Page 1

KULTURMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE

Det er godt muleg at det snart er ein festival på kvar knaus. Men er det så ille, dersom alternativet er ein knaus utan ein festival? Are Kalvø


FLORØ

FRIIDRETTSFESTIVAL

Ungdomsstemne Un gdomsstemne kkl. l. 11.00. Slegge Slegge sstarter tarter kkl. l. 13.00. Ho Hovedstemne vedstemne kkl. l. 15.00

Ø ILJ

FLORØ FL LO ORØ S STADION TA ADION Ezinne LAURDAG LA URDOkparaebo AG 2 2.. JUNI

M

2012

M ER KE T

Meir info sjå www.ftif.no




Er du klar for ein spenstig kultur-sommar? ▶ Firdaposten og Firda sitt felles avisprosjekt 2F tek no eit steg inn i kulturen. Dette er den første utgåva av 2F Kultur, eit reindyrka elektronisk magasin, distribuert via ti lokal- og regionaviser i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Utgjevar: Firda og Firdaposten Ansvarlege redaktørar: Yngve Årdal og Svend Arne Vee

▶ Sogn og Fjordane har meir å by på enn fagre fjordar og spektakulær natur. Det nærmar seg festivalsesong, og vi har valt å vie mykje plass til dei store og små folkefestane i den første utgåva av 2F Kultur. Anten ein deltek på ein liten havfiskefestival i ytre Solund eller på eit storarrangement som Malakoff på Eid, så handlar det om å møtast, ha gode opplevingar i lag, lade batteria og kome i «overskotsmodus». Tal frå heile fylket viser at festivalane våre lever tåleg bra økonomisk, og at sjølv om den kulturelle handelslekkasjen til Bergen er stor, så støttar folk i fylket opp rundt eigne arrangement. Fleire festivalar har også evna å byggje så gode merkevarer at dei «importerer» publikum frå både inn- og utland. Malakoff på Eid og Folkemusikkfestivalen i Førde er to av fleire døme på dette. ▶ I denne utgåva får du også møte ein del av eldsjelene som står bak arrangement, folk som brukar tusenvis av dugnadstimar for at du og dine skal få gode kulturopplevingar i nærmiljøet ditt. Dei fortener at vi brukar ei helg eller to og nyttar tilboda. ▶ Ei fersk gransking slo nyleg fast at kommunane ofte er for lite flinke til å bruke festivalar

Norsk Sjøfuglsenter n opnar i Værlandet Gjesteham fredag 15. juni Ope 10.30-18.00 alle dagar ut sesongen (15. august) For besøk utanom opningstida ring: 957 78 071

Sigrid Moldestad.

som merkevarebyggjar for kommunen sin. Men også her finst lyspunkt. Fjellsportfestivalen i Sogndal er eit døme fleire burde studere litt nærmare i så måte. ▶ Så bli med inn og ta ein titt på kva du kan oppleve av stort og smått i Fjordfylket i sommar, vi trur du vil bli overraska over mangfald og kvalitet. Vi kan by på det meste, frå blytung rock via motbakkeløp og sildefest, til vaskeekte countrystjerner og sjeldne gjenforeningskonsertar. Du finn det i 2F Kultur! Svend Arne Vee




THEA HJELMELAND Side 4

Borte best, men


n heime best Thea Hjelmeland (25) har reist verda rundt, men måtte tilbake til Sunnfjord for å finne seg sjølv. Slikt blir det plate av. Thea Hjelmeland bur deler av tida i Paris. Ikkje det langweekend-Paris som vi andre kjenner, men det ekte Paris som har høgt tempo og er fylt med jobbing og fransk byråkrati. Resten av tida finn du henne i Oslo, Førde, eller ein annan stad. I Frankrike spelar dei på klisjeane. Ho er blond, ho er norsk, ho er polarprinsessa. Det er greit for Thea, sjølv om ho i utgangspunktet misliker forenklingar av dette slaget. På ein måte er dei jo sanne. Ho ‘er’ blond, og ho ‘er’ norsk. Og mange av oss synest at ho ‘er’ ei vakker prinsesse frå semi-polare strøk.

På jakt etter seg sjølv. Då Hjelmeland slapp debutalbumet «Oh, the third» på Åmot Operagard i slutten av februar, sa ho til publikum at ho hadde reist mellom anna til Cuba for å finne seg sjølv, men at ho kom tilbake og fann seg sjølv på Åmot Operagard. Kva er det ho har leita etter? - Eg har vel leita etter ein identitet og tru på meg sjølv, ei retning både musikalsk og personleg, seier ho. - Eg har leita etter nye, spennande opplevingar og møte med folk. Gjennom andre har eg blitt meir kjent med meg sjølv. Hjelmeland har budd i koffert sia vidaregåande. Ho har budd på Cuba i eit halvt år til saman. - Det er snakk om store kulturforskjellar. Cuba er fattig og isolert, og eg blei ein representant for Vesten og dei rike, kvite. Det var vanskeleg å kome dit som ung student og bli stilt «til veggs», måtte fortelje og forklare korleis vi har det, og kva som er skilnadene. Kanskje tvang det meg til å setje ting i perspektiv. Det blei mykje snakk om pengar, og det syntest eg var slitsomt, seier ho.



FØRSTE REIS: Debutalbumet til Thea Hjelmeland «Oh, the third» har stort spenn i lyd- og tonebilete. Som om også låtane leitar etter identiteten sin, og vi får vere med på leitinga. Foto: Vegard Fimland




THEA HJELMELAND Side 6

Tung bagasje.

Opplevingane gjorde det vanskeleg å kome heim att. - Det var tøft å kome tilbake til Norge med ei ny forståing av kor priviligerte vi er, samstundes som vi berre vil ha meir og aldri blir fornøgde. Eg har bala med mange slike tankar, og det har gjort at eg har halde fram med å reise. Eg har hatt behov for å vere i andre kulturar, gjerne kulturar som snakkar meir, ikkje er så stille av seg som den sunnfjordske. Eg er veldig sunnfjording, men samstundes er eg også veldig temperamentsfull. Eg må vel innrømme at eg til tider har fornekta det norske. Men eg har funne att den norske identiteten min, ikkje som nordmann, men som vestlending. Då tenkjer eg på Førdefestivalen, Åmot Operagard, naturen og så bortetter. At eg trivst på Åmot Operagard har med staden og folka å gjere. Måten Steinar og Yngve (radarparet som driv operagarden, red. merk.) tenkjer på, og kor sterkt dei vil få til det dei driv med, er inspirerande, seier ho. Førde-artisten har brukt lang tid på debutfasen, ho har ikkje vore så strukturert. Litt antitidsalderen vår, der dei fleste har det altfor travelt. - Variasjon er viktig for meg. Musikken lagar eg i dei periodane eg har ro rundt meg, som eit resultat av variasjonen.

PÅ JAKT ETTER UTTRYKKET: Å finne si eigen musikalske tone har vore eit stort prosjekt for Thea Hjelmeland. Her frå ein konsert i 2009. Foto: Marie S. Osland.

«Eg har vel leita etter ein identitet og tru på meg sjølv, ei retning både musikalsk og personleg.» Thea Hjelmeland







THEA HJELMELAND Side 8

Det uperfekte. Musikken på plata er blå, akkustisk pop. Eller sagt på ein annan måte, pop med nerve. Musikken varierer i lyd- og tonebilete. Hjelmeland brukar mange forskjellige instrument: ukulele, mandolin, banjo. I tillegg har musikken typiske folkemusikkgrep, for eksempel at eit riff går att, blåkopiert eller variert. Som om også låtane leitar etter identiteten sin, og vi får vere med på leitinga. Det er ein leik. - Eg brukar i hovudsak strenginstrument med lyse klangar, gjerne stemt annleis enn det som er standard. Det er lydane eg går etter. Lydane gir meg lyst til å syngje. Eg er tiltrekt av det som andre kallar feil, eller til og med surt. Eg likar det uperfekte, det utfordrande. Eg er blitt sikrare på min eigen identitet, eg veit kvar eg er forankra. Eg er tru mot mitt eige uttrykk. I staden for å prøve å vere noko anna enn eg er, jobbar eg med det som er meg, og prøver heller å gjere meir av det, seier ho. Gode hjelparar.

Jarle Bernhoft og Jostein Ansnes er produsentar på plata. På vårparten har Hjelmeland varma opp for Bernhoft på konsertar i Tyskland, Sveits og Frankrike. Bernhoft er ein av dei heitaste norske artisteksportane for tida. Han har støvsoge dei fleste stipenda av nemneverdig storleik dei siste par åra, mellom anna Statoil-millionen som blir gitt til norske artistar for å hjelpe dei med satsinga utanlands. - Å gå i studio var sårbart, som å lese dagboka i plenum. Men Jarle og Jostein tok imot materialet med opne armar, seier Hjelmeland. Ho er kresen på kven ho jobbar med. Dei må gjerne vere frå Sogn og Fjordane, men berre viss dei er gode nok. Ho trekkjer fram tre personar: Vegard Fimland som har teke presse- og coverfoto, Åshild Stav som har gjort alt det grafiske, og Vilde Jensen Hjetland som har laga collagen inni coveret og jobbar saman med Hjelmeland om det visuelle på scena. Dei tre har pakka albumet inn i eit klassisk, reint og blått uttrykk som kler plata godt.

HEIDI HATTESTEIN

RASTLAUS SJEL: Verda rundt og tilbake er status så langt for Thea Hjelmeland. No platedebuterer ho endeleg, med mellom anna Bernhoft som produsent. Foto: Bent Are Iversen, Firda.

Klar for Malakoff i juli Malakoff Rockefestival er staden om du har lyst å oppleve Thea Hjelmeland i levande live i sommar. I sommar høyrer du Thea Hjelmeland på Malakoff Rockfestival 20.-21. juli. Andre sterke namn frå fylket er Laila Beathe Førde, Fabelsaksofonisten frå Bremanger, og Vegard og

Bård Leite. Førstemann dreg du nok kjensel på, storsjarmøren frå Værlandet som klatra heilt til 2. plass i Idol i 2011. Han har fått med seg onkel Bård, begge på gitar. Malakoff har eit knallprogram i år. Urørtvinnar Mikhael Paskalev kjem, det same gjer Sondre Lerche. Dei to får selskap av dei meir bråkete «fetterane» Casiokids og Meshuggah. Rosina i pølsa for dei som set pris på ein

ærleg dose rock, er vel El Caco og Bare Egil Band. Dei som set pris på ein ærleg dose rock og er hakket meir nostalgiske, kan gle seg til Turboneger (med ny vokalist som har teke over for Hank Von Helvete), Seigmen og DumDum Boys. For å sjå heile programmet: www.malakoff.no


Florø stadion torsdag 14. juni kl 18.00:

SK Brann – Firdalaget Atema - www.atema.no

(Fylkeslaget)




NEIL ROGER SOLHEIM Side 10

Eit lyspunkt i norsk rock På ungdomskulen dekorerte han musikkrommet med grafitti og var Florø sin første skikkelege skater. 25 år seinare har han lyssett det som er av norske toppmusikarar, og skrive låtar for Madrugada. No vil han bli bonde i Hyen. Neil Roger Solheim har alltid gjort ting på sin måte, og gått vegar vi andre ikkje ein gong visste eksisterte. -Det er greitt å vere førstemann. Hadde aldri hatt konkurranseinstinkt til å hevde meg i dag.

Ikledd bestefar

sin slitne cowboyhatt filosoferer lysdesignaren over livet, og over ein halvliter på ein pub i tigerstaden. Vi møter han på ein av dei seks fridagane han har hatt i 2012. Ved sida av å turnere meir eller mindre kontinuerleg med Kaizers Orchestra, underviser han i lysdesign på NIS i Oslo, noko han har drive med i 10 år no. –Det var verre i fjor. Eg prøver å lære meg å seie nei, det er eg altfor dårleg til, sukkar mannen som i si tid vart observert i Kjippen med ein plakat der det stod: «Nei!» Før han vart fast i crewet til Kaizers, gjorde han lengre turnear med Madrugada og det franske bandet Phoenix. – Livet i ein turnebuss er ganske sutalaust, eg tek meg eit par øl etter jobb, legg meg, og vaknar opp i ein ny by. Det er greitt for nokre år. Men no vil eg trappe ned, reise heim og drive familiegarden i Hyen, seier lysguruen. –Då bestefar gjekk bort for kort tid tilbake, fekk eg litt nye perspektiv på ting. Og no vil eg roe meir ned. Visst dette stykket vert bra, kan det jo hende det dukkar opp ei triveleg bondekone og, gliser den sjarmerande luringen.

