Edvard Hoem - Felemakaren

Page 1


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 2


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 3

Edva rd H o e m

Felemakaren Roman

FORLAG ET OKTOBER 2020


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 4


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 5

T i l l e sare n

Når eg enno ein gong gir meg til å skrive om noko som hende i eit vestnorsk kystlandskap for lenge sidan, er det for å dikte fram ein mann som levde der for meir enn to hundre år sidan, på bakgrunn av dei knappe historiene som bestefar fortalte i min barndom. Lars Olsen Hoem (1782–1852) drøymde i ungdommen om å krysse store hav på eiga skute, men ungdomstida hans forsvann i det som ettertida har kalla Englandskrigane, og enda med eit fem år langt opphald på britiske fangeskip. Da Lars endeleg vart sett fri i 1814 og banka på døra i barndomsheimen, kjende familien ikkje igjen den skjeggete kjempa som bad om nattely. Dei bad han gå til grannegarden og få husrom der. – Fær eg ikkje hus, så tek eg meg hus! sa Lars. Så gjekk han opp på loftet der han sov som barn, og forsvann i ein djup søvn. Da han vakna om morgonen, sat far hans ved senga og såg på han, og faren sa: – Du er no vel aldri son min, han Lars? – Kven skulle eg elles vera? spurde Lars. – God jul, og god morgon, far!


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 6

Kva er det for ein herleg ange, hyrdar, som fyller sinn og sans? Aldri fekk større fryd oss fange, enn ikkje våren med all sin glans. Kva er det for ein herleg ange, hyrdar, som fyller sinn og sans?

Fransk folkeleg julesong av ukjend opphav, sungen til ein melodi frå J o hn G ay : The Beggar’s Opera, 1728


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 7

Fø r st e ka p i t t e l

U t r e i sa

i Lenge etter at Lars Olsen Hoem hadde forlate barndomsheimen, kunne han mana fram synet av eit gardstun på ein bakketopp i Ytre Romsdal og dei som levde der. Frå haugen der gardstunet låg, kunne dei sjå vesthimmelen som fortalte kva vêr det ville bli neste dag. Vinden kunne vera iskald både vinter og sommar, men landskapet hadde så finstemte linjer at det i opphaldsvêr og soldis kunne få ein draumeaktig dåm over seg. På blikstille haustdagar kunne ein oppleva at ikkje eit strå rørte seg, men på etterjulsvinteren kunne stormane få hus til å knaka og store tre til å svaie. Vinterkveldane kunne vera trolske under gneistrande stjernehimlar, og når våren kom, dirra landskapet av grønt. Men sommaren kom med daglyse netter da ingen kunne forstå kvifor det nokon gong hadde falle dei inn at dei skulle leva livet ein annan stad. Så inderleg knytt som Lars var til dette landskapet når han fortalte om det, verka det underleg at han ikkje hadde slått seg ned der. På spørsmål frå ei av døtrene som besøkte 7


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 8

han i alderdommen, sa han at det var ufritt der. Da dottera ville vita kva han la i eit slikt uttrykk, sa han at det var ufritt i heile landet, og så la han til at ikkje alle som reiser ut, finn vegen heim igjen. Det siste hadde samanheng med noko som hende i hans eigen nære familie.

II D e n s i s t e j u l a han levde, var Lars saman med tre av dei sju døtrene sine, og han snakka om mange ting som han ikkje hadde fortalt dei før, som om han ante at han ikkje skulle leva evig. Av ein eller annan grunn kom han stadig tilbake til noko han hadde opplevd da han var fire eller fem år gammal. Det var da det gjekk opp for han at ikkje alt rundt han var som det skulle. Det måtte ha vore ein julidag, for drengene hadde slått graset på tunet og sett det i såter tidleg på ettermiddagen, som om dei venta regn. Lars hadde klatra opp på ein knaus med einerbuskar for å fange sommarfuglar med ein håv som broren Pe hadde laga til han, men dei lette, vinglande vesena var for raske for han, og til slutt var han lei og ville klatre ned. Før han kom så langt, såg Lars foreldra sine; dei kom inn på tunet frå kvar sin kant. Faren kom opp sjøvegen som førte ned til naustet. Han var kledd i grå linskjorte og vadmålsbrok, og han hadde treskor på føtene. Lars tenkte at han hadde ein vakker far, som han var stolt av, sjølv om han ofte hadde sett kor sint faren kunne bli når noko ikkje gjekk hans veg. Faren var brun i andletet etter mange arbeidsdagar ute, og sveitten draup frå haka hans. Han gjekk bort 8


