Issuu on Google+

Gaularmarknaden 13.–15. september

GRatiS! G n a G n n i

Georg Lipai

2013

Kva SKJER? Utstillarar/salsboder

Loppemarknad Konsertar

Skattejakt T-skjortemåling // Ansiktsmåling Teiknekroken // Pilkasting

Rodeo-okse Kaninutstilling // Minigravar

Veteranbil Andeløp

Skytesimulator Tivoli // Tippekonkurranse

Bomsebamsen Helikoptertur

Sal av mat Brannbil Landbruksutstilling

Laurdag kl. 11–18 • Sykkeltriksar Thomas Remvik

• Tivoli

Aasen frå Norske talenter

• Utstillarar/salsboder • Lokal underhaldning G! EnDRin

LÅVEdans pÅ

nYntD!t

sEnnEsEth Gard:

Ba

Quiz, dans med danseorkesteret Free Bird

Søndag kl. 12–17 • Georg Lipai • UWC i Flekke

• Lokale artistar

• Bygstadrevyen

• Aktivitetar for barn

• Lokale artistar

• Rodeo-okse og skytesimulator

• Aktivitetar for barn

• Minigravar

• Rodeo-okse og skytesimulator

• Tivoli

• Minigravar

• Loppemarknad

• Tivoli

• Utstillarar/salsboder

• Loppemarknad • Utstillarar/salsboder

SPONSORAR:

SAnde 08-21 (09-20)

GAULAR KOMMUne

BYGSTAd

FØRde

Gaularmarknaden // Kontaktperson - stand, tlf. 905 82 269 // Kontaktperson – anna: 480 20 384 // www.gaularmarknaden.no

findriv.no

Foto: Tv2

Fredag kl. 16–19

-okse Roedo

Skattejakt

R. Aasen thomas


Velkommen!

Program frå scena

Til den 34. marknaden på Sande. Gaularmarknaden er ein samlingsplass, der folk møtast, der bedrifter og handverkarar møter kundar, der ungane er i «paradis» for ei helg, husmødrene slepp lage middag og fedrene kan sjå på maskiner og drikke kaffi med naboen og gamle vener. Det skal rett og slett vere ei triveleg helg for heile familien! Vi gjentar suksessen frå i fjor med GRATIS INNGANG og gratis stand til utstillarane. Vi satsar på at også årets marknad blir fylt med tusenvis av glade besøkjande, og fornøgde utstillerar. I år har vi satsa på meir AKTIVITETAR for både liten og stor. Vi har eigne barneaktivitetar, og det blir mogeleg å prøve ei ekte gravemaskin. For dei litt større har vi rodeo-okse og skytesimulatur, og dei som er stødige på handa kan prøve seg på pilkast. Dei vaksne innviterer vi til vår eigen QUIZ med påfølgande LÅVEDANS med Free Bird på Senneseth Gard. Av gamle element vi har jobba for å få inn att på marknaden, vil vi nemne spesielt landbruksmaskiner. Marknaden vil by på mykje av det tradisjonelle også, som sal av heimelaga og god MAT, UNDERHALDNING med både lokale og nasjonale stjerner, tivoli, UTSTILLARAR innan varierte sjangrar og mykje meir. LOPPEMARKNAD har vore stor suksess kvart år, så vi har også i år satsa stort på dette. Vi trur årets marknad vil tilfredsstille dei fleste ønskjer, og håpar du tek turen.til Sande denne helga!

Laurdag 11- 18

Søndag 12- 17

Kl. 13. 00 Sykkeltriksing med Thomas Remvik Aasen Kl. 13.00 Skattejakt Kl. 14.00 Hjortebrølet, lokale artistar, sykkeltriksing med T. Aasen Kl. 15.00 Skattejakt Kl. 16.00 Sykkeltriksing med T. Aasen

Kl. 13.00 Kl .13.30 Kl. 14. 00 Kl .15.00 Kl. 15.30 Kl .16.00 Kl. 16.30

skytesimulator & Rodeo-okse Kven klarar å sitje lengst på marknadens eigen rodeo-okse? Lunde turiststasjon stiller med rodeo-okse og skytesimulatorar for dei eventyrlystne. Treff du blink? Kom og prøv! Her blir det konkurranse med premiering for dei som ønskjer det. Laurdag 11-18 og søndag 12-17.