LÅTAR OG LYS: Neil Roger si merittliste er lang, både når det gjeld å lyssetje store sceneshow, men også som låtskrivar. Foto: Halvard Husefest Lunde

UTANFOR RAMPELYSET: – Eg trivest best med å bidra utanfrå og sleppe alt fokuset på meg som person, seier Neil Roger Solheim. Foto: Halvard H. Lunde







NEIL ROGER SOLHEIM Side 12

Han kom inn i miljøet rundt Rockefeller i Oslo tidleg nittital gjennom vener i rockebandet Red Harvest. I starten putla han mest med videoproduksjon og coverdesign. Men ein dag vart han kasta temmeleg uførebudd inn i sin første lysjobb, for bandet «Rainmakers». Sidan har lysdesign for scene vore ein stor del av livet for den kreative energiproppen. Han ramsar gladeleg opp høgdepunkt frå merittlista over band han har opplyst. Turboneger, El Cuero, Midnight Creeps, Coldplay, Mr. Bungle, Jim Stärk, Satyricon, Hurra Torpedo, Paperboys og Elisabeth Andreassen. Skeptisk til Vinni. Paperboys ville han i utgangspunktet ikkje samarbeide med i det heile. Han hadde sett dei på TV, og likte slett ikkje det han såg. Men, etter å ha truffe Vinni og gjengen, viste det seg at dei kom svært godt overeins. Såpass godt at Paperboys tok med Neil sin låt «Keep it Cool» på plata si. Vinni & co er ikkje dei einaste som har benytta seg av Neil sitt talent som låtskrivar. I katalogen til Madrugada kan ein finne to komposisjonar signert Neil Roger Solheim. – Eg likar meg ikkje i framgrunnen på scena, forklarar Neil. – Det er mykje betre å sitje i bakgrunnen å bidra til kunstverket som blir presentert på scena utan å verte fokusert så mykje på. Eg er ikkje noko glad i å bli fotografert og sånn, eg overlet helst den jobben til syster mi. Ho gjer det ganske godt som modell for tida, smiler ein stolt storebror. Og framtidig hyenbonde. Halvard Husefest Lunde tekst og foto

HEIM TIL HYEN: Den vesle hytta i Hyen har vore Neil sin avkoplingsstad. No vurderer han å trappe ned musikklivet og flytte permanent heim. (Privat foto)

«Det er mykje betre å sitje i bakgrunnen å bidra til kunstverket som blir presentert på scena utan å verte fokusert så mykje på.» Neil Roger Solheim, låtskrivar og lysmeister


FLORØ 2.- 5.august 2012

VÅTT

h e f t i SPEKTAKU g L ÆR T LUFTIG dr istig




MOTBAKKELØP Side 14

Kvifor slite i motbak Kva er det med Sogn og Fjordane og desse motbakkeløpa? Fjella ruvar som risar langs heile det langstrekte landet. Vinterstid er dei snødekte og gjer seg lekre for turfolk med ski på beina. Skal vi lytte til klisjeen er skiturar i fjellet sjølve urkjensla av lykke for nordmenn. Toppen er målet og unnarennet belønninga. For denne gruppa av folket er Sogn og Fjordane eit Eldorado. Her er mot-

bakkeløpa populære og i ein spektakulær natur som trekkjer til seg folk frå heile landet, og frå utlandet med.

Arven etter Grete og Ingrid. Men kva er det med motbakkeløp som nærast gjer dei til kulturen svar på ei vekstnæring? Joggebølga kom som ein tsunami over landet på 1980talet då Ingrid Kristiansen var best i verda og Grete Waitz var denne norske jenta som alltid

vann New York Marathon. No har motbakkeløpa blitt ein folkebevegelse på lik linje. No er det skiheltane som i mangel på snø har slikt å drive med. Og folket halsar etter. Medan landevegsløpa har tapt interesse, har påmelding til dei mest populære motbakkeløpa til liks med Birken ein eigen svartebørsmarknad. Det er ikkje berre treningsfrikar og dei i 40-årskrisa som gampar i veg med nummer på brystet mot ein varde i den norske fjellheimen. Så kvifor vil vi


DEN VESLE MANNEN OG FJELLET: Arne Johannessen er snart i gang med nord-Europas tøffaste motbakkeløp for tiande gong, 1848 meter rett opp Skåla i Loen. Foto: Stig Roger Eide

Motbakkeløp i Sogn og Fjordane Dei råaste motbakkeløpa målt etter lengde og høgdemeter (hm) 1. Skåla 1848 meter rett opp, Loen 1814 hm–8,2 km 2. Rallarvegsløpet dag 1, Flåm 1222 hm–54 km 3. Storehesten Opp, Gaular 1209 hm–11 km 4. Eggenipa Opp, Breimsbygda 1173 hm–4,6 km 5. Molden Opp, Marifjøra, Luster 1116 hm–7 km 6. Svinestrandløpet, Sandane 1050 hm–8,0 km 7. Heirsnosi Opp, Øvre Årdal 1010 hm–11,5 km 8. Storehaugen Opp, Lærdal 888 hm–3,4 km 9. Vetenløpet, Bremanger 527 hm–5,0 km 10. Kleiva Opp, Hopland/ Stryn 600 hm–7,0 km 11. Hovlandstøylen Opp, Eikefjord 475 hm–3,5 km 12. Kletten Opp, Naustdal 270 hm–1,2 km 13. Åsen Opp, Florø 270 hm–4,0 km 14. Trappeløpet, Høyanger 1268 trappetrinn



kke? slite oss til topps med blodsmak i munnen utan tid til å ta inn naturopplevingane? Eit unnarenn på barmark er dessutan ein smerteleg pris å betale for kroppen. Så kvifor?

Eksperthjelp. Arne Johannessen er kjent som fagforeiningspamp. Dei siste 12 åra har han leia Politiets Fellesforbund. 54-åringen frå Øystese er over snittet oppteken av trening. At han har sprunge maraton på 2.42 og skal

springe sitt tiande Skåla rett opp i august seier sitt. På Skåla kan han skilte med tida 1.36.40. Dette gir respekt blant dei kvassaste i langrennseliten. Eller som han sjølv seier det: «Eg er kanskje blant dei betre fagforeiningspampane i motbakke». For politiet sin spydspiss i media meiner motbakkeløp er perfekt for dei som har trent ein del. Som gammal maratonløpar er motbakkeløp noko som slit mindre på kroppen enn 42

kilometer på asfalt og er kanskje ein naturleg utvikling med åra. – Motbakkeløp er meir skånsamt for kroppen sjølv om det er knallhardt. Motbakkeløp meiner eg er noko som bur i alle oss Vestlendingar. – Ja vel? – Vi skal jo alltid opp på ein topp. I eit motbakkeløp får du konkurrere samtidig som du ser opp mot eit synleg mål. Dessutan får du ei




MOTBAKKELØP Side 16

stor naturoppleving på kjøpet, seier Johannessen som gladeleg hadde vore med på meir. Men det skortar på fritida. Men fire–fem av motbakkeløpa i Sogn og Fjordane må han ha med seg. Og kvifor motbakkeløp er så i vinden har han ei grei forklaring på. – Du veit det er i motbakke det går oppover, svarar han.

Då er konklusjonen klar. Arne Johannesen er definitivt ikkje representativ for folkerørlsa. Så vi tok kontakt med Stein P. Aasheim. Eventyraren og ekspedisjonshelten er til liks med Johannessen også påmeld til motbakkeløpet «Skåla 1848 meter rett opp» i august. 62-åringen var i 1985 den første nordmann til å erobre Mount Everest og har klatra i Trango Tower som er den vanskelegaste å klatre, for å ikkje gløyme verdas største vertikale fjellvegg. Så nasjonalhelten Aasheim kan dette med å erobre fjell. Men han er først og fremst ein eventyrar. Så seint som 14. desember i fjor gjekk han til Sørpolen. Han har også padla i Tasmania og rundt Svalbard, ridd gjennom Mongolia og sykla gjennom Sahara. Fotografen og forfattaren som har busett seg i Isfjorden under Trollveggen og er blant dei ypparste til å formidle det store i naturen. Dermed skulle vi ha funne rette mann til å snakke om naturopplevinga idretten har rappa frå turfolket gjennom alle motbakkeløpa. – Eventyrar Stein P. Aasheim du har meld deg på motbakkeløpet «Skåla rett opp». Forklar deg. – Kva er det å forklare? Kvifor må ein velge? Eg meiner at vi menneske er ulike og kan like både naturopplevingane og konkurranseaspektet, seier Aasheim og gnir svaret inn i den eplekjekke journalisten.

Bulandet og Værlandet

NORDSJØPORTHELGA • Marknad i Værlandet • Familiedag i Bulandet • Kjendisane Vegard og Bård Nettside: www.bulandet-grendalag.org

«Skulle eg ha krefter igjen ville eg gjerne tatt turen på Skåla dagen etter. Då som ein dagstur med familien.» Stein P. Aasheim

Askvoll

Å halde seg i god fysisk form har vore basisen for alle eventyra han har vore med på. Som biograf til Vegard Ulvang då han var på topp, trente Aasheim sjølv med landslaget. Han har maraton-pers på 2.45, noko som seier litt om det fysiske nivået. Men at det å vere ein del av toget som pesar oppover fjellet frå Loen kan fascinere ein av dei største eventyrarane vi har, er interessant. Det er kanskje eit svar som kan forklare den store breidda av deltakarar som strøymer mot motbakkane. – Å kjenne på kor sterk eg kan vere og kor fort eg kan springe har alltid appellert til meg. Konkurransen er ein flik av meg som eg søker og treng, ikkje nødvendigvis for å vise til ei resultatliste, men overfor meg sjølv i konkurranse med andre. At eg kan få dette og i tillegg nå toppen og Skålatårnet liker eg, seier Aasheim.

Om han går i nypreparerte spor på konkurranseski, eller på feller opp skavlane i Romsdalen, over Grønland eller til Sørpolen, er alle ulike former for aktivitet han set pris på. Fellesnemnaren mellom Everest og Skåla er slik sett at dei begge er ein topp mange vil nå, at det går føre seg utandørs og at det går oppover. – Skulle eg ha krefter igjen ville eg gjerne tatt turen på Skåla dagen etter. Då som ein dagstur med familien. Eg er sikker på opplevinga hadde vore stor då også, sjølv om den hadde vore noko annleis, konkluderer eventyraren. Dag Nesbø Frøyen

Atløy

SKJÆRGÅRDSTREFF • Marknad i Askvoll • Bornas aktivitetsdag • Veteranbilparade

Nettside: www.askvoll.no

• Krabbebord • «Ta sjangsen» • Buafest Nettside: www.atloy.origo.no ©Steinars Foto & Repro


GLASMEISTER

Førde industri- og næringssamskipnad




HIMMEL OG HAV Side 18

Himmelske smakar frå havet ▶ FAKTA Kinnaspelet vart første gong sett opp i 1985 og har vore sett av over 80 tusen Sildebordet vart starta i 1992. Musikkfestivalen kom med i 1997.

FLORØ: Det nærmar seg den helga igjen. Den livlege. Eller livgjevande? Mellom Himmel og Hav i Florø faldar det seg ut eit vell av moglegheiter helga 15. til 17. juni. Kva kunne friste mest - å fylle magen med lekker sild og laks, eller å fylle auge og øyre med heftige musikkopplevingar på Haavebua? Eller å setje deg på båten ut til Kinn og la sinnet fyllast av Songen ved det store djup? Du treng forresten ikkje velje. Det er fint mogleg å få med seg litt av alt.

Sild... i tønne.

Sildebordet opnar heile helga fredagskvelden og er kalt verdas lengste. Mindre kan ikkje gjere det i byen som vart bygd på sild! Nye silderettar har vorte presenterte med jamne mellomrom gjennom åra, og i år er ein variant med rogn, rømme og raudlauk annonsert, i tillegg til ein ny vri på klassikaren tomatsild. Frå sildebordscena i Strandgata vert det også underhaldning av ymse slag. Vegard Leite vert hovudartist, med støtte frå Blue Horn Jazzband. Anten det høljar eller strålar er det tett i tett med folk i byen denne fredagskvelden. Fleire tusen finn vegen til det rundt 300 meter lange matbordet. Vil du slå av ein prat med nokon på andre sida, må du berre håpe på at vedkommande står i ro lenge nok til at du rekk å runde

bordenden og alboge deg fram... Laksens Dag vart introdusert i Himmel og Hav-konseptet i fjor og var ein stor suksess. Kokkekampane mellom politikarar, komikarar og ungdommar vart bivåna av mange. Kjendiskokk Ole Johnny Eikefjord gav politikarane og komikarane slakt medan undommane fekk skryt. Kokkekampar vert det også i år, og med det uttalte føremålet å bringe laksen ut til folket, vert det rikelege høve til himmelske munnfullar på Torget.

To teatersjefar på Kinn. Kinnaspelet viser få teikn på slitasje trass i at dei snart er klare for den 28. oppsetjinga på rad. Dei har




vore bevisste på å fornye seg, mellom anna ved å skifte instruktørar og slik tilføre nye vinklar og dimensjonar. I år kan dei i tillegg skilte med to teatersjefar på rollelista. Bjarte Hjelmeland er i ferd med å avslutte sin periode som øvste sjef ved Den Nasjonale Scene i Bergen og skal ha rolla som futen i Kinnaspelet. Han deler scene med etterfølgjaren sin, Agnethe Håland, som er den nye prestefrilla i spelet. Ho var for øvrig hovudrolleinnehavar i spelet dei første 15 åra som Borni, den irske prinsessa som dreiv i land på Kinn, i følgje legenda. Denne rolla vart i fjor overteken av ei florøjente, Oda Alisøy Søvig. Vel plassert i det naturlege amfiet ved den

gamle steinkyrkja, ser ein at også naturen spelar på lag og skal ha sin del av æra for suksessen. I vest har ein den spektakulære Kinnaklova, seglingsmerke i uminnelege tider, og framfor seg grøne kollar ned mot berga og den rause havutsikta.

Irske feler og feite orgel. Musikken gjennomstrøymer heile Himmel og Hav-helga. Sildebordscena i Strandgata byr på artistar både fredag og laurdag, inkludert nokre av namna som står på plakaten på Haavebua. Men det er den gamle saltebua på Quality Hotel som er åstaden for dei verkeleg intense konsertopplevingane.

