Frode Grytten – Gut, jente, juni, juli

Page 1

Grytten. gut, jente, juni, juli.qxp_Layout 1 03.05.2021 17:15 Side 1

fo r fat ta r p o rtrett: Helge Skodvin f r a m s i d e foto: Sian Davey bokbunad: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | ex il design

9

7 8 8 2 4 9

5 2 3 2 6 9

Frode Grytten Gut, jente, juni, juli

frode grytten (f. 1960) har bada i dei fleste viker, fjordar, hav og basseng. Han fikk svømmeknappen i 1969 og har seinare vunne mellom anna Brageprisen, Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris. Han har skrive i dei fleste sjangrar, og bøkene hans er omsette til 16 språk.

Eg står heilt framme på stupebrettet, ser vassflata under meg, kan sjå botnen av bassenget. Trådar av lys vrir og vender på seg i vatnet. Eg kjenner meg svimmel og kortpusta. Kvar muskel er spent. Så kastar eg meg ut og forsvinn inn i denne eksplosjonen av lysande partiklar.

forlaget oktober

Stupe uti fjord og tjern. Hoppe frå kai og svaberg. Bombe uti naboens basseng. Falle baklengs inn i det blå. Vasse i Atlanterhavet. Svømme i Folkebadet. Bade i Bandak og Sitges og Las Palmas.

Frode Grytten Gut, jente, juni, juli Noveller | forlaget oktober

I desse tolv sommarnovellene kastar gutar og jenter, menn og kvinner, seg i vatnet for å kjøle seg ned, bare for å oppdage at hovudet framleis kokar av lyst og frykt.

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 2

03.05.2021 12:12

f ro de g ry t t en

Gut, jente, juni, juli Noveller

forlaget oktober 2021

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 3

03.05.2021 12:12

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 4

03.05.2021 12:12

June, July, September, stretched ahead and out of view The whole world seemed a safe place, and never ending too But it was never as simple as you thought, there were just things you never knew And up ahead your parents bore the weight of all their worries and yours too everything but the girl

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 5

03.05.2021 12:12

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 6

03.05.2021 12:12

innh ald Evig sommar 9 Nattsvømming 17 Redningsmann 45 Sweethearts 59 David Hockney i regn 69 Til havet 93 Telemark 109 Feit mann på stranda 127 Asbury Park, New Jersey 139 Kjøre vest 149 Slik unge elskande gjør 165 Sommar for lenge sidan 179

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 7

03.05.2021 12:12

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 8

03.05.2021 12:12

Evig sommar

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 9

03.05.2021 12:12

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 10

03.05.2021 12:12

båten

Båten kjem med gutar. Ein gong i timen tømmer båten gutar ut på kaia, pumpar gutar ut på stranda. Ei øy full av gutar. Vi følger dei med augene. Gutar som ser like ut, på den måten gutar ser like ut. Shorts, t-skjorter, solbriller, små ryggsekkar, handkle rulla saman under armen. Gutar nervøse som insekt, med sine flakkande blikk, med sine programmerte rørsler. Gutar som vil få oss til trekke på skuldrene. Gutar som vil få oss til å himle med augene. Gutar vi skal glømme. Gutar vi skal hugse resten av livet.

kaia

Vi eig himmelen. Vi eig skyene. Vi eig dagane. Vi eig sola som stig opp. Vi eig handklea vi legg ut på betong og på sandbankar. Vi eig sjappene og strandpromenaden. Vi eig havet som vi stuper ned i for å få jentene til å sjå oss. Vi eig rekkverket der vi sit i våt badebukse og dinglar med beina. Vi eig alt saman. 11

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 11

03.05.2021 12:12

Unntatt jentene som stig ut frå båten og passerer oss mens vi eit sekund eller to maktar å halde dei fast med blikk og plystring.

stranda

Er du her ofte? Brukar du å vere på den andre stranda? Skal eg kjøpe ei cola til deg? Kor gammal er du? Kvar kjem du frå? Har du ikkje geografi på skulen? Såg du han feite fyren svømme? Skal du ikkje bade? Synest du det er kaldt i vatnet? Kjem du i morgon også? Svar ja. Svar ja. Svar ja. Flytt deg nærmare. Flytt deg litt nærmare. Rør ved armen min. Rør ved foten min. Bare så vidt borti. Bare så vidt. Der, ja. Der. Sjå meg. Be meg. Hør meg. Spør meg. Spør meg. Spør meg. Eg seier ikkje nei. Eg kjem ikkje til å seie nei. Kor lenge skal eg vente? Atombomber kjem til å falle over denne øya før han spør. Atombomber kjem til å falle over denne stranda før ho spør.

lufta

Vekta på hælane. Armane inn mot hoftene. Handflatene inntil. Halde dei der. Halde dei der. Gjøre seg klar til å stupe bakover. Gjøre seg klar til å bli slukt. Gjøre seg klar til å søkke ned som ein mynt. Gjøre seg klar til å bli borte. Gjøre seg klar til å bli synlig. Henge vektlaus i sommarens strålar.

