Page 1

Førde - eit godt alternativ


Førde Stor felles arbeidsmarknad

F

ørde by er fylkessenter i Sogn og Fjordane, og kommunen har ca 12.000 innbyggjarar. Men kommunane i Sunnfjord gror meir og meir saman, og Førde ligg såleis sentralt i ein felles arbeidsmarknad i ein region som omfattar nærare 30.000 menneske.


Førde Mange tilbod på fritida

I

nnanfor ein radius på ein time kan du nå kysten, spennande og variert turterreng, isbrear og eit rikt utval av fjordar, elvar og vatn som gir eit breitt fritidstilbod til innbyggjarane i Førde. For fiskeinteresserte er distriktet eit eldorado. 15 minutt frå byen ligg dessutan ei ny golfbane, alpinanlegg og eit større skianlegg med løysløyper i eit variert terreng.


Førde Utdanning på høgt nivå

F

ørde har eige høgskuletilbod – sjukepleiarhøgskule og ingeniørhøgskule. I tillegg ligg det ein teknisk fagskule i byen. Her finst også vidaregåande skular med studieretning for allmennfag, yrkesfag og landbruk. Førde har også eit godt grunnskuletilbod, med særs høg kvalitet. Førde kom på andreplass i kåringa av best skuleeigar 2008.


Førde Variert arbeidsliv

A

rbeidslivet i Førde kommune tel vel 6500 årsverk. Av desse er over 800 tilsette i bedrifter som mellom anna produserer skip, kartong- og betongprodukt. I tillegg har Førde ei rekkje finans- og andre servicebedrifter, og arbeidsmarknaden er stor når det gjeld sektorar som it, bygg og anlegg, helse, media og hotell og restaurant.


Førde Tyngdepunkt i kulturlivet

F

ørde er “kulturhovudstaden” i Sogn og Fjordane, med eit stort og moderne kulturhus som naturleg samlingspunkt for mellom anna eit profesjonelt teater, forutan galleri og bibliotek. Førdehuset har også store innandørs areal til idrettsformål, og eit moderne basseng. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er blitt ei nasjonal kulturhending som samlar nærare 30 000 tilskodarar kvar sommar. Midt i Førde sentrum er det planlagt eit nytt bygg som skal huse Sogn og Fjordane kunstmuseum.


Førde Sentrum for handel

F

ørde er det største handelssenteret mellom Ålesund og Bergen, og er ein naturleg møtestad for 45.000 personar som bur innanfor ein radius av ein times reise. Difor ligg Førde heilt i landstoppen når det gjeld omsetnad per innbyggjar, noko som avspeglar seg i eit variert forretnings- og servicetilbod som gir sysselsetjing til vel 1000 personar.


Førde Kompetanse til utvikling

F

ørde og Sunnfjord er veleigna til etablering og utvikling av kunnskapsbedrifter. Eitt døme er Lotteri- og stiftelsestilsynet som etablerte seg i Førde frå januar 2001, og som i dag har ca 45 tilsette. Tilsynet, som også har direktoratfunksjon, rekrutterte alle sine nøkkelpersonar lokalt, og har på kort tid bygt opp ny juridisk og teknisk kompetanse på fleire område. Sparebanken Sogn og Fjordane, fylket sin største bank, har hovudkontor i Førde. Nyetableringa Gjensidige Bank har også sitt hovudkontor i Førde.


Førde Sentralt pü Vestlandet

F

ørde har direkte flysamband med Oslo og Bergen. Byen ligg elles kommunikasjonsmessig sentralt til ved E39 som bind Vestlandet saman, og har daglege ekspressbussruter til Oslo, Bergen og Trondheim.


Førde Godt helsetilbod

A

dministrasjonen for helseføretaket Helse Førde er plassert i Førde. Her ligg ogs Førde sentralsjukehus, og gir regionen eit godt helsetilbod. Sjukehuset er den største arbeidsplassen i kommunen. I 2007 var det nær 1400 tilsette ved sjukehuset. Førde har også nyleg fullført ei større utbygging av sjukeheimstilbodet.


Produksjon: Inform Media. Foto: Debra Foto / Inform Media / Arne Stubhaug / Kjersti Lien

Førde - eit godt alternativ

FØRDE

HORDALAND

www.forde.kommune.no

Ordførar Nils Gjerland nils.gjerland@forde.kommune.no Telefon 577 22 001

Rådmann Ole John Østenstad ojo@forde.kommune.no Telefon 577 22 002

FØRDE KOMMUNE Pb 338, Hafstadv. 21, 6801 Førde Sentralbord: Tlf. 57 72 20 00, Fax: 57 72 20 10 Postmottak@forde.kommune.no

Presentasjon Førde  

Presentasjon Førde

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you