COME RAIN, COME SHINE: Aldri er Strandgata så full av folk som under Sildebordet, uavhengig av kva dom metereologen har gjeve kvelden. Det lange bordet med alskens silderettar og underhaldninga frå scena dreg tusenvis av menneske til Florø sentrum kvart år. Foto: Iris Kvellestad




HIMMEL OG HAV Side 20

I år har Florø Rockeklubb gått tilbake til konseptet med å halde fredagen irsk. Tidlegare erfaringar tilseier at publikum har ei svett og hås oppleving i vente. Først ut er The Young Folk, som overbeviste florapublikumet allereie i fjor. Dette er eit ungt band med mange av dei tradisjonelle irske songane «alle» kan på repertoaret, i tillegg til eit meir rocka uttrykk. Så er det duka for The High Kings, for tida irsk folkemusikk sitt superband. Dei fire karane har hatt stor suksess kvar for seg og etter at dei gjekk saman vil jubelen ingen ende ta. Også The High Kings kjem med mykje tradisjonell folkemusikk i felekassa, men med spennande og annleis arrangement, byr dei på nye opplevingar av dei velkjende songane. Laurdagskvelden startar også med The Young Folk, før det er klart for eit ungt og fremadstormande norsk band. Death By Unga Bunga spelar røff garasjerock, inspirerert av namn som Screamin’ Jay Hawkins, Velvet Underground og The Cramps. Dei fem unge karane køyrer på med tunge gitarar, feite orgelsoloar og tette rytmar. Alt skulle med andre ord ligge til rette for ein ny, minneverdig helg der dei gamle og garva golvborda framfor scena på Haavebua skal få køyrt seg. Liv Standal

GRØN ØY: Dei fantastisk kulissene naturen byr på rundt Kinnaspelet, er sterkt bidragande til at folk stadig vender tilbake for å oppleve Songen ved det Store djup. Foto: David E. Antonsen

«Nye silderettar har vorte presenterte med jamne mellomrom gjennom åra, og i år er ein variant med rogn, rømme og raudlauk annonsert.»


%DVVHNRX.RX\DWp 1JRQL%D_0DOL 6HSWHWR6DQJLDJXHUR_&XED

6HUGHJSnIHVWLYDOQDWWD 'HQQHNYHOGHQKDUGXVMDQVHQWLOnWD)ยกUGHIHVWLYDOHQSnSXOVHQPHGGHLKHIWLJDVWH U\WPDQHIUn&XED0DOL8QJDUQRJ0DGDJDVNDU)HVWLYDOQDWWDHUGHQQDWXUOHJH PยกWHSODVVHQIRUDOOHIHVWLYDOGHOWDNDUDUIDVWEXDQGHRJWLOUHLVDQGHL6XQQIMRUG

9HONRPPHQWLOIHVWLYDOQDWW /DXUGDJMXOLNOSn5LFD6XQQIMRUG+RWHO 6SD $OGHUVJUHQVHnU 'DPLO\_0DGDJDVNDU

%LOOHWWDUNMยกSHUGXSnELOOHWWVHUYLFHQR 3ULVNU   PHG)HVWLYDOSDVVNUSUELOOHWW PHG6WXGHQWSDVVNUSUELOOHWW

6MnIRUGHIHVWLYDOQRIRUPHLULQIRUPDVMRQRPIHVWLYDOSDVV

.iOPiQ%DORJK*\SV\ &\PEDORP%DQG_8QJDUQ

)ยกUGHIHVWLYDOHQ Sn)DFHERRN

IRUGHIHVWLYDOQR


 Ti år med Målrock-suksess MÅLROCK Side 22

Årdølene slår på stortromma når den tiande utgåva av bygdas storfestival går av stabelen 10.-11. august. Finst det nok spennande band som syng på dialekt til at det kan skipast ein årviss kvalitetsfestival av det? Det spørsmålet dukka opp i rockeklubbkretsar i musikkbygda Årdal for godt over ti år sidan. Eldsjeler i Hugin musikkforum bestemte seg for å gi gass og prøve.

Tydeleg profil. No, ti år seinare kan bookingansvarleg i Stiftinga Målrock, Bjørnar Svortevik, gi eit betinga ja som svar på spørsmålet. – Det skjer såpass mykje spennande her heime at det oftast er nok å ta av. Men det går litt i bølgjer. Det vekte oppsikt første gongen Målrock boka eit engelskspråkleg band. Men det høyrer heilt klart til unntaka og eg meiner vi har halde ein klar profil på festivalen vår. Vi har klart å lage ei ramme rundt Målrock som både kommune og lokalt næringsliv ønskjer å støtte opp rundt, og atmosfæra i Meireriparken og dei flotte omgjevnadene har rykta seg i artist-Norge. Difor er det heller ikkje vanskeleg

▶ FAKTA Tid/stad: (9.)-10.-11. august, Meiriparken Årdalstangen/Skåri i Utladalen (konsertar på dagtid). Eigen festivalcamp i Saltviki,300 meter frå festivalområdet. Arrangør: Stiftinga Målrock, alt arbeid blir gjort på frivillig dugnadsbasis. Nokre av artistane som har gjesta festivalen: Gåte, DumDum Boys, Bjørn Hellfuck, John Olav Nilsen & Gjengen, Hellbillies, Stavangerensemblet, Odd Nordstoga, Tungtvann, Tolv volt, Fabel, Niko Valkeapää, Hopalong Knut, Nullskattesnylterne, Kaizers, Vazelina, Vestlandsfanden, Odd Erik Lothe, Finn Erix, Karl Seglem, Honningbarna, Valkyrien All Stars, Side Brok, Oslo Ess, Yoga Fire, Turboneger, Karpe Diem, Sivert Høyem, Bare Egil Band, Bob Hund, Waterboys, Helene Bøksle, Vamp, Tyyl(!), Eagles på sogning, Strupetakarane, CC Cowboys, Matpakkers, BigBang, Beinkjør, Jonas Fjeld, Henning Kvitnes, D.D.E.

å få ja frå store og profilerte artistar, seier Svortevik, som er bandansvarleg på sjette året no. Og store namn har han verkeleg fått på lista til jubileumsutgåva av festivalen. Kaizers Orchestra kjem, det gjer også legen-

dariske Raga Rockers som er ute på avskilsturé, Jahn Teigen er klar, i lag med Lars Vaular, Susanne Sundfør, Jan Eggum og Dunderbeist. Og eit av landets mest suksessrike band dei siste åra, Madcon har takka ja.

Solid økonomi.

– Vi booka Madcon då nyheita kom om at dei gir ut norskspråkleg plate, så det blir spennande, seier Svortevik, som i tillegg jobbar med to-tre ekstra store namn som ikkje er klare enno. Målrock har i motsetnad til mange andre festivalar, stort sett klart å stå støtt økonomisk. – Vi gjekk minus eitt år, elles har vi ligge på rundt 50.000 kroner i pluss. Vi set bort alt sal av mat og drikke, drift av festivalcamp og andre ting til lokale lag og organisasjonar, slik at fleire får ta del i suksessen, seier Svortevik, som innrømmer at han er ekstra spent på årets festival. – Vi har heilt klart slått på stortromma og sprengt artistbudsjettet. Eg håpar vi når opp mot publikumsrekorden på 5000 slik at vi landar trygt økonomisk.

Svend Arne Vee

Madama Butterfly Av G . P u c c in i

29.09. -13.10. (10 forestillingar) i O p e ra h u s e t N o r d f j o r d , N o r d f j o r d e i d

M u si k a l s k l e i i n g / r e g i : M i c ha e l Pave li ch Scenografi: Sunniva Bodvin. Kostymer: Anne Spets. Ly s: H an s Åke S jø q u is t . M a s ke : M are n To gs ta d I ro l l e n e : L is e G r a n d e n B e r g /Ja n n e B e rg lu nd , T h o m as R u u d , Tro n d Ha ls t e in M oe , A ngel ica Vo je, Jan E r ik Fi lla n , Pe r An d rea s Tø nd er B i l l e t t a r : w w w. o p e r a h u s e t . n o I n fo r m a s j o n : w w w. o p e r a n o r d f j o r d . n o


NORSK OG (HELST) PÅ MÅL: Enkelte år har Målrock og sluppe til utanlandske band. Men festivalen som går av stabelen der Sognefjorden går på land, har stort sett halde seg til mål-konseptet sitt. Her er lærdalspunkarane i Beinkjør på hovudscena på Årdalstangen. Foto: Mats Heggø

VELKOMEN TIL SOMMARENS LØPSFEST!

Jølster maraton 7. juli 2012

LAURDAG 16. OG SØNDAG 17. JUNI 2012 (KVART ÅR – 3. HELGA I JUNI)

Kinnaspelet blir framført på ei utandørs scene som ligg mellom fjellsida og den gamle steinkyrkja, der kyrkja og naturen rundt også blir teken i bruk. Publikum sit i eit naturleg, lunt amfi under det stupbratte Kinnafjellet, med grøne bakkar, blått hav og høg himmel som kulisser. Opplevinga startar med ei vakker båtreise gjennom skjergarden ut til Kinn.

maraton halvmaraton • mila 5 km • miniton

Kinnaspelet blir framført i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater, musikarar og 155 amatørar. findriv As

sykkeltrim

Sjekk vår webside, www.kinnaspelet.no, for meir informasjon om speletider og alt vi har å tilby.

Tekst: Rolf Losnegård Musikk: Per Janke Jørgensen Instruksjon: Bodil Kvamme

Påmelding og meir info på heimesida:

www.jolster-maraton.no

www.softeater.no

Meir om spelet og billettar: Kinnaspelet, Postboks 111, 6901 Florø Tlf. 57 75 25 30 Mob. 918 86 264 E-post: kinnaspelet@gmail.com www.kinnaspelet.no

NATVIK, FLORØ

FOTO: ODDLEIV APNESETH

SONGEN VED DET STORE DJUP




NORSK COUNTRYTREFF Side 24

Ny under sjefsbremmen Eva Hage Solstad er ny dagleg leiar for Norsk Countrytreff. I tillegg har festivalen fått knutepunktstatus og meir enn dobbelt så mykje i statleg støtte. Korleis kjem publikum til å merke den nye tida? - Festivalen er utvida med ein dag og tek til på onsdag i staden for torsdag, og opningskonserten i trivselshagen er ny av året. Det inneber utvida speletid og fleire artistar. - Er målet at Norsk Countrytreff skal vekse med deg under sjefsbremmen? - Målet er ikkje å bli den største countryfestivalen, men å vere den beste, seier ein offensiv Hage Solstad. Ho begynner i stillinga 1. juli, knappe to veker før startskotet for årets festival. Festivalen er forlengst planlagt og ferdig booka, men ho reknar med å setje sin eigen signatur på coyntrytreffet på Breim frå og med neste år.

Ro og brød til folket. Eva Hage Solstad er kjent både som mangeårig lindanceinstruktør og fast inventar på festivalområdet. - Festivalområdet er naturen sitt eige amfi, eit stort utandørs konsertlokale. Det er danseplass framfor hovudscena og mogleg å sitje i skråninga opp mot eine campingområdet. - Du har kjent Norsk Countrytreff på pulsen i ei årrekkje, korleis har festivalen utvikla seg? - I positiv lei har det blitt meir ro og orden på dei to campingområda. Vi har fått nærbutikk inne på festivalområdet, det vil seie ein festivalfilial slik at folk får tak i brød og mjølk. I tillegg er det sett opp festivalbussar. Vi har fått inn Bornas Countrytreff og fleire gratis sentrumskonsertar. Snill sjef.

Nils R. Sandal held fram som artistansvarleg, medan Hage Solstad tek over som dagleg leiar etter Ingemar Sårheim. - Som leiartype er eg lyttande og løysingsorientert. Eg er oppteken av å dra i lag, saman blir vi gode. Eg er ikkje ein type leiar som likar å framheve meg sjølv. Innbiller eg meg i alle fall! - Har du ei mindre sjefete side? - Eg er ein snill person, eit trekk som av og til kan bli utnytta av andre.

LINEDANCE-BAKGRUNN: Eva Hage Solstad er mangeårig linedanceinstruktør på Norsk Countrytreff. (Privat foto)

NORSK COUNTRYTREFF 11.-15. juli: Vassendgutane og Hellbillies er store, norske trekkplaster på programmet i år. Men dei blir små samanlikna med årets hovudartist: Vince Gill. Den amerikanske countrystjerna har selt over 26 millionar album og har mellom anna samarbeidd med Dolly Parton. Dessutan kjem Bobby Bare med nokre av dei gode, gamle slagerane sine, «500 miles from home» mellom andre. Det er fleire lokale heltar på programmet. Sigrid Moldestad & band, meir countryprega enn vi er vane med å høyre henne, og Long Horn, det veletablerte lærdalsbandet som har spela på Breim så godt som kvart einaste år. Ila Auto og Onkel Tuka er to norske band som viser at Norsk Countrytreff av året er utvida med fleire artistar og fleire countrysjangrar. Dessutan kjem banjo-dronninga over alle banjodronningar, Kari Svendsen. Green Granadas spelar frisk rockabilly, medan Wayne Taylor and Appalossa går meir i retning bluegrass. Her kan du sjå heile programmet: www.norskcountrytreff.no

HEILT I TOPPEN: I sommar har Norsk Countrytreff sikra seg eit av dei aller største countrynamna i USA, Vince Gill.


Tru det eller ei - men i år arrangerer vi dei tiande Eikefjorddagane 17.–19. august! Dette er familiehelga framfor nokon i Sunnfjord!

UÊ UÊ UÊ UÊ UÊ UÊ UÊ UÊ UÊ UÊ UÊ UÊ UÊ Ê UÊ UÊ Følg med på vår «seilas» mot eit «best ever»-program på www.eikefjorden.no utover sommaren og sjå tilbake på tidlegare års eikefjorddagar.

