Issuu on Google+

“FESTIVALEN SKAPER GLEDE I FØRDE, BYEN ENDRAR HEILT KARAKTER. DET HEFTIGASTE ER FESTIVALNATTA PÅ LAURDAG. TENK NÅR HEKLA STÅLSTRENGA SPELAR OPP; ALLE HAR HØYRT DEI PÅ RADIOEN, NO ER DEI HER! Odd Erik Gullaksen

1 1990-2014

JUBILEUMSMAGASIN 3/3

JUBEL FOR 25 ÅR!


If music be the food of love – play on! 2 1990-2014

Slik formulerte William Shakespeare kor sterkt musikk og kjærleik er knytt saman, i ein replikk frå karakteren Orsino i skodespelet Helligetrekongersaften. Tekstane hans er rekna som verdas fremste skrivekunst, dei har noko å seie til menneske i alle tider. Det er fordi dei når fram til det vi har felles, det som gjeld kvar enkelt av oss. Same kven vi her, same når vi har vår tid på jorda. Vår tid på jorda er no. Vår plass på jorda er her. Førdefestivalen har fyllt Sunnfjord med folkemusikk frå heile verda i 25 år. Folkemusikken når fram til det vi har felles, som menneske. I alt sitt rike mangfald. Musikken nærer kjærleiken; mellom menneske, mellom folkeslag. Til livet og til gleda. Spel opp!

4

FORMA AV FØRDEFESTIVALEN!

6

12

SYDANDE FESTIVALPULS

16

FESTLEG FESTIVALHOTELL

MUSIKKMAGI

8

HILDE SINE HEIDERSMENN

JUBILEUMSMAGASIN #3 Ansvarleg redaktør: Hilde Bjørkum Redaksjon: Janne Karin Støylen, Torill G. Faleide og Lene Grande Grafisk formgjeving: findriv, Førde Opplag: 37.000 Med atterhald om feil og endringar.


LOKAL - GLOBAL I 25 ÅR HELSING

“EG VIL NYTTE HØVE TIL Å TAKKE ALLE SOM HAR TRUDD PÅ OSS” Då eg var liten, dansa eg med far min på kjøkengolvet. Det var det kjekkaste eg visste! Vals og reinlender, parisar og «Valdrespolka». Og tango! Dansar med lokal vri, som alle hadde kome frå den store verda ein gong. Springar, rull og halling lærte eg seinare, dei hadde gått ut av vanleg bruk i heimbygda mi då eg vaks opp. Men nokon hadde heldigvis tatt vare på dei gjennom opptak og nedteikningar slik at eg seinare kunne få glede av å lære dei og lære dei vidare. Så heldig eg er! Våre lokale musikk- og dansetradisjonar er del av det globale kulturmangfaldet. Det er ei skattekiste av musikalske uttrykk som stadig vert fornya og utvikla av dyktige utøvarar. Det er kvart land og region sitt ansvar å sørge for at skatten ikkje går tapt, og å legge til rette for at den stadig kan bli fornya og utvikla gjennom nye generasjonar utøvarar og lydarar. Også i Norge har tradisjonsmusikk vore både neglisjert, fordømt og forherliga i skiftande periodar. I mange land i verda er lokale musikktradisjonar under sterkt press både frå internasjonal musikkindustri og frå eigne styresmakter. Andre har lange tradisjonar for verdsetjing og utvikling av sitt eige «musikkspråk». Likevel kan det vere hindringar i vegen – som til dømes at du ikkje får opptre offentleg – fordi du er kvinne. Førdefestivalen inviterer verda til Førde og Sunnfjord! Vi vil opne auge, øyre og sinn for det fantastiske

musikalske mangfaldet som finst på kloden vår, og gje spelerom for utøvarar som vert neglisjert eller møter aktive hindringar i sine heimland. Og vi presenterer dei store stjernene som med musikken sin, bygd på lokale tradisjonar, har slått gjennom på den internasjonale arenaen. Vi vil òg stimulere og presentere framifrå musikarar og dansarar frå vår eigen region, og vere eit utstillingsvindauge for dei lokale musikktradisjonane i Norge og Norden ovanfor utanlandsk publikum og presse. Og det er stor variasjonsrikdom og eit vell av dyktige musikarar å ta av også i vårt nærområde. Slik er Førdefestivalen lokal og global, som den har vore i dei 25 åra den har eksistert. Festivalen har hatt ei formidabel utvikling frå starten i 1990 til i dag. Det har ikkje gjort seg sjølv, men er resultat av stor innsats av menneske med visjonar, kunnskap, innsatsvilje og stayerevne. Eg vil nytte høve til å takke alle som har trudd på oss; dei mange hundre fantastiske frivillige, våre gode sponsorar, samarbeidspartar og offentlege styresmakter. Og ikkje minst vil eg takke vårt strålande publikum som har tatt imot både kjende og ukjende musikkuttrykk med stor entusiasme og eit ope sinn. Utan dykk, ingen Førdefestival! Til lukke med musikalske djupdykk og festleg samver under den 25. Førdefestivalen. Lokal er global! Hilde Bjørkum, direktør

3 1990-2014


4 1990-2014

Foto: Martin Haugne

FORMA AV FØRDEFESTIVALEN


Festivalen har vore med å forme og inspirere meg og gjeve meg kunnskap om mykje som har med musikk å gjere. Eg har vore med på alle festivalane! Heilt sidan eg var ti år, på scena eller bak scena. Som frivillig med alle slags oppgåver. Denne erfaringa har styrka meg som profesjonell folkemusikar.

