Page 1

inFO

rMa

SJOn

SaV

iS

Med hjartet på rette stadion!

Førdepatri ten Nr. 1 2014


eldsjel-klubben Ein ny sesong er i gang for spelarane i Førde, og spenningane og forventningane er høge hos både utøvarar, støtteapparat, og andre «Førdepatriotar»! Sesongen 2014 vert den første «etter Hafstadparken», og svært mykje er annleis enn tidlegare. Vi har fått to flotte nye baner som har vore nytta i heile vinter til trening, og når no kampavviklinga startar for fullt er kapasiteten endra frå katastrofal, til at det no er mogleg å få kabalen til å gå opp. Vi har i aldersbestemt tidlegare måtta akseptere å bruke vårsesongen på å forsøke å nå igjen dei som har fått trene heile vinteren. I år stiller vi for første gong litt meir likt førebudd, og vi ser allereie positive resultat av det! FIL fotball er ein stor organisasjon, med totalt 117 lag. Til saman utgjer desse laga om lag 1200 spelarar, som utøver positiv aktivitet, og lærer seg lagånd, samhald, toleranse og disiplin fleire gonger for veka. For nokre er fotballen ein stad å vere med kameratar/ venninner, for andre er det målbevisst jobbing for å nå store mål som ligg i horisonten. I FIL Fotball har vi som mål at alle desse gruppene skal finne «sitt lag», og «sitt nivå». Å ha eit tilbod til alle er krevjande, både økonomisk og organisatorisk. Utan massiv innsats frå engasjerte foreldre og eldsjeler, som står utrøytteleg på, og tilsette som ikkje går heim før «jobben er gjort», ville det vere uråd å halde oppe eit slikt tilbod. difor må vi HeIe PÅ eLdSJeLeNe!!, og

Leif Arne Åsen Styreleiar

Terje Sørbø Styremedlem

Førde IL Fotball sin utstyrsleverandør! 2

Førdepatri ten NR. 1 2014

Kjetil Bolsø Styremedlem

Anne Seljeseth Styremedlem

minne både oss sjølve og andre på å gje dei eit klapp på skuldra eller ei positiv tilbakemelding! ein annan milepæl som kjem på plass i løpet av året, er det nye klubbhuset i Hafstadparken. Her får vi ei fantastisk storstove, med gode fasilitetar som kan fyllast med positive menneske som ivrar for idrett. Når klubbhuset er på plass, og «Hafstadparken» er ferdig, vert området ein arena for svært mange idrettar og aktivitetar som kan møtast og utøve sin aktivitet. Historia bak Hafstadparken er lang, og vi kan berre takke alle som har bidrege til å gjere dette store løftet mogleg. ein kan ikkje her unngå å nemne Håkon Fimland i Førde kommune. Med nye anlegg er det også tid for å sette nye mål. ei satsing på å heve Førdefotballen endå eit hakk må godt forankrast i alle ledd. det er difor sett i gang arbeid med å revidere sportsplanen, for å gjere den endå betre og meir målretta, både for breidd og elitesatsing. Og sjølv om Hafstadparken er ein fantastisk treningsarena, så er det framleis Førde stadion som er Førde sin «stadion». For å krone verket er det eit klart mål å få rusta opp den gamle kunstgrasbana, og bygge eit tribuneanlegg som kan gje heilt andre rammer rundt både fotballkampar og andre arrangement. Og for sesongen som står framfor oss må vi i fellesskap bygge identitet og stoltheit rundt alle dei flotte utøvarane, og alle eldsjelene, som står på i klubben.

Mariann Njøsen Styremedlem

Odd Hagen Styremedlem

Elvetorget, 3. etasje Tlf. 57 72 00 67 • forde@sport1.no


Slik såg det ut blant tilskodarane då Førde møtte Florø sist i ein 16. mai-kamp. Det var i 3. divisjon i 2012!

– Blir det slik i år også? 16. mai er fotballens festkveld. då samlast tusenvis av fotballelskarar på forskjellige arenaer i Norge, og her i fylket har lokaloppgjeret mellom Førde og Florø blitt den store klassikaren. Tradisjonelt har tilskodartalet alltid vore størst i Florø, men også på Førde sine heimekampar er det ikkje uvanleg at det har vore over 1000 tilskodarar. Medan det i Florø på det meste har vore over 2000 tilskodarar. Og når Florø på fredag tek turen til Førde for nytt lokaloppgjer, så er det forventa godt over 1000 tilskodarar. det er rapportert om godt billettsal i Florø, og ikkje minst har laget sin cupsuksess mot Hødd i andre NM-runde skapt store forventningar.

– Vi trudde knapt våre eigne auge, då vi såg at det var nesten 1000 tilskodarar på siste seriekamp (mot Åsane). det viser berre at interessa er stor i byen, og at mange vil følge laget tett, seier Terje rognsø og ser fram til nok ein kamp mot Førde. – Slike kampar er krydder i kvardagen. Spelarane gler seg stort, og det er ikkje trong for å jobbe mykje med å få dei motiverte. Kanskje heller tvert om, seier rognsø føre oppgjeret. Og når det er meir enn 10 år sidan kystklubben spelte i 2. divisjon, så trur rognsø at også dette kan vere ein av grunnane til at interessa er såpass stor. – det er jo langt meir spennande å spele mot

30 MIN

6-8 T

190 KM

Lad opp til nye e-Golf! En helt vanlig Golf. Bare helt elektrisk.

lag som Åsane, Lyn og Vard Haugesund, enn å møte Tornado Måløy og Årdal. Og så elskar vi jo kampane mot Førde, då, seier rognsø. Og vertsklubben Førde gler seg også til at naboklubben i vest kjem på vitjing. – det er jo akkurat dette fotball handlar om. Sterke kjensler både på og utanfor bana. Men samstundes gjensidig respekt for kvarandre. Vi ser alltid fram til kampane mot Florø. Kjekt at dei er tilbake i 2. divisjon, og viser at det vert jobba godt i desse to klubbane for tida. Og det finst ikkje betre enn slike 16. mai-kampar. Så måtte Førde stadion bli fylt til brestepunktet. Vi skal gjere vårt beste for å skape ein festkveld, seier Knut erik Folland.

Nye e-Golf kan du bestille allerede nå. Ta kontakt for en hyggelig bilprat. Pris fra kr 257.700,-* *Prisene gjelder bil ferdig levert fra forhandler inkl frakt og lev.omkost. Årsavgift kommer i tillegg. Avbildet modell kan ha utstyr utover standard.

