Issuu on Google+

Teater-Kino-Galleri-Bibliotek-Symjehall-Idrettshall

Desember 2010

www.fordehuset.no

Due Date Noregspremiere Fredag 3. des. kl. 20.00 Am. komedie.1t.35 min.(11) Ungd/Vaksne Ny komedie frå mannen bak Hangover ! Todd Phillips regisserer Robert Downey Jr. og Zach Galifianakis; to usannsynlege kjenningar sveisa saman på tur med like store porsjonar med livslæring som galskap.

Elias og jakten på havets gull

Tron: Legacy

Megahjerne

Noregspremiere

Noregspremiere

Noregspremiere

Fredag 17. des

2. juledag, 26. des

Fredag 10. des.


Jul i Førdehuset Laurdag 11. desember 2010 11.00-11.15 Korsong ved inngangen v/Kor Før’de 11.30-12.30 Opningskonsert i Inneamfiet - v/ Førde kulturskule 12.30-12.50 Julekonsert i Kafèen v/ Jørand Vallestad, Emil Horstad og Thea Øvrebotten frå Førde Trekkspelklubb 12.30-14.00 ”Elias og jakten på havets gull” 1t. 17 min. 7 år Ny norsk barnefilm i lisjesalen 13.00-13.30 Juleforteljingar i Biblioteket Teatersjefen les (frå 3 år) 13.30-14.30 Julekonsert i Festsalen - v/ Førde kulturskule 14.30-16.00 ”Elias og jakten på havets gull” 1t. 17 min. 7 år ******************

Program i tidsrommet 12.00-15.00 Juleverkstad i Hobbyrommet Lag ei enkel julegåve saman med Merete Hol Tefre og Inghild Sleire Julebad i Symjehallen - med Gløgg på bassengkanten Julestemning i Biblioteket – med Gløgg og Peparkaker Juleteikning i Utstillingssalen Julesong-verkstad i Utstillingssalen v Ellen Therese Thuland Utstilling i Kunstsenteret Julegraut med saft i kafèen .

2


TYL av Halvor Folgerø og Finn Tokvam dramatisert av Bodil Kvamme

Teaterstykket Tyl er basert på den sorgmuntre og humoristiske romanen med same namn. Vi møter Ove Ullkvam som er lei av det rutineprega livet som postmann og fyller dagane med musikken til Charlie Parker. Medan kompisen Ragnar er meir inspirert av artisten Olav Stedje. Urpremiere i Førdehuset fredag 10. des. kl. 18.00 - fleire framsyningar

Nøtteknekkaren - ei ballettframsyning for heile familien. Som første framsyning i den nyrenoverte Storsalen har vi gleda av å presentere den verdskjende ballettframsyninga "Nøtteknekkaren" av Tsjaikovskij. Det er ein felles produksjon mellom Førde kulturskule og Danseverkstaden.

Førdehuset, storsalen onsdag 5. januar kl 18.00

Nyttårskonsert - 2011 Også i 2011 inviterer Bergen Filharmoniske Orkester til feiring av det nye året med festkveld i Førdehuset. Konserten er for lengst blitt ein tradisjon med kjende tonar og overraskingar. 2011 års musikalske meny er som alltid mangfaldig. Det blir sprudlande festivitet der vi tek inn stemningar frå fleire verdsdelar. Reiseleiar vert dirigent Trond Husebø, som leiar orkester, solistar og gjester. Lett servering i pausen.

Førdehuset, storsalen

fredag 7. januar kl. 19.30 3


Harry Potter og Dødstalismanene Del 1 Br/Am. eventyr. 2t. 26 (11 år) Ungdom. Det sjuande og siste eventyret i Harry Potter-serien. Del 1 startar med at Harry, Ronny og Hermine legg ut på eit farleg oppdrag for å finne og øydelegge løyndomen bak Voldemort sin udødelegdom og undergang - malacruxene. Utan råd frå lærarane og vern frå rektor Humlesnurr må dei tre venene stole på kvarandre meir enn nokon gong. Men det er mørke krefter som trugar med å rive samhaldet i filler...

Due Date — Noregspremiere Am. komedie. 1t. 35 min. (11 år) Ungdom/Vaksne. Ny komedie frå mannen bak Hangover! Todd Phillips regisserer Robert Downey Jr. og Zach Galifianakis; to usannsynlege kjenningar sveisa saman på tur med like store porsjonar med livslæring som galskap. Downey spelar Peter Highman, ein vordane far for fyrste gong og kona er berre fem dagar frå termin. Peter stressar for å rekke ein flyavgang heim frå Atlanta for å vere med på fødselen, men alle gode intensjonar kollapsar. Peter vert tvinga til å haike med den håpefulle skodespelaren Ethan Tremblay (Galifianakis). Det skal bli ei reise tvers gjennom USA som vil resultere i ei rekkje øydelagde bilar, vennskap og Peter sin siste flik av nervar.