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 9

til ei trebytte med vatn som stod utanfor svaldøra, køyrde hendene ned i bytta og skylte hovud og hals. Mora kom ut kjøkkendøra på det huset som dei seinare kalla gamlehuset, velkledd som alltid, i kvit linskjorte og stakk. Ho var tynn, og håret hennar var i ferd med å bli grått, men det var framleis lett å sjå at ho hadde vore vakker ein gong. Ho song på ei skillingsvise, det var alltid noko ho gjekk og nynna på. Ho slutta å synge da ho såg mannen, og så sa ho: – Der er du jo! – Kvar skulle eg elles vera? sa faren. Han stod breibeint og glante utover fjorden. – Eg undra meg på kvar det var blitt av deg! sa mora. – Det er tid for nonsmat for lenge sidan. – Eg spring ikkje frå halvgjort arbeid, sa faren, – anten det er nonsmat eller ei! – Men kva har du halde på med, sidan du vart så lenge? – Eg har tjørebreidd båten, sa faren. – Det er tida for slikt no. – Du kunne kanskje ha sagt kva du heldt på med? sa mora. – Kunne du ikkje ha sendt ein av ungane, dersom det var noko du ville meg? – Eg trudde du ville bli svolten og koma heim av deg sjølv, sa mora. Faren brydde seg ikkje om å svara. Femåringen merka ei uro i magen som han ikkje hadde merka før. Han bestemte seg for ikkje å bli redd. Alt var tilsynelatande berre idyll. Himmelen var lys blå med lette skyer. Ingenting var å sjå anna enn det som var velkjent og trygt. 9


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 10

Da vart Lars merksam på Pe, som var fjorten år eldre enn han, og som var den store helten hans fordi Pe hadde mange påfunn som kunne glede veslebroren. Pe stod ved hushjørnet og såg på mora og stefar sin. Andletet hans var liksom tilstivna, som om han ikkje var i stand til å smile. Heile situasjonen utløyste ein ulyd som skar Lars i hjartet. Han heldt seg for øyra. Men så kom mora, som ante at noko gjekk føre seg inne i han. Ho bar han ned frå haugen, og da dei hadde ete, tok ho han på fanget og song for han. Det hadde ho gjort nesten kvar einaste dag sidan han kom til verda, og slik dempa ho den uroa som snart skulle koma til å prege familien. I vekene og månadene som følgde, prøvde Lars å forstå kva som ikkje var i orden, men han fann ikkje ut av det. Same hausten dukka ei ny tenestejente opp på Bortegarden. Det var ikkje noko merkeleg med det. Tenestejentene skifte husherre år om anna, og når ei av dei som hadde vore der ei tid, sa opp tenesta og reiste sin veg, kom det alltid ei ny. Denne her heitte Siri Jonsdatter og kom frå den andre sida av fjellet, fortalte dei vaksne han. Ho var høg og lysleitt, med eit stort, opent andlet, ho lo gjerne, og gjekk liksom ikkje av vegen for nokon. Lars likte henne godt, for ho var blant dei som såg på han med rolege auge og lytta når han snakka til henne. Lars la merke til at halvbroren Pe vart i godt humør av å arbeide i lag med Siri, og det såg ut til at ho likte Pe. Så vart ho brått borte rett før jul, og Lars skjønte ingen ting. Men mora sa da han spurde: – Siri ville ikkje vera hos oss lenger. – Men kvifor ville ho ikkje vera hos oss? – Ho måtte heim og hjelpe foreldra sine, sa mora. 10


