Page 1

INFORMASJON

20 13 18. årgang - Nr. 2

REISER | OPPLEVINGAR | TRENING | KULTUR | MAT

NR. 2

ITALIA

FÆRØYANE HURTIGRUTA

KRAKOW

RØROS DUBROVNIK

MALTA

KAUKASUS

CINQUE TERRE

CUBA

CORNWALL

ISLAND HARDANGER

FLÅM ELVECRUISE GDANSK ANDALUCIA

GEORGIA

OSET GIBRALTAR

AUSCHWITZ

www.fjordanereisebyra.no

FJORDANE REISEBYRÅ


førde Hovudkontor Førde tlf. 57 72 50 70 | fax 57 72 50 71 fjordane@travelnet.no Frå venstre: Aud M. Støfring Gro Anita Ratvik Anne Oline F. Gullaksen Solfrid Vie Pettersen Ingunn Herstad Jorunn Vågen

Du finn oss i Rutebilstasjonen i Førde. Velkommen inn!

Sandane Avdelingskontor Sandane tlf. 57 72 50 90 | fax 57 72 50 91 sandane@travelnet.no Du finn oss i Rutebilstasjonen på Sandane. Velkommen inn! Frå venstre: Marianne Ryssdal Sæther Svein Ryssdalsnes Solbjørg Kirkeeide

sogndal Avdelingskontor Sogndal tlf. 57 72 57 50 | fax 57 72 57 51 sogndal@travelnet.no Du finn oss i Skysstasjonen i Sogndal. Velkommen inn!

Frå venstre: Jorunn Lerum Westli Kjetil Bakken

bringeland Frå venstre bak: Edvard Tefre Åge Romarheim Arve Svalheim Vincent Yndestad Cathrine Scheflo Frå venstre framme: Arild Vindheim Kjell Ove Kusslid Monica Øvretvedt Agnete Smelvær

Velkomen til oss!

Flyplassen Bringeland tlf. 57 71 81 50 | fax 57 71 81 51 forde@wideroe.no Held til i Widerøe sine lokale på flyplassen på Bringeland.

Følg oss på

Utgjevar: TRAVELNET Fjordane Reisebyrå | Ansvarleg redaktør: Anne Oline F. Gullaksen | Opplag: 38.000 | Grafisk utforming: findriv.no | Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk


God tur! Det heiter at ein god ting ikkje kan informerast om for ofte... og difor er eg glad og stolt over å presentere utgåve nr. 2 av Ferieavisa vår i 2013. Mange av kundane våre ønskjer å planlegge ferieturen i god tid. Vi har difor no laga denne litt enklare utgåva av avisa som ein førehandsinformasjon. Vi legg spesielt vekt på turar som går i første halvår av 2014. Pluss eit par turar på tampen av året i år. Som vanleg har vi laga eit variert turprogram som er inndelt i «innanlandsturar», «utanlandsturar» og «temareiser». Her finn du turar som går med fly, buss, eller båt og med reiselengde frå to dagar til to veker. Eit program med turar for ein kvar smak. Det er mange nye turar og eg kan ikkje nemne alle. Eg har nettopp vore på vakre Malta og kan seie til reiseglade sogningar og fjordingar at de må nytte høvet til å vitje denne perla i Middelhavet. Vandreturar er populært. Vi har Pilgrimsvandring i England og vandring mellom små fiskarlandsbyar på den Italienske Rivieraen, Cinque Terre. Vi har turar til Cuba og Færøyane, til dei fleste hjørne av Europa og sjølvsagt vakre turane til reisemål i vårt eige land.

Eg håpar at de vil kose dykk med avisa. Kom i reisemodus og bruk dei mørke haust- og vinterkveldane til å planlegge turar saman med oss. Vi gledar oss til å høyre frå dykk! Vent ikkje for lenge med påmelding – då kan det vere fullteikna. Meir informasjon finn du også på www.fjordanereisebyra.no

God reise! Anne Oline F. Gullaksen

Innanlandsturar 2013-2014 Reisemål

Reisedato

Transport

Reiselengde

Side

2013 Julemarked på Oset Høgfjellshotell

04. desember

buss

3

4

2014 Røros Vårtur med Hurtigruta, rundreise Hardanger, med kortreist mat og drikke på menyen Midtsommartur med Hurtigruta Flåm

17. februar 22. apil 24. juni 29. juni 21. september

buss båt buss fly/båt buss

4 11 3 7 2

5 6 5 6 5

Utanlandsturar 2013-2014 2013 Krakow med Auschwitz

26. november

fly/buss

5

4

2014 Malta Dubrovnik - Cavtat Elvecruise med Rutebilhistorisk forrening Cornwall - Englands riviera Gdansk Andalucia og Gibraltar

05. april 03. mai 24. mai 12. juni 28. august 27. september

fly fly fly/båt fly/buss buss fly

8 8 11 8 7 8

7 8 9 8 9 8

fly fly/fot fly/fot fly/buss fly/buss fly/buss

12 7 8 9 7 5

10 10 10 11 11 12

Tematurar 2014 Cuba Cinque Terre Lindisfarne til fots Georgia og Kaukasus Rundreise Sør- Island Færøyane med Dag Lindebjerg

