Page 1

Teater-Kino-Galleri-Bibliotek-Symjehall-Idrettshall

Februar 2010

www.fordehuset.no

Prinsessen og frosken på kino frå 19. februar

Ole Brumm

Jon Eikemo:

Stoppestaden

Teater for heile familien! laurdag 6. mars kl 15.00

Per Sivle - ikkje lenger enn min kjærleik rekk torsdag 4. mars kl 19.00

26. feb. - premiere og 13. mars kl 18.00


Jon Eikemo: Per Sivle - ikkje lenger enn min kjærleik rekk

For nokre år sidan la Jon Eikemo Noreg for sine føter med diktarportrettet av Jakob Sande. No presenterer han ein annan sentral skald frå skulesongboka, diktaren, sogeforteljaren og journalisten Per Sivle (1857-1904). Sivle levde i ei brytingstid og var sterkt prega av dei store politiske tema i tida, parlamentarisme, demokratisering og nasjonalt sjølvstende. Han var ikkje redd for å stikke hovudet fram og kom ikkje frå striden utan rifter i pelsen. Livet hans slutta tragisk, men han etterlet seg nokre av dei flottaste songane i den norske songskatten, som "Den fyrste song", "Vesle lerka", ei rad patriotiske dikt og skjemtesoger, særleg Vossa-stubbar som er blant det beste i humoristisk forteljekunst. Men den Sivleteksten som kanskje flest kjenner og som har gjort sterkast inntrykk heilt frå Nordal Rolfsens lesebok og tvers gjennom alle Egners lesebøker, er forteljinga om hunden Hall i den gripande soga Berre ein hund. I framsyninga Per Sivle - Ikkje lenger enn min kjærleik rekk gjev Jon Eikemo oss smakebitar frå Sivle si dikting og scener frå eit omflakkande liv. Eikemo har musikalsk hjelp frå pianisten Olga Konkova og frå musikar og komponist Kjetil Bjørnstad som har komponert musikk til utvalde tekstar av Per Sivle. På piano: Olga Konkova. 1 1/2 time + pause

Førdehuset, torsdag 4. mars kl 19.00 Billettbestilling på telefon 57 72 19 00 www.førdehuset.no 2


Ole Brumm

I Hundremeterskogen denne dagen møter Ole Brumm og Nasse Nøff eit litt skummelt, hoppande vesen dei aldri har sett før. Men kanskje nokon andre veit kven det er, og kanskje nokon kan hjelpe Ole Brumm og Nasse Nøff med å finne ut kva dette vesenet heiter? Og ikkje nok med det, Tussi har mista halen sin og den må vi no også finne! Du skjønar at vennene i hundre-meterskogen treng masse hjelp frå borna som kjem på teaterframsyninga. Dersom du kjem med ei teikning, og torer å helse på Ole Brumm også, ja då vert han glad då! Sidan 1997 har Oslo Barneteater underhelde born i heile Noreg med sine framsyningar. Men ingen har reist så mykje som Ole Brumm og venene hans! Etter over 600 framsyningar, kjem dei no til Førdehuset. Hjarteleg velkomen til Hundremeterskogen og teateroppleving for heile familien!

Førdehuset, laurdag 6. mars kl. 15.00 3


Tomme Tønner No. gangsterkomedie. 1t. 27 min. (11 år) Ungdom/ vaksne. Regi: Leon Bashir, Sebastian Dalén. Med; Leon Bashir, Anders Danielsen Lie, Kristoffer Joner, Jenny Skavlan, Kim Bodnia, Yasmine Garbi, Stig Frode Henriksen, Tommy Wirkola, Lene Alexandra Øien. Endeleg går det vegen for gutta. Dansken har gitt dei ein enkel jobb og dei er på veg opp. Men på mirakuløst vis går alt til helvete, og før dei veit ordet av det skuldar dei kongen av Oslos underverd ein halv million. Det er ikkje bra. Ikkje i det heile tatt.

Den fantastiske Mikkel Rev Noregspremiere Am. animasjon. 1t. 27 min. 7 år. Den Fantastiske Mikkel Rev er den første animasjonsfilmen til regissør Wes Anderson. Her vert det nytta handlaga stop-motion teknikk for å fortelje den kjende historia frå barneboka til Roald Dahl. Herr og Fru Rev lever eit idyllisk liv saman med sonen. Ask og den unge nevøen Krisoffersen. Etter tolv år i dette rolege tilvære byrjar Herr Rev å kjenne på sine dyriske instinkt, og det tek ikkje lang tid før han er tilbake i gamle vaner med å stele mat på nabogardane. Med å gjere dette set han ikkje berre seg og familien sin i fare, men òg alle dei andre dyra i området…..

