Page 1

FERIE magasinet

Innland

Utland

Aktivitet

Tema

SOMMARTUR MED

NATTOPERA I

YOGAREISER TIL

OPPLEV ØYANE I

HURTIGRUTEN

VERONA

ITALIA

VESTERLED

2018

fjordanereisebyra.no

FJORDANE REISEBYRÅ Travelnet Fjordane Reisebyrå

1


FØRDE

Hovudkontor Førde | tlf. 57 72 50 70 | fjordane@travelnet.no

DITT SIKRASTE VAL!

!

Verda blir stadig meir tilgjengelig. Det er lettare og billigare å reise og oppleve nye land og stader, bli kjent med andre kulturar og religionar – treffe nye menneske. Å reise er ein fin måte å forstå meir av verda på. Eg påstår ein blir mindre redd av å reise. Heim frå reise har ein med seg opplevingar og minner – som varer livet ut. Nokre av turane våre vil du kjenne igjen frå tidlegare år. Dette er populære turar som vi veit kundane våre gjerne vil delta på igjen. Eller kanskje du ikkje fekk plass i fjor? Nokre av turane blir fort fullteikna. Så vent ikkje for lenge med påmelding. Reiseåret 2018 er nytt og spennande. Berre fantasien og lysta set stoppar for kvar ein kan reise. Når du reiser i gruppe kjem du til dekka bord. Alt er bestilt, avtalt og betalt i forkant. I tillegg har vi med eigen reiseleiar på alle våre turar. Reiseleiaren tar seg av alt det praktiske på turen. Dette er ein trivelig måte å treffe nye vener på. Ei gruppereise er svært sosialt. Ein går på tur, reiser på utflukt og nyt lokal mat og drikke ilag. Det er ofte kjekt å dele opplevingar med andre. Vesterled vart brukt om å reise i vikingferd mot vest og sørvest, til Storbritannia, Irland og vesterhavsøyer som Orknøyene, Shetland og Hebridene. Vi er så heldige at vi også i år har Dag Lindebjerg med som kjentmann på turane våre til Vesterled. Les utfyllande turprogram på heimesida vår: www.fjordreis.no Eg ønsker alle eit riktig godt nytt reiseår!

Anne Oline F. Gullaksen Travelnet Fjordane Reisebyrå

2

FERIEmagasinet 2018

FØRDE Bak frå venstre: Laila Schønhardt | Solfrid Vie Pettersen | Marianne Ryssdal Sæther | Jorunn Vågen. Framme frå venstre: Solbjørg Kirkeeide | Anne Oline F. Gullaksen | Ingunn Herstad.

BRINGELAND

Førde Lufthavn | tlf. 57 71 81 50 | forde@wideroe.no

BRINGELAND Bak frå venstre: Kjell Ove Kusslid | Arve Svalheim | Cathrine Scheflo | Åge Romarheim | Framme frå venstre: Monica Øvretvedt | Gunn-Kristin Dalseth | Jørand Aalhus | Edvard Tefre.

REISEVILKÅR FOR TURANE TIL TRAVELNET FJORDANE REISEBYRÅ For alle turane til Travelnet Fjordane Reisebyrå gjeld særskilde vilkår, mellom anna vilkår for innbetaling av turpris, refusjon ved avbod osv. Likeeins har vi som turoperatør reglar og forpliktingar overfor turdeltakarane. Desse reisevilkåra vert utsendt saman med stadfesting for tinga tur etter at vi har motteke påmeldinga di. Utgjevar: TRAVELNET Fjordane Reisebyrå | Ansvarleg redaktør: Anne Oline F. Gullaksen Opplag: 31.000 | Grafisk utforming: findriv.no | Trykk: Natvik Prenteverk


INNLAND 4 4 5 5 6 6 7

8 9 11 12 13 14 15

AKTIVITET

Vårtur med Hurtigruta

18 Sommartur med Hurtigruta med fly 18 Øyhopping i Florø 19 Dagstur Lustrafjorden rundt 20 Rosendal og Haugesund 21 Dansehelg med Austreim Musikklag, Oset 22 Blomstertur til Flor og Fjære m Anne Henden 23

Østerrike med vandring i Bad Gastein

UTLAND

TEMA

BÅT | 27. APRIL-8. MAI | 12 DAGAR

BÅT/FLY | 29. JUNI-5. JULI | 7 DAGAR BÅT | 11. JULI | DAGSTUR

BUSS | 24. JULI | DAGSTUR

BUSS | 21.-24. AUGUST | 4 DAGAR

BUSS | 21.-23. SEPTEMBER | 3 DAGAR BUSS | 26.-29. JULI | 4 DAGAR

Amsterdam og Keukenhof FLY | 12.-16. APRIL | 5 DAGAR

Bordeaux, San Sebastian FLY | 6.-12. JUNI | 7 DAGAR

Julemarknad i Innsbruck FLY | 6.-9. DESEMBER | 4 DAGAR

Cruise med RCCL

BÅT | 8.-15 . JULI | 8 DAGAR

Nattopera i Verona FLY | 7.-12. AUGUST | 6 DAGAR

Gotland med buss m Anne Henden BUSS | 13.-20. AUGUST | 8 DAGAR

Busstur til Tyrol med Oktoberfestival BUSS | 17.-26. SEPTEMBER | 10 DAGAR

25 26 27 28 29 31 35

FLY/FOT | 18.-25. JUNI | 8 DAGAR

Santiago de Compostela

FLY/FOT | 30. SEPTEMBER-6. OKTOBER | 7 DAGAR

Fottur i Andalucia m El Caminito del Rey FLY/FOT | 15.-22. SEPTEMBER | 8 DAGAR

Yoga reise til Ilconvento FLY | 18.-24. MAI | 7 DAGAR

Yoga reise til Ilconvento

FLY | 20.-27. SEPTEMBER | 8 DAGAR

Treningsreise m Yngvar Andersen FLY | 23.-30. SEPTEMBER | 8 DAGAR

Treningsreise med Spenst S. og Fj. FLY | 5.-12. MAI | 8 DAGAR

Seglas med Loyal FLY | 17.-23. JUNI | 7 DAGAR

Hebridene og Skottland m Dag Lindebjerg FLY | 28. JUNI-4. JULI | 7 DAGAR

Færøyene m Dag Lindebjerg FLY | 11.-16. JULI | 6 DAGAR

Orknøyene og Shetland m Dag Lindebjerg FLY | 28. JULI-4. AUGUST | 8 DAGAR

Irland m Dag Lindebjerg FLY | 13.-20. AUGUST | 8 DAGAR

Sør Afrika m Leon Haugsbø FLY | 1.-13. OKTOBER | 13 DAGAR

Sri Lanka med Sunnfjord Folkehøgskule FLY | 8.-20. JUNI | 13 DAGAR

Travelnet Fjordane Reisebyrå

3


INNLAND

Den vakraste sjøreisa LANGS NORSKEKYSTEN MED MS FINNMARKEN

d Hurtigruta

REISEFAKTA

Turpris ......................................kr14.990,Tillegg utv. lugar pr. pers .......kr3.200,Antal dagar........................................12 Avreisedato........................................ 27/4 2018 Returdato............................................ 8/5 2018 Irekna i turpris: Full rundreise Bergen – Kirkenes – Bergen MS Finnmarken | Del i innvendig dobbel lugar | Full pensjon om bord | Reiseleiar frå Fjordane Reisebyrå med på turen

Vi seglar frå Bergen 27. april og får med oss våren langs kysten. Vi går mot den lyse årstida, landskapet skifter frå sør til nord, nokre stader er våren komen, og lenger nord er det gjerne litt att av vinteren. Uansett, dette er ein tur som må opplevast, lyset, stemninga om bord, det kan ikkje skildrast godt nok.

Sommartur MED HURTIGRUTA MS MIDNATSOL

Turleiar møter i Bergen, og er med på heile reisa. Saman med landskapet vi passerer, er det dei mange variasjonane av alt du ser og høyrer som gjer dette til ei reise utanom det vanlege. Rundturen dekkjer 2500 nautiske mil der vi får oppleve den flotte og varierte naturen langs Norskekysten.

