Issuu on Google+

framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig

Annonseinformasjon

FEBRUAR 2014


framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig

LEDIGE STILLINGAR For tida har vi følgjande ledige stillingar i Lindås kommune: Eining for Areal og Miljø: Avdelingsleiar -Byggesaksavdelinga Rådgivar -Byggesaksavdelinga Rådgivar -Planavdelinga

Søknaden med dokumentasjon kan sendast til: Lindås kommune, v/ Bestillarkontoret. Merk konvolutten ”Bustøtte”. Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine nettsider, husbanken.no. Der kan du også laste ned søknadsskjema.

Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, elektronisk via kommunens heimesider under ”høyringar” eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 26.02.2014.

Eining for Heimetenester: Sjukepleiar -Nattpatruljen Sjukepleiar -Knarvik Helsefagarbeidar -Lindås Assistentar -Lindås

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

Eining for Sjukeheimstenester: Sjukepleiar -Knarvik sjukeheim Sjukepleiar -Lindås bu- og servicesenter Eining for funksjonshemma: Vernepleiar -Bjørkhaugen bufellesskap Vernepleiar -Kvassnesvegen bufellesskap Helsefagarbeidar -Kvassnesvegen bufellesskap Eining for helsetenester: Fastlege -Knarvik legekontor Skule: Lærar

-Lindås barneskule

Lærings- og utgreiingssenteret: Psykolog/PP-rådgivar -PPT Stab- og støtteeining: Rådgivar (HR) -Personalavdelinga Rådgivar (HMT) -Personalavdelinga Vil du vita meir om stillingane? -Gå inn på vår heimeside www.lindas.kommune.no. Her vil du finna fullstendig lysing og og utfyllande informasjon. Velkommen som søkjar!

OMRÅDEPLAN FOR TUNNEL PÅ FV 57, KNARVIK-ISDALSTØ EIGENGODKJEND I medhald av plan- og bygningslova §12-12, vert det kunngjort at kommunestyret i møte den 19.12.2013 (sak 106/13) eigengodkjende områdeplan for tunnel på fv 57, Knarvik – Isdalstø. Planen legg i til rette for etablering av fire felts veg i to tunnelløp mellom Knarvik og Isdalstø. I tillegg vert det lagt til rette for fire felts E39, og det vert sikra areal for ei ny fire felts bru over Hagelsundet. Områdeplanen legg og til rette for ny skyss stasjon i Knarvik. Det nye veganlegget er planlagt i to byggetrinn. Byggetrinn 1 omfattar i hovudsak veg og tunnel mellom Knarvik og Isdalstø. Planen får verknader for eigedomar, både private og offentlege, då den føreset riving av bygg. Tunnelen kan og kome i konflikt med etablerte energibrønnar. Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn i ekspedisjonen på rådhuset i Knarvik frå 5. februar til 26. februar 2014. Planen vil også verte å finne på Lindås kommune sine heimesider, www.lindas.kommune.no, med lenke til braPLAN. I braPLAN, søk på plan-id 1263-201201, dokumenter.

KUNNGJERING EIGENGODKJENT REGULERINGSPLAN FOR ALVERFLATEN, GBNR 137/188 INFORMASJON OM BUSTØTTE Bustøtte er ei statleg økonomisk støtteordning for dei som har høge buutgifter og låg inntekt. Kven kan søkje om bustøtte? Alle over 18 år kan søkje om bustøtte, med unntak av studentar utan barn og personar i førstegongsteneste. Desse har eigne ordningar. Bustaden du søkjer bustøtte for, må vera godkjent heilårsbustad. Du kan søkje bustøtte for buutgifter enten du leiger eller eig bustaden. Ver merksam på at du må vere registrert som busett i folkeregisteret i den bustaden du søkjer støtte til. Størrelsen på bustøtta er avhengig av buugifter og inntekta til husstanden. Søknad og fristar. Søknadsfristen er den 14. i kvar månad, og utbetaling er ca. 10. i månaden etter. Bustøtteskjema finn du på Lindås kommune si heimeside, lindas.kommune.no, eller i ekspedisjonen på rådhuset. Du når oss på telefon: 56 37 50 00.