Førde Sogndal Stryn Florø Måløy

-

24 03 18 00 57 67 57 00 57 87 26 00 57 74 22 40 57 84 80 08

Førdepatri ten NR. 1 2014

3


Det at unge folk sluttar med idrett i ein alder av 12 til 15 år, har vore vanleg. Men i Førde-fotballen prøver dei no å redusere dette.

Her gjer dei eit eksperiment – Vi har teke utgangspunkt i smågutespelarane som er fødde i 2000. dette er eit ganske stort kull, og då har hatt nokre engasjerte foreldreleiarar rundt seg i nokre sesongar. difor har vi funne ut at det kan vere greitt å starte med desse spelarane, og sjå kva vi kan gjere for at vi både kan avgrense fråfallet og samstundes auke kvaliteten på ferdigheitene til spelarane, seier Knut erik Folland. Som klubbens sportslege leiar og som utøvande trenar viser han til at tidlegare år har denne aldersgruppa av 14-åringar bestått av eit satsingslag, og med eitt eller to breiddelag. desse har trent på forskjellig tid, og gjerne også på forskjellige baner. Og resultatet er at mange i løpet av dette året har slutta med fotball, og det har vore vanskeleg å gjennomføre sesongen. – det vi har gjort med 2000-årgangen, er derimot at vi har samla alle desse 45–50 spelarane i Hafstadparken tre gonger i veka. dei trenar på same tid, slik at dei framleis kan sykle frå og til treningane saman, og dei er på det same treningsfeltet heile tida. det betyr at vi held på det sosiale samspelet som er etablert gjennom skulesystemet noko lenger enn tidlegare. Samstundes er dette ungdommar som akkurat har byrja på ungdomsskulen, og difor er i ferd med

4

Førdepatri ten NR. 1 2014

å etablere nye sosiale grupper. difor kan det for mange vere godt å halde på den gamle og trygge organiseringa, seier Folland og ser det myldre rundt spelarane desse tre dagane. Samstundes er dei 45–50 spelarane fordelte i differensierte grupper, slik at den kvalitative delen også skal vere ivareteken. – der vi tidlegare hadde eit satsingslag, så opererer vi her med ei satsingsgruppe. den hadde i utgangspunktet 24 spelarar, og har gradvis blitt redusert til 18. Men samstundes held vi dørene opne, slik at vi kvar 14. dag tek to spelarar ut av gruppa og to nye spelarar inn. Og dette vert gjort gjennom ein tett dialog med alle trenarane på feltet, seier Folland og ser at på ein vanleg treningskveld med 2000-årgangen så vil det vere ei satsingsgruppe samt to eller tre breiddegrupper i aktivitet. Gjerne differensierte etter nivå. – eit anna element vi har lagt vekt på, er at det ikkje er berre spelarane som skal skifte gruppe. Vi prøver også å la trenarar hospitere med satsingsgruppa, slik at dei både får fagleg påfyll og ikkje minst får innsyn i kva referanse som må til for at spelarar skal ta nye steg, seier Folland om opplegget rundt 2000-årgangen. – Vi organiserte denne gruppa rundt nyttår, og har så langt ikkje registrert fråfall i det heile.

denne årgangen har ein tilsett trenar i Benny rivedal, og dessutan er det sju-åtte foreldreengasjerte trenarar som stiller opp nesten kvar einaste treningsdag. Og desse trenarane flyttar rundt på feltet, og har å gjere med alle gruppene, seier Folland. – Kvart enkelt lag har ein eigen lagleiar, men vi prøver samstundes å ha ein lagleiar som har overoppsyn med heile gruppa, og som i tilfelle kan trekkje i dei trådane som trengst. Ikkje minst er det viktig at informasjon om turneringar, kampar og anna skal tilflyte alle. Difor er gruppene også organisert i grupper gjennom Facebook, seier Folland. Når det gjeld seriespel, så er desse 14åringane plasserte i tre breiddelag som spelar 9ar-fotball, medan satsingsgruppa spelar 1. divisjon med 11ar-fotball. I tillegg er dei omtrent 10 beste spelarane med på klubbens Akademilag (som består av spelarar frå store delar av Sunnfjord), som spelar ein kamp i månaden gjennom heile året. Når det gjeld den kvalitative satsinga, så er det samstundes slik at dei fem beste spelarane (plukka ut av Førde IL Fotball ved Torbjørn Glomnes og Benny rivedal) får delta på klubbens toppgruppe-opplegg. – dette betyr at dei har to treningar i


veka saman med 1999 og 1998-spelarar på dagtid. Her er det Torbjørn Glomnes eller Lars Ove Nistad som har treningane. Og når opplegget rundt desse lags-treningane har sett seg no i mai, så skal dei mest motiverte spelarane også få tilbod om å hospitere med gut elite. Her er det treningar som er viktig, og ikkje minst er det viktig at dei får fordelt treningsmengda over fleire dagar, seier Folland og viser til at klubben har lagt opp til treningar på forskjellige dagar for dei forskjellige aldersgruppene for at dette skal kunne tilpassast betre. Fleire av 2000spelarane går dessutan på Førdeakademiet, som har treningar på morgon og ettermiddag (tre økter i veka). - Vi kan sjølvsagt aldri stoppe fråfall heilt,

men vi kan kanskje utsette det. På denne gruppa ser det så langt veldig positivt ut. Både Torbjørn Glomnes og eg er innom treningane, og ser at utviklinga på spelarane er veldig god. det er umogleg å seie i 13-14-årsalderen kven som vil bli best. difor er det viktig at så mange som mogleg opprettheld aktiviteten, og så kan det plutseleg vere ein spelar som er rangert på eit breiddelag som tek enorme steg. For vi har mange døme på spelarar som ikkje har vore på krinstiltak, men som likevel har hamna både på landslag og i Tippeligaen. difor har vi veldig stor tru på det opplegget vi har sett i gang med 2000-årgangen. Og vi kjem mest sannsynleg til å gjere tilsvarande for 2001 frå nyttår. Og slik vil vi utvikle desse årgang-ane framover, seier Folland.

Dette er personane som er knytt til 2000-satsinga: Trenarar: Jarle Undeland, Leif Arne Åsen, Odd Helge Vågseth, rune Strømmen, Bård eikeset, Leif Magne Bjørvik, Jens Sagevik, Benny rivedal Leiarar: Ane østby, elisabeth Indrebø, Berit Berger Nilsen, Stig roger eide

Førdepatri ten NR. 1 2014

5


i slutten av februar vart Leif Arne Åsen vald som ny styreleiar i Førde-fotballen. – Eg har hatt ei bratt læringskurve, seier den profilerte næringslivsleiaren.