KONG NOR er ei dansande folkemusikkframsyning i skjeringspunktet mellom musikkteater, dans og konsert. Premieren var 10. mai på Riksscenen i Oslo. Kong Laurdag 5. juli Nor vil turnere over store delar av kl. 16.30 landet gjennom jubileumsåret.

DRAUMELAGET SOGN OG FJORDANE I jubileumsåret hyller festivalen dei som held musikktradisjonane våre levande, fargelegg dei med si Fredag 4. juli personlege stemme, og overfører kl. 15.30 dei til komande generasjonar.

Storsalen, Førdehuset

KONSERT

Festivalen har vore ein døropnar for meg på så mange måtar. Gjennom den har eg fått mange store musikalske opplevingar. I tillegg har arbeidet som frivilleg under festivalen gjeve meg stor kunnskap om musikklivet og samanhengane på og bak scena. Denne erfaringa nyt eg godt av som profesjonell folkemusikar, seier Gro Marie. For Gro Marie Svidal er flink å spele. Ordet går om ein friare og meir personleg spelemåte enn tidlegare, endå betre. Kappleikane ho deltek på, vinn ho. –Du veit, når ein studerer musikk slik eg har gjort, blir ein påverka av mange impulsar. Ein er søkande, både bevisst og ubevisst på jakt etter sitt eige uttrykk. Sakte veks det fram noko som blir mitt eige, eg kjenner det sjølv, så eg blir veldig glad for slike tilbakemeldingar som tyder på at det når fram til publikum og at dei likar det! Gro Marie står også på scena under denne jubileumsfestivalen. Saman med ei rekkje av fylket sine fremste utøvarar stiller ho i ”Draumelaget Sogn og Fjordane” i storsalen fredag ettermiddag. –Ja, det blir som å kome heim. Eg gler meg stort! Vi skulle berre så gjerne hatt med oss Hilde Bjørkum på scena også. Men ho nektar! Så då er det nok berre å gje seg, seier Gro Marie lurt. -Hilde skal få gjere det ho gjer så bra, leie den suksessen ho har skapt i Førdefestivalen. Ho er i seg sjølv så dyktig og inspirerande. Eg trur ho er det gode eksempelet som alle medarbeidarane rundt henne strekkjer seg etter. Det er kanskje Hilde som er nøkkelen. Ho låser opp dører for både artistar og publikum, alle er rikare etter ein festival i Førde!

KONSERT

I år kjem Gro Marie Svidal til Førdefestivalen som produsent for grunnlovsframsyninga Kong Nor. –Musikkspelet byggjer på ei til no ukjend myte om korleis Noreg vart samla til eitt rike, fortel Gro Marie. –Etter svartedauden var Noreg trua som nasjon, og den islandske storbonden Jon Håkonarsson ynskte å samle Noreg si historie for å lære opp det unge norske kongsemnet Olav Håkonsson, både i etikk og historie. Han fekk skrive ned ei rekke norrøne forteljingar i Flatøyboka på 1380-talet. Her fann vi myten om Kong Nor som samla område kring Dovre til eitt rike. Til det som skulle bli Noreg, held Gro Marie Svidal fram. –Skal tru om uttrykket ”einig og tru til Dovre fell” kan ha vore med oss mykje lenger enn vi til no har vore klar over? –Det er mange gode krefter som har samla seg om denne framsyninga, fortel produsenten. Det var Egil Bakka, tidlegare direktør ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans som tok initiativet, Førdefestivalen ville vere med, Riksscenen også. Institutt for bunad og folkedrakt er ein fjerde samarbeidspart, det er eit sterkt lag! Vi set opp musikkspelet på eit titals scener kring om i landet, stort meir er vanskeleg å samle seg om for det stjernelaget vi mønstrar. Ei av oppgåvene eg har hatt som produsent er arbeidet med casting, å finne dei rette artistane til rollene. Vi har plukka frå øverste hylle, dermed er det folk med tettpakka kalender det skal klaffe for, smiler Gro Marie. –Ei framsyning som denne er typisk for Førdefestivalen si programmering. Visjonær, nyskapande og med stor kunstnarleg gjennomføringskraft.

Storsalen, Førdehuset

5 1990-2014


Foto: Arve Ullebø

6 1990-2014

Festleg festivalhotell -Festivalen skaper glede i Førde, byen endrar heilt karakter. Den blir ein fargerik arena som på grunn av kvaliteten i arrangementet får nasjonal og internasjonal merksemd. Hotellkvardagen forandrar seg også, ingen i staben vil ha ferie under festivalen. Alle vil vere på jobb, dei stiller på vakt i festivalen sine t-skjorter, vi pyntar fasaden med fargerike festivalbanner. Førdefestivalen er eit høgdepunkt for oss, vi har vore med frå dag ein og vil halde fram med det! Direktør Odd Erik Gullaksen og hotellsjef Karl Saue er ivrige og lette å be når vi spør om kvifor dei vel å vere vertskap for Førdefestivalen år etter år. –Det er så spennande for oss, vi må takle store utfordringar. Som til dømes å ta i mot kongelege gjester. Det skal vere raud løpar, vakter ved inngangen, vakter ved heisen, fortel direktøren og ser spøkefullt mot hotellsjefen sin. –Ja, eg har hatt den jobben ein gong, ler Karl Saue. Eg får den nok aldri igjen. –Eg stod i heisdøra og passa på så den ikkje skulle gå igjen. Venta og venta på dronninga. Og der kom ho! Eg vart så forfjamsa då ho nærma

seg at eg gjekk fram for å helse. Døra small igjen, og heisen forsvann oppover i etasjane. Pinleg! Men ho er ei hyggeleg dame, det gjekk fint å småprate med henne. Gode historier vert det mange av. Karl og Odd Erik kjem på ei fransk-kanadisk gruppe som gjorde stor lukke med konsertane sine. Dei spelte på forskjellige perkusjonsinstrument, mellom anna firkanta plater som dei trampa på. Seinare viste det seg at dette var botnane i klesskåpa på hotellromma som var blitt til instrument. Desse tok dei med seg vidare på turneen, dei fungerte flott til eit nytt formål! –Vi ser stort på det,