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert det kunngjort at kommunestyret i møte den 12.12.2013, sak 102/13, eigengodkjende reguleringsplan for Alverflaten, gbnr 137/188. Det er planlagt etablert til saman 16 bustader innanfor planområdet, fordelt på 3 delområde. I delområde B1 og B2 er det planlagt høvesvis 4 og 6 bustader i horisontal- og vertikaldelt konsentrert småhusbusetnad. I delområde B3 er det planlagt 3 vertikaldelte tomannsbustader. Leikeplass er plassert mellom B1/B2 og B3 og er felles for alle bustadene innanfor planområdet. Parkering for B1 og B2 er planlagt på felles parkeringsplass nord i planområdet. Parkering for B3 skal løysast på eiga tomt for kvar tomannsbustad. Tilkomst til alle bustadområda vil vere frå eksisterande veg i vest. B3 vil ha tilkomst inn til dei enkelte tomtane frå felles gatetun / køyrbar gangveg. Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn frå 05.02.2014 til 26.02.2014 i ekspedisjonen på Lindås rådhus. Planen vil også verte å finne på Lindås kommune sine heimesider, www.lindas.kommune.no, med lenke til braPLAN. I braPLAN, søk på plan-id 1263-201111, dokumenter.

SØKNAD OM BARNEHAGEPLASS I LINDÅS SAMORDNA OPPTAK 2014 / 2015 Søknadsfrist 01.03.14. NB: Dei som står på venteliste må sende ny søknad ! Barnehageopptaket våren 2014 skal gjennomførast som samordna opptak i samsvar med barnehagelova. Dette inneber at søknader til alle barnehagar i Lindås blir vurderte av ei sentral opptaksnemnd som føretek prioriterte opptak ( jfr. fortrinn etter lov og forskrifter), og samordnar opptaket til ledige plassar i kommunale og private barnehagar. Frå 01.01.09 er det lovfesta rett til barnehageplass jfr. Lov om barnehage. ”Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august i samsvar med denne lova med forskrifter. Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er busett.” Det er utarbeidd to elektroniske søknadsskjema til barnehageopptak, eit for 2013/2014 og eit for 2014/2015. I samband med søknad til hovudopptaket, søknadsfrist 01.03.2014, skal ein bruke skjemaet for 2014/2015. Søknadsskjema finn ein på Lindås kommune si heimeside, adresse: www.lindas.kommune.no Dokumentasjon til søknad skal sendast til Lindås kommune, Dokumentsenteret, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Dersom nokon ikkje har tilgang til internett kan dei ta kontakt med ekspedisjonen på rådhuset og få hjelp. Frist for å søkje barnehageplass i hovudopptaket er 1.mars 2014. Opptaket vil verte gjort i mars / april, og skriftleg melding vil verte sendt den enkelte etter at vedtak er fatta. Rådmannen

Me søkjer familiar/ personar som: • Likar å vera saman med andre • Taklar utfordringar • Vil gje positive erfaringar til born og unge • Har gode samarbeidsevner • Har stå-på vilje og godt humør Me kan tilby: • Godtgjerdsle etter gjeldande satsar • Rettleiing • Kurs • Gjevande arbeid Dersom dette høyrest spanande ut kan de kontakte koordinator på telefon 56 37 54 85 eller epost: kristin.rongevaer@lindas.kommune.no

