Issuu on Google+

framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig

Annonseinformasjon

AUGUST 2012


framtidsretta - inkluderande - kvalitetsbevisst - tenestevillig

LEDIGE STILLINGAR Vil du jobba i Lindås kommune? For tida har vi følgjande ledige stillingar: Rekneskapskontrollør – Nordhordland kemnerkontor Fastlegeheimel - Knarvik Fysioterapeut - Knarvik Sjukepleiarar – Knarvik sjukeheim Vil du vita meir? -Gå inn på vår heimeside www.lindas.kommune.no.

INFORMASJON OM BUSTØNAD Bustønad er ei statleg økonomisk støtteordning for dei som har høge buutgifter og låg inntekt. Kven kan søkje om bustønad? Alle over 18 år kan få bustønad, med unntak av studentar utan barn og personar i førstegongsteneste. Desse har eigne ordningar. Bustaden du søkjer bustønad for, må vera godkjent heilårsbustad. Du kan søkje bustønad til bustad du leiger eller eig. Ver merksam på at du må vere registrert som busett i folkeregisteret i den bustaden du søkjer stønad til. Størrelsen på bustønaden er avhengig av buugiftene dine og inntektene til husstanden. Søknad og fristar. Søknadsfristen er den 14. i kvar månad, og utbetaling er ca. 10. i månaden etter. Bustønadsskjema finn du på Lindås kommune si heimeside, lindas.kommne.no, eller i ekspedisjonen på rådhuset. Du når oss på telefon: 56375000. Søknaden med dokumentasjon kan sendast til: Lindås kommune, v/ Bestillarkontoret. Merk konvolutten ”Bustønad”. Du finn meir informasjon om bustønad på Husbanken sine nettsider, husbanken.no. Der kan du også laste ned søknadsskjema.

ASFALTERING AV KOMMUNALE VEGAR I LINDÅS KOMMUNE 2012. Det vil bli utført asfalteringsarbeid på følgjande kommunale vegar i 2012: Sætre Hjelmåsen Tveiten Kolås Litlevika Asfalteringsarbeidet vil verte påbegynt snarast og er forventa å være ferdigstilt i løpet av september- oktober. Vi gjer merksam på at dei berørte vegane kan verte stengt i kortare periodar. Teknisk drift håpar at arbeidet ikkje påfører den enkelte for store ulempe. Vi ber om forståing for arbeidet og håper at kvar enkelt viser omsyn til pågåande arbeid. Dersom De har spørsmål ta kontakt med Teknisk drift på tlf: 56 37 50 00.

SKULESTART FOR GRUNNSKULEN 2012 Grunnskulen/SFO i Lindås startar nytt skuleår torsdag 16. august. Foreldre/elevar som har flytta til kommunen i det siste bør snarast ta kontakt med den nye skulen.

Sjå elles skulane si heimeside eller ta direkte kontakt med lokal skule. Rådmannen

LINDÅS TENKJER FRAMTID Alle seniorar 65+ i Lindås kommune vert inviterte til: DAGSKONFERANSE PÅ NORDHORDLAND FOLKEHØGSKULE onsdag 5. september kl 10 – 15: Det er eit overordna mål på nasjonalt nivå at det skal tilretteleggast for at eldre kan være friske og sjølvhjelpne så lenge som mogleg. Satsing på sunn og aktiv aldring er blitt eit fokusområde i store delar av den vestlige verda. Definisjonane på kva sunn og aktiv aldring inneber kan variere, men ofte vert faktorar som god fysisk og psykisk helse, moglegheiter for aktiv deltaking i samfunnet og god livskvalitet nemnt. "Senior i Lindås" er eit prosjekt med målsetting om å fremje det gode liv. Gjennom å samle seniorar i kommunen ser vi for oss fleire positive effektar, blant anna å fremje nettverksbygging med andre. Tema for samlinga: Det gode liv • Opning ved Ordførar i Lindås kommune • Fysisk fostring/medisinering/ernæring • Velferdsteknologi/bustadrådgjevning • Psykisk helse og søvn • Kultur/aktivitet/sosiale møteplassar i kommunen. Pris pr.pers: 100,- inkl.lunsj, kaffi/te m.m. Bindande påmelding innan onsdag 15.august 2012 til: frivillig@lindas.kommune.no eller på tlf. 56 37 50 00 til Rådhuset i Lindås kommune. Vel møtt til ein flott seniordag i Lindås kommune!

