Ingrid Z. Aanestad - Heim

Page 1

Aanestad. Heim..qxp_Layout 1 20.01.2022 15:50 Side 1

INGRID Z. AANESTAD I N GRI D Z. AANES TAD

«Et av Ingrid Z. Aanestads mange talenter ligger i å skape scener med detalj og dybde i løpet av få setninger … Kontant og følsomt er to adjektiver, tilsynelatende uforenlige, men de passer begge på denne romanen»

Heim

Janneken Øverland, Klassekampen «Aanestad forlanger oppmerksomhet fra sine lesere. Det gjelder å være på tå hev, og du kan nesten bli småforelsket i forfatterens evne til språklig å male fram de fineste nyanser og bevegelser i det trivielle hverdagslivet»

Turid Larsen, Dagsavisen

Heim

INGRID Z. AANESTAD er fødd i 1983 og vaks opp i Klepp i Rogaland. Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan gitt ut romanane Eg kjem med toget (2008), Stormkyss (2010), Sol, seier ho (2013), Sibylle (2016) og Ein dag vaknar me og det er sommar (2020) samt essayet Kva hender i romanen? (2018) i serien Lese, skrive (L/S#1).

Kva betyr det å koma frå ein stad? Kva inneber det å kjenna seg heime? Og kva for erfaringar finst å henta der ein ikkje kjenner seg igjen? Gjennom åtte lesingar nærmar Ingrid Z. Aanestad seg den litterære skrifta både som form og som verktøy for erkjenning. Dei ulike lesingane kastar lys over kvarandre – frå Arne Garborgs Kolbotnbrev via Nina Bouraoui, Stina Aronson, Eva Jensen, Mirja Unge, Cora Sandel og Virginia Woolf til Jun’ichiro¯

Om Ein dag vaknar me og det er sommar (2020):

Om Kva hender i romanen? (2018): «strålende og vel verdt å lese – ikke bare om, men som litteratur»

Kenneth Moe, Aftenposten

Tanizakis Hyllest til halvmørket. Aanestad går på jakt etter skrivne, skapte heimar samstundes som ho sjølv er på flyttefot og prøver å finna seg til rette i eit sekstitalshus ved skogkanten. Heim er ei bok om romma og landskapa som formar livet, om klaustrofobi og fridom, venleik og kriser – og om å leva tett inntil litteraturen.

«Boka har noko tilsynelatande lett over seg, der avsnitta sviv frå Aanestads framtenking av romankarakterar til scener frå eit vårleg skriveopphald til nedslag i anna litteratur […] Men, som ho skriv, ‹å skapa noko som ikkje finst i verda frå før, krev ein hard, klar vilje. Til form.› Den korte teksten er strukturert i samsvar med korleis Aanestad skildrar sin tilnærming til romanen»

Maria Horvei, Klassekampen Om Sibylle (2016):

OMSLAG: EGIL HARALDSEN & ELLEN LINDEBERG | EXIL DESIGN FORSIDEBILETE: BODIL RØVIK-LARSEN, «PEACEFUL QUESTION NO 1»

9

7 8 8 2 4 9

5 2 4 9 2 1

FO R LAG ET OK TOB ER

FORFATTARPORTRETT: CATO LEIN

«Aanestad er kompromisslaus når det gjeld stil og metode, ho gjer seg ikkje til for lesaren, men skriv samla og med opne sansar slik at det dramatiske ovrar seg i det trivielle for lesaren. Sibylle er kort sagt framifrå skrivekunst»

Odd W. Surén, Dag og Tid Essay | Forlaget Oktober

«Aanestads vakre, dempa fortellermåte gjør hennes romaner særegne og sterke, og Sibylle er intet unntak»