>ΜÌi˜Ê ˆŽi iÃÌiÀˆ`ˆ˜} -«ˆŽŽˆ˜}

ÞÀiÕÌÃ̈ˆ˜} ˜ÃˆŽÌÓ>ˆ˜} ˆ>ÇLFÌi˜ ÀFÌ>Ãà 6iÌiÀ>˜LÕÃà {ʓˆ˜ˆ‡iˆÀ À>Ûi“>Έ˜Ž©ÞÀˆ˜} ˆÃŽiŽÕ““iÀ >ÃÃL>œ˜}>À /iˆŽ˜iŽœ˜ŽÕÀÀ>˜ÃiÊ ­ ˆŽi‡ÌiˆŽ˜ˆ˜}>À® /ÕÀʓi`ÊLÀ>˜˜Lˆ *>Ã̅œ««L>ŽŽiÊn

Fotograf: Hege Qvikstad Eek

Barneaktivitetar:

Heisann, eg heiter Eike og fyller berre 4 år! Eg skal gjerne hoppe i plasthoppbakken… Ìi“>ʇÊÜÜÜ°>Ìi“>°˜œÊUʜ̜\ÊiˆŽivœÀ`°˜iÌ




SOMMARFESTEN Side 26

TEK TORGET TILBAKE: Det er publikum sjølv som har gitt arrangørane eit klart og tydeleg svar: Dei ønskjer Sommarfesten i Førde tilbake til der det heile starta, i sentrumsgatene i Sentrum Sør. Her frå 2007 då Turboneger og Hank von Helvete sette publikum i kok. Foto: Arne Stubhaug

Sommarfesten tilbake på torget Rap-kjefta bergensarar, melankolsk nordnorsk rock og sørlandsk punkfyrverkeri står på speleplanen når Sommarfesten i Førde gjer comeback i sentrum sør. Lars Vaular, Sivert Høyem og Honningbarna er headlinerar under årets Sommfest i Førde 1. og 2. juni. Dermed har Førde sikra seg tre av landets mest profilerte artistar til laurdagskvelden.

TIL FØRDE: Sivert Høyem. Pressefoto

TIL FØRDE: LidoLido. Pressefoto

Fredagen står derimot i eit meir lokalt og ungdommeleg teikn, med talentkonkurranse og konsert med Bård og Vegard Leite, før rapparen, hiphoparen og beatmakaren LidoLido avsluttar det alkoholfrie ungdoms- og familiearrangementet. Den garantert mest energiske av konsertane blir Kristansandsgjengen Honningbarna, som sidan dei blei kåra til årets Urørt i 2011 har hatt ei kometkarriere og spelt store og små festivalar i inn- og utland, og i tillegg gitt ut kritikarrost plate. Norskspråkleg, punkinspirert og med ein

TIL FØRDE: Lars Vaular. Foto: Anton Soggiu

TIL FØRDE: Honningbarna. Pressefoto

scene-energi få norske artistar kan matche, kan dette fort bli høgdepunktet i Førde 2. juni.

Tilbake i byen. Sommarfesten er også tilbake der det heile starta. Etter eit par år med arrangement på Utstillingsplassen, vender ein no tilbake til røtene i Sentrum Sør. Dette skjer ifølgje arrangør Tom Farsund på oppmoding frå publikum. – Tilbakemeldingane er eintydige. Festivalen høyrer heime i Sentrum Sør. Vi skal tilbake til den tette og intime gatefesten vi hadde dei første åra, seier Farsund. Todagarsfestivalen byr også på spektakulær kappestrid, «Elverittet 61 grader nord» i Jølstra og i gatene i sentrum sør, der stafettlag tevlar mot kvarandre i gata og i elva. Blitt Vaular-fan. – Det står att litt detaljar når det gjeld programmet vårt, men det er 95 prosent spikra, seier Farsund, som sjølv ser aller mest fram til å høyre bergensk rap under årets sommarfest. – Eg har blitt stor Lars Vaular-fan det siste året. Eg har heile tida hatt sans for rapen som uttrykksform, med gode og spisse tekstar. Men etter kvart har det gått opp for meg at sjølve musikken også held svært høg kvalitet. Det er Vaular ein god eksponent for, konstaterer Farsund. Svend Arne Vee


PÂ O52&. DXJXVW PHLHULSDUNHQÂUGDOVWDQJHQ

RAGA ROCKERS

KAIZERS ORCHESTRA JAN EGGUM

MADCON

SUSANNE SUNDFØR JAHN TEIGEN DUNDERBEIST LARS VAULAR

Q UH OD O D WU

Billett ar får du kjøpt på: w w w.billett ser vice.no w w w.malrock .no




TALENT-PROSJEKT Side 28

IN LOVE WITH HARDINGFELE: Den serbiske felespelaren Daniel Lazar er forelska i den norske hardingfela.

Spelar p책 d




Serbisk-norsk-tyrkisk Talent-prosjekt:

dei rette strengane




TALENT-PROSJEKT Side 30

ARMED WITH CAMERA: Gjengen blir filma av serbisk tv. Dagen etter er dei gjestar på frukost-tv.


Midt i lyden sit den serbiske felespelaren Daniel Lazar med eit forelska uttrykk i ansiktet. Han er tapt for denne verda. Han dreiar gjenstanden for dei varme kjenselene rundt og rundt: Ei norsk hardingfele. Raske, bastante tonar frå to trekkspel blandar seg med den såre lyden av hardingfela. Det går an å dra kjensel på halling frå bygdedans på lokalet, men samstundes er musikken heilt ulikt alt anna, den sprengjer rammene for kjente sjangrar. Når ein blandar unge folkemusikktalent frå Serbia, Noreg og andre land i ein slags kulturell blender, veit ein ikkje på førehand korleis det kjem til å smake. Det er det Talent-prosjektet til Førdefestivalen og Rikskonsertane handlar om.

Kreativ eksplosjon.

Talent er nesten like gammalt som Førdefestivalen sjølv, og er blitt ein årviss klassikar. Unge folkemusikktalent blir plukka ut frå tre forskjellige land kvart einaste år (Noreg er alltid med), og dei møtest til ein kreativ eksplosjon under Førdefestivalen. Året etter møtest dei på nytt, og då i eitt av dei andre deltakarlanda. Det er det som er så fint med prosjektet. Det handlar ikkje berre om å fylle ein post på programmet, men om å hjelpe unge og talentfulle folkemusikarane vidare i karriera. Talenta blir ikkje gløymde etter at festivalen er slutt og festivalbannera er fira.



Snakke i oktavar. Dette er bakgrunnen for at tre norske ungdommar i april 2012 reiser til Serbia: Sigrid Kjetilsdotter Jore (vokal), Mads Erik Odde (trekkspel) og Jørgen Bønstu Nyrønning (hardingfele). Dei skal møte igjen medtalenta frå Tyrkia og Serbia, og denne gongen er Beograd vertsby. Alle deltakarane snakkar engelsk, men det er ikkje alltid tilfellet. To år tidlegare kom talenta frå Tanzania, Zambia og Noreg. Dei hadde ikkje noko felles språk. Dei afrikanske talenta kunne ikkje noko særleg engelsk, og dei norske beherska verken swahili eller fransk. Dermed vart den verbale kommunikasjonen lik null. Det var berre éin ting å gjere: snakke gjennom musikken og dansen, mikse dei forskjelige uttrykka og kome opp med eit nytt «språk». Eit kunstverk. Daniel frå Serbia har opplevd to krigar på nært hald. Han har opplevd rasjonering og dårlege tider, ei stund hadde han ikkje råd til å erstatte strengane på fiolinen, men han øvde likevel. Han speler med lettheit, som om fiolinen er ein naturleg kroppsdel. Men akk, den norske hardingfela. Motsett fiolinen har hardingfela fire eller fem resonansstrengar under dei vanlege strengane. I tillegg er hardingfela eit kunstverk. På dei finaste instrumenta er kroppen dekorert i diverse fargar og utskjeringar. I tillegg er «hovudet» ofte skore ut som ein figur; ein drake eller eit troll. - Aldri før har eg hatt høve til å spele på eit instrument som liknar så mykje på min eigen fiolin, men samstundes er så annleis. Eg får lyst til å spele hardingfele i andre samanhengar enn




TALENT-PROSJEKT Side 32

norsk tradisjonsmusikk, eg er heilt sikker på at det er mogleg! seier Daniel drøymande.

Samansmelting. Daniel kallar samspelet eit 3d-bilete av musikk og kulturelt mangfald. - Vi miksa tre forskjellige folkemusikktradisjonar. Sluttproduktet var interessant fordi ein kunne kjenne att innslaga får alle dei tre landa. Vi frå Serbia slapp lettare unna enn den norske gjengen. Flaks, får ein nesten seie, at Serbia var under ottomansk styre i 500 år. Folk i Serbia har god kjennskap til tyrkiske overtonar og ornament, seier Daniel. Sigrid i den norske gjengen er overraska over at prosessen med å smelte saman dei tre ulike musikalske språka gjekk så lett. - Den første medleyen fall vel eigentleg på plass kvelden ‘før’ den første offisielle øvinga, vi sat og jam-a i hotellrestauranten. Sidan var det time etter time med øving, latter, ordforklaringar, seine nattetimar og tidlege morgonar som enda opp i ein konsert i kulturhuset Palilula med høg stemning blant publikum, fortel ho. Serbiske publikumarar er ikkje like forsagte som norske, dei gir høglydt tilbakemelding. Konsertsalen, med plass til fleire hundre menneske, var bortimot fullsett. Kontakten mellom artistane og publikum var god, mykje takka vere dei to musikalske leiarane Jovan Pavlovic og Steinar Ofsdal som fungerte som konferansierar under konserten og spelte opp dei unge talenta. - Det var både morosamt og lærerikt å tilnærme seg andre sine ideal, alt frå tyrkisk frasering til serbarane si «krulling» i songen. Samstundes blei eg meir medviten om min eigen tradisjon og mine eigne særtrekk, seier Sigrid. UNESCO-pris.

Talent er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane, med økonomisk støtte frå Utanriksdepartementet. Det er status å vere med på eit stort prosjekt, og mange får vind i segla. Fleire har også kome attende til festivalen som etablerte artistar nokre år seinare. Prosjektet blir lagt merke til, seinast med UNESCO-tittelen «Young artist for intercultural dialogue between Arab and Western worlds». Utmerkinga er ein heider for arbeidet med å fremje dialog mellom kulturar. Kanskje kan ein seie at Talent er eit lite skritt mot fred i verda; det kjende er ikkje like trugande som det ukjende. Prosjektet byggjer bruer mellom forskjellige kulturar på den enklaste måten som finst, gjennom musikk, ikkje ord. I år kjem talenta frå Marokko, Tunisia og Noreg. Dei møtest i Førde for første gong, og i løpet av nokre dagar jobbar dei fram ein konsert. Du høyrer dei på festivalens siste dag.

Heidi hattestein tekst og foto

CONCERT OPERA: Dei unge talenta spelar konsert for fleire hundre tilhøyrarar i Beograd.


FØRDEFESTIVALEN 5.-8. juli: Coexistence/sameksistens er tema for Førdefestivalen i år. Temaartistane kjem frå forskjellige delar av verda: Spania, Madagaskar – og ikkje minst – Senegal representert ved folkemusikkjendisen Solo Cissokho. Ei av temagruppene er The Other Europeans: 14 artistar frå sju land sameinar seg om klezmer- og sigøynartradisjonane i Aust-Europa. Ein gong levde jødar og sigøynarar side om side i det som i dag er Moldova, to folk som knapt vart rekna som europearar. Så blei dei skilde av krig, jødeforfølging og immigrasjon. I denne samproduksjonen blir dei foreinte på nytt. Ei gruppe som har gitt publikum i Førde sterke opplevingar før, og som no kjem tilbake, er Frikar Dance company. I framsyninga «8» møter halling kong fu til akrobatikk og rørslekunst. Elles blir det fjelltoppkonsert på Hafstadfjellet (706 m.o.h.) i samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag. Den årlege konserten på Tangen finn stad så sant vergudane tillét det. Her kan du sjå heile programmet: www.fordefestivalen.no

«Det var både morosamt og lærerikt å tilnærme seg andre sine ideal, alt frå tyrkisk frasering til serbarane si «krulling» i songen.» Sigrid Kjetilsdotter Jore




UTKANTFESTIVALEN Side 34

SENTRALT NOK FOR KONGEN: Utkantfestivalen har på få år etablert seg som ein av dei største musikkfestivalane i fylket. Frå 26. til 28. juli er Skjerjehamn alt anna enn ein utkant. Foto: Linn Dyveke Wilberg

Sentral utkant Utkantfestivalen i Skjerjehamn har på få år blitt heilt konge. Berre spør dei over 5000 som tok turen i fjor. No er det no ein gong slik at uansett kvar du plasserar deg i dette fylket, så har du ein utkant like i nærleiken. Likevel. I utkanten av alle desse utkantane våre ligg Skjerjehamn. Så i utkanten av alt, at det nesten vert sentralt oppi det heile. Midt mellom dei gamle byane, og med ei etter kvart vidgjeten kongestatue kneisande mot kysten. Her finn du sjølvsagt ein festival. Ein festival som på kort tid har vist seg å være ein livskraftig og populær krabat med 5000 forventa vitjande. Eg fabulerer sjølvsagt om Utkantfestivalen. I år møter vi som før folkekjære artistar som høver godt til det trivelege familiekonseptet. Staut, Bjørn Eidsvåg, Raga Rockers, Marit Larsen, Ingenting og Daniel Norgren er blant stjernene som er bekrefta skal underhalde dei 5000 publikummararne ein som nemnt antek vil ta turen til Skjerjehamn desse tre dagane. Film, dans, tonar Arrangørane lovar i tillegg blankskurte svaberg, kulinariske utskeiingar, obskure filmsnuttar og danseglade rytmar. Det vert altså fokusert på breidde og tivsel for einkvar av oss. Så om du ikkje har planar om å overnatte på blankskurte svaberg, eller i eigen båt, kan det nok være lurt å bestille husrom i god tid før helga 26.-28. Juli. Så får storby være storby. Utkanten er komen for å bli.

