Page 1

Sogehefte for Gaular 2013


Sogehefte for Gaular 2013 Gaular sogelag


Styret for Gaular sogelag 2013: Leiar: Rannveig Ryssdal Moldestad Nestleiar: Olav Johan Mo Kaswserar: Mass Laukeland Sekretær: Idar Senneseth Styremedlem: Turid Velaug Viken Fauske Varamedlemer: Ole Skagen, Svanhild Oppedal Sogehefte for Gaular 2013 Utgjevar: Gaular sogelag Grafisk produksjon: Findriv AS, Førde Trykk: IHP, Leikanger Framside: Frå Sygnagrenda. Foto: Dagfinn Vasstrand. Bakside: Guriapalen i blomst. Foto: Jofrid Vågen.

4

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013


Innhald Kjære lesar ................................................................................................................................................................................ 6 Svanhild Bjørg Oppedal: Grunnlova 200 år i 2014 .................................................................................................................... 7 Målfrid Nes: Kvinnene sitt arbeid under krigen 1940−1945 ...................................................................................................... 1 1 Stemmerett for kvinner i 100 år ............................................................................................................................................... 16 Marta Malmfrid Aase Viken: Gustine Hjelmeland – ei erindring ............................................................................................... 17 Inger Helene Nistad: Minne frå Nistad pensjonat i Bygstad ....................................................................................................... 19 Magnvard Råheim: Naturgjødsla – ein viktig resurs ................................................................................................................... 24 Otto Huseklepp: Minne frå kyrkjesundagen ............................................................................................................................... 28 Helene Kårstad: Stølsjente som niåring ...................................................................................................................................... 31 Gunnar Søgnen: Sygnagrenda .................................................................................................................................................... 36 Per Kjelstad: Frå Gaular si eldre soge ......................................................................................................................................... 39 Rannveig Ryssdal Moldestad: Kunst i fangenskap ........................................................................................................................ 46 Idar Senneseth: Båtar på Dalsfjorden ......................................................................................................................................... 48 Magne Nes: Livsminne .............................................................................................................................................................. 55 Anna Birkeland: Minne frå åra som har gått .............................................................................................................................. 63 Martin Olai Vågen: Ingebrigt og Guriapalen ............................................................................................................................. 78 Stølsbilete ................................................................................................................................................................................. 79 SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

5


Kjære lesar

V

elkomen til å lese i Gaular sogelag sitt hefte for 2013! Dette er det femte heftet Gaular sogelag gjev ut. Laget arbeider for å fremje interesse for lokalhistorie og kulturminne i bygdene her, og vi vonar at heftet kan vere inspirerande i så måte. Takk til alle som har samla inn stoff, fortalt, skrive, fotografert eller på annan måte utført dugnad for at vi skulle få til heftet! Innhaldet spenner ganske vidt og fortel både om dagleg arbeid og innsats, kamp og strid. I 2014 feirar vi at Grunnlova er 200 år. Derfor er vi tidleg ute og har med informasjon om kva som skjedde på desse kantar for å skaffe utsendingar til Eidsvoll i mai 1814. Sidan fjorårets hefte kom ut, har vi hatt sogekveld i det gamle skulehuset på Sygna der vi fekk høyre om Sygnagrenda, og om samarbeid med skulane som musea si avdeling Sunnfjord museum driv med. Sogelaget har og vore i den triveleg gamle stova på Svoa i Hestadgrend der det var orientering om dette gardsbruket og om ferdslevegar frå Viksdalen og ned til Kirkelisund. Seinare på våren var det ein liten vandretur med informasjon opp den gamle

6

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

ferdslevegen i Sandeområdet og til tuftene til husmannsplassen på Tunvald. Folk frå Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane var med oss denne kvelden og fortalde om arbeidet sitt og viste oss lysbilete på kroa på Sande. På ettersommaren tok vi turen til Laukelandsstølen, Massbu og ei grotte i nærleiken. Det var strålande ver og flott tur med lokal guide. I år deltok sogelaget på Gaularmarknaden med mellom anna foto av stølar og spørjeskjema om namna på desse. Elles har sogelaget i samarbeid med pensjonistlaga i kommunen «puffa på» for at folk her deltek i den landsomfattande innsamlinga av livsminne. Det er kjekt for oss som arbeider med sogelaget å oppleve at medlemstalet aukar for kvart år. Det følest som eit uttrykk for at folk tykkjer lokal historie er verdifull å ta vare på. Nye medlemer er absolutt velkomne! Til slutt takk også til dei som hjelper laget med trykking og sal av heftet! Lukke til med lesinga! Rannveig Ryssdal Moldestad, leiar Gaular sogelag


Svanhild Bjørg Oppedal, f. 1946

Grunnlova 200 år i 2014 Svanhild Oppedal er fødd i 1946 på gard nr. 14 ,Oppedal, bruk 1 i Viksdalen og er gift til og busett på gard nr. 17, Hov, bruk 1 i Viksdalen. Ho er no pensjonist, men har tidlegare vore ma. biblioteksjef i Gaular og har skrive fleire artiklar for sogelaget. Kven var utsendingar til Riksforsamlinga og korleis vart dei valde?

Å

ret 1814 vart eit vendepunkt i norsk historie, det dansknorske sambandet gjekk i oppløysing, Norge vart eit sjølvstendig land med eiga grunnlov. Som vi veit gjekk vi i union med Sverige før året var omme og fekk felles konge med nabolandet i aust, men landet vårt hadde likevel sjølvstende i rimeleg stor grad. Sluttføringa av grunnlova var eit storarbeid som kom til å vere svært viktig for ettertida. Nokre av hovudprinsippa i 17. mai grunnlova av 1814 var: Folkesuvereniteten, makta skulle i siste instans ligge hjå folket, Maktdeling, makta skulle delast mellom den lovgjevande, SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

7


utøvande og dømande instans – i den dansk-norske staten hadde kongen vore eineveldig, fridom for individet, alle norske borgarar vart garantert visse rettar, m.a. ytringsfridom. Den norske grunnlova seiest å vere svært demokratisk samanlikna med andre styresett i samtida. Men kven sat på Eidsvoll i 1814, og var vi, i Indre Holmedal, representerte? Ja, innbyggarane i kommunen vår kunne i alle høve i teorien påverke val av utsendingar. Generelt veit vi at av dei 112 medlemmene av riksforsamlinga var 33 valde mellom militære. Dei andre var valde som representantar for landdistrikt og byar, men embetsmenne var i fleirtal. Frå «Riksforsamlingens forhandlinger, Adresser og fuld­ magter», utgitt i Kristiania i 1814, kan vi slå opp på Indre Holmedal og lese følgjande: Anno 1814 den 18de Martii, blev den befalede Bededag helligholdt av Indre Holmedahls Indbyggere, efter Bekjendgjørelse frå PrædikeStolen og ved aabne Breve.Bemeldte Dag indfandt seg den største Deel av Almuen til Sande Kirke, hvor der efter en Tale frå Predikestolen, et hvert Sogns Almues Mænd særskilt aflagde den foreskrevne Eed.- Derefter bleve 12 Mænd udkaarede, 4 af hvert Sogn, for at vælge 2de Mænd, til at indfinde sig paa Almuen Indre-Holmedahls Vegne, til det af Amtet bestemte Samlings Sted, hvilke ere-

8

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

Ludvig Jonson Hoff. Lars Ellingsen Wallestad. Med paaholden Pen Ole Olsen Torweseth Gerdt Erichsen Hage. Med paaholden Pen Søren Hansen Selle Johannes Hanssen Helle. Med paaholden Pen Bruse Larsen Løfald Mads Olsen Grønhoug. Med paaholden Pen Mads Larsen Skage Johannes Nielsen Søre Fauske. Med paaholden Pen Rognald Olsen Dyscheland Torsten Sjursen Houge. Med paaholden Pen Tvende følgende Mænd nemlig Ole Olsen Torweseth og Mads Olsen Grønhoug bleve af disse 12 Mænd, udvalgte til at reise til Wiigøren, og antog Valget med deres egen Underskrift.Ole Olsen Torweseth Mads Olsen Grønhoug. Med paaholden Pen


Dette er attestert av Hans Vingaard, prost i Sunnfjord og sokneprest i Indre Holmedal. Desse to valde mennene reiste til Wiigøren, Vik i Sogn, der vart tre utsendingar valde for å reise til Eidsvoll på vegne av Nordre Bergenhus amt. I «Fotegnelse over Riksforsamlingens medlemmer», utgitt 1914, finn vi under Nordre Bergenhus Amt: Kancelliraad, sorenskriver Lars Johannes Irgens Sogneprest Niels Nielsen Gaardbruker Peder Hiermand I 1914 vart det gitt ut ein biografi: «Stortinget og statsraadet 1814–1914», i denne finn vi opplysningar om kven dei 3 representantane frå amtet vårt var: Hjermann, Peder Pedersen, født paa Stønjum i Lærdalen 1st december 1754, søn av lensmand Peder Pedersen Hjermann og Ingeleif Lassesdatter øvre Eri i Lærdalen. Gaardbruker paa Stønjum. Gift 1)med Berte Malene Thomasdatter Dalsøren, Lyster, 2)med Elsa Sofia Lem, Aardalen i Sogn. Var 3dje deputeret frå Nordre Bergenhus amt til Riksforsamlingen, 1814. Nielsen, Nicolai, født i landsbyen Balbro ved Odense 3dje mars 1777, søn av smed Rasmus Nielsen og Kirsten Andersdatter. Student 1796, cand teol.1804. Sogneprest til Vardø 1807, ytre Holmedal 1812, Eid i Nordfjord 1821, tillike provst i Nordfjord 1830-35,

sogneprest til Borguund i Søndmør 1835-54. Gift med Catharine Margaretha Frost, dotter av kommandant paa Vardøhus, Hans Jørgen Jacob Frost og Margrethe Cathrine Wanfried. Medlem av Riksforsanmlingen 1814 som 2den deputeret frå Nordre Bergenhus amt, 2den representant frå same amt 1830 og da medlem av militærkomiteen. Irgens, Lars Johannes, født i Hof, Solør 9de oktober 1775, søn av res.kapellan, senere sogneprest Hartvig Irgens og Marte Margrethe Steen. Cand.jur. 1803. Løitnant ved det oplandske dragonkorps endel aar, sorenskriver i indre Sogn 1803 med bopel Sogndal, blev cancelliraad 1812. Gift med Chritiane Smith. nVar 1ste deputeret frå Nordre Bergenhus amt til Riksforsamlingen paa Eidsvoll 1814. Christian Frederik meinte at heile folket skulle vere representert, alle klassar skulle vere med. Han hadde difor gitt forskrift om at det skulle veljast minst ein bonde frå kvart amt, og han hadde gitt hæren særskilt valrett. Likevel ser vi at embetsmennene var dominerande, det var kanskje nødvendig når vi ser at om lag halvparten av valmennene våre ikkje var skriveføre. Men fekk utsendingane «våre» noko å seie på Eidsvoll? I boka «Eidsvoll 1814», utgitt 1829, er det gjort nokre vurderingar av deltakinga på Eidsvollsamlinga.

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

9


Der kan vi lese: Av vestlændingene var det ikke andre som stak navnet sit – men ikkje mer enn navnet heller – frem paa Eidsvoll, end ryfylkingen Asgaut Regelstad og søndmøringen Elling Valbø. Men de (tre?) som møtte fra de to Bergenhus-amtene, holdt seg rent «i duldo». Henrik Wergeland siger om Nils Loftesnes (1789-1848), representant for Bergenhusiske infanteriregiment,: «En rask, vakker Soldat, fuld af Sogningens fast sydlige Livlighed». Men i det minste i forhandlingene kom ikkje denne livligheten for dagen. Sjølv om «livligheten» ikkje kom for dagen for mange av utsendingane, så var det stort at dei var til stades, og dei fekk medverke gjennom røysting. Samlinga på Eidsvoll var eit stort steg mot demokrati og folkestyre, utsendingane var valde av folket, og vedtak vart fatta ved røysting. Med einevaldsstyre i lang tid under danskekongane måtte dette vere ein heilt ny måte å tenkje på. Det er imponerande å sjå korleis dei ordna val av utsendingar, med dei kommunikasjonstilhøva dei hadde i 1814 var det einaste gjennomførlege å bruke valmenn og såleis indirekte val. Vi veit at utsendingane frå Hordaland kom med robåt til Lærdal, deretter til fots eller til hest over Filefjellet og austover. Å fatte vedtak ved røysting, og la fleirtalet avgjere, måtte også vere nytt for mange av deltakarane på Eidsvoll. Frå

10

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

Riksforsamlingens Hovedprotokoll, utgitt 1914, kan vi lese: Den 16de April 1814 constituerede Rigsforsamlingen.Først blev oplæst af Protocllen hvad der i Forsamlingen d: 12te og 13de d:M:er passeret. Dernæst skreed Forsamlingen til at overveje og bedømme de af Constitutions Committeen udarbejdede og i Gaar til Representanterne uddeelte foreløbige Grundsætninger. Efter Mundtlig deliberation blev der bestemt Votering til Protocollen paa 1ste Qvæstion, næmlig: Om Norge bør være et indskrænket og arveligt Monarchie? Derom blev saaledes voteret: (Fleire ulike formuleringar blir lagt fram, m.a. eit frå sorenskrivar Falsen) Vi kan følgje stemmegivinga til vi kjem til Nordre Bergenhus amt og kan lese: 1. Cancelliraad Irgens: ligesom Falsen 2. Pastor Nielsen: ligeledes 3. Per Hjermann: ligeledes. Til slutt: Ifølge foranstaaende Votering, der viser, at 78 Voterende vare af same Formening som sorenskriver Falsen, bliver første Grundsætning saalledes: Norge skal være et indskrænket og arveligt Monarchie; det skal være et frit, uafhængigt og udeleligt Kongerige, og Regenten skal føre Titel af Konge.


Målfrid Nes, f. Roska 1931

Kvinnene sitt arbeid under krigen 1940−1945 Jorunn Målfrid Nes, er fødd og oppvaksen på gard nr. 48, bruk 3, på Roska i Viksdalen i Gaular, og gifte seg til garden Nes, gard nr. 46, bruk 5, også i Viksdalen. Ho fortel innleiingsvis at Viksdalen bondekvinnelag hadde emnet ovanfor føre på eit møte og valde så ein av medlemmene til å samle stoffet og sende svar om dette. Det vart skrive ned ein gong på 1980-talet . Målfrid Nes har også tidlegare vore ein solid bidragsytar til Gaular sogelag sine hefte.

I

tillegg til det eg sjølv hugsar, har eg snakka med ein del eldre om tilhøva under krigen, og då helst om korleis dei ordna seg med mat og klede her på Viksdalen, og korleis krigen verka inn på dagleglivet: Viksdalen hadde i grunnen lita føling med tyskarane. Der budde ikkje tyskarar på Viksdalen før ca. mars 1945. Då sette dei opp ei lita brakke på Nes i Viksdalen i tillegg til at dei tok inn på ein av gardane på Nes. Likevel var der enkelte episodar på den korte stunda dei var her. Dei kom kring på gardane og ville kjøpe egg, mjølk og liknande. Folk torde ikkje seie nei til dei. Dessutan

var dei nokså spake av seg. Ei eldre nabokone fortalde at ein av dei viste bilete av familien sin. Han gret sårt, for han visste ikkje om han nokon gong fekk sjå dei att. Eg var skulegjente under krigen. Eg kan hugse lærarinna vår, Kristina Myrmel, storgret 9. april 1940, då vi møttest på skulen. Men då det kom ein lastebil med kvitt flagg og henta tyskarane våren 1945, smilte ho gjennom tårer. Vi borna var nok letta og. Likevel trur eg at vi borna som hadde nærmast gått og hatt «munnkorg» i fem år, alltid vore åtvara om å vere varsame, høyrt om alt det som krigen førde med seg, vi hadde vanskeleg for å sleppe gleda laus. Reddhugen sat i oss lenge etter – ja, kanskje endå. Krigen med sin varemangel skapte mykje ekstraarbeid. Arbeidet med å skaffe mat og klede fall mest på kvinnene og dei fekk bruk for alt dei måtte ha av oppfinnsamheit og lærdom. Ei flink husmor kom seg lettare gjennom vanskane enn ei som lite kunne. Gamle teknikkar vart tekne opp att og kom vel med, t.d. veving, plantefarging og framstilling av filttøfler ved SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

11


toving. Kringom på lofta hang der nok mange vevar av vadmål, einskjefte og ullteppe som hadde vore lite påakta. Etter kvart som det minka med varer i butikkane, vart det heimelaga teke i bruk. Kvinnene farga, sydde og brukte fantasien og laga mange varme, fine plagg. Kanskje våga unggjenta å brodere eit norsk flagg på jakkeslaget. Det var ikkje lov, men aldri har det norske flagget vore så fint for oss som under krigen.

«Folk hjelpte kvarandre så godt dei kunne, og då kom bytehandelen og inn, og då serleg mellom by og land.» Gamle plagg vart snudde eller omsydde til borna. Kveite­ mjølsekkar vart til putevar, kjolar, blusar o.l. Enkelte hadde strikkemaskin og desse vart flittig brukte. Serleg laut ein ha i tankane og ta seg av dei som hadde mange born. Babyutstyr var eit stort problem. Helselaget hadde litt ekstra til utdeling, litt klede, eit såpestykke. Ei av konene eg snakka med som no er 80 år, hadde 6 born fødde i åra 1936–1946. Ho var så heldig å ha ei svigerinne som hadde pensjonat. Utslitne laken fekk ho til bleier – og det var kjærkome. Folk hjelpte kvarandre så godt dei kunne, og då kom bytehandelen og inn, og då serleg mellom by og land. Kan hugse det var vanskeleg om snelletråd. Men det var

12

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

lettare å få tak i for byfolk. Det vart gjerne bytt i eit smørstykke. Etter kvart som åra gjekk, vart det mykje folk kring på gardane. Ungdomar vart gåande heime, dersom dei då ikkje vart kommanderte ut i arbeidsteneste. Slektningar i byane trekte heim på landet. Dei fekk gjerne leige ei gamal stove eller bu. Alt var betre enn å bu i byen med flyalarm og lite mat. Byborna var nervøse, – og då var nok Viksdalen ein freda plett for dei. I tillegg til slektningar vart ein del byborn sende heim på landet, til slike som var viljuge til å ta imot dei. Kan hugse der var ein del byborn som gjekk i lag med oss på skulen – trur det var siste krigsvinteren. Det var sikkert ikkje så kjekt for dei. Dei lengta ofte heim att, sjølv om dei følte seg tryggare på landet. Alt dette skapte mykje ekstraarbeid – serleg for husmora på garden. I tillegg til at ho skulle skaffe mat til sin eigen huslyd, skulle ho gjerne ha litt ekstra til slektningar i gamlestova. Men samhaldet var stort. Alle vart sette i arbeid for å overleve. Avlagde skikkar vart tekne i bruk att, som såpekoking og laging av potetmjøl. Det vart dyrka korn på kvar einaste gard. Dei molda åkrane inne i dalane der snøen låg lengst. Det hende hesten kunne legge hovudet på snøkanten når dei pløgde åkrane om våren. «Bakemjølet» som dei fekk kjøpe på kort, var svært dårleg og vanskeleg å lage noko av. Difor bakte dei mykje flatbrød, potet­ kaker, natronkaker og vaflar. Kan hugse at eg laut hjelpe til med å steike potetkaker kvar dag eg ikkje gjekk i skulen. Vi gjekk


i skulen annankvar dag. Vi var 7 stk i familien pluss mange sumargjester. Når nokon reiste, kom andre att. Ikkje rart at det var mange trøytte husmødre. Hugsar ei kone på ein gard fortalde at ho av og til la seg i høystålet i løa. Det var einaste staden der det kunne vere stilt. Det kunne nok skape konflikter med byborna. Borna på garden laut arbeide – medan byborna leika seg.