Her er sjefen i sitt ess Leif Arne Åsen har brukt dei første månadane som leiar for Førde-fotballen til å gjere seg kjent med organisasjonen. Men han er ikkje berre å finne i korridorane på FIL-huset eller i møte med samarbeidspartnarar. I staden er han vel så ofte å finne på treningsfeltet på Hafstad, der han er ein av fleire trenarar for 2000-kullet. – det vert gjort ein utruleg viktig jobb i Førdefotballen. eg har ikkje tal på kor mange eldsjeler vi har som står på time etter time, for at unge menneske skal få eit godt idrettstilbod. Vi har 117 lag påmeldt i år, og det betyr at mellom 1200 og 1300 personar er aktive spelarar. det betyr i klartekst at 10 prosent av Førde sitt innbyggjartal er aktive i fotballen. Og reknar du inn foreldre, søsken og besteforeldre, så er det ikkje vanskeleg å forstå at fotballen har ein sterk posisjon i Førde-samfunnet. dette er identitetsskapande, og noko av mi oppgåve er å gjere desse banda sterkare, seier styreleiaren. Han ser samstundes at det er stor skilnad på hans profesjonelle jobb som gründer i entrepenørselskapet Åsen & øvrelid og den frivillige innsatsen som vert lagd ned i idretten. – Som aksjonær i Åsen & øvrelid er eg oppteken av ikkje å blande snørr og bart. det er enorm skilnad på det frivillige og det profesjo-

nelle næringslivet. I idretten vert det lagt ned ein utruleg stor frivillig innsats, og det utan at alle eldsjelene får anna godtgjersle enn aksept på den jobben dei gjer. der vi i næringsliv må honorere i kroner og øre, så held det med eit smil og klapp på skuldra innan det frivillige. det gjer meg utruleg audmjuk for den jobben som vert gjort, seier Leif Arne Åsen. Han vedgår at han vart litt overraska då han fekk ein førespurnad om å stille til val som ny styreleiar i Førde IL Fotball. – Ikkje har eg vore god på å spele fotball sjølv, og ikkje har eg hatt så særleg stor interesse for det heller. Men etter kvart fann eg ut at det var jo kanskje heller ikkje så viktig, seier Leif Arne Åsen og ser at han med bakgrunn som aksjonær i entreprenørselskapet Åsen & øvrelid, samt ei rad med styreverv i frivillige organisasjonar, har solid bakgrunn for å leie ein så stor organisasjon. – Førde IL Fotball er ein veldig stor frivillig organisasjon med innpå 1300 aktive medlemmer. Pluss mykje, mykje meir. Og det er ein organisasjon med stor entusiasme, mykje stoltheit og ikkje minst sterk identitet. Og er det noko som triggar meg, så er det tanken på å føre ein slik organisasjon vidare oppover på

stigen, seier Leif Arne Åsen og er vand med ein kombinasjon av tilsette og mange frivillige frå mange av sine tidlegare styreverv. – Som styreleiar vert det nok mi oppgåve å strukturere og motivere alle i organisasjonen så godt som mogleg. Og når eg dessutan er veldig komfortabel med at klubben har ein rekneskapsførar i Irene Bjørvik som dagleg leiar, og ei sterk sportsleg avdeling med Knut erik Folland og Torbjørn Glomnes, så var det mykje lettare å seie ja, seier Leif Arne Åsen som likevel er oppteken av å ta vare på dei profesjonelle i organisasjonen. – dei første månadane har eg brukt noko tid på desse sentrale personane i organisasjonen. Vi må vakta oss vel for ikkje å legge for mykje arbeid på desse. I stor grad kan mykje av denne jobben gjerast av oss frivillige, men då handlar det i stor grad om å bygge ein organisasjon som er tufta på informasjon, og som har synlege og tydelege strategiar. Her er det mange som bidreg utover det at dei vil støtte sine eigne, og det er noko eg opplever som utruleg motiverande. eg storkosar meg når eg får vere saman med engasjerte foreldre og ungdommar som saman jobbar mot eit felles mål. eg har mykje å lære, men klubben kan vere trygg på at dei

VI KAN HJELPE DEG MED... • Graving • Pigging • Masseforflytting • Natursteinsmuring

• Plastring • Snørydding • Stikking • Masseberekning

Kontakt oss for eit prisoverslag! 6

Førdepatri ten NR. 1 2014

• Boring • Sprenging • Transport • Sandtak

• Nydyrking • Rørlegging • Landmåling • Rivingsarbeid


skal ikkje få ein styreleiar som legg seg bort i detaljar. Min styrke er nok at eg ser dei store linjene, og eg kjem til å ha fokus på det også i Førde IL Fotball, seier Leif Arne Åsen. Og den nye styreleiaren ler i kjent stil når vi konfronterer han med at han sikkert heilt tilfeldig vert avfotografert med Åsen & øvrelid-skilt i bakgrunnen. – He, he. du var heldig med den. Men som eg har sagt før, så prøver eg å unngå å blande snørr og bart. Vi er fire aksjonærar i entreprenørselskapet Åsen & øvrelid, og eg har ikkje noko med den daglege drifta å gjere. eg er prosjektutviklar, og har tidlegare ikkje hatt problem med å skilje roller, verken som styreleiar i organisasjonslivet eller innanfor det politiske systemet, seier den nye styreleiaren. derimot håpar han at han kan vere med på å utvikle entusiasmen rundt klubben. – Dei siste åra har eg vore ein av fleire trenarar for eit smågutelag, og opplevd utruleg mykje glede. Både på feltet, blant foreldre og ikkje minst blant likesinna i klubben. Og kan vi utvikle ein slik entusiasme vidare i heile klubben, så skal mykje vere gjort. Grunnlaget er fantastisk godt, og eg skal vere audmjuk på

korleis eg skal nærme meg dette oppdraget, seier Leif Arne Åsen og held fram: – eg har sett kor godt klubben har fungert dei åra eg har vore engasjert som far. Og i den grad eg kan bidra med noko, så skal eg gjere det på ein audmjuk måte. Og så veit alle som kjenner meg, at eg elskar utfordringar og blir ekstra trigga når eg står overfor oppgåver som ikkje alltid ser like enkle ut for meg. Så dette gler eg meg verkeleg til, seier den nye styreleiaren i Førde IL Fotball og vil helst ikkje tippe resultat i oppgjeret mellom Førde og Florø på Førde stadion 16. mai. – Nei, du får ikkje meg til å tippe. eg ser fram til kampen, og håpar på god stemning både før og etter kampen. For som styreleiar må eg ha perspektiv både i denne augneblinken og langt framover i tid, seier den nyvalde styreleiar og legg på plass utstyret etter fullført treningsøkt i Hafstadparken.

i sentrum: Leif Arne Åsen likar seg på matta. Her i lag med merksame smågute-spelarar.