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 11

Lars var for første gong usikker på om mora snakka sant. Like etter kom ein alvorsmann frå grannebygda og forlangte å få eit ord med far til Lars. Da faren spurde kva ærend mannen var ute i, sa han: – Det gjeld steson din, han Pe. – Faren gjekk ut for å snakke med framandkaren på tomannshand, men da han kom inn igjen var han like alvorleg som gjesten. Lars spurde kva det var, men faren sa at det er mange ting ein femåring ikkje kan forstå. Lars torde ikkje spørja meir, men han tenkte at Pe var storebroren hans, som ingen skulle seia noko stygt om. Men ein kveld etter at han var gått til sengs, høyrde Lars at faren og halvbroren sa harde ord til kvarandre. Først da Lars var i sjuårsalderen og forlangte å få vita kva som låg bak all uroa rundt Pe, tok mora Lars til side og fortalte han heile samanhengen. Ho hadde vore gift ein gong før, fortalte ho, med ein Ole Olsen, som var far til Pe, og ho fekk i alt fire søner med denne første mannen. Men da Pe var seks år gammal, sneik den sjukdommen som dei kalla skarlaksfeber seg inn i heimen deira, og på nokre få veker miste Gjertrud både ektemannen og tre av sønene, som da var nitten, tolv og fire år gamle. Ho sat aleine att med Pe. – Eg greidde ikkje å styre alt arbeidet, ute og inne, tilstod mora. – Før det var gått eit år, trefte eg far din og gifte meg med han. Etter kvart forstod Lars samanhangen. Pe arva halvparten av Bortegarden, slik han skulle etter lova, ein gardpart som sidan vart kalla Nordgarden, men mora og far til Lars hadde bestemt at han ikkje skulle få hovedtunet, fekk ikkje husa der slekta hans hadde budd i meir enn to hundre år. 11


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 12

Det var eldste son til den nye ektemannen, han som vart kalla Ola, som skulle ta over gardparten med tunet når Ole Pedersen og Gjertrud ikkje lenger kunne drive sjølve.

III L a r s O ls e n H o e m , som han seinare skreiv seg for, var yngste son av Gjertrud Knudsdatter og Ole Pedersen. Da Lars kom til verda, var mor hans femtiein år gammal. Frå barndommen av var Lars storvaksen, og foreldra kom ofte tilbake til at han kunne gå da han var ti månader. Etter kvart som han voks til, såg dei at han var flink med hendene. Som andre gutebarn fekk han tidleg sin eigen kniv og kunne spikke ut dyrefigurar. Figurane stilte han opp på rekke og med hovudet vendt same vegen, som om dei lytta til musikk. I neste omgang skar Lars ut bokstavar av tre, som han sette saman til ord. Mange såg at vesleguten var hendt, og mest ros fekk Lars frå Pe, som var stolt av minstebror sin fordi han var så oppfinnsam og snar i tanken. Pe var ikkje sjølv så høg, men han var sterk, og han bar gjerne Lars på skuldrane når han gjekk omkring på garden, og samtidig høyrde han Lars i den vesle og den store gangetabellen. Lars kunne begge tabellane på rams før han var ti år. Pe laga gåter til yngstebror sin og riste han hardt når han ein sjeldan gong tok feil. Til gjengjeld dunka Lars Pe i hovudet til han lova å halde opp, og alt dette skulle vitne om eit vennskap som dei begge trudde skulle vare livet ut. Stemninga var ikkje like god mellom Pe og den andre broren, Ola. Pe skrytte av alt Lars sa og gjorde, men hadde 12


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 13

ikkje så mykje godt å seia om Ola. Dei hadde ei syster, Mari, som var to år eldre enn Ola og seks år eldre enn Lars. Ho gjekk imellom når brørne rauk i tottane på kvarandre, og minte dei på at dei trass alt var brør. Det hjelpte ikkje så mykje. Pe oversåg Ola, men hadde moro av å ha Lars med seg, anten han skulle ut på fjorden for å fiske eller gjekk for å snakke med grannane, for Lars var full av fantasiar, og han var så ram til å svara for seg at det alltid følgde mykje moro med han. – Snart er Lars like høg som du er, sa Pe til Ola, – og når han blir vaksen, blir han eit hovud høgare enn du! Lars skulle hatt garden, så ville alt ha kome i sin rette skikk, for det er Lars som har både handlaget og vettet, som ikkje du er like rikeleg forsynt med!

