11/1d) (5) (1/3d) (12/1d) (3/3d) (10) (13/1d) (9) (14/1d)

11 12 13 14

IL Skjalg Stjørdal FIK IL Sandvin Moelven IL

(25/15) (22/11) (22/8) (18/8)

14 405 13 928 13 719 10 905

(6) (7) (4/3d) (8)

Vestfold Hordaland Buskerud Sør Trøndelag Vest Agder Oppland Rogaland Hordaland Møre og Romsdal Sogn og Fjordane Rogaland Nord Trøndelag Vestfold Hedmark

74


KLUBB: KRINS: ÅR:

Gloppen FIL Sogn og Fjordane 2016

OBLIGATORISKE ØVINGAR ØVING 100m 200m 400m 800m 1500m 5000m 400m hekk 3000m hinder Lengde Tresteg Kule Diskos Slegge Spyd Tal noteringar:

NAMN Thomas Mardal Robert André Moldestad Jon R. Hauge Jon Rolf Skamo Hope Jon Rolf Skamo Hope Vincent Sondre Førde Jon R. Hauge Vincent Sondre Førde Robert André Moldestad Robert André Moldestad Thomas Mardal Thomas Mardal Steinar Kleppe Thomas Mardal

14

FØDD ÅR RESULTAT 1997 11.11 2000 24.35 1974 54.44 1998 1.59.95 1998 4.18.4 1997 15.29.99 1974 62.82 1997 2000 2000 1997 1997 1988 1997

9.20.31 5.43 11.55 15.30 52.97 63.81 53.38

Sum:

POENG 814 614 587 688 606 707 555

STAD Byrkjelo Sandnes Geithus Byrkjelo Indre Arna Byrkjelo Byrkjelo

DATO 22.09 03.09 14.08 26.06 06.07 22.09 22.09

789 474 509 815 905 926 672

Brandbu Byrkjelo Byrkjelo Ravnanger Byrkjelo Fana Byrkjelo

05.08 26.06 24.06 31.07 26.05 24.07 22.09

STAD Rygg Leppävaara/FIN Brandbu Nadderud Sandnes Hyen Brandbu Brandbu Rygg Byrkjelo Lillehammer Byrkjelo

DATO 23.10 20.08 06.08 10.06 04.09 29.06 07.08 05.08 25.09 26.05 17.06 26.05

9 661

VALFRIE ØVINGAR ØVING Slegge Slegge Slegge 3000m 800m Diskos Spyd 100m Slegge 1500m 200m 100m

NAMN Thomas Mardal Evald Osnes Devik Hans Sande Vincent Sondre Førde Vincent Sondre Førde Steinar Kleppe Simon Lidal Robert André Moldestad Håkon Hjelle Roset Vincent Sondre Førde Marcus Røed Frøyset Marcus Røed Frøyset

FØDD ÅR RESULTAT 1997 63.72 1995 61.63 1996 54.56 1997 8.42.67 1997 2.00.82 1988 38.56 1998 52.13 2000 12.01 2000 38.87 1997 4.19.52 2000 24.67 2000 12.13

POENG 925 899 811 758 671 658 655 608 598 597 585 584

75


200m 800m 100m

Jon R. Hauge Jon R. Hauge Jon R. Hauge

Tal noterinar: Not. totalt:

15 29

KLUBB: KRINS: ÅR:

Gloppen FIL Sogn og Fjordane 2016

1974 1974 1974

24.88 2.07.28 12.30 Sum: Total sum:

566 563 550

Geithus Geithus Hyen

13.08 13.08 27.07

10 028 19 689

OBLIGATORISKE ØVELSER

ØVING 100m 200m 400m 5000m 3000m kappg Høgde Kule Diskos Slegge Spyd Tal noteringar:

NAMN Ingrid Hjelle Roset Ingrid Hjelle Roset Ingrid Hjelle Roset Merete Helgheim Merete Helgheim Kjersti Hjelle Eide Trude Raad Elin Isane Trude Raad Else Lundestad Bakkelid

10

FØDD ÅR RESULTAT 1997 13.48 1997 27.12 1997 60.42 1980 18.50.50 1980 1997 1990 1975 1990 1976

13.39.80 1.66 11.80 49.43 64.64 27.56

Sum:

POENG 591 641 666 620 785 740 703 854 977 508

STAD Byrkjelo Byrkjelo Lillehammer Byrkjelo

DATO 26.05 26.06 18.06 22.09

Ravnanger Fana Rygg Spikkestad Fana Byrkjelo

29.07 04.06 11.09 17.07 05.06 22.09

STAD Oslo/Bi Fana Byrkjelo Rygg Byrkjelo Ravnanger

DATO 12.08 03.06 21.08 12.06 24.06 29.07

7 085

VALFRIE ØVINGAR

ØVING Slegge Diskos Diskos Slegge Slegge Kule

NAMN Marte Rygg Årdal Else Lundestad Bakkelid Trude Raad Lisa Selsvik Else Lundestad Bakkelid Elin Isane

FØDD ÅR RESULTAT 1992 53.04 1976 46.92 1990 43.08 1999 42.88 1976 42.64 1975 11.50

POENG 845 820 767 721 718 686

76


Kule Høgde Lengde u.t. Diskos 3000m Lengde u.t.