Sommar og midnattsol! Dette er noko alle drøymer om. Varme dagar på soldekk, og sola som skin heile natta! Det er mest uråd å krype til køys. Maten om bord er kortreist, og levert av lokale leverandører langs kysten, ein seglas gjennom eit fantastisk matfat! På 1250 nautiske mil er naturopplevingae mange og varierte, 34 hamner, nokre byar og nokre kun små bygder. Undervegs er det ei mengde utflukter å velge mellom.

REISEFAKTA

Turpris pr. pers i delt innv. lugar ................................. kr21.500,Tillegg utv. dbl. lugar, øvre dekk, per. pers ............... kr9.010,Tillegg utv. dbl. lugar, midtre dekk, per. pers............ kr3.600,Antal dagar......................................................................................... 7 Avreisedato......................................................................................... 29/6 2018 Returdato............................................................................................. 5/7 2018

4

FERIEmagasinet 2018

Irekna i turpris: Flyreise Kirkenes – Bergen | Reise Bergen – Kirkenes i delt dobbel lugar | MS Midnatsol | Full pensjon om bord | Busstransfer Hurtigruta til flyplass | Reiseleiar frå Fjordane Reisebyrå med på turen.


Øyhopping i Florø 11. juli inviterer vi deg med på øyhopping i Florabassenget. Vi skal innom tre ulike øyer, Reksta, Kinn og Svanøy. Vi har eigen båt slik at det er enkelt å kome seg mellom øyane. Dette blir ein tur som passar alle, både små og store. Første stoppet blir på Reksta, der det blir ein liten guida tur før vi et lunsj. Turen går så over det smale sundet til Kinn, der vi går til kyrkja for omvising. Vi avsluttar reisa med stopp på Svanøy der vi først besøker hjortesenteret før vi får omvising og et middag på Svanøy Hovedgård. Turen er tilrettelagt slik at du kan reise med buss og båt frå Indre Sunnfjord og frå Nordfjord.

REISEFAKTA

Turpris pr pers v min 20 betalande................. kr2.500,Turpris pr pers v min 40 betalande................. kr1.800,Antal dagar..........................................................................1 Avreisedato.......................................................................... 11/7 2018 Irekna i turpris: Båtreise, avgang frå Florø | Lunsj i Rognaldsvåg | Middag på Svanøy | Omvising i følge program | Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Lustrafjorden rundt Vi startar frå Førde tidleg morgon og tek første kaffistoppen på Lustrabui. Dei er godt kjende for god heimebakst. Turen går vidare til Skjolden før vi køyrer utover på sørsida av Lustrafjorden. I vakre Urnes Stavkyrkje frå ca 1140 får vi ei omvising før vi går ned til Urnes gard for middag. Her kan det bli høve til å sjå hjortane dei har på garden. Vi tek ferga over til Solvorn og køyrer utover Sognefjorden før vi køyrer svingane opp til Gaularfjellet. Det blir ein liten matbit på Flatheim gard før dei siste mila tilbake til Førde.

REISEFAKTA

Turpris pr pers v min 20 betalande................. kr1.990,Turpris pr pers v min 40 betalande................. kr1.530,Antal dagar..........................................................................1 Avreisedato.......................................................................... 24/7 2018 Irekna i turpris: Turbuss frå Førde | Ferje billettar | Omvising Urnes Stavkyrkje | Middag og kveldsmat | Kaffi og skillingsbolle | Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

5


Rosendal og Haugesund MED SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE Bli med på busstur til denne vakre delen av landet vårt. Vi skal på omvising på den storslåtte eigedomen Baroniet Rosendal frå 1600 talet, som Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk i bryllaupsgåve. I Haugesund og på Haugalandet kan du oppleve noko av det beste Norge har by på. Fjord, foss, kyst- og bykultur, ei unik vikinghistorie, isbre, fjell og hav samt idylliske øysamfunn. Skudeneshavn – som er ein av de best bevarte gamlebyane i Europa og som i si tid var ei lun hamn for seglskutene. På heimvegen blir det ein tur innom Moster Kyrkje.

REISEFAKTA

Turpris.................................................................. kr7.960,Tillegg enkeltrom................................................ kr1.300,Antal dagar..........................................................................4 Avreisedato.......................................................................... 21/8 2018 Returdato.............................................................................. 24/8 2018 Irekna i turpris: Turbuss | Ferje- og bom utgifter | 3 overnattingar i delt dobbeltrom på hotell | 3 frukostar, 4 lunsjar, 3 middagar | Omvising iflg. program | Turleiarar frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Dansehelg MED AUSTREIM MUSIKKLAG

Ei lun og avslappa atmosfære møter deg når du kjem til Oset Høyfjellshotell. Hotellet sitt slagord seier «Kom til Oset og ver deg sjølv». Dette får du oppleve når du er med Austrheim Musikklag på dansehelg på Golsfjellet. Her står raushet og omsorg i fokus. Du vil oppleve ein ekte og oppriktig service, gode matopplevingar frå bognande matbord og ikkje minst kjempefin dansemusikk. Det gode sosiale samhaldet kjenneteiknar fellesturane til musikklaget. 6

FERIEmagasinet 2018

REISEFAKTA

Turpris.................................................................. kr4.675,Tillegg enkeltrom................................................ kr400,Antal dagar..........................................................................3 Avreisedato.......................................................................... 21/9 2018 Returdato.............................................................................. 23/9 2018 Irekna i turpris: Turbuss frå Firda Billag frå Sandane | Ferjer | 2 overnatting i delt dobbeltrom | 2 frukost, 1 lunsj, 2 middag.


Blomstertur til

ER DU GLAD I BLOMSTER? TRENG DU INSPIRASJON TIL HAGEN? I SOMMAR GÅR TUREN TIL FLOR & FJÆRE Dette fantastiske hageanlegget som ligg på øya Hidle nord for Stavanger blir stadig utvikla og utvida. Her kan du finne nye idear til din eigen hage eller du kan nyte synet av alle blomane og fargane. Vi vitjar og eit nytt hageanlegg i Bekkjarvik og reiser innom Arboretet på Milde. På Milde har dei Noregs største rosesamling og Nordens største Rododendron samling. Innimellom all blomsterprakta tek vi oss tid til ein tur på Lysefjorden.

REISEFAKTA

Turpris...................................................................... kr8.500,Tillegg enkeltrom.................................................... kr1.300,Antal dagar.............................................................................. 4 Avreisedato.............................................................................. 26/7 2018 Returdato.................................................................................. 29/7 2018 Irekna i turpris: Buss frå Førde | 3 overnattingar i delt dobbeltrom | Tur til Lysefjorden og Flor & Fjære | 3 frukost, 3 lunsj, 3 middag | Ferje og bompengar | Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

7


UTLAND Blomstertur til

Amsterdam og Keukenhof I april står millionar av tulipanar i full blomst i Amsterdam. Eit vakkert syn i alle regnbogens fargar. Nederland er eit fargerikt og gjestfritt land. I Amsterdam finn vi kanalane med rundt 600 bruer og vakre hus langs breidda. Her finn vi goudaosten og treskoa, og ikkje minst vindmøller. Vi skal besøke tulipanparken i Keukenhof og vi skal besøke Edam og Volendam som ligg nordaust for Amsterdam. Det er tid på eigahand som du kan bruke på å besøke Anne Frank sitt hus, eller du kanskje vil gå ein tur på shopping? Ein opplevingstur i godt selskap. 8

FERIEmagasinet 2018

REISEFAKTA

Turpris.................................................................. kr14.990,Tillegg enkeltrom................................................ kr4.120,Antal dagar..........................................................................5 Avreisedato.......................................................................... 12/4 2018 Returdato.............................................................................. 16/4 2018 Irekna i turpris: Fly Bergen – Amsterdam t/r | 4 netter i delt dobbeltrom | 4 frukostar, 1 lunsj, 4 middag | Utflukter som i program | Turleiarar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.