18. januar 10. mai 07. juni 03. august 19. august 03. juli


2013

Krakow– ein av dei vakraste byane i Europa Krakow, «den kulturelle hovudstaden i Polen» er ein av dei vakraste byane i Europa og er eit svært populært turistmål. Gamlebyen, med middelalder- og renessansearkitektur og gotiske kyrkjer, står på UNESCO si Verdsarvliste. Dei fleste attraksjonane ligg i gangavstand til kvarandre, så det er ikkje noko problem å kome seg rundt på eiga hand. Det er ein attraksjon i seg sjølv å rusle på brusteinsgatene og ta ein avstikkar innom ein av dei mange kafeane og barane som er lokalisert i dei gamle mursteinskjellarane. Ein fleire hundre års gamal tradisjon er julemarknaden på torget i byen. Denne er nett opna når vi kjem på vitjing og det vert gode høve for å nyte livet og stemninga her, samstundes som ein

kanskje til og med kan gjere seg ferdig med julehandelen? Ein skarp kontrast til den julepynta byen, den gode maten og dei glade menneska er utflukta vi tek til konsentrasjonsleirane frå 2. verdskrig, Auschwitz og Birkenau. Sjølv om det er ei vond oppleving, vil ein få med seg nokre timar historie som ein aldri vil gløyme og som ein i ettertid vil vere glade for å ha sett og høyrt… Vi tek også turen til saltgruva Wieliczka. Eit av Polen sine verdfulle kulturelle og historiske monument. Saltgruva var i mange år grunnsteinen i Polsk økonomi. Kvar generasjonar av salt-gruve arbeidarar har laga skulpturar og små kapell inne i gruva. I det store kapellet , om lag 130 m under bakkenivå er til og med dei gedigne lysekrunene laga av salt! Som du skjønar - dette er ein variert tur med mange inntrykk. Ein del av historia vår som ein bør få med seg.

5

-dagars tur Avreise : 26 . no v.

REISEFAKTA Turpris: Kr 4.900,Antal dagar: 5 Avreisedato: 26. november 2013 Returdato: 30. november 2013 Tillegg for enkeltrom: Kr 1.000,Irekna i turprisen: • Direktefly t/r Bergen-Krakow • Transfer til/frå hotell • 4 hotell overnattingar i dobbeltrom • 4 frukost og 2 middager • Utflukter til Auschwitz og Saltgruva med lokal guide • Norsk reiseleiar med på turen

Julebord og julemarknad på Oset Høgfjellshotell «Raushet og omsorg siden 1880» er slagordet til Oset Høyfjellshotell. Ver med oss på ein triveleg fellestur og opplev ei varm mottaking, service som er ekte og oppriktig, gode matopplevingar frå eit bugnande julebord. Og sist, men ikkje minst den populære julemarknaden på Oset der lokale utstillarar presenterer handverk av høg kvalitet. Du vil mellom mykje anna finne skinnfell, tekstil, treskjering, lap-

4 www.fjordanereisebyra.no

peteknikk, og hallingkost. Det er gode tilbod frå kjende merkeleverandører, som Magnor, Hardanger Bestikk, Rosendahl og Holmegård. Hotellet legg ellers opp til eit rikhaldig aktivitetsprogram i tillegg til fin dansemusikk kvar kveld. Turen startar med buss frå Førde om morgonen. Denne turen er ein «vitaminpille» som du treng i vintermørkret… Kontakt oss for program.

3

-dagars tur Avreise : 4 . des.

REISEFAKTA Turpris: Kr 3.990,Antal dagar: 3 Avreisedato: 4. desember 2013 Returdato: 6. desember 2013 Tillegg for enkeltrom: Kr 400,Irekna i turprisen: • Turbuss frå Firda Billag • Ferjer • 2 overnatting i dobbeltrom • 2 frukost, 3 lunsj, 2 middag • Program • Turleiar


Innanland

Opplev Rørosmartnan

REISEFAKTA Turpris: Kr 7.795,Antal dagar: 4 Avreisedato: 17. februar 2014 Returdato: 20. februar 2014 Tillegg for enkeltrom: Kr 2.100,Irekna i turprisen: • Turbuss frå Firda Billag • Ferje- og bomutgifter • 3 overnatting i dobbeltrom • 3 frukost, 2 lunsj, 3 middag • Guida tur på Røros • Inngangsbillett i Martnadshallen • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

4

-dagars tur Avreise : 17. feb r.

Bli med på ein tur med mykje moro, mange opplevingar og mykje triveleg sosialt fellesskap. Det seiest at den unike Rørosmartnan bør ein få med seg minst ein gong i livet, men helst kvart år. Rørosmartnan har ei lang historie og kjem frå tida då Røros Kobberverk -som gjorde Røros bergstad til ein travel handelsstad- var i drift. Kobberverkstaden var i drift i 333 år, frå 1644 til 1977. Kob-

berverkstaden og samfunnet rundt den var avhengige av tilførsel av matvarer og forsyningar. Folk kom difor frå alle kantar for å selje varer her på Røros. Den fyrste Rørosmartnan vart arrangert i 1854, men handelen hadde då allereie eksister i eit par århundre. Tilkomsten til Røros var krevjande og alle varer vart frakta med hest og slede, eller kløvd. Dette gjorde vinteren godt egna. Martnan samlar folkeliv, handel, kultur og tradisjonar på ein måte som du ikkje kan oppleve nokon annan stad. Verdskulturminnet Røros Bergstad skapar ei unik ramme for folkefesten.

