Issuu on Google+


Bremanger

Svelgen Kalvåg

Sommarbyen Florø JUNI 2. 3. 15. 15-16. 16-17. 22-24. 22- 23. 23. 29-30.

Hovden

Motbakkeløpet Høvlandstølen Opp i Eikefjord Nordsjøløypedagen på Hovden i Flora Himmel og Hav: Sildebordet i Florø Himmel og Hav: Florø Musikkfest Himmel og Hav: Kinnaspelet i Flora Veikingkonvoien i Flora/Naustdal Slåtterock i Vevring Nyopning i Sørstrand Folkepark i Florø SommarFlora-festivalen i Florø

JULI 6-7. 7. 7. 8. 12-14. 21.

Batalden

Øyacupen på Askrova Florø Blues & Rock Vetenløpet i Bremanger Opning av kunstutstilling på Svanøy Musikkweekend i Bremanger Fiskekonkurransen på Askrova

AUGUST 1-4. 2-4. 2-5. 17-19. 25-26.

Skorpa Florø Reksta

Rognaldsvåg

Kinn

Stavøya

Askrova Svanøy Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee / Redaksjon: Svend Arne Vee, Arve Solbakken, Liv Standal, Annbjørg Hauge Nygård, Dag Nesbø Frøyen. / Grafisk design: Firda Media / Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk

Kystkulturfestival i Kalvåg Sommarrevy i Florø Havsportfestival i Florø Eikefjorddagane 2012 Nordgulen Høgt og Lågt, Svelgen.

SEPTEMBER 2. 4H sin kystdag i Florø.


SOMMARBYEN SIDE

Ă…lfoten

3OMMAROPE  n -Ă?NnFREn ,AURnSÂ’Nn +YSTMUSEETERDISTRIKTSMUSEETFORKYSTENAV3OGNOG &JORDANEOGINNEHELDUTSTILLINGARAVLOKALEBĂ?TAR FISKERI OM FISKAR BONDENSINHEIMFRĂ?KRINGĂ?R OGFLEIREMINDRE UTSTILLINGARMA SJÂ’FUGL OM&LORÂ’SIHISTORIEOGSKIFTANDE UTSTILLINGAR v3NORREANKERETvFORTELMEDSTORE MODELLAROGFOTOOMOLJEEVENTYRETI.ORDSJÂ’EN

Tlf. 57 74 22 33 For meir informasjon, sjĂĽ vĂĽr heimeside www.kyst.museum.no

MARITIM ELEKTRONIKK

Spør oss om VÅR PRIS!

¡ Vi utfører nyinstallasjoner ¡ Modernisering ¡ Eget serviceverksted ¡ Vi har utstilling av utstyr for demo - sentralt v/havna i Florø

Maritim elektronikk

3


SOMMARBYEN JUNI /SIDE

4

NY REKORD: Vinnar i kvinneklassen Audhild Hestad tok seg relativt lett til topps på vegen til Hovlandstølen.

Foto. Maiken Aa. Solbakken

Gler seg til sterke stølstider EIKEFJORD: – Det er stort at så profilerte idrettsfolk deltek og at det vart løyperekord i begge klassane i fjor. No er vi spente på årets sluttider på stølen, seier Anders Ole Sunnarvik ARVE SOLBAKKEN arve@firdaposten.no

Vinnar av herreklassen i fjor vart skiløpar Anders Aa. Djupvik frå Hyen. I dameklassen

vann maratonløparen Audhild Hestad frå Gaular. – Nytt av året er at vi er komne med i Sogn og Fjordane-løpskarusellen for motbakkeløp, fortel Sunnarvik. 3. juni er det Hovlandsstøylen Opp i Eikefjord. Saman med Storehaugen Opp i Lærdal, som gjekk 12. mai, og Svinestrandløpet i Gloppen 9. juni, er desse tre løpa med i Sog og Fjordane-karusellen. Dei som deltek i alle løpa er med i konkurransen om fine premiesjekkar. Dessutan vert det også ei flott t-skjorte til alle som fullfører dei tre motbakkeløpa. Motbakkeløp er i skotet som aldri før, og den-

VINNARANE: Roger Aa Djupvik og Audhild Hestad vann komfortabelt i fjor.

ne karusellen har løp som er varierande med omsyn til både lengde, stigning og løpsunderlag. Karusellen er dessutan eit godt tilbod til dei som ønskjer ei lokal variant til t.d. Noregs-cupen. Både Hovlandsstøylen Opp og Svinestrandløpet er også sjølvstendige løp, med eiga premiering. På Hovlandstølen deltok det 200 personar i alle aldrar som fekk dyrke friluftslivet på ein strålande vakker dag. Målstreken er å finne på 474 høgdemeter etter ein 3500 meter lang grusveg. Sunnarvik lovprisar naturen og engasjementethos medarbeidarane, som gjer det mogleg å arrangere år etter år.

PRIMUS MOTOR: Anders Ole Sunnarvik og Hanne Lid i arrangørklubben Eikefjord Idrettslag.


Ă…RETS Ă…RETS SSTORHELG TOR O HELG I FLORĂ˜! FLORĂ˜! 14. 14. - 17. 17. JUNI JUNI

4JMEFCPSEt,JOOBTQFMt-BLTFOT%BH 4JMEFCPSEt,JOOBTQFMt-BLTFOT%BH 'PUCBMMLBNQ#SBOO'ZMLFUt4JMEFEBOTt*STLNVTJLLt7FUFSBOCJM 'PUCBMMLBNQ#SBOO'ZMLFUt4JMEFEBOTt*STLNVTJLLt7FUFSBOCJM Det vert stor aktivitet i heile by`n heile helga med bodar, musikkfestival, mat og underhaldning

77&-,0..&/5*-ÂŻ3&544503)&-(*'-03Â? &-,0..&/ 5*- ÂŻ3& 54 4503)&-( * '-03Â?


SOMMARBYEN JUNI /SIDE

6

POLITIKARMAT: Dåverande ordførar Bente Frøyen Steindal og ordførarkandidat Bengt SolheimOlsen under fjorårets kokkekamp, sekundert av Tryge Johan Sol heim frå Hjortesenteret på Svanøy. Foto: Maiken Aa. Solbakken

LAURDAG 16. OG SØNDAG 17. JUNI 2012 (KVART ÅR – 3. HELGA I JUNI)

Kinnaspelet blir framført på ei utandørs scene som ligg mellom fjellsida og den gamle steinkyrkja, der kyrkja og naturen rundt også blir teken i bruk. Publikum sit i eit naturleg, lunt amfi under det stupbratte Kinnafjellet, med grøne bakkar, blått hav og høg himmel som kulisser. Opplevinga startar med ei vakker båtreise gjennom skjergarden ut til Kinn. Sjekk vår webside, www.kinnaspelet.no, for meir informasjon om speletider og alt vi har å tilby. Kinnaspelet blir framført i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater, musikarar og 155 amatørar. Tekst: Rolf Losnegård Musikk: Per Janke Jørgensen Instruksjon: Bodil Kvamme

www.softeater.no

Meir om spelet og billettar: Kinnaspelet, Postboks 111, 6901 Florø Tlf. 57 75 25 30 Mob. 918 86 264 E-post: kinnaspelet@gmail.com www.kinnaspelet.no

NATVIK, FLORØ

FOTO: ODDLEIV APNESETH

SONGEN VED DET STORE DJUP

Fiskehandlere med det «lille ekstra» Totalt har vi over 125 års erfaring – – – – –

humør arbeidsglede erfaring kompetanse innsatsvilje

Alle sier at det er prisen som teller – og det gjør den selvsagt også. Men Norwell har det «lille ekstra» – et pågående team av løsningsorienterte ansatte. Norwell vil ha flere oppdrettere med på laget ...

Fugleskjærgt. 8, N-6900 Florø, Norway - Phone: +47 5775 0000 - Fax: +47 5775 2010 Ê̈ÊʇÊÜÜÜ°>̈>>°˜œÊUʜ̜\Ê }ˆÊ>À`>


SOMMARBYEN JUNI /SIDE

7

Glad laksedag på Torget FLORØ: I fjor kom nyskapinga Laksens Dag inn som eit element laurdagen i Himmel og Havhelga. Det vart ein innartiar for både publikum og næringa sjølv. LIV STANDAL liv.standal@firdaposten.no

– Men i år har vi leigd inn folk til å hjelpe oss. Vi har overlete den praktiske delen av arrangementet til Hipphipp Flora. Det betyr at vi vil få meir tid til å fronte næringa og prate med folk, seier Øyvind Kråkås, informasjonsmedarbeider i Salmon Group.

KOKKEKAMPAR Ifjor fekk vi sjå kokkekampar mellom komikarar og politikarar på den eine sida og elevar frå Flora ungdomsskule på andre sida. Dommar og kjendiskokk Ole Johnny Eikefjord let det ikkje vere tvil om at dei yngste drog i land sigeren ved å kommentere florakjendisane si kokkelering slik: «Eg hadde klaga om eg fekk dette til lunsj». Også i år vert det kokkekampar på Torget. Opplegget i år vil bli litt annleis, og Kråkås røpar at ein av duellane vil bli mellom Embla Belsvik og Malene Indrebø-Langlo, fylkesleia-

TV-KOKK: Frode Aga er kjend frå mellom anna tvprogrammet Kokkekamp og har vore kjøkensjef på Sunnfjord. Foto: APOR

SKEPTISK: Ole Johnny Eikefjord var i fjor ikkje nøgd med maten han fekk servert frå dei vaksne deltakarane.

rar i høvesvis Unge Høgre og AUF, og dei vil få hjelp og innspel frå Frode Aga, kjend frå tv og tidlegare kjøkensjef ved Sunnfjord Hotell i Førde. Dette vil føregå i eit stort telt, med scene og god plass til folk. Då skulle ein vere godt sikra mot alle slags påfunn frå vêrgudane.

og vinnare vil få ein kunstpremie, i tillegg til heider og ære. Som i fjor vil Røde Kors stå for grillmaten, og fleire lokale aktørar vil vere til stades for å dele ut smaksprøver, mellom andre Svanøy Røykeri. Sildebordscena i Strandgata vil også vere i bruk under lakse-arrangementet laurdag. Irsk folkrock sitt superband The High Kings, som spelar på Haavebua fredag, vil dukke opp her laurdag og gi ein gratiskonsert. Og med det uttalte mål frå dei som står bak arrangementet om å bringe laksen ut til folket, reknar vi med det byr seg rikelege høve til å sikre seg nokre himmelske smaksprøver frå havet.

ÅRETS GLADLAKS Også kåringa av årets gladlaks er ny av året. I invitasjonen til å foreslå namn, heiter ganske enkelt at vedkommande skal ha bidrege til å gjere Sogn og Fjordane eit kjekt fylke å bu i. Dei innkomne forslaga vil verte vurderte av ein jury,


SOMMARBYEN JUNI / SIDE

8

SILD I TØNNE: ... vert eit uimotståeleg uttrykk i denne samanhengen. Slik kan det ta seg ut i Strandgata under Sildebordet. Dette er frå 2009 då nærare seks tusen menneske la vegen innom Florø si hovudgate. Sjølve Sildebordet sjåast som ei svak fure i folkehavet midt på biletet. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Stimar heim til Sildebordet

FLORØ: For mange utflytte florøværingar er det heller «heim til Sildebordet» enn «heim til jul» som er fasiten. LIV STANDAL liv.standal@firdaposten.no

Med litt varierande oppslutnad, har ein likevel sine ord i behald når ein snakkar om fleire tusen menneske i Standgata denne fredagen i juni. Sildebordet er startskotet for heile Himmel og Hav-helga, og verdas lengste sildebord kan, tradisjonen tru, også i år by på nye smakar. Ein variant med rømme, raudlauk og rogn skal vere godkjend for presentasjon, og i tillegg har ein laga ein vri på den velkjende tomatsilda. Om silda er hovudrolleinnehavar denne dagen, dukkar det også opp andre aktørar på Sildebord-scena. The Young Folk byr på irsk folkemusikk og velkjende Blue Horn Jazzband sender sine muntre tonar ut over folkehavet. Hovudartisten vert Vegard Leite frå Værlandet, kjend for sin andreplass i Idol. Men den viktigaste grunnen for mange til å gå på Sildebordet, er nok alle kjennningane. Ein treng salig god tid for å tråkle seg frå aust til vest i sildebyen denne kvelden.