Elias og jakten på havets gull - Noregspremiere No. barnefilm. 1t. 17 min. 7 år. Ny, heilaftans film for alle born med den vesle redningsskøyta Elias. Elias og fiskebåtane i Lunvik har lenge gleda seg til det årlege Vinterfiske, men eit nytt, moderne fiskevær med store trålarar tek fisken frå dei og trugar Lunvik med nedlegging. Elias høyrer om ein kjend skatt og meiner at denne skatten kan redde Lunvik! Difor legg han i veg på skattejakt, men møter motstand i nærast kvar bølgje. Vil han finne skatten? Eller vil Lunvik ende som ei spøkelseshamn...

4

- Lisjesalen Ekstraframs. Fr. 03. kl. 17.00 Su. 05. kl. 17.00 Ty. 07. kl. 18.00 To. 09. kl. 18.00

- Lisjesalen Fr. 03. Su. 05. Ty. 07. To. 09. Su. 12. Ty. 14.

kl. 20.00 kl. 20.00 kl. 21.00 kl. 21.00 kl. 19.30 kl. 19.45

-Lisjesalen Fr. 10. kl. 18.00 Lau. 11. kl. 12.30 kl. 14.30 Su. 12. kl. 16.00 kl. 17.45 Ty. 14. kl. 18.00


Tron: Legacy - Noregspremiere Am. Sci.fi. Lengde? Alder ? Sam Flynn (Garrett Hedlund), den teknologikyndige 27-årige sonen til Kevin Flynn (Jeff Bridges), undersøkjer faren si forsvinning og blir dregen inn i den digitale verda Tron der far hans har levd i 25 år. Med hjelp frå den fryktlause krigaren Quorra (Olivia Wilde), legg far og son ut på ei reise på liv og død gjennom eit visuelt fantastisk cyberunivers. Eit univers laga av Kevin sjølv som har blitt langt meir avansert og med kjøretøy, våpen og landskap som ein aldri før har sett, og med ein nådelaus skurk som ikkje skyr nokon midlar for å hindre flukta deira.

Megahjerne - Noregspremiere Am. Animasjon/barnefilm/komedie. Lengde ? Alder ? Frå skaparane av "Shrek og "Madagaskar" kjem no forteljinga om den geniale superskurken Megahjerne. Han gjev oss eit nytt syn på den urgamle kampen mellom det gode og det vonde. Møt skurken som er så dårleg til å vere slem at han kanskje er super til å vere snill. Megahjernen er den mest briljante superskuren v erda nokon sinne har sett, og den minst suksessrike. I løpet av åra har han forsøkt å erobre Metro City på alle tenkelege måtar - kvar einaste gong går det fryktelig gale takka være superhelten Metro Man. Men så skjer det noko uventa med ein av dei vonde planane hans og Megahjernen klarer faktisk å overvinne Metro Man. Plutselig er skjebnen til Metro City truga av ein ny skurk som skaper kaos og får alle til å tenke: Kan verdas største hjerne faktisk redde oss alle?

Legenden om Narnia; Reisen til det ytterste hav - Noregspremiere Morgonrødmens vind tek deg med til stadar du ikkje ante eksisterte. Narnia, der alt kan skje... og der eventyret startar. Morgenrødmens vind er det første skipet Narnia har sett på århundrer. Kong Caspian fikk det bygt til reisa si for å leite etter dei sju grevane som den vonde onkel Miraz fordreiv frå landet da han rana til seg trona. Reisa tek Edmund, Lucy, fetter Eustace og Caspian til De Ensomme Øyer og Det Ytterste Hav - til store og små eventyr, og til Aslan sitt eige land der ute ved Verdas Ende. Bli med til ei magisk verd bortanfor tida i Legenden om Narnia.

- Lisjesalen Fr. 17. des....

- Lisjesalen Frå 2. juledag

- Lisjesalen Frå 2. juledag

5


Førde bibliotek;

Les ei ny bok i jula – du finn dei på biblioteket!

Ivo de Figueiredo: Mysteriet Ingeborg Køber – en sann historie om spiritisme, kjærlighet og et mulig mord. Det er ikkje noko underleg ved at ein gamal mann druknar. Kanskje var byfogd Ludvig Dahl sin død utanfor Hankø i august 1934 ei tragisk ulykke, også for dottera Ingeborg som hadde prøvd å redde ham. Underleg er det derimot at Ingeborg, som var et spiritistisk medium, i fleire seansar hadde varsla faren sin død. Mistanken om drap fall på Ingeborg. Prosessen som følgde, er eit av dei mest spektakulære rettsdrama i norsk historie.

Nelson Mandela: Samtaler med meg selv Samtaler med meg selv gjev lesaren tilgang til den private mannen bak den offentlige skikkelsen. Her er brev som Mandela skreiv i dei mørkaste stundene under tjuesju år i fangenskap, utkast til ein ufullført oppfølgjar til Veien til frihet. Her tek han notatar under møter, noterer ubehagelege draumar i bordkalenderen han hadde i cella på Robben Island, skriv dagbok medan han er på flukt under kampen mot apartheid i først i 1960-åra.

