{' '} {' '}
Limited time offer
SAVE % on your upgrade.

Page 1

5. – 9. juli 2017 NORWAY July 5-9 2017

fordefestival.no

Klangen av Norden – lyden av verda!

PROGRAMKATALOG

1


H.K.H Kronprinsesse Mette Marit er Førdefestivalen sin høge beskyttar.

Stortingspresident Olemic Thomessen står for den offisielle opninga av Førdefestivalen 2017 på opningskonserten: Nordic Sound Folk Orchestra, torsdag 6. juli kl. 19.30.

NRK TV og radio på Førdefestivalen Ansvarleg redaktør: Hilde Bjørkum Redaksjon: Torill G. Faleide, Janne Karin Støylen, Hilde Wiik, Jostein Årdal Grafisk formgjeving: findriv, Førde Trykk: Bodoni Illustrasjon: Piotr Pucylo Opplag: 33.000. Med atterhald om feil og endringar.

2

Jungeltelegrafen NRK P2 dekker festivalen og laurdag 8. juli vil heile sendinga vere full av Førde-stoff. Det vert også laga TV-produksjon frå opningskonsert og festivalgalla, som skal sendast på NRK TV i haust.


Innhald

Helsing frå festivaldirektøren Festivalgallaen ut i verda Løfte i lag Førdekonferansen 2017 Hekta på Førdefestivalen Nordisk klubb Afro-karibisk dansefest Lev litt. Lydkvalitet i verdsklasse Sommarnatt på Jølster Festivalarrangement i 8 kommunar Festival for heile familien Musikk i sentrum Familiesøndag Kursoversikt og omtalar Morgondans med Andreea Møt artisten Internasjonal bokkafé FørdefestivalMAT Epost-intervjuet Stiftinga Opplevingar for livet i Førde! Sponsorar Billettinformasjon No skal vi danse! Festivalguide Festivalfilm Arenakart

5 8 10 12 19 20 21 29 58 68 74 76 77 77 81 82 84 85 86 87 88 89 90 92 93 94 96 97

80 47 33 55 53 49 35 54 66 52 65 61 45 39 71 38 69 63 72 51 72 67 75 75 79 57 73 50 34 44 37 23 6 70 73 26 18 28 64 24 40 17 14 36 78 43 46 84

Aissa Tobi Annbjørg Lien & Roger Tallroth Arvesølvet Asere Baltic Crossing Bitori Bulgarian Voices Angelite Casuarina ComboNations Dàimh Elle Márjá Eira Trio Fargana Qasimova Ensemble Félix Lajkó Trio Folk All-in Band Gabriel Fliflet Gudbrandsdølenes Spelmannslag Hamid Sakhizada Helene Blum & Harald Haugaard Band Indre Sunnfjord Spelemannslag Ingfrid Breie Nyhus / Knut Buen Ingunn Bjørgo & Åsmund Reistad Javid Afsari Rad Trio Jigme Drukpa Kari Malmanger Kouame Sereba La Porteña Tango Trio & Eugenia Giordano Labakkalaget Lena Willemark - Berit Opheim - Ulla Pirttijärvi Länsmann Maia Birkeland Mamadou Diabaté Mokoomba Molsky`s Mountain Drifters Nordic Sound Folk Orchestra Ole Nilssen Polka med støyt På hogg og belegg - Sigmund Eikås og musikken hans Ricardo Ribeiro Sigrid Moldestad: SAMULINE - frå fela flyg din song Sulheim / Odde / Brimi - Atterljomen Sunniva no - Gro Marie Svidal m fleire Talent 2017 The Klezmatics Tinariwen Titi Robin Trio Vrang Väsen Xabier Diaz & Adufeiras de Salitre Yuliet Estrada Linares

3


NYHEIT

Premium WiFi

TRÅDLAUST INTERNETT I HEILE BUSTADEN DIN Slit du med WiFi? Har du opplevd at det trådlause internettet ikkje er stabilt og raskt i heile huset? No har vi løysinga. Med Premium WiFi Bustadpakke får du 3 boksar som gjev deg stabilt internett med høg hastigheit som når ut til heile huset.

Modem

Lurer du på noko eller ønsker du å bestille? Gå inn på enivest.no/premium-wifi eller ring kundeservice på 57 00 91 00

NB! For å kunne bestille Premium WiFi må du ha eit internettabonnement som er tilknytt Enivest.

4

Nett der du er


Klangen av Norden – lyden av verda! For 28. gong inviterer vi verda til Førde. I år har vi Norden som særskilt fokus. Det musikalske landskapet i dei nordiske landa er eit fargerikt mangfald av tradisjonar og kulturar. Gjennom temaet løfter vi fram våre nordiske røter gjennom ei rekke artistar og konsertar som speglar det nordiske musikklandskapet, der den samiske og fleirkulturelle musikken òg har ein sjølvsagt plass. I tidenes største nye konsertproduksjon for festivalen, Nordic Sound Folk Orchestra, står 40 av Nordens fremste musikarar, komponistar og solistar innan folkemusikksjangeren på scena, og framfører nyskriven og nyarrangert musikk i årets store opningskonsert. På same tid fyller musikk og rytmar frå heile verda meir enn 30 festivalarenaer, Og om du er ung eller gamal, om du har budd i Norge lenge eller kort, om du kjem frå Porsanger eller Paris, er du like velkomen til å vere med på årets musikalske oppdagingsreise! Årets program står i særstilling når det gjeld satsing på nye produksjonar. Å stimulere til musikalsk nyskaping, gje musikarar nye moglegheiter og publikum

nye opplevingar er viktige mål for Førdefestivalen. Desse satsingane gjev vesentlege bidrag til det norske og internasjonale musikklandskapet. Så kva er Førdefestivalen sitt DNA? Dei overraskande møta med musikk du ikkje visste at du elska? Dei nære møta med musikarar på spektakulære arenaer berre Sunnfjord kan by på? Den intense dansegleda til musikk du elles må reise halve jorda rundt for å oppleve? Den gode drøsen med venene på festivalkaféen? Eller den stille refleksjonen når den mektige songen fyller kyrkjerommet? Eller – kanskje nettopp at du får alt dette - på ein gong? Velkomen til den 28. Førdefestivalen! Hilde Bjørkum direktør

Nordic sounds – sounds of the world! We look forward to welcoming the world to Førde for the 28th time. This year’s festival focuses on the Nordic region. The musical landscape in the Nordic countries is a colourful mix of traditions and cultures. With this theme, we will be emphasising our Nordic roots with a number of artists and concerts reflecting the Nordic musical landscape, which naturally takes in Sami and multi-cultural music too. The largest ever concert production for the festival, the Nordic Sound Folk Orchestra, will see 40 of the region’s foremost folk musicians, composers and singers on stage together, presenting new pieces and new arrangements at this year’s great opening concert. Music and rhythms from all over the world will be filling more than 30 festival stages, and whether you are young or old, whether you have lived in the region for a long time or have just arrived, and whether you have come from Porsanger or Paris, you are equally welcome to join this year’s musical voyage of discovery.

This year´s programme is notable for the number of new productions. Stimulating musical creativity, and providing musicians with fresh opportunities and audiences with new discoveries, are major goals for the Førde Festival. These efforts have made a great contribution to the Nordic and international musical landscape. So what makes up the DNA of the Førde Festival? Is it the surprising encounters with music you didn’t know you loved? Is it the close encounters with musicians in spectacular settings that only Sunnfjord can offer? The intense joy of dancing to music you would otherwise travel half way round the world to experience? Chatting with friends in the festival café? Or is it the time for calm reflection as the mighty singing fills the church? Or perhaps the chance to enjoy all of these things at once? Welcome to the 28th Førde Festival! Hilde Bjørkum, Director

5


6


A RT I STOMTA LE

NYPRODUKSJON

Opningskonsert Nordic sound folk orchestra Folkemusikk i storformat Velkomen til Førdefestivalen sitt største enkeltprosjekt nokon sinne, Nordic Sound Folk Orchestra. Dei 40 folkemusikarane, 4 komponistane og 9 solistane i dette allnordiske orkesteret skal løfte fram solistiske tradisjonar i eit orkesterformat på folkemusikken sine premissar. På opningskonserten, torsdag 6. juli, skal Nordic Sound Folk Orchestra framføre nyskriven musikk av fire nordiske komponistar: Antti Järvelä (Finland), Mia Marin (Sverige), Harald Haugaard (Danmark) og Jorun Marie Kvernberg (Norge). I tillegg vil også nordisk tradisjonsstoff bli framført i ny drakt. Leiaren for prosjektet er ingen ringare enn svenske Karl-Johan Ankarblom, eitt av dei heitaste namna i Norden når det gjeld arrangering og orkestrering. Han har prosjekt med London Philharmonic Orchestra, BBC Symphony Orchestra og Royal Philharmonic Orchestra Stockholm på CVen, men sjølv for han overgår Førdeprosjektet det meste! – Vi seier ganske ofte at ein

konsert er «unik», men denne gongen er det verkeleg sant! Det kjem til å gå fleire tiår før nokon lukkast i å samle så mykje spisskompetanse innan den nordiske folkemusikktradisjonen på ei og same scene igjen, seier Ankarblom. GUDBRANDSDØLENES SPELMANNSLAG (NO) • Medlemer av FOLK ALL-IN BAND (SE), BALTIC CROSSING (FI/DA) og HARALD HAUGAARD KVINTETT (DA) • OLAV LUKSENGÅRD MJELVA (NO) hardingfele • OLOV JOHANSSON (SE) nyckelharpe • ULLA PIRTTIJÄRVI (SAPMI/FI), LENA WILLEMARK (SE), BERIT OPHEIM (NO) vokal • ANTTI JÄRVELÄ (FI) • MIA MARIN (SE) • JORUN MARIE KVERNBERG (NO) • HARALD HAUGAARD (DA) fele Torsdag 6. juli kl. 19.30 Opningskonsert: Nordic Sound Folk Orchestra Idrettshallen, Førdehuset

For the opening concert the festival presents their ever biggest new production, entitled Nordic Sound Folk Orchestra. Led by the eminent Swedish orchestrator Karl Johan Ankarblom, 40 Nordic folk musicians, soloists and composers from four Nordic countries will perform both new arrangements of traditional music and new compositions by Jorun Marie Kvernberg (NO), Mia Marin (SE), Antti Järvelä(FI) and Harald Haugaard (DK). It will be decades before we see such a gathering of Nordic folk musicians on stage again, says Ankarblom, humbly contemplating the task he has been assigned.

7


Festivalgallaen ut i verda Laurdag 8. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset Konferansier: Annbjørg Lien

Velkomen til ein festkveld med nokre av dei finaste musikarane frå heile verda: La Porteña Tango Trio, Casuarina, Xabier Díaz & Adufeiras de Salitre, The Klezmatics, Elle Márjá Eira Trio, Fargana Qasimova Ensemble, Mamadou Diabaté og Folk All-in Band. Festivalgallaen er vår største konsertproduksjon, og i år blir den historisk. I år skal det nemleg lagast 7-kamera TV-produksjon av konserten - og ikkje berre skal den sendast i redigert versjon på NRK TV til hausten, den skal også ut til internasjonale TVsjåarar via strøyming og i redigert versjon. - I 27 år har festivalen hatt mottoet Verda kjem 8

til Førde. No er målet å snu det: Førdefestivalen ut i verda!, seier Erlend Hagen, som har vore produsent for dei store konsertane i Idrettshallen på festivalen i ni år. Heilt sidan ideen vart sådd rett etter festivalen i fjor, har festivalen jobba mot ulike samarbeidspartar for å realisere draumen om ein kvalitets TV-pro-


Kjære publikum!

Vi håpar de blir m ed på å skape tid enes beste opningskonsert og festivalgalla i juli! Opplegga på dei to konsertane ve rt som tidlegare, men for å lage ein TV-produ ksjon med WOW-effekt, slik vi ønskjer, blir de t i alt 7 kamera i sving unde r konsertane. Alle vil gjere sitt aller ytterste for å gå minst mogleg i vegen fo r publikum, men ingen klarer å vere usynleg e. Iallfall ikkje lenge i gongen! Velkomen til ein his torisk festival!

duksjon, for den internasjonale marknaden. Endeleg avgjerd vart teken i april. -Dette gjer seg verkeleg ikkje sjølv. Det har vore mange rundar, og det var godt å få bestemt seg, seier direktør Hilde Bjørkum om det spenstige prosjektet. Tilbakemeldingane har vore svært gode undervegs, så vi har hatt trua heile tida. Fleire har gått inn med

midlar for å få det til. -Det har vore heilt nødvendig, seier direktøren, og legg til at TV-satsinga kjem på toppen av ei allereie krevjande festivalorganisering. -Vi strekkjer kanskje strikken litt no, men etter så mange år kjennest det godt å ta eit nytt steg.

Foto: Geir Birkeland

9


Løfte i lag Festivalen løftar Førde. Og folk som bur her. Difor vil vi vere med å løfte festivalen. - Er du klar, Hilde? Regionsjef i Sparebanken Vest Tore Dvergsdal held armane fram og løftar direktør Hilde Bjørkum høgt mot vårsola ved elvebreidda på Festplassen. Men ikkje før har ho fått føtene på jorda att, før regionsjefen sjølv er eit hakk nærare himmelen. -Vi løftar kvarandre, understrekar Hilde Bjørkum.

lengre trådar, tjukke og tynnare. Vi treng dei langsgåande, sterke festa som dei andre kan hekte seg i og danne mønster. Det som er så godt i møta med Sparebanken Vest, er at det finst ei forståing for akkurat dette. Det langsiktige behovet for føreseielege rammer, og ei anerkjenning av kulturen sin eigenverdi, smiler Hilde mot Tore.

- Festivaløkonomien er som ein vev av korte og

- Sjølvsagt må det vere slik, nikkar Tore Dvergsdal.

10


- Slik tenkjer vi også. Vår visjon er at vi skal gjere det å betre å bu her. Så enkelt! Det er vårt løfte. Vår lovnad til kundane våre, som sparebank. Vi gjev tilbake. Finst det maken til Førdefestivalen? Eg trur ikkje det. Dei fleste konsept og sjangrar har sin fase, si storheitstid, så brenn dei ut, forsvinn. Blir erstatta av noko anna. Men Hilde har vore så standhaftig, så sikker. Lagt stein på stein. Og det vi har i Førde no er unikt, kanskje til og med i verdssamanheng. - Men du Tore, smiler Hilde lurt. -Eg hugsar at du ein gong sa at det var som om nokon hadde kasta ein pakke med spikar inn i ein tørketrommel, då eg møtte deg etter ein av konsertane våre, ler Hilde. - Sa eg det? Nei, det kan eg ikkje hugse. Er det sant? Ja, men då hadde eg i tilfelle godt av det. Vi utviklar oss i møte med nye kulturuttrykk. Eg trur det gjer noko med Førde over tid, med oss som bur her. Eg ser det i kollegiet i banken, også. Vi gler oss til festivalen, prøver å legge feriane våre utanom festivalveka. Det er ingen som tenkjer på spikrar i tørketromlar no lenger! Om nokon likevel skulle vere på ferie i festivalveka er det mogleg å følgje gallakonserten i ein ny, stor TV-produksjon. Årets Festivalgalla vert strøyma direkte både til inn- og utland, og NRK sender ein redigert versjon til hausten. Sparebanken Vest legg friske kroner i potten, for å få det til. - Det er vanskeleg å finne ord for å forklare kor glad eg er for denne støtta. Kva kan eg seie? Tusen takk, seier Hilde Bjørkum til slutt. - Det er vi som skal takke, smiler Tore Dvergsdal tilbake.

Foto: Jostein Vedvik

11


FØRDEKONFERANSEN 2017

Nordisk identitet – kreative næringar i utvikling

Verda har aldri vore mindre enn i dag. Vi når kvarandre på få sekund frå kvar som helst på planeten. Vi snakkar saman og lyttar, vi byter varer og vi lærar av kvarandre. Teknologien er digital, økonomien er global. Artistar kan frå den eine dagen til den andre bli verdskjende når strøymetenester spreier musikken eller filmen deira over heile kloden samstundes. Men raske endringar skjer ikkje utan spenning. Tradisjonelle politiske skilje har det siste året kome i bakgrunnen for skiljet mellom dei som ønskjer globalisering og dei som er mindre glad for ei slik utvikling. Om verda og Europa er for stort for oss, og Noreg er for lite, er kanskje Norden av passeleg storleik. Det finst mange likskapar mellom landa – i samfunnsmodellar og språk, i historie, verdiar og livssyn, i klima og levekår. Og det finst ulikskapar, fordi landa i Norden er prega av endå ein fellesnemnar: Mangfald.

I 2017 har Noreg formannskapet i Nordisk ministerråd. Eitt av satsingsområda er dei kreative næringane. Finst det ein felles nordisk kultur, i språket, kunsten og kulturen, som er grunnlaget for dei kreative næring-ane våre? Korleis samarbeider vi i dag på tvers av dei nordiske landegrensene? Kva for politiske prioritering-ar ligg til grunn for det som blir gjort? Kan vi gjere meir for å utvikle den nordiske fellesskapen og dei kreative næringane, til glede for både utøvarane og publikum? Og korleis ser det nordiske samarbeidet ut frå utanfor Norden? Vi har fått mange fine innleiarar til å snakke om fleire av desse tema. M.a. vil direktør i Norsk kulturråd, Kristin Danielsen, snakke om kulturrådets satsing på dei kreative næringane, og professor og tidlegare direktør i Norsk språkråd, Sylfest Lomheim, vil snakke om språkleg fellesskap og forståing i Norden.

Førdekonferansen 2017 Nordisk identitet - kreative næringar i utvikling Torsdag 6. juli 2017 kl. 10.00 - 16.30 Scandic Sunnfjord Hotel & Spa 12


PROGRAM FOR FØRDEKONFERANSEN 2017 09.30 Registrering og kaffi 10.00 Velkomen 10.10 IGOR DUNDEROVIC – kunstnarleg innslag 10.15 Innleiingsforedrag OLEMIC THOMMESEN – stortingspresident DEL 1 NORDISK IDENTITET 10.45 SYLFEST LOMHEIM: Språkleg fellesskap i Norden - meir «Skam» eller meir avstand? 11.10 PER VOETMAN: Nordisk kultursamarbeid 2017 – ein saga blott, eit offisielt alibi eller eit land med mulegheiter? 11.35 Kaffipause 11.45 BERTEL HAARDER: Gjensidig nordisk språk forståing som ein veg til å skape ei sterkare nordisk offentlegheit. 12.15 WALID AL-KUBAISI: Norden og nordiske verdiar sett frå ein sekulær, opplyst muslim. 12.40 Samtale om Nordisk identitet (Bjørn Lindahl, Sylfest Lomheim, Bertel Haarder, Elle Márjá Eira m.fl.) 13.10 Lunsj 14.00 IGOR DUNDEROVIC – kunstnarleg innslag

DEL 2 KREATIVE NÆRINGAR 14.10 KRISTIN DANIELSEN: Kreativt Norge – om kulturnæringsoppdraget til Kulturrådet 14.25 Innovasjon Norge (ikkje stadfesta) 14.40 GUNVOR ELDEGARD – medlem i Nordisk ministerråd og Nordisk kulturfond 14.55 SPØRSMÅL OG SAMTALE. Kva for rolle kan staten spele for stimulere det kreative Norge? Bjørn Lindahl i samtale med Kristin Danielsen, Innovasjon Norge og Gunvor Eldegard - Innspel og spørsmål frå salen 15.10 Kaffipause 15.20 MONICA LARSSON – seniorrådgjevar i Norsk Kulturråd, sekjson for Kreativ næring 15.35 HENNA SALO – Music Finland 15.50 SPØRSMÅL OG SAMTALE. Korleis ser framtida ut for dei kreative næringane i Norden for dei som kjenner kvar skoen trykker? Bjørn Lindahl i samtale med Monica Larsson og Henna Salo. Innspel og spørsmål frå salen 16.30 Slutt 17.30 Mottaking sponsorar og gjester 19.30 Opningskonsert: Nordic Sound Folk Orchestra 13


Tinariwen

MALI

Foto: Marie Planeille

14


A RT I STOMTA LE

Kongane av ørkenblues til Jølstras breidd! Tinariwen er kongane av «assouf», den verdskjende gitarpoesien frå Sahara. Sidan dei var med å organisere den første Festival in the Desert i 2001, har Tinariwen vore den største eksportartikkelen frå VestAfrika. Bandet oppstod i militærleirane i Libya på 80-talet. Der spelte dei for å overleve. Dei drøymde om vørdnad og eit betre liv for folket sitt, tuaregane i Kel Tamashek, sør i Sahara. Gjennom Tinariwen har verda fått eit innblikk i tuaregkulturen. Den enkle bodskapen og dei hypnotiske bluesgangane i ørkenmusikken har gjeve Tinariwen ein Grammy (Tassali, 2011), to kåringar i BBC World Music Award og overtydande omtalar i magasin og aviser over heile verda. Dei har høgt profilerte internasjonale fans som Robert Plant og Santana, og ikkje minst - dei nyt stor respekt hos sitt eige folk. No er dei ute med nytt album «Elwan», som alt har sikra dei nye strålande kritikkar i internasjonal presse. Tinariwen har ei turné-

verksemd som kan ta pusten frå deg, og dei tek sitt konsertpublikum med storm. Det er med stor glede vi endeleg kan ønskje velkomen til konsert med desse eksotiske verdsstjernene i parken på Festplassen, på breidda av vakre Jølstra. IBRAHIM AG ALHABIB gitar, vokal • TOUHAMI AG ALHASSANE gitar, vokal • ABDALLAH AG ALHOUSSEYNI gitar, vokal • SAID AG AYAD perkusjon, vokal • ELAGA AG HAMID gitar, vokal • EYADOU AG LECHE bassgitar, vokal • AMAR CHAOUI perkusjon

Laurdag 8. juli kl. 13.00 Møt artisten: Tinariwen Utstillingssalen, Førdehuset Laurdag 8. juli kl. 15.30 Tinariwen (inkl. i festivalpass) Festplassen, Førde

The desert is a place of hardship and subtle beauty, a stark world that reveals its secrets slowly and carefully. Life in the desert is resilient and strong, and the people are gentle giants among the sand, storms, and sun. For Saharan blues band Tinariwen, the desert is their home, and their hypnotic and electrifying guitar rock reflects complex realities of their homebase in North West Africa. Tinariwen are the kings and queens of Assouf or guitar poetry from the Sahara Desert. Since the first Festival in the Desert in 2001, which they helped to organise, the band have become one of the most successful and exciting musical exports ever to emerge from west Africa.