SILD I SOL: Slik vil vi helst at bordsetet under Sildebordet skal vere. Arkivfoto: Kjartan Hjermann Døhlie

SILD I BØTTER OG SPANN: Tomatsild, rømmesild, banansild og nøttesild er nokre av variantane som har vore serverte gjennom åra. Arkivfoto: David Antonsen


SOMMARBYEN JUNI /SIDE

Marine Harvest Norway AS er Noreg sitt største oppdrettsselskap med 25% av den norske lakseproduksjonen og ei omsetning i 2010 på 8 mrd. kroner. Selskapet driv i heile verdikjeda frå stamfi sk, rogn, smolt, matfisk, prosessering, distribusjon og sal. Våre 1100 erfarne tilsette er fordelte langs kysten frå Agder til Nordland. Produkta våre blir hovudsakleg selde i Europa, Asia og Russland. Hovudkontoret til Marine Harvest Norway ligg i Bergen. Region West strekkjer seg frå Sognefjorden i sør til Hustadvika i nord.

Seafood for a better life

Regionen har 66 matfiskkonsesjonar og slaktar ca. 70.000 tonn årleg ved fabrikken på Eggesbønes i Herøy. Regionen har kontor i Måløy, på Eggesbøneset og i Ålesund. Marine Harvest Norway AS er eit dotterselskap av Marine Harvest ASA som er notert på Oslo Børs og har verksemd i 19 land.

Oppdrettsnæringa er ei relativt ung næring som stadig er i utvikling. Vi kan med handa på hjartet seie at våre tilsette knapt har ein kjedeleg dag på jobb.

Bli med oss i arbeidet med å forme framtida! I Marine Harvest Norway har vi meir enn 50 forskjellege stillingar innanfor mange fagfelt: Adm. dir.- Adm. sekretær- Automatikar – Fiskehelsebiolog – Biolog – Biologisk controller – Controller – Customer service – Driftsassistent – Driftsleiar ferskvatn – Driftsleiar sjø – Driftsteknikar (røktar) – Fabrikksjef – Fiskehelsesjef – Kvalitetssjef – Formann – Fôrkoordinator – HMSleiar – HR-direktør – Kantinemedarbeidar – Kvalitetskoordinator – Laboratorieingeniør – Lastevakt – Logistikkassistent – Logistikkoordinator – Lærling – Manager logistics – Manager Planning – Marketing Manager – Maskinist – Mekanikar – Planningkoordinator – Planning VAP – Produksjonsmedarbeidar – Produksjonssjef – Produktutviklar – Prosjektleiar – Prosjektmedarbeidar – Regiondirektør – Rekneskapssjef – Reinhaldar – Skippar –Teknisk ansvarleg – Teknisk sjef – Sales & supply chain Director – Salgsdirektør – Sales Manager – Veterinær – Økonomidirektør

Mange utdanningar kan gi jobb hos oss, enten du tek vidaregåande utdanning lokalt, høgskuleutdanning eller universitetsutdanning. Vi har bruk for flinke og motiverte tilsette innanfor mange fagfelt. Har du spørsmål, ta kontakt med oss for ein prat!

HAVNEVIK

Vi skaper trygge arbeidsplassar og verdiskaping i Sogn og Fjordane

www.marineharvest.com – tlf. 21 56 23 00

9


SOMMARBYEN JUNI / SIDE

10

TILBAKE PÅ OPPFORDRING: The Young Folk sin konsert på Haavebua i fjor var ein suksess, og mange ønskte dei tilbake.Her spelar dei under dekk på «Svanhild» i 2011. Foto: Svend A. Vee

Først Obama, så til Haavebua The High Kings er utan samanlikning Irlands største folk-rockband. Nyleg spelte dei for president Obama i Det Kvite hus på sjølvaste St. Patricks day, og 15. juni entrar gjengen scena i Florø. SVEND ARNE VEE svend@firdaposten.no

DEATH BY UNGA BUNGA: Har du sansen for 60talsinspirert uhøvla poprock, bør du ta turen til Haavebua laurdag 16. juni.

Himmel & Hav MUSIKKDELEN: ■ Fredag: Ettermiddagstur med «Svanhild» og sponsorkonsert på Knutholmen. Haavebua fredag 15. juni: Irsk kveld med The Young Folk og The High Kings. ■ Laurdag: The Young Folk og Death by Unga Bunga. Konsert under sildebordet: The High Kings.

– Det er nesten ikkje til å tru at vi endeleg har fått dei til Florø. Eigentleg har vi korkje plass eller råd, men av og til spelar tilfeldigheitene på lag, konstaterer Per Vidar Ottesen i Florø Rockklubb.

BLEI FLORØAMBASSADØRAR Det heile starta i fjor, då det irske folkrockbandet The Young Folk spelte på Haavebua. Opplevinga deira, med båttur til Knutholmen, speling på sildebordet og stor stemning på Haavebua, gjorde dei til gode Florø-ambassadørar. Og tilfeldigvis har bandets booking-agent heime i Irland gode kontaktar mot manageren til The High Kings. – Dei gode skussmåla og lysta på å oppleve Norge var nok grunnen til at dei sa ja, fortel Ottesen, som lenge har hatt irane som eit av favorittbanda sine.

– Dette er per i dag Irlands største folkrockband. Å få dei til Norge for første gong er stort, seier Ottesen. Florø Rockeklubb sin musikkfest inngår no i Himmel & Hav-konseptet. I år har rockeklubben bestemt seg for å gi musikkfesten eit solid irsk preg att. – Vi går litt tilbake til røtene, då vi hadde rein irsk festival. Så fredagen blir heilirsk med The Young Folk, som folk tykte svært godt om i fjor, før vi avsluttar med The High Kings, seier Ottesen.

60TALS RETROROCK Laurdag varmar Young Folk opp igjen, før det heile blir avslutta med eit spennande, nytt norsk band med det velklingande namnet Death By Unga Bunga. Urørt-heltane DBUU kom med si andre plate i vår, «The Kids Are Up To No Good», som har fått strålande mottaking. Musikken har tungt retropreg, og det er lett å høyre inspirasjonskjelder som The Cramps, The Hollies, Ike & Tina Turner, The Sonics og andre 60-talsheltar. DBUU blir ein festivalgjengangar i sommar og er booka inn til ei rekkje store jobbar, mellom anna Øyafestivalen. I tillegg til Haavebua-konsertane skal The High Kings også spele på Sildebordet og delta på skutetur med strandhogg i Kalvåg.


SOMMARBYEN SIDE

2 av 3 eksportkroner Over 62% av Norges inntekter fra fiskeeksport kommer fra havbruk.

Havbruk betyr mye for bosetting og aktivitet langs kysten. Finn ut mer på www.laks.no

Jobb x 2 For hvert årsverk innen havbruk skapes det 2 årsverk i andre næringer.

4 milliarder laksemiddager

Scan koden med din mobil for å se film!

Med laks fra Norge kan 75 millioner mennesker spise én laksemiddag i uka i ett år.

Dette er en annonse fra Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening. (Kilder: Fiskeri- og kystdepartementet; SINTEF)

11


SOMMARBYEN JUNI / SIDE

12

EWOS - verdensledende produsent av fiskefôr Havbruk er utpekt som en av de viktigste globale satsingsområder for å skaffe mat til en økende befolkning i verden. I Norge produserer havbruksnæringen laks tilsvarende 200 kilo per innbygger per år, og har blitt en viktig eksportør av sunn og rimelig mat til millioner av mennesker over store deler av verden. EWOS - knowledge makes the difference


SOMMARBYEN / SIDE

13

STØLSVANDRING: Triveleg på vollen. Biletet er frå ein familietur til Midtbøstølen i Nordalsfjord der rundt 60 menneske var på slåttebøen med ljå og rive, nok til å fylle ei oppsett hes.

Turist på naturlege stiar Kjem du som turist eller reisande hertil i sommar, vil vi råde deg til å søke ut i naturen. Flora Turlag kan hjelpe deg i veg. HARALD J. STAVANG harald@firdaposten.no

Her er saktens bratte fjell og brear å ta føre seg. Men for dei fleste trur vi største gleda ligg snublande nær; langs dei mange turstiane på Florelandet og i Brandsøyåsen. Her finn ein stort sett fram sjølv. Mange er merka, elles der det berre å spørje seg for. Flora Turlag har også noko dei kallar tirsdags-og onsdagsturar. Det stort sett kortare vandringar i nærleiken; på øyane, i åsane eller dei nære fjell. Kjentfolk går med på alle. Dei første starta i april, og går til det blir for mørkt utpå hausten. Dertil har vi «Ganglaget» kvar torsdag på dagtid. Det er rolege pensjonistvandringar i nærområdet. Turar og terminlister og er å finne på Flora Turlag si internettside. Her er fyldig informasjon om det meste, også om dei meir strabasiøse høgfjellsturar, bl.a. i Cecil W. Slingsby sine fotefar til Keipen (1365 m .o.h.), grensefjell mellom Flora og Bremanger kommune. Dagen er søndag 1. juli. Ein av det lettare slaget er å gå Nordsjøløypa frå Barekstad til Kvanhovden fyr. Her kan ein vandre i roleg tempo med forteljande vegvisar. Dette skjer på Hovdendagen søndag 3. juni. Mellom 60 og 70 ulike turar er å velje mellom, frå luftig «Nipenatt» langs toppane mellom Eikefjorden og Nordalsfjorden i halvskumringa like før jonsok, til matsøkande sopptur i skogen søndag 9. september. Nytt av året er ei krigshistorisk vandring frå

Monica Brandsøy Lystad (t.v.) og Signe Nordvik ved Flora Turlag si høgsdtliggande hytte, Gjegnabu.

Fellestur med Flora Historelag til vassbruksmiljøet i Terdalen.

Gløtt frå ein dag med Barnas Turlag - ved Storevatnet.

Himmel og Hav – frå klassikaren Øyane Øver. Utsikta er frå Høyskaret på Kinn og sørover Stavfjorden mot Alden.

Breivika og opp til fjellhylla der «Roska»-sendaren heldt til mot slutten av krigen. Barnas Turlag vil i år på Kinn og kombinere tur med å oppleve Kinnaspelet. Ein annan går saman med hagelaget til Askrova og andre interesserte. Stølsvandring i Eikefjord mot slutten av august er nytt i turlaget sin regi. Overnattingstur på Guleslettene med Barnas Turlag er ein annan nyskaping.

Av klassikarane går som vanleg fotturen til Børa, det store karakterfjellet i Flora, seglmerke langt til havs. For ikkje å snakke om andre klassikarar som til Blåbrebu og Ålfotbreen, og til Gjegnen (1670 m.o.h.), høgste fjellet i ytre Sunnfjord. Dei to siste er lange helgeturar med overnatting på Gjegnabu og Blåbrebu som turlaget har bygt og eig.


SOMMARBYEN JUNI / SIDE

14

Kinnaspelet

■ Sett av over 80.000 personar. ■ Har aldri avlyst ei framsyning. ■ Tekst av Rolf Losnegürd og musikk av Per Janke Jørgensen. ■ Framført av 160 amatørar og fem profesjonelle skodespelarar.

Slitesterkt sogespel ved havet KINN: Tradisjon for nokre, nytt og spennande for andre. Etter 27 ĂĽr har Kinnaspelet framleis stor tiltrekningskraft pĂĽ folk. LIV STANDAL liv.standal@firdaposten.no

No nĂĽr det nĂŚrmar seg den 28. oppsetninga, er det fĂĽ teikn til slitasje ĂĽ spore. Dei har heile vegen vore bevisste pĂĽ ĂĽ fornye seg og det er noko av grunnen til at Kinnaspelet har vorte eitt av dei mest slitesterke historiske spela vi har i Norge.

TO TEATERSJEFAR Spelet er eit samarbeid mellom Kinn soknerüd og Sogn og Fjordane teater. Handlinga er lagt til 1537 dü reformasjonen kom til Norge, samstundes som st. Sunniva-legenda, om dei irske prinsessene som rømde frü vikingane sine herjingar, ogsü er sentral. Spelet vert framført av 150 amatørar og fem profesjonelle skodespelarar og

i ür er tre av dei fem nye - to av dei er endütil teatersjefar. Bjarte Hjelmeland er avtroppande sjef pü Den Nationale Scene i Bergen og fyller rolla som futen. Agnete G. Haaland tek over etter Hjelmeland i sjefsstolen, og ho vert ü sjü i rolla som Margrete prestefrille pü Kinn. Haaland er godt kjend med spelet frü tidlegare, büde som skodespelar og instruktør. I tillegg er den relativt nyutdanna Lars Berge klar som Tarve Jonson og vikinghovdingen Ramn, medan florøjenta Oda Alisøy Søvig spelar Borni, i ür som i fjor.

