Page 20



NYE BEDRIFTER Side 20

Her er starten for G I september blir frukt frå desse og andre frukt- og bærbusker i Nordfjord viktige ingrediensar i sprit produsert på Hauge i Gloppen. Viss gründer Jann Vestby får det som han vil. – Berre fantasien set grenser for kva råvarer som kan kombinerast for å få den ultimate smaken. Det blir mi utfordring, seier den 32 år gamle sivilingeniøren frå Hedmark. Saman med sambuar Synnøve Vik Bergstad står han bak selskapet Gardsbrenneriet AS. Etablert med base på garden der Synnøve trakka sine barnesko. Garden sambuarparet flytta til for to år sidan for å skape si framtid. Begge er utdanna sivilingeniørar i kjemi, og begge er involvert i satsinga. Synnøve jobbar i Strukturplast på Sandane. Jann på plattform i Nordsjøen, dagleg leiar og styreleiar i Gardsbrenneriet. – I jobben har eg to veker på plattform og fire veker fri. Ei ordning som passar perfekt så lenge selskapet er i utviklingsfasen, men på sikt er målet å leve av å produsere sprit og eplemost. Og på endå lenger sikt kanskje skape grunnlag for fleire arbeidsplassar, seier Vestby.

Stegvis utbygging. Han ser føre seg ei stegvis utbygging, der første trinn er å komme i gang med produksjon på kjøpt bulksprit tilsett smak frå lokalproduserte frukt og bær. – Viss alle gode krefter står oss bi er vi i gang alt etter kommande frukt- og bærsesong, seier Vestby. Arbeidet med å rive det 180 kvadratmeter store drivhuset er alt i gang. Det skal erstattast med ein like stor driftsbygning som skal fungere som produksjonslokale. I første omgang av eplejuice og smakstilsett sprit. – Vi har fått 375.000 kroner i stipend frå Innovasjon Norge, og legg opp til å investere ytterlegare halvannan million i produksjonsutstyr. Det er nok til å komme i gang, men viss vi skal brenne vår eigen sprit er det nødvendig med like store investeringar i brenneri, det er investeringar som må vente. Men planen er å ha alt på plass i løpet av ein femårs periode, seier kjemiingeniøren. Fast bestemt på å bruke tid å krefter på å realisere draumen om å skape noko sjølv, utnytte lokale ressursar og dermed bidra til å gje landbruket fleire bein å stå på. Og han kallar seg bonde med ansvar for å forvalte ei innmark på 25 mål i solhellinga på Hauge på nordsida av Gloppefjorden. I dag er litt av dette arealet planta ut med frukttre, og på sikt er målet å plante ut all innmark for dermed å ha stabil produksjon. – Vi ønskjer eit samarbeid med frukt- og bærprodusentar i Nordfjord. Og så langt har responsen vore utelukkande positiv, seier Vestby. Alt i dag er fleire lokale spritvariantar basert på lokale råvarer på marknaden. Bringebær-

HEIM: Desse er produsert av lokale råvarer, men produksjonen skjer i dag utanfor fylket. Unntaket er eplemosten som er eit 100 prosent lokalt produkt.

spriten er til sals på Vinmonopolet. To variantar av plommesprit er også produsert, og Vestby har personleg størst voner til den meir likørliknande drikken med ulike bær og frukter frå Nordfjord. – Den likar alle, også dei som ikkje er spesielt glade i sprit, seier Vestby. Ein tre literspakning med eplemost er også på marknaden, den blir produsert i Gloppen. Denne blir smaksett med lokale råvarer, men produksjonen skjer utanfor fylkets grenser. – No vil vi ta hand om også den prosessen, og der står vi i startgropa ved å etablere selskapet Gardsbrenneriet AS, seier mannen som har vakse opp på flatbygda i Hedmark. – Eg oppvaksen på landsbygda, men ikkje på gard. Eg hadde derimot vener som budde på gard, og har vore med på det meste innan gardsdrift, seier Vestby.

Nummer fem i Norge.

I Trondheim møtte kjemistudenten frå Hedmark Synnøve frå Sandane – også ho ein ungdom som søkte til Trondheim for å studere kjemi. Dei fann tonen også privat, og for to år sidan bestemte dei seg får å ta over odelsbruket hennar på Sandane. – Eg elskar den storslegne naturen her, og brukar den mykje både til tur og fiske. Dermed var det heller ikkje vanskeleg å overtale meg til å flytte til Sandane. Og alt før vi flytta hit var det etablert kontakt med Sigmund Vereide og Agro Business Parks (AGP) frukt- og bærsatsinga i Nordfjord. Seier mannen som etablerte enkeltmannsføretaket Jann Vestby, som var forløparen til aksjeselskapet som såg dagens lys etter at Innovasjon Norge gav satsinga sitt stempel i form av stipend like før jul. Dermed gjekk også satsinga inn i ein ny fase. No handlar det meste om praktisk arbeid heime å garden, samstundes som det blir jobba med å førebu søknad om løyve til å produsere. Den får dei først når driftsbygning og produksjonsutstyr andre formelle bitar.

LOKALT: Lokale råvarer er nøkkelen når Jann Vestby, satsar

– Først når det løyvet er på plass kan vi komme i gang med å utvikle og teste ut produkta, seier leiaren i det som kan bli det 5. privateigde brenneriet i Norge. I dag er det nemleg berre fire private aktørar i ein marknad styrt av Vinmonopolet. Eitt av selskapa er Ciderhuset i Balestrand. Eit anna er lokalisert i Hardanger. – At det femte kjem i Nordfjord er neppe tilfeldig. Sogn, Hardanger og Nordfjord er kjend for høg kvalitet på sine frukt og bær. Det er heilt avgjerande for lykkast, seier Jann Vestby. Svein Heggheim tekst og foto

2F - 26. april 2012  

Næringslivsmagasin for Sogn og Fjordane

2F - 26. april 2012  

Næringslivsmagasin for Sogn og Fjordane

Advertisement