FESTIVALNATT -fire band og ein DJ! Soneros de Verdad

Hekla Stålstrenga

7 1990-2014

Ferro Gaita

Cherifa

I Barthold Bar kan du først glede deg til å høyre Hekla Stålstrenga. I front står fargerike Ragnhild Furebotten og Anne Nymo Trulsen – og bandet sjarmerer publikum frå nord til sør med sin heklamusikk, i grenselandet mellom folkemusikk og populærmusikk. Her blir det garantert allsong! Gjer deg klar for suggererande amazighmusikk frå Atlasfjella med den internasjonale berberdronninga Cherifa Kersit frå Marokko. Cherifa er kjend for si sterke, heilt særeigne stemme; med intens og suggererande berber-blues dreg ho deg inn i dansen før du får sukk for deg! Først ut i Festivalsalen er Soneros de Verdad frå Cuba. Med to vokalistar i særklasse og eit knippe av dei mest erfarne musikarane på Cuba, har dei raskt etablert seg som eit internasjonalt latinband i toppklasse. Dette er eit must for alle som elskar latinske rytmar! Deretter slepper vi til Ferro Gaita med eggande rytmar og smittande melodiar frå Kapp Verde. Med sin brasiliansk- og afrikanskinspirerte funanamusikk får dei dansegolvet til å koke same kvar i verda dei spelar. Ferro Gaita er ganske enkelt eit perfekt festband! Laurdag 5. juli DJ Darius Darek i Barthold Bar kl. 23.00 frå kl. 21.30. Rica SH

KONSERT

smiler Odd Erik. Så lenge det ikkje er kvart år, og alle artistar som ser seg kunstnarleg nytte i inventaret vårt, er det berre kjekt å bidra til folkemusikalsk nyskaping, ler direktøren. -Mange av artistane kjem nok til hotellet som divaer. Dei er gjerne superstjerner i sitt eige heimland, men vi har ikkje høyrt om dei. Likevel må vi møte dei slik dei signaliserer at dei forventar å bli tatt hand om. Men så er det noko med denne festivalen, seier Karl Saue ettertenksomt. –Det er som om alle senkar skuldrane, blir ein del av eit fellesskap, blir ein del av oss. Når dei reiser er ofte haldninga ei heilt anna, hyggelegare og meir avslappa. -Det er som om heile hotellet boblar under festivalen, vi brukar absolutt alle rom, alle etasjar. Vi held mottaking på opningsdagen med champagne og kanapear, vi har små intimkonsertar, arrangement med tema rundt mat og musikk, funksjonærfest og konferanse. Men det heftigaste er festivalnatta på laurdag. Då er her ikkje ein treig sunnfjording å sjå! Det er svingande hofter, herlege rytmer, smil og glede. Eg tippar cubanske Soneros de Verdad kjem til å få pulsen din til å slå i nye taktartar i år, cubanarane har grooven i blodet veit du. Det kjem til å ta av på dansegolvet når dei går på scena, smiler Karl lurt. –Ja, og tenk når Hekla Stålstrenga spelar opp, legg Odd Erik entusiastisk til. –Alle har høyrt dei på radioen, no er dei her! Eg er glad for at Hilde opnar festivalen for ein slik kommersiell suksess, vi forventar smekkfulle hus på årets festivalnatt! Men det er viktig at festivalen ikkje berre er inne! Vi vil vere med å få festivalpulsen til å slå i heile byen, difor har vi teke initiativet til utekonsertane på festplassen, avsluttar direktør Odd Erik Gullaksen. –I år kjem String Sisters tilbake. Eg gler meg! Og det er alltid sol i Sunnfjord, smiler han. -Elles har vi hus å gå inn i på hotellet. Vi held alltid dørene opne for festivalen, og ynskjer stort til lukke med jubileet. Hjarteleg velkomne til oss på Rica Sunnfjord hotell og Spa!


8 1990-2014

Hilde sine heidersmenn Bak ein kvar stor mann står ei sterk kvinne, heiter det. Bak Hilde Bjørkum står to heidersmenn. Så sterke treng dei ikkje å vere for å løfte den vesle dama på gullstol. Men å stille seg bak den dyktige direktøren og la henne styre det hjartebarnet Førdefestivalen er for Lidvin Osland og Sigmund Eikås vitnar likevel om styrke. Eller kanskje mest om klokskap? –Sigmund, stopp! kommanderer Hilde Bjørkum meisterspelemannen som hastar mot bilen sin. Han har elevar som ventar i kulturskulen. Kald trekk bles frå elva. Som på signal frå ein general gjer Sigmund Eikås full stopp. Rettar ryggen, snur seg mot henne. Han er i sitt sju- og sekstiåande år. Fylkesmusikaren er kjend som ein av landets fremste spelemenn, fleire gonger har han leia Indre Sunnfjord spelemannslag til siger i lagspel på landskappleiken. I to periodar har han vore styreleiar for Førdefestivalen. Prisar og honnør tilkjem han stadig. Han har eit ledig ganglag, dei mjuke skinnskoa er lydlause mot asfalten. Hendene ligg djupt i bukselommene. Smilet er lurt,

latteren er varm. Men å kommandere på ein slik kar? Det er forunderleg, men fint å sjå samspelet mellom dei to. I 1990 var Sigmund Eikås heilt sentral då folkemusikkmiljøet i Sunnfjord sette seg føre å etablere ein festival for internasjonal folkemusikk. –Det har gått over all forventning, slår han fast. –Eg visste at festivalen kom til å bli bra, men eg hadde ikkje trudd at den kom til å bli så stor. Eit forvarsel kom det tredje året, i 1992. Då dobla vi besøkstalet. Frå eitt år til det neste. 9000 gjester i 1991, 18000 året etter. Vi løyste det med å få artistane til å spele konsertane to gonger. Eg trur alle fekk billett? Sigmund ser spørjande mot Hilde.