NATUR OG KULTUR Ogsü naturen spelar pü lag og skal ha sin del av Ìra for suksessen pü Kinn. Like bak den vakre steinkyrkja, ei av dei første som vart bygde i Norge, finn vi det naturlege amfiet der publikum benkar seg oppetter fjellsida med utsyn til ikkje berre scenen framfor seg, men ogsü den slüande vakre naturen Kinn byr pü. Det vil som vanleg gü büt frü Bergen med utvalde stopp pü vegen.

Bensin – diesel – smøremidler

-BLTFOT%BH

'FTUEBHQžUPSHFUNFEMBLTJGPLVTKVOJ

,PLLFLBNQt t4NBLTQS“WFS 4IPXLPLL'SPEF"HBt t4UBOET (SJMMJOHt t1SJTVUEFMJOH t*STLNVTJLL

NFEUIF)JH I,JOHT

BUNKRING: Fra FugleskjÌrskaia til større fartøy og til mindre büter fra flytebrygge • Bensin • Marine gassolje • Farga diesel • Fyringsolje • Parafin og lagerutsal av smøremidler og kjemiprodukt

Godkjent bilverksted for person- og lastebil

Florø Bil & Havneservice AS Strandavegen, 6900 Florø Tlf. 57 74 05 30


OMFATTANDE: Kinnaspelet er eit stort løft for eit lokalsamfunn, og mange av dei involverte er med år etter år. Den storslagne opplevinga er den same antan du får gråvêr eller sol som ramme rundt besøket ditt på Kinn. Berre turen utover i den vakre Florø-skjergarden er ei oppleving i seg sjølv. Foto: Arne Stubhaug

Coop Marked Florø Lindheimvegen 1 * tlf. 57 74 14 88

Ope alle dagar til kl. 21

Har du ferie... har vi resten

OPNINGSTIDER: Måndag–laurdag 9–21 Søndag og andre «raude» dagar 12–21

Velkommen til ein hyggeleg handel! Hos Coop Marked har vi ALLTID FERSKE BRØD uansett når på dagen du handlar Vi lover alltid å ha ferske brød. Skulle vi likevel vere utseld, får du ein variant av Coop Lettbakt brød gratis. Garantien gjeld berre eitt Coop Lettbakt brød per person, per døgn.

Godt vi har kvarandre

Om du skal på sjøen, slappe av, fiske, bade, nyte, arbeide eller grille – har vi grill, flaggstenger, ruser, fiskegarn, krabbeteiner, tauverk, kausar, sjaklar, slåmaskiner, line, motor- sag, slukar, sneller, hagereiskap, lodd, kjetting, bunnsmørjing, maling, penslar, båtshake, verktøy..


SOMMARBYEN JUNI / SIDE

16

NOKO HEILT EIGE: Alex Vassbotten er godt over snittet bilinteressert. Det engelske bilmerket Alvis har ein heilt eigen plass i garasjen og bilhjartet til eikefjordingen. Her viser han fram ein av modellane under Fjordsteam i 2010. Foto: Olav Hatlemark

Alvis has left the building Dei er samlarobjekt og står stort sett innomhus på stas. Men i sommar legg Alvis-entusiastane ut på landevegen heilt frå England – og endar opp i Strandgata.

Eit stort følgje av artsfrendar er nemleg på veg heilt frå England, og Alex Vassbotten skal sjølv delta på heile turen. – Vi her rundt 40 Alvis-eigarar som kjem til Florø, det blir sluttpunktet på turen som vil ta oss rundt gjennom heile fylket og delar av Austlandet, seier Vassbotten. Turen startar vest i

SVEND ARNE VEE svend@firdaposten.no

Alvis. For bil-entusiastar er det historisk sus over denne litt småsære, engelske bilprodusenten som i knappe 50 år produserte potente bilar med base i Coventry. I 1967 var bileventyret slutt, etter først å ha blitt kjøpt opp av Rover. Og når produksjonslinjene stengjer, kjem som regel samlarane på bana. I dag finst berre rundt 400 Alvis-bilar att frå førkrigstida som blir rekna som den gyldne perioden for merket, og tre av dei blir godt tekne vare på i ein garasje i Høydalsfjord.

40 INVITERTE Men fredag 15. juni kjem veteranbilentusiast Alex Vassbotten garantert til å la Alvis-bilane sine få sleikje asfalten.

Alvis-fakta ■ Engelske Alvis Car and Engineering Company produserte bilar frå 1919 til 1967. Selskapet laga også flymotorar og militærkøyretøy. ■ Alvis var innovative, og dei var banebrytande med sin firesylindra motor med aluminiums-stempel. Dei laga også verdas første heilsynkroniserte girkasse i 1933. ■ Alvis var kjend for sterke og raske bilar med høg komfortog det blei produsert totalt rundt 4000 bilar i førkrigsåra. Om lag 400 av desse eksisterer i dag. Kjelde: Alviscars.co.uk, Wikipedia

England og skal etter planen ende opp i Florø 15. juni, på sildebordsfredagen og delta under markeringa av laksens dag laurdag. Sjølv er han den stolte eigar av tre Alviseksemplar, og ein ny er no under restaurering i England.

VENTAR 100 VETERANBILAR Alvis-samlinga er ein del av eit større veteranbil-opplegg litt i same stil som under Fjordsteam i 2010. Då trekte veterankøyretøy i alle variantar mykje nysgjerrige tilskodarar til Strandgata. Om lag 100 veteranbilar er venta på besøk frå Sunnfjord veteranvognklubb til Himmel & Hav-festen. Her blir det gamle bilar og grom krom å studere for bilinteresserte. Men for Vassbotten er det Alvis som gjeld denne helga. – Det er eit undervurdert bilmerke, som hamna litt i skuggen av Jaguar, Bentley og andre. Alvis var innovative og lagde svært komfortable bilar, tidleg ute med gode hjuloppheng, synka girkassar og gode motorar alt på 1930talet, forklarar han.


SOMMARBYEN JUNI / SIDE

MARBUT MARBUTIK MARBUTIKK KKE KEEN KEN N SOMMARBUTIKKEN SO SO OMM OM M MM MARBU IKK EDAG 15 JUNI JUN JU UNII KL KL.11.00 K L 11.00. OP OP PNA N NAR AR R FFR FRE RE

GJESTESELGARAR GJE STESELGARAR I ÅR ER ER::

Gerrd d Ald e n de en - rro osemåling

Kjjartan Tv K Tve era ran ang ger ge e err - trearbe b ei d

Ing In Ing ga aS Sæ æ ættte e erl rrlli lid id d - lefsse er. r.

OPNINGS TIDER : OPNINGSTIDER Ma an n. Ty Tys. On nss. FFrrre e K Kl.1 Kl 10 1 0 30 - 16 0.30 16.00. 16.00 00 TTo ors rsd sda da ag g K Kl. Kl l. 1 10. 0 0.3 .30 30 0-1 16 16.0 6.0 00 00. Lau La au urd rdag ag K Kl. Kl. 11 1.00 .0 00 0- 1 15.0 15. 50 00. 00

N B! NB! Når somma mm marb arbu a buti utik tikk kk ken en sten e ger i midten e av a a vil vi fortsette ettte m me med d å ha open butikk k laur aurd utover hausten n FFra Kl K.1 11 1.00.00 15.00. 15 00

PÅ VERKSTADBESØK: Det finst ei handfull små verkstader i England som har spesialisert seg på å restaurere og jobbe med dei rundt 400 eksemplara som framleis eksisterer av Alvis. Her er Alex Vassbotten på besøk hos ein av dei. (Privat foto)

MYKJE GROMT: Det finst mykje spennande å studere når Sunnfjord Veteranvognklubb gjestar byen 15.-16. juni.» (Arkivfoto)

17


SOMMARBYEN JUNI / SIDE

18

SOMMARTILBOD! MØBELBUTIKKEN MED DET ”LILLIE EKSTRA”. VELKOMMEN!

SKOVBY BORD SM 73 Søylebord med magasinert ileggsplate. Praktisk og flott serie som leveres i eik, valøtt, wenge, kirsebær og bøk. Mål: 109x190/250 eller 90x135/175 Valnøtt som avbildet ord kr 14.330,-

SOMMARTILBOD KR 12.890,STOLER FRA 1795,-

Suverent uttrekksbord med plass til 6 plater Leveres i mange utførelser. Olja eik 100x200 inkl.3 plater ord kr 19.990,-

SOMMARTILBOD KR 17.990,STOLER FRA KR 1795,-

NYHET

NYHET Alcamo soft 3+2,5 seter med kontrastsøm og lux hud. Ord kr 29.995,-

SOMMARTILBOD KR 25.495,-

DIANA ØRELAPPSTOL SOMMARTILBOD 4495,KRAKK 1495,-

SKOVBY DEKKE PÅ TIL 20? SM 24 BORD

Verona 3+ 2,5 seter i stoff Riga. Ord kr 26.995,-

SOMMARTILBOD SOMMARTIL LBOD KR 19.995,-

DELTA ADVENTURE D

PROFESSOR STOL

Sort hud og eik treverk So

liten og lekker. linstoff

SOMMARTILBOD – 20% NO KR 9990,KRAKK KR 2480,-

SOMMARTILBOD KR 7990,Professor leveres også i andre tekstiler

SOMMARTILBOD HUD KR 8990,-

Betal om 9 mnd.

CRESCO 9 MND

425,www.kvartalet.com

Kvalitet og service

Markegt. 31, Florø

Opningstider: Måndag, tysdag, onsdag, fredag 9-16.30. Torsdag 9-18. Laurdag 10-15.

Tlf. 57 74 92 20


SOMMARBYEN JUNI / SIDE

19

Blodig alvor for ein veiking Hels dei godt av garde, årets veikingar. Vi ser dei kanskje aldri igjen. SVEND ARNE VEE svend@firdaposten.no

For aller første gong i Veikingkonvoiens historie, tek den segnomsuste gjengen sats og forlet heimkommunen Flora. Sidan trongen til å sjå meir av verda råka general Vidar Nupen og resten av konvoi-staben i 1997, har dei aldri våga seg lengre vekk enn på farefull fjordaseglas til Eikefjord. Men 15 års røynsle gir sjølvtillit, og i år kastar dei loss og set kursen (om dei driv med slikt) til Vevring. Naustedølane må dermed bu seg på å låse inn tilårskomne odelsgutar, attegløymer og årgangskonjakk jonsokhelga 22.-24. juni.

SKAL ROCKE FØRSTESLÅTTEN Staden er neppe tilfeldig valt, for same helga går Slåtterock av stabelen i Vevring (Sjå eiga sak). Dermed kan mjødbegera svingast i takt med populærmusikk, noko som vyrde veikingar ofte set pris på. – Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at vi dreg nettopp til Vevring i år. Vi veikingar er engstelege for kva som vil skje når eit heilt fjell skal malast til steinmjøl og dumpast i fjorden, fastslår Veiking-general Vidar Nupen.

MONUMENTBYGGING Veikingane kjem til å markere si uro ved å reise eit steinmonument over denne dristige tanken. – Bygginga av monumentet gjer vi på dugnad under kyndig og kunstnarleg leiing, seier Nupen, som oppmodar alle Veikingar ta med seg ein høveleg stein i båten.

Årets Veikingprogram FREDAG 22. JUNI: 1730: Samling på Florevika, rens av forgassar og slikt. 1800: Revelje – avgang 1930: Svanøya ■ Konvoiavgifta ■ T-skjorter ■ Sal av mat og Hansa-brus 2200: Øyadans ■ Grillmat og suppe! 2500: Song og spel i gavl og kratt LAURDAG 23.JUNI: 0855: Revelje, frukost 0900: Sortering av mjølkeglas, dieselfilter, solkrem og kaviar 1200: Revelje – avgang 1400: Landkjenning, Vevring ■ Song og spel ■ Sal av grillmat og Kinn-brus ■ Konsertar og kulturelle innslag ■ Monument-reising ■ Jonsokbrising 2200: Konsert og dans med The Tramps, lettare servering 2500: Jag vill ha dig!

JONSOKTRADISJONEN: Det er 15. gong Veikingkonvoien kastar loss, og i år fell jonsokfeiringa saman med konvoihelga for Vidar Nupen & co sitt noko spesielle konsept.

SØNDAG 24. JUNI: 0855: Revelje 1100: Høgmesse (hugs radio!), heimreise.

Tidlegare Veiking-strandhogg Her er eit utval av stader som Veiking-konvoien tidlegare har invadert sidan starten i 1997. Hovden, Fanøy, Rognaldsvåg, Askrova, Svanøy, Stavang, Litle Høydal, Eikefjord.