Ida Vågsether, Stavanger Aftenblad

h eim

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 1

21.01.2022 09:57

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 2

21.01.2022 09:57

ingrid z. aanestad

Heim Åtte lesingar

forlaget oktober 2022

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 3

21.01.2022 09:57

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 4

21.01.2022 09:57

innhald

9 den såre striden Vinter med Garborg 27 kroppens heimland Nina Bouraoui og jenta eg var 41 i det levande mørkeret Stina Aronson skriv eit landskap 51 men praksisen, praksisen? Eva Jensen og kartet som liknar ein håv 65 inga anna verd Mirja Unge og fridommen inne i eit klaustrofobisk bygdeliv 75 alberte i byen Å vera heime langt heimanfrå med Cora Sandel 89 ein heim i minnet Virginia Woolf og romma som formar livet 107 litteraturens skuggepalass Jun’ichirō Tanizaki og huset i halvmørkeret 123 å kjenna seg igjen Etterskrift i mai 133 biografiske skisser 137 litteratur

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 5

21.01.2022 09:57

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 6

21.01.2022 09:57

det var noko eg trong å finna ut av, det hadde med livet sjølv å gjera. Eg hadde eitt ord: heim. Eg leitte etter fleire ord. Og eg greip til litteraturen. Snudde meg mot nord, aust, sør, vest. Eg la bøker i ein bunke, eg tenkte at dei kunne læra meg noko. Eg gjekk laus på bunken, las og skreiv, frå vinteren 2020 til sommaren 2021. Her er det eg fann.

7

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 7

21.01.2022 09:57

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 8

21.01.2022 09:57

den såre striden Vinter med Garborg

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 9

21.01.2022 09:57

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 10

21.01.2022 09:57

det er sant at eg hadde ein Garborg som var min. Eg skapte han ut frå ulike bitar. Først og fremst ut frå nokre av romma han hadde levd i. Då eg var 16–17 år, hadde eg sommarjobb i Garborgheimen og Knudaheio på Jæren. Eg skulle ta imot inngangspengar, selja bøker, svara på spørsmål, visa turistane rundt. Eg las meg opp på årstal og anekdotar, eg las Fred og Haugtussa. Eg sykla ­gjennom Time-sokna. Ein dryg halvtime til Garborgheimen, litt lenger til Knudaheio, fleire oppoverbakkar. Enkelte dagar gjekk det i eitt med besøkande, men ofte var det lange mellomrom mellom kvar omvising eg hadde. Eg fekk god tid til å vera i desse husa på eiga hand. Det kan nok henda at det eg hadde lese og det eg visste om Garborg og familien hans, forma inntrykka mine, men det er ingen tvil om at desse to husa var ulike. Garborgheimen, barndomsheimen til Garborg, ligg lågt i landskapet. Det er eit vakkert jærhus, men mest av alt hugsar eg kor trøytt eg blei av å vera der. Det låg ei slags tyngd over romma. Det biletet eg oftast kjem tilbake til i tanken, er dette: Arne Garborg som ung gut, sitjande på kne framfor kista i finstova. Gøymt i kista hadde han bøker han på ulike vis hadde fått tak i. Han måtte lesa i skjul, for i denne heimen 11

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 11

21.01.2022 09:57

var det ikkje lov å lesa andre bøker enn Bibelen. Finstova blei ikkje varma opp til dagleg. Eg tenker på kor kalde hendene hans må ha blitt. Kor hardt det må ha vore med knea på tregolvet. Kor dårleg leselys han må ha hatt. Det er eit paradoksalt bilete. Den knelande guten i ei slags bøn, men ikkje til ein streng og dømmande gud. Det var litteraturen han vende seg mot – og gjennom litteraturen verda, som på ein eller annan måte må ha opna seg for han nede i den mørke kista. I Knudaheio, skrivestova Garborg fekk bygd seg då han var i slutten av førtiåra, var det annleis. Lettare, friare. Nøkternt. Ein stad å sjå utover frå. Eit utgangspunkt, ein skrivestad. Ein måte for den vaksne forfattaren å venda tilbake til Jæren på. Framtida drog liksom i meg desse somrane. Meir enn noko anna ville eg ut og vekk, helst langt vekk. Eg ville mot kunsten og sola og fridommen, mot det vakre og ukjende og litt farlege. Marmorstøv og varm asfalt, sterk kaffi, øl med ferskensmak, smijernsportar, fontener. Tjuk­ ­ke bøker, kjølige museum, ein bar med raude stolar der nokon kanskje venta på meg. Framtida hadde smakar og lukter og var framfor alt langt frå dei steinete m ­ arkene på Høg-Jæren. Denne impulsen hadde ein styrke som nesten er vanskeleg å koma i kontakt med no. Retninga for lengten er ikkje lenger like opplagd. No lengtar eg like gjerne heim som ut, like gjerne til det ukjende inne i det kjende. Ein heilt vanleg måndag i januar kan eg sitja ved skrivebordet i atelieret midt i Oslo og sjå ut på det nakne kirsebærtreet i bakgarden og kjenna meg heldig som er 12

