Page 1

ÅRSMØTET I GLOPPEN FRIIDRETTSLAG

I SFE-KANTINA ONSDAG 5 MARS 2014 kl. 1930

SAKLISTE 1

OPNING v/Nils Ove Roset

2

KONSTITUERING, møteleiar, referent og to til å signere møteboka

3

ÅRSMELDING 2013

4

MEDLEMSPENGAR 2014 – 250 aktiv /150 støttemedlem

5

REKNESKAP 2013 v/Else Løkke

6

BUDSJETT 2014 v/Else Løkke

7

NYE LOVER GLOPPEN FRIIDRETTSLAG v/Ragnar Eimhjellen

8

VEDTEKTER TIL ”BYRKJELOALLIANSEN” v/ Nils Ove Roset

8

VALG AV REPRESENTANTAR FRÅ GFIL TIL RÅDET FOR ”BYRKJELOALLIANSEN” v/Nils Ove Roset

9

VALG AV 2 REPRESENTANTAR TIL KRINSTINGET I APRIL v/Nils Ove Roset

10

VAL v/ Arnulf Aa

11

AVSLUTNING


Nm 2013 i Tønsberg

I. Styre / administrasjon / organisasjon Administrativ leiar Nils-Ove Roset Økonomileiar Else Løkke Sportsleg leiar Jørund Årdal Styremedlem Ole Bent Søreide Styremedlem Ragnar Eimhjellen Styremedlem Jon R. Hauge 1. varamedlem Solfrid Utheim Rygg 2. varamedlem Dag Fosstvedt Økonomigruppe: Gunnar Hole, Helge Raad og Ole Bent Søreide (frå okt 2013) Rekneskapstenester har vore kjøpt gjennom Lillian Støyva, Byrkjelo Valnemd 2013; Arnulf Aa, Odd Raad, Magne Devik Revisorar Ragnhild Helgheim og Sissel Eide Reed Representasjon / verv Merete Helgheim, styremedlem i SFFIK Trenarforeninga sitt seminar på NIH Jan Otto Aae, Nils Ove Roset og Ole Morten Mardal Jørund Årdal , medlem i statistikk og rekordutvalet i SFFIK Jørund Årdal, serieansvarleg i SFFIK Dagfinn Nyhammer leiar i dommarutvalget i SSFIK Birger Berge, medlem i dommarutvalet i SFFIK NFIF – trenar løftprosjektet i kast Jørund Årdal. Kompetansehelg i Trondheim – Dagfinn Nyhammer, Kristiane Utheim Rygg Friidrettens trenerforening – Jørund Årdal, styremedlem Engasjement i Kappgangavdelinga i NFIF, Kristiane Utheim Rygg 2


Moderlaga – friidrettsgrupper IL Brodd Daniel Arnestad Dyrnes STIL Birgith Hjelle Roset Fj.V Dagfinn Nyhammer Hyen IL Bjørn Petter Rygg BBIL Anne Svangtun / Anne Merete Kleppenes Møteverksemd Arbeid i styret Arbeidsfordelinga har helde fram som forrige år. Vi har hatt delt leiaransvar. Jørund den sportselege delen, Else økonomi og Nils Ove administrativt. Vi har avhelde 5 styremøter med 52 protokollerte saker. Moderlagsmøte hadde vi i april 2013 Som arrangør av Veteran NM vart det avhelde 5 møter i hovedkomiteen. Leiar i hovedkomiteen var Dagfinn Nyhammer. Nils Ove/Jørund /Ole Morten har hatt ansvar for drifta av nettsida. Dag Fosstvedt har også dette året vore sekretær, redaktør i Gloptimisten . Jon R Hauge, Dagfinn Nyhammer har vore lagets stafettoppmenn. Jon R har også fungert som veteranansvarleg. Det har vore avhelde 2 møter med trenarane Einar Brynemo og Eivind Henriksen (trenarar til Marte Rygg Årdal og Trude Raad).Gfil styret har avhelde oppstartsmøte med økonomigruppa oktober 2013. Juli 2013 hadde GFIL samarbeidsmøte med BBIL om bruk av anlegg og utstyr på Byrkjelo stadion. Gfil hadde i lengre tid hatt problemer med å nytte stadionutsturet fritt og tilgang til hus og rom i stadionbygget var problematisk. Møtet var oppklarande slik vi tolka det, men det måtte nye rundar til etter Veteran NM. Jørund Årdal , Nils Ove Roset og Ole Morten Mardal møtte for GFIL. Kristen Kleppe, Gunnar Hole, Arve Kleppe og Olav S Egge møtte for BBIL. GFIL styret vil framheve Dagfinn Nyhammer, Jon Ravnestad, Gunnar Hole og Knut Lunde som svært viktige samarbeidspartnarar utanfor styret. Styret hadde i desember 2013 møte med BBIL angåande skiping av arrangementsallianse. Dei andre hovedlaga i kommunen var også innkalla. Det vart arbeidd vidare med ”Byrkjeloalliansen”. I starten av januar 2014 var alle moderlaga sine friidrettsgrupper med fleire samla for å ta stilling til evt samarbeidskonstallasjon kring stevner på Byrkjelo. Det vart einigheit om ”Byrkjeloalliansen” med BBIL/GFIL som aktørar/eigarar av alliansen. Det vart også semje om å søke JrNM 2015 gjennom denne alliansen. Nm vart i januar 2014 tildelt Byrkjeloalliansen. JrNm 2015 skal arrangerast på Byrkjelo. Vedtekter vart utarbeidde i løpet av januar/februar 2014. Møte på Breim den 26 februar førte til semje om framlagde vedtekter til godkjenning i årsmøtet.

3


Samordning av trening / Trening /anlegg Idrettsplassen er eit stadig tilbakevendande tema på anleggsfronten. STIL har hatt kastbur diskusjon i 2 år no til våren. Endå har ikkje friidrettsgruppa i STIL fått svar frå hovedstyret om dei får starte opp med å lage til. Anlegget står på kommunen si liste over prioriterte delanlegg for friidrett. Gfil vil no starte å arbeide opp mot kommune for å få realisert del anlegget som inneheld halvmåne med spurtan med lengde/tresteg/høgde og spyd samt kastbur i den andre halvmånen. Vektutstyr er innkjøpt i kastanlegget i Trivselshallen. GFIL har kjøpt for 10 000,Sparebankleikanekontoen 40000,Hyen IL har invistert i ein del nytt vektutstyr og pussa opp vektrommet i idrettsbygget ved stadion. Rygg skule er treningsarena for våre beste kastarar og løparar på det meste som gjeld styrke. Ein god stad å vere – når vi vil og på våre premissar. Loggane kastarena er flittig brukt heile sesongen. Alle kastarane i Gloppen samlast der med Jørund som mentor. Snart har Hyen IL klart sitt nye kastanlegg like ved stadion. Store meisterskap set krav til Byrkjelo om oppvarmingsfelt, om nokre år kan det bli aktuelt med 8 baner heilt rundt, ny stavmatte må på plass før JrNm 2015 og etterkvart større og betre garderobeanlegg. Det første og viktigaste er oppvarmingsfelt. Grusbana bak stadionbygget var eit eigna areal i alle år til oppvarming. No ligg der ei stor volleyballbane som sperrar for oppvarming og anna tilkomst til sørenden av bana. Friidretten saknar heilskapeleg tenking og planlegging for framtida. Gfil ynskjer å vere vere med å legge premissane for korleis anlegga for friidrett skal sjå ut i åra som kjem. I møte med BBIL i slutten av februar 2014 er det semje om at GFIL skal få stille ut premiesamlinga si i Stadionbygget på Byrkjelo samt ha møterom i arrangementsdelen i andre etasje. Friidretten i kommmunen skal også ha fri tilgang til utstyret på lageret ved bana samt tilgang til arrangementsromma i andre etasje. Gfil avtalar med BBIL korleis dette skal gjerast før komande sesong tek til.

Bildet syner morgontrening i Firdahallen ein fredag før jul i 2013. Trening på tvers av lag og idrettar 4


Anlegget i Hyen – ein viktig tilvekst på anleggsfronten. Gfil har nytta anlegget vårsesongen og vintersesongen 2013. Der er som regel alltid bart og gode løpsforhold. Bana er god å springe på og vi har hatt tilgang til styrkerom og garderobar.

Statistikkføring Jørund Årdal har ført statistikk for Gfil. Informasjonsabeid / PR Jørund Årdal har vore i hovedsak laget sin PR mann på det sportslege. Frå 1 januar 2013 har GFIL ny heimeside og den er no i ferd med å rekke opp med antal treff på lik linje med dei andre idrettslaga i kommunen. Då er den blitt fort kjent meiner vi. Alle aktuelle er informert, forbund, presse og moderklubbane.

http://idrett.speaker.no/organisation.asp?orgelementid=25797 fungerer som informasjonskanal samt Gloppen friidrett på facebook. Gloptimisten Gloptimisten har vi greidd å utgje tre gonger som planlagt i 2013. Dag Fosstvedt har vore redaktør med god hjelp av moderlaga sine skribentar. Han har ein enorm kapasitet og brenn for Gloptimisten. Utgiftene ved å gje ut avisa har blitt så store at vi ikkje maktar meir enn 3 nr. No veit vi at der er muligheter for å auke annonseprisane, men vi har valgt å halde prisane på same nivå.

5


Medlemer Aktive : Støttemedlemer:

106 (2010) 110 (2010)

100 (2011) 120 (2011)

100 (2012) 120 (2012)

100(2013) 121(2013)

Vanessa Sunde Hoel er i landstoppen i Kule.