STADIG DRISTIGARE: Det er framleis eit stykke til Shetland, men i år tek Veikingkonvoien eit djervt steg og seglar for aller første gong ut av eigen heimkommune. Arrangørstaben har difor måtta leggje ekstra mykje arbeid i strategi og planlegging.


SOMMARBYEN JUNI /SIDE

20

Rockar ti Slåtterock På dagtid laurdag kan små og store velje mellom følgjande aktivitetar: ■ Fiskekonkuranse ■ Vassport ■ Strandvolleyballturnering ■ Paintball turnering ■ Leirdueskyting ■ Kunst-, kultur og naturvandring ■ Stands og bodar

THE TRAMPS: Irsk folkemu sikk avsluttar årets Slåtterock i Vevring laurdag 23. juni. Pressefoto

-SVY¥ SVY¥

Solheim Diesel

FYLKETS STØRSTE BÅTFORHANDLAR!

SUZUMAR RIB 270

BM270 GUMMIBÅT BM2

kr 9 990,-

kr 5 290,-

MERCUR MERCURY F3,5

SUZ SUZUKI DF6

YAMAHA F9,9 SPORT YAMAHA A

kr 6 790,-

kr 8 990,-

kr 19 490,-

SEILERVEST SEILER VEST

kr 199,-

OPPBLÅS OPPB VEST FRA

kr 499,-

Du finn oss 60 steg frå Florevika Gjestebrygga, mot vest! Tlf: 5775 1480 80


SOMMARBYEN JUNI /SIDE

21

il ære for førsteslåtten VEVRING: For sjette gong er det klart for Slåtterock i Vevring. I år blir dei attpåtil invadert av veikingar frå nord. SVEND ARNE VEE svend@firdaposten.no

Slåtterock er den store kulturhendinga i Vevring, ved sidan av Vevringutstillinga. Årets arrangement går av stabelen jonsokhelga, frå 22. til 23. juni. Fredagskvelden opnar det heile med Løejam på Myraløa i Vevring, der det vert open mikrofon for den som vågar, dans og stort matgilde for alle som deltek.

THE VOICEHELTEN Laurdagen er fullpakka med små og store aktivitetar (sjå eigen faktaboks). Då kjem også Veikingkonvoien og gjer strandhogg, etter at dei har hatt første overnatting på Svanøy. På kvelden blir det konsertar frå storscena, med stor spennvidde i banda. Her kan du høyre meir frå eit av stortalenta i tv-konkurransen «The Voice». Shaun Bartlett kom frå ingenstad i vår og bergtok både dommarar og publikum

LOKAL GITARHELT: Ole Staveteig er klar for Slåtterock. (Arkivfoto)

THE VOICEKOMET: Shaun Bartlett er ein av delta karane på Slåtterock.

med ein fantastisk versjon av Eurythmics-klassikaren «Sweet Dreams (are made of this», og nådde nesten heilt til topps i tevlinga.

tilnærming til dei irske klassikar-låtane. Under Slåtterock er god mat og drikke viktig, slik det også var under slåttearbeidet. Difor trør arrangørane til med heilgrilla dyr, og på drikkefronten har dei alliert seg med Kinn Bryggeri og Espen Lote. I år blir det råd å få kjøpt festivalpass for begge dagane. Du finn meir informasjon om Vevring grendalag og Slåtterock på facebooksidene deira.

GOD MAT OG DRIKKE Neste artist ut på laurdagskvelden er Florø sin eigen Ole Staveteig, før det heile blir heftig avslutta med irsk folkemusikk frå gruppa The Tramps. The Tramps har spelt i Florø på Kystfestivalen ved fleire høve, og har ei ganske rocka

AVIS Fjordane Bilutleige har hovudkontoret i lokala til Travelnet Fjordane Reisebyrå i Førde. Vi tilbyr eit stort og breitt utval av bilar. Vi har varebilar med opptil 12 m2 lasteplass, stasjonsvogner, personbilar med opptil 9 sitjeplassar. Kontakt oss når du treng leigebil, vi finn alltid ei løysing!

Skadd bilen? Dei fleste bilforsikringsselskapa tilbyr no fri leigebil ved kaskoskadar. AVIS Fjordane Bilutleige samarbeider med forsikringsselskapa. Har du hatt eit uhell med bilen din, sjekk at det er leigebildekning i forsikringa di og ta kontakt med oss for avtale.

24 timar i døgnet FØRDE  SANDANE  STRYN  FLORØ  LEIKANGER  MÅLØY  SOGNDAL


SOMMARBYEN JUNI / SIDE

22

FRISKT

JONSOK

KOS

FRISKT: Når det er høgste sommarstid høyrer det med ein liten dypp i havet, uansett temperatur. JONSOK: Mange vel å sam last på Sørstrand Folkepark midtsommarkvelden. KOS: Sørstrand har nok plass til at ein ikkje treng å sitje i trengsel, om ein ikkje vil. SØRAUST FOR SENTRUM: Kartet viser plasseringa av Sørstrand Folkepark. Alle foto: David Antonsen

Opnar sesongen i Folkeparken FLORØ: Jonsokafta har vorte feira på Sørstrand dei to siste åra, men i år er det også ei nyopning med i programmet. LIV STANDAL liv.standal@firdaposten.no

Sjølve stranda på Sørstrand er nemleg klar, etter omfattande arbeid. Sjølve stranda har vorte heva for å sleppe at sjøen vaskar vekk sanden, noko som har vore ei stor utfordring etter at anlegget vart opna. Det har vorte skote ut for å utvide og skaffe masse, og stranda har fått finare sand.

BYENS FLOTTASTE Det siste året har Sørstrand Folkepark fått 250.000 kroner frå DnB Sparebankfond og 700.000 frå Gjensidige sitt almennyttige fond. Dette har gjort at dei har hatt god framdrift i arbeidet med å skape ein folkepark med mange bruksmoglegheiter, høyr berre:

Kajakkane har fått si eiga strandhoggsone, og dessutan er det mogleg med båtanløp frå småbåtar ved den nye kaia. Sandvolleyballentusiastane er bønhøyrde: No ligg bana der og venter på å bli teken i bruk. I tillegg kjem grillhytta, dei flotte turstiane og fiskemoglegheitene. Jonsokfeiringa vil verte ei påminning om alt dette i høve den nye stranda. – Vi startar klokka 14 med forskjellige barneleikar utover dagen, så vert det grilling og sjølvsagt bål. Vi satsar på å runde av rundt klokka 20, slik at ein fint rekk bålet på Rota, dersom ein vil ha med seg begge deler, seier Jan Henrik Nygård i Sørstrand Folkepark. Han fortel vidare at representantar for bidragsytarane vil vere til stades under feiringa, og han håpar florafolk vil gå mann av huse for å vere med i feiringa av den nye stranda: – Tidlegare har vi vore ein 3-400 menneske her på jonsokafta. Men i år, i høve opninga av den nye stranda, håpar vi på 1000!


SOMMARBYEN JUNI / SIDE

23

Båt til eikvar anledning Lyst til å bli ristet sammen til en gjeng? - Unike opplevelser i naturen cebook! ss på Fa Følg o

NYHETER FOR SESONGEN 2012! - Fauna safari - Fyr safari - Fjordrafting/- helleristninger - Krabbefiske - Muligheter på Svanøy

«Svanhild» er i dag eit av dei mest autentisk restaurerte fartøya i Noreg. Ho vart bygd som Hardanger-jakt i Stangvik på Nordmøre i 1889. Skuta har i dag fast base i Florø, og kan leigast for inntil 37 personar på dagstur og 28 på overnatting og lengre tokt.

Unike opplevelser på havet for grupper, firma, vennelag og andre eventyrere. WWW.KYSTRAFTING.NO

Ta kontakt med Kystmuseet v/Siv Rimmen på tlf. 57 74 22 33 eller 982 69 854/2 eller siv.rimmen@misf.museum.no ved spørsmål om turar og praktisk gjennomføring.

+ 47 909 52 484

www.svanhild.no

Charterturar s Båtturar Skyssbåtservice s Rutetrafikk Tlf. 915 80 348

M/S «ØYSERVICE» 70 PASS. – 28 KNOP

M/S «DAGNING» 53 PASS. – 24 KNOP

M/S "SEASERVICE" 52 PASS - 26 KNOP

Opplev Flora-skjergarden Vi hjelper deg gjerne med små og store oppdrag anten du kjem åleine eller saman med fleire tusen gjester. Vi har rett båt til rett pris om du skal raskt, sikkert og komfortabelt fram og har lang erfaring med å bistå firma, – og blåturar med opplegg, gjennomføring og idear. Sjå våre heimesider på www.skyssbat.no Florø Skyssbåt AS, Pb. 561, 6903 Florø E-mail: mail@skyssbat.no, web: www.skyssbat.no Vakttelefon/bestilling: 915 80 348 (24 t-service)

Er du ute etter ei spesiell oppleving? Opplev atmosfæren i ein ekte fjordabåt frå 30-talet. Leig M/S «Atløy« til fisketurar, blåturar, familieturar, venneturar osb. Vi kan ta inntil 60 passasjerar og har skjenkerett for øl og vin. Du vil bli overraska over prisen. Snakk med oss om turforslag, servering og ferdig pakka turar, eller les meir på: www.atloy.no

For booking og info, ring 900 51 867 www.atloy.no


SOMMARBYEN JUNI /SIDE

24

Streetdance, sjøgolf og byfest

TILBAKE: 80-talsheltane i The Rainmakers har gjort eit solid comeback med kritikarrost plate. Laurdag 30. juni spelar dei i Strandgata.

FLORØ: I fjor regna SommarFlora vekk. I år har arrangørane booka The Rainmakers. SVEND ARNE VEE svend@firdaposten.no

Fotballstøvlane er mellombels lagt på hylla. Men den folkelege festen som var ramma for FotballFlora, lever vidare. I fjor kunne ikkje ein gong optimisten Jahn Teigen stogge regnet, men arrangør Per Øyvind Helle let seg ikkje stogge. Helga 29.-30. juni byr han på nytt til stor og folkeleg byfest-helg med mange ingrediensar.

AMERIKANSK COMEBACK Det største musikalske namnet er nok Rainmakers, som var eit stort band også i Norge på 1980-talet. No har dei gjort comeback med ny plate til svært gode kritikkar, og spelar på hovudscena som avslutning på laurdagskvelden. Men frontfigur i bandet, Bob Walkenhorst, skal bidra med meir enn musikk. Dei seinare åra har han slått seg opp som kunstmålar, og Walkenhorst sine bilete vil bli stillt ut i Florø i lag med lokale kunstnarar under festhelga. «Fellesnemnaren for alt som skjer under SommarFlora er folkeleg moro.»

TOOJI TILBAKE Tooji tek også turen tilbake til byen som sende han vidare i MGP-sirkuset, ei ferd som enda heilt med internasjonal finale i Baku i mai. Alle konsertane går på stor utescene som blir rigga ved rådhuset/Trovikkaia. I sjølve Trovikbakken blir det også anna hals-

Foto: Martin Fremstad

brekkande moro. Det starta med vintergreina «Tør du Ski», men i år kjem sykkelutgåva, ope for dei med vågemot, susp - og sykkel. I tillegg skal over 200 dansarar i sving med street dance, det blir kunstutstilling, sjøgolf og anna moro.

FOLKELEG FEST – Fellesnemnaren for alt som skjer under SommarFlora er folkeleg moro. Det skal ha høg «feelgood»-effekt og på på noko for alle aldersgrupper. Det føler eg vi gjer med årets program, seier Per Øyvind Helle. Alle gode krefter er med når SommarFlora skal realiserast. – Vi legg opp til å samarbeide med flest mogleg, slik at SommarFlora blir inkluderande, seier Per Øyvind Helle. Når det gjeld program på dagtid er organisasjonen Byen Vår Florø tung inne som medspelar. Det blir også tett samarbeid med Flora Kunstlag og lokale kunstnarar, i samand med Rainmakers-vokalisten si utstilling. – I tillegg er ei rekkje organisasjonar som golfklubben, dansegrupper og lag og organisasjonar som vil få vaktoppdrag med meir under festivalen, seier Helle.

Sommarflora 2012

■ Konsertar: Tooji, Lise Karlsnes (supp. Alice Hugøy), The Rainmakers, NRWY, Drusar, Dag Ingebrigtsen (Kids/TNT). ■ Andre arr: Rokonkurranse, sjøgolf, stor streetdance, «Tør du Trovik» på sykkel og mykje meir.

NORSK DIVA: Lise Karlsen står på plakaten under SommarFlora.

