Issuu on Google+

NÆRINGSLIVSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE

Brua over kva? Det er februar 2013, og mindre enn eit år til Dalsfjordsambandet står ferdig. Hafs er brulagt med store forventningar. Men kva finst av konkrete planar for vekst og utvikling? Vi drog til Fjaler på jakt etter brueffekten.


14

TEMA NÆRINGSLIV

TYSDAG 19.02.  2013

Han vil samarbeide om det meste, og er jamvel klar for å drive felles næringsutvikling. Men når det gjeld kvar framtidas hafsarar skal byggje og bu, lovar Fjaler-ordførar Arve Helle naboane tøff konkurranse. Det er 11 bitande minusgrader. Fotoobjektet Arve Helle poserer ved Dales nye landemerke, dessverre altfor dårleg kledd. Rastlaus sprett han rundt og slit med å stå stille. Kanskje eit godt bilde på ein utålmodig ordførar som om nokre månader vaknar opp til ein lokal samferdslerevolusjon det er knytt store forventningar til. Om kort tid seier dei folkevalde i Fjaler kommune etter alle solemerke ja til å inngå eit forpliktande samarbeid om det viktige næringsutviklingsarbeidet med nabokommunane Askvoll og Hyllestad. Mykje tyder på at grannekommunane vil gjere same vedtaket. Og grunnen er sjølvsagt brua.

– Det er ei heilt naturleg utvikling av at

Dalsfjordsambandet kjem på plass. Vi har allereie godt samarbeid innan landbruksforvaltninga med Askvoll og vi har bygt eit godt verktøy med Hafs interkommunale barnevernsteneste. Med brua på plass er næringsutvikling utan hemmande kommunegrenser eit naturleg steg, der utviklinga på Lutelandet sjølvsagt vil vere eit viktig tema, seier Arve Helle. Men på eitt punkt meiner Fjaler-ordføraren at kommunane ikkje berre må stå åleine, men jamvel vere tøffe konkurrentar med nye kommunikasjonar på plass. – Dalsfjordbrua gir oss ein heilt ny felles bu- og arbeidsmarknad. Folketal har mykje å seie for kommunale skatteinntekter og eg trur det blir ein tøff, men sunn konkurranse om å bli det mest attraktive området å slå seg ned i, seier Helle. – Det er over ti år sidan Hafs-kommunane første gong ville greie ut kommunesamanslåing. Melder ikkje den diskusjonen seg på nytt? – Jau. Vi vedtok i 2002 å leggje debatten på is til samband over fjorden kom på plass. No er vi snart der, og vi har allereie hatt dei første samtalane om å få i gang att denne debatten, seier ordføraren.

Skulle Hafs kommune bli ein rea-

litet, vil debatten om kvar folk bur og jobbar bli mindre avgjerande – i alle fall sett med ordførarauge. Men dit er det langt, og Helle har, til liks med mange andre, meir kortsiktige utfordringar knytt mot Dalsfjordsambandet. – Eg er samd i at vi no må få konkretisert ein del prosjekt opp mot bruopninga. Milliardsatsinga forpliktar oss. Samtidig ser vi frå andre liknande prosjekt, til dømes trekantsambandet på Stord, at dei store synergiprosjekta og nyetableringane først materialiserte seg ei tid etter at prosjektet stod ferdig. Ting må få lov å setje seg, folk må få oppleve endringa det blir å ha mindre enn ein halvtime frå Flekke til Askvoll, før ein kan forvente allverda, meiner ordføraren.

Dalsfjordbrua opnar ein alternativ pendlarveg til Førde også for askvollingar. Men i så fall må fylkespolitikarane følge med i timen.

I dag er det fleire som jobbpendlar frå Askvoll til Fjaler enn omvendt. Slik vil det også bli med ny fjordkryssing. Mest spenning er det knytt til korvidt ein del som i dag pendlar Askvoll-Førde, vil nytte seg av Dalsfjordsambandet til Førde-pendlinga si. Fleire verksemder i Dale, som til dømes Enoro som bidreg til innpendling frå Førde til Fjaler, etterlyser også betre kollektivtilbod for jobbpendling. Men berre få veker før Hovudutval for samferdsle skal vedta nytt rutetilbod, gjeldande frå mai månad, kan ingen seie noko sikkert om årets rutetilbod fangar opp Dalsfjordbru-effekten som kjem seinare i år.

– Det kjem endringar i busstilbodet, men kva endringar er enno ikkje avgjort, sa fagkoordinator for kollektivtransport hos samferdsleavdelinga ved Sogn og Fjordane fylkeskommune, Eva Fosshagen til Firda seinast 21. januar. – Ingenting er avgjort, men det er naturleg då at rutene mellom Førde og Dale blir forlenga til Askvoll, seier Fosshagen.

Svend Arne Vee tekst


TEMA NÆRINGSLIV

TYSDAG 19.02.  2013

Spår kamp om framtidas nybyggjarar

DETTE VIL BRUA BETY Kva kan Dalsfjordsambandet bety for di verksemd og har de konkrete planar som følge av at brua kjem?

Edgeir Aksnes, adm.dir. i Enoro (tidlegare Elis): Brua gjer at våre tilsette i Askvoll-regionen får vesentleg betre kommunikasjon. Vidare vil den naturlegvis bli viktig for å trekkje til seg endå fleire talent til bedrifta vår. Selskapet har lenge hatt fokus på å rekruttere unge og nyutdanna, og dette fokuset vil vi halde oppe og forsterke endå meir framover.

Linda Hovland, Fjaler næringsutvikling: Vi arbeider for utvikling innan næring og yter tenester for medlemmene og kommunen i næringssaker. Brua betyr at vi no får eit større og lettare tilgjengeleg bu – og arbeidsområde og det ser eg som positivt for fjalerbedriftene. Eg ser for meg tettare samarbeid over fjorden, men også auka konkurranse, noko som er sunne trekk for positiv utvikling.



