Underveis - Våren 2015

Page 44

struktør, skatar, crossfit in musikar og modell

Martin Mentzoni Tekst: Birgitte Torbjørnsen Foto: Fredrik Nærland

Rockestjerne - Jo, eg har høyrd om janteloven, og eg syns det er kjekt å spenna han i ræva. Janteloven er ei perfekt oppskrift på korleis du skal lukkast i livet - om du berre går i mot han. I tillegg kan det vera lurt å bruka Janteloven som ein huskelapp på kvifor folk oppfører seg rart. Kva drømmer Martin om? - Den største drømmen er å bli rockestjerne og stå på ei scene. Far var alkoholikar Faren til Martin var alkoholikar. På grunn av dette krangla foreldra mykje, og då Martin var 13 år skilte dei lag. Martin tenkte ikkje så mykje på at faren drakk. Han var aktiv, klatra i tre og etterkvart byrja han å skata. Då han var 13 år byrja han sjølv å drikka alkohol. Han fekk lov til å drikka heime hjå faren, og han utnytta situasjonen. Då Martin var 15 år slutta han å drikka, og då besøkte han også faren sjeldnare. Han syns det var ube4444

hageleg å sjå han rusa, og han hadde ein periode kor han hata faren. Då Martin var 20 år blei faren alvorleg sjuk. Kroppen tålte ikkje all drikkinga, og han var ut og inn av sjukehuset. - Då forsona eg meg med han igjen. Eg skulle ynskja at faren min var rusfri, men det vil alltid vera dei som spring vekk fra problema og vil rusa seg. - Det er ikkje berre på grunn av dette eg ikkje drikk sjølv, men litt på grunn av oppveksten min også. Eg vil ikkje bli som han og ha barn som er bekymra for meg. Han var ein god far. Snill. Kanskje han betalte litt for sitt dårlege samvit også? Han var flink til å ta meg ut på ting. Han prøvde så godt han kunne. Martin veit kva far han sjølv vil bli. Han likar tanken på at ungane hans vil vera 100% sikre på at pappa er edru når dei kjem heim. Martin skal vera trygg og alltid den samme. Han skal springa rundt i tights og vil vera rockestjerne til han blir 90. Mora til Martin jobba mykje. Ho måtte jobba for å tena pengane som faren drakk opp. Martin meiner det er derfor


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.