Faustas perler Peru. Drama. 1t. 38 min. (Alle) Vaksne. Ei poetisk reise frå frykt til fridom. Den unge kvinna Fausta har nettopp sett mor si sovne stille inn i ein landsby i Peru. Fausta ynskjer å oppfylle mora sitt siste ynskje om ein gravplass på fødestaden. Men Fausta har ingen pengar, og har i tillegg stor angst for omgjevnadane. Likevel bit ho tennene saman og tek jobben som hushjelp hjå ein eldre kvinneleg komponist. Når ho kjenner angsten kome, byrjar ho å syngje. Improviserte songar som komponisten snappar opp og utviklar vidare. Samstundes spirer ein gryande venskap mellom Fausta og gartnaren til komponisten. Ho har starta den lange reisa vekk frå angsten. Regi: Claudia Llosa Skuespillere: Magaly Solier, Susi Sánchez, Efraín Solis, Marino Ballón 4

- Storsalen Fr. 29. kl. 20.15 Su. 31. kl. 20.15 Ty. 02. kl. 20.00 On. 03. kl. 20.30 To. 04. kl. 20.00 Fr. 05. kl. 20.00 Su. 07. kl. 20.30 On. 10. kl. 20.30 To. 11. kl. 21.00

- Storsalen / Lisjesalen Fr. 5. kl. 18.00 Lau. 06. kl. 13.00 Su. 07. kl. 18.30 Ty. 09. kl. 18.00 On. 10. kl. 18.30 To. 11. kl. 18.00 Su. 14. kl. 17.00 Ty. 16. kl. 18.00 On. 17. kl. 19.00 To. 18. kl. 18.00

- Lisjesalen Fr. 05. kl. 19.30 La. 06. kl. 13.30 Su. 07. kl. 18.00 kl. 20.00 Ty. 09. kl. 20.00 To. 11. kl. 20.00


Still Walking

- Lisjesalen -.

Japansk drama. 1 t. 54 min. Alle. Fr. 12. kl. 19.30 Lågmælt og humoristisk om familieband. Familien Yokohama samlast kvart år hos foreldra på minneda- Su. 14. kl. 19.00 gen for eldstesonen som døydde i ei drukningsulykke. Ty. 16. kl. 20.00 Seniorfilm Dette er eit familietreff kanskje ingen i familien eigentOn. 17. kl. 11.00 leg ser fram til, særleg ikkje den attlevande sonen Ryoto. Ryoto er arbeidsledig og har eit anstrengt forhold til faren som ikkje klarer å akseptere at sonen svikta familietradisjonen og ikkje vart lege som han sjølv. At han også har gifta seg med ei kvinne som har eit barn frå eit tidlegare ekteskap hjelper heller ikkje på. Søstera Chinami synest derimot å sleppe unna foreldra sitt kritiske blikk. Ho er tilsynelatande nøgd med tilværet sitt med mann og barn.

Percy Jackson & Lyntyven Noregspremiere Am. Fantasy. 2 t. 01 min. 11 år Percy Jackson er i ferd med å bli utvist frå skulen... igjen. Men det er ikkje det største problemet. I det siste har nemleg historiebøkene med mytologiske monster og greske gudar blitt litt for levande. Og ikkje nok med det - han har erta på seg nokre av gudane! Eit av Zevs sine våpen har blitt stolne, og Percy er hovudmistenkt. Det er ikkje spesielt smart å gjere Zevs sint, og no har Percy ti dagar på å bevise at han er uskuldig.

Paranormal Activity Grøssar/skrekkfilm frå USA. 1t 26 min. 15 år. Regi: Oren Peli Skuespillere: Micah Sloat, Katie Featherston, Mark Fredichs, Amber Armstrong, Randy McDowell. Gjer deg klar for årets desidert mest skremmande grøssar. Kik ut bak samanklemde auge. Innta skrekkfilmmodus, heilt yttarst på stolkanten. Eit ungt par mistenker at huset deira er heimsøkt av noko ukjent og farleg. For å skaffe bevis installerer dei eit overvakingskamera som skal registrere alt som skjer når dei søv. Materialet frå kamera gjev ein grøssande, Blair Witchaktig effekt som fekk avisa LA Weekly til å omtale filmen som årets mest skremmande.