Inger Loftheim, Askvoll Sjømat og Delikatesser AS:

LOVAR KONKURRANSE: Fjaler- ordførar Arve Helle er klar for å samarbeide med nabokommunane om det meste, men lovar at han vil gjere det han kan for å få nytilflyttarar til å etablerer seg i Fjaler. – Ein sunn konkurranse, meiner Helle. Begge foto: Bent Are Iversen



EI NY TID: Med Dalsfjord-brua kan den gamle debatten om kommunesamanslåing vere på gang igjen, trur Fjaler-ordførar Arve Helle.

Vi ser at kundegrunnlaget vårt blir ein del større og håper at dette vil gi positivt utslag på omsetjinga vår. Vi har alt gjort nokre grep som å utvide lagerkapasitet slik at daglege prosessar blir meir effektive. Vi må sjå korleis dette utviklar seg, men dersom det betyr at vi på sikt må bygge ut, utvide opningstider og liknande, vil vi sjølvsagt vurdere dette fortløpande.


16

TEMA NÆRINGSLIV

TYSDAG 19.02.  2013

DETTE VIL BRUA BETY Kva kan Dalsfjordsambandet bety for di verksemd og har de konkrete planar som følge av at brua kjem?

Kenneth Herland, AutoMarin AS: Dalsfjordsambandet inneber større marknad både med omsyn til dei tenestene vi kan tilby, og tilgang på arbeidskraft. Marknadsføring må tilpassast og tenester må tilretteleggjast i høve nye utfordringar. Større marknad gjev også grunnlag for utvikling av nyeendra tenestetilbod.

Bjørn Magne Solheim, Askvoll Bygg og Interiør: Brua utløyser eit større omland for oss og vi får eit betydeleg større kundegrunnlag, då kan vi utvikle oss og bli sterkare. Med eit større omland å konkurrere på, så er det viktig at vi viser oss tydeleg på utval og pris, det har vi tenkt å gjere gjennom marknadsføring.

Torodd Helle, Helle Fabrikker: Vi ser brua som eit av dei viktigaste instrumenta for å få ein meir livskraftig region i Dalsfjorden. Helle som bedrift vil sjølvsagt også dra nytte av eit større og meir allsidig arbeidskraftområde. Det blir også lettare med rekrutteringsarbeid. Den mest konkrete endringa vil truleg bli at vi vil tilrettelegge meir for reisande og turistar til bedrifta. Brua opnar for at Helle vil kunne overleve i ei knallhard internasjonal konkurranseverd i mange år til dersom vi klarar å dra nytte av dei ekstra fordelane brua gir.

Spår ein ny politisk vå skal drive eit Askvoll som står midt oppi statusen som omstillingskommune, så forstår du teikninga. – Vi har inga tid å miste! Brua står snart klar, og då må vi ha styr på alle desse tinga – i tillegg til å ha fiks ferdig nye, attraktive tomter for unge som

– Eg har eit inderleg ønskje om at Dalsfjordbrua skal revitalisere lokalpolitikken. Det skal i alle fall ikkje stå på spennande oppgåver for dei som vil bli framtidas folkevalde.

munen hennar i lag med andre Hafskommunar også ein brei invitt frå Solund i sør til Bremanger i nord om å kome saman og diskutere dagens kommunegrenser. Responsen herifrå var mangslungen og skal følgast opp raskast mogleg. Legg du til at Melvær også

Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) har dårleg tid. I løpet av kalenderåret skal ho erstatte den gamle arealplanen i kommunen med ei heilt ny. Den gamle var visstnok så utdatert at den ikkje kunne rullerast. Så ventar arbeidet med ny kommunedelplan for Atløysambandet. Her har ordføraren heller ikkje hatt tolmod til å vente på fylkeskommunen, og i staden starta løpet sjølv.

Lokalpolitikken har gitt mang ein nyvald kommunestyrerepresentant ein kalddusj dei siste åra Frida Melvær

For kort tid sidan

sende kom-


TEMA NÆRINGSLIV

TYSDAG 19.02.  2013

Dale–Florø sentrum på éin time? Litt i skuggen av Dalsfjordsambandet, jobbar Stongfjorden vekst trottig vidare med planar om kryssing av Førdefjorden. No er temaet hurtigbåt. Planane om brukryssing av Førdefjorden fekk seg eit skot for baugen i fjor, då Norconsult la fram sin rapport som ikkje nett vende tommelen opp for ei framtidig brukryssing av Førdefjorden. Det har ikkje stoppa Roy Sævik og Stongfjorden vekst frå å jobbe vidare med å betre kommunikasjonane nordover frå Askvoll.

Etter det 2F kjenner til, pågår det uformelle samtalar mellom ei prosjektgruppe beståande av næringslivsrepresentantar frå kommunane Flora, Naustdal, Fjaler og Askvoll og Fjord 1. Prosjektleiar Roy Sævik ønskjer ikkje å kommentere detaljane i planane, men stadfestar at det har vore møte mellom prosjektgruppa og Fjord 1 for å sondere korvidt ei hurtigbåtrute mellom Askvoll/Flokeneset og til Florø kan vere liv laga. – Vi må sjå på realitetane. Askvoll kommune vil aldri kunne skape eit næringsliv i stand til å sysselsetje alle som bur i Askvoll. Dei store motorane ligg rundt oss i form av Førde og Florø, og store delar av Askvoll orienterer seg mot begge

år i Hafs ønskjer å etablere seg hos oss, seier Melvær. For å lande alle ambisjonane har Askvoll kommune styrkt administrasjonen den siste tida. Det trur ordføraren vil vere vel investerte pengar. – No går vi inn i ei tid der mange unge vil sjå heimover og spørje seg om kva «nye Askvoll» kan tilby, seier ho.