«Hugsar ei kone på ein gard fortalde at ho av og til la seg i høystålet i løa. Det var einaste staden der det kunne vere stilt.» Under krigen var der mykje bær, både skogsbær og hagebær, og dei vart tekne vel vare på. Vi borna plukka bær i store tunner. Alt gjekk unna. Kanskje ein fekk byte til seg ting som ein hadde bruk for. Kan hugse at mor fekk 6 kaffikoppar i byte med bær med ei som arbeidde hjå Koldrup i Bergen. Så var der lite sukker. Der var mykje sursylting og safting. Gul­ røter i tytebærsylta erstatta sukker t.d. Elles måtte dei nytta dei produkta dei hadde på garden. Mjølka var eit viktig matemne. Det vart søtost, surmelksost, matprim, suppe, graut, mylse og mykje meir. Men samtidig laut ein passe på å levere ein god slump på meieriet, for det var leveringstvang på allslags

varer. Så det var ein stadig balansegang. Men oppfinnsamheita var stor. Hugsar vi miste ei kyr i hagesykja. Far flådde ho og garva huda til skor. Kjøpeskorne var lite sterke, dei bestod av papir og fiskeskinn. Dei heimelaga skorne var nok sterke om dei ikkje alltid var så gode å gå i. Kaffi var nok eit stort sakn, og mange surrogat vart prøvde, som brent korn og erter. Til og med turka potetskrell av kokte poteter vart brukt. Hamstring var eit mykje brukt ord under krigen. Det utvikla seg på mange måtar. Mange reiste kring gardane av trong, andre kanskje hadde funne ein måte å tene pengar på og skaffe seg andre varer på. Serleg kring helgane kom der framande og spurde etter allslags matvarer. Dei fekk gjerne overnatte kring på gardane. Ei kone fortalde at der budde folk kvar einaste helg om sumaren. Den eine drog den andre med seg, så bekjentskapen vart stadig utvida. Sengetyet var heilt utslite då krigen slutta. Av og til kunne byfolket ha liten forståelse for bondens kår. Enkelte venta å bu gratis. Bad ein om litt godtgjering, hende det dei vart fornærma. Dei tenkte ikkje på at bonden og trengde pengar. «Naturen gir jo alt de treng,» sa ei byfrue til bondekona som avskjedshelsing i det ho steig på bussen etter avslutta ferie. Dei som skulle starte eigen heim under krigen, fekk ei ekstra tildeling på innbu: Dekkety til 4 personar, 2 panner, skål, mugge osb, altså det heilt naudsynte. SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

13


Brurakjolen vart gjerne lånt og overleten til konfirmasjonskjole i neste omgang. To av brødrene mine nytta same dressen og skorne som konfirmantar. Alle måtte ha pass. Ei kone som fekk blindtarmbetennelse, laut først innom lensmannen og få seg løyve til å reise til Høyanger for operasjon. Ho hadde ikkje sytt for å skaffe seg pass. Same kona vart kravd etter pass heime av ein tyskar som for og leitte etter ein russar. Då låst ho som ho ikkje forstod. Det var ikkje råd å snakke med eit slikt «toskehovud», sukka tyskaren og for sin veg. Rømlingar var der – serleg på avsidesliggjande gardar og stølar. Av og til var det snakk om at der skulle kome kontroll av matvarer. Så der låg nok ymse ting gøymt, t.d. inne bak vedalada, i urer og under hellarar. Ein gong hadde vi visst ein gris for mykje. Far og grannen stod opp klokka 4 om morgonen og slakta han og gøymde han vekk. Det måtte dei gjera fordi gamlekona på grannegarden tok til å verte senil, så dei visste ikkje kva ho kunne kome til å seia om ho vart spurd. Eg lyt også ta med ein munter episode som same kona var årsak til. Ho var slagferdig. Det var barnedåp på garden og under dåpsmiddagen var det ein som hadde høyrt at der var gått ut oppmoding at dei måtte be for Hitler og den tyske statsmakta. «Høh, da verte ei inderleg bøn», sa gamlemor turt. Det vart strikka mykje under krigen. Mange hadde det som

14

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

ei attåtinntekt. Kanskje sume strikka både dag og natt, meir enn dei hadde godt av. Ei kvinne strikka så ho kunne kjøpe tak på løa, vart det sagt. To sysken var sumarhjelp på ein gard der dei hadde mykje sauer. Mor deira kravde 1 kilo ull for dagen til kvar, som betaling. Eit kilo ull trur eg kosta 7 koner då. Så det var ikkje så urimeleg. Men det synte korleis sume kunne utnytte høva. Dei som arbeidde i Årdal, var gode avtakarar for varene og betalte godt.

«Ein gong hadde vi visst ein gris for mykje. Far og grannen stod opp klokka 4 om morgonen og slakta han og gøymde han vekk.» Bestemor mi døydde i 1943. Det var skikk å ta med seg eit mjølkespann i gravferda. Så det kunne verte ein del til overs når gravferdsdagen var slutt. Dette hadde ein slektning frå Bergen kome på. Ho hadde kafé i Bergen. Ho bad om å få overta det som var att av mjølka, fekk ei nabokone til å koke mylse og for til Bergen med eit 20-liter spann med mylse. Bygda låg fullstendig mørklagd. Alle hadde påbod om å blende for glasa. Vi fekk kjøpt svart papp som vart spikra for lister som vi hengde for glasa. Dette var visstnok for at motstandsrørsla ikkje skulle kunne orientere seg nattetider. Det var elles svært lite


lys vi kunne bruke, for det var streng rasjonering på lampeolje. Lensmannen hadde ansvar for blendingspåbod. Eg kan hugse han av og til sat hjå naboen vår til det mørkna og så køyrde gjennom dalen etter mørkets frambrot for å kontrollere. Lusa var ofte til stor plage. Sommargjestene som kom frå Bergen hadde ofte fått på seg lus på båten. Det var ei stor skam å få lus, så kvinnfolka på gardane vaska og streva for å få vekk lusa i all stillheit, medan dei på nabogarden hadde same problemet, utan at dei visste om kvarandre. Av matvarer vi fekk kjøpe, kan eg hugse der var bra med storsild. Den lagra vi til dels i snøen. Noko salta vi og røykte og brukte framover våren. Så var der noko fiskemjøl som vi oftast brukte på lag som plukkfisk. Det var og noko som vart kalla solsild som byfolka klaga dei var så lei av. Turrfisk var og mykje brukt. Kaffierstatninga hadde namnet Karona og Rika. Alt du skulle kjøpe, var på kort som hadde så og så mange merke som var datostempla. Det hende vi bytte merke. Der det var mange vaksne, vart det gjerne knapt med kaffimerke. Dei bytte gjerne med sukkermerke hjå ein familie med mange born. Tobakk og alkohol var og på kort. Det vart nok sjonglert med det og på ymse vis. Kvernene var forsegla under krigen for at styresmaktene skulle halde kontroll med forbruket. Men ikkje alle vart registrerte,

så der vart mele mykje korn i mørke haustneter på dei små gardskvernene. Eg kan hugse far rodde over vatnet og mol. Vi borna skulle helst ikkje veta om det. Men vi skjøna det på mor som gjekk ut og inn og venta på far som var reist med båten i haustmørkret. Når grauten med dei lange flisene kom på bordet, skjøna vi kvar far hadde vore. Der var og offentlege kverner som vart nytta til det dei hadde lov å mala. Dei hadde og skalemaskin. Det vart dyrka mykje bygg. Bygg-gryna og byggmjølet var langt betre enn kjøpemjølet. Dette eg har skrive ned, kan ha vorte litt springande av og til, men eg har tatt det med om det kan ha interesse.

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

15


Stemmerett for kvinner i 100 år

O

ver heile landet vert det i år markert at det er 100 år sidan eit samrøystes Storting i 1913 vedtok at kvinnene skulle få allmenn stemmerett. I det høvet har det vorte laga til ei flott vandreutstilling om «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane» som har vore vist ved musea i Sogn og Fjordane. Ei arbeidsgruppe frå fylkesarkiv, museum og andre står bak dette prosjektet. Gustine Hjelmeland har vorte trekt fram som Gaular sin representant i denne utstillinga. I det høvet finn Gaular sogelag det naturleg å informere litt om denne kvinna. Marta Aase Viken gjer det ved å fortelje om korleis ho minnast Gustine Gabrielsdotter Hjelmeland f. 1895 og d. 1984 på Hjelmeland i Gaular.

16

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

Gustine Hjelmeland på 85-årsdagen.


Marta Malmfrid Aase Viken f. 1946

Gustine Hjelmeland – ei erindring Marta Aase Viken f. 1946 er frå gardsnr. 113, bruk 1, på Ytre Hjelmeland i Gaular der ho saman med ektemannen Ottar Viken er eigar og busett. Ho er no pensjonist, men har tidlegare hatt sitt yrkesaktive liv som lærar i Gaular.

V

i kalte henne Gustina. Ho har vore eit samlingspunkt i grendene Hjelmeland, Aase og Bringeland. Dette på grunn av Heimly bedehus som ho let byggje. Men også sidan ho var lærar i grendaskulen her. Gustina skapte eit miljø kring bedehuset, der dei fleste deltok, i alle fall på barnefesten og ungdomsfesten med jul. Likeeins 17.mai festen og basarane. Mange gjekk også på møta med tilreisande talarar frå Misjonssambandet, Det Norske Misjonsselskap, Israelsmisjonen og også andre misjonsgreiner. Alle dei ulike misjonane var like velkomne. Det viktigaste var den kristne bodskapen. Men ho var også oppteken av å støtte desse ulike misjonsgreinene med pengegåver. Gustina levde og anda i den kristne trua. Med bibellesing,

bøn og vitnemål. Eg kan hugse at eg høyrde Gustina bad høgt i klasserommet då vi kom på skulen, om dette var ein gong eller fleire gonger kan eg ikkje hugse. Ser føre meg at ho låg på kne. Hugsar også at ho kom på besøk heime for å opplyse om arrangement eller andre oppgåver.

«Ho var også oppteken av å støtte desse ulike misjonsgreinene med pengegåver.» Gustina var flink å gje oppgåver til oss borna. Sidan eg spelte orgel, så fekk eg lære å spele akkordar til barnemusikklaget. Etter kvart fekk eg også spele til juletregangen, og til fellessongen på møte. Eit musikkstykke til å begynne med på ei tilstelling vart eg også bedt om. Etter at eg vart vaksen fekk eg oppgåve i sundagsskulen og med leiing av barnefesten. Eg ser føre meg då eg sat i stova hennar for å få detaljane i barnefesten nedskrivne. SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

17


Slik at: – Velkomsttala som alltid hadde vore med, skriven av Gustina og opplesen av eit av dei eldste barna, framleis kunne vere med. Men no forfatta av underskrivne. – Barneposten til dei som ikkje var begynt på skulen kunne ha sin faste plass. Dette var kort som dei eldre borna laga. – Juletregong føre programmet… – Talekor, barnemusikklaget, opplesingar, tale. Desse innslaga heldt også fram etter mi tid, så Gustina skapte tradisjonar. Gustina hadde ei veldig fin og særmerkt handskrift. Ho spelte orgel. Det var viktig med denne samlingsstaden som ho skapte i grenda. Mange har gode minne å ta med seg. For min del kan det nok hende eg fekk litt for mange oppgåver, særleg i vaksen alder. Det blei eit travelt liv, men eg burde sjølv kunne sett mi begrensing. Vi voks opp i ei heilt anna tid enn no. Mange rammer rundt livet gjorde oss trygge, men kanskje også litt ufrie. I alle fall var Gustina eit menneske som ville oss vel, og ho gjorde ei stor og god gjerning i det ho såg som eit kall. Gustina hadde ei veldig fin og særmerkt handskrift.

18

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013


Inger Helene Nistad, f. 1923

Minne frå Nistad pensjonat i Bygstad Inger Helene Nistad, f. Thomassen, er fødd i 1927 i Fjaler. Ho har fortalt om minne frå Nistad pensjonat i samtale med Rannveig Ryssdal Moldestad. Det tidlegare pensjonatet og eigedomen til ligg på Sveen, gardsnr. 119, bruk 2, i Bygstad i Gaular.

I

nger Nistad fortel om livet på Nistad pensjonat slik: Eg vaks opp i Dale i Sunnfjord og kom hit til Nistad i 1951. Mannen min, Oddmund, var fødd i 1925. Svigermor mi, Marta Nistad, fortalde meg då eg kom hit til Nistad at svigerfar, Andreas Nistad, hadde vore dreng oppe hos Anders Lunde på Sveene. Då fekk han i oppdrag å ta imot fjordabåten når denne kom til Bygstad. På den tid var det nærmast eit skur som stod her pensjonatet vart sett opp seinare. Så fekk Andreas overta tomten frå Anders Lunde, reiv ned skuret og bygde eit skikkeleg hus. Det var vel kanskje fordi han var dreng der at han fekk overta tomten. Dortea, søster til Andreas, arbeidde også som budeie på Sveene hos Anders, og han forsto vel at dei var arbeidssame folk. Oddmund var fødd i dette huset, søster hans Sofie, var fødd

i 1920 på Yndestad der mora kom frå, då var huset altså ikkje oppkome. Dampskipsbåten og ferja kom inn til Bygstad om kvelden. Fjordabåten som kom frå Bergen, var mellom anna innom Straumsnes, Dale, Sunde, Strand, Bjørvikstranda, kom så til kaien i Bygstad og gjekk derifrå til Eidevik og Kviteneset. 18 timar tok det frå Bergen til Bygstad og så gjekk det ikkje buss til Førde før neste morgon. Då tvinga det seg fram at vi tok mot overnatting. Så vart det sett opp plakat med ordet «Herbyrge» på veggen, ei blekkplate, kvit, med svarte bokstavar. Huset vart bygd på slik at det var plass til 5 gjesterom i 2. etasje. Bygdefolk byrja å kome hit til «herbyrget», og då vart skiltet teke ned og eit anna vart sett opp med orda «Nistad kafé». Det var fire eller fem kafebord på kafeen. Huset har seinare vorte påbygd. Bygdefolk likte å møtast her. Då eg opna Nistad pensjonat, dreiv dei med bygging av meieriet her i Bygstad. Det var ferdig i 1952. Arbeidsfolka som arbeidde der, hadde full kost her, og dei reisande overnatta. Eg hadde jente som arbeidde her. Om SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

19


I stort tilbygg til venstre var gjesteromma. Svigerforeldra til Inger budde lengst til høgre i 1. etasje. Inger og familien budde i 2. etasje. Når det var bryllaup her, var brudeværelset i det store tilbygget, i rommet til høgre i 2. etasje.

20

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013


sommaren hadde eg to jenter i arbeid. Eg byrja å koke sjølv og så tok eg mot bestilling til drosjekøyringa samstundes. I 1955 td hadde eg både baby, ein 2-åring og kafédrift her, det var ganske travelt og seinare fekk eg også ein baby i 1958. Då meieriet var i full gang, arbeidde det læregutar der som skulle ta vidare utdanning innanfor meierifag. Dei var på meieriet 1–2 år, og då budde dei på pensjonatet her. I ettertid har dei sagt dei treivst godt her. Ein av dei var frå Island, han snakka delvis islandsk, kan eg hugse. Anders Lunde og Ola Lunde hadde første drosja som kom til Bygstad. Lundefamilien åtte drosja. Svigerfar min var den første som køyrde drosja i Bygstad, men dei andre åtte den. Når folk såg bilen, sa dei: «No kjem fræsaren.» Dei handelsreisande kom og pakka ut varer i peisestova i kjellaren. Då kom forretningsfolk her frå Gaular og kjøpte varer med dei, t.d. Birkeland frå Sygna, O.A. Lunde/Birkeland, Martin Øvrebø og Per Kårstad frå Bygstad og Malvin Øvrebø frå Hjelmeland. Eg kan hugse at Berstad-forretninga i Bergen var her og selde kjøkkenutstyr. I pensjonatet hadde vi etter ei tid 8 rom, 4 dobbeltværelse og 4 enkeltværelse pluss eit lite kott med ei seng og så hadde vi eit loft til 7 personar. På loftet var det ofte ungdomar som budde. Så var det dusj i kjellaren. Når det var bryllaup her, og det var det jo ein del av, så vart

Til venstre sit svigermor til Inger, Marta Nistad, og framanfor på fanget hennar sit sonen Magnus. Ved sida sit søster til Magnus, Sofia, gift i Fana. Bror deira, Oddmund, sit ved sida av faren, Andreas, som er sjåfør. Biletet er teke nede i vegen nedanfor pensjonatet. Bilen, open bil med kalesje, er ein Buick 1926 og var kjøpt heilt ny i Oslo. Anders Lunde åtte bilen og Andreas Nistad køyrde den. På sommarstid i fint ver køyrde ein med open bil slik som på biletet, på vinterstid var kalesjen på. Magnus Nistad har bilen i si eige og har pussa den fint opp.

det sjølvsagt servert middag og så var det dans i peisestova. Brudeværelset var i 2. etasje i tilbygget, rommet til høgre der. Gjestene var opp og fekk seg ein bruradram på dette værelset, og så var bryllaupsgåvene utstilte der. Gravferder hadde vi og her. Då laga vi til langbord på kafeen SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

21


og serverte der til dei som var med etter gravferda. Då bedehuset i Bygstad vart oppsett, var Oddmund og eg opp i bedehuset og stelte til og ordna med maten der. Det var godt å få gjere det på den måten, då slapp vi å forandre så mykje med borda på kafeen. Og så vart det halde kurs i kjellaren, m.a. heldt Torborg Thomassen frå Dale rosemalingskurs i kjellaren. Då måla eg eit fat med rosemåling, dette har eg tatt vare på.

«At det var mange gjester på besøk, vitnar gjesteboka om. Det er ikkje vanskeleg å sjå at gjestene har trivest her.» At det var mange gjester på besøk, vitnar gjesteboka om. Det er ikkje vanskeleg å sjå at gjestene har trivest her. Frå USA, Nederland, Tyskland og andre land har dei kome her, og så var det alle dei norske i tilegg. Her kan ein også lese at i 1966, 04.06, var Brekke ungdomslag på besøk i Bygstad med skodespelet «Taterjenta». Dei har funne seg vel til rette på Nistad pensjonat. Pensjonatet var fast base for skodespelarane, teknikar og andre frå Riksteateret når dei hadde framsyning i samfunnshuset i Bygstad. Inger kan godt minnast følgjande episode som ho fortel om slik: Ein gong var skodespelaren Ingolf Rogde her.

22

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

Inger Nistad i arbeid.

Han var jo ein breivaksen kar. Han spela Jeppe på Bjerget. Då riksteaterfølgjet kom sa eg: «Eg har ikkje så god plass». «La meg få se», sa han. Så var han med rundt og fekk sjå alle romma og vi kom til slutt til det vesle kottet med ei seng, nattbord og eit takvindauge. «Det tar jeg.» sa han. Eg tykte det var imponerande at denne breivaksne, kjende skodespelaren ville ta til takke med eit slikt lite rom. Av gjesteboka går det fram at Riksteateret har vore i Bygstad


med «Vi snakket om roser», «Vigdis», «Sønnafor verden», «Født i går» «Varmebølge» og fleire. Riksteaterfolka i «Den siste prosessen» i 1965 har skrive følgjande: «Fra Nordkapp til Lista, Fra Stockholm til Nistad, Her stopper vi opp – Her er stellet på topp!!! Takk». Underskrive av mellom anna Kolbjørn Brende, Ole Jørgen Nilsen og Ingolf Rogde. Og takkehelsinga i gjesteboka frå Riksteateret si «Karusell»framsyning i 1966 er også vel verd å ta vare på: «Her sitter vi i stuen en stille, stille kveld, Det er så veldig koselig vi føler oss så vel. Vi tenker på de dager som gikk Og på de gode minnene vi fikk. Det er en liten plass ved en speilblank fjord Vi minnes våre venner som på det stedet bor I morgen kjører vi av sted på nye «eventyr». Håper dere husker oss selv om tiden flyr. Vi reiser rundt med nasjonalkultur, mil etter mil Bringer dere latter, godt humør og smil Og livets karusell, den snurrer rundt og rundt. Husk at det er godt og sundt. Med hilsen fra oss alle sammen og på alles vegne takker for det gode rom og hjerterom.

