Gravdal nytt haust 2013

Page 13

Gravdal Kjøkken

Frå våre 2 kjøkkenleverandørar, Huseby og Sigdal leverer vi flotte kvalitetskjøkken i tidas spennande fargar og modellar, og vi teiknar gjerne ditt draumekjøkken for deg! Kom innom oss for ein kjøkkenprat, og sjå våre flotte utstillingar av kjøkken, bad og kvitevarer.

Etter lang tid der kvite kjøkken har vore i fokus, ser vi no at trenden har snudd, og vi sel farga frontar som aldri før. Gråtonar og bruntonar er favorittane hos oss, gjerne malte eller beisa heiltrefrontar, der strukturen i treet kjem godt fram. Kundane vert stadig meir kvalitetsbevisste, og vi ser at våre mest kostbare heiltrefrontar gjerne vert valde framfor rimelegare MDF-frontar. Ein anna trend vi ser hos oss, er at frontane gjerne skal vere glatte, utan profilar, og gjerne også grepslause. Våre kundar vel no gjerne benkeplater i stein eller silestone, slik at denne fungerer som eit «smykke» på kjøkkenet. Ei eksklusiv benkeplate hevar etter mange si meining heilheitsinntrykket på kjøkkenet, og understrekar at dette er husets hjarte.

kjøkken


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.