BESØKSHEIM BARNEVERNTENESTA Barneverntenesta i Lindås søkjer etter familiar som kan tenkje seg og vere besøksheim for barn/ungdom. Dersom de har tid, overskot og lyst til å hjelpe andre er de kanskje den rette familien for barn som treng ein familie å reise til ein eller to helger i månaden. Vi treng ulike typar familiar – alt etter kva barnet har behov for. Løn og utgiftsdekning etter kommunen sine satsar. Dersom dette høyrest interessant ut, ta kontakt med barneverntenesta på e-post ingvill.skage.nottveit@lindas.kommune.no eller tlf: 56 37 50 82

Me kan tilby: • Godtgjerdsle etter gjeldande satsar og utgiftsdekking inntil ein viss sum. • Kurs • Rrettleiing • Opplæring For meir informasjon kontakt koordinator på telefon 56 37 54 85 eller på epost til kristin.rongevaer@lindas.kommune.no Du kan òg sjå på Lindås kommune sine heimesider www.lindas.kommune.no

GRUNNLOVSMARKERING 1814-2014 Lindås kommune skal markere Grunnlovsjubileet i 2014. Vi invitera lag/organisasjonar som har planar om aktivitet i samband med dette, om å melde inn til Kulturkontoret innan 15. mars Program kan sendast Lindås kommune, postmottak, 5914 Isdalstø og merke med Kultur eller sende på epost eileen.m.feste@lindas.kommune.no

TAKK Vi vil takke for alle minnegåver som avdelingane våre fekk i 2013. Ein takk går også til alle som besøkte institusjonane våre – Knarvik sjukeheim, Såta bu- og servicesenter og Lindås bu- og servicesenter – og gledde bebuarane med song, spel og gode opplevingar. Sjukeheimstenesta

Barneverntenesta i Lindås søkjer etter nye støttekontaktar.

Barn som bur i fosterheim treng nokon som kan føra tilsyn med at dei har ein god nok omsorgssituasjon. Oppdraget er timebasert. Dersom dette høyrest interessant ut, ta kontakt med barneverntenesta for meir informasjon på tlf: 56 37 50 82. Spør etter Turid eller Torhild.

BESØKSHEIM

ME TRENG FLEIRE GODE HJELPARAR!

Eining for funksjonshemma treng besøksheimar til barn og unge med ulike utfordringar. Har de tid, overskot og lyst til å opne heimen dykkar ei helg for månaden?

Har du tid til overs og vil du gjera noko meiningsfullt? Då er oppdrag som støttekontakt eller treningskontakt kanskje noko for deg? Me treng vaksne kvinner og menn som kan ta i eit

Søknadsskjema for å søkje kulturmidlar i 2014 kan ein finne på Lindås kommune sine heimesida frå fredag 07. februar. Vi gjer merksam på nye fristar; Driftstilskot: 15. mars Aktivitets / prosjekttilskot: 15. mars med resttildeling 01. september Investeringstilskot: 15. mars Se elles nye retningsline på kommunen si heimeside for tildeling av Kulturmidlar.

AKTIVITETAR I FRITIDSKALENDAREN - FEBRUAR Fredag 7. Grunnkurs "Kom og dans" 18.00 -19.30 Buss frå Knarvik kl. 16.45 Lørdag 8. Grunnkurs "Kom og dans" 12.00 – 13.30 Buss frå Knarvik kl. 10.30 Pris kr 250. Påmelding snarast til Jùrgen Tordag 13. Film på bibliotek i Knarvik kl. 18.30 Søndag 16. Vi kjører til Meland kyrkje og deltar på gudstenesta og kyrkjekaffi. Møteplassen kl 10.45 Deretter drar vi til møteplassen og et middag saman (100,- middag + kaffimat) Dersom nokon vil komme direkte til middag på møteplassen er dette mulig kl. 13.00 Påmelding til middag seinast 1 dag før (gjerne tidligare) Torsdag 20. Kinotur til Bergen. Knarvik skysstasjon kl 16.00