På denne turen vert det også tid til ein rundtur med lokal guide, der vi mellom anna vitjar den vakre kyrkja frå 1700-talet. Denne litt spesielle vinterturen startar med buss frå Florø om morgonen og reiseruta går via Førde, Skei til Nordfjord og Strynefjellet. Kontakt oss for opplysningar og dag- for dag program.

Nyt smaken av Hardanger

3

Midtsommartur med kortreist mat og drikke på menyen

Flåm med Flåmsbana, Aurland Skofabrikk og Stalheimskleiva På denne turen tek vi deg med gjennom nokre av dei vakraste landskapa i FjordNorge.

2

-dagars tur Avreise : 7. sept.

Turen startar i Førde om morgonen og det vert vitjing på skofabrikken i Aurland og ølsmaking i Flåm før middag og overnatting i Flåm. Neste dag skal vi på tur med Flåmsbana og heimvegen går gjennom dei 13 hårnåls-svingane i Stalheimskleiva og over Gaularfjellet. Ver med oss på tur gjennom vakker vestlandsnatur på bane og vegar som på imponerande vis er skapt med handemakt og dyktig ingeniørkunst for fleire mannsaldrar sidan! Kontakt oss for program.

REISEFAKTA

Foto: Lena Wiberg, Hardanger Saft- og Siderfabrikk

I roleg tempo skal vi reise Hardangerfjorden rundt. Denne turen er lagt opp med korte etappar, vi skal stogge på dei små plassane og ha dei fleste måltid der den kortreiste maten vert servert. Vi unner oss litt luksus på denne turen. I Ulvik skal vi bu på Brakanes Hotel, der vi har utsikt mot fjorden og den storslåtte naturen og i Nordheimsund bur vi på Sandven Hotel, eit ærverdig hotel med historisk sus. Ver med oss og opplev den vakre Hardangerfjorden og bygdene rundt i all sin prakt. Lyse sommarkveldar saman med gode turvener på tradisjonsrike hotell med god mat og sosialt fellesskap. Dette er eit turopplegg som også høver godt for pensjonistlag og andre som vil legge opp til ein eigen fellestur. Kontakt oss for tilbod.

-dagars tur Avreise : 24. jun i

Turpris: Antal dagar: Avreisedato: Returdato: Tillegg for enkeltrom:

Kr 5.450,3 24. juni 2014 26. juni 2014 Kr 450,-

Irekna i turprisen: • Turbuss frå Firda Billag • Ferjer/bompengar • 2 netter i delt dobbeltrom • 3 lunsj, 2 middag, 2 frukost • Omvisning/inngangsbillettar som i program • Reiseleiar

REISEFAKTA Turpris: Kr 3.300,Antal dagar: 2 Avreisedato: 21. september 2014 Returdato: 22. september 2014 Tillegg for enkeltrom: Kr 450,Irekna i turprisen: • Turbuss frå Firda Billag • Ferjer • Overnatting i dobbeltrom • 1 frukost, 2 lunsjar, 1 middag • Ølsmaking på Ægir Bryggeri • Utflukter som i program • Turleiar

5 Ferieavisa 2013 | nr. 2


innanland

Vi tilbyr deg fellesturar med eigen reiseleiar på

Hurtigruta i 2014 Opplev den vakre kysten vår på nært hald saman med Travelnet Fjordane Reisebyrå og Hurtigruta. Ver med på ei reise som tek deg nærare landskapet, fjordane og folket. Vi kan love deg opplevingar og inntrykk som du vil hugse i lang tid. I 2014 kan vi tilby to fellesturar, ein full rundtur i april/mai og ein halv rundtur i juni/juli med fly på returen frå Kirkenes.

Full rundtur med M/S Richard With På ei reise om våren vil du oppleve at kysten vaknar til liv. Du vil kunne nyte at sola kjem høgare på himmelen, at dagane vert lenger og at fjord- og kystlandskapet vert grønare og frodigare. Opplev dette saman med gode reisevener og den erfarne reiseleiaren vår, Håkon Råheim, på dette 11 dagars cruiset med Hurtigruta. Vi reiser med M/S Richard With, eit skip som var bygd i 1993. Du vil

gå til «duk og dekka bord» kvar dag med bugnande frukost- og lunsjbuffetar og treretters middag med lokal mat av ferske råvarer. På ei full rundreise får vi med alle dei 35 anløpa, og det er mange utflukter ein kan vere med på. Kanskje vil du ha med deg ei utflukt til Russergrensa medan skipet ligg til kai i Kirkenes? Eller kanskje Midnattskonsert i Ishavskatedralen i Tromsø?