Ida Jessen: Barna Solveig sitt ekteskap havarer på grunn av ei forelsking, og eks-mannen får foreldreretten til dottera Christiane. For å halde kontakta med Christiane flytter Solveig etter dei to til den vesle byen Hvium. Ho har korkje hus eller jobb, og blir svært einsam. Barna er ei sterk skildring av konsekvensane av våre livsval på kort og lang sikt. Boka vart nominert til Nordisk Råds Litteraturpris 2010, og Ida Jessen vart tildelt den danske bokhandlarprisen, De Gyldne Laurbær, for denne romanen.

Bokbussen Siste bokbussturen i Førde kommune dette året

6

Onsdag 8. desember : Angedalen skule Sunde oppvekstsenter Sunde barnehage

kl. 08.30 - 09.00 kl. 09.20 - 11.05 kl. 11.05 - 11.20

Torsdag 9.desember : Karstad skule Frøysland skule Hårklau Rørvikfloten Holsen skule

kl. 09.15 - 9.45 kl. 11.15 - 12.05 kl. 12.15 - 12.30 kl. 12.40 - 12.55 kl. 13.40 - 14.20


Symjehallen Born under 10 år i følgje med vaksne. Sesongkort? Ta med bilete. Sal av klippekort Tysd. - fred.

familie 18.00 - 20.00 vaksne 20.00 - 21.00

Laurdag

vaksne 10.00 - 11.30 familie 12.00 - 15.00

Søndag

familie 15.00 - 19.00

Vassklie 38 m, stupebasseng, 25 m basseng med 28 0C, barnebasseng, leiker til vassleik. Vi sel badeartiklar som antiklor-shampo, symjebriller, armvinger og badebleier.

Hjelp oss å ta vare på Førdehuset. Mat og drikke må du nyte i kafèen, og ikkje i t.d. kinosalane og på biblioteket...

Gåvekort Julegåvetips Vi har gåvekort på kinobillettar og til symjehallen. I tillegg kan du kjøpe eGåvekort som kan brukast til alle arrangement i Førdehuset (kino, konsertar, teater, symjehall). Mottakar av gåvekortet kan bruke kortet fleire gonger, heilt til det er tomt for pengar. Du skriv sjølv teksten og vel passande bilete til gåvekortet.

www.førdehuset.no

Billettbestilling, telefon 57 72 19 00 i opningstida til Servicetorget og Resepsjonen i Førdehuset. Henting av tinga billettar og sal av billettar: Servicetorget (Førde kommune), Sentrum Sør Måndag - fredag 08.00 - 15.30 Førdehuset, resepsjonen når det er kino / bading / konsert eller teater Måndag 12.30 - 16.00 Tysdag-fredag 12.30 - 21.00 Laurdag 12.00 - 15.00 Søndag 15.00 - 21.00 Førde Bibliotek Måndag og fredag 11.00 - 16.00 Tysdag, onsdag, torsdag 11.00 - 20.00 Laurdag 11.00 - 15.00 Kunstsenteret Tysdag, onsdag, fredag Torsdag Laurdag Søndag

tlf. 57 72 19 36 11.00 - 16.00 11.00 - 18.00 12.00 - 15.00 15.00 - 18.00

Med atterhald om eventuelle feil og endringar i programmet 7


Den magiske julereisa Eit show for born og vaksne, unge og eldre, einslege eller par. Surround tek eit Polar Express tog med på scena som skal køyre oss på ei fantastisk reise. På turen møter vi ein forteljar, julestjerna, ein engel, Disney karakterar, Beauty and the Beast, snømannen Kalle samt fleire juleelement. Dette bringer magien til live og skal minne oss om kor spesiell juletida er og hente fram kjenslene i kvar og ein av oss.

Førdehuset, torsdag 9. des. og fredag 10. des. kl 18.30 Det skjer i Førdehuset

Billettar 57 72 19 00

3. des.

“Due Date“ - Noregspremiere

Lisjrsalen

- 5. des.

Salsutstilling Sunnfjord Kunstlag—medlemsutstilling

Utstillingssalen

4. des.

Umbro Cup Fotball

Idrettshallen

8. des.

Senioruniversitetet : Professor Idar Stegane Emne: Om Olav H. Hauge

Lisjesalen

9.-10 des.

Surroundkoret - Den magiske julereisa

Festsalen

9- 18 des.

Tyl av Halvor Folgerø og Finn Tokvam

Teatersalen

10. des.

“Elias og jakten på havets gull“ - Noregspremiere

Lisjesalen

11 des.

Jul i Førdehuset

Heile huset

11 des.

Elitekamp Volleyball, kl. 16.00 Førde - Tromsø

Idrettshallen

12. des.

Elitekamp Volleyball, kl. 12.00 Førde - Tromsø

Idrettshallen

17. des

“Tron; Legacy“

Lisjesalen

28 des.

Romjulsdansen

Festsalen

29. des

Juleturnering i fotball

Idrettshallen

Møte-/kurslokale i Førdehuset: Kva skjer i tida framover? Sjå kalenderen på www.fordehuset.no Leige lokale til møter/kurs: 57 72 19 00 8


Månadsfoldar desember 2010