15


1. september FØRDE, TEATERSALEN

S O G N O G F J O R D A N E T E AT E R PRESENTERER

Première

2. september FØRDE, TEATERSALEN

FUGLETRIBUNALET

7. september NORDFJORDEID, OPERAHUSET 11. september FLORA SAMFUNNSHUS 12. september HØYANGER SAMFUNNSHUS 14. september BALESTRAND, BELEHALLI 17. september DALE, FJALERHALLEN 19. september SOGNDAL KULTURHUS 21. september ÅRDAL KULTURHUS 27. September SANDANE, TRIVSELSHAGEN AV AGNES RAVATN | DRAMATISERT AV INGRID WEME NILSEN REGI TROND LIE | SCENOGRAFI/KOSTYME KARI GRAVKLEV LYSDESIGN KRYSTIAN MYSKA | MEDVERKANDE ANNE E. KOKKINN, ANNE GURI TVEDT, ATLE HOFF, KYRRE EIKÅS OTTERSEN, STEPHANIE MOWINCKEL

BILLETTAR: softeater.no/billettar

FØLG OSS PÅ:

Førdefestivalen

– også rein energi

Den lokale drivkrafta! - vi sponsar Førdefestivalen

16

Din lokale


Superstjernene i klezmerverda kjem

The Klezmatics

USA

The Klezmatics er verdas mest kjende klezmerband, og i år feirer dei 30-årsjubileum med plateutgjeving og konsertturnéar. Dei har titals plateugjevingar, verdsturnéar og Grammypris (2006) bak seg. I 30 år har dei brukt jødisk musikk som ei stemme for sosial rettferd, for forandring, for the underdogs og dei undertrykte. I 30 år har dei stilt spørsmål kring fordomar og ytt motstand mot fundamentalisme og etablerte dogmer i samfunnet. Frå bandet oppstod i dei austlege bydelane av New York på 80-talet, har the Klezmatics hatt som mål å vise at jødisk musikk ikkje treng å vere verken nostalgisk, smal eller kitch.

Jødisk klezmer er aust-europeisk festmusikk, og lever i mangfaldet av musikkulturar i verda i dag. Med jubileumsplata Apikorsim - Heretics legg The Klezmatics grunnlag for nye tiår med rebelsk musikk. Takka vere dette bandet har jødisk musikk og kultur fått ein

renessanse i moderne tid, og sansynlegvis vil musikarane i halde fram med å snakke flyktningane og arbeidarane si sak i mange år framover. Songane deira vil framleis sørgje over tapte krigar - og prise alt som er å glede seg over i livet! LORIN SKLAMBERG vokal, gitar, trekkspel, piano • FRANK LONDON vokal, trompet, keyboard • RIGHIE BARSHAY trommer, vokal • MATT DARRIAU vokal, saksofon, klarinett, fløyte • LISA GUTKIN fele, vokal • PAUL MORRISSETT vokal, bass, hakkebrett Laurdag 8. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset Søndag 9. juli kl. 15.00 The Klezmatics Idrettshallen, Førdehuset

The Klezmatics erupted out of New York City›s East Village in 1986 and revitalized klezmer for the new century with music that is steeped in Eastern European Jewish tradition and spirituality, while incorporating contemporary themes such as human rights and anti-fundamentalism with eclectic musical influences including Arab, African, Latin and Balkan rhythms, jazz and punk. They have released nine albums of wild, provocative, reflective, and ecstatically danceable music, forever redefining and transcending traditional labels.

17

A RT I STOMTA LE

På ein god kveld kan dei rangerast blant klodens beste band. New York Time Out


Ricardo Riebeiro

PORTUGAL

Fadoens store mannlege stjerne - This man is made of emotions! skriv Alexandra Carita i Expresso newspaper. Ricardo Ribeiro blir rekna som det heitaste namnet på den portugisiske fadoscena for tida. Ricardo vaks opp og gjekk på skule i Lisboa. Han fekk tidleg kjennskap til fado, og lytta til Fernando Mauricio, Amália Rodrigues og Alfredo Marceineiro; stjerner som etter kvart vart store forbilde for Ribeiro. Karrieren hans byrjar rundt 2001, då han er med på ei plate som hyller Amália Rodrigues. Etter kvart blir han invitert til å synge med dei store, får filmrollar og mottek prisar som beste nykommar og beste mannlege fadosongar i Portugal. Han får sitt internasjonale gjennombrot med plata Largo de Mémoria i 2013, og to år seinare er han nominert til Best Artist av det internasjonale magasinet Songlines. I 2016 kjem hans andre soloplate, Hoje é assim, amanhã não sei. (Today is like this, tomorrow I don`t know), og karrieren peikar framleis oppover; Med ei stemme som skapt for fado, blir Ricardo Ribeiro ein stadig meir profilert fadista. Han er tru mot sjangeren, og vert for det meste akkompagnert av ein klassisk fado-trio med portugisisk gitar, fele og bass. «This album consolidates Ricardo Ribeiro’s position as the finest male fadosinger of his generation.» Gonçalo Frota, in Songlines Magazine

Onsdag 5. juli kl. 20.00 Fadoklubb med Ricardo Ribeiro Gloppen Hotell, Sandane

RICARDO RIBEIRO vokal (fadista) • LUIS GUERREIRO portugisisk gitar • CARLOS MANUEL PROENÇA fadogitar • DANIEL PINTO bassgitar • RUI GUERREIRO lydingeniør

Torsdag 6. juli kl. 22.00 Fadoklubb med Ricardo Ribeiro Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

I feel like tomorrow is yesterday and today is the revelation of my free and restless spirit. Ricardo Ribeiro One of the finest male fado singers of his generation and still only in his 30s, Ricardo Ribeiro’s voice has a character and emotional range that is well beyond his years. Here he combines classic fado from Amalia Rodrigues’ repertoire with less conventional fare, ranging from the upbeat to the poignant, but always delivered with a convincing intensity.

18


Hekta på Førdefestivalen

Foto: Jo Carlsen

-Big mamas på eit stort afrikansk stadion song sommarhitane i mi ungdomstid. Vi budde fire år i Benin i Vest-Afrika. Så førte kjærleiken meg til Eikefjord. Og her fann eg att musikken eg hadde lært meg å elske - i Førdefestivalen. Gro Rukan er dagleg leiar i Framtidsfylket, og entusiastisk på festivalen sine vegne av fleire grunnar. -Ein blir jo heilt lamslått! Av profesjonaliteten på ei side og av reisa inn i noko ukjent på den andre. Eg har opplevd heilt utrulege ting på denne festivalen! Ein gong kjøpte eg ei plate på eit vannskadesalg i Oslo, med Bonga. Han er verdsstjerne med røter frå Angola, og spelar stadionkonsertar for titusenvis. Så kom eg på festivalen nokre år seinare, og oppdaga han i programmet. Ikkje i idrettshallen eller på festplassen. Men med intimkonsert på Sunnfjord hotell! Tjue tilhøyrarar i lokalet. Eg gløymer aldri den konsertopplevinga. Ein varsam bodberar I år kjem den portugisiske fado-stjerna Ricardo Ribeiro for første gong til Førdefestivalen. Men tru det eller ei, i Sunnfjord har han vore før, kunne Gro fortelje. I kyrkja i Eikefjord, der ho bur. Han var på ein liten miniturne i Noreg i regi av Fadofestivalen. - Songen flyg frå hjarte til hjarte. Songaren er som

ein varsam bodbærar. Eg er nok aller mest glad i det vokale, same kva sjanger det gjeld. Og det melankolske. Vi som var i Eikefjord kyrkje den kvelden gjekk heim med eit enormt påfyll. No kjem han til Førdefestivalen, og eg er så glad for at mange fleire skal få oppleve han! Ei vidunderleg verd er mogleg - Det er ei krevjande øving, å programmere ukjende artistar for eit stort publikum. Så mange element i dette begeistrar meg, kanskje særleg i den tida vi lever i no. Der grusomme ting skjer i fleire deler av verda, så er kulturen ein viktig fredsbyggjar. Førdefestivalen syner oss igjen og igjen at vi menneske er likare enn vi trur. Gjennom kjennskap og gjensidig respekt er ei vidunderleg verd mogleg. Vi ser det kvart år, i Førde. Eg er berre heilt hekta på denne festivalen!

19


Ny klubbscene i Førde – ny laurdagskveld på festivalen Etter ein intens og hektisk byggevår, opnar den nye Klubbscena på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa dørene for første gong under festivalen. Første konsert er Molsky’s Mountain Drifters onsdag 5. juli, fredag 7. juli blir det argentinsk tango med

La Porteña Tango trio og dansarar, og laurdag 8. juli samlar klubbvert over alle klubbvertar, Gabriel Fliflet, kremen av nordiske festivalartistar til Nordisk Klubb, ein slags superversjon av Columbi Egg.

Laurdag 8. juli kl. 23.00 Nordisk Klubb Klubbscena, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Klubbvert Gabriel Fliflet får æra av å samle toppnamn på den nordiske folkemusikkscena til ei lystig og hyggeleg stund på vår nyaste arena! Musikalske gjester er Baltic Crossing, Helene Blum & Harald Haugaard Band, Väsen og Fliflet/Opheim. 20


Afro-karibisk dansefest Med den nye scena på festivalhotellet, får siste del av festivallaurdagen eit ‘nytt’ ansikt: Medan Nordisk Klubb foregår på klubbscena, blir toppetasjen på hotellet arena for Afro-karibisk dansefest, der tre band frå tre kontinent spelar opp med danserytmar i dei fleste taktartar: Bitori frå Kapp Verde, Asere frå Cuba og Mamadou Diabaté frå Burkina Faso. Kombi-billett For dei som ikkje klarer å velje, er det muleg å kjøpe kombi-billett til Nordisk Klubb og Afro-karibisk dansefest. Då kan du vandre litt mellom dei to scenene. (Sjå side 92 for meir billettinformasjon) Laurdag 8. juli kl. 23.00 Afro-karibisk dansefest Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

21


FESTIVAL HOTELLET! Torsdag 6. juli:

Restaurant Hugleik kl 22 Fadoklubb med Ricardo Ribeiro

Fredag 7. juli:

Klubbscena kl 15 La Porteñja Tango Trio Restaurant Hugleik kl 21 Colombi Egg med vert Gabriel Fliflet. Gjester: Casuarina, Jorun Marie Kvernberg, Felix Lajkó duo, og kanskje fleire

Lørdag 8. juli:

I Restaurant Laxen serverer vi lunsj og middag frå kl 1200 – 2200. Uteservering på Laxen Terrasse. Lobbybaren Bartine - ope frå kl 1800. Servering av småretter og forfriskande drikke ute og inne.

Velkomen til festivalhotellet – god mat, god festivalstemning og gode opplevingar! For bestilling: 57 83 40 00

Gode resultat er som musikk i våre øyrer!

ADCOM Fjord Data - moderne rekneskapsbedrift med unik kombinasjon av fagkunnskap innan økonomi, rekneskap, lønn og teknologi

Stolt hovudsponsor av Førdefestivalen

Kontakt oss på tlf: 57 72 35 00 | adcom.no 22

- heilt sidan 1974

findriv

Klubbscena kl 23 Nordisk Klubb Gjester: Baltic Crossing, Helen Blum & Harald Haugaard band, Väsen og Fliflet/Opheim Festivalsalen kl 23 Afro-karibisk dansefest


A RT I STOMTA LE

Molsky´s Mountain Drifters USA Amerikansk felemeister med musikk frå Appalachane Grammy-nominerte Bruce Molsky er ein av dei leiande felespelarane i USA. Han trakterer fele, banjo og gitar, og er i tillegg ein god songar. Molsky samarbeider med musikarar over heile verda, også i Norge. Her har han spelt med m.a. Annbjørg Lien og Ånon Egeland. I sitt nyaste prosjekt, Molsky’s Mountain Drifters, dyrkar Bruce Molsky kjærleiken sin til folkemusikken frå Appalache-fjella – ei fjellrekke som strekker seg heile 1900 km Québec i Canada til til Alabama i USA. I Molsky’s Mountain Drifters har han fått med seg Allison de Groot, som også elskar amerikansk «oldtime music». Ho er kjend for sine to eigne gruppar, The Goodbye Girls og Oh My Darling, som har turnert dei store folkemusikkfestivalane i Europa. Akkurat som Bruce Molsky er ho hekta på samarbeid, og det å fornye og friske opp tradisjonelle uttrykk. Den tredje musikaren i trioen er Stash Wyslouch,

Foto: Kate Orne

representant for den unge generasjonen i amerikansk bluegrass. Han starta musikkarrieren i metal-band, men fann snart seg sjølv som medlem i rootsbandet The Deadly Gentlemen. Med eminent gitarspel og vokal, og ein dose punk-metall i blodet, tilfører han ein ekstra puls til trioen. Molsky’s Mountain Drifters får æra av å spele den aller første konserten på den nye klubbscena i Førde, på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. ALLISON DE GROOT banjo • BRUCE MOLSKY fele, banjo, vokal • STASH WYSLOUCH gitar, vokal Onsdag 5. juli kl. 20.30 Molsky´s Mountain Drifters Klubbscena, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Torsdag 6. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden

Molsky’s Mountain Drifters - Tradition steeped in possibility. Bruce Molsky, one of America’s premier fiddling talents (Mother Jones) and Grammy-nominated artist on fiddle, banjo, guitar and song is delighted to present his new group. Allison de Groot combines wide ranging virtuosity and passion for old-time music. Like Bruce, Allison loves collaborating and bringing new ideas to old music, and brings a fresh approach to the trio. Boston-based Stash Wyslouch is one of bluegrass’ great young genre-bending pioneers. Stash brings great sensitivity and real emotion to the trio, plus some superb guitar and vocal chops.

23


Sunniva no Ei interaktiv danseframsyning om tru og tvil, maktbruk og mellommenneskelege relasjonar bygd på historia om Norge sin første og einaste kvinnelege helgen.

NYPRODUKSJON Onsdag 5. juli kl. 19.00 Sunniva no Ungdomshuset Viking, Førde Torsdag 6. juli kl. 17.30 Sunniva no Ungdomshuset Viking, Førde

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

24


Legenda om St. Sunniva

”Sunniva no” er tittel på denne samtidsorienterte danseproduksjonen som reflekterer kring tema i legenda om St. Sunniva og dei mange notidige assosiasjonane den vekker i oss. St. Sunniva er den norske varianten av den meir kjende legenda om Ursula. Den strekker seg tilbake til middelalderen då Noreg gjekk frå heidensk til katolsk tru. I følgje legenda reiste Sunniva frå heimlandet sitt, og la ut i det ukjende for å kunne halde fram i trua på Gud. Ho var villig til å døy for trua si. Kva fortel det oss i dag? Kva vil det seie å vere einspora, ja, så einspora at du ønskjer forfølgje dei som tenkjer annleis enn deg? Kva om det finst fleire sanningar? For kven har makt over deg? Og kva er du villig til å ofre livet ditt for? Det er lett å sjå likskapen mellom Sunniva si farefulle reise frå Irland til Noreg, og hendingar vi kjenner frå vår eiga tid. Vi er heller ikkje framande for ordet martyr. Og kva med vår tid sine falske nyhende? Er det skilnad på det og den propaganda presteskap og kongsmakt nytta for å samle Noreg til ei tru og eit rike? I Sunniva no viskar utøvarane ut skiljet mellom scene og sal og lar publikum oppleve dans og musikk på nært hald. Det vil vere hovudsakleg ståande sal. Medverkande: GRO MARIE SVIDAL, TORILL STEINJORD, VETLE SPRINGGARD, MARTIN MYHR. Regi/koreografi: Mette Brantzeg. Musikk: Gro Marie Svidal Scenografi: Erik Annar Evensen. Lys: Atle Øydvin. Rekvisitør/kostyme: Solveig Fugelsøy Sunniva no er ein samproduksjon mellom Førdefestivalen, Sogn og Fjordane Teater og Svidal/Brantzeg.

Sunniva var ei irsk prinsesse som i ung alder går i kloster for å vie livet sitt til Gud. Når far til Sunniva brått døyr, vert ho tvungen til å gje avkall på klosterlivet og i staden styre landet og rikdomane etter han. Ein heidensk viking tek til å herje landet og påfører landet og folket stor skade. Når han i tillegg vil gifte seg med Sunniva, kallar ho saman folket sitt til ting. Ho ber dei velje mellom å følgje Gud og forlate eigedomane sine saman med ho, eller å forlate trua på Gud og underkaste seg heidningen. Fleire vel å følgje Sunniva og lar seg føre med bølgjene i båtar utan årer og segl. Båtane driv i land på øya Selja vest i havgapet på Vestlandet. På Selja slår Sunniva og folket hennar seg ned i nokre hòler i fjellet og lever av det havet og øya kan gje dei. Men øya er også beitemark for husdyra til folket på fastlandet. Når dei fastbuande oppdagar at det er kome folk til Selja, vert dei mistenksame og redde for at dei nykomne skal ta dyra deira. Dei får med seg kongen, Håkon Jarl, som regjerer i landet, og reiser ut mot øya for å gå til angrep. Sunniva samlar folket sitt i hòlene og ber til Gud om hjelp. Gud let opninga til hòlene rase saman, slik at Sunniva og folket slepp å kome i hendene til fienden. Innestengde i hòlene endar dei liva sine. I 996 finn Olav Tryggvason leivningane etter Sunniva og folket hennar. Leivningane hadde ei søtleg duft. Sunniva var like fin og vert utropt til helgen. På Selja vart det bygd opp eit religiøst maktsenter, og her var ei av dei første kyrkjene i Norge bygd. Frå 1068 til 1170 var Selja bispesete for heile Vestlandet. I 1170 flytta dei Sunniva til Bjørgvin og sette skrinet i Kristkyrkja.

25


Slåtten «På hogg og belegg» vart til litt tilfeldig. Difor var ikkje namnet så unaturleg. Tekst: Jostein Aardal

«På hogg og belegg» er også tittelen på konserten med slåttar laga av Sigmund Eikås. Dei fleste, inklusive tittelmelodien, kjem ut for første gong på den nye cd-en. Fleire er ganske ferske og ikkje spelt offentleg før. Cd-en er produsert av Ta:lik og vert presentert på festivalen med dei fleste av aktørane på scena. - Eg synest det er flott at Førdefestivalen tok initiativ til og stiller seg bak ein slik produksjon, sier Sigmund som fylte 70 år i slutten av april. Han har vore styreleiar for Førdefestivalen og treng knapt nærmare presentasjon. Det gjer heller ikkje dei medverkande på cd-en: Erlend Apneseth, Synnøve Bjørset, Gro Marie Svidal Dagfrid Vallestad Brevik og Vidar Underseth som alle spelar solo. Jubilant og komponist nøyer seg med å leie Indre Sunnfjord spelemannslag som spelar på cd-en til liks med Gamlebanken spelemannslag.

- Kva med heilt eigne komposisjonar? - Eg kallar det ikkje komponering, eg leikar med fela. Å lage ein slått er kjekt, men å spele han første gong for folk er forferdeleg. Det er som å kle deg naken.Eg har gjerne sagt at dette er ein springar frå Jølster. Kan hende at det er feigt, at eg ikkje torer stå ved det eg har gjort. Det er lett å lesse på mykje for å imponere. Det er verre å få ein enkel melodi til å bli bra, meiner Sigmund. Gamlestoveslåtten, er blitt populær. Men den var ikkje gjort i ein fart. - Eg fekk ikkje stoppa slåtten og heldt på i 14 dagar. Det er sikkert då eg vart grå i håret, kommenterer Sigmund med eit breitt smil og velkjend latter. Ein gong i ungdomshuset på Eikås vart det gjort på sparket. - Eg kom ikkje på slåtten eg skulle spele, og byrja berre å spele ei stund før eg kom på den rette. Den var best på slutten, sa dei som høyrde på. Det hadde dei sikkert rett i.

Sigmund veit ikkje kor mange slåttar han har laga opp gjennom åra. Nokre har gått i gløymeboka fordi dei berre fanst i hans hovud. Men etter kvart er dei fleste nedskrivne på notar, og resten kan bli sikra i jubileumsåret. Sigmund byrja midt på 1970-talet med å bygge ut gamle slåttar som nesten var gløymde eller berre fanst i lite tilgjengelige arkiv og knapt brukte. - Det er gale på ein måte å gjere endringar, men originalane ligg der. Eg har berre prøvd å gjere dei meir morosame å spele. Eg har ikkje forandra ein tone på slåttar etter Ole Viken, eller Knut L. Sandal. Dei hadde sikker stilkjensle og alderdommeleg spel.

Kunne du vore musikar på full tid? - Eg kjøpte første gravemaskina som 20-åring og har brote jord og drive i skogen. Det er ei fantastisk god kjensle. Eg har aldri site på gravemaskina eller traktoren og tenkt på at eg skulle ha spela. Men det kunne vere travelt for å kome seg på landskappleik. Det har vore fint å ha det som ein god hobby, sjølv om det har vorte litt meir enn det somme tider, til dømes i alle dei åra eg hadde halv stilling som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane.