Etter ei stund slutta eg med kafe, fortel Inger, det svarte seg ikkje lenger, men vi heldt på med pensjonat og folk hadde møte her, t.d. Gaular forsøksring. Jon Hegdal og hestekarane hadde samling her og.

«Eg tykte det var imponerande at denne breivaksne, kjende skodespelaren ville ta til takke med eit slikt lite rom.» Når mannen min var ute og køyrde og pensjonatet ikkje kravde så mykje lenger, sat eg heime og vov. Då var ungane store og eg vov åkle som ungane fekk, treskjefta vev. Så vart mannen min sjuk og vi la ned pensjonatet. Det vart mindre folk som kom hit, folk hadde bilar og køyrde til hotella i Førde og budde der. Mannen min køyrde til han var 70 år, og då overtok sonen vår Bjørn, som no også er eigar av huset.

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

23


Magnvard Råheim, f. 1938

Naturgjødsla – ein viktig resurs Magnvard Råheim, fødd 1938, er frå gard 39, bruk 6, på Råheim i Viksdalen i Gaular, der han saman med kona Kari er eigar og busett. Han er pensjonist frå læraryrket, men aktiv som klokkar i Gaular.

O

mtanken med å føre ekstra næring til jordsmonnet for å auke avlingane, er gamal. Det starta alt då levemåten endra seg frå jakt/fiske til kombinasjon med husdyr, dyrking av korn og fast busetnad (bonde av gln. buandi ). Den fyrste rådgjerda som vart teken i bruk, var avsviing. Dei hogg ned skogen på stadig nye område, skogsavfall og vegetasjon elles vart brend og oska gav for ei tid næringsemne til det viktige matkornet. Men med husdyrhald oppdaga dei nok snart at avføringa frå desse var det viktig å ta vare på og late gå attende til plantekrinslaupet for å få større avlingar, ikkje berre av korn (det var det viktigaste), men etter kvart òg anna plantefor som ein trong for å halde liv i dyra gjennom vinterhalvåret. Kva tid dei tok i bruk ordet gjødning (gjødsel), veit eg ikkje, men i dag kjenner me omgrepet både

24

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

natur – og kunstgjødsel. Så var det meininga at dette skulle fortelje om ein litt spesiell drifts- eller rettare: arbeidsmåte ved bruken av husdyrgjødsel. Men litt historie fyrst. På garden Råheim var det utskifting av innmarka i 1860-åra. Ein av brukarane, Bernt Gjertson på Fremde-Råym, bygde i etterkant (1870–1872) noko som på den tida måtte vere svært framtidsretta med omsyn til å ta vare på gjødsla. (Denne driftsbygningen er omtala på s. 487 i «Bygdebok for Gaular» band IV under ei skisse laga av Leif Lundgren). Til då, og så lenge seinare at eg hugsar døme på det, vart avføringa frå husdyra skyfla utom fjøsveggen der nedbøren gav ekstra hjelp til avsig av viktige nærings- og sporstoff. Bernt murte fyrst gjødselkjellar (som eg hugsar i bruk) med svære heller i botnen og murar tetta med kalkmørtel, for at ikkje landet skulle renne vekk. Til hjelp for dette føremålet hadde dei tre bruka på Fremde -Råym etter gamalt rett til å hente torv (som dei la opp til tørk) frå myrane i Instemarka som var utmark til dei tre bruka på Indre Råheim. Noko av det same er det eg hugsar at me henta


sekker med mose frå den svære steinurda under Hetlenova og raka nedfalle og mest mogeleg turt lauv frå skog som stod inntil slåttemarka. Både smågriser og kalvar gjekk på talle, då måtte dei ha rikeleg med underbreisle skulle dei liggja turt og godt, samstundes som dette gav ekstra gjødning til bøen. Men attende til den gamle driftsbygningen. Sjølve fjøsrommet vart bygd over gjødselkjellaren, også dette i naturstein. Berg­ grunnen på Råheim er av eit slikt grjot at det oftast har flate og beine sider, godt tenleg til murarbeid (steingardar og brukjer m.m.). Ein del av dette står framleis. Det gjer òg heile den gamle grindløa over fjøsen. Stavar og betar er av grovlagd alved. På Råheim voks det etter gamalt nesten ikkje barskog så dette er mykje truleg frå skoggarden Tjønneland då far til Bernt, Gjert Olason kom frå denne garden og morsyster til Bernt på Råheim, Anne, var gift med bror til Gjert og vart gardkone på Tjønneland. (Slik gjorde dei det i gamle dagar for å gjere slektsgranskinga meir einfelt). Sjå elles s. 272 i same band av Bygdeboka. Der vil du finne «oppskrifta» på eit nøkternt, men tydelegvis vellukka friarmål. Tidlegare er det nemnt at Leif Lundgren teikna til Bygdeboka. No har han laga ein illustrasjon som gjer det eg skal fortelje om, litt meir einfelt å sjå føre seg. Denne arbeidsmåten var i bruk her på garden til for mindre enn tretti år sidan, så det er slett ikkje så gamal historie, men kanskje litt uvanleg på dei fleste bruk. Fjellgrunnen over Råheim har emne i seg som gjev

Jarl Borgar Råheim køyrer møk med slede og merra si først på 1990-talet. Kanskje det var siste gongen med ein slik arbeidsmåte.

etter måten svært næringsrikt jordsmonn. Og det var nok og er aller best der skredjord frå dei mange skredlaupa nådde til møtes med flatene ned mot elva og vatnet. Men bakkane er bratte, og då farfar tok i ferde med å dyrka den steinfulle jorda i enden av skredene, så vart det trong for tilførsle av gjødning. Det var for bratt til at merra kunne dra lass dit opp, og sjølv om det er fortalt at dei tidlegare hadde bore gjødselbører i kiper på ryggen til småbøter mellom steinrøysene ovanfor det aller brattaste, så vart det for strevsamt å få nok til dei større nydyrka teigane på den måten. SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

25


Møka skal spreiast. Teikna av Leif Lundgren.

26

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013


Men nydyrkinga førde med seg fleire endringar. Den krevde mykje både av tid og krefter så dei gamle slætta vart etter kvart uhausta. Likevel auka avlingane og buskapen kunne verte større. Det gjorde at farfar måtte utvide fjøsen og løa. Dei vart forlenga attåt den delen der sauene heldt til. Her vart også plass til stallen med ein ekstra gjødselkjellar. Tvillingbror til farfar, Andreas; var dugande murmeistar så murane står like stødige og velforma enno, snart 90 år seinare. Kjellaren under det som tidlegare gav plass til sauene, har heile tida vore nytta til potetkjellar. Sauene gjekk på talle, så den gjødsla vart nok teken ut om vinteren samstundes som dei køyrde og la henne i dungar på bøen. Etter den nye kjellaren var på plass, samla han opp hestegjødsla gjennom heile året. Men fram på ettervinteren, slik at det vart eit bra lag talle før lammetida nærma seg, var det nesten som ei lita onne. Då skulle tallen takast fram, hakkast sund og skyflast ned i gjødselkjellaren. Dette måtte gjerast medan det var sledeføre. Denne gjødsla var både greiast, lettast i vekt og ho gav best hevd. Av di det ville «gå varme» i sauetallen etter han var oppriven, var det viktig å få han ut så snøgt råd var, for varmgangen ville krevje energi og minke innnhaldet av næringsstoff. For vidare å hindre dette, vart det alltid blanda snø inn i dungane når me la dei opp ute. Og då var det det forvitnelege tok til – i alle høve for ein liten kar. Me hadde to møkasledar (sjå skissa). Fyrst vart den eine køyrd tom opp under bakkane. Eit taljehjul var festa til ei stor

bjørk over «tamarka» med snor (tjukk streng) der båe endane nådde ned til sleden. Når så køyrekaren kom med den fulle sleden, vart eine enden av snora festa i denne, merra spent for den tome sleden der andre enden av snora var festa. No kunne merra leggje tyngda i selen og med berre køyrekaren til «lass», gjekk det i god fart ned den slakare bakken mot riksvegen. Komen ned der, var det avpassa slik at då var sleden med møk oppe på «kulen» og kunne tømast. Der stod sjølvsagt ein som ordna med dette og så sende den tome sleden nedatt. Han måtte gjerne halde att litt slik at sleden stogga der han skulle, klar til ny vending. Det måtte liggje 1 –14 lass i kvar dunge, og så flytte ein snorfestet nokre gonger for å få høveleg avstand mellom dungane. Det neste som var retteleg moro å vere med på, var i fine vårdagar å stå på toppen av bakken og spreie (kaste) møka nedover. Heilt ned nådde ein likevel ikkje, så me hadde ein dubbel storsildkasse med ein togende i. Bakkane er så bratte at nedover gjekk det av seg sjølv, men toget var godt å ha for å dra kassen oppatt. Så tok ein ei vanleg rive og raka nedover slik at det vart jamt og fint. Solvend som dalsida på Råheim ligg med gronem jord etter år med tilførd gjødselnæring og oftast god råme frå snøsmeltinga i liene ovanfor (om det ikkje regna då), var desse bakkane noko av det fyrste der irrgrøne spirer tirde fram, «Røynslekunnskap» og tame frå eldre tid er vel verd å ha i minnet og ikkje late gå i gløymeboka. Takk som las. SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

27


Otto Huseklepp f. 1892

Minne frå kyrkjesundagen Otto Huseklepp var fødd i 1892 på Guddal. Han vaks opp i Gaular der far hans, Peder Huseklepp, var lærar frå 1887 i Lunde og Bringeland skule i vel 40 år. Otto Huseklepp budde den første tida i Gaular på Lunde, men familien kjøpte etter ei tid bruk 12, plassen Myrmelslia, skilt ut i 1899 frå bruk 6, gardsnr. 76 Myrmel, og Otto vaks opp der. Huseklepp tok lærarutdanning og var lærar på ulike stader i landet før han kom til Sunnfjord Ungdomsskule på Solvang i Førde der han hadde sitt arbeid i 22 år, først som lærar, seinare som styrar. På sine «gamle dagar» skreiv han ned minne frå ungdomsåra. Her tek han oss med til kyrkjesundagen ved kyrkja på Sande. Takk til Arnfinn Noss som har lånt oss hefte med minnestoff!

E

ndå tykkjer eg at eg ser for meg kyrkjesundagen i heimbygda. Klokka går til ni sundags morgonen. Det meste av husstellet er frå seg gjort, og det blenkjer i kvite skjorteermar. Dørene går fort opp og att, og snare steg høyrest frå loftstrappa. Vesle Jon såg ut vindauga og melde snart at no for dei køyrande opp frå tunet i MatiasKvamen, og to menneske kom over Hans-myrane til Myrmels. Han såg to andre, det var visst han Mikal Haugo og han Matias i Øyrene som kom inn til «biveien». Ja, no kom han Henrik i Bakkja og kona nett ned or tuna. Jau, det var kyrkjetid. Klokka hadde slege sine frukostslag, og snart kom det folk frå alle tun. Gåande folk tok fyrst i veg, dei køyrande greidde det om dei vente lite grann, endå dei vann

28

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013


ikkje så mykje som ein skulle tru, for dei hadde litt lenger veg, og dei måtte setje hestane skikkeleg frå seg når dei kom fram, og noko laut sopa av kleda og, endå om hestehåra er kyrkjeberre i alle bygder. «Halt i go(d) fre(d)!» helsa dei som nådde att gåande folk. Og svaret lydde straks:»Kome so te!» Dei var mange i lag då dei svinga opp gamlevegen mot Jenshillaren. Nokre hestar frå Lunde og Skilbreid hadde alt køyrt framom, og fleire kom. Ei vogn knaka i hjula so det høyrdest tydeleg frå Olahaugen og like fram til Grovaplasset. Frå Tunevaldsreset kunne ein sjå at det var fleire flokkar på kyrkjeveg. Dei eldre gjekk tre-fire i lag og prata lett og fritt saman. Dei høyrde av og til surr av mange røyster frå ein ungdomsflokk eit lite stykke etter dei. So bar det bratte Moldfallet ned. Då dei fyrste gamlekarane kom til Sandagjæret, såg dei den trauste ryggen hans Søren, han var ikkje av dei som forsov seg. Elles var no han Johan reist for lenge sidan, for han var ringjar. Og kyrkjeklokka tok i med det same dei var komne inn om Sandagrinda. Dei letta på hatten. Skal tru han alt ringde for presten? Nei, det var for tidleg. Her hadde dei no den eine medhjelparen, Huseklepp´n like etter seg, so dei hadde noko teke tida i vare. Dei kunne sjå folk frå Sygardane koma flokkevis oppetter Steiebøen. Det var ein som skulle ha funne han Johan i Høgelienne, og ein frå Myrmel ville gjerne treffe

han Gabriel Sygnene. Dei var no bra visse med kyrkja båe, mest som Dysjelanden og han Mads Sanda. Dei hadde visse plassen tett framme med preikestolen, sandakarane. Ja, han Kristian og han Per Sanda, Johannesen og han Bendik Lienne og fleire hadde fast plass på lemmen, eller galleriet er det visst dei kallar det. Og bassrøystene gav djupn i klangen når kyrkjesvara tona fast og festleg frå flokken der oppe. Der sat Sivertsen og lensmann Meidel støtt og.

«Etter kvart vart det folksamt på kyrkjebakken, og Sandatuna fylltest av hestar og vogner.» Etter kvart vart det folksamt på kyrkjebakken, og Sandatuna fylltest av hestar og vogner. Dei grein ikkje for det sandakarane, men tok smilande imot og handhelsa på dei eldste av køyrekarane. Der kom presten over Steiebrua! Då han nærma seg, gav folket plass, og medan klokkene ringde, skreid han roleg fram etter ei smal gate gjennom tette folkeflokken, helsande til båe sider. So snart han vel var komen innom kyrkjeporten, fylgde folket etter. Det vart nok trangt i kyrkja, best å koma seg inn. Jau, det slo ikkje feil. Mange hadde alt teke plass, og det fylltest fort både på karmannsida og kvinnfolksida. Og han Ola Haukene gjekk og stelte oppe ved altaret. Han var den eine av medhjelparane. SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

29


Eit kvarter seinare samringde han Johan. Då sat folk trongt, og mange stod. Under tenesta skiftest dei om sitjeplassane so stilt og fint at det lite merktest i lyden. Presten såg med ljos ut over samlinga. Det var lett å tala. Ho Inger og ho Sina brukte augo og visste på ein prikk kven som var med kyrkja. Frå den eine stova sakna dei kona, og frå den andre såg dei ingen av døtrene, kva som stod på der. Men frå Selstad var visst alt som kunne sleppa frå, og ja menn var det mange frå Årbergsdalen og denne gongen. Dei hadde sett det alt, det var no derfor dei hadde augo, og då dei kom heim, kunne dei og fortelje at ei gjente frå sjette benkja frammaifrå var fæl til å gapa ikring seg. Dei vona presten måtte sjå det og. «Da skulde skjemmast sitje so! Da va no i kirkjinne.» --- Men ho Inger og ho Sina visste kva presten sa og. Og ho Kristi var ei som høyrde etter. Ho ville ikkje vera dum når dei spurde etter eit kvart. Stundom kunne ein undra seg at presten ville seie det nett soleis, men støtt måtte ein sanna at han tala godt. Sumt var til å taka oppatt, men sumt var til å gøyma djupt i hugen. Den dagen kunne koma at ein hadde bruk for presten sine ord. So snart Ola Sande hadde lese klårt og klangfullt kunn­ gjeringane frå kyrkjebakken, tok folket på heimveg. Der gjekk Henrik Indre-Lunde raskt og lett utetter vegen, og mange fylgde etter. Handeraske karar sela hestane og køyrde fram, og den store lyden spreiddest til alle kantar.

30

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

Mangt vart oppatteke frå preika både på heimvegen og ved middagsbordet. Og ein dag han Jens prøvde å erta henne Inger fordi ho sat og strikka vottar til heidningane som levde nede ved ekvator, laut ho fyrst le, men so sa ho alvorsamt: «Du horde vel ka presten sa i kirkjinne? Da va endå hi preika, ikkje no sist.« So tok ho oppatt støtt og fast det presten hadde sagt, og Jens`n laut teia. Var dei fattigare i den tida enn vi er i dag? Vi har bilar, blad, radio og sport. Men sundag har vi mindre av. Og helg og andakt og kyrkjegang er framant for mange. Det er ei god tid for muskelmenn, motorfolk og tipparar, grunne og utettervende menneske, men ei fattig tid for djupare naturar og åndsmenneske. Då nobelpris-vinnaren Albert Schweitser var i Oslo no sa han det greitt: Til lenger vi har vunne i mekaniseringa, til fattigare har vi vorte i vår ånd. Kyrkja lyfter krossen og peikar opp. Og ordet varar og vernar frå livsens ville vegar, leider dei leitande, trøyster dei syrgjande og styrkjer trøytte hjarte med ei rett trøyst. Av berre det brød som gror på jord Kan menneskja ikkje leva. Det levande brød er Herrens ord Som livet i Gud kan gjeva. Som manna det fell i hungrig hug. So hjarte av lyst kan biva.


Helene Kårstad, f. Bjørvik i 1927

Stølsjente som niåring Helene Kårstad fortel frå Bjørvikstølen Helene Kårstad er frå bruk 9, Runnane, gardsnummer 87 Bjørvik, på Bjørvikstranda i Gaular. Ho gifte seg med Andreas Kårstad i 1953, og har sidan den tid vore busett og i arbeid på Kårstad og andre stader i Bygstad. Helene Kårstad har fortalt om liv og arbeid på Bjørvikstølen i samtale med Rannveig Ryssdal Moldestad våren 2013.

E

g starta å gå til støls på Bjørvikstølen då eg var 9 år. Søster mi, Janikke, gjekk på stølen saman med meg. Ho var 12 år gamal. Eg gjekk til støls nokre år, men det året eg gjekk for presten, var eg i arbeid hos Marta og Kristian Bjørvik, og andre år var eg andre stader i arbeid. Janikke gjekk då til støls. Dei siste åra før eg gifte meg, var eg heime og då gjekk eg til støls kvar sommar, 3–4 somrar. Det var ved jonsok vi flytte på stølen. Viss det var fint ver, var vi på stølen ei helg i september. Viss det var styggever, drog vi ned igjen i august. Om våren var det vasking og skuring før vi flytte inn.

Dagsrytmen Det vart rekna å vere ein times gange heimanfrå og opp på stølen, men eg gjekk ofte på tre kvarter, for eg gjekk ein snarveg. Vi gjekk heimanfrå i halv sekstida om kvelden og var på stølen ca halv sju. Mellom ti og elleve kom vi oss i seng. Neste morgon sto vi opp halv fem til å byrja med. Når hausten nærma seg, vart det litt seinare. Dei første åra eg gjekk på stølen, var der ei stølsjente, Lise Bjørvik, som var litt eldre enn oss. Ho vekte oss. Vi hadde 5 kyr som vi mjølka. Vi mjølka for hand. Der var sju sel på stølen, og vi var berre stølsjenter der. Etter morgonstellet på stølen, starta vi på heimveg og var heime klokka åtte, vi gjekk frå stølen kvart over sju eller noko sånt. Vi bar skummamjølk heim i hølkje, og så var det søtmjølk (heilmjølk) i spann i ei hand. Heime kvilte vi oss litt når vi kom frå stølen, og så var det jobbing med hesjing og anna arbeid. På stølen var det vasking av kjerald kvar dag.Vi fyrte opp om morgonen, fekk varmt vatn då og laga oss kaffi. Vi separerte både kveld og morgon og vaska separatoren etter kvar separering. SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

31


Bjørvikstølen. Teikna av Leif Lundgren.