LINDÅS BIBLIOTEK

For oppdrag som støttekontakt gjeld følgjande: • Du må vera ein trygg og ansvarsfull person. • Du bør vera over 18 år og helst disponera bil. • Løn og godtgjering etter gjeldane satsar. • Det vil bli gjeve rettleiing etter behov. Høyres dette interessant ut, ta kontakt med barneverntenesta på e-post ingvill.skage.nottveit@lindas.kommune.no eller tlf: 56 37 50 82

KULTURMIDLAR 2014 – NYE FRISTAR

Dersom du er interessert å vera med- ta kontakt med Jürgen på tlf. 97674501

STØTTEKONTAKT BARNEVERNTENESTA

BARNEVERNTENESTA TRENG TILSYNSFØRARA

Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no

tak både fysisk og mentalt. Du bør ha førarkort og disponere bil og tole ein støyt på ulikt vis. Støttekontakt/ treningskontakt er ei teneste for menneske som treng hjelp til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid. Nokon har faste aktivitetar som dei ønskjer følgje til, andre treng ein turkamerat, nokon å gå på handling eller kafè saman med, dra på biltur eller rett og slett ein person å prate med og som kjem på besøk. Me ønskjer kvinner og menn med overskot, tid og lyst til å vera saman med andre.

Knarvik senter Opningtider: Tysdag: 11-19 Onsdag: 11-19 Torsdag: 11-15 Fredag: 14-19 Laurdag: 11-15

KULTUREININGA I LINDÅS KOMMUNE VIL HALDE OPNE ORIENTERINGSMØTER Kultureininga heldt opne folkemøter på følgjande stader / tidspunkt; • 11. februar Alversund skule/medieteket – kl 18-20 • 13. februar Rådhuset/Knarvik – kl 18-20 • 18. februar Lindåshallen – kl 18-20 • 20. februar Ostereidet ungdomsskule – kl 18-20 Desse møteplassane ønskjer vi skal vere dialogarenaer i samspel med innbyggjarane. Kulturadministrasjonen informerer • Rullering av Kulturplan – innspel • Nye retningsliner for kulturmidlar med nye fristar • Grunnlovsmarkering 1814 • Idrett

LINDÅS FILIAL

Lindåshallen Opningstider: Når hallen er open! Ta med lånekort. Personalet er til stades: Mån: 14-19 • Tors: 13-16 Velkommen til • Eventyrstunder på biblioteket i Knarvik: Følgjande tysdagar frå kl 10.30-11.00: 18. februar • 25. mars • 22. april • Laurdagskonsertar på biblioteket i Knarvik Følgjande laurdagar frå kl 11.00-11.30 22. februar • 29. mars • 26. april ( Lindås kulturskule og Lindås bibliotek) • Eventyrstund på biblioteket i Lindåshallen • Tysdag 4. mars kl 10.30-11.00


grammet informerar vi fyljande;

SENIOR OG AKTIVITETSSENTERET I LINDÅS INFORMERER. Kafeen og seniorsenteret med lokaler i Knarvik sjukeheim har ope måndag, onsdag og fredag fra kl.10.00-15.00. Ein kan kjøpe middag og dessert eller ta ein kopp kaffi desse dagane. Tysdag og torsdag må ein bestille middag dagen før til kjøkkenet tlf. 56375710 og Knarvik seniorsenter tlf. 56375718. Aktivitetane byrjar kl.12.00. Senteret har også med frivillige som gjør ein stor innsats. Vi har bruk for fleire SENIORAR +55år og FRIVILLIGE, så ta gjerne kontakt. I Galleri Utsyn er det ny utstilling kvar månad og opningstida er alle kvardagar frå kl.08.00-15.30. Denne månaden er det Maria Iden Leithaug som har maleriutstilling med opning 07.02.14. kl.16.00 FEBRUAR: Frå programmet i Knarvik informerer vi fyljande: 03.02. Helsetrim v/Reidun Sæbdal kl.12.00 05.02. Seniortreff og kortklubb kl.12.00 07.02. Forfatter Magnhild Haugen les dikta sine og ØNSKEKONSERT kl.12.00 10.02. Helsetrim v/Reidun Sæbdal kl.12.00 12.02. Strikkekafe og kortklubb kl.12.00 14.02. Syng med oss! med Svein Børtveit kl.12.00 17.02. Helsetrim v/Reidun Sæbdal kl.12.00 19.02. KORET Oster Klang underhelt kl.12.00 21.02. Seniordans kl.12.00 24.02. Helsetrim v/Reidun Sæbdal kl.12.00 26.02. Strikkekafe og kortklubb kl.12.00 28.02. Syng med oss! med Finn Stedal og Birger Rognved kl.12.00

