Page 11

11

har teke grep og rigga seg for framtida. - Det verserer mange tal fram og tilbake rundt samanslåinga. Nokre reknar seg fram til suksess og andre til dundrande konkurs. Saka er at vi kan ikkje sitte i 2018 og vedta korleis dette skal verte i 2030. Vi må brette opp ermene og jobbe i fellesskap for å sikre at vi vert produktive nok i tenesteytinga, attraktive nok for tilflytting og kreative nok for nyskaping og vekst. Vi i kommuneadministrasjonen skal gjere vår del for at Kinn kommune vert ein kommune som andre vil sjå til for inspirasjon, seier Heggheim. KINN SKAL VERTE EIN «SUPERKOMMUNE» Nokre kallar Kinn for «superkommune» og andre «plusskommune». Heggheim seier at bakgrunnen for dette er at kommunen må vere noko meir i morgon enn den er i dag. - Vi står ovanfor store utfordringar i kommunesektoren, ikkje minst knytt til den såkalla eldrebølgja der det vert fleire eldre som skal sikrast velferdsgoder per yrkesaktiv innbyggjar. Dette vil skape eit enormt press på kommuneøkonomien innan særskilt helse- og omsorgssektoren. For å møte utfordringa må vi sikre tilgang til dei flinkaste og flittigaste personane vi kan få tak i. I tillegg må kommunen bidra som utviklingsaktør slik at kommunenøkonomien kan bere frukter av vekst i skatteinntekter og tilflytting. Alt heng saman. Å stå åleine som mindre kommunar vil gje oss mykje større utfordringar knytt til økonomisk vekst, næringsutvikling, rekruttering og politisk støtte sentralt. Med Kinn kommune er vi på lag med framtida og dei leiande politiske føringane, og dette vil gjere at vi lukkast, meiner Heggheim. melding på når ein kan forvente oppfølgjing. Vi skal vere på høgde med dei beste serviceinstitusjonane i Noreg, seier rådmann Terje Heggheim. KOMMUNEN MÅ SKAPAST I FELLESSKAP For rådmannen er det viktig å understreke at Kinn kommune må skapast i samarbeid mellom innbyggjarane og aktørane innan kommunegrensene. - Vi vil ikkje få noko gratis, men må ta ansvar for vår eiga framtid. Kor god kommunen vert å bu og jobbe i er opp til oss sjølve å legge til rette for. Vi her på kysten har alltid teke ansvar for eiga framtid. I det siste har vi falle litt bakpå og ikkje teke den posisjonen vi burde ha som kystregion, men med Kinn kommune er vi tilbake i manesjen og kan sikre den naudsynte veksten som skal til for å sikre gode velferdstenester i framtida, meiner Heggheim. Stortinget har vedteke Kinn kommune og vil legge til rette for at stortingsvedtaket vert følgt opp med gode levekår for dei kommunane som

AVSTANDAR ER INGA HINDRING Det praktiske arbeidet i kvardagen for dei kommunalt tilsette er han ikkje uroa over i det heile. - Kinn vert ein sterk kystkommune, og på kysten er det havet som bind oss saman. Avstanden mellom Florø og Måløy er kort om ein tek sjøvegen, og det er naturleg at vi i større grad flyttar transport både av folk og gods over frå veg til kjøl. Delt kommunesenter vil sikre utvikling av kompetansearbeidsplassar i alle delar av kommunen, og kommunikasjonslinene mellom avdelingane vil vere korte gjennom digitale verktøy. Vi må ta inn over oss den teknologiske utviklinga og ikkje sjå oss blinde på gamle kommunikasjonsmetodar. Tidlegare var det ein revolusjon då ein kunne ro over fjorden til legekontoret. I dag er kommunen alltid tilgjengeleg på mobiltelefonen og gjennom videokonferanse. Behovet for å sitte i det same rommet vert viska ut på ein del tenester, og ein kan like enkelt kople saman kompetanse frå Kina som frå Kinn, seier Heggheim.

Profile for Frequency Norge

Kinn kommune  

Informasjonsmagasin om den nye kystkommunen Kinn.

Kinn kommune  

Informasjonsmagasin om den nye kystkommunen Kinn.

Advertisement