DET STARTA I FLORØ: Tooji leverte varene under delfinalen i Florø i vinter. Seinare sende det norske folk han direkte til finale i Baku i Kviterussland. No tek artisten turen tilbake til kystbyen, og er eitt av hovudnamna under årets SommarFlora. Foto: Truls Kleiven


SOMMARBYEN JULI / SIDE

25

PRESTISJE Å VINNE BØTTA: Å vinne Øyacupen på Askrova får stadig større prestisje. Her er vinnarane av Øyacup 2008, Tjukkholmen. Framme frå venstre: Halldis Nygård Knapstad og Malin Klokkernes. Bak f.v: Andreas Heggedal, Kristian Furnes, Espen Gabrielsen, Lars Orheim, Emil Knutsen, Dani Brandsøy, John Felipe Holmgren og Eivind Kleiven. Foto: Eivind Nordvik Hauge

Cup er cup –og litt kanin... KANINSHOW

ASKROVA: Øyacupen på Askrova har etter kvart fått ein del interessante utanomsportslege innslag.

- I år satsar vi breitt og tilbyr både spennande grottevandring, kaninshow og ikkje minst hesteriding, seier ein av arrangørane, Henning Haugholt. I tillegg til cupkampane blir det høve til å delta i straffespark-konkurranse, som er langt mindre kondisjonskrevjande.

SVEND ARNE VEE svend@firdaposten.no

Fredag 6. juli bankar øyingane i gang ein ny runde med uhøgtidleg, andpusten og blodalvorleg fotballcup på Askrova. Øyacupen har blitt ein institusjon, ikkje berre for askrovingar, men også frå folk frå andre øyar og frå fastlandet.

KRUTTRØYKDANS SPELAR TIL DANS: Countryrockarane Kruttrøyk frå Førde.

TAKTIKK OG UTPSYKING Fredag kveld er det oppmøte på Krisen Kro, med tung strategiplanlegging, inkludert nøye utstudert utpsyking av motstandarlaga. Neste dag byrjar alvoret i shorts og med høg knotteføring, og det er sett opp båt frå Florø til Askrova i ti-tida. Det betyr at dei som stressar med unødvendige ting som oppvarming og liknande, må ta denne om bord, då kampane startar allereie klokka 11. Men for å lokke med støtteapparatet rundt spelarane (les: kone og barn) har arrangørane etter kvart sett behovet for ein del tilleggsarrangement.

Når fotballen er lagt daud og ein vinnar er kåra, blir det skipa til kaidans på Sunde Kai. Countryrockarane i Kruttrøyk står for musikken, og det blir grillmat til svoltne fotballheltar og støtteapparatet. Du kan oppdatere deg på arrangementet via nettsidene www.askrova.no, via annonser i Firdaposten eller sjå på facebooksidene til Krisen Kro.

FISKEKONKURRANSE

STRATEGISENTERET: Krisen Kro blir arena for strategimøter og utpsyking av motstandarlaga kvelden før cupstart. Privat foto

Seinare på sommaren, nærmare bestemt 21. juli, byr askrovingane til sin årvisse fiskekonkurranse. Det blir oppmøte og påmelding ved butikken ved middagstider, og sosiale tilskipingar for store og små. Redningsselskapet kjem også til å delta under dette arrangementet, og tek med båten «Elias».K


SOMMARBYEN SIDE

26

LA DEG FRISTE I VĂ…RE

22

BUTIKKER

Du ďŹ nner oss i sjøkanten midt i sentrum!

VĂ…RE BUTIKKER 1. etg. t #PO"QQFUJU t Cubus t +VWFMFO t ,BSJT#MPNTUFS t 3FNB t 4OPSSF+FSOWBSF t 5FMFLJPTLFO

2. etg. t &VSPTLP t (4QPSU t .BUDI t 1BSGZNFMMF t 4NJB(VUU+FOUF t 4VOLPTU t 4VOOGKPSE"QPUFL t 5JMCPSET t Â?LPOPNJTLP

3. etg. t #PLFB-JCSJT t #SJP-FLFS t %JO#FMZTOJOH t ,BG�,BOEJT t 4OPSSF*OUFSJ“S t 5PQQFO'SJT“S

Gratis 3 timers gjestehavn og kundeparkering mot parkeringslapp.

AMFI FLORĂ˜ r Ă…PENT ."/'3&r-‹3rEgne ĂĽpningstider for apotek, jernvare og dagligvare rAMFI.NO/FLORO


SOMMARBYEN JULI /SIDE

27

Grøn smaragd i vindblått hav SVANØY: 8. juli opnar Bjarne Svanøe kollektivutstilling med ei rekke kjende kunstnarar i Galleri Svanøe. ARVE SOLBAKKEN arve@firdaposten.no

«En grønn smaragd i det vindblå hav» er utstillinga kalla. Den opnar søndag 8. juli, i det Førdefestivalen ebbar ut med sin siste arrangementsdag. - Astrid Johannessen vil synge under opningsarrangementet, som er tidsett slik at ein kan nytte seg av rutegåande båtar, fortel Flora-kunstnaren Svanøe, som no arbeider med base i Bergen. Kunstnarlista ser slik ut: Marianne Blankenberg, Snorre Kyllingmark, Svanhild Heggedal, Annika Johanson, Reidar Kraugerud, Agnete Erichsen, Viggo Andersen, Bjarne Svanøe, Helge Korvald, Hege Lønne Tom Lid.

SOMMARSAMLING: No bergensbaserte Bjarne Svanøe arrangerer stor sommarutstilling på Svanøy.

Opplev Fjordsightseeing i Norge

Oslo

Nordfjord Florø

15

Geiranger Jostedalsbreen

E 39

Førde S O G N O G FJ O R D A N E 13

Opplev Lysefjord

Sogndal

Øvre Årdal E 16

jo Sogn e f rden

Oslo Flåm

13

BUSKERUD

Myrdal

Voss E 39

Eidfjord

Norheimsund

Bergen

7

en

HORDALAND

jord

HARDANGER

erf

Odda

ng

Opplev kysten av FjordNorge

Foto: Samferdselsfoto

Foto: Samferdselsfoto

Opplev Sognefjord Foto: Frithjof Fure

Foto: Samferdselsfoto

Opplev Hardangerfjord

Selje

13

Ha r

da

TELEMARK Haukeligrend Oslo

E 134

E 134

E 39

Haugesund

Turistruter

13

ROGALAND Kjerag Lysebotn Preikestolen den Suleskard e fj o r

Ly

Stavanger

A U S T- A G D E R

g +DUGDQJHUIMRUG g 6RJQHIMRUG%HUJHQ)O¿P g 1RUGIMRUG%HUJHQ6HOMH g )ODJJUXWHQ%HUJHQ6WDYDQJHU g /\VHIMRUG 44

9

s

V E S T- A G D E R

E 39

Oslo

Egersund

Vi tilbyr sightseeing langs hele kysten av FjordNorge samt på de 3 største fjordene. Foto: Jon Kråkenes

norled.no Booking: Charter & Turisme: Tlf +47 51 86 87 00 booking@norled.no

E 18 9

Kristiansand


SOMMARBYEN JULI / SIDE

28

Vakre motbakkar til Veten

BREMANGER: Med nytt tidtakingsystem og oppgradert løype, inviterer Bremanger Idrettslag enno ein gong både konkurranseløparar og mosjonistar til Norges vestlegaste fjelløp. ANNBJØRG HAUGE NYGÅRD bremanger@firdaposten.no

Vetenløpet 2012, det åttande i rekkja, går av stabelen laurdag 7. juli. Påmeldinga både i konkurranseklassen og for mosjonistar opna i slutten av mars. På det meste har over 600 personar delteke på dette populære fjelløpet, av desse over hundre konkurranseløparar både frå innog utland. Kjende norske skiprofilar som OddBjørn Hjelmeset, Tarjei Bø, Roger Aa Djupvik, Tuva Toftedal Staver og Astrid Øyre Slind har vore med og sett Vetenløpet på Norges-kartet, likeeins eliten innan motbakkeløp som May Britt Buer og Merete Helgheim.

START: Starten går på Grotlesanden og løpet endar på fjellplatået i vest, Veten. Foto: Dag Nesbø Frøyen.

som vi kan samanlikne oss med har for lengst investert i slikt utstyr, som heilt klart vil vere med å kvalitetssikre løpet ytterlegare, hevdar Gisle Skjølberg, som er ansvarleg for påmelding og tidtaking i Vetenløpet. – Alle konkurranseløparane vil bli utstyrte med ei databrikke festa til startnummeret, og i det dei kjem i mål blir dei automatisk registrerte på resultatlista. Dette vil spare oss for mykje arbeid, forklarar han. – Som ei ekstra sikring til vi blir trygge på det nye systemet, vil vi i tillegg bruke den manuelle klokka dette første året, legg han til.

UTBETRING AV STIEN

DATASTYRT TIDTAKING

Det har lenge vore eit ønskje å få utbetra stien over det svært så våte partiet i Grolsdalen. Denne våren har det vore arrangert to dugnadsøkter i regi av Vetenløpet, der mange store steinheller er blitt dregne fram frå ura ovanfor og plasserte ut i myra, noko som har resultert i at vi no kan krysse den store flata i Grolsdalen tørrskodd. – Det å kunne gå tørrskodd over myra vil kome dei mange turgåarane i området til gode resten av året også, seier Gisle Skjølberg.

I år skal arrangøren for første gong ta i bruk nytt elektronisk tidtakingsystem. – Vi må følgje med i tida, alle motbakkeløp

For meir informasjon, slå opp på www.vetenlopet.no

F

iske byr på spenning, avkobling og glede. Hvis du starter turen på G-Sport vil du alltid få gode råd om valg av utstyret du trenger til en vellykket fisketur. Skitt fiske!

Elias fiskesett • Settene inneholder lukket snelle og stang, en stor slukboks samt et utvalg av jigger, kroker og dupper

Shimano Fiskesett Teleskop 8' • Fiskesett teleskopstang • Til sjø-, gjedde- og laksefiske • Består av stang, snelle og snøre

Shimano Kyst/Pilk 9' • Litt kraftigere Shimanosett • Sjø-, gjedde -og laksefiske • Suverent haspellsett

G-Sport Florø Florø. Amfi senteret 2.etg. Tlf. 57 74 44 00 Gå inn på gsport.no for å se bladlink til våre produktkataloger


SOMMARBYEN JULI / SIDE

FØRSTE KNEIKA: Her ser vi ambisiøse løparar opp første kneika. Midt i bildet Roger Nygård frå Bremanger.

29

Foto: Arve Solbakken.


SOMMARBYEN JULI /SIDE

30

RAP PÅ BERGENSK: Gunnar Greve Pettersen t.h.og Piddy er klare for Florø Blues & Rock 7. juli.

Foto: Rune Johansen,Bergensavisen

Byr rockarar på norsk rap FLORØ: Florø Blues & Rock utvidar den musikalske horisonten. Slikt kan det nesten bli spetakkel av. SVEND ARNE VEE svend@firdaposten.no

Mange kjenner kanskje Gunnar Greve Pettersen best som Idoldommar. Men for dei som ein eller annan gong har gått i saggebukse og hatt capsen på snei, er han eit stort namn innan norsk rap. Gunnar Greve, betre kjent som «Gest», var profilert medlem at bergensrap-bandet Spetakkel. Saman med «Piddi» var han med å gjere det stovereint å rape på norsk, og laurdag 7. juli står dei på scena under Florø Blues & Rock på Botnastranda.

FRÅ FØRDE: Med svært så stilsikker klassisk rock, har førdebandet Aventyr byrja å få merksemd. Bandet såg dagens lys i 2001.

BREIARE PROFIL – Med Gunnar Greve og Piddi prøver vi noko nytt. No har vi både blues, rock og rap på programmet. Eg trur det kan bli nytt og spennande for oss, seier arrangør Stian Dolve. Årets headliner blir nok likevel bluesrockkongen Bjørn Berge. Berge, med sitt svært særprega uttrykk, leverte ein strålande konsert under same festival for tre år sidan. Dolve er difor glad for å ha han tilbake.

MR BLUES: Mange held haugesundaren Bjørn Berge som kanskje landets beste bluesartist. Her frå konserten i Florø i 2009. Foto: Halvard Lunde

– Han er den norske blueskongen for min del, og leverer alltid varene. Dolve & Co har også funne plass til eit lokalt band denne gongen. Rockarane i bandet Aventyr frå Førde har byrja å vekkje merksemd med den hardtslåande, klassiske rocken sin, inspirert av band som Backstreet Girls, AC/DC og Mötorhead. Besetninga i dag består av Roger Olsen - vokal, Jan Tore Befring og Steinar Aven på gitarar, Roger Pettersen på bass og Trond Vilnes på trommer. – Aventyr er eit spennande namn som fortener merksemd. Det har dei også fått etter kvart, med stadig meir radiospeling. Det blir spennande å få dei til Florø, seier Dolve.