32

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013


Mjølkeprodukt Separatoren tok vi med «oppdelt» frå garden om våren, og sette den i hop på nytt oppe på stølen. Vi separerte mjølka på stølen og fekk då skummamjølk og fløyte. Fløyta kom karane frå gardane og henta ein gong i veka, dei bar fløyta i ein holk. Så vart det kinna smør heime, dette vart levert til Smørlaget hos Jens Sagevik. Der vart det salta og pakka i papir i store kartongar. Eg var den som salta og pakka det. Smøret vart sendt med båten til byen frå Skjeret på Bjørvikstranda. Dette var jo før meieriet si tid. Vi hadde båt og rodde smøret frå Sagevik og inn til kaia på Skjeret. Det var ikkje bilveg då. Dette skjedde ein gong for veka. Alle dei som leverte smør til til Sagevik, tok seg av denne roinga på omgang. Smør vart levert frå mange ulike gardar rundt om. På stølen sette vi sjølvsagt også rømmeask eller rømmekolle av søtmjølka. Mjølka vart slegen opp i askar av tre. Mjølka surna og vart ganske tjukk og rømmen vart liggande oppå. I helgane kom folk frå bygda opp på stølen og åt rømmeask. Då gjekk dei frå sel til sel og smakte på rømmeasken. Når det var stemne, laga vi mylse, som var festmat av innkokt søtmjølk. På stølen laga vi gamalost. Vi kokte opp skummamjølk. Når den brast, så silte vi den i runde former med mange små hol i, då rann væska av. Osten sto nokre dagar i formene, så tok vi den ut av formene og let den stå. Vi sette osten på ei fjøl som vi hadde lagt eine på, og på denne fjøla med eine sto den så lenge

Osteformer. Bilete utlånt av Sunnfjord Museum.

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

33


Stemne på stølen – pynta med bjørk. Helene lengst til venstre.

Helene gir kyrne bein. Det var kyrne galne etter. Magnhild Aase, gift Njøsen, strikkar.

vi var på stølen. Ostane vart på ein måte lodne etter ei tid, då strauk vi rundt osten og gneka dette lodne inn i den igjen. Vi såg etter ostane annankvar dag eller so for å følgje med. Så sto ostane til dei var modne, då var dei blå og brune, dette tok eit par månader. Dei siste ostane modnast heime. Vi måtte passe på heile tida. Vi åt osten heime og hadde gamalost heile vinteren. Det vart ikkje laga gamalost om vinteren. Vi laga også surprim. Mysa (det som var silt frå) av gamalosten

kokte vi heilt inn, då vart det surprim. Når det var ferdig, bar vi det heim. Det var godt som pålegg.

34

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

Dyra Det var storfe og ungfe på stølen. Vi hadde ikkje fjøs og mjølka kyrne ute. Til å begynne med var kyrne flinke å kome tilbake til stølen til mjølking, men ut på sommaren måtte vi hente dei. Då beitte dei lenger vekke og dei var galne etter sopp og farta etter


den. Kyrne hadde liksom kvar sine plassar dei heldt seg på. Hjort fanst ikkje i fjellet på dei tider, det eg kan hugse. Folk gjekk på reinsdyrjakt lenger vekke. Hestane gjekk i marka i helgane. Dei vart sleppte laurdagane og så henta ein dei ned igjen til gards til arbeid til måndag. Når arbeidet med hest om sommaren var ferdig, var hestane oppe i marka heile tida. Orm var der og. Eg såg ein då eg plukka molte. Då gjekk eg, og moltene fekk vere i fred. Bær Vi plukka mykje blåbær og tyttebær dei dagane var vi på stølen. I marka var der utruleg mykje blåbær, vi hadde nok til familien om vinteren. Molte plukka vi litt og.

godt der på stølen. Siste helga eg var på stølen før eg gifte meg, skulle kavalerane våre kome på besøk. Vi var då berre 3 jenter igjen på stølen. Det var fint ver og måneskin og vi venta på Hågjen. Kavalerane dukka ikkje opp. Såleis gjekk det. Det enda no likevel bra til slutt.

«Kavalerane dukka ikkje opp. Såleis gjekk det. Det enda no likevel bra til slutt.»

Trivsel Det var utruleg kjekt å vere på stølen. Ein må mest ha opplevd det for å skjøne kor kjekt det var. Det var eit godt samhold mellom oss som jobba. Når det var fint ver, sat alle vi stølsjentene ute på Hågjen bortanfor sela og åt, både kveld og morgon. I helgane kom det mykje folk, der var grammofon og dansarflake. Eg var så lita at eg såg på for det meste. Var det ruskever, dansa vi inne i det største selet. Det var stemne på stølen og. Då var det tale, song og mykje folk. Vi laga mylse til mat og eg kan hugse at stemneplassen var pynta med bjørketre. Ja, eg likte meg veldig SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

35


Gunnar Søgnen, f. 1938

Sygnagrenda Ein novemberkveld i 2012, 06.11, hadde sogelaget samling i grendahuset, den tidlegare gamleskulen, på Sygna i Gaular. Gunnar Søgnen fortalde om grenda Sygna. Gunnar Søgnen er frå gardsnr. 80 på Sygna, bruk 5 Sygnehogjen, og har vore bonde på denne garden i heile si yrkesaktive tid. Her er noko av historia til Sygnagrenda, bygd på møtebok frå samlinga og seinare innspel frå Gunnar Søgnen .

N

amnet Søgnen kjem av syngjande elv. Det er ikkje Gaula som syng her, men Årøyelva som kan vere stor og syngjande i flaum. Sygna består av Alværa, Sygnebotnen, Øvre og Nedre Sygna, Årøyane, Torstølen og Leirsand. Her har vore fast busetnad frå 1350. Meir om busetnad er vidare dokumentert frå 1530. Først var det busetnad på Øvresygna. Dette hadde seg av at bakkane var vurderte som meir verdifulle enn flatene. Det kjem av driftsforma. Dei trong mellom anna ikkje grøfting. Fornminne er det lite av. Det er funne eit sverd på Alværa frå 1100-talet. Gamlevegen på Sygna går nærmast mogeleg Gaula

36

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

for å komme over Årøyelva. Han vert kalla ridevegen. Det var eigen vinterveg når det var frost. Det har vore stor, fin skog. Det viser funn under dyrking. På slutten av 1920-talet vart det og teke til med planting av gran. Det var mykje trafikk her frå Guddalen, og heilt til Engen (Engja) hadde dei sjøbuer i Osen. Folketalet var stigande fram mot 1890. Då blei det utvandring, mange drog til Amerika, fram til 1. verdskrigen. Innvandrarane der borte vart sende ut i krigen, og då var det ikkje så attraktivt lenger. Syskenflokken til bestefar (til Gunnar) var på 12. Den eldste reiste til Amerika før den yngste var fødd. Mange frå denne syskenflokken utvandra til Amerika. Familien til mora, frå Myrmel, skaffa pengar. Ein av hennar brør hadde reist til Amerika og tydelegvis gjort det godt. Etter 2000 har det vore tilflytting til bygda. Det er positivt at hus og eigedommar vert tekne i bruk. Sygna var eigen skulekrins fram til 1967. Bygda hadde butikk, post og bensinstasjon fram til 1. januar 1970, då vart det slutt.


Sygnagrenda. Foto: Dagfinn Vasstrand.

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

37


På Sygna har det vore drive tradisjonelt jordbruk med kyr, sauer, geiter, gris og poteter. Korn vart dyrka fram til 1950. Utmarksbeitet vart utnytta, og det var stølsdrift. Elva gav fisk, og skogen gav bær. Jakt hadde mindre betydning. Rundt på gardane vart det bøkra frå ca. 1850 til 1970/80. Fin åreskog gjekk til saftog syltedunkar. Elektrisk straum kom i 1948. Det var 30 mjølkeprodusentar i 1952 då meieriet i Bygstad vart teke i bruk. Før det, var det smørlevering til Sande.

«Vi trur ikkje det vil bli slik her, folk har tenkt å bu her.» Foreningsliv Det var ungdomslag med møte annankvar laurdag, aktivt skyttarlag, Kinamisjonen, Santalmisjonen, sundagskule med meir. Det var konkurranse om å få inn pengar på basarane. Det er to forsamlingshus i grenda, og dei fleste kan gå i begge. Dugnadsånda har vore, og er framleis stor. Nokre har lagt ned utruleg mange arbeidstimar på dugnad. Siste dømet på dugnadsinnsats er ballbingen. På Sygna ser det ut for at folk trivst. På fjernsyn har det gått ein serie som heiter «Der ingen skulle tru at nokon ville bu». Vi trur ikkje det vil bli slik her, folk har tenkt å bu her.

38

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013


Per Kjelstad, f. 1942

Frå Gaular si eldre soge Per Oddvar Kjelstad, fødd 1942, er frå gard nr 51, Kjelstad nedre, bruk 1, i Gaular, der han er busett. Han har vore bonde og ordførar i Gaular.

E

g har vore med i styret for Gaularspelet i nokre år, og har difor fått høve til å setje meg betre inn i Gaular si gamle soge enn eg elles ville gjort. Eg har konstatert at Gaular og Dalsfjordområdet elles, og sterke personar herfrå, spela ei stor rolle i Noreg og Island si soge på 800- og 900-talet. T.d. i den islandske Landnåmabok er det nemnt fleire landnåmsmenn – og kvinner frå Gaular. Elles har vi sjølvsagt Atle Jarl og borna hans, Gaularhovet som samlingsstad og dramatiske hendingar her eller i distriktet rundt om. Eg trur det er viktig også i vår tid at vi kjenner soga vår, at vi tek vare på kunnskapen, at vi ser kor langt framme våre fjerne forfedrar på mange måtar var, at denne soga er ein del av oss og kan gje oss identitet og sjølvkjensle. Då Gaular kyrkjelyd i august i år arrangerte tur til Island, fekk

vi som var med på turen eit inntrykk av kor levande soga om landnåmstida endå er hjå islendingane. Her er ingen ambisjonar om å tolke og kommentere soga. Eg har difor berre plukka ut sitat frå ymse kjelder og sett dei saman etter beste skjøn. Eg vonar at de som les, får interesse for å lese meir. Det finst mykje på nettet, og elles er Folkebiblioteket ein god hjelpar. De finn her utdrag frå P.A. Munchs; «Det norske Folks Historie», frå «Landnåmabok» og frå «Soga om Egil Skallagrimsson». Sitata vert presenterte i den språkdrakt eg har funne dei i. Bileta som illustrerer artikkelen er frå framføringar av Gaularspelet, og er leverte av Magnar Korsvoll. Fyrst frå P.A. Munch: (frå Raumsdalske, søndmørske og firdske Ætter), og om striden mellom jarlesønene og Ølve Hnuva: «Som hiin Audbjørns Farbroder nævnes en Freystein gamle paa Gaular, saa kaldtes Egnen om det inderste af Dalsfjorden. Dette Sted maa derfor allerede i en saare fjern Oldtid have været Høvdingesæde. Her stod et anseet Tempel, hvis Forstandere SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

39


Frå Gaularspelet 2007 – Ei roleg stund i tunet på jarlesætet. Roar Kårstad som Atle jarl og Hanne Frostad som Astrid, kona hans. Cecilie Øvrebø spelar Helga den fagre, med kjærleikssaumen. Foto: Magnar Korsvoll.

endog efter at have nedsat sig paa Island en Tidlang vedbleve at drage til Norge hver tredie Sommer for at forrette Offringer der. Som en af disse Forstandere nævnes i Begyndelsen af det 9de Aarhundrede Hersen Thorbjørn den gaulverske, hvis Søn Flose senere drog til Island, og hvis Datter Oddny var gift med Orm Frodesøn, Sønnesøn af Hersen Vemund den gamle, hvis Fader Viking maa have gjort et Tog til Skaane, siden han førte Tilnavnet Skaaneyjarskelmer (Skaanes Forfærder). Vemunds Syster var gift

40

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

med den forhen omtalte Bjørn Buna, fra hvilken de fornemste Slægter paa Island nedstamme[1]. Som en Søn af den nysnævnte Audbjørn nævnes en Arinbjørn Jarl, der upaatvivlelig er den samme som Landnamsbogens Arinbjørn Herse den ældre, hvis Datter Arnthrud blev gift med den i Harald Haarfagres første Dage anseede Herse Thorer Roaldssøn; hans Fader Roald havde været Kong Audbjørns Jarl. Hiin Arinbjørn var en Svigersøn af den berømte Skald Brage Boddasøn, der tilligemed sin Svigerfader, Skalden Erp Lutande, synes at have haft hjemme paa disse Kanter[2]. Samtidig med Brage Skald og Arinbjørn nævnes ogsaa Jarlen Hundolf paa Gaule, hvis Søn, Atle Jarl den mjove, spillede en betydelig Rolle paa Halfdan svartes og Harald Haarfagres Tider[3]. Saavel Heredet Gaular, som hele den øvrige sydligste Deel af Søndfjord, eller de nuværende Askevolds, Ydre Holmedals og indre Holmedals Sogne, kaldtes i hiin Tid Fjaler, og synes endog stundom at have været regnet som et Fylke for sig selv. Siden gik Navnet af Brug, og det hele nuværende Nord- og Søndfjord kaldtes tilsammen Firdafylke» «Imidlertid var Berdlu-Kaares Søn Ølve Hnuva kommen i Fiendskab med den mægtige Atle Jarl i Fjalir, der tillige, som vi have seet, allerede af Halfdan Svarte var forlenet med Sogn. Atle havde tre Sønner, ved Navn Haastein, Holmstein og Herstein, der alle vare store Vikinger og meget overmodige. Han havde


ogsaa en smuk Datter ved Navn Solveig; hende fik Ølve see paa et Vinternatsblot paa Gaule, og blev forelsket i hende, men da Jarlen ikke fandt ham fornem nok, negtede han ham hendes Haand. Ølve, som var en ypperlig Skald, gav sin Sorg Luft i en Mængde Kjærlighedskvad, og slog sig reent fra Vikingelivet[11]. Men slige Kvad ansaaes i de Tider meget fornærmelige for den Kvindes gode Navn, til hvilken de digtedes. Og for at hevne denne Fornærmelse efterstræbte Atles Sønner Ølves Liv, og overfaldt ham i hans Hjem den samme Høst, som det andet Slag ved Solskel havde staaet. De havde saa mange Folk, at Ølve ej kunde tænke paa at sætte sig til Modværge, men maatte prise sig lykkelig ved at kunne undfly. Han skyndte sig til Møre, hvor Kong Harald endnu opholdt sig, blev hans Mand, og fulgte med ham til Throndhjem, hvor han snart kom i stor Yndest hos Kongen og blev optagen blandt hans ypperste Skalde. Snart fulgte ogsaa Faderen Berdlu-Kaare hans Exempel Da Ragnvald Jarl havde indebrændt Vemund Kamban, kom Berdlu-Kaare til ham med et fuldt udrustet Langskib, fulgte med ham til Møre, og drog derpaa til Throndhjem, hvor han blev Kong Haralds Mand»[ Så tek vi med eit sitat frå Landnåmabok om striden mellom jarlesønene og fostbrørne Ingolv og Leiv, og fostbrørne sin fyrste Islandstur. «Ein son av Bjørnolv var Ørn, far til Ingolv og Helga, og ein

son av Roald var Rodmar, far til Leiv.Fosterbrørne Ingolv og Leiv for på hærferd saman med sønene til Atle jarl den mjåe frå Gaular, Håstein, Herstein og Holmstein. Alt hopehav dei imellom gjekk vel, og då dei kom heim, avtala dei å fara saman neste sommar og. Men om vinteren gjorde fosterbrørne ei veitsle for sønene til Atle jarl.

Frå Gaularspelet 2007 – Kampen om Helga. Nærast: Ingolv (Inge Larsen) og Hallstein (Håvard Korsvoll) i kamp. (Håstein i soga heiter Hallstein i Gaularspelet). Til høgre: Holmstein (Kristian Asbjørnsen) har ei stund overtaket på Leiv (Øystein Kloster). Lengst borte: Herstein (Atle Hoff) prøver å halde att Helga den fagre (Cecilie Øvrebø). Foto: Magnar Korsvoll.

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

41


I den veitsla gjorde Holmstein den lovnaden at han anten skulle ha Helga Ørnsdotter eller inga kone i det heile. Folk tykte ikkje særleg om denne lovnaden. Leiv raudna, og det var heller fåmælt mellom han og Håstein då dei skildest.Våren etter budde fosterbrørne seg til hærferd og etla seg til å fara til møtes med sønene til Atle jarl. Dei møttest ved Hisøygavlen, og då la Holmstein og brørne hans straks opp til slag med fosterbrørne. Men då dei hadde slåst ei stund, kom Olmod den gamle til, son til Horda-Kåre og frenden til Leiv, og ytte Ingolv og dei hjelp.I dette slaget fall Holmstein, og Herstein flydde unna. Leiv og dei for då i hærferd. Men vinteren etter for Herstein mot Leiv og dei og ville drepa dei. Men dei fekk nyss om ferda hans og for mot han og slost. Og der fall Herstein. Etter det vart det sendt menn til Atle jarl og Håstein for å by forlik, Og dei vart samde om at Leiv og dei skulle bøta eigedommane sine til far og son. Fosterbrørne reidde då ut eit stort skip og for for å leita opp landet som Rafna-Floke hadde funne, og som var kalla Island. Dei fann landet og var i Austfjordane, i den søre Alptafjorden. Dei tykte landet var betre i sør enn i nord. Dei var ein vinter i landet og for då attende til Noreg. Etter det omsette Ingolv odset deira til ny Islandsferd, men Leiv for vestover i viking. Han herja i Irland, og fann der eit stort jordhus. Han gjekk inn i det, og det var mørkt heilt til det lyste opp av våpnet som ein mann hadde i handa. Leiv drap mannen og tok sverdet og mykje anna gods.

42

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

Etter det vart han kalla Hjørleiv. Hjørleiv herja vide omkring i Irland, og han fekk stort hærfang. Han tok ti trælar, dei heitte Duftak og Geirodd, Skaldbjørn, Halldor og Dravdrit - fleire er ikkje nemnde med namn. Etter det for Hjørleiv til Noreg og fann der Ingolv, fosterbror sin.Han hadde tidlegare fått Helga, syster til Ingolv.»