VI STØTTAR

FØRDE-FOTBALLEN Tlf. 99 21 25 55 – www.fsement.no Førdepatri ten NR. 1 2014

7


Dersom bilkøyring berre handlar om å komme seg frå eitt punkt til eit anna, spelar det inga

Lurer du på hva som skjer i fremtiden?

rolle kva bil du køyrer. Dersom bilkøyring i tillegg skal vere ei positiv og trygg oppleving skal du køyre bil frå Frydenbø Bilsenter Førde.

Revisorer, advokater og konsulenter Deloitte er verdens største leverandør av profesjonelle tjenester innen revisjon, konsulentvirksomhet, advokattjenester samt Corporate Finance og transaksjonsrådgivning. Vi arbeider for internasjonale selskaper og norske virksomheter innen privat og offentlig sektor. Gjennom våre regionskontorer er Deloitte å finne på strategiske steder i store deler av landet. Fra våre kontorer i Florø, Førde og Sogndal dekker vi hele fylket i tillegg til at vi utfører oppdrag for våre klienter uavhengig av geografi og kontorstruktur.

Vi har modellane som gjer at du får akkurat den opplevinga. Frydenbø Bilsenter Førde er forhandlar av Volvo og ViSTOLT har modellane gjer at du får akkurat den opplevinga. SPONSORsom AV FOTBALLEN I FØRDE. Frydenbø Bilsenter Førde er forhandlar av Volvo og Renault. Frydenbø Bilsenter Førde tlf. 57 83 72 00 www.frydenbo.no

Kontakt oss gjerne for en uforpliktende samtale: Hans Jørgen Kirkeeide Tlf: 958 19 044 Rune Norstrand Olsen Tlf: 952 48 004 Leif Kilnes Tlf: 952 41 942 Knut Midtun Tlf: 958 12 380 Gunn Irene S. Bruheim Tlf: 971 42 491 www.deloitte.no

© 2013 Deloitte AS

Caverion er leiande leverandør innanfor tekniske installasjonar for alle typar bygg og industri. Caverion designer, produserer og vedlikeheld energieffektive løysingar. Vår styrke er brei teknisk kompetanse, kundeorientert service samt vedlikehald av alle dei tekniske installasjonane gjennom bygget si levetid. I Førde leverer vi tenester innan:

Elektro

AV

Sikkerhet

Ventilasjon

Automasjon

Rør

Varme

Kjøling

Caverion Norge AS Avd. Førde Hafstadvegen 76 6813 Førde Tlf. 57 72 36 00 www.caverion.no

8

Førdepatri ten NR. 1 2014

www.byggmakker.no/bruland bruland@byggmakker.no Tlf: 57 72 22 30


Samarbeidspartner

Kvalitet - Trygghet - Erfaring Vi er stolte av å være en bedrift som har lange tradisjoner og hvor kvalitet i alle ledd er viktig.

Leverandør til godt håndverk Flovegen 5, 6800 Førde - Telefon: 57 82 85 00 - Telefaks: 57 82 85 01 www.neumann.no

TRELAST OG BYGGEVARER - MUR OG BETONGPRODUKTER - KJØKKEN, BAD OG INTERIØR Førdepatri ten NR.1 2014

9


F.v. gutespelar Sondre Grotle, 4. div.-trenar Arild Sandvoll, hjelpetrenar gut elite John erik Strøm og hovudtrenar gut elite Lars Ove Nistad.

Spelarutviklar Torbjørn Glomnes på feltet.

– Sjølvsagt har vi som mål å vinne fotballkampar. Men til sjuande og sist, er det spelarane si utvikling det handlar om, seier Lars Ove Nistad.

– Vi set enkeltspelarane i se reiser du ein tur opp i Hafstadparken eller innom Førde sine akademitreningar, så er sjansen svært stor for at du vil treffe på Lars Ove Nistad. Han har lang fartstid som trenar for dei aldersbestemte laga i Førde-fotballen, og i år har han hovudansvaret for det beste gutelaget i klubben, gut elite. – Ja, sjansen er vel stor for at du treffer meg på eit av anlegga. Og eg legg vel heller ikkje skjul på at dei fleste også brukar å høyre meg. For engasjementet mitt er vanskeleg å skjule. Og ikkje har eg behov for å gjere det heller, smiler Nistad. Han er oppteken av at spelarane, på same måte som han som trenar, skal gje av seg sjølve. – eg har å gjere med dei mest motiverte spe-

larane på mange måtar. dei mest iherdige trenar opp mot 7–8 økter i veka, fordelt på lagstrening, toppgruppe og akademitrening. Samt at nokre også hospiterer på 4. divisjonslaget, seier Nistad om spelarane som er fødde i 1998 og 1999. – Vi har einskildspelarane i sentrum. Og sjølv om vi på dette nivået også ser litt på strukturen på laget, så er vi først og fremst opptekne av å utvikle spelarane sine ferdigheiter. Vi har ikkje noko resultatmål for klubben på dette alderstrinnet, men seier sjølvsagt ikkje nei til ein KM-tittel. Men vi vil at spelarane først og fremst skal utvikle sine ferdigheiter med ball. Vi slår berre unntaksvis langt, og har ein klar ballbesittande spelestil, seier Nistad og ser at her i

fylket er det stort sett Sogndal, eid og delvis Florø som ligg på det same nivået. – difor hentar vi ved nokre høve referanse for spelarane ved at vi deltek på til dømes dana Cup eller Svennis Cup. Samt gjerne Adidas cupen, som er ein uoffisiell NM-cup for denne aldersgruppa, seier Nistad. Han har sjølv på det meste 10–11 økter med trening i løpet av veka. – det skuldast at eg også har akademitreningar i Førdehuset om vinteren, og elles har toppgruppe-samlingar. dessutan har eg også trenaransvar for Akademiserielaget til Førde på G15 med mange treningar og kampar gjennom året. Så det går i fotball gjennom heile året, seier Nistad, som også ofte har med seg ungane

Billegbutikken med supermarknadsutval Coop - litt ditt. Kjøpeutbytte på alt du handlar. Sjå alle fordelar på coop.no/medlem 10

Førdepatri ten NR. 1 2014

EKSTRA LÅGE PRISAR Florø – Førde - Sogndal - Øvre Årdal


entrum sine, Jonas og Tiam, på mange av treningane. – eg jobbar i dale som lærar og pendlar fram og tilbake. Og når eg då kan ha med meg to lidenskapelege fotball-ungar på trening, så lettar det litt på samvitet i forhold til å vere ein del borte frå heimen. For eg er ein skikkeleg familiefar, og elskar å bruke den resterande tida saman med familien. Så for meg er det fotball og familie, seier Nistad etter at han har gjennomført ei treningsøkt med framtidige Førdespelarar. – Vi skal heile tida utvikle spelarane sine val for kva dei gjer med ballen. Nokre kan ta steget, medan andre vil vere nøgde med det nivået dei har nådd. Spelarane er forskjellige i sine haldningar, og vår oppgåve som trenarar

er å få ut det maksimale av dei, seier Nistad. Med seg som hjelpetrenar har han John erik Strøm. – Og med tanke på bilturane mellom dale og Førde kvar dag, så går det mykje tid til planlegging og kommunikasjon med John erik. dermed kan vi vere godt budde når vi kjem på feltet og møter motiverte og ærgjerrige ungdommar, seier Lars Ove Nistad.