Bordeaux og San Sebastian Ei kultur, mat, og vinreise

Bordeaux er verdas vinhovudstad. Det er i dette området dei beste raude vinar er blitt produsert sidan 700-tallet. Bordeaux er og ein slags mathovudstad for det sørvestfranske kjøkken med delikatesser innanfor spekemat, and, gås og havets frukter. Bordeaux er dessutan ein svært flott by. Spesielt er gamlebyen St Pierre kjend for dei vakkert restaurerte 1700-tals bygningane. Over 300 bygningar er verna, og hamnekvarteret La Lune (månen) er på Unesco si verdsarvliste. Her skal vi rusle rundt og berre nyte inntrykka. San Sebastian er fremste turistbyen i Baskerland og blant favorittane som feriestad for spanjolane. Byen vart kåra til Europeisk kulturhovudstad i 2016 først og fremst grunna den pittoreske gamlebyen. Bukta, La Concha med finkorna kvit sand, er innbydande for dei som vil bade. Å rusle på strandpromenaden ein fin kveld, sjå på folkelivet og solnedgangen er berre herleg. San Sebastian er også ein kjend gourmetby, også kalla tapasen sin heimby, så her kan ein pirre smaksløkane på dei mange utsøkte tapasbarane.

REISEFAKTA

Turpris................................................................ kr15.990,Tillegg enkeltrom.............................................. kr4.950,Antal dagar....................................................................... 7 Avreisedato....................................................................... 6/6 2018 Returdato........................................................................... 12/6 2018 Irekna i turpris: Reise Bergen – Bordeaux/Bilbao – Bergen | Transport under opphaldet | 6 netter i delt dobbeltrom på hotell | 6 frukost, 2 lunsj, 2 middag | Utflukter som omtala i program | Turleiarar Kjell Arnestad.

Travelnet Travelnet Fjordane Fjordane Reisebyrå Reisebyrå

99


Med 76 lastebilar stasjonert i Førde, Kaupanger og Stryn transporterer Transferd AS gods både i inn- og utland.

OLE BULL SCENE 25. JAN. – 17. FEB. Show & hotell per person fra kr. 1035 Show, hotell og 2-retters fra kr. 1325

RICKS 9. – 17. FEBRUAR Show & hotell per person fra kr. 1085 Show, hotell og 2-retters fra kr. 1385

OLE BULL SCENE T.O.M. MARS Show & hotell per person fra kr. 1025 Show, hotell og 2-retters fra kr. 1315

Har du noko som skal sendast – prøv Transferd AS Tlf. 57 72 50 55 | booking@transferd.no | www.transferd.no

BESTILL FULL PAKKE!

SHOWPAKKER.NO De beste billettene og hotellovernatting i Bergen Tlf. 06154

FERIEDRØM Tre hovedsteder på ett cruise!

Cruise og hotell fra kr 2.150,- / 4 netter Unn deg en annerledes storbyferie! Triangelet StockholmTallinn-Helsingfors er en spennende reise i grenselandet mellom øst og vest. Om bord i Tallink Siljas flotte cruiseskip kommer du raskt i feststemning. Hotellene i Tallinn og Helsingfors ligger midt i byen, nær populære severdigheter, butikker og uteliv. Priseksempelet inkluderer cruise Stockholm-Tallinn, 1 natt i Tallinn, hurtigbåt Tallinn-Helsingfors, 1 natt i Helsingfors og cruise Helsingfors-Stockholm. Priseksempelet gjelder per person når minimum to reiser sammen. Høysesongstillegg juni – august fra kr 200

WWW.TALLINKSILJA.NO - 815 33 250

10

FERIEmagasinet 2018

STOCKHOLM Alle våre cruise begynner og slutter i Stockholm. Vil du ha et ekstra opphold i Stockholm? Vi hjelper deg med din bestilling.

TALLINN

HELSINGFORS

Opplev den sjarmerende gamlebyen i Tallinn og nyt et herlig måltid på en av byens trendy restauranter.

Den hvite byen ved havet er en fascinerende metropol, kjent for stilren design og arkitektur.


Julemarknad i Innsbruck REIS MED OSS TIL ALPANE OG ØSTERRIKE 6.–9. DESEMBER OG OPPLEV ADVENTSMAGIEN

Vi krydrar denne “julestinne” reisa med ein tur med gondolbana Hungerburgbahn til restauranten Seegrube, som ligg på 1905 m.o.h.. Her får vi servert 4-retters middag, med fantastisk utsikt over byen og over mot grensa til Italia. I Innsbruck skal vi drikke Glühwein under Goldenes Dachl og gå på julemarknad i middelaldermiljø. Julemarknaden i Innsbruck sameiner på uforgløymeleg vis det tradisjonelle og det moderne. 195 juleboder og omkring 300 arrangement utgjer til saman Innsbruck tilbud til julegjester. Ta kontakt med oss for pris og fullstendig program.

Værlandet Havhotell

Der himmel og hav møtast - og ord blir fattige

Værlandet Havhotell er den ideelle staden for å samle tankane, oppleve unik kystnatur og kystkultur, eller rett og slett berre koble heilt av. Hos oss får du enkel luksus i lune og rolege omgjevnadar, med den villaste og barskaste naturen Vestlandet har å by på rett utanfor døra.

Senk skuldrene. Skjerp sansane. Lev livet. Velkommen til hotellet i havgapet. Du finn meir informasjon på www.værlandethavhotell.no Følg oss også gjerne på Facebook

Travelnet Fjordane Reisebyrå

11


CRUISE

i Middelhavet

Cruise er ein komfortabel måte å oppleve mykje på – utan å måtte pakke kofferten kvar kveld. Middelhavet byr på vakker natur og kjende byar, historiske attraksjonar og kulinariske opplevingar. Kombiner dette med late dagar med sol, bad og salt havbris. Middelhavsområdet har ei rik historie og ein interessant kulturarv. Om bord i Jewels of the Seas kan ein pakke ut og nyte ei reise i Middelhavet der «hotellet» følgjer med frå land til land. Vi går i land på den Franske Rivieraen og vitjar filmbyen Cannes, reiser vidare til Korsika, Spania, Mallorca og Sardinia. Om bord på skipet kan ein nyte alle fasilitetar. Ein kan sole og bade om dagen, ete gode måltid og la seg forføre av eksotiske show på kvelden. 12

FERIEmagasinet 2018

Sjekk prisen ! REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr11.990,Antal dagar......................................................................... 8 Avreisedato......................................................................... 8/7 2018 Returdato ........................................................................... 15/7 2018 Irekna i turpris: 7 overnattingar i delt lugar på Jewels of the Seas | Alle måltid om bord på Jewels of the Seas | Tips til betening om bord.


Nattopera i Verona med Gardasjøen Nattopera i Verona vil gje deg ei kulturoppleving utanom det vanlege. Sjølv for dei som aldri har vore på opera før, vil stemninga, førestillinga, arenaen og heile opplevinga gje eit minne for livet. På denne turen er det Carmen som står på programmet. Gardasjøen, og området rundt, er eit populært reisemål for så vel Italienarar som turistar frå andre delar av verda. Sjølve sjøen er 50 km lang og strekkjer seg i nord-sør retninga heilt oppunder Alpane. Her er fine strender og små pittoreske byar rundt sjøen. Vi skal bu i ein liten by som heiter Padenghe Sul Garda. Gardasjøen er Italia sin største og mest kjende sjø og et perfekt reisemål om du vil nyte av natur, kultur, vin og berre slappe av. Vi skal til Valpolicella på vinsmaking. Valpolicella

betyr “Dalen med de mange kjellere”, og området strekker seg frå Lessinifjella til Soave. Her er jorda perfekt for dyrking av vindruer.