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 12

21.01.2022 09:57

akkurat her – og samstundes ein stad i brystet kjenna ein liten lengt mot den store himmelen og vinden på Skeiestranda og berre det å kunna sjå langt, lenger enn til Ekeberg­åsen. Min Garborg var også den Garborg som var med og forma kva slags språk eg har om den staden eg kjem frå. Gjennom hans ord har eg lært meg å sjå den sju mil lange stranda. Dei fakskvite brimhestane. Alvelandet som stig av hav. Når eg kjenner meg som den bortkomne eller heimkomne dottera, tenker eg på Garborg. Og eg s­ kuldar på han når nokon skildrar meg som mager og mørk og mjå. I mitt indre portrettgalleri er Garborg ein alvorleg og litt spinkel mann. Ja, han liknar faktisk mykje på den ­Garborg Eilif Petersen måla i 1894. Det er ikkje umogleg at den vesle reproduksjonen av måleriet foreldra mine hadde ståande i bokhylla gjennom størsteparten av oppveksten min, rett og slett har flytta inn i hovudet mitt. Der sit han i ein lys trestol. Sjølv er han mørkkledd. Han har hovudet lent på den eine handa – posituren til tenkaren. Den andre armen er strekt ut, kviler liksom rundt stolryggen. Han ser innovervend ut, men samstundes er det noko ope og fritt i måten å sitja på. Han eig ikkje verda, men han ser heller ikkje ut til å ha hamna på feil klode. Han ser ut til å vera heime der han er. Sjølv flyttar eg hausten 2019 frå Oslo sentrum til eit hus i skogkanten i lag med kjærasten min. Flyttinga ­forvirrar meg, sjølv om det ikkje er mange kilometer det er snakk 13

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 13

21.01.2022 09:57

om. Eg leiter etter meg sjølv i dei nye romma, eg frys i det dårleg isolerte sekstitalshuset, lærer meg nye opp­ fyringstriks, prøver å falla til ro. Og eg tenker slik eg ofte gjer når det gjer litt vondt i eksistensen, at arbeidet, at skrivinga kjem til å hjelpa meg, kjem til å løfta meg over og inn i noko nytt. Denne gongen inviterer eg Garborg med meg. Eg kjem på at eg mange gonger har høyrt at Kolbotnbrev er den lysaste boka hans, at ein litt annan Garborg kjem til syne der. Og handlar ikkje denne boka nettopp om å flytta, om å bu på ein ny stad? Og er ikkje Garborg 36 år – som eg er no – medan han skriv desse breva? Ein Garborg midt mellom barndomsheimen og skrivestova Knudaheio, ein Garborg før Fred og Haug­ tussa. Eg lèt lysta og tilfeldigheitene avgjera – dette er eit utgangspunkt, ein plass å gå for å finna ut av noko eg treng å finna ut av no. Kolbotnbrev er ei samling brev som Arne Garborg sende til avisa Fedraheimen i siste del av 1880-åra. Dei blei litt omarbeidde før dei blei gitt ut som bok i 1890. B ­ akteppet for – og noko av tematikken i – breva er at Arne ­Garborg vil vekk frå Kristiania etter det som nok var g­ anske strie år i hovudstaden. Garborg var ein energisk og uredd debat­tant. Han opplevde Jæger-saka, Kielland-­saka og Albertine-­striden, og sjølv vart han avsett frå statsrevisor­ posten. Det var år med strid, motsetningar, motstand. Garborg var ei kraft, ikkje berre i målsaka, men i mange politiske stridsspørsmål og i heile den store samtalen om nasjonal identitet.