LivOGLyst

OPPSTART haust 2012 Kulturskulen startar sin undervisning i veke 34. Du har same dag, tid og stad som i vårsemesteret, om ingen anna melding er gitt. Ledige plassar: Kulturskule - ledige plassar etter først til møllen prinsippet. haust 2012 (pr. 5.juli.2012) Oppstart (alle disiplinar) er veke 34. 1-2 klasse 17.00–17.45 4-6 klasse 18.45–19.45

OPNE MØTE

frå 7 klasse 19.45–20.45 1 – 4 klasse 14.30–15.30 1 – 5 klasse 16.30-18.00 16.30–18.00 18.00–19.30

4 ledige Onsdag 3 ledige Onsdag 1 ledig Onsdag 3 ledige Måndag 2 ledige Måndag

Elektronisk påmelding Frå 1. januar 2012 skal alle påmeldingar gjerast på det elektroniske påmeldingsskjemaet som du finn på kommunen si heimeside. Gjer slik: A) Gå inn på internett - finn heimesida til Lindås Kommune B) Trykk på knappen ”Kultur og Fritid” C) Trykk så på ” Lindås Kulturskule” nede på høgre side. D) Finn skjema, fyll ut og send inn No kan du søkje heile året, når det måtte passe deg !!! Dato for utmelding: Utmeldingsfrist for Haustsemesteret 1. april Utmeldingsfrist for Vårsemesteret 1. november Utmelding etter frist må betalast med full semesteravgift. Utmelding SKAL vere skriftleg på eige utmeldingsskjema som ligg på heimesida kulturskulen@lindas.kommune.no

TORGDAG MED BOKBUSSEN NYFIKEN PÅ LINDÅS OG OSTEREIDET Lindås senter Fredag 10. august kl 10—13 Ostereidet senter (Rema 1000) Måndag 13. august kl 10—13

LINDÅS KULTURSKULE:

Danseleik LOAS, Knarvik Jazzdans LOAS,Knarvik

Jazzdans LOAS,Knarvik Drama Alversund Drama Knarvik Biletkunst Knarvik LKS Biletkunst Knarvik LKS

9 ledige Onsdag 4 ledige Onsdag

No før skulestart legg Bokbussen ut på dagsturar til Ostereidet og Lindås senter! Bibliotekar og bokbussjåfør Audun fortel eventyr, og syng og speler ein song eller to på gitaren sin. Eventyret passar for born frå 4 år og oppover. Det blir sjølvsagt òg høve til å låne bøker. Du er vel med på lesekonkurransen vår, Sommarles? Vi har fått inn mange nye fine og spennande bøker i sommar! Ta med lånekort om du har. VELKOMEN, ALLE SAMAN!

08.08.2012 – 13.09.2012

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Eldrerådet Levekårsutvalet Plan- og miljøutvalet Administrasjonsutvalet Formannskapet Kommunestyret

20.08.2012 21.08.2012 21.08.2012 22.08.2012 22.08.2012 22.08.2012 13.09.2012

13:00 10:00 12:30 12:30 08:30 10:00 12:00

Rådhuset Rådhuset Rådhuset Rådhuset Rådhuset Rådhuset Knarvik sjukeheim

Møta i dei kommunale organa er med få unnatak offentlege, d.v.s. at publikum og presse kan vera til stades. Sakspapira vert sendt ut elektronisk og publikum kan få tilgang til pc og lesa sakene i ekspedisjonen på rådhuset og folkeboksamlingane i Knarvik og Lindås minst 7 dagar før møtet. Sakspapira ligg og på heimesida til Lindås kommune.

Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no


kom.info.august 2012