Edvard Hoem – Liv andre har levd

Page 15

Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 13

hadde ikkje sagt til Eilert at Thea Simonsen døde i barsel tre år tidlegare, slik Eilerts kone også hadde gjort. Før dei nådde opp til huset, kom Johannes Simonsen ut på trappa og ønskte velkomen. Bak han stakk fleire av barna hovuda fram. – Vi veit kven du er, sa mannen til Eilert. – Eg mista kona mi i barsel for tre år sidan. Eilert stokk. Kvifor hadde ikkje Kristine fortalt han dette? – Kor mange barn har du? sa Eilert. – Ni. Den tiande døde saman med mor si. Eg seier det rett ut, sidan eg veit at du har same erfaring. Eilert hadde ikkje ord. Han greip handa til Johannes Simonsen. – Det går på eit vis, sa Johannes Simonsen. – Dei store kan passe dei små. Du får sjå deg rundt, Eilert Knudtson. Dei gjekk inn. På kjøkkenet stod ei tenåringsjente og rørte i ei gryte. Ho såg opp, men helste ikkje. Sju barn kunne Eilert telja i alt. To måtte vera ute. – Du sov vel på loftet? spurde Simonsen. – Du må gå opp! Eg set over ein kopp kaffe så lenge. – Det er ikkje nødvendig, sa Eilert. – Så liten vil eg ikkje vera at eg ikkje byr på ein kopp kaffe, sa Simonsen. Eilert klatra opp trappa til loftet. Dei høyrde kor tungt han trødde på golvplankane. Så kom han ned, gjekk over golvet og fram til vindauget, der han vart ståande og sjå utover. Det var eit fantastisk utsyn, over byen og fjorden og holmane. Det hadde klarna opp, og dei snøkledde fjella på den andre sida stod der i all si prakt. – Eg forstår at det må vera rart, sa mannen i huset. 13


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.