IV Ka n h e n d e va r det ikkje alltid ein fordel å vera ein talentfull minstemann, for Lars vart eigenrådig og sa imot dei som han burde hatt vett til å lystre. Syskena hans lurte på kva det skulle bli til med ein gutunge som hadde så vanskeleg for å innrette seg. Om våren det året Lars skulle fylle ni år om hausten, kom det ei ny tenestejente i huset. Ho heitte Guri Sachariasdatter. Foreldra og syskena lo av han fordi han var så forgapt i Guri at han gjorde alt ho bad han om, og hang etter henne, kvar ho gjekk og stod. Guri var blitt tjueseks år, men hadde ingen unge sjølv, derfor elska ho Lars over alt i verda. Ho hadde blå auge som gneistra muntert når ho mora seg, og 13


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 14

som vart slørete når ho drøymde seg bort. Lars sat på fanget hennar til han vart for tung. Han snusa på henne og kjende ei søt dirring som han ikkje forstod kva var. Guri hadde frisk hudfarge etter alt utearbeidet ho var med på, gyllenbrunt hår og ein fyldig barm, noko som fekk unge menn til å nærme seg henne. Men når dei kom for nær, avviste ho dei med ein latter som om ho for lengst var lova bort. Ho lærte Lars å herme etter fuglelydar, noko han snart meistra like godt som ho gjorde. Ho fortalte om dei underjordiske, og han lét seg lokke ut i dei villaste fantasiar. Når han og Pe var på tomannshand med Guri, syntest Lars at livet ikkje kunne bli betre. Det var ein lang og herleg sommar, Guri kalla kyrne heim frå utmarksbeitet, og Lars var med henne. Kyrne kom på rekke og rad med klingande bjøller, og så mjølka Guri dei i sommarfjøset. Ein kveld kom Pe for å bera mjølka heim, men så sa han: – Kan vi ikkje berre setta oss ei stund og sjå på solnedgangen! Han hadde rett, sollyset farga heile himmelen raud. Det stod ein grovsnikra benk ved sida av sommarfjøset, dei brukte å setta mjølkeholkane der, men no flytta Pe dei ned, og så sette dei seg der, og så sat dei der, Lars og Pe, med Guri mellom seg, og såg på kveldssola over fjorden og øyane. Lars kunne godt forstå at Pe likte Guri, og han var glad for at Guri også likte Pe. Like glad var han ikkje da Pe la ein arm rundt livet på Guri og liksom drog henne litt nærare seg. Lars tenkte seg om, så gjorde han det same. Da lo Pe, men latteren hans stilna da Guri la sin arm rundt Lars. Så lo ho litt, og la den andre armen rundt Pe. No sat dei der ei god stund, og ikkje eit ord vart sagt. Til slutt gjorde Pe seg 14


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 15

fri og sa: Nei, no må eg få mjølka heim! Og så gjekk han med ein mjølkeholk i kvar hand, og Guri og Lars kom etter. Guri leidde Lars, og da vart heimvegen aldri lang for han.