–Jau, det trur eg og, smiler Hilde mot han. –Eg vil understreke at publikum har vore fantastiske alle desse åra, held ho fram. Tenk å kjøpe billettar til konsertar med artistar du aldri har høyrt om, som spelar musikk du ikkje visste fanst. Det er rørande å tenkje på den tilliten publikum viser til programmeringa vår. No bryt Sigmund ivrig inn: –Det er på grunn av kvaliteten, Hilde! Du slepp ikkje noko gjennom nålauget utan at det er førsteklasses kvalitet. Dette er nøkkelen til suksess, saman med at du har hatt mot til å halde fast på folkemusikk-profilen, seier Sigmund rosande mot direktøren. –Somme tider har eg nok følt meg pressa, seier Hilde stille. Men eg føler at kritikken mot profilen i programmeringa i lokalpressa har stilna i det siste. Kanskje har den merksemda festivalen får internasjonalt, der den blir rangert mellom dei beste festivalane for folkemusikk på verdsbasis, gjort sitt til at media her heime ser verdien i at vi held fast på profilen vi har vald. Det nyttar ikkje å lage ein festival med ein trygg identitet og eit særpreg publikum kan stole på og glede seg over, om ein på same tid skal ”please”

alle, og springe etter trendar i tida. Etter kvart ville alt blitt likt!, forklarer ho engasjert. –Vi er ute etter mangfaldet, understrekar Hilde. Det bles kaldt ved elva denne formiddagen. Hilde, Lidvin og Sigmund har gjort filmopptak ved munningen av Jølstra, der elva renn i fjorden. Programleiar for opningskonserten Finn Tokvam har lokka fram gode historier og tankar frå dei tre pionerane. I ein storslått konsertproduksjon vert desse filmane kvileskjær mellom musikkopplevingane når jubileumsfestivalen opnar torsdag 3. juli. Lidvin Osland har reist heim når eg møter Hilde og Sigmund. Han er pensjonist no, ti år eldre enn Sigmund. Han må vél kvile seg. Eitt ord står att etter det eineståande arbeidet han la ned som leiande kulturbyråkrat i Sogn og Fjordane i fire tiår, berre avbrote av dei åra han var direktør i Norsk kulturråd: Lidvinisme. Det betyr å tru på det andre seier er umogeleg og så gjennomføre det. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er eitt døme på kulturinstitusjonar han fekk etablert i fylket i samspel med eit aktivt frivillig kulturliv. Eitt døme på lidvinisme. –Kultur er det som gjer livet verdt å leve, sa Lidvin då han fekk kongens fortenestemedalje i gull i 2006. Hilde Bjørkum har det same perspektivet på arbeidet sitt. –Eg har noko meir eg vil seie, seier ho og stoppar meg på veg vekk frå den kalde trekken ved elva. Den varme bilen freistar, men Hilde seier stopp. Eg stoppar. –Vår visjon er å glede, røre og utfordre enkeltmennesket, forklarer ho. Den kalde vinden bit ikkje på henne, ho snakkar om noko ho brenn for. –Vi vil gje publikum ei oppleving, men også ei erfaring og dermed ny kunnskap. Musikken er viktig i seg sjølv, men også kampen og kjærleiken til livet som speglar seg i musikken vil vi løfte fram. Nokre av artistane som spelar på festivalen får ikkje ein gong lov å opptre i sitt eige land! avsluttar Hilde Bjørkum engasjert. To heidersmenn og ei heiderskvinne. Som har løfta kvarandre og dermed publikum, artistar, musikken og kunnskapen gjennom 25 år. Det ventar gullstolar på kvar einaste gjest som kjem til Førdefestivalen. Du kjenner det når du sit der. Opplevingane og erfaringane grip tak. Løftar deg. Gjer deg litt gladare og litt klokare. Det heng i hop!

9 1990-2014


OPNINGSKONSERT Idrettshallen, Førdehuset Torsdag 3. juli kl. 19.30

10 1990-2014

Artistar frå sju land og tre kontinent som alle har teke sine lokale musikktradisjonar på alvor, og gjort dei til ein global musikkarv spelar jubileumsfestivalen i gong: Amsterdam Klezmer Band (NL), Mahsa & Marjan Vahdat (IR), MP3-Mattias Pérez Trio (SE), Sigrid Moldestad / John Oddvar Kandal (NO), Trio Teriba (BJ) og Talent 2014 (PE/VE/NO). Opningstale ved stortingspresident Olemic Thommessen. Konferansier: Finn Tokvam.

Amsterdam Klezmer Band

FINN PÅ FISKETUR FOR OPNINGSFILM Finn Tokvam fiska etter hyse og gode historier i selskap av Lidvin Osland ved Movatnet seint i mai. Høvet er at NRK-profilen har fått det ærefulle oppdraget det er å leie opningskonserten på jubileumsfestivalen. Han tek jobben på stort alvor og leita etter humoristiske minne frå festivalhistoria. Mange har mykje å fortelje, Finn har snakka med nokre av dei som har følgt festivalen tettast. Lidvin er ein. Førdefestivalen er vel eit døme på ekte lidvinisme? Sjå filmopptak frå fisketuren på opningskonserten!