Sjølv har Melvær vore rundt på ein del jobb- og karrieremesser siste året. Og tilbakemeldingane er tydelege: – Ved sidan av interessant jobb er det tre ting som gjeld for dei unge: Rimelege pendlaravstandar, gode buforhold og nærleik til offentlege tenestetilbod som skule, barnehage og fritidsaktivitetar. Dette er kanskje opplagte svar, men ikkje mindre utfor-

desse kraftsentera. Vi må utvikle gode og attraktive bumiljø i vår kommune, og samtidig jobbe for å betre kommunikasjonane. Det er det vi gjer no, seier Sævik.

Med Dalsfjordsambandet på plass, vil til dømes folk i Dale ha ein times pendletid til jobbmarknaden i Florø, dersom ei hurtigbåtrute frå Askvoll til Florø kjem på plass. – Dette vil revolusjonere heile området med tanke på jobbmarknaden. Flora og Førde har arbeidsmarknader som kompletterer kvarandre. Dermed kan både mann og kone finne attraktive arbeidsplassar – og likevel bu i delar av HAFS. Får vi til dette, vil det skape ei dramatisk endring, med positivt forteikn, trur Sævik.

Stongfjorden

vekst-leiaren har trass i negative rapportar ikkje skrinlagt draumen om bru over Førdefjorden ved Ålesundet. – Vi må jobbe både langsiktig og kortsiktig. Ei pendlarrute med hurtigbåt er den kortsiktige løysinga. Ser vi Dalsfjordsambandet, Bremanger II og Ålesund-bru som isolerte prosjekt, kan dei vere vanskelege å forsvare. Sett samla vil dei vere nøkkelprosjekt i ein framtidig ny ytre kystveg, seier Sævik.

Svend Arne Vee tekst

MÅ VÅGE Å TENKE STORT: – Næringslivet i regionen vår har for lengst slutta å forhalde seg til kommunegrenser. Når brua er på plass er det på høg tid at vi politikarar tek etter og tenkjer på same måte som dei, meiner Askvollordførar Frida Melvær (H). Her frå ei synfaring langs sambandet for eit år sidan. Foto: Bent Are Iversen

drande for ein kommune å svare opp av den grunn, seier Melvær. – Har ein liten kommune politisk gjennomføringskraft for å løyse så mange utfordringar på så kort tid? – Det trur eg. Samtidig så håpar eg at alle moglegheitene som no ligg føre oss kan gjere det meir interessant å vere lokalpolitikar igjen. Eg skal ikkje leggje skjul på at lokalpolitikken har gitt mang ein nyvald kommunestyrerepresentant ein kalddusj dei siste åra, og kanskje framstått som lite motiverande. No får vi som folkevalde ein unik sjanse til å påverke framtida i regionen vår gjennom vala vi gjer, seier Melvær. Svend Arne Vee tekst

REVOLUSJON: Roy Sævik i Stongfjorden vekst trur hurtigbåt frå Askvoll og vidare til Florø vil revolusjonere heile området med tanke på jobbmarknaden. Foto: Ingunn Osland


18

TEMA NÆRINGSLIV

– No må vi vise oss brua verdig – Det er på høg tid at generelle forventningar til Dalsfjordbrueffekten snart gir seg utslag i konkrete planar, meiner senterforeningsleiar Oddleif Jarstad i Dale.



MEIR LOKALHANDEL? – Om det nye Dalsfjordsambandet skal føre til mindre handelslekkasje mot Førde, så må det nyetableringar til. Og desse må kome frå ungdom som har nye idear og solid innsatsvilje, seier senterforeningsleiar i Dale, Oddleif Jarstad. Foto: Bent Are Iversen



Med 25 års butikkdrift i bagasjen, og med eit solid lokalt nettverk, merkar Oddleif Jarstad at noko er på gang på begge sider av Dalsfjorden.

OVER FJORDEN: – Med 25 minutt mellom Askvoll sentrum og Dale vil folk sjølvsagt handle meir hos naboen, seier Oddleif Jarstad.

– Folk i Dale,

ja for så vidt heile Fjaler og heile Hafs snakkar om det nye Dalsfjord-sambandet. Mange har store forventningar. Mange er optimistar og trur på ny giv. Men når det kjem til konkrete planar, blir det ofte litt stillare. Det er på høg tid at næringsdrivande i Askvoll, Dale og andre stader kjem på bana med litt konkrete og djerve planar, seier senterleiaren ved Dale senter. – Meiner du at folk sit for mykje på gjerdet? – Eg håpar ikkje det. For det kan vi ikkje tillate oss. – Kva meiner du? – Altså, når storsamfunnet stiller opp og legg éin milliard på bordet til ny infrastruktur, så må vi ta lokalt ansvar. Vi kan jo ikkje byggje ei bru og ikkje gjere noko meir. Vi må delta lokalt, yte noko tilbake, våge noko – elles er jo bruinvesteringa på sett og vis bortkasta, slår han fast. Men Jarstad er langt frå pessimist. Han trur dei komande fire-fem månadene blir svært viktige, og at ting i denne perioden kjem til å røre på seg. – Vi er i ein sonderingsfase, eg møter mange som snakkar om at ein no må kome saman, meisle ut nye tankar for regionen. Kome nærmare kvarandre mentalt før brusambandet er eit faktum, seier Jarstad. Nøkkelordet er ungdom, meiner senterleiaren. Mykje av veksten og nyskapingane trur han vil kome frå generasjonen som ikkje bryr seg om kommunegrenser og gamal fogderistrid.