REISEFAKTA

Turpris................................................................ kr16.750,Tillegg enkeltrom.............................................. kr2.000,Antal dagar....................................................................... 6 Avreisedato....................................................................... 7/8 2018 Returdato........................................................................... 12/8 2018 Irekna i turpris: Flyreise Oslo – Venezia/Verona – Oslo | Transfer flyplass til hotel og retur | Utflukter som i program | Billett til nattopera Verona, Carmen | 5 frukost, 3 middag, 2 lunsj | Turleiar Aud Lundeland.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

13


Gotland Den solrike øya i Østersjøen

Alt ved innseglinga til Visby kjem den store bymuren til syne. Dei mange kyrkjeruinane og den imponerande muren med sine tårn, gjev Visby både ei sjarmerande og ei dyster stemning. Dette er ein heilt spesiell by i skandinavisk målestokk. Middelalderbyen kom på UNESCO si verdsarvliste i 1995, og vi får god tid til å utforske denne særeigne byen. Gotland er det store ferieparadiset for mange. Her er flotte strender og roleg atmosfære, urørt natur og godt tilrettelagt for sykkelferie. Under opphaldet skal vi utforske både den nordlege og den sørlege delen av øya.

14

FERIEmagasinet 2018

REISEFAKTA

Turpris................................................................ kr15.550,Tillegg enkeltrom.............................................. kr3.650,Antal dagar....................................................................... 8 Avreisedato....................................................................... 13/8 2018 Returdato........................................................................... 20/8 2018 Irekna i turpris: Turbuss frå Firda Billag | 7 netter i delt dobbeltrom | 7 frukost, 4 lunsj, 6 middag | Ferje og båt billettar | Utflukter som i program | Lokal guide på Gotland | Turleiar Anne Henden.


Tyrol og Oktoberfestival I år skal vi til den populære oktoberfesten i St. Johann. Eit av høgdepunkta her er «Knødelfesten» som går av stabelen i hovudgata laurdagen. Det vert song, musikk og god stemning heile dagen til ende. Her kan du sitje ved «verdas lengste komlebord» og oppleve ei herleg atmosfære ved det 300 meter lange bordet. Under opphaldet skal vi bu i Kitzbühel, ein liten

busstur frå St. Johann. Det vert to overnattingar i Tyskland på reisa, ei i Helmstedt og ei i Magdeburg. Båtreisa går med Fjord Line frå Bergen til Hirtshals på utreisa og Color Line frå Kiel til Oslo på returen. Vi skal ha ei utflukt til Salzburg der vi og skal ein tur opp til Hitler sitt «Ørnerede» viss veret tillèt det.

REISEFAKTA

Turpris................................................................ kr14.500,Tillegg enkeltrom.............................................. kr1.700,Antal dagar....................................................................... 10 Avreisedato....................................................................... 17/9 2018 Returdato........................................................................... 26/9 2018 Irekna i turpris: Turbuss frå Førde på heile reisa | Delt dobbeltrom/dobbel lugar | Halvpensjon | Inngang til Ørneredet og lokalguide i Salzburg | Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

15


+

GOLDEN RESIDENCE 17. JUNI, 1 UKE FRA 8.045,Flott beliggenhet nær strandpromenaden

Velg mellom 10 ukentlige avganger med SAS fra Flesland i sommer!

Kreta

Avr. torsdag og lørdag (to avg.)

Rhodos

Avr. onsdag og søndag

Mallorca Avr. lørdag

FERIEmagasinet 2018

Direktefly med SAS fra Bergen hver søndag i sommer fra 17. juni

Avgang kl. 14.35 www.vitalreiser.no Tlf. 56 57 47 50

Kroatia

Lev litt.

Avr. onsdag og lørdag

Det er lett å tenkje at du må reise langt for å få dei store opplevingane. At det krev både tid og pengar. At dei er uoppnåelege.

Kos

Avr. fredag

Av og til er høgdepunkta nærare enn du trur. Ei veke i året byr vi på opplevingar i verdsklasse. Heilt i nærleiken. Opplevingar for livet.

Bulgaria Avr. fredag

Kontakt Travelnet Fjordane Reisebyrå for et godt ferietilbud!

16

I SOMMER

Nyt sol og herlige sjø-og bassengbad. Bo på flotte hoteller. Vandre i tropisk grønne skoger. Opplev sjarmerende Funchal, fylt med parker, gågater og torg – her finner du mange koselige kafeer og restuaranter. Madeira har mye å by på for nysgjerrige oppdagere i alle aldre.

NORWAY 2017 4. –July 8.5-9 juli 2018

Opplev Førdefestivalen – Lev litt! fordefestival.no

findriv

BESTILL ÅRETS SOMMERFERIE NÅ!

MADEIRA


SCANDIC SUNNFJORD HOTELL & SPA

Det er alltid sommer et sted i verden. Vi flyr deg gjerne dit! Royal Dutch Airlines

Nye Larris Scene og Larris Bar Larris Scene er vår nye uteplass som er open kvar fredag og laurdag. Larris Bar er open kvar onsdag og fredag, og her serverar vi også smårettar og har shuffleboard. Nye møterom Vi har utvida konferanseavdelinga vår med nye og moderne møterom med utsikt mot gata. Ta gjerne kontakt viss du ynskjer tilbod på kurs eller konferanse.

Nyttårsdans Vi arrangerar den årlege nyttårsdansen 26.-28. januar. Gode pakkeprisar for deg som vil bu i to dagar og ha inkludert middag og dans. Selskap og familiesamlingar Vi har fleire både små og store lokaler som kan brukast til selskap, samlingar, blåtur eller feiringar. Ta gjerne kontakt med oss på 57834000 for meir informasjon. Kanskje er det nettopp i Sunnfjord du legg ditt neste arrangement eller feiring?

scandichotels.no

M I D D E L H AV E T S PERLER PÅ E N S N O R Cruise i Middelhavet 2018 - med verdens største cruiseskip Symphony of the Seas Stig ombord i Barcelona eller Roma, og vi setter kursen mot historiske byer, sjarmerende middelhavsstrender med azurblått vann, fargerike murhus og koselige fiskerestauranter langs bryggekanten. Du bor på et flytende hotell med et hav av fasiliteter, og får en unik kombinasjon av sol, badeferie, storbyferie og opplevelsesferie.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

17


AKTIVITET

Vandringsreise til flotte

Bad Gastein

MED UTFLUKT TIL SALZBURG OG GROSS GLOCKNER Midt i Salzburgerland i Østerrike ligg Bad Gastein. Allereie i middelalderen var byen kjend for sine kurbad og varme kjelder, men framstår i dag meir som ein stad med utgangspunkt for vandring i den vakre naturen, både i høgfjellet og for kortare turar. Etter dei gode tilbakemeldingane for turen i 2017, set vi den igjen på programmet. I Gasteinerdalen er det ei mengde ulike vandreturar å velje mellom, frå lett vandring der turen går i nærområdet til byen, til dei lengre turane i alpeterreng.

Vi skal ha ei veke med 3 -4 dagar lett vandring som dei fleste med «friske føter» kan klare. Vi har utflukt til Salzburg og om veret er godt blir det dagstur med buss til fjellpasset «Grossglocner Hohenstrasse» og Heiligenblut.

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr15.100,Tillegg enkeltrom ...............................................kr 770,Antal dagar......................................................................... 8 Avreisedato......................................................................... 18/6 2018 Returdato ........................................................................... 25/6 2018 Irekna i turpris: Fly Bergen – Munchen t/r | Transfer Munchen – Bad Gastein t/r | 7 netter i delt dobbeltrom på Hotel Elisabethpark | 7 frokost, 7 middag, 4 lunsj | Utflukt iflg program | Reiseleiar Aud Lundeland.