Intimt også i Idrettshallen Eg er oppteken av at konsertopplevinga skal ha fleire dimensjonar enn den reint musikalske, seier produsent Erlend Hagen. –Folk skal komme ut frå konserten og tenkje at dei har vore med på noko nytt, noko annleis, noko som har løfta dei, forklarar han. –For å komme så nær artistane som muleg, produserer vi bilete direkte under konserten som vi viser på storskjerm. Danseskoen mot parketten, hendene mot trommene, bogen over felestrengen. Mellom sceneskifta kan publikum kvile i historier frå festivalen sine første 25 år. Opningskonserten blir difor både ei storslått og ei intim konsertoppleving, lovar produsenten.


Divna i kyrkja 11 1990-2014

KONSERT

Dei som opplevde Divna og vokalensemblet Melodi sin konsert i Førde kyrkje for nokre år sidan, gløymer det aldri. Det var magisk! No er det duka for ny songmagi med nokre av verdas beste songstemmer. Repertoaret byggjer på den ortodokse musikkarven og har røter i bysantinsk og russisk tradisjonsmusikk. Framføringa skjer med ei stemmeprakt vi ikkje kan forklare. Den må opplevast. Fredag 4. juli kl. 21.00 Førde kyrkje


12

Sydande festivalpuls i ei sval sunnfjordnatt Når fredagskvelden blir natt og sommaren er på sitt svalaste, sydar festplassen ved Jølstra av musikk frå det beste bandet frå Balkan og deretter frå eitt av afrikas heitaste artistnamn: Ta vel i mot sigøynarkongane Taraf de Haïdouks og meisteren frå Mali: Bassekou Kouyaté! Sove kan du gjere seinare, det er no det er sommar. Sidan dei var på Førdefestivalen første gong i 1993 og spelte «fletta av» publikum, har Taraf de Haïdouks vorte synonymt med sigøynarmusikk og balkanmusikk. Bandet kom til Vest-Europa første gong i 1991, og har sidan vore ein referanse for rytmen og intensiteten i den vitale sigøynarmusikken. Verdsturnéane, plateutgjevingane og dei gode kritikkane har gått hand i hand. Publikum over heile verda elskar dei! Bassekou Kouyaté sin suksess på den internasjonale verdsmusikkscena har ikkje stagnert sidan han var i Førde så seint som i 2012. Bassekou Kouyaté har spelt med Ali Farka Touré, Toumani Diabaté, Youssou N’Dour, U2 og Carlos Santana. Han har stått på scena med Sir Paul McCartney og John Paul James. I dag er

det Bassekou Kouyaté alle snakkar om. Det er han som er headliner på African Cubism, African Express og liknande prosjekt. Han har nådd toppen, og alle de som opplevde Bassekou Kouyaté & Ngoni Ba sin forløysande konsert på festivalnatta for eit par år siden, veit at dette blir stort. Ngoni-kongen er tilbake med eit sterkt band og nye songar, men dei same heftige rytmane. Dette blir betre enn nokon gong – og det skjer ute i sommarnatta, på Festplassen. Det er berre å la seg rive med! Utebar med mat og drikke Fredag 4. juli frå Rica Sunnfjord hotell & kl. 23.00 Spa.

KONSERT

1990-2014

Festplassen


13 1990-2014

Tjuvstartar med tango Tango Azul fortel historia om tre par som møtest på milongaen - tangobaren - i Buenos Aires. Her mimrar dei over eit liv med dansen som lidenskap, og minna stig fram som scener i framsyninga. Tangoen fortel alltid historier om lidenskap, men ofte også om liding. Desperate kjensler kjem sterkt til uttrykk, ikkje berre gjennom dansen, men også gjennom songen til vokalist Patricia Nora. Ho vert elegant akkompagnert av ein kvintett leia av den vidgjetne bandoneon-meisteren Luciano Jungman, og med gitar, piano, fiolin og bass – lyden av original, argenstinsk tango altså! På scena står tre par, Pablo Ojeda og Beatriz Romero, Daniel og LorenaFerro og Jorge Ramirez og Nelida Miglione. Tenk å kunne danse som dei! Kanskje kan du kome eit lite stykke på veg om du kastar deg ut i det, og melder deg på kurs Onsdag 2. juli under festivalen med desse kl. 20.00 fantasiske dansarane? Sjekk Storsalen, Førdehuset ut kursoversyn på side 15!

KONSERT

I jubileumsåret tjuvstartar festivalen allereie onsdag i festivalveka. Den store tangoframsyninga Tango Azul kjem til Førde med heile seks dansarar, ein songar og fem musikarar på scena.


Festivalpass-konsert er utheva med lilla

Rabattavtalar

Gjennom samarbeidsavtalar med Den Norske Turistforening, Bergens Tidende, Firda og BOB tilbyr vi rabattar på festivalen. Detaljerte opplysningar på fordefestival.no. TID: 2.7. - 6.7. 2.7. - 6.7. 2.7. - 6.7.