V Da hausten kom, hadde Pe fylt tjuetre år og var for vaksen kar å rekne. Han hadde enno ikkje overtatt gardparten han hadde arva etter far sin, som han etter lova skulle overta når han vart myndig, og dét var det framleis to år til. Stefaren dreiv denne gardparten også, og Pe arbeidde som dreng for stefar sin, men fram til da hadde han ikkje fått utbetalt anna enn kost og klede for innsatsen. No ville han ta teneste ein annan stad enn hos stefaren, og det sa han rett ut. – Det kan hende eg drar på fiske ute i øyane i vinter! – Det kan du ikkje. Du må vera med meg og køyre fram stein, så vi kan ordne muren til det nye huset vårt, sa stefaren. – Det er på tide at eg får tene nokre dalar sjølv! sa Pe, – sidan eg snart skal innrette meg med hus og låve! – Det får bli neste vinter, sa stefaren. – Det er to år sidan vi hogg tømmeret, så vi må først få det nye huset opp til sommaren! Det var ein plan som var lagd for lenge sidan, før Pe var stor nok til å protestere på det. Til gjengjeld var det meininga at Pe skulle få grunnmuren til den gamle låven når Ola kom så langt at han kunne bygge ny låve. Slik vart det. Dei merkte av steinar dei ville bruke til ny grunnmur før snøen kom. Så feira dei jul og snakka om at 15


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 16

det var siste julehelg i gamlehuset. Det vart bydd ekstra med øl og dram, også til tenestefolket, og Pe dansa med tenestejentene etter tur, trass i at dei ikkje hadde annan musikk enn at Ole Pedersen sat og lo og klappa takta.

VI Da det va rt sledeføre i januar, køyrde dei steinen fram til tomta der nyhuset skulle byggast. Trass i at det skurra mellom stefaren og Pe, arbeidde dei godt i lag. Dei kappast om alt dei heldt på med, og Ole Pedersen tålte godt at stesonen vann på han. Alt måtte skje på kort tid. Sommaren og onnearbeidet stod for døra. Da varmen kom, sette dei opp den nye grunnmuren. Det var eit arbeid som måtte gjerast nøyaktig, og far til Lars sa til Pe at no kunne han lære mykje som han sjølv ville få nytte av når han ein gong skulle bygge sitt eige hus. Laftinga av det nye huset på Bortegarden skulle ikkje Ole Pedersen og Pe stå for sjølve. Da muren var heilt ferdig, kom det tømrarar frå Gudbrandsdalen, opplendingar, kalla folk dei, og dei gjekk i gang med å lafte tømmerbygningen rad for rad. Karane ropte spøkefulle ord til Guri når ho gjekk forbi. Lars tenkte at ein av dei kanskje ville bli kjærast med Guri, for Guri var godt vaksen, men hadde ingen kjærast. Det vart Lars svartsjuk av. Han braut handbak med opplendingane og vann på dei begge. Dei sa til kvarandre: – Han er risesterk! Kva kan han der finne på når han blir stor? 16


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 17

Ingen av opplendingane vart kjærast med Guri, sjølv om dei gjorde dansesteg kvar gong dei såg henne. Ein av dei ville ha Guri med til garden sin for å sjå på alle lamungane der, men Guri berre lo. Derimot la Lars merke til at det gjekk føre seg noko mellom Guri og Pe. Han gøymde seg når Guri og Pe var aleine, for å lytte på dei. Pe banna fordi han måtte gjera vaksen manns arbeid berre for kosten. Så sa han til Guri: – Er det hendt noko med deg, eller er du den du var? Guri snudde seg bort, som om ho tenkte på noko anna. Da ho snudde seg mot Pe igjen, såg Lars at ho var lei seg. – Eg er akkurat slik som eg var før jul, sa Guri. Så lo ho, men det var ingen glad latter. – Er du sikker på det? spurde Pe.

VII Det var tredje søndag etter påske, som dette året fall på den 29. april. Lars var enno ikkje ti år, men han hadde lese i almanakken og funne ut kva søndag det var. Det var ikkje messe i Vaagø kyrkje den søndagen, derfor samla husfolket seg klokka elleve for at Ole Pedersen skulle lesa frå huspostillen for dei. Eit eller anna hadde hendt, for faren var uvanleg alvorleg da han kom inn, men Lars forstod i første omgang ikkje kva som hadde skjedd. Han sat i stua med kniven sin og skar på ein trekloss. Faren bråstansa da han såg kva Lars heldt på med, og han skifte farge: – Kva er det eg ser? – At eg skjer ut eit bjørnehovud, sa Lars. – Legg frå deg kniven straks, det er søndag! 17