26


A RT I STOMTA LE NYPRODUKSJON

«På hogg og belegg» Foto: Oddleiv Apneseth

Sigmund Eikås og musikken hans Festkonsert og plateslepp! Sigmund Eikås har ei lang merittliste som topputøvar, læremeister, organisator og komponist, og er heidra med ei rekkje prisar for innsatsen sin for folkemusikken. I høve 70-årsdagen hans har festivalen teke initiativ til plateinnspeling og festkonsert med dei beste slåttane hans. Sigmund Eikås har eit 30-tals slåttar å vise til, som spenner frå dei eldre slåttetypane som springar og halling, til drivande runddansslåttar og lydarslåttar. Med sin kompetanse på godt dansespel og inngåande kjennskap og kjærleik til den vestlandske slåttetradisjonen, ber Eikås sine slåttar preg av usvikeleg formsans. Utgangspunktet hans er musikktradisjonen på Vestlandet, men han har alltid komponert med sterk eigenkarakter og originalitet. Eikås-slåttane vert framførte av utøvarar frå Sunn-

fjord som alle har hatt Sigmund som læremeistar og inspirator. Sigmund sitt «eige» spelemannslag, Indre Sunnfjord Spelemannslag er sjølvskrivne, og det same er jubilanten sjølv både med spel og gode historier. Konferansier: Jostein Aardal Plata kjem ut på plateselskapet Ta:lik. SIGMUND EIKÅS, ERLEND APNESETH, SYNNØVE S. BJØRSET, GRO MARIE SVIDAL, VIDAR UNDERSETH og DAGFRID VALLESTAD - alle hardingfele • INDRE SUNNFJORD SPELEMANNSLAG. Laurdag 8. juli Kl. 14.00 «På hogg og belegg» - Sigmund Eikås og musikken hans Festsalen, Førdehuset

Sigmund Eikås’ contribution to folk music has been celebrated with a series of prizes. On the occasion of his 70th birthday, the festival has taken the initiative of both recording an album and a setting up a festival concert with his best compositions. A collaboration between recording company Ta:lik, and performers from Sunnfjord who had Sigmund as their master-teacher and motivator. We will also hear some good stories from Sigmund himself.

27


Sigrid Moldestad: «Samuline – frå fela flyg din song» NYPRODUKSJON

Foto: KilBakken

Det er eit folkemusikalsk eventyr. Historia om alle kvinnene som spelte fele i områda kring Nordfjord og Sunnmøre for 150 år sidan. Då Sigrid Moldestad tok tak i nokre av desse forteljingane og lagde framsyninga TAUS i 2007, vart det også starten på hennar eiga solokarriere. Ho skapte songar om Samuline Seljeset og Spelar-Birthe, ho blanda dei med eigne versjonar av slåttane til Lise Jyvall og Blinde-Siri. Framsyninga fekk folk til å undre seg, le og gråte, og for plata fekk ho Spellemannprisen. 10 har gått sidan Taus og no presenterer Sigrid ein jubileumsversjon og ny konsertframsyning basert på ei historie som kjennest meir aktuell enn nokon gong. Ikkje berre dei fine eventyra om kvinner som fekk spele som dei ville, men også historia om då dei same kvinnene etter kvart måtte teie stilt... Sigrid Moldestad tek med seg eit stjernelag av gjester og musikarar til scena. Ho tek med dei gamle slåttane, nye songar og kvinnekraft frå før Samuline si tid og fram til idag.

Regi og koreografi: Arvid Ones & Hilde Sol Erdal. Scenografi: Britt Koldal. Idé og produksjon: Sigrid Moldestad, co-produsent Førdefestivalen. SIGRID MOLDESTAD vokal, feler • LIV MERETE KROKEN hardingfele • HELENA MARIA BOTOLFSEN fele • LISE VOLDSDAL fele • KAROLINE VIK HEGGE bratsj • KAJA FJELLBERG PETTERSEN cello • KÅRE OPHEIM trommer, perkusjon • ANDERS RØINE langeleik, gitar, munnharpe m.m. Laurdag 8. juli Kl. 17.00 Sigrid Moldestad: Samuline - frå fela flyg din song Storsalen, Førdehuset Laurdag 8. juli kl. 18.15 Møt artisten: Sigrid Moldestad Utstillingssalen, Førdehuset

Ten years after TAUS, Sigrid Moldestad again comes to the festival with a new concert performance. “I´ll never be done with the stories of Samuline Seljeset and the other woman fiddlers from home. On the contrary, their stories are for me more important than ever” she says. Sigrid will have a star-studded line of musicians and guests with her on stage. Direction and choreography: Arvid Ones og Hilde Sol Erdal.

28


Du blir ikkje sliten, du blir ikkje trøytt. Du vil berre spele! –Jau, du blir veldig trøytt. Men på ein veldig hyggeleg måte!

Lev litt.

29


Tekstar er overvurderte. Orda som går igjen er hjerte, smerte, måne og dine store, svarte øyne. Du skjønar jo veldig fort kvar dette kjem til å ende!

Tekst: Janne Karin Støylen | Foto: Arve Ullebø

- Litt meir brød? Vil du ha ein kopp kaffi? Sigrid Moldestad tek godt i mot kollegaen sin på Litteraturhuset i Bergen. – Eg trur heller eg ynskjer meg ei flaske eplemost, svarar Gabriel Fliflet høfleg. Tidleg i mai møter vi dei to profilerte folkemusikarane til ein prat på Litteraturhuset i Bergen for å syne dei årets program. - Her er skandinavias beste jammegjeng samla, utbryt Sigrid. –I år må vi få ein stad å vere når konsertane er slutt. Vi musikarar elskar andre musikarar, å få spele saman er det beste vi veit. Om konsertane er som ein kamp vi må vinne under lyskastarane på scena er møta med dei andre musikarane under månen i hotellhagen som søt kjærleik. Tenk deg at Bob Dylan, Van Morrison og Tom 30

Waits står utanfor rommet ditt og vil inn og spele for ei flaske øl og litt peanøtter. Så kjem sjefen og seier: No må du gå og legge deg! Eg skjønar kva du meiner, Sigrid. Kvar gong du går på scena må du bestemme deg for å gje alt, ditt beste. Av og til er det lett, av og til må du kjempe med deg sjølv. Ikkje gå på akkord med det du veit du er god for. Skal eg gå ned, skal eg gå ned med flagget til topps, forklarar Gabriel Fliflet etter å ha bedt om orsaking for at han er litt sein. –Det tok heilt av oppe på eldresenteret, skjønar du. Eg spelar konsertar for eldre denne veka, og i dag blei det veldig gøy der oppe, ler han. Av og til er det forvirrande også. Eg hugsar første gongen Liv Merethe og eg skulle spele på Vinstra. Ojojoj.


Valdres er ingenting mot indre Austlandet. Nokon bør fortelje deg at dei ikkje kjem til å drepe deg før du spelar der første gongen.

Ein mistar vit og forstand fordi det er så kjekt! Ja, dei hadde jo steinansikt heile gjengen! Stille og stive sat dei, mange med armane i kors. Vi var heilt sikre på at dette hadde gått skikkeleg dårleg. Men etterpå! Dei var så glade og overstrøymande. Dei hadde verkeleg lytta til oss og tatt oss på alvor som musikarar. Det som såg ut som kritikk og avvising var konsentrasjon og innleving. Ja, Noreg er verkeleg snålt og mangfoldig. I nokre strøk syner folk lettare kjenslene sine. Andre stader, som t.d. der Sigrid var, bør helst nokon ha fortalt deg på forhånd at publikum faktisk kan like deg sjølv om det ikkje ser slik ut. Eg noterer mine ulike fordommar og forventningar til finnmarkingar, gudrandsdølar eller sogningar.. Og eg humrar godt nårpublikum oppfører seg i tråd medmine notatar. I Sunnfjord forventar eg at publikum vil vere dresserte og avventande. Men det hender, og ofte på Førdefestivalen, at ting tar ei heilt anna retning! Tenk på dei som kjem då, for eksempel frå Brasil, til Førde for å piske opp stemninga der. For å få sunnfjordingane fram på golvet og riste på rumpa. Kva tenkjer dei om oss? Korleis har dei det på scena? Eg håpar dei ser at det finst ei indre, oppdemt musikkglede i publikum som får utløp på Førdefestivalen.

Sigrid Moldestad

Ja, eg trur kjensla av at dei andre ikkje er så forskjellige frå meg og deg er ei kjerne i festivalopplevinga, både for publikum og musikarar. Det unike med Førdefestivalen er faktisk den solide lokale forankringa. At staden dette foregår faktisk har noko med det som foregår å gjere! Røtene går djupt i Indre Sunnfjord Spelemannslag og den lokale folkemusikken. Den eigne kulturen har, alltid vore løfta fram og iscenesett på festivalen. Heilt einig! Miljøet vårt i Sogn og Fjordane og på Vestlandet har blitt anerkjent heile vegen. Så har vi blitt tryggare på at vi òg har noko, vår arv er også verdifull. Når du står der side om side med det beste frå Argentina eller Algerie og høyrer at her er det noko som liknar, noko som stemmer. Eg hugsar nattmøtet mellom Sigmund Eikås og den gale førstefiolinisten i Taraf de Haidouks. Fantastisk! Dei beste vi har møter dei beste frå verda! Slik skal det vere! Men korleis er det å spele saman slik, når ein ikkje forstår språket og dermed heller ikkje tekstane i songane? Tekstar er ofte overvurderte. Eg spelte nokre år i eit gresk orkester her i byen. Melodiene var vidunderlige, men orda som gjekk igjen synte seg å vere hjerte, smerte, måne og dine store, svarte øyne. Du 31


Verdsmusikk elles i verda betyr at det er nokon som er brune i huda som skal spele og at det er veldig mykje trommer på gang.

skjønar veldig fort kor slikt kjem til å ende! Og som musikar skjønar du veldig fort at melodiane er mykje betre enn desse tekstane. Måne, faktisk? Ja, ikkje sånn som menn får på hovudet, då. Månen på himmelen, forstår du vel! Det er visst ikkje så lett å forstå kvarandre om ein snakkar same språk heller. Eg er også veldig imponert over kor godt festivalen vernar om folkemusikken. Førdefestivalen er streng og tydeleg, og det har gjort dei til ein trygg festival. Eg kunne ikkje vore meir einig! Det er framleis heilt rimeleg å bruke ordet ”folkemusikk” om det som foregår på folkemusikkfestivalen. På beslekta festivalar elles i Europa dominerar ofte verdsmusikken - med mykje av rockens ideal, kraftig bass og trommer, eit metta lydbilete og slikt som høver på svære scener. Den lokale tradisjonen vert bortgløymd. Men sjela i folkemusikken ligg nettopp i det lille formatet, i den tette kontakten som kan oppstå i 32

ei lita stove eller bar. Desse møta gjev Førdefestivalen rom for, i tillegg til dei store sceneframsyningane, og det skal dei ha ros for! Som du skjønar er vi veldig glade i festivalen. Skriv det! Eg kjenner meg alltid nyforelska når eg er i Førde, forelska i musikken og dei andre musikarane som ein endeleg, endeleg får møte og spele saman med. Ein mistar vit og forstand fordi det er så kjekt! Kanskje festivalen kunne planlegge at det var noko dei ikkje skulle planlegge? Profesjonaliteten kan kanskje også brukast til det? Å lage nokon ram- mer som er så frie og opne at ein kan gå inn med heile seg i ein glad musikkrus utan å få beskjed om å gå og legge seg? Det ynskjer vi oss! Skriv det! I Sunnfjord er det jo framleis litt sånn: Kan det vere nødvendig? Er det ikkje greit som det er? Kan vi ikkje berre ha det slik vi har det? Det kan eg seie, som Nordfjording! Ja, det er nødvendig. Det er nødvendig å få spele saman, å få le saman, å få leve litt. Saman. Skriv det.


A RT I STOMTA LE

Arvesølvet NYPRODUKSJON

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

Lyden av fortida som kjelde til kreativitet og nyskaping Har Sogn og Fjordane ein eigen klang? Og kva skjer når fire musikarar får utforske og leike med musikk frå fylkesarkivet si samling med meir enn 16 000 historiske lydopptak? Musikarane Erlend Apneseth, Øyvind Hegg-Lunde, Hilde Marie Holsen og Linda Gytri vitja i starten av mars fylkesarkivet for å gjere djupdykk i musikksamlinga. Her finst det opptak av utøvarar fødde for nærmare 150 år sidan, og spennet er stort: Frå gravferdssalmar og bånsullar til kulokk, polka og griseviser – framført på alt frå sag til trekkspel. No skal dei fire musikarane som til vanleg arbeider innan ulike musikalske landskap framføre resultatet av vårens inspirerande skattejakt. Dei har pussa støv av arvesølvet, og laga ny musikk både kvar for seg og

saman. Det store spørsmålet er: Har dei funne klangen av Sogn og Fjordane? ERLEND APNSETH fele • LINDA GYTRI trekkspel • HILDE MARIE HOLSEN trompet • ØYVIND HEGGLUNDE tromme, perkusjon Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Førdefestivalen, og er støtta av Norsk kulturråd og Fond for utøvende kunstnere.

Fredag 7. juli kl. 12.00 Arvesølvet Høgsalen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Four musicians from different parts of the region and working in different music genres, have explored the rich archives of traditional music of Sogn og Fjordane, and created new music.

33


Maia Birkeland Årets festivalutstilling er fordelt over tre ulike stadar; eit kunstmuseum, eit kulturhistorisk museum og ute i det offentlege byrommet. – Dette er ikkje tilfeldig. Med denne plasseringa ynskjer eg å trekke linjer og referansar – mellom innhaldet i dei ulike verka og kontekstane dei står i, seier Maia Birkeland. – Omgrep som fortid, samtid, framtid er flyktige. Dei er i stadig endring, frå år til år, frå århundre til århundre. I kvar tidsuttrykk fins det individ, med kvar sin identitet og kvar sin kvardag. Det same gjeld for ein stad, eit rom, ein by. Også den har si form for kvardag og identitet. I vår tid har mange høve til sjølv å velge og bygge opp delar av sin identitet. Til dømes kan eit samfunn bestemme at ein del av dets identitet

Det vi har i lag er å ta vare på fjordane sine. At reine fjordar er noko av det ein ynskjer å ha i lag, med dei som har kvardagen sin no, og med dei som har kvardagen sin i framtida. Maia Birkeland (f.1978) er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og Glasgow School of Art, med mastergrad i Medium- og materialbasert kunst frå 2015. Gjennom tekstil, tekst, skulptur og installasjon arbeider ho med tematikk rundt den gjensidige påverknaden mellom menneske – menneske, stad – menneske og menneske – stad. Onsdag 5. juli kl. 17.30 Opning v/Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådet Sogn og Fjordane Kunstmuseum (fri entré)

Maja Birkeland: “Our common things” Maja Birkeland works with textile, text, sculpture and installation. During this year’s festival, she presents works at 3 different locations, all of which are devoted to the ideas of identity, past, present and future. Produced in collaboration with Sogn and Fjordane Art Gallery, Førde Council and Sunnfjord Museum.

34


A RT I STOMTA LE

Bulgarian Voices Angelite BULGARIA

Verdskjend vokalensemble frå Bulgaria Stemmene er fasinerande og mektige. Songstilen og ornamentikken er arkaisk med røter fleire hundre år tilbake i lokale tradisjonar. I 25 år har Angelite-koret vore dei fremste utøvarane av ein av dei mest kjende folkemusikktradisjonane i verda, den fleirstemte kvinnesongen frå Bulgaria. På CV-en har dei Nobelpris-konsertar og opptredenar for kongehus i Europa og Maharajahen av India. Dei har bergtatt publikum på den Raude plass i Moskva, og i kyrkjer og konserthus over heile verda, gitt ut fleire kritikarroste album og vore nominert til Grammy fleire gonger. Koret oppstod etter oppløysinga av det statlege TV-koret i 1952, og har sidan utvikla sin eigen stil, basert på songkulturen i Bulgaria og Balkan, men med impulsar både frå andre sjangrar og kulturar. Dagens utgåve av Bulgarian Voices Angelite kan fort ta pusten frå deg når dei står for den tradisjonsrike kyrkjekonserten fredag kveld. Er du av dei heldige, får du plass på songkurset deira tidlegare same dag! Fredag 7. juli kl. 09.30 Kurs: Bulgarske songar, Førde Barneskule kl. 21.30 Bulgarian Voices Angelite, Førde kyrkje

Stoyanka Andreeva Tzetza Bekova Ekaterina Bogdanova Velichka Chausheva Biserka Danova-Pilarska Tatyana Duparinova Galya Haralambieva Petrova Tonia Iankova Nadezhda Ilieva Kostadinka Inkova Sonya Keremetchieva Yuliva Koleva Georgi Petkov Valeria Petrova Kostadinka Ratsova Elka Simeonova Bilyana Sokolova Radostina Stefanova Vanya Vakari Tanya Velichkova Nadya Vladimirova

Their voices are fascinating, their style of singing and ornamentation is archaic, distinctive and rooted in centuries of local tradition. The Bulgarian Voices Angelite stands for the worldwide spread of the famous Bulgarian women choir singing since 25 years. Their international success and the non breaking international fascination throughout the years shows their uniqueness and quality. The choir is among the most renowned ensembles in the categories of Balkan and Bulgarian folk music.

35


Titi Robin Trio

FRANKRIKE Virtuos strengekunstnar og improvisator I meir enn 30 år har Titi Robin late seg inspirere av sigøynar-kulturen og arabiske kulturar. Han har surfa på den utømmelege poetiske bølgja som fløymer frå foten av India gjennom Sentral-Asia og til breiddene rundt Middelhavet. Men musikken til Titi Robin er så mykje meir enn ønskjet om å sameine uttrykk frå fleire musikklandskap og -stilar til eit nytt uttrykk. Gjennom musikken sin uttrykkjer Titi Robin sider ved livet vi menneske ofte har vanskeleg for å snakke om; Den handlar om sjela sitt ensame liv; våre sanne kjensler; korleis kjærleiken påverkar oss; den vanskelege lærdommen om korleis vi skal leve liva våre; den voldsomme kjensla, av og til farga av vold, av og til farga av alt det vakre i verda, som kan fylle kvar og ein av oss. Franske Titi Robin er ein musikkpersonlegdom av dei sjeldne. Han komponerer og spelar gitar, oud og bouzouki, og har ei endelaus rekkje av komposisjonar og musikkprosjekt på samvitet. Han er ikkje spesielt oppteken av musikalske sjangrar, Titi Robin sitt hjarte brenn rett og slett for musikk - og improvisasjon.

TITI ROBIN oud, gitar, bouzouki ALEX TRAN perkusjon FRANCIS VARIS trekkspel

«I do think Titi Robin is one of the world`s great musicians and visionaries.» Charlie Gillet, BBC-London, 2009

Laurdag 8. juli kl. 18.30 Hagefest på taket: Titi Robin Trio Sogn og Fjordane Kunstmuseum Søndag 9. juli kl. 17.30 Titi Robin Trio Klokkargarden, Dale Foto: Louis Vincent

Thierry Robin, known as Titi, the self-taught musician born at the end of the fifties in western France, has created a musical world for himself instinctively assimilating elements in response to his need to express himself. The two worlds in which he has navigated daily and that have both directly and deeply influenced him are the gipsy and oriental cultures.

36


A RT I STOMTA LE Foto: Eric Van Niuwland

Mokoomba

ZIMBABWE

Musikk-dynamitt frå Zimbabwe Dei unge musikarane i Mokoomba, som betyr «stor respekt for elva», har teke verda med storm med sin vibrerande og livsglade musikk; ei blanding av lokale musikktradisjonar og element frå moderne zimrock. På si siste plate, Luyanda, har bandet teke ei meir akustisk retning, og her går dei djupare inn i sin eigen musikkarv og ulike kulturar i og rundt heimbyen Victoria Falls. Mokoomba tek oss med på ei reise inn i eit verd av musikk og tradisjonar som står i fare for å forsvinne. Med tekstar om tradisjonelle seremoniar og historiar frå jakt og kvardagsliv, rettar dei søkjelyset mot historia og dagleglivet til Tongafolket, ei av dei minste folkegruppene i Zimbabwe. På 50-talet vart landsbyen dei budde i, flytta for å gje plass til Kariba-demninga, ein av dei største i verda. Dei fekk nytt land, og store lovnader; men framleis ventar dei på å bli tilknytta både straum- og vassnettet. Trass i eit alvorleg historisk bakteppe, formidlar Mokoomba ein livsglad, energisk og lett tilgjengeleg musikk. Dei har tru på dei gode kreftene, og med musikken formidlar dei eit inderleg ønskje om å skape ein atmosfære der vi alle kan møtast i håpet om ei betre verd. Dette er musikk for alle, i alle aldrar! NDABA COSTER MOYO tromme, vokal • ABUNDANCE EPHRAIM MUTORI bass, vokal • DONALD MOYO tangent, vokal • MITI MUGANDE perkusjon, vokal • MATHIAS MUZAZA perkusjon, vokal • TRUSTWORTH SAMENDE gitar, vokal Fredag 7. juli kl. 19.30 Mokoomba Idrettshallen, Førdehuset

The members of Mokoomba hail from a variety of different ethnic groups represented in the border town, Victoria Fallst, including the Luvale, Nyanja, and Tonga peoples. It was the Tonga who gave mighty Victoria Falls, the world’s largest waterfall, its original name: Mosi-oa-Tunya (the smoke that thunders). Living in a border city that attracts tourists from all over the world gåve Mokoomba’s music an international perspective from the beginning, incorporating everything from soukous to ska and salsa along with local musical traditions. The began playing together in 2001, and Mokoomba was officially formed in 2008.

37


Gudbrandsdølenes Spelmannslag NORGE Gudbransdølenes Spelmannslag i Oslo speler tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen, og er eitt av dei mestvinnande spelemannslaga i Norge i landskappleiksamanheng. Alle medlemene er gudbrandsdøler som held til i Oslo. Her arbeider dei med å finne essensen i gudbrandsdalsmusikken. Dei ønskjer å bruke dei lokale finessene frå dei ulike lokale tradisjonsområda i Gudbrandsdalen. Ved å ta utgangspunkt i den solistiske tradisjonen eksperimenterer dei med nyansar i samspelet, som ornamentikk, eldre tonalitet og strøkvariasjonar. På denne måten har dei klart å få fram eit eige musikalsk uttrykk som spelemannslag. Dei har fokus på å halde på det dansbare og dei rytmiske særtrekka i eit genuint uttrykk, å finne balansen mellom det arrangerte, innøvde og det spontane og leikne. I 2015 gav dei ut plata OSLO, med både gammal og ny musikk frå heimtraktene.