Takk til alle som er med og bidreg til at marknaden kan gjennomførast; arrangementskomiteen, dugnadsfolket, utstillarar, lokale artistar, sponsorar og besøkjande.

LOPPEMARKNAD Mange spennande lopper – alt frå møblar og sportsrelatert utstyr, til bøker, leikar, dekketøy og mykje meir.

Gaular IL – Arrangørkomiteen til Gaularmarknaden

Gravemaskinkøyring Prøv deg som gravemaskinførar med L.A Fureli Maskin AS. Laurdag 12-15 og søndag 12-15.

UWC Flekke Skattejakt Lokale artistar Georg Lipai Skattejakt Bygstadrevyen Andeløp

Utstillarar/stands 2013 Gry Karlsen Har deltatt på marknaden i fleire år. Sal av drops, sjokoladekjeks og smågodt, kjolar og vesker.

Hjørdis Øvrebotten Tradisjonsbakst.

Tove og Janne Kristin Bøyum Strikka/heklaog broderiprodukt, såpe.

NAF Sogn og Fjordane Veltepetter. Norodd Indrebø Tennbrikkettar, sitteunderlag

9. klasse Sande skule Kaker/karamell/toalettpapir/fisk. Edvin Jakobsen Utstilling kaniner.

Anna Margrethe Seljen Diverse produkt innan lappeteknikk og strikk/tov.

Gaular pensjonistlag Informasjon. Sport 1 Gaular IL sin sponsor – sportskle/sko. Mange gode marknadstilbod!

Lions Fjaler Eigenprodusert hytte/loddsalg. Ashar Dean Leikar, godteri, T-skjorter, capser/luer, gassballongar og ullgenserer/vesker.

Følling maskin v/Geir Magnus Følling Landbruk- og bilverkstad som held til på Viksdalen. Er forhandlar for Taifun og Jonsered. Stiller ut og demonstrerer vedkløyvar, vinsj, plenklippar og plentraktor.

Din Sport Sportsprodukt. Sko/klede. Røde Kors Informasjon.

Margretes Hobbybod v/Margrete Hundsgård Handstrikka barnegenserar/jakker, syltetøygele, t-skjorter og diverse handstrikka produkt. Kjellaug Holen Handmalte glas og diverse strikk. Linn Elisabeth Ellingsund Eigenproduserte smykker, småvesker og mobildeksel.

ENJO Kjemikalfrie reingjeringsprodukt. Anne Sofie Reiersgård Produkt frå Perfect Home. Anne Karin Alme Tupperware. Gaular kommune Informasjon om kommunen/ Frisk og Aktiv tilbodet/byggefelt/tomteprisar og anna kommunal informasjon.

GAULAR RØR

Selje Sport og Fritid Sel Saucony løpe- og trimsko, samt sportskle av same merke. Dei besøker både sportsarrangement og marknader, og har utvida varelageret med fleire varetyper, t.d. arbeidshanskar, arbeidskle og regnkle. Varene er sjølvsagt prisa til «marknadsprisar»! Irene Hoff Nedrebø og Solfrid Åse Sal av m.a. kjolar til dame, barnekle str 1–6 år.

Judiths butikk v/Judith og Anne Britt Refsnes Glaskunst, strikk, klede og vesker. Ninni Botnen Nesbø Akvarell. theA21campain Organisasjon som bidrar i kampen mot menneskehandel.


Barneaktivitetar Bomsebamsen Dukkar opp rundt omkring på marknaden. Mal di eiga t-skjorte Design din haustmote. Hels på kaninane Du kan sjå på og kose med dei fine kaninane til Edvin Jacobsen. Riding Hesteriding på to flotte fjordingar. Tivoli Hugos Tivoli kjem som alltid med mange morosame karusellar.

THOMAS REMVIK AASEN Thomas Remvik Aasen frå Ålesund er ein av verdens beste trialsyklistar, og deltok i forrige runde av Norske Talenter. Det siste tiåret har han vore landets desidert beste innan sporten. Laurdag kjem har til Gaularmarknaden og held fleire spektakulære show.

Låvedans Vi gjentek suksessen frå i fjor med marknadsdans på Låven på Senneseth gard. Nytt av året er at vi varmar opp med quiz på låven, før danseorkesteret Free Bird overtek dansegolvet. Free Bird musikk er en blanding av country, rock, blues og pop. Låven opnar kl. 20.00 og quizen startar kl. 20.30. Sal av mat og snacks. Skjenkeløyve. Aldersgrense 18 år.