14

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 14

21.01.2022 09:57

Han kjøpte hytta Kolbotnen i Østerdalen i 1885 då han kom attende til Noreg etter eit opphald i Paris. Det skulle vera ein fristad. Allereie første sommaren begynner han på Kolbotn-breva, han skriv eitt brev frå kvar sommar i tre år. Og ein fristad synest det å vera, desse somrane. «Jau – her er betre å vera», opnar Garborg det første ­brevet. Det vil seia: betre enn å sitja på ­statsrevisjonskontoret og sjå på kor lite visdom verda blir styrt med. Starten på dette brevet er ein slags lang utpust, han skriv seg igjennom noko av denne manglande visdommen dei styrande menn i Kristiania har vist fram. Rekneskapen over den nybygde Østerdalsbanen har han sjølv sete med, han har sett korleis budsjetta blir sprengde, og at vanlege folk gav tilskot til ein jernbane som seinare blei for dyr for mange å bruka, fleire gjekk konkurs før banen i det heile teke var ferdig. «Alle desse sprengde liv legg seg for bringa på meg», skriv han. Han treng luft, men det er ikkje nok å gå bort til Grand, der finn han berre trøytte og klagande studentar. Nei, han må lenger av garde. Den utskjelte Østerdalsbanen tek han til Auma stasjon, så skal han vidare litt vestover, over innsjøen Savalen, til det han kallar «stogo mi i Garvik-lia». Det er ein venn som insisterer på å kalla bustaden Kolbotnen, og rett nok ligg ho på ein gammal kolbotn, der det blei brent kol – «men stogo mi er for fin til å hava so svart eit namn», skriv Garborg.

15

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 15

21.01.2022 09:57

Siste del av dette brevet er eit slags portrett av Kolbotnen, som hytta trass motstand blir heitande, også hos Garborg – eller aller mest eit portrett av dei omgivnadene hytta er plassert midt i. Den desillusjonerte statsrevisoren ­Garborg rører seg i eit nytt landskap. Her er me langt frå kontoret med vindauge høgt oppe på veggen, her kjem utsikta tett på. I denne første skildringa er det eit vennleg landskap som trer fram: Tronfjell er eit sant østerdalsfjell med breie, rolege rundingar, innsjøen Savalen tøyer seg blå og blank. Det er lange, mjuke åsar. Alt verkar friskt og reint. I den vidare skildringa av Tronfjell er klarheita skrudd opp til maks: «Ved solegladsbil fær dette storfjelle stundom ein serskild glans yvi seg, ein raud, linn solglim som skin av ein eld; ein kjem til å tenkje på sveitsiskt Alpenglühen. Speglar so dette høgfjell-skine seg i Savalen millom det furugrøne og bjørke-ljose frå skog, det reinmose-gule frå ås, det himilreint blåe frå luft, – då vert det eit bilæte so draumfagert i sin mjuke og skifterike glans, at du er ikkje i verdi lenger, men i æventyrheimen.» Det har blitt peikt på det merkelege i at ei av dei beste skildringane av austlandsk høgfjellsnatur blei gjord av vestlendingen Arne Garborg. Men eg veit ikkje om det er så merkeleg. Eit blikk utanfrå kan sjå klarare enn det tilvande, automatiserte blikket. Og det slår meg at det finst ein kime i desse skildringane, ein anar alvelandet i Haugtussa. Hadde Garborg blitt buande på Jæren, kunne han aldri ha skildra jærlandskapet slik han faktisk gjorde, det er eg overtydd om. Han vaska blikket i andre landskap, i andre utsikter. Eg er freista til å seia at han øvde seg på Austlandet, men det er nok å dra det for langt. Kolbotnbrev er på fleire måtar eit eksperiment, ei overgangsbok, men det er ikkje ei øving. 16