På Førdefestivalen vil utøvarar i Gudbrandsdølenes Spelmannslag utgjere stammen i det store prosjektet Nordic Sound Folk Orchestra. Musikalsk leiar for spelemannslaget er Aslak Brimi. ASLAK BRIMI, SIGRUN DYVIK, SELMA FRENCH BOLSTAD, OLAUG FURUSÆTER, SIGRID GRAEDLER LISTUEN, TRUDE HAGASETH, KARI MARTE HAUGSTAD, HELENE HØYE, GUNN INGA TOFSRUD, GURO KJORSTAD, THEA MARIE YTTERDAL, BJØRN KÅRE ODDE, INGRID OLSTAD, JOHANNES SELVAAG, MARI SKEIE LJONES, SIGRID STUBSVEEN, INGEBORG ULBERG SOMMER, HALLGRIM ULVIK HAUG OG ELISE WESSEL HILDRUM - alle fele

Fredag 7. juli kl. 21.00 Dansen går i Førdehuset Festsalen, Førdehuset

Gudbrandsdølenes Spelmannslag is a fiddler group consisting of musicians from the Gudbrandsdalen area, but living in Oslo. Their focus is to preserve and develop the traditions from their native villages, mainly the dance tunes and dance traditions. They have one the Norwegian championships for fiddler groups several times. At the festival, the e group will play an important part in the festivals main Nordic project, the Nordic Sound Folk Orchestra.

38


A RT I STOMTA LE

Folk All-in Band SVERIGE

Svensk powerfolk i storformat!

Foto: Börje Dahrén

Folk All-in Band er storbandversjonen av tradisjonell folkemusikk. Her får du full pakke! Eit mektig rytmisk samspel og bogar i pardans med ein samansveisa brasseksjon får klassiske folketonar til å høyrast som om det var slik dei skulle spelast - alltid. Leiaren for bandet, Karl-Johan Ankarblom, som elles skriv musikk for kongelege (!) og klassiske orkester, etablerte Folk All-in Band for å få ut den store lidenskapen han har for spelemenn og for folkemusikken. Han samla favorittane sine i folkemusikk-Sverige for å tolke tradisjonen på nytt. Resultatet er ein spelemannsfest du seint vil gløyme. Saman med Gudbrandsdølenes spelemannslag utgjer musikarar frå Folk All-in Band grunnstammen i årets store temasatsing, Nordic Folk Sound Orchestra, eit 40 manns orkester som skal stå for den offisielle opningkonserten på festivalen, torsdag 6. juli, saman med komponistar og solistar frå Norge, Sverige, Finland og Danmark. LINNEA AALL CAMPBELL, ELIN ANDERSSON fele • KARL-JOHAN ANKARBLOM keyboard • JONAS BLECKMAN cello • ADAM JOHANSSON gitar • ADRIAN JONES 5-strengs fele • LENA JONSSON fele • ROLF LANGDBERG perkusjon • ANNA LINDBLAD fele • JONATHAN LUNDBERG tromme • DANIEL REID baritonsaksofon • KRISTOFFER SIGGSTEDT trombone • STEFAN STENSSON MATHIESEN altsaksofon • KRISTOFER SUNDSTRÖM bass Fredag 7. juli kl. 23.00 Fredagsfest: Dàimh og Folk All-in Band Festplassen, Førde Laurdag 8. juli kl. 20:30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset

Folk All-in Band is the big band version of Swedish traditional folk music in full gear. A powerful rhythmic interplay, and strings that will make you dance, with a welding brass section make traditional tunes feel like they are being played for real for the first time. Band leader Karl-Johan Ankarblom, who otherwise writes music for royalty and classical orchestras, formed Folk All-In Band to express his passion for Swedish traditional music and assembled his favorite party people from folk Sweden to re-interpret the tradition. The result is a party you will never forget.

39


Talent 2017 Internasjonalt talentprosjekt

Kvart år samlast unge talentfulle musikarar frå Norge og to andre land til to vekeslange verkstadar. Den første verkstaden skjer i samband med Førdefestivalen, den andre i eitt av dei andre landa som er med i prosjektet. Med talentprosjektet ønskjer festivalen å gje unge musikarar høve til å utvikle seg sjølv i møtet med andre musikktradisjonar. Talentprosjektet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Kulturtanken, og vert støtta av Utanriksdepartementet. I år kjem dei ni unge musikarane i talenprosjektet frå Cuba, Colombia og Norge. Musikalske leiarar er Sverre Indris Joner og Hilde Fjerdingøy Frå CUBA: ANNIE GARCÉS SANTANA vokal, fløyte • JOSÉ MANUEL ORDÁS MESA gitar, musikalsk leiar • EVELYN GARCÍA HERNÁNDEZ 12-strengs gitar (laud) Frå COLOMBIA: SEBASTIAN SEPULVEDA GOMEZ trekkspel • JESUS ELIAS ACUNA OSPINO caja, bass, gitar, trekkspel • JUAN DAVID ATENCIA BERRIO vokal, trekkspel

Frå NORGE: ASTRID GARMO fele, hardingfele, vokal, gitar • EMIL HORSTAD trekkspel med meir • RASMUS KJORSTAD fele MUSIKALSKE LEIARAR: Sverre Indris Joner er pianist, komponist, arrangør, orkesterleiar m.m. med formelle musikkstudier frå Universitetet i Oslo og tallause reiser og studioopphald i Latin-Amerika. Han er som eit unikum å rekne når det gjeld latinamerikansk musikk og har stifta: Hovedøen Social Club, Electrocutango, La Descarga, Tango for 3, m.fl. Hilde Fjerdingøy er ein av dei leiande på toradar i Norge, og har master i nordisk folkemusikk. Ho spelar folkemusikk frå ulike tradisjonar i Norden, men har fordjupa seg i musikken frå heimtraktne på Helgeland. Fjerdingøy er med i to norsk-svenske konstellasjonar: Fjerdingøy & Andersson (plateaktuell) og Rim. Laurdag 8. juli kl. 18.30 Talent 2017 Teatersalen, Førdehuset

This year, the festival’s international talent-promoting project brings together nine young musicians from Cuba, Colombia and Norway. After barely a week-long musical workshop, they stand ready to entice you with rhythms, melodies and dances from their home countries, both in traditional and new arrangements, and who knows, perhaps they have even created something totally new! Musical directors: Sverre Indris Joner and Hilde Fjerdingøy. The project is a collaboration with Concerts Norway, and with support from the Norwegian Ministry of Foreign Affairs.

40


41

A RT I STOMTA LE


ÅRETS BOB-KONSERT

MOKOOMBA

Fredag 7. juli kl. 19.30 – 20.30 Idrettshallen, Førdehuset

Ung energi frå hjartet av Afrika! Mokoomba hyllar Zambezielva som renn gjennom fem land og er et symbol på smeltedigelen av kulturer og mangfold i Afrika. Musikken flyt av garde. Som elva. Songen løftar. Du kjenner rytmen og den uimotståelege energien. Dette er musikk for kropp og sjel.

Vis et mskort le d e m få g o B frå BO batt 20% ra en! tt le på bil

Billettsal i Førdehuset i festivalveka og på TicketCo. Gyldig medlemskort må visast ved inngang.

GRATISKONSERTAR på Torgscena! TORSDAG 6. JULI KL. 11.00 Molsky’s Mountain Drifters Talent 2017 Ricardo Ribeiro Kouame Sereba FREDAG 7. JULI KL. 10.30 Xabier Diaz & Adufeiras de Salitre Mokoomba Gudbrandsdølenes Spelmannslag Bulgarian Voices Angelite

LAURDAG 8. JULI KL. 11.00 Väsen Casuarina Helene Blum & Harald Haugaard Band Titi Robin Trio

elvetorget.no

39 butikkar/kaféar/frisørar | 500 parkeringsplassar | Midt i sentrum | Opningstider: 10–20 (10-16)

42

Rein Design

BOB Region NordVest | Storehagen 1D, Førde | www.bob.no


A RT I STOMTA LE

Väsen SVERIGE

Samspel Virtuositet Speleglede Olov Johansson og Mikael Marin har spelt saman sidan 1980, då dei var lovande og uvitande tenåringar på veg mot toppen av hierarkiet i den nordiske folkemusikken. På vegen til endeleg form møtte dei Roger Tallroth under eit spelemannsstemne på Røros; og Nordens soleklart mest verdskjende folkemusikktrio var eit faktum. Sidan oppstarten for 27 år sidan har dei spelt eit ukjent tal konsertar på alle kontinent og i alle verdsdelar. Dei har begeistra publikum og ikkje minst inspirert andre musikarar over heile verda. Dei har til og med ei gate oppkalla etter seg i USA, Väsen street, i Bloomington, Indiana! Musikken deira har røter på landsbygda i Uppland og i dei upplandske skogane. Det er hundre år gamal tradisjon som gjennom felles forståing og fingerspisskompetanse vert presentert i elegant gjennomarbeidde arrangement. Alle desse åra med samspel -

og framleis den same spelegleda. Alle desse åra - og framleis den same indre inspirasjonen. I tillegg kjem alt det andre; jazz, rock, klassisk, og folkemusikk frå andre kulturar som vev seg inn til ein total heilskap som blir – Väsen. I vår sleppte dei si 18. plate, Brewed, så det er berre å glede seg til heilt nytt materiale - i dei nydelege rammene på utescena på Sunnfjord Museum. OLOV JOHANSSON nøkkelharpe • MIKAEL MARIN viola • ROGER TALLROTH gitar

Laurdag 8. juli kl. 23.00 Nordisk klubb Klubbscena - Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Søndag 9. juli kl. 17.00 Väsen Sunnfjord Museum

Three musicians with a singular sound, a playful yet accomplished interplay that seems to defy the laws of physics, an intensity with a great sense of humor, and modernity rooted in tradition. Väsen, a Swedish acoustic trio, now in its 27th year of touring together. The parts: a five-string viola of sophisticated symphonic taste, an adventurous 12-string guitar, and a nyckelharpa (a keyed fiddle) deeply rooted in the traditions of Swedish folk music. All three are instrumental virtuosos in their own right, and together they form a unique supernatural being. To experience Väsen is to witness ensemble playing at its finest.

43


Mamadou Diabaté Mamadou Diabaté kjem frå ei såkalla jeli-familie i Burkina Faso; der historieforteljing og musikk har gått i arv i generasjonar. Som femåring hadde Mamadou faren som lærar - og eldre brødre. Åtte år gamal byrja han i lære hos meistrar utanfor Sambla-kulturen, hos den store meisteren, Daouda Diabaté, der han la grunnlaget for sitt briljante balafonspel. 11 år gamal, rømmer Mamadou Diabaté heimanfrå; for å satse på musikken. Som 22 åring flyttar han til Austerrike, og byrjar på karrieren som internasjonal balafonmeister. 11 plater og ei rekkje verdsturnear har det vorte, og samarbeid med musikarar frå mange ulike kulturar, som Habib Koité, Ismet Tuchimat, koravirtuosen Mamadou Diabaté (!), Toumani Diabaté og vår eigen Terje Isungset.

BURKINA FASO

Les meir om Mamadou Diabaté og den spennande balafonen på fordefestival.no CHEIKH IBRAHIMA FALL djembe, vokal • SYLVAIN DANDO PARE bass, vokal • MAMADOU DIABATE balafon, vokal • SEYDOU DIABATE balafon, vokal • HAMIDOU KOITA kalebass, vokal • YACOUBA KONATE doundou, vokal Fredag 7. juli kl. 09.30 Barnekurs: Balafon med Mamadou Diabaté Førde Barneskule Laurdag 8. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset Laurdag 8. juli kl. 23.00 Afro-karibisk dansefest Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Mamadou Diabaté was born in one of the heartlands of balafon playing in Burkina Faso. He now lives in Vienna from where it’s easier to tour, and he’s one of the most popular balafon performers at festivals round the world.

44


UNGARN Felix Lajkó kjem frå ei ungarsk familie i Topolya, i Vojvodina, ein multi-etnisk og fleirkulturell region i dagens Serbia. Til han gjekk ut av vidaregåande skule var sither instrumentet hans, men som student reiste han til Budapest med lånt fele for å bli medlem i Dresch Quartet, og no er han ein virtuos på begge instrument! Gjennom sitt virke ynskjer han å styrke dei kulturelle banda mellom sitt nye heimland Ungarn og Vojvodina i Serbia. Félix Lajkó vert ofte omtala som djevelens fiolinist og Vojvodinas Paganini, i tillegg til å vere eit vidunderbarn, sjølvsagt. I følgje han sjølv spelar han ikkje «moderne» musikk. - Eg improviserer og komponerer på min eigen måte, utan tanke på sjanger. Det er folkemusikk, klassisk, rock, blues, jazz og improvisert musikk om ein annan! seier han. -Det handlar først og fremst om kva som er mogleg med instrumentet eg spelar. Félix Lajkó kan utrette det utrulege, det vere seg med sither eller fele. Han har stått på alle dei store scenene, og spelar jamnleg med musikarar som Alexander Balanescu og Boban Markovic. Han imponerer sjølv det meste kresne musikkpublikummet. Frå han slår første tone i konserten, forstår du at talentet hans er spesielt. Gå ikkje glipp av dette, for du har truleg ikkje høyrd maken!

«Djevelens fiolinist og Vojvodinas Paganini»

FÉLIX LAJKÓ fele, sither • ANTAL BRASNYO viola • GERGO SZABO CSOBAN kontrabass

Fredag 7. juli kl. 15.00 Félix Lajkó Trio Festsalen, Førdehuset Fredag 7. juli kl. 21.00 Columbi Egg Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Lajkó has played together with a large number of well-known bands and musicians. He has had several concerts with Alexander Balanescu and Boban Marković’s brass gipsy band. His violin music captivated musically sensitive audiences all over the world. Often referred to as the Devil’s Violinist, the Paganini of Vojvodina, or a child prodigy, once he is on stage with an instrument – be it the violin or the zither – Lajkó is capable of doing anything, of guarding his audience to a world that opens up only to those born with a special talent.

45

A RT I STOMTA LE

Félix Lajkó Trio


Xabier Díaz & Adufeiras de Salitre

SPANIA

Foto: Knut Utler

– The Tambourine Man Galisiske folkesongar i visuell og elegant innpakning Xabier Diaz er både musikar, komponist, forskar og songar, og spesialist på instrumentet Pandeireta Galega, den galisiske tamburinen. I Galicia nyt han kjendisstatus, mellom anna etter mange år som vokalist i den leiande folkemusikkgruppa Berrogüetto, i tillegg til samarbeid med ei rekkje store artistar. No gjer han suksess med eigne prosjekt, som til dømes The Tambourine Man. Her møter tamburinen hans 7 mauriske firkant-trommer, eller adufar, i den kvinnelege vokalog perkusjonsgruppa Adufeiras de Salitre. I tillegg har han med seg Gutier Alvarez på dreielire og Javier Alvarez på torader. Med plata The Tambourine Man sikra Zabier Diaz seg flerie nasjonale prisar, og topplaseringar på internasjonale platekåringar. To år tok det å leite fram gamle voggesongar og folkesongar frå galisiske landsbyar; og gje dei nye arrangement og ny tolking gjennom Xabier Diaz si sjelfulle stemme, sikkert og elegant akkompagnert av songen

og rytmen frå Adufeiras de Salitre. Diaz kan kunsten å kombinere det vakre i songen, musikken og det estetiske - til ei oppleving du vil hugse lenge! XABIER DÍAZ VOKAL perkusjon • PEDRO PASCUAL torader • GUTIER ÁLVAREZ dreielire, fele • MONTSERRAT GARCÍA, ICIA SANMARTIN, MAITE LÓPEZ, PAULA BUSTELO, CAROLINA VÁZQUEZ, BEATRIZ MARIÑO, GISELA SANMARTÍN vokal, perkusjon

Torsdag 6. juli kl. 23.00 Xabier Díaz Trio - Sommarnatt på Jølster, Jølstramuseet, Vassenden Fredag 7. juli kl. 16.30 Xabier Díaz & Adufeiras de Salitre Storsalen, Førdehuset Laurdag 8. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset

Musician, composer, folklore researcher, singer and expert exponent of the Pandeireta Galega (Galician tambourine), Xabier Diaz is a well-known figure on the Galician music scene. He was lead singer with award-winning folk revivalists Berrogüetto and has collaborated with many other leading artists. His latest project allies his tambourine with the adufe – a square framedrum of Moorish origin used in Portugal. Indeed, not one but eleven adufes, wielded by the eleven women percussionists and singers of the Adufeiras de Salitre augmented bya hurdy-gurdy and an accordion player.

46


A RTI STOMTA LE

Annbjorg Lien & Roger Tallroth NORGE/SVERIGE Nordisk samspel i stjerneklasse Annbjørg Lien er ein av våre aller største eksportartiklar innan folkemusikk og verdsmusikk. Den svært etterspurde felespelaren frå Mauseidvåg på Sunnmøre, er vaksen opp med ein fot i folkemusikken og ein i den klassiske fiolinmusikken, og kryssar musikalske sjangergrenser med den største eleganse. Ho har samarbeidd med ei lang rekke musikarar frå inn- og utland, og har gjeve ut fleire album som av mange vert karakterisert som «verdsmusikk». Svenske Roger Tallroth er ein unik folkemusikk-gitarist. Han er oppfinnsam som få, og hans måte å blande bassgangar med komp, med- og motstemmer, er eit varemerke. Han har også utvikla sin heilt eigne måte å stemme 12-strengaren sin på som andre gitaristar verda rundt har plukka opp og brukar. Ein konsert med Annbjørg Lien og Roger Tallroth er ei fargerik og grensesprengjande oppleving, der du aldri heilt veit kva du får eller kva vegar musikken tek. Det einaste du kan vera sikker på er at du får det beste, av dei beste. Søndag 9. juli kl. 11.30 Annbjørg Lien og Roger Tallroth Teatersalen, Førdehuset

Annbjørg Lien is one of Norway’s most outstanding fiddlers. She has a solid basis in traditional music, but is strongly inspired by crossing musical borders. Her collaboration with musicians from all over the world has made her a top performer of world music as well as Norwegian folk music. With his specially tuned guitar (A-D-A-D-A-D), Roger Tallroth has developed a distinctive sound of his own. In addition to the guitar, he plays the Swedish bouzoki and octave mandolin. He has about 50 followers throughout the world using his tuning, a number still growing. He has given numerous seminars around Europe and the US.

47


Lev litt. Det er lett å tenkje at du må reise langt for å få dei store opplevingane. At det krev både tid og pengar. At dei er uoppnåelege. Av og til er høgdepunkta nærare enn du trur. Ei veke i året byr vi på opplevingar i verdsklasse. Heilt i nærleiken. Opplevingar for livet. Opplev Førdefestivalen – Lev litt! NORWAY 5. July– 5-9 2017 9. juli 2017

fordefestival.no

48


A RT I STOMTA LE

Bitori & Chando Graciosa KAPP VERDE

Funana - den forbodne musikken frå Kapp Verde Etter 20 års pause har den 78 år gamle legendariske trekkspelaren Bitori samla bandet sitt igjen, for å gje verda ein ny dose av dei energiske og medrivande rytmane i den forbodne dansemusikken frå Kapp Verde, funana. Dei portugisiske koloniherrane såg på funana-musikken som øyfolket sin draum om fridom. Musikken var håpet deira, og gjennom den fekk dei utløp for frustrasjonane sine. Funana var difor bannlyst fram til Kapp Verde fekk sin fridom i 1975. Victor Tavares, alias Bitori, var sjølvlærd på trekkspel, og med sin eigen spelestil revolusjonerte han funanamusikken. Så seint som i 97 vart Bitori invitert til Rotterdam av Chando Graciosa, for å spele inn den første funanaplata. Denne vart ein formidabel suksess og til stor inspirasjon for ein heil generasjon av musikarar på Kapp Verde. Nesten 10 år etter blir plata utgjeven på nytt av Ana-

log Africa. No får Bitori også med seg mellom andre to av Cesaria Evora sine musikarar gjennom 12 år, og hans første internasjonale turné er eit faktum. Sidan 2015 har Bitori (78), songaren Chando Graciosa og funana-rytmane teke det internasjonale festivalpublikummet med storm. No er det Førde sin tur! VITOR TAVARES trekkspel • CHANDO GRACIOSA vokal, ferro (metall skrapar) • VITOR TAVARES GAITA trekkspel • MIROCA PARIS perkusjon, vokal • TOY PARIS tromme, vokal • DANILO TAVARES bass, vokal

Laurdag 8. juli kl. 13.00 706 m.o.h.: Bitori Hafstadfjellet Laurdag 8. juli kl. 23.00 Afro-karibisk dansefest Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

The now 78 year young accordion player Bitori share the forbidden music of Cape Verde: the exhilarating, refined yet raw, infectuous dance music ‹Funana›. Under Portuguese rule this music – embodying longing for freedom, hope, expressing frustration of oppression, as well as everyday life and love – was banned. Autodidact accordeon player Victor Tavares aka Bitori is true innovator who revolutionized playing techniques and gave a new direction to local music. Iconic singer and composer Chando Graciosa was the one who invited him to Rotterdam to record his music – and started his international carreer.

49


Willemark, Opheim og Pirttijärvi SV/SAPMI/FI/NO SONGMEISTERMØTE:

Eit unikt møte mellom tre av Nordens førstedamer innan vokalmusikk

Lena Willemark - Sverige Lena Willemark har erobra ein heilt sentral posisjon i svensk folkemusikk og er ein banebrytande songar som kryssar sjangrar på ein naturleg måte, og er i dag rekna som ein av Nordens mest allsidige artistar. Hennar ferd i ulike musikalske landskap held fram med uforminska styrke - og med folkemusikken som ein trufast vandringsstav. Her i Norge er Willemark kjend for samarbeidet med Kirsten Bråten Berg og Det Norske Kammerorkester. Willemark har vore nominert til Nordisk Råds Musikkpris, og vart kåra til Årets kompositør på Folk & Världsmusikgalan i Sverige 2017.