Vandringsreise til

Santiago de Compostela Historiske kyrkjer og kloster, imponerande katedralar og pittoreske byar. På vår vandring langs pilegrimsruta, kjem vi forbi vinmarker, høgslette og fjellområde. På eigne bein føl vi den meditative reisa pilegrimar i meir enn eitt tusen år har gjennomført med vandrestav i handa og endemålet – den heilage Jakob si grav – for auge. Vi har gjort turen komfortabel. Vi søv på hotell, får servert gode måltid og smakar på lokalprodusert vin. Bagasjen blir frakta med buss. Det einaste du har med på vandringa er tursekk med det du treng for dagen. Langs heile vegen kan ein få kjøpe både mat og drikke. Ein treng ikkje vere topptrent for denne turen, men vere i vanleg god form og vant med lengre etappar. 18

FERIEmagasinet 2018

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr14.770,Tillegg enkeltrom ...............................................kr 2.700,Antal dagar......................................................................... 7 Avreisedato......................................................................... 30/9 2018 Returdato ........................................................................... 6/10 2018 Irekna i turpris: Fly t/r Bergen – Madrid | 6 netter i delt dobbeltrom | 6 frukost, 6 middag | Buss og bagasje transport | Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.


Vandring i Andalucia, Sør-Spania

El Caminito del Rey

Sør i Spania ligg Andalucia og det er her tyrefekting og flamenco kjem frå. Ute ved kysten ligg feriebyane på rad og rekke, med shopping og strandliv. Lenger inne i landet ligg fjellkjedane saman med dei kvite landsbyane. Vi skal til Antequera og Ronda som ligg vest i fjella, og vi avsluttar med ein dag ved kysten. 4 av dagane skal vi bruke til turgåing. Alle turane er overkommelege om du er vant til å gå lettare fjellturar. Kongestien «El Caminito del Rey» er ikkje for dei med ekstrem høgdeskrekk, men det er ein fantastisk tur.

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr15.500,Tillegg enkeltrom ...............................................kr 2.500,Antal dagar......................................................................... 8 Avreisedato......................................................................... 15/9 2018 Returdato ........................................................................... 22/9 2018 Irekna i turpris: Fly Bergen – Malaga t/r | 7 netter i delt dobbeltrom | 7 frukostar, 2 lunsjar, 7 middagar | Buss og lokal turguide i Spania | Turleiar Aud Lundeland.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

19


Yogareiser til Italia

IlConvento DET GAMLE KLOSTERET ABBAZIA DI SAN PIETRO ER OMKRANSA AV OLIVENLUNDAR, STORE LAUVTRE OG VINRANKAR SÅ LANGT AUGET KAN SJÅ.

Gunhild Giil Desilets er yogalærar på reisa. Ho har praktisert yoga i mange år og har idag eige yoga-studio i Florø. «Etter berre ein time med Hatha yoga i USA i 2002 blei eg ‘hekta’ på yoga. Ein time på matta hadde gitt meg ein så sterk lykkefølelse at eg visste på slutten av den første timen at dette var eg nødt til undervise til andre. I 2007 utdanna eg meg til yogalærar med bakgrunn Ashtanga yoga frå Red Lotus School of Yoga i Michigan, USA. Eg har hatt gleda av å undervise yogis i alder 0-97 år i Norge, USA og Australia. I timane mine deler eg dei mentale, emosjonelle, fysiske og spirituelle godene frå yoga og meditasjon. Yoga er alt dette for meg. Yoga er heile pakken!»

REISEFAKTA

Turpris.................................................................. kr12.900,Tillegg enkeltrom................................................ kr1.900,Antal dagar..........................................................................7 Avreisedato.......................................................................... 18/5 2018 Returdato.............................................................................. 24/5 2018 Irekna i turpris: Flyreise Oslo – Roma t/r | Busstransfer frå Roma til Trevi | 6 netter i delt dobbeltrom på Il Convento | Vin til enkelte måltid | 6 frukost, 5 lunsj og 5 middag | Gunhild som yoga instruktør | 2 varierte yoga økter kvar dag | Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

20

FERIEmagasinet 2018


REISEFAKTA

Turpris.................................................................. kr13.900,Tillegg enkeltrom................................................ kr1.900,Antal dagar..........................................................................8 Avreisedato.......................................................................... 20/9 2018 Returdato.............................................................................. 27/9 2018 Irekna i turpris: Flyreise Bergen – Roma t/r | Busstransfer frå Roma til Trevi | 7 netter i delt dobbeltrom på Il Convento | Vin til enkelte måltid | 7 frukost, 6 lunsj og 6 middag | Anette som yogainstruktør | 2 varierte yogaøkter kvar dag | Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Yoga

Anette Eide Røsandhaug er yogalærar på reisa. Kjent og kjær for mange. Anette har praktisert yoga i mange år og tok si første yogalærar-sertifisering i 2012, i Hatayoga. I 2014 tok ho nok ei lærarutdanning og blei sertifisert i Ashtanga yoga. For Anette er yoga blitt mykje meir enn trening. Det er ein livsstil som fargar tankar, haldningar og handlingar. Ho ønsker å dele sin lidenskap med fleire – og at du og skal få finne velvære, aksept, styrke og ro ilag med ho – på yogamatta i vakre Umbria.

Eit vakkert kloster med ein unik atmosfære. Den eldste delen av klosteret er frå 1158 og vart mest truleg bygd for å gje pilegrimar på veg frå Roma til Palesina ein stad å kvile. Klosteret ligg ved den sjarmerande byen Trevi i Umbria. Umbria vert gjerne omtala som Italias grøne hjarte. Området er kjent for sitt gode kjøkken og fantastiske viner. Her er masse historie og mange flotte middelalder byar med ein heilt eigen atmosfære. Regionen ligger syd for Toscana, ca 2,5 timars køyretur nordaust for Roma. Byen Trevi ligg i gåavstand frå klosteret, hit er det fint å ta ein spasertur for ein kopp cappuccino eller for å handle italienske produkt som kasjmir, silke og skinn. Sidan klosteret er stort er det lett å finne seg ein rolig plass for seg sjølv om du ønsker det. Det er basseng i klosterhagen så det er mulig å få seg ein forfriskande dukkert. Vi inviterer til ei veke med ro og harmoni og masse yoga. Mange grupper reiser fast til dette klosteret kvart år for å utøve yoga. Ein oase for yogis!

Travelnet Fjordane Reisebyrå

21


Treningsreise med Yngvar Andersen til

Palma de Mallorca Den spanske øya lokkar med vakre strender, deilig tapas og solrike dagar. Legg til trening med Yngvar Andersen – og du har den ultimate ferien! Vi bur på fantastiske Maritim Galatzo Hotel, ved Costa de la Calma. Frå hotellet er det flott utsikt over Middelhavet. Området i og rundt hotellet er perfekt for trening. På hotellet er det eit flott spa område og eige treningsrom. Romma er moderne og delikate. Hotellet ligg ca. 30 minutt frå flyplassen, 15 km frå Palma sentrum og berre 5 km frå Magaluf og Palma nova. Frå hotellet til stranda i Paguera er det 2 km – ca. 20 minutt gåavstand. Fine stiar å gå og springe på! I løpet av denne veka hentar vi ny energi, blir sterkare og kjem i betre form under kyndig rettleiing frå Yngvar. Det er to treningsøkter kvar dag. Treningsopplegget høver for både kvinner og menn. Kvar enkelt vil få god råd om smarte måtar å trene på. Vi har treningsreiser med avgrensa tal deltakarar, noko som fører til god individuell oppfølging. Kombiner gleda av å bruke kroppen aktivt to økter kvar dag, med mykje sosialt fellesskap, fellesmåltid med lokal mat og drikke, utflukter, sol og bad.

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr15.990,Tillegg enkeltrom ...............................................kr 2.550,Antal dagar......................................................................... 8 Avreisedato......................................................................... 23/9 2018 Returdato ........................................................................... 30/9 2018 Irekna i turpris: Trening med Yngvar Andersen | Flyreise Oslo – Palma Mallorca t/r | 7 netter i delt dobbeltrom på Maritim Galatzo Hotel | Buss transfer flyplass – hotell t/r. | Utflukt på Mallorca | 7 frukostar, 6 middagar.