UTKANTFESTIVALEN 26.–28. juli: Her er artistane som i skrivande stund er klare for Utkant i Skjerjehamn: Bjørn Eidsvåg , Staut, Daniel Norgren, Raga Rockers, Ingenting og Marit Larsen. Følg med på www.utkant.com for oppdateringar.

INGENTING: Sandnes-rockarane Ingenting og vokalist Kjell Undheim er Utkantklare fredag 27. juli. Foto: Firdaposten UTKANTJENTA: Frå utkanten Lørenskog kjem Marit Larsen for å spele for utkantfolket laurdag 28. juli. Pressefoto


Florø 29. – 30. juni

Fredag 29. juni Konsertar: NRWY – DRUSAR – DAG INGEBRIGTSEN

“Tør Du Trovik” Spinnvilt sykkelhopprenn!

Lørdag 30. juni EKTE GATEGLEDE I STRANDGATA!

Konsertar: TOOJI – LISE KARLSNES – RAINMAKERS Fiskekonkurransar, sjøgolf, dans mm

Klikk her for å sjå programmet:

www.sommarflora.no




FESTIVALFYLKET Side 36




QUIZ Side 38

Kor fylkeskulturell er 1. Kva heier festivalen som Hilde Bjørkum & Co har jobba fram, og som no har knutepunkt-status?

2. Dette bandet blei grunnlagt i Årdal i 1977, platedebuterte og blei eit av landets mest populære. Ein periode var Marius Müller medlem. Kva heiter bandet? 3. Kva er dei to sentrale instrumenta hos trioen Finn Erix? 4. Kva festival marknadsfører seg som landets eldste rockefestival? 5. Ein familie har utmerka seg på Eid, og vore sentrale for å byggje opp både Malakoff og operamiljøet. Kva er familens namn? 6. Kven av desse banda har IKKJE spelt live i Sogn og Fjordane: aha, Smokie eller Toto? 7. Kva heiter den kvinnelege operastjerna som vitja Åmot Operagard i 2009? 8. I kva kommune blir Losnaspelet sett opp? 9. I kva kommune finn du Gammalostfestivalen? 10. To mikrobryggeri i fylket har fått mykje merksemd dei siste åra. Kva heiter ølsortane og kvar ligg bryggeria? 11. I kva kommune blir Fjellsportfestivalen arrangert av selskapet «Bratt moro»? 12. Kva heiter NRK Sogn og Fjordane si programsatsing på musikk frå Sogn og Fjordane? 13. Kva kommune byr kvart år til verdas lengste gratis sildebord? 14. Kvar blir det bygt nytt reiselivsmuseum i fylket? 15. Jakob Sande er rekna som den

store fylkesdiktaren. Men kvar var han fødd?

16. Kva heiter den irske supergruppa som kjem til Florø i sommar, og som også skal spele for presidenten i Det kvite hus under St. Patricks Day? 17. Dei kjem frå Tønsberg, er eigentleg oppløyst og var det første norske rockebandet som fekk spele i den nye operaen i Bjørvika. I sommar vitjar dei Malakoff. Namnet? 18. Kva heiter den nettbaserte bokbutikken som har heile landet som marknad med base i Florø? 19. Kvar blir det årvisse Trappeløpet arrangert? 20. Kva selskap i fylket har fått oppdraget med å lage offisielle klede til den norske OL-troppen til sommaren? 21. Kva heiter fylkesdirektøren for kultur i Sogn og Fjordane? 22. Norsk Contry Treff har kapra ei av sine største stjerner nokon gong. Kva er namnet på hovudartisten som kjem i sommar? 23. I fjor gjesta eit legendarisk skandinavisk band utkantfestivalen i Skjerjehamn? Kva er namnet? 24. Ho kom langt i Idol, skipa band med sambuaren og blir ofte samanlikna med The Cardigans. Kva heiter dama og bandet? 25. Kva er gjennomgangstema for årets folkemusikkfestival i Førde? 26. Eit skipsforlis står sentralt i krimforfattar Rune Timberlid si siste bok? Kva heiter båten? 27. Ein musikar frå Sogn deltok under det som blir rekna som

ein av verdas største rockekonsertar gjennom tidene. Kva var bandet, kvar spelte dei og kva heiter musikaren?

28. Kvar går konserten «Sommarfesten» av stabelen? 29. Nemn tre band som artisten Odd Erik Lothe har vore medlem av. 30. Kva kommune kom biletkunstnaren Gunnar S. Gundersen frå?


BLUES & ROCK l

2012 LØRDAG 7. JULI Florø Blues & MC

BOTNASTRANDA BBQ & Bar | Stort partytelt Kl 19.00 – 02.30 | 18 års aldersgrense

Er du ute etter ei spesiell oppleving? Opplev atmosfæren i ein ekte fjordabåt frå 30-talet. Leig M/S «Atløy» til fisketurar, blåturar, familieturar, venneturar osb. Vi kan ta inntil 60 passasjerar og har skjenkjerett for øl og vin. Du vil bli overraska over prisen. Snakk med oss om turforslag, servering og ferdig pakka turar, eller les meir på: www.atloy.no

For booking og info, ring 900 51 867 www.atloy.no

NATVIK, FLORØ

r du?

FLORO




GLOPPEROCK Side 40

Gamal festival blir so Glopperock har minst ni liv. Og Remi Tystad gir aldri opp jobben med å hale nye kattar opp av sekken. Halvard H. Lunde

Sidan 1980 har Glopperock halde det gåande. Fylket sin eldste rockefestival nektar plent å leggje inn årane, sjølv om tala til tider har vore blodraude. F2 Kultur har prata med karen som i imponerande 29 år har vore eldsjel og primus motor for festivalen. I år har han ringt Gabrielle, sett handling framfor ord, og fått henne til festivalen sin. Tidlegare har han ringt om lag det som kan krype og gå av store og små band og artistar. År ut og år inn har han mobilisert Sandane til dugnad. Ein seig fjording, ein slitar som faneberar i rocken si teneste i Sogn og Fjordane. Remi Tystad.

Den gong då... Før i tida valfarta ungdomen til Gjølet på Sandane for å få med seg Gloppe-rocken. Nokre for å høyre Nazareth, Honndalen soul og funkarlag, eller liknande fordums storleikar. Andre for å sloss. Same kva motivasjonen var, så trekte noko så eksotisk som ein ekte rockefestival i Sogn og Fjordane folk til Sandane. No er det andre tider. Opp gjennom året har Tystad svinga mellom suksessar og botnlaust publikumssvikt – godt krydra med kamp mot lokale styremakter om skjenkjerettar og andre trivialitetar. Men Glopperocken travar og går, år etter år. Slik må det berre vere. - Gjølet er ein fantastisk flott arena, men det krev utruleg mykje arbeidsinnsats å arrangere ting der. Tidene og samfunnet endrar seg, og nye arenaar dukkar opp. I år har vi gått heilt vekk frå å nytte Gjølet, fortel Tystad.

Eidsvåg opnar. – Det er framleis mykje dugnad, men slik vi legg opp festivalen no, er det langt enklare å leggje til rette. I år køyrer vi nytt konsept, som byggjer på erfaringane vi tok med oss frå i fjor. Det vert festivalopning i Trivselshagen for dei «vaksne» med Bjørn Eidsvåg på torsdagen. Trivselshagen er ein flott og ny arena, som er godt tilpassa både artistar og publikum. Fredagen vert det utekonsert med telt og fest for ungdommen, der Gabrielle vert hovudartist. Så avsluttar festivalen med Staut (oops, det navnet skulle vi visst ikkje sleppe enno, men pytt pytt…), og ein durabeleg gatefest laurdagen. Laurdagen ser vi for oss som ein stor «all round»-kveld på Heradsplassen, med folkeleg norskspråkleg musikk, telt og godstemning. General Tystad har som vanleg trua, og pratar med overtyding om det nye, fantastiske konseptet. - Folk kom seinare og seinare, og i staden for å ha ein lang dag i Gjølet med mange store namn, delar vi det heller opp i tre mindre bolkar. Innhaldet vert om lag like stort, om ikkje større. Ein annan ting vi har valt å gjere, er å ha dei store namna først i programmet, slik vi ser

ARRANGØRKAMERATANE: Ola Tarjei Kroken (t.v.), Øyvind Aasen Gloppestad og Remi Tystad under førebuinga til 2010-festivalen. Foto: Svein Heggheim, Firda.

TOK HENNE PÅ ORDET: «Ring meg», song Gabrielle. Og Remi Tystad gjorde som han fekk beskjed om. Dermed er Gabrielle klar for Glopperock. (Pressefoto)

fleire andre festivalar med hell har begynt å gjere, forklarar Tystad engasjert.

Butikkmannen. Av yrke er sindige Tystad butikkmann. Men om han kan rekne rockehobbyen sin som god butikk, kan vere eit betimeleg spørsmål å stille seg. -I fjor gjekk vi 20.000 i pluss, året før var det litt minus, og året før der var det pluss igjen. Det går opp og ned. Det er mange faktorar som spelar inn. På eit par punkt har vi bevegd oss tilbake til røtene, seier han. Frå 1980 og til 1984 var festivalen lagt til den siste helga i august. No er Glopperock tilbake til den ideen. Det fell praktisk og greitt saman med Sandanedagane, som er rundt dei tider. Og som ein kvar dugnadstravar veit: Ein dreg best om ein dreg i lag. Glopperock har alltid hatt fokus på å ha med

dei lokale talenta frå fylket. Honndalen Soul og Funkarlag, som spelte seg til vinylsingelkontrakt ein sommardag i Gjølet med «Siloen min er beire silo enn din..», er eit godt døme. Så kva vert det i år? - Vi har ikkje fastlagd heilt kven som skal spele av meir lokale band. Vi skal i alle fall ha to rockeband på fredagen, etter Gabrielle. Så fell vel dei siste detaljane på plass etter kvart som festivalen nærmar seg, seier Tystad. Den elles så pratesalige festivalgeneralen vert løyndomsfull og mystisk i stemma. -Det er berre å følgje med i spaning. Så lenge Keith Richards klarar å lire av seg ein gitarsolo, klarar vel Remi Tystad å snekre i hop ein anstending Glopperock og. Løyndomen er visstnok å tilpasse den tida og samfunnet ein lever i.


Visste du at: Glopperock blei første gong arrangert i 1980, og at Åge Aleksandersen var hovudartist?

om ny

DumDum Boys spelte på festivalen allereie i 1989? Norgesvenene Nazareth er bandet som har spelt flest gonger, med tre konsertar? Modellen Anette Stai var konfransier i 1992 då Bonnie Tyler var headliner? Mannfred Mann’s Earth Band gjesta Glopperock i 1986, med Halvdan Sivertsen som konfransier?

SISTE SIGNERING: Tidleg i mai kom meldinga om at Staut er klar for 2012-utgåva av fylkets mest seigliva rockefestival, Glopperock. 25. august står valdrisane på Glopperock-scena med spesielle og forrykande folkrock. (Pressefoto)

«På nokre område har vi no gått tilbake til røtene.» Glopperock-general Remi Tystad




HAVFISKE Side 42

HAVFISKE ER MORO: Fiskekonkurransar kjem og går her i fylket. No er det Måløy som er på hogget med spennande planar i august. Her frå Norgescup i Havfiske i 2006, då Florø Havfiskeklubb var arrangør, og det totalt blei landa over 3,2 tonn fisk på to dagar. Foto: Jan Otto Hovden

Fiske som publikumsidrett Fiske kan vere roleg avkopling, tidtrøyte eller matauk. Men det kan også vere spennande kappe-strid med overføring på storskjerm. Halvard H Lunde

Havfiskefestivalar har vist seg å være ei populær festivalform i kystnære strok. Dei har dukka opp og forsvunne att på holmar og skjær langs kysten vår dei siste 10-15 åra. Ytst i Sognefjorden har dei lenge hatt ein kjekk og familevenleg versjon. Kalvåg og Florø er og mellom dei som har lufta ideen og prøvd seg. Men ingen tenkjer så stort når det gjeld havfiskefestival som Måløy!

God marknadsføring.

Kjell Oldeide var den som lanserte idéen om ein havfiskefestival i Måløy, og han fekk rolle som leiar for prosjektgruppa som skulle sjå på saka. Forprosjektet vart utført frå mars til november i 2011. Og siste veka i august i år vart sett som eit godt tidspunkt for festivalen. Sunniva Oldeide frå Måløy rigga seg i vinter til på torget i Svolvær og delte ut agn til deltakerne i havfiske-VM for å markedsføre havfiskefestivalen sin blant dei innvidde. Og det er klart at delar ein ut agn, er jo sjansen der for at nokon bit på. Gjennom kontakt med den nasjonale havfiskeforeninga som står bak Norgescupen og gjennom observasjon av to norske havfiskefestivalar, har ein skaffa seg grunnlag for avvikling av havfiskekonkurransen på eit høgt nasjonalt nivå.

Live på storskjerm. - Festivalen satsar på å være ein folkeleg festival som skal trekkje til seg familiar i dei næraste regionane (Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Hordaland), men den skal og ha eit skjerpa konkurranseelement der ein vil tiltrekkje seg aktive sportsfiskarar frå heile landet, seier Oldeide. Hamneområdet og sentrum er i praksis ein og same ting i Måløy, og vil dermed danne ei

perfekt ramme for ein kompakt fiskefestival der aktivitetar som skaper folkeliv , direkteoverføring av film frå fiskekonkurransen via storskjerm og innveging av fisk, skjer i same område. Dette punktet med overføring på storskjerm frå fiskekonkurransen på havet vil nok kunne tilføre eit meir publikumsvenleg aspekt til denne idretten. Medan Sunniva Oldeide vel å peike på den familevenlege delen med karneval, folkeliv og festivalstemning, når ho skal skryte av festivalen for uinnvidde. Fiskekonkurranse frå kaia skal og være med, for å gjere det litt meir spanande for dei som ikkje torer seg ut på havet. Ideen vart rekna som såpass god og gjennomarbeidd at den vart nominert som «Årets kulturide» i NRK Sogn og Fjordane. Siste veka i august går det heile av stabelen. Festivalen er plotta inn på terminlista til Norges Havfiskeforbund. Så her kan ein verkeleg gjere det stort om ein har fiskelukka med seg. Skitt fiske!

