__MAIN_TEXT__

Page 1

Aanestad. Ein dag vaknar me ….qxp 26.06.2020 12:11 Side 1

ulike stader i eller nær byen: i ein parsellhage, i ei hytte på ei øy i fjorden, i ein lysegul bygard med utsikt til eit kirsebærtre. Det er ein roman om Mir og Ruth, om å koma til syne og gi seg hen, om vennskap og kjærleik og redsla for ikkje å bli høyrt, og om alt som I ng r i d Z . Aa n e sta d (fødd 1983) vaks opp i Klepp i Rogaland. Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan gitt ut romanane Eg kjem med toget (2008), Stormkyss (2010), Sol, seier ho (2013) og Sibylle (2016) samt essayet Kva hender i romanen? i serien Lese, skrive (L/S#1, 2018).

kan veksa og gro, i ein sommar utan like.

i n g r i d z . a a n e s t a d Ein dag vaknar me og det er sommar

Ein dag vaknar me og det er sommar utspeler seg

Om Kva hender i romanen? (2018)

Ein dag vaknar me

«strålende og vel verdt å lese – ikke bare om, men som litteratur» Kenneth Moe, Aftenp osten Om Sibylle (2016)

og det er sommar

«Aanestad er kompromisslaus når det gjeld stil og metode, ho gjer seg ikkje til for lesaren, men skriv samla og med opne sansar slik at det dramatiske ovrar seg i det trivielle for lesaren. Sibylle er kort sagt framifrå skrivekunst» O dd W. S u r é n, Dag o g T id Om Sol, seier ho (2013) «Det Aanestad gjør så elegant, er å få frem kompleksiteten i det å være avhengig av andre. I alle Annas relasjoner er det noe som dirrer, personene er på samme tid nære og fjerne. Man blir usikker på hvem som trenger hvem, det veksler, og intensiteten holdes oppe. Og det er denne rolige intensiteten som, sammen med det vakre språket, gjør Aanestads fjerde roman til en høydare denne bokhøsten» Ida Vågsether, Stavanger Aftenblad Om Stormkyss (2010)

i n g r i d z . aa n e sta d

«Språket er poetisk og stramt. Ikkje eit unødvendig ord har snike seg inn. Likevel, eller kanskje derfor, gjer boka eit voldsamt inntrykk. Kommunikasjonen mellom kvinnene, mellom mor og dotter, bestemor og barnebarn, kjærastar – det gnistrar!» B ja r n e T v e it e n, Fæ dr e l a n dsv e n n e n Om Eg kjem med toget (2008)

forlaget oktober

Forfattarportrett: Cato Lein Forsidefoto: Andreea Ch | Pexels Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | EX IL D ESI GN

Roman

|

forlaget oktober

«Skildringane er så fint skrivne at lesinga nesten får ein meditativ karakter. Ved å delta i det stille livet ved havet er det som eg sjølv får roa ned og klårna tankane» Merete Røsvik Granlund, Dag o g Tid


Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 2

29.06.2020 11:42


i ng r i d z . aa n e sta d

Ein dag vaknar me og det er sommar

Roman | F O R L A G E T O K T O B E R | 2 0 2 0

Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 3

29.06.2020 11:42


Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 4

29.06.2020 11:42


Ein dag snart vaknar me og det er sommar. Visste du at det er ein farge som heiter blu madonna på italiensk? Ein mjuk, klar blåfarge, som dei kleda ho ofte er sveipt i på måleri. Eg veit ikkje kvifor eg kom på det. Me kan ha middag ute, då. Me kan kjøpa med oss brød og vin og ost og små søte tomatar og hummus og kanskje aprikosar eller misplar viss dei har kome. Me kan ta med duk og breia ut. Ein kniv, og skikkelege glas å drikka av. Viss det blæs, kan me sitja inni ruinen, lena oss på dei ruglete steinane. Kanskje renn det litt saft frå aprikosane over handa di når du et. Du kan sova i fanget mitt etterpå, og me kan ha kaffi på termos og drikka når du vaknar.

5

Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 5

29.06.2020 11:42


Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 6

29.06.2020 11:42


Først er det berre Mir. Ho står utanfor jernbane­ stasjonen. Det er ein kald dag i mars. Mir er kledd i ein blå kjole med batikkblomar, kanskje har ho arva han. Ho har ei klokke hengande rundt halsen. Mir legg telefonen mot øyret og seier hei.