11

-dagars tur Avreise : 22. apr il

REISEFAKTA Turpris: Kr 15.500,Turpris utvendig lugar: Kr 19.160,Tillegg for enkeltlugar på førespurnad Antal dagar: 11 Avreisedato: 22. april 2014 Returdato: 2. mai 2014 Irekna i turprisen: • 11 dagars rundreise M/S Richard With • Full pensjon om bord • Reiseleiar Håkon Råheim

Midtsommartur Bergen–Kirkenes

7

med M/S Trollfjord Dei siste åra har denne turen vår gått med fly nordover og Hurtigruta sørover. I år har vi snudd på dette og turen går med båt nordover. Vi skal reise med eit av flaggskipa i hurtigrute-flåten M/S Trollfjord, som vart bygd i 2002. Vi har tru på at mange av dykk som har vore med oss på tidlegare turar med sørgåande båt, no vil nytte høvet til å oppleve turen nordover. På denne reisa kan du nyte midtsommaren sine lyse netter og dersom vergudane spelar på lag med oss vil midnattsola halde oss vakne mesteparten av natta. Sove kan du gjere når du kjem heim ! Bli med på denne reisa med flotte opplevingar, spennande utflukter, god mat og ein avslappande atmosfære. Hurtigruta har avgang frå Bergen kl. 20.00 og vi er attende i Bergen (Flesland Flypl.) kl. 15.30. Den erfarne reiseleiaren vår er med på heile turen.

6 www.fjordanereisebyra.no

-dagars tur Avreise : 29. jun i

REISEFAKTA Turpris: Kr 16.200,Turpris utvendig lugar: Kr 2.100,Tillegg for enkeltlugar på førespurnad Antal dagar: 7 Avreisedato: 29. juni 2014 Returdato: 5. juli 2014 Irekna i turprisen: • Bergen- Kirkenes, m/s Trollfjord • Del i innvendig dobbel lugar I2 • Full pensjon om bord • Transfer frå hurtigrute til flyplass • Flybillett Kirkenes- Bergen • Flyskatt • Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå


utland

MALTA – perla i Middelhavet REISEFAKTA Turpris: Antal dagar: Avreisedato: Returdato: Tillegg for enkeltrom:

Kr 9.890,8 5. april 2014 12. april 2014 Kr 1.000,-

Irekna i turprisen: • Flyreise t/r Malta • Flyskattar og avgifter • 7 netter i dobbeltrom på Maritim Antonine Hotel i Mellieha • Utflukter i samsvar med program • 7 middagar, 4 lunsjar og 7 frukostar • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

8

-dagars tur Avreise : 5. april

Den sjarmerande øya Malta ligg midt i Middelhavet og byd på eit herleg klima og krystallklårt vatn. Dette er reisemålet for deg som vil kombinere ferieliv med sol og bad og eit unikt tilbud av attraksjonar. Vi skal utforske dei godt verna middelalder-byane, riddarborgene, museum og kyrkjer og samstundes nyte herleg mat frå «Middelhavets gastronomi». Den vesle øya har ei spennande og brokete historie og er blitt styrt av mange ulike folkeslag.

Mellom anna korsfararar, romarar, kartagarar, arabarar, franskmenn og britar. Alle desse har lagt igjen spor som ein finn att i kulturen og i språket. Malta vart sjølvstendig så seint som i 1964 etter å ha vore kolonisert av Storbritannia sidan tidleg på 1800-talet. På grunn av at det har vore mange som har regjert på Malta, er det ein blanda og interessant kultur. På denne turen har vi lagt opp til eit allsidig utfluktsprogram, samstundes som det

vert god tid til å nyte sol og bad, gode måltid og sosialt samvære. Kontakt reisebyrået for program og ver med oss på ein spennande og opplevingsrik tur til Malta, perla i Middelhavet!

Tur til det vakre

DUBROVNIK-området

Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa – landsbyen Cavtat i Kroatia Berre 5 km. frå Dubrovnik flyplass finn vi Cavtat, denne sjarmerande byen som skal vere «basen vår» dei neste åtte dagane. Vi skal bu på ei perle av eit hotell, det elegante Hotel Croatia. Hotellet

ligg vakkert til i en pinjeskog, med reint, friskt hav på begge sider, og berre 10 min. gange frå sentrum av Cavtat. Hotellet har innandørs og utandørs basseng, spa-anlegg, vel utstyrt trimrom, eige badeanlegg ved sjøen og fleire gode restaurantar. På denne turen vil du oppleve eit handplukka program, fullspekka med utflukter både til lands og til havs, saman med kunnskapsrike lokal-guidar. Du vil få sjå mykje vakker natur, spennande kultur og få eit innblikk i dei tragiske krigshandlingane på Balkan. Du vert servert mange gode måltid frå det lokale kjøkken og sjølvsagt vert det tid på eiga hand, både til shopping og til å nyte sol og krystallklårt hav. Alt i et rolig ferietempo utan stress. Og kanskje det beste av alt, vi skal bo på same,

gode hotell heile veka. Nytt høvet til å oppleve utruleg vakre og spennande Kroatia. Kontakt reisebyrået for dag- for dag program. Vi reknar med at dette vert ein -dagars populær tur, så ikkje vent tur med å melde deg på. Avreis

8

e: 3. mai

REISEFAKTA Turpris: Antal dagar: Avreisedato: Returdato: Tillegg for enkeltrom:

Kr 10.990,8 3. mai 2014 10. mai 2014 Kr 2.700,-

Irekna i turprisen: • Flyreise med Norwegian t/r Bergen • Flyskattar og avgifter • 7 netter i dobbeltrom Hotel Croatia • Utflukter i samsvar med program • 5 middagar, 4 lunsjar og 7 frukostar • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