Neppe aurefiskefest i år. Seinast i 2011 samla aurefiskefesten i Sunnfjord godt over 300 aktive fiskarar, men årets arrangement heng i ein tynn tråd. Aurefiskefesten i Sunnfjord har vore eit fast august-innslag i fleire år no, og har samla godt med fiskarar som har kunna boltre seg i aurerike vassdrag i Jølstra, Jølstravatnet, Haukedalsvatnet, Viksdalsvatnet, Hestadfjorden og Gaula. Flotte aurar med solid vekst har blitt landa, men i år ser det ut til at fiskarane må fiske utan konkurransemomentet. Sunnfjord Næringsutvikling fortel nemleg at dei i år ikkje har funne nokon som kan ta på seg å vere arrangør. Men det betyr ikkje at fiskarane er utestengde frå dei flotte elvane og vatna. Gå inn på http://www.sunnfjord.no/no/Artikler/aktivitetar/Aurefiske/, og du finn ei rekkje tilbod om kjøp av fiskekort, leige av båt og overnatting.

«Festivalen satsar på å være ein folkeleg festival som skal trekkje til seg familiar i dei næraste regionane.»


Trygt heim

Bussar etter festivalslutt begge dagar Avgang kl. 02:30 frå Eid Rutebilstasjon til: Måløy, Selje/Stadlandet, Volda/Ørsta, Stryn, Hornindal/Stryn, Sandane, Skei, Førde, Florø, Sogndal.

Billettar

Bilettservice, Narvesen og Posten Barn under 12 år gratis. 30% rabatt for ungdom fom 12 år tom15 år. 30% rabatt på 1300 billettar for ungdom fom 16 år tom 19 år

Rockecamp Vestlandets beste og artigaste festivalcamp!? Hugs å kjøpe både festivalpass inkl. campbillett og teltplass for dei som skal sette opp telt.

Informasjon Sjekk vår app, malakoff.no og facebook

NORDFJORDEID NORDFJORDEID


BJØRN EIDSVÅG m/band

Frå Glopperock 2011 Heradsplassen (Erik og Kriss)

Spelar til konsert frå kl.19.30 Billettsal frå måndag 7.mai: www.billettluka.no/trivselshagen og i resepsjonen på Heradshuset (Fleire artistar vert offentleggjort seinare)

OPNINGSKONSERT TORSDAG

23. august kl. 19.30 TRIVSELSHAGEN, Sandane

GABRIELLE Spelar til konsert frå kl. 21.30 – Portane opnar kl. 21.00 – Fri aldersgrense (Fleire band vert offentleggjort seinare)

FREDAG 24. AUGUST HERADSPLASSEN, Sandane Billettsalet startar 1. juni 2012

STAUT

Konsert og fest frå kl. 21.30 – Portane opnar kl. 21.00 (Fleire band vert offentleggjort seinare)

LAURDAG 25.AUGUST HERADSPLASSEN, Sandane Billettsalet startar 1. juni 2012

I samarbeid med:

www.glopperock.no




FESTIVALRÅD Side 46


Ti relativt gode festivalråd

Start: Grotlesanden Mål: Veten, 527 moh Bremanger 7. juli Påmelding www.vetenlopet.no

Er du fersking på festivalfronten? 2F Kultur hjelper deg med å unngå dei verste nybyrjartabbane.

1. Legg att mest mogeleg irriterande bagasje heime, før du reiser.

3. Ikkje bli provosert over at sidemannen/kvinna er i strålande humør. Det er ikkje nødvendigvis rusmisbruk. 4. Stikk gjerne innom små, obskøne festivalar du snublar over på din veg. Det kan gje eksotiske minne for livet. 5. Reis gjerne på festival med folk du reknar som vener, om ikkje anna for å teste om du har rekna rett. 6. Er du plaga av oversensitiv intimsfære: Ikkje stå midt framfor scena på punkfestivalar. 7. Det er svært langt mellom gode konsertbilete, eller konsertvideoar for den del, som er laga med mobiltelefon. 8. Øyrepluggar kan være gode å ha når historia om regnskyllet på Roskilde det året du veit, kjem opp for 15. gong. 9. Telt er ein god ide. Hotellrom er utruleg mykje meir praktisk. 1o. Det er sjeldan lurt å ha med fisk på fisketur, med mindre du har planar om å nytte den som agn.

Halvard Husefest Lunde

FESTIVAL FOR DUMMIES: Festivalliv har ein tendens til å by på overraskingar, nesten uavhengig av kva og kor mykje ein planlegg på førehand. Illustrasjon: Halvard H. Lunde

SOMMAR KUNST UTSTILLING

2. Planlegg gjerne kva band, eller festivalinnslag du vil ha med deg. Ikkje fortvil når denne planen kollapsar totalt.

Bilder: Stein Kåre Nygård Roald Tellnes Kåre Fossum Eva Langaas Geir Nymark Øivind Jorfald Anita Søreide

Glaskunst: Vidar Koksvik Kari Håkonsen Britt Mathisen Kattepina Smykker: Anne Lise Øvrebø

Keramikk: Edith Kvalsund Hafstadvn. 33 • 6800 Førde Tlf: 57 82 77 22


Breim 11.-15. juli 2012

Vince Gill Bobby Bare Hellbillies | Vassendgutane Onkel Tuka | Ila Auto | Green Granadas Roy Lønhøiden | Sigrid |Moldestad Long Horn | Spik Adel | m. fl.

Onsdag 11. juli: Bluegrasskonsert, Frislidlada Sandane kl. 20.00 Torsdag 12. juli: Opningskonsert Trivselshagen Sandane kl. 19.00 Hovudscena: Green Granadas og Vassendgutane kl. 22.00–01.00 Fredag 13. juli: Barnas Countrytreff, Trivselshagen Sandane kl. 11.00 Kolbeins Saloon kl. 12.00–21.00 Hovudscena: Spik Adel, Oslo Ophry Orchestra og Hellbillies kl. 21.00–01.00 Laurdag 14. juli: Sentrumskonsertar frå kl. 10.00 Kyrkjekonsert, Breim Kyrkje kl. 14.00 Kolbeins Saloon kl. 12.00–21.00 Hovudscena: G.Thomas, The European Highwaymen, Bobby Bare og Vince Gill kl. 21.00–02.00

Sjå våre nettsider for meir informasjon og prisar:

www.norskcountrytreff.no Hovudsponsorar:

Sponsorar:

Støtta av

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

GLOPPEN KOMMUNE

findriv AS

Generalsponsor:


Ă…RETS SSTORHELG TOR O HELG I FLORĂ˜! FLORĂ˜! Ă…RETS 14. - 17. 17. JUNI JUNI 14.

4JMEFCPSEt,JOOBTQFMt-BLTFOT%BH 4JMEFCPSEt,JOOBTQFMt-BLTFOT%BH 'PUCBMMLBNQ#SBOO'ZMLFUt4JMEFEBOTt*STLNVTJLLt7FUFSBOCJM 'PUCBMMLBNQ#SBOO'ZMLFUt4JMEFEBOTt*STLNVTJLLt7FUFSBOCJM Det vert stor aktivitet i heile by`n heile helga med bodar, musikkfestival, mat og underhaldning

77&-,0..&/5*-ÂŻ3&544503)&-(*'-03Â? &-,0..&/ 5*- ÂŻ3& 54 4503)&-( * '-03Â?




FESTIVALAR Side 50

Dei små og litt sære Ikkje alle festivalane i fylket er for alle. Nokre festivalar er for spesielt interesserte. Dei har ikkje millionbudsjett og spesielt stort publikumstekke. Og bra er det. Sjølvsagt er det kjekt når ein heil bygdeby blir snudd på hovdet, og folk blir rista ut av alle dei små boksane som dei bur i, ut i gatene, litt meir lausslupne og glade enn dei er elles i året. Men det er også kjekt når eit mindre tal sjelefrendar samlast over ein felles lidenskap (spesielt viss ein er ein del av mindretalet): Grilldressar til dømes. Eller gamalost. Eller når publikum må trasse mangelfull infrastruktur for å kome. Are Kalvø har sagt noko slikt som at «det er ein festival på kvar knaus. Alternativet er jo at det berre er ein knaus.» Her ligg suksessfaktoren til dei små og sære festivalane. Ein skal ikkje undervurdere marknadsføringa som ligg i sjølve arrangementet. Geografisk plassering og utforminga av festivalområdet er festivalens hjarte. Lite er meir usexy og kjønslaust enn anleggsgjerde, for å seie det slik. Her er ei oversikt over små og sære festivalar i fylket vårt i sommar:

Florø Grilldressfestival:

Blir arrangert i august ein gong, dato er enno ikkje bestemt: Ein av Noregs desidert minste festivalar. Skjer i ein privathage i Florø. Det blir levande musikk og leikar i campingstil. Alle er velkomne, men ein bør helst gå i grilldress. Festivalen blei arrangert første gongen for sju år sia, då kosta inngangsbilletten kr. 13,90. No har prisen stige til drygt hundrelappen. http://www.facebook.com/pages/Flor%C3%B 8-Grilldressfestival/245200395501692

Gamalostfestivalen i Vik

25.-28. mai: Det er ein god (?), gammal mattradisjon som blir feira i Vik kvar einaste vår. Programmet består i korte trekk av kulturkveld, dans og påfølgjande frukost i det fri, som alltid med ein stinkande heidersgjest. Gamalost blir produsert av skumma mjølk i løpet av 14 dagar, så namnet på osten er misvisande. www.gammalostfestivalen.no

Mårenbiennalen,

27.-29. april: Mårenbiennalen finn stad annakvart år, som namnet tilseier. Det er ein tverrkunstnarisk møteplass der målet er å utforske kva som skjer når ulike retningar innan musikk, litteratur, biletkunst og anna handverk går opp i eitt. Programmet er

rikhaldig og held høgt nivå. I år kjem mellom mange andre Erlend Apneseth, den unge og suksessrike hardingfelespelaren frå Jølster. Måren er ei veglaus grend langs Sognefjorden med ei handfull fastbuande. I festivalhelga har ekspressbåten mellom Bergen og Sogndal ekstrastopp i Måren, meld frå når du går om bord. underskog.no/kalender/84354_maarenbiennalen-2012/forestilling/129893

Fjøsblues i Årdal, 16. juni: For å delta på

denne festivalen, må du snøre på deg turskoa.

Fjøsblues går føre seg på ein fråflytta fjellgard i Avdalen 380 meter over havet. Det same bandet spelar kvart år: Årdal Blueslag, ein gjeng røynde musikarar. Fjøsblues blir arrangert i samarbeid med Årdal Turlag. I tillegg til konserten på kveldstid er det grauttur, familiekonsert og grilling for born og vaksne på dagtid. www.ardalturlag.no (bruk søkjefunksjonen på sida)

Måløy Havfiskefestival, hausten 2012: Festivaldebutant og ein av finalekandidatane til Årets kulturidé i Sogn og Fjordane


2011

GLOPPEN Årets kulturkommune

e

FESTIVALAR I GLOPPEN 2012

Gloppen Litteraturfest 20.-21. januar Gloppen Litteraturfest er ein festival som ynskjer å setje den regionale litteraturen i sentrum. Vi ynskjer å få fram dei som

skriv litteratur frå regionen Sogn og Fjordane med omegn, både innan sakprosa og skjønnlitteratur. Gloppen litteratur-

fest er eit samarbeid mellom Firda vidare-gåande skule og Nordfjord Folkemuseum.