Pinsa 2013 – Laksevåg og GFIL har samling i Gloppen. Middags servering til Toppidrettelevane-friidrett på Firda Vgs Hausten 2013 starta Gfil med middagsservering torsdagane til våre friidrettsutøvarar på Firda med Toppidrett. Gfil spanderer middag frå Gloppen Hotell (kraftig sponsa frå hotellet) kvar torsdag. Jan Otto, Ole Morten og Nils Ove hentar middagen frå hotellet hal fire og sereverer i kantina på Firda til 8 personar. Intensjonen var å skape heildagsskulen der våre utøvarar som torsdagane trenar på føremiddagen og skal ha kveldsøkt kl 1800 skal få godt med mat i kroppen og vere klare til både lesing og trening. Supert tiltak ! Vi har forsøkt å få Trivselshagen med på å lage middagen der oppe på kjøkenet, men det vart for vanskeleg og altfor dyrt (200 pr person).

6


Avslappande stemning i hotellhagen GFIL /Laksevåg Pinsa 2013.

Jørund Årdal og Harald Heier – mentorar i hhv GFIL og Laksevåg IL

Loggane

7


Gloppen Friidrettskule 2013 – ansvarleg for opplegget: Kristiane Rygg Årets friidrettsskule gjekk av stabelen 25.-27. juni med 41 elleville deltakarar i alderen 1.-5. klasse! Spenninga og forhåpningane til desse tre dagane var stor, både hjå deltakarar og trenarar. Kvar morgon kl 9.30 var vi alle klare. Litt informasjon om dagane var gjeve, før det bar i gang med felles oppvarming. Deretter var det inndeling i to grupper, der eine halva skulle gjennom friidrettsøvingar før lunsj, og leik etter. Den andre halva gjennomførte motsett. Leiken foregjekk både i Jølet og på Stadion, med mykje latter og glede blant alle. Dei tekniske øvingane borna fekk prøve seg på og fekk rettleiing i, var kappgang, lengde, kule, løp, litenball og høgde. Kappgang er for mange ei ny og ukjent øving, men borna tok utfordringa på strak arm og mange meistra teknikken strålande! I år som tidlegare år, fekk borna ete lunsj i kantina i Trivselshagen. Dette kom godt med sidan været ikkje var på vår side dei to første dagane. Litt regn hadde vi, utan at det sette dempar på humøret. Borna hadde med eigen lunsj, og fekk også servert kake og skillingsbollar. Siste dagen fekk borna teste ut det dei hadde lært dei føregåande dagane på eit myldrestevne. Dei fekk utdelt startnummer med navn på. Deretter fekk dei springe rundt på Stadion og gjennomføre dei øvingane dei ønskte, så mange gongar dei ville. Det var stor aktivitet og mange fekk nye personlege rekordar i øvingane. Gledeleg var det at også alle klubbar i kommunen hadde born representerte, både frå Breimsbygda IL og Hyen IL som var dei med lengst reiseveg. Gjennom desse dagane vart born kjende med nye born, og vennskap vart til gjennom leiken. Å vere deltakar i leik og få vener er avgjerande for trivselen og meistringsskaping for borna. Det er difor viktig for Gloppen Friidrett å legge stor vekt på tilrettelegging for at borna skal kunne skape gode relasjonar for etablering av vennskap desse dagane. Følgande trenarar var med: Ingrid Hjelle Roset, Håkon Hjelle Roset, Vegard Sælen, Åsmund Sælen, Kjersti Hjelle Eide, Marius Rygg, Ørjan Rygg, Erlend Ulvestad, Hans Sande, Thomas Mardal, Astri Marie Rønnekleiv, og Evald Osnes Devik. Tusen takk til alle trenarane som gjore ein strålande innsats, som sto på desse tre dagane og gjore sitt til at borna fekk den idrettsgleda og alle dei gode opplevingane dei gjore! Ein stor takk til dei som sponsa Friirettsskulen med diverse produkt: Norsk Friidrett, Coop Mega, GSport, Birith Hjelle Roset og Solfrid Utheim Rygg. Eg vil også takke føresette for at dei let borna vere med på dette arrangementet! Det er eit stort og viktig arrangement for GFIL, både økonomisk, men også med tanke på rekruttering til klubbane i kommunen. Borna får tilegne seg kunnskap og erfaringar på ein leiken måte, slik dei lærer best. Vi vil på vegne av Gloppen Friidrett ønske alle born frå 1.-5.klasse velkommen til neste års Friidrettsskule 24.-26. juni 2014. Vi ønsker å blande praksis og kunnskap, og gje borna nokre aktive og kunnskapsrike dagar. Vi er allereie i gang med planlegging, og håpar å få hjelp av ingeniørar frå SFE, og frå Firda vgs.

8


Kampen for Idrettslinja på Firda Vidaregåande skule våren 2013. Gfil markerte seg under folkemøtet i Trivselshagen i starten av Mai 2013 då Fylkeskommunen hadde lagt fram forslag om nedlegging av Idrettslinja på Firda. I etterkant valgte Idrettsrådet leiaren i Gfil til å markere Idretten si meining om Idrettslinja på Firda under Politikerdagen på Fylkestinget i starten av Juni 2013. Dette er det som vart framført på tilmålt tid – 5 minutt. I dag er vi her for å gje vår støtte til skulen i høve Idrettslina på Firda og den skjebne den kan få om vi ikkje står opp og seie vår meining. At lina kan bli nedlagt er ikkje mindre enn ein katastrofe for idretten i Gloppen og Sogn og Fjordane. I beste fall vil idretten i fylket oppleve stagnasjon om lina vert lagt ned. Idrettslina er ei gullgruve for idretten. Om ikkje alt, så har svært mykje av aktivitet og instruktørverksemd sitt utspring frå skulen. Elevane er ein avgjærande resurrs for den lokale idretten og idretten i heile Fylket. Alle dei timane elevane bidreg med i idrettslaga er avgjerande for den aktiviteten alle idrettslaga har i dag. Utan desse dyktige elevane frå idrettslina ville vi aldri greidd å oppretthalde den allsidige aktiviteten sogn og Fjordane i dag kan tilby. Det faktum at idrettselevar frå heile fylket velge Firda framfor andre idrettsliner er nettopp den breie fagkunnskapen skulen har å tilby, mange forskjellige idrettar og høg kompetanse både frå idretten lokalt og skulen. Det er eit faktum ingen kjem frå. Kva andre kommunar har idrettsrørsle som kan tilby det spekteret av idrettar på det nivå vi kan i dag i Gloppen ?. Mitt svar er at ingen over og ingen ved sida. Idrettslina har i dag topp kompetanse innan Fotball, Handball, Friidrett, vektløfting turn og volleyball. Når idretten og skulen arbeider slik i lag som vi no har gjort i fleire år vert skulestaden og idrettslaga i kommunen attarktive for ungdomen. Ikkje berre frå Gloppen men frå heile fylket. Skulen har søkjarar frå Stryn, Bremanger, Selje, Eid, Hyllestad og Førde. For idrettslaga både i heimekommunane og i Gloppen er desse gull verdt, ikkje berre som instruktørar men som aktive utøvarar som er treningsvillege og seriøse. Dei har lagt ned ein hard innsats for å kome inn på idrettslina – og i tilelgg vil dei nytte seg av idrettslaga sin kompetanse på idretten dei set så høgt. Med den planen Fylkeskommunen har no vil vi oppleve at idretten gradvis vert nedbygd i dei glødande miljøa i i dag har. Vi sit at med berre fotballinteressrt idrettslienungdom i Sogndal. Då vil nok også Topp-idrettsprosjektet til Sparebanken og Idrettskrinsen vere ein saga blått. Idrettslaga rundt om vil gå tom for kompetanse og idretten sit fattige tilbake. Når neste års idrettslineelevar på Firda startar opp vil dei oppleve eit velutvikla samarbeid på tvers av skule og idrettslag. Dei vil oppleve at trening for ein fotballspelar, turnar og handballspelar i mange økter er heilt lik på deira nivå. Samtrening og basisferdigheiter er sett i fokus for fleire år sidan og har modnast gjennom svært godt samarbeid. Idrettslaga, skulen, og dei aktive har einast om at dette er vegen å gå skal idretten heve seg. I dette bildet er idrettslina heilt sentral og gullgruva til idretten. Eigentleg er vi i ferd med å bygge eit Olympiatoppen i miniformat. Treningsfilosofien der alle idrettar kan lære av kvarandre og på denne måten heve det sportslege nivået er i ferd med å bli heilt etablert. Elevane/aktive blir grundig skulerte i kva som må til skal ein heve seg sportsleg og øktene vert gjennomførte alt frå tidlege føremiddagsøkter på skulen til ettermiddagsøkter der også den lokale idretten er inne og instruerer gratis i skuletida. Samdrifta mellom skule og elev/aktiv er optimalisert ved at ein passar på totalbelastningen til utøvaren. Skulen og idrettslaga har også i støypeskeia eit opplegg kring utøvarane som vi kallar heildagsskulen. 9