Else Lundestad Bakkelid Ingeborg Raftevold Kjersti Hjelle Eide Lisa Selsvik Merete Helgheim Else Lundestad Bakkelid

Tal noteringar: 12 Noteringar totalt: 22 Deltakarar: 9

1976 1998 1997 1999 1980 1976

11.10 1.55 2.45 30.76 11.09.49 2.33 Sum: Total sum:

664 651 600 593 569 518

Rygg Byrkjelo Sandane Rygg Byrkjelo Sandane

29.05 11.07 17.12 28.08 21.08 17.12

8 152 15 237

77


Lagsrekordar pr. 01.01.2017 10.97 Byrkjelo 27.6.15 MENN: Øving

Namn

Resultat Stad

Dato

100m

Magnus Kleppe

10,97

Uddevalla

100m

Thomas Mardal

10,97

Byrkjelo

27.6.2015

200m

Magnus Kleppe

22,43

Fana

26.7.1996

400m

Nils Ove Roset

49,16

Byrkjelo

11.8.1990

800m

Nils Ove Roset

1.53,22

Drammen

21.5.1990

1000m 1500m

Odd Bjørn Hjelmeset Odd Bjørn Hjelmeset

2.30,20 3.57,20

Byrkjelo Førde

24.5.1995 24.7.1991

3000m

Odd Bjørn Hjelmeset

8.23,95

Bislett

3.8.1997

9.8.1995 78


5000m 10000m

Odd Bjørn Hjelmeset Olav Holvik

14.33,48 Bislett 31.50,9 Sandane

23.7.1998 22.7.1990

110m hk

Olav Flølo

15,67

Drammen

12.7.1994

400m hk

Bård Sandal

52,89

Mosjøen

15.8.1992

3000m H

Odd Bjørn Hjelmeset

8.54,42

Byrkjelo

7.8.1999

Høgde Stav

Olav Flølo Olav Flølo

2,03 3,25

Skjåk Byrkjelo

17.7.1993 18.8.1993

Lengde

Ole Morten Mardal

7,42

Byrkjelo

3.7.1993

Tresteg

Magnus Kleppe

14,30

Florø

24.8.1991

Kule

Kjell Ove Hauge

20,39

Eugene,USA

31.5.1998

Diskos Spyd

Kjell Ove Hauge Arne Indrebø

63,10 76,20

Tønsberg Byrkjelo

14.6.1997 24.7.1994

Slegge

Steinar Kleppe

63,81

Fana

24.7.2016

Lengde u.t.

Kjell Ove Hauge

3,39

Sandane

30.6.1994

Høgde u.t.

Kjell Ove Hauge

1,73

Sandane

13.9.1995

KVINNER: Øving 100m

Namn Cecilie Rise

200m

Cecilie Rise

25,31

Linz, Østerrike

30.8.2003

400m

Kristin Roset

55,72

Byrkjelo

23.8.1997

800m

Kristin Roset

2.03,64

Drammen

1500m 3000m

Kristin Roset Kristin Roset

4.10,56 9.40,5

Cork, Irland Sandane

5000m

Merete Helgheim

18.07,56 Sandane

18.06.2008

10000m

Merete Helgheim

37.23.59 Sandnes

20.08.2010

100m hk

Cecilie Rise

14,8

Byrkjelo

21.9.1994

400m hk Høgde

Hildegunn Dalsbø Ingrid Kristiane Fardal

64,82 1,76

Sandnes Trondheim

17.8.2002 30.7.2004

3000m kappg. Merete Helgheim

Resultat Stad 12,04 Drammen

13.39,80 Askøy

Dato 8.7.1994

8.7.2001 6.7.2002 9.10.2001

29.7.2016

Stav

Hildegunn Dalsbø

2,65

Byrkjelo

30.06.2005

Lengde

Cecilie Rise

6,24

Ebensee, Østerr.

2.8.2003

Tresteg Kule

Cecilie Rise Elin Isane

13,26 14,92

Fredrikstad Århus, Danmark

8.8.2003 22.6.2003

Diskos

Elin Isane

55,95

Spikkestad

16.9.2005

Slegge

Trude Raad

65,03

Haugesund

2.8.2015

Spyd Lengde u.t.

Bodil Hjelmeset Cecilie Rise

51,96 2,69

Kuortane, Finland 17.6.2001 Sandane 26.12.1997

høgde u.t.

Marie Nyland

1,38

Stangehallen

3.2.1996

79


Reidar Moldestad og BBIL er representanter for positive og framtidsretta haldningar.

80

Profile for Birgith Hjelle Roset

Gfil årsmelding 2016  

Gfil årsmelding 2016  

Profile for friidrett
Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded