2F - 26. april 2012

Page 43

Jobb med eigedom Robert Vigdal Søhoel (16), Luster – Eg går på service og samferdsle ved Sogndal vidaregåande skule. Neste år skal eg flytte til Førde for å utdanne meg vidare i eigendomsmekling, som er den store draumen. I Sogndal lærer eg mellom anna korleis du behandlar kundar og startar bedrifter. Du arbeider mykje praktisk og lærer mykje på denne måten. Vi er også på utplassering annakvar veke i ei bedrift vi vel sjølve. Eg valde linja fordi eg vurderte å utdanne meg til flyvert. Men etter at eg byrja, vart interessa for eigedomsmekling stor. Planen er å byrja på Handelshøgskulen i Bergen på eigedomsmekling etter vidaregåande. – Eg vonar eg har fast jobb som eigedomsmeklar i 2020, og har teke utdanning i tre år og kanskje teke ein større grad innan eigedomsmekling. Eg kjem til å bu i Bergen, fordi det sikkert er lettare å få seg jobb i ein større by enn i Sogndal.

Fotograf i Oslo i 2020

Vil planleggje byen

Håkon Eltvik (18), Selje

Jane Berg Solheim (36), Flora

– For tida studerer eg medium og kommunikasjon på Firda vidaregåande skule fordi eg har lyst å gå vidare som fotograf, og tenkte då at media og kommunikasjon ville vere ein grei inngangsport til fotografyrket. Medium og kommunikasjon er absolutt rett for meg sidan eg får lære om korleis media påverkar samfunnet og på same tid kan utvikle meg som fotograf. Etter vidaregåande har eg søkt meg inn på fotohøgskule i Trondheim. I 2020 er eg utdanna som fagfotograf og har utvikla noverande bedrift til ei sikker inntektskjelde. Eg bur i Oslo fordi der er marknaden størst og eg har familie der frå før av, noko som gjer til at eg trekkjer mot hovudstaden.

– Eg tek landskapsplanlegging med landskapsarkitektur ved høgskulen i Sogndal. Eg har vald denne utdanninga fordi eg er oppteken av byutviklinga i heimkommunen. Eg tykkjer studiet er veldig interessant. Dette var det rette for meg. I 2020 har eg teke ei mastergrad og eg bur nok i heimkommunen min, Flora. Eg håpar eg har fått meg ein god jobb innan planlegging.

Uansett hva slags jobb du har – vi har bilen. Transit Connect Kraftig, slitesterk og fleksibel – og med høy grad av komfort. Med kort akselavstand…

Transit Skapbil Med utgangspunkt i enkelt eller dobbelt førerhus, medium, lang eller ekstra lang utgave, kan du nær sagt få dekket ethvert, individuelt transportbehov...

Transit Connect …eller lang akselavstand.

FORD – 5 ÅRS NORGESGARANTI

Galaxy Kanskje den mest fleksible varebilen du kan tenke deg. God plass til fører og stort lasterom, med førsteklasses kjøreegenskaper.

Transit En klassiker blant nyttekjøretøy, med uendelige tilpasningsmuligheter. Pluss firehjulstrekk. Ranger A real man´s adventure…

(Forhandlerfelt) ford.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.