– Mobiliteten blant dei unge er heilt annleis enn for vår generasjon. Ungdommane set seg lett i bilen og

TYSDAG 19.02.  2013


TYSDAG 19.02.  2013

TEMA NÆRINGSLIV

DETTE VIL BRUA BETY Kva kan Dalsfjordsambandet bety for di verksemd og har de konkrete planar som følge av at brua kjem?

Gro Fivelsdal, rektor Dale vgs.:  Brua betyr svært mykje. Ein stor del av elevane våre kjem frå Holmedal, Askvollområdet og øyane utanfor. Elevane frå Bulandet/Værlandet må framleis bu på hybel, men forhåpentlegvis vil nye bussruter gjere det mogleg for bulendingar/værlendingar å dagpendle til skulen. For elevar, føresette og lærarar på nordsida av fjorden vert det meir lettvint å komme seg til og frå skulen. Eg trur òg at brua vil ha positiv innverknad på rekrutteringsmoglegheitene av lærarar. Dalsfjordbrua skaper ein mykje større bu- og arbeidsmarknad. Som skule har vi fleire utviklingsprosjekt på gang.

Roy Myklebust i Mass Kjell Myklebust AS: Eg forventar at brua utvidar kundegruppa vår nord om fjorden. Vi har ikkje planar om vesentlege endringar i strategien vår.

besøkjer kvarandre, tek ein fest i lag og bryr seg ikkje om ein må frå Hyllestad til Fjaler eller Askvoll – eller til Gaular, Høyanger eller Solund, for den del. Det er denne mentaliteten vi må satse på. Vi har dessverre hatt ei «forgubbing» i handelsnæringa, både hos oss og andre stader. Vi treng nye og driftige ungdommar som nyetablerarar, konstaterer Jarstad. – Som senterforeningsleiar håpar du sjølvsagt at Dale set seg i førarsetet? – Vi må gjere vår jobb, Hyllestad må byggje si framtid og Askvoll det same. Med 25 minutt mellom Askvoll sentrum og Dale vil folk sjølvsagt handle meir hos naboen. Då blir det viktig at vi har eit komplementært tilbod. Askvoll sin store styrke blir jo at dei har Vinmonopolet, og i tillegg har dei eit anna viktig tilbod vi ikkje har i

Dale, nemleg ein el-butikk. Mange trur Dale allereie er i førarsetet, men faktum er at detaljhandelen er større i Askvoll enn i Fjaler, konstaterer han.

Sjølv har han tre ønskjedraumar når det gjeld nyetableringar som følgje av bruopning og meir handelsmobilitet. – Vi treng sårt ein Jerniabutikk eller tilsvarande. I tillegg bør det vere grunnlag for fleire etableringar innan sko og klede, og ikkje minst bør nokon med gode planar innan å opne kafear og nye møteplassar no kome på bana. Det handlar til sjuande og sist om å skape nye, gode møteplassar. Sjå berre kor mykje positivt delikatesse-etableringar har hatt å seie for Askvoll, seier Jarstad. Svend Arne Vee tekst

Når storsamfunnet stiller opp og legg éin milliard på bordet til ny infrastruktur, så må vi ta lokalt ansvar Oddleif Jarstad, senterforeningsleiar i Dale

Arne Osland, direktør hos UWC: For rekruttering av arbeidskraft vil brua føre til at folk som bor på andre sida av fjorden lettare vil vurdere å ta jobb hos oss. Dette er den viktigaste endringa. For ekskursjonar for elevane vil det vere enklare å komme over på den andre sida av fjorden. Vi har f.eks. brukt området rundt Helleberget ein del i friluftssamanheng. Vi har ikkje konkrete planar som følgje av at brua kjem.


20 TEMA NÆRINGSLIV

TYSDAG 19.02.  2013

KLAR FOR UTLEIGE: Stein Olav Erikstad starta i januar opp bilutleigefirmaet «Rusta vrak bilutleige». Der skal han tilby utleigebilar i økonomiklassen, men bilane er i langt betre stand enn firmanamnet tilseier.

Godt utrusta bilpark Stein Olav Erikstad har drive med bilar så å seie heile livet, og både arbeidet og hobbyen viser att i ei ganske solid bilsamling. Ei bilsamling som du snart kan få låne frå. For blant 86 nyregistrerte føretak i fylket i januar starta jølstringen opp bedrifta «Rusta vrak bilutleige». Bilinteresse har han hatt så å seie heile livet, og bilar har han skrudd på sidan han tråkka rundt på sin første verkstadjobb som 15-åring. Mangt eit vrak har difor fått nytt liv når dei er lagt i henda til Erikstad, som til dagleg arbeider som verksmeister på Førde Bilsal. Og dette skal no bli del av hans nye bedriftssatsing.

Stor bilpark Bedrifta med det «catchy» namnet oppstod då Erikstad fann ut at han kunne dra nytte av mykje av bilparken han hadde ståande. – Eg hadde mykje bilar frå før, og har hatt rikeleg med bilar opp gjennom åra. Eg har nesten ikkje våga å telje, smiler Erikstad. Namnet «Rusta vrak bilutleige» brukte han ikkje lang tid å komme på, men Erikstad presiserer at bilane er i betre stand enn bedriftsnamnet skulle tilseie. – Eg ville ha eit namn som fanga litt merksemd, og som folk hugsar, seier Erikstad, som trur at han har lukkast med det.

Økonomileige Litt av hovudideen bak den nye utleigebedrifta er at den skal gi eit utleigetilbod i økonomiklassen.