Vi støttar Førde IL Fotball

Førdepatri ten NR. 1 2014

11


Etter fotballkampen smakar det godt med ein pizza på Dolly! Dollypizza for ekte (pizza)elskere ;-)

Smaken Smaken du du blir blirhekta hektapå! på!

– Hyggeleg Hyggeleg restaurant restaurant – Stort Stort leikerom leikerom – Utkøyring Utkøyring –– der der du duer! er!

Bestill på telefon eller nett.

0 44 40

Førde

dolly.no

57

50

72

på Ska bil de 83 en?

Opningstider: Mån.–tor. 12–22, fre.–laur. 12–23, søn. 13–23

ANTIRUSTBEHANDLING

Jobbe hardt i

2x45

minuttar?

Tuff-Kote Dinol behandling, den mest avanserte og omfattande rustbeskyttelsebehandlinga. Vi tilbyr også lakkonservering frå Diamondbrite med 6 års garanti uten rebehandling.

9 timar kvar dag

12

Førdepatri ten NR. 1 2014

...og det har vi gjort i over 15 år.... På jobb frå klokka 6 om morgonen og etter jobb kjem trening og fotball! Uansett kva for ballar vi er opptekne av, er det viktig med næringsrikt påfyll under vegs.

Dei populære Signes Raspeball finn du i butikkhylla, med eller utan flesk. Sjå etter dei gule og blå merkelappane. God kamp frå Glenn og Signe!

Ei

Følg oss facebook.com/ Bilskadesenteretas

RASPEBALL

Ikkje mykje å skryte av - vi jobbar

annonse frå Welten Design. Foto: Stig Roger Eide, Firda

Tlf: 57 83 72 50 post@bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no Man-fre 07:30-16:30

SIGNES


FLISE-NYTT I BUTIKKEN! XL

– for deg som vil ha det profft

Vi har fylkets største lagerførte utval!

Snakk med oss eller vår samarbeidspartnar i FLORØ:

Evjegata, 6900 Florø – Tlf. 57 74 03 66

Velkommen innom! Ope: Mån–fre Torsdag Laurdag

7.30–16.30 7.30–18.00 9.30–14.00

Pb. 111, 6801 Førde – tlf. 57 72 18 00 – www.farsundbygg.no – post@farsundbygg.no

Førdepatri ten NR.1 2014

13


–tøffare start enn kva vi had I fjor var Førde i toppen av 2. divisjon i store delar av sesongen. I år har utskiftingar i stallen og ikkje minst skadar prega dei første kampane. - det er tydeleg at forventningane til oss er store. Både internt i klubben, og i omgjevnadane rundt. Men det er kanskje på tide å sjå realitetane litt i auga, seier Knut erik Folland. Etter fire spelte seriekampar og ein cupkamp har noko av sesongen sett seg, og Førde ser ikkje ut til å halde fram på same måte som dei

14

Førdepatri ten NR. 1 2014

gjorde i fjor. Likevel heng dei godt med føre møtet mot Florø på Førde stadion 16. mai. – Sjå berre på det faktum at seks spelarar har forsvunne. • Kristian Fardal Opseth (til Sogndal i februar 2014) • Christoffer Hafsås (til Fyllingsdalen i august 2013) • Vegard Skjeldestad (la opp etter 2013-sesongen) • Thor-Erik Nygård (la opp etter 2013-sesongen) • Eirik Fraas (reiste på studiar august 2013) • Kim Tangedal (la opp etter 2013-sesongen) - dette er spelarar som alle har lang fartstid på

dette nivået, og det er urimeleg å forvente at vi skal erstatte dei i løpet av kort tid, seier Knut erik Folland. dessutan har mange av dagens spelarar hatt ein vanskeleg inngang til årets sesong: • Kristoffer Haaland Iversen (langtidsskade, og først speleklar tidleg i mai) • Harald Oppedal (langtidsskade i april månad) • Øystein Myrkaskog (langtidsskade i april månad) • Johan Wennberg (langtidsskade i mai) • Øystein Vetti (langtidsskade i mai) • Eirik Flatjord (langtidsskade i april) – Viss vi summerer opp dette, så betyr det at minst eit heilt lag med 2. divisjonsspelarar


dde ønskt oss har vore indisponible for oss frå starten av 2014-sesongen. Og i det perspektivet er det kort og godt imponerande at vi har klart oss gjennom denne vanskelege startfasen med to sigrar. Dessutan er dei to hårfine tapa mot Åsane og Grorud tøffe å ta med seg, då vi hadde fortent betre, seier Knut erik Folland og ser at trass i ein tøff start på sesongen, så har spelarane respondert utruleg godt. – Vi har fått gode forsterkingar i Ante Knezovic, Matias Fjeldal Olsen og Alexander Stockinger. Vi har også signert Maid Memic, men grunna studiar i USA er ikkje han speleklar før 17. mai. Og det vil vere urimeleg å tru at desse forsterkingane skal erstatte dei vi ikkje har hatt tilgjengelege i starten, seier Folland. Førde har også i lengre tid vore i kontakt med Holm frå Bossekop, og han er snart speleklar for Førde. dessutan har veteranen Kim Tangedal snørt

Bakre rekke frå venstre: Harald Oppedal, Johan Wennberg, øystein Vetti, Vegard Gjermundstad, Gisle Isene, Alexander ødegaard Midtre rekke frå venstre: Knut dvergsdal, Sondre Sandvoll, Torbjørn Glomnes, Alexander Stockinger, eirik Flatjord, Knut erik Folland, Matias Fjeldal Olsen, Torstein Frøholm, Bernt Norevik, Olav Flatjord, Glenn eliassen Fremste rekke frå venstre: erlend Moen Taule, Thor Jørgen Spurkeland, Ante Knezovitz, Fredrik Hanssen, Magnus Bjørvik, eirik Kvamme Ikkje til stades: daniel Grimset Kvalvågnes, øystein Myrkaskog, Kristoffer Haaland Iversen, Maid Memic.