22

FERIEmagasinet 2018


FÅ NY ENERGI, KOM I FORM TIL SOMMAREN – ELLER TA VARE PÅ DEN FORMA DU HAR

Treningsreise med Spenst Sogn og Fjordane til

Dubrovnik

På treningsreise med Spenst til Dubrovnik møter du andre treningsglade folk, du får gode treningsråd frå dyktige instruktørar og ei veke med variert trening i godt klima. Ein kickstart på sommaren 2018! Tema for treningsturen er målretta, morosam og variert trening med instruktørar frå Spenst. Det blir felles trening to gongar om dagen, felles måltid og sosialt samvær med nye treningsvener.

Vi bur på Lacroma som kanskje har Dubrovnik sitt beste spa. Massasje er godt for såre musklar etter treningsøktene. Gled deg til fellesskap, aktivitet og ny motivasjon denne veka og få ein forsmak på sommaren. Vi har treningsreiser med avgrensa antal deltakarar, noko som gjer god individuell oppfølging. Kombiner gleda av å bruke kroppen aktivt med mykje sosialt fellesskap, fellesmåltid med lokal mat og drikke, utflukter, sol og bad.

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr11.950,Tillegg enkeltrom ...............................................kr 3.300,Antal dagar......................................................................... 8 Avreisedato......................................................................... 5/5 2018 Returdato ........................................................................... 12/5 2018

Irekna i turpris: Flyreise t/r Bergen – Dubrovnik | 7 netter i delt dobbelt rom på Hotel Lacroma | Frukost og middag alle dagar | Transfer til og frå flyplassen | Treningsinstruktørar frå Spenst.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

23


Varebilar Stasjonsvogner

Kontakt oss når du treng leigebil, vi finn alltid ei løysing!

Personbilar Skadd bilen? Dei fleste bilforsikringsselskapa tilbyr fri leigebil ved kaskoskadar. Sjekk at det er leigebildekning i forsikringa di og ta kontakt med oss for avtale.

Fjordane Bilutleige tlf. 57 72 50 80 FØRDE • SANDANE • STRYN • FLORØ • MÅLØY • SOGNDAL

RUTEBILSTASJONEN • FØRDE

FIRDA BILLAG BUSS AS – din samarbeidspartnar når du skal på tur

Bestill bussturen din hos TURBILAVDELINGA Firda Billag Buss AS Tlf. 57 72 50 26 • turbuss@firda-billag.no • www.firda-billag.no

24

FERIEmagasinet 2018

findriv.no

Treng du leigebil?

VI TILBYR EIT STORT OG BREITT UTVAL AV BILAR


På tokt med Galeasen Loyal og Dag Lindebjerg til Fair Isle og Shetland

På nytt vil vi invitere dykk med på ei tokt med Galeasen Loyal. Loyal vart i hovudsak bygd med tanke på fiskehandel ved Island og Nordland, der veret kunne setje store krav til skutene. Det var mange av jektene som havarerte, og galeasane tok meir over då dei var større og meir sjødyktige. Loyal vart bygd då folk frå Haugesund starta med fraktfart på dei store hav. Etter at den store depresjonen i skipsfarten kom, vart det for mange slutt på skipsfart, men Loyal «overlevde», og har sidan 1881 vore innom ei rekkje hamner i Europa. Ho vart mellom anna brukt til å frakte sild frå Island, klippfisk til Chile, og har vore i New York med kopar til Frihetsgudinna. Første motor vart sett inn i 1932, men hadde segl til 1950-åra. I 1974 vart skuta kjøpt av John Hausberg, som saman med sonen restaurerte den tilbake til seglskute. Loyal går no i kommersiell fart, og intensjonen er å ivareta og vidareformidle sjøfartstradisjonane på ein levande måte. Det er no Stein Arve Olsen som eig Loyal, og skuta er i dag heimehøyrande i Florø.

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr11.450,Tillegg enkeltrom ...............................................kr 1.200,Antal dagar......................................................................... 7 Avreisedato......................................................................... 17/6 2018 Returdato ........................................................................... 23/6 2018

Irekna i turpris: Hjellestad – Fair Isle – Lerwick – Hjellestad | 6 netter i Banja | kost og losji om bord på Loyal | Transfer (traktor) på Fair Isle | Transfer buss som skissert i programmet på Shetland | Ferje billettar som skissert i program på Shetland | Inngangsbillettar i samsvar med program | Kjentmann Dag Lindebjerg, som skissert i programmet. Travelnet Fjordane Reisebyrå

25


Hebridene PÅ KANTEN AV VERDA MED EIN SMAK AV SKOTTLAND

Det er National Geographic sin påstand at Hebridene ligg «på kanten av verda» og skriv vidare at «i tusenvis av år har en liten befolkning klynget seg til det siste stormfulle landet ytterst ut mot Nord-Atlanteren: Hebridene utenfor kysten av Skottland.» Det er totalt over 500 større og mindre øyar i øygruppa som vert omtala som indre og ytre Hebridene, men berre i underkant av 100 av desse har busetnad. På vår tur skal vi gjere oss kjende med Ytre Hebridene. Det er dramatiske geologiske omveltingar som har forma øyriket. Tidlegare høyrde Hebridene til Norge. No er dei ein del av Skottland. Saman med Dag Lindebjerg som kjentmann, skal vi vitje Hebridene midtsommaren 2018. Med si brennande interesse for øyane, historia, kulturen og folket vil han med sin fengjande forteljarkunst dele sin kunnskap om både 6000 år historie og kvardagsliv i notid. Nytt høvet, dette er eit reisemål utanfor vanleg allfarveg!

26

FERIEmagasinet 2018

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr20.980,Tillegg enkeltrom ...............................................kr 3.400,Antal dagar......................................................................... 7 Avreisedato......................................................................... 28/6 2018 Returdato ........................................................................... 4/7 2018 Irekna i turpris: Fly Bergen – Aberdeen t/r | Fly Aberdeen – Stornoway | Flyskattar og avgifter | Overnatting i delt dobbeltrom | Måltid etter oppsett program | Utflukter i samsvar med program | Kjentmann Dag Lindebjerg.


I vikingane sine fotefar til “Vesterhavsøyane”

MED DAG LINDEBJERG SOM KJENTMANN 60 mil vest for Bergen dukkar Færøyene opp av havet. Eit eventyrleg øyrike som ligg berre ein god times flytur frå Norge. I ei omfattande undersøking som tidsskriftet National Geographic gjorde i 2007, gjekk Færøyene til topps som det mest innbydande øy-reisemål i verda! Med topplassering framfor eksotiske øyar som Bermuda og Hawaii, fekk Færøyene desse kommentarane frå eit panel som var samansett av over 500 reise-spesialistar: «Deilige upolerte øyer – en fryd for den reisende. Et prektig isskapt

landskap med utrolig bratte skrenter. Eit samstemt lokalsamfunn og en egen bygningskultur som er fornuftig bevart og vernet ..» I år vert denne turen litt annleis enn dei tidlegare turane våre til Færøyene. Dag Lindebjerg vil i tillegg til å fortelje historia om øyane og la oss bli kjent med folket her, ta oss med på fleire fjellturar. Både øya Koltur, Vidareidi og Færøyene sitt høgste fjell, Slettatindur, står på menyen.

REISEFAKTA

Turpris.............................................................. kr17.990,Tillegg enkeltrom ........................................... kr 2.990,Antal dagar.....................................................................6 Avreisedato..................................................................... 11/7 2018 Returdato ....................................................................... 16/7 2018 Irekna i turpris: Flyreise Bergen – Torshavn t/r | Flyskattar og avgifter | Transferbuss og annan busstransport | 5 netter i delt dobbeltrom med frukost | Utflukter i samsvar med program | Måltid som skissert i program | Kjentmann Dag Lindebjerg. Travelnet Fjordane Reisebyrå

27


TEMA

og Shetland MED DAG LINDEBJERG SOM KJENTMANN

Ei reise til Orknøyene og Shetland er ei reise attende i historia. Folket her har sterke band til Skandinavia heilt frå vikingane inntok øyane for meir enn 1000 år sidan. Her finn vi eit vakkert, grønt landskap og vi vitjar mange historiske attraksjonar. På heile turen nyt vi god mat og eit gjestfritt folkeferd i vakre og rolege omgjevnader. Ver med oss på reisa til øyane vest i havet. Det vert tre netter i Kirkwall på Orknøyene, ei natt på ferja over frå Orknøyene til Shetland og tre overnattingar i Lerwick på Shetland.