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 16

21.01.2022 09:57

Det er eit «eg» i Garborgs brev. Men ein naiv eller ­privat brevskrivar er det ikkje snakk om – sjølv om mykje nok ligg tett på det faktiske livet Arne Garborg levde desse åra. Teksten vender seg mot lesaren, skaper eit rom av fortruleg­heit. Slik kan eg som lesar lett koma til å tru at orda strøymer rett frå Garborgs sjel, gjennom tida og treffer meg der eg sit på t-banen mot sentrum og myser vekselvis mot linjene i boka og mot ­vintermorgon­sola som stig over industrilandskapet. Eit temperament kjem til syne i desse breva, utan tvil. Teksten er sint, des­ illusjonert, skarp, morosam, og nokre stykke – særleg landskapsskildringane – er nesten meditative i si rolege dveling. Men sjela til Garborg veit eg, når det kjem til stykket, lite om. Det er den skapande, språklege krafta hans eg får tilgang til når eg les han. Nokre stader er sjølvframstillinga svært tydeleg. I det første brevet skriv han litt om kvardagen på Kolbotn, slik høyrest det ut: «Og her kjem min sanne natur upp. Skrive kann eg ikkje. Det einaste eg hev moro av er å gå i skogen med øksi eller spaden og hogge tre og ved og rydja upp; det vert ikkje stort av det, gubbe’r-oss; men likevel! – Og so koke mat. Trur du ikkje at eg, som kvar mann held for ein literat, ubrukeleg til all god gjerning, – at når det kjem til ålvor, so kann eg koke både kaffi og fisk og hermetik og jordeple og graut; ja graut!» Eg tvilar ikkje ein augneblink på at den faktiske Garborg kosa seg med å gå i skogen og hogga ved og koka graut. Men når ein forfattar skriv «Skrive kann eg ikkje» i eit brev som skal publiserast – ja, så kan det vera grunn til å halda auga opne. Det er også stor forskjell på å gå i skogen og hogga ved og å 17

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 17

21.01.2022 09:57

skriva at ein går i skogen og høgg ved. Ikkje dermed sagt at det ikkje også blei hogge ved! I neste brev får me bli med på sjølve grautkokinga. ­Vennen Ivar er på besøk, dei kranglar vennskapeleg – og «eg», altså Garborg, kokar havregraut, eller grønagraud, som det heitte på Jæren. Det står: «Det er eg som stend ved gruva og rører i gryta; eg er klædd som ein skogmann og heit og arg; detteher vert det aldri graut av, murrar eg og bannar.» Her er Garborg skildra som ein nesten komisk figur, med eit blikk utanfrå. Det er mange slike små glimt eller sjølvframstillingar gjennom breva, til saman skaper dei eit samansett og slett ikkje heilstøypt bilete av ein mann midt i livet. Midt i livet, sa eg. Men Garborg begynte å kjenna seg gammal. «Å ja; eg eldest no. 36 år, håre fell og mode fell; hev det vori skralt med gjentelykke fyrr, so vert det nok ikkje betre heretter», skriv han. Eg får lyst til å innvenda: Ikkje klag over jentelykke, du, som får Hulda! I ein periode for nokre år sidan då eg sjølv syntest det var gans­ke skralt på kjærleiksfronten og heller ikkje syntest eg kunne sjå mykje lukkeleg kjærleik i parforholda – særleg kunstnar­parforholda – rundt meg, bestemte eg meg for å legga spesielt merke til dei harmoniske eller beint ut lukkelege para eg trass alt kunne få auge på. Det fanst nokre. Og dersom eg utvida søket til også å gjelda folk som ikkje lenger levde, blei det fleire. Det er sjølvsagt umogleg å vita nøyaktig kva som faktisk rører seg mellom to personar i eit forhold. Men eg har lenge tenkt at kjærleiken mellom Arne og Hulda representerer om ikkje eit ideal, 18

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 18

21.01.2022 09:57

så i alle fall noko svært fint: to heilt ulike og sjølvstendige personar som finn kvarandre og vel kvarandre, vil kvarandre vel, utfordrar kvarandre intellektuelt og menneskeleg – og lèt kvarandre bevara sjølvstendet sitt.