Ulla Pirttijärvi-Länsman - Sapmi / Finland Joik er ein av dei eldste musikalske uttrykksformene i Europa, og finst i heile det samiske området i Sverige, Norge og Finland. Ulla PirttijärviLänsman er ein av våre fremste joikarar i dag, etter å ha lært kunsten mellom anna av mor si. Alt i 20-årsalderen gav Ulla ut si første plate, ei barneplate der målet var å lære born meir om samisk kultur. Plata vann ei rekkje prisar, og vart også følgd opp med ei bok. Ulla grunnla òg gruppa Ulda som spelte på Førdefestivalen for to år sidan.

Berit Opheim - Norge Ein av våre mest etterspurde songarar, Berit Opheim frå Voss, har ei lang og innhaldsrik fartstid som songar og vokalist. Ho står trygt i folkemusikktradisjonen, men oppheld seg lett i andre sjangrar, og hentar inspirasjon frå både tidlegmusikk, improvisasjon og samtidsmusikk. Opheim gjorde «Månefruva» i ”Tryllefløyta” i folkemusikkversjon, syng i Trio Mediaeval, i trioen BNB med Bjørn Kjellemyr og Nils Økland, i jazz-/folkemusikkgruppa Orleysa, Utla og mange fleire. Opheim har vunne Landskappleiken fleire gonger, både i kveding og Open Klasse.

Three of the foremost Nordic female singers meets in a small concert hall, to give you their best tunes: Sami singer Ulda Pirttijärvi-Länsman from Finland, Lena Willemark from Sweden and Berit Opheim from Norway.

Fredag 7. juli kl. 18.00 Songmeistermøte: Willemark - Opheim - Pirttijärvi Haarklousalen, Førde Kulturskule

50


A RT I STOMTA LE

Ingfrid Breie Nyhus & Knut Buen NORGE Slåttar frå hardingfele til flygel

Foto: Geir Dokken

Ingfrid Breie Nyhus vert nemnd som «ein blant den nye generasjonen pianistar «som verkeleg har noko på hjartet». Ho spelar både folkemusikk, klassisk og samtidsmusikk. Ingfrid vaks opp i ein folkemusikkfamilie, først og fremst med polstradisjonen på vanleg fele frå far Sven Nyhus, men også med hardingfeletradisjonar. Etter klaversolist-studier i Norge, Finland og Tyskland har ho arbeidd med solo- og kammermusikk i det klassiske repertoaret, og mykje samtidsmusikk både solo og i ensembler. I 2015 gav ho ut ein solo plate-triologi med pianomusikk inspirert av folkemusikk, som alltid har stått henne særleg nær. Den siste av desse innspelingane er Slåttepiano. Slåttepiano er hennar eiga oversetting av hardingfeleslåttar til flygelet si verd. Ho spelar dei samme slåttane som Grieg vart inspirert av i opus 72, etter spelemannen Knut Dahle. Utgjevinga fekk strålande mottaking i pressa og vart nominert til Folkelarmprisen. Originalversjonen av desse slåttane får du høyre av

Telemarks og heile Norges felemeister og historieforteljar Knut Buen (f. 1948). Han har spelt hardingfele frå barnsbein av, og omfattande innsamling av tradisjon og slektsarv har danna grunnlag for komponering og skriving. Knut Buen har dikta rundt 100 songar, komponert fleire titals slåttar, har rundt 300 ulike musikkverk registrert i Tono - og han kan imponerande 500 slåttar! Knut Buen elskar samarbeidsprosjekt, og ser kvar einaste originale, nye vri og kunstnariske variasjon av tradisjonelt og nytt stoff som eit vidare steg i musikarlivet. INGFRID BREIE NYHUS piano KNUT BUEN fele Laurdag 8. juli kl. 12.00 Ingfrid Breie Nyhus & Knut Buen Haarklousalen, Førde kulturskule

Ingfrid Breie Nyhus grew up in a folk music family. After classical piano soloist studies, she has worked with classical and contemporary solo and chamber music. Critics early described her as a virtuoso of timbre, with luscious touch and rich nuances, being a pianist who really have something on her heart. Knut Buen from Telemark is a true fiddle master , and a fantastic story teller. Since early childhood he has played the fiddle. He has collected and catalogued traditional tunes, composed a lot of tunes and written around 100 songs. He knows a range of 500 tunes, and loves to play with other musicians, regardless of genres.

51


Dáimh

SKOTTLAND

This is a great Gaelic band and definitely worthy of the title Gaelic Super Group Bright Young Folk Keltisk folkemusikk i si fulle breidde Dáimh, Band of the Year 2016 i Scots Trad Music Awards, kjem frå Lochaber, den idylliske vestkysten i det skotske høglandet, kanskje like mykje kjend for sine øyar, fjord og fjell som for sin rike musikk- og kulturarv. Dáimh, som forresten skal uttalast «daiv», er det skotsk-gæliske ordet for slektskap eller blodsband, og signaliserer at dei fem bandmedlemmene tek sine musikalske røter på alvor. Dei har vore ein farsott på festivalar både i Skottland, Irland og i Europa. I 2014 gjekk dei til topps i European Folk Music Award. Med desse skottane på scena, får du oppleve keltisk folkemusikk i si fulle breidde. Dáimh serverer alt frå pyrotekniske «jigs and reels» til «smertelege» balladar; i stødig miks mellom eigne komposisjonar og tradisjo-

nelle gæliske songar. Dei har spelt inn fem plater og får stor kred for konsertprestasjonane sine. Er du blant dei mange som har tapt ditt hjarte til irsk og keltisk musikk, er Dáimh-konserten på årets festival ein skikkeleg godbit få med seg! MURDO CAMERON mandola, mandolin, trekkspel • ELLEN MACDONALD vokal • ANGUS MACKENZIE sekkepiper, fløyte • HANNAH MACRAE fele • ROSS MARTIN gitar Fredag 7. juli kl. 23.00 Fredagsfest: Dàimh og Folk All-in Band Festplassen, Førde

Taking their name from the Scottish Gaelic word for kinship, Gaelic Supergroup are a 5 piece band based in Lochaber in the Highlands and Islands of Scotland; an area as much renowned for its scenic beauty as for its rich musical and cultural heritage. A long-established favourite at folk festivals in Scotland, Ireland and across Europe, 2014 saw the group win the Eiserner Eversteiner European Folk Music Award in the 23nd German Folkherbst competition and also the Folk Band of the Year 2016, in the Scots Trad Music Awards.

52


A RT I STOMTA LE

Baltic Crossing

FINLAND, DANMARK, ENGLAND

Foto: Ard Jongsma

Finsk-dansk-britisk høgenergi med ein dose galskap og humor Baltic Crossing er fem høgaktive musikarar frå den nord-europeiske folkemusikkscena. Dei har spelt saman sidan 2004, og kome ut med to kritikarroste plater som begge har vore nominerte ved Danish Music Award. Plate nummer tre kom I 2014, som ei feiring av 10-årsjubileet. Varemerket til Baltic Crossing er energisk musikk med røter i keltiske og nordiske tradisjonar. Dei drivande gode musikarane osar av overskot og speleglede, og sper godt på med humor og skrøner. Dei har turnert dei fleste store folkemusikkfestivalane i Norden og UK, og opparbeidd seg eit mildt sagt godt rykte som konsertband. Baltic Crossing var det første folkemusikkbandet som vart valde ut til det prestisjefulle turnéprogrammet, Rising stars, i regi av Europas førande klassiske konsertscener, som Wiener Konzerthaus, L’auditori Chamber Music Hall i Barcelona, Athens Concert Hall, med fleire.

Det er sjølvsagt på høg tid at Baltic Crossing dukkar opp i Førde! Medlemene i gruppa er kvar for seg kjende frå: Frigg (FI/NO), KAN (UK), Jez Lowe and the Bad Pennies (UK), Tsuumi Sound System (FI), Lydom, Bugge & Høirup Trio (DK), Jensen & Bugge (DK) og Habadekuk (DK). IAN STEPHENSON [UK] gitar, toradar-harmonika • ANDY MAY [UK] Northumbrian sekkepipe, piano • ESKO JÄRVELÄ [FI] femstrengs fele • ANTTI JÄRVELÄ [FI] mandolin & kontrabass • KRISTIAN BUGGE [DK] fele

Fredag 7. juli kl. 17.00 Baltic Crossing Håjen kafé, Naustdal Laurdag 8. juli kl. 23.00 Nordisk klubb Klubbscena, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Baltic Crossing use their strong affinity for old dance music and respect for each others traditions to bring a new youthful energy to the folk music of Europe. Wherever they meet, at least one must cross the Baltic Sea. With award-winning members hailing from the UK, Finland and Denmark, Baltic Crossing bring you fiery Scandinavian fiddles, bubbling Northumbrian pipes and a driving guitar and double bass rhythm section.

53


Foto: Paprica Fotografia

Casuarina

BRASIL

Frå den unge kvintetten starta for 16 år sidan i bohembydelen Lada i Rio de Janeiro, har Casuarina etablert seg som ei av dei mest respekterte sambagruppene i Brasil. Musikken er ei blanding av lokale sambatradisjonar, eigne komposisjonar og gamle samba-klassikarar frå Brasil sine mange offisielle sambaistar; dei godkjende samba-komponistane. I byrjinga spelte dei konsert kvar veke i lokalområdet sitt. På den måten bygde dei seg publikum og popularitet. Og Casuarina sin friske versjon av tradisjonell «roda de samba» vart etter kvart ei konsertoppleving alle berre måtte få med seg. På sin veg har Casuarina plukka med seg prisar og nominasjonar for beste album og beste sambagruppe, og framfor alt er dei hylla for si evne til å fornye sambatradisjonen, og gjere den tilgjengeleg for den yngre

Brasilianske sambameistrar garde. Casuarina har turnert i meir enn 20 europeiske land, Nord-Amerika og Asia, og no får har du sjansen til høyre dei på norsk jord, i Førde! GABRIEL AZEVEDO perkusjon, vokal • JOAO CAVALCANTI perkusjon, vokal • JOAO FERNANDO mandolin • RAFAEL FREIRE cavaquinho • DANIEL MONTES gitar

Fredag 7. juli kl. 21.00 Columbi Egg Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Laurdag 8. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset Søndag 9. juli kl. 12.00 Samba til fjells: Casuarina Rytne gard, Bygstad

Celebrating their 16th anniversary in 2017, Casuarina is one of the most respected samba bands of Brazil. Originally from Rio de Janeiro›s famous bohemian neighborhood Lapa, the band plays their repertoire all over the nation and beyond. They›ve brought their ‹samba made in Brazil› to more than 20 countries in Europe, North America and Asia. Last year, Casuarina released their first US album and was one of the artists touring for the globalFEST - Creole Carnival through more then 35 concerts in US and Canada.

54


A RT I STOMTA LE

Asere CUBA Autentiske cubarytmar med moderne vri Etter 65 konsertar i USA kjem cubanske Asere til Europa med sitt nye repertoar. Bandet tel elleve mann som trakterer både horn, strenger, vokal, tres, gitar, bass og eit arsenal av perkusjon. I 2017 er det 20 år sidan Asere kom ut med si første plate og turnerte i Europa for første gong. Asere vart etablert i Havana i 1996 av ei gruppe unge musikarar som ville utforske musikktradisjonar som i lengre tid meir eller mindre var ignorerte av deira eigen generasjon. Same år vart dei oppdaga av Totó la Momposina (Førdefestivalen 2015) og manageren hennar, John Hollis, då dei vitja Cuba. I dei 20 åra som har gått, har Asere gjort mykje for å spreie autentiske cuba-rytmar i frisk og moderne tapping, ut til resten av verda. Med djup respekt for tradisjonen og sine forfedrar, har dei skapt sitt eige musikalske uttrykk med innovative songtekstar og ny energi. Den vidgjetne cubanske musikaren Eliades Ochoa omtalte musikken

deira som ‘Son del nuevo milenio’– son for det nye årtusenet, etter å ha sett dei opptre i Santiago de Cuba. Og no skal dei skal dei sette hjarte og dansefot «i kok» på festivalpublikummet i Førde! ENEY ARANDA CASANOVA congas, bongo, vokal • VICENTE ARENCIBIA congas, vokal • YOAN SANCHEZ bongo, timbales, snare, kick, kubjelle • EIKEL VENEGAS trompet, trombone • DANIEL CARNAGO TABLADA steelgitar, tres • RICARDO FERNANDEZ vokal • JENNY PADRON fele • MICHEL PADRON trompet • JORGE QUEVEDO BENITEZ fele • YUNIEL RASCÓN FALCON spansk gitar • ABELITOS SANABRIA PADRON bass • ADOLFO «FITO» FLOIRAN steelgitar, tres • JUAN SANCHEZ timbales, bongo • MICHEL SALAZAR DELGADO bass Laurdag 8. juli kl. 23.00 Afro-karibisk dansefest Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

The Cuban group Asere is an exciting 11 piece band featuring horns, strings, three singers, tres, guitar, bass and an arsenal of percussion. 2017 marks twenty years since Cuban Soul, their debut album, and their first European tour. Formed in Havana in 1996 a group of young musicians came together to explore their shared musical heritage working with traditional styles long since ignored by their own generation. Discovered by Totó la Momposina and her manager John Hollis the same year, Asere has brought fresh energy and innovative songwriting to Cuban music with deep respect to the soulful work of their ancestors.

55


56


A RTI STOMTA LE

La Porteña Tango Trio & Eugenia Giordano ARGENTINA Vakker og sensuell tango - direkte frå Buenos Aires La Porteña Tango Trio er rekna som ei av Argentinas mest spennande tango-grupper i dag. Med den fabelaktige gitaristen Alejandro Picciano i spissen, har dei bygd opp eit repertoar som spenner frå dei gamle kreolske valsane og dei første tangoperlene på 1920-talet, tida før geniet Astor Piazzolla sette sitt preg på argentinsk tango, og heilt fram til den nyaste, innovative og moderne versjonen av denne argentinske musikkskatten. Saman med vokalisten Eugenia Giordano, som er gjesteartist på La Porteña Tango Trio si siste plate, og danseparet Amira Luna og Damián Roezgás, finalistar i tango-VM i 2015, kjem dei til Førdefestivalen med eit grasiøst tangoshow i verdsklasse. Musikarane, songaren og dansarane gjenskaper atmosfæren på tangobarane i Buenos Aires, og formidlar historia om korleis den argentinske tangoen har utvikla seg til å bli ein av dei mest verdsette musikk- og dansetradisjonane i

verda. Dei har allereie turnert i 20 land og 4 kontinent – no er dei klare for Førdefestivalen! EUGENIA GIORDANO vokal • FEDERICO PEUVREL piano • ALEJANDRO PICCIANO gitar • MATIAS PICCIANO bandoneon • AMIRA LUNA OG DAMIAN ROEZGAS dans

Onsdag 5. juli kl. 20.00 La Porteña Tango Trio Haavebua, Florø Fredag 7. juli kl. 15.00 La Porteña Tango Trio Klubbscena, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Laurdag 8. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset To-dagars kurs i argentinsk tango: Torsdag 6. juli kl. 15.30 Fredag 7. juli kl. 09.30

The Porteña Tango Trio one of Argentinians most popular and compelling tango groups. They’ve presented their shows in more than 20 countries on 4 continents. La Porteña Tango Trio recreates its Buenos Aires in a unique atmosphere in a beautiful concert where great stories are told and there is fun, because you never forget that Tango is a genus of origin arrabalero and close, current and popular with enjoying audiences of all ages anywhere in the world.

57


Lydkvalitet i verdsklasse

58


«Festivalen er bygd opp stein på stein i løpet av 26 år. Det vi gjorde for ni år sidan, er ein flau bris samanlikna med det festivalen får til i dag.» Erlend Hagen

- Is-instrumenta i 2016 – dei var spesielle. Det er nok dei særaste instrumenta vi har jobba med, fortel lydteknikar Henrik Lethigangas. Lethigangas har ansvaret for lyd og lys under Førdefestivalen, eit ansvar prosjektleiaren ser på som den heftigaste jobben han gjer kvart år. Over 300 artistar frå heile verda fyller Førde med musikk i fem dagar. Artistar som skal ha lyd og lys på over 30 musikkarenaer. Ikkje berre er det ein logistikk som krev sitt, det er eit arbeid som byr på unike lydoppgåver – sjølv for ein lydteknikar. Kvart år kjem det artistar med instrument ein knapt har høyrd om, instrument som spreier ukjende rytmar og lydar. Det vil seie, etter ni år som lydteknikar under Førdefestivalen og ein del timar på Google, trudde 31-åringen at han hadde kontroll på dei fleste instrumenta i verda. Før han møtte på is-instrumenta til nordmannen Terje Isungset. ”Dei ulike laga, teksturen og dei utanomjordiske lydane gav ei oppleving av å høyre nordlyset. Strålande og vakkert, men unnvikande.” (Utdrag frå musikkmagasinet Songlines, av Simon Broughton.) Fagfolk ved roret - Det er eine og åleine gode fagfolk rundt meg som 59


gjer leveransen på lyd og lys så god. Du treng berre ein teknikar som ikkje gjer jobben sin, så kan det øydeleggje alt, påpeikar Lethigangas. Mange festivalar har to eller tre scener. Førdefestivalen har meir enn 30. Nokre arenaer er store, andre små. Men alle skal ha lydutstyr. Det må eit mannskap på 19 teknikarar og ein prosjektleiar til, og 35 tonn med utstyr. Mannskapet er innleigde frå lyd- og lysleverandøren Bary, så dei har 448 kilometer i bil frå Fetsund til Førde - kvart år. Men tenk deg, dei har aldri feila. - Ikkje som eg hugsar i alle fall. Vi er nesten same gjeng kvart år, ein gjeng som blir betre og meir rutinert. Logistikken går smidigare, noko som òg er takka vere profesjonelle folk på alle kantar. Det gjer at lydteknikarane kan levere lyd i verdsklasse. Noko som er viktig når ein skal gje folk spektakulære opplevingar. Slik Førdefestivalen ønskjer. - Folk kjem til oss etter festivalen og seier at dei ikkje kunne førestille seg at opplevingane skulle vere så bra. Dei skal glede, røre, overraske og utfordre. Artistane og opplevingane du får på festivalen, skal du berre kunne få i Førde. Dei skal vere unike, fortel kommunikasjonssjef Torill Faleide. Meir enn musikk Takka vere den kunstnarlege direktøren, Hilde Bjørkum, finn artistar frå dei mest utrulege plassar i verda vegen til Sogn og Fjordane. Lethigangas fortel at han undrar seg over korleis dei får til den unike samansetninga. Han er fascinert. Artistane er ikkje berre unike kvar for seg. Førdefestivalen klarar å gjere dei unike saman òg. Dei set opp produksjonar og framføringar som er så mykje meir enn ein konsert. Mykje er takka vere mannen som står for produksjonane i Idrettshallen. Hallen som blir omskapt til ein profesjonell konsertarena for festivalen og tek rundt 2000 publikumarar. - Min jobb er å sy saman fire produksjonar i Idrettshallen, deriblant opningsshowet. Dette er ein slags høgdepunkt-versjon som skal spegle resten av festivalen. Det er fokus på det visuelle, der vi nyttar både video, grafikk, bilde, lys og lyd, forklarar produsent Erlend Hagen. 60

Hagen er ein alminneleg mann frå Ål, som ikkje har noko særskild interesse for folkemusikk. Ikkje veit han heilt kvifor han hamna på Førdefestivalen første gong for ni år sidan, men han veit godt kvifor han stadig kjem tilbake. - Festivalen er bygd opp stein på stein i løpet av 26 år. Det vi gjorde for ni år sidan, er ein flau bris samanlikna med det staben får til i dag. Det har vore ei reise, noko vi har lukkast med. Det gjer det til ein spesielt artig jobb, seier Hagen. Utdrag frå artikkel i #utanfilter/Framtidsfylket. Les heile på www.beasognandfjording.no


A RT I STOMTA LE

Fargana Qasimova Ensemble ASERBAJDSJAN

Stor stemmeprakt og åndeleg mugham-lidenskap Som dotter av den verdskjende songaren Alim Qasimov (Førdefestivalen 2005) har Fargana vakse opp med lidenskapleg mugham-song og tradisjonelle, åndelege songar frå omreisande poetar og musikarar. Med faren som læremeister, mellom anna ved at Fargana har vore med på turnéane hans, har ho utvikla sitt eige musikalske uttrykk og byrja på sin eigen songkarriere for fullt. Dette er den klassiske historia om ei far-dotteroverføring av ein stor songtradisjon. Musikken deira har dei same røtene, men med si eventyrlege stemmeprakt løftar Fargana musikken inn i si eiga samtid og skaper sitt personlege uttrykk. Her er det berre å late att augene, og la songen føre deg langt mot aust ein stad – eller inn i deg sjølv.

FARGANA QASIMOVA vokal, daf • RAFAEL ASGAROV klarinett, balaban • RAUF ISLAMOV kamanché • JAVIDAN NABIYEV perkusjon, naghara • ZAKI VALIYEV tar Laurdag 8. juli kl. 14.00 Fargana Qasimova Ensemble Teatersalen, Førdehuset Laurdag 8. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset

For Fargana Qasimova, the passionate lyrics of Azerbaijani mugham and spirited songs of the bardic ashiq tradition provided the soundscape of her childhood. Now a consummate vocalist in her own right, Fargana has developed her own distinctive style that builds on the formidable artistic legacy bequeathed to her by her father, the renowned musician Alim Qasimov. Accompanied by the same quartet of young musicians as her father, Fargana offers a brilliant example of tradition-based music performed with a contemporary sensibility.