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 18

På tonefallet til faren skjønte Lars at han burde gjera som han sa, og han stakk kniven raskt bort. Like etter kom Guri, raud i toppen, det såg ut som om ho hadde gråte. Så kom Ola, Mari, Lars og innejenta Marit for å høyre. Lars la merke til systera Mari, som var atten år og skulle ut i teneste denne våren. Ho hadde alltid vore der. Men no skulle ho reise, rett nok berre til grannebygda, der ho hadde tatt teneste. Var det derfor ho sat uroleg, sat og tvinna håret sitt og fukta leppene? Eller var det noko anna som stod på? Lars var ikkje van med å setta tann for tunge, og spurde kva som gjekk av henne. Det var høgst upassande å gå innpå folk slik, i alle fall medan andre høyrde det. Mora sende Lars eit irettesettande augnekast, som om ho meinte at det burde vera måte på, sjølv for Lars, når han såg at nokon ikkje hadde det godt med seg sjølv. Drengen Ole Andersen var der, og faren venta ei god stund med å begynne lesinga, men Pe viste seg ikkje. Faren spurde: – Er det nokon som veit kvar Pe er? – Han sit i sengebua og ser ut i lufta, sa Ole Andersen. Sengebua var eit uthus der tenestefolket låg, jentene i ei brei seng, gutane i den andre. – Men så gå og hent han! Ole Andersen gjekk, men kom tilbake med uforretta sak. – Pe ville ikkje bli med, sa Ole Andersen. Guri mumla noko, Ole Pedersen sa: – Kva er det som er gale her? Det vart dødsens stille. Så kremta faren og gjekk i gang med lesinga. Den varte nesten i ein time. Først da innejenta Marit tok til å laga kveldsmat og Ole Pedersen delte ut løn

18


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 19

til tenestefolket sitt, dukka Pe opp frå ingenstad. Han kom slengande inn i stua og sa: – Er det her de sit og driv dank? – Det er søndag, sa stefaren hans. – Tør eg spørja kvar den herremannen vankar! – Austanfor sol og vestanfor måne! sa Pe. Alle såg at faren var opprørt. Han sat og vagga fram og tilbake og pusta tungt til han fekk styring over sinnet sitt. I staden for å skjelle Pe ut, sa han med si blidaste røyst: – Du får finne deg ein annan stad å bu, så snart vi har lagt torvtak på huset, sidan du har så mykje imot å vera saman med oss andre. – Sidan eg blir kasta ut, får eg kanskje utbetalt det eg har til gode! sa Pe. – Det er krevjande å setta opp eit nytt hus, sa stefaren med vennleg stemme. –No har eg gitt tenestefolka mine løn, og eg skit ikkje pengar, men du skal få det du har til gode når tida kjem. Han drog fram pengeboka, viste at ho var tom, og klaska henne i bordet. – Eg får vondt i hovudet, sa mora og gjekk ut. – Mi pengebok er så slunken at eg ikkje kjem meg nokon veg om eg ikkje får ei tenarløn snart, sa Pe. Han drog opp si pengebok og smelte henne i bordet, han også. – No går eg til sengs, så du får tenke deg om til i morgon, sa Pe til stefar sin. – Eg er ikkje av den sorten som ombestemmer seg, sa Ole Pedersen. Pe trampa ut, Guri spratt opp og fór etter han. Like etter såg Lars at dei gjekk ned sjøvegen. Drengen sat ei stund og