på seg fotballskorne igjen, og late 5. divisjonsfotball med Gaular bli erstatta med 2. divisjonsfotball med Førde. – eg er utruleg glad for at Kim føler klubbansvar og vil hjelpe oss i denne vanskelege situasjonen. det er gull verdt for oss, seier Folland og såg at den tidlegare Sogndal-spelaren melde seg til teneste i bortekampen mot Stord 10. mai. ein kamp som Førde vann 1-0 etter at Bernt Norevik scora sitt første mål i 2. divisjon, og markerte for fullt at han er tilbake etter eit år på sidelinja etter blodproppen han fekk tidleg i 2013. Folland er likevel rimeleg sikker på at når dei skadde spelarane er tilbake, og dei nye spelarane har vent seg til miljøet, så skal Førde bite godt frå seg. – Vi har hatt ein god treningsvinter, og har utvikla oss mykje. Ikkje minst med tanke på

struktur i mannskapet. difor trur eg vi skal plukke poeng jamt og trutt utover, seier Folland optimistisk og gler seg stort til møtet med Florø 16. mai. – det er kort og godt fantastisk med slike lokaloppgjer. dette er kampar som lever sitt eige liv, og som er sjølv-motiverande for mange av spelarane. Og i mange tilfelle så handlar det kanskje om å få ned spenningsnivået på mange av spelarane. Men det er er jo ein draum for spelarar på dette nivået å oppleve meir enn 1000 tilskodarar på tribunene. Så dette er noko vi verkeleg ser fram til. Føre oppgjeret på Førde stadion mellom desse to naboklubbane ligg Førde på 6. plass, berre to plassar føre Florø.

Førdepatri ten NR. 1 2014

15


Vi støttar Førdefotballen! Hurtigmat som er enkel å ta med heim, på jobb, ute, eller på tur!

RENATI Strong hold Rettl. uts.pris kr 165,-

Ferskt & delikat Praktisk & enkelt s FRUKTBAR s SALATBAR s FERDIGMAT s BUTIKKBAKERI

OPNINGSTIDER: 8-21 (9-20)

DU TRENG IKKJE VENTE PÅ SOLA!

119,-

kr

VI SPRAYAR DEG BRUN!

HANDELSHUSET

VISA Gåvekort Den perfekte gåva! Kan brukast både i butikkar og på nett.

Kjøp på ssf.no/gave

NO OGSÅ FOR BEDRIFTER! Har du tenkt på at du kan bruke VISA Gåvekort som gåve til dine tilsette? Sjå ssf.no/bedriftsgave

16

Førdepatri ten NR. 1 2014

meirennbank.no


%\JJDXWRPDVMRQ ‡ Vann² RJ DYO¥SV DXWRPDVMRQ ‡ 0DULWLPDXWRPDVMRQ

Webbasert driftskontroll

Trenger du container? Ring oss pĂĽ 09 700 tlf 09700

Telefon: 09 700 www.norskgjenvinning.no

Postboks 132, 6771 Nordfjordeid 7HOHIRQ     ‡ (-post: post@normatic.no www.normatic.no

Vi støttar Førdefotballen

   

Førde Elektro og Rør AS DIN LOKALE ELEKTRIKAR OG RĂ˜RLEGGAR



Kurs og møter Lokalmat pü menyen Kunst og kultur Blütur og kick-off Bryllup og jubileum

- hotellet for dei gode opplevingane!

 57 72 39 90

Firdavegen 16 – 6800 Førde – tom@forde-elektro.no

Storehagen 2, 6800 Førde - tlf. 57 83 40 00 - www.rica.no

Førdepatri ten NR.1 2014

17


Betyr det noko? Betyr det noko at vi har verksemder med hovudkontor i fylket? Betyr det noko at Sogn og Fjordane energi, Fjord 1, Lerum og Sparebanken Sogn og Fjordane har sine hovudkontor på Sandane, i Florø, i Sogndal og Førde? Betyr det noko at funksjonar som økonomi, marknad, IKT og sal ikkje er sentralisert til Oslo eller Bergen, men gir kunnskapsarbeidsplassar i distriktet? Betyr det noko at leiinga i disse verksemdene sit lokalt og har styringa ut frå eit regionalt perspektiv? Milliardane fylket treng Betyr det noko å ha ein regional sparebank som er stor og solid nok til å finansiere lokale verksemder og som kjenner kvar krik og krok i fylket? Som i kraft av sin storleik og soliditet hentar dei milliardane fylket treng til nye utlån. Som ser at nye fjøs og fiskebåtar er like viktig som nye handelsbygg og har mot og kraft til å finansiere begge delar. Betyr det noko å kunne ringe til ein du kjenner når viktige avgjerder skal takast om investeringar i hus på Atløy eller leilegheit på Grünerløkka? Sterk og kunnskapsrik organisasjon Igjen har vi lagt fram eit godt rekneskap, og i lag med mine tilsette gledd meg over at vi klarer å hevde oss i kampen med dei store landsdekkande og nordiske bankane. Gleda over resultatet er ein ting, og viktig nok. Utan gode økonomiske resultat veit alle at det fort er kroken på døra. Men mest av alt gleder eg meg over å sjå organisasjonen blomstre og utvikle seg. Sjå at vi utviklar ein sterk og kunnskapsrik organisasjon som byggjer verdiar i fylket og syter for at dei blir her. Aldri har ei privat verksemd med

18

Førdepatri ten NR. 1 2014

hovudkontor i fylket levert eit resultat på 475 millionar kroner. Av desse går 133 i skatt til staten og kommunar som sårt treng det. resten blir også igjen i fylket! Betyr det noko? Trivsel og livskvalitet i ditt nærmiljø Betyr det noko at disse millionane ikkje går til aksjonærar i andre landsdelar eller som utbytte eller bonusar til framande eigarar? Betyr det noko at dette heller går til gåver og tilskot innan kultur og idrett i Sogn og Fjordane? Betyr 130 millionar til disse formåla dei siste seks åra noko for trivsel og livskvalitet i ditt nærmiljø? Betyr det noko at vi i lag med gode samarbeidspartnarar bidreg til nye utdanningstilbod på høgskulen og i oljemiljøet i Florø? Mangfald, med lokalt eigarskap og lokal styring Vi har mange gode verksemder som bidreg på mange område i fylket. dei er viktige alle saman. La oss difor snakke godt om dei og kvarandre og glede oss over at dei tener pengar og lykkast!