FEBRUAR: Tysdag 04.02. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.30. Quiz m/ Ragnhild kl.11.00 Bingo ved Inger M. Fyllingsnes kl.12.00 Tysdag 11.02. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl. 10.30 Ostereidet barnehage på besøk kl.11.00 Bingo ved Inger Marie Fyllingsnes kl.12.00 Tysdag 18.02. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.30 Bingo ved Inger Marie Fyllingsnes kl.12.00 Tysdag 25.02. Helsetrim ved Gunnar Hosøy kl.10.30. Syng med oss v/ Bjør Irene Bingo ved Inger Marie Fyllingsnes kl.12.00 Senior- og aktivitetssenter Lindås med lokaler i Lindås-bu og servicesenter har ope hus tysdagar frå kl.10.00. Kontaktperson er Eli Støldal tlf. 56375607. FEBRUAR: Tysdag 04.02. Bingo med mat og kaffi kl.10.30 Torsdag 06.02. Sangstund med Willhaven barnehage kl.11.00 Fredag 07.02. « Fredagskafe « kl.10.00 Tysdag 11.0 2. BINGO med mat og kaffikl.10.30 Torsdag 13.02. Andakt v/prest Harald Sundsbø, Gunnar Hagerberg v/pianoet kl.11.00 Fredag 14.02. «Fedagskafe» kl.10.00 Tysdag 18.02. Bingo med mat og kaffi kl.10.30 Torsdag 20.02. » Hobbydag» kl.10.30 Fredag 21.02. «Fredagskafe» kl.10.00 Tysdag 25.02. Bingo med mat og kaffi kl.10.30 Torsdag 27.02. Bake fastelavensbollar kl.10.30 Fredag 28.02. «Fredagskafe» kl.10.00 Med hilsen oss i Seniorsenteret

SENIOR OG AKTIVITETSSENTERET OSTEREIDET

Lokaler i Ostereidet senter tysdag frå kl. 10.00-14.00. Her er kafe` tilbod med middagsservering. Middag må bestilles på førehand (helst ei veka før) til kjøkkenet på Knarvik sjukeheim tlf. 56375710 eller hos Aud Furdal tlf.56375718. Kom innom for ein kopp kaffi, ein prat og aktivitet. Frå pro-

OPNE MØTE Kommunestyret Kontrollutvalet Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Eldrerådet Levekårsutvalet Plan- og miljøutvalet Administrasjonsutvalet Formannskapet

05.02.2014 – 12.03.2014 06.02.2014 11.02.2014

12:00 09:00

Knarvik sjukeheim Rådhuset

03.03.2014 04.03.2014 04.03.2014 05.03.2014 06.03.2014 06.03.2014

13:00 10:00 12:00 12:00 10:00 12:00

Rådhuset Rådhuset Rådhuset Råshuset Rådhuset Rådhuset

Møta i dei kommunale organa er med få unnatak offentlege, d.v.s. at publikum og presse kan vera til stades. Sakspapira vert sendt ut elektronisk og publikum kan få tilgang til pc og lesa sakene i ekspedisjonen på rådhuset og folkeboksamlingane i Knarvik og Lindås minst 7 dagar før møtet. Sakspapira ligg og på heimesida til Lindås kommune.


Lindås kom nett feb