19


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 20

spurde om det var noko gale fatt. Marit innejente sa at dei måtte la Pe og Guri vera aleine. Det vart sein kveld, men verken Guri eller Pe viste seg. Ole Andersen ville gå og legge seg i det nye huset, som framleis mangla tak og vindauge. Han likte å sova i lukta av ferskt tre, sa han. Ola var fjorten år og gjekk og la seg i sengebua der han til vanleg delte seng med Pe og Ole Andersen. Lars og Mari la seg på loftet i gamlehuset. Det vart morgon og Lars og Mari kom saman ned i kjøkkenet på gamlehuset, men der var det ingen. Ute stod foreldra, peikte, gestikulerte og riste på hovudet til kvarandre. Til slutt kom mora inn og Lars spurde: – Kva er det? Mora svarte først ikkje, ho ramla med nokre gryter, men Lars nesten ropte: – Kva er det? – Det er Guri, ho er forsvunnen, vi veit ikkje kvar ho er! – Ho er vel i sengebua? sa Mari. – Nei, Guri har ikkje vore i senga i det heile i natt, og Marit anar ikkje kvar det er blitt av henne. Marit og Guri delte seng, så dette var det ingen grunn til å tvile på. – Ho skulle ha vore i sommarfjøset og mjølka for lenge sidan! sa mora. Ole Pedersen kom inn, ansa verken Mari eller Lars, gjekk att og fram, bles i barten og mumla: – Herrejemini! Ein stad må da jenta vera! Kanskje har ho gått til ei venninne, og så sit dei oppe utover natta og forsøv seg! – Ikkje Guri, sa mora. 20


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 21

– Men kvar i herrans namn er ho da? Mari sprang til sommarfjøset, men inga Guri var å finne. Brørne sprang og ropte i alle retningar. Mora måtte gå i fjøset og mjølke sjølv. Formiddagstimane snigla seg av garde, men inga Guri dukka opp. Pe fór omkring mellom huset og låven, han ropte og banna og gjentok gong etter gong at noko forferdeleg måtte ha skjedd? Men var det ikkje han som hadde gått ned sjøvegen saman med henne, og da var det vel han som hadde sett henne sist, sa mora. – Jo visst, men eg gjekk frå henne fordi ho berre skjelte meg ut! – Kvifor skjelte ho deg ut, Pe? Det svarte ikkje Pe på, han sa: – Ho ville berre vera aleine, og til slutt gjekk eg frå henne! Det var ingen fare å sjå nokon stad, og eg lét henne få det som ho ville! Slik forklarte Pe seg, og litt seinare ville han gå langs stranda heile vika rundt for å sjå om han kunne finne henne. Det vart ettermiddag før han kom att, like tomhendt. Pe kunne ikkje slå seg til ro, han gjekk ut og inn av huset, snakka opphissa til den eine og den andre, utan å høyre kva dei svarte. – Ho må ha gått heim til foreldra sine, sa faren. – Eit eller anna må vera staurgale. No må alle her gå til sengs, no treng vi å sova! Dagen etter sa faren, medan han snørte skorne sine: – Dette tøvet kan ikkje halde fram. – Kvar har du tenkt deg? spurde mora. – Til foreldra hennar i Malmedalen! 21


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 22

Det var eit dalsøkk ei mils veg unna. – Eg skal hente henne hit igjen. Slik som Guri kan ingen ikkje oppføre seg. Ein får passe tenesta si når ein har lova seg bort. Så enkelt er det! Ole Pedersen sala den beste hesten sin og reid av garde. Langt på dag kom han att. Taumane hang slapt på hesteryggen. Alle stod ute på tunet da han kom. Han hoppa av hesten nede i bakken og gjekk ved sida av opp til tunet, der han batt hesten i ringen på låveveggen. Han gjekk forbi dei som om han ikkje såg dei, steig inn på kjøkkenet, greip ausa som hang i reinvassbytta, og tømde i seg vatnet i eitt drag. Så vende han seg til kona si og sa: – No er alvoret kome til denne garden. – Var ho ikkje hos foreldra sine? sa Gjertrud og visste svaret. – Hadde ho vore der, ville eg ha hatt henne med meg no. Foreldra vart ifrå seg da eg fortalte at ho var forsvunnen. – Kva skal vi gjera? jamra mora og vreid hendene sine. Lars byrja å skrike da det gjekk opp for han at Guri kunne vera død. – Hald opp med den sutringa! ropte far hans. Lars sprang og gøymde seg bak stabburet. Da han kom tilbake, hadde faren sendt Pe med bod til lensmannen som budde i same bygda. Lensmannen var på Molde eit ærend, men ville vera tilbake om kvelden og skulle koma til dei neste dag, lova kona hans. Da Lars gjekk til sengs den kvelden, var det uråd å sova. Så snart han trudde at foreldra sov, stod han opp igjen. Han lista seg ned trappa og forstod at det også var andre som ikkje fekk blund på auga. I første etasje låg mora og faren og mumla seg imellom. Han gjekk over til sengebua, der Pe 22