Heim_Ingrid Z. Aanestad .indd 19

21.01.2022 09:57

Aanestad. Heim..qxp_Layout 1 20.01.2022 15:50 Side 1

INGRID Z. AANESTAD I N GRI D Z. AANES TAD

«Et av Ingrid Z. Aanestads mange talenter ligger i å skape scener med detalj og dybde i løpet av få setninger … Kontant og følsomt er to adjektiver, tilsynelatende uforenlige, men de passer begge på denne romanen»

Heim

Janneken Øverland, Klassekampen «Aanestad forlanger oppmerksomhet fra sine lesere. Det gjelder å være på tå hev, og du kan nesten bli småforelsket i forfatterens evne til språklig å male fram de fineste nyanser og bevegelser i det trivielle hverdagslivet»

Turid Larsen, Dagsavisen

Heim

INGRID Z. AANESTAD er fødd i 1983 og vaks opp i Klepp i Rogaland. Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan gitt ut romanane Eg kjem med toget (2008), Stormkyss (2010), Sol, seier ho (2013), Sibylle (2016) og Ein dag vaknar me og det er sommar (2020) samt essayet Kva hender i romanen? (2018) i serien Lese, skrive (L/S#1).

Kva betyr det å koma frå ein stad? Kva inneber det å kjenna seg heime? Og kva for erfaringar finst å henta der ein ikkje kjenner seg igjen? Gjennom åtte lesingar nærmar Ingrid Z. Aanestad seg den litterære skrifta både som form og som verktøy for erkjenning. Dei ulike lesingane kastar lys over kvarandre – frå Arne Garborgs Kolbotnbrev via Nina Bouraoui, Stina Aronson, Eva Jensen, Mirja Unge, Cora Sandel og Virginia Woolf til Jun’ichiro¯

Om Ein dag vaknar me og det er sommar (2020):

Om Kva hender i romanen? (2018): «strålende og vel verdt å lese – ikke bare om, men som litteratur»

Kenneth Moe, Aftenposten

Tanizakis Hyllest til halvmørket. Aanestad går på jakt etter skrivne, skapte heimar samstundes som ho sjølv er på flyttefot og prøver å finna seg til rette i eit sekstitalshus ved skogkanten. Heim er ei bok om romma og landskapa som formar livet, om klaustrofobi og fridom, venleik og kriser – og om å leva tett inntil litteraturen.

«Boka har noko tilsynelatande lett over seg, der avsnitta sviv frå Aanestads framtenking av romankarakterar til scener frå eit vårleg skriveopphald til nedslag i anna litteratur […] Men, som ho skriv, ‹å skapa noko som ikkje finst i verda frå før, krev ein hard, klar vilje. Til form.› Den korte teksten er strukturert i samsvar med korleis Aanestad skildrar sin tilnærming til romanen»

Maria Horvei, Klassekampen Om Sibylle (2016):

OMSLAG: EGIL HARALDSEN & ELLEN LINDEBERG | EXIL DESIGN FORSIDEBILETE: BODIL RØVIK-LARSEN, «PEACEFUL QUESTION NO 1»

9

7 8 8 2 4 9

5 2 4 9 2 1

FO R LAG ET OK TOB ER

FORFATTARPORTRETT: CATO LEIN

«Aanestad er kompromisslaus når det gjeld stil og metode, ho gjer seg ikkje til for lesaren, men skriv samla og med opne sansar slik at det dramatiske ovrar seg i det trivielle for lesaren. Sibylle er kort sagt framifrå skrivekunst»