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr20.950,Tillegg enkeltrom ...............................................kr 2.990,Antal dagar......................................................................... 8 Avreisedato......................................................................... 28/7 2018 Returdato ........................................................................... 4/8 2018 Irekna i turpris: Flyreise Bergen – Kirkwall, retur Shetland – Bergen | Transferbuss og annan busstransport på Orknøyene og Shetland | 7 netter i delt dobbeltrom/lugar med frukost | Ferjebillett Kirkwall til Lerwick | Inngangsbillettar i samsvar med program | Måltid som skissert i programmet | Kjentmann Dag Lindebjerg.

28

FERIEmagasinet 2018


NY TUR TIL

Irland MED DAG LINDEBJERG SOM KJENTMANN

Det er vanskelig å ikkje falle for Irland. Grøne enger med kvite flekkar av beitane sauer, små landsbyhus med fargesprakande dører og livlige pubar med musikk og svart, skummande Guinness-øl. Alt dette finn vi i Irland saman med spektakulære naturopplevingar og fascinerande kultur. Irland er gjennom år blitt invadert av både nordmenn, engelskmenn og skottar. Vi skal saman med Dag få vitje dette herja, flotte landet med si dramatiske historie. På heile reisa møter vi eit venleg og imøtekomande folkeferd. Her får vi sjå store attraksjonar og oppleve den dramatiske Atlanterhavskysten der klippane går bratt ned i havet ved dei 200 meter høye Cliffs of Moher. Ei reise med stort mangfald.

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr19.700,Tillegg enkeltrom ...............................................kr 4.080,Antal dagar......................................................................... 8 Avreisedato......................................................................... 13/8 2018 Returdato ........................................................................... 20/8 2018

Irekna i turpris: Flyreise Bergen – Dublin – Bergen | Flyskattar og avgifter, pr. 1. november 2017 | 7 netter i delt dobbeltrom med frukost | Transferbuss og annan busstransport | Inngangsbillettar i samsvar med program | Lokale guidar som i program | Måltid i samsvar med program | Kjentmann Dag Lindebjerg.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

29


Sør-Afrika

30

FERIEmagasinet 2018


The Rainbow Nation OPPLEV MANDELA SITT LAND! SØR-AFRIKA HAR VUNNE EIT UTTAL PRISAR. VAKRASTE LAND, VENLEGASTE MENNESKE, VAKRASTE KYSTSTRIPE - FOR BERRE Å NEMNE NOKO. Ikkje utan grunn skryt dei av tilnamnet «A world in one country». Få ein smakebit av Johannesburg med Soweto, safari, verdas eldste menneskelege busetting og vakker natur i overflod. Fantastisk mat og herlege vinar. Vi avsluttar i Cape Town, der Robben Island og Table Mountain er sjølvsagte stadar. Møt spanande menneske med unike historier. Vi møter mellom anna Christo Brand, Mandela sin eigen fangevaktar i mange år, som vart hans personlege ven. Christo følgde han frå fengselet og vidare inn i presidentbustaden. Han skreiv seinare boka «Doing life with Mandela. My prisoner, my friend». Her står opplevingane i kø!

REISEFAKTA

Turpris.............................................................ca kr 32.000,Tillegg enkeltrom ..........................................ca kr 3.000,Antal dagar......................................................................... 13 Avreisedato......................................................................... 1/10 2018 Returdato ........................................................................... 13/10 2018 Irekna i turpris: Fly frå Oslo/Bergen – Johannesburg/Cape Town | Overnatting i delt dobletrom | Heilpensjon | Lokale guidar | Utflukter i følgje program | Turleiar Leon Haugsbø.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

31


God mat, opplevelser og aktiviteter for hele familien

Jubileum

Familie og venner samles til en minnerik feiring

Jubileum på Pers Hotell

Pers Hotell på Gol er et av Norges beste opplevelseshoteller med mange aktivitetsmuligheter for hele familien. Her er det kort vei til flere familieparker, attraksjoner, golfanlegg og skisenter, god mat og personlig service. Pers er et populært reisemål for feiring av runde år og andre jubileum.

Spør oss om våre jubileumspakker!

TROPICANA BADELAND • RESTAURANTER • ERIK’S GRILL & SPORTSBAR • BOWLING • BARNE DISCO • LEKEROM • BIBLIOTEK • FAMILIEPARKER

Opplevelseshotellet i Hallingdal

Priser og overnatting Fra kr 995,- pr person pr. døgn inkl. halvpensjon f.o.m. middag fredag t.o.m. frokost søndag. Våre jubilanter får oppgradert rom uten tillegg i prisen, samt en liten overraskelse på rommet ved ankomst.

Telefon 3202 3000 • www.pers.no 32

FERIEmagasinet 2018

Opplev Island og Færøyene V i sk r e dde r syr r e i se r t i l Isl and og F æ r øye ne

Firmaturer - Rundreiser med guide - bilferie - vandreturer - sykkelferie - aktiv ferie

Land og Saga

Reise med norsktalende guide på Island inkl. fly, overnatting, utflukter og måltider 2.-6. mai • 20.-24. juni • 19.-23. sept. Pris fra kr 12.990,-

Opplevelser på Færøyene 6. - 9. august Reise med norsktalende guide på Færøyene inkl. fly, overnatting, utflukter og måltider Pris fra kr 12.900,-

Island spesialisten

...med hjerte for Island! www.islandspesialisten.no E-post: reise@islandspesialisten.no Tlf: 69 01 78 80


Velkommen

TIL OSET HØYFJELLSHOTELL

Oset ligger på det familievennlige fjellet Golsfjellet og er drevet av 5. generasjon i familien Hesla. Oset er stedet hvor folk føler seg hjemme når de er borte mens man nyter god mat, godt selskap og god service i trivelige omgivelser! Fantastiske mulig-

heter for langrenn og alpin, svømmehall og diverse aktiviteter på hotellet. Ring eller mail oss for et godt tilbud. Med ønske om en god julehøytid fra oss her på Oset - og håp om å se deg/dere her i 2018!

OSET HØYFJELLSHOTELL | Golsfjellet | 3550 Gol i Hallingdal | Tlf. 32 07 95 00 | Booking: oset@oset.no | www.oset.no

ET ARKTISK EVENTYR

Lugar med helpensjon

© JEANNINE DECKX-GIELEN / HURTIGRUTEN

Bli med på et eventyr med nostalgiske MS Nordstjernen langs vestkysten av Svalbard. Vi tilbyr to forskjellige reiseruter i perioden mai til september 2018. Begge varer i seks dager, der en eller to av nettene blir tilbragt på land.

PRISEN INKLUDERER:

Bestill på 57 72 50 70 eller e-post: fjordane@travelnet.no. Priseks. gjelder pr. person når min. to deler innvendig lugar med avreise i 2018. Helpensjon inkludert.

3 timer sightseeing inkl. Camp Barentz og museumsbesøk Ilandsstigninger med småbåter. Aktiviteter om bord og på land Profesjonelt ekspedisjonsteam

Du finn oss også på Facebook og Instagram

Gratis kaffe og te All busstransport

SVALBARD OG ISBJØRNER Bestill hos Travelnet Fjordane. FRA

med MS Nordstjernen

For smakfull catering og andre delikatesser, sjå www.askvolldelikatesser.no | Tlf 57 73 22 07

11 044,–

Velkommen til ei

smakfull oppleving i vakre Askvoll Opningstider: Mån–fre: 09.00-16.30 | Lør: 09.00-15.00

Travelnet Fjordane Reisebyrå

33


HØVER DENNE TUREN FOR MEG?