Aase Landbruk Traktorane er tilbake på Gaularmarknaden. Aase landbruk stiller med breitt utval av traktorar og landbruksmaskiner.

Skattejakt Marknadspiratane tar deg med på skattejakt. Laurdag: kl. 13.00 og kl. 15.00 Søndag: kl. 13.30 og kl. 15.30 Påmelding ved aktivitetsrom. Ansiktsmåling Du kan få måla ansiktet i spennande variantar. Rodeo Kven klarar å sitte på oksen lengst mogleg? Gravemaskin Prøv deg som gravemaskinførar!

G!

ENDRIN

NBYANTD!T Kakeboksen v/Sharon Rolland Sukkerspinn, harde drops og kakerelaterte produkt.

Aase Landbruk Importør for McCormick traktorar. I tillegg redskapsimport frå Danmark, Frankrike, Italia, USA og Polen. Er og forhandlar for Lena Maskin og Cifi.

Jorunn Else Nondal Handlaga poselen. Gravemaskinkøyring L.A Fureli Maskin AS Lavik gaver Gave- og interiørprodukt, toalettvesker og paraplyer frå Lisbeth Dahl. Kari Fristad/Åshild Starheim Lefser/flatbrød og natronkaker Lien helse Nystarta lokal bedrift med fokus på helse, kosthald og fysisk aktivitet. Informasjon om kva bedrifta kan tilby og konkurranse med gratis personleg time som premie. Yousaf Mohammed Smykke, solbriller, caps, skinnbelter og leikar.

Nortronik Brannsikring, brannsløkkjarar, branntepper, førstehjelpsutstyr, etterlysende skilt, husbrannslanger, brannstigar. Demonstrasjon av brannslokking med ulike sløkkemidlar. Gaular brann- og redningsvesen

FJORDANE ADVOKATKONTOR www.fjordadvokat.no

Sjå Gaular frå lufta – ei eineståande oppleving!

Elin Stølen Sal av frukt-tre, Gingko tre, Goji busker, bær. Smaksprøver silderettar. Fasadeprodukter Innvendig og utvendig solskjerming, Strålevarmarar for uteplass. Vedlikehaldsfrie garasjeportar, vindusprosser, hagegjerder og levegger i vinyl. Olav Grøvlebakke Sal av smykker, klokker, solbriller, dekor, sittehengestol, mynter/myntbrev og pins.

Magnus Nistad Veteranbilar.

Søndag 15. september frå kl. 12.00 til kl. 16.00.

Amalie Kapstad Tyssekvam Snart 16 år. Stiller ut innramma puslespel som ho har kjøpt både i Noreg og Tyrkia.

Gaular Sogelag Informasjon. Gaularspelet Informasjon om framsyning 2014. Utstilling av kostymer og verving av nye skodespelarar. Konkurranse med premiering. Videoframsyning av Gaularspelet.

Helikopterturar

SANDE

TAXI

Vi arrangerer bursdagar. Opningstider: Måndag stengt Tysd.–fred. kl. 17.00–21.00 Lørd. kl. 10.30–17.00 Sønd. kl. 12.00–18.00

www.hoyangerbadet.no

SIGVALD

AARBERG


Glade marknadsdagar! Hjarteleg velkomne til marknadsdagane den 13.–15. september som finn stad på Sande i Gaular. I fjor hadde marknaden ein ny vri – fri inngang og gratis stands. Dette var svært vellukka med fleire tusen besøkande noko som gjer at arrangørane har same opplegget også i år. Men sjølv om det er gratis inngang og stands er det framleis mykje og variert program og mange utstillingar. Alt av høg kvalitet til glede og stor interesse både for små og store. Første marknaden var i 1980 og sidan har den vore eit årleg arrangement kvar haust i september. Marknaden er blitt ei positiv og god merke-vare for kommunen og er kjent langt utanfor kommunen sine grenser. Trass i at det er konsertar, «dagar» og festivalar kvar einaste helg i sommarhalvåret rundt om i fylket har heldigvis denne marknaden framleis mange trufaste besøkande kvart år. Gaularmarknaden er ein god møteplass for folk frå fjern og nær. Det er også ein stad der næringsdrivande, kunstnarar, lokale handverkarar og mange, mange fleire kan syne fram varene/produkta sine. Salsbodar og stands er det mange av. Saman med tivoli og ulike kulturinnslag får ein såleis ein god marknadsfølelse. I tillegg er det ei viktig inntektskjelde for Gaular Idrettslag som er arrangør. Det siste er ikkje minst viktig for eit lag som gjer eit strålande arbeid for barn og unge med mange ulike aktivitetar. Dette arbeidet er ein del av det som skapar eit godt miljø og er ein trivselsfaktor i kommunen. Pengane som kjem inn desse dagane er difor svært viktige for idrettslaget og vert brukt på ein fornuftig måte til beste for oss som bur i kommunen. Målsettinga då Gaularmarknaden såg