12

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 12

03.05.2021 12:12

havet

Kvar gong kroppane treffer vassflata, lagar dei ei søyle av glitrande gull. Gutar som tar jenter over skuldra og hiv dei uti. Jenter som tar fart og dyttar gutar uti. Gi deg. Slepp meg ned. Det der skal du få igjen. Det der skal du angre på. Ligge og flyte side om side. Ta den eine foten hennar. Dra ho under. Klemme han inntil seg. Dra han under. Sjå formene hennar uskarpe under vatn. Sjå han komme opp igjen med perler av vatn i håret.

sola

Kroppane er kart av hud og musklar som sola sakte navigerer over. Strålane fell nesten loddrett ned på stranda og promenaden, gjør alle døsige og sakte og seige. Strekke seg ut tett inntil han. Kjenne pusten hennar mot pusten din.

iskremsjappa

Kjeks eller beger? Kva skal du etterpå? Kva skal du bli når du blir vaksen? Eg skal bli verdas raskaste mann. Skal du? Ja, ingen spring fortare enn eg på heile s­ kulen. Det er heilt sant. Kva er favorittbandet ditt? Eg har ikkje noko favorittband. Ikkje? Få sjå spele­listene dine, då. Kva skjer? Lene seg mot kvarandre for å komme litt nærmare. Ete is med sakte rørsler for at dette skal vare. Ta av seg solbrillene for å gjøre seg klar. Hente opp bikinistroppen for å styre blikka. Sjå 13

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 13

03.05.2021 12:12

meg. Syng meg. Løft meg. Dagar så lange at det er mulig å forelske seg i to personar på éin og same dag. Håplaust forelska på føremiddagen. Håplaust forelska på ettermiddagen.

stranda (2)

Kva heiter du? Eg heiter Juni. Nei, kva heiter du? Eg heiter Juli. Ikkje kødd. Seriøst, kva heiter du? September. Meir latter. Har du ikkje fått nok sol? Huda di er jo heilt rosa. Skal vi flytte oss under promenaden? Skal vi? Svar ja. Svar ja. Svar ja. Gå gjennom dagane med jenter i brystet. Sove gjennom nettene med gutar under puta. Gutar du vil ha i baksetet på ein bil. Jenter du vil ha inne på toalettet. Gutar du vil ha i sanddynene bak strandbaren. Jenter du vil ha i skuggen under promenaden når havet trekker seg tilbake.

himmelen

Skuggar av fly som kjem inn over øya med nye gutar og nye jenter. Eitt og eitt kors som flimrar over badehus og strender og sandbankar og vassflater og grasplenar. Vi som rører oss i kvarandre for å vite sikkert at vi finst. Kroppane som er laga så mjuke at dei kan redde oss frå einsemda.

under promenaden

Røyke i smug. Kline i smug. Krype inn og ut av kvarandre. Bryte seg inn og ut av kvarandre. Hender. 14

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 14

03.05.2021 12:12

Tunger. Tenner som kolliderer i iveren. Handa di under mi t-skjorte. Handa mi utanpå di badebukse. Legg handa di der. Legg handa di der. Hald meg. Lær meg. Vis meg. Tøm meg. Ta meg. Bit meg. Pust meg. Skap meg. Vis meg kva ei jente gjør med ein gut. Vis meg kva ein gut gjør med ei jente. Kom til saka. Ikkje stopp. Ikkje stans. Ikkje hald igjen. Hald fram. Hald fram. Hald fram.

strandpromenaden

Gå forbi sjappene. Gå forbi tivoliet. Gå forbi ­klovnen borte ved burgaren. Gå kjærast for første gong. Ta handa hans. Ta handa hennar. Skrive namna i ­sanden. Finne ein benk. Høre havet vaske stranda. Stire ut på kilometer med grønt og grått og blått. Glo på bølgekammane som blir knust når dei treffer land. Sjå fyr­ tårnet bli tent i skumringa. Sjå neonlysa bli tent på mørkeblå botn. Sjå blodårene bli tent under huda di. Eg liker deg. Du er pen. Eg liker lyst hår. Eg liker mørkt hår. Er du her neste sommar? Svar ja. Svar ja. Svar ja. Fleire ord finst ikkje. Alle augneblinkar stansar her.

båten (2)

Eg må nesten stikke. Siste båten går snart. Eit siste kyss. Ein siste selfie. No er han i blodet hennar. No er ho på innsida av lungene hans. Kyss meg ein gong til. Eitt til. Please. Please. Please. Eg melder deg. Båten går no. 15

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 15

03.05.2021 12:12

songane båten July Flame, Laura Veirs kaia Seasons (Waiting on You), Future Islands stranda Getting Away With It (All Messed Up), James lufta That Summer Feeling, Jonathan Richman havet Salt of the Sea, Hope Sandoval and the Warm Inventions sola Always the Sun, The Stranglers iskremsjappa Chinatown, Bleachers stranda (2) New Bikini, Cassandra Jenkins himmelen Summertime Sadness, Lana Del Rey under promenaden Get Around To It, Tracey Thorn strandpromenaden We Can Walk Together, The Clientele båten (2) Ocean Wave, Casper Clausen

Gut, jente, juni, juli _Frode Grytten.indd 16