Santiago de Compostela: Høver for deg som har relativt god kondisjon og er van til å gå. Dagsetappane ligg mellom 16 og 25 km dagleg. Terrenget er småkupert og lett, og underlaget varierer mellom grusvei, asfalt og sti. Bagasjen blir transportert, du ber kun din eigen tursekk. Du går i eige tempo. Reiseleiaren vil alltid gå bakerst i gruppa.

Andalucia:

Bad Gastein:

Yogareiser:

Treningsreiser:

Dersom du er i normalt god form og van til å gå lengre spaserturar, kan du vere med oss på vandring på fottur i Andalucia. Turen vert rekna som «middels krevjande» med nokre dagsetappar med ein del høgdeskilnad. Vi vandrar i trapper og på smale stiar der det på enkelte stadar kan vere litt «luftig». For dei med høgdeskrekk kan El Caminito Del Rey vere utfordrande.

Dersom du er i normalt god form og er van til å gå i terreng, kan du vere med oss på fottur i Bad Gastein. Denne turen er lagt opp med vandring i lett Alpelandskap, og kan passe for dykk som likar å gå i naturen. God kondisjon og friske bein er sjølvsagt. Byvandring ca. 2-3 t på asfalt/brustein i Salzburg.

Begge turane passar både dei som har praktisert yoga tidlegare og dei som ikkje har erfaring frå før. Både Gunhild og Annette har lange erfaring frå studio og er flink å tilrettelegge for kvar enkelt. Viktig at alle har med eiga Yogamatte og eit godt pledd til avspenning.

Er du glad i å trene allsidig og er i vanleg god form passar turen for deg. Kvinne som mann. 2 gongar dagleg er det treningsøkter på ca. 1 time med variert treningsprogram. Øktene er varierte og oftast utandørs. I tillegg til sjølve treninga på turen får ein med seg kunnskap og motivasjon til eigentrening heime.

VILKÅR OG VIKTIG REISEINFORMASJON – LES DETTE FØR DU MELDER DEG PÅ TUREN BETALING Kort tid etter registrert påmelding sender Travelnet Fjordane Reisebyrå ut stadfesting av tinga tur og faktura for depositum. Depositum kan variere frå tur til tur. Faktura for sluttinnbetaling vert sendt ut 6 - 8 veker før avreise. AVBOD Kvar tur har sine avbodsreglar som blir sendt ut ilag med faktura for depositum. For dei som betaler depositum ved påmelding på nett, vert dette sendt til kunde etter registrering. AVBOD VED SJUKDOM Kontakt forsikringsselskap for å sjekke at avbodsforsikring er irekna privat reiseforsikring. Om den ikkje er det, bør du ordne dette før du tingar turen. Denne forsikringa gjev den reisande rett til fritt avbod dersom det før avreise oppstår alvorleg sjukdom eller død hjå den reisande sjølv eller i den næraste familie. Det må framleggas lækjarattest. TILSKIPAREN SINE RETTAR Tilskiparen tek atterhald om prisendring som skuldast auke i skattar og avgifter, endring i valutakursar, eller tilsvarande omstende som tilskiparen ikkje rår over. Tilskiparen tek også atterhald om endringar som kan kome etter at magasinet er trykt, vedkomande reiserute, hotell, utfluktsprogram, reiseleiar og liknande grunna omstende som tilskiparen ikkje rår over. Tilskiparen tek også atterhald om trykkfeil i programmet. TILSKIPAREN SIN RETT TIL Å ANNULLERE TUREN Tilskiparen kan annullere turen om det er for få påmeldte. Turtilskiparen kan også annullere turen dersom det kjem til utanforståande forhold som gjer det vanskeleg eller uforsvarleg å gjennomføre turen. KLAGER FRÅ DEN REISANDE Klager over manglar undervegs (overnattingsstadar, mat, utflukter m.m.) må meldast snarast råd til turleiar. Dersom dette ikkje vert gjort, tapar den reisande klageretten.

34

FERIEmagasinet 2018 2018 FERIEmagasinet

DEN REISANDE SINE PLIKTER Den reisande er sjølv ansvarleg for å ha med naudsynt papir (pass, visum o.l.) for reisa. Dersom den reisande ikkje kan ta hand om seg sjølv, eller er til sjenanse for medreisande, kan vedkomande måtte avbryte reisa undervegs og betale dei ekstrakostnader dette vil medfører. Turdeltakarar som er avhengig av hjelp, må ha med reisefølgje. MEIR UTFYLLANDE VILKÅR om kva rettar og plikter som gjeld mellom den reisande og reisetilskiparen kan den reisande få hjå Travelnet Fjordane Reisebyrå. KVA SOM ER IREKNA I TURPRISEN Dette står spesifisert under kvar tur i turprogrammet. REISEFORSIKRING Alle må ha reiseforsikring. Dette ordnar du hjå ditt forsikringsselskap. PERSONAR SOM REISER ÅLEINE og ikkje har nokon å dele rom/lugar med, må betale tillegg for enkeltrom eller single lugar EUROPEISK HELSETRYGDKORT Du kan tinge Europeisk helsetrygdkort her på helsenorge.no, eller ved å ringe 800HELSE (800 43 573). Kortet er eit prov på at du er medlem i norsk folketrygd og at du dermed har same rettane til medisinsk hjelp i eit EØS-land som innbyggarane i landet du reiser til ANNAN INFORMASJON Oppmøtetider, avreisestad o.l. vert sendt ut ca. 2 veker før avreise . REISELEIAR Det ikkje er gyldig avbodsgrunn om publisert reiseleiar må melde forfall før avreise. Reisebyrået er ansvarleg for å skaffe ny kvalifisert reiseleiar til turen.


RUNDREISE PÅ

Sri Lanka Sri Lanka vart kåra til verdas reisemål i 2013 av Lonely planet. Landet er ei natur- og kulturperle med heile 8 stader på Unesco si verdsarvliste. Til dette spennande reisemålet inviterer Sunnfjord Folkehøgskule i samarbeid med Travelnet Fjordane Reisebyrå dykk med på ein mangfaldig kultur og naturoppleving. Her står høgdepunkta i kø og i løpet av desse dagane vert det mange inntrykk. Reisa er ikkje berre for å oppleve natur og kultur, men for å møte det omfattande kristne og sosiale arbeidet som vert drive av YMCA på Sri Lanka. Vi skal besøke Kamam Folk High School og treffe fleire av elevane som har vore på Sunnfjord Folkehøgskule dei siste åra. Turleiar og kjent kvinne på reisa er Jorun Knapstad, rektor ved Sunnfjord Folkehøgskule.

REISEFAKTA

Turpris..................................................................kr19.500,Tillegg enkeltrom ...............................................kr 4.500,Antal dagar......................................................................... 13 Avreisedato......................................................................... 8/6 2018 Returdato ........................................................................... 20/6 2018 Påmelding til Jorun Knapstad på e-post til: rektor@sunnfjord.fhs.no Irekna i turpris: Flyreise med Emirates frå Gardermoen – Sri Lanka t/r | Transport på Sri Lanka | Overnatting i delt dobletrom | Full pensjon på reise 09. – 17. juni | Visum til Sri Lanka | Inngang/besøk etter program | Lokalguidar | Reiseleiar Jorun Knapstad.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

35


F O R T H E FA M I L I E S .

Velkommen til TUI. Nye måter å reise på, nye måter å bo på, nye steder å oppdage, og mer av alt. Så uansett om du reiser med familien eller på egen hånd, vil trene eller være lat, komme tilbake til det kjente eller oppdage noe nytt har vi noe for deg. Kan det være at familieferien står øverst på listen skal du ta en titt på våre TUI Family Life eller Blue Starhotell. Her kan dere treffe Bamse, bade, trene og spise godt. Velkommen til Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Feriemagasinet 2018 Travelnet Fjordane reisebyrå  
Feriemagasinet 2018 Travelnet Fjordane reisebyrå  
Advertisement