«Leiv drap mannen og tok sverdet og mykje anna gods. Etter det vart han kalla Hjørleiv. Hjørleiv herja vide omkring i Irland, og han fekk stort hærfang.» Vidare frå Landnåmabok om andre gaulværingar: «Flose heitte ein mann, son av Torbjørn den gaulverske. Han drap tre av sysselmennene til kong Harald Hårfagre og for etter det til Island. Han gjorde landnåm austafor Rangå, og tok heile austre Rangårvellir. Hans dotter var Åsny, mor til Turid, som Valla-Brand var gift med. Valla-Brand hadde sonen Flose, far til Kolbein, far til Gudrun, som Sæmund den frode var gift med. Flose var gift med Gudrun, dotter til Tore Skjegg-Broddesson. Dei hadde sønene Kolbein, som er nemnd før, og Bjarne, far til Bjarne, far til Flose, far til Valgerd, mor til herr Erlend som var far til Hauk. Grunnen til at Lopt den gamle, systerson til Flose, gav seg til å blota på Gaular, var at det hadde vorte utrygt


for Flose i Noreg. Flose den norrøne var gift med Tordis den store, dotter av Torunn den rike, som var dotter av Ketil den einhendte. Dei hadde dottera Åsny, som Torgeir var gift med.» «Lopt, son av Orm Frodesson, for frå Gaular til Island i ung alder og gjorde landnåm utanfor Tjorså og opp til Skuvsløk og austre Beidamyr opp til Suluholt.Han budde på Gaulverjabø saman med Oddny, mor si, dotter av Torbjørn den gaulverske. Lopt for utanfrå og til Noreg tredje kvar sommar for å blota for seg og for Flose, morbror sin, ved det hovet som Torbjørrn, morfar hans, hadde teke hand om i Gaular. Torbjørn var ein mektig herse i Fjalafylket i Noreg. Han var son av Orm og var gift med Hild Ulfarsdotter og Torunn Grøningarrjupe. Vemund den gamle, son av Viking Skånøyarhjelm, mågen til Bjørn Buna, var ein mektig herse. Son hans var Frode, far til Orm, far til Lopt den gamle. Frå han er det komme mange stormenn, så som Torlak den heilage, biskop Brand og biskop Pål.» Landnåmabok fortel også om striden mellom Atle jarl og Håkon jarl, og Håstein si Islandsferd: «Harald Gullskjegg heitte ein konge i Sogn. Han var gift med Solvor, dotter til Hundolv jarl og syster til Atle jarl den mjåe. Dei hadde døtrene Tora, som opplendingekongen Halvdan Svarte var gift med, og Turid, som Ketill Helliflage var gift med. Harald Unge var son av Halvdan og Tora.Honom gav kong Harald Gullskjegg både namnet og riket sitt. Kong Harald

døydde fyrst av dei, så Tora og sist Harald Unge. Då kom riket under kong Halvdan, og han sette Atle jarl den mjåe over det. Sidan fekk kong Halvdan Ragnhild, dotter til Sigurd Hjort til ekte, og deira son var Harald Hårfagre. Då kong Harald fekk makta over Noreg og vart måg med Håkon jarl Grjotgardsson, gav han Sognefylket åt Håkon jarl, mågen sin, då kongen for aust til Vika.Men Atle jarl ville ikkje gje frå seg makta før han hadde møtt kong Harald. Jarlane tretta ofseleg om dette og drog saman hærfolk. Dei møttest i Stavenesvågen i Fjaler og heldt slag med kvarandre. Der fall då Håkon jarl, og Atle vart såra og flytt til Atløy. Han døydde der av såra.Men etter det heldt Håstein, son hans, makta til dess kong Harald og Sigurd jarl drog saman ein hær mot han. Håstein kom seg då unna og budde seg til Islandsferd. Han var gift med Tora Olvesdotter. Olve og Atle var sønene deira. Håstein kasta etter gammal sed høgsetesstokkane over bord. Dei kom i land i Stålfjøra utanfor Stokkseyr, men Håstein kom i Håsteinssund austafor Stokkseyr og forliste der. Han gjorde landnåm mellom Raudå og Ølfuså, opp til Fulaløk og tok heile Breidamyr opp Holtar. Han budde på Stokkseyr, og like eins Atle, son hans, etter han, før han flytte til Tradarholt. Den andre sonen til Håstein heitte Olve. Han budde på Stjørnusteinar og døydde barnlaus, og Atle tok heile arven etter han. Bratt, løysingen til Olve, budde på Brattsholt og Leidolv på Leidolvsstadir. Atle var far til Tord dovne, far til SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

43


44

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013


Torgils Orrabein, stefar til Grim Glammad, far til Ingjald, far til Grim,far til Bork og Einar, som var far til Hallkatla som Rafn Sveinbjørnsson var gift med. Deira dotter var Steinunn, mor til herr Rafn, og Herdis,mor til Åle, far til Steinunn som Hauk Erlendsson vart gift med. Borna deira var Einar, Bjarne og Valgerd, mor til herr Erlend, som var far til Hauk. Tordis var den andre dottera til Flose». Til slutt eit lite avsnitt frå Egilssoga der vi får inntrykk av Gaularhovet sin status: «Øyvind Skrøya og Alv heitte brørne åt Gunhild, søner åt Ossur Tote. Dei var store og ovleg sterke menner og svært stridlyndte. Dei var då sers vel omtykte av kong Eirik og Gunhild, men av almugen var dei ikkje vellika. Dei var i den tid unge, men fullvaksne i førleik og styrke. Så var det om våren før det store sumarblotet som skulle vera på Gaular. Det var det gjævaste hovud-hovet, og mykje folk søkte dit frå Fjordane og frå Fjaler og Sogn, og flest alle stormennene var der. Kong Eirik for og dit. Då sa Gunhild til brørne sine: «Det vil eg, at de lagar det

så i denne folkemengda, at de får drepi ein av Skallagrimssønene, og best var det om de drap dei båe». Dette er nokre korte utdrag frå eit svært omfattande og interessant kjeldemateriale. Eg vonar at dei med ei viss sogeinteresse får lyst til å lese meir. Til slutt er det freistande å sitere eit par linjer frå diktet Aasmund Olavsson Vinje skreiv ved Trondheimsfjorden( vi flytter det til Dalsfjorden): «Her ser eg fagre fjord og bygder, som mange gamle kjempor bar, med mange slike store dygder, at tidt me trur dei gudar var». «Dei ord dei til oss hava skrive, dei glima som i soli dogg, For tanken kvast dei gjekk på livet, som mannen sin med harde hogg».

«Her ser eg fagre fjord og bygder, som mange gamle kjempor bar, med mange slike store dygder, at tidt me trur dei gudar var».

Aktørane i Gaularspelet 2009. Gaularspelet er eit stort dugnadsprosjekt som har eksistert frå 1987 og satsar for framtida. Foto: Magnar Korsvoll.

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

45


Rannveig Ryssdal Moldestad, f. 1939

Kunst i fangenskap Måleri frå russarleiren på Langeneset i Årbergsdalen

U

nder 2. verdskrigen var det russarleir og ammunisjonslager i Årbergsdalen i Gaular. Brakkene/hyttene vart bygde opp i 1943/44. I leiren budde russiske krigsfangar. Det har vorte fortalt at desse russarane var veldig flinke med hendene, laga ringar av myntar med hol i, måla måleri på huntonittliknande plater og laga fuglar av tre med flotte vele. Gaular sogelag har fått låne fotografi av fire slike måleri som sto i barndomsheimen til Magne Johannesen, f. 1942, på Skagen. Takk til Magne Johannesen! Sjølve måleria er ikkje der no. Det står ganske mykje om denne fangeleiren i Gaular sogelag sitt hefte frå 2009. Det er både rart og vemodig å tenkje på at det for ein sytti år sidan sat russarar i fangenskap i Gaular og måla desse måleria. Dei hadde ikke særleg veleigna målarsaker, men målinga var nok eit tidsfordriv som gjorde godt. Kven det var som måla og kva som vidare skjedde med vedkomande som måla måleria, kan vi ikkje gje noko svar på.

46

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

«Det er både rart og vemodig å tenkje på at det for ein sytti år sidan sat russarar i fangenskap i Gaular og måla desse måleria.»


SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

47


Idar Senneseth, f. 1947

Båtar på Dalsfjorden Idar Senneseth er fødd i 1947 på gard nr. 74, bruk nr 3, Skagen i Gaular, og er no busett på denne garden på bruk 41. Han er lærar ved Sande skule i Gaular.

D

alsfjordbrua skal opnast i desse dagar. Det er på mange måtar ein revolusjon i trafikkhistoria. Fjorden har lege som ei sperre. For å komme over, har det til no vore nytta ferje, Dale Eikenes eller Fure Askvoll. Det har ikkje alltid vore slik. Frå gammalt av har fjorden bunde saman bygdene. Det var mykje lettare å ferdast på fjorden enn langs dei veglause strendene. Difor åtte kommunane Askvoll og Fjaler både på nordsida og sørsida av fjorden. Det gjorde for så vidt Gaular og, men det var rundt fjordbotnen. Til og med nokre gardar åtte land på begge sider av fjorden. Slik var det fram til 1. januar 1990. Då var det grenseregulering mellom desse tre kommunane. Askvoll fekk Fjaler si nordside med unntak av Hestad krins som gjekk til Gaular. Fjaler fekk Askvoll si sørside, jamvel der Askvoll har motivet til kommunevåpenet

48

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

sitt. Bakgrunnen til denne reguleringa var sjølvsagt at trafikken hadde gått på land. Så var det trafikken på fjorden Sogelaget hadde samling på Bjørvikstranda, Maritim Montering 24. mai 2012. I tillegg til Maritim Montering som hadde ein svært interessant presentasjon av seg og sitt arbeid, var temaet trafikken på Dalsfjorden. Her var det mange som hadde noko å fortelje. Heilt frå steinalderen har Dalsfjorden vore busett, og folk har hatt flytande farkostar, stokkbåtar og skinnbåtar. Eg vil forflytte meg i tid fram til siste del av dansketida. Færingen Færingen var nok den mest brukte båten blant folk flest. Skulle du vitje skyldfolk langs fjorden, var det å ro. Det same var det om du skulle slå i utmarksslettene, hente ved, vatn og elles det som var av ærend. Fjordfisket var viktig, og her var det færingen som


vart nytta. Turkesommaren 1933 var det eit bryllaup. Då vaska dei opp ein færing og hadde vatn i. Seksringen Seksringen var «Kyrabåt». Den vart nytta til å frakte buskapen på beite, gjerne på andre sida av fjorden. Han vart og nytta til frakting av større ting, og til og med til kyrkjebåt. Jekta Jekta var større, og den var utstyrt med både årar og segl. Den vart nytta til å frakte varer over lengre distansar. Bergen var handelsbyen, og dit vart varer frå bygdene omkring fjorden selde. Krøter vart sende levande til slaktehuset i Bergen. Det vart og frakta ved og andre varer produserte i bygdene. På tilbakevegen hadde dei med seg «byvarer» som kjøpety, salt, sukker og det som trongs til hushaldet. Bakkejekta I den fine vårkvelden kom Bakkejekta for fulle segl og fin bør inn Dalsfjorden og la til kai ved Maritim Montering. Dei frammøtte samla seg der, og Ove Losnegård fortalde om Bakkejekta. Denne Bakkejekta er ein kopi. Originalen er på kystmuseet i Florø og bygd av ma. Sjur Sunde (død 1769) om lag 1750. Den originale jekta vart brukt til å frakte varer til og frå Bergen. Ho kunne laste

40 tonn, og segla ein gong Holmedal–Bergen på 9 timar, ein snittfart på om lag 10 knop. Dei kunne ha 11 «amarkebeist» om bord. Denne jekta er truleg den eldste båten i Noreg. Jensbua har stått for bygging av båten, ein idé som resulterte i byggestart i 2003. Då var det skipa eit partslag med ca. 200 partar. Alle kunne kjøpe partar, men dei største partseigarane er ma Jensbua og Fjord 1. Folk frå heile landet har vore inviterte til å vere med å byggje, og med godt tømmer frå Døskeland og stor dugnadsinnsats var jekta ferdig i 2006. Ho er forholdsvis lita. Det er soveplass til 2 i «vengen», men den er skrå og 1,5 m lang, så det er kummerleg. Med råseglet kan dei segle 60 grader mot vinden. For å stabilisere, vert det brukt 1495 kg ballaststein. Ein stein med inskripsjonen «hell og lukke» vart gitt i gåve frå Holmedal grendalag.

«Det var vanleg at fleire gardar eller eit bygdelag slo seg saman om å eige ei jekt.» Jekter i Gaular Det var vanleg at fleire gardar eller eit bygdelag slo seg saman om å eige ei jekt. Rundt om på gardane er det restar etter desse jektene, slik som taljer, lykter og andre skipsdeler. Under SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

49


Havhesten 1947. Her lastar dei tømmer på Nistad. Det skal til Flekke og bli skore på Storakersaga.

1947. Gravferda til Ole P Sunde.

Napoleonskrigen som varde fram til 1814, var det 12 jekter i forskjellige storleikar. Magnar Korsvoll fortalde at bestefaren hans var med sin far som var jekteskippar. Då han som 15-åring opplevde tre veker vindstille i Korssund, vart det ikkje meir jektefart for han. Motorbåtane Jektefarten var livsnerven mot omverda. Dette samkvemet var vidareført gjennom motorbåtane som overtok for om lag 100 år sidan. Nokre av dei blir nemnde og skrive litt om. Andre har eg meir stoff om og bilete av. Atter andre blir kanskje ikkje nemnde. Det blir berre slik når det skal gjerast eit utval. Dersom det er nokon som har bilete eller anna stoff eller minne om dei nemnde

50

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

Ola Halsnes om bord i Havhesten.

Bakkejekta med Normann Vik, Jofred Åsnes og Ove Losnegård som mannskap. Dei skal på sogesamling på Bjørvikstranda.

båtane eller andre, er sogelaget interessert i å få kjennskap til det. Fagervik Dette var ein rutebåt som gjekk på Dalsfjorden før og under krigen. Han frakta både folk og varer. Han vart av og til borda. Det vil sei at folk rodde ut og møtte båten. Kvikk 4 Han gjekk som passasjerbåt og ferje mellom Eikenes og Dale under krigen. Gerhard Midtveit frå Telavåg var skipper. Båten var 60 fot og kunne ta med 4 bilar. Det var elles ikkje så stort behov for bilførande båtar eller ferjer i den tid. Biltettleiken var liten. Heilt fram til 1960 måtte folk søkje om å få kjøpe bil.


Guløy Guløy gjekk i fraktefart på fjorden før krigen. Hans Bjørvik var skipper og Edvard Nistad som no er 83 år, var mannskap. Under krigen skulle dei ein tur til Måløy. Der rømde dei frå tyskarane, forlet båten og drog heim att. Dette var risikabelt, og då dei kom til Sande våga ikkje Hans å ta bussen, så han gjekk frå Sande og heim på Bjørvikstranda.

ein sildesnurpar som fiska rundt Island. Dei kunne laste 4000 murstein som dei henta på Helle teglverk. Bygstad meieri og Vevang skule fekk teglsteinen frakta med Havhesten. Dei frakta sand frå Dale. Anders Haugen hadde lastebil, og han kunne tippe sanden ned i lasterommet. Medan han leste opp nytt lass, måtte dei løyse båten og legge andre sida inn til kaia for å balansere. Båten tok 4 lass, og før dei fekk siste lasset om

Dalsfjord Johan Valvik i Dale kjøpte båten og kalla han Dalsfjord. Nils Valvik var skipper. Dei henta tønner på Kviteneset i Bygstad og frakta dei til Dale. Der blei dei lasta om på større båtar og sende til Island. Verdensfjord Kristian Øen løfta blikket litt lengre ut over horisonten og kalla sin båt Verdensfjord. Havhesten/Fjordgut I 1944 kjøpte Ola og Mass Halsnes Fjordgut som og vart kalla Havhesten. Det var ei frakteskute. Odd Nistad var mannskap. Dei hadde mange slag varer å frakte. Første gongen dei skulle i Bulandet og hente sild, leigde dei Trygve Sunde som skipper. Han var kjend i farvatnet. Til vanleg var han skipper på «Draupne»,

Den eine dagen teglstein, og den neste bunadskledde festfolk. Båten var allsidig og alltid til teneste.

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

51


bord, måtte dei snu båten ein gong til. For å losse, måtte dei ause sanden i bøtter og sende opp på rekka. Derifrå var det langing frå mann til mann fram til bil, eller der dei skulle bruke sanden. På ein tur til Gjølanger, fekk dei vind, bølger og striregn på seg. Sanden vart full av vatn, og fribordet vart mindre og mindre. Då hadde dei ein planke som til vanleg vart brukt til å sitje på for passasjerar, liggjande på tvers av båten. Det kunne vere flytehjelp viss båten sokk under dei.

«For å losse, måtte dei ause sanden i bøtter og sende opp på rekka. Derifrå var det langing frå mann til mann.» M/B Varden II ved kai på Halsnes.

Når dei frakta murstein, vart den og lossa for hand og langa i lang rekke fram til byggjeplassen. Odd Nistad fortalde at då han var 15 år, var han med på lossing av stein til Bygstad meieri. Andreas Hjelmeland tykte han var ung til slikt tungt arbeid, så han fekk 20 kr ekstra. Til vanleg hadde han 5 kr dagen på båten. Havhesten frakta det meste. Det kunne vere tønner frå indre Dalsfjorden til Dale der dei vart omlasta og sende til Bergen, Færøyane eller Island for salting av sild. Tømmer vart frakta frå Nistad til Flekke for å bli skore på Storakersaga og så frakta

52

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

tilbake som byggjemateriale. Bryllaupsfylgje og gravfylgje skulle fraktast. Fjorden var ferdsleveg og det som batt bygdene saman. Pilen Pilen var noko mindre enn Havhesten. Han hadde ein 5 hk Sabb, seinare 9 hk. Mursteinsfrakt frå Helle var viktig, og han kunne laste om lag 2000 stein. Her var det og «langarlag» ved lossing som fekk steinen plassert ved byggeplassen.


Armada på Kapstadvika i Bygstad. Hans B Kårstad ror ut for å gå om bord.

Varden II Ola og Mass Halsnes kjøpte båten i Lavik. Han vart brukt til frakting, men og persontrafikk og ferje. Dei kunne ta med ein buss. Elles tok han 5 personbilar. I 1952 hadde dei ein skorsteinsbrann om bord, og då brann livbåten opp. Varden II vart seinare seld til Brønnøysund, og der vart han øydelagd i ein brann.

Finn Ove Kårstad fortel om faren, Hans B. Kårstad, sine båtar «Øyna» frakta teglstein frå Helle. Eg har seinare fått opplyst at båten no er i beste velgåande i Brønnøysund. Der er han rigga som seglbåt og innreia med flotte salongar. «Armada» var bygd i Hardanger som seglbåt. Sidan vart det sett inn ein 50 hk Union. Ho gjorde ca. 6 knop og lasta 100 tonn. Brukte om lag 12 timar frå Bergen til Bygstad. Kjellevoll frå Austevoll var skipper. Far brukte mykje tid om sommaren til pussing og vedlikehald av båten. Om vinteren låg båten i Austevoll pga isen. Dei frakta teglstein, ved og sand. «Armada» vart seld på 70-talet til Florø. Han gjekk ned, men vart heva igjen. Truleg restaurert på Sotra. Far likte ikkje skipskontrollen som sette kniven i treverket på båten. Kårstaden, Kjellevollen og «Armada» var kjendisar ute i fjorden. Helge Bjørvik fortel: Hans og Asbjørn Bjørvik dreiv mykje frakting. I 1972 kjøpte dei Hardangerfjord. Han var bygd som fraktebåt og hadde ein 50 hk Vikmann ombord. Frakting av pallar var ein viktig jobb. Dessutan forsynte dei og heile Dalsfjorden med formjøl frå Sandviken i Bergen. 1978–79: Frakta sviller frå Nordfjord til Flåm for vedlikehald og fornying av linjenettet til NSB. Han vart og nytta til kyrkjebåt Straumsnes–Holmedal og til vedtransport. 1983: Båten vart seld til Egersund til far og 2 søner. Han gjekk ned, og alle omkom. SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

53


Armada lastar stein ved Helle teglverk. Det var viktig last for mange fraktebåtar.

Bussen har nett køyrt på land frå ferja, Varden II på Standnes.

Fylkesbåtane I 1885 kom Fylkesbåtane med rutetrafikk på fjorden. Det var ein fast lossegjeng som gjekk om bord på Standnes. Dei fylgde båten og lossa og lasta på ruta Sunde, Bygstad, Bjørvikstranda og tilbake til Sunde. Der gjekk dei av, og båten gjekk vidare til Bergen. Ola Halsnes, Edvard Nistad, Emil Nybø, Konrad Nybø og Albert Nistad var faste. Viss dei ikkje kunne vere med, måtte dei skaffe andre for seg. Dette var eit bra betalt arbeid.

Dei lokale båtane vart rekna som konkurrentar, og det kunne vere visse konflikter, men det er ei anna historie. Den kan vi ta ved eit anna høve.

54

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

Informantar: Odd Nistad, f. 1936. Finn Ove Kårstad, f. 1949. Helge Bjørvik, f. 1957. Mass Laukeland, f. 1939. Olav Johan Mo, f. 1951. Magnar Korsvoll, f. 1947. Ove Losnegård, f. 1960.


Magne Nes, f. 1938

Livsminne Magne Nes er frå gard nr 46, Nes, bruk 3 i Viksdalen der han er busett og pensjonist. Teksten her er del av ei livsminneoppgåve og er noko nedkorta.

