Kavalkade

Page 6

Fredag 31. desember 2010

22

Mai

2010

MILLIARD-KONSERN TIL MONGSTAD: Konsernet BIS Industrier etablerer seg på Mongstad og ser for seg eit par hundre arbeidsplassar innan kort tid. – Vi ønskjer og å tilby læreplassar for TAF-elevar, seier Eirik Halvorsen og Knut Harald Aase, her i samtale med samfunnsutviklar Hogne Haugsdal.

slik vi såg det...

I TIPPOLDEMOR SIN BUNAD: Nasjonaldagen vert feire i fint vêr og med glade fjes og kjekke aktivitetar i heile regionen. Line Gausereide Bertelsen (10) frå Seim kan feira 17. mai i tippoldemor sin bunad, medan mamma Sølvi har bunad etter si mormor.

BILL. MRK. BARNEVAKT: Austrheim vil starta eigen barnevaktsentral for tilflyttarar utan nettverk og familiar med travle besteforeldre med eigen karriere. – Tanken er å få med ungdom i ordninga, seier helsesøster Gudny Sognnes. Amalie Korsøen, Line Sætre og Kristoffer Hermansen synest det er ein god ide.

Gir livsviktig blod

!

Datatjuvar med tannverk?

Datautstyr for store verdiar vert stole frå seks ulike verksemder i Litlås industribygg i løpet av nokre nattetimar. Verksemdene er så godt som ribba for stasjonære PC’ar og laptoppar. I tillegg tar tjuvane med seg 50 flasker munnskyllemiddel frå tannlegekontoret.

Evelyn Dale Askeland frå Radøy fekk blodoverføring då tvillingane Malena og Ariel Lovise kom til verda. Tre veker seinare fekk ho akutt behov for meire blod, og i ettertid har ho fått vita at ho har fått blod frå sju gjevarar. - Difor bestemte eg meg for å bli blodgivar sjølv, seier Evelyn. Hordaland treng 5000 nye blodgivarar. TRAKTOR-PROTEST Rundt 50 bønder kjører traktor i sakte fart mellom Knarvik og Flatøy ein lørdag føremiddag for å markera si misnøye med årets landsbruksoppgjer. Bøndene sitt klarer krav til Jens er at han må støtta opp om bøndene for verkeleg å byggja landet. Mat er då grunnlaget for alt anna, er bodskapen frå aksjonistane.

STYGGAST i LANDET? NRK kårar Norges styggaste bygning. Første nominerte er heile Knarvik sentrum. – Forståeleg med ei utbygging i rykk og napp, utan heilskap, seier Karl Johan Olsen som har budd i bygda sidan 60-talet. – Det er ikkje så rotete, og vi er

heile tida på veg mot noko betre, svarar ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Tynset Rådhus vert kåra til landets styggaste bygg, medan Knarvik ikkje er å finna på versting-lista.

SAMAN I KAMPEN Elevar og lærarar ved Austrheim VGS kjempar for å behalda studieretningane sine. Dei er ikkje fornøgd med fylkespolitikarane si avgjerd i vår. Men med nye demonstrasjonar og nye rundar i fylkestinget i desember, får skulen behalda studiespesialisering og eit tredje påbyggingsår på yrkesfag. Skåret i gleda er at automasjon (Vg2) med 15 elevar fell ut.

RADØY VEKS MEST I første kvartal opplever nordhordlandskommunane ein folkevekst på 100 personar. Radøy har med sine 28 innbyggjarar i pluss, dei fleste av dei tilflyttarar frå utlandet, den største veksten. Alle kommunane, med unnatak av Gulen opplever vekst. Austrheim med 2, Fedje med 1, Lindås med 23, og Masfjorden og Meland med 20. Talet på gulingar er redusert med åtte i same periode.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.