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 23

og tenestefolket sov. Det var lett å høyre at Pe ikkje sov, han heller. Han sat bak sovebua og snakka med Marit innejente, og Lars høyrde at han sa at livet hans var øydelagt. – Det er vel ikkje så gale, heller, sa Marit. – Det kjem an på kva du seier når det blir alvor! sa Pe. Kva var dette for noko? Pe kunne vel ikkje vera skuld i at Guri var forsvunnen? Lars slo tanken frå seg. Pe var jo ikkje slik! Men kva var det så som hadde hendt? Lars måtte gå ut. Han sette seg på haugen der Guri og han hadde sete så mange gonger. Graset var klissvått av dogg, og føtene hans vart iskalde. Fjella i synsranda og haugane rundt han hadde fått ein framand og ukjenneleg farge. Tre og knausar stod og tagde med alt dei visste. Det slo ned i han: Om ikkje Guri lever, korleis skal det da bli med meg? Han hadde aldri vore i ein liknande situasjon før. Fram til no hadde han opplevd at ikkje alt vart som han ville, men det meste hadde lagt seg vel til rette for han. Så kom han på at han kunne be til Gud. Han hadde alltid bede kveldsbøn, men no lét han auga att og bad: – Gode Gud, sei meg at Guri lever, og fortel meg kvar ho er! Etter ei lang stund opna han auga, men ingen ting hadde skjedd. Da vart han redd for alvor: Kvifor hadde ikkje Gud halde si hand over Guri så ho ikkje forsvann, og kvifor svarte han ikkje? Han kunne ikkje for det, han gjekk inn og vekte foreldra sine. Dei sov ikkje, men faren vart arg og ville jaga han ut. – Kom deg til sengs, gut! Men mora vart med Lars til rommet der han sov. Faren ropte at kjerringa fekk koma tilbake til ektesenga og det 23


Hoem. Felemakaren. Mat.qxp_mat 04.11.2020 14:48 Side 24

straks! Mora såg redd ut. Så vekte ho Mari, som sov tungt, men som sette seg hos Lars og strauk han over håret, gong etter gong. Mari var ikkje like vakker som mora og Guri, ho hadde rundt andlet og butte hender, men likevel var det ho som gjorde han trygg no, for ho hadde fred med både Gud og menneska, som mora pla seia om henne. Det gjorde godt for Lars å tenke på det no. – Det er hinmannen som steller i stand ulykke, sa Mari, – men Vårherre er sterkare enn den skinnbarlege!

VIII Snart var heile bygda med på å leite etter Guri. Berre to gamlingar som ikkje dugde til å springe hit og dit, stod i tunet, skygde for auga og snakka med tannlause munnar. – Det er noko som ikkje er rett her, sa den eine til den andre. Mari skulle gå til grannebygda for å ta fatt på tenesta si. No bad ho faren om å få bli heime til Guri var funnen, men faren sa ho fekk koma seg av garde. Mari pakka sakene sine med tårer i auga, men da ho skulle gå, snudde ho seg til far sin, og Lars høyrde det: – Ho var med barn, og barnefaren var Pe, men han ville ikkje ha henne! – Trur du eg er dum! ropte faren. – Trur du ikkje eg kan legge saman to og to! Mari tumla tårevåt av garde. Men før ho kom seg ut av huset, sa ho til Lars:

24


Millions discover their favorite reads on issuu every month.

Give your content the digital home it deserves. Get it to any device in seconds.