dagens lys for første gong i 1980 var å samle inn pengar til ein framtidig idrettshall. Ein kan med rette hevde at det har vore ein lang og tydelegvis bratt veg å gå for å få dette til. Difor er det ei stor glede at ein no skal starte opp. Truleg er arbeidet i gang når marknaden er. Fleirbrukshallen skal etter planen stå ferdig i september neste år. Det hadde jo vore stor stas og kunne ha teke den i bruk til marknadsdagane i 2014. Eg er heilt overtydd om at bygging av fleirbrukshallen saman med mange andre positive ting som skjer i kommunen er tiltak som vil styrke Gaular som ein tiltrekkande kommune for busetting og tilflytting. I fjor var Gaular kommune den kommunen i fylket med størt prosentvis framgang i folketalet. Målt i tal personar var vi nummer tre etter Sogndal og Førde med totalt 75. Første halvår syner også ein vekst. Dette er sjølvsagt svært gledeleg, men det er viktig at vi greier halde på denne positive trenden. Maktar vi å ta vare på og vidareutvikle alt det vi er gode på og muligheitene vi har her i kommunen, er eg overtydd om at vi i fellesskap skal greie det. Ei stor takk til dykk alle som gjer ein fantastisk dugnadsinnsats kvart einaste år for at Gaularmarknaden kan gjennomførast. Som ordførar ser eg kor verdifullt det er å ha slike eldsjeler i kommunen. Gaular kommune vil ynskje arrangør og utstillarar lykke til med marknaden og helse alle hjarteleg velkomne til Gaularmarknaden 2013 ! Med helsing Mathias Råheim, ordførar

Marknadsdans med Gil Edwards 14. september

Velkomen til ei triveleg

marknadshelg på Sande Kro

Laurdag 14. september kl.13.00 -17.00: Raspeballbuffet m/dessertbord

Havets festbord m/ dans kr 395.Berre dans kr 150.-

Marknadsmeny frå kl. 1900 - 2100 (bordbestilling innan torsdag) og så Marknadsdans M/Sixpack frå kl 2200. Søndag 15. september frå kl.13.00: Varmbuffet m/dessertbord

Velkomen innom i nyoppussa lokaler

Bygstad. Tlf. 57 71 79 04

Tlf: 57 71 80 50 www.sandehotel.no post@sandehotel.no

Flytte til Gaular?

Frisk og Aktiv

Gaular kommune har ledige og byggeklare tomtar i Steia bustadfelt på Sande, Bygstadhaugane i Bygstad og Hellebustneset i Viksdalen.

Tomteprisar

(ta kontakt for nærare opplysningar om prisar, kommunale avgifter/gebyr): Steia bustadfelt, Sande Tomterefusjon kr 140.000,- + grunnkjøp kr 50/150 pr.m2 Bygstadhaugane, Bygstad Tomterefusjon kr 25.410,- + grunnkjøp kr 5,- pr.m2 Hellebustneset, Viksdalen Tomterefusjon kr 32.910,- + grunnkjøp kr 6,50 pr.m2.

Gaular kommune www.gaular.kommune.no

Eit treningstilbod i regi av kommunen. Tilbodet er opent for alle. Vi tilbyr gruppetrening og individuelt tilpassa treningsprogram. Personleg trening til kun kr. 300.- pr. månad. (inkluderar 2 treningar i veka). For gruppetrening sjå timeplan på Gaular kommune si facebook side, eller heimesida vår. Besøk vår stand på marknaden for meir informasjon!


Gaularmarknaden 2013