Og sjølv om bilane har lagt nokre kilometer bak seg, er det ofte berre ein bil i sin enklaste form folk ønskjer å leige. For små eller mellomstore varebilar er noko dei aller fleste vil ha eit behov for ein gong. Anten til flytting eller anna transport. Då er det ofte ikkje det nyaste og dyraste som er naudsynt. – Nokon kvir seg også for å køyre med hengar, eller har ikkje bilar med hengarfeste. Då kan det vere greitt å låne ein rimeleg leigebil for å få gjort jobben, seier Erikstad, og fortel at det er denne marknaden han no siktar seg inn mot. – Det er bil eg har levd og ånda for heile livet. Eg har ein fordel med at eg kan halde bilane i god stand sjølv, og eg reknar med at eg kan score litt på det, seier verksmeisteren. Han ser for seg å leige ut bilar i det han kallar for «økonomiklassen», frå 150 kroner og oppover. – Ein eg kjenner skulle flytte ei madrass, og enda opp med å leige ein heilt ny leigebil til 500 kroner. Det er ofte ikkje det nyaste og beste folk treng, seier han.

Namnet skjemmer ingen Bedrifta han no har starta opp vil primært vere eit sideprosjekt for Erikstad. – Det er enno i startgropa, og vil ikkje vere noko fulltidsgeskjeft, men heller noko attåt, seier han. Men bilane har han, og i desse dagar vert dei registrerte ein etter ein. Innan månadsskiftet reknar han med å ha storparten av bilane klar til utleige. Primært vil han då tilby små/mellomstore varebilar, men også ordinære personbilar. Folk han har snakka med har påpeika at tenes-

ta han no skal levere er ønskt, og Erikstad er viss på at han vil få ei stadfesting på at ordtaket «namnet skjemmer ingen» er eit faktum. – Det er litt av tanken bak. Folk skal kunne leige ein bil her, og kunne reise nøgde og tenke at dette var ikkje eit rusta vrak likevel, seier han.

Idar Stadheim tekst og foto

Eg hadde mykje bilar frå før, og har hatt rikeleg med bilar opp gjennom åra. Eg har nesten ikkje våga å telje. Stein Olav Erikstad


TEMA NÆRINGSLIV

TYSDAG 19.02.  2013

Nye bedrifter ADVOKATFIRMA BLIKRA, SLOTTERØY & FONN, AVD. FLORØ, AS ▶ Flora Drive advokatverksemd, kjøp/sal/holding av aksjar og kjøp/sag/utleige av fast eigedom. Aksjekapital: 100.000 kr Odd Bovim, dagleg leiar

sita, leiker med meir. Aksjekapital: 100.000 kr Hilde Lervik, dagleg leiar

AF KÅRSTAD AS ▶ Gaular Holdingselskap for aksjar i andre selskap samt kjøp og sal av handelsvarer. Aksjekapital: 30.000 kr Frode Kårstad, dagleg leiar

DAVID RYGG (ENK) ▶ Gloppen Grasproduksjon, sau, rev, og anna landbruksrelatert. Innehavar: David Aleksander Sælensminde Rygg

AHK HOLDING AS ▶ Gaular Holdingselskap for aksjar i andre selskap, kjøp og sal av handelsvarer samt utleige av fast eigedom. Aksjekapital: 30.000 kr Arnt Henning Kårstad, dagleg leiar

EIN MANN ALEINE RASMUS MO (ENK) ▶ Sogndal Føredrag innan: - motivasjon - verdigrunnlag og visjon. Tek og oppdrag som mentor for verksemder og enkeltpersonar. Har brei erfaring i personutvikling innan offentleg og privat sektor. Dagleg leiar: Rasmus Mo

ANDERS SÆTRE (ENK) ▶ Vik i Sogn Avvirkning av skog. Sagbruk 42. Maskinentrepenør. Byggmontering. Utleige av motorkøyretøy. Utleige av maskiner og utstyr. Innehavar: Anders Sætre AQUAMARIN COACHING MARGUNN RITA SOLSTRAND BELSVIK (ENK) ▶ Flora Helsecoaching. Innehavar: Margunn Rita Solstrand Belsvik AVEN KJØLETEKNIKK AS ▶ Førde Sal/service av varmepumpar, kjøleanlegg og andre tekniske installasjonar. Aksjekapital: 30.000 kr Arne Aven, dagleg leiar BRYGGEN INTERIØR & KAFFE AS ▶ Vågsøy Kafeverksemd, kursverksemd, samt varehandel. Aksjekapital: 30.000 kr Stine Opheim, dagleg leiar CAANIM AS ▶ Stryn Å drive investering og konsulentteneste. Aksjekapital: 30.000 kr Åge Bøe, dagleg leiar CECILIE NORNES (ENK) ▶ Sogndal Fruktdyrking. Innehavar: Cecilie Nornes Agnar Nornes, dagleg leiar CH MALERENE AS ▶ Flora Sal av varer og tenester som måle- og rehabilitering av bygg og anlegg, lakkering og mekanisk arbeid, utleige av arbeidskraft, og investering i andre verksemder. Aksjekapital: 30.000 kr Henning Vedel, dagleg leiar DALE BOK OG LEIKAR AS ▶ Fjaler Drive butikkhandel med bøker, papir, rekvi-

DALSØREN CAMPING (ENK) ▶ Luster Drift av campingplass. Innehavar: Thomas Dalsøren

EXPEDITIONEN EIGEDOM AS ▶ Eid Eige, drive og leige ut fast eigedom samt kjøp og sal av fast eigedom. Selskapet skal kunne kjøpe og selje aksjar eller andelar i andre foretak. Aksjekapital: 30.000 kr Eli Ragnhild Førde Aarskog, dagleg leiar F OG A INVEST AS ▶ Førde Kjøp og sal av aksjar. Aksjekapital: 100.000 kr Styreleiar: Frode Steen FJELLVEGEN ÅRDAL-LUSTER SA ▶ Årdal Organisasjonsform: Samvirkeforetak Byggje og drive bomveg mellom Skisenteret i Fardalen og Turtagrø i Luster. Frank Roger Eldegard, dagleg leiar FJORD SERVICES AS ▶ Vågsøy Regnskapsføring og bedriftsrådgivning. Aksjekapital: 200.000 kr Jannicke Nygård, dagleg leiar FJORDEN BEITELAG SA ▶ Naustdal Organisasjonsform: Samvirkeforetak Beitelaget skal samle beitebrukarar innan området for i fellesskap å legge forholda til rette for best mogleg utnytting av utmarksbeite, redusere tap av dyr og sikre dyrevelferd gjennom organisert tilsyn og organisert sanking. Magnus Øvrebø, dagleg leiar

Advokatfirma Blikra, Slotterøy & Fonn, avd. Florø AS. Advokat Odd Bovim

Innovasjon, Utleige av vognførar og maskinførartenester. Utleige av konsulenttenester. Utleige av firmaet sitt utstyr, bilpark, med meir. Skogbruk. Aksjekapital: 30.000 kr Asle Olav Botn, dagleg leiar FRESVIK TRANSPORTLAG SA ▶ Vik i Sogn Transport av eigne livdyr til og frå beite, samt lessing avlegging, reingjering og vedlikehald av transportvogn. Styreleiar: Jomar Magne Hov FUREBUDA MATHUS AS ▶ Selje Kafe/restaurant/pub, samt catering. Det skal serverast mat og drikke, med satsing på sesongbaserte lokale råvarer. Aksjekapital: 200.000 kr Gjertrud Årvik, dagleg leiar FØRDE SPA OG HELSE AS ▶ Førde Spabehandling, massasje, trening og velvære. Kosthaldsekspertise samt konsulentverksemd knytt til dette. Sal av produkter innanfor desse områda. Aksjekapital: 30.000 kr Kent Roger Engdal, dagleg leiar GINTAUTAS JUSKENAS (ENK) ▶ Gloppen Byggjearbeid, renovering, reparere, produksjon av private bygg, utandørs og innandørs dekorasjon, betongarbeid etc. Innehavar: Gintautas Juskenas

FORSIKRINGSSPESIALISTANE VEST DA ▶ Gaular Sal av forsikring/finansielle produkt. Arthur Fauske, dagleg leiar

GIT INVEST AS ▶ Førde Investering i aksjar, verdipapirer, eigedom og andre verksemder. Aksjekapital: 30.000 kr Styreleiar: Geir Inge Torrissen

FOTOIT STIG LABERG ØVSTETUN (ENK) ▶ Årdal Fototenester. Salg av IT-tenester. Salg av IT-utstyr. Innehavar: Stig Laberg Øvstetun

GRIP AS ▶ Vågsøy Framstilling/sal av kurs og opplæring. Aksjekapital: 30.000 kr Styreleiar: Hege Melsether

FRAMBRING AS ▶ Eid

GROTLE JOHN ROAR (ENK) ▶ Bremanger

Kystfiske. Innehavar: John-Roar Grotle GROV GARD, KOLBJØRN TAKLO (ENK) ▶ Flora Jordbruksproduksjon, sauehald og grasdyrking. Produksjon og sal av kjøt og ull frå sau. Skogpleie, hogst av tømmer for sal. Vedproduksjon for sal. Tilbyr av «Inn på tunet» tenester til offentleg sektor (under oppstart). Sal av kvalitetsrevisjon og foredrag innan HMS til landbruket. Innehavar: Kolbjørn Taklo GRÅTIND AS ▶ Gloppen Kjøpe, utvikle, leige ut og selje fast eigedom. Aksjekapital: 200.000 kr Styreleiar: Olav Fuglestrand GØRAN KÅRSTAD AS ▶ Gaular Holdingselskap for aksjar i andre selskap. Aksjekapital: 30.000 kr Dagleg leiar: Gøran Petter Kårstad HELSEGROSSISTEN AS ▶ Sogndal Import, nettsal og postordre av helsekost og treningsprodukt samt nettbutikk. Aksjekapital:30.000 kr Styreleiar: Kjell Torshaug HORNVEGEN SA ▶ Eid Organisasjonsform: Samvirkeføretak Drive vedlikehold og byggjing av veg. Lidvar Magne Aasen, dagleg leiar HOVE ELEKTRO AS ▶ Vik i Sogn Elektrisk installasjon. Aksjekapital: 30.000 kr John Ronny Hove, dagleg leiar HS EIGEDOMSUTVIKLING AS ▶ Stryn Eige og utvikle eigedommar og bygg, samt konsulentverksemd. Aksjekapital: 50.000 kr Dagleg leiar: Knut Arild Løvdal Stauri


22

TEMA NÆRINGSLIV

TYSDAG 19.02.  2013

Nye bedrifter HULDEFOSSEN GRUNNEIGARLAG SA ▶ Førde Organisasjonsform: Samvirkefæretak Laget skal ivareta grunneigarane sine interesser i høve til ålmenta sitt ønskje om sportsfiske og ivareta det biologiske mangfaldet av fiskeressursane i vassdraget. Inntekter kan skapast til dømes ved utleige av fiske. Ole Per Schei, dagleg leiar

NOR-MAR SALMON AS ▶ Flora Eige aksjar i selskap med tilknyting til oppdrettssektoren. Aksjekapital: 30.000 kr Styreleiar: Ingrid Kassen OFFSHORE & MARINE SERVICES NORWAY AS ▶ Høyanger Nybygg, reparasjon og vedlikehaldsarbeid innan bygg og anlegg, on- og offshore. Aksjekapital:30.000 kr Styrets leiar: Agnar Førde