FESTIVALPASS Festivalpass vaksen Ungdom / Studentpass Festivalpass barn

PRIS: 890 430 190

KODE: FOR2014 FOR20141 FOR20142

Onsdag 2. juli 09.00-09.30 16.00-19.00 18.30-19.00 18.00-19.30 20.00-21.00 20.00-21.30

Morgonstund har gull i munn Ut på tur, aldri sur! Opning fotoustilling 25år Festivalfilm: The Lunchbox Cigdem Aslan NB! Florø Tango Azul

Slik les du prisane i guiden

220/130/50 Pris ordinær konsertbillett ARENA: Vieåsen bhg, Tussero Halbrendsstøylen Langebrutorget Lisjesalen, FH Blomsterhagen restaurant Storsalen, FH

Pris m/festivalpass Pris born og m/USpass

Ord./Fpass/USpass, Barn

50 - born gratis 150/90/50 90 (Resepsjonen FH) 220/130/50 300/170/50

Torsdag 3. juli

14 1990-2014

09.00-09.30 Morgonstund har gull i munn 10.30-16.30 Førdekonferansen 2014 11.00-11.45 Musikk i sentrum 12.00-13.00 Fromseier Hockings 13.00-14.00 Festivalquiz 14.00-15.45 Shanty-rafting på Jølstra, inkl konsert kl 16.00 16.00-17.00 Storm Weather Shanty Choir 17.30-18.30 Cigdem Aslan 19.30-21.00 Opningskonsert Lokal - Global inkl dans 21.30-23.30 Dansen går i Førdehuset 22.00-24.00 Smaken av India - med Bhanwari Devi Ensemble 23.00-01.30 Sommarnatt på Jølster

Gapahuken, Flatene Amfi Eikaas, RSH Torgscena, Førde Torg Pikant Restaurant Pikant Restaurant Førdehuset / Førde Camping Langebrutorget Festsalen, FH Idrettshallen, FH Festsalen, FH Hugleik, RSH Jølstramuseet

50 - born gratis *Påmelding Fri entré 220/130/50 Fri entré 380/300 inkl buss 220/130/50 220/130/50 320/ - /50 (unum) 160 400 280/170/50

Sunde barnehage Utstillingssalen, FH Rådhusterrassen Teatersalen, FH Haarklousalen, FK Festsalen, FH Utstillingssalen, FH Storsalen, FH Teatersalen, FH Festsalen, FH Langebrutorget Idrettshallen, FH Festsalen, FH Førde kyrkje Hugleik, RSH Festplassen

50 - born gratis Fri entré 280/born 110 inkl. lunsj 220/130/50 220/130/50 220/130/50 Fri entré 240/140/50 220/130/50 220/130/50 220/130/50 300/ - /50 (unum) 160 220/130/50 240/140/50 280/170/50

Festplassen FH - Førde Torg, Rute: FH Torgscena, Førde Torg Kunstsalen, FH Teatersalen, FH Hafstadfjellet Festsalen, FH Utstillingssalen, FH Festplassen Festsalen, FH Storsalen, FH Utstillingssalen, FH Pikant Restaurant Teatersalen, FH Haarklousalen, FK Idrettshallen, FH Festsalen, FH Hugleik, RSH Rica Sunnfjord Hotel

Fri entré Fri entré Fri entré Fri entré 220/130/50 150/90/50 inkl. buss 220/130/50 Fri entré 300/ - /50 220/130/50 240/140/50 Fri entré 550 220/130/50 220/130/50 350/ - /50 (unum) 160 240/140/50 350/200/50

Førde kyrkje Sunnfjord Museum Rytne gard, Bygstad Førdehuset Kristiansenhuset Idrettshallen, FH Fjordamattunet Klokkargarden, Dale Lisjesalen, FH Festivalsalen, RSH

Fri entré 220/130/50 inkl. buss 240/140/50 inkl. buss Fri entré 220/130/50 300/ - /50 (unum) 240/140/50 inkl. buss 240/140/50 inkl. buss 90 (Resepsjonen FH) 240/140/50

Fredag 4. juli 09.00-09.30 1 11.30-12.00 12.00-13.30 12.30-13.30 14.00-15.00 14.00-15.00 15.00-15.30 15.30-17.00 16.00-17.00 17.30-18.10 2 17.30-18.30 19.30-20.30 21.00-23.30 21.00-22.00 21.00-22.30 23.00-02.30

Morgonstund har gull i munn Møt artisten: Mahsa & Marjan Vahdat Lunsjkonsert MP3 - Mattias Pérez Trio Mahsa & Marjan Vahdat Jorun Marie Kvernberg / Øyvind Sandum Trio Teriba Møt artisten: Bhanwari Devi Ensemble Draumelaget Sogn og Fjordane Bhanwari Devi Ensemble To Tobi - familiekonsert Amsterdam Klezmer Band Ana Moura inkl dans Dansen går i Førdehuset Divna Columbi Egg Taraf de Haïdouks/Bassekou Kouyaté/DJ Darius Darek

Lørdag 5. juli 08.30-10.00 10.30-11.00 11.00-11.45 11.30-13.00 12.00-13.00 13.00-13.30 13.30-14.30 14.30-15.00 15.00-16.00 16.30-17.30 16.30-17.30 17.30-18.00 17.30-20.00 18.00-19.30 18.00-19.00 20.30-22.00 22.30-01.00 23.00-01.00 23.00-02.30

Festivalfrukost Festivalparade NB! Ny rute Gratis jubileumskonsert Seminar: Lokal/Global Le Trio Joubran 706 moh: Trio Teriba Hemsing og Larsen: TO DAMER TO HERRER Møt artisten: Sivan Perwer String Sisters Sivan Perwer Kong Nor - Grunnlovsframsyning Møt artisten: Fargespill Mat, musikk og vin - Soneros de Verdad - trio Talent 2014 - Jubileumskonsert Håkon Høgemo / Einar Mjølsnes Jubileumsgalla - Gjensynsglede! inkl dans Dansen går i Førdehuset Columbi Egg Festivalnatt

Søndag 6. juli 11.00-12.30 11.30-13.00 12.00-13.30 13.00-14.30 13.30-14.30 15.00-16.00 17.00-19.00 17.30-19.00 18.00-19.30 21.30-22.30