7 Ferieavisa 2013 | nr. 2


Cornwall - Englands Riviera med by-rundtur i verdsbyen London

8

-dagars tur Avreise : 12. jun i

REISEFAKTA Turpris: Antal dagar: Avreisedato: Returdato: Tillegg for enkeltrom:

Kr 13.000,8 12. juni 2014 19. juni 2014 Kr 1.700,-

Irekna i turprisen: • Flyreise Bergen – London tur/ret • Flyskattar og avgifter • Transferbuss og turbuss • 7 netter i delt dobbeltrom på hotell • By-rundtur i London med lokal guide • Utflukter i samsvar med program • Lokal guide dag 3 og 4 • 7 middagar, 3 lunsjar og 7 frukostar • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Tur til «Dronningens England». Ein landsdel med eit mildt klima året rundt, vakker natur og mange attraksjonar.

Her finn vi gamle slott, praktfulle herregardar og flotte katedralar med store parkar og hagar. Her kan ein vandre i vakker natur, koble av og nyte lokalprodusert drikke på tradisjonelle pubar. Det vestlege landskapet i England, Cornwall, er vakkert og frodig, og har i tillegg ein dramatisk kyst. I tillegg til å oppleve alt dette får du ei overnatting i London med byrundtur og høve til shopping.

Bli med Travelnet Fjordane Reisebyrå på denne opplevingsrike gruppeturen, og utforsk den engelske riviera og verdsbyen London. Turen startar med fly frå Bergen og Travelnet Fjordane Reisebyrå sin dyktige reiseleiar er med på heile turen. Kontakt oss for dag- for dagprogram og les om alt du kan oppleve på denne gruppeturen.

Opplev Andalucia og Gibraltar i triveleg selskap med reiseleiar Kjell Arnestad

8

-dagars tur Avreise : 27. sep t.

REISEFAKTA Turpris: Kr 15.500,Antal dagar: 8 Avreisedato: 27. september 2014 Returdato: 4. oktober 2014 Tillegg for enkeltrom: Kr 2.000,-

Kvite strender, flotte fjellkjedar, kulturlandskap og god mat er stikkord som egnar seg godt når vi snakkar om Spania. I år by på ei interessant rundreise med vekt på natur, kultur, god mat og historie. Hausten er ei fantastisk tid å reise til Spania på. Temperaturane er endå bra, og innhausting har vore i gang lenge. Bli med og nyt ei veke full av opplevingar ilag med oss.

8 www.fjordanereisebyra.no

Irekna i turprisen: • Flyreise Bergen-Malaga t/r • Skatt og avgift • 7 netter på 4* hotell i delt dbl.rom • 7 frukost, 4 lunsj, 4 middag • Utflukter som i program • Reiseleiar Kjell Arnestad frå Travelnet Fjordane Reisebyrå • Lokale guidar som omtala i program

Reiseleiar på turen er tidlegare rektor ved Firda vidaregåande skule, Kjell Arnestad som kjenner reisemålet frå tidlegare turar og vil syte for at du får best mogeleg utbyte av turen. Vi skal bu tre netter i Malaga, hovudstaden på Solkysten, to netter i vertsbyen for EXPO`92, Sevilla og to netter i ein av dei eldste byane i Spania, klippebyen Ronda. Det vert byvandringar med engelsktalande guide, mange gode fellesmåltid og sjølvsagt tid til sol og shopping. Det vert også heildagsutflukt til den britiske kronkolonoien Gibraltar med det strategiske og kjende landemerket «The Rock», ein

426m høg kalksteinsklippe som markerer det austlege innløpet til Middelhavet. Vi vitjar også Saint Michaels grotte som med sine stalaktittar og ein underjordisk innsjø gjev deg ei fascinerande oppleving. Flyreisa går med Norwegian frå og til Flesland/Bergen. Kontakt oss for dag- for dagprogram, informasjon og påmelding.


utland

Polen

med det beste av trippelbyen

Gdansk-Gdynia-Sopot Gdansk er spennade! Gdansk er byen som trinn for trinn vart bygd opp att etter krigen, etter gamle teikningar og trykk. Byen er blitt ei perle med eit yrande folkeliv og eit rikt kulturliv. I gamlebyen og langs hamnepromenaden ligg uteserveringane på rekke og rad. Gdansk, som er utnemnt som kulturhovudstad i Europa i 2016, har ein fantastisk vakker arkitektur, med mange historiske bygningar. Den gamle steinkyrkja St. Mary`s Basilica, frå 1343, er den største steinkyrkja i verda, med plass til over 20 000 menneske.

7

Vi bur i Sopot, som er rekna for ein av dei mest populære badebyane i på kysten av Østersjøen. Saman med Gdansk og Gdyna dannar dei i tre byane eit storbyområde som vert kalla Trippelbyen (Tricity). Alle tre byane ligg i Pommern-regionen og er ein attraktiv feriestad. Her er det sandstrender og idylliske furukledde åsar så langt ein kan sjå og i Sopot kan du spasere på den lengste trepiren i Europa, som går 511 m ut i sjøen. På turane til og frå Polen vert det overnatting på hotell i Oslo og om bord på Stena Line medan vi kryssar Østersjøen. Dei tre nettene i Polen skal vi bu på Sofitel Sopot Grand, eit hotell av ypparste klasse. Kontakt oss for meir opplysningar, dag- for dagprogram og påmelding.