61


TA EIN PAUSE PÅ AMFI FØRDE VÅRE MATPLASSAR: • BURGER KING AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

• FERSKE SMAKAR • PEPPES PIZZA • RESTAURANT BAMBUS • SPAR • SPISERIET 10-20 (18) AMFI.NO/FORDE

Utrulege ting kan skje om begeistring blir brukt som drivkraft! Olav V

Tlf. 958 02 639 • findriv.no

62

• Vi tilbyr alle grafiske og digitale tenester • Utvikling, kommunikasjon og arrangement


A RT I STOMTA LE

Helene Blum & Harald Haugaard Band

Foto: Sigrid Nygaard

DANMARK

Medrivande og moderne folkemusikk frå «dejlige» Danmark. Harald Haugaard er ein av sin generasjons mest etterspurde musikarar som begeistrar publikum og inspirerer unge talent over heile verda. Felespelet hans er ein elegant kombinasjon av det leikande lette og det halsbrekkande utfordrande. Komposisjonane hans er originale, med djupe spor i dansk musikktradisjon; spor som Harald Haugaard omset til moderne og innovativ folkemusikk. Han kryssar gjerne sjangergrensene for å utfordre tradisjonen og utvikle seg som kunstnar. For som han seier: Den aller største inspirasjonskjelda, er livet sjølv! Helene Blum har tilført omgrepet dansk folkemusikk noko nytt gjennom sine tolkingar av danske folkesongar. Ved å gje stemma si til tradisjonsmateriale har ho opna døra inn til den danske songskatten for nye publikummarar; og ført til at stadig fleire oppdagar det tidlause og vakre ved desse gamle songane.

Saman serverer dei poetisk og medrivande folkemusikk frå «dejlige» Danmark! Harald Haugaard er òg ein av komponistane til festivalen sin nyproduksjon, Nordic Sound Folk Orchestra, som står for opningskonserten i år, med 40 orkestermedlemer, 9 solistar og 4 komponistar. HELENE BLUM fele, vokal • MIKKEL GRUE gitar • HARALD HAUGAARD fele • SUNE RAHBEK perkusjon • TAPANI VARIS bass, seljefløyte

Fredag 7. Juli kl. 13.30 Helene Blum & Harald Haugaard Band Pikant Restaurant & Bar Laurdag 8. Juli kl. 23.00 Nordisk klubb Klubbscena, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Harald Haugaard is one of the most sought-after musicians of his generation. Through his constant touring, numerous recordings and strong commitment to teaching he attracts an enthusiastic, ever-growing following and is an inspiration to talented musicians the world over. Helene Blum is one of the female musicians who have taken Danish folk to a whole new level. Her inventive, contemporary interpretation of traditional songs reveals their timeless beauty. Together they serve the audience with poetic, joyful and modern Danish folk music.

63


Sulheim, Odde, Brimi

Foto: Knut Utler

Atterljomen

Ein gardbrukar utan musikkutdanning eller musikalsk bakgrunn. Ingen storspellemann. Berre ein vanleg bonde, umåteleg glad i naturen, og med sans for vakre og fengande tonar; Sjugurd Garmo var det vi kallar eit musikalsk unikum. Han etterlet seg over 50 komposisjonar; originale, drivande og melodiøse. Musikk som ljoma rundt i nord-Gudbrandsdalen for snart hundre år sidan. Astrid Sulheim, Bjørn Kåre Odde og Aslak Brimi er ein real stjernetrio innan folkemusikken i Norge i dag. Alle er frå Lom, og alle har dei musikkarven etter Sjugurd Garmo i bagasjen. Med prosjektet ATTERLJOMEN presenterer dei Sjugurd-musikken, både med plate og notesamling.

Aslak Brimi er aktiv spelmann, meiningsytrar og kappleiksdeltakar med tre sigrar i A-klassen på Landskappleiken. I 2016 vart han kåra til Årets folkemusiker. Astrid Sulheim jobbar til dagleg som fastlege. Ho har hatt Rolv Brimi som læremeister og har studert ved akademiet i Rauland, og har vunne A-klassen på Landskappleiken tre gonger. Bjørn Kåre Odde er frilans musikar med utdanning frå Norges Musikkhøgskole og har vunne fleire prestisjetunge prisar for sitt felespel. Laurdag 8. juli kl. 15.30 Sulheim/Odde/Brimi - Atterljomen Haarklousalen, Førde Kulturskule

The concert and the CD Atterljomen, presents the musical heritage of Sjugurd Garmo (1896-1991) a farmer and fiddler from Garmo in Lom, who composed a lot of music inspired by the mountains surrounding him. Astrid Sulheim, Bjørn Kåre Odde, and Aslak Brimi are three of today’s foremost folk musicians. They are deeply rooted in their local folk music tradition. All three are excellent performers, and make an important contribution to the continuation of the local musical heritage in the Lom area, also as teachers and role models for younger musicians.

64


A RT I STOMTA LE

Elle Márjá Eira Trio SAPMI/NORGE

Ho målbind med sitt personlege uttrykk Foto: Morten Pedersen

Elle Márjá Eira er ein multikunstnar og eksportartist frå Kautokeino i Nord-Norge. Ho har for lengst hevda seg som ein av Sápmis fremste konsertartistar, og er kjend for å målbinde publikummet gjennom sitt personlige uttrykk. Som ung lærde ho seg å joike før ho kunne snakke, og det gir seg utslag hjå Elle Marja, ein erfaren artist trass ung alder. Elle Márjá uttrykkjer tekstane sine i eit audiovisuelt landskap, og med film og musikk tek ho oss med inn i eit heilt eige univers. Gjennom musikken fortel ho personlege historier frå sin eigen bakgrunn som reindriftssame, og leikar med overgangane mellom improvisasjon og iscenesetjing. Det musikalske uttrykket ligg ein stad i skjeringspunktet mellom joik, elektronika og

verdsmusikk. Stemma hennar er mektig og skjør på same tid. Elle Márjá har fått strålande kritikkar både i Norge og i utlandet, og vert hylla for visuelle, gripande og unike konsertar. ELLE MÁRJÁ EIRA vokal • MORTEN HYLD PETTERSEN electronikk, gitar • KARL RUNE RUBACH electronikk, gitar Fredag 7. juli kl. 11.30 Møt artisten: Elle Márjá Eira Utstillingssalen, Førdehuset Fredag 7. juli kl. 13.30 Elle Márjá Eira Trio Teatersalen, Førdehuset

Elle Marja Eira is an exciting artist and a musical export from northern Norway who works with film and music. She tells stories from her family background as reindeer herder. The concerts are always strong visuals in the audiovisual landscape and are often described as poetic and political. Her music is cool, arctic, electronic music, colored by world music and traditional Sami music. A unison corps of critics hails Elle Marja for beautiful concerts. She has played concerts in the Nordic region, and International stages in Canada, Russia, Germany, Switzerland, Finland, Sweden, Guatemala, Brazil, France and China.

65


ComboNations Lyden av det fleirkulturelle landet vårt ComboNations er initiert og leia av Javid Afsari Rad, den velkjende artisten, musikaren, komponisten, tradisjonsberaren og kultur- og integreringsentreprenøren frå Iran og Norge som frå 2016 er kunstnarstipendiat i Norge. Dei andre musikarane er blant dei leiande innvandrarmusikarane våre, med røter i India, Elfenbenskysten, Senegal, Marokko og Norge. Musikken dei spelar, er dels Afsari Rad sine komposisjonar, dels musikk komponert av dei andre i gruppa. ComboNations viser kor rikt og multikulturelt musikkmiljøet i den norske hovudstaden er, med musikarar som er virtuosar på sine instrument, ikkje berre

i Norge, men også internasjonalt. Med bakgrunn frå heilt ulike kulturar og musikktradisjonar, skaper dei nye musikalske landskap og uttrykk. JAVID AFSARI RAD santur, musikalsk leiar • SOLO CISSOKHO kora • HARPREET BANSAL fiolin • AISSA TOBI sintir, rabab • ADRIAN FISKUM MYHR kontrabass • DIOM DE KOSSA perkusjon • JAI SHANKAR tablas

Fredag 7. juli kl. 18.00 ComboNations Teatersalen, Førdehuset

ComboNations, established in 2000, is a group founded and led by Javid Afsari Rad. He composes and arranges the music and plays the Persian santur. The musicians are virtuosos on their chosen instruments, not only by Norwegian standards, but in an international context as well, and with backgrounds embracing different cultures and music traditions, they create together musical expression that is entirely new.

66


A RT I STOMTA LE

Javid Afsari Rad Trio IRAN/INDIA/NORGE

Javid Afsari Rad er artist, musikar, komponist, tradisjonsbærar og kultur- og integreringsentreprenør frå Iran og Norge, busett i Oslo. Han kom til Norge som flyktning i 1986, har studert klassisk persisk musikk i Iran, og musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo. Javid spelar fleire instrument, men hovuinstrumentet er persisk santur. Gjennom dei 30 åra han har vore i Norge, har han hatt stor innverknad på det norske musikklivet. Han har etablert ei rekkje ensemble, frå denne trioen med Harpreet Bansal på fiolin og Tove Erikstad på cello, til ComboNations, som også spelar på festivalen, Rumi Ensemble og Norwegian World Orchestra. Som komponist er han sterkt inspirert av persisk musikktradisjon, men brukar også element frå

vestleg musikk. Turnéane hans har teke han over det meste av verda, og han har ei rekkje tingingsverk på CVen både i inn og utland, mellom anna til Kringkastingsorkesteret. I 2008 mottok han prisen som Årets artist av Oslo kommune, og i 2016 vart Javid Afsari Rad utnemnd til statsstipendiat av Kulturdepartementet. JAVID AFSARI RAD santur • HARPREET BANSAL fiolin • TOVE ERIKSTAD cello

Torsdag 6. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden

Javid Afsari Rad plays a number of instruments, the Persian santur being his main instrument. He has lived in Norway since 1986 and comes originally from Iran, where he studied classical Persian music. Javid is also a composer and is artistic director of the ensembles ComboNations, Rumi Ensemble and Norwegian World Orchestra. The music he composes is strongly inspired by the Persian tradition he studied in Iran, but also by his study of Western classical music in Norway.

67


Sommarnatt på Jølster På låven, i Strandstova, i Eldhuset og i det vakre tunet på Jølstramuseet byr vi på heilt akustiske, musikalske møte, tett på festivalartistar frå alle kantar av verda: Xabier Díaz (trio), Javid Afsari Rad Trio, Ole Nilssen, Talentutøvarar frå Cuba, Colombia og Norge, Hamid Sakhizada og Molsky’s Mountain Drifters.

Indre Sunnfjord Spelemannslag spelar i tunet. Sal av mat og drikke. Buss frå Førdehuset kl. 22.15 og retur kl. 02.00, er inkl. i billetten. Torsdag 6. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden

The traditional farm buildings and beautiful grounds of Jølstra museum provide just the right atmosphere for an exotic and acoustic meeting of musicians and public. With Xabier Díaz (trio), Javid Afsari Rad Trio, Ole Nilssen, young talent musicians from frå Cuba, Colombia og Norge, Hamid Sakhizada og Molsky’s Mountain Drifters. Indre Sunnfjord Spelemannslag play traditional Norwegian dance music outdoors. Food and drink for sale. The ticket price includes a return bus trip from Førdehuset, departing at 22.15 and returning at 02.00.

68


A RT I STOMTA LE

Hamid Sakhizada AFGHANISTAN

Sterke historier og truga musikk frå Hazara-folket.

Hamid Sakhizada kjem frå Afghanistan, men bur no i Harstad, etter at han måtte flykte frå det taliban-styrde heimlandet sitt i 2015. Den populære musikaren er klassisk utdanna, men har ein stor lidenskap for dambora og afghansk tradisjonsmusikk. Han har gjort ein iherdig innsats for å løfte fram folkemusikken frå Hazara-provinsen, m a gjennom Asias svar på Melodi Grand Prix og afghansk TV sitt svar på Idol. Han hadde suksess, men som musikar vart han også utsett for trugsmål. I 2016 var situasjonen så farleg at han og kona måtte rømme landet, og kom til Harstad, ein av to norske fribyar for kunstnarar på flukt. Hamid Sakhizada har ei sterk historie og ei inderleg vakker stemme. Den enkle damboraen gjev både rytme og melodi til den suggerande musikken frå Hazara-provinen. Det ligg an til magisk stemning når Hamid inntek dei intime stovene på Jølstramuseet. Torsdag 6. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden

Hamid Sakhizada is a professional musician from Afghanistan, specialised in Afghan folk music and the instrument Dambora, a stringed instrument popular among the Hazara community. Hamid is a popular musician in Afghanistan and abroad, having represented his country in the Asian equivalent of the Eurovision Song Contest in 2012. After beeing seriously threathened by religious traditionalists in his home country for many years, Hamid and his wife fled in 2016; to Harstad, one of two cities of refuge in Norway.

69


Ole Nilssen NORGE

Ole Nilssen (f. 1993) frå Løten er ein ung, og allereie merittert folkemusikkutøvar. Dette året er han aktuell med si fyrste soloplate der slåttespel solo på trekkspel har fokus. Ole kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar i oppveksten og gjennom studiar ved m.a. Norges Musikkhøgskule har han jobba med den tradisjonelle slåttemusikken, og samstundes utforska det store spennet tradisjonsmusikken frå heimplassen har. Ole er og dansar og har vunne A-klassa på Landskappleiken to gongar. Vi får høyre ein variert solokonsert med alt frå vare salmetonar til danseslåttar etter fanden sjølv. Ole Nilssen har tidlegare delteke i festivalen sitt internasjonale talentutviklingsprosjekt.

Trekkspel til folket!

Torsdag 6. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden

Ole Nilssen is from Løten. In spite of his young age, he has distinguished himself as one of Norway’s foremost folk musicians and dancers. He comes from a folk music family in Hedmark, and was taught by both his father and his grandfather. Ole is in high demand as a dance musician, an ensemble musician, and as a dance and music teacher.

70


A RT I STOMTA LE

Gabriel Fliflet NORGE

Musikalsk og verbal sjarmør frå Bergen Gabriel Fliflet er ein multikulturell musikar, songar og komponist. I fleire år har han sjenerøst lagt sommarferien for landets beste folkemusikklubb, Columbi Egg, til Førde under festivalen. I år får han vere med å innvie den flunkande nye klubbscena i Førde når festivalen dreg i gang nyskapinga Nordisk Klubb, med plass til fleire både på scena og i salen! Fredagskvelden er han å finne i Hugleik, og begge kveldar held han stø kurs mot musikalske høg-

der med internasjonale gjester, eit hyggeleg publikum - og med glimt i auget!

Fredag 7. juli kl. 21.00 Columbi Egg Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & spa Laurdag 8. juli kl. 23.00 Nordisk Klubb Klubbscena, Scandic Sunnfjord Hote & spa

Gabriel Fliflet is a well known multi cultural musicians, singer and composer living in Bergen, where he has created what is considered the best folk music club in Norway, Columbi Egg. Every summer he takes this club generously to the festival in Førde, and creates the same clubby feeling with guests on stage and a lively audience.

71


Foto: Oddleiv Apneseth

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Indre Sunnfjord Spelemannslag

Ingunn Bjørgo & Åsmund Reistad

Indre Sunnfjord Spelemannslag har gjennom mange år markert seg som eitt av landets aller fremste spelemannslag, og driv aktivt med konsertar og dansespel. På merittlista står ei rekkje kappleikssigrar, og laget kan dessutan skilte med eit omfattande rekrutteringsarbeid innan spel og dans. Blant medlemmene er det fleire framståande solistar og grupper som har markert seg både lokalt og internasjonalt. Musikalsk leiar: Sigmund Eikås

Ingunn Bjørgo er ein norsk låtskrivar og musikar på toradar og trekkspel, er sentral i folkemusikk- og trekkspelmiljøet i Norge, men har også eit stort publikum utover det. Ho er mykje brukt av m.a. NRK og Helene Bøksle. Ho har fleire plateinnspelingar med spelemannslaget Askerladden, i tillegg til eige band og Bjørgo & Reistad. Åsmund Reistad trakterer det meste av strengeinstrument, men held seg mest til gitar, kontrabass og mandola. Han er først og fremst kjend gjennom folkemusikken, der han starta karriera si med Chateau Neuf Spelemannslag. Han er aktiv i fleire ensemble, td med Åsmund Nordstoga. Duoen Bjørgo & Reistad gav ut si første plate i 2015; Huskelappen, med eigen musikk inspirert av norsk, svensk og keltisk folkemusikk.

Torsdag 6. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden Laurdag 8. juli Kl. 14.00 « På hogg og belegg» - Sigmund Eikås og musikken hans Festsalen, Førdehuset kl. 22.30 Dansen går i Førdehuset Festsalen, Førdehuset Indre

Sunnfjord Spelemannslag is a local »spelemannslag« that ranks among the best reputed in our country. The founders of this group was indeed also involved in the initiation of the Førde Traditional and World Music Festival in the late 80-ties.

72

Torsdag 6. juli kl. 21.30 Dansen går i Førdehuset Festsalen, Førdehuset Fredag 7. juli kl. 21.00 Dansen går i Førdehuset Festsalen, Førdehuset

Ingunn Bjørgo and Åsmund Reistad play Norwegian folk and old time music with influences from Celtic music. The mix of accordion and guitar, combined with a careful use of effects and loops, provides a distinctive sound.


A RT I STOMTA LE Foto: Thomas Westling

Polka med støyt

Labakkalaget

Nytt liv i valsaspel frå Hardanger. Polka med støyt har som mål å løfte fram det gamle valsaspelet frå området; den rotekte gammaldansmusikken frå Hardanger. På starten av 1900-talet tok hardingane i bruk piano og trøorgel som akkompagnement til fela, eller såkalla «basing». Dette heldt seg til ut på 1960-talet. Medlemene i trioen har alle vakse opp ved Sørfjorden: Magne på Lofthus, Siri i Odda og Øystein i Jåstadgrenda. Til festivalen er dei forsterka med Erling Berstad. Polka med støyt sitt repertoar omfattar både polka med støyt, reinlendar, hamborgar og bygdedansar som springar og rudl. Dette er flott dansemusikk å svinge seg til!

Gammaldansorkesteret Labakkalaget kjem frå Luster i Sogn. Dei har ein frisk spelestil med fokus på dynamikk og danseappell, og har markert seg med fleire gode plasseringar, medaljar og finalespel på gammaldansfestivalar opp gjennom åra. Seinast på heimebane under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Gaupne i 2016. Labakkalaget gav ut plata Aoret rundt i Luster i 2005, men aller best trivst dei altså når dei får små og store på dansegolvet til sine drivande danserytmar. NILS JOAR ORMBERG, BERIT KRISTIN LAD og KATRIN ØYGARD KARUSBAKKEN toradar • ARVE BJØRN RØNEID trekkspel • ASBJØRN RØNEID gitar • JON AMUND KARUSBAKKEN kontrabass.

SIRI DYVIK hardingfele • ØYSTEIN VELURE hardingfele • ERLING BERSTAD hardingfele • MAGNE VELURE piano Torsdag 6. juli kl. 21.30 Dansen går i Førdehuset Festsalen, Førdehuset

Laurdag 8. juli kl. 22.30 Dansen går i Førdehuset Festsalen, Førdehuset

Polka med støyt aims at giving new life to a specific music tradition from Hardanger, the «valsaspel», meaning the playing of walz. Their repertoir, however, comprises all the range of Norwegian folk dances: polkas, reinlenders, rudl, springar.

Labakkalaget is an orchestra playing traditional dance tunes from Sogn, the inner part of the county of Sogn og Fjordane.

73


presentasjon av arenaer med fokus på nye bilde av utsikten ivar 2 sider

Foto: Ivar Høyvik, Findriv

Festivalarrangement i 8 kommunar Førdefestivalen har i år arrangement i 8 kommunar i fylket: Førde, Jølster, Gloppen, Gaular, Fjaler, Naustdal, Florø og Balestrand. Ein av stadane har vi aldri hatt konsert tidlegare, nemleg på Utsikten i Balestrand. Søndagstur til Utsikten, Gaularfjellet Saman med Sunnfjord Utvikling inviterer vi til guida busstur til den spektakulære rasteplassen, Utsikten, på Gaularfjellet, som vart opna i 2016. Gaularfjellsvegen er ein av våre nasjonale turistvegar, og tek deg gjennom idyllisk og storslagen vestlandsnatur. På Utsikten vert det konsert med Kari 74

Malmanger frå Hardanger, Jigme Drukpa frå Bhutan og Angus Mackenzie (Dáimh) frå Skottland! Sal av lokal mat (berre kontantsal) på toppen. Bussen går frå Førdehuset kl. 10.00, og er inkl. i billetten.


A RT I STOMTA LE

Jigme Drukpa

Kari Malmanger

BHUTAN

NORGE

Jigme Drukpa kjem frå Wongchelu i aust-Bhutan, landet som måler sin framgang i «Brutto nasjonal lykke»! Bhutan ligg i Himalaya i Sør-Asia, langt frå Norge, men Jigme er godt kjend med landet vårt og snakkar norsk etter å ha studert folkemusikk og etnomusikk her, og turnert med Rikskonsertane. Drukpa er ein kjend og kjær musikar og pedagog i heimlandet, og ein ambassadør for den lokale folkemusikken. Drukpa har òg turnert internasjonalt og har gjeve ut plata Endless songs from Bhutan. Under festivalen møter du Jigme både som instruktør på musikkverkstad for born og som musikar på det nye, spektakulære utsiktspunktet på Gaularfjellet, dit vi arrangerer søndagstur!

Kari Malmanger frå Rosendal er kvedar i eliteklassen og utdanna lærar frå Høgskulen i Bergen. Ho har òg folkemusikkutdanning frå Raulandsakademiet og Ole Bull Akademiet. Ho har mastergrad i etnomusikologi og skreiv oppgåve om song, kjensler og minne. I 2012 kom ho ut med plata ”No soli bakom blåe fjell”. No arbeider ho som lærar ved Kaupanger skule i Sogndal, og er i tillegg kordirigent, frilansmusikar og musikkpedagog. Kari likar å syngja all slags musikk, men særleg folkemusikk.

