Issuu on Google+

«Liten i ei farleg verd»

24.–25. oktober på Rica Sunnfjord Hotel & SPA, Førde

Småbarndagar 2013 www.smabarnsdagane.no


PROGRAM Torsdag 24. okotber «Våg å sjå, våg å handle og forandre» 08.45 – 09.15 Registrering, kaffi/te og rundstykker 09.15 – 09.30 Kulturinnslag v/Spiren 09.30 – 10.15 Åpning v/NRK-journalist Håkon Haugsbø 10.15 – 12.00 Handtering ved mistanke om at barn ikkje trivst v/barnelege Kathinka Aslaksen 12.00 – 13.00 Lunsj 13.15 – 14.30 «Små steg» - utgreiing og behandling ved Aline Spedbarnsenter v/psykologspesialist Mette Sund Sjøvold 14.30 – 14.45 Pause m/frukt, kaffi og te 14.45 – 16.00 Fagtorg ved Tingretten, Barnehuset, Krisesenteret og Asylbarnehagen

Fredag 25. oktober «Hjerne og hjarte saman» 08.30 – 10.00 Relasjonar og den følsomme hjernen v/psykolog Susan Hart 10.00 – 10.20 Pause m/kaffi og te 10.20 – 11.45 Susan Hart held fram 11.45 – 12.45 Lunsj 12.45 – 13.00 Hjortebrølet 13.00 – 13.45 Susan Hart held fram 13.45 - 14.00 Pause m/kaffi og te 14.00 – 14.45 Susan Hart held fram 14.45 – 15.30 Avslutning m/evaluering, loddtrekning, kaffi/te og frukt


Førelesarar Susan Hart vart utdanna som cand. psyk. frå København Universitet i 1988, og har sidan utdanninga jobba som psykolog med vaksne, barn og familiar. Ho er klinisk psykolog og spesialist godkjent av Dansk Psykologforeining i psykoterapi, barnepsykologi, og supervisorgodkjent i barnepsykologi. I 2002 byrja Susan Hart å halde seminar og kurs, og i dag er hennar virke hovudsakeleg knytt til foredrag og kurs, samt gruppesupervisjon av psykologar og andre faggrupper. Sidan 1994 har Susan Hart sett seg inn i dei strukturar i hjernen, som dannar grunnlag for vårt kjensleliv og personlegdom, og lete denne kunnskapen gå i dialog med utviklingspsykologi. Saman med nevroaffektiv psykoterapeut Marianne Bentzen har Susan Hart utvikla den nevroaffektive teori og metode. Teorien har fått namnet «Nevroaffektiv utviklingspsykologi». Den er gjennom åra i stadig vidareutvikling. Susan Hart har gitt ut ei rekkje fagbøker, og er i tillegg medforfattar til fagbøker/publikasjonar med nordiske kollegaer. Bøkene er omsett til fleire språk, og fleire av bøkene ligg føre på norsk. For meir informasjon om Susan Hart og fagbøker/publikasjonar, gå inn på: www.neuroaffect.dk

Mette Sund Sjøvold er psykologspesialist og leiar/sjefpsykolog ved Aline poliklinikk. Ho har 28 års erfaring som psykolog, og har dei siste 15 åra arbeida i sped- og småbarnfeltet ved Aline. Utviklingspsykologi, utviklingspsykopatologi, tilknyting, rus og traumer hjå born, er område der ho har særskilt kompetanse. Ho er medlem i Barnesakkyndig kommisjon. Sjøvold underviser i utgreiing og behandling av sped- og småbarn og deira familiar. Ho er og samfunnspsykolog, samt utdanna Marte- meo terapeut og supervisor.

Kathinka Aslaksen er barnelege med spesialfelt innan barnenevrologi, habilitering og sosialpediatri. Arbeider ved Sørlandet sjukehus i Kristiansand, og i deltidsstilling ved Barneklinikken ved Haukeland sjukehus. Ho er redaktør av «Håndbok for helsepersonell ved mistanke om barnemishandling». Ho har delteke i Modellkommuneprosjekt i Mandal og vore med å utforme «Våg å se, våg å handle» for barnehagepersonell.


Stad: Rica Sunnfjord Hotel & SPA, Førde Tid: Torsdag 24. og fredag 25. oktober 2013 Pris: Kr 1330,– inkl. lunsj, for begge dagar Påmelding: www.smabarnsdagane.no Påmelding innan 10. september. E-post: administrasjon@smabarnsdagane.no Ved spørsmål, ring Førde BUP tlf. 57 83 92 07 Betaling: NB! Påmelding er bindande. Faktura vert sendt ut fortløpande - med 14 dagar betalingsfrist. Målgruppe: Helsesøstrer, jordmødrer, kommunelegar, personell ved føde­klinikk og barneavdeling, BUP, VOP, familiekontor, PPT, barnevern, barnehagar, pedagogar, psykologar og andre som arbeider med barn og familiar. Godkjenning: Kurset vil bli søkt godkjent av Dnlf og NPF, i høve spesialisering/ fagleg ajourføring. Arr.: «Samarbeidsgruppa for sped- og småbarn i risiko for psykiske vanskar», representert av Førde BUP, PPT Førde, Gaular Barnevernsteneste og Barne-, ungdoms- og familieetaten, Region Vest/Førde.

I år er det barn frå Asylbarnehagen som har illustrert brosjyra.

findriv.no

Arrangementet skjer med støtte frå: RKBU Vest www.uni.no/helse/rbup og Nasjonalt kompetansenettverk for sped- og småbarns psykiske helse/RKBU Øst og Sør www.r-bup.no.


Kursbrosjyre småbarnsdagar 2013