Festivalgudsteneste Sudan Dudan Steinar Ofsdal - LARA Familiesøndag Bruvoll / Halvorsen Fargespill: FargeFest i Førde! Earlybird Stringband Hulbækmo / Jacobsen Festivalfilm: The Lunchbox JPP

FH = Førdehuset, RSH = Rica Sunnfjord Hotel, FK = Førde kulturskule Idrettshallen: Unummererte plassar på tribuner og galleri, tilleggspris for plassbillett på golvplan felt A, B og C kr 40,*Påmelding Førdekonferansen - sjå fordefestival.no

Ole Ha

Bhanw

Sivan


Foto: Heidi Hattestein

15

KURS 2014 TORSDAG 3. JULI

16:00-18:00 Argentinsk tango Dansekurs. Instruktørar: Pablo Ojeda og Beatriz Romero (Tango Azul) 500/350*NB! To dagar. 16:00-18:00 So ro liten tull – songar frå Sogn og Fjordane. (For deltakarar over 15 år.) Instruktør: Unni Løvlid 300/200* 18:00-19:00 Gratis lynkurs i Jølstraspringar Instruktørar: Brita og Gisle Jordanger Kirkeeide Stad: Førdehuset

FREDAG 4. JULI

10:00-12:00 Tangokurs (forts) 10:00-12:00 Innføringskurs i festdansar frå Marokko Instruktør: Aissa Tobi 300/200*

LAURDAG 5. JULI

11:30-13:00 Roundtable seminar: How to nourish local music traditions with a global perspective. With Erik Hillestad (record producer), Mahsa Vahdat (musician), Divya Bhatia (festival promoter), Steinar Ofsdal (music academy professor/ musician), Helge Skansen (concert promoter). Moderator: Jo-Asgeir Lie (principal Ole Bull Academy of music/musician) Fri entré.

13:30-14:15 Barneverkstad: Torget i Marrakech. Instruktør: Aissa Tobi. 100/50* 22:15-23:00 Innføringskurs i salsadans. Med: Astrid Stenhaug og Waldo Norstad. Gratis for publikum med billett til Festivalnatt! Stad: Rica Sunnfjord Hotel & Spa

SØNDAG 6. JULI

13:00-14:30 Eventyrstund for dei minste - Hanne B. Oftedal. Gratis. Stad: Førdehuset SØNDAG 6.-11. JULI Mokurset: Meisterklasse og samspelkurs. Instruktørar: Jorun Marie Kvernberg og Øvyind Sandum Påmelding og info: www.mokurset.no Informasjon *Pris med festivalpass. Påmelding og informasjon: fordefestival.no. F.o.m. måndag 30. juni skjer påmelding til Billettkontoret i Førdehuset, tlf. 57 72 19 40.

1990-2014

MØT ARTISTEN Møt artisten er ein programserie der du gjennom intervju og samtalar kjem tettare på nokre utvalde av dei spennande festivalartistane våre. Samtalane vert leia av Tellef Kvifte. Fri entré. Stad: Utstillingssalen, Førdehuset

FREDAG 4. JULI

11.30-12.00 Mahsa og Marjan Vahdat og Erik Hillestad, Kirkelig Kulturverksted. 15.00-15.30 Bhanwari Devi ensemble frå Rajasthan og Divya Bhatia, direktør Rajasthan International Folk Music Festival.

LAURDAG 5. JULI

14.30–15.00 Sivan Perwer frå Kurdistan 17.30-18.00 Fargespill – Ole Hamre


Festivalkafé i Førdehuset ÅRETS BOB-KONSERT AMSTERDAM KLEZMER BAND | NEDERLAND Gladmusikk med ein porsjon galskap På meisterleg måte har Amsterdam Klezmer Band klart å skape sin eigen, moderne versjon av den aust-europeiske klezmer-, balkanog sigøynar-musikken. Dei er uimotståelege og inderleg gode musikarar, som vil dra i gang ein skikkeleg A fest på Langebrutorget midt i Førde sentrum. Rådh KB usp freda lassen g 4. Sjå Youtube! kl. 17:3 juli 0

Opningstid under festivalen: 09.00 - 24.00

Småmat-buffet kl 14.00 - 19.00 (fredag–søndag): Utvalet varierer mellom: salat • vårrull m/dip • torsk med potetmos pitabrød m/fyll • pizzabit • lefse med kylling lefse med laks • pizzawrap • pai • suppebeger div. porsjonsdesserter/kaker

Dagens middag kl 15.00 - 19.00 torsdag–laurdag

16

Vi feir Førdefesti ar valen 25 år!

Småmat

-buffet

kr 25,-

pr stk/bit

/porsjon

1990-2014

Vis Fordelskortet frå BOB og få 20% på billetten!

FREDAG og kl 15:00-19:00 - eit utval av varmret

Max 2 bill. pr. medlem. 20% rabatt. Billettsal ved inngang og på Festivalkontoret i Førdehuset i festivalveka (opnar 30. juni kl 09.) BOB-medlemmar får også rabatt på konsert med Cigdem Aslan, Blomsterhagen, Florø 2. juli kl 20.00. Vis Fordelskortet frå BOB ved kjøp.