Trening, mat, skule, mat, leksehjelp, middag og trening til kvelden igjen. Alt dette på skulen. Til slutt serverar idretten kvelds til dei aktive etter trening og vi er sikra at alle har fått til både lekser, trening og nok næring. Allereie i dag har GHK frukost til dei aktive etter trening.. Slik sett er avtaler mellom laga og skulen i ferd med å bli underskrevne der laga og skule er gjensidig einige om vegen vidare for toppidrettsatsinga. Ein milepæl for idretten og skulen. Idretten i Sogn og Fjordane vil også ha toppidrett. Handballen i Gloppen er med i idrettskrinsen sitt toppidrettsprosjekt. Toppidrettsprosjektet er provet på at idrett, skule og næringsliv VIL ha toppidrett. Skuleaministrasjon og skulepolitikarar må skjøne verdien av dette og samanhengen mellom idrett, folkehelse, levande lokalsamfunn og gode idrettsmiljø. Trivselsfylket folkens. Det likar vi å kalle oss. Vis det i praksis. Desentraliser idettslinene og sats på lokalsamfunna.Her er samarbeidet skule idrettslag limet for framgang. Sparebanken har her spytta inn millionar for å heve det sportslege nivået i forskjellige idrettsmiljø i fylket– blant anna Gloppenhandballen. Alt dette kan ikkje berre bli sett ein strek over. Mange i idretten i Fylket vil få ein alvorleg knekk i motivasjonen. Tradisjonane for prestasjonar er lange i Gloppen og Sogn og Fjordane – vi som styra med dette veit kva som krevst for å heve nivået år for år. Drahjelpa frå idrettslina er og blir alfa omega. Klima for prestasjonar og at idretten blir viktig nok er moment som idretten og skulen i lag gradvis gjere elevane/aktive bevisst. Godt treningsmiljø og sunne verdiar er faktorar som er sentrale i samspelet mellom skule og idrett. Mykje på grunn av dette samspelet har idretten i årevis vore i stand til å produsere høg aktivitet på barneidrett og topp sportslege resultat som juniorar og seniorar. Gloppen står svært sterkt som idrettskommune. Vi er allsidige – skapar aktivitet frå den minste og opp til den mest ambisiøse topputøvar. Mange topputøvarar har fått sin grunnopplæring på idrettslina og i idrettslaget. Morten Aa Djupvik , June Andenæs , Kristin Roset og Odd-Bjørn Hjelmeset har sjølve fortalt om kor flott det var å få den gode støtta frå skulen og idretten i Gloppen. Mange kunne etter desse vore nemt på same måten. På idrettslina arbeider lærarane med idrett og utvikling heile tida. Dei er unike resusrrsar i lokalsamfunnet. Dette fordi alle også er engasjerte på fritida innan idretten. Enten som trenarar eller leiarar. Korleis skulle vi greidd oss utan desse personane, deira stå på vilje og engasjement. Vi må vere ærlege å seie at det blir ei umogeleg oppgåve. Med 70 prosent av innbyggarane i Gloppen som medlemar i idrettslag og med aktivitet deretter skal det mange engasjerte trenarar og leiarar til. Gloppen og Sogn og Fjordane treng idrettslina.

10


II

Økonomi

Laget har vidareført alle inngådde avtaler. Hausten 2009 inngjekk GFIL og Frydenbø Bilsenter bilavtale. Denne avtala har vi vidareført heile 2010 og fram til NM 2011. Avtala vart reforhandla hausten 2011 og var gyldig fram til okt 2012. Ny avtale er inngått for 3 nye år. Vi har reforhandla avtaler og fått ytterlegare støtte med SFE og Gloppen Hotell. Samarbeidsavtaler med bedrifter Vi har faste og solide støttespelarar i lokalmiljøet. Det krevst hardt arbeid å pleie alle i ein hard marknad. Sparebanken Sogn og Fjordane , Generalsponsor ( fornya til 2015) Sogn og Fjordane Energi, hovedsponsor. (fornya og utvida til 2015) NORDFJORD SKIFER , hovedsponsor ny 2014 (3 årsavtale) RETURA NOMIL A/S , sponsor ny 2014 (3 års avtale) Kavli , sponsor ( fornya og utvida til 2015) Gloppen Hotell, sponsor ( fornya og utvida til 2015) Olav K.Henden Sport A/S (fornya 2015) Evebø Blikkeslagerverkstad (fornya 2014) Frydenbø Bilsenter (fornya til 2015) Mardal Rør (fornya til 2014) Naturfotograf Ronny Solheim Økonomigruppe – skipa hausten 2013. Gfil fekk sesongen 2013 opprykk av mange til satsinsgrupper i NFIF. Dette er nettopp det Gfil er skipa for å ta seg spesielt av. Både utøvarar, moderlag og enkeltpersonar utanfor styret innsåg at friidretten trengde meir midlar for å drifte topputøvarane våre. For fyrste gong på 23 år opplevde styret at personar kom å melde seg frivilleg til å drive økonomiarbeid for Gfil og friidretten. Helge Råd og Gunnar Hole melde seg på saman med Ole Bent Søreide som allereie sat i styret i laget. Dei har jobba utruleg godt hausten 2013 og vinteren 2014. Det har resultert i 2 nye avtalar. Retura Nomil A/S og Nordfjord Skifer A/S – 3 årsavtalar begge to. Fantastisk jobba og svært avgjerande for drifta vidare.

11


Gloppen Kalendaren 2013 Gloppenkalendaren er og blir ein suksess. Produktet er no innarbeidd i Gloppen. Opplaget i 2013 var på 700 stk. Alt gjekk til dørsal og butikksal rundt i grendene. Sporten på Sandane selde fantastisk mange frå disk. Spesielt dei to vekene før jul var der kjempesalg. Godt overskot gjer at vi fortset med produktet. I år har vi nytta fotografer, Johnny Ravnestad, Eyolf Johnsen, Ronny Solheim Dagfinn Nyhammer, Jon Arne Pedersen , Per Svein Reed, Atle Søreide, Nils Ove Roset .Takk for flotte bidrag både frå fotografer og annonsørar ! De er med på å gje eigarskap til produktet. Eit lag som Gfil er tufta på dugnad. Opplæring av våre aktive og andre i laget til å gjere slikt arbeid er ein viktig del av styret sitt virke. Laget sine aktive, trenarar og leiarar gjer ein fantastisk jobb med å halde alt i sving. Det ser ut til at alle skjønar at slik må det vere. Alt vi får inn av midlar går til aktivitet. Veidekke A/S, Coop Vest, Evebø Blikkenslagerverkstad A/S, Bakaren A/S, Sandane Gravferdsbyrå, Adv Lothe, Mardal & Gjengedal, Vereide Blomster A/S, Mardal Rør A/S, Brødrene Aa, Årdalsbakke Elektro A/S, Tannlege Øyvind Seim, Kiropraktor Eigil Instebø , Eilenæs libris, Hetle Auto, Huseiernes Landsforbund , Byggevaren Byrkjelo A/S, Sandane Gullsmedforretning, Rema 1000, Takk til alle annonsørane ! Dei med understrek er nye i 2013. Økonomisk avtale mellom moderlaga og GFIL Den økonomiske avtala som er inngått starta å gjelde frå sesongen 2001. Denne avtala har vore gjeldande sesongen 2012. I 2003 krevde ikkje Gfil inn moderlagsandelen. Dette avdi vi ville gje moderlaga eit pusterom til å nytte pengane til eiga rekruttering. For 2004 vedtok styret i Gfil å fortsatt gje moderasjon i andelen ved å kun krevje inn grunnsummen 12


pålydande 5000,- pr lag. Det same er gjort for 2013. Mange meiner at moderlaga slepp altfor lett unna ansvaret for den aktive friidretten. Spesielt når vi har sett kva eit enkeltarrangement som Hovud NM på Byrkjelo genererte av inntekter. Det aktive friidretten såg svært lite til desse inntektene. Det kunne vore på sin plass å sette av midlar på eit evt ”Toppfriidretts-fond” etter eit slikt meisterskap. Utan toppresultat over mange år ville det vore uinteressant å arrangere eit NM. Gfil ynskjer ikkje å gjere noko med moderlagsavtala endå, men det kan vere aktuelt å sjå på eventuelle korrigeringar ut frå innteningsevne, antal topputøvarar, kva kategori topputøvarar etc. I starten av GFIL så betalte laga kontigent ut frå kor mange og kor gode utøvarane var. Moderlaga var i mange år mykje meir økonomisk ansvarleg for drifta av junior og seniorfriidretten i kommunen enn dei har vore siste 10 åra. No før møtet angåande vedtekter for Byrkjeloalliansen poengterte generalsekretæren i NFIF Kjetil Hildeskor at overskot etter friidrettstevner skal gå til friidrett. Eit viktig signal når stadig meir kommersielle krefter vil inn på friidretten sine områder. Eit signal som vil gje friidretten meir å seie i åra som kjem på det som gjeld fordeling av overskot.

Kulturnatt i Nordfjord – Gfil synte att i våre flotte blå kvite drakter. Utøvarkontrakter f.o.m 2014 Dette er noko styret har hatt på ynskjelista i fleire år men har ikkje hatt kapasitet til å gjennomføre. Ragnar Eimhjellen sa seg villeg til å sjå på dei gamle avtalane vi hadde på 90 talet for den tids topputøvarar i Gloppen. Dei avtalane var det han som utarbeidde då som leiar i GFIL. No er avtalene for 2014 klare og ein utøvar har allereie signert. Vi tilbyr i 2014 kontrakter for alle f.o,m JrNM krav. Kontraktene vert presenterte så snart vi har eit godkjent budsjett for 2014. Takk til Ragnar som både har finskreve utøvarkontraktene og tilpassa dei nye lovene for GFIL.

13


III Idrett.