Laurdag 8. juli kl. 12.30 Barneverkstad: Munnharpespel og dansar frå Bhutan. Frå 7 år. Eventyrrommet, Førdehuset Søndag 9. juli kl. 10.00 (bussavgang frå Førde) Søndagstur til Gaularfjellet. Konsert med Jigme Drukpa, Angus MacKenzie (Dáimh) og Kari Malmanger. Utsikten, Gaularfjellet

Jigme Drukpa is a Bhutanese musician and founder & artistic director of the travelling Aa-Yang Music School. Jigme has travelled and performed in over 200 cities worldwide in about 34 countries, and participated in national and international seminars/workshops.

Søndag 9. juli kl. 10.00 (bussavgang frå Førde) Søndagstur til Gaularfjellet. Konsert med Jigme Drukpa, Angus MacKenzie (Dáimh) og Kari Malmanger. Utsikten, Gaularfjellet

Kari Malmanger is a freelance folk singer from Rosendal in Hardanger. She studied folk music at the Rauland Academy and Ole Bull Academy, and has a master degree in ethnomusicology. She released a solo album in 2012 No soli bakom blåe fjell.

75


Foto: Heidi Hattestein

Festival for heile familien Morgonstund har gull i munn Onsdag 5. juli kl. 09.00 Solsida Barnehage, Haugum Torsdag 6. juli kl. 09.00 Ytre Hafstad Barnehage Fredag 7. juli kl. 09.00 Vieåsen Barnehage, avd. Tussero I samarbeid med nokre av barnehagane i Førde ønskjer vi små og store velkomne til morgonstundkonsertar i det fri. Ta med frukostniste, og nyt ei eksotisk morgonstund saman med Aissa Tobi og hans rytmar, songar og dansar frå heimlandet Marokko. Alder: Frå 3 år, Gratis.

In cooperation with three of the kindergardens in Førde, we invite you to take along some breakfast and get a fresh start to the day out in the fresh air. You’ll meet Aissa Tobi, who sings, danses and plays music from his home country, Marokko. Age: From 3 years and up. Admission: free .

76

Ut på tur, aldri sur Onsdag 5. juli kl. 16.00-19.00 Halbrendstølen Bli med når Barnas Turlag og festivalen inviterer til vandring, mat og konsert med Kouame Sereba, musikaren frå Elfenbeinskysten som er kjend for si magiske evne til å skape kontakt med born - i alle aldrar. Turen startar og sluttar på Reset i Halbrendslia. Det er ca 45 min å gå til støylen. Ta med sitjeunderlag, drikke og mat til bålpannegrilling. Alder: Alle.

The festival and Barnas Turlag invite you on a nature walk, and a concert with Kouame Sereba, known for his magical contact skills in meeting with children. The tour starts and finishes at Reset in Halbrendslia. Bring along a seat pad and some food for grilling. Suitable for all ages.


MUSIKK I SENTRUM, TORGSCENA, ELVETORGET TORSDAG 6. JULI KL. 11:00: • Molsky’s Mountain Drifters • Talent 2017 • Ricardo Ribeiro • Kouame Sereba

FREDAG 7. JULI KL 10:30: • Xabier Diaz & Adufeiras de Salitre • Mokoomba • Gudbrandsdølenes Spelmannslag • Bulgarian Voices Angelite

LAURDAG 8. JULI KL. 11:00: • Väsen • Casuarina • Helene Blum & Harald Haugaard Band • Titi Robin Trio

Musikk i sentrum Familiesøndag Torsdag, fredag og laurdag på Torgscena ved Elvetorget har du sjansen til å få med deg små gratiskonsertar med eit utval av festivalartistar. Dette er ein del av gratisprogrammet under festivalen. Ved Torgscena vil det også vere festivalbod der du i tillegg til billettar til konsertar, også får kjøpt årets t-skjorter, solbriller og handlenett. Vi gjer merksam på at det kan bli endringar i artistar og rekkjefølgje.

Ta med heile familien til felles opplevingar når festivalartistar frå ulike verdshjørne fyller Førdehuset med musikk, song og dans. Fri entré. Detaljert program på fordefestival.no, facebook og på oppslag i Førdehuset. Kafé og bibliotek er opne.

Selected festival artists present titbits form the festival program at Torgscena, in the city center. Free admission.

Bring along the whole family to a joyous mix of music when festival artists from all the world’s corners fill Førdehuset with music, song and dance. Free admission. A detailed program is available on fordefestival.no, Facebook and on notices at Førdehuset. The café and library will be open.

Søndag 9. juli kl. 13.00-14.30 Førdehuset, inne og ute

77


Vrang NORGE

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Vrang har spelt saman i 8 år og viser korleis folkemusikk kan formidlast på fleire plan, både til dei som kjenner folkemusikk frå før, og til eit nytt publikum. Dei siste åra har Vrang eksperimentert med å setje felespelet inn i nye samanhengar. Dei er alle utdanna ved Norges Musikkhøyskole. Som trio likar dei å vri og vrenge på ting, med det resultatet at du ofte ikkje anar kva som skjer rundt neste sving. Det musikalske uttrykket er intenst og nært, og dei kommuniserer lett med kvarandre – og med publikum. Vrang var norske deltakarar i Førdefestivalen sitt internasjonale talentprosjekt i 2014, og no er dei tilbake på festivalen med konsertframsyninga som byggjer på HC Andersen sitt kjende eventyr Den standhaftige tinnsoldat. Dette er eventyret om den forelska solda-

ten og hans ballerina som held ut det meste for kjærleiken, og her får du sjå Vrang ta ut sitt det beste frå sine mange talent, både som musikarar, dansarar og historieforteljarar. Visuell utforming/koreograf: Tharan Revfem. Produksjon: Hallgeir Frydenlund, Kulturtanken C 2013. Foto: Lars Opstad, Kulturtanken. MAJA GRAVERMOEN TORESEN fele, hardingfele, vokal, autoharpe • TUVA FÆRDEN fele, hardingfele, vokal • JON HJELLUM BRODAL fele, hardingfele, vokal Fredag 7. juli kl. 18.00 Barnekonsert: Den standhaftige tinnsoldat Festsalen, Førdehuset

Based on the danish author H.C. Andersen›s fairytale »The Steadfast Tin Soldier«, VRANG hasdeveloped a children›s play where the story is told through a combination of music, dance and storytelling. VRANG has toured Norway from the south to the far north, and their version of »The Steadfast Tin Soldier« has become increasingly popular and sought after by elementary schools all over the country.

78


A RT I STOMTA LE

Kouame Sereba ELFENBEINSKYSTEN

Onsdag 5. juli kl. 16.00 Ut på tur, aldri sur Halbrendstølen Torsdag 6. juli kl. 16.00 Barneverkstad med Kouame Sereba Eventyrrommet, Førdehuset

Multi-instrumentalist og vokalist Kouame Sereba har spelt ei aktiv rolle i norsk musikkliv i over 30 år, sidan han flytta til Norge frå heimlandet Elfenbenskysten i Vest-Afrika i 1983. I tillegg til soloprosjekt, samarbeider han med musikarar i mange ulike sjangrar, som jazz, folkemusikk, samtidsmusikk, samt moderne afrikansk musikk. Det mest kjende samarbeidsprosjektet er plata Fra Senegal til Setesdal, eit møte mellom norsk og vestafrikansk folkemusikk, der han samarbeider med Kirsten Bråten Berg og Bjørgulv Straume frå Setesdal og Solo Cissokho frå Senegal. Kouame Sereba syng og trakterer fleire instrument som djembe (afrikansk tromme), dodo (munnboge), og kalimba (tommelpiano). Han spelar i to faste grupper, Zikalo, med broren Raymond, og Dozo saman med saksofonisten Rolf Erik Nystrøm. I møte med born har Kouame ei sjeldan evne til å engasjere. Han er ein formidlar av rang, og har hundrevis av skulekonsertar for born og unge bak seg.

The Multi-instrumentalist and vocalist Kouame Sereba was born in West- Africa, Abidjan, Cote d ́Ivoire. He was sent by his parents to their native village Tiegba at the age of 10. Living there he learned about traditional life, music and dance. In 1983 Kouame moved to Norway, where he is based today, and where he plays an important role in the music scene. In addition to his solo projects he collaborates with musicians of many different styles; jazz, folk, contemporary, as well as traditional and modern African music.

79


Aissa Tobi MAROKKO

Aissa Tobi lærde å spele tradisjonsmusikk av bestefaren sin tidleg i barneåra. Musikken han spelar vert kalla Gnawi, som er ein lokal variant av Gnawa. Gnawa er kjend som transemusikk og har vorte brukt i healingritual i Nord-Afrika. Musikkforma har eksistert i svært lang tid, og er eit resultat av møtet mellom islamsk sufi, vestafrikanske tradisjonar og musikken til berberane, urfolket i Marokko. Alt som 10-åring opptredde Aissa for andre born og vaksne på skular og på festdagar i heimbyen. I ungdomsåra levde han som profesjonell musikarar i Marokko før han flytta til Norge i 1988. Aissa bur i Oslo og har blanda tradisjonsmusikken sin med vestleg musikk. Han er i dag ein spennande songar og musikar med mange prosjekt og sitt eige band, Tassili. Aissa Tobi har turnert mykje med Kulturtanken (tidl. Rikskonsertane), og dei yngste festivalpublikum-

marane får sjanse til nære møte med Aissa under årets festival på Morgonstund har gull i munn-konsertane. AISSA TOBI vokal, sintir, bandir, karkab, fele, fløyte, saks og tbal

Onsdag 5. juli kl. 09.00 Morgonstund har gull i munn Solsida barnehage, avd. Haugum Torsdag 6. juli kl. 09.00 Morgonstund har gull i munn Ytre Hafstad barnehage Fredag 7. juli kl. 09.00 Morgonstund har gull i munn Tussero, Vieåsen barnehage

Aissa Tobi learned to play gnawi, a local type of gnawa music, from his grand father back home in Morocco. In 1988 Aissa moved to Oslo, Norway, and continued his musical career, establishing the band Tassili. He has toured for many years in schools and kindergartens all over Norway, in collaboration with Concerts Norway.

80


KU RS OMTA LE

Kursoversikt og omtalar Torsdag 6. juli kl. 15.30-17.00 Fredag 7. juli kl. 9.30-11.30 ARGENTINSK TANGO. Instruktørar: Amira Luna

Torsdag 6. juli, kl. 16.00-16.45 BARNEVERKSTAD MED KOUAME SEREBA. For born frå 3-7 år.

og Damián Roezgás (La Porteña Tango Trio)

Bli med inn i tangoens forførande verd!

Éin ting er sikkert - borna elskar Kouame!

Dei unge dansarane og koreografane Amira Luna og Damián Roezgás har nådd topplassering i viktige festivalar og konkurransar i heimlandet Argentina. I 2015 kom dei til finalen i Campeonato Mundial de Baile de Tango, VM i tangodans. Damián Roezgas er òg Superior Professor i tango ved Fracassi Conservatory, og Amira Luna senior lecturer ved det prestisjefyllte Ballet Teatro Colon. Begge dansar fast med La Porteña Tango Trio, og turnerer verda over med dei. Du bør ha noko dansetrening frå før for å vere med på dette kurset. Ta med gode dansesko med litt hæl og høvelege klede for ein forførande tango!

På Kouame sin dialekt frå Elfenbeinskysten, gban, finst det ikkje eit eige ord for å synge, spele eller danse. Det finst berre ”sah”, som er alt på ein gong – samhald, glede, fest, rytme og tromming! Rytmesansen er universell og uavhengig av kulturell bakgrunn, meiner Kouame. - Alle menneske har rytme, det har ingenting med etnisk bakgrunn å gjere. Talent for rytme ikkje er noko mystisk og eksotisk i følgje han. Kouame Sereba har budd i Norge i mange år. Etter å ha reist land og strand rundt her med kurs og framsyningar for born, er det ein ting vi veit: Borna elskar Kouame! Kom og bli med inn i hans rytmiske leikeunivers. Her treng du ikkje kunne noko frå før: Har du lyst, har du lov!

(2-dagars kurs)

81


Torsdag 6. juli, kl. 18.00-19.00 LYNKURS I POLSKA. GRATIS!

Fredag 7. juli kl. 9.30-11.30 Bulgarske songar

Instruktør: Mari Andrea Ness

Instruktørar: Medlemer av Bulgarian Voices Angelite

Svensk polska – medrivande, suggererande, rett og slett herleg – kom og prøv du òg!

Grip sjansen til å lære meir om dei verdskjende vokaltradi- sjonane frå Bulgaria!

Her kan du kome utan verken pengar eller partnar, berre med danselyst og dansesko! Mari Andrea Ness er norsk toppdansar, men har budd i Sverige – og sjølvsagt lært seg og dansa polska i hundrevis av timar, ute og inne, på stemne og dansefestar, gjennom netter og dagar.... For slik er polskaen, den set seg i kropp og sjel, og slepper ikkje taket! Om du har dansetrening eller ikkje, er du like velkomen til denne timen med Mari Andrea. Og vi lovar – det blir fleire høve til å danse polska gjennom årets festival – til dømes på Festplassen fredagskvelden når Folk All-in Band spelar opp. Ver førebudd!

Dette er ein sjeldan sjanse til å lære av dei aller fremste kvinnelege songarane frå Bulgaria, frå vokalensemblet Angelite. På dette kurset får du lære nokre av dei vakre og sterke songane frå Bulgaria, og får eit innblikk i harmonikk, ornamentering og stemmebruk som er typisk for denne verdsberømte songtradisjonen. Dette kurset høver for alle som syng i kor, eller som berre er glad i å synge!

Torsdag 6. juli og fredag 7. juli kl. 09.00 Morgondans med Andreea på Thon Hotel Førde

Vi følgjer trenden frå metropolane, og inviterer deg til å kickstarte dagen med dans i selskap med Andreea Terescenco. Ho byr på herlege karibiske rytmar og enkle dansetrinn som får energien til å flyte gjennom kroppen, og ho lovar at ei slik dansestund vil fylle deg med rein positiv energi som varer resten av dagen! Andreea Terescenco er pianist, komponist, dirigent, produsent, dansar og kunstnar. Med mastergrad i musikkpedagogikk og fleire studier innan ulike kunstformer og leiarskap, er ho ein mentor; ein person med evner til å påverke andre positivt og oppmuntre til sjølvutvikling. Ho likar å gje folk noko å tenkje på.

82


Laurdag 8. juli kl 12.30-13.30 BARNEVERKSTAD: MUNNHARPESPEL OG DANSAR FRÅ BHUTAN. Frå 7 år.

Linares

Instruktør: Jigme Drukpa.

Bli med i cubansk danseglede!

Bli med på spel, song og dans frå verdas tak - Himalaya!

Cubansk salsa, med sine besnærande rytmer, spennande dansetrinn og store variasjons-fridom er blitt ein populær dans over nær sagt heile verda. Her har du sjansen til å lære av ein internasjonalt anerkjend dansar og pedagog! Yuliet Estrada Linares er fødd og oppvaksen i Cubas hovudstad, Havana, og dans har vore ein stor del av livet hennar sidan ho var ei lita jente. Ho har òg danseutdanning frå Havana, og etter studiene var ho med i ei lang rekke danseforestillingar og konkurransar både nasjonalt og internasjonalt. Frå 2008 har Yuliet budd i Norge. Ho er ein populær danseinstruktør, og er etterspurt både i Norge og utlandet. I undervisninga si legg ho vekt på rytme, teknikk, og ikkje minst – danseglede! Du bør ha dansa salsa før for å delta på dette kurset.

Jigme Drukpa kjem frå Wongchelu, aust i Bhutan, landet som måler sin framgang i «Brutto nasjonal lykke»! Bhutan ligg i Himalaya i Sør-Asia, langt frå Norge. Likevel er Jigme godt kjend med Norge – og vi er kjende med Jigme! Han tok nemleg folkemusikkutdanning ved Raulandsakademiet i Telemark og ved Grieg-akademiet i Bergen på 1990-talet. Han snakkar også godt norsk og elskar å opptre for og undervise born. I heimlandet driv han òg ein kulturskule. Jigme er både songar, dansar og musikar på fleire instrument. På denne musikkverkstaden får du vere med på dansen, og du får prøve munnharpespel på Himalaya-måten! Kurset er ope for alle som har lyst, frå 7 år og oppover.

(2-dagars kurs)

Fredag 7. juli, kl 9.30-10.30 BARNEKURS: BALAFON MED MAMADOU DIABATÉ For born frå 6 år.

Prøv eit spennande instrument frå Afrika! Balafon er den afrikanske versjonen av perkusjonsinstrumentet xylofon. Den er laga av trestavar med tørka calabash-frukter festa under for resonans, noko som gjev instrumentet ein unik klang. Mamadou Diabaté frå Burkina Faso byrja å spele balafon då han var 5 år gamal, og er ein av dei beste i verda på dette instrumentet. På kurset får du utforske dei spennande songane og rytmane frå Vest-Afrika, og høyre om balafonen si historie og funksjon, ikkje berre som instrument, men som kommunikasjonsverktøy lenge før mobiltelefonens dagar! Mamadou vil demonstrere korleis ein sender «Balafon SMS», du får innblikk i løyndomane i balafonspråket – og du får prøve å spele saman med Mamadou. Her trengst ikkje forkunnskapar, har du lyst, har du lov!

83

KU RS OMTA LE

Laurdag 8. juli kl. 11.30-13.30 Søndag 9. juli kl. 09.30-11.30 CUBANSK SALSA. Instruktør: Yuliet Estrada


Yuliet Estrada Linares CUBA

Yuliet Estrada Linares was born and raised in Havana, where the dance has been a big part of her life since she was a child. She developed herself further as a dancer through her dance education from Conjunto Folclorico de la Universidad de La Habana.

Yuliet Estrada Linares er fødd og oppvaksen i Cubas hovudstad, Havana, og dans har vore ein stor del av livet hennar sidan ho var ei lita jente. Ho har òg danseutdanning frå Havana, ved Conjunto Folclorico de la Universidad de La Habana. Etter studia var ho med i ei lang rekke danseframsyningar og konkurransar både nasjonalt og internasjonalt. Frå 2008 har Yuliet budd i Norge, der ho både opptrer og underviser. Ho er ein populær danseinstruktør, og er etterspurt både i Norge og utlandet. I undervisninga si legg ho vekt på rytme, teknikk, og ikkje minst – danseglede! Sjå kursoversikt side 83.

Møt artisten UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET Her møter du utvalde festival-artistar i samtale med Sigbjørn Nedland frå Jungeltelegrafen i P2, eller Janne Karin Støylen frå Jølster. Det er fri entré, og du er velkomen til å ta med deg forfriskingar frå kafeen. Velkomen!

FREDAG 7. juli 11.30 Elle Márjá Eira 14.30 Karl-Johan Ankarblom/Jorun Marie Kvernberg 16.00 Javid Afsari Rad LAURDAG 8. juli 13:00 Tinariwen 15:00 Fargana Qasimova 18:15 Sigrid Moldestad 84


Internasjonal bokkafé UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET Ta med deg kaffikoppen, lån deg ei god bok på biblioteket og slapp av mellom konsertar og aktivitetar på festivalen. Førde bibliotek har leita fram bøker som høver med temaet på festivalen og andre som kan vere aktuelle. Nokre av bøkene er også til sals. Bokkaféen er også arena for MØT ARTISTEN-serien, der du blir betre kjend med nokre av artistane på festivalen. Bokkaféen er eit samarbeid med Førde Bibliotek.

BIBLIOTEKET Opningstider for Førde bibliotek under festivalen: Torsdag, fredag, laurdag kl. 10.00-18.00 Søndag kl. 12-15 På biblioteket kan du lese aviser, låne bøker, lydbøker, musikk og filmar. Der er fri bruk av datamaskiner og gratis bruk av trådlaust nettverk.

Førde Public Library provides a wireless network with free internet access for the public. All visitors to the library are welcome to use the wireless network with their own equipment. In addition there are terminals giving the public free access to the internet.

85


FørdefestivalMAT Lokalmat med ein smak av verda!

Prosjektet FørdefestivalMAT vart sparka i gang i 2016, og har som mål å løfte fram lokal- og kortreist mat på kafear og restaurantar i Førde under festivalen. Med støtte frå Fylkesmannen si landbruksavdeling og Sunnfjord Utvikling har festivalen engasjert Cristel Eide (Mitt lille kjøkken) som koordinator og inspirator, og i år vil du finne spesiallaga FørdefestivalMAT-meny på følgjande serveringsstadar i Førde:

86

Sunnfjord Kafé og Catering i Førdehuset • Olefine Conditori i Hafstadgården, på Elvetorget og Kronborg • Pikant Restaurant og Bar • Kafé Sobra i Sogn og Fjordane Kunstmuseum • Scandic Sunnfjord Hotel & Spa • Ferske Smakar på Amfi • Coop Vest Café på Coop Extra • Lunch Café i Elvetorget Vi håpar det smakar!


Når forstod du at det var mat som skulle bli livet ditt? (for det er vel rett å seie at det er?) Det var allerede i ungdomstiden, vi var på besøk på kokkeskolen og kjøkkenet bugnet med skalldyr og sjømat, og det ble virkelig en liten åpenbaring for meg, og jeg visste jeg skulle bli kokk. Den veldig store kjærligheten, kom da jeg ble kjent med alle de fantastiske hyggelig bøndene og lokale leverandørerene rundt oss. Er det du som lagar mat heime også? Det skulle nok min mann ønsket å få innført, men han lærte kjapt at han måtte, og han likte seg på kjøkkenet. I ukedagene blir det til at vi bytter, vi har to barn og de tar begge sin «turn» på kjøkkengulvet. Emil liker dog best å bake eller lage desserter. Når vi begge har fri i helgene, lager vi maten i lag.

EPOST-intervjuet Kokk, inspirator og lokalmatprofet Christel Eide koordinerer FørdefestivalMAT-prosjektet. Ho har som mål å gje publikum gode matopplevingar på festivalen.