Men det er også ei påminning om kor viktig det er med mangfald, med lokalt eigarskap og lokal styring. I den dimensjonen er sparebank ein fantastisk forretningside som har overlevd i 200 år! Om vi forvaltar våre verdiar godt, tener pengar og oppfører oss skikkeleg, så vil vi leve i mange år til. – Eg trur det betyr noko!

Av Arvid Andenæs, adm.dir. Sparebanken Sogn og Fjordane


det er håp om mange jubelscener for Førde sitt damelag i årets 3. divisjon.

Førde måtte i fjor ta vegen ned frå 2. divisjon. Men i år er målet å ta raskaste vegen opp att.

– Vi må kalle oss favorittar etter dei to første seriekampane i 3. divisjon, har mannskapet til Geir Hoff og rasmus Faleide festa eit godt grep om opprykksrattet. Kaupanger II og Breimsbygda hadde lite å stille opp med i desse to kampane, og med 16–0 i målskilnad og full poengpott meiner hovudtrenar Geir Hoff at laget må vere favorittar i årets 3. divisjon. – Vi må tore å kalle oss favorittar. Men vi må vere budde på at Høyang, og tidvis Florø, kan komme med overraskingar. Men gjennom ein heil sesong bør vi ta heim dette, seier Hoff optimistisk. Han ser samstundes at svekking av spelarstall kan medføre at haustsesongen kan bli tøff for hans lag. – Vi må vere budde på at nokre av våre spelarar vil forsvinne til hausten. då er det godt å vite

at det vert jobba godt innan dei aldersbestemte laga i Førde, og vi får stadig opp nye, spennande spelarar. Men skal vi vinne serien, og i så fall, førebu oss på å spele i 2. divisjon, så må sentrale spelarar i tilfelle erstattast, seier Hoff og har sjølv sett at sentrale spelarar som Sara eriksen, Anette Saltskår, Camilla Stenseth og Linda Saltskår har reist frå klubben i løpet av den siste sesongen. – Ingen tvil om at dette var sentrale spelarar i 2. divisjon. Og viss vi skal ha ambisjonar om å halde oss i divisjonen over, så bør vi vinne 3. divisjon med god margin. Først då kan vi ha håp om å overleve i divisjonen over, då skilnaden mellom 2. og 3. divisjon er ganske stor, seier Geir Hoff.

Førdepatri ten NR. 1 2014

19


Klar for nye utfordringer?

Jobzone hjelper deg i mål! Jobzone Førde Concord 2. etg 6800 Førde Tlf. 5700 5700 www.jobzone.no/forde

Kom i gang

nå!

Velkommen til Førdes største treningssenter

SOMMERSPREK

2014

Tren frem til 1 august for kr. 0,-

STATOIL FØRDE • Bilvask • Storkiosk • Varmmat

Ved innmelding før 31.mai trener du GRATIS frem til 1. aug og får tøff Spenst Bag! Adm.gebyr kr 249,- tilkommer. 12 mnd. Binding. Første trekk 20 august.

Tlf. 577 20121 Hafstadveien 36, midt i Førde sentrum. www.spenstforde.no

TIPPING hos STATOIL FØRDE

STATOIL BUTIKK FØRDE tlf. 57 82 11 28 – ope til 24.00

20

Førdepatri ten NR. 1 2014


Alltid på HEIMEBANE! rde.n

o

h

hfo

Vi støttar FIL-Fotball HANDELSHUSET

Vi støttar Førde-fotballen som har totalt 117 lag i år!

Postboks 506, 6803 Førde

inform-media.no Rein Design

Tlf. 57 72 38 50 | www.aasen-ovrelid.no

Vi sponsar idrettsglede! I 2001 tok vi verda til Sogn og Fjordane – vi leverte breiband til fylket. Men vi ville gjere noko meir. Vi ville gje tilbake. Sidan 2001 har vi sponsa lokale kulturog idrettsarrangement med millionar. Det betyr blant anna at mange unge og håpefulle kan gå ut og gjere det dei har mest lyst til.

VI STØTTAR SOGN OG FJORDANE

Lokalt breiband – lokale verdiar LES MEIR PÅ

enivest.no/sponsor

Din lokale breibandsleverandør i Sogn og Fjordane

Førdepatri ten NR.1 2014

21


Blikk inn i framtida – Heile prosjektet er i rute, og det skjer endringar i området i Hafstadparken frå dag til dag, seier Per Øyvind Storevik.

22

filer\5 - Hovudprosjekt, anbodsteikningar\12061-3-P10-190613.rvt

Storevik er utbyggingsansvarleg på vegner av Førde idrettslag i Hafstadparken, og ser dagleg store endringar i Hafstadparken. – det er utruleg spennande å sjå alt som skjer i området rundt dei to kunstgrasbanene, seier Storevik og fortel at brukarar av området snart vil måtte endre sine rutinar for tilkomst. Om ikkje så lenge vil dagens tilkomstveg bli stengd, og all trafikk inn til området skal skje via den nye vegen som er i ferd med å bli fullført frå rundkøyringa ved rema 1000 på Hafstad. – Tidsplanane viser at den nye infrastrukturen skal vere klar til fellesferien. Og det vil ikkje vere lenge før arbeidet rundt klubbhuset tek til. det skal såast i og plantast til, og då vil all trafikk til Hafstadparken kome inn frå sørvest, seier Storevik. Han viser til at det er opparbeidd ein stor parkeringsplass vest for klubbhuset, og at ingen bilar skal kunne køyre inn i området slik det har vore mogleg å gjere i anleggsfasen. – det er kommunen som er ansvarleg for infrastrukturen til området, og dei er i desse dagar i ferd med å sluttføre rundkøyringa som ligg mellom elva og klubbhuset. Framtidig parkering vil vere langs vegen til barnehage/klubbhus, og på den store parkeringsplassen vest for anlegget, seier Storevik. Samstundes med at tilkomsten til anlegget vert endra, skjer det mykje inne i sjølve bygget. – Barnehagen og klubbhuset har to separate gards- og bruksnummer, og barnehagen skal leige fire kontor av det nye eigedomsselskapet som vi har danna (FIL-eigedom). dette selskapet er etablert av rekneskapsmessige grunnar, og eventuelt overskot skal i sin heilskap pløyast tilbake til idrettslaget, seier Storevik. Barnehagebygget skal takast i bruk i midten av august, medan ferdigstilling av klubbhuset skal vere fullført 15. desember. – Alt er i rute, og det er arkitektkontoret ArKI ved Torodd Os og selskapet Åsen & øvrelid som fører denne prosessen vidare. Og vi går spennande tider i møte, seier Storevik og er føre-