1. september hadde tyske styrkar gått over Polen sine grenser, og Storbritannia og Frankrike som hadde garantert for Polen, stilte ultimatum til Tyskland.

E

9. april 1940 Om morgonen skulle far levera mjølka på meieriet som låg kort avstand frå skulehuset på Nes. Han møtte lærerinna Kristina Myrmel på veg til skulen i 9-tida. Ho stod gråtande og fortalde at tyske hærstyrkar var gått i land. Far var friteken for militærteneste på sesjonen på Voss. Far sat heile dagen i Utigarden og høyrde radio. Det var evakuering av Høyanger 9. april. Syster til far min kom her til med eit gutebarn fødd 31. desember 1939. Det var ikke kyrkje i Høyanger då. Og guten vart døypt i Viksdalen kyrkje sundag 21. april 1940. Det var bønegudsteneste med forbøn for landet og folket.

g har valt å skriva om okkupasjonsåra og frigjeringa, noko gjenfortalt etter eldre, frå heimbygda, traktorhistorie og fjord­hestavlen og om då vi fekk elektrisk kraft. Til livsminne høyrer også markerte hendingar i omverda frå den tidsbolken. Det er ofte vanskelig å finna tilbake rette årstal for lokale hendingar. 3. september 1939, sundag Eg var 1 år og 14 dagar. Foreldra mine var på fjelltur til Hetlestølen i Viksdalen. Etter turen kom dei ned til Hetleøen, (Øyane) og var innom til Sevrine Holsen. Ho hadde gard på Holsen også, og mor hadde tent hos henne i ungdomsåra. Sevrine hadde radio, og der høyrde far at Storbritannia hadde erklært Tyskland krig. (Frankrike erklærte Tyskland krig seinere på dagen).

23.-25. april Tyske fly bomba Voss med brann- og sprengbomber. 6. november SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

55


1942. Dei britiske styrkane braut gjennom dei tysk-italienske stillingene ved El Alamein under leiing av general Montgomery. Om lag på denne tid reiste vi til Bygstad og med Fylkesbåtane til Holmedal og vidare etter vegen til Rivedal der foreldra til mor budde. Eg og syster bar luer med eit norsk flaggmerke festa framme. Det kom ordre frå kapteinen at det var tyske offiserer om bord, norske flagg må fjernast frå luene til borna! Vi var i Rivedal i fleire veker og reiste med båt attende til Sveen i desember. På heimvegen køyrde Magnus Hetle oss frå Bygstad i lastebilen (med gassgenerator) til den då kvassaste svingen i Hellebustneset. Vi gjekk etter hesteoppkøyrd veg over isen til Nigarden og heim. Klima Det var kulderekord vinteren 1942–43 under krigen. Det var varme somrar, far dyrka moden kveiteåker, ein nabo dyrka tobakk! 6. juni 1944 D-dagen Operasjon «Overlord», alliert landgang i Normandie. Familien sat på gamlekjøkkenet heime. Lyder Kvammen kom inn og sette seg ned, «Dei allierte hev gått i land i Frankrike, Magnus Hestebeit høyrde det i radioen sin». Han hadde unnagøymt radio. Far heldt «Ukens Nytt», Aftenposten si landsutgåve. Der las

56

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

eg teikneseria «De elendige» av Victor Hugo. Så eg visste kvar Frankrike var. Hausten 1944 Tre tyske armekorps som stod i Finland trekte seg inn i Finnmark og Nord-Troms og brende alt etter seg. Det var tvangslevering av poteter til okkupasjonsmakta. Tyskarane hadde med seg russiske krigsfanger som arbeidskraft. Under krigen vart det forbode å høyra på radio, og folk måtte levera inn radioane. Berre NS. medlemmer fekk ha radioene sine. Men mange gøymde vekk radioene i uteløer og sommarfjøsar. Abraham Øen på Følling melde seg inn i NS for å lura tyskarane og ha radioen sin. På Følling var bygdefolka samla og høyrde dei norske sendingene frå London. Tyskarane fekk vita om dette og kom til Eldalsosen og spurte etter vegen til Følling. Ein snarrådig kar sende tyskarane til Espeset og fekk varsla på Følling så folket kom seg vekk. Då tyskarane kom, treiv Abraham etter snusøskja ved radioen og fekk samtidig flytta søkjaren vekk frå London. Dei tok radioen frå han. 7. april 1945 Britiske fly søkkte det tyske skipet «Oldenburg» som låg ved Vadheim. Eg kom gåande nedover tunet og såg flya gjekk over


synsranda mot Høyanger. Først kom 2 stifinnar Mosquito eskortert av 4 Mustang jagarfly og 1 film/foto Mosquito. Etter kom 21 Beaufighter med maskinkanonar og rakettar eskortert av 12 Mustang jagarfly. Flya tok ein sving austover Høyanger og gjekk vestover mot Snøheia og stupte mot Vadheim og fyrte av rakettane mot «Oldenburg» som sokk på 40 meters djup. På tilbaketuren kom flya i kamp med tyske fly og skaut ned 2 tyske fly, eit over Hyllestad og eit over Lavikdal. 1 britisk Mustang vart nedskote og flygaren hoppa ut i fallskjerm over Sognefjorden og vart redda av lokale fiskarar og teken med av mostandsfolk. Han overgav seg til tyskarane og vart i tysk fangenskap til han reiste med fly til England etter frigjeringa. (Denne hendinga har i ettertid kome i skuggen av det store luftslaget den 9. februar 1945). Kort tid etter kom ein tropp Luftwaffe frå Vadheim Dei tok seg husrom på Gjerdet og sette opp ei brakke og flymeldepost på Oppigards-hammaren. Dei strekte ei felttelefonlinje frå telefonsentralen ved eldste post-huset og ut til brakka på Nes. April/mai 1945 Far var til Sande for å få resept på medisin til mor si. Doktor Røyse var distriktslege i Gaular frå 1935, og formann i Gaular Nasjonal Samling. Han stod ved bilen med ei trakt. «Vil du hjelpa meg, eg fyller sprit på bilen, legane får ikke bensin lenger,» sa han. Far sa

ærendet sitt. Han ba far inn i stova og skreiv ut resepten. Han slo radioen på Stockholm for å høyra nytt frå Tyskland. Han var lei av lygnene på dei tyske sendingene frå Oslo. Frigjeringa Viksdalen 7. mai, måndag. Ut på dagen kom ein eldre nabogut og fortalde at krigen var slutt. 2 tyske offiserer kom frå Vadheim med sivil Høyanger-drosje for å ordna overgjevinga av styrkane i Viksdalen. Far fekk skyss til Høyanger for å møta svigerfar på kvileheimen på Kyrkjebø. Om kvelden gjekk eg saman med mor ut i Kvamen (1 km). Det var fint vårvær, tyskarane skaut med luftvern-mitraljøse og sporlysammunisjon syd-vest for Tor­ modset over vatnet. (Feira at krigen var slutt) Eg vakna om natta rattata-------, tyskarane skaut austover vatnet 2 salver med maskingevær. Det var kanskje eit svar på at ungdomar frå bygda skaut med unnagøymde våpen. Ein unggutt frå sørsida tok seg opp til tyskarane og ville trua til seg våpen og ammunisjon. Fekk han ikkje, skulle det enda gale for tyskarane. Tyskarane vart skræmde og ringde heimefronten som kom til Viksdalen frå Høyanger og Flora, 21 bilar som stod frå vegskilet til Hellebust forbi Emmahuset over gamlebrua og innover Leitet. Ungdomane vart forhøyrde, dei hadde skote med maskingevær, men ikke trua tyskarane. Far fylgde til Høyanger til systera. Dei tyske offiserene gjekk av i Vadheim. I ei stove tett ved vegen i SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

57


Ytredalen budde ei gamal kjerring som hadde sett tyskarane køyra forbi på oppturen. Ho førebudde seg til dei kom att og kom ut på trappa og vinka med eit norsk flagg i handa. Far sat bak og såg reaksjonen. Dei såg på kvarandre og flirte. Far kom til Høyanger om kvelden og vart møtt av ei jublande folkemengde i gatene. «De anar ikke for ein jubel», sa far. N.S. Hirden hadde væpna vakter i Høyanger om kvelden 7. mai 1945.

her i kyrkja for å høyra kong Håkon tale frå London.» Radioen vart påslegen, statsminister Nygaardsvold og Kongen talte. Så kom Churchill på engelsk og radioen vart avslegen.

8. mai Tre Milorgjegarar frå Bergen hadde søkt dekning på ein støl i Gaular. To reiste attende til Bergen og vart tekne av Gestapo. Åleine igjen var Andersen som 8. mai tok seg ned til Sande og ringde Milorg Bergen og fekk ordren: Arrester dr. Røyse! Andersen gjekk væpna inn i doktarbustaden på Sande og arresterte dr. Røyse framfor augo til kona og borna. Det var ein hard jobb.

14. mai Heimefronten henta tyskarane. Eg var nyfiken og sprang i Nigarden. Der stod ein norsk soldat i uniform og Stengun (britisk maskinpistol) Så kom 2 lastebiler med tyskarane sitjande på lasteplanet med kvitt flagg på ei stong. Vegen frå Gjerdet gjekk då forbi løa og ned til gardsvegen i Nigarden.

Viksdalen 8. mai På føremiddagen var det fest i skulehuset på Nes med rømmegraut. Kl. 3 ettermiddag ringde kyrkjeklokkene i 2 timar over heile landet. Eg var med mor til kyrkja, vi sat på venstre kvinnesida. Eit radioapparat stod i vindaugskarmen. Sigurd Hage stod framme og leia møtet. «Krigen er slutt, me er samla

58

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

9. mai Ragnvald Hetle køyrde Gestaposjefen i Askvoll frå Sveen, dit dei frakta han med skøyte, til Høyanger. Han fekk hard medfart av dei norske vaktene. Far kom heim med bussen om kvelden

Utanlandshjelp Vi fekk klær, nokre overtrekksluer. Og mat, to store blekkboksar med kjeks, made in Birmingham England, og amerikansk flesk. Dr. Røyse vart mellombels fri om hausten, på siste besøk. Han fekk 50 kr som far skulda han. Ho besta gret fordi straffa venta han som hadde hjelpt henne. Dr. Røyse vart dømd til fleire års fengsel, men sona berre kort tid. Fordi det var legemangel i


Nord-Noreg fekk han reisa dit og ta oppatt legepraksisen. Ein angrande dr. Røyse døydde etter kort tid. Jula 1945 På barnefesten framførde borna: Talekor om freden me fekk 7. og 8. mai: Magny var eldst og fyrst: «Sola braut fram frå ei kolsvart sky, la sitt lys over land og by- - «Alle:» No er det fred.» Skuleborna song i kor: Du Finnmarkens sønn som nu gråter i lønn, Gud ser dine tårer og hører din bønn. Han ser og de hus som i flammer brant ned, og dere som villdyr ble jaget av sted. Sigurd Hage kjøpte telefonlinja på auksjon etter tyskarane. Den brukte fleire som budde nær, til Televerket bygde ny telefonlinje Viken-Roska. Moses Viken gjenkjende mange år etter krigen tyske turister som tidlegare soldater på gjensyn med Viksdalen. Me dyrka korn nokre år etter krigen, havre og bygg. I grenda var treskjelag med stasjonært treskjeverk. Poteter dyrka alle. Kokte poteter var alltid på middagsbordet. Heimebakt brød som regel til andre måltid. Me hadde ikke høyrt om «lavkarbo». Flått Flått var her mykje av, særleg i skog med gråor. Me kjende ikke til flåttborne sjukdomar på menneske, men på sauer, lamma fekk sjodogg, som det heite på veterinærspråket.

Lemen-år Største lemenåra var 1965/66.(I Sogn 1955, og her i Viksdalen, Sunnfjord 1966) Det var lemen overalt om sommeren. På markene og vegane. På nokre vegstrekninger dekte nedkøyrde lemen heile vegbana. Det var verst for dei som fekk dei i brunnen. Det var eit mindre lemenår 1969, lemen gjekk i hopetal utfor hamarstup og låg under. Petromax-lykta Før bygda fekk elektrisk kraft 1953/54, var lyskjelda parafin­ lampar. Mange skaffa etterkvart Petromax-Optimus-Aladdin-­­ lykter. Det var parafinlykter med Auer-brennar (etter opp­ finneren) som hadde ei hette som ga kraftig lys. Ny teljemåte Den nye teljemåten vart innført frå 1. juli 1951, framleis blir vel begge brukt om kvarandre. Fjordhesten Far var forvert for avlshingsten. Hit måtte alle kome som ville ha føl i merra, det var penger å tene på det. Merrautstillingane skifte mellom Askvoll, Stryn og Førde. Det var ei stor tid for hesteavlen under krigen og åra etter.

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

59


Fortidsfunn Under gravearbeid vart det her på bruket funne steinar, eit spinnehjul og eit lodd til oppstadvev Eg kjende igjen spinnehjulet frå funna som Anne Stine Ingstad gjorde under utgravingane etter vikingane på nordspissen av Newfoundland i Canada. Spinnehjulet var vekt på handtein. På Frosta såg eg spinnehjul og lodd til oppstadvev. (internett). I åkeren og på marka her låg slaggklumpar etter jernvinne av myrmalm. Myra ligg rett ovanfor, og i åkeren var det trekol etter smeltinga. Maskiner til nydyrking Ragnvald og Odd Skjærpe på Nærbø, laga Skjærpeplogen av panserstål frå Tirpitz. Den vart demonstrert 1951, laga 200 og eksportert til mange land. Då Brøyten gravemaskin kom, vart det slutt med Skjærpeplogen til grøfting og nydyrking. (Skjærpeplogen kom aldri i bruk her, men hydrauliske gravemaskiner av mange merke) Amerikanaren McCormic fann opp slåmaskina, og gjekk seinare saman med Deering, Dei fleste hesteslåmaskiner var av desse merka. Men svenske Arvikaverken laga og slåmaskiner. Dei fleste bruk med hest hadde slåmaskin føre krigen. Avisa Firda hadde bilete frå traktorkurs på Mo jordbruksskule 1948.

60

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

Firehjulstraktoren kom hit i slutten av 1950-åra. Alfred Gjerland frå Haukedalen hadde maskinstasjon før midten av 1950-åra. den første grå Ferguson var på 28 hk bensinmotor (eller parafin). Den andre traktoren hans var sterkare (35 hk). Han kjøpte seinere ein Massey Ferguson 135 med 45 hk diesel motor og traktorgravar. Harry Ferguson var tilhengar av bensinmotor, og gjekk ikkje over til dieselmotor før konkurrentane tvinga han til det. (Det er vanskeleg å finna ut kva modell/motorar han hadde av dei mange Ferguson-modellane på den tida.) Mange bønder kjøpte motorslåmaskiner og dei tyngre tohjulstraktorane. Dei brattaste gardene brukte lågbygde transportarar. Dei fleste av desse maskinene for bratt lende var bygde i Sveits og Agria i Tyskland. Seinare kom tvillinghjul og firehjulstrekk på vanlege traktorar som gjekk i bratt lende. Elektrisk kraft I Viksdalen vart kundane tilkobla nettet stegvis etter kvart som lågspentlinjene og transformatorane var ferdige: Her frå Roska til Vikja og Hellebust til jul i desember 1953, og seinare 1954 i Råheimsdalen. I 5 fossar i elva gjennom Eldalsdalen var det småkraftverk, eit hadde vekselstraumgenerator. I Vikafossen var eit, på Ørnehaug var eit som leverte likestraum til Hellebust Pensjonat, Ørnehaug og for ei kort tid, Magnus Viken. Det var i drift til 1956. Der er nytt Viken Kraftverk, i drift 2007. I


Vallestadfossen var eitt. Der er nytt Vallestadfossen Kraftverk, i drift 2005. Angel Solheim hadde eit i Solheimselva. Eldalsdalen vart kobla til kraftnettet i 1962. Krafta vart levert frå L/L Svultingen på Øvre Lavikdal. Kraftstasjonen i Stakaldefossen vart utbygd i 1954, seinare kom det kraftlinje over Rørvikfjellet med kraft frå Stakaldefossen og høgspentlinjene samankobla på Solheim. Der vart også bygd linje mellom Stakaldefossen og Hålandsfossen i Dale. Lastebiltransport Føre krigen hadde Jakob Råheim Chevrolet lastebil, Magnus Hetle ein Ford med dobbelt førarhus. Magnus Hetle og Jakob Råheim kjøpte kvar sin canadiske Ford lastebil i 1946. Den hadde 1oo hk v8 bensinmotor. Magnus Hetle fortalde dei måtte skifte større felg og dekk dimensjon for å registrere som 3,8 tonn. Jakob Råheim laga overbygg og tverrstilte benker og køyrde folk på stemne og kyrkjeruter. Dei hadde transporten for bøndene og vegvesenet, snøbrøyting og anna. Dei kjøpte seinare dieselvogner og overtok mjølkekøyringa til Bygstad Meieri frå 1. februar 1967.

stenge grindane som det var mange av til fe-ristane kom i staden. Rutebussen Gjerland–Vadheim køyrde folk til båten «Sognefjord» eller «Kommandøren» som gjekk frå Vadheim om kvelden og brukte 6 timar til Bergen der ein var om morgonen. Bilsalet fritt Bilrasjoneringa vart oppheva 1. oktober 1960, som den siste etter krigen. (Volvo og austsonebilar som Skoda og Moskvitch kunne kjøpast utan løyve før denne datoen.) M/S Sanct Svithuns forlis Hurtigruteskipet Sanct Svithun på vei frå Trondheim til Rørvik forliste 21. oktober 1962. Skipet var ute av kurs og forliste ved Nordøyan. Ingen visste posisjonen, det gjekk lenge før redningsfartøya nådde fram. Det var 41 omkomne den natta. Avslutning Eg sluttar her. Det har hendt så mykje meir, men det som hende i seinare år er betre kjent.

Rutegåande transport Firda Billag køyrde bussruter fleire gonger dagleg over Gaularfjellet til Førde og Stryn og andre vegen i turistsesongen om sommaren. Dei hadde ofte grindegut med for å opne/ SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

61


Martin Olai Vågen f. 1926

Ingebrigt og Guriapalen Martin Vågen er frå gardsnr. 4, bruk 2, Kirkelisundet på Kirkelid i Gaular og har drive garden der. Han skreiv i 2011 ned dette om slekta og historia rundt Guriapalen.

I

ngebrigt Olsen var fødd på Hestebeit i 1786. Dei var ein stor syskenflokk på 11, Ingebrigt var nr. 6. Ingebrigt vart kalla inn til krigen mot svenskane i 1807. Han kom heim i 1814. Ingebrigt var ein god skyttar, han skaut medan kameratane lada. Han vart skada 2 gonger. Kulene han fekk, gjekk han med resten av livet. Ingebrigt fekk namnet «Storetamburen». I 1828 gifta han seg med Johanna Johan Langesdotter Sygna. Dei fekk 3 born; Bertha Kathrine f. 1829, Hanna f. 1833 og Bertel f. 1847. Ingebrigt tok over husmannsplassen Slentrevik i Kirkelisund i 1839. Husmannsplassen låg under oldefar Ole Andersen Kirkeli sin gard. Eit minne etter Ingebrigt er apalen som han planta i 1840-åra. Den er kvit av blomar kvar vår og full med eple

62

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

kvar haust. Slik har det vore i alle dei 80 åra eg har budd her i Kirkelisund. Ingebrigt døydde i 1870 og vart gravlagd ved Hestad kapell. Johan Anderson frå Askvoll og Inga Gurine frå Lunde tok over husmannsplassen Slentrevik etter Ingebrigt. Eg hugsar Gurine som døydde i 1934. Eg var då 8 år. Apalen etter Ingebrigt har fått to namn: Surapalen og Guriapalen.

Guriapalen ved Kirkelisund. Foto: Jofrid Vågen.


SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

63


Anna Birkeland, f. 1904

Minne frå åra som har gått Anna Birkeland, f. Hansdotter Dregebø, var fødd på Dregebø, gardsnr. 52 i Gaular, bruk 2, men flytte 3 år gamal med foreldra til Øksland, gardsnr. 53, bruk 1, der mor hennar var frå og der ho vaks opp. Ho gifte seg i 1924 med Ola Einarsson Ness på Årberg, gardsnr. 56, bruk 3, og fekk sonen Einar Olason Ness. Då ektemannen døydde alt i 1925, flytte ho tilbake frå Årberg til Øksland og gifte seg i 1931 med Arnolf Jonsson Birkeland, på Birkeland, gardsnr. 58, bruk 1 i Gaular. Dei dreiv denne garden og fekk fire born. Anna Birkeland døydde i 1993. Med sin bakgrunn kjende Anna Birkeland godt til gardar og skikkar i den sørlege delen av Gaular kommune. I 1980 vart det i regi av Landslaget for bygde og byhistorie sett i gang ei landsomfattande minneinnsamling mellom folk som var fødde i 1914 eller tidlegare. Gaular sogelag har fått låne det Anna Birkeland skreiv til denne innsamlinga. Under her er ein nedkorta versjon av det ho skreiv.

D

et er mykje rart ein kan kome oppi på sine gamle dagar, så også med dette. Eit gamalt ordtak seier: «Godt begynt

64

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

er halvt fullendt». Ja, godt er det at det er om det gamle vi skal fortelje, for tru meg, eg minnest betre frå eg var 3 år enn det som hender no. Eg er fødd på siste garden i Sunnfjord, på grensa til Sogn. Far var frå Drægebø. Vi hadde ikkje så stort husrom der. Far var den eldste av ni syskjen. Far dreiv som turistkøyrar frå Vadheim til Langeland, ja stundom heilt til Sandane i Nordfjord. Vi vart ikkje buande på Drægebø for mor var frå ein stor gard, Øksland. Far hennar døydde brått og vi flytte dit, eg var då om lag 3 år. Far og mor overtok halve garden. Eg minnest godt då morfar døde, endå eg då var berre om lag 2 ½ år. Morfar låg i ei stove på «likstrå» som dei kalla det. Den døde låg der mens dei arbeidde kista. Eg gjekk då inn i stova, tok morfar i handa og sa: «Du må stå opp no bestefar du har sove så lenge». Dit vi no flytta var det stor bygning med 3 store stover, kammers og lang gang gjennom. I andre høgda var det eit stort loft og 4 mindre rom. Det var ikkje lys i alle krokar slik det er i dag. Det var ein «10-linjes»oljelampe som hekk i taket over


Anna som 14-åring.

bordet. Her skulle vi borna få lys frå når vi skulle lære lekser. Alle streva med sitt arbeid av ymse slag og alle skulle ha lys frå den same lampen. Kvinnfolka karda og spann eller strikka. Karfolka laga soplimar eller vølte på ymse reidskapar som vøling av hesteselar, sledar eller dei arbeidde eller vølte på sko. Den gongen var det ikkje å gå inn på eit varmt «toalett», nei, det var eit kaldt «utedo» som låg ute ved stall eller fjøs. Det var ei mengd hus, for det var mange dyr. Fjøs til kyr, sau, gris, hest og fleire løer til høy. Det var også stabbur, arbeidshus,

vognhus, eldhus og vedhus. I bygningen hadde oldefar ei stove og eit loft for seg. Oldefar har eg mange minne frå. Han var litt av ein dyrlege – ja, doktor med. Eg måtte samle ei mengd urter og røter som han skulle ha til folk og dyr om vinteren. Dei måtte leggjast fint og varsamt på fleire hyller som han hadde på veggen på loftet. Det var Ryllik, Perikum, Kongslys, Kjerringrokk, Bukkeblad, Rogn og Bjørkeblad, berre for å nemne nokre av sortene. Bøker og aviser var det lite av, men farfar heldt «UGENS NYTT» og eg gjekk dit og lånte avisa til far. Det var ikkje å gå til «Gasgivaren» kvar dag den gongen. Gasgivaren var namnet som dei brukte om handelsmannen. Far hadde ei tobakksdåse av messing, den var blank og fin i godveir, men var det regn vart den svart og stygg. Denne tobakksdåsa var eit under for meg. Eg kunne gå ærend kor mørkt det var når eg berre hadde den i lommen eller i handa. Minnest ein gong eg skulle gå til farfar etter avisa, det var svært mørkt og då eg kom om lag halvvegs såg eg noko svært som leda på seg. Eg kasta då tobakksøskja i «utyske» og gjekk vidare. Då eg for heimatt var det lys dag og eg fekk sjå at trollet eg hadde sett stod på same staden, det var nemleg ein stor eine(sprakje) og inni greinene fann eg tobakksdåsa til far. Det var mykje i denne tida av folk som kalla seg «reisande», av bygdefolket vart dei kalla «tater». Dei dreiv hestehandel SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

65


og klokkebyte, ja, litt steling førekom no også. Oldefar likte godt at Aleksander og Pottefoten kom, dei var også inne på dyrlegekunstane. Av reisande var det berre desse to familiene som fekk bu hos oldefar, for dei var so han sa «av bra folk» . Dei fekk då vere til dei ikkje hadde meir nytt å fortelja. Når dei for sin veg sa oldefar:» Eg er no meir glad eg ser hælen eller eg ser tåa på dei». Om det kunne vere eit byte i kvardagen så var han no glad dei for sin veg. Eg kunne skrive ei heil bok om minne frå oldefar. Ellers i huset var det far, mor, vi syskena, dreng og ei terne (jente).

«I jula hadde vi klint mat, det var lefser og kaker. Då vi fekk komfyr vart det brød og også litt småkaker.» Matvegen var mest lik på alle gardane. Til frukost var det kaker av mjølk eller poteter. Det var ikkje komfyrar den gongen og dermed ingen steikeovn. Eg kan minnast at mor steikte store runde brød i gryte. Ellers var det flattbrød og spikemat. Smøret vi bruka var kling, det var smør som dei rørde rømme i. Til pålegg var det prim og litt sukker eller sirup. Til middag var det graut og surmjølk. Grauten var heimavla og heimemale havremjøl. Hugsar endå at eg tykte «mjølflisane»

66

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

skrapa i halsen. Til nons, som dei sa, som var i 5-tida, var det sild, poteter og surmjølk. Av sild var det fleire slag, det var spikesild, røykesild og kokesild. Til kvelds var det graut og surmjølk. Til helgekost var det litt byte på maten, vi kunne då få påsmurde kaker og vi kunne få ein liten klatt godt smør. I helga var det oftast ertersuppe og salt kjøtt til middag. Alle gledde seg svært til jul, for då fekk vi kanskje eit par nye sko, ny heimeveven og heimesydd kjole eller eit par sokkar. Dersom vi ikkje hadde bruk for noko av dette måtte vi vere glade for ein lommeduk, eit eple eller ei appelsin. Det var ikkje frukt heile året som no. Vi fekk ei heil tønne eple frå ein mann i Vik og vi var svært glade når vi fekk ta eit eple. Før jul gjekk eg til farmor og var med henne og støypte lys. Då bråna ein talg, sauefett, og slo det opp i eit høgt trekjerald, tok så tjukk tråd (lysveik) på ein pinne og stakk veiken ned i talga, dette måtte gjerast varsamt så det tok lang tid. Når lyset var om lag halvlangt feste ein på fleire veiker så ein fekk greiner på lyset og dette var svært gjæve julegåver. Eg kan godt minnast då vi fekk den fyrste komfyren. Mor byrja bake brød og eit av borna til naboen kom og fekk sjå dette underet. Han letta på bakovnsdøra og sette i eit rop: «Her er stomp i ovnen» og så datt han på golvet i undring. I jula hadde vi klint mat, det var lefser og kaker. Då vi fekk komfyr vart det brød og også litt småkaker.


Til julemat høyrde ribbe, heimelaga pølse, rull og sylteflesk. Det var gamal skikk at ein skulle ha ribbe både julafta, nyttårsafta, trettandeafta, som var 5. januar, tjuandeafta, 12. januar og kyndelsmesse, og då var det også slutt på jula. Sild måtte ein ikkje ha på bordet før etter 6. januar. Mylje var det brukt mykje av og då helst til frukost. Det var 3 slag mylje: Brødmylje som var flattbrød og poteter med kjøttkraft og fett på og så var det røremylje og kokemylje. Det var ikkje snakk om kjøpemøblar, ein bruka kvitskura langbord eller klaffebord. Klaffeborda var praktiske. Ein slo det opp når ein skulle eta og ned når det ikkje var i bruk og det tok såleis liten plass. Ellers var det nokre heimelaga pinnestolar og ein langbenk. Sengane var breie og korte, har ofte undra meg på korleis store folk kunne få plass i ei slik seng.

«Sengane var breie og korte, har ofte undra meg på korleis store folk kunne få plass i ei slik seng.» Det var ikkje dyne i dei dagar, nei, det var heimevevne ullteppe, kvitlar som dei sa. Putene var fylte med filler eller det kunne vere ei skinnpute. Ellers var det stive, harde åkle som dei vov av den aller dårlegaste ulla. Eg kan godt minnast at det var stor stas den

kvelden vi fekk det fyrste stoppeteppet. Det var mor som kom på at vi skulle karde ull og legge i fine lag inn i slitne kvitlar. Dette var eit stort ombyte, desse var både lette og varme. Alt av sokkar, vottar, undertøy, ja alle dei klær vi hadde var heimelaga. Eg kan godt minnast oldefar hadde liggjande ein stor vev, det var grått vadmål. Mor var flink å sy, ho hadde gått eit sykurs hos ei gamal kvinne og no skulle eg få skjørt av dette tøyet til oldefar. Dette skjørtet var for meg ei «pine» det var både sidt og stivt. Dette måtte eg ha ei råd med og ein dag far skulle slipe, passa eg på å stå inntil slipesteinen slik at det vart eit stort hol i skjørtet og no skulle eg verte kvitt det, men nei. Etter at eg fekk dugeleg skjenn gjekk oldefar og fann ei stor bot som mor måtte setja på skjørtet og eg måtte pent fortsette å gå med det. Av yttertøy hadde vi berre ein stor strikka trekanta klut som dei kalla spøtaklut. Den var så stor at vi kunne ha den over herdane og knytte den bak ryggen. Serleg sjukdom i heimen minnest eg ikkje. Det var no for­ skjellege barnesjukdomar som kikhoste, vannkoppar og kregda. Det kom vel med at det var lite sjukdom for langt var det til doktor og folk hadde lite råd til å søkja lege. Like langt var det også til jordmora. Eg minnest at nabokona skulle ha ein liten. Det var på høsten, mørkt og uveir var det. Mor vart bodsendt og skulle vere der til jordmora kom. Det var med hest mannen måtte taka ut i natta og uveiret, og det tok lang tid sjølv om han SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

67


skunda på hesten. Når han kom med jordmora var det komen til verda ei lita frisk jente. Gleda var stor over at alt var vel og så måtte dei ha, som dei sa, «jordmorkaffi». Den skulle vera ekstra sterk og det vart gjerne ein dram til både mora og jordmora. Eg hugsa mor sa då ho kom heim: «Eg har aldri vore så redd og eg bad Gud hjelpe meg». Som før nemnt var det lite med lesestoff utanom skulebøkene. Vi måtte vere svært varsame og nytta godt ut dei bøkene vi skulle skrive og rekne i. Vi måtte betale alt sjølve og til det måtte vi plukke bær om hausten så vi fekk det vi trengde. Eit kg blåbær var 10 øre og tyttebær fekk vi 15 øre kg for. Ei tid hadde vi tavle og griffel, men så vart det kladdebøker. Før var folk meir kjærlege og hjelpsame mot kvarandre og vi finn meir av det som Ivar Aasen skriv om: «Var der nokon som der leid vondt og vart føre tap og spille, brått det spurdest om bygda rundt, og alle tykte det var ille.» Det var bjørkenever og torv på taka i den tid og skulle ein ha nytt tak på, eller vøla eit hus, så kom naboane og hjelpte til, det var dugnad. Då var det ikkje snakk om graut til middag, nei, då var det suppe og kjøtt. I den tid hadde folk tid å snakke med kvarandre, ja, dei sa jamvel at hestane stogga på vegen når dei møtte nokon. Hestane var vane med at når folk møttest skulle dei ta seg ein prat, og hestane likte vel ein kvil også. Det var ikkje lett å vera hest i dei

68

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

dagar, det var litt av eit slit. For mange var det lang veg til sjøen til handelsmannen for å selgja varer dei hadde verka heime og dei skulle ha med heimatt det som trongst. Mange hestar var magre og lurvete, dei fekk så altfor lite mat. Heimen min låg slik at dei som hadde lang veg måtte overnatte, og dei låg då hos oss for vi hadde god plass. Far var då tidleg oppe og gav hestane mat. Mennene hadde niste med seg i fine rosemåla tiner. Dei hadde smør i ei heimelaga øskje og dei hadde med potetkaker, flesk eller spikekjøtt og flattbrød. Enkelte av desse hadde heilt lass med knust bjørkebork dei skulle levere, for i den tida var folk på skogen kring jonsok og tok bort bork og never av bjørka. Når det var hett nok slepte borken godt bjørkeleggen. Dei tok fyrst varsamt av store flak never som skulle brukast til å tekkje hus med. Borken var det ikkje så nøye med for den skulle berre knusast og så ha i sekker for salg eller dei skulle bruke den til garving av dyrehuder til sko og anna dei hadde bruk for skinn til. Vi borna la borken saman når karfolka hadde flekt den av trestammene og hadde vi tid til det, likte vi godt å smake på den søte «saven» på den nakne bjørkeleggen. Dei som køyrde lass til handelsmannen var tidleg oppe, dagane var korte og vegen lang. Når dei for heim hadde dei byta til seg varer som fyrstikker, salt, fisk og sild. Kanskje litt erter, gryn og fint mjøl, men dette var no etter kva dei hadde råd til. Det overnatta mange driftekarar hos oss, for det var så godt


Øksland tatt før brannen i 1929.

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

69


beite og lett å passe dyra. Det var berre ein stad i vegen ein måtte passe på, ellers kunne dei gå som dei ville. Unge gutar i bygda ville gjerne ha dette arbeidet frå om kvelden til om morgonen. Eg hugsar to gutar som vart spurde kva dei ville ha og den eine ville ha kr 2 mens den andre var nøgd med kr 1.80 og sjølvsagt var det han som fekk det, for 20 øre var pengar i dei dagar. Denne driftekaren vart hos oss ei heil veke og når han reiste betalte han kr 5 for hus og kost for heile tida. Eg kan minnast korleis han skar store skiver spikekjøtt og smurde smør på. Det var ofte mange mjølkekyr med og då måtte vi avstad og mjølka, og mor kokte ost. Fyrst var det kvitost og så fleire brunostar, - nam, nam så godt det var. Det var ellers lite med pålegg, slikt som syltetøy var det lite om for bæra måtte seljast så vi fekk litt pengar. Borna måtte vera med i arbeidet frå morgon til kveld. Om vinteren var karfolka på skogen, og var dei langt unna måtte vi bere mat til dei. I kaldt veir fraus maten, dersom dei skulle ta den med seg om morgonen og vi måtte då gå med heit graut og surmjølk. Var det god brøytt veg var eg glad for då kunne eg ta med «krubba», ein liten kjelke, og då kunne eg sigle heimatt. Krubba var visst ikkje lett å draga med seg, men vi var ikkje bortskjemde i den tida. Ski likte eg godt å bruka, men det var ikkje kjøpeski, nei, det var stavane or ei gamal tønne. Til bindingar var det ei lerreim over skotuppen. Det var ikkje rare greiene, men vi var takksame for

70

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

lite og eg kan minnast kor stas det var om vi fekk eit rosemerke som var i kaffiposen. Kan minnast då far kjøpte ei øskje skosmurning fordi vi ikkje hadde att meir av den heimelaga som var av feitt og tjøre og eg fekk denne smurningsøskja då den var tom og eg vaska og pussa på den så den vart blank og fin. Det var ikkje såpe og pulver å vaske med som i dag, nei, det var soda og lut som var koka av oske som vart brukt til hus- og kledevask. Kleda vart vaska og så kokte i ei stor gryte i eldhuset. Ulltøyet måtte ein vera varsam med, ikkje så varmt vatn og lite lut. Det var ikkje kjekt å stå i eldhuset med kledevask i sprakande kulde, men då var det godt med heimestrikka sokkar og gode kloggar, tresko, som underlag. Kloggane var for det meste heimelaga, men enkelte hadde kjøpte, dersom dei hadde råd til det.

«Det var ikkje såpe og pulver å vaske med som i dag, nei, det var soda og lut som var koka av oske.» Far dreiv og handla litt med hest og kyr. Skulle far i veg å hente ei kyr måtte eg vera med å jage på, men det hende kyra fylgde lett etter og då fekk eg sitje i vogn og køyre meg, men ville ikkje kyra gå, måtte eg traske etter for å jage på. I ein heim var eg med inn og venta mens folk åt nonsmat og


der var det 10 born i huset samt mor, far, bestemor og bestefar. Dei sat ved eit langt bord som stod midt på golvet med ein langbenk på kvar side og på kvar ende ein heimelaga stol. På bordet stod eit litt stort tretrog med sild i den eine enden og ureinska poteter i den andre enden. Ei stor treskål med surmjølk og ei treause i, alle drakk av same ausa. Rusk av poteter og sild vart lagt på bordet. Då alle hadde ete, tok kona og sopa alt rusket opp i troget, vaska bordet og knivane og dermed var oppvasken ferdig. I dag hadde det vorte 28 tallerkar + knivar, gaflar og skeier. I eldre tid måtte folk nytte tida betre enn i dag då alt som skulle brukast skulle verkast heime. Det var ei slitsam, men sæl tid. Dei heldt helga heilag og hadde vyrdnad for Guds ord. Oldefar hadde ei tid hest og han køyrde den lange vegen til kyrkje. Han sat framme i karjolen, som dei kalla det. Eg sat bak på eit lite sæte og skulle vera det oldefar kalla «Grindespretten». Når vi skulle ut og køyre, tok alltid oldefar på ein grå frakk som var laga av heimelaga vadmål. Om våren slik omkring Jonsok måtte vi alle vera med på skogen og leggja saman store dungar med lauvkvister. Karfolka hogg ned og kvinnene var med og batt kvistene saman til «lauvkjerv» som skulle vare til sauer og geiter om vinteren. For oss borna var det arbeid, arbeid og vi visste lite om det som heitte leik før vi tok til på skulen, og etter at skulen tok til vart det også lekser som skulle gjerast ved sida av arbeidet. Eg var

Anna saman med kyrne.

ikkje stor når far vekte meg tidleg om morgonen og eg skulle i skogen og leite etter hesten. Eg hadde mykje leiting og henting av hestane. Eg likte å ride og vart mange gongar glad i hesten, men dei var ikkje alle like snille og gode å ha med å gjere. Det gjekk mange framande hestar på beite hos oss og det hende då ofte at eg hadde 4–5 som skulle heim på same tid. Eg hadde då den snillaste fyrst og sidan batt eg dei andre i halen på kvarandre med grime. Det vart tomt på garden då hesten vart borte. Vi hadde lang og stygg skuleveg. Det høvde slik at eg vart SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

71


gåande åleine, dei andre var eldre. Vi gjekk 3 år i fyrste klasse og 4 år i andre klasse, men læraren tykte synd om meg som var så liten og skulle gå den stygge vegen åleine så eg gjekk berre to år i fyrste klasse og fekk såleis fylgje fram til dei to siste åra. Vi gjekk på skulen 3 dagar i veka. Vegen var aldri pløygd så tidleg som vi skulle på skulen. Plogen den tida var ein treplog, og det var to hestar som drog. På skulevegen var det fleire elvar som i uveir fløymde over vegen, og eg vassa ofte i snø og sørpe til oppunder armane mest. Kan hugse ein gong som eg måtte snu heimatt, eg hadde då vassa gjennom fleire skreder, men den siste greidde eg ikkje. Vi var ofte så våte at vi måtte få nokon av jentene til å hjelpe med å vri vatnet or sokkane, men etter det tok vi dei på att og sat i dei heile dagen. Når vi kom heim, måtte vi ofte sette føtene under omnen for å tina skoa lause. Vi var svært glade når isen la seg på vatnet og den vart så sterk at vi kunne gå den. Eg var så heppen at eg hadde fått eit par skeiser av nokre bydamer som var heime hos oss. Oldefar lurte på om eg ikkje fraus når eg for etter isen i sprengkulde som det ofte var, og så fekk vi tøy av vadmålsveven han hadde liggjande og mor sydde kåpe til meg. Den var ganske stiv, men varm. Når det bles og eg hadde skeisene på, knappa eg berre opp kåpa og det var reine seglet og det gjekk av seg sjølv oppetter isen. Oldefar lærde meg å lese, men eg var ikkje alltid så glad i ABC-boka, men lese måtte eg, og eg kunne lese heilt godt då eg

72

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

tok til på skulen. Eg måtte også lære Almanakken og der var det noko oldefar kalla for «Aspekter». Han tyda veir og vind etter «Aspektene», men då «aspektene» vart tekne bort frå Almanakken sa han at no vart verda så galen at det gjekk ikkje an å leve lengre. Etter kvart som oldefar trong hjelp, fall mykje av dette på meg, og når eg hadde hjelpt han i seng om kvelden la han hendene saman over brystet og takka for kvar dag og time. Eg var endå lita og tykte det var lite å takke for, men no er eg takksam for at eg minnest både dette og mykje – mykje meir. Hos oldefar lærde eg mange salmevers, han song mykje frå Landstads salmebok. Eit stort synleg minne fekk eg etter oldefar, ein stor messing ljosestake som eg vonar skal verte i ætta til minne om ein gamal bygdehovding.