Kva er viktigast når du lagar mat? Lokal mat er mat som smaker mer og metter bedre. Smaken og kvaliteten på råvaren er alltid det viktigste, at gjesten har forventinger til måltidet og en kan få glede andre med å lage matopplevelser, og historien med å fortelle om maten som er blitt levert av en stolt leverandør. Jeg vet dyrene har det godt. Du driv Mitt lille kjøkken og har berre lokale leverandørar. Korleis har utviklinga vore på dette området? Er folk meir opptekne av dette no enn då du starta opp? Det har blitt 10 år med lokalmat i bedriften min, og utfordringene i starten, var å finne leverandører, men gjennom leting og nettverk ble det et samarbeid med flotte leverandører. Nå har jeg mange flere å velge i. Kjempekjekt! Rundt oss er det også meget mer prat om lokalmat og vi er blitt mer bevisste forbrukere. Det handler både om smaken og kvaliteten, historien og økonomi, dyrevelferd, bæredyktighet. Det er blitt flere som bruker lokale leverandører, men flere kan og skal vi bli. Til slutt – dine tankar om FørdefestivalMAT-prosjektet. Prosjektet startet i fjor, med dyktige Hanne, med mange gode menyer og leverandører. Jeg fikk stafettpinnen av henne og store sko jeg skal fylle. Et veldig spennende og riktig prosjekt, og jeg har fått blitt litt bedre kjent med spisestedene og kjøkkenene, og hva de bruker i kjøkkenet allerede. Alle er veldig positive til å utvikle oss mer fra i fjor og ta det videre til neste steg. Vi skal snart på en inspirerende tur med noen flotte foredragsholdere og senere i vår besøke Heimtun og bonden Harald Eriksen. Så ser vi fram til en smakfull Førdefestival! 87


Stiftinga Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

STIFTINGSMEDLEMMER Sogn og Fjordane fylkeskommune Førde kommune Førde ungdomslag FolkOrg Indre Sunnfjord Spelemannslag Sogn og Fjordane Folkemusikklag Førde industri og næringsamskipnad STYRE Tone Winje (styreleiar) Ivar Svensøy (nestleiar) Gunn Åmdal Mongstad Arild Herstad Trude Skarvatun Dagfrid Vallestad Brevik Arne M. Sølvberg ADMINISTRASJON Hilde Bjørkum (direktør) Sølvi Lien (arrangementssjef ) Torill Faleide (kommunikasjonssjef ) Nima Håkon Ebrahimsen (økonomiansvarleg) Hilde Katrin Wiik (sal-og sponsoransvarleg) Fride Hareide Haugen (kontormedarbeidar) Ingebjørg Nomeland (produsent) ILLUSTRASJONAR: Piotr Pucylo ANSVARLEG REDAKTØR Hilde Bjørkum I REDAKSJONEN Torill Faleide, Janne Karin Støylen, Jostein Aardal 88


Opplevingar for livet i Førde! Førdefestivalen er den største festivalen i Skandinavia for akustisk tradisjons- og verdsmusikk. Festivalen starta i 1990, og går over fem dagar i veke 27 kvart år. HKH Mette-Marit er festivalen sin høge beskyttar. Sidan 2010 har Førdefestivalen stått på det internasjonale musikkmagasinet Songlines si eksklusive liste over dei 25 beste verdsmusikkfestivalane i verda, og i 2015 stod festivalen på National Geographical Travel si topp-sju liste over europeiske festivalar. FESTIVAL FOR HEILE FAMILIEN Festivalen tilbyr eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar. Kulturhuset Førdehuset er hovudarena, men vi samarbeider også med andre kulturinstitusjonar, hotell, museum og kyrkje. Frå i alt 30 arenaer tilbyr vi rundt 90 arrangement på 5 dagar. FØRDEFESTIVALEN SOM HEILÅRSARRANGØR FolkJazzScena er festivalen sin konsertserie for folkemusikk, jazz og folkjazz. I alt 6 – 8 arrangement rundt i fylket. I november kvart år står Bornas Verdsdagar Førde på programmet; ein gratis familiefestival med verkstadar og aktivitetar for små og store. Festivalen arrangerer også seminar og møteplassar for arrangørar og nettverk på kulturfeltet, åleine eller i samarbeid med andre. 89


Vi takkar våre gode sponsorar og samarbeidspartar! GENERALSPONSOR:

HOVUDSPONSORAR:

Barnas Turlag Førde, Bary as, Bergens Tidende, Bondens Marked Førde, FjordKysten, Førde kulturskule, Førde Kyrkje, Førde Ungdomslag, Gloppen Hotell, Hellevang Kontorsystemer as, Håjen Kafé, Haavebua/Quality Hotel Florø, Jølstramuseet, Kino Førde, Klokkargarden, Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane, Kontorsenteret, Lions Club Førde, Magne Hafstad as, Mitt Lille Kjøkken, Naustdal Dampbakeri, Norkring, Nortura, Pikant, Riksscenen, Rotary Førde, Rytne Gard, SOF Teater, Sognefjord.net, Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Solsida Barnehage, Sunnfjord Folkehøgskule, Sunnfjord Museum, Thon Hotel Førde, Vieåsen Barnehage, Ytre Hafstad Barnehage og Norges Ambassade i Den Haag, Helsinki, London, Ottawa, Paris og Praha.

90


Or ganisasjon for folkem usikk og folkedans

DEN INDONESISKE AMBASSADE

91


Billettinformasjon

Kjøp alt av konsertbillettar, festivalpass, rabattbillettar og påmelding til kurs på TicketCo.no - og få det tilsendt på epost eller til mobiltelefonen din.

For spørsmål om billettar og program: tlf. 46 90 50 10 og billettar@fordefestival.no NB! Fullstendig billettinformasjon på fordefestival.no Hugs å byte festivalpassbilletten i festival-armband på billettkontoret i Førdehuset. Festivalpasset er personleg.

Plassbillettar i Idrettshallen, Førdehuset Tilleggspris for plassbillett på golvplan felt A, B og C kr 50. Unummererte plassar på tribuner og galleri. Alle andre konsertarenaer har unummererte plassar.

NORWAY July 5-9 2017

Her er dei ulike festivalpassa: Festivalpasset inkluderer desse konsertane (verdi kr 1730,-) og gjev store rabattar på alle andre konsertar og kurs. OPNINGSKONSERTEN torsdag 6. juli MOOKOMBA fredag 7. juli TINARIWEN laurdag 8. juli

kr 960 Med passet får du stor rabatt på alle andre konsertar og kurs

UNGDOM/ STUDENT (14-20 år) kr 470 Med passet betalar du kr 50 for andre konsertar og kurs

FESTIVALGALLA laurdag 8. juli

BORN

THE KLEZMATICS søndag 9. juli

(under 14 år) kr 200 (verdi kr 250)

For plassbillettar i Idrettshallen, sjå i kolonne til venstre.

Med passet betalar du kr 50 for andre konsertar og kurs

FESTIVALPASS = meir for pengane!

NYTT! Laurdag har vi to nye billettilbod: Kl. 15.30 TINARIWEN Kl. 17.00 SIGRID MOLDESTAD: «Samuline»-frå fela flyg din song Kl. 23.00 NORDISK KLUBB Kl. 23.00 AFRO-KARIBISK DANSEFEST! Kl. 23.00 NORDISK KLUBB Kl. 23.00 AFRO-KARIBISK DANSEFEST!

92

VAKSEN

LAURDAG DAGSPASS kr 800 Gjev billett til desse fire konsertane laurdag 8. juli (verdi kr 1440)

LAURDAG

KOMBIBILLETT kr 500/400*/100** *pris med fest. pass **pris med ungd./stud. pass (verdi kr 740)


-No skal vi danse! -Kven har vel tid eller pengar til å reise verda rundt og høyre på musikk? Førdefestivalen samlar mange kulturar frå heile verda på ein stad, og det synest eg er så utruleg vakkert! Rakel Rose Øvretveit (18) er elev ved musikklinja på Firda vidaregåande skule og frivillig på Førdefestivalen. Korleis var ditt første møte med festivalen? Mitt første møte med festivalen var ganske spesielt, ettersom eg var der som frivillig. Eg hadde ikkje gått på ein einaste konsert før det. Eg visste berre at det var ein folkemusikkfestival. Eg meldte meg på fordi eg var frivillig på Gloppen Musikkfest sommaren før, og det var så gøy at eg fekk lyst til å hive meg ut i det på nytt. Det verka som ein god sjanse til å få dra på mange gode konsertar (gratis!). Dessutan er det veldig kjekt å vere frivillig. Kva er det beste med Førdefestivalen, synst du? Det beste med festivalen, og noko eg trur går mange hus forbi, er at det blir samla musikk der frå heile verda, som ein kanskje aldri hadde fått opplevd viss ikkje ein hadde dratt på Førdefestivalen. Kven har vel tid eller pengar til å reise verda rundt og høyre på musikk? Førdefestivalen samlar også mange kulturar på ein stad, og det syns eg er så utruleg vakkert. Vi treng meir kulturell rikdom her i Noreg, og eg trur Førdefestivalen er med på å gjere framande kulturar litt mindre

skremmande og... ja; Framande! Har du utbytte av festivalen som musikar, sjølv? Eg syns Førdefestivalen er veldig god på å hente inn musikarar som driv med mange forskjellige typar musikk. For min eigen del syns eg det var masse kjekk musikk å høyre på, men som musikar trur eg det blir enklare å setje pris på ulike ensemble og sjangrar. Har du tips til korleis festivalen kan nå fleire ungdommar? Eg føler nok at mi aldersgruppe er dårlegast representert blant publikum, men kanskje det er mogleg å rett å slett hente inn musikarar i mi aldersgruppe? Det trur eg hadde dratt meir ungdomar, og det er nok av superflinke musikalske ungdomar rundt om i verda (men eg overlet det til Hilde å finne dei!) Mitt beste minne frå festivalen er nok når eg høyrde eit folkemusikk-storband frå Canada. Eg satt på nest fremste rad saman med Hilde og dottera Ragnhild, og stemninga var så god at fleire titalls menneske hadde reist seg for å danse i midtgangane og framfor scena. Plutseleg tek Hilde tak i meg og Ragnhild og seier - no skal vi danse! Og det gjorde vi. Det var utruleg kjekt, og til slutt var vi oppimot 100 publikummarar som dansa.

93


Festivalguide

Festivalpass-konsert er utheva med gult

Onsdag 5. juli

ARENA:

09.00-09.30 Morgonstund har gull i munn

Solsida barnehage, avd. Haugum

16.00-19.00 Ut på tur, aldri sur

Halbrendstølen

17.30-18.00 Maia Birkeland: ”Det vi har i lag” OPNING!

S&Fj Kunstmuseum

18.30-20.10 Festivalfilm: Historien om den sjenerte giganten

Lisjesalen, Førdehuset

Ord./Fpass/USpass, Barn Fri entré 170/110/50 Fri entré 100 (Resepsj. FH)

19.00-20.00 Sunniva no Ungdomshuset

Viking, Førde

230/140/50

20.00-21.30 Fadoklubb med Ricardo Ribeiro

Gloppen Hotell, Sandane

270/170/50

20.00-21.30 La Porteña Tango Trio

Haavebua, Florø

230/140/50

20.30-21.30 Molsky’s Mountain Drifters

Klubbscena, SSH

270/170/50

Torsdag 6. juli 09.00-09.30 Morgonstund har gull i munn

Ytre Hafstad barnehage

09.00-09.45 Morgondans med Andreea

Thon Hotel Førde

10.00-16.30 Førdekonferansen 2017

Amfi Eikaas, SSH

11.00-11.45 Musikk i sentrum

Torgscena, Elvetorget

17.30-18.30 Sunniva no

Ungdomshuset Viking, Førde

19.30-21.00 Opningskonsert: Nordic Sound Folk Orchestra

Idrettshallen, Førdehuset

21.30-23.30 Dansen går i Førdehuset

Festsalen, Førdehuset

22.00-23.30 Fadoklubb med Ricardo Ribeiro

Hugleik, SSH

23.00-02.00 Sommarnatt på Jølster

Jølstramuseet, Vassenden

Fri entré 50 *Påmelding Fri entré 230/140/50 370/---/50 180 (Manuelt sal) 270/170/50 310/200/50 inkl. buss

Fredag 7. juli 09.00-09.30 Morgonstund har gull i munn

Tussero, Vieåsen barnehage

09.00-09.45 Morgondans med Andreea

Thon Hotell Førde

10.30-11.15 Musikk i sentrum

Torgscena, Elvetorget

11.30-11.50 Møt artisten: Elle Márjá Eira

Utstillingssalen, Førdehuset

12.00-13.00 Arvesølvet

S&Fj Kunstmuseum

Fri entré 50 Fri entré Fri entré 230/140/50

13.30-14.30 Elle Márjá Eira Trio

Teatersalen, Førdehuset

230/140/50

13.30-14.30 Helene Blum & Harald Haugaard Band

Pikant Restaurant & Bar, Førde

230/140/50

14.30-14.50 Møt artisten: Karl-Johan Ankarblom

Utstillingssalen, Førdehuset

Fri entré

og Jorun Marie Kvernberg

15.00-16.00 Félix Lajkó Trio

Festsalen, Førdehuset

230/140/50

15.00-16.00 La Porteña Tango Trio

Klubbscena, SSH

230/140/50

16.00-16.20 Møt artisten: Javid Afsari Rad

Utstillingssalen, Førdehuset

16.30-17.30 Xabier Díaz & Adufeiras de Salitre

Storsalen, Førdehuset

17.00-18.30 Baltic Crossing

Håjen kafé, Naustdal

18.00-18.40 Barnekonsert: Den standhaftige tinnsoldaten

Festsalen, Førdehuset

230/140/50

18.00-19.00 Songmeistermøte: Willemark - Opheim - Pirttijärvi

Haarklousalen, Førde Kulturskule

230/140/50

18.00-19.00 ComboNations

Teatersalen, Førdehuset

230/140/50

19.30-20.30 Mokoomba

Idrettshallen, Førdehuset

94

Fri entré 270/170/50 270/170/50 inkl. buss

330/---/50


Festivalpass vaksen

5. - 9. juli kr 960

Ungdom/Studentpass 5. - 9. juli kr 470

Festivalpass barn Dagspass Laurdag

5. - 9. juli kr 200 8. juli kr 800

21.00-23.30 Dansen går i Førdehuset

Festsalen, Førdehuset

21.00-22.30 Columbi Egg

Hugleik, SSH

270/170/50

21.30-22.30 Bulgarian Voices Angelite

Førde kyrkje

270/170/50

23.00-02.00 Fredagsfest: Dáimh og Folk All-in band

Festplassen, Førde

330/210/50

180 (Manuelt sal)

Laurdag 8. juli

ARENA:

08.30-10.00 Festivalfrukost

Festplassen, Førde

Fri entré

10.30-11.00 Festivalparade

Går frå Førdehuset til Elvetorget

Fri entré

11.00-11.45 Musikk i sentrum

Torgscena, Elvetorget

12.00-13.00 Ingfrid Breie Nyhus og Knut Buen

Haarklousalen, Førde Kulturskule

13.00-13.20 Møt artisten: Tinariwen

Utstillingssalen, Førdehuset

13.00-13.30 706 m.o.h.: Bitori

Hafstadfjellet

14.00-15.00 Fargana Qasimova Ensemble

Teatersalen, Førdehuset

Ord./Fpass/USpass, Barn

Fri entré 230/140/50 Fri entré 170/110/50 inkl. buss 230/140/50

14.00-15.00 «På hogg og belegg» - Sigmund Eikås og musikken hans Festsalen, Førdehuset

230/140/50

15.00-15.20 Møt artisten: Fargana Qasimova

Utstillingssalen, Førdehuset

15.30-16.30 Tinariwen

Festplassen, Førde

15.30-16.30 Atterljomen - Sulheim / Odde / Brimi

Haarklousalen, Førde kulturskule

230/140/50

17.00-18.00 Sigrid Moldestad: «SAMULINE - frå fela flyg din song»

Storsalen, Førdehuset

270/170/50

18.15-18.35 Møt artisten: Sigrid Moldestad

Utstillingssalen, Førdehuset

18.30-19.30 Hagefest på taket: Titi Robin Trio

S&Fj Kunstmuseum

230/140/50

18.30-19.30 Talent 2017

Teatersalen, Førdehuset

230/140/50

20.30-22.00 Festivalgalla

Idrettshallen, Førdehuset

22.30-00.30 Dansen går i Førdehuset

Festsalen, Førdehuset

23.00-02.00 Nordisk klubb

Klubbscena, SSH

370/230/50

23.00-02.30 Afro-karibisk dansefest!

Festivalsalen, SSH 4. etg.

370/230/50

Fri entré 330/---/50

Fri entré

370/---/50 180 (Manuelt sal)

Søndag 9. juli 10.00-14.30 Søndagstur til Gaularfjellet

Utsikten, Gaularfjellet

11.00-12.30 Festivalgudsteneste

Førde kyrkje

11.30-12.30 Annbjørg Lien og Roger Tallroth

Teatersalen, Førdehuset

12.00-13.30 Samba til fjells: Casuarina

Rytne gard, Bygstad

13.00-14.30 Familiesøndag

Festsalen, Førdehuset

15.00-16.00 The Klezmatics

Idrettshallen, Førdehuset

17.00-18.30 Väsen

Sunnfjord museum, Movika

270/170/50 inkl. buss

17.30-19.00 Titi Robin Trio

Klokkargarden, Dale

270/170/50 inkl. buss

18.00-19.40 Festivalfilm: Historien om den sjenerte giganten

Lisjesalen, Førdehuset

270/170/50 inkl. buss Fri entré 230/140/50 270/170/50 inkl. buss Fri entré 330/---/50

100 (Resepsj. Førdehuset)

FH = Førdehuset, SSH = Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Idrettshallen: Unummererte plassar på tribuner og galleri. Tilleggspris for plassbillett på golvplan felt A, B og C: kr 50

95


Festivalfilm Historia om den sjenerte giganten Islandsk drama. 1t. 34 min (9 år) Ungdom/Vaksne. Ein treffande, lun og morosam feelgood-film frå regissør Dagur Kári. Ein glimrande Gunnar Jónsson fyller rolla den godhjarta, men litt naive Fusi; ein overvektig, middelaldrande mann som framleis bur heime på guterommet. Livet er nokolunde greitt, men tek ei ny vending den dagen kjærasten til mora gjev han eit gåvekort på kurs i Line Dance. Svært motviljug møter han opp, men snur først i døra. Likevel fører det til at livet byrjar å utvikle seg i ei heilt ny retning. Denne islandske filmen har m.a fått Amandaprisen for Beste utanlandske kinofilm (2016) og vann Nordisk Råds Filmpris 2015. Då skreiv juryen m.a: ”Filmen er en raffinert enkel og visuelt oppfinnsom fortelling om å bevare sin godhet og uskyld i en verden som virker uinntakelig. Dagur Káris kunstneriske bestigning av et mandig ‘Virgin Mountain’ er en dypt gripende og fengslende film som tegner et verdig portrett av en godlynt kjempe og leverer treffsikre skildringer av kvinnene rundt ham”. Framsyningar i Lisjesalen: Onsdag 5. juli kl. 18.30 Søndag 8. juli kl. 18.00 Billettar: Resepsjonen i Førdehuset I samarbeid med Kino Førde.

Festival Film: The story of the shy giant A beautiful and personal account of well-meaning, but slightly naïve, Fusi, an overweight, middle-aged man who still lives in his childhood room. Icelandic. Winner of the Nordic Council’s film prize for 2015. In collaboration with Kino Førde.

96


1: Førdehuset - hovudarena og billettkontor Idrettshallen | Teatersalen | Foajéen | Storsalen | Uteamfiet | Kunstsalen | Festsalen | Utstillingssalen | Lisjesalen

Andre scener: 2: Festplassen | 3: Førde kyrkje | 4: Førde barneskule (kurs) | 5: Haarklousalen, Førde kulturskule | 6: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa | 7: Ungdomshuset Viking | 8: Pikant Restaurant & Bar | 9: Sogn og Fjordane Kunstmuseum | 10: Torgscena | 11: Sunnfjord gen Museum, Movika | 12: Jølstramuseet | 13: Håjen kafé, Naustdal | 14: Rytne Gard, Bygstad e | 15: Dale | 16: HafstadveKlokkargarden, j k fjellet | 17: Thon Hotel Førde | 18: Haavebua, Florø Kyr

3

Arenakart

4 1

n

bøe

5

ste

Øyr

n

ge ave

Pre

Til Florø / Naustdal 18 13

Byd

als

5

alle

en

6

lsvegen

stda

Nau

Angeda 9

a

reh

n ege v Elve

egen

10

ebruv

gen

Sto

Lang

lsve

gen

2

7 8

Hafstadve

gen

egen

14

Fjellv 15

16

E 39

17

Trappetrinn

Til Hafstadfjellet

12

11

16

E 39

Lysthaugen

16

97


Klangen av Norden - lyden av verda Som stolte sponsorar ønskjer vi arrangørane lukke til med den 28. Førdefestivalen!

Ta med deg heile familien og nyt festivalen frå byrjing til slutt. Opplev Førdefestivalen – lev litt!

98


Lev litt. Vi elskar kvardagen og alt den ber med seg. Men av og til kjem trongen til å oppleve meir. Smake på noko nytt, lytte til ein ny artist, prøve ein ny dans, oppdage ein ny tursti – leve litt sterkare. Vi tilbyr opplevingar som vekkjer nye kjensler. Som treffer noko i deg. Opplev Førdefestivalen – Lev litt!

NORWAY 5. July– 5-9 2017 9. juli 2017

fordefestival.no


Foto: Ton Maas

GODE OPPLEVINGAR GJER DEG RIKARE GØY Vi har vore sponsor for Førdefestivalen sidan 2008. Sjåast på festival! spv.no/05555

Neste festival: 4. – 8. juli 2018

Profile for findriv AS

Førdefestivalen Programkatalog 2017  

Førdefestivalen Programkatalog 2017  

Profile for findriv
Advertisement