Page 10

Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane Dei har

leita og forkasta med tungt sinn. Når berre ei kvinne frå kvar kommune skal veljast, gjer det fysisk vondt å måtte vrake alle dei andre flotte kandidatane.

Kvinner frå Sogn og Fjordane har tradisjonelt ikkje gitt så høg lyd frå seg. Likevel har dei sett sine spor, bana vegen for dei verdiane og den plassen kvinner i dag har, i sine lokalsamfunn og som ein lekk i det store samfunnsbiletet. Målet med utstillinga «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane» er likevel ikkje berre å trekkje fram dei «store», men også vise kvardagen og samfunnsutviklinga gjennom dei låge stemmene og deira virke; fiskarkvinna, husmannskona, jordmora, budeia og husmorvikaren. Dei vil drepe myten om at kvinners plass har vore ved kjøkenbenken. Kjøkenbenken er dessutan ei ganske ny oppfinning, noko som dukka opp på 50-talet med «husmora». - Men det er også ei fantastisk historie, ei synleggjering av kvinnearbeid, seier ei av kvinnene som dei siste vekene har site med dei vanskelege vala, museumslektor Anna Jorunn Avdem ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum - Kvinners plass har vore mange andre stader, dei har i mange høve gjort fleire ulike ting enn mennene, seier ho. Mange vil nok vere usamde i

prioriteringane til gruppa, men ved å fortelje historiene til 26 ulike kvinner frå ulike stader til ulike tider, ynskjer dei å vise at historia ikkje alltid er slik vi trur. Nokre av kvinnene sprengde rammer, medan andre arbeidde innafor dei. Kven skal vi velje frå Hyllestad? Rangele? Rangele Lassedotter Varlid (1620 1707) var bondekone på garden Varlia, der ho i tur og orden vart gift med tre brukarar. Siste gongen gifta ho seg med den 57 år gamle Lars Arneson, og då var brura 80 år gammal.

10

Jubileumsmagasin Sogn og Fjordane 250 år

- Men vi har for få kjelder. Det er gjennomgåande eit problem, så vi må kanskje byte ut nokre av dei vi har valt, seier Anna Jorunn. Menn har skrive ned historia med sine manneblikk. Det er historia til mennene. Dei har til dømes ikkje vore så opptekne av ein kvinneleg spedalsk poet på 1600-talet. Mariell Øyre skal utforme dei to meter høge plakatane

som skal vere klare til Historiedagane i Sogndal. Utstillinga vert laga i tre eksemplar og skal etter opninga på Sogn Folkemuseum turnere i kvar sitt fogderi; på bibliotek og kulturhus, i museum og på skular. I tillegg skal den ut på nettet i ei meir fyldig utgåve. Fylkesbiblioteket vil lage si eiga utstilling om kvinnelege forfattarar, og arbeidsgruppa vonar kommunar og skular i tillegg lagar sine eigne opplegg, trekkjer fram fleire lokale kvinner og let skuleelevar arbeide vidare med temaet.

Spelekvinna Samuline Seljeset frå Hor-

nindal er ei av kvinnene i utstillinga, levandegjort av felespelar, songar og artist Sigrid Moldestad i framsyninga «Taus». Sigrid deltek på opninga av «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane». For 250 år sia fanst eit unikt spelekvinnemiljø i Nordfjord. Friske spelekvinner vart møtte med begeistring og respekt i bygdene. Dei ville spele. Måtte spele. Musikken fylte varme, dampande danselokale, feletonane ljoma fritt, og ramma menneska midt i hjartet. Kvinnene spelte. Dei gifta seg og fekk barn. Og dei spelte. Fekk fleire barn. Og spelte. Heilt til pietismen og det fargelause trongsynet ein dag klarte å gjere tausene tause. Den store vekkingsbølgja på midten av 1800-talet øydela denne særeigne tradisjonen med kvinnelege spelemenn i Nordfjord og på Sunnmøre. No går kvinnene i bresjen att. Sigrid Moldestad, Annbjørg Lien, Honndalstausene, Synnøve Bjørset, Gro Marie Svidal og fleire til.

Dei har leita

Frå venstre: Mariell Øyre (grafisk design), Sigrun Espe (Kulturavdelinga ABM-Sogn og Fjordane), Anna Jorunn Avdem (De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum) og Kjerstin Risnes (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane). Marit Anita Skrede (også Fylkesarkivet) var ikkje til stades.

Kvinnestemmer frå S. og Fj. Tid: Opning 4. mai 2013 Stad: Sogn Folkemuseum Seinare på vandring i fylket Opna av Ida Blom, professor i kvinnehistorie, og Sigrid Moldestad, artist, felespelar, songar og historieformidlar. Utstillinga er eit samarbeid mellom Musea i Sogn og Fjordane, Fylkesarkivet og Fylkeskommunen. Formidlinga skjer i samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken.

Sogn o gFjordane 250 år  

magasin, jubileum, 250 år,

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you