Førdepatri ten NR. 1 2014

budd på ein stor flyttesjau når fotballen skal ut av FIL-huset og over til Hafstadparken. – dette blir nye tider, og er noko vi ser fram til. Men det som er vel så viktig er at dette anlegget vil bli noko dei fleste innbyggarane i Førde vil sette pris på, seier Storevik. Han viser til at dette prosjektet får mykje skryt rundt om i heile Norge når fylkeskommunen ved fleire høve har vist fram planane for andre. – dette er eit pilotprosjekt, og ein av få parkar i nasjonen som blir bygd heilt frå botnen av. Og sjølv om vi så langt har sett at det har skjedd mykje i området, så har vi på langt nær sett alt. Om kort tid vil til dømes rulleski-løypa bli asfaltert, grasanlegget mellom elva Jølstra og fotballbanene vil bli sådd. Det blir bygt fire sandvolleyballbaner ved bane 2, ned mot elva. Og det vil bli etablert ein skatepark der kor folk i det siste har parkert bilane sine, seier Storevik

Syd-vest

og fortel at arbeidet austover i parken vil halde fram kontinuerleg. – Sakte, men sikkert vil prosessen halde fram austover. Her kjem kastanlegg for friidrett, hundeklubben får sitt område, bogeskyttarane får nytt område, og det kjem mellom anna ein mindre hoppbakke, seier Storevik og ber brukarar av anlegget vise omtanke i byggeprosessen. – Vi håpar på gjensidig respekt i denne prosessen. det er viktig at vi som brukarar av anlegget respekterer dei sperringane som vil bli sett opp, og at vi er klar over at vi ferdast i eit anleggsområde. det handlar kort og godt om å vere litt smidig overfor kvarandre, seier Storevik.


Flyttar inn 15. desember


Vi støttar Førdefotballen!

www.rikoforde.no

Advokatfirmaet Blikra, Slotterøy og Fonn

Øyrane 4

Døskeland Marine Angedalsvegen 59

Vie Senter

Utleie - maskiner og utstyr

Tlf: 57 82 70 00

www.ramirent.no

AVD. FØRDE


Anleggsgartner

Baarøy AS

F

R

R

Firda Revisjon & Rådgivning AS

www.fordecamping.no Tlf. 468 06 000


Flytte langt? Flytte heim? Flytte ut?

VI STĂ˜TTAR IDRETTEN Alle dagar i veka:

Frukost – Lunsj Dagens middag

Vi tar jobben. Uansett kvar du skal til eller frĂĽ.

Pakking og lagring Transport Vare- og lastebilutleige

Over heile landet – eller ut av landet.

Prøv vür heimelaga lasagne Kvar torsdag:

Raspeball

Ekspressog budbilar

– Du kan ta med heim! Bestill pü tlf. 57 82 66 30

Velkommen inn pü Førdekroa! Mündag–fredag Laurdag . . . . . . Søndag . . . . . .

07.00 - 23.00 09.30 - 23.00 10.30 - 23.00

Nattluke open: Fredag til 03.00 / Laurdag til 04.00

www.hktransport.no Hoff & Knutson Transport AS Sogn og Fjordane Flyttebyrü, Førde 57 82 81 00

nus tBo s e B gir

,0 5 lle kr pĂĽ a t t a

pĂĽ burger Best Centrum Bensin AS, Storehagen 7, tlf: 57 72 55 40

r i rabmenye

Trippel Dobbel

Enkel

100 g / 160 g / 333 g

200 g / 320 g / 666 g

300 g / 480 g / 999 g

       

26

Førdepatri ten NR. 1 2014


Overskot til å dele Ein klatrepark i kvar kommune i fylket! - Det er målet vårt i lag med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Du som kunde støttar oppturen klatreparkane gir barna våre. I snart 200 år har vi og andre sparebankar delt av overskotet vårt og investert i menneske og deira idear. meirennbank.no ssf.no

Bli med på oppturen!

Vi støttar Førde IL fotball i medgang og motgang!

løft unge ss? t d me pla ings lem Prob leg lagr år og d g ta kan n for de – Vi e jobb den

GLASMEISTER

Tlf. 57 83 08 50 / Fax 57 83 08 51

FØRDE VULK Tlf. 57 83 08 00 • Fax 57 83 08 01

Etablert 1949

Førdepatri ten NR.1 2014

27


Førde IL Fotball tilbyr også i 2014 eit aktivitetstilbod for fotballelskarar i løpet av sommaren. Vi har gjennomført Tine Fotballskule i ni år, og feirar i år tiårsjubileum. Påmeldingane strøymer allereie inn, og i 2013 hadde vi eit tilbod til over 300 fotballspelarar i løpet av desse to vekene i Hafstadparken. Årets Tine Fotballskule er som tidlegare delt inn i to grupper. dei eldste (12 til 15 år) har sin skule i perioden 23. til 26. juni, medan dei yngste (7 til 11 år) har sin fotballskule 11. til 14. august.

Så meld deg på, du også!

det er Førde IL Fotball som stiller med instruktørar, og desse kjem frå herre- og damelaget, samt dei eldste i satsingslaga.

Påmelding på nettsida til Førde IL fotball: www.forde-fotball.no

RENTEKAMPANJEN HELD FRAM!

* Pris levert Førde. PrivatLeige: AURIS HYBRID TOURING SPORTS 1 995,-/ md. Startleige 50 000,- Total leigekostnad 125 17 2,- Periode/ køyrelengde 36 md./45 000 km. Tillegg for tingl./etabl.gebyr kr 4 190,-. **Renta er subsidiert i tre år, for deretter å bli justert til normal salsrente. Billån: Betingar minimum35% kontantdel. Låneeksempel: Eff. rente 4,49% Lånebeløp 150 000,- over 5 år Etabl.gebyr 2 717,- Totalt 167 515,-. *** Gjeld ikkje RAV4, GT86 og Land Cruiser. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: AURIS HYBRID TOURING SPORTS frå 0,38 l/mil, frå 89 g/km, frå 6 mg/km. Avbilda modell kan ha ekstrautstyr. Med atterhald om trykkfeil.

1,95% fastrente på dei fleste av våre personbilar***

Toyota Førde AS

LÅN&LEIGE

fastrente

1,95% i 3 år**

Auris Hybrid Touring Sports Active 284 600,- *

Navigasjon utan tillegg i prisen. Verdi 6 400,-

Steinavegen 10, 6800 Førde Tlf. 57 72 10 00 www.toyota-forde.no

Utgjevar: Førde IL Fotball Opplag: 6000 Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk Grafisk produksjon: findriv Foto: Stig roger eide, Firda Media AS

eit fjell av fotballspelarar

Førdepatrioten - Nr. 1 2014  

Informasjonsavis for Førde IL Fotball

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you