Forum For Grøn Energi - Fornybar-rapport 2019

Page 31

7.3.5 Forslag til korleis ein kan innovere på kunde- og brukaropplevingar • Eit grønt “servicekontor” i Sogn og Fjordane som sett den internasjonale kunden i kontakt med riktig miljø * • Felles kundekanalar på tvers av selskap • “Sogn og Fjordane virtual show room” i satsingssland • Felles internasjonal merkevaresatsing • Felles initiativ om å samle kundedata • Grøne, smarte kommunar * • Kunde-, brukar-, og innbyggjarutval og workshops • Digital portal for grøne idear frå publikum • Innovasjon i salsprosessar - selje produkt på ein ny måte • Grøne brukarmøteplassar og sosiale hendingar 7.3.6 Døme: Grøne, smarte kommunar Kommunane har eit stort ansvar – og store moglegheiter til å utgjere ein skilnad i det grøne skiftet. Gjennom å ta målretta, ambisiøse og forpliktande val om å bli “den grøne, smarte og innovative kommunen”, vil ein kunne utløyse det store potensialet som ligg i samhandlinga på tvers av sektorar og bransjar, til dømes innan transport, energi, samfunnsplanlegging, bygg og anlegg, IT med meir. Kommunane i Sogn og Fjordane kan byggje tydelegare merkevarer som tiltrekk seg folk, kompetansemiljø og investeringar. Som bestillarar og innkjøparar er kommunen premissgjevarar for lokal næringsutvikling og sentrum for samarbeid og samhandling mellom ulike aktørar. Dette ligg i kommunen si rolle som utviklingsaktør. 7.3.7 Døme: Eit grønt servicekontor i fylket Det er krevjande for norske aktørar å jobbe internasjonalt, men det er også krevjande for utanlandske investorar eller kundar å finne aktørar frå fylket å investere i, samarbeid med eller kjøpe frå. Kunne eit grønt servicekontor i fylket ha tatt på seg denne rolla som den som aktivt koplar Sogn og Fjordane med verden? Denne kunne vore tilknytta ein næringshage, ei næringsforening eller tilsvarande.

31


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.