Page 5

5

Vinsand trekker fram tre viktige årsaker til at reforma blir gjennomført: • Ubalanse mellom oppgåver kommunen skal utføre og lokale ressursar og kompetanse. Kommunane skal i dag utføre rundt 170 lovpålagde oppgåver for innbyggjarane • Endringar i busetnadsmønster og kommunikasjonar • Eit nytt fokus på innovasjon. Mål om at kommunane skal gå frå utføring av lovpålagte velferdsoppgåver til å verte eit utviklande organ med hovudansvar for samfunnsutvikling. - Den siste årsaka meiner eg er den viktigaste for Kinn. Kommunane si rolle vil endre seg dei neste tiåra. I det ligg nye oppgåver, nye roller for politikarane, og at fleire utviklingsoppgåver som i dag ligg hos fylkeskommune, fylkesmann og ulike faglege etatar vil flyttast ned til kommunane. Dette krev ei anna organisering enn tidlegare. Det er her Kinn er så spennande, seier Geir Vinsand. KINN ER LETT Å KRITISERE Kinn er den første kommunen som er vedtatt av Stortinget med så store køyreavstandar mellom komunesentra. Sjølv reagerte Geir Vinsand då han såg kommunekartet den første gongen. - Kinn har ein merkeleg kommunekropp! Eg var overraska første gong eg såg dette forslaget på bordet. Kinn er utruleg lett å kritisere, og det er lett å nemne ulemper med Kinn, ikkje minst i forhold til avstandane. Det er lett å drive aksjonisme mot denne organiseringa. Slik eg ser det kan ein ikkje vurdere Kinn ut frå tradisjonell fusjonsteori. I dei fleste samanslåingsprosessane er det meir snakk om ei samansmelting der det allereie er ein felles bu- og arbeidsmarknad, og ofte er det berre ein liten køyretur mellom kommunesentra. Slik er det ikkje med Kinn, påpeikar Vinsand. I dag tek det i følgje Google Maps 1 time og 38 minutt å køyre frå Måløy til Florø. For Vinsand er havrommet stikkordet. Ein maritim kommune som verkeleg kan satse på utvikling av kysten. - Kinn vil frå dag 1 vere ein av Noregs mest interessante kommunar. Framover vil det skje store endringar i kommunens oppgåver, der skilnaden mellom kommunane ikkje vil vere på kor gode dei er på lovpålagt velferdsproduksjon, men på kor godt dei gjer det som utviklingsaktørar, enten det gjeld næringsutvikling, klimautfordringar og naturforvaltning eller å bli ein viktig nasjonal aktør. Alt ligg til rette for at Kinn kan få ein sterk nasjonal posisjon frå dag 1, med ei kystlinje som har utenrikspolitisk betydning. Kommunen vil kunne få ei stor påvirkingskraft og få heilt sentrale roller i samfunnsutviklinga i samarbeid med nasjonale styresmakter og det nye Vestlandsfylket.

Potensialet er med andre ord stort. Men historien viser at eit stort potensiale ikkje alltid fører til eit bra resultat. DEI FIRE S-ANE Vinsand viser til at det er fire punkt som er heilt sentrale for å forstå kvifor det er så stor motstand mot reforma i fleire kommunar i Noreg. 1. 2. 3. 4.

Senterstrid Sentraliseringsfrykt Strid om samferdsle Stapeisane

- Ein del av desse fire S-ane er av økonomisk karakter og handlar om inntekts- og utgiftsfordeling, frykt for auking av lokale skattar og overtakelse av naboens høge gjeld. Det handlar også om opplevde forskjellar i identitet, tilhørighet og frykt for politisk marginalisering. Biletet er sammensatt og ofte styrt av stor usikkerhet om konsekvensar av ei kommunesamanslåing. Ein veit kva ein har, men ikkje kva ein får, avsluttar Vinsand.

DEI FIRE S-ANE Senterstrid: - Dette er ei klassisk problemstilling, og ein av hovudårsakane til at vi har så mange kommunar i Noreg. Dette er hovudgrunnen til at Ørsta og Volda ikkje er slått i saman. I Kinn er dette forsøkt løyst med eit delt kommunesenter. Sentralisering: - Det er ei stor frykt for sentralisering. Det blir opplevd som ei reell fare for at Flora vil ta til seg alt av vesentlege funksjonar og økonomisk støtte. Politisk marginalisering av den minste kommunen og nedbygging av bygdene er typiske problemstillingar. Samferdsle: - Ingen lokaldemokrati i heile verda kan diskutere samferdsle like lenge som politikarane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det er ingen andre stadar at dei har så mykje utbyggingsselskap, politiske prosessar og omkampar som kommunane i desse to fylka. Dette er viktige tema også for Kinn, og det at ein finn felles plattform og prioriteringar her vil vere viktig Stapeisane: - I nokre samanslutningar kan stapeisane dominere og forhindre ein opplysande debatt om utfordringar og løysingar. Med det meiner eg politiske leiarar som set sine eigne meiningar og sin eigen posisjon framfor fellesskapets interesser. Kommunesamanslåingar kan ta form av reine EU-kampen, noko som gjev ein veldig polarisert debatt om mulige konsekvenser av ein større kommune. Erfaringar med kommunesamanslåingar viser at det som regel ikkje er grunnlag for dramatiske konklusjonar. Og vi har ofte eit feil bilete av særleg dei frivillige samanslutningane, som i dei fleste tilfelle har hausta positive erfaringar. Ingen av samanslutningane etter år 2000 er reversert.

Profile for Frequency Norge

Kinn kommune  

Informasjonsmagasin om den nye kystkommunen Kinn.

Kinn kommune  

Informasjonsmagasin om den nye kystkommunen Kinn.

Advertisement