Vektrommet på Rygg

Sportsleg leiar / oppmannsfunksjonen Jørund Årdal har vore sportsleg leiar og oppmann. Alle påmeldingar har han organisert. I tillegg har han vore medieansvarleg på den sportslege delen. Jørund gjere ein kjempejobb for laget. Sesongen 2013 har fylgjande hatt trenaroppgåver i laget; Jan Otto Aae, Jon R Hauge, Ole Morten Mardal, Nils Ove Roset, Jørund Årdal, Eldar Rønnekleiv, Odd Raad, Per Hjelle, Sølvi og Torbjørn Sælen, Dagfinn Nyhammer. Ola Bergheim, Birgith Hjelle Roset, Solfrid Utheim Rygg, Bjørn Petter Rygg, Kristiane Utheim Rygg, Reidar Moldestad, Magnus Willumsen, Gunnar Hole, Siv Malin Nesje, Anette Kalland, Kristiane Utheim Rygg, Birger Berge, Else Lundestad HovedNM og JrNM utøvarar 2013:Trude Raad, Marte Rygg Årdal, Marit Årdalsbakke, Elin Isane, Merete Helgheim, Vanessa Sunde Hoel, Ingrid Hjelle Roset, Turid Vilgun Hetle Aspheim, Marius Rygg, Erlend Ulvestad, Thomas Mardal, Hans Sande og Evald Devik. Kvalifisert var også Jon Rolf Skamo Hope og Kristiane Utheim Rygg Treningsansvarleg Nils Ove Roset har vore treningsansvarleg og har hatt ansvar for samordning av og informasjon om fellestreningar. Han har også hatt det overordna ansvar med å skaffe trenarar til alle fellestreningar. Dette er ein funksjon som leiaren i laget ynskjer å få delegert til andre. Styret vil spesielt trekke fram Jan Otto, Jørund og Ole Morten som avgjerande for at vi greier å halde nivået slik vi gjere. Dei har uvurderleg kunnskap og stå på vilje.

14


NFIF – treningsgrupper / samlingar / treningar. Trude Raad, Marte Rygg Årdal, Erlend Ulvestad og Vanessa Sunde Hoel var i 2013 med i NFIF sine utøvargrupper. Thomas Mardal hospiterte på samlingar. Jørund Årdal som fast trenar. I 2014 er Thomas Mardal , Marte Rygg Årdal, Hans Sande og Evald Devik med på det nye Rekrutteringslandslaget. Vanessa Hoel var også tatt ut men valgte å takke nei til fordel for handball i Stryn og Volda . Erlend Ulvestad rakk ikkje opp i gruppa denne sesongen, men får truleg hospitere ved enkeltsamlingar. Viktig for dei som satsar å få stadfesting på at det dei gjere og det dei presterer er i landstoppen og at dei blir verdsette og at klubbtrenarane får inspirasjon. TRUDE RAAD ER SESONGEN 2014 I DNB ELITEGRUPPE ! Svært gledeleg at Trude er med i den ypperste forbundsgruppa og får med det tilgang til endå fleire og betre oppfølgingstilbod pluss økonomisk støtte. Vi gledar oss til sesongen 2014. !

Rekruttlandslaget på samling i Bærum Idrettspark 3 jan 2014. Løftprosjekta på samling i Alfamar – Portugal påska 2013. Gloppen Fil utøvarane i løftprosjektet hadde Portugal som reisemål i Påska 2013. Eit glimrande alternativ til Gran Canaria som Gfil har reist til tidlegare. Jørund var der som trenar for rekruttlandslaget. Ole Morten Mardal og Nils Ove Roset reiste på privat tur samstundes for å sjekke opp forholda om dette var noko Gfil kunne satse på ved seinare treningsleirar. Vi vart overtydde om at dette var ein svært god stad å vere. No like før påska 2014 vert turen lagt til Alfamar med fleire Gfil utøvarar saman med rekruttlandslaget i kast. Alfamar har alle fasilitetar for løp/hopp og kast + alt innan styrketrening på same staden. Ingen transport då hotellet ligg på same plass som anlegga. Cran Canaria og Vecindario stadion er sjekka opp i februar 2014. Anlegga er utslitt og ueigna til trening for alt anna enn kast. Framfor JrNm på heimebane i 2015 bør GFIL satse på at heile jr Nm gruppa reiser ilag på samling og at laget inviterer øvrige interesserte med på tur slik vi har gjort tidlegare år. Treningsleirar er viktige for samholdet og lagfølelsen. Vi må verkeleg legge oss i selen for å få til ei samling der fleire deltek. 15


Gloppen Fil – Laksevåg IL Gjennom nokre år har Gfil og Laksevåg IL hatt eit samarbeid der Jørund har bidratt med kastinstruksjon til Laksevåg utøvarane. Dette har no blitt utvida ved at Gfil får hjelp til løpstrening gjennom Harald Heier. Laksevåg var i Gloppen og trena både kast og løp i Pinsa 2013 samt ei veke etter Veteran NM. Gfil utøvarar har reist til Bergen for å få matching på trening. Glimrande utveksling av erfaring og ein viktig faktor til ytterlegare framgang.

Stadion i Alfamar. Mykje folk påska 2013 – No i år legg vi samlinga like før Påske.

16


Kastarenaen i Portugal

Treningar Gfil er fast arrangør av treningar i ei aldersgruppe (13-19) Gfil har her tatt seg av ”mellomgruppa”. Fj.V/Stil har tatt seg av dei yngste. Der har vore stryningar og innvikarar på trening i Firdahallen på torsdagane . Oppmøte har vorte svært bra bra. Torsdagstreningane er nok ei av dei treningane i kommunen på vinterstid med best oppmøte på ei økt i Firdahallen. Frå hausten 2013 vart desse øktene flytta til tysdagane. Over 40 aktive har vi vore fleire gonger. Siv Malin Nesje og Anette Kalland har hatt praksis som trenarar på desse øktene. Utan desse to hadde vi ikkje greidd den auken i antal unge utøvarar fram til våren 2013. Takk skal de ha. Mandagar intervall frå barkeløypa i Åsen saman med veteranane og vektløfting på Rygg skule. Tysdag – sprint i Sundekjellaren/nyehallen. Flotte økter. !! Onsdag og fredag har der også vore vekt økter i Rygg skule/nyehallen. Hyen stadion ein laurdag i mars 2013.

17


Sundekjellaren er historie – nyehallen tatt i bruk – her er plass til alle – ung og gammal – topputøvarar og alle med interesse for å trene ilag i godt miljø. Felles basistrening Morgontreningan er fortsatt ein suksess mellom 10 og 20 utøvarar frå friidrett og handball kvar fredag klokka 0700 til 0810. Startar ute med eitt kvarter oppvarming og fortset inne med 45 min hard basistrening. GHK har servert frukost og GFIL har stilt med trenar. God arbeidsdeling.

GHK og GFIL har funne tonen.

Bana i Hyen var nesten alltid klar til trening heile vinteren. 18


Fellestreningar sommarhalvåret Mandager:

Løpsøkt Bukta – veteranar og juniorar. Kast og styrke – Loggane , Jon , Jørund, Ole M, Lars og Magne. Faste Medhjelparar/trenarar kvar øk Hyen stadion og Hyen samfunnshus – løp og basis

Tysdagar

Sandane stadion, Ole Morten Mardal – Nils Ove Roset – Jan Otto Aae, Jon R Hauge. Loggane, Jørund og Ole Morten + dei faste medhjelparane. Byrkjelo Stadion. Jan Otto Aae, Per Hjelle, Jørund Årdal Gunnar Hole, Ola Bergheim + dei faste medhjelparane. GFIL hovedtrening. Kast og styrke – Loggane.

Onsdagar Torsdagar Fredagar:

På Byrkjelo vart treningssituasjonen mykje betre no når fotballen fekk kunstgraset på Reed. Det betyr meir tid til friidrett på Byrkjelo. Dette er GFIL si heimebane og vi satsar på å nytte bana meir sesongen 2014.

Godt oppmøte på Byrkjelo – alltid kjekt med torsdagtreningane på vår heimebane. Felleskap på tvers av alder og nivå. Her bidrar alle til godt miljø. Rekrutteringstiltak Saman med moderlaga stod Gfil for planlegging og gjennomføring av 3 rekrutteringskveldar på Byrkjelo. Vi valgte oss ut onsdagane før Friidrettskulen. Dvs 3 onsdagskveldar i Juni. Start klokka 1800 med forskjellege øvingar kvar gong og barn i alderen 8-12 år var målgruppa. Kjempeflott oppsluttning og trenarar frå alle laga bidrog til god gjennomføring. Peab – samling på Byrkjelo torsdag 22 august Gfil stod for planlegging og gjennomføring av Peab samling på Byrkjelo. SFFIK kom med forespørsel om vi kunne ta på oss dette som eit viktig bidrag til dei aktive i førebuingane til landsdelsfinalen på Osterøy(Peab leikane 13-14 åringane sin landsdelsfinale). Samlinga starta klokka 1730 og var slutt ca klokka 2030. Friidrettskretsen spanderte pizza til alle og veiret var topp. Ein svært kjekk kveld på stadion. Mellom 25 og 35 utøvarar frå heile fylket deltok. 19


Arrangement Gloppe-Trimmen 2013 Gloppe-Trimmen 2013 var 5. året vi har hatt denne «folke-trimmen», og deltakinga var om lag som åra før, med i alt 215 ulike trimmarar gjennom sesongen. Også i år var det mange som har vore med på alle trim-kveldane, heile 14 vart premierte med den største premien for super- frammøte. 50 deltakarar var med 10 kveldar eller meir. Dette viser at det er mange som set av onsdagskvelden for å vere med på opplegget vårt. Det viste seg at det var første trimkvelden, 24. april, som samla flest på ein gong, då møtte 91 sprekingar ved Mardal Skule. Seinare låg talet stort sett mellom 65 og 75. Samla gjennom heile sesongen var det eit frammøte på 1162 startande. Samla tilbakelagt distanse på Bukta-vegane utgjer utrulege 4.500 km. Med eit kaloriforbruk på ca 100 pr km, ligg der igjen fire hundre og femti tusen kaloriar i Bukta etter sommarens trimturar. Ikkje verst! G-sport er ein viktig bidragsytar på premiering, med gåvekortet på kr. 2.000,- som vert trekt siste trim-kveld. Det vart i år vunne av Arnold Henden. Vi hadde ein jubileumsgevinst (Knutholmen for 2 personar) som vart vunne av Tone Skaaden. Vi har også fått god pressedekning i Firda Tidend, noko som er avgjerande for oppslutninga om trimmen. Sjølv om ikkje arrangementet krev så mange funksjonærar, er dei trufaste dei som stiller på. Kjernen har vore Atle Søreide, Nils Ove Roset, Dagfinn Nyhammer, med assistanse av andre, litt tilfeldige, som ein hankar inn der og då. Tusen takk til dei som hjelper til med arrangementet! Stevnearrangering i Gloppen Sparebankleikane har i alle år vore fellesprosjektet for alle laga i Gloppen. Det viktigaste arrangementet på Byrkjelo kvar sommar. Det er rekruttering av beste sort og samhald av god idrettsungdom. Når alle laga kjeme i hop og arrangerer er det berre glede. Dette må organiserast frå grunnen. Gloppenmeisterskapen stod GFIL som grunnpilaren i arrangementet.