SØNDAG - F Ein smak av fe barn k

tlf: 57 72 19 99 e-post: post@sunnfjordcatering.no www.sunnfjordcatering.no

findriv.no

BOB Region NordVest Førde: Hafstadvn. 27, Pb. 234, 6802 Førde | Florø: Strandgata 35, 6900 Florø

FESTIVALKAFE I

Opningstid 5. - 8. juli:

Både ute og inne i Bartine og Restaurant Laxen får du servert småretter heile dagen: Kongekrabbe og avocado Cæsarsalat med kylling

VELKOMEN TIL FESTIVALNATT LAURDAG 5. JULI: I to etasjar kan du nyte topp internasjonale band med danserytmar frå fleire kontinent:

Moules frites Blåskjel dampa i lokalt øl • sjalottløk fløyte • pommes frites • aïoli Kyllingsandwich med avocadokrem ruccula • tomat • raudløk steikte poteter

HEKLA STÅLSTRENGA - i grenselandet mellom folke- og populærmusikk Sunnfjord Burger CHERIFA KERSIT - intens berber-blues. Dreg deg i dansen før du får sukk for deg! ruccula • tomat • raudløk • heimsylta SONEROS DE VERDAD - cubanske son-klassikarar i tradisjonell stil agurk • chili-aïoli • pommes frites FERRO GAITA - perfekt festband med brasiliansk og afrikanskinspirert funanamusikk I tillegg vil den polsk-tyske DJ`en DARIUS DAREK halde deg i ande med multirytmisk Frå kl 1900 serverer vi også a-la-carte. dansemusikk frå heile verda På laurdag får a-la-cartegjester i Restaurant Laxen inngang til Festivalnatt for berre kr 315,-

Velkomen til festivalhotellet – god mat, god festivalstemning og gode opplevingar! For bestilling: 57 83 40 00


FOTO: BENT ARE IVERSEN / FIRDA MEDIA

17 1990-2014

MANGFALD. FARGERIKT. PULSERANDE SYNERGIAR. VI ER HER. GØY Vi har vært sponsor for Førdefestivalen sidan 2003. Vi køyrer på vidare. Sjåast på festival! spv.no / 05555


Førdefestivalen 2014

rabatt for Firda-abonnentar

18 1990-2014

«Fargespill», søndag 6. juli kl 15.00 Idrettshallen i Førdehuset

Det vert lagt ut eit avgrensa tal billettar til redusert pris, for Firda-abonnentar.

Dette gjeld familiepakken

(2 vaksne og 2 born, unummererte plassar på tribune og galleri). Ordinær pris kr 700,-. Pris for Firda-abonnentar Maks. ein familiepakke pr. abonnent. Ekstra barnebillettar kan kjøpast til kr 50,-.

kr 500,-.

For bestilling, send epost til abonnement@firda.no I veke 27 kan du kjøpe familiepakken også på Festivalkontoret i Førdehuset. Ha i så fall med deg Firdakortet på mobilen.

Send SMS fikort til 2005.


King Ayisoba

Amsterdam Klezmer Band

Bhanwari Devi

19

To Tobi

1990-2014

Cigdem Aslan , Bassekou KouyatĂŠ

Gratiskonsertar pĂĽ Torgscena! Torsdag 3. juli 11.00 11.15 11.30

Cigdem Aslan , To Tobi Amsterdam Klezmer Band

Fredag 4. juli 10.30 11.00 11.30

Bhanwari Devi ensemble Bassekou Kouyate & Ngoni Ba Talent Venezuela

Laurdag 5. juli 11.00 JubiLeumskonserT! king Ayisoba & band


Gler DU deg til Førdefestivalen?

Hemsing og Larsen - TO DAMER TO HERRER -

Musikkmagi frå to søskenpar Når Eldbjørg og Ragnhild Hemsing og Gjermund og Einar Olav Larsen held konsert på Førdefestivalen, er det duka for ei eineståande oppleving. Dei presenterer eit program som spenner frå folkemusikk frå Valdres og Trøndelag, til verk av Bach, Ole Bull og kvartetten sin eigen Gjermund Larsen! Eldbjørg og Ragnhild Hemsing formidlar sin musikalske bodskap med frisk virtuositet og når ut til eit breitt publikum med sin måte å musisere på. Dei har begge vunne ei rekkje førsteprisar og fått andre utmerkingar i norske og utanlandske konkurransar. Dei er kjende både frå radio og TVprogram, og har begge og kvar for seg store solistoppdrag med profesjonelle orkester innanlands og utanlands. Brørne Gjermund og Einar Olav Larsen frå Verdal fører vidare den sterke tradisjonen etter Hilmar Alexandersen. Dei spelar solo, duo eller med eigne trioar. Gjermund har også eit sitat hengjande ved seg, Hemsing & Larsen som er illustrerande: Han ser ut Laurdag 5. juli kl. 13.30 som Jesus, og spelar som Gud! Festsalen, Førdehuset

Den musikalske menyen på jubileumsfestivalen spenner frå heftig argentinsk tango og nordnorsk heklamusikk til palestinske oudvirtuosar og persiske vokalkunstnarar. Klezmerfestmusikk og cubansk son vert avløyst av slåttemusikk frå Jølster, Verdal, Voss og Valdres. I Førde får du sjelfull fado side om side med berberblues og heftige balkanrytmer. Verda kjem til Førde! Til Hafstadfjellet og Halbrendsstølen, til utescener og konsertsalar. Til Dale, Bygstad, Florø og Jølster. Til små og store. Til alle. Del ditt festivalminne eller di festival-forventning med andre, på facebook, twitter eller instagram. Bruk #fordeminne eller #fordeglede. Vi premierer dei delingane som rører oss, gler oss eller gjer oss stolte over festivalen!

fordefestival.no Billettar på billettservice.no 815 33 133, på Narvesen og 7-eleven. Del di festivalforventing: #fordeminne eller #fordeglede

MØT OSS PÅ

Grafisk produksjon: findriv.no

1990-2014

KONSERT

20


Fordefestivalen jubileumsmagasin nr 3