- Storsalen / Lisjesalen Ty. 16. kl. 18.30 On. 17. kl. 18.30 To. 18. kl. 18.30 La. 20. kl. 13.30 Su. 21. kl. 18.00 Ty. 23. kl. 18.30 To. 25. kl. 13.00 To. 25. kl. 18.30

- Storsalen Ty. 16. kl. 21.00 On. 17. kl. 21.00 To. 18. kl. 21.00 Fr. 19. kl. 20.30 Su. 21. kl. 21.00

5


Prinsessen og frosken Noregspremiere Eventyr / Animasjon / Komedie / Musikal frå USA. 1 t. 40 min. 7 år. Frå skaparane av "Den lille havfruen" og "Aladdin" kjem ein moderande vri på ein klassisk historie, med ei nydeleg jente ved namn Tiana (ANIKA NONI ROSE), ein froskeprins som desperat ønskjer å bli menneske igjen, og eit skjebnesvangert kyss som leier dei begge ut på eit hysterisk eventyr gjennom dei mystiske "bayous" i Louisiana. PRINSESSEN OG FROSKEN markerer tilbakekomsten av handteikna animasjon frå det velrenommerte teamet til John Musker og Ron Clements, med musikk av den Oscar vinnande komponisten Randy Newman

Avatar Am. action/sci.fi. 2t. 42 min. (11 år) U/V. I dette fantastiske actioneventyret tek skaparen av Titanic, James Cameron, oss med til ei ny og spektakulær verd. På den fjerne månen Pandora må ein ufrivillig helt leie kampen for å redde ein heil sivilisasjon. Etter fire år med produksjon, leverer AVATAR ei heilt ny filmatisk oppleving. Her forsvinn den banebrytande teknologien som er oppfunnen for å laga filmen inn i filmen si forteljing.

Did you hear about the Morgans? Am. komedie. 1t. 30 min. (11 år) Ungd/Vaksne Regi: Marc Lawrence Med: Hugh Grant, Sarah Jessica Parker, Sam Elliott. Paul og Meryl Morgan er eit energisk New York-par som har glidd frå kvarandre. Dei har prioritert profesjonell og sosial suksess føre ekteskapet. Under eit mislukka forsøk på gjenforeining, har dei uflaks nok til å bli vitne til eit mord. Dei må flytta til ein liten by i Wyoming som del av eit vitnebeskyttelsesprogram. Under nye identitetar slit dei med å gli inn i livet på landet, der alle har våpen, flanellskjorter og veit alt om kvarandre. Dei blir tvunge til å reparere det havarerte ekteskapet og gjenopprette verdiane i livet…..

Det regner kjøttboller Am. animasjon/komedie/familiefilm 1 t. 30 min. 7 år. (USA 2009 - Cloudy With a Chance of Meatballs) Regi: Chris Miller, Phil Lord Norske stemmer. Ein kjempemorosam komedie Eit ungt geni må redde verda då matoppfinnelsen hans klikkar og fører til at kjøttbollar på storleik med Cadillac'er og mais store som Eiffeltårnet fell mot jorda. Denne data-animerte filmen er inspirert av Judi og Ron Barrett si bestselgjande barnebok. 6

- Storsalen Fr. 19. kl. 18.00 La. 20. kl. 13.00 Su. 21. kl. 16.30 Su. 21. kl. 18.45 Ty. 23. kl. 18.00 On. 24. kl. 18.30 To. 25. kl. 12.30 To. 25. kl. 18.00

- Lisjesalen Fr. 19. kl. 18.30 Su. 21. kl. 20.00 On. 24. kl. 19.00 Fr. 26. kl. 19.00

- Storsalen Ty. 23. kl. 20.15 On. 24. kl. 20.45 To. 25. kl. 20.15 Fr. 26. kl. 19.30

Frå 14. mars..


Førde bibliotek Lesestund

Symjehallen

Lesestund i biblioteket måndag 15. februar kl. 10.30. For barn mellom 3 og 6 år. Tema denne dagen er krokodiller.