IKKJE FLYTTING FØREBELS Elles blir årets utgåve av Florø Blues & Rock laga på kjent lest. Sjølv om Dolve & Co har blitt «omringa» av nye industribygg inne på Botnastranda, ønskjer dei å halde festivalen på MCklubben sitt område. – Vi har god nok plass. På sikt vil vi kanskje vurdere å flytte festivalen bort frå området og inn til byen. Men den endringa kjem uansett ikkje i år, seier han. Årets festival kolliderer så smått med Øyacup på Askrova. Dolve håpar likevel det er publikum nok for begge tilskipingane, og viser til at dei rettar seg mot ganske så forskjellige publikumsgrupper.


SOMMARBYEN SIDE

Florø 29. – 30. juni

Fredag 29. juni Konsertar: NRWY – DRUSAR – DAG INGEBRIGTSEN

“Tør Du Trovik” Spinnvilt sykkelhopprenn!

Lørdag 30. juni EKTE GATEGLEDE I STRANDGATA!

Scene på Hjørnevikplassen/Rådhusplassen. Servering både ute på konsertområdet og på Bua og Hagen. Billettar: Fredag kr 320,- + avg. Laurdag 390,- + avg.

Konsertar: TOOJI – LISE KARLSNES – RAINMAKERS Sjøgolf, danseoppvisning, kunstutstilling mm

Festivalpass (begge dagar) kr 610,-. Billettservice.no – Narvesen – Posten – 815 33 133. Fri aldersgrense. Under 18 år må forlate konsertområdet kl 24 begge dagar.

Full info på: www.sommarflora.no

31


SOMMARBYEN JULI / SIDE

32

Lokkar med kjende namn igjen BREMANGER: Når Musikk-weekend i år feirer 5-års jubileum, slær arrangøren verkeleg på stortromma med kjende namn som Frode Alnæs, Jonas Fjeld og Mike Andersen.

største bluesartist. Han har gjeste Bremanger tidlegare under glansdagane til Bremanger Rockweekend, og det er nok mange som ser fram til eit nytt møte. – Vi gler oss også til å presentere Jonas Fjeld Duo saman med lokale artistar under familiekonserten laurdag, og ikkje minst Frode Alnæs Trio seinare på kvelden. Også desse to har Rockweekend og Havly på tidlegare spelelister, og det er stor stas for oss å ønskje dei velkommen tilbake, fortel Magne Elde vidare.

ANNBJØRG HAUGE NYGÅRD bremanger@firdaposten.no

Musikk-weekend på Havly har fått godt rotfeste som ein populær musikkfestival midt i juli. I fjor samla konsertane denne helga rundt 800 besøkjande. Når Havly i år opnar dørene til dei ulike konsertane frå torsdag 12. juli til laurdag 14. juli, er håpet at minst like mange vil stå i kø for å få med seg nye musikalske høgdepunkt. – Vi trur at med dei namna vi har på plakaten i år, så vil det bli stor rift om billettane, og at folk difor må vere tidleg ute for å sikre seg plass på dei ulike konsertane, seier Magne Elde, som saman med Egil Lillerovde, Kjell Bjarte Varpe og Monoca Liset Hauge sit i arrangørkomitèen.

TRIO: Frode Alnes er tilbake med trio.

sjølvsagt på plass. Dette er faktisk blitt ein av dei mest populære utekveldane i bygda, med mange lokale aktørar på scena, og ein god møteplass både for fastbuande og for alle utflytta bremangarar som kjem heim nettopp for å få med seg Musikk-weekend. – Denne kvelden brukar det å vere fullt hus og god stemning, noko vi håpar vil sette standarden for resten av helga, seier Elde vidare.

POPULÆR TORSDAGSJAM

STAS Å FÅ DEI TILBAKE

Programmet for helga følgjer same oppsettet som tidlegare år, og jammen på torsdagen er

Når Mike Andersen Band går på scena fredag, blir det eit hjarteleg gjenhøyr med Danmark sin

FEIRAR SEG SJØLVE Dr. Jonas Fjeld har hatt nokre fantastiske år, der det nærast har hagla med nye album, som alle har selt både til Gull og Platina. Gitarist, vokalist og komponist Frode Alnæs, også kjend frå Dance with the Strangers, er etter 30 år som profesjonell musikar, framleis ein av dei mest respekterte og etterspurde personane i norsk musikkliv. – Dei er med andre ord ikkje kven som helst, men sidan vi i år jubilerer, hadde vi lyst å gjere litt ekstra utav det, og vi er svært godt nøgde med programmet, seier Magne Elde. Billettar til dei ulike konsertane kan kjøpast på førehand via mail, og på Havly, som skal ha open kafè i heile sommarferien.


SOMMARBYEN JULI / SIDE

GJENSYN: Det blir gjensyn med «gode gamle» Jonas Fjeld på årets Musikkweekend.

33

Stolte tradisjonar -

gode råvarer

Ta med deg kvalitetsfisk frå Kalvåg heim! Torskefilet, brosmefilet, langefilet, lyrefilet, seifilet, hysefilet, breiflabbfilet/-kjakar, kveitefilet, uerfilet, steinbitfilet, lysingfilet, klippfisk, bacalao-fisk u/skinn, røykt blåkveite. Dei fleste sortane får ein fersk, frosen, lettsalta. OBS! Vi sel også kappa og sløgd fisk! Bestillingstelefon: 57 79 66 66 Ring inn di bestillling og fisken er klar til henting før avreise. Ope mandag-fredag: 09.00–15.30. Laurdag: 11.00–13.00 Søndag på førespurnad. Vi tek atterhald om at vi kan vere utselde for einskilde fiskeartar.

TOTALLEVERANDØR PÅ SPORT OG FRITIDSARTIKLER Vi er distriktets største leverandør på sjø og havfiske til fritidsfiskeren!!!

Velkommen til oss!!!

MX SPORT FLORØ EVJA SENTER 6900 FLORØ TLF. 95 85 27 90

JAM: Gitaristen Fredrik Varpe er som regel å finne på jammen på opningsdagen.

700 m2 MED SPORT


SOMMARBYEN SIDE

34

! r e t n s a y i somm Opplev k g Øyhoppinn

Kinn

Svvaanøy øy

Fyrrsafari

Guida G uida ru run ndturar dturar 20 2012 12 Sagaøya Kinn – la deg bergta av øya, historia, middelalderkyrkja og den fantastiske naturen! Sesong: onsdag, torsdag og fredag, frå 18. juni – 31. august. Båt frå Florø kl 12.00. Påmelding og in nfo ormasjon: 57 74 30 00 Naturperler i Sunnfjord – lær om hjort på Norsk Hjortesenter på Svanøy og reis tilbake i tid på helleristningsfeltet i Ausevika. Sesong: tysdag og søndag, frå 5. juni – 2. september. Påmelding og in nfo ormasjon: 57 74 30 00 Fyrsafari – fartsfullt rundtur med RIB-båt som tek deg med til fyra rundt Florø. Torsdagar o åmeld ding og in nformasjon: o 57 74 30 00 , frå 1. juni – 31. august. Påmelding Øyhopping – opplev øyparadiset Solund, Bulandet og Værlandet. Guida rundtur med den lokale postbåten. Kan takast som dagstur frå Florø. Sesong: mandag – fredag, frå 18. juni – 31. august. nformasjon: o 9 20 Kåra til Norges beste rundtur! Påmelding og in 57 73 90 Besøk www.fjordkysten.no og www.florø.no for meir informasjon om rundturar, aktivitetar og arrangement.

Flora Flora Turistkontor Turistkontor Opningstider: Opningstider: 2.mai – 14.juni mandag – fredag 09.00 – 16.00

15.juni – 12.august mandag – fredag 09.00 – 18.00 lørdag 10.00 – 16.00 søndag 11.00 – 15.00

13.august – 31.august mandag – fredag 09.00 – 16.00

Følg oss på facebook!

Tlf: 5774 3000 E-post: mail@fjordkys y ten.no floraturistkontor@gmail.com


SOMMARBYEN JULI /SIDE

35

Tradisjonsrik fiskefestival ASKROVA: Laurdag 21. juli er det den store fiskekonkurransen på Askrova. ARVE SOLBAKKEN arve@firdaposten.no

Det blir påmelding på butikken nokre timar før konkurransen. Det er ikkje sett grenser for kor mange som kan vere med i kvar båt. – Dersom nokon manglar båt, så kan vi fikse det også, seier primus motor Terje Svardahl. Så blir det sommarkos med vaflar, kaffi og grillmat. Premiering av størst (kg) og mest fisk (tal og kilo), samt mest originale fangst. Største fisk (kg) vinn også vandrepokal. Elias og redningsskøyta kjem og det blir trubadur på Krisen Kro på kvelden.

FRITT: Fritt fram for alle å kaste seg på.

KONKURRANSE: Firdapostens fiskekonkurranse brukar å drage mykje folk til Askrova.

Sunnfjord Veteranvogn e Klubb vart skipa 23. mars 1979. Klubben har til formål å oppspore, ta vare på, og sette i stand motorhistoriske objekt (primært køyretøy), samt historikk, miljø og anna med naturleg tilknyting, som er eller kan verte av teknisk/historisk interesse. Klubben skal også vere til nytte og hygge, og skape eit godt miljø kring køyretøya og for det klubben elles arbeider for. Klubben arrangerer ngerer turarr, løp og andre arrangement.

FÅ SOLFAKTOREN I RABATT Gjelder alle våre solpleieprodukter. dukter

TIL FLORØ

ÅPNINGSTIDER FRA 25. JUNI T.O.M. 12. AUGUST Mandag - fredag: kl. 08.30-16.00 Lørdag: kl. 09.00-13.00

Vitusapotek Florø Sunnfjord Medisinske Senter Tlf: 57 75 81 05

en friskere hverdag


SOMMARBYEN AUGUST /SIDE

36

Hipp Hipp for sommarrevy! Det blei ingen Florarevy i år. Men revyglade får eit plaster på såret 2.-4. august. SVEND ARNE VEE svend@firdaposten.no

HippHipp Flora dreg i gong sommarrevy for tredje året. Etter stor suksess med beina i taket og golvet i tapeten dei forrige åra og innstendig publikumspress etter at vinterrevyen gjekk fløyten, så har HippHipp og lagkompisane sagt ja til ein ny revyrunde.

EIN ANNAN KLASSIKAR: Vi spår neppe feil om vi påstår at ein skotte vil besøke torget dei første augustdagane i år.

NYTT PÅ LAGER

vaksenprofil med trubadurmusikk og band, seier Helle. Billettsalet går som vanleg via billettservice,Posten og Narvesen. Torsdagsframsyninga er øyremerkt bedriftsmarknaden. – Vi utfordrar verksemder til å gi dei tilsette ein liten kickstart etter sommarferien, for å auke arbeidslysta gjennom ein god latter, seier revyveteranane Helle og Austbø, som også i år får drahjelp frå øyvind Angeltveit, sist kjent frå Riksteateret si Knutsen & Ludvigsen framsyning. - Øyvind er topp gira, og vil gå rett frå revyscena vår til rolla som bakarmeister Harepus i Hakkebakkeskogen. Det vil sjøvlsagt gi dyriske impulsar til vår revy, smiler Austbø.

NYE SKODESPELARAR

– Sidan vi ikkje fekk lirt av oss noko frå scena i vinter, har vi lageret fullt av gode revyidear no, lovar Per Øyvind Helle. Dei legg opp til ein dryg times revy og med ein times allsong i etterkant, slik resepten var i fjor. Sjølve revyen blir det fri aldersgrense på. – Men deretter bør småpodane sendast heim, for vi kjem til å avslutte det heile med litt meir

I tillegg til Angeltveit vil publikum få sjå kjente og kjære fjes frå Florarevyen, og nokre nye eminente skodespelarar har duoen også på lur. - Og pusekattgutane i rockebandet Punch spelar opp til allsong som før om åra. Du veit kva du skal 2-4 august, oppmodar Roy og Per Øvind.

Alle foto: David Zadig

BERRE LÆKKERT: .... eller kanskje ikkje? Sommarrevy blir det uansett ver og hawaiskjorte-føre.