-dagars tur Avreise : 28. aug ust

REISEFAKTA Turpris: kr 10.500,Antal dagar: 7 Avreisedato: 28. august 2014 Returdato: 3. september 2014 Tillegg for enkeltrom kr 1.850,Tillegg for enkellugar kr 350,Irekna i turprisen: • Turbuss frå Firda Billag • 4 netter i delt dobbeltrom • 2 netter i delt dobbel innvendig lugar • 6 frokost • 6 middag • Lunsj dag 1,2,5,6,7 • Utflukter som i program • Lokale guider som i program • Reiseleiar er Grethe Bosch

11

ELVECRUISE

-dagars tur Avreise : 24. ma i

Frå Kiev i Ukraina til Odessa ved Svartehavet REISEFAKTA Turpris: Antal dagar: Avreisedato: Returdato:

På eit elvecruise kombinerer du avslappane ferie om bord med interessante opplevingar på land og det er stadig fleire som oppdagar denne ferieforma. Når skipet siglar er det alltid noko å sjå langs elvebreidda, store og små byar, slott, vakre landskap og mennesker. I staden for å pakke opp og pakke ned og reise frå hotell til hotell med tung koffert , kan du på eit elvecruise sitte tilbakelent i ein

dekkstol og nyte reisa. I 2014 går vår elvecruisetur frå Kiev i Ukraina til Odessa ved Svartehavet. Vi startar turen med to overnattingar på båten medan den ligg i Kiev og får dermed god tid til å utforske denne spennande byen. Når skipet kastar loss skal vi oppleve byar i Dneprdeltaet og historiske byar på Krim-halvøya. Vi skal vere med på spennande utflukter og lokal underhaldning, før turen endar i Odessa, Svartehavets perle! Her vert det fly attende til heimlandet. Kontakt oss for meir informasjon, program og påmelding.

På førespurnad 11 24. mai 2014 3. juni 2014

Irekna i turprisen: • Flyreise Oslo – Kiev og Odessa - Oslo • 9 netter i dobbel utvendig lugar • Fullpensjon (frukost, lunsj og middag) om bord på båten. • Transfer Flyplass – skip /retur • Reiseleiar på turen er Aud Lundeland • Engelsktalande lokal guide Teknisk tilskipar er Escape Travel

9 Ferieavisa 2013 | nr. 2


Cuba med Havana og Santiago de Cuba

12

-dagars tur Avreise : 18. jan uar

- sigarar, veteranbilar, folkeliv, musikk og vakre strender Før revolusjonen i 1959 var Cuba ein fristad for mafia og søkkrike forretningsmenn. Havanna var kjent for sine kasino og vakre hotell og mange flott amerikanske luksusbilar rulla i gatene. Sidan den gong har landet på mange måtar stått stille. Bybildet i Havanna er i dag som klipt ut av ein film frå 50-talet. På den eine sida opplever ein som turis på Cuba det vakre, det eksotiske og særeigne. På den andre sida ser ein strevet for å få endane til å møtast. Midt i dette ønskjer Cuba oss velkomne til gamal kultur, feiande musikk, vakker natur, godt klima, strender – og handrulla siga-

REISEFAKTA

rar med lukt av fortidas storheit. Reiseleiar på turen vert Jon Espeland. Han har budd fleire år i Latin-Amerika, snakkar flytande spansk og har vore reiseleiar til Cuba fleire gonger tidlegare og øya godt. Turen har avreise med KLM frå Flesland om morgonen kl. 06.20, med retur til Flesland kl.12.15 Kontakt oss for detaljert dag- for dagsprogram med utfyllande informasjon.

Turpris:

Kr 24.000,-

+ flyskatt og avgift

ca kr 3.200,-

Antal dagar: Avreisedato: Returdato: Tillegg for enkeltrom:

12 18. januar 2014 29. januar 2014 Kr 4.290,-

Irekna i turprisen: • Flyreise med KLM Bergen – Havana via Amsterdam/ret. • 10 netter i dobbeltrom på gode hoteller • Halvpensjon 4 dagar (frukost og middag) • Heilpensjon 6 dagar (frukost, lunsj, middag) • Transport og inngangsbillettar • Norsk reiseleiar på turen • Engelsktalande lokal guide • Drikke til dei fleste måltida

Vandreturar Det er ulike behov for å vere med på ein vandretur. Nokre gjer det med eit religiøst motiv som bakgrunn, andre tek vandringa for å bruke kroppen og nyte vakker natur. Men også mange vektlegg det sosiale med å vandre ilag, med gamle og nye turvener.

ITALIA - Cinque Terre Opplev ekte middelhavsmagi! Maleriske klippebyar, vinrankar, olivenlundar og asurblått Middelhav.