«Den fyrste store sorg i mitt liv var vel då oldefar døde natt til julafta. Eg ville så gjerne han skulle ha levt til over jul.» Den fyrste store sorg i mitt liv var vel då oldefar døde natt til julafta. Eg ville så gjerne han skulle ha levt til over jul. Det er stor skilnad på gravferd i dag og den gongen. Kvelden før gravferda kom dei i frå kvar gard som skulle vera med i gravferda med eit spann mjølk som skulle kokast til «velling». Det var søtmjølk og


byggryn som vart kokt så lenge at den fekk ein fin farge. Alle som kom med mjølk måtte inn og få mat. Alle som kom til gravferda fekk frukost. Det var heimelaga mat som lefse og fleire sorter kaker. Det var alltid andakt i heimen av presten og det vart lagt på kista heimelaga kransar av lyng, eine, gran og litt papirblomar, dersom det var om vinteren og ein ikkje hadde litt stoveblomar som ein klipte ned. Kista med den døde i vart varsamt boren ut og sett på ein slede eller ei vogn, ettersom det var føre til. Hesten måtte ikkje springe, den måtte gå «fot om fot», som dei sa, den siste reis skulle føregå på ein verdig måte. Dei som song, køyrde fyrst og så kom hesten med liket og deretter all dei andre som fylgde. Skikken var då at dei som var tekne ut til å syngja skulle stogga ved kvar gard og syngja eit salmevers. Dette var heller surt i kulde og ruskeveir. Var det lang veg til kyrkje kunne denne reisa taka fleire timar. Det vert fortalt at det ein gong var så fælt veir at dei måtte setja liket under ein stor hellar til veiret gav seg og fylgjet måtte snu heimatt. Hellaren har den dag i dag namn etter den som låg i kista. Heimvegen frå kyrkja gjekk fort, då kunne ein køyre i tråv. Dei som var med var også trøytte og svoltne. Det var fyrst varm velleing, så fisk, smør, poteter og flatbrød, deretter kjøtt med eller utan saus, til slutt sviskegraut med mjølk på. Det kunne no vera så langt på dagen at mange måtte bryte opp for å nå heim

og stella floren, men dei som var att fekk kaffi. Det var skikk at dagen etter gravferdsdagen skulle den næraste slekta og dei som hadde hjelpt til på ymse vis koma attende til middag. Det vart så rart heime etter at oldefar gjekk bort, ikkje få tala med han lengre og høyre hans glade «god morgon» før eg gjekk på skulen. På skulen hadde vi ein eldre lærar, og han tok alltid til dagen med ein song, og vi las Fadervår saman og dette likeeins når dagen var slutt. På skulen fekk vi leike saman med andre born og vi leika slå på ringen, tre mann vinden, høge fjell og djupe dalar, ut å gå på brannvakt. Gutane var ikkje alltid så gode å leike saman med og ofte ødela dei leiken og då vart det for oss jentene å spela femstein. Det er gildt å møta att dei vi gjekk på skulen saman med og for presten. Vi hadde lang veg til presten, vi gjekk der to gonger i månaden. For presten måtte vi lære leksene godt, både dei frå bøkene vi hadde og salmeversa. Presten var ein eldre streng mann. Når eg skulle til presten fekk eg 25 øre til å kjøpa mat for, og eg fekk då 3 bollar for 10 øre og dette vart eg godt mett av og hadde likevel att 15 øre. Til konfirmasjonen var det ikkje slikt styr med klede og sko som no, men det var nye ting vi fekk og til og med kjøpestøvlar fekk eg. Kan minnast ein konfirmasjonssundag då det hadde vore SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

73


svært dårleg veir utover hausten at vi straks etter å ha fått oss litt middag berre måtte skifte for å berge inn kornet som hekk på staur. Det var tungt arbeid å bera inn staur med korn på. Ein hadde vyrdnad for sundagen, men i eit slikt tilfelle måtte ein forsøke å berge kornet. Det skulle vere til mat for folket om vinteren og halmen skulle brukast til sengehalm og dyrefor. Om hausten når kornet var moge skulle det skjerast og bindast i fine bundel, nek, som vi borna «bar på krakken» som dei sa. Det var ein krakk med to lange bein, ei lang fjøl med trinn på som vi skulle gå på når vi bar kornbanda opp til dei som sto på krakken og skulle «føre» kornet som dei sa. Når kornet var kome på staur, eller seinare når dei tok til å ha kornet i hesjar måtte borna gå omkring på åkeren og plukke aks som låg att eller hadde dotte ned. Dette vart kalla å plukke «bruse».

«Det var ofte uveir om hausten når kornet stod på staur, vinden bles ned stauren og kornet måtte førast opp att.» Dei gamle kalla kornet for «Gudslånet», dei verna om kvart eit aks dei fann. Det var ofte uveir om hausten når kornet stod på staur, vinden bles ned stauren og kornet måtte førast opp att. Den gongen treskte dei kornet med «Tust». Seinare vart det maskin

74

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

som dei kunne leggja kornbandet i og det var to som snudde maskina. Dette var eit heller helselaust arbeid for kvinnene. Når det var passe vatn i elva skulle kornet malast til mjøl. Det var bygg og havremjøl, bygg tykte vi borna var best for det var ikkje så grovt med flisar i. Kvernknurren 1. september akta dei gamle vel på. Var det godveir den dagen vart det lite vatn så det kunne verte lenge før dei fekk male. Flatbrød var mykje brukt, det var då fleire som baka og gjerne i to dagar, og dette var visst haust og vår. Dei tok til i 3-tida om morgonen og baka til langt på kveld. Ei som skulle vere med å bake kom litt etter kl. 3 og tykte ho hadde lita tid då ho skulle få i seg ein matbete så då ho sette seg sa ho berre:»Gud skje lov, meir har eg ikkje tid til i dag.» Det var også ein stri dag for den som skulle steika brødet. Den som steikte passa på å ha ein pinne der det vart skore inn eit hakk for kvar 20. leiv som var ferdig og slik heldt dei greie på kor mange tjug dei hadde baka for dagen. I vår tid var det ingen sundagskule eller barnelag, ikkje noko barneblad heller. Det fyrste eg minnest var «Norsk Barneblad» som ein av brødrene mine fekk halda. Det var lite for dei unge å lære når det var tale om vidare skulegonge. Mor hjelpte til slik at eg fekk gå på framhaldsskulen, far tykte det fekk greie seg med folkeskulen. Kan minnast at ei syster av far hadde hug til å verta jordmor, og ho nemnde på om nokon kunne hjelpe henne med pengar, men då meinte dei at ho kunne ikkje vera rett vettug, det


måtte vel verte råd for henne å få skikkeleg arbeid. Største stasen i den tida var at ein fekk døtrene gift bort til ein odelsgut. At den fyrste verdskrigen kom merka vi ikkje så mykje til. Det var mest sut for å berga seg med mat. På gardane gjekk dette på eit vis, dei fleste hadde funne ein trygg gøymestad for mjøl, gryn og erter. Ein mann hadde fått tak i ein sekk erter som han sette på øvste loftet, lensmannen kom på besøk og han var flink til å leita etter bortgøymde matlager og han fekk auge på luka i taket og opp skulle han og når han letta på luka, fekk han erter i hovudet, mysene hadde gnege hol på sekken og no trilla ertene utover golvet. Den andre krigen var hard, eg hadde då flytta lengre opp i bygda på ein gard der. I nærleiken var det mykje tyskarar og ein del russiske fangar. Vi måtte kvar dag tvangslevere mjølk som tyskarane kom og henta. Det var ikkje lett å levere alt ein vart pålagd og så ha noko å hjelpa dei med som kom og bad om hjelp. Borna gjekk forbi anlegget som tyskarane hadde og dermed også forbi russarleiren på veg til skulen og borna gav fangane sokkar, vottar og mat og russarane takka med fine fuglar som dei hadde skore ut av tre eller av ein 10- eller 25-øring laga russarane fine ringar. Garden eg no kom til hadde husvære som var ei lita stove med eit lite kammers attåt. I stova var ein stor omn i fleire høgder, der

ein skulle koke det ein hadde bruk for, og det var ei stor tung gryte. Vatn måtte berast både inn og ut. Veden ein skulle bruke var både rå og liten, for alt som kunne seljast måtte gå den vegen, sjølv om prisen var liten. Foret til dyra måtte vi binde saman til det vi kalla «vandlar» med halmband rundt, då fjøsen og løa ikkje låg på same staden. Dette var eit både slitsamt og kaldt arbeid om vinteren i kulden.

«Sommaren var ei slitsam tid både for folk og hest. Det var ikkje silo, men alt måtte hesjast.» Når våren kom var det å få ut gjødselen, lesse i vogna med hand og likeeins kaste den utover og så måtte vi ut med rive for å rake gjødselen fin. Dette var arbeid ein kunne stå med dag etter dag. Potetene måtte setjast med hand og likeeins takast opp om hausten. Så var det alt ugraset ein måtte passe på å få bort og så måtte vi fore potetene når vi såg stokken kom opp, og dette vart også gjort med handemakt og grev. All sauegjødselen måtte hakkast med grev, var den ikkje hakka, sleit vi hardt når den vart kasta utover og vi skulle få raka den fin. Vi hadde mykje raking av kvist og lauv i utslåttene der vi sanka for til sauene om sommaren. Det var lite gras i desse utslåttene, SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

75


men du for godt sauefor det var. Lauvet vi raka saman om våren vart det mykje av. Dette fylte vi i sekker for det skulle vi ha under sau, kalv og gris om vinteren. Kvisten vart lagd i dungar og brend. Vi skar også blom og einestabb det vi kunne finne til å ha under dyra om vinteren. Sommaren var ei slitsam tid både for folk og hest. Det var ikkje silo, men alt måtte hesjast. På stølen hadde vi «kvie». Det var eit inngjerda stykke omkring stølshusa, og her slo vi når vi var ferdige med slåtten heime. Alle og spesielt borna såg fram til stølsslåtten. Det var arbeid og slit her også, men litt fritid kunne ein unne seg innimellom. Borna fekk då litt fritt så dei fekk fiske i den klåre rennande elva som gjekk forbi stølsvollen. Det var stor stas for borna når dei fekk ein fleskebit som dei sette på ein pinne og dei fekk lage eit bål borte ved elva og steike flesket på glørene. Største stasen for borna var å få liggja i høyet på fjøslemmen om natta: Ein sov like godt om det ikkje var heilt roleg i fjøset og noko eige var det med dette å liggja der å høyra kor dyra hjorta og kyrabjølla klemta innimellom. Stølslivet var slitsamt, men gilde minne har ein også med seg derfrå. Det vart ikkje mange timars svevn når ein skulle opp i 4-tida og ein ofte ikkje kom i seng før 11–12 om natta. Den tida var det så gildt med all fuglesongen, noko det etter kvart har vorte lite av. Når vi var på stølen måtte ein kløvja mjølka heim

76

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

og dette var slitsamt både for hest og mann då det ikkje kunne gjerast om dagen, men det vart om kvelden, for arbeidsdagen måtte nyttast best mogeleg heime. Det hende ein måtte kløvja opptil 4 gonger i veka . Ein reiste då etter «nons» i 5-tida om ettermiddagen og når ein hadde ca. 1 ½ times gonge kvar veg så vart det ofte seint på kvelden før ein kom heimatt. Det vart den gongen helde helg både på stølen og heime, ei kvile alle såg fram til og sårt trong om. Ein vart ikkje tidleg ferdig å få alt i hus om hausten, alt måtte nyttast best mogeleg ut. Dei gamle sa: «Ein må få mest mogeleg i hus, for hugs vinteren er lang og ein finn ingen ting når den kvite fyk». Jau, noko fann ein og det var ris og «skav». «Skav vart ein del nytta til dyrefor, det var bork av rogn og osp og dette var dyra glade i. Vi må ikkje gløyme sauesanking, klipping og slakting om hausten. Saueklipping var eit tungt arbeid som kvinnene sleit med og saksene vi hadde var ikkje alltid så gode. Under slaktinga måtte alt takast vare på, det var lite som vart kasta den gongen. Det var mykje frost og slit med å sitja ute ved elva og vaske alt det som skulle malast til »morpølser» og vi hadde lange stenger med slike pølser hengande i stabburet, og alle var glade i desse pølsene. No vert den innmaten for det meste kasta og folk kjøper pølser i staden. Om vinteren var det mest florsstellet, vasking og matlaging det


gjekk i ved sida av stopping, strikking, sying, karding, spinning og veving. Det var lite å kjøpa og ein hadde heller ikkje råd til det. Det var lange dagar både for kvinnene og mennene, det var ofte mange born som skulle ha både mat, klede og sko. Når mennene kom heim frå skogen i kveldinga måtte dei til arbeidshuset, dersom det var eit slikt på garden, utan sat dei i stova med vøling av reidskap, eller sko. Dei arbeidde også tunner av fleire slag, både små og store, dei gjekk til salgs så ein fekk nokre kroner.

«Ho rikka seg ikkje av vegen og ein av dei som var i bilen måtte gå ut og snakke med henne og han måtte leie henne ut på vegkanten.» Etter som tida gjekk vart det møter, basarar og foreiningar av ymse slag. Vi tok til med sundagsskule i 1935–1936 og det var lett å samla borna den gongen. Borna var glade i å syngja, og dei fylgde levande med i forteljingane vi fortalde dei. Fekk dei eit bilete eller eit lite blad var dei svært takksame. Eg minnest så godt ein gong eg la fram eit bilete av Daniel i løvehola, og eg tenkte at dette ville vel ingen ha, men då var det ein av gutane som var snar å ta det og sa: «Får eg ikkje dette, vil eg ikkje ha noko glansbilete». Denne guten reiste sidan til sjøss og møtte

sikkert mange fårar både på sjø og land. Når ein tenkjer attende er det mangt ein minnest. Far var mykje med i kommunen sitt styre og stell og vi hadde lang veg og det var ikkje alltid han kunne bruke hesten for den trongst heime. Så fekk han kjøpt ein sykkel, men då var det mange som undra seg storleg og det var noko som sa: «Enten måtte han vera rik eller galen», han hadde gjeve kr 30,- for sykkelen. Ein gong kom far heim med ein fisk han hadde kjøpt, han hadde ein liten streng gjennom kjeften på fisken og endå far var nokså høg så drog han sporen etter seg, men då hugsa eg far sa: «No går det ikkje an å kjøpe fisk lengre for tenk eg har gjeve 80 øre for denne fisken». Eg kan godt minnast då den fyrste bilen kom, ei gamal kvinne på nabogarden spasera i ro og mak etter vegen, hadde hendene i lommane under den heimevevne flatrukka stakken, ho gjekk der og ana fred og ingen fåre. Der kom bilen og ho stogga midt i vegen og såg på utysket, dette måtte vera den vonde sjølv, meinte ho då dei bles i bilhornet for å få henne or vegen. Ho rikka seg ikkje av vegen og ein av dei som var i bilen måtte gå ut og snakke med henne og han måtte leie henne ut på vegkanten så bilen fekk koma forbi. Når ein er komen så langt opp i åra at ein får pensjon, er det nesten uråd å forstå korleis alt har endra seg, men eg vil ikkje seia at alt berre har vorte til det betre. Ein kan mest ikkje tru at SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

77


ein berre kan skrive på ein giroblankett og kvar månad få fleire hundrekronesetlar oppi handa når ein før var så hjarteglade for ein 10-øring. Vi som er eldre vi minnest kor vondt mange hadde det før, både eldre og uføre. Kom det eit barn til verda som var uført eller hadde ein sjukdom på ein eller annan måte, måtte det gøymast bort så andre ikkje fekk veta om det. I den tida hadde alle lite, og det var ingen stønad av noko slag, men dei gjorde så godt dei kunne for seg og sine. Den gongen budde det fleire generasjonar i huset. Det er kjekt å å gjeva fuglane mat, sjå dei på brettet utanfor glaset der dei frydar seg og kvitrar som takk for maten. Erla er ikkje komen i år endå, men ein må passe på korleis ein ser henne fyrste gongen om våren. Ser vi henne flygande kjem vi i bryllaup, er ho i pløygd åker vert det eit bra år for oss, men gjeng ho i grus eller stein vert det eit skralt år. Dei gamle hadde ikkje radio og TV, men mange merke og ordtak dei trudde på. Det var mange som ikkje hadde klokke, men dei hadde sola og stader dei retta seg etter. Der kom namn som Middagsskaret, når sola var der kl. 12. Det var Nonsskaret, då var kl. om lag 5 på ettermiddagen og dei hadde merke for morgon og kveld. Ja, dei eldre akta vel på dei mange merka dei hadde. Flaug hegren til sjøen vart det uveir, men kom han flygande oppetter

78

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

dalen vart det godveir. Gauken var no den gjevaste merkefuglen, den måtte ein passe godt på. Nord Någauk, då vart det dødsfall i familia. Syd Sågauk, då vart det eit godt år. Aust Gildegauk, då kom ein i bryllaup. Vest Viljagauk, då fekk du det slik du ville det året. Når ein hadde høyrt gauken, kunne ein gå berrføtt og spara både sokkar og sko, – ja ein måtte gå berrføtt mest til snøen kom for å spara på fottøyet. Eg kan godt minnast når vi gjekk heim frå stølen om morgonen når det leid ut i september korleis det var far i frosten på marka etter berrføtte føter der vi gjekk. Av rim og ordtak var det mange slag, men eg får avslutte her.


Stølar i Gaular På sogelaget sin stand på Gaularmarknaden 2013 kunne folk svare på kva stølar det var bilete av. Desse bileta her viste seg å gje ein del hovudbry, derfor har vi tatt med nettopp desse stølane på dei neste sidene. Foto: Dagfinn Vasstrand.

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

79


Nasastølen.

80

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013


Vikastølen.

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013

81


Eikelandstølen.

82

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013


«Apalen etter Ingebrigt har fått to namn: Surapalen og Guriapalen»

4

SOGEHEFTE FOR GAULAR 2013


Sogehefte for gaular 2013  
Advertisement
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you