Odd W. Surén, Dag og Tid Essay | Forlaget Oktober

«Aanestads vakre, dempa fortellermåte gjør hennes romaner særegne og sterke, og Sibylle er intet unntak»

Ida Vågsether, Stavanger Aftenblad

Aanestad. Heim..qxp_Layout 1 20.01.2022 15:50 Side 1

INGRID Z. AANESTAD I N GRI D Z. AANES TAD

«Et av Ingrid Z. Aanestads mange talenter ligger i å skape scener med detalj og dybde i løpet av få setninger … Kontant og følsomt er to adjektiver, tilsynelatende uforenlige, men de passer begge på denne romanen»

Heim

Janneken Øverland, Klassekampen «Aanestad forlanger oppmerksomhet fra sine lesere. Det gjelder å være på tå hev, og du kan nesten bli småforelsket i forfatterens evne til språklig å male fram de fineste nyanser og bevegelser i det trivielle hverdagslivet»

Turid Larsen, Dagsavisen

Heim

INGRID Z. AANESTAD er fødd i 1983 og vaks opp i Klepp i Rogaland. Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan gitt ut romanane Eg kjem med toget (2008), Stormkyss (2010), Sol, seier ho (2013), Sibylle (2016) og Ein dag vaknar me og det er sommar (2020) samt essayet Kva hender i romanen? (2018) i serien Lese, skrive (L/S#1).

Kva betyr det å koma frå ein stad? Kva inneber det å kjenna seg heime? Og kva for erfaringar finst å henta der ein ikkje kjenner seg igjen? Gjennom åtte lesingar nærmar Ingrid Z. Aanestad seg den litterære skrifta både som form og som verktøy for erkjenning. Dei ulike lesingane kastar lys over kvarandre – frå Arne Garborgs Kolbotnbrev via Nina Bouraoui, Stina Aronson, Eva Jensen, Mirja Unge, Cora Sandel og Virginia Woolf til Jun’ichiro¯

Om Ein dag vaknar me og det er sommar (2020):

Om Kva hender i romanen? (2018): «strålende og vel verdt å lese – ikke bare om, men som litteratur»

Kenneth Moe, Aftenposten

Tanizakis Hyllest til halvmørket. Aanestad går på jakt etter skrivne, skapte heimar samstundes som ho sjølv er på flyttefot og prøver å finna seg til rette i eit sekstitalshus ved skogkanten. Heim er ei bok om romma og landskapa som formar livet, om klaustrofobi og fridom, venleik og kriser – og om å leva tett inntil litteraturen.

«Boka har noko tilsynelatande lett over seg, der avsnitta sviv frå Aanestads framtenking av romankarakterar til scener frå eit vårleg skriveopphald til nedslag i anna litteratur […] Men, som ho skriv, ‹å skapa noko som ikkje finst i verda frå før, krev ein hard, klar vilje. Til form.› Den korte teksten er strukturert i samsvar med korleis Aanestad skildrar sin tilnærming til romanen»

Maria Horvei, Klassekampen Om Sibylle (2016):

OMSLAG: EGIL HARALDSEN & ELLEN LINDEBERG | EXIL DESIGN FORSIDEBILETE: BODIL RØVIK-LARSEN, «PEACEFUL QUESTION NO 1»

9

7 8 8 2 4 9

5 2 4 9 2 1

FO R LAG ET OK TOB ER

FORFATTARPORTRETT: CATO LEIN

«Aanestad er kompromisslaus når det gjeld stil og metode, ho gjer seg ikkje til for lesaren, men skriv samla og med opne sansar slik at det dramatiske ovrar seg i det trivielle for lesaren. Sibylle er kort sagt framifrå skrivekunst»

Odd W. Surén, Dag og Tid Essay | Forlaget Oktober

«Aanestads vakre, dempa fortellermåte gjør hennes romaner særegne og sterke, og Sibylle er intet unntak»

Ida Vågsether, Stavanger Aftenblad

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.