NM friidrett Veteran - Evaluering og rapport

Gloppen Friidrettslag vart hausten 2012 spurde om vi kunne ta veteranmeisterskapen i friidrett 2013. Laget takka ja til det. Med seg fekk ein alle klubbane i kommunen med friidrett på programmet: Breimsbygda il, Sandane T&IL, Fjellhug/Vereide il, Il Brodd og Hyen Il Planlegging: Vi starta opp hausten 2012 med å setje opp ein hovudkommite, samt å finne ut av rammene rundt arrangementet. Leiar i HK vart Dagfinn Nyhammer, stemneleiar vart Knut Lunde, og vidare vart nøkkeloppgavene delt slik: Nils Ove Roset: Funksjonærar, Jørund Årdal: IT/sekretariat/resultat/ stemneprogram/invitasjon/påmelding. Vidare ønskte vi Rolf Kjetil Egge med i kommiteen som kontaktperson på sponsorområdet. Elles ville vi vere fleksible kven vi kalla inn til kommitemøte; oppgåvene ville vere med å bestemme kven vi drog vekslar på. Erfaring: Vi hadde ikkje så mange møte, leiar i hovudkommiteen hadde gangen i arbeidet under planlegginga vinter og vår 2013, og hadde god støtte frå dei andre etter kvart som NM nærma seg. 20


Vi la for lite vekt på å ha ein person dedikert til økonomien/sponsoravtalar. Sjølv om Rolf Kjetil hjelpte oss mykje med kontaktar, og avtalar, hadde han også gjort klart på førehand at han ikkje hadde nok ledig tid til å gjere eit fullgodt arbeid for NM. Difor vil det vere rett ved eit seinare høve å finne person til sponsorarbeid/økonomi som har tid, kontaktar og interesse for akkurat dette feltet. Program: Det var viktig for oss å få til eit fint program, og at programmet skulle finansiere seg sjølv. Det vart henta inn 7-8 tilbod på trykking, som varierte frå seks tusen til om lag trettitusen. Dei billegaste tilboda føresette ein god del arbeid med annonser m.m. frå oss som arrangørar. Vi valde Solglimt Trykkeri sitt tilbod på ca 18.000 kroner av fleire grunnar: Etter at vi hadde levert frå oss materiale til redaksjonelle tekstar og til annonsar, tok dei ansvaret for ferdig program. Dei hadde også logoar og materiale til annonsane. Og ikkje minst; dei var innan kort avstand dersom vi ønskte å diskutere ting med dei. Eit godt val. Viktig for programarbeidet var også å finne ein habil annonsesamlar, noko vi fekk i John Atle Ravnestad. Han er kjend i forretningsmiljøet på Sandane, og fekk samla annonser for over tjue tusen kroner. Vi vart veldig nøgde med programmet, som hadde fine fargebilete, helsingar, praktisk informasjon, tidsskjema, startliste, og flotte fargeannonser. Matsal/kiosk: Venke Raad Larsen og Arve Myklebust sa ja til å organisere denne viktige delen av arrangementet. Det vart bestemt å leige eit serveringstelt frå Olden (det same som vart nytta på Hovud-NM i 2011), vi skulle ha varmrett laurdag og søndag, og vareinnkjøpa skulle gå gjennom Coop på Byrkjelo. Kisosk skulle opprettast i stadionbygget. Med nesten 250 deltakarar forventa vi god omsetning i telt og kiosk. Venke (Arve var på arrangementstidspunktet på jobb i Nordsjøen) gjorde ein flott jobb med å skaffe hjelparar (det var ikkje det aller enklaste sidan mange var på ferie, og fordi det også hadde vore fleire store arrangement i Breim tidlegare på sommaren), og elles organisere matserveringa. Erfaring: Matsalet vart skuffande dårleg, og gjekk nok solid i minus, når vi reknar inn kostnadane med teltleige. Bruttosalet vart kun ca 35.000,-. Vi opplevde at folk hadde niste med seg til matteltet, og bad om gratis vatn til nista! Vår klare erfaring er: Veteranane er ei gruppe som legg lite igjen i form av kjøp under stemnet. Samarbeid med NFIF Veteranutval: Vi hadde god kontakt med Veteranutvalet undervegs, m.a. har utvalet lageret av medaljar. Det hadde dei imidlertid ikkje informert oss om, så det vart litt panikkstemning hos leiaren i HK då vi trudde at vi måtte bestille medaljer sjølve, og at alle i Br. Lohne tok ferie i tidsrommet vi meinte at dei skulle lage medaljer til oss! Men så oppdaga vi i retningslinjene for stemnet at medaljane allereie var klare i veteranutvalet. Funksjonærliste: Nils Ove hadde ansvar for funksjonærlista, og den vart første gong sendt ut saman med funksjonærlista for Sparebankleikane, i mai. Målsetjing er at det skal vere kvalifiserte leiarar i øvingane (helst forbundsdomarar), og at dei fleste andre skal vere dommarar. Det var viktig å få lista ut tidleg, slik at folk kunne notere seg datoane, og evt. tidleg seie i frå dersom dei ikkje kunne vere med. Stort sett same funksjonærane i dei to arrangementa, og Sparebankleikane skulle vere generalprøve framfor NM veteran. Rutine er viktig, og difor 21


nyttar vi funksjonærane på same plass år etter år. Det er nok også med å skape det gode ryet funksjonærane på Byrkjelo har fått; dei kan oppgåvene sine. Fram mot NM vart det ein del forfall, og det vart ein tøff jobb for ansvarleg å få nok funksjonærar i alle øvingane. Viktigaste erfaringa vår frå dette arbeidet var nok at det er viktig å vere tidleg ute med listene, og helst ha ein person eller to fleire i øvinga enn strengt teke naudsynt; då har ein litt å gå på ved forfall. Praktisk førearbeid, med tilrettelegging for deltakarane: Det vart laga til konvoluttar med startnr., programhefte, tidsskjema-endringar til kvar enkelt deltakar. Vi kopierte også opp etikettar med aldersklasse som vi klistra på kvart enkelt startnr. Jobben med pakking av startnr. m.m. tok kastarane i GFIL seg av på ein utmerka måte. Deltakarkonvoluttane vart delt ut frå informasjonskontoret på stemnedagane. Dag Fosstvedt, saman med tre medhjelparar, hadde ansvar for kontoret, og dei gjorde god jobb. Dei gjorde også erfaring at nok skilting er viktig, då ikkje alle deltakarane fann fram i første omgang. Dette vart retta på. Parkering: Per Arne Strand var svært imøtekomande og stilte bøen sin på sørsida av E39 til disposisjon for parkering. Byrkjelo 4H stilte med parkeringsvakter, og får etter avtale nokre kroner for det. SFE la opp uttak for straum til matteltet. Dette vart ordna i god tid. Hos Ramirent fekk vi sperremateriell, og dei køyrde alt på plass for oss. Gloppen Kommune rydda og ordna rundt stadion, og slådda grusbana på baksida av stadionbygget, slik at anlegget presenterte seg på beste måte. Vereide Blomster ordna blomsteroppsatsar rundt sigerspallen, noko som vart svært fint. Torsdag kveld vart det hengt opp reklamesegl i ca 250 m lengde på gjerdet rundt stadion. Alt såg flott og proft ut då reklamen var komen på plass. Det vart delt ut t-skjorter med NM-logo til alle funksjonærane, sponsa av Skogstad Sport/Eurofoto Stemnedagane: NM Veteran er eit tredagars-stemne, med mange øvingar, klassar, vekter og mål. Stemneleiar og leiar HK sette opp tidsskjemaet etter at påmeldingsfristen var ute, og rett før deadline på trykking av programmet. Det var intens «fin-snekring» som vi brukte 6 timar på, der målet var å unngå altfor mange øvingskollisjonar for utøvarane. Men mange deltakarar er med i mange ulike øvingar, så nokon fekk uheldige tidspunkt for enkelte av sine startar. Etter at vi la tidsskjemaet ut på internett, fekk vi nokre tilbakemeldingar som vi prøvde å ta omsyn til, men vi gjorde bevisst ikkje mange endringar sidan programmet alt var trykt. Vi måtte vege opp ulempene for enkelte mot den «forvirringa» det ville skape å ha eit tidsskjema i programmet som var feil på altfor mange punkt. Alt i alt trur vi at dei fleste var nøgde. Avviklinga stemnedagane gjekk etter tidsskjemaet. Unnataket var i diskos/vektkast på søndag, der ein vart litt forseinka. Elles er det eit generelt problem på Byrkjelo stadion at der er berre ein plass å kaste slegge, diskos og vektkast frå, og då vert det trangt på tidsskjemaet. På laurdagen skulle det kastast nærare 500 kast frå same bur, og det sette store krav til at leiar i øvingane og funksjonærane heldt stram linje. Medaljeutdelinga var det stil over, med flotte jenter i bunadar som heidra medaljevinnarane med gull, sølv og bronse. Med så mange øvingar og klassar vart medaljane delte stort sett 22


fortløpande etter at øvinga var avslutta, og ikkje samla opp til bestemte tidspunkt. Det trur vi var beste måten, sidan mange av deltakarane ikkje alltid var like opptekne av alle klokkeslett. Oppsummering: •