ASKROVA

Den grøne smaragd 6 /7 Øyacup med oppvarming på Krisen kro. Dørene opnar kl 20.00. 7/7 Øyacupen startar om lag kl 11.00. Bått fra Florø kl 10.00. Kaidans på Sunde med ”Kruttrøyk” frå kl 20.00. Det vert sett opp båter Florø-Askrova på ettermiddagen, kvelden og natta. Grottevandring, straffespark konkurranse, hesteridning, grillmat, partyteltt og masse moro.

På Knutholmen snakkar vi om å

Atema - www.atema.no

– maten, opplevinga, servicen, atmosfæren, det gode liv i Kalvåg…

OPPLEV ASKRO ASKROVA OVA Turløype, ferskvannsfiske, grottevandring, kajakkutleige, sykkelutleige, havfiske og båtutleige med Jan Lindgård, Krisen kro, badestrand og butikk k m/drivstofff m.m.... m.m

13/7 13/7 Basar i grendahuset kl 17.00.

OPNINGS TIDER PÅ BUTIKKEN OPNINGSTIDER BUTIKKEN;; Mandag-Lørdag 10.00-10.30 Mandag-fredag 13.00-16.30. Lørdag 13.00-15.30 Utanfor opningstider ring Magne Svardahl, 971 41 779.

21/7 Fiskekonkurrane frå kl 16.00. Elias og redningskøyta kjem. Trubadur på Krisen kro om kvelden. Grilling.

FØLG PÅ; FØL G MED P Å; www.askrova.no “Krisen Kro” på facebook Henning Haugholt, 905 96 050 Terj e e Svardahl, 966 27 989.


SOMMARBYEN AUGUST /SIDE

37

VANVITTIG KAKLING: Ja, du har sett den før. Men akkurat småbåtsketsjen i Roy Austbø og Øyvind Angeltveit si utgåve er ein latteropnar av dimensjonar som vi gjerne tek ein da capo på 2.-4. august på torget i Florø. Foto: Iris Kvellestad

VALGFRIHET Skal du på tur i helga eller skal bilen på verksted? Vi har personbiler i alle størrelser, varebiler (3,5 t og 7,5 t), lastebil, bilhenger og skaphenger. Vi kan tilby både korttids- og langtidsleie til svært rimelige priser. Ring oss for et godt tilbod på

tlf. 57

74 01 30

www.sixt.no

I tillegg til eigne produkt fører vi kaffi frå Bergen Kaffebrenneri, spanske gourmetvarer som oliven, olivenolje, spekepølser og manchego-ost.

Ølutsal og gourm etbutikk Du finn oss

ta! m idt i Strandga

Juni14–16.30 og august: tor 14-17, fre. fre 13-16, lau laur. 11-1412–15 Ope tys. (sommarope), 14–16.30, Juli: mån-fre 14-1630, lau 11-14 Telefon Telefon 473 473 39 39 047 047


SOMMARBYEN AUGUST / SIDE

38

KITE: Florøjenta Ingebjørg Giil svevar her etter kiten sin i Australia. No vil ho introdusere oss her vest for heftig vannsport som ho har blitt fengsla av «down under». Foto: Privat

VÅT MORO: Den første helga i august er det duka for våt moro i den spektakulære Flora-skjergarden. Foto: Eivind Nordvik Hauge

Havet gir –og havet har (meir enn du anar) FLORØ: Stålsett deg til havaction. 2–5. august kan alle aktivitetane du har drøymt om testast ut. – Festivalen har bokstaveleg tala eit ekstremt potensial. DAG NESBØ FRØYEN dag@firdaposten.no

Dette seier Roger Bareksten, som gjennom foreininga «Byen vår Florø» har samla alle som driv med havsport og andre «halvekstreme» aktivitetar under ein felles festivalparaply. Og Florø er heilt perfekt utgangspunkt meiner han. – Etter kvart som vi har jobba med dette konseptet innser vi at dette skulle vore gjort før, påpeikar han. Grunnen er ganske banal, for hav og kystlinje er det nok av byar i Norge som har, men ei bykjerne som ligg så kloss i havet der

aktivitetane kan skje, slår positivt ut for den 152 år gamle kystbyen.

HALVEKSTREMT I hovudsak skal alle aktivitetane utspele seg på havet. Vannski, segling, surfing, wakeboard, paragliding etter båt, klatring, windsurfing, dykking, wakesurfing, kajakkpadling, stand up paddeling og fridykking med meir. Andre aktivitetar til festivalhelga blir det kontinuerleg jobba med fram mot opninga. Målet er at festivaldeltakarane skal kunne få testa ut sine eigne grenser.

SMAKEBIT – Det er klart at skal du drive med vannski eller wakeboard treng du ein båt i tillegg til utstyret. Utstyr er dyrt og gjerne terskelen som ikkje er kryssa for dei som har drøymt om å dykke på eit skipsvrak eller prøvd seg på windsurfing.

– No har vi knytt til oss mange miljø som kan tilby slike halvekstreme aktivitetar for dei nysgjerrige denne helga. – Blir dette som ein havsport-variant av fjellsportfestivalen i Sogn? – Det kan du absolutt seie. Eg reknar faktisk med at mange av dei som driv med bratt skikøyring i Sogn om vinteren kjem til å vere med her ute no i sommar, seier han. Sidan det er eit tiltak gjennom «Byen vår Florø» har Bareksten ein tanke bak. Ein slik festival kan vere med å sprite opp fritida for dei som vurderer tilflytting eller tilbakeflytting. – Dei kommande åra vil Florø oppleve stor vekst av segmentet unge vaksne i Florø. Vi har alltid hatt unike naturgitte føresetnader for å trekke til oss folk, men vi kan ikkje slå oss til ro med det, for det er ikkje nok. No skal vi bruke naturen vi har rett utanfor stoveglaset på ein heilt ny måte, fortel Bareksten som glødar for det nye festivalkonseptet.


SOMMARBYEN AUGUST / SIDE

39

KYSTKVINNEDRAKTER: Utstillinga eignar seg godt som vandreutstilling. Ved kvar drakt heng portrett av kvinnene som bar den.

Stemne med fokus på kystkvinnene KALVÅG: Kystkvinnene blir hovudtema for kystkulturstemnet i Kalvåg i sommar. KUNSTFAGLÆRAR: Reidun Øvrebotten har mange jern i elden.

DANSEKONGAR: Steinar Engelbrektson Band er på plass når det er snakk om folkefest.

PROGRAMMET Onsdag 1. august ■ Opning av kunstutstilling med Reidun Øvrebotten i Kalvåg Bedehus

ARVE SOLBAKKEN arve@firdaposten.no

Festivalen startar allereie onsdag 1. august med opning av Reidun Øvrebotten si utstilling av flotte kystkvinnedrakter i kombinasjon med presentasjon av historiene om kvar enkelt sitt liv og lagnad. Kunst har ein markant plass i Kalvåg og fredagen opnar ei internasjonal utstilling med måleri og akvarellar på Galleri Frøya. På Holmen Atelier kan ein finne små skattar av kunsthandverk, bøker og gåveartiklar. Elles blir det lagt opp til eit yrande folkeliv med paintball, motorcross og utedans fredag og dansegalla med Steinar Engelbrektson Band på laurdag. Redningsselskapet kjem med Elias-båten og det blir høve til prøvetur med Kystlaget Hornelen sine tradisjonsbåtar.

Fredag 3.august ■ Galleri Frøya, internasjonal utstilling med Aud Rye, Simon Rivett og Ruth Brownlee. ■ Utedans på Knutholmen

Laurdag 4.august ■ Kunstutstilling i Kalvåg Bedehus, med Reidun Øvrebotten. ■ Galleri Frøya og Holmen Atelier er opne ■ Anitas Atelier- ansiktsmaling for barn ■ Redningsselskapet er på plass med Elias-båten ■ Kystlaget Hornelen er på plass med tradisjonsbåtar ■ Motorcross på Liset ■ Paintball v. Bremanger Paintballklubb ■ Dans med Steinar Albrektson Band på Knutholmen

Søndag 5 august ■ Galleri Frøya, Holmen Atelier er opne. ■ Kunstutstilling i Kalvåg Bedehus, med Reidun Øvrebotten.


SOMMARBYEN AUGUST /SIDE

40

SPELAR PÅ LANGEDALSBUA: Jo Nesbø, krimforfattar og «far» til helten Harry Hole kjem til Eikefjorddagane og skal spele på Langedalsbua. Anders Ole Sunnarvik i arrangørkomitéen er svært nøgd med å ha kapra Nesbø. Foto: David Antonsen

Eikefjorddagane med skup EIKEFJORD: Multikunstnaren Jo Nesbø tek med seg makker Lars Jones frå DiDerre og skal fylle Langedalbua under Eikefjorddagane 17. til 19. august. DAG NESBØ FRØYEN dag@firdaposten.no

Anders Ole Sunnarvik i arrangørkomiteen legg ikkje skjul på at dei er stolte over å ha kapra Jo Nesbø til 10-års jubileet sitt. – Han er uhyre vanskeleg å få tak i. Jo Nesbø har så mykje suksess og pengar at han ikkje kjem om han ikkje synest konseptet er godt. Og det vi har presentert, ville han gjerne vere med på, seier Sunnarvik. – Konserten blir på Langedalsbua. Her er

plass til 500 personar og prisen på konserten skal ikkje overstige 200 kroner, då det er eit jubileum som skal feirast, fortel Sunnarvik .

MULTIKUNSTNAR Jo Nesbø har aldri slutta å imponere med sine ferdigheiter. Først var han kjend som Moldeangripar med mange kampar i tippeligaen for dei blå heltane i rosenes by. Deretter som frontfigur i bandet som for mange var ein signatur på 90-talet, nemleg DiDerre. Som siviløkonom og aksjemeklar skil han seg også frå den klassiske fotballspelaren. Alt dette er likevel fargerike parentesar kring Nesbø sin person. I dag er den 52-år gamle Nesbø ein prishamstrande forfattar med verdssuksess.

IDOLFINALIST

I tillegg til Nesbø skal kjendiskokken Ole Jonny Eikefjord heim til mor si i bøtkerbygda. Kokken

kjent mellom anna frå Sommeråpent skal inspirere med kokkekunst frå scena. For ungdommen er det Idol-helten frå Værlandet, Vegard Leite, som skal spele på kvelden. I tillegg til desse prominensane, vert det som vanleg fjordturar med galeasen Svanhild, Elias kjem til glede for dei minste, og to av suksessane frå i fjor vert gjentekne - nemleg «veltepetteren» til NAF, der ein kan få erfare korleis det er å gå rundt med bil, og Skiforbundet Sogn og Fjordane sin hoppbakke. Eikefjorddagane har etter ti år vorte ein institusjon i bygda og for dei mange besøkjande, men arrangementet er arbeidskrevjande for bygda: – Det ligg mykje arbeid bak dette jubileumsprosjektet, så vi får sjå om det blir ein pause frå eikefjorddagane neste år, seier Anders Ole Sunnarvik.


SOMMARBYEN AUGUST /SIDE

41

PÅ PLASS: Maskoten Eike vil nok gå rundt og sjå til at folk kosar seg under jubiléet. Arkivfoto: Benjamin Heimset Hellesen

FOR DEI MINSTE: Elias vil gå turar i hamneområdet under Eikefjorddagane. Arkivfoto: Anita Ingebrigtsen

FOLKELEG: Eikefjorddagane har alltid hatt ein folkeleg profil. her er det manikyr på Dagros.


SOMMARBYEN SIDE

42

2 1 0 2 T S U G U A . 5 FLORØ 3. -

SEGLING

klatring WAKEBOARDfridykking

D Y K K IN G padling VANNSKI

windsurfing KITING

HAVRAFRING paragliding

stand up padling Nysgjerrig?

For meir info – følg med på www.f loro.no // roger@byenfloro.no


Carola tilbyr sol og strandliv –året rundt KALVÅG: – Eg satsar eigentleg på ein regn- og vindfull sommar, spøkar Carola Strandberg, som kan tilby spa, sol og strandliv i eit tropisk innandørs klima- året rundt. ARVE SOLBAKKEN arve@firdaposten.no

- Eg satsar på at det blir bra uansett, seier gründeren, som har etablert verksemda si i tett samarbeid med den vidkjende reiselivsverksemda til Svein Inge og Jan Fredrik Fosse- Knutholmen i Kalvåg. Svenske Carola Strandberg har tatt konsekvensen av det fuktige vestlandsklimaet. Ho har hatt ein fin start for tiltaket Carolas Buaspa, som opna i Kalvåg i september 2011. Det er lyse og lune lokale, i ein gjennomført gammal og maritim stil.

TURISTVERTAR: Svein Inge Fosse og Jan Fredrik Fosse i Knutholmen AS har eigne vinar laga i Piemonte i Italia.