HYEN VASSVERK SA ▶ Gloppen Organisasjonsform: Samvirkeføretak Skaffe vatn til alle som bur innanfor vassverket sitt naturlege forsyningsområde. Ola Lilloe-Olsen, dagleg leiar INGRID BERGSET DRESSAGE (ENK) ▶ Eid Profesjonell hestesport, sponsorarbeid, kurs og aktivitetar. Innehavar: Ingrid Strøm Bergset JONNY SUNDAL (ENK) ▶ Eid Utleige av hus, leiligheiter, maskiner, bilar og utstyr. Masseforflytning. Kjøp og sal av motorvogner. Innehavar: Jonny Sundal JORDEPLEROCK ▶ Lærdal Organisasjonsform:Forening/lag/innretning Produsere og selje gode og berekraftige festivalopplevingar til eit variert publikum med jordeple som gjennomgåande tema, og samstundes bidra til lokal utvikling og verdiskaping. Foreninga har ikkje profittføremål. Dagleg leiar: Helge Evensen Bjørkum JOSTEDALSBREEN ADVENTURE AS ▶ Stryn Tilby aktivitetsbasert opplevelsesturisme. Aksjekapital:30.000 kr Dagleg leiar: Anne Kjos-Wenjum Armas K.A. HOLDING AS ▶ Naustdal Import/eksport, sal av handelsvarer, rådgjevning og deltaking i andre verksemder. Aksjekapital: 30.000 kr Styreleiar: Kai Leif Apelseth KAUPANGER KRAFT AS ▶ Sogndal Kraftproduksjon og sal av fornybar energi. Aksjekapital: 30.000 kr Styreleiar: Nils Joachim Knagenhjelm KINNVEGEN EIENDOM AS ▶ Flora Kjøp og sal av eigedom og utvikling av eigedom for sal. Aksjekapital: 30.000 kr Dagleg leiar: Frank Robert Klakegg LISETH ELEKTRO AS ▶ Flora Elektrisk installasjonsarbeid. Aksjekapital: 30.000 kr Dagleg leiar: Bjarte Liseth

Førde Spa og Helse AS, Kent Roger Engdal.

MASTCON AS ▶ Jølster Eigedom, konsulenttenester, import/eksport, bemanningstenester og entrepenør tenester. Aksjekapital: 30.000 kr Magne Herbjørn Støfring, dagleg leiar MAURSTAD EIGEDOM AS ▶ Vågsøy Investere i fast eigedom, kjøp av tomter og eigedommar for utvikling og oppføring av bustader og liknande for vidaresal. Aksjekapital: 30.000 kr Peder Ole Maurstad, dagleg leiar MC XO TORHEIM AS ▶ Jølster Konsulenttenester innan transport og verkstadnæring. Gjer også andre oppdrag ved førespurnad. Utleige av MC og bil. Aksjekapital: 30.000 kr Jan Kåre Torheim, dagleg leiar MINIDOFFEN AS ▶ Stryn Drift av barnehage for barn under 3 år. Aksjekapital: 30.000 kr Camilla Haugen, dagleg leiar MOANE KRAFT AS ▶ Gloppen Utvikle, skaffe konsesjon for og bygge, eige og drive kraftverk i Breidalselva og Langedalselva i Gloppen kommune. Aksjekapital:30.000 kr Styreleiar: Ole Kåre Gimmestad NANA KRISTJANA GUDRUN GUDMUNDSDOTTIR (ENK) ▶ Vågsøy Frisørsalong. Sal av TIGI produkt. Innehavar og dagleg leiar: Kristjana Gudrun Gudmundsdottir NAUSTDAL OG FØRDE SAUEIGARLAG SA ▶ Naustdal Organisasjonsform: Samvirkeforetak Legge forholda til rette for best mogleg nytte av utmarksbeite, redusere tap av dyr og sikre dyrevelferd med organisert tilsyn og organisert sanking. Dagleg leiar: Øyvin Mortensbakke

OPPLÆRING VEST AS ▶ Vågsøy Gi tryggleiksopplæring til bedrifter, offentlege og private personar. Aksjekapital:50.000 kr Dagleg leiar: Per Asle Madsen ORTNEVIK TRE AS ▶ Høyanger Innreiingsarbeid, innreiing av båtar og sal av tømrartenester i bygningsbransjen. Aksjekapital: 30.000 kr Helge Dyrrdal, dagleg leiar RENATE RENDEDAL (ENK) ▶ Balestrand Gardsbruk. Innehavar: Renate Rendedal RUSTA VRAK BILUTLEIGE ▶ Jølster Organisasjonsform: Norskreg. utenlandsk foretak Utleige av bruktbilar. Dagleg leiar: Stein Olav Erikstad SAMEIGE FALKENSTEIN B5 ▶ Førde Organisasjonsform:Eierseksjonssameie Styreleiar: Trine Levanger SAMEIGE KVÅLE PANORAMA ▶ Sogndal Organisasjonsform: Eierseksjonssameie Styreleiar: Einar Ylvisåker SEA AND INDUSTRIAL MANAGEMENT ▶ Eid Utføre prosjektleiing, byggeleiing og andre konsulenttenester knytt til skipsbygging og annan industri, samt sal av tilhøyrande varer. Aksjekapital: 30.000 kr Jonny Hanebrekke, dagleg leiar SELJEDALEN VASSVERK SA ▶ Vik i Sogn Organisasjonsform: Samvirkeforetak Drive vassverk, og har som føremål å skaffe vatn til husbruk og anna bruk for Seljedalen. Styreleiar: Jon O. Nummedal SENNESET SJÅFØRTENESTER AS ▶ Sogndal Utleige av personlege sjåførtenester og anna verksemd knytt til dette. Aksjekapital: 30.000 kr Dagleg leiar: Helge Senneset