• • • • • • • •

Etter vår meining vart NM friidrett Veteran avvikla på ein god måte, i pakt med dei gode arrangementstradisjonane vi har på Byrkjelo Tidsskjema vart i store trekk følgt ganske presis Informasjonskontoret fungerte godt Alle funksjonærane fekk eit gratis varmt måltid kvar dag Det vart for lite sal i mattelt og kiosk – her hadde vi nok forrekna oss på kjøpelysten hos deltakarane Vi har også fått god tilbakemelding etter stemnet frå leiar i NFIF Veteranutvalet Presse: Lokalavisa Firda Tidend hadde gode reportasjar, og også førehandsomtale. Firda nemnde ikkje NM Veteran med eitt ord, korkje før eller etter. Klubbane har hatt eit til dels godt samarbeid om arrangementet. Overskot på 100 000 fordelt til friidretten i Gloppen.

Lagleiing Norske meisterkap 2013 NM senior, Tønsberg: Jan Otto Aae, Jørund Årdal, Odd Raad, Ole Morten Mardal NM junior, Overhalla: Ole Morten Mardal, Solfrid Utheim Rygg, Nils Ove Roset. Internasjonal representasjon /lagleiing EM U23, Tammersfors, Finland: Jørund Årdal Døve OL – Sofia, Bulgaria : Jørund Årdal Europaligaen 1 divisjon, Gateshead; Jørund Årdal

God søje under JrNm i Overhalla. Faste medhjelparar/trenarar og styremedlemer i friidretten. Jon Ravnestad, Bjørn Petter Rygg(delvis skjult), Magne Devik, Lars Ulvestad , Marius Rygg (nr 5 i tresteg) og Solfrid Utheim Rygg. Foto: N.O.Roset

23


Konkurransesesongen 2013 oppsummering.

Stafettsesongen: I Breimstafetten, 5 mai 2013 herreklassa enda det slik (ny løype frå 2012): 1. Jølster IL 10,35 2012: 10.55 2. Brodd/STIL 10,52 2012: 10.57 3. Hyen IL 11,08 2012: 11.09 4 Nordfjord Folkehøgskule 1 11,22 2012: 11.25. 5. Førde 11,23 6. Nordfjord Folkehøgskule 2 13,01 Damer: 1 Førde IL 6.56.29 2 Gloppen FIL 7.00.68 2012: 7,09 3 Nordfj. FHS 1. lag 7.27.00 2012: 7,28 4 Jølster IL 7.48.71 2012: 8,24 5 Nordfj. FHS 2. lag 8.08.18 2012: 7,51 Kraftprøva:

Vegard Steen Eikeland(Førde) og Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø)

Holmenkollstafetten: Ingen seniorlag deltok i 2013 Resultat frå dei norske meisterskapa:

I Hovud-NM i Tønsberg 5 medaljer, det same som i 2012 Under Junior-NM i Overhalla fekk vi også 5 medaljer. NM senior, Tønsberg 23.-25.8. 2013:

Namn Merete Helgheim Trude Raad Elin Isane Marte Rygg Årdal Trude Raad Marit Årdalsbakke Evald Osnes Devik Thomas Mardal

Plass Gull Gull Sølv Sølv Bronse 7. plass 8. plass Forsøk

NM junior, Overhalla, 02.-04.8. 2013 Namn Vanessa Sunde Hoel Hans Sande Marit Årdalsbakke Marte Rygg Årdal Evald Osnes Devik Marte Rygg Årdal Marius Rygg

Plass Sølv Sølv Sølv Sølv Bronse 4. plass 5. plass

Øving 3000m kappgang Slegge Diskos Slegge Diskos Diskos Slegge 100 m

Øving Kule Slegge Diskos Slegge Slegge Diskos Tresteg

Klasse KS KS KS KS KS KS MS MS

Klasse K19 M19 K22 K22 M19 K22 M19

Resultat 14.19,62 60,61 50,00 58,01 48,70 40,95 48,68 11,39(-0,3)

Resultat 12,22 56,21 41,03 58,23 55,68 34,31 12,94(+1,7)

24


Thomas Mardal Thomas Mardal Turid Vilgun Aspheim Erlend Ulvestad Thomas Mardal Ingrid Hjelle Roset Evald Osnes Devik

5. plass 7. plass 7. plass 8. plass Semif. forsøk 6. pl

Diskos Lengde Kule Diskos 100 m 400 m Slegge

M19 M19 K19 M19 M19 K19 M19

44,57 6,67(+0,8) 10,76 38,15 11,36(-2,5) 60,91 48,58

Internasjonal representasjon:

Superliga, Gateshead, England 23.-24.6 Namn Plass Øving Klasse Trude Raad 10.pl Slegge K

Resultat 61,21

Nordisk meisterskap U20, Espoo, Finland 17-18.08. Namn Plass Øving Klasse Hans Sande 7. pl Slegge MU20 Vanessa Sunde Hoel 5. pl kule KU20 OL døve, Sofia, Bulgaria 27.7.-03.8. Namn Plass Øving Trude Raad Gull Slegge Trude Raad 6.pl Diskos

Resultat 55,03 12,55

Klasse K K

Resultat 61,79 41,20

EM U23, Tammerfors, Finland 27.7.-03.8. Namn Plass Øving Klasse Marte Rygg Årdal Forsøk Slegge K

Resultat 54,27

10 på topp Noreg senior 2013.

7 resultat rakk til å komme med på denne lista, ein liten nedgang frå dei to føregåande åra. Endeleg ein førsteplass til Trude, ho og Elin har ei lang rekkje med pallplassar utan å komme heilt på toppen. Som vanleg er det kvinnene våre i kast og kappgang som er inne på topplistene.Gledeleg med debutantane Vanessa Sunde Hoel i kule og Evald Osnes Devik i slegge. Endeleg ein mannleg kastar på lista Lagsrekorden til Kjell Ove Hauge på 50,92 lever farleg i 2014!

Plassering 1 1 3 3 4 6 9 10

Øving Slegge 3000 m kappg. Diskos Slegge Diskos Diskos Kule Slegge

Resultat 62,93 14.19,62 50,00 60,49 48,70 43,15 12,55 50,67

Namn Trude Raad Merete Helgheim Elin Isane Marte Rygg Årdal Trude Raad Marit Årdalsbakke Vanessa Sunde Hoel Evald Osnes Devik

Stad Nadderud Tønsberg Tønsberg Florø Tønsberg Byrkjelo Espoo/Finland Loggane

Dato 16.06 23.08 23.08 08.06 23,08 29.06 18.08 07.07

25


NFIF lagseriar 2013

For første gong på mange år vart det korkje opp- eller nedrykk. Herrelaget vart nr. 7 i 3. divisjon medan damelaget vart nr 5 i 2. divisjon. Dei 4 beste rykkjer opp. Herrelaget var lenge med å kjempa, neste sesong vert det nok opprykk. Damelaget kunne vi nok med ei mobilisering klart å få tilbake i 1. divisjon, men vi får heller satse på opprykket neste sesong også for dei. Uoffisielle sluttresultat:

2. DIVISJON KVINNER 2013 TOTALT 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Steinkjer FIK Trondheim Friidrett Selsbakk IF IL Tyrving 2. lag Gloppen FIL Dimna IL Haugesund IL Moss IL Lillehammer IF IL i BUL-Tromsø

(25/11) (25/11) (25/11) (25/15) (25/11) (25/8) (24/11) (25/10) (25/14) (25/10)

18 002 17 240 16 739 16 409 15 855 15 433 15 178 15 168 15 148 14 708

(13/1d) (6) (5) (1/3d) (11/1d) (8) (14/1d) (9) (10) (4/3d)

Nord Trøndelag Sør Trøndelag Sør Trøndelag Akershus Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Rogaland Østfold Oppland Troms

(14/2d) (7) (13/2d) (6) (9) (12/2d) (11) (30) (11/2d) (15)

Buskerud Nordland Sør Trøndelag Rogaland Oslo Østfold Sogn og Fjordane Vestfold Telemark Oslo

3. DIVISJON MENN 2013 TOTALT 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

IF Sturla Bodø FIK Trondheim Friidrett Sandnes IL 2. lag IL i BUL 2. lag Fredrikstad IF Gloppen FIL IL Sandvin IF Urædd Bækkelagets SK

(20/9) (20/9) (20/10) (20/11) (20/14) (20/12) (20/10) (20/9) (20/9) (20/9)

14 760 14 029 13 850 13 732 13 536 13 236 13 090 12 938 12 776 12 748

26


KLUBB: KRINS: ÅR:

Gloppen FIL Sogn og Fjordane 2013

Nr. 5 i 2. div.