SOL OG SOMMAR: Carola Strandberg med sitt buaspa har lage sitt eige lokale Syden i Kalvåg.

I første etasje er det eit innbydande behandlingsrom og tre massasjeboblebad, infraraud badstove og ein eigen oksygenbar, to av boblebada er utandørs med tak over, med nydeleg utsikt over hamna. I andre etasje inviterer Carola kundane sine til ei unik soloppleving, inkludert bølgeskvulp og fuglekvitter. I eit eige rom med sol i taket, vaska sand på golvet og strandstolar, kan folk nyte ein time med både soloppgang og solnedgang. – Ein time i dette rommet tilsvarar 20 minutt ute i vanleg sol, fortel Carola, Ho presiserer at dette ikkje er eit solarium, men ei simulert sol, der dei skadelege strålane er tekne bort.

KALVÅG Turistverksemda Knutholmen og mange rorbuer til utleige, gjer at Kalvåg har stor mottakskapasitet. Carolas Buaspa er eit døme på tilleggstenester som gjer det spanande å vitje Kalvåg.

BOBLEBAD: Carolas Buaspa med boblebad med utsikt over Kalvåg hamn.


SOMMARBYEN SIDE

44

SEGLAS: I veke 27 byr Redningsselskapet på seglas for litt eldre ungdom, der «Svanhild» skal brukast. Undervegs kan ein også avlegge båtførarprøva.

ETTERSPURD: Tanja Smelvær og Redningsselskapet sin sommarskule i Florø er svært så ettertrakta å delta på. Her er ho saman med gjengen som sikra seg ny maritim kunnskap i 2010. I år går Redningsselskapet sin sommarskule i veke 25 og 26. (Arkivfoto)

SJØVETT: Å lære seg sjøvett er viktig for både foreldre og barn. Her ser vi Iver Svare Ødelien som sjuåring.

Byr på sommarskule på sjøen Det er rift om å få mønstre på Redningsselskapet sin sommarskule. I år kjem Oslo-ungdom flygande for å få delta. SVEND ARNE VEE svend@firdaposten.no

Veke 25 og 26 (18. juni-1. juli) er det klart for Redningsselskapet sin sommarskule i Florø. Redningsselskapet har lang tradisjon for gjennomføring av sommarskule for born frå 8 til 16 år. Her set organisasjonen fokus på læring og leik, båtvett og sjøliv på, ved og i sjøen. Sommarskulen er ikkje for korkje pyser eller b-menneske . Her er det full rulle på kvardagar frå ni til fire, og Redningsselskapet nyttar heile båtpakka si, beståandeav fire robåtar, fem segljoller, to

motorbåtar og ein følgjebåt som arena for opplæring, samhandling og trivsel.

MANGE I SVING For at eit så stort apparat skal gå rundt, trengs det mange frivillige. – Dei har vi heldigvis mange av, så her blir frivillige samt fire godt utdanna instruktørar som instruerer born i sjøvett, båtvett, navigering, segling, roing, motorbåtlære, fiske og fangst, sjømat, miljøvett, førstehjelp, livet i havet, seier Martin Malkenes ved Redninsselskapets kontor i Florø. Haldningsskaping og hygge står sentralt under sommarskulen, og målet er å gje eit aktivitetstilbod som samtidig lærer dei unge noko viktig. – Dei siste åra har Redningsselskapet satsa målretta på ungdom og sjøvett. Den positive erfaringa med mange års arbeid med barn har gitt resultat. Det er svært få barn som druknar

fra båt no til dags, seier leiar for førebyggende avdeling i Redningsselskapet, Hilde Terese Hamre. Når sommarskulen er vel overstått, ventar ein seglas for ungdom mellom 14 og 17 år i veke 27. Det er galeasen «Svanhild» som er arena, og seglasen går frå Florø til Ålesund. Dette blir dermed første kryssing av Stadthavet for mange sjøglade ungdommar, og undervegs får deltakarane høve til å ta båtførarprøva.

ASYLSØKJARBORNA I veka etter, veke 28 blir det ny sommarskule, denne gongen for asylsøkjarborn. – Dette er eit svært spennande prosjekt som vi prøver oss på i samarbid med Solbakken asylmottak, fortel Malkenes, som lovar at Redningsselskapet også blir synleg med Eliasbåten og anna moro under tilskipingar som t.d. Eikefjorddagane i august.


SOMMARBYEN SIDE

45

...kan ta mange former, og vi kan stort sett hjelpe deg til å bli glad og mett – både til kvardags og fest!

Uformell kafe til dei dagane du vil ha eit godt måltid mat til fornuftig pris. Hos oss har vi dagens middag til kr 88,– alle kvardagar, og i tillegg legg vi vekt på ein variert og velsmakande meny. Kvifor ikkje ta maten med ombord? Du finn oss midt i Strandgata. Bestill gjerne på .... tlf. 57 75 22 33 Måndag–laurdag: . kl. 09.00–23.00 Søndag: .............. kl. 12.00–23.00

www.tokokker.as

Restaurant Byens beste restaurant med skiftande a la carte og dei beste råvarene frå lokale leverandørar. Kjend for god fisk. Staden du går på for det verkeleg gode måltidet, gjerne i følgje med gode venner eller kollegaer og forbindelsar.

Møtestaden på Amfi Senter. Stor, overbygd terrasse med byens beste utsikt. Her finn du litt betre mat enn du hadde forventa, frå ein rikhaldig meny. Leikerom for born med video.

Bordbestilling:............. tlf. 57 74 01 22 Måndag–laurdag: ...... kl. 17.00–22.00 Søndag: ..................... Stengt

Måndag–fredag: ........ kl. 10.00–18.00 Torsdag: ..................... til kl. 20.00 Laurdag: ..................... kl.10.00–16.00

Pub Ein av Florøs mest populære treffstader gjennom mange år. Maritim atmosære i ei sjøbu frå 1860 brukt til mellom anna skipshandel midt i indre hamn. Mange underhaldningstilbod – frå levande musikk til fotball på storskjerm. Smårettar og pizza om du er svolten. På sommaren er “flåten” ein naturlig treffstad både for båtturistar og lokalbefolkning.

BAR | SELSKAP | KURS | KONFERANSE

Vår uformelle, stilige og elegante lobbybar finn du på Comfort Hotel midt i sentrum. Open fredag og laurdag frå 20:00, 20 års aldersgrense.

Telefon: .................... 57 74 01 58 Søndag–torsdag: ...... kl. 12.00–01.00 Fredag–laurdag: ........ kl. 12.00–02.00

Bistro Catering Bistro To kokker har eigen catering og selskapsavdeling og held til på Flora Samfunnshus. Vi tar oss av alle typer arrangement, frå 10 til maks 450 personer. Tlf. 57 74 07 97.

www.tokokker.as


SOMMARBYEN SIDE

46

Besøk akvariet midt i by’n FLORØ: Midt i Strandgata i Florø kan store og små ta ein kvilepause frå handel og innkjøp og studere det marine livet. I fjor sommar gjesta 6000 personar Byakvariet til Monicha Landøy.

tida 30 ulike artar. Her er lumrer, raudspette, blåstål, ulike skaldyr som krabbe og hummar, torsk, sei, rognkjeks og mykje anna spennande. Etter eit års drift er Monicha godt nøgd med korleis anlegget fungerer. Og ho legg ikkje skjul på at ho får eit personleg forhold til fleire av fiskane som sym rundt i saltvatnet under henne.

Gyter og trivest

SVEND ARNE VEE svend@firdaposten.no

20 meter frå byens travlaste gate ligg det vesle Byakvariet i Florø, bygd dels med pengar reist frå lokalt næringsliv og ein grasrotbasert kronerulling – og drive av ei eldsjel av sjeldant kaliber. Preparanten Monicha Landøy har no så mange besøkande sommarstid at utstopping av fuglar og dyr pent på leggjast på is i sommarmånadene.

INSPIRERANDE: Å få besøk og lære bort litt om artsmangfaldet i havet er blitt ei stor inspirasjonskjelde for preparant Monicha Landøy.

Triveleg avveksling – For meg er det uansett ei kjærkomen avveksling frå utstoppinga, som kan vere eit litt einsamt tilvere reint jobbmessig. No får eg titt og ofte besøk av skuleklassar og barnehageborn og ein god del vaksne. Å sjå borna undre seg og studere fisk, skaldyr og korallar, byggje seg trebåtar og kreere fantasifuglar er svært inspirerande. Når du samtidig bidreg til å lære bort litt om natur, hav og korleis samspelet mellom livformene fungerer, så er det svært tilfredsstillande, seier Monicha. I det 20.000 liter store akvariet lever det for

MÅ FÔRAST MED OMHU: Delar av pelletsen må førast ned til botnen i eit røyr, elles vert det ingen mat til flyndreartane.

– Det tek sjølvsagt litt tid å halde akvariet i god stand. Det skal rensast og det skal fôrast og overvakast, men tilbakemeldingane frå publikum er inspirerande. Mange seier dei finn ei slags ro av å setje seg ned og studere fiskane og livet i vatnet. Og mange kjem difor att gong på gong, fortel ho. At fisken trivest som bybuar fekk Monicha eit synleg prov på i vinter, då fleire av artane byrja å gyte. – Det er eit prov på at dei har same åtferd som viltlevande artsfrendar, og er sjølvsagt kjekt å registrere, seier ho. I sommar vil Byakvariet halde ope samtlege veker og alle dagar unnateke søndagar.

Byakvariet ■ Det Lille Byakvariet er ein del av FloraFauna visningssenter. Sentralt er eit saltvassakvarium, fem meter i diameter, ein meter djupt med sandbotn og som husar 20.000 liter saltvatn og rundt 30 ulike artar.

MATMOR I SVING: Fisken kjem raskt og helsar på når matmor Monicha Landøy kjem innom i bygget som husar det 20.000 liter store Byakvariet i Florø. Foto: Svend Arne Vee


LIV OG RØRE PÅ KYSTMUSEET: Når 4H-arane inntek Kystmuseet og skipar til kystdag, pleier store og små florøværingar å kjenne si besøkstid. Og aktivitetane er mange, frå baking, toving, båtsnekkering og til kajakkpadling og båttur med velkjende «Elias». (Arkivfoto)

4H lagar levande kystdag FLORØ: Første helga i september er det klart for 4H sin kysdag på Kystmuseet. SVEND ARNE VEE svend@firdaposten.no

Kystdagen er ein årleg familiedag på Kystmuseet - den fyrste helga i september. 4H-klubbane i Flora slår då klutane saman og står som fellesarrangør, og dei får med seg ulike lag og organisasjonar, slik at det blir eit mangfald av aktivitetar.

Her kan ein snekre seg flotte båtar, spikke med kniv ved bålet, smake krabbe i fjæresteinane eller padle kajakk. Det plar vere eit myldrande liv på Kystmuseet denne dagen. Inne på museet kan ein kjøpe både solid rømmegraut og lekre sveler med kaffi til. Ute i sola (eller regnet) får ein nysteikte pannekaker og andre spennande rettar frå bålet. Vil ein ta turen rundt på området passar det fint å kombinere med natursti og hjernetrim. Det plar og vere mulig å få seg ein tur på sjøen med Elias-båten eller andre fartøy.

SJØDYR: Kara med sjødyr som dykkarane hentar opp frå havbotnen er alltid populære hos ungane.


SOMMARBYEN SIDE

48

www.florø.no

?

ka skjer i Florø 2. juni Friidrettsfestival

22.–24. juni Veikingkonvoi

29.–30. august Hjort 2012, fagseminar

3. juni Hovlandsstøylen opp Nordsjøløypedag på Hovden

29.–30. juni SommarFlora

2. september 4H Kystdagen

7. juli Florø Blues og Rock

9. september Trollrittet

2.–4. august Havsportfestival

6. oktober Floramila

2.–4. august Sommarrevy med Hipp Hipp

1. november Temposeminaret

17.–19. august Eikefjorddagane

17.–18. november Husflidsmesse

14. juni Toppfotball Sunnfjord 14.–17. juni Himmel og Hav - Sildebordet fredag - Kinnaspelet laurdag / søndag - Laksens dag laurdag - Musikkfest fredag / laurdag - Veteranbiltreff laurdag - Firdaløpet laurdag

Byen med dei gode opplevingane har eit mangfald av aktivitetar å by på. Alt frå tradisjonsrike kulturarrangement som Sildebord og Kinnaspel til ulike musikk- og idrettsarrangement skaper liv og røre i kystbyen. Les meir om desse og andre aktivitetar på florø.no


Sommarbyen Florø 2012