SKAADENS DETALJHANDEL ▶ Stryn Organisasjonsform: Enkeltpersonforetak Drifting av kiosk. Innehavar: Aina Beate Håvik Skaaden SKAHJEM CONSULTING AS ▶ Aurland Overnattingsverksemd i form av utleige, maskintjenester, konsulent og undervisningstenester, investering i andre selskap, eigedomsinvesteringar, finansielle investeringar samt kjøp og sal av utstyr/tenester. Aksjekapital: 30.000 kr SKJERVEN TRADING (ENK) ▶ Sogndal Organisasjonsform: Enkeltpersonforetak Import og sal av elektriske artiklar. Innehavar: Stian Andre Skjerven SMART CONNECT AS ▶ Førde Kjøp og sal av elektrisk installasjonmateriell, utvikling av produkt. Aksjekapital: 100.000 kr Dagleg leiar: Frode Steen SNEKKA AS ▶ Flora Selskapet skal forestå kjøp, utvikling og sal av fast eigedom og anna verksemd. Aksjekapital: 1.000.000 kr Styreleiar: Freddy Ulltang, SNOP INTERIØR, HJEM OG ACCESSORIES V/ CECILIE SANDE (ENK) ▶ Høyanger Sal av interiørvarer og tilbehør til hus og heim, og accessories. (smykker, sjal m.m). Verksemda skal ha netthandel, og butikk på sikt. Innehavar: Cecilie Sande SOGNDAL HELSEKOST AS ▶ Sogndal Sal av helsekost- og treningsprodukt og andre nærståande produkt. Aksjekapital: 30.000 kr SOGNDAL LODGE & GUIDING AS ▶ Sogndal Lodge, guiding, føredrag, kortreist mat. Aksjekapital: 30.000 kr Dagleg leiar: Sander Buene og Sigrid Henjum SOLBERG EL-SERVICE AS ▶ Sogndal Drive installasjonsarbeid innan elektro, prosjektering og utføring av elektrisk arbeid for nærings- og privatkundar. Aksjekapital: 30.000 kr Lars Erik Solberg, dagleg leiar STURLA ELLINGVÅG (ENK) ▶ Flora Produksjon av film, video og fjernsynsprogram. Innehavar: Sturla Ellingvåg


TEMA NÆRINGSLIV

TYSDAG 19.02.  2013

SUNNARVIK TRANSPORTTJENESTER (ENK) ▶ Flora Utleige av sjåfør og transporttenester. Innehavar: Per Egil Sunnarvik

TØMRAR EN MYKLEBUST (ENK) ▶ Gloppen Tømrarverksemd, oppføring av bygningar, vedlikehald, rehabilitering. Innehavar: Endre Nilssen Myklebust

SUNNFJORD LANDBRUKSTENESTER SA ▶ Førde Organisasjonsform: Samvirkeforetak Skaffe avløysing slik at medlemene får regelmessig fritid og avløysing under sjukdom. Kari Stokkebekk, dagleg leiar SØRESTRAND BYGDESERVICE (ENK) ▶ Høyanger Verksemda satsar på utføring av arbeid relatert mot skog- og landbruk samt kommunale tenester. Innehavar: Bjarte Inge Sørestrand TD FØRDE AS ▶ Førde Sal av varer/tenester innanfor IKT og alarm/kontrollsystem for private og bedrifter i Norge. Aksjekapital: 500.000 kr Rune Ness, dagleg leiar

En mann aleine Rasmus Mo (ENK) Rasmus Mo.

TRE VEST AS ▶ Balestrand Produksjon og sal av trelast, i tillegg til andre tenester og investeringar som naturleg høyrer saman med dette. Aksjekapital: 300.000 kr Jan Erik Johansen, dagleg leiar

UNIPRO NORGE AS ▶ Førde Fremstilling/sal av kjemiske produkt. Aksjekapital: 30.000 kr Dagleg leiar: Steffen Aamot

YTRE SOGN OG SUNNFJORD LANDBRUKSTENESTER SA ▶ Askvoll Organisasjonsform: Samvirkeforetak Å skaffe avløysing slik at medlemene får regelmessig fritid, avlastning i onnetider og avløysing under sjukdom. Det kan også vere naturleg å yte andre tenester som styrker landbruket, eller vere utviklande for lokalmiljøet. Michael Milde, dagleg leiar

VANGSNES SKOGSVEGLAG SA ▶ Vik i Sogn Organisasjonsform: Samvirkeforetak Byggje og halde ved like skogsveg. Styreleiar: Ole Kristian Endregard

ØVRE REDAL KRAFT AS ▶ Naustdal Å bygge, eige og drive kraftverk. Kapital: NOK 300.000,00 Styreleiar: Einar Tefre

VINDEDAL TØMMER OG VEG SA ▶ Lærdal Organisasjonsform: Samvirkeforetak Vedlikehalde eksisterande skogsbilvegar i Vindedalen, samt å drive tømmerhogst. Kjell Mikal Espeland, dagleg leiar

ÅLHUS BARNEHAGE SA ▶ Jølster Organisasjonsform: Samvirkeføretak Eige og drive barnehage til det beste for medlemmane, og deira barn. Føremålet er ikkje kapitalavkasting til medlemmane, og eit eventuelt overskot skal godskrivast eigenkapitalen i føretaket. Dagleg leiar: Odd-Ingar Brevik

FØRPREMIERE PÅ NY OG STØRRE KUGA! Ford Kuga er fortsatt bilen for alle slags kjøreforhold. Utover det er den helt ny. Innvendig og utvendig. Med mer plass, mer komfort, mer stil og med nye, smarte, teknologiske nyvinninger. Sikkerheten er hevet ytterligere. Men prisen? Den er senket. Vi sier ikke mer. Du er invitert til eksklusiv førpremiere. ford.no

CO2 utslipp ved kombinert kjøring 154- 179 g/km. Drivstofforbruk ved kombinert kjøring 0,59 - 0,77 l/mil. Avbildet modell kan avvike fra annonsert tilbud.


2F 19. februar 2013