På nattbordet Kva bøker trur du menn har på nattbordet? Kva liker menn å lese? På biblioteket jobbar det berre kvinner og statistikken viser at ein stor del av utlånet er til kvinner. Derfor har vi spurt ein del kjente og ukjente menn om å fortelje kva dei les. Kom og sjå utstillinga av nattbordet til kjente menn i Førde.

Born under 10 år i følgje med vaksne. Sesongkort? Ta med bilete. Sal av klippekort Tysdag - fredag familie 18.00 - 20.00 vaksne 20.00 - 21.00 Laurdag

vaksne 10.00 - 11.30 familie 12.00 - 15.00

Søndag

familie 15.00 - 19.00

Vassklie 38 m, stupebasseng, 25 m basseng med 28 0C, barnebasseng, leiker til vassleik. Vi sel badeartiklar som antiklor-shampo, symjebriller, armvinger og badebleier.

Billettbestilling, telefon 57 72 19 00 i opningstida til Servicetorget og Resepsjonen i Førdehuset. Henting av tinga billettar og sal av billettar: Servicetorget (Førde kommune), Sentrum Sør 08.00 - 15.30 Måndag - fredag Førdehuset, resepsjonen når det er kino / bading / konsert eller teater Måndag 12.30 - 16.00 Tysdag-fredag 12.30 - 21.00 Laurdag 12.00 - 15.00 Søndag 15.00 - 21.00

Bokbussen Onsdag 17. februar Angedalen skule Sunde oppvekstsenter Sunde barnehage

Tidspunkt: kl. 8.30 - 9.00 kl. 9.20 - 11.05 kl. 11.05 - 11.20

Torsdag 18. februar Karstad skule Frøysland skule Hårklau Røyrvikfloten Holsen skule

Tidspunkt: kl. 8.45 - 9.15 kl. 10.45 - 11.35 kl. 11.45 - 12.00 kl. 12.10 - 12.25 kl. 13.10 - 13.50

Førde Bibliotek 11.00 - 16.00 Måndag og fredag Tysdag, onsdag, torsdag 11.00 - 20.00 Laurdag 11.00 - 15.00 Kunstsenteret Tysdag, onsdag, fredag Torsdag Laurdag Søndag

Med atterhald om eventuelle feil og endringar i programmet

tlf. 57 72 19 36 11.00 - 16.00 11.00 - 18.00 12.00 - 15.00 15.00 - 18.00

7


Stoppestaden av Julian Garner - ein psykologisk thriller frå jazzmiljøet i New Orleans på 1920 og 30-talet. Den rike jazzsamlaren Joe står og blar seg gjennom jazzavdelinga i ein stor bokhandel i New York. Det neste han veit er at han vaknar på eit ikkje alt for fint hotellrom i New Orleans. Kidnapparane veit alt om den brennande og lidenskapelege interessa han har for 1920-åras jazzklarinettist, Leon Roppolo og dei gir han eit tilbod han ikkje kan avslå... Joe legg ut på ei halsbrekkande reise inn i hovudet, kroppen og sjela til sin mystiske helt.

Førdehuset, fredag 26. februar kl 19.00 - Premiere framsyning laurdag 13. mars kl 18.00

Utstilling: Syn:tese Beret Aksnes, Per Formo og Annika Borg. I utstillinga syn:tese møter vi den kunstnarlege syntesen av matematiske, statistiske og estetiske undersøkingar utført av tre kunstnarar på kvar sitt vis.

Kunstsenteret 22.jan - 7.mars

Det skjer i Førdehuset

Billettar 57 72 1900

22.1 - 7.3

Syn:tese. Beret Aksnes, Per Formo, Annika Borg

Kunstsenteret

17.2

Seniorfilm: Still Walking

Lisjesalen

18.2

Konsert: Exeter Domkirkekor, England

Førde kyrkje

20.2

Volleyball Elitekamp: Førde - Nyborg, kl 16

Idrettshallen

26. 2

Stoppestaden av Julian Garner - SoFt

Teatersalen

27.2.

Volleyball Elitekamp: Førde - Kristiansund, kl 16

Idrettshallen

Møte-/kurslokale i Førdehuset: Kva skjer i tida framover? Sjå kalenderen på www.førdehuset.no Leige lokale til møter/kurs: 57 72 19 00 8

Kulturprogram Førdehuset  

Kulturprogram for februar i Førdehuset med kinoprogram og andre kulturarrangement

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you