Page 1

I helga var ungdommar frå Årdal, Oslo og Vestre Toten samla på Jotnavåken. På fredag kom ungdommane frå Årdal opp fyrst og byrja og laga pizza og tomatsuppe som alle kunne kosa seg med då dei kom opp. Heidi, Edvard, Kristoffer, Vegard og Gaute stod for maten. Etter at alle hadde ete, samlast me i stova der leiarane forklarte kva opplegget i helga gjekk ut på. Alle ungdommane blei oppdelte i seks grupper, gruppene var blanda med ungdommar frå Årdal, Oslo og Toten.

Det fyrste me skulle gjera var å laga og fortelja ein historie i Severin Suveren stil, der alle fjellvett reglane skulle vera med. Vinnar av konkurransen: Gruppe 6 (William, Thomas, Martin og Trond)


Rett etterpå var det ein IQ konkurranse, som sjølvsagt blei vunne av William og Trond! Etter det vert det fri aktivitet resten av kvelden og det vert knytte nye beljendskap.

Laurdagen:

Det starta med at gruppe 1 laga frukost, som bestod av brødmat, egg og bacon. Gruppe 2 rydda opp etter frukosten. Etter ei stund var det klart for skitur, det var nokre som ikkje hadde så lyst, men dei blei med uansett. Før skituren vert det utnemnd ein leiar for kvar gruppa. Leiaren hadde ansvaret for kart og kompass, og å organisera. Under skituren var det ulike oppgåver som ungdommane skulle svara på. Skituren var vellykka, og alle virka til og ha det kjekt.


Etter skituren var det fem grupper som hadde likt med poeng, derfor blei vinnaren avgjort med ein ekstra konkurranse. Konkurransen blei vunne av gruppe 5, tett følgt av gruppe 6 på ein andre plass.

Før middagen vert det utdelt følgjande prisar: Årets unnasluntrarar: Thomas, William og Fredrik for å komma med gode unnskyldningar for å ikkje hå på ski. Beste fall: Mette


Beste stil: Sigrun Årets danskar: Gaute og Morten for å ikkje ha med seg ski. Mest forbanna person: Martin

Laurdags ettermiddag gjekk for nokon ut på å vera ute å køyra scooter, snørekøyra eller aka. Mens andre føretrakk og vera inne og slappa av.

Seinare på kvelden vert det arrangert både skihoppkonkurranse og aking, der akinga var betraktleg meir attraktiv enn skihoppinga. Middagen på laurdag var taco som vert laga av gruppe 3. Seinare på kvelden var det fri aktivitet. Søndag: Frukosten på søndag var den same som på laurdag, brødmat, egg og bacon. Det var gruppe 5 som laga frukosten og gruppe 6 som rydda opp. På søndag var det ein hovudkonkurranse som starta tidleg på dagen. Konkurransen hadde forskjellige øvingar: Beste kamprop – best tekst og mest bruk. Vinnar: Gruppe 6 Miniskilaup: Vinnar: Gruppe 6 Leiting etter gjenstandar i snøen. Vinnar: Gruppe 6


Aking. Vinnar: Gruppe 5 Skulpturlaging. Vinnar: Gruppe 6 Poengoversikt etter alle øvingane, topp to: 1. plass: Gruppe 6 – 45 poeng 2. plass: Gruppe 5 - 15 poeng Stort sett har gruppe 6 vunne nesten alt denne helga.

Oppe frå venstre: Martin og Thomas Nede frå venstre: Trond og William Før middag blei dei siste titlane delt ut: Beste vaffelsteikar: Lene for å ha steikt vaffel i to og ein halv time. Humorprisen: Erlend og Erik Årets hoppar: Kjetil Hansen fordi han var den einaste som møtte opp Singstar konge: Fredrik Årets helgeflørt: William og Renate <3 Sofagrisen: Anne Lene NF’s beste hytte: NF Årdal v/ Andrè Vindedal Dei besøkjande frå Oslo og Toten reiste heim ca 14.00 Årdølene var att og rydda heile hytta før dei reiste heim.

/oppsummering  

http://www.folkehjelp.no/filestore/oppsummering.doc

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you