Firdafestivalen 9.-12. mars Festivalen i år fell saman med markering av at dramalinja er 10 år. Elevane ved Musikk, dans og drama set opp den klassiske komedien Lysistrata, der kvinnene i det gamle Hel-

las går til sex-streik for å tvinge stridlyste karar til å slutte med krigshandlingar. Vi har valt å tilføre moderne musikk slik at det vert ei musikalsk komedie. Elles vert det Tea-

terdusj, eit arrangement der norsk teater i vår tid er hovudtema, og eit par arbeidsøkter (work shops) for elevar i grunnskulen. www.firda.vgs.no

Norsk Country - Treff 11.-15. juli Norsk Country Treff er ein countrymusikkfestival som i 2012 vert arrangert for 18. året på rad. I 2011 vart festivalen ein knutepunkt-festival for sin sjanger, og er den leiande festivalen i Noreg innan

countrymusikk. Hovudarena ligg på Norsk Fjordhestgard på Breim, men der er også ei rekke arrange-ment andre stader i kommunen .Norsk Country Treff har stor musikalsk breidde innan

sjangeren og tilbyr noko for heile familien. Alt frå lokale til internasjonale artistar vert presentert i løpet av festivalhelga. www.norskcountrytreff.no

Glopperock 23.-25. august HYLLEST TIL GRILLDRESSEN: Florø Grilldressfestival er ein av mange sprell rundtom i fylket som har blitt årlege småfestivalar. Her er Bente Aasen (t.v.), Oda Alisøy Søvig og Therese Svortevik (liggande) frå 2009-utgåva av festivalen. Foto: Firdaposten

Glopperock 2012 vert arrangert 23. til 25. august, same helga som Sandane-dagane. Konseptet vert noko det samme som fjoråret, med opp-

start i Trivselshagen torsdag. Fredag vert via til ungdomen,med konsertar på Heradsplassen utover kvelden. Årets festival avsluttar på same

scene laurdag. Artistar vil bli offentleggjort etter kvart. www.glopperock.no

Sandane-dagane 24.-26. august Sandane-dagane er blitt arrangerte i meir enn 30 år. Dagane er det største arrangementet i kommunesenteret i løpet av året, og trekkjer tusenvis av tilreisande til Gloppen. Årets Sandane-dagar går

av stabelen 24.-26. august. I tillegg til mange gode tilbod i butikkar og på stands, blir det underhaldning med mellom andre duoen, Bård og Vegard Leite, Åshild Mundal, “Bergtatt”, Jon Odd-

var Kandal, Roy Aron Myklebust, Hot Club the Norvege m.fl. www.sandanedagane.no eller messeavisa som blir sendt ut ei veke før arrangementet

Gloppen Musikkfest 31. aug. til 2. sept. Gloppen Musikkfest er ein festival som er trygt festa i den klassiske kammermusikken, men som også har stort rom for sjangerblanding og andre kunstnarlege uttrykk. Gjennom samarbeid med Firda vgs, Gloppen folkebibliotek,

fylkeskulturavdelinga, Sogn og Fjordane teater, Førdefestivalen, Nordfjord Folkemuseum og ”Den kulturelle skulesekken” er festivalen inne i ei spennande utvikling. I tillegg til den klassiske kammermusikken kan festivalen i år m.a. by på store

jazznamn, vakker vokalmusikk og eit bestillingsverk av Kjell Habbestad over tekstar av Jakob Sande. Litterært innslag i år er dei kjende lyrikarane Tone Hødnebø og Steinar Opstad. www.gloppenmusikkfest.no

Matamål 28.-30. september Matamål er ein mat- og matkulturfestival som årleg vert arrangert i Gloppen Kommune. Festivalen kan by på ulike arrangement med mat som fel-

lesnemnar. Kurs, festmiddag og torgdag i Sandane sentrum er noko av det du kan oppleve i Gloppen desse dagane. Her kan ein finne noko for alle al-

drar og interesser, velkomen til matglade dagar! www.gloppen.no

Fjordblues, 19.-20. oktober (Sparebankstiftinga/NRK Sogn og Fjordane). Her skal det knivast om storfisken på Stadhavet. Kremen av sportsfiskarar kjem, og festivalen er med i Norgescupen 2012. Det blir aktivitetar for born og vaksne, mellom anna maritimt karneval og videooverføring frå fiskekonkurransane på storskjerm i teltet på torget. http://www.facebook.com/pages/M%C3%A5l %C3%B8y-Havfiskefestival/173409826100567?sk=wall&filter=12

Heidi Hattestein

Fjæra Bluesklubb vil i år for femtande gong arrangere Fjordblues-festival på hausten. Fjordblues vil som vanleg presentere blues og nærliggande musikkformer frå to sce-

ner over to dagar. Med det nyleg ombygde og utvida Gloppen Hotell som konsertarena ynskjer Fjæra Bluesklubb alle velkomne til ei blå helg på Sandane. Vi har også sa-

man med hotellet ei pakkeløysing for dei som ynskjer det; -god musikk, god mat og mjuke senger, -alt under same tak! www.fjordblues.no

Filmfestivalen Qfilm 18.-23. november Qfilm er den største filmfestivalen i Sogn og Fjordane, og hadde 10 års-jubileum i 2011! Det vert ei rekke filmvisningar heile

veka. Qpris set film av ungdom i fokus med prisdryss i ekte Oscar-stil. Festivalen skal engasjere, inspirere og moti-vere

ungdom til å lage og lære om film, men også å vere ein festival der alle kan sjå god kvalitetsfilm. www.qfilm.net




BALEJAZZ Side 52

«Det regna ein gong Det har ikkje vore mange kriser i Balejazz si historie. Balestrand er ein liten prikk på kartet. Drygt 800 personar bur i kommunesenteret, likevel har bygda ein sentral plass i kulturhistoria vår. Det er velkjent at Balestrand var tumleplass for mange av dei nasjonalromantiske målarane på keisar Wilhelm si tid. Hans Dahl kom hit, og keisaren likeså. Men visste du at keisar Wilhelm faktisk var i Balestrand då det blei klart at første verdskrig var uungåeleg? Kort tid etter at skota fall i Sarajevo, sat han i ein dragestol hos venen Hans Dahl. I dag står dragestolen på Kviknes Hotel, og under setet kan ein lese følgjande: «Keiser Wilhelm sad i denne stol den 25. juli 1914 om eftermiddane kl. 5 til 5 ½ da han med Følge var hos Professor Hans Dahl på Strandheim, Balestrand, Sogn, da krigen kom.» Hundre år seinare er det nesten ti galleri i bygda. Det er eitt galleri per 100 innbyggjarar. I tillegg skjer fylkets einaste jazzfestival her. Med rundt 20 arrangement i løpet av festivalhelga utgjer det eitt arrangement per 40 innbyggjarar. Det er det glade vanvit! To fedre Balejazz har to fedre: Jon Skjerdal og Sigurd Kvikne. I slutten av 80-åra var Skjerdal kultursjef i Balestrand. Han og hotelleigar Sigurd Kvikne slo musikkinteressene sine saman. Dei ville finne på noko som kunne gagne både bygdefolket og reiselivet, og i 1990 bles dei liv i Balejazz. Skjerdal var primus motor for Balejazz i fleire år, om enn i mindre skala og med færre arrangement enn i dag. Men så vedtok Balestrand kommune å leggje ned kultursjefstillinga. - Det var den første krisa i Balejazz si historie, seier Kvikne. Den første og bortimot einaste, får ein seie. Bortsett frå at det regna litt eine året – nei forresten, kanskje det var to år – noko som førde til at den legendariske hagekonserten måtte flyttast innomhus, så har det ikkje vore så mange unotar i Balestrand. Men det året Skjerdal pakka vekk blyantkvessaren og familiefotoet frå kultursjef-skrivebordet, var skjebnen til Balejazz heilt open.

«Eg likar forskjellig musikk, men vender alltid tilbake til James Taylor.» Sigurd Kvikne, hotelleigar og Balejazz-vert


g» PUBLIKUMSTREKKAR: Lill Lindfors med fullt band er eit av fleire toppnamn som gjestar 2012-utgåva av Balejazz. (Pressefoto)

 SPEKTAKULÆR RAMME: Matinekonsert søndag, i hagen framfor ærverdige Kviknes Hotel, og med Sognefjorden som bakteppe for spennande improvisasjonsmusikk. Kan ein festvaldeltakar ha det betre? Foto: Lars Jonas Pedersen

Eit tomrom.

- Det var eit spørsmål om kven som skulle fylle tomrommet etter Skjerdal, og eventuelt ‘om’ nokon skulle fylle tomrommet. Økonomien var ei utfordring ettersom vi blei tekne ut av det kommunale systemet. Vi gjekk rundt med hatten i handa og fekk støtte frå kommunen, fylkeskommunen, Vestnorsk Jazz-senter og etterkvart Norsk kulturråd. I tillegg blei vi møtt med velvilje blant lokale næringslivsaktørar. Vi la stein på stein, og på

byrjinga av 2000-talet kom vi opp på det nivået som vi held i dag. I 2003 etablerte vi ei privat stifting med fem personar i styret: Olav Bergum, Solveig Berstad Sande, Lars Nes, Jon Skjerdal og meg sjølv. Det er same styret som i dag. I tillegg er rundt femti frivillige i sving i løpet av festivalhelga for å sørge for at det blir festival, seier Kvikne.

Lita bygd, store stjerner.

Den 23.

festivalen står for tur. Har det verkeleg ikkje vore ein einaste stor katastrofe? Lyd eller lys som har forsvunne? Artistar som har kansellert? - Så vidt eg kan hugse har vi berre hatt éin avlyst konsert. Det var Mira Craig, ho som stagediva og knuste kneskåla. Elles har vi vore heldige på dei fleste felt. Bank i bordet! seier Kvikne. Store jazzartistar har besøkt Balejazz; artis-




BALEJAZZ Side 54 tar som ein ikkje skulle venta å finne i eit bygdehus i ei lita bygd langs ein fjord, rett nok ein lang fjord. Eller i eit hotell i sveitsarstil for den saks skuld. Blant store band og artistar kan nemnast: New York Voices, Take 6, Mezzoforte, Jimmy Scott, Angelique Kidjo, Milton Nascimento, Ladysmith Black Mambaso, The Real Group.

JAZZ PÅ SKINNER: I over 20 år har Balejazz blitt arrangert med Kviknes Hotell som hovudråme. – Vi har ikkje hatt mange krisene, konstaterer Balejazz-vert og hotelleigar Sigurd Kvikne. Foto: Heidi Hattestein

Luftgitar. Kvart år bookar Balejazz artistar på veg opp. Det handlar om å treffe planken perfekt, det vil seie booke dei på det riktige tidspunktet, før karrieren tek av, men etter at artistane har gjort blitt lagt merke til i dei riktige kretsane. Jarle Bernhoft for eksempel. - Bernhoft-konserten var utruleg fin. I dag er han av verdsformat. - Vi brukar Kalleklev Management, ein bookingagent i Bergen. Og så er vi interesserte i musikk sjølve, og følgjer med på kva som rører seg. - Og yndlingsartisten din er? - Eg likar forskjellig musikk, men vender alltid tilbake til James Taylor. Eg spelar James Taylor sjølv, seier Sigurd Kvikne, og plukkar opp luftgitaren. No snakkar han seg varm. - Taylor lagar musikk som er evigvarande, ei blanding av jazz, country, soul og gospel. Han har laga låtar sidan 60-talet, og mange av dei står seg like godt i dag. Det er noko med måten han harmoniserer på. Dette er ikkje tregreps gitarmusikk. Han brukar 75 akkordar, men får det til å låte som tre. - Har det alltid vore jazz for deg? - Nei. På den tida eg gjekk på musikklinja på Voss gymnas, var eg mest oppteken av klassisk musikk. Ja, og så dansebandmusikk. Vi var ein liten gjeng som reiste rundt og spela til dans. Men det er klart, Vossajazz vekte ei gryande interesse for sjangeren. Jazz er interessant å høyre på, fordi musikken heile tida gir deg nye lydar og opplevingar. Det blir ikkje tomt og flatt.

vi kunne improvisere over. Vi sat i eit klasserom og hadde knapt helst på kvarandre. Det var spent stemning, alle var nervøse for å prestere framfor andre deltakarar vi ikkje visste kven var eller kva heitte. Til meg sa Morten ganske enkelt: «Og her, Thea, her kan du syngje». Han hadde aldri høyrt meg syngje, og han sa heller ikkje kva eg skulle syngje. Men med ei svingande handrørsle vinka han meg elegant inn i midten, og eg hadde ikkje noko anna val enn å ta han på ordet. Eg song. På konserten på søndagen hadde vi eit langt nummer på slutten der ein frå kvar instrumentgruppe skulle improvisere. Det var stort for meg. Eg kjende meg så fri i musikken. Etterpå kom Morten bort til meg og sa: «Det der var så jævli’ bra, Thea!». Han sa

Talentfabrikk. I tillegg til å vere den viktigaste jazzscena i fylket, er Balejazz også ein talentfabrikk. Unge Talent er namnet på eit prosjekt som er nesten like gammalt som festivalen. Her har mange av dagens eksportartistar frå Sogn og Fjordane delteke: Thea Hjelmeland, Tone Damli, Eva Weel Skram. Dei unge talenta møtest i Balestrand, og under musikalsk rettleiing av forskjellige artistar frå år til år jobbar dei intenst fram mot ein konsert på festivalens siste dag. Solveig Berstad Sande, til vanleg rektor ved Høyanger skule, er krumtappen bak talentprosjektet. Ho meiner det er litt overdrive å kalle Balejazz ein «talentfabrikk». - Men det er klart, sjølv om Unge talent er lite i tid og rom, byggjer det enormt mykje sjølvtillit, det har vi sett gong på gong. - Er det nokre av dei unge talenta som har gjort spesielt inntrykk på deg? - Absolutt alle. Men eg hugsar godt Thea Hjelmeland, ho er eit fyrverkeri på scena. Eg gler meg til at ho skal spele under Balejazz i år. Sterke møte. Thea Hjelmeland har vore med på Unge Talent tre gonger. - Det har inspirert meg sterkt til å drive med musikk og særleg til å improvisere. Mitt sterkaste møte var med musikaren Morten Qvenild, som allereie på første samlinga sparka oss i gang med å spele noko – kva som helst – som

IMPORTERER PUBLIKUM: Balejazz er ein av få festivalar som verkeleg kan seiast å trekkje publikum frå heile fylket, samt nabofylka. Foto: Lars Jonas Pedersen


at eg burde byrje på musikkhøgskule i Oslo. Eg får frysningar berre av å fortelje om det, så mykje har det betydd for meg. Eg veit ikkje om han er klar over kva inspirasjon og sjølvtillit han sette i meg. Ein dag skal eg få takka han, seier Hjelmeland. PS: Kort tid seinare legg vi tilfeldigvis merke til at Thea Hjelmeland er blitt vener med Morten Qvenild på Facebook. Vi kan med andre ord rekne med at ho har fått takka han innan du les dette.