7

Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 7

29.06.2020 11:42


Ruth har eit lite sår ved munnen. Ho stikk handa i lomma og hentar fram to sølvfarga øyreringar. Ho trær dei gjennom hola i øyreflippane og snur seg mot eit butikkvindauge for å sjekka. Ho snur seg mot Mir. Er eg fin no? seier ho. Mir nikkar, og blunkar med begge auga. Er eg fin? seier Mir. Ruth dultar hofta hennar med handa. Du aner ikkje. Ein trikk tutar og passerer. Passasjerhovuda lente inntil ruta, dei fyk forbi. Låge tre står planta langs trikkeskjenene, dei har plastdekke ned mot røtene, ser skjøre ut. Mir opnar glidelåsen i den tjukke jumperen. Det er varmt i lufta. Har du mista nokon? seier Mir. Ruth lèt blikket skli opp eitt av høghusa over gata. Ja, seier ho. Har ikkje du? Sollyset treffer det blå i auga hennar då ho ven­ der hovudet mot Mir. 8

Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 8

29.06.2020 11:42


Mir nikkar. Men er dei levande? seier ho. Dei fleste, seier Ruth. Kven ikkje? Munnsåret har storkna i ei skorpe på den eine sida av overleppa til Ruth. Vinden pressar seg gjen­ nom dei smale glipene mellom høghusa, dei går inn i ein kjølig luftstraum, ut av han. Eg trur, seier Ruth og flyttar skulderveska frå den eine skuldra til den andre. Eg trur, seier ho og stoppar, løftar foten så sko­ solen vender opp, ho pirkar ut ein stein frå gummi­ mønsteret. Det heng ein blank drope frå nasetippen til Ruth, Mir plukkar dropen med fingeren. Ein ny trikk susar forbi. Eg trur at måten me går gjennom denne stygge gata på, er like verkeleg som døden. Eg synest ikkje det er berre stygt her, seier Mir.

Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 9

29.06.2020 11:42


Det skumrar, skumringa strekker seg inn på kjøk­ kenet. Mir legg bomullspads utover tallerkenen, heller vatn over til dei er g jennomfukta. Frø­ posane frå i fjor er skitne av jord. På den eine sir­ kelen legg ho raudbetefrø, på dei andre gulrotfrø, dill, ­pastinakk, koriander, isop, ringblom. Ho pres­ sar f røa ned i bomulla med peikefingeren, dry­ per litt meir vatn over, ho dekker tallerkenen med plast­folie, stiller han i vindaugskarmen. På små gule lappar skriv ho vekstnamna, ho klistrar dei på riktig plass langs tallerkenkanten. Leilegheita er stille, heile bygningen kviler i mørker, det liknar slumring, ein lett søvn. Det durar så vidt frå kjøle­ skåpet, datamaskinen, skrivaren, høgtalarane. Det susar i røyra. Stemmer og lydar frå dei andre leileg­ heitene, dei er der, men ikkje som noko tydeleg, utskilt, dei lagar berre eit heilt tynt lydteppe. Still­ heita finst ikkje under. Det finst andre lydar der.

10

Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 10

29.06.2020 11:42


Ruth står i kjøkkenvindauget og blæs på origami­ fuglen som heng ned frå karmen i ein sytråd, han snurrar rundt seg sjølv, snurrar andre vegen når utpusten hennar tek slutt. Ho spør om ho kan få sjå eit bilete av Mir då ho var lita. Mir ventar litt med å svara. Vil du ikkje? seier Ruth. Det ligg eit førsteklassebilete i pengetaska, Mir finn det mellom sertifikatet og reiseforsikrings­ kortet. Jenta på biletet er kledd i ein gul genser, skuldrene er smale og rette. Ho gir biletet til Ruth. Du ser tøff ut, seier Ruth, stryk over det vesle portrettet med tommelfingeren. Sjå, seier ho. Bak jenta er det ein blå skjerm. Bak skjermen kanskje ei svart tavle. Bak biletet er den lyse hand­ flata til Ruth. Ho vrir på handa så biletet får meir av dagslyset på seg. Sjå på andletet hennar, seier Mir. Det er rundt som ein måne. 11

Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 11

29.06.2020 11:42


Ruth pressar leppene litt saman, ho gir biletet til­ bake til Mir. Kvifor har du det i pengetaska? seier ho. Mir held biletet mellom høgre tommel- og peike­ finger. Ruth lener seg mot radiatoren, vindaugs­ karmen, ho pustar ut. Då eg var lita, likte eg ikkje å vera aleine, seier Mir. På rommet mitt var det teppe på golvet, lyst vegg-til-vegg-teppe. Det var ei jente som heitte Helene som eg var saman med nesten heile tida. Ho hadde ikkje eige rom, så me brukte å vera hos meg. Me trong ikkje koma og sitja ved bordet når det var middag, mor kom med ein stor tallerken mat til oss og to gaflar. Eg hugsar at me låg på gol­ vet og åt, og så fortsette me med det me heldt på med. Me hadde ei øskje med hemmelege ting som me gøymde i klesskåpet mitt. Det var allslags, blonder og ballongar, silkeband som me tok frå handarbeidsrommet på skulen, utklipp frå aviser og blad, eg hugsar best biletet av ei kvinne som låg på ei seng med heilt blankt laken og masturberte, det må ha vore frå eit pornoblad. Og slike små sjo­ koladar pakka i sølvpapir, raude eller blå, me bytte på å kjøpa dei, det måtte alltid vera minst to i øskja. Kvar gong me møttest på rommet mitt, sette me øskja ­mellom oss på golvet og løfta ut alt som var oppi. Eg opna aldri øskja viss ikkje Helene var der. Me la gjenstandane fint på rekke, sorterte etter kva 12

Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 12

29.06.2020 11:42


som høyrde saman. Kanskje hadde ei av oss med seg noko nytt til samlinga. Eg trur me hadde ei notisblokk også, ei lita gul av den typen som er å kjøpa overalt, der skreiv me ei liste over alle tinga. Ein gong hadde Helene med seg ei stor avbitar­ tong ho hadde teke frå verktøykassa til foreldra, me måtte plassera henne diagonalt i øskja for å få plass.

Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 13

29.06.2020 11:42


Mir går ute på gata i eit breitt, gult lys. Det er blanke pyttar og grus, små restar av skitten snø inst på fortauet. Trea i parken ser framleis døde ut. To menn går forbi, dei ber ein kommode mellom seg. Ei kvinne kjem etter, ho har løfta ein senge­botn opp på hovudet, ho held ramma fast med ei hand på kvar side. Folk vik unna for det vesle opp­toget, slepper det fram. Mir glir innom ein butikk, dei har ullskjerf der, smykke i sølv, skinnvesker, det luktar røykelse, nokon har laga eit slags alter i eit hjørne. Ser du etter noko spesielt? spør kvinna bak disken. Mir leiter med hendene gjennom ullskjerfa, dei er blå og grå, nokre med prikkar, nokre med duse striper. Ho ser på dei blanke smykka, ser seg sjølv i spegelen bak. Ho vel ut eit armband i lysebrunt skinn med sølvlås. Det er ei gåve, seier ho.

14

Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 14

29.06.2020 11:42


Ruth sit og ventar bak eit rundt bord lengst inne i kafeen. Ho har plassert backgammonbrettet midt på bordet, stabla brikkene i låge tårn, ho har kjøpt to øl og begynt å drikka av den eine. Her er eg, seier Mir. Ruth ser opp, smilet hennar er stort, lyst, ten­ nene reflekterer lampelyset. Ho reiser seg og hjel­ per Mir av med jakka. Kan eg kyssa deg her? seier ho inntil øyret. Her, seier Mir, peiker på munnen sin. Ein mann går forbi, han snur seg halvt mot dei. Og eg som tenkte at du ville spela med meg, seier han. Auga til Ruth utvidar seg. Lyset i lokalet blir dempa eit hakk. Du treng ikkje seia noko, seier Mir. Dei set seg, dei sit overfor kvarandre. Ruth skyv ein terning over mot Mir. Mir slår fem. Ruth grip etter den andre terningen, ho ristar han mellom krumma handflater.

Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 15

29.06.2020 11:42


av ingrid z. aanestad I dag er ein fin dag. Roman, 2006 Eg kjem med toget. Roman, 2008 Stormkyss. Roman, 2010 Sol, seier ho. Roman, 2013 Sibylle. Roman, 2016 Kva hender i romanen? I serien Lese, skrive (l/s#1), 2018

Ein dag vaknar me og det er sommar_Ingrid Z. Aanestad.indd 119

29.06.2020 11:42

Profile for Forlaget Oktober

Ingrid Z. Aanestad - Ein dag vaknar me og det er sommar  

"Ein dag vaknar me og det er sommar" er ein roman om å koma til syne og gi seg hen, om vennskap og kjærleik og redsla for ikkje å bli høyrt,...

Ingrid Z. Aanestad - Ein dag vaknar me og det er sommar  

"Ein dag vaknar me og det er sommar" er ein roman om å koma til syne og gi seg hen, om vennskap og kjærleik og redsla for ikkje å bli høyrt,...

Advertisement