7

-dagars tur Avreise : 10. ma i

Kan vi freiste med det vakraste av Italia? Vi vandrar mellom fem små pastellfarga byar mellom grøne vinmarker, olivenlundar og asurblått Middelhav. Levanto skal vere vår base i 6 dagar medan vi nyt livet ved Italias Riviera. Dei fem landsbyane Monterosso, Vernazza, Corniglia, Manarola og Riomaggiore har saman fått namnet Cinque Terre. I middelalderen vart det bygd små byar som føyer seg inn i landskapet på ein særeigen måte. For å oppleve byane og området på den beste måten må ein ta beina fatt. Før jernbana kom rundt 1880 var byane isolerte, og det er på dei gamle stiane, trappene og brusteinlagde trange REISEFAKTA gatene vi skal vandre. Turpris: Kr 13.400,Det er lagt opp til vandring Avreisedato: 10. mai 2014 tre av dagane og dagsetapReturdato: 16. mai 2014 pane er 7-8 km. Vi legg inn Tillegg for enkeltrom: Kr 1.345,lunsjstogg og rekne god tid (34t) på kvar etappe. Etter vanIrekna i turprisen: dreturane vert det transport • Flyreise Bergen – Milano t/r med tog eller båt attende til • 6 netter i dbl.rom på Hotel Nazionale, Levanto. Det vert utflukter Levanto. med båt på Middelhavet og • Busstransfer flyplass – hotell t/r sjølvsagt tid til sol og bad. • Båt-og togbillettar iflg program Kontakt oss for meir detal• 6 frukostar, 3 lunsjar og 5 middagar jar, program og påmelding. • Reiseleiar er med på turen

10 www.fjordanereisebyra.no

Pilgrimsvandring til Lindisfarne Å vandre St. Cuthberts vei er å gå i gjetarguten, som vart abbed og biskop på Lindisfarne, sine fotefar Travelnet Fjordane Reisebyrå ønskjer denne våren å invitere deg med på ei vandring langs St. Cuthberts veg til Lindisfarne. Denne turen inneheld vakker og frodig natur frå Melrose i SørSkottland gjennom skogar over grønkledde høgdedrag og lyngheie. Vidare mot austkysten der vi ved lågvatn går barbeint på havbotnen til øya Lindisfarne. Vi skal vandre i 5 dagar med dagsetappar frå 10-28 km. Bagasjen vert frakta på dagsetappane. Vi bur på små, koselege hotell og har full pensjon på heile turen. St. Cuthbert som har gjeve vegen namn er ein helgen frå Northumberland som først var munk, før han i år 685 vart biskop av Lindisfarne. Kontakt oss for meir opplysningar, dag for dag program og påmelding.

8

-dagars tur Avreise : 7. juni

REISEFAKTA Turpris: Kr 11.690,Avreisedato: 7. juni 2014 Returdato: 14. juni 2014 Tillegg for enkeltrom på førespurnad Irekna i turprisen: • Flyreise Bergen – Edinburgh t/r • Overnatting i dobbeltrom på Bed&Breakfast-hotell eller gjestehus • Transport av bagasje undervegs • Buss frå etappeslutt til overnattingsstad og retur neste morgon (dag 2 og 5) • 7 frukostar og 7 middagar (halvpensjon) • Reiseleiar er med på turen


Tematur

Georgia – landet under Kaukasus-fjella Ver med oss på ein unik tur utanfor allfarveg i lag med Halvard Møgster «Når Gud skulle dele ut jordkloden til alle folkeslag i verda, kom georgiarane for seint. Herren spurde dei kvifor dei var så seine og fekk til svar at dei hadde stogga for å drikke og hadde heva glasa til ære for Han. Gud var så nøgd med svaret at han gav georgiarane den delen av kloden som han eigentleg hadde halde av til seg sjølv!»

9

-dagars tur Avreise : 3. augu st Ei vitjing i Georgia vil overtyde deg om at denne legenda er sann. Georgia er eit naturleg paradis! Landet ligg i krysningspunktet mellom Europa og Asia og du vil opplev gamal historie med spennande kultur og tradisjonar, god mat og god vin og sist – men ikkje minst den vidkjente georgiske gjestfridomen. Vi vitjar eit land med eit endelaust antal attraksjonar, der masseturisme ikkje har fått påvirka tradisjonar og levemåte. Georgia strekker seg frå den høgaste fjellkjeda i

Europa, Kaukasus i nord-aust, til badestrender ved Svartehavet i vest. Fjellrekka har danna ei naurleg grense mellom Europa og Asia og tradisjonar frå aust og vest møttest i landet og skapte kulturen som var ulik nokon annan kultur i verda. Ver med oss og opplev dette spennande landet med den lange historia og den lange kampen for sjølvstende. Turen går med fly frå Oslo/Gardermoen. Kontakt Reisebyrået for dag- for dagprogram, informasjon og påmelding.

REISEFAKTA Turpris: Kr 19.400,Antal dagar: 9 Avreisedato: 3. august 2014 Returdato: 11. august 2014 Tillegg for enkeltrom: Kr 2.400,Irekna i turprisen: • Flyreise Oslo-Tbilisi t/r • Flyskattar og avgifter pr. sept-13 • 8 netter i dobbeltrom på 4* hotell • Transfer, utflukter, inngangsbill., vinsmaking i samsvar med program • 7 middagar, 7 lunsjar og 8 frukostar • Reiseleiar er Halvard Møgster • Lokale engelsktalande guider

