Page 19

DETTE ER SAKA

19

Dei siste kommunevala er gjennomført i Vågsøy kommune og Flora kommune. Valet i 2019 vert altså til Kinn kommune. Her forklarer medlem i fellesnemnda, Edvard Iversen, kva prosessar som partia no skal igjennom for å få fram politiske kandidatar til komunestyret i Kinn kommune.

leiar av Vågsøy Venstre, og der er det full mobilisering for å førebu seg på ei ny tid i lokaldemokratiet. - Alle partia må no samkøyre lokallaga i Vågsøy og Flora til å verte lokallag for Kinn kommune, for ved valet i 2019 skal vi velje politikarar til den nye kommunen som Stortinget har vedteke. Dette er både spennande og utfordrande for lokallaga. Vi skal sette saman nye styre med folk vi kanskje ikkje har mykje kjennskap til, og så skal vi køyre ein nominasjonsprosess som skal ivareta interessene for heile den nye kommunen, forklarer Iversen. NOMINASJONSPROSESSEN LIKE VIKTIG SOM VALDAGEN Edvard Iversen er særskilt oppteken av nominasjonsprosessen som er sjølve kjernen i demokratiet vårt. - Det er ved nominasjonsprosessane vi i realiteten vel ut politikarane våre. Vi har eit repre-

sentativt demokrati, og det forundrar meg ein del at mange ikkje tek dette innover seg. Det er fort å kritisere politikarane og deira vedtak etter at dei er valde, men alle har høve til å delta i nominasjonsprosessen. Ein kan til og med stille til val sjølve, dersom ein meiner at ein kan bidra positivt til demokrati og lokalsamfunn med ideane sine. Slik er folkestyret vårt organisert, og eg trur dette er eit veldig bra system så lenge folk engasjerer seg breitt i samfunnsdebatten og ikkje berre driv aksjonisme på enkeltsaker, seier Iversen. Det er altså ikkje berre på valdagen at folket kan bestemme kva slags politikarar som ein vil skal representere interessene sine i kommunestyret. Det er ikkje minst gjennom nominasjonsprosessen at folket får høve til å velje kandidatane og sikre at det er ei fordeling av kandidatar mellom dei ulike bygdene og byane i Kinn kommune. - Den såkalla «kjøtvekta» mellom dei to gamle kommunane er ikkje relevant ved valet. I 2019 vil det vere mange ulike grunnar til å sette opp kandidatar i dei ulike partia, og skiljet mellom dei to gamle kommunane vil ikkje vere ein faktor som dei etablerte partia vil vektlegge, slik eg forstår det politiske miljøet. Snarare tvert imot. Ein vil sjå på ting som nærleik til tenestene, bygdepolitikk, sentrumsutvikling, skulepolitikk, helse og omsorg og så vidare. Altså vil til dømes alle bygdene i Kinn kommune ha interesse av å samle seg rundt ein strategi for levande bygder i heile den nye kommunen, meiner Iversen. OPPMODAR TIL ENGASJEMENT Iversen oppmodar alle innbyggjarane i Kinn kommune om å engasjere seg i dei ulike partia, stille opp på lister, spele inn kandidatar til partilistene og ikkje minst møte opp ved valet for å sikre makt til dei politikarane ein meiner fortener posisjonen. - Eg håper alle partia no gjer gode grep for å slå saman lokallaga i Vågsøy og Flora og at ein klarer å mobilisere til større politisk engasjement i den nye Kinn kommune. Den aksjonismen vi har sett i Vågsøy i det siste er uheldig, der ein i etterkant av demokratiske val og demokratiske prosessar gjennomført av dei folkevalde tek omkamp på lovleg fatta vedtak. Slikt skaper mykje støy og undergrev demokratiet. I nye Kinn må vi vere strenge på det representative demokratiet vårt og la dei politiske drakampane skje i den tidslina som er lagt og dei fora som er skapt, meiner Edvard Iversen.

Profile for Frequency Norge

Kinn kommune  

Informasjonsmagasin om den nye kystkommunen Kinn.

Kinn kommune  

Informasjonsmagasin om den nye kystkommunen Kinn.

Advertisement