Heidi Hattestein tekst Lars Jonas Pedersen foto

BALEJAZZ 11.-13. mai: Nytt av året er «Jazz, wine & dine», det vil seie mat og vin krydra med jazz. Kjøkkensjef på Kviknes Hotel, Alfred Kerschbaumer, står for ein gourmetmeny av lokale råvarer. Vinkjennar og vinskribent i Dagens Næringsliv, Merete Bø, vel vinar, og til kvar rett improviserer saksofonist Håkon Kornstad sine inntrykk av maten og vinen. Årets publikumsfrieriet er Lill Lindfors med band. Den finsksvenske songaren, komikaren og skodespelaren er udiskutabel showdronning i Norden. Frode Alnæs og Thea Hjelmeland er to

artistar som har vore her før og kjem tilbake i år. 2F Kultur ber Sigurd Kvikne og Solveig Berstad Sande (begge i Balejazz-styret) dra fram kvar sin konsert som dei gler seg spesielt til. For Sigurd sin del er det Goran Kajfes som spelar ei blanding av jazz, folk, rock, pop, elektronica, dance – med meir. Sverige sitt svar på Miles Davis? Solveig gler seg til årets konsert i den engelske kyrkja: Økland og Apeland spelar komposisjonar av, og improviserer over, Ole Bull.




ARTISTANES KÅR Side 56

Ein artistbransje i omstilling For få år sidan var fildeling for dei få. No stuper CD-salet. Betyr det krise for dei som trass alt lagar musikken vår, artistane? – Den siste tida her berre vist at bransjen klarer å tilpasse seg, meiner Ole Waage, dagleg leiar ved NAMA i Oslo. Booking og managementbyrået NAMA har vore 40 år i bransjen. Dei har teke aktivt del i utviklinga frå idrettslag, fjøs og slitne transportarar, til dagens kulturscene med profesjonelle festivalar og kulturhus på kvart eit hjørne og nes.

Norske artistar har alltid hatt si inntekt ved å spele ute. Sjølv på den tida ein kunne selje opptil 200.000 plater har det å spele for eit publikum vore hovudinntektskjelda. At plateselskapa for fire, fem år sidan gjekk tungt inn med «360 graderskontraktar» som innebar forlagsavtaler og alt i eitt, ser Ole på som ei dødskrampe frå ein industri i panikk. No er tendensen at folk i platebransjen bryt ut av dei store selskapa, startar på nytt i mindre selskap der ein går meir vekk frå det fysiske salet. Dei ser meir på nettløysingar, og eit meir heilskapleg sal av artistar. -Der vi som driv med booking og management tidlegare måtte springe etter plateselskapa, har dette snudd fullstendig den siste tida. Søte jenter med strutteskjørt og ok sangstemme har tapt terreng mot Jonas Fjeld. Og dei små klubbane med idealistiske 68-arar er nesten vekke til fordel for meir profesjonelle aktørar. Kulturhus og festivalar rundt i landet er gjerne drive av folk som kjenner bransjen frå før og som veit kvar skoen trykkjer. Dei skapar profesjonelle arenaer, med gode lys og lydfolk, gode

backstagetilhøve, og tilbyr høg kvalitet. At det er mykje pengar i Norge er noko alle veit, så har ein eit godt produkt, kan ein ta seg betalt for det. -Ei utfordring framover kan bli kva ein skal fylle alle festivalane og kulturhusa med. Det er berre eit begrensa antal «Elvisar» i Norge. Så her har klart festivalsjefar og kulturhusleiarar ei utfordring i å spisse produkta sine, og være kreative og tilpassingsdyktige også i framtida, meiner Waage. (Som ein kuriositet kan ein nemne at NAMA har hatt Florøs eigen Kurt-Arve Washburn og Samatha Fox i same stall.) Då salet på compactdiscplater for eit par år sidan byrja å minne om kassettsalet femten år tidlegare, var det mange som var ute og spådde dommedag for musikkindustrien, og omreisande musikarar på billegsal. For dei som levde av å selge CD-plater har det nok vore ein tøff overgang. Litt i same gate som det må ha vore for dei som i si tid selde skrivemaskiner med rettetast. Ser vi på inntektstala for musikarane og komponistane går pila i retning oppover. Kva i all verda var det som skjedde? Dagleg leiar i BRAK, Jørgen Skauge, jobbar med desse tala til dagleg. (BRAK står for Bergens rockaktører, og er ein interesseorganisasjon for arrangørar, artistar og plateselskap i Hordaland og Sogn og Fjordane.) -Enkelte band tener godt, mange tener greitt. Og mange skulle nok ønske dei tente betre, humrar Skauge når han får presentert problemstillinga.

- Pengestrømmen

i bransjen har forflytta seg merkbart dei siste åra, konkluderer han. Frå å kunne belage seg på forskot frå platekontrakter, har musikararne no gått meir

INKOGNITO VETERANAR: Bak denne høgst diskrete ringeklokka finn du booking og managementbyrået Nama, som i snart to mannsaldrar har opplevd ei rivande utvikling når det gjeld populærkulturen i Norge. Foto: Halvard Lunde

over til å måtte nytte oppsparte midlar til produksjonane. Støtteordningane til utøvande musikarar og produksjonar har og auka jamt. Sjølv om det er mange om beinet, har dette merkast monaleg. For enkelte band har det og vorte meir turnering, og rettighetsordningane for musikarar og komponistar ser ut til å begynne å fungere att. Etter nokre år med klar nedgang her, har det snudd det siste året, og inntektene frå streaming på nett er i ferd med å ta seg skikkelig opp igjen. Etter at den norske avtalen med Canal+ kom, kan ein rettighetshavar forvente seg rundt 60 øre for ein streaming, om ein har ei grei avtale. -Utfordringa her er å kunne ta vare på breidden i musikklivet, seier Skauge. Det fysiske salet av musikk er no i hovudsak konsentrert til sal av «mercahdising» ved konsertar. Der banda før gjerne berre selde tskjorter, har salet av vinylplater auka sterkt dei siste åra. I dei større byane har ein og fått reine vinylplatebutikkar att.

Ei auka profesjonalisering i heile bransjen, og stadige ettersyn frå skatteetaten, gjer at svært få band og artistar i dag spelar for «Fri børst, og svarte pengar». Dette kan jo og ha noko med lønnsauka ein ser på papiret. Sjølv om det ikkje er enkelt å dokumentere. BRAK har gjeve ut ein 60 sider «Søknadsguide» med oversikter over støtteordningar som medlemmane kan søke på, og innføring i korleis ein kan skrive ein god søknad. No jobbar dei med ei musikk og økonomibok, der ein ved konkrete eksempel kan sjå korleis pengane beveger seg i musikkbransjen. For meir informasjon gå inn på www.brak.no Halvard Lunde

SKIFTANDE TIDER: Norske artistar stiller gjerne opp og gjer småkonsertar på platebutikkar i samband med nye utgjevingar. Men platesalet er sterkt synkande, og Tone Damli og kollegaene hennar må finne nye vegar til inntektene dersom artistlivet skal gje nok inntekter. Foto: ANB







ARTISTANES KÅR Side 58

Eksempelet Eidsvåg Då norske artistar i si tid skulle hylle Alf Prøysen på plate, vart det opplagt at ingen andre kunne gjere «Teddybjørnens vise» enn Bjørn Eidsvåg. Den tidlegare «rockepresten», som etter kvart har vorte heile landet sin trøystebamse, skal i år opne Utkantfestivalen på Skjerjehamn. I fjor sommar heldt han ein ugløymeleg konsert på Malakoff, midt i sjokket etter Utøyatragedien. Men, den rutinerte musikaren har minst ein finger med i utviklinga av den musikkscena vi ser i Noreg i dag. Også utanfor det festivalpublikum, radiolyttarar og andre musikkbrukarar ser til dagleg.

Står på for artistane. Eidsvåg er levande engasjert i arbeidet med å fremje norsk populærmusikk. Han har lagt ned eit godt stykke arbeid for å skape levelege kår for norske artistar i form av ein meir fokusert pengestraum til artistar og komponistar. I dei åra som no gjev utslag i lønningsposen til norske artistar, sat han i styret både i NOPA, GRAMO, TONO og Norsk Artistforbund. Dette er dei viktigaste organisasjonane i Noreg når det

MEIR ENN ARTIST: Bjørn Eidsvåg har ei anna og mindre kjent side enn å skrive landeplager. Han jobbar også iherdig for artistane sine vilkår og rettar. I sommar kjem han til Utkantfestivalen. Foto: Firdaposten.

gjeld fordeling av pengar frå radiospeling, konsertar, og anna musikkformidling. Og kalla «Royalties». Pengane frå desse går til musikarar, komponistar og arrangørar i Norge.

Tøffe kampar. Ei av sakene der den folke-

kjære artisten arbeidde aktivt i oppryddingsprosessen, var i verditakseringa mellom såkalla kunst-, og kammermusikk, og det som vert kalla populærmusikk. Der fekk endeleg, etter ein lang og hard dragkamp, norsk populærmusikk ein større del av kaka. Noko som har gjort til at det vart verdt å leggje litt arbeid i å lage kvalitet innan viser og pop, også på den marginale marknaden kalla Noreg.

Innovatøren. Eidsvåg har dei siste åra og vore i forkant av utviklinga av bransjen på andre felt og. Ole Waage i NAMA nemner at tendensane blant dei som gjer det skarpt i denne nye marknaden, er artistar som går inn i mindre og meir enkelartistfokuserte selskapsformer. Desse små selskapa gjer at musikkomsetjinga er meir knytt opp mot sjølve artisten, og ikkje store tungdrivne plateselskap. Her har Bjørn Eidsvåg vore i første rekkje i utviklinga. Han var av dei første store artistane når det gjaldt å lage eit konsert-, musikk-, og lydproduksjonsfirma som kun har fokus på ein artist.

Quint AS formidlar merkevara Bjørn Eidsvåg og legg til rette konsertar og turnear. Ein type selskap som viser seg svært kostnadseffektivt ved å ha ei veldig tydelig produktfokusering, og heller let breiddesortiment være breiddesortiment.

På ny label.

Nyleg gjekk Eidsvåg over til eit nytt plateselskap, Petroleum Records, saman med Kaizers Orchetra. Dette selskapet er i hovudsak fokusert på nett-tenester, og gjer at ein større del av pengane som kjem inn gjennom nedlasting av musikken går direkte til komponistar, låtskrivarar og utøvarar. Altså til dei som faktisk lagar musikken. No finst det visst framleis dei som tykkjer det er kjekt å spele musikk, utan å tenkje så mykje på dette med royalties, organisasjons-,og selskapsformer. Då er det jo trøyst i å høyre Bjørn Eidsvåg brumme Alf Prøysens ord: «Da hadde det vært bedre å bli vunnet av en venn, som ikke eide penger, men som elsket en igjen».

Halvard Lunde


Hvorfor betale mer? Vi har utstyret til vårpussen!

Det er lov å bruke hue!

119,Treolje, 3 liter Med 35 % linolje. For bruk utendørs. 36-788

k Rustfrie, 100 st

149,-

Terrasseskruer, 4,2 x 75 mm Rustfri A4. Grovgjenget. Lite, forsenket hode med riller på undersiden. Slipt spiss minsker faren for sprekkdannelse, og skaft med fresegjenger minsker faren for at skruen ”kryper opp”. For utendørs bruk. 2 stk. T20-bits medfølger. 87-727

130 mm

4490

Fasadepensel

2490

Plastkost

3690

Med vinklet skaft og blandingsbust for høy slitestyrke og topp maleegenskaper. For både olje- og vannbasert maling. 87-058

Bust (rød) av plastmateriale. Bustlengde: 80 mm. Leveres uten skaft. 20-843

For engangsbruk. Med sjampo og voks. 36-1727

Vaskesvamper, 10 stk

159,-

2990

Med teleskopskaft 110–170 cm. Hurtigkobling for 1/2” slange. 37-404

IN/FSC-godkjent. Komplett med kull, tennpapir, rist og støtte. Mål: 29 x 23 cm. 14-280

Bilvaskebørste med skaft

Engangsgrill

NEDSATT

Vi tar forbehold om eventuelle trykkfeil. Utsolgte og forsinkede varer kan forekomme.

PRIS!

549,-

4 liter

99

90

Cafémøbler

Kaldavfetting

Møbelgruppen har to karmstoler og et rundt bord av blankpolert aluminium, Bordet er 60 cm i diameter og 72 cm høyt. 14-376

Brukes ved motorvask, avfetting og avsalting. Løser opp asfalt, tjære, olje, salt m.m. 36-4611

1,5 liter

3990

Trykksprøyte For enkel, eksakt og forsiktig påføring av bekjempingsmiddel og avfetting m.m. Lav vekt og enkel bruk. 45-578

17 000 varer rett i hånden Last ned appen!

Godt kjøp!

399,-

”Praktisk maskin for hytta eller båten ... mange tilbehør ... lett, smidig.” Gjør Det Selv (Sverige), 12/2011

Høytrykksvasker HPC 70 5 m høytrykksslange m/pistolhåndtak, forlengerrør og stillbart munnstykke. 230 V. Arbeidstrykk nom./maks.: 70/105 bar. 1400 W. 17-071

FØRDE, Kronborgveien 5, 6800 Førde Man-fre 9-20, lør 9-18 Skann QR-koden eller søk på ”Biltema” i Market eller App Store.

815 32 815 - www.biltema.no


inform-media.no

Nyheit MOBILT BREIBAND

frå kr 49,- per månad Frå kr 687,- fyrste året

Ynskjer du å lese nettaviser, jobbe, eller berre vere tilgjengeleg på nett når du er på tur? - Vi gir deg moglegheita!

NORDKAPP 71• N

Surf der du er, når du vil

Din lokale breibandsleverandør i Sogn og Fjordane

57 00 91 00 | enivest.no

2F Kultur - 3. mai 2012  
2F Kultur - 3. mai 2012  

Det skjer i Sogn og Fjordane

Advertisement