OBLIGATORISKE ØVINGAR ØVING 100m 200m 400m 800m 1500m 3000m kappgang Høgde Stav Lengde Kule Diskos Slegge Spyd

NAMN Ingrid Hjelle Roset Tone Rønnekleiv Ingrid Hjelle Roset Ingrid Hjelle Roset Ingrid Hjelle Roset Merete Helgheim Ingeborg Raftevold Ingeborg Raftevold Ingrid Hjelle Roset Vanessa Sunde Hoel Elin Isane Trude Raad Bodil Hjelmeset

Antal noteringer:

13

FØDD ÅR 1997 1960 1997 1997 1997 1980 1998 1998 1997 1993 1975 1990 1978

RESULTAT 13.52 32.93 59.40 2.18.59 5.18.12 14.19.62 1.51 2.40 4.00 12.55 50.00 62.93 45.00 Sum:

POENG 585 295 698 685 522 709 617 535 387 741 862 958 778

STAD Byrkjelo Byrkjelo Lillehammer Lillehammer Byrkjelo Tønsberg Lillehammer Byrkjelo Hyen Espoo/FIN Tønsberg Nadderud Byrkjelo

DATO 23.05 10.08 22.06 07.09 23.05 23.08 07.09 28.09 12.09 18.08 23.08 16.06 09.08

STAD Florø Tønsberg Byrkjelo Oslo/So Rygg Oslo/So Overhalla Byrkjelo Byrkjelo Byrkjelo Byrkjelo Hyen

DATO 08.06 23.08 29.06 02.10 21.07 02.10 04.08 29.09 28.09 28.09 09.08 18.03

8 372

VALFRIE ØVINGAR ØVING Slegge Diskos Diskos Kule Kule Kule Diskos 3000m 100m 100m 100m Lengde u.t.

NAMN Marte Rygg Årdal Trude Raad Marit Årdalsbakke Marte Rygg Årdal Turid Vilgun Hetle Aspheim Trude Raad Marte Rygg Årdal Merete Helgheim Silje Iren Hole Hervik Ingeborg Raftevold Mariann Johansen Hilde Aa

FØDD ÅR 1992 1990 1992 1992 1994 1990 1992 1980 1997 1998 1974 1971

RESULTAT 60.49 48.70 43.15 11.45 10.97 10.83 34.31 11.10.88 13.86 14.52 14.69 2.13

Antal noteringar: 12

Sum:

Noteringar totalt: 25

Total sum:

POENG 931 844 768 683 656 648 646 566 532 435 412 362 7 483 15 855

27


KLUBB: KRINS: ÅR:

Gloppen FIL Sogn og Fjordane 2013

Nr 7 i 3. div

OBLIGATORISKE ØVINGAR ØVING 100m 200m 400m 800m 1500m 5000m 400m hekk Høgde Lengde Tresteg Diskos Slegge

NAMN Thomas Mardal Thomas Mardal Marius Rygg Jon Rolf Skamo Hope Jon Rolf Skamo Hope Eigil Instebø Jon R. Hauge Atle Rygg Årdal Thomas Mardal Marius Rygg Trond Hatlenes Evald Osnes Devik

FØDD ÅR 1997 1997 1996 1998 1998 1983 1974 1987 1997 1996 1979 1995

Antal noteringar: 12

RESULTAT 11.16 23.07 53.83 1.59.42 4.17.23 16.25.75 60.94 1.75 6.57 12.94 39.96 50.67 Sum:

POENG 801 741 610 698 615 596 598 607 734 663 684 761

STAD Lillehammer Fana Lillehammer Lillehammer Ulsteinvik Byrkjelo Byrkjelo Trondheim/St Lillehammer Overhalla Fana Rygg

DATO 23.06 31.05 22.06 23.06 25.05 29.09 10.08 13.09 08.09 04.08 30.08 07.07

STAD Rygg Hyen Lillehammer Oslo/Bi Oslo/Bi Byrkjelo Byrkjelo Byrkjelo

DATO 21.07 24.07 06.09 16.08 17.08 11.08 10.08 30.06

8 108

VALFRIE ØVINGAR ØVING Slegge 3000m 100m 100m 200m 400m 200m Lengde

NAMN Hans Sande Jon Rolf Skamo Hope Vidar Hatlem Marius Rygg Marius Rygg Jon R. Hauge Jon R. Hauge Marius Rygg

FØDD ÅR 1996 1998 1997 1996 1996 1974 1974 1996

RESULTAT 46.96 9.03.08 11.95 12.02 24.49 54.19 24.59 5.87

Antal noteringar: 8

Sum:

Noteringar totalt: 20

Total sum:

POENG 712 677 621 606 601 596 592 577 4 982 13 090

28


Lagsrekordar pr. 01.01.2014 MENN: Øving 100m 200m 400m 800m 1000m 1500m 3000m 5000m 10000m 110m hk 400m hk 3000m H Høgde Stav Lengde Tresteg Kule Diskos Spyd Slegge Lengde u.t. Høgde u.t.

Namn Magnus Kleppe Magnus Kleppe Nils Ove Roset Nils Ove Roset Odd Bjørn Hjelmeset Odd Bjørn Hjelmeset Odd Bjørn Hjelmeset Odd Bjørn Hjelmeset Olav Holvik Olav Flølo Bård Sandal Odd Bjørn Hjelmeset Olav Flølo Olav Flølo Ole Morten Mardal Magnus Kleppe Kjell Ove Hauge Kjell Ove Hauge Arne Indrebø Kjell Ove Hauge Kjell Ove Hauge Kjell Ove Hauge

Resultat 10,97 22,43 49,16 1.53,22 2.30,20 3.57,20 8.23,95 14.33,48 31.50,9 15,67 52,89 8.54,42 2,03 3,25 7,42 14,30 20,39 63,10 76,20 50,92 3,39 1,73

Stad Uddevalla Fana Byrkjelo Drammen Byrkjelo Førde Bislett Bislett Sandane Drammen Mosjøen Byrkjelo Skjåk Byrkjelo Byrkjelo Florø Eugene,USA Tønsberg Byrkjelo Hyen Sandane Sandane

KVINNER: Øving 100m 200m 400m 800m 1500m 3000m 5000m 10000m 100m hk 400m hk Høgde Stav Lengde Tresteg Kule Diskos Slegge Spyd Lengde u.t. Høgde u.t.

Namn Cecilie Rise Cecilie Rise Kristin Roset Kristin Roset Kristin Roset Kristin Roset Merete Helgheim Merete Helgheim Cecilie Rise Hildegunn Dalsbø Ingrid Kristiane Fardal Hildegunn Dalsbø Cecilie Rise Cecilie Rise Elin Isane Elin Isane Trude Raad Bodil Hjelmeset Cecilie Rise Marie Nyland

Resultat 12,04 25,31 55,72 2.03,64 4.10,56 9.40,5 18.07,56 37.23.59 14,8 64,82 1,76 2,65 6,24 13,26 14,92 55,95 64,23 51,96 2,69 1,38

Stad Dato Drammen 8.7.1994 Linz, Østerrike 30.8.2003 Byrkjelo 23.8.1997 Drammen 8.7.2001 Cork, Irland 6.7.2002 Sandane 9.10.2001 Sandane 18.06.2008 Sandnes 20.08.2010 Byrkjelo 21.9.1994 Sandnes 17.8.2002 Trondheim 30.7.2004 Byrkjelo 30.06.2005 Ebensee, Østerr. 2.8.2003 Fredrikstad 8.8.2003 Århus, Danmark 22.6.2003 Spikkestad 16.9.2005 Bislett 24.05.2012 Kuortane, Finland 17.6.2001 Sandane 26.12.1997 Stangehallen 3.2.1996

Dato 3.8.1997 26.7.1996 11.8.1990 21.5.1990 24.5.1995 24.7.1991 9.8.1995 23.7.1998 22.7.1990 12.7.1994 15.8.1992 7.8.1999 17.7.1993 18.8.1993 3.7.1993 24.8.1991 31.5.1998 14.6.1997 24.7.1994 15.7.1994 30.6.1994 13.9.1995

29


Veteransesongen 2013 Banestemne

Sjølv om Gloppen Friidrettslag hadde fleire velkvalifiserte utøvarar i bakhand, er vi godt fornøgde med oppslutninga om veteran-NM på Byrkjelo 9.-11. august. Individuelt var tre kvinner og 16 menn med. Legg ein til dei fem stafettlaga, kjem talet på GFIL-utøvarar opp i 28. Jørund Årdal (60-64) var vår klare frontfigur med tre toppresultat som gav gull i sleggje (47,71) og vektkast (17,83) og sølv i diskos (44,67). Etter desse bragdene håper vi han har tid og lyst til å prøve seg i internasjonale meisterskapar. Gudmund Skrivervik (92) bidrog òg til positiv merksemd for arrangementet med eit flott direkteinnslag på Vestlandsrevyen. Han deltok i lengde (2,28) og kule (7,94), og kunne leggje to nye gullmedaljar til den omfangsrike premiesamlinga si. Vi har mange sterke damer i laget, og skulle gjerne hatt med fleire enn dei tre som deltok på Byrkjelo. Bodil Hjelmeset (35-39) skåra som venta høgste poengsummen med eit spydkast på 45,00. Ekstra gledeleg var det å sjå det tidlegare sprinttalentet Mariann Johansen (35-39) tilbake på bana etter mange års opphald. Utan særleg spesialtrening imponerte også Tone Rønnekleiv (50-54) med ein 200-meter på 32,93. Den individuelle medaljebehaldninga blei 13 gull, 12 sølv og 6 bronse. På stafettane tok vi 2 gull, 1 sølv og 1 bronse. Arrangementet føyer seg inn i rekkja av vellukka storstemne på Byrkjelo, og hausta lovord av mellom andre leiaren i Veteranutvalet i Norges Friidrettsforbund, Kjell Fossen. KM blei arrangert på Byrkjelo 28.-29. september. Vi greidde ikkje å følgje opp massemønstringa under NM, men seks deltakarar er trass alt ei betring frå dei seinare åra. Dessverre var ingen kvinner frå klubben vår med ved dette høvet. To sterke GFIL-veteranar tok turen til nordisk meisterskap i Moss 28.-30. juni. Jørgen M. Holme (80-84) kunne smykke seg med gull i sleggje, sølv i vektkast og bronse i kule. I tillegg kom han på 4.-plass i kastfemkampen og på 6.-plass i diskos. Magne Tystad (65-69) fekk sølvmedalje både på 800- og 1500-meter. Den gode oppslutninga om NM fjernar ikkje inntrykket av at mange framleis vegrar seg for å delta på banestemne. Vi skulle til dømes gjerne sett at fleire var med under opningsstemnet på det flotte anlegget i Hyen 24. juli. Elles kan det vere grunn til å minne om at Gloppemeisterskapen er open for veteranar (og seniorar).