7

-dagars tur Avreise : 19. aug ust

Gjer draumen til røyndom – opplev

Sør-ISLAND’s perler - ein rundtur til nokre av dei største attraksjonane på Island Turen går frå Bergen til Keflavik, der guiden og bussen ventar og vi er klar for eit 7-dagars eventyr på Sagaøya Island! Etter velkomstmøte, middag og ei god natts søvn startar vi turen. Vi reiser sør-austover Kirkjubæjarklaustur. Her vi skal overnatte i to netter og utforske attraksjonane i området. Turen held fram inn i høglandet til Landmannalaugar gjennom område der vi finn storparten av dei mest kjende naturperlene på Island. Middag og overnatting i tettstaden Selfoss. På veg attende køyrer vi «den gyldne sirkel» og vitjar Geysir-området med den sprutande Stokkur, Gullfoss som er det mest

kjende fossefallet på Island, nasjonalparken Thingvellir og sprekken Almennagjà som er det synlege provet på at dette er «møteplassen» for dei to kontinentplatene som Island ligg på. I Reykjavik vert det ein dag til eigen disposisjon før heimreise tidleg neste morgon. Gåturane undervegs krev normal god fysikk. Køyreetappane er mellom 100 og 300 km. pr. dag Reiseleiar er Kristinn Bergmann frå «Islandsspesialisten». Kristinn er frå Island, men bur i Norge og vil syte for at du får maksimalt ut av sju fantastiske dagar på Sagaøya Island. Kontakt oss for dag- for dagprogram.

REISEFAKTA Turpris: Kr 14.995,Antal dagar: 7 Avreisedato: 19. august 2014 Returdato: 25. august 2014 Tillegg for enkeltrom: Kr 4.290,Irekna i turprisen: • Flyreise Bergen – Reykjavik - Bergen • 6 overnatting i dbl.rom på hotell m/frukost • 5 middagar (dag 1, 2, 3, 4 og 6) • 3 lunsjar (dag 2, 3 og 4) • Rundtur med norsktalande guide • Inngangbillettar i samsvar med program. Teknisk tilskipar : Islandspesialisten AS

11 Ferieavisa 2013 | nr. 2


I vikingane sine fotefar til «Vesterhavsøyane»

Færøyane med TV-kjendis Dag Lindebjerg som kjentmann

5

Seksti mil vest for Bergen dukkar Færøyane opp av havet. Eit eventyrleg øyrike som ligg berre ein god times flytur fra Norge.

-dagars tur Avreise : 3. juli

REISEFAKTA I ei omfattande undersøkjing som tidsskriftet National Geographic gjorde i 2007, gjekk Færøyane til topps som det mest innbydande øy-reisemål i verda! Med topplassering framfor eksotiske øyar som Bermuda og Hawaii, fekk Færøyane desse kommentarane frå eit panel som besto av over 500 «resisespesialistar»: «Deilige upolerte øyer – en fryd for den reisende. Et prektig isskapt landskap med utrolig bratte skrenter. Et samstemt lokalsamfunn og en egen bygningskultur som er fornuftig bevart og vernet ..». For første gang står desse øyane i Nord- Alanteren i Travelnet Fjordane Reisebyrå sitt turprogram og vi tilbyr ein innhaldsrik 5-dagars tur der du mellom anna vil få oppleve: Tòrshavn – ein av dei minste og hyggjelegaste hovudstadane i verda.

Turpris: På førespurnad (ikkje klar pr. 15/10) Antal dagar: 5 Avreisedato: 3. juli 2014 Returdato: 7. juli 2014 Kirkjubøur – det kulturelle og geistlege sentrum i mellomalderen, med ein imponerande ruin av St. Magnus domkirke. Vestmanna – med sine fuglefjell og grotter. Dalur – der vi får oppleve Færøysk kultur med song, dans og lokal mat. Gøta – med hovedgarden til den vidgjetne heidenske vikinghøvdingen Tròndur i Gøtu og museet Blàsastova der vi finn eit komplett gamalt færøysk landsbymiljø. Gjøgv – med eit praktfullt naturlandskap og naturlege hamn.

Irekna i turprisen: • Flyreise Bergen – Torshavn tur/ret • Flyskattar og avgifter • Transferbuss og annan busstransport • 4 netter i delt dobbeltrom med frukost • Utflukter i samsvar med program • Lokal guide i samsvar med program • 3 middagar, 2 enkle lunsjar • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå. Teknisk tilskipar : Islandspesialisten AS

Dag Lindebjerg blir med på tur Vi er særs glade for at vi har fått med oss Dag Lindebjerg på denne turen. Den tidlegare NRK-journalisten, som vi først lærte å kjenne som Bjørge Lillelien si «høgre hand» i mange store meisterskap gjennom mange år, både VM og OL. No kjenner vi den smilande og forteljarglade Lindebjerg gjennom vakre naturprogram, helst med tilknyting til sjøen og kystkulturen som til dømes «Norskekysten» og «Sommer Dag». I haust har vi reist saman

12 www.fjordanereisebyra.no

med han i TV-ruta mellom dei vakre «Vesterhavsøyane». I juli 2014 skal han dit igjen og då kan DU få vere med på ordentleg. Då reiser han nemleg som kjentmann og forteljar på turen vår til Færøyane, saman med mange opplevingslystne sogningar og fjordingar. Kontakt oss for dag- for dagprogram, opplysningar og påmelding. Her trur vi det vert trangt om plassen!

Ferieavisa nr 2 2013  

Travelnet Fjordane Reisebyrå

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you