Veteranserien

I herreserien kom førstelaget på andreplass i 1.-divisjon. Det er i stor grad kastarane som dreg lasset, men også Per Kristian Lundby og Per Andenæs oppnådde fine poengsummar i hopp. Totalsummen for førstelaget var 151 poeng svakare enn 2012-sesongen. Det kviler eit ekstra ansvar på løparane om vi skal nærme oss suverene Tønsberg. Den breie NMdeltakinga var avgjerande for at vi i tillegg fekk eit solid andrelag. Dette laget kom på andreplass i 3.-divisjon og rykkjer dermed opp til nest øvste nivå. Det er òg gledeleg at vi omsider er tilbake med eit damelag, som gjekk soleklart til topps i 4.-divisjon. Med fleire resultat frå dei gode utøvarane våre har vi snart lag i toppdivisjonen også på damesida.

30


Terrengstafettane

På Breimstafetten hadde vi med tre herrelag; eitt superveteranlag og to lag i yngste veteranklasse. Vi viste her at vi har mange habile yngre veteranar, og bør derfor ta mål av oss til å utfordre Jølster også på Oldestafetten til våren. I Holmenkollstafetten kom laget vårt i klasse 55+ mix på ein fin andreplass.

Medaljevinnarar i veteran-NM Bodil Hjelmeset (35-39) Mariann Johansen (35-39) Tone Rønnekleiv (50-54) Jon R. Hauge (35-39) Magnus Kleppe (45-49) Aage Indrebø (50-54) Magnus Willumsen (50-54) Magnar Holvik (60-64) Jakob Eirik Lothe (60-64) Olav Lyslo (60-64) Dagfinn Nyhammer (60-64) Arnulv Aa (60-64) Jørund Årdal (60-64) Per Kristian Lundby (65-69) Magne Tystad (65-69) Jørgen M. Holme (80-84) Gudmund Skrivervik (90-94)

1 gull 1 gull 1 gull 2 sølv, 2 bronse 1 gull, 1 sølv 2 gull 1 gull 1 bronse 1 bronse 1 sølv 2 sølv, 1 bronse 1 gull, 2 sølv 2 gull, 1 sølv 1 gull, 1 sølv 1 sølv 1 sølv, 1 bronse 2 gull

RESULTATRAPPORT VETERANSERIEN 2013 Klubbnavn : GLOPPEN FIL Divisjon : 1 Menn Pr. dato : Kontaktperson : Dag Fosstvedt E-post : Krets : LØP 1 800 m 800 m 100 m 400 m SUM

Magne Tystad Jon R. Hauge Magnus Kleppe Jon R. Hauge

1945 1974 1965 1974

2.40.39 2.06.23 12.53 54.19

772 Byrkjelo 761 Byrkjelo 723 Byrkjelo 711 Byrkjelo 2967

10.8 28.9 9.8 11.8

LØP 2 1500 m 1500 m 3000 m 3000 m SUM

Magne Tystad Dagfinn Nyhammer Magne Tystad Dagfinn Nyhammer

1945 1950 1945 1950

5.35.23 5.18.68 11.59.94 11.27.69

729 Moss 729 Byrkjelo 714 Byrkjelo 705 Byrkjelo 2877

30.6 11.8 9.8 9.8

31


HOPP Tresteg Høyde u.t. Lengde Lengde u.t. SUM KAST Vektkast Kule Slegge Kule SUM

Per Kristian Lundby Per Andenæs Per Kristian Lundby Per Andenæs

1948 1950 1948 1950

9.71 1.35 4.47 2.51

888 Loughborough 14.4 885 Sandane 21.3 762 Loughborough 14.4 734 Sandane 21.3 3269

Jørund Årdal Gudmund Skrivervik Jørund Årdal Jørgen M. Holme

1953 1921 1953 1931

17.83 7.94 47.71 9.78

941 Byrkjelo 899 Byrkjelo 883 Byrkjelo 828 Hyen 3551

1931 1953 1931 1947

31.62 44.67 12.16 10.42

847 Rygg 7.7 818 Byrkjelo 10.8 784 Hyen 18.9 739 Hyen 24.7 3188

VALGFRIE Slegge Jørgen M. Holme Diskos Jørund Årdal Vektkast Jørgen M. Holme Kule Matias Hope SUM TOTALSUM Antall noteringer Antall utøvere

11.8 9.8 10.8 24.7

: 15852 : 20 : 10

RESULTATRAPPORT VETERANSERIEN 2013 Klubbnavn : Gloppen FIL Divisjon : 4 Kvinner Pr. dato : Kontaktperson : Dag Fosstvedt Krets : Sogn og Fjordane LØP 1 200 m 100 m SUM

Tone Rønnekleiv Mariann Johansen

LØP 2

Ingen resultater

HOPP Lengde u.t. Lengde u.t. SUM KAST Diskos Spyd SUM

Ingunn Elvebakk Hilde Aa

Elin Isane Bodil Hjelmeset

1960 1974

32.93 14.69

600 Byrkjelo 10.8 521 Byrkjelo 9.8 1121

1972 1972

2.20 2.13

583 Sandane 21.3 520 Hyen 18.3 1103

1975 1978

50.00 45.00

888 Byrkjelo 9.8 817 Byrkjelo 09.08 1705 32


VALGFRIE Lengde u.t. Lengde u.t. SUM TOTALSUM

Solfrid Utheim Rygg 1969 Merethe G. Tveit 1974

2.10 1.69

496 Hyen 18.3 144 Sandane 21.3 640

: 4569

RESULTATRAPPORT VETERANSERIEN 2013 Klubbnavn : Gloppen FIL Divisjon : 3 Menn Pr. dato : Kontaktperson : Dag Fosstvedt Krets : Sogn og Fjordane LØP 1 100 m 200 m 200 m SUM

Magnus Willumsen Jon Husabø Hansen Magnar Holvik

1960 1953 1952

13.53 32.31 32,42

616 Byrkjelo 453 Byrkjelo 446 Byrkjelo 1515

9.8 10.08 29.9

LØP 2 2000m H 3000 m 5000 m SUM

Olav Lyslo Olav Lyslo Olav Lyslo

1949 1949 1949

11.34.61 15.17.91 26.58.73

208 Byrkjelo 180 Byrkjelo 143 Byrkjelo 508

10.8 9.8 29.9

HOPP Høyde Arnulv Aa Lengde u.t. Bjarne Hauge Høyde Jakob Eirik Lothe SUM

1949 1954 1953

1.39 2.47 1.27

636 Byrkjelo 636 Sandane 504 Byrkjelo 1799

10.8 21.3 10.8

KAST Kule Kule Diskos SUM

1949 1961 1961

10.73 11.06 37.38

691 Hyen 665 Byrkjelo 628 Byrkjelo 1984

24.7 9.8 10.8

VALGFRIE Kule Øyvind Heimset Larsen 1974 Diskos Jakob Eirik Lothe 1953 Kule Jakob Eirik Lothe 1953 SUM

11.33 32.85 9,57

591 Hyen 24.7 562 Skansemyren 2.7 603 Skansemyren 23.7 1756

Arnulv Aa Aage Indrebø Aage Indrebø

TOTALSUM Antall noteringer Antall utøvere

: 7562 : 15 : 8

33


Framfor sesongen 2014 Første halvdel:           

Alfamar – treningsleir 4 – 14 april 27 april Oldenstafett 4 mai Breimstafett 15 mai Gloppenmeisterskap 30 mai 1 juni FRAMO leikane 13-15 juni – Tyrvingleikane 19-22 juni – Veidekke leikane 24-26 juni – Gloppen friidrettskule på Sandane 26 – 29 juni VU spelen – Gøteborg 4-6 Juli Sparebankleikane. Midten/slutten av juli – nasjonalt stevne i Hyen

Andre halvdel:     

8-10 august Jr NM Fredrikstad (overnatting tinga) 16-17 august KM 22-24 august Hoved NM Jessheim (overnatting tinga) 5-7 sept UM – Haugesund. (overnatting tinga ) 12-14 sept Peab – Osterøy.

Dette flotte bildet får avslutte årsmeldinga for 2013 og markere starten på sesongen 2014 som er like om hjørnet. Rekruttlandslagsutøvarane våre Hans Sande – Evald Devik – Trenar Jørund Årdal, Landslagssjef Thomas Rosvold, Erlend Ulvestad og Thomas Mardal. Ole Morten Mardal er fotograf. Samlinga 1-2 mars 2014. Flotte representantar for toppidretten i Gloppen.

34

GFIL - årsmelding 2013  
GFIL - årsmelding 2013  
Advertisement